a1 grafisk - Ølen · 2018-02-23 · ut på tur i etne! 2018 a1 grafisk - Ølen pÅmelding til...

2
Ut på tur i Etne! 2018 A1 GRAFISK - ØLEN PÅMELDING TIL TURANE Nytt i år er påmelding via våre nettsider (etne.dnt.no) til alle turar med unntak av nokre seniorturar. Dette for å kunne gi eit bedre tilbod. Påmeldingslister gjer det lettare å å gi informasjon, flytte eller endre turar pga. vêret eller andre høve. Påmelding kan også gjerast på SMS til turleiar. Påmelding seinast innen kl. 21 kvelden før turen om ikkje anna er oppgitt. PRAKTISKE OPPLYNINGAR Det vert teke atterhald om været. Transport i personbilar vert samordna, passasjerar bet. kr 10 pr.mil til sjåføren. Hugs gode klede, godt med mat og drikke, gode fjellsko. TA OMSYN I NATUREN! • Ta vare på naturen, ta alt søppel med deg • Ha hunden i band • Lukk grindar etter deg • Ver varsam med eld, hugs at det er forbode å tenne bål i eller nær skog frå 15.4 – 15.9 HUGS OGSÅ! Årsmøte i Etne Turlag måndag 12. februar, kl. 19, Etne Camping. Årsmøtesaker, middag og kake. Sosialt samvær. Ynskjer ein SMS til 97 68 48 86 om du har lyst til å bli med innan 10. februar. BLI MEDLEM Etne Turlag er tilslutta Haugesund Turistforening og Den norske turistforening. Sjå og etne.dnt.no Medlemsfordeler: Rabatt på over 500 DNT hytter, mange private fjellstover/fjellhotell. Medlemsbladet Fjell og Vidde, HT-nytt, DNT årbok. Rabatt på kart, bøker og turutstyr. Kontakt DNTs medlemsservice på telefon 4000 1870 eller via e-post: [email protected] hvis du er ufør og har rett til honnørmedlemskap. Sjå meir på dnt.no Du finn Etne Turlag på nett: etne.dnt.no og på Facebook: Etne Turlag og Barnas Turlag Etne. Sjå meir www.dnt.no OVERNATTINGSTURAR 17. -18. august Øyno – Blomstølen – Heimre Sauanut – Frette RAUD LØYPE Hyttetur med 1 overnatting. 3 km fredag ettermiddag Øyno - Blom- stølen. Omlag 15 km andre dag frå Blomstølen til Frette. 2 nuteringar på vegen: Hellaug og Himra Sauanuten. Krevande tur frå Blomstølen – Himra Sauanuten (1187moh) - Frette pga mange høgdemeter og til dels ulent terreng. Vi følgjer for det meste T-merka sti med unntak avs- tikkaren til Himra Sauanuten. Her er det merka med gult. Om nokre ikkje ønskjer å gå skaret, kan vi gå rundt og opp bratt grasbakke ved Nordre Holsnanuten. Turleiar Jorunn B. Berge, tlf: 97088180. Påmeld- ing innen 15.august på nettsidene til Etne Turlag. 21. – 23. september • Jentetur til Fonnabu RAUD LØYPE Overnatting i Sundal fredag. Tur inn Bondhusdalen og opp Keisarstien forbi Gardshamarstølane. Vidare går ein på god sti til ein er oppe ved breen. Her ifrå er det ein grei tur langs kanten til Fonnabu. Turen tar 4-5 timar. Overnatting på Fonnabu, 1450 moh. Retur same veg på søndag. Påmelding innan 11. september på nettsidene til Etne Turlag. Maks 20 deltakarar. Turleiar: Marit Solheim, telefon: 48 10 85 33 BARNAS TURLAG 16. februar • Kveldstur til lavvoen på Kyrping Oppmøte og parkering ved bensinstasjonen kl.17.00. Ta med lykt, overraskelser og pølsegrilling i lavvoen. Pga mat ynskjer me påmelding innan 14.februar til Evy Hus, tlf: 976 84 886 (Gjerne på SMS). Det vil bli annonsert fleire turar i Barna Turlag etterkvar. Følg med på Barnas Turlag Etne på Facebook.

Upload: others

Post on 29-Jan-2020

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: A1 GRAFISK - ØLEN · 2018-02-23 · Ut på tur i Etne! 2018 A1 GRAFISK - ØLEN PÅMELDING TIL TURANE Nytt i år er påmelding via våre nettsider (etne.dnt.no) til alle turar med

Ut på turi Etne!2018

A1 G

RAFI

SK -

ØLEN

PÅMELDING TIL TURANENytt i år er påmelding via våre nettsider (etne.dnt.no) til alle turar med unntak av nokre seniorturar. Dette for å kunne gi eitbedre tilbod. Påmeldingslister gjer det lettare å å gi informasjon, flytte eller endre turar pga. vêret eller andre høve. Påmelding kan også gjerast på SMS til turleiar. Påmelding seinast innen kl. 21 kvelden før turen om ikkje anna er oppgitt.

