bovara

19

Upload: det-norske-samlaget

Post on 06-Mar-2016

212 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

Bovara, ny roman av Jan Roar Leikvoll

TRANSCRIPT

1

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 08-06-12 11:28 Side 1

Jan Roar Leikvoll

BOVARA

Roman

SamlagetOslo 2012

3

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 08-06-12 11:28 Side 3

Til mi kone

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 08-06-12 11:28 Side 5

«Gud som haver barnen kär, se till mig som liten är»

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 08-06-12 11:28 Side 6

Utanfor vindauget lyste månen opp bak ås kammen ogkasta skimmer inn i sovesalen. Svevnen hadde funne deiandre, men ikkje meg. Eg hugsa ikkje sist eg låg svevn-laus, til vanleg sov eg tungt frå kveld til dagning og varein dei andre måtte pirke i, før eg livna til. Eg kikka ned-over salen, senga til Flori stod tom. Frå dei andre sengenestakk ein fot ut her og ei hand ut der, stumpar som ikkjehøyrde til ein kropp, restar lagt i kvar seng rundt meg.Det var som himmelen aldri ville endre seg, lyset aldrimeir meisle sprekker i mørkret og sleppe ny dag til.

Dei varme sommardagane var borte, hausten varkomen med klar luft, og endå det eine øyret suste, høyrdeeg dei siste grashoppene file ute i hagen. Men snart skulledei fare bort, om ikkje lenge var nettene frost, og deikom til å fryse seg stive, kom til å ligge i handflatenemens eg bar dei gjennom hagen og lét dei sigle, stille,utfor klostermuren og ned i juvet.

Eg snudde meg, og senga knirka. Eg sette hendene påkanten og løfta kroppen, senga knirka igjen. Eg svingameg til sida, stod ved senga, knea knirka. Eg drog kjorte-len på og knytte tauet, eg stakk føtene inn i sandalane.Greip stokken. Så vippa eg sandalane av igjen og tok deii handa, gjekk så stille eg klarte gjennom sovesalen ogstansa kvar gong einkvan harka eller snudde seg.

Kroppen til Gjin var nesten naken, endå det var kjølig.

7

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 08-06-12 11:28 Side 7

Han låg utan å lage ein einaste lyd, auga var halvvegsopne utan at dei blinka, auga såg på meg og tenkte kan-skje at no sneik Frrok seg ut. Men alt var som andre net-ter, berre at eg var vaken. Eg snudde meg ein siste gongmot vindauget, ikkje eit gry over dei mørke åskammane.Eg opna døra og smatt ut av sovesalen, og stengde hennemed eit svakt riks.

8

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 08-06-12 11:28 Side 8

Eg gjekk dei ujamne trinna i kjellartrappa, handa glei pårekkverket ned i mørkret som lukka seg rundt meg. Egtusla innover kjellargangen med stengde dører på kvarside, heller ikkje på sommarsdagar var gangen varm ogtørr. Her var ingen eg kunne vekke, likevel gjekk eg stilleog lytta. Noko pilte bort, klatra opp ein stad, og i fleirejernbøtter dropla vatn. Stokken klakka.

Månen skein inn rekka med luftegluggar høgt på veg-gen, dei laga bleike ruter på murgolvet, gav nok lys til ateg kunne gå. Kvar lyd kvekte meg, endå eg var den einastesom gjekk omkring i denne kjellaren, etter at Flori valdeå bli i tårnet for å skrive av bøker.

Eg kom heilt inn til den tomme svinebingen, steigopp på ein trekasse, kikka ut den støvete vindaugsrutahøgt på veggen, himmelen svart og urørleg.

Ei mus sprang oppe på trevet. I rommet til dei nedstøva eplepressene vende vind -

auget mot aust, men sjølv der urørleg mørker. Alt, voggahimmelen, alt var hos han som vakta og forbarma seg overkvar og ein av oss, han såg kvart steg foten min tok, hankjende mine henders lengsler og skuld, visste kvar tankeog kvart ønske og kvart ord eg ville seie, men aldri fannriktig augeblink for.

