Årsmelding 2008 - sognekraft · 2016. 1. 26. · fire hovudsponsorar og vert godt profilert...
Post on 03-Oct-2020
0 Views
Preview:
TRANSCRIPT
1
Årsmelding 2008
- drivkraft i Sogn
2
I dei siste åra har Sognekraft investert mange millionar for å
sikre regional utvikling innan ny vasskraftproduksjon. Investeringane vil auke den lokale verdiskapinga. Falleige til
grunneigarar og overskot til lokale utbyggjarar medfører økonomisk vekst i regionen. Mange grunneigarar er knytt til
jordbruk, og nyttar ofte verdiane til å sikre og utvikle land-bruket. Gjennom auka skatteinntekter kan kommunane
oppretthalde og auke tenester til innbyggjarane. Investeringar i vasskraft får difor positive ringverknader
utover inntekter til utbyggjar og grunneigar.
I nasjonale og internasjonale klimaforlik er vasskraft ei
viktig framtidig energikjelde, fordi det er naudsynt å sikre nok energi samstundes som vi tek vare på miljøet.
Vasskraft er ein av dei mest miljøvennlege fornybare
energiformene som eksisterar.
Sognekraft søkjer å leggje til rette for småkraftutbygging gjennom å utvikle linjenett og tilbod om å delta som parter i
utbyggingar. I tillegg førebur vi selskapet på nye større utbyggingar der vi allereie har inngått avtalar med grunn-
eigarar. Ein del av dette er å etablere nytt kontorbygg i Vik og rekruttere fleire dyktige fagfolk. Det er i 2008 lagt ned
eit stort arbeid med å etablere eit kvalitetssystem som
sikrar gode rutinar både på drift og prosjekt.
Sognekraft arbeider no med å etablere ei ny linje frå Fjærland til Leikanger og frå Balestrand til Lånefjorden.
Samstundes som vi dekkar småkraftverka sine innmeldte behov for auka kapasitet, sikrar vi også ei framtidsretta
kraftforsyning i desse områda.
I samarbeid med Sogndal kommune kartlegg vi mogeleg-heita for å utvikle fjernvarme i regionsenteret, for å tilby eit
miljøvennleg alternativ til tradisjonell elektrisk energi i store
delar av sentrum. Dette er eit spennande prosjekt!
Målet vårt er tydeleg og klart. Vi skal vere eit framtidsretta energiselskap og ei drivkraft som fører til utvikling og
verdiskaping i Sogn. Med dyktige medarbeidarar er vi godt
rusta til å gjennomføre dei langsiktige strategiane.
Terje Bakke Nævdal
Adm. direktør
Aukar lokal verdiskaping
Målet er å vere eit
framtidsretta energiselskap
og ei drivkraft i Sogn.
3
KORT OM SOGNEKRAFT 4
ÅRET 2008 5
HOVUDTAL 2004-2008 6
SELSKAPSSTRUKTUR 8
SAMFUNNSREKNESKAP OG
VERDISKAPING 9
LOKAL MEDSPELAR 10
PRODUKSJON 12
NETT 15
KRAFTSAL SLUTTBRUKAR 18
ANDRE FORRETNINGSOMRÅDE 19
ÅRSMELDING FRÅ STYRET 20
RESULTATREKNESKAP 25
BALANSE 26
KONTANTSTRAUMANALYSE 28
NOTAR 29
REVISJONSMELDING 35
Innhald
4
H ISTORIE
Sognekraft vart skipa 14. mars 1947 av kommunar og
kraftlag i midtre og indre Sogn, for å betre kraftforsyninga til
innbyggjarar og næringsliv i bygdene i Sogn.
DRIVKRAFT I SOGN
Selskapet sin forretningsidé er å produsere, handle og
distribuere miljøvenneleg energi i Sogn. Visjonen til
Sognekraft er å vere ei drivkraft i Sogn.
STRAUMNETTET
Sognekraft har i dag konsesjon for straumnettet i
kommunane Balestrand, Leikanger Sogndal, Vik og
Frønningen i Lærdal kommune. Staumnettet består av 593
km høgspentnett, 1 092 km lågspentnett, 6 sekundær-
stasjonar og 541 nettstasjonar. Forbruket i straumnettet
utgjorde 241 GWh i 2008.
PRODUKSJON
Sognekraft eig og driftar Årøy kraftstasjon i Sogndal og er
12% medeigar i Vikfalli. Middel årsproduksjon er 446 GWh. I
2008 var produksjonen på 478 GWh.
HOVUDTAL
I 2008 hadde selskapet ei omsetning på 210 mill. kroner og
eit årsresultat på 33,1 mill. kroner. Ved utgangen av 2008
hadde Sognekraft 63 tilsette.
Kort om Sognekraft
5
Året 2008
STRATEGI FOR LØNSAM VEKST
Arbeidet med å sikre selskapet tilgang til nye kraftprosjekt
som kan gje ny lønsam vekst held fram.
Sognekraft har investeringsplanar på nær 2 mrd. kroner
den komande tiårsperioden. Kvart prosjekt vil bli grundig
vurdert før ein gjer vedtak om investering. I tillegg ser vi at
prosessane for godkjenning av planar hjå sentrale myndig-
heiter tek noko lengre tid enn planlagt. Det kan føre til
forskyvingar i investeringsplanane.
E IGARMØTE OM STRATEGIVAL
Det vart gjennomført eigarmøte 1. oktober. Målet med
møtet var å informerer eigarane om styret sin strategi og
investeringsplanar, og ta imot innspel til det vidare arbeidet.
NY KRAFTPRODUKSJON
I juni 2008 gjennomførte vi sluttsynfaring med NVE på
Feios kraftverk (100 GWh). NVE legg truleg fram si
innstilling til OED våren 2009.
Det har vore arbeidd med konsesjonssøknad og
konsekvensutgreiing for Leikanger kraftverk (184 GWh)
gjennom heile 2008. Konsesjonssøknaden vart sendt til
NVE ved årsskiftet. Høyringsfrist for konsesjonssøknaden er
juni 2009.
I oktober vart i det signert avtale med Veidekke om
utgreiing og mogleg utbygging av falla i Indre og Ytre
Offerdal i Årdal kommune. Forventa årsproduksjon er 111
GWh.
Melding om utgreiingsprogram vart oversendt NVE i
desember. Høyringsfrist på meldinga er mai 2009.
VURDERER VARMEANLEGG I SOGNDAL
Sognekraft deltek saman med Sogndal kommune i eit
forprosjekt for å vurdere potensiale for levering av varme til
større bygg i området Fosshaugane/Nedrehagen/Sogndal
sentrum.
OMDØMME OG KUNDETILFREDSHEIT
Det vart gjennomført ei profil-, omdømme- og kundetilfreds-
heitsundersøking som viser at selskapet har eit godt
omdøme og at kundane er både tilfredse og lojale.
Undersøkinga syner og at selskapet si lokale forankring er
viktig for kundane.
PRODUKT- OG MARKNADSUTVIKLING
For å møte konkurransen i marknaden lanserte selskapet i
2008 eit nytt spotprisprodukt for hushaldskundar,
Sognekraft Innkjøpspris. Kunden betalar det same for
straumen som selskapet kjøper den inn for, pluss ein fast
månadssum. Produktet kompletterar produktportefølja med
eit produkt som er særs etterspurd i marknaden.
S IKKER STRAUMFORSYNING
Sognekraft erfarer at milde vintrar fører til at skog veks
raskare enn før, og at trea sine rotsystem ikkje er godt
forankra gjennom tele i bakken gjennom vinteren. Dette
har ført til at nettet er meir utsett for at tre fell over linjene
og medfører straumavbrot.
I 2008 har vi difor auka innsatsen på skogrydding kraftig. I
tillegg er ryddebelta gjennom fleire område med granskog
utvida for å unngå trefall på dei viktigaste linjene.
NYTT ADMINISTRASJONSBYGG I V IK
Selskapet planlegg nytt administrasjonsbygg i sentrum i Vik.
Bygget vert detaljprosjektert våren 2009. Målet er å starte
byggjearbeidet hausten 2009.
6
Hovudtal 2004-2008
Beløp i 1 000 kroner 2008 2007 2006 2005 2004
Sum driftsinntekter 209 836 167 650 195 268 185 509 172 783
Driftsresultat 84 340 58 446 78 892 75 857 61 766
Netto finanskostnad 5 784 6 597 6 803 8 632 10 639
Resultat før skattekostnad 78 556 51 849 72 089 67 225 51 127
Skattekostnad 45 502 23 678 40 408 31 888 24 875
Årsresultat 33 054 28 171 31 681 35 337 26 252
Investeringar 24 932 33 664 31 456 27 468 15 000
Eigenkapital 240 283 249 816 246 645 252 265 220 651
Totalkapital i balansen 505 595 481 936 509 691 489 479 459 650
Forbruk i eige område (GWh) 241 242 229 237 229
Marknadsdel i eige område 84 % 85 % 86 % 89 % 89 %
Kraftproduksjon (GWh) 478 523 433 536 436
Tall årsverk pr. 31.12. 55,0 52,3 51,2 48,1 49,0
Økonomiske nøkkeltal
Eigenkapitalrentabilitet 13,5 % 11,3 % 12,7 % 14,9 % 12,0 %
Totalrentabilitet 8,9 % 7,3 % 8,1 % 9,4 % 8,2 %
Netto driftsmargin 40,4 % 34,9 % 40,4 % 40,9 % 35,7 %
Eigenkapitalandel 47,5 % 51,8 % 48,4 % 51,5 % 48,0 %
Likviditetsgrad 1 0,7 0,6 0,8 0,8 1,0
Rentedekningsgrad 8,2 7,4 9,3 8,1 5,4
Definisjonar:
Eigenkapitalrentabilitet: Resultat før ekstraord. postar – Skattekostnad / Gjennomsnittleg eigenkapital
Totalkapitalrentabilitet: Resultat før ekstraord. postar - Skattekostnad + Finanskostnader / Gjennomsnittleg totalkapital
Netto driftsmargin: Driftsresultat / Driftsinntekter
Eigenkapitalandel: Eigenkapital/ Totalkapital
Likviditetsgrad 1: Omløpsmidlar/ Kortsiktig gjeld
Rentedekningsgrad: Resultat før ekstraordinære postar + finanskostnader / finanskostnader
7
8
AKSJONÆRFORHOLD
Sognekraft AS vart skipa av kommunar og lokale kraftverk i
Sogn. Etterkvart har eigarforholda i selskapet endra seg
noko. Selskapet har også i dag ein sterk lokal og regional
forankring.
ADMINISTRATIV ORGANISERING
Sognekraft er eit vertikalt integrert energiselskap og
organisert i tre forretningsområde: produksjon, nett og
marknad.
Adm. direktør er Terje Bakke Nævdal.
Det var 63 tilsette ved utgangen av 2008, inkludert 2
lærlingar. Det vart utført 55 årsverk, som er ein auke på 3
frå 2007.
STYRET
Styret har sju medlemmer. Fem blir valde av general-
forsamlinga og to av dei tilsette.
Styret bestod pr 31.12.2008 av følgjande:
ERLING STADHEIM, STYRELEIAR
Tidlegare ordførar i Vik kommune
ATLE NETELAND, NESTLEIAR
Konsernsjef i BKK AS
AGNES LANDSTAD
Direktør i Vestlandsforsking
SVEIN HALVEG
Teknisk sjef småkraft, Elkem Fornybar Energi AS
KAREN MARIE HJELMESETER
Sjølvstendig næringsdrivande, formannsskapsmedlem i
Sogndal kommune. Tidlegare ordførar i Sogndal
kommune.
KAI-VIDAR MYRHOL
Krafthandlar i Sognekraft
JARAN SÆBØ
Energioperatør i Sognekraft
Selskapsstruktur
Eigarstruktur pr.
31.12.2008 Tal aksjar %
BKK AS 2 100 44,4
Vik kommune 935 19,8
Luster Energiverk A/S 610 12,9
Sogndal kommune 519 11,0
Luster kommune 325 6,9
Balestrand kommune 118 2,5
Leikanger kommune 118 2,5
Totalt 4 725 100,0
Plan
Produksjon
Årøy kraftverk Drift
Marknad
Stab
Adm. direktør
Nett
9
( tal i 1 000 kroner) 2008 2007
Totale driftsinntekter 209 836 167 650
- forbruk varer og tenester 66 811 51 782
Brutto verdiskaping 143 025 115 868
- ordinære avskrivingar 22 429 23 167
Netto verdiskaping 120 596 92 701
+ finansinntekter 5 119 1 487
Totale verdiar til fordeling 125 715 94 188
Fordeling av verdiskaping
Tilsette
Brutto lønn og sosiale ytingar 25 673 24 138
Kapitalinnskytarar
Renter til långivarar 5 000 4 084
Utbetaling til eigarane 31 000 29 000
Stat, fylke og kommune
Skatt 45 502 23 678
Eigedomsskatt 8 625 6 477
Arbeidsgjevaravgift 3 228 3 016
Andre offentlege avgifter 633 623
Selskapet
Tilbakehalde overskot 6 054 3 171
Fordelte verdiar 125 715 94 187
Samfunnsrekneskapet viser kva verdiar som er skapt
gjennom innsats av arbeidskraft, kapital, kunnskap og
teknologi, og korleis desse vert fordelt på dei ulike
interessegruppene som har bidrege.