PRAKTISKE OPPLYNINGARDet vert teke atterhald om været.Transport i personbilar vert samordna, passasjerar bet. kr 10 pr.mil til sjåføren. Hugs gode klede, godt med mat og drikke, gode fjellsko.

TA OMSYN I NATUREN!• Ta vare på naturen, ta alt søppel med deg• Ha hunden i band• Lukk grindar etter deg• Ver varsam med eld, hugs at det er forbode å tenne bål i eller nær skog frå 15.4 – 15.9

HUGS OGSÅ!Årsmøte i Etne Turlag måndag 12. februar, kl. 19, Etne Camping. Årsmøtesaker, middag og kake. Sosialt samvær. Ynskjer ein SMS til 97 68 48 86 om du har lyst til å bli med innan 10. februar.

BLI MEDLEMEtne Turlag er tilslutta Haugesund Turistforening og Den norske turistforening. Sjå og etne.dnt.no Medlemsfordeler: Rabatt på over 500 DNT hytter, mange private fjellstover/fjellhotell. Medlemsbladet Fjell og Vidde, HT-nytt, DNT årbok. Rabatt på kart, bøker og turutstyr.

Kontakt DNTs medlemsservice på telefon 4000 1870 eller via e-post: [email protected] hvis du er ufør og har rett til honnørmedlemskap.

Sjå meir på dnt.no Du finn Etne Turlag på nett: etne.dnt.no og på Facebook: Etne Turlag og Barnas Turlag Etne.

Sjå meir www.dnt.no

OVERNATTINGSTURAR17. -18. augustØyno – Blomstølen – Heimre Sauanut – Frette RAUD LØYPEHyttetur med 1 overnatting. 3 km fredag ettermiddag Øyno - Blom-stølen. Omlag 15 km andre dag frå Blomstølen til Frette. 2 nuteringar på vegen: Hellaug og Himra Sauanuten. Krevande tur frå Blomstølen – Himra Sauanuten (1187moh) - Frette pga mange høgdemeter og til dels ulent terreng. Vi følgjer for det meste T-merka sti med unntak avs-tikkaren til Himra Sauanuten. Her er det merka med gult. Om nokre ikkje ønskjer å gå skaret, kan vi gå rundt og opp bratt grasbakke ved Nordre Holsnanuten. Turleiar Jorunn B. Berge, tlf: 97088180. Påmeld-ing innen 15.august på nettsidene til Etne Turlag.

21. – 23. september • Jentetur til Fonnabu RAUD LØYPEOvernatting i Sundal fredag. Tur inn Bondhusdalen og opp Keisarstien forbi Gardshamarstølane. Vidare går ein på god sti til ein er oppe ved breen. Her ifrå er det ein grei tur langs kanten til Fonnabu. Turen tar 4-5 timar. Overnatting på Fonnabu, 1450 moh. Retur same veg på søndag. Påmelding innan 11. september på nettsidene til Etne Turlag. Maks 20 deltakarar. Turleiar: Marit Solheim, telefon: 48 10 85 33

BARNAS TURLAG16. februar • Kveldstur til lavvoen på KyrpingOppmøte og parkering ved bensinstasjonen kl.17.00. Ta med lykt, overraskelser og pølsegrilling i lavvoen. Pga mat ynskjer me påmelding innan 14.februar til Evy Hus, tlf: 976 84 886 (Gjerne på SMS).

Det vil bli annonsert fleire turar i Barna Turlag etterkvar. Følg med på Barnas Turlag Etne på Facebook.

Page 2: A1 GRAFISK - ØLEN · 2018-02-23 · Ut på tur i Etne! 2018 A1 GRAFISK - ØLEN PÅMELDING TIL TURANE Nytt i år er påmelding via våre nettsider (etne.dnt.no) til alle turar med

ETNE TURLAG - TURAR I 2018SKITURAR25. februar • Skarstøl – Høylandsnuten – Lysenuten RAUD TURSkitur frå  Skarstøl og vidare på anleggsvegen til Krokavatnet og til Auestadstøen. Så opp lia til Høylandsnuten og følger ryggen til Lys-nuten. Retur via Flotavatnet og «Heitahola» til Krokavatnet og Hjørnås. Flott tur god utsikt på toppane. Turen er omlag 20 km. Snøforholdene og vèret må vere greit for at turen skal bli arrangert. Påmelding innan kvelden før på nettsidene. Turleiar: Jorunn B. Berge, mobil: 97088180

