dagbok nr.3. frÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 mandag …. o. bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet...

97
DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1. 1902 Mandag 20.jan. Skreiv brev til Oline Engebø - komitemøte. Tyrsdag 21. jan. Framdeles mildveir. Stutt stortingsmøte. - Kongens geburtsdag. Telegram til kongen for lukte dører . So præsidentens (Liljedals(sic) minnetale for Blix. Væne ord og vænt framført. Idag kom "protokollerne" um konsulatsakkomiteen i avisorne. "Morgenbladet" tykkjest tyda det paa rett maaten utan band i utanriksspursmaalet. Men den svenske og den norske ministar tala lell her kvar sitt spraak. No kjem det an paa kor medlemmerne i i komiteen tyder sitt mandat. Men er der god vilje so vert det altid raad med formi. No i det sidste hev Kristiania atter funne paa noko nytt - det kom vist etter

Upload: vuongnga

Post on 14-Mar-2018

227 views

Category:

Documents


5 download

TRANSCRIPT

Page 1: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1. 1902 Mandag 20.jan. Skreiv brev til Oline Engebø - komitemøte. Tyrsdag 21. jan. Framdeles mildveir. Stutt stortingsmøte. - Kongens geburtsdag. Telegram til kongen for lukte dører. So præsidentens (Liljedals(sic) minnetale for Blix. Væne ord og vænt framført. Idag kom "protokollerne" um konsulatsakkomiteen i avisorne. "Morgenbladet" tykkjest tyda det paa rett maaten utan band i utanriksspursmaalet. Men den svenske og den norske ministar tala lell her kvar sitt spraak. No kjem det an paa kor medlemmerne i i komiteen tyder sitt mandat. Men er der god vilje so vert det altid raad med formi. No i det sidste hev Kristiania atter funne paa noko nytt - det kom vist etter

Page 2: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

2. at den tyske eskadren hadde vist oss det. Som skilt saag eg fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset illuminerat med elektrisk ljos, med fast ljos, med kvitt ljos. No i fleire kveld(sic) stod "Chr. vedbolag" yver hustaket uppe ved theateret i skiftande ljos snart kvitt og snart i raudt. For ingangen til "Dovrehallen" hadde dei faatt det so at bokstav etter bokstav lyste i kvitt blaatt og raudt heile ordet igjenom og naar ordet var fult sluknad det heile. So umatt paa same vis. No ikveld saag ei "kjoskja" avertera paa same vis. No vert det vel ei blakr kring alle gatur ei stund til det ikkje lenger er paa moten. Saag gjennom idag baade XIII og XIV bind (det siste) av N.D. Sjaa der hev eg sumt. Dette um "Holand" er daa det eldste (1223?). At Haldisarbakke er "Bakke" kan ikkje tvilast paa, naar ein ser paa begge brev. -Det vart altso "Herregods" etter siste brev. So hev eg presten Arnstein og Bjørn etterkvarandre. Bakke maa ha vore større gard -"20 laupa brot" mot 7 i yttre og indre Kleppenes. Eg fær det intrykk at tidi 1200 til 1450 er rikare paa frettingar fraa bygderne enn sidan. Og tillike fær eg det intrykk at N.D. hev altformyket utanfraa for dei siste bind. Der er myket, som hev lite med Norge aa gjera. I maalvegen er det rett interessant. Kor uformeligt maalet vort i yvergangen til dansk. Myket tysk og hollandsk skrivet.

Page 3: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

3. Onsdag 22'jan. Mildveir. Møter i odelstinget. Sindre var atter idag talar. Greid. Mathisen til meg: "Han talar godt Sindre". At han sak berre fekk faa stemmer - skal berre herda honom. Professor Guldberg til jordi idag. Stortinget (dei fleste) gjekk med. Ikkje eg, han var for meg ein framand mann - og so kvidde eg meg med aa trekkja i bykledi - og demonstrera vilde eg no ikkje her. Laurdag skal Blix til jordi. Daa vil eg vera med sjølv um eg maa i byklæda. Svenske aviser umtala "protokollerne" med velvilje. Berre "Nærkøpings tidend" er arg paa Lagerheim. Han hev sleget av. Aa det er no vel ikkje so vist. Der er ikkje alt klaart. Eg duser paa dette nye "kj..inspektoratet"(?). Kor denne Müller idag let av seg: um Kastberg og kvinnesaki og alt mogelegt. Kvinnerne dudde ikkje til at dette dei no vert sette til i komuna. Fruva tagde - so han bar paa, so tykte eg ho mest kunde trengja forsvar. Eld kanskjeg ho var einig? Kanhenda det. Dei er komne yver ogso detta. Torsdag 23 jan. -1'R Framdeles odelsting. I biblioteket. Tok for meg aa studera katalogen. Ut ved Wesselstøtta sat ei dame og las avisor. So mangt desse damerne skal finna paa! I det same kom Henrik Ibsen køyrande. Fyrste gong eg hev sett han. Raud og fyldig i anletet kvitt haar og forvitne augo - liksom paa born som ser etter nytt. Dokteren hans (fekk eg høyra) var det som kjøyrde med. Han skal hava daglege køyreturar no. Ja kan endaa turva sjaa - Gud veit um dei nokon tid hev sett meir enn ei sida av folkelivet derfor vert dei aldri folkeskald.

Page 4: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

4. Fredag 24'jan. +3'R Raatt veir. I bibliotheket - Odelstingsmøte, der dei gjorde seg ferdig med straffelovi - fyrste gong, tenkjer eg. Um ettermiddagen møte i fredslaget. Horst form. B.Hansen sekretær. Skiensresolutionen(?) upplesen, som styret ikkje kunde gaa med paa men foreslog for fredslaget aa faa adresse til kongen istand(?) um "erklæret neutralitet" soleids at spursmaalet vart utgreidt av ein 9 man sterk komite instilla av valgkom. Løvland og Blehr kom tilstades - Berner vilde ha greide paa hjaa Blehr um tidi no var heldig for sovoret. Blehr svarde ikkje beint fram paa dette, men hevdad fyrst, at det ikkje var bra aa stilla saki so, at det kunde nemnast neutralitet berre for Norge. Sverige (ikkje "forenede riger") maatte og vera med - anna var ikkje eingong rigtig lovleg. Dette vart daa alle einige om. So vakte Blehr spursmaal um det var rett aa bruka ordet "erklært" - det maatte vera "anerkjende" skulde det duga noko. Dette kunde fyrst Horst og sidan fleire ikkje gaa med paa. -Ellest vart saki skoti til "komiteen" og so fekk ein tenkja nærmare over det - til det kom i stortinget. Arctander, B.Hansen, Brandt, Chr.Knudsen, Johannesen, Five hadde ellest ordet. -Valdgiftsadresse kunde gott kvart land sende for seg, sa Blehr - og utanriksministeren hadde nyleg uttalad seg rimelegare um den ting, men alle fann dei no, at ein maatte vera nøgde med kravet um neutralitet um det kunde naaast "stedseværende neutralitet".- Langeland, Bjørnaali og Larsen var her hjaa meg um eit slag kort ikveld. Eg trakterad berre med ein "halv" øl og det gjorde eg med meining.

Page 5: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

5. Laurdag 25' jan. +3'R.- Ægte snjosøyla - som paa vestlandet, daa ikkje so rein søyla som der. Idag i stortinget Kastbergs interpellation. Steen møtte men saag klein ut og gav ikkje langt svar - men greitt. Eit ordskifte slutte seg til folkeforsikringen som synte, at millom vingstre var delte meiningar um kva endemaalet skulde vera. Kastberg var rimeleg, men skunda paa arbeidet og minte um vaart program. Fleire (deribl. Trædal, H.Jakobsen og Stousland) hevda at pensionærne burde sløyfast naar me fekk forsikringi. Andre (Arctander) motsagde. Men mange (dei fleste) hevda, at me maatte sjaa væl paa saki og at det ikkje hasta. Dette vart forpostfegting - men kunde vera rettleidande for dei som arbeidde med saki. Kl 2 gjekk stortinget i fylgje - i likferdi for prof Blix til og fraa Trefoldigheitskyrkja til Vor Frelsers gravlund. Bispen Bang (Blix sin ungdomsven) tala vakkert og varmt fraa stolen. -Ja han tok dugelegt i med aa prosa eit menneskje og maalsaki og salmorne. Det heile var som ein ny reformation. Det var liksom kyrkja ved maalet skulde reisast aanyo. Og i den retning gaar det tett no - det prestorne segjer. Eg tykkjer det nærmar seg til forguding. Nett so stort hev eg ikkje vaga trutt. At salmorne og bibelumsetjingi hev mykje aa segja er vel vistnok - men maate med alt! Det var mange gode ord og mykje fager song og musik og ei mengd med kransar fraa by og byd(sic). Mellom dei fraa Stjudals(?) folkehøgskule og Ferdamaallaget som Trædal bar fram med nokre gode ord til.

Page 6: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

6. Kransen fraa "Ferdamaallaget" ja - Mens me stod og haurde paa interpellationsordskiftet so omkr. kl 11, so ...(?) Sindre meg eit telegram fraa Melvær -"me vil sjølvsagt vera med." Han spyr um eg vil take meg av det kjaa Klaus Sletten(?) her var endaa tid. "Nei," sa eg, du faar gjera det som hev tekjet imot. Hellest vil eg naude gaa herifraa no." Ellest forekom det meg litt ugreitt og litt fjamse. Me skulde ha krans, men kven som skulde betala? -Det var vel me det. Og eg hadde litt røynsle for slikt fyrr. Eg gjekk ingenstad - men kransen var daa komen og vil gjerna vera med aa betala, soframt det er rimeleg som krevst. Maallaget hev ingenting til dette det viste eg. -Men hadde Sindre havt noko med dette aa gejra fyrr, so kunde han gjerna ha nemnt det for meg ogso fyrr. Denslags "komandering" giv eg meg ikkje noko um. Her er einslags kulde mellom oss - og den hev gamal rot - "Sunfjordingen" var ikkje den dei vilde hava - men hadde ikkje denne Sunfjordingen voret, so hadde dei ikkje sote paa tinget iaar. Med Næss er det andreleids. Og Aarnes ogso kanhenda. Um kvelden gav Aklestad litt moro i tinget, men forhugste seg mot Kastberg - eg tykte mest synd i han - for han var god.- Sundag 26' -2'R. Godveir att Tok ein tur til Grefsen, og det gjorde gott. Gjekk forbi "sanatoriet" og stationen. Der laag no ikkje sjuklingar i skuri idag - idetminste. Er det sant dette maatru, det meldingarne fortel - um legi derute dette bil? Kjøyrande og gaaande kring alle vegjer. So heim. Fekk brev fraa R. og skreiv att.

Page 7: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

7. Mandag 27' -5'R. Klaarveir. I komite - og um kvelden hjaa H.Ross ilag med Sindre, Aarnes og Trædal. Han heldt gjestebod for oss med øl og vin og drammar og smørbraud. Altid pratsam - umgiven av maalarstykkje og statyer(sic) gode og daarlege. Han hadde og venta Løvland og Horst - dei kom ikkje Det store teppet, som han hadde skrytt so av - aa ja det var rart tykte eg og ikkje meir Den "Tordenskjold" paa bjørkestubben tykte me var beir enn den nede i "viki". So hadde han spildaasa som song for oss væne lundar [gml.: melodi]. Skrivebordet stod naturlegvis skraatt paa golvet, andre bord ogso - skulde det vera so praktisk? Han spottad (?) yver maten med halve ølflaskor - det var "fint". "Rødvin" blanda med vatn brukte mange, daa det var billigare til maten enn øl. Heim kl. 1. Tyrsdag 28'. Møte i tinget - toll paa stivelsessirup. -Prata i 2 timar til ingi nytte, fordi tollkomiteen hadde misforstade, og dei fekk saki tilbake etter forslag av Blydt. Skreiv sidan brev til "Søndfjords avis" og foreslog bladstyraren ein plan um "heradstidende". Onsdag 29' -8'R (som igaar). Stortingsmøte. Eg prøvde aa protestera mot utteljing til Birkelands eksp. og fekk medhald av sume 21 st. Berre eg (sic) Sindre for at ingenting skulle givast. Nei, naar fyrst ein fær blad på tonni for noko ekstra - so gløymer me evnen framfyr æra - æra - æra. Den gulkalven - Mot tilskot til

Page 8: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

8. [skriven i toppen på sida over den vanlege teksten]: NB. Paa spursmaal av Blehr til Lagerheim, um svenskorne, naa utgreiding fraa dei, 4 var komen, daa vilde reisa krav um endring i diplomatiet svara han, at det kunde han vel ikkje garantera for, men vona at dei det ikkje vilde. -------------- stemna for dei kristelege mans- og kvinneforeiningar her i byen talad Trædal - So vart dei "fromme" og berre han og eg av "oss" var mot. Um kvelden møte i vingstrelaget, der Blehr møtte og gav greide for forhandlingorne som enda i "protokollen" - Berge bl.a. hadde bodet um dette. Det viste seg at han serleg hadde havt det travelt med Lagerheim. Dei skreiv til kvarandre (fleire av desse brevi var upplesne) og samtalad. Soleids den 19' oktober. Utanriksministeren byrja daa fyrst um endring i instruksen soleids, at det kunde høva baade for fælles og sers konsular - det drog vidare - Blehr gjorde invendingar. Knutsen var aa faa det so, at det ikkje vart stilt krav um samtidig endring i diplomatiet. Dette kom ein daa forbi - Det viste seg, at der under arbeidet hadde vore gjort melding til Hagerup. At initiativet maatte koma fraa Sverik var just det me maatte ynskja. Tok me det upp so hadde me dermed vraka vaart tidlegare arbeid og vaare krav. Desutan - skulde det hava noko verknad paa meiningi i Sverik maatte det koma fraa Lagerheim. Og det slog inn; umslaget var stort "Dei hev det ikkje i Sverik som her, at tingmennerne hev ei overbevisning sa han. Han trudde ellest inkje, at me skulde lova oss for myket av detta, men ein seig fast politikk laut me føra og det gjorde mun - dersom me ikkje heldt "vilde bruka vaapen daa". Han meinte og, at det no var betre utsigter ved vali i Sverik. -Steen var sjuk ellest møtte av raadorne Løvland, Aastad, Wexelsen, G.Knudsen og Stang. I ei sak idag hadde eg butt meg paa aa leggja - men det vart ikkje. Ikkje eit ord vart sagt fraa nokon - det gjekk ufor...kt(?) det!

