vestre slidre kommune...kategoriseringa byggjer på ar5 arealressurskart frå norsk skog og...
Post on 28-Aug-2020
1 Views
Preview:
TRANSCRIPT
VESTRE SLIDRE
KOMMUNE
Kommuneplan - 2020-2028 -
Planskildring
Vestre Slidre kommune – Kommuneplan 2020-2028 – Planskildring
2
Kommuneplanens
arealdel - 2020-2028 -
PLANSKILDRING
TIL KOMMUNEPLANENS AREALDEL
Vedteke lagt ut til 1. gongs offentleg ettersyn av Formannskapet i møte den
05.09.2019 (sak FS-56/19) og 31.01.2020 (sak FS-05/20),med heimel i lov om
planlegging og byggesaksbehandling (pbl) av 27. juni 2008 nr. 71, kapittel 11.
Vestre Slidre kommune – Kommuneplan 2020-2028 – Planskildring
3
Innhald – Planskildring 1. Bakgrunn og formål ......................................................................................................................... 4
1.1. Visjon .......................................................................................................................................... 4
1.2 Overordna mål ............................................................................................................................ 4
1.3. Formål ......................................................................................................................................... 4
2. Viktige føringar ................................................................................................................................ 4
2.1 Lover ........................................................................................................................................... 4
2.2 Nasjonale retningsliner og forventningar ................................................................................... 4
2.3 Regionale føringar ...................................................................................................................... 4
3. Generelt om planen......................................................................................................................... 5
3.1 Planprosessen ............................................................................................................................. 5
3.2 Arealplanen ................................................................................................................................ 5
4. Arealrekneskap og jordvern ............................................................................................................ 5
5. Planreserver og bustadbehov.......................................................................................................... 6
5.1 Bustadreserve ............................................................................................................................. 6
5.2 Fritidsbustadreserve ................................................................................................................... 7
6. Verknader av planen ....................................................................................................................... 7
6.1 Konsekvensutgreiing................................................................................................................... 8
6.2 Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) ........................................................................................... 8
7. Plandokument ................................................................................................................................. 8
7.1 Juridisk bindande dokument ...................................................................................................... 8
7.2 Andre dokument ......................................................................................................................... 8
7.3 Temakart ..................................................................................................................................... 8
8. Planskildring .................................................................................................................................... 9
8.1 Bygg og anlegg (jf. pbl § 11-7, andre ledd nr. 1) ......................................................................... 9
8.2 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (jf. pbl § 11-7, andre ledd nr. 2) .......................... 10
8.3 Landbruk -, natur - og friluftsområde samt reindrift (LNFR) (jf. pbl § 11-7,
andre ledd nr. 5) ....................................................................................................................... 10
8.4 Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandlinje (jf. pbl § 11-7,
andre ledd nr. 6)...………………………………………………………………………………………………………………..10
8.5 Omsynssoner (jf. pbl § 11-8)..................................................................................................... 11
8.6 Temakart ................................................................................................................................... 12
Forsidefoto ©Svein Erik Ski
Vestre Slidre kommune – Kommuneplan 2020-2028 – Planskildring
4
1. Bakgrunn og formål
1.1. Visjon Vestre Slidre kommune skal vera ein god kommune å bu og vekse opp i, med gode tenestetilbod og
aktive lokalsamfunn der kultur, nærleik, tradisjonar, mangfald og samarbeid står i fokus. Innbyggjarar
og tilreisande skal oppleve trivsel og ei kjensle av å høyre til.
Vi skal vera aktive i høve til endringar i samfunnet, ta grep om eiga utvikling og ha tru på framtida.
1.2 Overordna mål Vestre Slidre kommune skal leggje til rette for god tenesteyting, service og informasjon, med fokus
på nærleik til brukarane og forvalting av felles ressursar.
Kommunen skal arbeide aktivt for gode og varierte butilbod tilpassa vekslande behov, herunder å gje
moglegheit for attraktive bustadtomter i ulike delar av kommunen. Ein skal og ha ein positiv haldning
til spreidd busetjing knytt til hovuddalføret samt mot Vaset.
Kommunen skal ha eit aktivt folkehelsearbeid med fokus på aktuelle utfordringar.
Vang ynskjer å vera eit inkluderande lokalsamfunn der skilnader i høve til kjønn, etnisk tilhøyrsle,
funksjonsnivå, utdanning og økonomi blir motverka.
