alt skal ut
Post on 23-Jul-2016
277 Views
Preview:
DESCRIPTION
TRANSCRIPT
Jon Hjørnevik
Alt skal ut
Dikt
Det Norske SamlagetOslo 2015
INNHALD
I ein sofa frå Korea – dikt i utsal s. 7
Den vanskelege andreboka s. 79
Shortsen til far min s. 153
Mor mi står i glaset s. 233
Flukta frå rekkehuset s. 305
Heimekontor i gravferda s. 421
Innhald
Jon Hjørnevik
I ein sofafrå Korea
– dikt i utsal
Design: Kine RøstOmslagsfoto: Frøydis Geithus og Ine Syversen
Foto:Einar Loftesnes: s. 23, 39, 42, 43, 56Frøydis Geithus og Ine Syversen: s. 45Forfattaren sjølv: s. 9Mor til forfattaren: s. 11, 16, 24, 30, 41, 62, 70 72, 73Far til forfattaren: s. 14Slektsbilete: s. 53, 66
Teikningar: Forfattaren sjølv
Innhald
Mellom homsar og hyller
12 Heiter hylla di Ivar?
13 Ein happy homo
14 Undring på eit kontor
15 Homo future – the choice of the last generation
16 Siste dans med ein trans
18 Oslo for alle
20 Velkommen til landet vårt
22 Verdsborgar i ein sofakrok
Klage og bønn frå det svake kjønn
24 Modellbygging
25 Trøst i ein saldo
26 Mann i kjærleikssorg
27 Sjekking
28 Mann møter vår
30 Draum i rus
32 Det mislikte diktet
Menn og marginar
35 Ekstremsport
36 Rekorden min
37 Den perfekte for meg
38 Talentet Curly
39 Kjensler for hest
40 Berre eit sjølvmål
42 Spisskompetanse
43 Det er vår
Famling og familie
44 Livet er ein fast!
45 Kvinnedagen
46 Snart heim
48 Ei rekkje store historiske hendingar verda
i større og mindre grad kunne vore forutan
50 Samlivskalenderen
52 Leveregel
Jenter, mas, tanter og fjas
53 Hittegodslyrikk
53 Filofaxen min
54 Jenter i dikt
54 Jenter i dikt
56 Motorelskov
57 Slektserotikk
58 Pusen min
59 Litt litteratur
Innhald
Oppvekst og utvekst
60 Mor Grimseth les frukostblandingslyrikk
med ukjent innhald
62 Morgonstemning
62 Den første kvinna i mitt liv
64 Festskrift til kondomen
66 Fine minne frå ein oppvekst
67 Tårer frå ein barnefot
68 Krisesenteret for dikt
69 Mus og hår i den mangfaldige verda vår
Himmel, hav og helvete71 Naken kaptein
72 Sjekk lasta di, kaptein!
74 Kalle Dykkarens song
76 Kvifor vart eg aldri surfargut?
Innhald
Heiter hylla di Ivar?
Eg har ei hylle som heiter Ivar
Eg har eit bord som heiter Kjell,
mens sofaen eg ligg i,
den heiter Isabell.
Eg har ei lampe som heiter Tommy,
og nattbordet Jonatann,
senga eg søv søtt i,
den heiter Mimiann.
Eg ynkar, stønner og ber meg,
eg er ein einsleg vilter ramn
som hoppar til sengs med ei seng,
ei seng som har damenamn.
Eg rullar meg rundt i dynene
på Mimianns mjuke laken
gnir eg meg inntil ho,
men berre eg er naken.
Men så får eg ein kniv i ryggen,
så drepande og kvass,
for eg gløymde at det eg ligg på,
er Frode Overmadrass.
12 Mellom homsar og hyller
Ein happy homo
Eg heiter Fredrik,
han heiter Bjarne,
Bjarne valde meg
framfor Geir Arne.
Mellom homsar og hyller 13
Undring på eit kontor
Kven delte eg natt med, på mitt eige kontor,
eg minnest deg vagt, var det fire du fòr?
Eg trur det var kjekt, eg trur me drakk vin,
– og kva gjer eg naken i kontorstolen min?
Eg trur du var flott, men det er berre sånn
at eg går her og lurar, var du mørk eller blond?
Sov du her litt, kor var det du låg,
– eg undrar no berre, var du naken du òg?
Så lurar eg på, vart det meir enn litt klin,
var eg øm, var eg god eller var eg eit svin,
Kva var det i grunnen me gjorde i lag,
– for det luktar litt rart på kontoret i dag?
Eg lurar og lurar, ja det går litt i ring,
og i sanninga minnest eg slett ingenting.
Kor er bukse og jakke, har du sett mine sko,
– eg undrar no berre, var du han eller ho?