Page 9: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

9. Torsdag 30' jan -5'R Amtmann Michelet dauen(?), var det fyrste me fekk høyra - dødde inatt. Svært kor "store menn det fall fraa" no. So lyser dei ikkje oftare upp i stortinget dei freidige m..(?). Dei kunne tina upp eit froset sinn - liksom barneanletet kan det. Takk for kjennskapen. -Jau det vart ei raad for Birkeland. G.Knudsen Schiebsted og Fabritius gav kvar sine 6000 kr. -Men kven hev garanterad for tilfeldige utgifter? Daa tenkjer eg staten lyt vera der. -Fekk brev heimanfraa. Umvalet i heradet gav anna resultat, men Ola Skarstein greidde seg ved loddkasting! Det hadde ikkje Ola fortent. Paa meg fall det fleire røyster, so eg faar no naade til hinka med. Og Ragna fekk røyster til medlem til kretstilsynet og Jens Bakke vald i stadenfor Jens Kleppenes. Ser du det Frøyen? Og lagnaden saag ut til vilja at Ole(sic?) Skarstein skulde vera ordførar og ikkje du - Vert no ikkje utolmodig - det greider seg vel eingong, naar du vert maateleg avkjøla. Fekk og brev fraa Edv.T.Arstein um gardkjøp herumkring. Sende hono svar med same. Fredag 31' -6'R. -Heimelesnad. Fekk idag høyra av Aarnes, at det var von til, at Hyllestad fekk til vegen halvt statstilskot - Ellest var det yderleg faa som komiteen lagde til for. -Det skal gleda baade meg og dei heima um dette vert instilling fraa kom. Tok ein halv times gangtur-

Page 10: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

10. Laurdag den 1' februar -5'R. Stortingsmøte for og ettermiddag. Varmt ordskifte, der Arctander heldt professor Morgenstjerne fram for ljoset. Det var eit veldig foredrag. Kor denne mannen kan snakka. Men neimen sparar han ikkje paa tidi og "tidenden". Foredraget han ettermiddag var daa litt for utførlegt. Trædal la seg fram i - men var litt uheldig, han vart mo plett aaleina um sitt forslag - det var ikkje raad med det. -Odm.Vik var nær ved skandale med sine "skumlerier". Eg møtte præsidenten (Liljedahl), harm i augo - men han sa daa ikkje noko lell. Eg tykte foredraget hans kunde voret spart, endaa der som vanleg var myket i det. Hoff hadde idag fått brev fraa Aasveien um prestegarden. Han vilde sende til han ei uppgova yver intekterne. Han viste meg den fraa Ytre Holmedal på 100 kr. Ja det stemde med offisielle uppgover no i 3 aar ialfall. Tyrsdag fær eg prøva hjelpa Arnesen um meteoroligiske institut her. Hadde eg berre havt kjeften hans Arctander! Sundag 2' febr. Kl 9.40 avstad ilag med dei andre i næringskom. paa vitjing hjaa Brandt paa Fron. Ved Aas gjekk me av og 3 hestar ventad oss. Pelsverk, gode føre og kvikke hestar - 3/4 køyring. Brandt i deri(?) helsande med kona og dotter og bror. 2 jenter kom og hengde fraa oss. Straks frukost, ein dram fyrst og kaffi - So rundt ute, fine haugar med den gilde utsikt og der den "store" steinen laag, som (buren?) jotulen hadde fraa Aker slengt mot jotulen

Page 11: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

11. i Aas, men inkje naadde lenger enn hit. 1000 maal dyrkat - Uthusi gamle, men vølte etter tidens krav til lettbrukte. Grisehuset nytt, billegt og nyttelegt. Frosi jord i gødselkjellaren? Vel tidsmessig. Alt ellers vitna um tanke og økonomi. Vaaningshusi gamle men velstelte og stod eit gott forhold til garden. Ellest bar alt, baade ute og særleg inne merkje etter tradition og interesse. Brandt hadde faret verdi rundt og hadde samla mangt - det var som eit museum gamalt og nytt - eit historisk museum. Bøker fraa 1500-talet - Gamle Eirik 108 aar gamal maalarstykke. -Det forsteina trestykkje fraa Ægypten.- Han hadde tvo søner som var militær. Den eine i Kongo. -So fekk eg daa høve til sjaa kor det saag ut paa ein gamall herregard - der folket enno helt det gamle i ære. Middagen: Fruva sette seg fyrst ved eine enden, so ordnat me oss som det fall. Brandt ved hennar side so dotteri so eg, Berge, Langeland, Grimsø, broren, Vinje, Hansen og Blydt mot fruva. For ein stakkar til bordkavaler frøkeni fekk i meg! Baade ho og mori saag ellest interesserte ut og lagde for dagen verkeleg daning. -So fyrst eit slags bønner i muslingskjel, so dram, tvo slags fiskeretter, tvo slags kjøtretter, supe og ettermat (druvor og apelsiner, 3 sorter vin (ikkje øl). Lang maaltid. Uti maaltidet vart kveikt i 2 3-arma ljosestakar. Brandt takka fordi me kom og Langeland svara - Endeleg ferdige med det, og sume gjekk i "museet" og kveikte sigarar og

Page 12: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

12. ymse svall, Blydt og Hansen helt damorne med godprat inni stova. So kom kaffi (ei gjenta med kaffien og ei onnor med likør). Dette baud dei paa same maaten uppatter. So avstad kl 7½ paa same maaten som me kom. Paa toget tok me alle i ei vogn og Berge som vanleg helt pratet høgt. Han sa um Bjørnson, at han i sine siste skildringar i "Paul Lange" og ellest i bondespursmaalet hadde stelt seg som ein egte bysnobb. Hansen fortalde: Daa Bjørnson hadde haldet sitt velkjende "maalforedrag" baud Steen honom ein sigar. Nei han røykte ikkje. Steen: "du var uheldig idag". -B.: "Ja det var vel so - det er best eg gaar". S.: "Det er ogso vist det rettaste". Var neppe ordrett so. Berge gjorde oss og uppmerksomme paa kvat Hedemarken tok inn fraa landet med brennevinstilvirkingi i "svindingsprosenten" som var rekna til 6½5 mens at den ikkje skulde vera meir enn 2%- Me betalad til Hedem. 800 000 kr aarleg. Blydt: Korti paa bordet Berge, so skal me sjaa paa dei. Mandag 3'febr. - Holmenkollrenn - var heime iaar. Komitemøte - Brev fraa Olav og fraa utskiftningsformann M.Gjerstad. Aklestad, eg og Bjørnaali hjaa Larsen ikveld.- Tyrsdag 4' febr. Storting formd. til 12½ - daa stortinget i fylgje yver Michelets kista - I dette formiddagsmøtet slog me sparefolket liksom eit slag mot budgette og det nye observatoriet paa Voksenaasen. Dette hadde eg nemnt nokre ord um

Page 13: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

13. aldreide i finantsdebatten ihaust. Arnesen og Ullenr..d(?) hadde disenterat i kom. A.tok no saki upp og Arktander slog stort - det skulde blaasast vekk. Men Arnesen fekk fyrst ein so hin paa si sida. Eg og Trædal var med i tali - Mi tala var altfor lang og knotutt, men jamen hadde avisorne noko idag likavel. Og me vann med 57 st. -Eit hanesteg. Naturlegvis tykte "Dagbladet" at dette var ikkje rett - Idag fekk me dødsbod um Lindbo. Liljedal(sic) atter ei fager tala i tinget - atter ein krans - "Dei store menn dei falla fraa"- i mengdevis ivinter. Getz, Gulberg, Blix, Michelet, Lindbo. Sende M.Gjerstad prop. VII. Myki fyll og fælskap etter dette Holmenkollstemne. Det var anna um natt til mandag - daa alle arrester var tome berre 4 ved hovudstationen. Men inat - ein laag halvdaud ved Holbergplassen av knivstikk, ei kona her utfor Tordenskjoldpl. sprang paa sjøen (vart berga), ein kjøyrd ihel av sporvogn. Student Normann ved middagsbordet idag. Etter voteringi idag skulde sparefolket vera: Alle 5 fraa N.B., 2 (Svendsbø og Hansen) fraa S.B., 2 (Blydt og Olsen, Bergen, 1 (Vik) Stavanger, 3 (Vinje, Wølstad og Jelsa) i St. amt, 4 (Alle fraa Lister (sic), 2 (Jakobsen og Lindstøl) i Nedesnes , Alle 4 i Bratsberg, 2 i Buskerud Engen og Schirmer, 3 i Kristians (sic), Enge og Landheim og Jakobsen - 4 fraa Romsdal (unt. Tokle). Alle 4 i S.Tr. 1 i Nordland (Grimsø) 3 i Trondheim (Spørck vekk) 2 i Tromsø amt, alle 5 i Akershus 2 i Drammen 1 fraa Hedem. Myrvang, alle 4 i Jarlsberg og 3 andre (Stousland m fl.) Aanei! - det er no ikkje sparefolk alle desse Her hev nokk(sic) anna spelat med. Høgre og vingstre er umkr. jamnsterke i kvar fylking altso.

Page 14: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

14. Onsdag 5' febr. -7'R. Litt snjofok um morgonen - men vart ikkje meir. Stortingsmøte. -Krigsskulen fyrr- og ettermiddag Det vart reine komedie. Bratlie, Solberg skulde ut aa kverka Sindre. Jau det vart greier! Bratlie fyrst og Sindre sidan brukte seg mot kvarandre, men Sindre gav ellest rolegt og saklegt forsvar. So begynde fleirtalsinstillingi til raga. M...ten(?) tok fyrst upp sitt forslag - so tok det atter. Og ...(?) tok den kgl. prop. upp - utan prat. Det likte me. Saa begynde dei til laupa fraa instillingi - Hagerup la seg frami, med nokre sterke ord, men sa han vilde stemma for prop. So gjekk Meisingset og so Bratlie sjlø so Næs - so var det ingenting att um instilingi - og prop. vart einst. vedt. - til stor moro i salen med klapp fraa galleriet. Berge til Solberg: "Jeg følger med paa ferden, men protesterer for alverden." Tok idag ut 700 kr og skreiv brev til Olav. Men Hagrup var sløg den gongen. Ei mynstring av høgre og vingstre paa dette spursmaal kunde koma til taka seg minder gott ut - det var vel ikkje so skraasikkert, um alle høgre vilde vera med her. Torsdag 6' febr. Berre komitemøte. Fekk brev fraa Ragna - Sende henne brev, pengebrev til ymse kantar. skulde vera møte samtalelaget um folkeskulelærarpensionslovi - var hindrat i aa vera med. Fredag 7' febr. +0'R. Litt snjo. Stortingsmøte - Ut paa kveld vilde Bull-Tornøe, Oppen og Aas inpaa Konow um gartnarskular - Det drog upp til uveir. K. brukte ordet "insinuationer". Tornø: er det meg det meinast? - Det lagde seg

Page 15: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

15. daa K. firde litt - Eg gjekk og brann for dette "internationale laboratoriet" som snart skal koma venteleg imorgon. Det er gamlingen (Steen) det no gjeld, og daa er eg litt usikker - for han skuld. Venteleg ryk vor fleirtalsinstilling. Maatru Blydt er likaso fast no? Sende Asbjørn a b c, "bornets fyrste bok ved Vellesen og i den skreiv eg "Til Asbjørn! Det er so myket rart i verdi. Sjaa, Asbjørn, men - gløym deg ikkje sjølv paa ferdi. Far din." Laurdag 8/2 - Stotingsmøte til kl 2½. I slutten Fives interpellation um amtmansembette i N.Tr. Kvam var ikkje tilstade men Steen. Denne gongen undrad eg meg rett yver svaret hans. Han sa Kvam var mannen til svara paa det, ikkje han!! Var det meiningi han vilde utlevera Kvam, eld er det so at Steen likavel er forbi. Og den Braa som tok avstand fraa Five - endaa han vist igrunnen vild det same og den Five som ikkje gav seg um sine kollegaer i dette spursmaalet - skjønt dette var no igrunnen den minste feil - um det var feil. -Høyre bladi i eit ekse! som ventande. Eg og Næss i Torupskjeldaren um eit glas øl. So kom Borch: "For eit spursmaal og for eit svar - nei no er Steen ubrukeleg!"Aa eg veit no endaa, at B. m fl. rid no paa dette med Steen - men ikveld duste eg daa paa dette. Eg tykkje han hittil hev svara og stelt seg rett gott. -Av dette kan det ikkje