Dei tilsette får sin del av verdiskapinga gjennom løn
og sosiale ytingar.
Eigarane får sin del gjennom utbytte og renter på
ansvarleg lånekapital samt tilbakehalde overskot.
Långivarane har krav på verdiskaping gjennom
renter på lån.
Stat og kommune får sin del gjennom skattar og
avgifter som selskapet betalar inn.
Verdiskaping 2008
Stat og kommune
46 %
Eigarar
25 %
Tilsette
20 %
Tilbakehalde
overskot
5 %
Finansinstitusjonar
4 %
Verdiskaping 2008
10
Lokal medspelar
SAMARBEID OG SPONSOR
Vi satsar på eit godt samarbeid med lokale og regionale
energiverk og byggjer ut infrastruktur for straum og
breiband i regionen. Vi er initiativtakar eller støttespelar i
lokale kraftutbyggingsprosjekt, der grunneigarar kan vere
med å realisere utbygging.
Utdanning og rekruttering
Det er viktig for Sognekraft si rekruttering at ungdom i
regionen kan ta utdanning innan Sognekraft sine fag-
område. Vi samarbeider godt med Sogndal vidaregåande
skule om undervisningsmateriell, undervisning og tilbyr
lærlingplassar.
Vi tillegg tilbyr vi sommarjobbar, praksisplassar og
informerer ungdom som skal ta utdanningsval om kva
moglegheiter for jobb dei finn i Sognekraft.
Rekruttering til Sogn og Fjordane
Vi samarbeidar med Framtidsfylket AS om å rekruttere
ungdom som har teke høgare utdanning, og vil tilbake til
fylket. Gjennom deltaking i Framtidsfylket sine rekrut-
teringsmesser i Trondheim og Bergen har vi etablert
kontakt med ungdom i utdanning, som er interessert i
arbeidsmarknaden i fylket.
Born og ungdom
Sognekraft støtter opp om frivillige organisasjonar og lag
innan kultur og idrett i konsesjonsområdet. Selskapet
støtter i første rekkje born og unge, og for å nå flest mogleg.
Sogndal Fotball og Fosshaugane Campus
Sogndal Fotball har gått i bresjen for ei utbygging som
samlar idrett, forsking og utdanning på Fosshaugane
Campus, for at det skal vere ein motor i vidare utvikling av
lokalsamfunn, skule og næringsliv i Sogn.
Sognekraft ynskjer å bidra til dette arbeidet. Sogndal Fotball
er Sognekraft si største enkelt-sponsoravtale. Vi er ein av
fire hovudsponsorar og vert godt profilert gjennom
”Sognekraft-tribuna”, skilting og draktreklame.
KJERNEVERDIAR
Kjerneverdiane til Sognekraft fungerer som spelereglar for
korleis tilsette og selskapet skal opptre. Alle val skal kunne
forsvarast ut frå desse verdiane.
Tryggleik
Tryggleik for liv og helse har alltid første prioritet. Mange
tilsette arbeider med straumførande anlegg, som kan vere
farleg viss ein ikkje opptrer i forhold til på rett måte.
Kundar og andre samhandlingspartar skal ha tryggleik for
at Sognekraft er ei profesjonell bedrift å samarbeide med.
Trivsel
Det skal vera eit godt arbeidsmiljø i Sognekraft, der alle
deltek, gir av seg sjølve og handsamar kvarandre med
respekt.
Påliteleg
Kunden er alltid er i fokus. Vi skal halde det vi lovar, levere
til rett tid og ha rett kvalitet.
Nyskapande
Sognekraft sin visjon er å vere ei drivkraft i Sogn. Det er
viktig for selskapet å bli oppfatta som ein utviklingsorientert
aktør i regionen. Vi skal tore å satse, ha rom for kreativitet
og nye satsingsområde.
ENERGIBRANSJEN OG GRØNNBOKS
Grønnboks er namnet på energibransjen si satsing for å
finne løysingar på dei store klima og miljøutfordringane.
Bransjen inviterar samfunnet til ein klimadugnad, der
fornybar energi og energieffektivisering er dei viktigaste
tiltaka og energibedriftene dei viktigaste aktørane.
11
12
Produksjon
PRODUKSJON
Målt etter produksjon er Sognekraft det nest største energi-
selskapet tilhøyrande i Sogn og Fjordane. Selskapet eig Årøy
kraftverk og er medeigar i Statkraft Vikfalli med 12 %.
Middel årsproduksjon er 446 GWh. I 2008 vart produk-
sjonen 478 GWh.
Produksjonsseksjonen si oppgåve er å optimalisere
produksjonen i Årøy kraftverk og omsetje den saman med
produksjonen i Vikfalli med høgast mogleg inntening. Innan
krafthandel skal seksjonen i tillegg sikre inntening på
eksterne kontraktar og tradingportefølja. Seksjonen har og
ansvaret for å starte og drive nye kraftutbyggingsprosjekt og
delta i vindkraftutbygging på Vestlandet.
DRIFT OG VEDLIKEHALD
Kjerneaktiviteten i Årøy kraftverk er å sikre kraftproduk-
sjonen gjennom førebyggande vedlikehald for å halde det
elektromekaniske utstyret i god stand og redusere risikoen
for uønska driftstans. Løpande oppdatering av støtte-
verktøyet JobTech er særs viktig. Større vedlikehald som
krev driftsstans over lengre tidsrom vert utført i periodar
med lite tilsig og aggregatet ikkje treng vera tilgjengeleg.
Det er sett eit høgt krav til standard for helse, miljø,
tryggleik, rydding og reinhald. Det vert sett sterk fokus på å
halde på posisjonen som eitt av dei mest effektive
kraftverka samanlikna med andre.
KRAFTANLEGGA Middel
produksjon
Installert
effekt MW
Produksjon
2007 GWh
Produksjon
2008 GWh Byggjeår
ÅRØY KRAFTVERK
Årøy 1
Årøy 2
Gamle Årøy
Totalt i
Årøy 349
70
20
4
277
104
11
241
107
6
1983
1983
1943
Statkraft, Vikfalli
12 % eigardel 97
Tot. Vikfalli 175,
eigardel 21 131 124 1963
Sum 446 115 523 478
13
PRODUKSJON
Produksjonen i Sognekraft sine anlegg i Årøy og Vikfalli var
i 2008 på 478 GWh. Normal årsproduksjon vart i 2007
oppjustert frå 436 til 446 GWh basert på nyare historiske
data som syner større tilsig dei siste 10 åra. Produksjonen
i 2008 utgjer 32 GWh meir enn eit normalår og er 45 GWh
lågare enn i 2007. Produksjonen var 27 GWh høgare enn
normalt i 1. halvår og 5 GWh høgare enn normalt i 2.
halvår.
Nyttbart tilsig i 2008 for Sognekraft var samla på 463
GWh mot 503 GWh i 2007, 433 GWh i 2006 og 538 GWh i
2005. Magasinbehaldninga ved utgangen av 2008 var på
27,3 GWh som representerer ein fyllingsgrad på 40 %.
KRAFTOMSETNAD
Kraftprisane er den viktigaste faktoren for ei tilfreds-
stillande verdiutvikling for Sognekraft. Tilsiget påverkar
elles resultatet år for år.
Gjennomsnittleg pris for fysisk levering (områdepris) var i
2008 på 32,4 øre/kWh mot 20,6 øre/kWh i 2007, 39,7
øre/kWh i 2006 og 23,3 øre/kWh i 2005. Etter eit 2007-år
med svært låge sommarprisar og stigande prisar mot
slutten av året, fekk ein fallande prisar gjennom vinteren
og fram til mai månad, stigande prisar frå juni til sep-
tember, og fallande resten av 2008. Høgaste månadspris
var i september med 52,2 øre/kWh og lågaste i mai med
10,0 øre/kWh. Dei totale vasskraftreservane i Noreg og
Sverige, inklusive grunnvatn og snøakkumulering, ved
utgangen av året var på 148 TWh, om lag 3 TWh under
normalen.
Gjennomsnittleg pris for fysisk levering (områdepris) var i
2008 vesentleg høgare enn 2007. Totale driftsinntekter
utgjorde 144 mill. kr. som er 41 mill. kr. meir enn 2007.
Driftsresultatet vart på 74,0 mill. kr. som er 27,0 mill. kr.
meir enn 2007.
NY VASSKRAFT
Det vart i 2005 inngått avtalar mellom Veidekke og
Sognekraft som sikrar vidare utvikling av Feiosvassdraget
fram mot konsesjonshandsaming og utbygging. Sognekraft
kjøpte 90 % av aksjane i Feios Kraftverk AS. BKK
Produksjon AS har kjøpt 20 % av aksjane i Feios Kraftverk
AS frå Sognekraft. Konsesjonssøknad vart sendt i 2006.
Feios Kraftverk AS har oversendt sine kommentarar til
høyringsuttalane til NVE i januar 2008, og det er
gjennomført sluttsynfaring saman med NVE i juni 2008.
NVE vil truleg leggje fram si innstilling til OED i løpet av 1.
halvår 2009. Basert på tildelt konsesjon i 2010, er det
realistisk med anleggsstart våren 2011. Byggetida vil vera
32 månader. Årsproduksjonen vil bli i underkant av 100
GWh.
Det vart i oktober 2006 inngått samarbeidsavtale mellom
grunneigarar, som representerar 86 % av fallrettane i
Henjadalen og Grindsdalen, og Sognekraft om utbygging
og drift av Leikanger kraftverk. Melding med forslag til
utgreiingsprogram vart sendt til NVE i 2007. Svar på
høyringsfråsegner til meldinga er oversendt NVE i februar
2008. Konsesjonssøknad og konsekvensutgreiing er sendt
i januar 2009. Årsproduksjonen vil bli om lag 184 GWh.
Det er i oktober 2008 inngått avtalar mellom Veidekke
Entreprenør AS og Sognekraft som sikrar vidare utvikling
av vassdraga i Indre og Ytre Offerdal i Årdal kommune
fram mot konsesjonshandsaming og utbygging. Sognekraft
kjøpte 90 % av aksjane i Offerdal Kraftverk AS frå
Veidekke Entreprenør AS og vidareselde 10 % av aksjane
til Årdal Energi KF. Melding med forslag til utgreiings-
program er sendt til NVE i desember 2008. Års-
produksjonen er estimert til om lag 111 GWh.
I tillegg arbeidar ein med sikte på å inngå samarbeids-
avtalar med grunneigarane for utnytting av fallet i aktuelle
elvar innafor konsesjonsområdet. Det er i 2007 inngått
samarbeidsavtale med grunneigarane for utbygging og
drift av Nyasetdalen kraftverk i Feios i Vik kommune.
Årsproduksjonen utgjer om lag 5 GWh. I 2008 er det
inngått avtale med Sogndal fotball om utnytting av fallet i
Ingafossen i Sogndalselvi. Årsproduksjonen utgjer om lag
5 GWh. I januar 2008 er det inngått samarbeidsavtale
med grunneigarane for utbygging og drift av Kråkeelvi
kraftverk i Lånefjorden i Balestrand kommune. Årsproduk-
sjonen utgjer om lag 16 GWh. I september 2008 er det
inngått samarbeidsavtale med grunneigarane for
436
536
433
523
478
-
100
200
300
400
500
600
2004 2005 2006 2007 2008
GW
h
Produksjon
24,6 23,3
39,6
20,6
32,5
-
5,0
10,0
15,0
20,0
25,0
30,0
35,0
40,0
45,0
2004 2005 2006 2007 2008
Øre
/k
Wh
Gjennomsnittleg områdepris
14
utbygging og drift av Brekka kraftverk i Lånefjorden i Bale-
strand kommune. Årsproduksjonen utgjer om lag 12 GWh.