1.3. Formål Formålet med kommuneplanen sin arealdel er å legge til rette for måloppnåing i samfunnsdelen. Ei
av hovudoppgåva er å finne eigna areal til bustadar, næring og fritidsbustadar, samstundes som ein
tek vare på kultur- og naturverdiar. Det er eit uttrykt ynskje om varierte tilbod av bustadtomter i alle
delar av kommunen, og at det skal vere attraktivt å busetje seg og bli verande i kommunen.
2. Viktige føringar
2.1 Lover • Lov om planlegging og byggesaksbehandling (pbl) av 27.6.2008 nr. 71
• Lov om forvaltning av naturens mangfold av 19.6.2009 nr. 100
• Lov om kulturminner av 9.6.1978 nr. 50
• Lov om jord av 12.5.1995 nr. 23
• Lov om vassdrag og grunnvann av 24.11.2000 nr. 82
• Lov om friluftslivet av 28.6.1957 nr. 16
2.2 Nasjonale retningsliner og forventningar • Rikspolitiske retningsliner for samordnet areal- og transportplanlegging
• Rikspolitiske retningsliner for å styrke barn og unges interesser i planleggingen
• Retningsliner for planlegging og utbygging i fareområder langs vassdrag
• Retningsliner for behandling av støy i arealplanlegging, T-1442 (2012)
• Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging
• Norge universelt utformet 2025
Kartlegging og vurdering av skredfare i arealplanar
• Forskrift om konsekvensutredninger
• Nasjonal jordvern strategi
2.3 Regionale føringar • Regional planstrategi for Oppland 2016–2020
• Regional plan for samfunnssikkerhet og beredskap 2018-2021
Vestre Slidre kommune – Kommuneplan 2020-2028 – Planskildring
5
3. Generelt om planen
3.1 Planprosessen Det vart meldt oppstart for revisjon av kommuneplanen, og utarbeidd planprogram med vedtak i
kommunestyret 19.12.2016. Revisjon av samfunnsdelen er allereie vedtatt den 22.06.2017 (sak KS-
27/17) og danner grunnlag for arealdelen
Alle innspel er vurdert, og alle nye innspel som er med i denne planen er konsekvensutgreidd.
Konsekvensutgreiing (KU) av alle innspel ligg er samla i eit eige dokument.
Det er mange innspel til spreidd hyttebygging, og fleire område er aktuelle. Etter KU ser ein nokre
område som kurante, og knyt dette og til framføring av offentleg vatn og avløp frå Vaset til Syndin.
Innspel med søknad om å byggje naust tilknytta hovudvassdraga er vurdert med omsyn til
fiskerett/grunneigar-rett samt eit total mengde i planperioden. Det er utarbeidd føresegner der det
kan byggjast utan reguleringsplan, men etter gjevne føresetnadar.
Formannskapet la planen ut til høyring 05.09.2019, med ny utlegging 31.01.2020.
3.2 Arealplanen Kommuneplan 2020-2028 arealdelen inneheld følgjande dokument (sjå òg punkt 7):
• samfunnsdel
• planskildring
• plankart
• Føresegner og retningsliner
• konsekvensutgreiing
• Heilskapeleg konsekvensutgreiing
• risiko- og sårbarheitsanalyse
• temakart
Om ikkje anna er presisert erstattar desse følgjande kommuneplaner:
Kommuneplanens arealdel vedteke 2004
Kommunedelplan for Vaset, vedteke 2005
Kommunedelplan for E16 Fagernes-Hande på de deler som inngår i tunnell (vedteke 2014)
Plankartet er utarbeidd på bakgrunn av eigedomsinformasjon i matrikkelen, kommunedelplanar,
reguleringsplanar, kommuneplan 2003/2005 og lokalkunnskap. Kommuneplanen er ei grovmaska
oversikt for alt areal i kommunen. I enkelte tilfelle kan det vera manglande samsvar mellom
plankartet og reell arealbruk. Slike feil kan m.a. skuldast feil eigedomsinformasjon i matrikkelen. Ved
behandling av den enkelte sak kan det takast omsyn til slike forhold dersom det er opplagte manglar.
4. Arealrekneskap og jordvern Jordvern er viktig i vurderinga av område til bustad, fritidsbustader og næringsareal. Nedanfor er det
arealrekneskap for alle framlegg til endra arealbruk som er utgreidde og som ikkje ligg i kommune-
plan 2004/2005. Kategoriseringa byggjer på AR5 arealressurskart frå Norsk skog og landskap.