Page 16: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

16. gott verta anna spetakkel! Var saman hjaa Bjørnaali med Larsen og stud. Grønsæter. Sundag 9' februar -11'R. Laagast hittil i vinter. I lesesalen idag. Herleg ordskifte um Five og Steens talor. Vik var strid mot Five: "Han kunde ha gjøymt paa denne luten sin i bakenden". Stænsland: "det var og ei fropreika" og lo. Eg tok varsamt Five i forsvar Stænsland tok Steen paa same maaten. Var heime og førde reknskap. Um kvelden lengre gangtur og i "Nationaltheateret." (min andre gong). Der gjekk eit stykke av Aanrud: "Paa den høie hest". Det var altid bra aa minna um snobberiet men ellest var stykket noko tunt. Fanejunker Nymo Løvøen(?) var daa altid verdt aa sjaa. Men Kadetten og sigarhandlaren - for noko tusleri. -Og den Opdal - nei han var tarveleg og lite naturleg. Klapping men ingi framkalling. Mandag 10 -8'R.- Idag Lindbo "bisat":- Var ikkje med. -Gjekk ned på "Kontraskjeret" og saag paa hestemarknaden. Ikkje mykje liv der. Der gjekk tvo tre hestar og sprang og inni skuret var ein heil deil. Ein og annan gjekk og glodde og kjende paa beini - liksom dei vilde kjøpa. Ein annan sat og tinga ut "lodd" paa hesten sin. Kvikke vestlandshestar iblande. -Skreiv idag klage til likningsk. heima - for vedlikehald paa hus, som dei heilt hadde gløymt. Komitemøte um kvelden. Gjorde upp min status: 1900 kr. til form. -jammen var det lite det, det minste det nokon gong hadde vore-

Page 17: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

17. Tyrsdag 11' -15'R Altso laagast hittil. Inkje møte korkje i ting eller komite. Studerte mi tale om laboratoriet for havforskingi - um ho vert heldig imorgon daa. Ikveld hjaa meg Trædal, Aarnes, Sindre - eg forelagde dei utkast til brev til amtmannen um hamne- og fyrvæsenet, som dei utan vidare var einige i. Aarnes sa at Hyllestad fekk uppført 5000.- Hei san! Kor lystlegt det er hjaa Johnsen ikveld song - kvinnestemmer. Han spanderte dram ved middagsbordet. Eg undra paa kva det skulde ha paa seg. Onsdag 12' -12'R. Storting. Um kvelden hjaa Trædal der Lars Osa spelad for oss. Ross, Vik og Koren, Aarnes og Sindre. Ja Lars spelad reint og norsk og hugtakande paa hardangfela si. Loket paa den hadde han arbeitt med ein toleknov og sandpapir, sa han. Det vart myket talt um spelet. Kor gamle hardangfelorne var? Det var nemnt 1736 Botneguten(?) i Hardanger den fyrste - Botnefelorne. Vel var myket av vaar folkemusikk laga paa felorne, men tonorne var lell eldre og laga på fløyte og lur og langeleik minste sume. Mange av slaattorne Lars spelad var dei same som hjaa oss, "morgenslaatten" t.d. som brukast i brudlaupi, naar brudparet vekkjer gjesterne. "Nøringen" som dei kalla honom i Hardang (av "nøra") Torsdag 14'febr. -10'R Ein deputation att - no fraa Vefsen, Risørsund. Heldal, Wetle og Ellingsen. Det var anna um

Page 18: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

18. lodsorne det! Hildal sakførar heldt langt foredrag. Ellingsen lagde noko til og derunder sigta på Blydt som han viste var rædd. Kor nødvendigt det var for dei og for landet. Eg tykte det berre var rart, at Vefsen no gjekk so stort fram med slike greier, som dei ha! Langeland svarad forsigtigt og nemnde um, at vis der skulde vera nokon som gløymde Nordlands interesser, so hadde me no her mannen (Grimsø), som var mann til setja oss paa det. Tingmøtet ettermiddag og daa kom "laboratoriet". Steen heldt fyrst ei mindre tale og derunder tok upp proppen. So Blydt med ei diger lang ei - som gjorde nokso gott intrykk vistnok ikkje feilfri. Det etlar seg til aa verta rusk. Arctander noterad flittigt so me kan belaga oss paa daap. Langeland skulde begynda, men tidi var omme. -Me er no ikkje so ratt ille budde trur eg - og eg for min del tykkjer i denne stund at der er nokso myket aa segja til det Steen kom med. Hev og denne gongen fyrebutt meg, so at eg maa upp er sjølvsagt. Det er ikkje sagt, at dei andre av fleirtalet tek so hart i. - - Fekk brev heima - nei den jenta daa! At ho skulde vera ein slek tjuv. Og so brev fraa Olina Engebø - Igaar fekk eg det store portrættet av far min. Det er gott. Og gjev eg kunde no eiga hans klaare tankar - imorgon. -Eg kjem

Page 19: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

19. ihug, kvat han eingong sa til meg, daa han bad meg sleppa den tanken til verta kunstmaalar, men helder slaa meg paa folkehøgskulen, verta gardbrukar; eg kunde naa fram til stortingsmann, sa han. Eg hadde ikkje store tankar um det daa, og mindre sidan - um kanskjeg det ikkje daa gjekk so likavel! No hev eg han for meg paa veggen, og der kan han sjølv sjaa det. Fredag 15' -8'R. Storting. -Instillingi vaar rauk med glans. Fekk berre 34 st. for seg. Kor me strævad Blydt, Arnesen og eg. Eg fekk no umtrent sagt det eg vilde, men knuslet gjekk det. "Aanden" forlet meg rett som det var. So fekk eg høyra av Larsen, at eg var "kenesuk"(?). Langeland brukte storetromba mot Blydt og var uforskammeleg - men tala helst um det som ikkje kom saki ved. Kva skulde dette "Bergensvæsenet" til her? Ein komedie. Sindre sa til meg: "no må du tala høgt, eg skal burt paa hi sida og naar du ser eg held handi upp for øyra, so maa du ta betre i"- Han so gjorde, og eg la merkje til det ein gong, og daa tok eg i. "Morgenbladet" siterad meg som vanleg idag betre enn andre blad. Eg gav Arctander idag ein hypp - til takk fordi han i finantsdebatten skrytte over oss. Ikkje brorskap i kortspel! -Hans Hansen Drammen kom so fin til meg og sa: "Det var rart du ikkje fekk fleire med deg". No, han var med - skulde det liksom vera ein tilnærmelse?

Page 20: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

20. Laurdag 16' -8'R - - Stortinget til kl 9½ um kv. -Best det var idag: saag me professor Hagerup paa præsidentstole(sic) - Han sjølv gjorde augo og repræsentanten gjorde augo og smaaflein. Skulde det gaa so stilt med eit partibytte i tinget? Saki var at Liljedal(sic) maatte ut ei tid og Berner var sjuk. Liljedal hadde daa bodet H. 2præsidera" ei stund. So hev no og han voret præsident i 10 minuttar - Grunnlovi fekk sova av praktiske grunnar - So kom idag slutnaden(?) for Per Sivle. Søknaden som han var fraa fyrst - hadde eg stemt mot - men han var endrat til 1000 kr. for budgetterminen. Also paa prøve. Daa gjekk eg med. Og alle me 5. Trædal varm talar - med lit overdriving som til høyrer - Og enden vart at Sivle fekk dette med 47 mot 47 - daa Liljedals stemme gjorde utslaget. Eigentleg var det so, at den eine sekretæren hadde 47 for og 48 mot, men so vart det greitt at det var 20 burte stadanfor 19 altso 47 - mot 47. At dei var vekke! det var denne gongen Sivles lukka. Fekk brev fraa Magnhild, og sende ei utgreiding fraa oss 5, stilat av meg til amtsmannen um hamne- og fyrarbeidet i amtet. Sundag 17' - Mildare veir- I biblioteket ei stund - Las "Tordi kredu"(?). Spaserad og saag paa skjæsselaupingi paa Tullinløkken og skreiv brev til Ragna og til Magnhild. -Det var alt. - Mandag 14' -Vaar i lufti! -det var greitt aa merkja den paa seg idag. -Inkje møter. Eg brukte dagen til ordna avisutklippi i kvar sine

Page 21: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

21. bøker, klyppa og lima. Um kvelden spaserad -og daa møtte eg Berge. Han var paa ein maate inboden til liberale klubb for aa høyra foredrag av Løvland. Vilde eg med? Jau so vist, og me gjekk. Der kom statsraadar og generalar ifelng. Kvam. Sindre, Steen og Stang, som eg talad med um grænsefestningsarbeidet og eksersitsen m m (fælt kor gott eg tykkjer me høver ihope) -Ja so var det general ? [Bakke hugsar ikkje namnet] -han eg talad med paa slottet, liten og "undersætug". Andre kjende Stousland, adv. Nostdal, Lars Holst. Løvland upp med langt foredrag um vaart unionsarbeid, som ikkje skulde refererast. Desto nyfiknare for meg aa koma upp i. Det var privatforedrag i klubben. -Tok upp soga vaar fraa 1814 - dei tvo elementer 17'mai og 4'november. Riksakti som vel var, mager - men praksisen desto fastare vorten. Og dette var vaar eigi skuld. -Wedel Jarlsbergs og Ankers - fyrst daa dei var tekne av unions-samstøypingstanken heilt ut - lov - pengevesen og repræsentasjon, og stortinget den gongen framette veikt. -For alt det me var dregen fast i! -Sjaa t.d. vort opnings...mmel(?) for stortinget og riksdagen Norsk og svensk og svensk og norsk ministrar og raader! Kvat hadde dei der aa gjera? Jau det var unionen. Flagget, ordener og kongetitel , visekonge og stathaldar - Me hev løyst det tume for tume - men merkjeleg oftast fyrst etter myket strid og tuml - so bar det daa til ganske stilferdigt. Det er næsten som ei lov dette for vaar utvikling. Stundom hende det, som med visekongen, naar me

Page 22: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

22. handla utan snakk og snøgt, at det var iorden fyrr svensken vakna. Daa instilingi um visekongen var vedteken, telegraferte Kvam hene med det same til kongen og fekk senekline(?) med det same. Um flaget vart det spetakel, sidan fyrst svenskorne fekk tid til suma seg og fekk høyra vaart høgre kalla. Flaget vart unionssak fordi den resolutionen som var tilkomen i samansett statsraad i fyrtiaari - daa vart til inkjes. So vart det lurveleven ved svenske val til bønderne(?) valde paa tillit til regjeringi, som daa tildels var komen paa andre tankar. Status quo politikken og Duglas maatte gaa - Stathaldarsaki kunde kanskjeg hadde(sic) vorte avgjord fyrr svenskorne hadde vakna hadde dei ikkje i Norge tøvdt um stathaldargagen [-gasjen] - (korleids det skulde ordna dette embette i lønsvegen no) for kongen hadde jau lova det paa forhand. Paa sluten etter store brandar - kom det av seg sjølv. (NB den Ankersvø..s.e(?) rørsla). I konsulatsaki var me fyrststundes veike - fleire gode vingstremænn var i tvil - og i 1891 hadde vingstre berre eit lite fleirtal - anna no daa me hadde heile vingstre og langt inn i høgre. Ogso i denne sak hadde det ikkje vore urimelegt, at me kunde ha naat fram straks, um me i Norge hadde vore einige og høgre ikkje hadde kolla. Svenskorne tykte fyrst, at dette vedkom dei ikkje, men so bar det laust. Dei sa, at Engelharts tale i tinget opna augo paa dei. Duglas var etter som han hadde fortalt til Løvland ikkje voret fraa - men so daa han kom til Olin-, daa stop. Det galt aa nøyta vinden ogso i Sverik - og hadde Blehr no

Page 23: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

23. ved dette høvet (komiten) vore for fus, so kunde det ha mislukkast. No stod det svenske raad anderleids - korlangt kan me ikkje segja ikkje vert aa sjaa. Men eitt er vist - fram maa me paa eikor vis - helst med aa gjera tvo steg istaden for eitt i fred, me er betre budde no um det verste sku røynast - fram maa me paa den eine eld den andre maaten! Stor fagnad og klapping. -Litt meir: Det var dette med flagglovi (som altso ikkje vart sanktionera) hadde ho vorte kundgjord berre av præsidenten, so hadde ho ikkje vorte gyldig utanlands, difyr var det umaagjera, at kongen og utanriksministeren gjekk med paa kungjeringi. Utanlands er det endaa "Kongen av Sverik og Norge". Gesandtorne flagdar "union" Utlendingen maa tru paa denne unionen. -Svenskorne medgiv gjerna, at etter grunlov og riksakt hev me rett -; um dei historiske kjensgjerningar er likso bindande. -Hadde vore fyrste riksraader vilja, so hadde dei gjerna faa(sic) sakerne for norsk raad - men dei vilde det ikkje so. Tyrsdag 18' febr. -5'R. Lagting straffelovi - Det gjekk fort - men gott. For skuggar kom burt av lovi ein etter ein. Og ved §133 gjorde eg liksom eit koup. Eg foreslog, at det avsnittet, som gav kongen rett til forby væpning av private og som eg meinte kunde rettast mot skyttarlagi skulde gaa ut. Spørck, Skilbred og Aklestad støtta - Og Kvam

