nav arbeidslivssenter rogaland - fellesforbundet.no · reduksjon av sjukefråværet, og ein god...
Post on 19-Oct-2019
3 Views
Preview:
TRANSCRIPT
NAV Arbeidslivssenter Rogaland
Kurstilbod Våren 2018
2 3
Kurstilbod -Haugesund våren 2018Vi er klare med nye kurs i det inkluderande arbeidslivet
IA - kurs Arbeidslivspakken ”Sees i morgen”
IA - kurs
IA-perspektiv på omstillingLes mer på side 20
Psykiske reaksjoner ved omstilling og stressLes mer på side 30
Psykiske helseproblemer - konsekvenser på jobbLes mer på side 28
Gravid medarbeiderLes mer på side 23
Oppfølging av sjukefråvær -Krav i lovaLes mer på side 15
LivsfaseutfordringarLes mer på side 22
Leiing av IA-arbeidetLes mer på side 9
Kva skjer når sjukepenge- året er slutt?Les meir på side 17
Vegen til handlingsplanenLes mer på side 10
Snakk om detLes mer på side 29
Konfliktforståing -teori og praksisLes mer på side 19
Konfliktdempande kommunikasjonLes mer på side 18
Eg håper at kursa er aktuelle for dykk. Det er flott når vi ser at arbeidet med arbeidsmiljø og HMS går frå eit reparerande fokus til eit meir førebyggjande og helsefrem-mande fokus.
Vi ønskjer å vere med på denne endringa av fokus. Det er både viktig og lønsamt å skifte fokus, og få kjennskap til kva forsking tilrår av gode grep vidare. Då legg vi eit godt grunnlag for eit inkluderande arbeidsliv som fungerer.
Reduksjon av sjukefråværet, og ein god livsfase- og seni-orpolitikk er framleis aktuelt. I større grad må også det å inkludere menneske med reduksjon i arbeidsevne få sin
naturlege plass. Samfunnsoppdraget trur eg vi må stå saman om. Menneske treng å nytte ressursane sine, og her treng vi arbeidsgjevarar som vil gje nokon ein sjanse.
Vi ønskjer å bygge god kompetanse til alle partane i arbeids-livet. Dette gjeld både leiarar, tillitsvalde og verneombod. Gløym ikkje at partane på din arbeidsplass også treng å oppdatere kompetansen.
Nytt i Rogaland er IA webinar. I ein hektisk kvardag kan du vere med på korte kurs frå kontoret ditt. Kva med å starte leiarmøte med eit IA webinar, eller samle verneombod og tillitsvalde til webinar om aktuelle tema?
Vi vil også ha kurs denne våren om kva som skjer når våre tilsette nærmar seg slutten av sjukepengeåret. Her vil det ofte være behov for samarbeid med NAV, i tillegg til ein god internrutine for å sikre gode avklaringar om vegen vidare. Vi er kjende med at fleire har behov for påfyll av kompetanse på dette feltet.
Sett av 1.november til IA konferansen 2018.
HelsingKjersti Goa Lødemel, Seksjonssjef
Praktisk oppfølging av sjukefråværLes mer på side 16
4 5
IA - kurs Arbeidslivspakken ”Sees i morgen”
IA - kurs
Konfliktdempande kommunikasjonLes mer på side 18
IA-perspektiv på omstillingLes mer på side 20
Psykiske reaksjoner ved omstilling og stressLes mer på side 30
Psykiske helseproblemer - konsekvenser på jobbLes mer på side 28
Oppfølging av sjukefråvær -Krav i lovaLes mer på side 15
LivsfaseutfordringarLes mer på side 22
Leiing av IA-arbeidetLes mer på side 9
Kva skjer når sjukepenge- året er slutt?Les meir på side 17
Vegen til handlingsplanenLes mer på side 10
Snakk om detLes mer på side 29
Konfliktforståing -teori og praksisLes mer på side 19
Praktisk oppfølging av sjukefråværLes mer på side 16
Inkluderande arbeidsliv
IA er forkortinga for ”eit inkluderande arbeidsliv” og kjem frå Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv, som partane i arbeidslivet og regjeringa har inngått.