V INDKRAFT
Saman med Haugaland Kraft, Sunnhordland Kraftlag, BKK
Produksjon, Sunnfjord Energi, SFE Produksjon og Tafjord
Kraftproduksjon har Sognekraft stifta selskapet Vestavind
Kraft AS. Selskapet er stifta med ein eigenkapital på 21
mill. kr. der eigarane deltek med 1/7 kvar. Vestavind Kraft
sitt forretningsområde er å utvikle, byggje, eige og drive
vindkraftanlegg, konsulentverksemd og tenesteleveransar
knytt til dette og delta i selskap med liknande føremål.
Det desidert største prosjektet ein arbeidar med er Havsul
II. Dette er eit offshore vindkraftprosjekt med ein planlagt
installasjon på 800 MW. Saman med Tafjord Kraftproduk-
sjon vil Vestavind Kraft mest truleg få hand om 300 MW
vindkraft dersom det vert gitt konsesjon. NVE avslo
søknaden om konsesjon i 2008, men konsesjonsvedtaket
er påklaga til Olje- og energidepartementet.
Vestavind Kraft har sendt melding til NVE om planar for
utbygging og drift av Stadtvind, eit flytande vindkraftanlegg
utanfor kysten av Selje og Vågsøy i Sogn og Fjordane.
Planlagt installert effekt er inntil 1.080 MW. Det er i 2008
sendt konsesjonssøknad for Testområde Stadt, som
omfattar bygging og drift av inntil 3 flytande vindturbinar
med ein samla installert effekt på mellom 12 og 25 MW.
Saman med Statoil New Energy AS, har Vestavind Kraft i
2008 stifta selskapet Lutelandet Energipark AS. Dette
selskapet skal utvikle, bygge og drifte ein vindpark i Fjaler
kommune med ein planlagt installert effekt på inntil 50
MW.
I tillegg arbeidar Vestavind Kraft AS med utvikling av fleire
nye vindkraftprosjekt i nært samarbeid med grunneigarar
og lokalsamfunn.
STAMFISKE OG SMOLTUTSETTING I ÅRØYELVA
Kvar haust vert det gjennomført stamfiske etter laks i
Årøyelva. Ein del av rogna vert brukt for å kultivera fram
smolt og resten vert sendt til genbanken i Eidfjord. For å
sikre god genetisk variasjon for den kultiverte fisken, får ein
kvart år ein god del rogn tilbake frå genbanken.
Under gode tilhøve, med ei vassføring på 55 m3/s, vart det
sett ut 13.700 smolt den 26. mai 2008. Det vart sett ut
2.800 smolt i elvemunninga, 5.800 smolt i Prawn-hølen og
5.100 smolt fordelt på fleire hølar på strekninga Såta til
Solskinshølen. Straks etter at smolten var sett ut, vart
vassføringa auka med 8 m3/s for å gi fisken signal om
auka vassføring.
Fisken var merka med feitfinneklypping og hadde gått på
lusefôr ei veke før utsetjinga.
FISK I REGULERTE VASSDRAG I FYLKET
Saman med andre kraftselskap som har produksjon i fylket
vårt og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, er Sognekraft
med i samarbeidet om prosjektet ”Fisk i regulerte vassdrag
i Sogn og Fjordane”. Prosjektet samordnar fiskeribiologiske
granskingar i regulerte vassdrag og er eit alternativ til at det
vert gjeve enkeltpålegg om granskingar for kvar enkelt
lokalitet. På bakgrunn av granskingane skal ein evaluere
utsetjingspålegg og vurdere om det er nødvendig med tiltak
for å styrke fiskebestandane.
Direktoratet for naturforvaltning (DN), Energibedriftenes
landsforening (EBL) og Noregs vassdrags- og energi-
direktorat (NVE) er nære samarbeidspartnarar og har
observatørstatus for prosjektet.
FRAMTIDSUTSIKTER
I internasjonale klimaforlik er utbygging av fornybar energi
viktige tiltak, og avgiftspolitikken legg opp til høge avgifter
på ureinande produksjon. Ein forventar at fornybar energi
vil auke i verdi og selskapet prioriterer høgt å auka vass-
kraftproduksjonen i eigen regi. Utbyggingar i Feios,
Leikanger, Offerdal og småkraftprosjekta vil til saman
medføre ein auke i produksjonen på om lag 430 GWh i
løpet av 5-10 år. Selskapet er engasjert i utvikling av
vindkraft, og fjernvarme er til vurdering som framtidig
satsingsområde.
RESULTAT
Beløp i 1 000 kroner 2008 2007
Inntekter 143 874 102 877
Energikjøp 35 441 19 416
Sentralnettsavgifter 5 004 5 968
Løns- og personalkostnader 5 088 4 435
Avskrivingar 9 331 11 245
Øvrige driftskostnader 15 153 15 177
Driftsresultat 73 857 46 636
15
NETT
Sognekraft sin områdekonsesjon omfattar drift av distribu-
sjonsnettet i Balestrand, Leikanger, Sogndal og Vik kom-
munar samt Frønningen i Lærdal kommune. I tillegg har
Sognekraft anleggskonsesjonar for regionalnettet i dei
same kommunane og i Luster kommune.
Sognekraft eig og driv eit omfattande lokal- og regionalnett i
Midtre og Indre Sogn. I hovudsak 22 kV (358 km) , 66 kV
(100 km) spenningsnivå, 645 km lågspentnett, 135 km
kabelnett høgspenning og 447 km kabelnett lågspenning.
Sognekraft driv 6 sekundærstasjonar og 541 nettstasjonar.
Ein stor del av høgspentnettet er av eldre dato og krev meir
vedlikehald enn nyare anlegg. Planar om utbygging av små-
kraft medfører at store deler av det gamle kraftnettet vert
erstatta med nytt nett med auka overføringskapasitet og
betre driftsstabilitet. Det største prosjektet som vert
arbeidd med er bygging/ forsterking av nettet for å ta imot
kraftproduksjon i Fjærland. Her er det planar om
investeringar i nettanlegg på om lag 80 mill. kroner for å ta
imot produksjonspotensialet. Forbruket i straumnettet
utgjorde 241 GWh i 2008.
Nettseksjonen har ansvar for drift, vedlikehald og utbygging
av Sognekraft sine nettanlegg i konsesjonsområdet.
OM NETT
Straumnettet er monopolverksemd med tildelt inntekts-
ramme styrt av Noregs Vassdrag og Energidirektorat (NVE).
Driftsresultatet før skatt var 3,5 mill. kroner i 2008, som er
3,1 mill. kroner mindre enn i 2007. Forbruket i nettet var på
241 GWh mot 242 GWh året før.
Staten regulerer nettselskapa si verksemd, for å sikre at
kraft vert overført med rett leveringskvalitet og pris, og at
nettet vert utnytta og utbygd på ein sikker og
samfunnsmessig rasjonell måte.
DRIFT OG VEDLIKEHALD
For utan ordinær drift og vedlikehald av nettanlegga, har
det i 2008 mellom anna vore jobba ekstra med:
Auka omfang av skogrydding er viktig for å redusere
utkoplingar. Vi ser at linjer som kryssar gjennom plantefelt
med barskog, er spesielt utsett for trefall ved sterk vind.
Nødvendig breidde på ryddebelte har vore undervurdert og
behovet for å fella tre i randsona er nødvendig. Dermed
opnar vi opp plantefeltet og trea som står i utkanten tåler
ikkje påkjenninga dei vert utsett for i uvær. Vi har derfor
auka driftsbudsjettet i 2008 i forhold til årsprognosen for å
utføre forsert skogrydding. I 2008 har vi rydda ca 48 km
regionalnett og 54 km av distribusjonsnettet høgspenning.
På lågspenning har vi rydda luftnettet tilknyta alle nett-
stasjonane i Leikanger kommune, vidare for nettstasjonane
frå Kvåle til Lauvhaug i Sogndalsdalen og nettstasjonane i
Feios i Vik kommune. Samla har vi brukt 2,4 mill. kroner til
skogrydding i 2008.
Den årlege inspeksjonen av høgspenningsluftnettet vart
utført ved bruk av helikopter på 22 kV nettet. I 66 KV nettet
er det gjennomført inspeksjon frå bakken i tillegg til at vi
gjennomførde inspeksjon ved bruk av helikopter i slutten av
året i samband med feil på nettet mellom Hove-Leikanger.
Vi har også gjennomført toppbefaring på ca 15 km 22 kV
nett og skifta isolatorar på 22 KV linja mellom Nese og
Indrefjorden i Vik kommune. Betongmastene på linja
mellom Nornes og Fimreite er demontert med unnatak av
fjordspennmastene på Nornes. Arbeidet gjennomført i
samarbeid med Riksantikvaren.
Alle nettselskap er pålagt å bygge om alle nettstasjonar
innan 2015, der vi ikkje kan utføre sikringsskift frå
bakkenivå. I 2008 har vi bygt om 10 nettstasjonar og det
står att 110. Det vert ei stor utfordring for oss å innfri dette
kravet innan tidsfristen. I samband med kontroll av nett-
stasjonane har vi også gjennomført termofotografering av
57 nettstasjonar. Dette for å avdekke varmgang og hinda
brann i anlegga.
I sekundærstasjonane har vi montert inn spole på 22 KV
nettet for Årøy sekundærstasjon. På Kaupanger har vi skifta
kontrollanlegget i to av dei tre avgangane på 22 kV nettet.
Siste avgangen skal skiftast i 2009. Vi har også skifta
kontrollanlegget på 22 kV effektbrytar i Feios. Årsaka til
desse utskiftingane er funksjonssvikt i de gamle
kontrollanlegga.
229 237
229 242 241
-
50
100
150
200
250
300
350
2004 2005 2006 2007 2008
GW
h
Forbruk i nettet
Nett
16
17
DRIFTSFORSTYRRINGAR
Elektrisitet vert produsert, transportert og nytta sam-
stundes. Alle som er knytt til det norske kraftsystemet
påverkar i større eller mindre grad kvaliteten på den
elektrisiteten som vert levert . Leveringskvalitet er eit
samleomgrep som femnar om påliteleg levering, spennings-
kvalitet, og ikkje-tekniske element som kundeservice og
informasjon.
NVE regulerer leveringspålitelegheit i kraftsystemet
gjennom ordninga med kvalitetsjusterte inntektsrammer
ved ikkje levert energi (KILE).
Det vil sei at Sognekraft som nettselskap kan ta inn mindre
på nettleige om det er dårleg leveringskvalitet. I Sognekraft
utgjorde KILE for 2008 2,0 mill NOK, mot 1,8 mill NOK i
2007. Avbrota i 2008 skuldast i hovudsak uver og i liten
grad tekniske problem på nettanlegga.
I 2008 har selskapet hatt utkoplingar grunna driftsuhell
noko over det som er normalt. Flest utkoplingar fekk vi i
løpet av dei to første månadane av året. Årsaka til problema
var sterk vind og lyn-overspenningar. Dette resulterte i tre
som velta og råka linjenettet og isolatorar som fekk over-
slag og overspenningsavledarar som havarerte. Desse
hendingane har medført at vi har sett inn ekstra ressursar
på å førebygge og auke nettet si tåleevne mot desse
påkjenningane.
INVESTERINGAR OG REINVESTERINGAR
Det er investert for 17,1 mill. kroner i 2008. Det største
prosjektet er omlegginga av 22 KV luftnettet over Ramna-
berget. No er det etablert kabel gjennom Fatlatunnelen. På
begge sider av tunnelen er det bygt nytt nett fram til
tilkoplingspunktet til eksisterande nett. I Balestrand har vi
reinvestert i 22 kV kabelnett i Sværefjorden og etablert
fjernstyring av bryter som opnar opp alternativ innmating
frå Mel eller Dragsvik til dette området. I Leikanger er det
opparbeidd eit nytt bustadfelt der Sognekraft har investert
ca 0,5 mill. kroner. I Sogndal har vi investert i nettanlegg til
forsyning av bustadfelta Gurvin og Kjørnes 3. Vi har
reinvestert i 22 KV-nettet på Nornes der den gamla luftlinja
er ombygt til jordkabel. Det største prosjektet i Sogndal
dette året er montering av forsyning til vegtunnelen
gjennom Fatlaberget.
DET LOKALE EL-TILSYN
I det lokale elektrisitetstilsyn DLE er det gjennomført
kontrollar på ca 300 anlegg. I tillegg har tilsynsingeniørane
teke seg av deteksjon og fråkopling av jordfeil i anlegg
tilkopla 230 volt-nettet. Det er og gitt informasjon om el-
tryggleik til 7-ande klassane i alle ungdomsskulane i
konsesjonsområdet.
Selskapet har også levert DLE teneste til Årdal Energiverk
og utført deira plikter i forhold til krav frå DSB.