Tabell 1). Arealrekneskap for nye og eksisterande område.
Vestre Slidre kommune – Kommuneplan 2020-2028 – Planskildring
6
Arealformål Status
Totalt
areal
(daa)
Bebyggelse og anlegg Eksisterande 1
Boligbebyggelse Eksisterande 1 197
Boligbebyggelse Fremtidig 218
Fritidsbebyggelse Eksisterande 6 063
Fritidsbebyggelse Fremtidig 2 920
Forretning Eksisterande 151
Offentlig/privat tenesteyting Eksisterande 115
Fritids- og turist formål Eksisterande 35
Råstoff utvinning Eksisterande 321
Råstoff utvinning Fremtidig 4
Næringsbebyggelse Eksisterande 212
Næringsbebyggelse Fremtidig 100
Idrettsanlegg Eksisterande 619
Idrettsanlegg (Skiheis Røn/Vaset) Fremtidig 2 550
Andre typer bebyggelse og anlegg Eksisterande 37
Andre typer bebyggelse og anlegg Fremtidig 1
Kombinert bebyggelse og anleggsformål Eksisterande 10
Kombinert bebyggelse og anleggsformål Fremtidig 26
5. Planreserver og bustadbehov
5.1 Bustadreserve Det finst ein bustadreserve for kommunale bustadtomter. I tillegg finst det i vedteken arealdel nokre
areal som er avsett til fremtidig bustadbygging i privat regi. Målsetnaden er å snu trenden med
fråflytting, og auke talet på innbyggarar.
Vestre Slidre kommune – Kommuneplan 2020-2028 – Planskildring
7
Tabell 2. Planreserve for allereie godkjente bustadtomter.
Reguleringsplan
Areal (daa) Einingar
Sponbakkadn 1982 Slidre
5
Nesja Bustadområde 2010 Slidre 3
Bustadfelt Øvre Røn 2010 Røn 15
Røneberg 1976 Røn 4
Sum
27
Kommuneplan 2003/2005 som videreføres
Bustad Pjåten (G/Bnr 85/1) 2003 Røn 18 9
Bustad Geitskallin (G/Bnr 60/3) 2003 Slidre 16 8
Bustad Svedalen (G/Bnr 70/2) 2005 Vaset 32 16
Bustad Vaset (G/Bnr 94/1) 2005 Vaset 33 16
Sum
49
Sum totalt
86
Bustadreserven skulle i utgangspunktet vera tilstrekkeleg, men variasjon i tomtetilbodet kan vera vel
så viktig. Ein legg vekt på å tilby areal for «attraktive, fjordnære bustadtomter» i denne planperiden.
Tabell 3. Nytt areal for bustadtomter i forslag til kommuneplan.
Areal (daa) Einingar
G/Bnr
Røn 70 35 74/1
Røn 4 1 74/9
Røn 70 35 75/13
Røn 5 2 75/5
Røn 4 3 85/1
Slidre 27 13 44/1
Lomen 32 16 10/7
Sum 212 106
5.2 Fritidsbustadreserve Reiseliv og fritidsbustader er viktige for Vestre Slidre. Kommunen vil følgje opp og leggje til rette for
at utviklinga kan halde fram.
Tabell 4. Tomtereserve fritidsbustader – godkjente, ubebygde tomter.
Planfase Tomter
Reguleringsplanar/byggeområde i
kommuneplan
Ca 1500
Tabell 5. Totalt avsatt byggeområde-fritidsbustad i i gjeldande kommuneplan.
Planfase Areal i daa
Kommuneplanens arealdel (2003) 1 640
Vestre Slidre kommune – Kommuneplan 2020-2028 – Planskildring
8
Kommunedelplan Vaset (2005) 6 090
Sum 7 730
Tabell 6. Totalt avsatt byggeområde-fritidsbustad i i nytt forslag til kommuneplan.
Planfase Areal i daa
Kommuneplanens arealdel (høyringsutkast) 3 030
Totalt areal til byggeområde-fritidsbustad i i nytt forslag til kommuneplan er sterkt redusert i høve til
eksisterande kommune-planar, sjølv om ein del av arealet er bygd ut etter 2003/2005.