SENIORTURARTurane er opne for alle, her er det ingen som spør om alder. Turane går i roleg tempo og med ei god matøkt. Møteplass og tid står under kvar av turane. Det blir påmelding på dagsturane til turleiar kvelden før (gjerne på SMS) innan kl. 21. Me treng sjåførar og biler, så meld om du kan køyre ved påmelding, så fyller me opp bilane og deler på utgiftene. Nytt av året er bålkaffe i paviljongen ved Olav Vik stiftelsen på Osnes klokka 11. Ein kan velje å gå ein tur før eller etter kaffi. Ta med niste og kopp.

17. april • Vikestølen (Innbjoa) Turleiar: Solvor Flatebø Grønstad, tlf: 97798832. Påmelding.

24. april • Bålkaffe i paviljongen på Osnes

1. mai • Trommedalen Rundt. Påmelding til turleiar: Marthon Hustoft, tlf: 90066963.

8. mai • Bålkaffe i paviljongen på Osnes

15. mai • Tur til HellaugTuren startar ved Odden bru. Merket T-sti opp gjennom eit kulturbeite og gjennom skogen til Hellaugvatnet. Så sti langs vatnet inn til Hellaug. Dersom me er heldige er det rik blomstring langs stien. Påmelding til Gunnbjørg Ljusnes tlf: 480 61 717 kvelden før. Oppmøte på kaien i Etne kl.10.

22. mai • Bålkaffe i paviljongen på Osnes

29. mai • Bjørnstigen i VikedalPåmelding til turleiar: Solvor Flatebø Grønstad, tlf: 97798832.

5. juni • Bålkaffe i paviljongen på Osnes

12. juni • VannesOppmøte på kaien i Skånevik kl. 10. Turen går frå parkeringen ved enden av veien til Vannes, over kulturbeite og ut til fråflytta gard på Vannes. Påmelding til turleiar Evy Hetland Hus, tlf: 97684886.

19. juni • Bålkaffe i paviljongen på Osnes

14. august • Tur til LøkjelsvatnhyttaOppmøte på kaien i Etne kl. 10. Vi køyrer i lag til parkeringen på Skarstøl. Fin tur på vei til Grindheimstølen og vidare på T-merka sti til hytta. Her tar me oss ein god matpause i hytteveggen før retur til bilane. Påmeling til turleiar Evy hus, tlf: 97684886. 

21. august • Bålkaffe i paviljongen på Osnes

28. august • Tur til JuklademningenVi køyrer opp til kraftstasjonen på Markjelke. Derfrå er det grusvei og me går opp til Juklademningen. Dammen ligg på omlag 1065 moh. Her er det ei fantastisk utsikt med Folgefonna rundt oss. Avreise frå Kyrping kl. 09 kor me fyller opp bilene. Kjentmann Ingrid Sævareid og turleiar Evy Hus, tlf: 97684886. Påmelding innen kvelden før.

4. september • Bålkaffe i paviljongen på Osnes

11. september • Tur til Himakåno som ruver 357 moh, og befinner seg i Tysvær kommune. Utsikten fra Himakåno er spektakulær, med utsyn over Lysevatnet i nordvestlig retning, og Nedstrandsfjorden i sørlig retning. Her har du Nedstrands svar på Trolltunga, og kombinasjonen av blått vann mot frodige grønne daler er virkelig et skue for øyet! Avreise kaien i Etne kl. 09 kor me fyller opp bilene. Turleiar Evy Hus, tlf: 976 84 886 for påmelding.

DAGSTURAR8. mai • Tur til Siggjo på Bømlo BLÅ LØYPEVi køyrer frå kaien i Etne kl. 16:30. Det tar omlag 1 time og 20 minutt å køyre til Stokka i Siggjarvåg. Turen er omlag 5 km tur/retur. Nydeleg utsikt frå toppen i klarver. Sjå meir om turen på www.ut.no Påmelding på etne.dnt.no. Turleiar Jorunn B. Berge, tlf: 970 88 180.

21. mai • Ramsvikstølen BLÅ LØYPETuren startar på Håheim og går opp lia og inn over fjellet via Djupavatnet og Mjåvatnet. Frå Hedlestølen går turen vidare til Løkjelsvatnet der Ramsvikstølen ligg. Turen tek omlag 1,5 -2 timar. Påmelding innen kvelden før på nettsidene til Etne Turlag. Turleiar: Solvor Flatebø Grønstad, telefon 977 98 832.