Page 24: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

24. var rimeleg idag - ikkje so i odelsthinget(sic) - og forslaget mitt vart vedteket med 18 mot 10. Av dei 10 var Brandt og Graarud høgre, men ikkje Engen - og so naturlegvis Baumann (ordf.) Foss, Takle, Strengehagen. Den var daa ikkje verst! Fekk idag brev fraa Saron Batalden um telefon m m. Onsdag 19'febr. -3'R. - Lagthingmøte. -Ved ein paragraf, 319 um hæleri, -kvakk eg. Eg var ikkje altso hælar um eg tok imot tjuvgods (og viste det var det) av ein som hadde pligt paa seg til forsyrgja meg. -T.d. ein konmann(?) av kaarytar. -Kvat var dette forslag? §'en hadde gaatt stillt gjenom komite og odelsthing. Eg spurde i tinget ordf. Baumann um dette. So var det. Eg vilde faa § utsett - Kvat var dette aa forbigaa for? meinte Kvam. Eg vart meste heit. Venta paa studnad av andre. Den fekk eg av Larsen, men ingen annen sa nokot. -So gjekk dei §'en forbi - so eg fekk tid i tilfelle aa koma med forslag. Men Bauman(sic) sa, at i komiteen vart det vist ingen forandring. Eg vart naturlegvis baade flau og flat. -Den gongen tok dei ikkje nøye - men naar det var eitkvart lite ivegen paa ein offentleg veg - daa skal dei ha takk! Torsdag 20'febr. -5'R. Komitemøte - studerte §319. ......(?) m m og saag at eg hadde god grunn for mi anke. -Fekk brev fraa Ragna. Fredag 21 febr. -3'R. - Komite. Sende Schreuder rids og uppgave vedk. Hillesø fyrbygningar. -Um kvelden ei stund hjaa Liestøl, som spilad slaattar, so det kna-

Page 25: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

25. kad. Det er fryd til sjaa paa han. Trampad gjorde han so der sokk i heile huset. Og kroppen dansad med og etterkvart kom augo i brand og liksom inn i noko langt vekk. Det var som det galt livet! Tonorne var ikkje altid so reine. Han "spilad" halling gangar og stev med desse underlege drag - eintonande drag - fraa Sætesdal- Laurdag 22'febr -2'R. Storting 10-2 - Gjekk idag heim kl 12½ - lit vondt i hovudet. Trefte Rasmus Steinsvik paa gata. "17'mai" hadde 4000 tingarar sa han, men klagar paa lite "lysingar". Ute hjaa Larsen med Bjørnaali og spelad "Rams". Nytt spil for meg. Men eg vann paa sluten mest. Sundag 23 -1'R.- Tok ein tur til "Sandefjordsskipet" - Merkjeleg kor tunne bord ikkje meir enn tumetjukke - 16 sessar. Aareholi var tyktest meg lite fyrseggjorde - dei maatte ro paa bordkanten - Aarorne runde og ikkje store - umtrent som aaror paa ein mindre fiskebaat. Og spinkle greier til rær, men kaskjeg det var noko vekktært. Saag ikkje nett ut til det helder. Skipet fælt flaatt og grumdt - klinknaglar og tresaum for bekkjerne. Smale bord so umkr. 6 tumar. 2 sengjestolar - so var ihopsette umtrent umtrent paa same maaten som dei i "Gamlebudi" og raust arbeid. -Der var knokar av menneskjer og leivingar av av ty - iflettat gulltraadar - Roren ved sida - styrbordssida - ...(?) av tvo smaabaatar med liknande rorgreidor. -Eldest var det

Page 26: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

26. mangt arbeid, som me hev maken til den dag idag. Den landgangsplanken var forvitneleg. Og seglduken liktest mest paa bomull - men det var det jau ikkje. -Fekk idag brev fraa T.Hellevik og =.Stensæt. Henrik Lone kom atter til meg ikveld. Han tyktest meg skral og let ikkje vel sjøl held. Snart var praten i full gang og han fortalde fraa gamle dagar derheime. Det kom til tals um Nils Helleviks giftarmaal med Helene. Ho var fatig gjenta og han rikmannsson. Helen var gjætargjente og tenestetaus og vart jaga. Men Nilsen [vanleg med slik bestemt ending på førenamn i Sunnfjord] gav seg ikkje. I eit lag paa Lone der faderen og fleire av ætti var med kom saki fram og daa sa Nils: Eg bryr meg ikkje somyket um garden som jenta og henne skal eg ha. Og daa laut dei giva seg. Henrik fortalde og eit anna slikt giftarhende. Ystein i Urdi fekk nok gifta si fraa Lone. Ho var hugteki av Ystein, men Kristen Lone laag ivegen. Det var no enkja (mor mennar) han stilad paa, men difyr for arvens skuld, skulde ikkje dotteri vekkgiftast til Ystein som ikkje noko aatte. Han var skomakar og budde paa Aurevaag daa. So var det joledag paa Lone. Henrik var "heime" (i 1865?) og Ystein var og boden. Gunnar Holt var der og. So sa dotteri til Henrik: Gaa bed Ystein koma. H.: Han kjem vel korso, naar han er boden. Nei han gjer ikkje, fyrr dei vil pryla han upp. Jaso daa fær eg gaa daa, sa Henrik. Daa han kom i Aurevaagen til Ystein vilde denne fyrst ikkje fara "for dei vil jula meg" sa han. Kom

Page 27: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

27. med du, sa Henrik, hvis du vert prylt, so skal du minsto ikkje verta aaleine um det. Elles skal me ikkje bry oss um dette, gjenta veit du venta. Ja so bar det avstad i laget, og ei tid gjekk og ingenting merktest. Men daa ølet seig paa begynda dei Kristen og Gunnar og pirka i Ystein. Kristen kalla honom "Far". Dette læst no ikkje Ystein høyra, men Henrik tok i. "Kven er det du kallar fader? Han er jau daa og begreven og ikkje er du komen solangt i familieforhold, at du kan gjera krav paa moko her endaa. Du hev ellest ikkje noko med guten aa gjera, det skil ikkje deg kva dei hev millom seg". "Held du med honom du?" sa Kristen, "me er no av same folk og eg tenkte ikkje, at du skulde vera mot meg her" - "Eg hjelpe den som hev rett" sa Henrik. Og so vart det ikkje pryl den gongen - -Me sat soleids lenge og prata i skumringi, -kom inpaa religiøse ting tilslut. "Han hadde no aldri tenkt større yver slike ting sa han, korkje vondt eld gott, men det gjeng nok inkje det tilslut me tørnad nok uppe sa han, og fær tru baade på himmerik og helvite. Der er baade straf og løn. Han helt seg no til preikaren Treyer. Mandag 24' febr. Var hjaa telegrafdirektøren um Bataldtelefonen. -Kom inn i forrumet, der sat tvo damor. Den eine røyste seg straks og spurde

Page 28: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

28. um namnet. "Bakke". Ho duste litt tykte vist det var noko snautt. Var eg slik ein kar at det var nok! Ja so gjekk eg og Rasmusen kom "saa(?) berre solskinn". Du kjem med brev, ser eg ak ja" og so la han iveg som i fjor og prata so at eg snautt fekk koma innimillom. -Ikkje meir enn eit par tusen kroner, ja so trudde han mest, det kunde verta raad um det ikkje var forelagt stortinget. Jaso! tenkte eg - det var flott det. -Men det skulde daa til Bergen fyrst - Ja det var ikkje noko som eg tykte var undarleg. -So um telefonplanen vaar. Det var mest berre me (i vaart amt) som hadde stelt oss so fornuftigt. -Det var ikkje raad for anna enn at eg maatte verta mjuk. Den Bergenslina maa snart istand sa han. Og so vidare - til eg sjølv maatte brjota av. -Skreiv so til S.Batalden - men let ikkje fullt so væl til honom. Skreiv og til O.B.Steen um heradsvalet. -Stortingsmøte ettermiddag. Wexelsen kom daa upp og imellom, vart me pratande der W., Bjøraali og eg. B. vilde vilde gjerna hava noko til Sløydkurs deroppe. W. meinte dei laut no venta eit aar. So imellom kom W. inn paa lararstellet og meinte, at lærarane ikkje burde flytja so ofte, dei maatte ikkje ha lov til flytja fyrr um 5 aar. Detta var mat for mons for meg - men neppe for Bjørnaali. Det var ikkje nett det han vilde. Eg sa meg so heilt einig med W i dete - eg tykte det for so væl for den gode Bjørnaali lærar og.

Page 29: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

29. Tyrsdag 25' - -1'R. Storting - Ingenting aa snakka um idag. Grunlovsforslagi vart forkasta av formell grund 2½ times ordskifte um dette - der nesten all sakkyndigheit stod mot - men dei tapte med stort mindretal - Eg kom ihug Uelands ord um grunnlovi som bondens sin augnestein. Der var no aldereie noko formelt vrøvl, so ingen kunde segja kor §57, 58 no eigentleg lydde - Avisorne hev travelt no med desse Huitfeldske avsløringer i Trondheim. Han vert naturlegvis helden for galen! -og det segjest det, at han hev voret paa galehus fyrr. Treng dei so meir vitne?! Onsdag 26 -1R. Storting - Søknad for Sogndalsskulen fall mot 40. Trædal stridde mandigt - me andre tagde - Kvifyr tagde me? -Aa der var altid nokot som held att. Kormange slike overfolkehøgskular hev me eigentleg bruk for? Det gjeld vel mindre um dei eld dei vanlege folkehøgskularne. Eg maa segja eg var ikkje so fullsikker paa dette og var ikkje so reint utilfreds endaa med utfallet. -At eg skreiv paa søknaden den gongen - var ikkje av mine beste gjerningar. - Den sluingen Wexelsen: Daa Trædal henstilla til W aa ta upp forslag, daa vende han seg mot oss (privat) og sa: Jau no hev han bruk for meg, desse harane her (me N.B.) dei høgg ellest etter meg støtt.

Page 30: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

30. Torsdag 27' febr. -2'R. Komitemøte kl 10½ - 1 og storting kl 5½. Trædal var idag komen i "Tyrihans" Det var Sivletala hans. Bilæte var ikkje so reint illa. Sivle hadde dei faat til "berre ein hund" tyktest meg. Det var daa noko grinaktigt i det. -Um kvelden kom Liestøl Sveinson Ross her Bjørnaali og Larsen. Felespil stevtonar og viser av Sveinson og Liestøl. Liestøl var kvat(?) og Ross som vanleg myket aa fortelja. Eg viste Ross "Kvennavisa" som eg trudde var baade ekte og gamal l. Fredag 28' februar -2'R.- Stortingsmøte formiddag. Præsidenten foreslog ettermiddagsmøte men Hagerup trudde tingsmennerne vilde hava ettermiddagen fri. Kvat? -Jau ni i tvo kveld(sic) hadde me vingstre etla oss til møte i vingstref. Var det oss Hagerup sytte for? Nei no gjeng det for vidt med hensynsfullheita mot kvarandre som politiske partier. Dei sa høgre og kanskjeg skulde ha møte. Veit ikkje. Ja so fekk me da vingstremøte kl 6. -Det galt stempelskatten og finansserne. Statsraad Sunde møtte og gav ikkje ljose utsigter. Alle intekter var sett i høgste laget og utgifterne i minste laget. Komande aar vart det verre. Daa kunde me ikkje undgaa skatten og difyr best straks. Militærbudgettet laut 700000 kr upp og statsbudgettet 2 millionar. Tollen vilde ikkje stiga og intekterne av stempelskatten kom det forresten ikkje større av fyr i næste termin. Galt og til koma med stempelskatten likefram for vali - Forretningsverdi vilde

Page 31: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

31. koma til bera denne skatten, og han var so liten, at dei snart ikkje vilde bry seg um han. Sidan me la toll paa tobakken, so var det næsten "brotne lovnader" til no ikkje aa gaa paa denne - som hev verkad til ein annan kant. Arktander(sic) inleidde ordskiftet og talad forresten i same leid. Me kunde gjera lovi ferdig iallefall og so kunde tinget staa fritt med skatteavgjerdsla (Ja tru det du!) Arnesen mot - politiskt var det og uklokt, men laut "nødtvungent" gaa med ifall det turvtest. Blydt avgjort imot og brukte sterke ord og meinte det stod i strid med vingstre sin politikk - Der var nemnt vintoll - han kunde mest fælast yver slikt snakk (det var Sunde som nemnde det) Dette gjekk ogso utover byarne. Betalte ikkje byarne 72% av den direkte skatt? Vaar noverande stempelskatt betaltest mest av landet. Ja ja men kven betalte den direkte skatt? (Dette hev du no ikkje rett til bruka her!) Me fekk gaa til spara, men korleids budgettet skulde balansera - det kunde han ikkje segja. Johannessen(sic) ymta paa at stempelskatt kunde leggjast kunde leggjast paa alle gjeldspapirer. Arctander svara: dette var nettop det gamle høgreprinsi, som vingstre hadde stillt seg imot. Abrahamsen - kunde ikkje anna enn gaa med - skjønt det vert skipsfarten som kom til aa ta kanskjeg det meste. -Det viste seg aa verta tvilsamt om logi vilde faa fleirtal i odelstinget. Difyr hadde Arctander vilja havt saki upp her no.