Hovedmål Avtalen sitt hovudmål er å gi plass til alle som kan og vil arbeide. Arenaen for IA-arbeidet er arbeidsplassen, og hovudaktørane er arbeidsgjevar og arbeidstakar. NAV har fått i oppgåve å bistå bedrifter som vil arbeide for å nå måla i Intensjonsavtalen.
Tre delmålDei tre delmåla i IA-avtalen er:* Reduksjon i sjukefråværet med 20 prosent i forhold til nivået i andre kvartal 2001. * Auke sysselsetting av personar med redusert funksjonsevne. * Å forlenge yrkesaktiviteten etter fylte 50 år med 12 månader.
Desse måla er utgangspunktet for IA-arbeidet i bedriftene.
IA-bedrifter
Når ei bedrift signerer ein samarbeidsavtale med NAV, blir ho ei IA-bedrift. Avtalen medfører at ein får sin eigen kontaktperson i NAV arbeidslivssenter. Kontaktpersonen gir råd og rettleiing i IA-arbeidet og kan bidra til at verkemiddel vert utløyst raskt og effektivt. Kontaktpersonen kan også ha ei koordinerande rolle i høve til andre i NAV. Det kostar ingenting å bli IA-bedrift.
Vilkåret er at arbeidsgjevar og tilsette forpliktar seg til å arbeide systematisk for å nå måla om eit meir inkluderande arbeidsliv. IA-bedrifter har til gjengjeld rettar som berre gjeld for desse verksemdene:
* Forebyggings- og tilretteleggings tilskot* Honorar til bedriftshelsetenesta* Utvida eigenmelding
Kurstilbod - Sandnes våren 2018
6 7
NAV Arbeidslivssenter Rogaland, avd. Stavanger.Annelise Nilsen, Erik Dikhnych-Thorsen, Asbjørn Haaland og Tone Bellott Runestad var ikkje tilstades då bildet blei tatt.
Bruk din IA-rådgivar!Rådgivar skal hjelpe leiarane, tillitsvalde og verneombod i bedrifta med å arbeide målretta og resultatorientert for å utvikle ein meir inkluderande arbeidsplass.
Rådgivar er kontaktledd mellom IA-bedrifta og NAV, og har ansvar for å informere om og koordinere tilbod frå etaten.
Eksempel på kva IA-rådgjevar kan bistå med • IA-avtalen• Mål og handlingsplanar i IA-bedriftene• Generell rådgiving• Førebyggande og helsefremjande arbeid• Tidsavgrensa innsats mot enkeltbedrifter• Oppfølging av sjukefråvær• Analyseverktøy og metodar• IA-kurs• Kurs og opplæring hos arbeidsgivar• Hjelp i enkeltsaker• Ansvar, rettar og moglegheiter for tilsette
IA-rådgiver Torunn K. MålengFoto: Vigdis Dybdahl
8 9
Grunnleggande IA-arbeid
IA-avtalen sine overordna mål er å betre arbeidsmiljøet, styrke jobbnærværet, førebygge og redusere sjukefråværet og hindre utstøyting og fråfall frå arbeidslivet.
Å inngå ein samarbeidsavtale medfører eit forpliktande samarbeid mellom leiarar, tillitsvalde, verneombod og tilsette i bedrifta, for å nå måla om eit meir inkluderande arbeidsliv.
Kurset “Leiing av IA-arbeidet” gir ei grunnleggande og felles forståing for dette arbeidet i bedriftene.
Kurset gir ei innføring i IA-arbeid for leiarar, personal-medarbeidarar, tillitsvalde og verneombod.
Leiing av IA-arbeidet
Dette er eit kurs for nye og etablerte IA-bedrifter som ønskjer ei inn-føring i IA-arbeidet.
Inkluderande arbeidsliv er meir enn oppfølging av sjukefråvær. Stikk-ord er eit godt arbeidsmiljø, auka jobbnærvær og fokus på utvikling og framgang.
Målgruppe for kurset er leiarar, tillitvalde og verneombod.