FRAMTIDSUTSIKTER
Sognekraft har om lag 100 km 66 KV nett med ein alder på
dei ymse seksjonar som spenner frå 25 til 50 år. På 22 kV
nettet har vi 358 km luftleidning der størsteparten av nettet
er bygd på 1950-tallet. Vi planlegg at delar av
reinvesteringane kan gjennomførast i samband med
endringar av nettstrukturen ved utbygging av kraftverk og
fornying av delar av sentralnettet.
Den største prosjektaktiviteten reknar vi med kjem på
bygging av nett for å ta mot innmating frå dei mange
potensielle kraftverka i konsesjonsområdet.
Vi har to konsesjonssøknader inne til handsaming i NVE. Vi
har svart NVE på ulike oppfølgingsspørsmål i tilknyting til
søknad om anleggskonsesjon på 132 KV anlegget Lidal –
Grindsdalen. NVE har ikkje fatta vedtak i saka enda.
Med utgangspunkt i at det moderne samfunn gjer seg
stadig meir avhengig av sikker og stabil tilgang på elektrisk
energi, planlegg vi forsyningsnettet slik at vi i kan
gjenoppretta forsyninga etter første feil ved omkopling i
nettet. Det er også ei langsiktig målsetjing at innmatinga til
dei tyngste forbruksområda kan sikrast ved innmating frå to
uavhengige matepunkt.
2,0
0,9 0,9
1,7
2,0
-
0,5
1,0
1,5
2,0
2,5
2004 2005 2006 2007 2008
mill. k
ron
er
Kostnad ikkje levert energi
RESULTAT
Beløp i 1 000 kroner 2008 2007
Inntekter 53 398 51 719
Energikjøp 6 251 6 626
Sentralnettsavgifter 1 533 1 517
Løns- og personal-
kostnader 9 588 9 162
Avskrivingar 10 592 9 628
Øvrige driftskostnader 21 894 17 662
Driftsresultat 3 540 7 124
18
Kraftsal til sluttbrukar
KRAFTSAL
Kraftsal til sluttbrukar er det største produktområdet i
Sognekraft og inngår i marknadsseksjonen si portefølje.
Selskapet leverer kraft i hovudsak i konsesjonsområdet.
Marknadsdelen målt i tal kundar var ved utgangen av
2008 på 84 %.
STRAUMPRODUKT
Sognekraft har i underkant av 6.800 sluttbrukarkundar i
eige område. Vi tilbyr kundane desse straumprodukta:
Sognekraft Standardpris
Sognekraft Fastpris
Sognekraft Marknadspris
Sognekraft Innkjøpspris
Gjennom varedeklarasjon og opphavsgarantiar er kundane
garantert 100 % fornybar energi.
MARKNADSUTVIKLING
Sluttbrukarmarknaden er prega av sterk konkurranse og
mange tilbydarar. Forskjellane mellom dei ulike leveran-
dørane sine prisar er over tid relativt små, og kan variere
mykje gjennom året.
I gjennomsnitt var selskapet sin innkjøpspris (spotpris på
kraftbørsen Nord Pool) på kraft 33,26 øre/kWh i 2008
mot 22,5 øre/ kWh i 2007. Høgste månadspris var i sep-
tember med 52,13 øre/kWh og lågaste i mai med 9,96
øre/kWh. Prisane i sluttbrukarmarknaden vert påverka av
prisane på kraftbørsen Nord Pool og konkurransesitua-
sjonen elles. Ved val av produkt ser ein at stadig fleire
kundar vel ulike spotprisprodukt framfor standard variable
kraftpriskontraktar. På landsbasis har talet spotpriskon-
traktar auka kraftig og 45% av hushaldskundane har ved
utgangen av 2008 valt dette produktet. Talet på standard
variabel kontraktar vert samstundes redusert og delen
hushaldskundar på landsbasis som har dette produktet er
nede i 46%. Den same trenden ser vi Sognekraft, men det
går seinare. Selskapet har og ein lågare del av hushalds-
kundane på fastpriskontraktar enn landsgjennomsnittet.
FRAMTIDSUTSIKTER
Sognekraft skal halde fram med å vere det trygge og lokale
valet for privatkundar og næringslivet i Sogn. Vi skal utvikle
oss på grunnlag av kundane sine ynskjer og behov. Vi
jobbar kontinuerleg med å finne kundevennlege løysingar.
Det set store krav til fleksibilitet, kompetanse og vilje til
omstilling. Det vert satsa på å tilby fleire produkt som er
ein del av eit integrert tilbod.
RESULTAT
Beløp i 1 000 kroner 2008 2007
Inntekter 53 214 41 250
Energikjøp 44 950 35 378
Løns- og personalkostnader 337 343
Øvrige driftskostnader 2 555 2 189
Driftsresultat 5 372 3 340
19
Andre forretningsområde
VARMEPUMPER
Varmepumper er eit populært og anerkjend produkt for
oppvarming av bustader, kontor og offentlege bygningar.
Sognekraft starta opp sal og montering av varmepumper i
september 2006. Satsinga har vore ein suksess med langt
fleire selde einingar enn forventa på førehand. Produkt-
spekteret er i 2008 utvida med luft-vatn varmepumper i
tillegg til dei enklare og vanlegare luft-luft pumpene.
Marknaden for varmepumper er i nokre geografiske område
i ferd med å flate ut då dekningsgraden er stor. Service- og
ettermarknaden for utskifting til nyare modeller er derimot i
gryande vekst.
ENTREPRENØRAKTIVITET
Entreprenøraktivitet innan område i tilknyting til Sognekraft
sin kjerneaktivitet er eit viktig satsingsområde for sel-
skapet. I tillegg til å bidra til eit auka driftsresultat, gir dette
rom for å auke montasjekapasiteten slik at sårbarheita ved
til dømes sjukdom vert redusert.
Eksempel på slike entreprenørtenester er sal av materiell
og montasjetenester til småkraftverk, drift av nettanlegg for
andre netteigarar og bygging og drift av nettanlegg for
andre netteigarar.
Sognekraft legg til rette for straumforsyning til større entre-
prenøranlegg.
BRANN- OG INNBROTSALARM
Marknaden for alarmtenester er framleis i vekst på lands-
basis. Sognekraft starta sal av bustadalarmar i 2006, og
har seinare utvida produktspekteret med landbruksalarmar.
Alarmmarknaden treng modning i selskapet sitt område,
men vi meiner at veksten vil kome.
Brann rammar i alle fylker, kommunar, i tettbygd og i meir
grisgrendte strok. I Sogn og Fjordane er det i snitt 45
brannar i året, 25 av desse er brannar i bustadhus. På
landsbasis er det enno over 10.000 gardsbruk som ikkje er
sikra i samsvar med krava.
UTLEIGE AV LOKALE
To etasjar i Sognekraft sitt bygg i Sogndal vert leigd ut til
eksterne leigetakarar.
OPPMÅLING
Sognekraft utfører oppmåling med GPS både på land og i
vatn der oppmålingsdata vert levert til kunden sine digitale
kart. Oppmålinga vert utført med tilsvarande utstyr som
selskapet nyttar til oppmåling av eigne linje– og
kabeltrasear.
Oppmåling av sjøbotn vert utført med ekkolodd montert på
liten motorbåt. Dette er ei nisje som har gjeve mange
oppdrag.
DET LOKALE ELTILSYN (DLE)
Tilsynsaktiviteten er regulert av Direktoratet for samfunns-
sikkerhet og beredskap (DSB) og er gitt rammer og
rapporterer resultat til DSB.
Det lokale eltilsyn fører tilsyn med alle elektriske lågspent-
installasjonar som er tilknytt Sognekraft sine forsynings-
anlegg og fører tilsyn med omsetninga av elektrisk utstyr
innafor forsyningsområdet.
VEGLYS
Bygging, drift og vedlikehald av veglys er den tradisjonelle
entreprenøraktiviteten til Sognekraft. Dei siste åra er det
også skrifta ut armaturar som inneheld PCB.
Kundane er private og offentlege veglyseigarar, der
kommunane i forsyningsområdet har dei største og mest
omfattande anlegga.
RESULTAT
Beløp i 1000 kroner 2008 2007
Inntekter 11 062 12 292
Varekjøp 2 574 3 016
Løns- og personalkostnader 3 660 3 626
Avskrivingar 943 970
Øvrige driftskostnader 2 314 3 301
Driftsresultat 1 571 1 379
20
Årsmelding frå styret
HOVUDPUNKT
Selskapet sitt årsresultat vart på 33,1 mill. kroner. Dette er
4,9 mill. kroner betre enn året før, i hovudsak som fylgje av
auka kraftprisar. Kraftproduksjonen var 45 GWh lågare enn
i 2007, men 32 GWh høgare enn middelproduksjonen.
Områdeprisane var om lag 50 % høgare enn i 2007, men
områdeprisen var lågare enn systemprisen på Nord Pool
gjennom heile sommarsesongen som fylgje av begrensa
overføringskapasitet ut av Sør-Norge.
Hovudpunkt i resultatet for 2008 samanlikna med 2007
(beløp i mill. kroner):
Sal av energi: 145,9, auke på 41,9
Inntekter frå kraftoverføring: 53,1, auke på 1,8
Andre inntekter: 10,8, reduksjon på 1,5
Driftsresultat: 84,3, auke på 25,9
Årsresultat: 33,1, auke på 4,9
VERKSEMDA
Sognekraft er eigd av kommunane Vik, Sogndal, Luster,
Balestrand og Leikanger samt BKK og Luster Energiverk.
Selskapet sine kjerneområde er produksjon, omsetning og
transport av elektrisk kraft. I tilknyting til kjerneområda til-
byr selskapet utleige av fiberkablar for breibands-
kommunikasjon, entreprenørtenester, varmepumper og
bustadalarm. Selskapet har hovudkontor i Vik og avdelingar
i Balestrand, Sogndal og Årøy.
Selskapet vert drive med basis i kjerneverdiane: Tryggleik,
Trivsel, Påliteleg og Nyskapande. Sognekraft sin visjon er å
vere ei drivkraft i Sogn. Forretningsidéen er å produsere,
handle og distribuere miljøvennleg energi i Sogn, samt å
utvikle og tilby andre tenester knytt til eksisterande kjerne-
område. For å oppnå stordriftsfordelar, få tilgang til utfyl-
lande teknologi og kompetanse og ha nødvendig slagkraft,
samarbeider Sognekraft med andre selskap i eigen og
andre bransjar.
ØKONOMISKE RESULTAT
FORTSATT DRIFT
I samsvar med Rekneskapslova § 3-3 stadfestar styret at
rekneskapet er avlagt under føresetnad om fortsatt drift og
at selskapet er i ei sunn økonomisk og finansiell stilling.
ÅRSRESULTATET
Resultat før skatt vart 78,6 mill. kroner, ein auke på 26,7
mill. kroner i forhold til 2007. Auken kjem i hovudsak som
fylgje av høgare kraftprisar. Skattekostnaden auka med
21,8 mill. kroner, medan årsresultatet auka med 4,9 mill.
kroner.
AVKASTNING
Avkastning på totalkapitalen etter skatt var 8,9 % mot 7,3 %
i 2007. Avkastning på eigenkapitalen var 13,5 % i 2008
mot 11,3 % året før.
DRIFTSINNTEKTER
Sognekraft hadde ei omsetning på 209,8 mill. kroner i
2008, ein auke på 42,2 mill. kroner samanlikna med 2007.
Auken kjem i hovudsak som fylgje av høgare kraftprisar.
Energiinntektene frå produksjon vart på 92,7 mill. kroner,
26,3
35,3
31,7
28,2
33,1
-
10,0
20,0
30,0
40,0
2004 2005 2006 2007 2008m
ill. k
ron
er
Årsresultat
172,8 185,5
195,3
167,7
209,8
-
50,0
100,0
150,0
200,0
250,0
2004 2005 2006 2007 2008
mill. k
ron
er
Driftsinntekter i mill. kroner
21
ein auke på 30,0 mill. kroner frå 2007. Produksjonen vart
på 478 GWh i 2008 mot 523 GWh i 2007. Sal til slutt-
brukarar utgjorde 53,2 mill. kroner i 2007, ein auke på 12,0
mill. kroner frå året før. Inntekter frå kraftoverføring vart på
53,1 mill. kroner mot 51,4 mill. kroner i 2007. Andre drifts-
inntekter vart 10,8 mill. kroner, mot 12,3 mill. kroner i 2007.
Aktiviteten innan entreprenørområdet og sal av varme-
pumper vart noko mindre enn året før.