Fotspora på golvet var mine, eg brukte kjellargangenkvar gong eg skulle inn og ut av reiskapsbua og gjere

9

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 08-06-12 11:28 Side 9

arbeidet mitt i hagen. Eg og Flori hadde grisla i kjellarenfrå eg kom hit, eg var berre eit stort barn då eg kom. Ienden såg eg døra ut til hagen, halvvegs gøymd av tett-vaksen og alltidgrøn vivendel på utsida, og berre seintom ettermiddagen slapp lysstrålar inn mellom dei kors-stilte stengene over døra.

For å ikkje kome for brått på lista eg meg sakte inn ireiskapsbua, og stansa framfor ei smal dør. Inne i denvindaugslause koven sette eg løk når liljene var visna av,eller anna vart vinteren kunne knekke. Reiskapane stodslik eg sette dei i går kveld, ein spade, ei rive, ein staurstod lente mot døra. Ingenting var endra sidan eg var heretter aftansong.

Eg la handa på dørklinka, kjølig av natta, men eg fekkmeg ikkje til å opne. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere,men eg høyrde ingen gråt, ingen jammer, frå innsida.Berre grashoppene filte utanfor, stadig svakare i kjølda.

Tilbakevegen var framleis lyst opp av månen. Dumvar eg som trudde lydar skulle kome frå koven. Den veslehadde ikkje rørt seg sidan eg tok han inn frå bakporten,sikkert frosen og bleik inntylla i eit tøystykke, eg vissteikkje, han var lagt i ei enkel kiste. Eg gjekk gjennomsovesalen og bort til senga mi, men heller ikkje no fekkeg sove, den vesle guten kunne livne til att, Flori var hansom brukte seie at no var den og den klar for jorda, ogdet var berre til å finne spaden, Flori bestemde alle storeting. Eg var han som gjorde det eg fekk beskjed om, menså lenge Flori berre ville skrive, velta all tyngd på meg.

Eg snudde meg og såg ut vindauget. Austhimmelenopna seg, og bak det tunge mørkret rørde dagen på seg,om ikkje lenge glei solskiva opp bak dei fjerne fjella og

10

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 08-06-12 11:28 Side 10

skein inn glaset, i ei stripe først over dei næraste sengene,så lenger inn i sovesalen og vekte oss alle.

11

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 08-06-12 11:28 Side 11

Knapt var eg begynt å drøyme før tårnklokka slo og deiandre stod opp og tok på seg kjortlane og sandalane,harka og kremta natta ut av kroppen. Eg strekte meg ogvakna til ny dag saman med dei andre, eg harka ogkremta og kjende den rå morgonlufta når det vart opningmellom pleddet og senga. Gjin og Kol hadde senger likeved, dei sa ikkje eit einaste ord, men kledde på seg og for-svann ut av sovesalen saman med dei andre.

Helst ønskte eg å ligge til dei henta meg, bad og badom eg ikkje kunne kome og vere saman med dei, men egflaksa ut av senga og heiv på meg kjortelen, køyrde føteneinn i sandalane, eg ville ikkje vere aleine att i salen, endåså trøtt eg var. Eg greip stokken og trakka etter, dei andrevar raskare i trappene, eg heldt på å tippe framover, menfekk grep rundt rekkverket. Gjin og Kol snudde seg for åsjå kva dette plutselege bykset var.

Nede i freskegangen, utanfor den opne døra mot sval-gangen, var demringslyset. Eg trekte luft djupt ned ilungene og følgde etter dei andre bort til døra og inn idet stinkande rommet. Berre det inste holet var ledig, eglikte ikkje å sitte heilt inne i kroken, men klarte hellerikkje vente, det var vanskeleg å kome seg forbi Gjin ogKol, som alt satt på sine hòl og prata med to andre, varsmalt mellom alle dei spisse knea og murveggen, mensnart klaska og sutla det også under meg.

12

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 08-06-12 11:28 Side 12

Andre kom og gjekk, mens eg vart sittande, her på detinste holet var eg ikkje i vegen for nokon og kunne vaken -drøyme. Eg var for lengst ferdig, men først då alle haddevore innom og eg satt aleine att, greip eg stokken ogreiste meg.

