brosjyre 2016 web

16
Unn deg ein opptur!

Upload: voss-folkehogskule

Post on 25-Jul-2016

223 views

Category:

Documents


8 download

DESCRIPTION

http://voss.fhs.no/images/Brosjyre-2016-web.pdf

TRANSCRIPT

Page 1: Brosjyre 2016 web

Unn deg ein opptur!

Page 2: Brosjyre 2016 web

Voss – bygd for sterke opplevingar!

Voss er ei utprega idretts- og kulturbygd, omkransa av fjell og fantastiske fjordlandskap – den perfekte staden for ein aktiv og skapande folkehøgskule!

voss.fhs.no

Page 3: Brosjyre 2016 web
Page 4: Brosjyre 2016 web

Når vi lagar film saman lærer vi mest, og kan skape unike filmar!

På Voss får du fordjupe deg i Det kreative filmarbeidet Manus Fotografering Klipping/redigering

Vi jobbar oss gjennom dei tre fasane i filmproduksjon: forarbeid, gjennomføring og etterarbeid. Etter eit år på filmlinja kan du gjennomføre dine eigne prosjekt frå idé til ferdig produkt. Er du ein regissør? Manusforfattar? Eller kanskje filmfotograf? I løpet av året vil du finne og utvikle talenta dine. Du kan arbeide med den delen av filmproduksjon du brenn mest for og dermed spesialisere deg innan ditt fagfelt.

Foto er eit verktøy vi brukar mykje. Foto byggjer på dei same prinsippa som film. Du vil lære:

Kamerahandtering Komposisjon Lyssetjing  Filmlinja jobbar mykje med eigne idear og prosjekt. Vi tek òg på oss oppdrag for lokale aktørar. Ynskjer du å filme på Ekstremsportveko eller halde kortfilmkurs på Barnefilmfestivalen – eller kanskje lage reklamefilm?

Voss er ei bygd med eit variert kulturliv og mange opplevingar.

Kreativitet, Teori ogFilm produksjon!

Film Filmdraumar?Vel filmlinja på Voss!

Page 5: Brosjyre 2016 web

Musikk

Hjå oss får du utfordringar, du får spele konsertar, stå på scenen og dra på turné.

På musikklinja lærer du å spele saman med andre. Vi veit at samspel gir musikalsk læring. Gjennom samspel utviklar du instrumentale ferdigheiter, utvidar det musikalske repertoaret og aukar sjangerforståinga di.

Du utviklar lytteevna di, trekkjer linjer mellom teori og praksis, opparbeider øvingsrutinar og samarbeidsevner i eit fellesskap.

Du får arbeide med komposisjon og arrangering, bruke studio og arbeid med tilrettelegging av konsertar. Du får kurs i låtskriving, arrangering, studio- og innspelingsteknikk.

Det blir òg tid til konsertar på og utanfor skulen, i tillegg til ein konsertturné om våren. Vi samarbeider med Voss Lyd og Ole Bull Akademiet.

Du vil lære meir om: Studio Formidling Individuelle timar på ditt instrument Låtskriving Ulike sjangrar Musikkteori og -historie

Musikkdraumar?Vel musikklinja på Voss!

Samspel, Studio ogStå på scenen

Page 6: Brosjyre 2016 web

Du lærer og prøver ut dei viktigaste kjerneområda innan data, og blir godt rusta til å velje retning vidare. Du vil arbeide både breitt og djupt med data, og utvikle kompetanse og interesser innan

Grafisk design og 3D Programmering Speldesign og spelutvikling Lage og strøyme spel Webutvikling og sosiale media Byggje 3D-printer / nettside / drone

Vi trur du lærer best saman med andre, både individuelt arbeid og samarbeid gjennom:

Prosjektarbeid Teamarbeid Oppdrag frå lokale aktørar

Vi fokuserer på fagleg og sosialt fellesskap. Vi jobbar saman i prosjekt, arrangerer LAN og reiser på turar.