6. Verknader av planen
6.1 Konsekvensutgreiing Kommuneplanar med retningsliner eller rammer for framtidig utbygging skal ha særskild vurdering
og skildring av verknader for miljø og samfunn (pbl § 4-2). Slike konsekvensutgreiingar (KU) skal vera
med i planskildringa. KU i kommuneplanen tek utgangspunkt i forhold som er vesentleg som grunnlag
for vedtak. Ved revisjon av arealdelen skal det vera skilje mellom utgreiing av enkeltområde og samla
utgreiing (forskrift om konsekvensutgreiing §§ 6 og 9).
6.2 Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) Risiko og sårbarheit er tema i konsekvensutreiinga for kvart område i arealdelen. ROS-analysen for
heile kommuneplanen er samla i eit eige dokument. Analysen syner aktuelle risiko- og sårbarheits-
forhold som har betyding for om arealet er eigna til utbyggingsformål, og eventuelle endringar i slike
forhold som vil fylgje av planlagt utbygging.
7. Plandokument
7.1 Juridisk bindande dokument • Plankart for heile kommunen
• Føresegner til kommuneplan
7.2 Andre dokument • Kommuneplanen sin samfunnsdel
• Planskildring
• Konsekvensutgreiing av innspel til endring av arealformål
• Samla konsekvensutgreiing for kommuneplanen
• ROS-analyse
7.3 Temakart • Aktsemdsoner og faresoner for snøskred/steinskred/jord- og flaumskred
• Støysoner
• Kulturminner sett opp i mot byggeområde i kommuneplan
• Nasjonalt og regionalt viktige naturtypar
Vestre Slidre kommune – Kommuneplan 2020-2028 – Planskildring
9
8. Planskildring
8.1 Bygg og anlegg (jf. pbl § 11-7, andre ledd nr. 1)
8.1.1 Nye område
Det skal utarbeidast reguleringsplan for nye byggjeområda før dei kan takast i bruk.
I plankartet er det ingen visuell skilnad mellom nye område og ikkje utbygde byggjeområde frå
kommuneplan 2003, då alle større areal ligg som fremtidig byggeområde. Konsekvensutgreiinga og
ROS analyse omhandlar alle nye område, og ikkje dei som er godkjent (men ikkje utbygd) frå før.
I tillegg er det vist eksisterande byggeområde på alle bustader/fritidsbustader som allereie er frådelt,
uavhengig om dei er bebygd eller ikkje. Dog er dei vurdert opp i mot 20 meters flomsone frå vassdrag
med breidde større enn 3 meter, flomsone langs Slidrefjorden/Storfjorden/Strandefjorden,
kultturminner/aksomhetsområde for flom/skred.
8.1.2 Bustadområde
Planen har nokre få nye bustadområde. Prestegarden i Slidre, Tildheim i Røn samt Nedre Viste. I
tillegg er det nokre få enkelt tomter som er lagt inn.
I kommuneplan frå 2003 er det ubygde bustadområde ved Lomen kyrkje (G/Bnr 30/1), Geitskallin
(G/Bnr 60/3), Vaset (G/Bnr 94/1) og Pjåten (G/Bnr 85/1) Det er ikkje vedteke reguleringsplan for
nokon av desse områda, men det er igangsett planlegging på Geitskalling, Pjåten og Vaset.
8.1.3 Fritidsbustader
Det er ein del nye område for fritidsbustad, desse fremgår av plankartet med nye byggjeområde. Det
legges og opp til å ta bort rettsverknad av ein del eldre reguleringsplanar, der tomter i planen vert
erstatta med bygeområde: eksistrande fritidsbustad. Formålet er å endre føresegna til meir
oppdaterte planføresegn.
Vidare er det take bort ein mengde eksisterande byggjeområde for fritidsbustad, særskilt knytt til
kommunedelplan for Vaset. Dette for å kunne frigjere nytt areal til fritidsbustader andre stader i
kommunen som er knytt til fremføring av offentleg VA frå Vaset mot Syndin.
Elles er det og ein del areal til fritidsbustadar i kommunedelplanar og reguleringsplanar som framleis
vil gjelde, jf. omtale av fritidsbustadreserve i kapittel 5.
8.1.4 Næringsareal
Det er nye næringsareal knytt til Røn sentrum. Dette gjeld både areal for camping/lett industri osv.
Eit areal er lagt på areal definert som dyrka mark, men er i praksis 5-7 meter djup og blaut myr.
Denne må evt omdisponerast etter jordlova (gjeld 14 daa).