Nokre tema frå kurset• Kva er eit inkluderande arbeidsliv?• Kven har ei rolle og ansvar ?• Korleis koma i gang og arbeida systematisk?• Kva gjer dei bedriftene som lukkast?• Mål og tiltak skal nedfellast i en HMS/IA-handlingsplan.
Kurs
Sandnes 23. januar
Haugesund 15. mars
Sandnes 19. april kl. 09 - 12
10 11
Kurset «Vegen til handlingsplanen» er ei vidareføring av kurset «Leiing av IA-arbeidet»
Etter signering av IA-avtalen skal ein utarbeide IA mål- og handlings-plan der bedrifta set sine eigne mål for dei tre fokusområda sjukefrå-vær, inkludering og livsfase/seniorpolitikk.
På kurset gir vi konkrete tips og råd om korleis ein kan komme i gang med dette.
Nokre tema frå kurset:• Kartlegging av status. Kvar er vi og kvar vil vi?• Korleis sette seg mål?• Aktuelle tiltak for å nå måla sine• Presentasjon av nyttige verktøy
Kurs Sandnes 23. januar Haugesund 15. mars
Sandnes 19. april
kl. 12.30 - 15.00
Vegen til handlingsplanen
NAV Arbeidslivssenter Rogaland tilbyr ulike verktøy og metodar som kan bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø, og eit meir inkluderande arbeidsliv. Med unntak av Pluss 2 er metodane som vist til nedanfor presenterte på nettsida «www.idebanken.org.»
Nokre eksempel frå verktøykassa:
KonfliktogrammetDette er eit verktøy for å førebygge konfliktar i arbeidslivet. Det er ikkje eit kurs for konflikthandtering, men for å kunne forstå konfliktar. (Det egnar seg ikkje for å løyse konfliktar)
Verktøy for å meistre stressMålet er å gjere deltakarane meir medvitne på eige stress, og gje tips om mestringsstrategiar for individ og gruppe.
Verktøykasse for nærvær
12 13
Verktøykasse for nærværPluss 2Dette er eit verktøy for medverknad og in-volvering, og kan nyttast i alt utviklingsarbeid. Fokuset er på løysningorientering. Pluss 2 kan for eksempel nyttast i ei kartlegging for å få fram kva tiltak som skal til for å få høgast mogleg nærvær.
DialogspeletDette er ein strukturert metode for å få i gang ein dialog om arbeidsmiljø og trivsel. Gjennom gruppearbeid diskuterer deltakarane ei rekke utsegn om det psykiske arbeidsmiljøet. Utsegna blir deretter prioriterte, og deltak-arane kjem med forslag til løysningar. Metoden sikrar at alle kjem til orde, også dei som ikkje seier så mykje til vanleg.
Verktøykasse for nærvær
Diversity IcebreakerMålet med Diversity Icebreaker er å betre kommunikasjonen og det sosiale samspelet i ei gruppe. Dette blir gjort ved å anerkjenne ulikskap, og bruke forskjellane som ein ressurs på arbeidsplassen. Deltakarane kartlegg seg sjølve i eit spørjeskjema som måler preferansar med tanke på kommunikasjonsstil, samarbeid og problemløysing.
Diversity Icebreaker er eigd av ein privat aktør. Det kostar omlag kr 170,- pr. person å nytte materiellet deira.
14 15
NAV Arbeidslivssenter Rogaland avd. SandnesLeif Inge Wikse var ikkje til stedes då bildet blei tatt.
Oppfølging av sjukefråvær- krav i lova
Kurs Sandnes 17. januar Haugesund 22. febr Sandnes 30.mai
Varighet kl. 09 - 12
Kurset gir teoretisk kunnskap om oppfølging av sjukefråvær. Det vert lagt hovudvekt på ein tidleg fase i oppfølgings-arbeidet.