DRIFTSKOSTNADER
Selskapet sine driftskostnader vart på 125,5 mill. kroner i
2008, ein auke på 16,3 mill. kroner året før . Energikjøp
auka med 14,1 mill. kroner som fylgje av høgare prisar og
lågare eigenproduksjon. Lønskostnadene auka med 1,7 mill.
kroner. Avskrivingar vart redusert med 0,7 mill. kroner og
andre driftskostnader auka med 3,5 mill. kroner i 2008.
DRIFTSRESULTAT
Selskapet sitt driftsresultat vart på 84,3 mill. kroner i 2008,
ein auke på 25,9 mill. kroner i forhold til 2007. Produksjon
sitt driftsresultat vart auka med 27,2 mill. kroner. Nett sitt
driftsresultat vart redusert med 3,6 mill. kroner, medan slutt-
bruk sitt resultat auka med 2,0 mill. kroner og andre
forretningsområde auka med 0,2 mill. kroner.
FINANSPOSTAR
Sognekraft har valutarisiko fordi kraftprisen på Nord Pool
vert fastsett i euro. Sognekraft vekslar om daglege euro-
inntekter til norske kroner. Finansiell handel vert gjort opp i
euro og midlar er bundne i euro. Euro styrka seg mot kroner
gjennom 4. kvartal 2008. Dette gav positiv resultateffekt for
Sognekraft fordi ein då får fleire kroner att for kvar euro
inntekt frå kraftsalet. Bundne midlar og netto fordringar i
valuta genererte valutainntekt på 1,2 mill. kroner. I januar
2009 har krona igjen styrka seg mot euro og ein del av den
urealiserte positive verdiendringa ved utgangen av 2008, er
reversert.
Rentekostnader auka med 0,9 mill. kroner som fylgje av
auka rentenivå som fylgje av finanskrisa.
SKATTAR
Skattekostnaden i 2008 vart på 45,5 mill. kroner mot 23,7
mill. kroner i 2007. Høgare resultat før skatt medfører auka
overskotsskatt på 7,5 mill. kroner og auka inntekter frå kraft-
produksjon medfører auka grunnrenteskatt på 13,1 mill.
kroner. I tillegg er det sett av til saman 1,2 mill. kroner i skatt
knytt til varsel om endra likning for perioden 2004-2007.
Saka er påklaga til skatteklagenemnda. Skatteprosenten
auka frå 46 % til 58 % i 2008.
KONTANTSTRAUM OG BALANSE
Netto kontantstraum frå operasjonelle aktivitetar i selskapet
vart på 80,2 mill. kroner som er 58,5 mill. kroner høgare enn
i 2007. Kontantstraum frå investeringar var -23,9 mill.
kroner og finansieringsaktivitetar utgjorde -39,2 mill. kroner.
Netto auke i likvidbehaldning vart såleis 17,2 mill. kroner.
Selskapet har eigenfinansiert investeringane i 2008.
Sognekraft sin totalkapital var 505,6 mill. kroner ved
utgangen av året. Eigenkapitalen utgjorde 240,3 mill.
kroner. Dette gir ein eigenkapitalandel på 47,5 %, mot
51,8% ved utgangen av 2007. Som fylgje av endra føre-
setnadar ved berekning av pensjonsforpliktelsar, er det ført
estimatavvik på 15,6 mill. kroner direkte mot eigenkapitalen.
Marknadsverdien av produksjonsanlegga er vesentleg
høgare enn den bokførte verdien.
Renteberande gjeld utgjer 107,8 mill. kroner mot 121,9 mill.
kroner året før. I tillegg vart det inngått ei kredittramme på
100 mill. kroner i 2008 som vert trekt opp i løpet av 2009.
Kortsiktig ikkje renteberande gjeld utgjer 108,5 mill. kroner,
mot 84,2 mill. kroner ved inngangen av året. Av dette utgjer
betalbar skatt 42,4 mill. kroner mot 23,0 mill. kroner ved
utgangen av 2007.
DISPONERING AV ÅRETS RESULTAT
Sognekraft sitt rekneskap for 2008 viser eit resultat til dispo-
sisjon på 33,1 mill. kroner som styret føreslår disponert slik:
Avsett utbytte til eigarane 27,0 mill. kroner
Overført til annan eigenkapital 6,1 mill. kroner
Styret meiner årsrekneskapen gir eit rettvisande bilde av
Sognekraft AS og selskapet sitt resultat, eigendelar og gjeld
og finansielle stilling.
ANDRE FORHOLD
STYRET SITT ARBEID
Styret har i 2008 hatt 7 møte. Ved sida av å fylgje den dag-
lege drifta, har arbeidet med å sikre selskapet mogelegheit
for lønsam ekspansjon gjennom auka kraftproduksjon og
anna aktivitet, halde fram. I tillegg vart det halde eigarmøte
1. oktober. Målet med møtet var å presentere selskapet
sine planar og gjennom den påfølgjande drøftinga ta imot
eigarane sine syn. Det var semje om styret sine planar for
selskapet, men eigarane har ei forventning om at selskapet
gjennomfører tiltak med det formål å oppnå betre balanse
mellom verdi av selskapet og utbytte til eigarane. Styret har
teke med seg innspela i det vidare arbeidet med planane.
61,8
75,9 78,9
58,4
84,3
-
25,0
50,0
75,0
100,0
2004 2005 2006 2007 2008
mill. k
ron
er
Driftsresultat
22
Det var to endringar i styret sin samansetning i 2008.
Medlemmane Lise Reinertsen og Randi Skeie vart erstatta
med Agnes Landstad og Jaran Sæbø.
STYRING AV FINANSIELL RISIKO
Sognekraft har etablert ei heilskapleg risikostyring, der det er
fastsett ei samla risikoramme for selskapet som dannar
grunnlag for rammene knytt til styring av dei viktigaste risiko-
faktorane.
Sognekraft sin finansielle risiko er først og fremst knytt til
endringar i kraftpris og volumrisiko knytt til kraftproduksjon
og kraftomsetning. Det er gjennomført risikoanalyse som
syner at kraftpris er den faktoren som er mest avgjerande for
selskapet sitt resultat. Kraftprisane vert påverka av brensel-
prisar og prisar på CO2-kvotar. Nedbørsforhold og temperatur
betyr mykje og medfører store endringar i prisar og produk-
sjonsvolum. Manglande transportkapasitet som fylgje av
flaskehalsar i overføringsnettet kan føre til store prisutslag,
slik vi såg det i Sør-Norge i 2008. Sognekraft styrer
marknadsrisikoen gjennom terminsikring av deler av fram-
tidig produksjon. Det er etablert fullmakter, rammer og
rapportering for all handel.
Sognekraft er eksponert mot valutasvingingar i samband
med at euro er notasjonsvaluta på Nord Pool. Alle oppgjer for
fysisk kjøp og sal av kraft utført i norske kroner.
Selskapet sine lån er i norske kroner. Verknaden av endring-
ar i rentenivået er moderat og styret vurderer renterisikoen
som akseptabel ut frå selskapet sin finansielle stilling.
Selskapet sin tilgang på likviditet er god.
Sognekraft sin kredittrisiko innan sal til sluttbrukarar og nett
er liten. Risikoen innan engrossal er moderat, men er redu-
sert gjennom clearing og etablerte grenser for motpartrisiko.
Operasjonell risiko vert styrt gjennom prosedyrar og bered-
skapsplanar. Deler av risiko er avlasta gjennom forsikring.
Det vert arbeidd målretta med instruksar samt rapportering
og analyse av uønska hendingar for å redusere risikoen for
skader på helse, miljø og tryggleik.
Det er knytt risiko til selskapet og bransjen sine rammevilkår.
Dette omfattar i hovudsak spesielle skattar og avgifter for
energibransjen, regulering av nettverksemda og handsaming
av konsesjonar for bygging av nye kraftverk og nettanlegg.
Styret sitt tilsynsansvar vert ivareteke gjennom rapportering
av selskapet si drift, økonomi og framdrift i større prosjekt.
Selskapet er vidare i gang med etablering av eit kvalitets-
system der alle hovudprosessar blir dokumentert og vurdert.
MILJØ
Sognekraft bidreg til det globale miljøet gjennom ein kraft-
produksjon der 100 % kjem frå fornybare kjelder. Selskapet
tilbyr opprinnelsesgarantiar.
Etablering av kraftproduksjon og bygging av kraftlinjer
påverkar elles naturen og miljøet. Selskapet søkjer difor å ta
omsyn til natur og lokalmiljø ved gjennomføring av prosjekt.
Vasskrafta er ein rein og fornybar ressurs utan utslepp som
forureinar det ytre miljø. Gjennom reguleringsføresegner er
Sognekraft pålagd å setje i verk tiltak for å ta omsyn til
naturen i regulerte vassdrag.
Det har ikkje vore uhell som har påført særlege miljø
messige skader. Selskapet er i dialog med grunneigarar og
andre aktørar om avbøtande tiltak i samband med plan-
legging av vasskraftprosjekt. Det har ikkje vore
kontroversielle saker knytt opp mot ytre miljø i 2008.
ORGANISASJON
Sognekraft sin aktivitet er organisert som aksjeselskap.
Forretningsområda er organisert i tre seksjonar Produksjon,
Nett og Marknad. I tillegg kjem fellesfunksjonar som er
inkludert i Stab. Til saman hadde selskapet 63 tilsette ved
utgangen av 2008, inkludert 2 lærlingar. Det vart utført 55
årsverk, som er ein auke på 3 frå 2007.
Auken i talet på tilsette kjem som fylgje av auka aktivitet
innan planlagde investeringar. Som fylgje av naturleg
avgang dei næraste åra i tillegg til store investeringsplanar er
det nødvendig å lykkast med rekruttering av fagkompetanse.
Det vert arbeidd målretta med rekruttering gjennom fleire
kanalar.
Styret meiner at arbeidsmiljøet i selskapet er godt, men
vurderer heile tida nødvendige forbetringstiltak.
Styret vil takke dei tilsette i selskapet for den gode innsatsen
som er vist gjennom 2008.
HELSE, MILJØ OG TRYGGLEIK
Sjukefråværet var på 3,8 %, ein auke på 0,5 % frå 2007. Det
har vore 5 tilfelle av langtidssjukemeldingar over 8 veker.
Det er ikkje registrert arbeidsrelaterte sjukdommar i 2008.
Det var registret til saman 44 uønska hendingar, av dette tre
personskader med fråvær. Registrering av uønska hendingar
viser ei positiv utvikling i forhold til året før. Styret legg stor
vekt på rapportering og oppfølging for å kunne førebygge
uhell.
Det høge talet skadefråværsdagar i 2008 er i hovudsak knytt
til ei enkelt skade.
LIKESTILLING
Kvinneandelen ved utgangen av året var 14 %, tilnærma likt
året før. Alle kvinnelege årsverk er knytt til stab og
marknadsseksjon. Utanom administrasjon/service/økonomi
er Sognekraft si verksemd knytt til område der menn
generelt i arbeidslivet er i sterk overvekt. Det vert arbeidd
med å auke kvinnerepresentasjon innanfor dei tekniske
faga.
Leiargruppa var samansett av to kvinner og tre menn. Styret
har sju medlemmer, fordelt på fem aksjonærvalde og to
valde av og mellom dei tilsette. To styremedlemmer er
kvinner.
HMT-nøkkeltal 2006 2007 2008
Sjukefråvær 5,6 3,3 3,8
H1 (skadefråværsfrekvens) 20 0 28
H2 (skadefrekvens) 40 20 37
F-verdi (skadefråvær) 20 0 454
23
OMDØMME
Det vart utført måling av kundetilfredsheit og omdømme
hausten 2008. Denne viser at Sognekraft har eit godt
omdømme, og er oppfatta som ein påliteleg og trygg kraft-
leverandør som er godt synleg i lokalmarknaden. Under-
søkinga viser at service og kundehandsaming, tillit til at
straumrekningane er riktige samt informasjon er viktig for
kunden, i tillegg til at selskapet er moderne og framtidsretta.
FORRETNINGSOMRÅDA
PRODUKSJON OG ENGROSOMSETNING
Produksjonen i Sognekraft omfattar eigen produksjon i Årøy
kraftverk i Sogndal og ein eigardel på 12 % i Vikfalli.
Gjennomsnittleg årsproduksjon er 446 GWh/år fordelt på
349 GWh i Årøy kraftverk og 97 GWh i Vikfalli. I 2008 vart
produksjonen totalt på 478 GWh. Magasinbehaldninga ved
utgangen av 2008 var på 27,3 GWh, ein fyllingsgrad på 40
%. Dette er om lag 15 GWh lågare enn i eit normalår, etter-
som det er produsert meir i 2008 som fylgje av stopp i
Vikfalli som fylgje av revisjon i perioden februar-april 2009.