Eg stega ut i svalgangen, følgde han til endes og inn ihallen mot døra til gardsrommet, ho stod open og egkom ut, kvilte på stokken og myste, låg morgonsolmellom kvite skyer, kantane brann raudt, i hagen måtteden gamle vivendelen ha same epleskalskinet over seg,haustsymre og toreraster glør i morgonstunda, lyset lågpå den høge og ru klosterveggen, lys kjem for å trøyste.

– Du blir for sein, sa Gjin i den høge døra og vinka,eg trudde ikkje milde fanst i slike store hender.

Eg gjekk inn. Sola strålte inn dei øvste glasa i koret, la seg på dei

glatte issane alt samla i morgonbøn, eg knelte på plassenmin og kjende lyset på eigen isse, ei varm hand breiddeseg utover hovudet.

Den gamle abbeden messa frå alteret, messa fram ordsom verna og vakta, heldt verk langt borte, eg folda hen-dene og lyset kom sterkare, eg mumla om å ikkje høyrefleire lydar frå kjellaren, lydar som heldt meg vaken, egfolda hendene hardt, måtte Flori kome tilbake frå tårnet,var eit slit å vere aleine, eit ork å ta hagen aleine, måtte alt

13

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 08-06-12 11:28 Side 13

bli slik det brukte å vere, lange, svevnfulle netter, måtteFlori kome snart tilbake og ikkje berre sitte og skrive avtjukke bøker, men kome til meg og gjere arbeidet sittsom gartnar.

Å skrive var for langsame vinterdagar. Abbeden stod ved alteret og såg ned på oss, ei mager,

vaktande ørn, eg gjorde som eg var i bøn, men klarteikkje vere lenge i ein tanke, ei regle eller ei vending, uro-lege tankar skar heile tida inn og skubba fine til sida, tan-kar eg helst ikkje ville tenke.

På teikn frå abbeden reiste eg meg opp i lyset somskrådde inn dei øvste glasa, ein høg og klar song kom utmunnen min, eg song utan å måtte tenke ord og tone,stemma var rein og klar kvar einaste gong, eg var versa,og korgutane heilt framme var koret.

Eg song for dei andre, song for korgutane, song forabbeden, song lydane om nettene bort, song for epla,song for Flori i tårnet, song for blomane, song for fug -lane, song for alt eg var, og alt eg hadde vore, alt eg eindag igjen skulle vere, å, eg song for meg.

Songen stilna, og eg kjende meg tryggare, det fanstein plass for meg på jorda, i klosteret og i hagen blanttrea, og det fanst ein plass for meg høgt over dei glø -d ande skyrandene når dagen kom og eg ein bortfarenvar. Eg såg ut dei høge vindauga, var dei bortfarne verke-leg der oppe ein stad, og var det alltid lyst der dei var,eller måtte dei også skilje dag frå natt.

Abbeden såg kort på meg, også denne dagen rørdesongen han, og endå dagen knapt var komen i gang,gjorde eg det fint for andre. Kvar og ein lengta etterstemma mi, sjølv ikkje dei unge korgutane kom så høgt

14

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 08-06-12 11:28 Side 14

som meg, slik eg song til kvar messe, og ei lita stundviska songen ut alt som gjekk i bratte bakkar og slitsamtlende.

Men snart vintra alt inn, og vintrane var så kalde at egalltid såg fram mot dagsmilda, til vatnet begynte å leve iåssidene og rann utfor dei bratte fjellveggane, dei førstespirene slo seg opp gjennom dei siste restane av tele, oftestaudane på gravene, som fekk næring frå dei som lågunder bakken og varma jorda og besøkte oss som ennovar her, kom hit som lauv, blomar, ein stengel.

I dag høyrde eg ikkje kva abbeden forkynte, endå egprøvde å sjå orda for meg i tankane, alt eg klarte, var åskotte ut, morgonen var vakker, og eg var i den klare lufta,varma av sid kjortel og lêrsandalar, om berre hausten gavblomane mine fleire milde dagar.

Enno litt tid før vinteren kom og la kvitt dekke overblomar og epletre og busker og graver, enno tid før eg ilågt vinterlys måtte hjelpe dei varaste buskene og treamed snøen, løfte greiner så dei ikkje knakk, dekke bak-ken så løkar og staudar låg lunt i jorda, å kvile i tele.Enno litt tid før vinteren kom og la kvitt dekke overmenneske eg og Flori hadde spadd graver for i åra somvar komne og gått.

