raude, ville geiter

Post on 06-Mar-2016

226 Views

Category:

Documents

4 Downloads

Preview:

Click to see full reader

DESCRIPTION

Astrid Grønsnes og Stina Langlo Ørdal og nokre andre dyr I denne boka møter du Inga og Besta og Pus Besta sit i godstolen sin og strikkar. Inga og Alma sit på golvet. Dei leikar med garnnøste og med lappane Besta har strikka. Først leikar dei at nøsta er ballar. Etterpå lagar dei vegar av lappar. Då blir ballane bilar som rullar på vegane. Sauefamilien går roleg i ei lang rekke. Dei kosar seg og et gras. – Mm, seier Inga. – Det veit vi. Ulla kjem frå sauene. Og så blir garnnøsta ein sauefamilie på tur.

TRANSCRIPT

Astrid Grønsnes og Stina Langlo Ørdal

Astrid

Grø

nsnes o

g Stina

Lang

lo Ø

rda

l

Når bestemor sit djupt i tankar med strikketøyet sitt, legg dei fantasifulle og oppfinnsame

jentene Alma og Inga ut på ei vill ferd gjennom heile huset saman med dei

raude, ville geitene!

Frå 3 år

www.samlaget.no

og Besta

Astrid Grønsnes og Stina Langlo Ørdal

I denne boka møter du Inga

og Pus

og nokre andre dyr

og Alma

Besta sit i godstolen sinog strikkar.

Inga og Alma sit på golvet. Dei leikar med garnnøsteog med lappane Besta har strikka.

Først leikar dei at nøsta er ballar.Etterpå lagar dei vegar av lappar.Då blir ballane bilar som rullar på vegane.

– De veit at garnet er laga av ull,og at vi får ulla av sauen?spør Besta.

– Mm, seier Inga.– Det veit vi. Ulla kjem frå sauene.

Og så blir garnnøsta ein sauefamilie på tur.

Sauefamilien går rolegi ei lang rekke.Dei kosar seg og et gras.

Mamma går først,etter mamma kjem pappa. Heilt sist trippar eit lite raudt lam.

– Bæ, bæ, lille lam, syng Alma.

Besta strikkarmed det raude lammet.Av og tildrar ho i trådenslik at lammet snurrar og trillar.

Inga prøver å fanga det,men det berre sprett unna.– Grip det raude lammet, Alma!ropar ho.

– Eg prøver, ropar Alma tilbake,– men eg greier det ikkje!Det er det villaste lammet eg har sett!

Det raude lammethoppar og dansar.

top related