Selskapet har investeringsplanar innan ny kraftproduksjon
på 1,5 mrd kroner. Dei tre største prosjekta er Feios kraft-
verk (96 GWh), Leikanger kraftverk (184 GWh) og Offerdal
kraftverk (111 GWh). Bygging er planlagt i perioden 2010-
2015.
Sognekraft si satsing på vindkraft er representert gjennom
Vestavind Kraft AS, eit selskap eigd av dei 7 kraftselskapa i
Vestlandsalliansen.
NETT
Resultatet for nett er avhengig av det til ei kvar tid gjeldande
reguleringsregime for nettinntektene, aktivitet på forretnings-
område utanfor monopolverksemda og utvikling i selskapet
sine kostnader. Forbruket i nettet var på 241 GWh mot 242
GWh året før.
Samla kostnad for ikkje levert energi (KILE) for 2008 vart på
2,1 mill. kroner, mot 1,7 mill. kroner året før. Kostnadene for
ikkje levert energi kan variere mykje frå år til år og selskapet
arbeider målretta med tiltak for å redusere risikoen og om-
fanget av utkoplingar. Med bakgrunn i auka skogvekst og for-
ventningar om meir utfordrande vertilhøve, har selskapet
auka innsatsen i skogrydding. Ein har også utvida rydde-
gatene i område med høgtveksande bartre og høge KILE
kostnader ved utkoplingar.
Det er til saman investert for 17,1 mill. kroner innafor nett-
aktiviteten i 2008.
SLUTTBRUK
Selskapet er ein regional aktør innan kraftsal til slutt
brukarar og selde i 2008 131 GWh, til om lag 6.700 kundar
hovudsakleg innafor eige konsesjonsområde.
Marknadsdelen målt i tal kundar var på 84 % ved utgangen
av 2008. Marknadsandelen målt i volum var på 59 %.
Marknadsdelen er lågare innafor storkundesegmentet enn
for privatkundemarknaden og mindre næringskundar.
ANDRE FORRETNINGSOMRÅDE
Dette omfattar tradisjonell entreprenøraktivitet som ut
bygging og drift av veglys på oppdrag frå kommunane, drift
og vedlikehald av andre sine nettanlegg, oppmålings
tenester, utleige av fiber til breiband, landbruks– og bustad
alarm samt sal og montering av varmepumper.
Det har vore prioritert å auke selskapet sin eksterne sals-
aktivitet innafor område som naturleg heng saman med
selskapet sin kjerneaktivitet.
FRAMTIDSUTSIKTER
Magasinsituasjonen ved inngangen til 2009 er 15 GWh
lågare enn normalt som fylgje av forskyving av produksjonen
før revisjonsstopp i Vikfalli. Gitt normalt tilsig gjennom året
forventar ein såleis ein lågare produksjon enn i eit gjennom-
snittsår.
Marknaden forventar lågare kraftprisar i 2009 enn for året
før. Sognekraft har i 2008 sikra deler av produksjonen for
2009 til høgare prisar, og tidlegare også inngått langsiktige
avtalar på eit lågare nivå enn det dagens kraftprisar tilseier.
Selskapet sitt resultat er svært avhengig av områdeprisane i
den viktigaste produksjonsperioden, som er månadene juni
til august. Tilgjengeleg kapasitet i kabelforbindelsane mot
utlandet samt nedbør gjennom sommaren er kritiske
faktorar for at områdeprisane skal halde seg nær system-
prisen på Nord Pool.
Sognekraft planlegg store investeringar og er avhengig av ein
fungerande finansmarknad. Styret forventar at selskapet
skal kunne få tilgang til nødvendig kapital.
Styret forventar at fornybar energi vil auke i verdi og nye
utbyggingsprosjekt saman med eksisterande produksjon
legg til rette for ei god økonomisk utvikling framover. Styret
peikar likevel på risikoen for svingingar i resultatet som fylgje
av at selskapet si hovudinntening er basert på
vasskraftproduksjon.
24
25
Resultatrekneskap
(Beløp i 1000 kroner) Note 2008 2007
Energisal (2,3,19,20) 145 914 104 019
Inntekter frå kraftoverføring (2) 53 124 51 355
Andre driftsinntekter (2) 10 798 12 276
Sum driftsinntekter (2) 209 836 167 650
Energikjøp (2,3) 35 875 21 734
Materiell for vidaresal (2) 2 036 2 996
Sentralnettsavgifter (2) 6 537 7 485
Løn og andre personalkostnader (2,4,14) 28 901 27 154
Andre driftskostnader (2,4,5) 20 370 16 906
Eigedomsskattar og avgifter (2,6) 9 163 9 258
Ordinære avskrivingar (2,8) 22 429 23 167
Tap på krav (2) 185 504
Sum driftskostnader 125 496 109 204
Driftsresultat (2) 84 340 58 446
Inntekt på investering i tilknytta selskap (9) 442 201
Finansinntekter 4 624 1 286
Finanskostnader (7) 10 850 8 084
Netto finanskostnader 5 784 6 597
Resultat før skattekostnad 78 556 51 849
Skattekostnad (17) 45 502 23 678
Årsresultat (1,2) 33 054 28 171
Føreslege utbytte til utbetaling 27 000 25 000
Overføring annan eigenkapital 6 054 3 171
26
Balanse
EIGENDELAR
(Beløp i 1000 kroner) Note 31.12.2008 31.12.2007
Anleggsmidlar
Immaterielle eigendelar
Utsett skattefordel (17) 56 288 50 675
Sum immaterielle eigendeler 56 288 50 452
Varige driftsmidlar
Tomter, bygningar og annan fast eigendom (8,18) 9 894 9 931
Reguleringsanlegg og kraftstasjonar (8,18) 104 101 109 836
Medeigarandel i Vikfalli (12%) (8) 63 247 63 233
Nettanlegg produksjon (8,18) 3 294 3 661
Regionalnett (8,18) 22 729 23 268
Distribusjonsnett (8) 131 330 125 526
Driftslausøyre, inventar, verkty, kontormaskiner m.v.(8) (8) 11 778 10 348
Anlegg under arbeid (8) 13 241 12 992
Reservedelslager (8) 1 920 1 325
Sum varige driftsmidlar (8) 361 534 360 120
Finansielle anleggsmidlar
Investeringar i dotterselskap og tilknytta selskap (9) 2 163 2 634
Investeringar i aksjar og andelar (9) 5 521 4 670
Langsiktig lån til dotterselskap (10) 7 000 7 000
Andre langsiktige fordringar (10) 1 381 1 279
Sum finansielle anleggsmidlar 16 065 15 583
Sum anleggsmidlar 433 887 426 378
Omløpsmidlar
Varelager 525 445
Fordringar
Straumfordringar 35 801 33 232
Andre kundefordringar 2 297 7 023
Forskotsbetalte kostnader 5 960 5 146
Sum fordringar 44 058 45 401
Bankinnskot, kontantar og liknande (11) 27 125 9 935
Sum omløpsmidlar 71 708 55 781
SUM EIGENDELAR 505 595 482 159
27
Balanse
EIGENKAPITAL OG GJELD
(Beløp i 1000 kroner) Note 31.12.2008 31.12.2007
Eigenkapital
Innskoten eigenkapital
Aksjekapital (12,13) 94 500 94 500
Overkursfond (13) 43 170 43 170
Sum innskoten eigenkapital (13) 137 670 137 670
Opptent eigenkapital
Annan eigenkapital (13) 102 613 112 146
Sum opptent eigenkapital 102 613 112 146
SUM EIGENKAPITAL (13,19,20) 240 283 249 816
Gjeld
Avsette forpliktingar
Pensjonsforpliktingar (14) 48 968 26 014
Sum avsette forpliktingar 48 968 26 014
Langsiktig gjeld
Gjeld til kredittinstitusjonar (15,18) 57 790 61 500
Øvrig langsiktig gjeld (15) 50 010 50 010
Sum langsiktig gjeld (15) 107 800 111 510
Kortsiktig gjeld
Kassekreditt (11,18) 10 405
Leverandørgjeld 14 203 14 475
Skattetrekk, feriepengar, offentlege avgifter 21 077 18 938
Avsett til påløpne skattar (17) 42 357 23 182
Påløpne kostnader 1 740 2 755
Netto meirinntekt (16) 2 167 64
Utbyte (13) 27 000 25 000
Sum kortsiktig gjeld 108 544 94 819
Sum gjeld 265 312 232 343
SUM EIGENKAPITAL OG GJELD 505 595 482 159
28
Kontantstraumanalyse
( beløp i heile 1 000) 2008 2007
Kontantstraum frå operasjonelle aktivitetar
Ordinært resultat før skattekostnad 78 556 51 849
Betalt skatt i perioden (25 799) (40 535)
Avskrivingar 22 429 23 167
Gevinst ved sal av anleggsmiddel (351) -
Endring i varelager (80) 266
Endring i straumfordringar (2 569) (4 386)
Endring i andre kundefordringar 4 726 (560)
Endring i leverandørgjeld (272) (8 697)
Effekt av pensjonskostnad/ utbetaling 1 304 83
Andre tidsavgrensingspostar 2 259 536
Netto kontantstraum frå operasjonell aktivitet 80 203 21 723
Kontantstraum frå investeringsaktivitetar
Innbetalt frå sal av anleggsmiddel 1 071 -
Utbetalingar ved kjøp og tilvirking av varige driftsmidlar (23 838) (29 876)
Utbetalingar frå andre investeringsaktivitetar (1 094) (3 788)
Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar (23 861) (33 664)
Kontantstraum frå finansieringsaktivitetar
Innbetalingar frå opptak av ny langsiktig gjeld og bruk av trekkfasilitet 10 000 10 405
Utbetalingar ved nedbetaling av langsiktig gjeld (24 155) (13 750)
Utbetaling av utbytte (25 000) (25 000)
Netto kontantstraum frå finansieringsaktivitetar (39 155) (28 345)
Netto endring i kontantar og bankinnskot 17 187 (40 286)
Behaldning av kontantar og bankinnskot pr. 01.01. 9 938 50 221
Behaldning av kontantar og bankinnskot pr. 31.12. 27 125 9 935
29
Notar
NOTE 1 REKNESKAPSPRINSIPP
Årsrekneskapen er sett opp i samsvar med rekneskapslova frå
1998 og er utarbeidd etter norske rekneskapsstandardar.
Prinsipp for inntekts- og kostnadsføring og klassifisering
av postar
Inntektsføring i rekneskapen skjer ved levering av varer eller
tenester til kunde. Kostnader vert medteke i rekneskapen i den
perioden dei på kjem.
Eignelutar som er bestemt til varig eige eller bruk er klassifisert
som anleggsmiddel. Andre eignelutar er klassifisert som omløps-
midlar. Anleggsmiddel er vurdert til anskaffelseskost. Dersom
anleggsmiddelet har avgrensa økonomisk levetid vert det avskrive
planmessig over levetida. Ved vurdering av omløpsmidlar er
lågaste verdis prinsipp nytta, slik at omløpsmidlane er vurdert til
lågaste verdi av anskaffelseskost og marknadsverdi.
Langsiktig gjeld vert balanseført til pari kurs. Kortsiktig gjeld vert
balanseført til motteke beløp på lånetidspunktet, og vert ikkje
skrive opp til verkeleg verdi som fylgje av renteendring.
Enkelte postar er vurdert etter andre reglar og desse er det gjort
greie for nedanfor.
Postar som er av uvanleg karakter og av ein slik art at dei ikkje
inntrer ofte eller regelmessig, vert klassifiserte som ekstra-
ordinære dersom beløpa er vesentlege for selskapet.
Varige driftsmidlar
Varige driftsmidlar vert avskrive over forventa økonomisk levetid.
Avskrivingane er som hovudregel fordelt lineært over antatt
økonomisk levetid.
Medeigarskap i andre kraftverk
Sognekraft eig 12 % av stasjonsgruppa Vikfalli. Vikfalli inngår i
Sognekraft sin rekneskap etter bruttometoden. Sal av kraft frå
Vikfalli er inkludert i posten sal av kraft, driftskostnader for
Sognekraft sin del er inkludert i posten energikjøp og avskriv-
ingane inngår i posten avskrivingar i rekneskapen. Eigedoms-
skatt, grunnrente- og naturressursskatt for Vikfalli vert utlikna på
Sognekraft si hand og er inkludert i desse postane i rekneskapen.