15

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 08-06-12 11:28 Side 15

Regnet klistrar kjortelen mot Flori og viser valkane påden runde kroppen hans, dei dissar kvar gong hansvingar slegga og driv ein staur ned i jorda. Eg står medein ny staur som stokk, står og ser på Flori, han verkarsint kvar gong han svingar slegga, men så snart staurenstår djupt nok og slegga kviler, mildnar han. Han peikerkor neste staur skal stå, og eg løftar han opp og kyler dentilkvesste enden ned i bakken, ruggar han att og fram,løftar og kyler han endå ein gong. Det surklar etter altregnet. Eg held midt på stauren mens Flori tar dei førstesleggeslaga, bommar han no, knekk armar og hender,men Flori bommar aldri. Det ristar i meg kvar gong hanslår, ristar lett i marka kvar gong eg trekker meg nokresteg unna og ser på mens han driv stauren langt nok ned.Eg ser utover regnet, det er alt ei lang rekke med gjerde -staurar, og fleire ventar i stabelen.

16

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 08-06-12 11:28 Side 16

– Dette til Flori, sa kjøkkenguten og la brød og pølservikla inn i eit kvitt tørkle på bordet framfor meg. Somlekbror var det mi plikt å bringe mat og rein skitbøtte.Eg åt ferdig, greip stokken og henta ei bøtte frå skylje-rommet, eg la maten oppi. Eg gjekk søylegangen mottårn trappene. Kol og Isa stod ved det gamle soluret ogprata lågt, og då eg gjekk forbi, vart dei stille og såg påmeg. Eg såg på sandalane mine mens eg trakka av garde,men ansiktsskuggane deira oppetter veggen strekte segetter, og tungeskuggane visla raskt. Eg snudde det friskeøyret mot dei, men fekk likevel ikkje med meg alt dei sa.

– Han skal vel til Flori, sa ei stemme. Ei lita stund gjekk eg utan stokk og bar bøtta med ei

hand og støtta meg med den andre, tårntrappa var brattog tok til å gå i vindel opp eit trongt rom. Eg sette megned ved eit av dei små vindauga, utsyn mot dalføretmellom dei skogkledde høgdedraga som seinare gjekkover i høge og takkete fjell, skyer på himmelen og mildtlys på klosteret, teglsteinen på taka raud, matt, største -delen av hagen framleis i skugge, flimmer i dei høgeosp ene, hausten sette seg stadig meir, stær flokka seg pååkrane utanfor klostermuren, morgontåke steig frå denbratte og djupe elvedalen på nedsida av klosterhagen,steig i tynn dis frå den breie elva, som sett herfrå var eilang, buktande åre, blenk på breddane, og raudt skeinlyset mot øvste tind, framleis vunden inn i skodde.

17

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 08-06-12 11:28 Side 17

På vegen utanfor klostermuren såg eg ei jente, hogjekk att og fram og leita kanskje etter nokon, men detvar sjeldan jenter gjekk på utsida av muren på eiga hand,og sjeldan eg såg dei.

Tårntrappa var krevjande, og eg drog meg like mykjepå knea som på føtene, den mindre og hengslete fotenfann vanskeleg feste i dei små trinna og glapp på kantaneog vrei og verkte. Oppe sette eg frå meg bøtta og tørkastøv og sand av kjortelen, børsta hendene mot nedste delav ullstoffet, tok maten ut av bøtta og banka på døra tiltårnrommet.

To harde bank. Ingen ord, ingen knirk. Eg la handa på dørklinka og opna, sola kom rett på og

blenda. Tårnvindauga vende mot kvar himmelretning,og framfor det vestvende glaset stod stolen og skrivebor-det, bunken med skrivne ark voks for kvar dag, pennenlåg på ei halvskriven side, og på senga i andre enden avrommet satt den runde kroppen til Flori bøygd, hankvilte olbogane på knea og rugga svakt, auga stirde rettfram. Det lukta surt i rommet av nedrøykt kjortel ogbeisk ande. Men eg ville ikkje spørje om han hadde vorei Bovara igjen, eg visste godt kva han gjorde i landsbyenom natta.