2. juni • Hårlandsnibbene RAUD LØYPEOppmøte på kaien i Etne kl. 12. Vi køyrer til Hårland og går opp «Stegane» til Løkjelsvatnhytta. Her blir det matøkt og pause. Så videre ut til Nibbane. Dei som ynskjer det kan på eige ansvar klatre opp på nibbane. Flott og luftig utsikt over Litledalen, Etne og videre utover mot Stord og Sunnhordaland. Retur enten til Skarstøl eller til Hårland (då via Stegane). Turen Hårland – Løkjelsvatn er 2 km og tar omlag 1 time. Frå Løkjelsvatn til Nibbane er det ca 1 km, men «kronglete» med berg og hammar, så tar ca 40 min. Retur same veg. Påmelding innen kvelden før på nettsidene til Etne Turlag. Turleiar Jorunn B. Berge, tlf: 970 88 180.

10. juni • Rafdal – Øyskar BLÅ LØYPEParkering i Rafdal, på gamlevegen i Åkrafjorden. Følg gardsveg opp til øvre Rafdal og gjennom kvit port til høgre. Frå løa er det merka med skilt og raud løype til Øyskar. Turen går over Holmabruo og til høgre før steingarden som skiljer gardane. Opp grasbakken, og forbi gamal hustuft. Stien går innover på venstre side av dalen. Ved Storli går blå løype til høgre, men me skal til venstre og opp forbi Melkes-teinane. Løypa møter T-merka sti som går til Blomstølen, der tar vi til venstre inn i Øyskar der Farande Fant står. Heimturen kan ein legge over Skredkollen eller T-løypa forbi Verdalen til Tjelmeland. Frå Rafdal til Øyskard er det 4 km og 700 høgdemeter. Påmelding innen kvelden før på nettsidene til Etne Turlag. Turleiar /kjentmann Arvid Rafdal og Gunn Nordis R. Ekornrud, tlf: 917 18 883.

23. juli • Bordalsstølen – Storenut BLÅ LØYPEOppmøte på kaien i Etne kl. 09. Vi køyrer og parkerer ved Skromme/Tømmerdalen. Vi går så T-merka løype mot Simlebu. Når du kjem til skilt merka Simlebu, gå rett fram mot Bordalsstølen. Storenut ligg omlag 750 m søraust for Bordalsstølen (kartmeter), og omlag 600 m nordaust for Nystøl. Høgda er omlag 840 moh. Fjæra idrettslag har merka frå Bordalstølen med raud merking, det er nytta same sti som opp til Borddalsnuten på første del av turen. Frå Storenut er det flott utsikt over stølane mot Rullestad og mot Simlebu. Kassen skal henga i ei bjørk like under toppen. Frå Skromme/Tømmerdalen er det 4 km inn til Storenut, totalt omlag 550 høgdemeter, og omlag 2 timar  ein veg. Påmelding innen kvelden før på nettsidene til Etne Turlag. Turleiar/kjentmann Nils Rullestad, tlf: 900 30 189.

5. august • Børkjenesnuten BLÅ LØYPEUtgangspunkt Strondavegen mot Skånevik ved Aksdalsnes. Aksdal-snes ligg om lag 7 km frå Etne mot Skånevik. Vi går opp langs vegen og til høgre for løa. Fortsetter på traktorveg til den tar til venstre. Der fortset vi rett fram over nokre myrar og held fram parallelt med elva. Når vi er oppe på platået tek vi til venstre mot austre enden av Vass-dølsvatnet. Derifrå går vi opp på Litlenuten 614 moh og vidare opp på Byrkjenesnuten. Turen er ikkje merka og det må vere god sikt sida det er skrentar i øvste delen av turen. Påmelding innen kvelden før på nettsidene til Etne Turlag. Turleiar Kristin Finnes, tlf: 90608066.

2. september • Avaldsnuten RAUD LØYPEHeildagstur til Alvaldsnuten, 1243 moh. Turen går opp frå Eintveit og ned til Eikemo. Ca 4-5 timar opp og 3-4 timar ned. Krevande tur. Kjentmann: Einar Eintveit. Påmelding innen 30. august på nett-sidene til Etne turlag. Turleiar: Marit Solheim, tlf: 481 08 533

30. september • Hjørnås-Fiskedalen-Håheim RAUD LØYPEMe startar frå Hjørnås og går på austsida av Løkjelsvatnet, gjennom Fiskedalen og til Håheim. Følgjer varda og raudmerka løype, ca 15 km. Påmelding innen kvelden før på nettsidene til Etne Turlag. Turleiar: Magne Berge, telefon: 950 71 088.