kommentarar til høyringsinnspel kommunalt skyssreglement...skuleelevar frå 5.-7. trinn langs fv....
Post on 02-Oct-2020
0 Views
Preview:
TRANSCRIPT
Kommentarar til høyringsinnspel kommunalt skyssreglement 1 FAU ved Gaupne skule.
«FAU går sterkt i mot at ungar på Skarpamo skal bli fråtekne skuleskyss.»
-I 2013 vart det montert veglys på ovannemnde strekning. Og Røneidsvegen er no
asfaltert. (manglande lys og «slagholer» er tidlegare nytta som grunngjeving for farleg
vegstrekning.)
Frå Skarpamo og heim til krysset til Røneidsvegen, Jostedalsvegen, er det 60 km/t.
Vegen har veglys og er oversikteleg.
På Røneidsvegen er det 50 km/t. Smalare veg, mindre oversikteleg, men lite trafikk.
Over gamlebrua er det 50 km/t og 2 t akseltrykk. Brua er smal, og det er ikkje passering
for bil og gåande. Men denne brua er allereie skuleveg for barn på Røneid.
-Elevar på Skarpamo har hatt gratis skuleskyss, men etter rådmann si vurdering er dette
ei «betre –ordning» etter at veglys og fast dekke er på plass. Strekninga kan ikkje lenger
reknast som særleg farleg eller vanskeleg skuleveg.
2 Haugen/Kvam og Bjørhusdal/Hoel.
«Krav om fri vinterskyss i Krundalen (8.–10. klasse)»
-Elevane dette gjeld innfrir avstandskravet til fri skuleskyss då dei går på ungdomsskulen
i Gaupne. Difor er det Fylkeskommunen som har ansvaret for å organisera og finansiera
skyssen heim – skule. Krav om annan hentestad enn busstoppen på Gjerde grunna
særleg farleg veg å gå frå Haugane til Gjerde, må difor rettast til Fylkeskommunen ved
Samferdsleavdelinga, jamfør: Skyssreglement for grunnskulen i Sogn og Fjordane
2.2 Farleg skuleveg:
Fylkeskommunen har avgjerdsmynde i saker om særskild skyss pga farleg skuleveg,
når avstanden heim - skule er over 2/4 km.
Ved eventuell klage på avslag er Fylkesmannen eventuell ankeinstans.
-PS: Familien Haugen/Kvam har to gonger tidlegare fått avslag av kommunen på at
strekninga Haugen – Gjerde skal reknast som særleg farleg. Ei av klagane blei
vidaresendt til Fylkesmannen som gav kommunen medhald (2012).
-Etter gjeldande fylkeskommunale regelverk, frå 2013, skal altså Fylkeskommunen vera
første rette handsamingsinstans ved nye saker her.
-Saka vert ev å kom tilbake til etter handsaming i fylkeskommunen.
3 SU ved Jostedal oppvekstsenter.
«Skuleelevar frå 1-4 klasse langs fv.604 bør ha rett på fri skuleskyss heile året.»
«Skuleelevar frå 5-7 klasse langs fv. 604 bør ha rett til fri vinterskyss»
-Espe – Jostedal oppvekstsenter:
Strekninga Espe – Jostedal oppvekstsenter har ikkje vorte rekna som særleg farleg
tidlegare. Heller ikkje i denne omgangen. Eit sentralt moment har vore det låge
trafikktalet.
Elles minner me om det som Fylkesmannen ofte skriv i svara sine når det gjeld vedtak
om vegstrekningar skal reknast som særleg farlege eller ikkje:
«Fylkesmannen legg til grunn at det alltid vil vere risikofylt for barn å vere i trafikken, og
då spesielt for barn i barneskulen. Vurderingstemaet blir likevel om eleven sin skuleveg,
sett i høve til føresetnadane hans, representerer ein fare utanom det vanlege.