Nokre tema frå kurset:• Kvifor systematisk sjukefråværsoppfølging?• Kva er krava i lovverket?• Kva er målet med oppfølginga?• Arbeidstakar sine pliktar• Arbeidsgjevar sine pliktar• Elektronisk sjukmelding
Les meir på:www.idebanken.orgwww.inkluderende.nowww.arbeidstilsynet.no
16 17
Praktisk oppfølging av sjukefråværDet blir stilt krav til dokumentasjon ved sjukefråvær. Oppfølgings- planen er eit verktøy som sikrar dialog mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar. Frå første fråværsdag skal ein sjå etter moglegheiter for arbeidsrelatert aktivitet på arbeidsplassen.
Kurset skal gi kjennskap i praktisk oppfølging av sjukefråvær.
Nokre tema frå kurset:• Kva er målet med oppfølginga?• Arbeidsoppgåver, funksjonsevne og arbeidsevne• Kva skal oppfølgingsplanen innehalde, og korleis bruke den i
praksis?• Kvifor dialogmøte og korleis gjennomføre desse?• Praktiske øvingar
Kurs Sandnes 31. januar
Haugesund 22. mars
Sandnes 6. juni Varighet kl. 09 - 12
Kva skjer når sjukepengeåret er slutt?Korleis avklare vegen vidare? Kven har oppfølgingsansvaret? Avklaring av roller og ansvar, kva gjer arbeidsgjevar og kva gjer NAV?
Hjelp til å lage gode rutinar og retningslinjer for tilsette som har vore sjukmelde i eitt år.
Drøfting av aktuelle case og presentasjon av praktisk sjekkliste.Deltakarane kan melde inn aktuelle case på epost seinast 14 dagar før kursstart til : nav.arbeidslivssenter.rogaland@nav.no
Nokre tema frå kurset:• Kva er målet med oppfølginga?• Arbeidsoppgåver, funksjonsevne og arbeidsevne• Praktiske øvingar
Kurs Sandnes 11.april
Haugesund 19.april
Varighet kl. 09 - 12
Ope kurs
18 19
Konfliktdempandekommunikasjon
Kurs
Sandnes 7. februar
Haugesund 12. april Varighet: kl. 09 -13
Ulik kommunikasjonsstil, mistolking og konfliktar heng ofte saman. Målet med kurset er å auke erkjenninga om samanhengen mellom observasjonar, tolkingar, kjensler og behov.
Vi lærer å nytte desse elementa i samtalar med andre for å førebygge konfliktar og dempe oppheta situasjonar.
Kurset består av:• Forelesning og teori• Diskusjon og refleksjon• Arbeid med case
Konfliktforståing – teori og praksis
Leiinga har ansvar for å førebygge og handtere konfliktar på arbeids-plassen. Målet med dette kurset er å gi forståing for konfliktar i arbeidslivet og kva ein må hugse på dersom det oppstår ein konflikt.
Nokre tema frå kurset• Ulike syn på, årsaker til og utvikling av konfliktar• Roller og ansvar – kva seier lovverket?• Tilrådeleg saksbehandling ved konfliktar• Introduksjon til verktøyet «Konfliktogram»
Kurs Sandnes 25. januar
Sandnes 26.april
Haugesund 31. mai
Varighet: kl. 09 -13
20 21
Korleis lukkast med omstilling slik at den både tek vare på bedrifta sine behov for omstilling og arbeidstakarane sine behov for tryggleik og utvikling?
Nokre tema frå kurset:• Kva er omstilling?• Kva rolle har leiar, tillitsvalgt og verneombod i omstillingsarbeidet?• Lovverket• Korleis samspele, trygge og informere i turbulente tider? Kva kan
NAV bidra med, og kven andre kan hjelpe?
NAV Arbeidslivssenter Rogaland held kurset i saman med Arbeidstilsynet
IA-perspektiv i omstillingsprosesser
Kurs Haugesund 21. mars
Sandnes 11. april
Varighet: kl. 09 -13
Samtalenotat; Eit verktøy i sjuke-fråværoppfølginga Samtalenotatet er eit godt verktøy for både arbeidsgjevar og den sjukemeldte.På mange måtar kan ein sjå på Samtale-notatet som ein hugselapp om moglegheiter, oppgåver og tiltak for arbeid.
Notatet legg vekt på kva som er mogleg å gjere på arbeidsplassen trass i helseut-fordringar.
