landformer skapte av isbrear - · pdf fileberget. • plukking: frostsprenging under breen....

Post on 06-Feb-2018

256 Views

Category:

Documents

3 Downloads

Preview:

Click to see full reader

TRANSCRIPT

LANDFORMER SKAPTE AV ISBREAR

BrekketindbreenSlogen

Fyrst litt om istidene• I løpet av kvartærtida (som starta for 2,6

millionar år sidan) har det vore over 30 kraftige klimasvingingar

• Vi har hatt istider (kalde periodar) og mellomistider (milde periodar)

• Spor etter isen som fortel utbreiinga: - endemorener - flyttblokker• Isen var på sitt tjukkaste for 20 000 år sidan. • Tilbakesmeltinga starta for 10 000 år sidan.

Siste istid

Nest siste istid

Ra – tida 10600 år sidan

Flyttblokk. Folgefonna - ein platåbre i bakgrunnen

Korleis vert ein bre til ?• Breane som vi har i dag

vart danna for 2500 år sidan og er såleis ikkje restar etter siste istid (som mange trur).

• Dersom ei snøfonn ikkje smeltar om sommaren og også dei neste sesongane er kalde, startar bredanninga. Når den er så tjukk at den vert plastisk (den sig i hellande terreng), har vi fått ein isbre.

Litt brelære• Massebalanse = pålagring (vinter) – smelting

(sommar). • Næringsområde: meir pålagring enn smelting• Tæringsområde: meir smelting enn pålagring• Jamvektslinje: grensa mellom nærings – og

tæringsområde. Dvs. her er smeltar det like mykje om sommaren som pålagringa om vinteren.

Bretypar• Botnbre – liten bre som ligg i fjellsida i skålforma

søkk. Bratte skrentar bak og på sida av breen (eks. Brekketindbreen)

• Platåbre – stor ismasse som dekker eit stort område (eks. Jostedalsbreen)

• Dalbre – utløparar frå platåbre som går ned i dalane (eks.Briksdalsbreen og Nigardsbreen)

• Innlandsis – fleire platåbrear som veks saman og dekker eit stort landområde (eks. Grønland og Antarktis)

Brevandring på Briksdalsbreensom er ein av utløparane frå Jostedalsbreen.Briksdalsbreen er ein dalbre.

Dalbre – Nigardsbreeen i Jostedalen

Vandring i blåisen er kjekt både for liten og for stor

Jostedalsbreen – ein platåbre

Vårskituren ”Josten på langs”Her på veg opp på platået16.mai 2008

Innlandisen dekker nesten heile Grønland. Mange skiekspedisjonarhar gått over her.

Kajakkpadling på Grønland er også vorte populært med åra.

Korleis arbeider breen ?• Breerosjon: skuring og plukking• Erosjonskrafta aukar med tjukkelsen på breen.• Skuring: Steinar i ulike størrelsar er fastfrosne i

bresolen og verkar som skure – eller slipemiddel. Store steinar lagar skuringsstriper i berget.

• Plukking: Frostsprenging under breen. Dei lause delane frys fast til botn av breen og vert frakta av stad.

Skuringsstriper

Rundsva: Avrunda på støtsida og avkutta på lesida.

LANDFORMER

• ALPINE LANDFORMER (Jotunheimen, Sunnmøre og Nord – Noreg)

• Botnbrear eroderer inn i fjellsida og lagar ei skålform – ein botn når breen smeltar vekk.

• Tindar og eggar står att der som botnbrear eroderer frå ulike sider.

Store BrekketindSlogen

Hengande dal

Søre Brekketind

Smørskredtindane

Det alpine landskapet er populært å ferdast i både på ski og til fots. Her på veg opp tilBrunstadtind.

Utsikt frå Brunstadtind mot vest. Velledalen rett under.

U-dalar, fjordar og fjordsjøar• Under kvartærtida vart V – dalane omforma til U – dalar.

Dalane vart djupare og djupare for kvar istid. I mellomistidene var det V – dalar i U – profilen.

• Mest erosjon der isen var tjukkast (i hovuddalen) I sidedalane var erosjonen mindre. Desse dalane er i dag hengande dalar / hengande fjordar.

• Fjorden har same form som dalane. Her var erosjonen stor dvs. dalen er så djup at havet har trengt inn etter at isen forsvant. Fjorden er altså ei forlening av dalen.

Geirangerfjorden er ein del av Vestnorsk fjordlandskap som står på UNESCO si liste over verdas natur – og kulturarv.