Ein må ha i mente at det ikkje er uvanleg med dårlege og farlege vegar i Noreg. Vegane
kan vere smale, utan lys, vanskeleg føre og høg fartsgrense i høve til standard. Dette er
situasjonen for mange barn sin skuleveg, og kanskje i større grad enn elles i Sogn og
Fjordane.»
Skuleelevar på 1.-4 . trinn langs fv.604 bør ha rett på fri skuleskyss heile året.
Strekninga Bukti – Jostedal oppvekstsenter er allereie inne på lista over særleg farleg
strekning for dette alderssteget. Strekningane Prestanes – Jostedal oppvekstsenter og
Hesjevoll – Jostedal oppvekstsenter kvalifiserar og for å vere på lista med grunnlag i at
det er 80 km fartsgrense og nokre parti som er uoversiktlege med dårleg sikt. Alderen til
elevane er her eit vesentleg moment.
Formuleringa Bukti – Jostedal oppvekstsenter i oversikta over særleg farlege strekningar
kan bytast ut med forslaget frå SU: Hesjevoll – Jostedal oppvekstsenter, Prestanes –
Bukti – Jostedal oppvekstsenter.
Skuleelevar frå 5.-7. trinn langs fv. 604 bør ha rett til fri vinterskyss:
Per i dag har ein elev (6. trinn i dag) vinterskyss frå Hesjevoll – Jostedal oppvekstsenter
gjeldande i tida 1. november - 15. april. Dette vedtaket fekk han hausten 2014.
Strekninga Bukti – Jostedal oppvekstsenter blei det søkt vinterskyss om i haust,
kommunen gav avslag og avslaget vart stadfesta av Fylkesmannen.
-Vinterskyss vil etter denne prosessen vere ei «betre-ordning» og rådmann finn ikkje
grunnlag for å gå inn på dette.
Prosess – ønskje om synfaring
Rådmannen tek ønsket om synfaring ved eventuelle klagesaker til etterretning.
Når det gjeld klagesaker til Fylkesmannen, er det Fylkesmannen sjølv som styrer
klagehandsaming og eiga ressursbruk og avgjer på sjølvstendig grunnlag om det er
naudsynt med synfaring.
4 Hans Olav Hellesøe
Innspel om «trafikktryggleik, materiell og sjåfør»
-Fylkeskommunen har godt fokus på dette tema og i «bestillinga» er eksempelvis dette
med bilbelte tema. Oppvekst har planlagt eit møte med Fylkeskommunen der rutinane til
sjåførane på skulerutene er tema og dette møte vil og ta inn tema omkring
bussmateriell.
5 Anita Haugen / Joar Duesund
«Me minner fortsatt på lovnaden om gratis skuleskyss ved kjøp av tomt/hus her på
Hestnes.»
-Påstanden har ikkje lete seg verifisera.
«Kanskje ikkje så tilfeldigt at desse endringane kom, så snart Hestnes-feltet var
ferdig utbygd.»
-Skyssaka om at ein del av Hestnesfeltet ikkje innfrir avstandskravet etter
opplæringslova kom opp fordi Fylkeskommunen gjennomførte ei kontrollmåling i fjor vår.
Kontrollmålinga skjedde på Fylkeskommunen sitt initiativ. Dette har Fylkeskommunen full
rett til, og kontrollmålinga vart gjennomført over heile fylket.
«Skal ikkje grunnskulen vera gratis?»
-Private skyssutgifter i denne samanhengen er ikkje i strid med prinsippet om gratis
grunnskuleopplæring. Etter opplæringslova er grensa for fri skuleskyss 2km / 4 km. (1.
trinn/ 2.-10. trinn). Under desse avstandsgrensene vert det vurdert som rimeleg at barna
kan gå eller sykla til skulen. Om dei føresette vel å senda barna på buss eller vel å køyra
dei til skulen, er dette eit val og utgifter dei føresette må stå for sjølve.
Det vanlege er at kommunar og fylkeskommmunar praktiserer avstandsgrensa i tråd
med krava i opplæringslova. Berre her i fylket har me liknande saker som på Hestnes
både i Sogndal, Måløy og i Stryn. Avstandsgrensa vert følgt også i desse kommunane.