Page 32: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

32. Laurdag 1' marts -1'R. - Stortingsmøte - So kom me til "vognerne"(?). Berner spurde Stang og han svara denne gongen utførleg. Enden paa det heile var, at at Stang hadde handla viseleg men var ikkje fyrevis; og Martinsen sin mistillitsforslag fall grundigt til jordi - Det var no ikkje mistillit sa M. og Hagerup - men alle viste det. Vik og Trædal pirkad i Berner og serleg Trædal var kjapp i munnen og vart paahøyrd med stor forvitna. So gott sognemaalet kling -og di reinare han tala det di betre. - Aa giv eg hadde kjæften hans Johannes Engebø! Arctander tok tilslut og sal og galleri kom i ein laatt. Det var au spita paa theater, men so var me jau og komne forbi kl 8 og til 10, so me fekk ha lov til lufta oss sjølv me(sic) godprat og "personlege elskværdigheter" so han sa Arctander. Elles var det ikkje forsvarleg til halda paa soleids. Fekk telegram fraa Schreuder um Hellesø fyr. Og soleids! Eg skulde altso vera hans medhjelpar vidare! Var det alt? Fær no høyra, naar brevet kjem. Tykte dei kunde vera takksame for det eg hadde gjort eg - men so var det no og berre eit telegram. Sundag den 2' marts - Vaarlegt veir. Fekk brev fraa Ragna og skreiv brev tilbake. Ilag med Larsen paa tur til Eikeberget. Um kvelden i bondeungdomslaget og paa marknaden idag. Liestøl opna med ei tale nokso turr men med rett gode tankar iblandt. Dore Lavik las upp og frøken Hansen song "Haugtussa". Hadde ikkje kjent

Page 33: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

33. Lavik fyrr - bror til dei andre kjente Lavikingarne fraa Voss. Som skodespelar var han god - men gjorde stundom for myket av det, som skodespelarar oftast gjer. Stort bifall, som han og fortente. Kona hans ei lita noko falma kvinne, dansk skulde ho vera og skodespelar - fekk eg og sjaa - ho sat forresten ved sida av meg. Men frk. Hansen fekk ikkje "klapp" av meg. Varietelæte og tilgjerdsla, men gott maal hadde ho, synd at det skulde verte so misbrukt. Tok 10 lodd a 0.10 paa marknaden. Skal tru eg der skal ha lukka med meg - Las tilslut i straffelovi, og skreiv um ny §400, som eg tykte ratt høgt um - ikveld. Maatru han vil staa seg til - tyrsdag i lagtinget? -§133 fekk eg umgjort §319 fekk eg utsett og skal kunna giva forslag til merknad - mogelegt er det at 400 og kan verte endra - Mandag 3' marts -3'R - Fekk inkje brev fraa Magnhild - no fer eg til venta. Inkje møter idag - Heimelesnad - paa straffelovi. Imorgon maa eg upp med mine meritter att. -Vist eld gale - eg hev ofte trega paa, at eg ikkje sa fraa, naar eg hadde betet meg fast i noko. -"Kysten" hadde idag teket ein bite av tali mi um laboratoriet og kalla det "meget træffende" Aa nei daa! - de er smaanøytte stundom. Det som smagte var vel eigentleg det, at der var ein snev av kritikk mot riksstyret med i det. Heldest hadde det sovist ikkje ansa det. Det same gjorde det - Men kanskjeg eg ikkje tykte væl um det korso! Eg og Larsen ute ein spasertur um kvelden!

Page 34: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

34. Tyrsdag 4' marts -10'R - Smaasnjoing - Lagtingsmøte for- og ettermiddag. Eg var uppe med eit forslag §400, som berre fekk 4 røyster for seg og so heldt eg ei lang tale daa um §319 - som ingen vilde stydja meg i, og som eg difyr ikkje gjorde forslag um. Men eg trur eg her hadde myket rett - det sa no forresten fleire - men saki var at det var for tungt tak. For ved 319 - var det eit angrep paa sjølvaste straffelovskommissionen og noko som korkje komite eld odalsthing(sic), og daa var det vel so, at ingen vilde vaaga trøya paa det. Og riksraad Kvam var overlegen og avfeiande, som altid. Heldes maa eg medgiva at dette slags hæleriet var vant aa giva seg ikast med - for vanskar var der. -Berner fekk lida idag same tort, som eg - han fekk berre 6 st. med seg - ja han var jau ikkje nett forslagsstillar - um journalistparagrafen - so det er ei trøyst naar andre lider - naar ikkje noko betre skal vera. Nei no Magnhild vert du lenge! - Var saman med Larsen og Bjørnaali, som ogso idag tapte mest. Eg vert leid av denne "ramsen" no. Høgrebladi er inarge for utfallet laurdagskvelden. At 5 høgremenn og skulde vera so uartige og inkje vera med paa "mistilit". Til Stang! Onsdag 5' marts - Kom ein mann inn um døra um morgonen til meg og baud meg ei bok um "fattigdomen". Eg saag han var raud um augo - og eg akta han ikkje. Skulde ikkje stortingsmannen ha den? Det var just for oss sa han. Boki peikte paa eit nytt midel mot fatikdomen(sic) -Nei no hev eg kaupt somange

Page 35: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

35. sa eg paa denne maaten, at eg vert leid. Ja men det var daa um fatigdomen og det var gilt aa finna ei raad for den - for stortingsmenn. Kostar berre 40 øyro. So skaut det meg inn (ei vakker morgengava) "Mange bekkjer smaa gjer den store aa - det skal me hugsa um me ikkje vil verta fattige" sa eg - Sende Torod dette i "17' mai". Ministerskifte prat. Sindre og eg gjekk tur. Han var heilt upp i veiret. Eg nemnde Blehr dinæst Løvland som sjef etter Steen, fall me tykte denne maatte gaa. Den siste, Løvland, hadde Sindre so myket mot. For han var ikkje sikker. Eg undra meg paa dette. Han hadde voret ustø ifjor um grensefestningarne meinte han, var det so? Idag i lagtinget sa eg "nei" for "ja" - det var og ein forfremmelse. Skit! Ikveld hjaa Aarnes ilag med Bjørnaali, Larsen, Sindre og Trædal. Denne fortalde at Sivle hadde lova aa halda seg fri fraa drykken. Det var av ein rikmann som Sivle ikkje fekk vita namnet paa - lova eit aars upphald paa eit sanatorium. Sivle hadde fyrst spurt um det var ein bra mann. -Kanskjeg han helst hadde lyst til vera fri mann med desse 1000 kr.? Me fær no sjaa. Eg stemde ikkje for meir enn for eit aar. Torsdag 6' marts +2'R- Komitemøte 10½ - 1. Um kvelden kom O.Lindstrøm paa vitjing. So Aklestad og Larsen og me soilad til kl 12. - Fekk idag brev fraa B.Vonen og eg sende honom med det same skoginstillingarne. -Portofritt sende han brevet sitt til meg - hm!-

Page 36: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

36. Fredag 7'marts -10'R.- Storting til kl.1. -Trædal Anna Næss Bremager(?) - mot "konsekventserne". No fær me sjaa - det var aa grava grunnen under oss. Men so foreslog han ikkje noko for dei tvo andre, som mindre trengde det. Det skal fria oss fraa konsekventserne. Hjartat fekk raada. Berre 35 imot. Der gjorde eg og væl ein bommert med aa stemma for. Men naar so mange utanum talad for, so kunde ikkje eg! Eg er stød paa at det hadde voret betre Trædal hadde taget tur og eg aatvarad honom forut. Blandt dei som stemde for utanum var Svendsbø, Hoff, Borck, Arctander, Wølstad, mot var Stousland, H,Jakobsen, mange høgre - Grensefestningerne fekk iaar sitt einst. Daa Five baketter gav ei forklaring yver kostnaden yver dette kom til eit etterspil. Bratlie maatte upp og "retta". So kom Arctander og gav høgre takk og so ein kilevink. So rauk sume paa Bratlie og Brandt. Dei maatte reservera seg. Arctander hadde faatt dei i fella og Bratlie brukte ord um partiavgjerdsler i vingstref. so præsidenten maatte paatala ordi hans - Berner kunde upplysa at vingstreforeiningi aldri "beslutta" men berre otdskifta -Der stod Bratlie att! Det vart murring ikring i salen um detta. -Gjekk ikvel umbord til Lindstrøm paa "Brage". For ein baas han hadde til rom. Fekk hjaa honom ein heil kasse røykjetobakk og ei stang pressa tobakk - smuglargras! Og eg tingmannen - som tok imot slikt - til gova var det no ja.- Eg tala just i tinget um straf for hæleri - ja gjorde eg so.

Page 37: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

37. Talad idag med Odm.Vik um riksraadsspursmaalet. -Han meinte stokholmsdeildi [avdeling] ikkje skulde koma fyrr um 14 dagar. Trudde og tyktest vitam, at det med unionskomiteen gjekk berre bra. Spurde meg um nokon hadde bedet meg skriva paa ein interpellation um komiteens arbeid. Nei, ingen hadde spurt meg. Han og Trædal meinte det var faarlegt aa koma med slikt no. - Eg sa berre, at det tidspunkt kunde koma at det laut spyrjast. Laurdag 8' marts - Snjoing - Inkje møter - Var uppe og spurde korleids Berge livde - han hadde vondt i ein fot. Var ikkje uppe daa kl 11. Møte i vingstref. kl. 6. Steen og Wexelsen møtte. Berner, formann sa at møtet var samankalla etter krav fraa 47 medl. av foreiningen for aa giva Steen spurna, um det var sant at unionskomiteen skulde slutta no og taka paa att i slutten av juni og kvifyr dette var gjordt so. Me fekk ikkje høyra kven dei 47 var. Steen svara og sa: At dei skulde ta denne stans med møter var so, og at han fyrst sjølv hadde undra seg yver dette. Han hadde då straks spurt avdelingi i Stokholm kor dette hekk saman og hadde just idag og fenget eit lengre telegram fraa avdelingi um det same og som han tvo gonger las upp. Av dette var det upplyst, at grunnen var svenskel Bill skulde attende til Rom ei tid i andre ærender, dette hadde han forbehelde seg den gongen han gjekk inn i komiteen. Heldes var dei ferdige med dei mintlege forhandlingar, hadde gaatt gjennom alle punkter gottso i grunnlaget og at det som var atter

Page 38: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

38. var væsentleg aa setja alt i stil, skriftlege arbeider. Paa eit punkt vanta det nokre upplysningar nemleg um konsulatordningi mellom Sverik og Norge. I slutten av mai kunde medlemerne hava sine arbeid ferduge - untaen dette som just var nemnt og den 25 juni kunde dei avsluttande møter atter ta til. Avdelingi trudde ikkje det at nokre viker fraa eld til her var noko til gjera "ophævelser" for. So hadde mange ordet. Horst var glad for at det syntest gaatt so bra og fort, men vilde gjerna ha vita, um det var so, at til slutten av mai alle ogso svenskorne skulde vera ferdige med sine skriftlege arbeid, men kunde ikkje krevja svar paa dette. Borch og Gelmeyden(sic) og Kastberg var utaalmodige over denne "afbrydelse" og rædd at svenskorne vilde "trænera" og mislika, at ikkje regjeringi hadde faatt greide paa dette Bell sitt forbehold og at tinget ikkje skulde ...(?) fyrr det paa slutten skulde faa full greide paa kor det gjekk. Borch vilde gjerne kjenna regjeringi sine planar (ikkje no) i alle tilfelle. Liljedal, Foss, Enge, Trædal, Spørck og Horst ogso m fl. tykte det var ikkje raad til segja noko paa dette og hadde den tillit til regjeringi, at dei viste aa taka sime forholdsreglar. Berner for det meste understrekad, kor saki stod, men minte um, at det tilslut kom an paa korleids den svenske regjering stilla seg til komiteens arbeid. Stousland la vigt paa, at ikkje noko maatte koma ut, um det som her var upplyst. Alle var einige i dette, og at den svenske opinion no ved vali ikkje kunde hava gott av aa kjenna komitteens(sic) standpunkt ifall dette var oss gunstigt. Steen vart litt ivrig yver desse yttringar fraa Borch, Gelmeyden og Kastberg um