Du finn samtalenotatet på NAV Rogaland sine websider.
Foto: IAiHordaland
22 23
Vi ser eit arbeidsliv med raske skifte, jobbar forsvinn, nye kjem til, og jobbinnhaldet blir endra. Ein aktiv livsfasepolitikk blir stadig viktigare for å halde på aktiv, kvalifisert og etterspurt arbeidskraft gjennom alle fasane av arbeidslivet. Kva tiltak fungerer? Kva er gevinsten med eit livsfaseperspektiv i personalpolitikken for verksemda og for kvar enkelt tilsett?
De ulike fasane i arbeidslivet:• Juniorfasen / nytilsett• Etableringsfasen• Midtlivsfasen• Seniorfasen
Les meir om emnet her:www.seniorpolitikk.nowww.VinnVinn.orgwww.idebanken.org
Livsfaseutfordringar
Kurs
Sandnes 25.april Haugesund 26.april
Varighet: kl. 09 -12
«Graviditet er ingen sykdom, men en annerledes og energikrevende tilstand!» Ebba Wergeland, arbeidsmedisinar.
Det er høgt sjukefråvær blant gravide kvinner i dag. Fråværet skyldast ofte ikkje sjølve svangerskapet, men manglande tilrettelegging. • Korleis er det å være gravid i 2018?• Korleis halde gravide medarbeidarar i jobb? Kva virker?• Utvikling av retningslinjer og rutinar for oppfølging av gravide
medarbeidarar.
Kurshaldar: Kristin Mohr Rykkje, jordmor og IA-rådgjevar ved NAV Arbeidslivssenter Hordaland
Les meir om emnet her:www.idebanken.orgHelsedirektoratet
Gravid medarbeidar
Kurs Haugesund 24.mai
Varighet:kl. 09 -12
NAV Arbeidslivssenter Rogaland avd. Haugesund.Else T. Kristiansen Mardal var ikkje tilstades då bildet blei tatt.
24 25
NAV inviterer til morgonmøte for arbeids- givarar. Dette er møte med ulike tema, som til dømes økonomiske verkemiddel, psykisk helse, oppfølgingsplan etc.
Våren 2018 er det planlagt morgonmøte i desse kommunane:Sandnes, Stavanger, Vindafjord, Strand, Gjes-dal, Sauda, Suldal, Rennesøy, Finnøy, Sola, Eigersund og Sokndal.
Informasjon om tid og stad vil du finne på nav.no, på vår facebookside og i nyhetsbrev.
Kurs i bedriftMorgenmøte
for arbeidsgjevarar
Arbeidslivspakken - «Sees i morgen!»
26 27
Mange arbeidsgivere ønsker mer kunnskap om hvordan møte med-arbeidere med psykiske helseproblemer, og hvordan håndtere psykisk helse på arbeidsplassen. NAV har i samarbeid med partene i arbeidslivet og brukerorganisasjonene utviklet kurspakken «Sees i morgen!» som omhandler dette.
Kursene tilbys av NAV Arbeidslivssenter og er gratis. De retter seg primært mot arbeidsgivere, ledere med personalansvar, verneombud, tillitsvalgte i alle typer virksomheter. Kursene kan gjennomføres som åpne kurs eller som bedriftsinterne kurs.
Hensikten med kurspakken er å øke kompetansen i arbeidslivet om psykiske helseproblemer, og skape gode og inkluderende arbeidsplasser for å hindre at ansatte blir sykmeldt over lengre tid.
Bedrifter og virksomheter kan i ettertid av kurset bruke presentasjonen fritt i egen internopplæring.
Ope kurs
Ope kurs
Snakk om det -samtalen som verktøy
28 29
Psykiske helseproblemer -konsekvenser på jobb
Målsettingen i dette kurset er å sette arbeid og psykisk helse på dagsorden og å øke fokus på arbeidets betydning for den psykiske helsen.
Bidra til økt kunnskap om hvordan psykiske helseproblemer kan påvirke arbeidsevnen, og styrke kunnskapen om gode grep på jobb som bidrar til økt jobbmestring.