Rådmannen si innstilling om å følgja dei nasjonale avstandsgrenser samsvarar med
gjengs praksis i resten av landet.
«Men med ei utgift på kr 5 700 (som er barnebillettpris, og ein får ikkje meir rabatt enn
det....) pr år pr elev i transport, kan den vel ikkje kallast gratis lenger»
-Dette stemmer ikkje. Utgiften som det her vert referert til er kommunen sin
skysskostnad per elev per år. Private reisande - både vaksne og barn - kan kjøpa
periodekort som gjev om lag 50 % rabatt. Eit periodekort varar 30 dagar og kostar 340
kr for barn når strekninga er 3,1 – 6 km. Dersom ein kjøper periodekort frå midten av
august til midten av juni, vil den totale transportkostnaden vera 3 400 kr for eit barn.
-Inneverande skuleår betalar kommunen skyss for 12 elevar heimehøyrande på den
delen av Hestnes-feltet som ikkje innfrir avstandskrava. Dette tilsvarar kr 68 400,- per
år. Dersom ein tenkte seg at kommunen gjev ei betre-ordning for desse 12 elevane, vil
det kosta kommunen totalt kr 615 600,- gjennom skuletida, dvs. frå 2.-10. trinn. Luster
kommune opplever trongare økonomiske tider. Rådmannen kan ikkje utan vidare innstilla
på auka kommunale utgifter.
Ei eventuell betre-ordning enn det lovverket tilseier, vil i så fall vera ei politisk
prioritering.
«-Farleg kryss ved yx, vegen mellom Galden og Stolpen er uoversiktleg, tett skog,
mørkt, langt mellom gatelysa, dårleg lys og alltid manglande lys. Ofte sein brøyting, og
sein eller manglande strøing.»
-Ein gang- og sykkelveg er per definisjon ikkje å rekna som særleg farleg skuleveg.
Rådmannen ser at det er tilhøve ved gang- og sykkelvegen som kan betrast, og desse er
teke med i trafikktryggleiksplanen, og i området ved yx- stasjonen vert det gjort tiltak
før neste skuleår.
-Generelt har kommunen gode drifts- og vedlikehaldsordningar på kommunalt vegnett og
gangvegnett.
-FAU ved Hafslo hadde heller ingen særskilte merknadar til det kommunale
skyssreglementet og valte å ikkje senda inn høyringsuttale.
6 FAU Indre Hafslo oppvekstsenter
«Stor høgdeforskjell må vurderast når ein behandlar søknader om skuleskyss.»
«Område som Morki – oppvekstsenteret er ikkje medteke, men FAU reknar med det
kjem innatt når det er elevar som bur der.»
«FAU viser til klagesak om skuleskyss frå Joranger.»
-Strekningane Bruflat – Indre Hafslo oppvekstsenter og Morki – Indre Hafslo
oppvekstsenter har ikkje vorte vurderte i denne runden då det ikkje har vore søknadar
om skyss frå elevar her.
-I regelverket heiter det «særleg farleg eller vanskeleg skuleveg». Stor høgdeskilnad er
ein del av vurderinga i søknadar om skyss på dette grunnlaget.
-Kommunen ventar på avgjerd frå Fylkesmannen i klagesak om skyss for elev på 5. trinn
på strekninga Joranger – Indre Hafslo oppvekstsenter.
7 FAU Luster oppvekstsenter
Vinterskyss Dale kyrkje – Luster oppvekstsenter
-Dette har ikkje tidlegare vore meldt som problematisk. I utgangspunktet er det mindre
snø så langt nede ved fjorden og vintervedlikehaldet er godt.