Page 39: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

39. "afbrydelse" i arbeidet. Det var ikkje det, men arbeidet gjekk framdeles paa dei maatte gaa fraa einannan likavel for aa forma saki kvar for seg. Han vilde ingenting svara um deira planar eld um kva komiteen var komen til - det viste han ikkje. Dei kunde - komiteen koma saman fyrr 25' juni. Fleire nemnde, at i dette med Bells forbehald, som vaar regjering og ikkje hadde faatt vist noko um - laag atter eit døme paa korleids vaar stilling var med ein svensk utanriksministar - Stemningi hjaa medlemerne var elles tydeleg vonfull - daa komiteen paa so kort tid var ferduge med dei mindtlege forhandlingar. Dette tydde dei fleste so, at det maatte ha gjenge gott. Daa ikkje Kastberg det, for me viste igrunnen ikkje stort, meinte han - Sundag 9' marts -4'R --- Las i H.J.Næss si bok "Fra Karl Johans tiden". Ho er forvitneleg aa lesa. Ei preikebok - med soger - sannsoger. For alt det vaare fedre hadde aa staa i! Mens det røynte mest. Kor er ikkje vaare kaar ulike med deira men er vaar tid so sterk lell? Kaari og sylvskatten - kva hev me aa stilla upp mot detta? -Ja store skattar for dei som hev i overflod! Eg las um Krigh og Kroghstøtta i Storgata. Den maatte eg no sjaa og tok avstad. Faa ser paa denne no! Avgjøymd stend ho der tung og enkel - men med sine varne "--Norges trofaste son, sandhedens beskjedne tolk" ein bauta i jarn - med løva. -No er det bilætstyttar av koparmetall. Der stod Wergeland ved avsløringi og talad -"daa dei som tala skulde ikkje vilde tala" ---

Page 40: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

40. Gjekk derfraa heim til tingmann Berge, som laag sjuk i ein fot. Eg fortalde litt um møte i vingstref. men var atthalden daa andre var inne. Best det var kom Odm.Vik, men han fortalde høgt og greit altsaman (Det var no ellest berre kona og sonen Johan (studen) som var der. Fortalde no og det at dette skulde haldast dult. -Berge til meg (fyrr Vik var komen): "Eg likar ille denne motburd og verking i regjeringi og denne urolege klikken i vingstre. Berner burde ha tagt seg hin kvelden mot Stang. Det var liksom nokot stort fraa gamle dagar daa Vik og Trædal tok fat i Berner, det var bonden, som heldt styr paa sine tenestemenn og baud dei vera snille gutar." Eg nemnde likavel, at Berner maatte vel ha rett i aa peika paa tingen, men vil ikkje gjera det med noko sers tulskap for Stang, daa dertil var urimeleg liten grunn. Heldest meinte eg og, at kritikken, naar han var sakleg, berre vilde styrkja vingstrepartiet i folket, naar dette forstod, at ein hadde augo med seg. -Ja han sanna og med i det. Med all min agt for min ven Berge, so er eg rædd for, at han er litt for veik likeoverfor regjeringi. Me tala ellest um mangt - lønsstill(?) politik og private ting. Det var ein undarleg varm tone mellom honom og "mor", naar ho stelte med honom, var det gott aa vera sjuk sa han. Ho var helder liti og skrinn, med eit anlet fullt av aalvor og medkjensla. -Skreiv til Magnhild, som endaa ikkje hev skrivet til meg. Oddm.Vik fortalde her, at der i brevet

Page 41: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

41. fraa Kristoffersen til (Steen?) stod meir enn Steen las upp og dette var um realiteten, at underhandlingarne gav gott resultat. Vik hadde hatt samtale med Berner fyrr um saki. -Der hadde voret møte av dei utaalmodige strakst fyrr vingstremøtet, og der skulde vore lagt planar og forslag mot regjeringi - Dette kom altso ikkje fram. Mandag 10'/3 -5'R Komitemøte fyrr- og ettermiddag - Skreiv Magnhild - heldes ingenting idag. Tyrsdag 11' 0'R. Stortingsmøte kl 1½ - referat - Liljedal meinte idag me kunde vera ferduge til pintse. Det var vel. Berre det ikkje kjem noko att paa. Denne vika vil vel mange komitear prøve gjera fraa seg. Me hev hamnebudgettet og nokre smaating att. Løgje paa gata idag. Eg helste paa ein mann, som eg eg tok got veidirektøren. Han helste straks atter og tok meg for ein annan. Me handtokst - "Men er de ikkje?!" - "Og er De ikkje?!" Nei men var det kje nokon av oss. -Daa maatte me læ begge tvo. Onsdag 12te marts - 1'R- Komitemøte 10½ - 12 - - Um kvelden saman med Larsen Hoff og Bjørnaalid hjaa Larsen. -Bjørnaalid idag med bordet lit spids - um telefonen vaar - vilde han erta meg - eld stod virkeleg saki daarlegt i komiteen? Spurde Gelmeyden so frammed, og eg fekk skyna, at det vist ikkje hadde naud! I vingstremøtet sist var det avtale, at alle

Page 42: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

42. skulde halda munn - paa det instendigaste var det paalagt. Aa ja dagen etter saag me ikkje nokot, men sidan - ei avis fyre og hine etter kjem med god greida - so um den hadde voret med. Nei vigtige ting maa ikkje fram i lagtingssalen . Veggjerne hev øyro. Det er forgalt. Ellest burde ikkje eg døma hart - hugsar kor det gjekk meg ifjor. Torsdag 13' marts mildt raadt. Dagens nye store er: Det store danske utvandrarskipet "Oskar 2", som kom her framum. Daa det skreid innyver fjorden maatte eg rett segja: slikt hev no eg endaa ikkje sett, for det hev eg inkje - endaa eg er fraa det "bergenske". Detter er altso maken til dei store oseandamparne. Folk strøymde til "Vippetangen" i massevis - og eg med. -Um skipet kan ein ellest lesa i "avisbøkerne" mine. Nett so fagert paa skap var det ikkje nokso stumpe - og kva det duer til fær det no paa sin fyrste tur visa.. Mindre gott varsel at fyrbøtaren rymde fraa det i Kjøbenhavn, og at det hev maatte faa retta paa noko i maskina ved Akers verkstad. -Møte i ettermiddag i stortinget. Ved valget til 1' varamann i jarnvegstyret hende det: fyrst fekk ingen "kvalifiserat" fleirtal (meir enn halvdelen av stemmorne) andre gongen fekk Solberg og Veum(?) kvar 56 st. so umvalg att fekk Veum 55 og Solberg 49. -Etter vanlegt skikk og bruk, sa præsidenten Liljedal daa det andre gongen skulde veljast uppatt, var det berre aa halda umvalg paa dei tvo som flest stemma hadde. Heldig

Page 43: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

43. var det no ein annan ting ved dette, som neppe var so rett etter reglementet - det var nemleg ikkje dei same som stemde dei ymse gongane. Stundom var der fleire stundom færre tilstades. Fredag 14de -Raatt og mildt. Komite - Aldri hev det voret solenge utan fretna heimanfraa - og so Magnhild, som enno inkje hev skrevet. Laurdag 15' marts Regn og søyla - Lagting og odalsting - Avislesing m m. Ingenting aa melda um. Hadde ei samtale med provst Pedersen um engsaaing og gjødsling! -Han er ein praktisk mann og ein hyggjeleg mann - det skal altid vera min dom om han. Sundag 16' marts +3'R - Jau idag fagna nyheit - fraa Ola. Stuttmælt var han - men eg hadde fenget ei dotter den 11' - og ho er rettno den 11' (Bergit). "Manddoms mot och norska menn finnst i gamle "Noreg" än" - - Paa detta tok eg meg ein lang tur i byen til Vaalerengen - Det var fælt so skamli(sic) norsk dei var der med gatenamni: Sveriges gade, Danmarks gade , Islands gade og "stræde", Orkenøygade. -I biblioteket fortalde Sindre ei segn um Eirik Nor. Kona hans var sjuk (han var daa buande paa Bryggja) og han skulde stad til ei visekona og faa raad. Kom der um kvelden og ho lova ho skulde finna raad (aatgjerdsla). So fekk han kvila i løda um natti. Men der var tvo rum. Kona forbaud honom strengt aa gaa i det

Page 44: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

44. eine rumet. Men Eirik var nyfiken og gjekk just inn der og lagde seg - i høystaalet. So umlag kl 4 om morgonen kjem kona inn der og ropar paa Gamle-Eirik. Ho ropa upp att fleire gonger fyrr han kjem. So kjem han daa frøsande og fæl. Ho spyrr kvi han var so lenge. Jau han var heft med ei jenta upp i Nordland, han skulde hjelpa henne med aa drepa lausingbarnet sitt, som ho hadde føtt. Ja no skulde han giva ei raad for kona hans Eirik Nor. Ja det kunde han nok - men ellest so ligg Nor der uppe i høystaalet. Daa vart heksi arg og meinte hinmannen fekk knekkja ryggen hans. Nei han hadde ikkje magt til da, sa gamlen, fyrr Nor hadde bedi Gud fri seg fraa det vonde fyrr han lagde seg. Daa hadde Eirik Nor seg utor løda, og spurde ikkje oftare um raad der. Næss fortalde um gamle stortingsmannen Næss (han var ikkje av hans slægt men av same garden) at han var faleg(sic) paa slutten. Han spekulerad i gardekjøp - daa pengesetlarne gjekk so ned. -Eldest var han ein av dei som hadde fenget rett til utsteda pengesetlar. Dette maatte daa vera i tidi fyrr Norges bank var skipa. -Skreiv til Ragna. Mandag 17' marts -1'R.- Jau idag brev fraa Magnhild - altso var ikkje dimissionseksamen ferdig. Nei det kunde eg tenkja. Gud veit um ho ikkje ikkje er litt "nervøs" likavel, mi gode Magnhild. Pengarne er det no altid smaatt med, men eg vonar at eg maa undgaa aa uroa henne for det.

Page 45: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

45. Odelsting - Blehr var komen hit saag eg. -Steen tala, og eg saag Blehr stirde nøye paa honom. Ja gamlen falma det er vist, men tankorne er vist i god orden. Og difyr meiner eg det hastar ikkje med byte. Det ligg no ikkje so fælt myket i det, at dei talar so fælande gott som i at det dei gjer er gott. Og Steen har ikkje forrent seg der. Fekk og brev fraa Hans Horn - den biffen hev eg no i orden, so det er berre gleda, som ventar deg. Maa segja eg hev ikkje vore uheppin med mine uppdrag - Vasdalsvegen - telefonen og no Hellevikvegen - alt etter ynskje. Hev eg no ikkje gjort so myket anna so hev eg no detta daa. Men heretter lyt nok Holmedal venta - og det lyt me finna oss i. Tyrsdag 18' marts - - Storting - Kvast ordskifte um kontorholdspengar for skrivarar og politimeistrar. Det var ikkje greit for den arme gagekom. - men dei greidde seg. Aklestad kunde sine ting. Rart var det daa namneopropet kom mange stod daa inne i salen og svara: "fraværende". Soleids Berner og Five. Var dette eit følgeværdigt eksempel? Merkeleg nok stemde Arctander med gagekom. i eit slikt spursmaal og Haug. Det var i den sak daa Aas gjekk fraa komiten og bad Toresen(sic) setja fram forslag - um 300 kr. til. Det fall. Ikveld spurde Vik præsidentskapet um maalstenografar. Forslaget hans utlagt til seinare. Stor maaldebat ventande. Berner: "det er meget sjelden at landsmaalet tales rent" - vil nok faa sitt turvande svar. -

Page 46: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

46. Onsdag 19' marts +4'R. Storting for og ettermiddag. Lønningi for skogfunktionærar. Basketak, Trædal framme og helt eit rett gott foredrag. Mange talarar, og den Klg. proposition (nei mindretalets forslag var det)[føyd til] rauk med glans - komiteens instilling vedteken med omk. 78 st. Det var atter ei alvorleg minning til regjeringi um kvat aalvor no tinget la i spursmaale. Propositionen var slett ikkje her urimeleg - Arnesen tok seg fælt nær av Høgres tillæg paa stempelskatt for spilkort. Berner kor han køyrde paa til stor moro for sal og galleri - Nei dette er daa for galt! No skulde Arctander til halda skule paa han. Men han fekk ordentleg paa snuten. Arctander: "Arnesen skulde ikkje verja um dette unyttige tidsfordriv". Arnesen: "Aa dette tidsfordriv kosta no ingen pengar, men naar Arctander held lange nyttelause talar, daa fær landet betala" - Ein einaste laatt salen yver, og Arctander raadde ikkje med den likavel. Den var altfor uforskamma. I plantesaki hadde eg ordet um regelen for statstilskot. Konow lovde aa tenkja nærmare paa det. Fuglestvedt meinte eg maattte vera forsiktig med det, men tykte baketter det gjekk gott. For me vestlangorne(?) fær no so myket likavel maatru. Fekk brev fraa K.Nygaard um 20000 til ein dampar. Torsdag 20' +2'R Surveir - Stortingsmøte - Vegbudgettet - Der slapp daa Hellevigsvegen heilt igjennom - utan knurr. Og statsraaden hevdad, at vaart amt var av dei som mest trengde. Trædal bad for Lavikdalvegen og