Magasinfylling
I samsvar med tilråding frå Energibedriftenes landsforening (EBL)
vert ikkje vassmagasin balanseført. Vassmagasin har likevel
betydning for vurdering av det rekneskapsmessige resultatet for
selskapet.
Kraftkontraktar
Alle kjøps- og salskontrakter blir periodiserte, dvs. inntekter og
kostnader blir tilordna leverings- og mottakstidspunkt.
Kontraktsportefølja vert vurdert samla til faktiske prisar på sals-
og kjøpskontrakter med tilsvarande volum og samanfallande
leveringsperiodar. Urealiserte netto tap i portefølja vert kostnads-
ført medan urealiserte gevinstar ikkje vert inntektsført.
Fordringar
Kundefordringar og andre fordringar er oppført til pålydande etter
frådrag for avsetning til forventa tap. Avsetning til tap vert gjort på
grunnlag av ei individuell vurdering av dei enkelte fordringane. For
dei øvrige kundefordringane vert det i tillegg gjort ei uspesifisert
avsetning for å dekkje sannsynlege tap.
Skattar
Sognekraft betalar fire ulike skatteartar. Dette er alminneleg
overskotsskatt, naturressursskatt, grunnrenteskatt og
eigedomsskatt.
Overskotsskatt
Overskotsskatten vert berekna etter dei ordinære skattereglane.
Skattekostnaden i resultatrekneskapen er samansett av betalbar
skatt og endring i utsett skatt. Betalbar skatt vert berekna på
grunnlag av årets skattemessige resultat. Utsett skatt vert
berekna på grunnlag av midlertidige skilnader mellom
rekneskapsmessige og skattemessige verdiar.
Naturressursskatt
Naturressursskatten er overskotsuavhengig og vert berekna
basert på det enkelte kraftverk sin gjennomsnittlege produksjon
dei siste 7 åra. Naturressursskatten kan utliknast mot
overskotsskatten, og ikkje utlikna naturressursskatt kan
framførast med renter.
Grunnrenteskatt
Grunnrenteskatten er ein kraftverksspesifikk skatt som vert
berekna separat for kvart kraftverk. Grunnrenteskatten har som
formål å skattlegge den avkastinga ein vasskraftprodusent har
utover normalavkasting som fylgje av at produsenten utnyttar ein
naturressurs. Denne skatten er delvis overskotsavhengig og kjem
i tillegg til overskotsskatten. Skattekostnaden knytt til grunnrente
i Sognekraft sin resultatrekneskap består av betalbar skatt og
endring i utsatt skatt. I utsatt skatt vert det teke omsyn til tre
forhold; midlertidige forskjellar mellom rekneskapsmessige og
skattemessige verdiar for kraftverk, akkumulerte negative
grunnrenteinntekter og midlertidige forskjellar vedrørande netto
pensjonsforpliktelsar knytt til kraftverka. Ved aktivering av utsatt
skatt vert nominell skattesats på 27 % brukt.
Eigedomsskatt
Eigedomsskatten er ei overskotsuavhengig avgift som vert
berekna basert på ein eigedomsskattetakst. Eigedomsskatten
utgjer inntil 0,7% av taksten. I rekneskapen er eigedomsskatten
inkludert i driftskostnader. Eigedomsskatt for kraftverk vert
fastsett på grunnlag av skattemessig formuesverdi i likningsåret
før eigedomsskatten vert skriven ut.
30
NOTE 2 DRIFTSRESULTAT FORDELT PÅ FORRETNINGSOMRÅDE
Beløp i 1 000 kroner Sluttbruk Produksjon og
omsetning Nett
Anna verk-
semd
Stab og
støtte
Interne transak-
sjonar
Sum sel-
skap
Driftsinntekter 53 214 143 874 53 398 11 062 19 239 (56 935) 223 852
Materiell for vidaresal - - - 2 574 - 2 574
Energikjøp 44 950 35 441 6 251 (40 050) 46 592
Sentralnettsavgifter - 5 004 1 533 - - 6 537
Løns- og personalkostnader 337 5 088 9 588 3 660 10 228 - 28 901
Øvrige driftskostnader 2 543 15 153 21 894 2 064 7 524 (16 885) 32 293
Ordinære avskrivingar 12 9 331 10 592 943 1 552 - 22 430
Tap på krav - - - 250 (65) - 185
Driftsresultat 5 372 73 857 3 540 1 571 - - 84 340
NOTE 3 KRAFTPRODUKSJON, KRAFTSAL OG KRAFTKJØP
KRAFTPRODUKSJON 2008:
KRAFTSAL OG KRAFTKJØP:
Sognekraft handlar aktivt i kraftmarknaden. Portefølja inneheld eigenproduksjon, kjøp av konsesjonskraft frå kommunane i konsesjonsområdet og kjøps- og
salskontraktar for framtidig levering.
Kraftsals- og kraftkjøpskontrakter med levering i same periode vert samanstilt etter porteføljeprinsippet og urealiserte tap som måtte vere i portefølja vert
kostnadsført. Urealiserte gevinstar vert ikkje inntektsført. Eigenproduksjonen vert i denne vurderinga lagt inn som ei kjøpskontrakt med kjøpspris lik sjølvkost.
Årets produksjon : 478 GWh
Gjennomsnittleg årsproduksjon: 446 GWh (346 GWh i eigne verk)
Gjennomsnittleg magasin i 2008: 37,1 GWh (54 % av total kapasitet)
MAGASINBEHALDNING: 31.12.08 31.12.07 31.12.06 31.12.05 31.12.04
Magasinbehaldning (GWh) 27,3 42,7 62,2 62,2 60,5
Andel av magasinkapasitet 40 % 62 % 91 % 91 % 89 %
NOTE 4 LØNSKOSTNADER, TAL TILSETTE, GODTGJERINGAR, LÅN TIL TILSETTE M.M
Lønskostnader, tilsette Ytingar til styret
Beløp i 1 000 kroner 2008 2007
Brutto løn 26 559 23 896
Arbeidsgjevaravgift 3 228 3 016
Pensjonskostnader 4 018 3 571
Andre personalkostnader 764 1 426
Aktiverte løns- og personalkostnader (5 668) (4 755)
Sum 28 901 27 154
Gjennomsnittleg tal årsverk 55,0 52,3
Beløp i kroner Honorar
Erling Stadheim, styreleiar 70 125
Atle Neteland, nestleiar -
Lise Reinertsen (01.01.-24.05) -
Agnes Landstad 24.05-31.12 18 669
Kai-Vidar Myrhol 31 169
Karen Marie Hjelmeseter 31 169
Svein Halveg 31 169
Jaran Sæbø (20.05-31.12) 18 669
Randi Skeie (01.01-20.05) 12 500
Kostnader til revisor
Beløp i 1 000 kroner 2008 2007
Revisjonshonorar 219 204
Andre tenester - 76
Sum 219 280
Styremedlemmer som sit i konsernleiargruppa i BKK mottek ikkje styrehonorar,
men honoraret vert betalt til BKK AS. Det føreligg ingen forpliktingar utover
ordinært styrehonorar overfor styreleiar.
31
Ytingar til leiande tilsette
Adm. direktør har avtale om etterlønn ved spesielle høve. Ingen andre tilset-
te har avtale om etterlønn eller avtale om pensjon utover vilkåra i den kollek-
tive pensjonsordninga, sjå note 14.
Beløp i kroner Lønn
Anna
godtgj.,
bilordn.
mv.
Sum lønn og
anna godtgj.
Pen-
sjons-
kostn.
Adm. direktør
Terje Bakke
Nævdal
1 058 587 107 522 1 166 109 184 691
Økonomisjef
Berit Larsen 683 555 14 762 698 317 110 601
Omsetnings-
og produk-
sjonssjef
743 807 14 762 758 569 120 144
Nettsjef
Harald
Stadheim
651 501 14 762 666 263 105 524
Marknadssjef
Trude Unde-
bakke
632 713 14 762 647 475 102 548
NOTE 5 ANDRE DRIFTSKOSTNADER
Beløp i 1 000 kroner 2008 2007
Verkty, materiell og utstyr 3 057 3 734
Kjøpte tenester 6 896 4 526
Forsikringar 1 013 953
Leigekostnader 1 275 1 226
Øvrige driftskostnader 5 854 4 645
Telefon /porto 1 125 980
Reisekostnader 1 150 842
Sum andre driftskostnader 20 370 16 906
NOTE 6 EIGEDOMSSKATT OG AVGIFTER
Beløp i 1 000 kroner 2008 2007
Konsesjonsavgifter 481 453
Tilsynsavgifter 173 158
Avgift til KBO 27 22
Eigedomsskatt 8 482 8 625
Sum eigedomsskatt, avgifter og godtgjersler 9 163 9 258
NOTE 7 FINANSKOSTNADER
Beløp i 1 000 kroner 2008 2007
Rentekostnader pantsikra lånegjeld 4 858 3 830
Rentekostnader ansvarleg lån frå eigarane 4 000 4 000
Andre finanskostnader 1 992 254
Sum finanskostnader 10 850 8 084
NOTE 8 ANLEGGSMIDLAR
Spesifikasjon av anleggs-
midlar
Anskaff.-
kostnad Tilgang Avgang
Anskaff.-
kostnad
Akk. av- og
nedskriving
Bokført
verdi
Årets ordi-
nære avskr.
Øk. levetid
(snitt)
Beløp i 1 000 kroner 01.01.2008 2008 2008 31.12.08 31.12.08 år
Tomter, bygningar og annan
fast eigendom 18 015 980 431 18 564 8 669 9 895 594 33
Reguleringsanlegg og kraft-
stasjonar 399 707 0 399 707 295 606 104 101 5 735 29
Medeigarandel i Vikfalli (12%) 189 937 3 115 193 052 129 806 63 246 3 102 30
Nettanlegg produksjon 13 895 0 13 895 10 600 3 295 366 34
Regionalnett –linjer og kablar 43 959 309 44 268 33 323 10 945 1 155 32
Regionalnett -trafostasjonar 28 296 1 081 29 377 17 594 11 783 775 31
Distribusjonsnett – linjer og
kablar 166 852 10 957 177 809 81 171 96 638 4 970 31
Distribusjonsnett -
nettstasjonar 57 415 4 124 61 539 34 074 27 465 2061 26
Driftslausøyre, inventar,
verkty, kontormaskiner m.v. 40 782 4 587 45 369 33 591 11 778 3 157 8
Fiber 12 447 868 2 600 10 715 3 488 7 227 514 15
Anlegg under arbeid 12992 523 274 13 241 0 13 241
Lager av materiell 1 325 595 1 920 0 1 920
Sum 985 622 27 139 3 305 1 009 456 647 922 361 534 22 429
Alle anleggsmidlar har lineær avskrivingsplan.
32
NOTE 9 AKSJEPOSTAR
Investering i dotterselskap
Sognekraft eig 70 % av aksjane i Feios Kraftverk AS og 90% av aksjane i
Offerdal Kraftverk AS. Selskapa har forretningsadresse 6893 Vik i Sogn.
Konsesjonssøknad for utbygging av Feios-vassdraget vart sendt til NVE
hausten 2006, og melding for utbygging av Offerdal-vassdraget vart sendt i
mars 2009. Det er elles inga drift i selskapa, og det er difor ikkje utarbeidd
konsernrekneskap.
Investering i tilknytte selskap
Sognekraft AS eig 225 aksjar tilsvarande 45 % i SEIS AS. Selskapet har
forretningsadresse 6856 Sogndal.
Årsresultat i 2008 kr 103 904
Eigenkapital 31.12.2008 kr 525 734
Sognekraft AS eig 1 766 980 aksjar tilsvarande 22 % i Sognenett AS. Sel-
skapet har forretningsadresse 6856 Sogndal.
Årsresultat i 2008 kr ( 513 755)
Eigenkapital 31.12.2008 kr 7 214 740
NOTE 10 LANGSIKTIGE FORDRINGAR
NOTE 11 BANK, POST
Posten er sett saman slik:
Av dette er 1,7 mill. kroner bundne skattetrekksmidlar og 12,9 mill. kroner
er bunde på depotkonti til fordel for Nord Pool og Statnett. Limit på kasse-
kreditt er 20 mill. kroner, av dette nytta 0,4 mill. kroner pr. 31.12.08.
NOTE 12 AKSJEKAPITAL OG AKSJONÆRIN-
FORMASJON
Aksjekapital
Aksjonærane pr. 31.12.2008 var:
B-aksjane kan berre eigast av stat, fylkeskommunar, kommunar eller sel-
skap som stettar krava ikonsesjonslova §4 (lov av 14.12.1977) utan heim-
fall slik desse reglane gjeld til ei kvar tid.I andre høve er B-aksjane fullt ut
jamstilte med A-aksjane.