Vi vil lære, trivast og ha det kjekt saman!

Praktisk, Teknisk ogKreativ

Data Karriere innan data?Vel datalinja på Voss!

Page 7: Brosjyre 2016 web

Treningsglede, Helse og Ernæring

Fitness

Fitnesslinja er for deg som elskar å trene og er opptatt av å ta vare på sinn, kropp og helse gjennom ein sunn og aktiv livsstil som tek omsyn til heile mennesket.

Lær meir om å trene variert og funksjonelt. Vi øver både kondisjon, koordinasjon, styrke og mental trening. Du utviklar deg saman med andre i eit inspirerande og trygt miljø: Du vil oppleve glede, meistring og læring. Du lærer å instruere andre, og blir oppdatert på kosthald og ernæring.

På fitnesslinja er vi opptekne av at du betrar og held ved like den fysiske forma di – at du får det godt både med deg sjølv og dei andre! Den fine naturen på Voss er vår treningsarena saman medMosjonsgutane sitt treningssenter – eit inkluderande og oppdatert senter med fokus på sunn idrett. Praktiske økter og erfaringslæring er hovudsaka på fitnesslinja. Det blir òg litt teori, og førelesingar om:

Sunn idrett Treningsmetodar Ernæring Skadelære Rehabilitering Mental trening Instruktørrolla

Glad i å trene?Vel fitnesslinja på Voss!

Page 8: Brosjyre 2016 web

Bli betre kjend med kropp og sinn gjennom utfordrande aktivitetar og refleksjon. Test dine eigne grenser, og lær både teori og praksis – alt frå skredlære til elvepadling!

Individuelle aktivitetar – samarbeid i grupper.Utvikle dine eigne ferdigheiter i puddersnø, eller «spot» kvarandre på buldring. Oppdag den spektakulære naturen på Voss på eiga hand, eller ver med på å sikre dei andre frå land eller i vatnet under elvepadlinga.

Hausten hjå oss er prega av leik og læring i dei heftige elvene på Voss, og læring av basisferdigheiter i friluftsliv og buldring/sportsklatring. Vinteren og våren handlar om toppturar og frikøyring, skredlære og vinterfriluftsliv, med teltliv i fjellet.

Vi trur på erfaringslæring, eller «learning by doing and reflecting». Frisportlinja er for deg som elskar natur, friluftsliv og frisport – og for deg som likar å tenkje litt djupare rundt samanhengen mellom natur og menneske, samfunn og berekraft.

Du lærer meir om:

Buldring/sportsklatring Elvepadling Friluftsliv Skredlære og tryggleik Topptur og frikøyring

Utfordringar,Sjølvutvikling og Innsikt

Frisport ekstrem Adrenalinkick i elva eller på fjellet ?Vel frisport ekstrem på Voss!

Page 9: Brosjyre 2016 web

Turglede, Natur ogFelleskap

Idrett &Friluftsliv

Voss er perfekt for friluftsliv! Turane går til fjells og til kysten.Overnattingsturar haust og vinter skapar eit godt samhald i klassen. Duutvidar komfortsona di og opplever meistring og glede i naturen – saman med andre. Glede og fellesskap – naturen og miljøet er i fokus på Voss.

Voss har eit aktivt idrettsmiljø. Her kan du øve ferdigheiter i ulike idrettar. Du kan dyrke greiner som alpint, ball og friidrett og utforske aktivitetar du ikkje kjenner.

To flotte alpinanlegg, mange dagar i bakken Alpin teknikk, telemarkkøyring Allsidig idrett, ute og inne Tryggleik

Overnatting ute gir fine naturopplevingar og tid til samtalar og refleksjon. Dialog og ærlege tilbakemeldingar i kvardagen er viktig. Vi snakkar saman om turar og aktivitetar – i klasserommet, i varmestua og rundt bålet.

Vi gler oss til å bruke dagane saman med deg!

Glad i å vere ute?Vel idrett og friluftsliv på Voss!