14 Mellom homsar og hyller
Mellom homsar og hyller 15
Homo future – the choice of the last generationHomo future – the choice of the last generation
I framtida kan nok
ein barndom bli rar,
når barnesinn lurar
på bestefar.
Ein gut sit på fanget,
og spør når det var,
når var det det var
du bestefar møtte bestefar?
Siste dans med eintrans
På ein søvnig Bangkok bar
står ein einsleg vossing att,
eg er ingen Lucky Luke,
eg er nattas attpåklatt.
Baren stenger, vi går heim,
vi er kvinnelause menn
som no er utan håp,
og ruslar tomhendt heim igjen.
Men i ei Bangkokgate,
i eit busskur ser eg han,
mot meg kjem ei kvinne,
som ein gong var ein mann.
Det var Bangkok, det var Kho San Road,
og ein frå Voss byr opp til dans,
i eit busskur, under neonlys, med
ein villig thailandsk trans.
Det er min første date,
med det eg kallar trans,
vi dansar nokså tett,
eg kjenner varmen hans.
16 Mellom homsar og hyller
Eg trur transen likar meg,
ho tek hardt om mine lår,
kan eg lika at han klår?
Det er kanskje best eg går.
På trynet i eit skur,
det er dit eg skubbar han,
no dansar transen trinn
som ingen andre kan.
Ja, det var Bangkok, det var Kho San Road,
og ein frå Voss fekk siste dans,
i eit busskur, under neonlys, med
ein villig thailandsk trans.
Dagen etter vaknar eg,
eg ser ut og sola skin,
eg pustar letta ut,
ingen trans på armen min.
Der ute står eit skur,
og i det ligg ein trans,
eg vinkar bort til han
som ein takk for siste dans.
Mellom homsar og hyller 17
Oslo for alle
Oslo er for alle,
Oslo har alltid vore bra,
heilt sidan den gongen,
Oslo heitte Kristiania.
Oslo for småting,
Oslo for Storting.
Oslo for alt,
og ingenting.
18 Mellom homsar og hyller
Oslo for Blitz,
Oslo for monarken,
Oslo for han,
som sit og skjelv nedi parken.
Oslo for pengar,
både svarte og kvite,
Oslo for dei,
som tener for lite.
Oslo for bygdefolk
og andre framandkulturelle,
Oslo for deg,
med piercing i stellet.
Oslo for dei kule,
Oslo for dei grå,
om du vil ha ecstasy
eller brunost på.
Oslo for Bislett,
Oslo for trikken,
Oslo for kjønnsoperasjon
på den private klinikken.
Oslo for lesber,
Oslo for homofil,
Oslo for deg,
som er litt i tvil.
Mellom homsar og hyller 19
20 Mellom homsar og hyller
Velkommen til landetvårt
Umbele Kontiki,
ein mørkhuda gut,
kom til Gardermoen,
han såg usikker ut.
Umbele Kontiki,
ein framand profet
med slørete blikk
og ein analfabet.
Umbele Kontiki
frå Afrikas land
vart lett plukka ut
av ein tenestemann.
Umbele vart ført til
eit heilt eige rom,
eit hemmeleg rom
nesten ingen veit om.
Tenestemannen
var høfleg og snill,
han ba Umbele
ta av seg nedantil.
Der stod guten,
med lese- og skrivevanskar,
og fekk eit handtrykk,
frå ein med plastikkhanskar.
Mellom homsar og hyller 21
Verdsborgar i ein sofa-krok
Eg har sofa frå Korea,
eg har krukke frå Sudan,
eg har sokkar ifrå Dale
og shampo frå Milan.
På veggen heng det pynt
frå Mallorca og frå Kos,
eit smalahove ifrå Voss
og eit flybilde av Os.
Rundt meg heng heila verda,
så liten kloden er i grunn,
når maska ifrå Kenya
er kjøpt i Ålesund.
Eg er ein verdsborgar og irriterer meg som fa n
når det er folkefest og moro hjå min nabo frå Iran.
Ja min nabo frå Iran
lagar fest med mat og løk,
og ein verdsmann som meg
kjem aldri på besøk.
22 Mellom homsar og hyller
Eg er inneslutta nordmann,
i min sofa trivst eg best,
nei, det er ikkje denne karen
du tar med på fest.
Eg er ein verdsborgar og irriterer meg som fa n
når det er folkefest og moro hjå min nabo frå Iran.
Eg stemmer SV utad,
men innad Frp,
eg er ein sofarasehatar
som drikk arabisk te.
Eg dansar stovesamba
på mitt orientalske teppe,
eg har ein engelsk setter
som eg kallar Vidar Kleppe.
Mellom homsar og hyller 23
top related