-I følgje oversikta over særleg farlege vegstrekningar har elevar på 1.-7. trinn fri skyss
frå og med Høyheimsvik til og med haldeplassen Luster sparebank. Unnataket er elevar
på 5.-7. trinn frå haldeplassen Luster sparebank til Luster oppvekstsenter. Det som av
kommunen vert vurdert som det mest kritiske punktet på denne strekninga er svingen
ved taubana til Harastølen og kryssing av fylkesvegen der. Kommunen vurderer at barn i
alderen 5.-7. trinn, er såpass modne og har nok trafikkerfaring til at dei klarar dette
greitt.
«Leksehjelp og skyss»
-Til liks med SFO er leksehjelp eit friviljug tilbod. Etter opplæringslova har ein ikkje rett
til fri skyss frå / til desse friviljuge tilboda. Kommunane har høve til å gje skyss etter
leksehjelp som betre-ordning, men det vanlege er å følgja det nasjonale regelverket og
ikkje gjera det då det ville medføra oppretting av fleire bussavgangar og vesentleg
høgare skyssutgifter.
8 Ungdomen sitt kommunestyre
-Ungdomen sitt kommunetyre hadde ingen merknadar
9 Luster Arbeiderparti.
-Innspel frå Luster Arbeiderparti vert vist til den politiske prosessen. Fleire av
innspela er vurderte i saka/ i kommentarar til høyringssvar.
Gaupne 07.03.16
Jarle Skartun
-rådmann
Vedlegg: Trafikktal og kartvedlegg.
Oversikt vegstrekningar og trafikktal
Skule Vegstrekning ÅTD SDT VDT Årstal
Gaupne Fv 604 Skarpamo - Gaupne 781 1090 615 2014
Hafslo Fv 55 Sogn skisenter – Stolpen
Fv 55 Hestnes – Stolpen
FV 337 Moane – Hafslo sentrum*
2181
2678
2692
3237
1837
2312
2014
2010
Indre Hafslo Fv 55 Vad – Geitaneset** 2401 2653 1992 2014
Luster oppv. Fv 55 Høyheimsvik – Luster*** 1300 2000 900 2010-11
Jostedal Fv 601 Bukti – Hesjevoll ****
Fv 335 – Krundalen –Gjerde *****
421
>100
681 227 2014
Ordforklaringar
ÅDT – årsdøgertrafikk SDT – sommardøgertrafikk VDT – vinterdøgertrafikk
Trafikktala gjeld for siste året det vart gjort registreringar, Statens vegvesen Region
Vest.
* Ingen målepunkt på denne strekninga. Trafikktal viser vest for Moane. I ei klagesak frå
2009, gjev Fylkesmannen opp følgjande trafikktal for strekninga: Trafikktal frå statens
vegvesen viser at årsdøgntrafikken ved Moane er om lag 150 i retning Veitastrond. I
retning mot Hafslo er talet sett til 550 som vil auke jo nærare ein kjem Hafslo.
** Her har vi ikkje registreringar. Vi skal etablere ein ny fast stasjon i 2016 der du ser
den raude prikken i kartet. Her er data frå målepunktet vest for Gaupne sentrum, og så
kan ein samanlikne data frå denne og den mellom Heggmyrane og Stolpen.
*** Dårleg med registreringar. Det blei føreteke nokre målingar ved Nes camping i 2010-
2011. Tala er berekna ut frå dette.
**** Ingen målepunkt på sjølve strekninga, næraste registreringspunkt er Myklemyr.
***** Ingen målepunkt. Statens vegvesen trur det må vera under 100 i ÅDT.
Fylkesveg 55 - Sogn Skisenter/Heggmyrane - Stolpen
Fylkesveg 55 - Hestnes - Stolpen
Fylkesveg 55 - Vad - Geitaneset (avkøyring til Indre Hafslo/fv. 339)
Fylkesveg 55 - Høyheimsvik - Luster (Luster oppvekstsenter / Dale)
Fylkesveg 337 - Moane - Hafslo sentrum
Fylkesveg 604 - Skarpamo - Gaupne (strekninga ned til fylkesveg 55)
Fylkesveg 604 - Bukti - Hesjevoll i Jostedal
top related