barnas store eventyrbok

Post on 23-Jul-2016

225 Views

Category:

Documents

4 Downloads

Preview:

Click to see full reader

DESCRIPTION

Illustrert av Svend Otto S., gjenfortalt av Maria Parr.

TRANSCRIPT

8

barnas store

eventyrbok

8Illustrert av Svend Otto S.

Gjenfortalt av Maria Parr

SamlagetOslo 2015

Innhald

8

Bukkane Bruse 6

Raudhette 32

Fyrtøyet 58

Pannekaka 88

Bymusikantane frå Bremen 114

Mannen som skulle stelle heime 138

Den stygge andungen 164

Tornerose 192

8

8bukkane

bruseAv Asbjørnsen og Moe

8

Det var ein gong tre bukkar som skulle gå til seters og gjere seg feite,

og alle tre heitte dei Bukken Bruse.

8

På vegen var det ei bru over ein foss som dei skulle over,

og under den brua budde det eit stort, fælt troll, med auge

som tinntallerkar og nase så lang som eit riveskaft.

Først kom den minste Bukken Bruse og skulle over brua.

Tripp trapp, tripp trapp, sa det i brua.

10

«Kven er det som trippar på brua mi?» skreik trollet.

11

«Å, det er berre den minste Bukken Bruse.

Eg skal til seters og gjere meg feit,» sa bukken.

Han var så fin i målet.

12

«No kjem eg og tek deg!» sa trollet.

13

«Å nei, ikkje ta meg, for eg er så liten, eg.

Berre vent litt, så kjem den mellomste Bukken Bruse.

Han er mykje større.»

14

«Ja, så gå, då,» sa trollet.

15

Etter ei lita stund kom den mellomste Bukken Bruse og skulle over brua.

Tripp trapp, tripp trapp, tripp trapp, sa det i brua.

16

«Kven er det som trakkar på brua mi?» skreik trollet.

17

«Å, det er den mellomste Bukken Bruse som

skal til seters og gjere seg feit,» sa bukken.

Han var ikkje så fin i målet.

18

«No kjem eg og tek deg!» sa trollet.

«Å nei, ikkje ta meg!

Berre vent litt, så kjem den store Bukken Bruse.

Han er mykje, mykje større.»

20

«Ja vel, gå då,» sa trollet.

21

Og rett som det var, kom den store Bukken Bruse.

TRIPP TRAPP, TRIPP TRAPP, TRIPP TRAPP, sa det i brua.

Han var så tung at brua både knaka og braka under han!

22

«Kven er det som trampar på brua mi?» skreik trollet.

23

«Det er den store Bukken Bruse,» sa bukken.

Han var nesten like grov i målet som trollet.

«No kjem eg og tek deg,» skreik trollet.

25

«Ja, berre kom!

Eg skal bruke horna mine til å stikke ut auga dine.

Eg skal bruke kampestein til å knuse merg og bein!» sa bukken.

26

Og så rauk han på trollet.

Han stakk ut auga på han,

knuste både merg og bein

og stanga han utfor fossen.

28

Så gjekk han til seters.

29

Der blei alle bukkane så feite, så feite at dei nesten ikkje orka

å gå heim igjen. Og viss ikkje feittet har gått av dei, så har dei det enno.

Og snipp snapp snute, så er det eventyret ute.

30

31

top related