Page 10: Brosjyre 2016 web

LuftsportFallskjerm, Speedflying/-riding

og ParaglidingAlpint, Frikøyring, Snowboard

og Skitur

Tur og naturTurglede og naturglede, Fjelltur, Sykkel,

Bær, Fiske, Isbading og Grønn livsstilTrening, Aktivitet, Bevegelse, Idrett

og Leik

Skifag

Trening

Det viktigste er å ta initativ- dette året var min mulighet til å

stå på en scene, utforske nyearenaer og gjøre ting jeg ellers

ikke ville har gjort. “-Mikkel

VALGFAGNesten 30 fag fordelt på 9 fagkategoriar.

2 timarsfag og heildagsfag.

Page 11: Brosjyre 2016 web

MusikkfagBand, Studio, Låtskriving,

Improvisasjon og Stå på scenenKamera, Regi, Produsent, Redigering,

Animasjon og Filmanalyse

Kunst og handtverkFotografere, spikke, teikne, male,

sy og strikkeSamfunn, Diskusjon, Teknologi, Filosofi,

Båtførarprøven og Brettspill

Filmfag

Samfunn og filosofi

“Trodde ikke jeg skulle rekke å bli så glad i noen på bare et år. Det å gå på Voss Folkehøgskule gjør noe med deg. Du lærer å kjenne folk på en helt spesiell måte, noe du aldri vil oppleve igjen. De vennene jeg fikk der

kommer jeg aldri til å glemme!” - Camilla

Spilldesign, Grafikk, Årbok,Bilderedigering og Blogg

Datafag

Alpint, Frikøyring, Snowboardog Skitur

Trening, Aktivitet, Bevegelse, Idrettog Leik

Skifag

Trening

Page 12: Brosjyre 2016 web
Page 13: Brosjyre 2016 web

REISER

Alpane, Østerrike, Tirol

Spania – Lanzarote, La Santa

USA – San Francisco og Los Angeles

Storbritannia – London, Liverpool, Edinburgh

Vel mellom 4 reiser (12 dagar) – uavhengig av kva linje du vel.

Page 14: Brosjyre 2016 web
Page 15: Brosjyre 2016 web

Voss Folkehøgskule Har rundt 100 elevar Er ein frilynt folkehøgskule sidan 1895 Har elevar med ulik bakgrunn frå heile landet

SkulenVoss Folkehøgskule vil bidra til personleg utvikling – i klasse-rommet og ute i naturen – og vil gje deg

Nye kunnskapar Nye ferdighetar – ny meistring Gode sosiale opplevingar

Voss Folkehøgskule vil gje deg eit år du aldri vil gløyme!

Vi har: Eit positivt personale Høg kompetanse Eit godt fagleg tilbod Eit hyggjeleg, muntert og trygt miljø

Undervisninga går føre seg på dagtid, men vi har og timar på ettermiddag og kveldstid.

Timeplanen er variert: Morgonsamling: kvar dag Linjefag: 2 ½ dag Valfag: 1 + ½ dag Fellesfag og fellesaktivitetar: 2 dagar Laurdagsseminar dei fleste laurdagane

Elevkveldar Linjeveker Prosjekt Reiser

Skulen er godt utstyrt: Musikkstudio Kino Datarom Spesialrom for trearbeid/ sløyd og keramikk Peisestove Tv-stove Vaskerom Styrkerom Gymsal Ein støl på fjellet og ei hytte nær skulen Avtalar med treningssenter og med Voss Resort Kulturlivet på Voss byr på: Konsertar og arrangement Kjende band og artistar Nytt bibliotek og kino Vossa Jazz Osafestivalen Ekstremsportveko

Skulen ligg i gangavstand til Voss sentrum med mange butikkar, kulturhus og offentleg transport.

Velkomen til eit spanande, sosialt og lærerikt skuleår, fylt med utfordringar og opplevingar!

Unn deg ein opptur! voss.fhs.no

Page 16: Brosjyre 2016 web

voss.fhs.no