Page 47: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

47. Aarnes for amtet. - Fredag 21' marts Stortingsmøte - M.a. Tolltariffen. Walstad foreslog toll på ljaaar og sigdar. Det fall med ca. 70 st. mot seg. For toll stemde Sindre og Næss. -Stivetyet: Forslag til auking fraa 1.35 til 1.75. - vedteket mot 37 st. Millom desse siste Trædal, Aarnes (Sindre fraaværande). Næss og eg stemde for aukingi. Bratlie vilde ha toll paa spikar. Vik var heilt einig med B. -Stor gleda i salen. Lützow-Holm: "Her skjer jærteikn!" So tok Johannessen(sic) upp forslag um toll paa traadstift men det fall mot(sic) med 53 mot 49. -Med dei 49 var Sindre me andre 4 med fleirtalet. Men dette vilde berre ha saki nærmare utgreidt - Med Vik og Johannessen vart det atter moro - daa denne fortalde, at det var Vik, som bad han setja forslaget fram. -Ja ja det var no inkje rart i - men lo gjorde ein. -Møte varde til væl 9 um kvelden. Laurdag 22' -3'R. Lett snjo og vaarkaldt. -Stortingsmøte for- og ettermiddag til kl 9½. Siste dagen fyrr paaske - Arveskatten - Langt og stridt ordskifte. No tykte høgre, at me hadde ikkje bruk for denne skatten. Eg hadde trakst mitt standpunkt umgjordt - hadde forresten havt det i lang tid. -Kunde eg altod gaat so lett paa ei avgjerdsla som denne. Arctander kom i sin rette ess og handsama Hagerup som ein far, var mektug iblandt og raakande, men som so ofta noko laus - og la iveg med usætande ting - hadde daa storleg rett i det meste

Page 48: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

48. Me 5 skildest i denne sak, daa Sindre og Næss stemde mot skatten i fyrste vending og for 2000 kr. skattefritt andre gongen, ja her ogso Aarnes med dei. Altso eg og Trædal heldt saman. Trædal talad og litt i saki. -Merkjeleg var det, at høgre, som hev vore mot skatten - sidan det var avgjordt, at skatt sku det vera, dei daa mannjamt stemde for 1000 kr. og ikkje 2000 kr. skattefritt! Var det berre politikk? Desværre neppe det.- Sundag (palmesundag) 23/3 -2' og lett snjoing. Fekk brev fraa Ragna, som hadde skrivet sjøl. Alt vel. Det var gott - so kan eg vera roleg i paaskehelgi. Idag reiste Aarnes heim. Trædal igaarkveld. Eg skreiv brev til Stensæt og Næsdal. Til Næsdal um løningsvæsenet(?). Stakars gut - du fær nok læra um, justsom eg aa lita deg med mindre enn som so. Ved midnatsleite kom til meg Lindstrøm og Sigurd Vaardal, som no skulde verta fyrbøtar paa "Brage". Me var ilag ikveld i "Dovrehallen" og i "Basardhallen". Tykte det var meining i aa sjaa kor det der var laga. Eit undra eg meg yver: Kor mange gjennomgaaande gode, ærlege og friske andlit eg saag i Dovrehallen. Kor langt bakom stend ikkje publikum sjøl i Nationalteateret. Ikkje eitt forfallet andlit saag eg i Dovrehallen, og lell skulde detta vera paa samfundets baksida. Og so hjarteleg og sterkt var bifalsropet til nationalsongen att Burorne. Det var storm; og eg song ogso med. Det var reint ei(sic) fest. Paa scena var ellest baade skrap og ægte vare. Smaaguten!!

Page 49: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

49. I Dovrehallen kostad det 25 øyro; tvers over gata i "Basardhallen" var det 10 øyro, og me gjekk inn. Men skilnaden paa folket var paatakeleg. Dei song forresten ogso "burorsongen" - men der var ikkje bifallet det same, og folket var eit anna. Der var rask og rusk - og sivilt politi - Me gjekk snart. Men dette i Dovrehallen gløymer eg ikkje so lett. Det var tydelegt arbeidsfolk - som berre vilde sjaa litt moro. Vika var lang og arbeidet tungt - ein sundagskveld til moro inimillom(sic). Kona og borna tildels med, elder kjenningar fraa landet. Kunde dei berre faatt vekk desse "balletdansar-innorne - dei hev daa ingenting aa bjoda paa. -Og det viste seg, dei fekk heller ikkje noko vællæta. Og det vitna sanneleg gott um dette publikum, som eg maa tilstaa eg maa setja høgt. Mandag 24' Um kvelden hjaa Sindre ilag med Bruvall. Skreiv brev til Ragna, O.Stensæt, Næsdal og Gjeldsvik - Tyrsdag 25' mildveir og snjoslaps i gatorne - Skreiv "Oslo-brev" til "S.A." Og av Lindestøls tingmansbok. Skreiv og til Arne Ballvoll etter 200 lerk 100 gran og 100 furu til senda heim. Ikveld hjaa meg Ross, Larsen, Aklestad og Sindre. Onsdag 26' -Kaldt um morgonen. Kl 9.15 avstad til Karl Gjelsvik, Jesheim. Halv mils fottur. Fælt somyken snjo jamnhøgt med gjerdi. Kor fager stod granskogen i ...(?). Som kaa..ad(?) i

Page 50: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

50. sylvstas. Ullensakermaal: "Aa jo da, dæ æ eit gott stykkje dit". "De gaar strake veien forbi skolen der, aa saa forbi en gaar tel aa saa ser De Sundby" (gamall kona). Gjekk rundt paa graden i fjøs og løda og paa stabur. Tykte mangt ikkje nett var i beste skap - gjødselen for ikkje altid væl. Store frosne moldkakor i mottingi, utan tak. Men høveleg vaaningshus. Umkr. 500 maal indmark og 300 utmark med skog paa. Tvo store laaver - ein av det gamle timbra slaget. Dei hadde ikkje spara paa timberet der! -Ellest var denne gamall og skeiv. 15 kyr og 5 hestar. Men dette var ikkje meir enn halve av det, som kunde forast. 1800 liter pr. ku i gjennomsnitt. Kostad umkr. 200 kr. fullvaksen. Hestarne ein 4 a 500 kr. -Garden 29000 kr. Skulde no prøvast med odalstakst. Gjeldsvik meinte han skulde tena pengar der. Gardorne hadde steget i været sidan for 4 aar sidan, daa han kjøpte. Avla umkr. 300 td. havre rug og bygg. Prisen paa havre iaar høg 11kr.p. 100 kggr.(sic) Dagsløn no for karar 50 øyro og kosten ellest kunde dei faast(sic) for kr 1.00 og kr 1.20 i sjølve treskingi og kost. Ei gjenteløn 150-200 (300 og kost for husholderska). Gjentemangel. Torsdag (Skjærtorsdag) 27'. So gott paa Sundby - men eg tykte dei sparde paa brenneveden. Alle med eit bord. 2 gutar fraa Underthun, brør og ei gjenta fraa Eikjefjorden og so husholderska der fraa bygdi - ei diger rugga.

Page 51: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

51. Gjeldsvik var nok alt myket tiltrudd, medlem av heradsstyret - formann i styret for meiriet m.m. Roste vinterlandbruksskulen, som han hadde gjenget paa. Meinte det var betre utkome med gardarne der enn umkr. Drammensfjorden. Kristiania var nemnelg det som sette drifti paa - Vegvæsenet vantad det nok askillegt(sic) paa der ogso - og tunge var vegerne aa halda. So avstad kl.4 til stationen paa gott føre. -Kommunelokalet der fall eg i undring over - norsk stil - kostad 80000 kr. - det var for fælt!- Eg sa farvel, toget kom og eg fann meg ei tom 2' klasse vogn. Ikkje eit menneskje paa heile vogni, som var delt i 2' og 1' klasse. Men ved dørerne stod lappar: "Optaget", Hr. Stang med følge", "Hr kapt. Løvenskjold med følge", "Hr Platou med følge o.s.v. Eg stogga korso og konduktøren duste litt, men sa eg kunde sitja. -Ingen kom, heile vegen til byen. -Maatru dei betalte for den leiken? Norsk jernbanestell, -det kosta vel litt aa dra paa den vogni - kanskjeg like fraa Hamar. -NB. Kalveæta paa Sundby. Hønseburet i floren. -Den fulle dyrlækjaren og kaffien til kui - Dyrlækjaren og Eikjefjordgjenta um norsken Valdresen og sogningen i Ullensaker. 4 km. skuleveg for borni. Ein storskuleplan uppe - maken til den eg hev havt um Vaardal, Holmedal og Rivedal. Fredag 28 - Dei skaut paa festningen for henne Märtha" 1 aar gl. Las og skreiv av or Bernt Moe si personalsoga - Litet aa finna der.

Page 52: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

52. Laurdag 30'marts - snjoing framdeles. Avisutklipping - pakke og brev heimanfraa. - Ingenting aa nemna. Paaskedag 31'. -0(sic)'R. -Snjoing. Brev fraa Gabriel. Noko hadde gaatt i stykker paa sporvegen utanfor stortinget. Der stod dei med jarnstaurar og andre greier ein flokk med arbeidskarar - det hjelpte ikkje um det var paaskedag. Um kvelden hjaa Sindre ilag Aklestad, Bjørnaalid. Aklestad sa um Holsen, at han var ein gløgg kar og god til skriva instillingar i budgettet. Ullmann fekk stor vyrnad for honom - etter at han fyrst i maafaa hadde trutt aa kverka honom med si overlegenheit. Han stod yver Toraldsæt, men denne var meir avhelden av tingmennerne og rimeleg av seg. Holsen var i fyrstningi fælt laagmælt - men kom seg seinare. So bar det til aa tala um regjeringsskifte. Sindre tok uppatte dette um Arctander og meinte stemningen vende seg meir og meir til honom. Soleids fleire i Romsdal t d Meisingsæt, trønder, Kristians(sic) amt og Hedemark. Ogso Kastberg Blehr skulde vera der han var. Eg meinte det hastad ikkje, og at Blehr maatte vera rette mannen. Til hausten kunde stillingi forandres og Arctander var for fus. Aklestad og især Bjørnaalid helt med Sindre. Eg tykte Aklestad kom litt i strid med det han fyrst begynte med, daa det saag ut som han heldt paa Sten endaa - fekk det indtrykk, at han byrja verta gamall. -Trædal og Aarnes, -heldt paa Blehr. Eg hevdad at det fyrst og fremst ger galt unionsspursmaali. -Berner: Stokholm gjekk ikkje. Kona var imot det - og her heime dugde han ikkje - for seinvoren.

Page 53: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

53. Mandag 31/3 smaasnjoing, ikkje kalt. Skreiv brev til Magnhild, L.Ellingsen og G.Vaardal. Ellest mest heime. Ross kom til meg og fræga(?) meg etter ord - um kvelden. Helt fram at ein burde samla meir i havdistrikterne. Tyrsdag 1' april - smaasnjoing - det var fælt til vinter no her. - Lesnad um kvelden hjaa Aklestad eg og Larsen. Fekk brev heimanfraa. Skreiv tilbake - Onsdag 2' april. Møte i stortinget. Var uppe som talar i saki Helisø fyr. I kattepine for Spørcks forslag, men vor instilling vann mot 37 st. Deriblant alle fem fraa N.B.-, som her eigentleg stod paa det, som eg sjøl i komiteen hadde strævat for. Men so meinte eg at instilingi umtrent var lika god. -Spektakel med Nissen att - om tilskot til dei arbeidsledige. Heile dagen. Det er synd at so gott eit hjartelag skal so reint øydeleggja si sak som her med Nissen. Det faar vera maate med idialismen og - det gaar reint yver fraa det saklege til det personlege. Trædal var og uppe og risa honom - det var no altformyket væl fortent - daa tykte eg mest det var som naar dei brukar kanonen paa spurvar. Torsdag 3' april - -1'R.- Skreiv brev til Ege & Co. Møte i komiteen. - Fredag 4' april +2'R. - - Storting - Jarnvegtarifti(sic) - heile dagen og enno ikkje halvferdige. Det vart mangt aa melda. Og so denne skrøpelege Rørosbana, som skulde betalast endaa meir.