8.1.5 Offentleg og privat tenesteyting
Kommunen er i gang med eige planarbeid knytt til ny/utvinding av sjukeheim i Slidre sentrum. Ut
over dette ligg dei fleste offentlege areal innafor allereie eksisterande reguleringsplanar utan
konkrete behov for utviding.
8.1.7 Andre typar bygg og anlegg
Dette gjeld eit framtidig område for felles naust i Grunke sameige.
8.1.8 Råstoffutvinning - masseuttak
Det er ingen heilt nye område til råstoffutvinning, anna enn utviding av eksisterande. Dog ligg mange
av dei eksisterande fortsatt i kommuneplan, dette gjeld særskilt i statsallmenninga. Knytt til
Vestre Slidre kommune – Kommuneplan 2020-2028 – Planskildring
10
stølsvegar er det viktig å ha noko grusreserver i tilknytting vegbanen, men ein freister å rydde opp i
desse og avslutte flest mogleg i denne planperioden.
Det er store sand- og grusressursar i kommunen, men uttak skapar endringar i landskapet. For nye
massetak er krav om reguleringsplan som syner framdrift av uttak, istandsetjing og tilplanting. Det er
viktig å ha tilgang til masse i nærleiken av område den skal brukast. Transport fører med seg både
kostnader og forureining.
Godkjende reguleringsplanar:
• Lomen industriområde - knusing av fjell.
• Skrøvik steinbrot - knusing av fjell
• Grønelihøvda steinbrot - knusing av fjell
• Massetak Hyggjande – uttak av løsmasser (avgrensa reserve)
• Ulven fjelltak - knusing av fjell
8.2 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (jf. pbl § 11-7, andre ledd nr. 2) Framtidige vegtrasear er i samsvar med utgreiingar og planar. Det er meldt oppstart av regulering for
ny E16 gjennom Røn/Reie samt frå Hausåker til Lomen i regi av Statens vegvesen.
8.3 Landbruk -, natur - og friluftsområde samt reindrift (LNFR) (jf. pbl § 11-7,
andre ledd nr. 5) Det aller meste av arealet i Vestre Slidre er LNFR-område. Dei viktigaste stølsområda har
omsynssoner for utvalgde stølslandskap
8.3.1 Spreidd bustadbygging i LNFR
Det er nokre innspel til spreidde bustader i LNFR. Desse er konsekvensutgreidde.
Kommunen har ei positiv haldning til å kunne dispensere frå kommuneplan for meir spreidd
busetjing, så fremt nye tomter ligg i nær tilknytting til eksisterande skulebuss-ruter.
Ein er og positiv til midlertidig dispensasjon for bruksendring av hytter omgjort til bustader i dei
tilfelle det dette er hensiktsmessig. Vurderingkriteria som skal vektleggast er m.a. adkomst,
vinterbrøyting og plassering i høve til servicefunksjonar m.m.
8.3.2 Spreidde fritidsbustader i LNFR
Det er ikkje nye område for spreidd fritidsbustad i LNFR.
8.4 Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandlinje (jf. pbl § 11-7,
andre ledd nr. 6) EU sitt vassdirektivet inngår i EØS-avtalen og er gjort gjeldande for Norge. Direktivet har som mål å
beskytte og auke vasskvaliteten i vassdrag og grunnvatn. Dette blir arbeidd med dette m.a. gjennom
Vannområde Valdres.
Det er gjennomgåande 50 meter byggegrense langs vass og vassdrag i Vestre Slidre kommune, men
unnatak av Båtåne, der det er fastsett 30 meter byggegrense. Dersom det vert fastsett egne regler
for oppføring av naust tilknytta gardsdrift, vil desse og unnatakast frå byggeforbod langs vassdrag.
Vestre Slidre kommune – Kommuneplan 2020-2028 – Planskildring
11
8.5 Omsynssoner (jf. pbl § 11-8)
8.5.1 Sikrings-, støy- og faresoner (jf. pbl § 11-8 tredje ledd bokstav a)
8.5.1.1 Fareområde
Skytebane i Lomen/Slidreåsen og Rogndokken
Høgspent anlegg
8.5.1.2 Støysoner
Støysonene ligg hovudsakleg langs vegnettet, særleg E16. Alle registrerte støysoner er vurdert ved
utarbeiding av plankartet. Føresegner syner til støyretningsline T-1442 (2012). Støysonekartet er
brukt i konsekvensutgreiinga for å unngå etablering av støyømfintleg verksemd i slike område. Når
det gjeld støysoner langs offentleg veg, gjeld uansett byggegrense som i fleste tilfeller overstig reell
støysone. Dette er bakgrunn for at ikkej alle byggeområde er justert som følgje av støysone langs
offentleg veg.