NOTE 13 EIGENKAPITAL
Eigenkapitalen er endra slik frå 31.12.2007 til 31.12.2008:
Beløp i 1 000 kroner Tal aksjar
Eigar-
andel
Ansk.aff.-
kostnad
Balanse-
ført verdi
Feios Kraftverk AS 70 000 70 % 72 72
Offerdal Kraftverk AS 94 000 90% 94 94
Sognenett AS 1 766
980 22,09 % 1 767 1 767
SEIS AS 225 45 % 230 230
Sum aksjar i dotterselskap
og tilknytta selskap 2 163 2 163
Vestavind Kraft AS 450 14,28 % 5 500 5 500
Balestrand Rådhus AS 10 10,00 % 10 10
REN AS 1 0,23 % 1 1
Leikanger Næringshage AS 100 10,00 % 10 10
Sum aksjar i andre selskap 5 521 5 521
Beløp i 1 000 kroner 31.12.2008 31.12.2007
Lån til Feios Kraftverk AS 7 000 7 000
Sum lån til dotterselskap 7 000 7 000
Kundefordringar finansiering 1 366 1 263
Ansvarleg lån REN AS 16 16
Sum andre langsiktige fordringar 1 383 1 279
Beløp i 1 000 kroner 31.12.2008 31.12.2007
Kassebeholdning
Foliokonto
Forskotstrekk tilsette 1 698 1 686
Bankinnskot depotkonti 25 437 8 249
Sum 27 125 9 935
Aksjonær A-aksjar B-aksjar Sum Eigarandel
BKK AS 420 1680 2100 44,44 %
Vik kommune 187 748 935 19,79 %
Luster
Energiverk A/S 610 - 610 12,91 %
Sogndal
kommune 151 368 519 10,98 %
Luster
kommune 65 260 325 6,88 %
Balestrand
kommune - 118 118 2,50 %
Leikanger kom-
mune - 118 118 2,50 %
Totalt 1 433 3 292 4 725 100,00 %
Beløp i 1 000 kroner Aksje-
kapital
Overkurs-
fond
Anna
eigenka-
pital
Sum
Eigenkapital pr.
31.12.2007 94 500 43 170 112 146 249 816
Estimatavvik vedrø-
rande pensjonar (15 587) (15 587)
Årsresultat 33 054 33 054
Avsett til utbytte (27 000) (27 000)
Eigenkapital pr. 94 500 43 170 102 613 240 283
Beløp i 1 000 Antal Pålydande Balanseført
A-aksjar 1 433 20 000 28 660
B-aksjar 3 292 20 000 65 840
Sum 4 725 20 000 94 500
33
NOTE 14 PENSJONSKOSTNADER OG FOR-
PLIKTINGAR
Selskapet er pliktig til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk
tenestepensjon , og har pensjonsordning som oppfyller krava etter denne
lova.
Selskapet nyttar NRS 6A for rekneskapsføring av pensjonskostnader og –
forpliktelsar. Det vert ikkje nytta korridorløysing, alle estimatavvik vert
amortifisert umiddelbart og ført direkte mot eigenkapitalen.
Sognekraft si pensjonsordning omfattar i alt 55 tilsette og 26 pensjonistar. I
tillegg har 22 tilsette som har slutta rett til utbetaling frå pensjonsordninga.
Ordninga gir rett til definerte framtidige ytelsar som i hovudsak er knytt til tal
oppteningsår og lønsnivå ved oppnådd pensjonsalder. Forpliktingane inklu-
derer avtalefesta pensjon (AFP) og er pr. 31.12.2008 dekka gjennom pen-
sjonsforsikringsavtale i BKK Pensjonskasse.
Årets pensjonskostnad kjem fram slik:
Balanseførte forpliktingar kjem fram slik:
Demografiske faktorar og avgang er basert på vanlege føresetnader innan
forsikring.
NOTE 15 LANGSIKTIG GJELD
Avdragsprofil
Ansvarleg lån frå eigarane vart inngått med verknad frå 30.12.98. Lånet var
uoppseieleg i 5 år, men kan no seiast opp med 6 månaders varsel dersom
långjevarar som representerer minst 2/3 av det samla lån er samde om slik
tilbakebetaling.
NOTE 16 BOKFØRT MEIR-/MINDREINNTEKT
I samband med NVE sin kontroll av energiverka si prissetjing og effektivitet
innanfor transport av energi, har Sognekraft AS for 2008 rapportert ei netto
mindreinntekt i denne verksemda på 2,1 mill. kroner, og for 2007 0,8 mill.
kroner. Mindreinntekter vert kravd inn frå overføringskundane i form av
auka overføringstariffar og er difor bokført som ei kortsiktig fordring. Meir-
inntekt vert tilsvarande utbetalt gjennom reduserte tariffar og bokført som
kortsiktig gjeld ved årsskiftet.
Årets meir/ mindreinntekt kjem fram som fylgjer:
Beløp i 1 000 kroner 2008 2007
Nåverdi av årets pensjonsopptening 3 173 3 033
Rentekostnad av påløpt pensjonsforplikting 2 794 2 610
Forventa avkastning på pensjonsmidlar (2 203) (2 002)
Resultatført effekt av estimeringsavvik 484 26
Administrasjonskostnader 181
Netto pensjonskostnad før arbeidsgjevaravgift 4 248 3 848
Periodisert arbeidsgjevaravgift (230) (277)
Netto pensjonskostnad 4 018 3 577
Beløp i 1 000 kroner 31.12.2008 31.12.2007
Påløpte pensjonsforpliktingar 85 715 61 591
Verdi av pensjonsmidlar 41 440 38 070
Faktisk netto påløpt pensjonsforplikting 44 275 23 521
Periodisert arbeidsgjevaravgift 4 693 2 493
Netto pensjonsforpliktingar (etter arbeids-
gjevaravgift) 48 968 26 014
Økonomiske føresetnader:
Diskonteringsrente 3,8 % 4,6 %
Forventa avkastning på fondsmidlar 5,2 % 5,7 %
Forventa framtidig lønsvekst 4,0 % 4,25 %
Forventa pensjonsregulering og auke i
folketrygda sitt grunnbeløp 3,75 % 4,25 %
BELØP I 1.000 KRONER Aktuell
rente 31.12.2008 31.12.2007
Gjeld til kredittinstitusjonar 6,0% 57 790 61 500
Ansvarleg lån frå eigarane 8,0% 50 000 50 000
Øvrig langsiktig gjeld 6,0% 10 10
Sum 107 800 111 510
Beløp i
1 000 kroner
2009 2010 2011 2012 2013 Der-
etter Sum
Gjeld til
kreditt-
institusjonar
12 500 12 500 3 500 3 500 3 500 22 290 57 790
Ansvarleg lån
frå eigarane 50 000 50 000
Øvrig langsik-
tig gjeld
10 10
Sum 12 500 12 500 3 500 3 500 3 500 72 300 107 800
Beløp i 1 000 kroner 2008 2007
Opprinneleg initiell inntektsramme justert for 50 808 48 707
Årets kostnader for overliggjande nett 1 533 1 517
Eigedomsskatt 1 131 1 131
Tilbakeføring av akkumulert meir-/mindreinntekt (63) (1 024)
Årets mindreinntekt KILE-ordninga (2 047) -
Justert inntektsramme 51 362 50 331
Fakturerte inntekter i året 53 508 50 374
Meir-/mindreinntekt pr. 31.12. (2 147) (43)
Inntektsførte/ utgiftsførte renter (20) (21)
Netto meirinntekt pr. 31.12. inkl. renter (2 167) (64)
34
NOTE 17 SKATTAR
Årets skattekostnad kjem fram slik
Betalbar skatt på årets resultat kjem fram slik:
Spesifikasjon av grunnlag for utsett skatt:
Skuldig betalbar skatt i balansen:
NOTE 18 PANTSETJINGAR OG GARANTIAR
Bokført gjeld som er sikra med pant::
Bokført verdi av eigendelar som er stilt som tryggleik for bokført gjeld:
NOTE 19 ANDRE IKKJE BALANSEFØRTE
FORPLIKTINGAR
Sognekraft AS har leveringsforpliktingar på energi til kundar i eige konse-
sjonsområde. I tillegg er det inngått salskontraktar med kundar i andre
konsesjonsområde til standardtariffar, fast pris eller marknadsprisar.
NOTE 20 FINANSIELL MARKNADSRISIKO
Som kraftprodusent er Sognekraft utsett for store svingingar i marknads-
prisane på kraft. For å handtere og redusere denne risikoen har styret
vedteke retningslinjer for risikostyring som tilseier at ein relativt stor del av
krafta skal vere seld for dei første åra. På denne måten vert Sognekraft sitt
årsresultat mindre utsett for svingingane i kraftprisane enn det som elles
ville vore tilfelle. Det er etablert rutinar som sørgjer for at dei fastsette
posisjonane vert overhaldne. Produkt Sognekraft handlar for å redusere
risikoen er futures og forwards på Nord Pool og forwards i den bilaterale
marknaden. I tillegg kjøper Sognekraft sals- og kjøpsopsjonar for sikringsfor-
mål. Sognekraft har ikkje utstedte opsjonar i si portefølje.
Selskapet er utsett for valutarisiko gjennom finansiell handel av kraftkont-
raktar. Desse er notert i euro. Kortsiktig overskotslikviditet vert plassert i
bank.
2008 2007
Betalbar skatt vedk. tidlegare års resultat 226 -
Betalbar skatt på årets resultat 21 814 14 319
- avrekna naturressursskatt (5 943) (5 777)
Brutto endring utsatt skatt alm inntekt 6 123 291
Estimatendring pensjonsforliktelsar (6 062) -
Naturressursskatt 5 943 5 777
Betalbar grunnrenteskatt 19 141 8 863
Brutto endring utsatt skatt grunnrente 3 020 205
Avsatt skatt knytt til endra likning * 1 200 -
Året totale skattekostnad 45 502 23 678
Av dette henført til ekstraordinært resultat - -
Skattekostnad ordinært resultat 45 502 23 678
2008 2007
Ordinært resultat før skattekostnad 78 556 51 849
Permanente forskjellar (22 659) 332
Endring midlertidige forskjellar 22 011 (1 042)
Grunnlag betalbar skatt 77 907 51 139
Skatt 28% 21 814 14 319
31.12.2008 31.12.2007
Forskjellar som vert utligna:
Anleggsmidlar – negative forskjellar 69 066 71 845
Anleggsmidlar – positive forskjellar
Omløpsmidlar 7 592 7 042
Gjeld 50 073 25 833
Sum 126 731 104 720
Utsett skattefordel (28%) 35 485 29 322
Utsett skattefordel grunnrente (30%) 20 803 21 353
Utsett skattefordel i balansen 56 288 50 675
31.12.2008 31.12.2007
Betalbar naturressursskatt/ skatt på
alminneleg inntekt 23 216 20 955
Betalbar grunnrenteskatt 19 141 19 586
Skuldig betalbar skatt i balansen 42 357 40 541
Spesifikasjon av betalbar
skatt på grunnrente Årøy Målset Refsdal Hove
Brutto grunnrenteinntekt 81 446 3 633 19 528 14 177
Friinntekt 8 055 344 1 638 1 581
Skattemessige avskrivingar 7 276 238 1 356 1 492
Øvrige driftskostnader 17 576 989 4 176 4 347
Årets netto grunnrenteinn-
tekt 48 539 2 062 12 358 6 757
Negativ grunnrenteinntekt
pr. 01.01.2008 - 10 971 - 3 850
Grunnlag betalbar grunn-
renteskatt 48 539 -8 909 12 358 2 907
Betalbar grunnrenteskatt
30% 14 562
- 3 707 872
Beløp i 1 000 kroner 31.12.2008 31.12.2007
Kassekreditt 437 10 405
Gjeld til kredittinstitusjonar 57 790 61 500
Sum 58 227 71 905
Beløp i 1 000 kroner 31.12.2008 31.12.2007
Kraftstasjonar 170 642 176 730
Faste eigedommar 32 623 33 199
Sum 203 265 209 929
* Selskapet har fått vedtak og varsel om endra likning for perioden 2004-
2007 knytt til frådrag for rentekostnad ansvarleg lån. Vedtaket som galdt
perioden 2004-2005 vart påklaga i juli 2008. Endeleg vedtak er venta 1.
halvår 2009.
35
Revisjonsmelding 2008
36
Sognekraft AS • Postboks 3 • 6891 Vik i Sogn • Telefon: 57 69 86 00 • E-post : post@sognekraft.no
top related