Bidra til økt inkludering og hindre utstøtning fra arbeidslivet.
Målgruppe: ledere, tillitsvalgte, verneombud og HR/personalVarighet: 3 timer
Kurset kan også leveres bedriftsinternt. Kontakt din IA-rådgiver eller arbeidsgiverlos i ditt fylke.
KURS
Haugesund 18. jan
Sandnes 8. febr
Varighet: kl 09 - 12
Kurset bidrar til økt kunnskap og trygghet til å gjennomføre en god samtale med medarbeidere som kan ha psykiske helse-problemer.
Bidra til økt inkludering og hindre utstøtning fra arbeidslivet.
Målgruppe: ledere, tillitsvalgte, verneombud og HR/personalVarighet: 3 timer
Kurset kan også leveres bedriftsinternt. Kontakt din IA-rådgiver eller arbeidsgiverlos
KURS
Sandnes 25. april
Haugesund 3. mai
Varighet: kl 09 - 12
Ope kurs
Psykiske reaksjoner ved omstilling og stress
30 31
Kurset skal gi deltakerne økt forståelse for hvordan omstilling i arbeidslivet kan påvirke vår psykiske helse.
Bidra til økt kunnskap om ulike stressreaksjoner og vise verk-tøy for hvordan vi kan forebygge og mestre stress på jobb.
Bidra til økt inkludering og hindre utstøtning fra arbeidslivet.
Målgruppe: ledere, tillitsvalgte, verneombud og HR/personalVarighet: 3 timer
Kurset kan også leveres bedriftsinternt. Kontakt din IA-rådgiver eller arbeidsgiverlos
KURS Haugesund 7.mars Sandnes 15. mars
Varighet: kl 09 - 12
32 33
IA-webinar er korte kurs som du kan delta på om du er på kontoret, offshore, på hytta eller heime. Så lenge du har tilgang til Internett kan du delta.
IA-webinar er gratis online kurs for IA-bedrifter. Meld deg på webinar!
For meir informasjon og påmelding til IA-webinar kurs
IA-webinar - Online kurs
webinar
Alle kursa i katalogen kan leverast som interne kurs i bedriftene. Vi har dei sisteåra mellom anna gjennomført kurs i samtale- teknikk, oppfølging av sjukefråvær, livs-fasepolitikk, psykisk helse og nærværsarbeid i enkeltbedrifter.
Kursa er i utgangspunktet dei same som står i kurskatalogen, men det er mogleg å tilby tilpassa løysningar med utgangspunkt i bedrifta si handlingsplan.
Ta kontakt med din IA-rådgjevar.
Bedriftsinterne kurs
34 35
NyhetsbrevNAV Arbeidslivssenter Rogaland sender ut nyhetsbrev ein gang i månaden. Her får du dei siste nyheitene frå NAV, omtale av samarbeid med lokale bedriftar, informasjon om morgonmøte ol.
Abonner på vårt nyhetsbrev. Her finn du nyhetsbreva.
Følg oss på Facebook
På Facebook sidene vil du finne nyttig informasjon om tema som:• morgenmøter for arbeidsgjevarar• arbeidsmiljø • nærværsarbeid• eksempel frå bedriftar• kurs• konferansar• oppfølging av sjukefråvær• psykisk helse
36
Kurslokaler
Arbeidsgivar-telefonen 55 55 33 36
Kontaktperson:Greta Bjørklund Olsentlf.: 52 04 83 71
Illustrasjonsfoto: Colorbox Vigdis Dybdahl
Design:Vigdis Dybdahl
Sandnes
VID vitenskapelige
høgskole Vågsgata 40, Sandnes
Haugesund
Hemmingstad Kulturs. Spannavegen 135
Haugesund
Meld deg på IA-kurs her
Målgruppa for kursa i denne katalogen er IA-bedrifter. Har bedrifta di ikkjeIA-avtale? Vil du vite meir om å bli IA-bedrift? Delta på kurs eller ta kontakt medArbeidslivssenteret for meir informasjon.
Alle kursa i denne katalogen er gratis. Det vert servert kaffe og te.
top related