8.5.2 Landbruk, reindrift, friluftsliv, grønnstruktur, landskap eller bevaring av naturmiljø eller
kulturmiljø (jf. pbl § 11-8 tredje ledd bokstav c)
8.5.2.1 Reindrift
Nokre få delar av kommunen inngår som trekklei for reinbeite-næringa. Derfor brukas òg
arealformålsnemninga LNFR for å synleggjøre dette, jf. pbl § 11-7 andre ledd nr. 5.
8.5.3.1 Bevaring av kulturmiljø
Vestre Slidre kommune sin kulturminneplan frå 2017 tek for seg dei mest viktige kulturminne i Vestre
Slidre. Tabell X synar utvalde områda med særleg verdifulle kulturmiljø.
Tabell 7: Områda med særleg verdifulle kulturmiljø.
Kode i kartet Kulturmiljø
H570_1 Utvalde kulturlandskap_Vestre Slidre statsallmenning
H570_2 Intakt stølslandskap_Kvislasyndin
H570_3 Gardberg feltet
8.5.3.2 Bandlagte område etter kulturminnelova
Alle kulturminner eldre enn 1537 med ei sikringssone på 5 m er automatisk freda. Alle tiltak som
råker slike kulturminne skal bli lagt fram for fageining for kulturarv i Oppland fylkeskommune for
godkjenning. Tabell 8 synar utvalde bandlagde områder.
Tabell 8: Utvalde Bandlagde område/freda bygg i Vestre Slidre
Kode i kartet Bandlagt område
H730_1 Lomen stavkyrkje
H730_2 Lomen Øvre og Nørre
H730_3 Stabbur på Nørre Jarstad
H730_4 Røn kyrkje
H730_5 Garden Raa med støl
H730_6 Øyar kapell
H730_7 Mo kyrkjeruin
Vestre Slidre kommune – Kommuneplan 2020-2028 – Planskildring
12
Allereie ivaretake gjennom reguleringsplan
Middelalderkyrkjegard Slidredomen/stupul
8.5.4 Bandlagte område etter naturvernlova
Tabell 9: Område freda etter naturvernlova eller kongeleg resolusjon (med kode som vist i
plankartet).
Namn i kartet Verneområde
720_1 Øynad’n naturreservat (verna etter lov om naturvern i 1981)
720_2 Lomendeltaet fuglefredingsområde (fuglane og fuglane sitt livsmiljø freda
etter lov om naturvern i 1990)
720_3 Øystre Slidreåne naturreservat
8.5.5 Område med regional/lokal verneverdi som ikkje er markerte på plankartet
• Våtmarksområde ved Vasetvannet
Lokal verneverdi som våtmarksområde. Viktig hekkelokalitet for vadefugl og endar.
8.5.6 Detaljeringssoner – reguleringsplanar som framleis skal gjelde
Kommunen ynskjer å vidareføre godkjende reguleringsplanar. Alle reguleringsplanar tilgjengelege
på heimesidene med planregister og plandialog. Her kan alle følgje reguleringsprosessen ved å lese
innkomne synspunkt til planarbeidet og sjå kvar saka er i planprosessen.
8.6 Temakart
8.6.1 Aktsemdkart snøras, steinsprang og jord- og flaumskred
Det er utarbeid temakart som synar aktsemdsoner og faresoner for snøskred, aktsemdsoner for
steinskred og jord- og flaumskred.
8.6.2 Støysoner
Statens vegvesen har utarbeidd støyberekningar langs alle Europa- og fylkesveger i Vang (med
unntak av F252) med gul og raud sone. Sonene er vist i eige temakart.
8.6.5 Skiløypekart
Det er utarbeidd temakart for oppkøyrte skiløyper for Vestfjellet samt Eggeåsen med GPS data for
ski- og allbruksløyper. Ein er avhengig av at grunneigarane er velvillig til køyring over deira grunn.
Løypenettet er eit viktig felles gode for folkehelse og trivsel blant fastbuande og turistar. Løypelaga
har sjølve vurdert når, og korleis dei ulike delane av løypenettet skal køyrast. Deler av løypenettet går
høgt til fjells, og nokre trasear blir difor berre køyrde i visse periode. Dette har vore eit grunnlag som
kommuneplanens arealdel er vurdert opp i mot.
top related