olava og bestefar
Post on 28-Jan-2016
223 Views
Preview:
DESCRIPTION
TRANSCRIPT
Marit Heier Lajord og Line Halsnes
SamlagetOslo 2013
og bestefarOlava
Dette er Olava, ho er sju år. Ho er oppkalla
etter bestefar Olav, som er meir enn sytti år.
Han kan køyre traktor, reparere skistavar og
levde under krigen.
Bestefar har lært Olava mange ting. At havet
er salt, at traktoren har hestekrefter, og at
namnet hennar tyder etterkommar.
Olava bur i eit kvitt hus, med mor,
far og veslebror Martin. Han er
berre tre år, og går ikkje på skulen.
Mor har ein hudkrem som luktar
godt, og ein dyrlegekoffert. Far har
ein grønsakhage, og eit kontor med
mange bøker i.
Bestefar bur i eit gult hus med bestemor.
Der har Olava og Martin kvar sin plass
ved kjøkkenbordet, kvar sin blå kopp og
ei kasse med leikeklossar i lag.
Bestemor lagar kålstuing, bestefar kjem
akkurat inn til middag. Det gjer han halv
tre, kvar dag.
Bakom smia, under bjørka, er det ein stor,
flat stein. Steinen er Olava og bestefar sin
favorittstad.
– Kvifor brukar du ikkje shorts, bestefar?
spør Olava. Bestefar har berre bretta opp
dei rutete skjorteermane, og har på seg
mørk bukse og gummistøvlar. Sjølv om
det er juli, graset er nyslått og veggane
luktar sol. Olava har raud kjole med kvit
krage.
– Eg brukar ikkje shorts, eg, men ser du
ikkje kor fint det er med skuggelue?
top related