Spor etter gamal dalbotn

Gamal overflate

Elveeroderte dalar / gjel

Hengande dal

Slik natur finn ein få stadar elles i verda. Derfor er det eit populært turistmål.

Vestlandet og Nord – Noreg har lange (djupe) fjordar og korte dalar

• Årsak: Pga. at vestblokka heva seg i tertiær har denne vert utsatt for størst erosjon.

• Ser vi dalen i lengdeprofil består den av trau (basseng) og tersklar. Dette pga. av ulik tjukkelse på isen og ulik bergartssamansetning (mjuke bergartar er meir utsatte for erosjon enn harde).

• Fjordsjø: Oppdemd sjø innanfor ein terskel / isfrontdelta.• Elvedelta / øyr: Der elva munnar ut i fjorden.• Dalende: Der dalen endar. Her har gjerne to mindre brear møttest,

gått saman og danna ein hovudbre / hovuddal. Dvs. tjukna og erosjonen vart plutseleg mykje større her.

Sjå også på denne animasjonen http://www.nygeografi.cappelen.no/flash/popup_vis.html?tid=96001

Fetvatnet i Velledalen er eksempel på ein fjordsjø.

Austlandet – fjordsjøar og lange dalar

• Lengdeprofilen er den same men dalane er ikkje så djupe at fjorden trengjer inn.

• Fjordsjøar : eks. Mjøsa og Randsfjorden• Dalane er breie men somme stader finn vi

dalklyper. Her er det motstandsdyktige (harde) bergartar. Mjøsa sett frå Minnesund

AVSETNINGSFORMER FRÅ ISAVSMELTINGSTIDA

• MORENEJORD Då dei siste isbreane smelta ned på slutten av

istida vart lausmaterialet som dei førte med seg liggjande som usortert materiale – botnmorene. Dette er den vanlegaste jordarta i landet.

• ISRANDAVSETNING Fellesnemning på ryggforma

lausmasseavsetningar som er lagde opp fremfor eller på sida av ein bre.

Dette kan vere både sidemorene, endemorene, isranddelta eller ein kombinasjon av dei to siste.

Isranddelta : Der isen vart ståande stille i ein periode under isavsmeltinga. Her er materialet sortert fordi isfronten stod i havet / fjorden. Det grøvste materialet ligg nærast fronten og det finaste lengst ut. Bratt skråning utfor kanten (marbakke). Pga. landheving etter at isen forsvant ligg desse i dag over havnivå . Dei er store sand – og grusressursar.

• Endemorene: Avsetningar på land. Breen har skuva lausmassane framfor seg og laga ryggar. Dersom brefronten står i ro over ein periode får ein også danna ein endemorene.

• Endemorenar sørover på kontinentet viser maksimal utbreiing på innlandsisen. Sjå tidlegare kart.

• Under isavsmeltinga var det også veksling mellom kalde og milde periodar. I kalde periodar vart det danna ei israndavsetning. Dette vert kalla trinn. Hovudtrinnet er 10 600 år gamalt - også kalla ratida (raet i Østfold og Vestfold).

• På Austlandet innanfor hovudtrinnet finn vi fleire område med tydelege israndavsetningar, både endemorenar og isranddelta. For eksempel har vi Hauersetertrinnet på Romerike der hovudflyplassen Gardemoen ligg.

• Sjå også animasjonen på nettstaden til læreboka. http://www.nygeografi.cappelen.no/flash/popup_vis.html?tid=96000

Marin grense• Det høgaste nivået havet har

hatt etter at isen forsvant.• Landet vart pressa ned av isen

– mest der isen var tjukkast. Då isen forsvant følgde havet etter. Seinare har landet heva seg.

• I terrenget under den marine grensa finn vi finkorna lausmassar – marin leire. Dette er dei mest verdifulle jordbruksområda i landet (Austlandet og Trøndelag).

• Høgda på den marine grensa i vårt område er ca. 150 m.

Ravineterreng

Djupe V – dalar som elvar og bekkar har erodert i leirslettene. Her i Lørenskog(Akershus)

Den vesle istida• På 1700 – talet tok

breane i Noreg igjen til å vekse.

• Dei var på sitt største kring 1750.

• Etter dette trekte dei seg attende. Også i denne tida har det vore ulikt klima slik at endemorenar har vorte danna.

• Nigardsbreen i Jostedalen har vore mykje brukt i breforskning.

top related