Eg bar nista bort til skrivebordet, Flori såg framleisrett fram, eg vrikka litt på meg og opna det kvite tørkleetog la brødet og pølsene for seg.

Det tunge hovudet hans løfta seg.– Kva har eg sagt om mat på skrivebordet? Eg skriv og

skriv, og du bryr deg ikkje om arka mine.Eg pusta tungt, ark var då ark, men eg vikla brødet og

18

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 08-06-12 11:28 Side 18

pølsene inn att, bar maten gjennom rommet og la det pånattbordet.

– Et, Flori, sa eg, men han var alt sur fordi eg gløymdemeg. Eit bord var då eit bord enten ein skreiv eller åt,men han vart rasande for ingenting etter han valde åhalde hus i tårnet og ikkje vere i anna enn skriving og ikkjeha noko med hagen og oss andre å gjere.

Han satt krumrygga og stura.– Du treng å få i deg mat, sa eg, sjølv om han var like

rund som alltid. Ingen kroppar likte å måtte ete på segsjølv. I det siste var det ikkje mykje Flori hadde fått i seg,han som til vanleg åt og drakk så mykje.

Han glodde rett fram, kroppen pusta, den gode, varmepusten, den mjuke magen, dei runde hendene. Sakna deianna enn pennen, sakna dei slegga, sakna dei blomane,sakna dei jorda og sakna dei spaden, dei sakna vel meg.

– Flori, sa eg, det er tungt i hagen utan deg, tenkte eg,eg veit ikkje korleis eg skal gjere alt aleine, eg pusta og salågt: – Det kom ein unge frå landsbyen i førgårs, eg veitikkje kva eg skal gjere.

Flori tok litt brød og begynte å tygge.– Er det liv i han?– Nei, men …– Då spar du han ned. Du har gjort det før.Eg gjekk bort til skrivebordet og såg ut vindauget.– Sjå kor fint det er ute. Alt det fine ventar på deg, sa

eg. – Gjin og Kol spør ofte etter deg.Eg la ansiktet mitt i hendene og kikka ut den solblen-

kande ruta, på himmelen eit grågåstrekk på kanskje overhundre fuglar. Eg la hendene ned langs sida og snuddemeg mot Flori.

19

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 08-06-12 11:28 Side 19

Munnen hans togg slapt. Eg visste ikkje meir å seie, slo berre ut med armane og

sa namnet hans, ikkje det same å vere i hagen utan Flori,ikkje det same å synge morgon og kveld utan han, ikkjedet same å legge seg om kvelden og sjå senga stå tom isovesalen.

– Abbeden er berre glad til for at eg skriv av. Denneboka er verdifull for klosteret. Og hagen er du snart deneinaste som bryr seg om, likevel.

Eg likte ikkje at han sa slikt, men ville ikkje seie hanimot, eg stilte meg framfor han og la handa på skuldrahans, han slo henne bort, eg la handa på skuldra hans,han slo henne ikkje bort. Eg strauk på skuldra, den fol-dete og stikkande halsen, han brydde seg ikkje om hårsom voks, brydde seg ikkje om noko som helst lenger,berre han fekk skrive om dagen og gå til landsbyen omnatta. Men han likte å kjenne handa mi stryke valkanehans, så lenge han ikkje skreiv eller las.

Eg kviskra namnet hans, han kviskra ikkje mitt til-bake, men han la handa si på mi.

– Men eg treng deg i hagen, sa eg.– Eg har viktigare ting å gjere. – Du bruker å skrive om vinteren.– Tøm skitbøtta, Frrok, eg må skrive.Eg fortsette å stryke foldane hans, kjende varmen og

lukta frå dei uvaska kroppsdelane, likevel kjendest hanlangt borte, han var alt gått frå meg, og eg kunne likegjerne sjølv gått til landsbyen og stroke på ein ukjendmann. Eg lirka handa ned i kjortellomma hans, hanmerka ingenting, eg drog opp ei hårklemme og stakkhenne ned i mi eiga lomme.

20

Bovara ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 08-06-12 11:28 Side 20