Page 54: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

54. Tykte at Løvland der fekk fortent skrapa av Gelmeyden og Broch. Det var no dette holet for utlendingen. Som han sa Gelmeyden det var stort tenkt - Ola Normann att! For ei moro mellom Hansen Trondh. og Borch, heile salen i ein jubel - for Hansen vilde Borch skulde bevisa um Hansen hadde "overdrevet" med det um han sa, at ...(?) kom. ikkje saag nok paa næringsvegjerne sin uppkomst!? m.a. Præsidenten vilde dei skulde avgjera dette privat "Ja sagde H. han gjekk med paa det "Eg og" sa B. og daa vart det moro. Men instillingi greide seg mot 42? st., og rart var det, det var dei ytste benkjer rundt salen, som røyste seg for den kgl. prop, mens me i mitten(sic) vart sitjande for instillingi. -Fekk brev fraa Magnhild, som ahdde greitt seg gott i denne prøveeksamen. Ho var nok fege - og nemnde nokre ord um forloving, som ho lell fann aa vera fortidleg. -Hev du verkeleg havt tid til slikt attpaa?! Arta er der. Du fær nog fyrst tenkja paa aa betala meg att for skulen og so -. Laurdag 5'april - +3'R. Storting for og ettermiddag. Brev fraa Steinset. Løvland fær nok aasvara paa, og eg tyktest sjaa at det ikkje var greitt aa vera arbeidsminister. Men naar Bratlie kjem med sine urimelege aagrip, so gjer det strævet lettare for Løvland. Eg dusar paa all denna tidsspilla for statsraaden "her i salen". For altfor ofte lyt dei hefte seg med smaating. So

Page 55: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

55. gjeng dei her lange stunder og ventar paa til saki deira kjem fyre. Eg undrast ikkje paa at dei "lyste" etter Steen hin dagen. Han hadde sovist ogso anna aa varetaka. Sundag 6' april. Sol og kaldt um morg. I lesesalen og Sindre paa meg um regjeringsspursmaalet att. B.Hansen aahøyrar, men so ingenting. Spurde um eg vilde gaa med i privat lag for aa forhandla. "Ja i samtalelaget eld i vingstref." sa eg. Nei heilt privat, og paa det vilkaar at eg gjekk med paa ein høfleg anmodn. til Steen um aa overta plassen." -"Nei da vert eg varg i veum" sa eg. Ja der var stort fleirtal for det sa han. Det var ikkje mi sak kormange dei var. So gjekk eg og B.Hansen til Berge paa Jervels klinik for aa høyra kor heitad. Jau han hadde sovet gott og hadde god matlost og var verkfri. Han tyktest meg myket medteken som ventande var etter operasjonen i foten. So vart tala um andre ting, men ikkje un regjeringsskifte. Berge meinte me burde gaatt med paa den dagsruta til Trondheim. Me talad lit um Arbeidarbanken - nei jordbrukslaanbanken og bubanken - illa til finna namn paa des. Berge meinte og at 9/10 var formyket; derimot saag han ut til halde paa kommunalgarantien. Var sidan paa Vippetangen og saa og det andre store emigrantskipet "Manchester", "slaveskipet" som var jamstort med Oscar II. 500 skulle med til Kanada. Stappande fult av folk. Men der var ingen graat der - til sjaa daa.

Page 56: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

56. Det kunde dei vel og ha grunn. Betre aa vera litegrand slave end aa svelta ihel. Der fer krafti vaar - mens me strævar med nye lønsregulativ for statens tenestemenn - dei er ikkje med i slavefylgjet. Gjekk heime og grunda paa denne bautan(sic) som eg gaar til med mat. Der vonar eg, eg skal kunne(sic) gjera litt. Det var sant: etter at eg hadde tala med Sindre kom eg i snakk med Aarnes um ministerspursmaalet. Han trudde som eg at me sku venta helst til hausten og faa Blehr i Stenns stad. Nemnde særleg at han korkje vilde hava Arctander helder Berner. Helder daa Løvland attaat Blehr. Det stemde akkurat. Mandag 7de april +2'R. Kl 10 form. "Elida" som hev leget paa hamnen nokre dagar strauk. Tingmøte - jarnvegarne (etterbev). Løvland greidde seg paa sin "fiffige" maate. Det er syrgjeleg men sant dette, at "styrelsen er egenraadig", og statsraaden velte ansvaret paa dem. Er det ingen mann i huset? Blehr og Aarstad var tilstades. Blehr var tilsides han vilde snakka med meg um Tromsø hamn; men gud veit um det ikkje var anna han mest stunde etter. For leid ut spurde han um stemninga i tinget umk. ministerskifte. Eg sa at det var delte meiningar, sume vilde at Steen skulde gaa straks, andre at tidi ikkje var komi - men at det paa haustparten var betre. Men kven som var flest viste eg inkje. Trædal

Page 57: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

57. kom daa til, og daa Blehr rettnok tok det so, at eg haurde til dei siste, so spurde han Trædal um ogso han var av same meining. Han svara ikkje noko vist. So det kom vel ikkje nett an paa kven som var flest, men fortalde han hadde sett ei liste paa Kastberg og "Habakuk" (Gelmeyden(sic)) og Nissen var og nemnde ratt til løgje. Han kunde ikkje verta klok paa detta, og eg tyktest sjaa, at Blehr var ansam og vist helder tok det aalvorligt. "Aftenposten" hadde um kvelden eit "forlydande" at Steen skulde gaa av og peikte ut Blehr. Fekk brev fraa A.Refsdal m.fl. um gove til amtmann Olsen. Næss vilde ikkje so myket som leda paa vetlefingeren for han. Fint. Aarnes vilde geva 5 kr. - hadde ikke raad til meir let han. Eg tenkjer eg let detta heilt vera eg. Ved kveldsbordet fortalde Bjørnaalid og Sveinson "kongesogor" - um kongssøner her i landet. Havig som son til Oscar I, Nilsen (stortingsmann) likeeins og Hjort son til Karl Johan. Der skulde eldest vera fleire. Tyrsdag 8' april - Brev fraa Magnhild. Lagting - 15 minuttar. Helsad paa statsraad Gunnar Knudsen. Ministerskifte paa tale. Ja sa han det var tinget som var aarsak i at Steen vilde gaa. "Ikkje anna enn deil av vingstre" sa eg. Eg trudde ellest det burde voret standande til hausten. "Det var det det skulde", sa han, "det var liksom milepælen det". Odelsting. Saman med Larsen og Hoff hjaa Bjørnaali. Onsdag 9' april. Kjende det var turvande aa

Page 58: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

58. hava vinterfrakken paa endaa. Denne vaarlufti er ikkje truande for væl. Krunprinsen kom, so no fær dette tome slottet inbuarar for ei stund. Det er no og nokot til stell! Tok ein tur til St.Hanshaugen for aa sjaa til bjørnorne den norske og den svenske. Fullt vinterleg der, audt for folk gottso og snjo og is. Men bjørnorne var kvikke, især binna. Ho dansa so det var ei lyst og klauv. Det er kalt enno. Fekk brev fraa Ragna og skreiv til henne og til Magnhild og til planteskulen paa Sandnes etter 200 lerk. I odelstinget held dei fram med jagtlovi. Heldes skriv eg ferdig instillingi um "nordkrosekspeditionen"(?) og studera "arbeidarbanken". Torsdag 10' april -0'R. Det er aa merkja at denne varmemæling alltid er omk. kl 10 form og korkje tyder den største kulde eld varme. Soli skin og stundom paa gradestokken no. Odelsting. Komite ettermiddag. Westergaard lagde inn til meg sitt kort og eg helsad paa honom. Det var alt no bruk ein halv million paa havfiskerifondet. Um kvelden hjaa Sindre ilag med Larsen og Hoff. Fredag 11' april Kalt so det sveid. Storting. Heile formiddagen gjekk umtrent med,- daarekisterne serleg Gausdal. -Ettermiddag var det komedie um Lødrèn(?) og hans arbeid. At han fekk 800 kr. kan han takke Gelmeydens uvise framferd for. Slike angrep virkar i motsett retning. Ingen av oss i N.B. lagde oss upp i ordskifte. Det var ikkje heil hug nettop - -

Page 59: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

59. Laurdag 12' april. +3'R. Stortingsmøte til middag. Kl.5 fællesmøte i komiteorne (Sjå den dagboki). Fekk brev fraa Ragna med inlagt brev fraa Jensen. Trefte Liljedal paa gata og spurde kvat nytt hjaa prinsen. Var han so uppsett paa aa faa greida paa krisen no so snart? Aa nei, det var vel ikkje so radt strengt med det han hadde likso noko aa ottast paa i Sverik. Sundag den 13'april + 4'R. I biblioteket og tok noteringar av Gotha(?)-kalenderen um ymse lands krigsfloter - dette er no dagens tekst. Ellest heime. Mandag 14' april. Stortinget for og ettermiddag. Undervatnbaaten heile dagen til kl 8 ½ um det same, men daa fekk det eit uventa utfall. Eg hadde tenkt aa tekje ordet, men vart den nest siste, og neppe hadde eg gjort det daa held, hadde ikkje Trædal fyrr meg havt ordet og uttalad seg kraftig og gott for bevilling. Dette var ikkje mi meining. Stillinga var den der forelaag 4 forslag. 1 Den kgl prop. um 600 000 kr. til 2 torpedobaatar og 1 undervatnsbaat. 2 Den endra komiteinstilling um 500000 til torpedobaatar og ein undervatnsbaat (dette forslag av form. i kom. etter uppfordring av Trædal og nokot som Stang subsidiært aksepterad, 3a og b Brattlies forslag om 500 000 til 2 ½ torpedobaat og 4 mitt forslag um 400000 til tvo torpedobaatar. Nr 1 fall med stort fleirtal " 2 fall med noko og seksti st " 3 forkastat. (Det var det aa merkja, at mitt og Bratlies a var det same mens at b. var sist og serskilt stemt over. Soleids fekk eg min

Page 60: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

60. vilje der og vonar dermed aa faatt Hortens verk innpaa ei bana, som etter mi meining meir kunde høva med landets emne. Det var faa som hadde venta dette, men mange kom og takka meg upp i handi. Dei trudde kanskjeg det var eit knep av meg aa drya so lenge. Eg kan forsikra det var ikkje planlagt, det var det same slag, som det eg i finantsdebatten hadde sagt um denne sak forsovitt angjekk nybygingsbevilgningen i det heile. Fyrr møtet maatte 17 av lagtingsmedlemerne saman i veikomiterumet um "doktorparagrafen" som skulde fram i lagtinget dagen etter. 13 helt daa fast ved si stemmegivning fyrste gongen Enge, Vigeland, Tokle og Vold vilde gaa yver til Odeltingets avgjerdsle. Sume av desse fordi straffelovi ellest kunde koma i faare. Kjem Strengehagen og Sveinson med oss, so er det sovitt me greide oss, Braa hadde sagt at han ikkje vilde gjera "Braavending" denne gongen. Tyrsdag 15' Storting til kl 1½. Komite. Lagting: doktorparagrafen andre venda. Berre 10 helt fast "overenskomsten" og dermed slapp lovi gjenom. Kvam fekk høyra nærgaaande ord fyrst. Dei som gjekk yver var Foss, G.(?) Grimsø, Mathiesen og vist eit par til. Brandt kom til mellom dei 10. So etterpaa vingstremøte "ministersjefvalg". Møtte 65, ikkje Arctander og Berner sjølsagt. Liljedal forman. Han med eingong inbaud til skriftleg stemmegiving paa sjef i Kristiania og Stockholm. Han fortalde, at Berner hadde

Page 61: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

61. ynkst(sic) aa sjaa stemningi i laget. Kastberg sette fram forslag til uttalelse, der han fastheldt Steens lovnad om konsulatsaki og folkeforsikringi og meinte, at dette maatte avgjerast fyrst. So vart gjort. Men myket prat kom fyrst baade um det eine og det andre. Vist 15 hadde ordet. Borch tykte ikkje dette var rette maaten. Denne regenten prekte eit til da..(?) regjering maatte koma aa førespyrja seg um fleirtal. Meisinset av same meining. Kastbergs forslag var unødigt, svara mange, me hadde vaart program. Kastberg helt paa sitt, det var nedvotert med med 50 mot 15. Mellom dei fyrste eg. So vart det stemt over om der skulde stemmast paa personar. 14 for at der ikkje skulde stemmast. Skilbred m.fl. sa dei vilde ikkje stemma. So vart stemt berre paa regjeringssjef. Utfallet Blehr 27, Arctander 22, Berner 10 og Løvland 1. 60 stemmer ialt. Dette var daa eit peik sa Horst og H.Jakobsen. Det var ikkje rettleiding um kva fleirtalet var, sa Gelmeyden. Han meinte formannen burde visa lista, utan tillegg av noko art, og leit paa at formannen var lojal. Sjølsagt so sa Liljedal. (Ja tru det du!?) Sindre sa nokre ord um splitting, at sume i fyrstningi tok "utidig" iveg og um nytt møte. Protest um utidigheiti av formannen. Der var du litt forstrid Sunde! Det var ei skrøpeleg lista, men altfor sannferdig. Tre fingrar i veiret.

Page 62: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

62. Onsdag 16' april + 4'R. Komitemøte etterm. Statsminister Steen inleverte idag i statsraad søknad um avskil. Blehr paa sine vegne og dei andre statsraader stilla sine plassar til kongens raadigheit. Og Krunprinsen vende seg til Berner, um han vilde dana ministerium. Um han dertil er viljug er uvist. Kjem an paa um ikkje utfallet i vingstref. vil liggja i vegen. At prinsen vende seg til Berner som tingets fyrste mann var rimelegt naar ikkje det hadde voret, at Steen hadde utpekt Blehr. Er det eit forsøk paa aa skipla vaar politikk? Brandt fortalde idag, at Stang sku' ha sagt, at gjekk Berner inn so gjekk han ut. -Det vil neppe vingstre tola. Ja Berner stemde mot undervatnsbaaten, men det kunde no ikkje Stang leggja brætt paa. Men der er alt ikkje den beste samklang der. Avisorne snakkar um at Kvam og Wexelsen skal velje ut. Og jammen er der eit blad som meiner Gelmeyden. Berg.Tid. hev nemnt han fyrr. Dette kan ikkje vera alvorstale. Fekk brev fraa Olav. "Varden" læt vel for utfallet umkr. undervatnsbaaten. I Russland er innanriksministeren myrda. Spektaklet(sic) i Belgia tykkjest leggja seg litt idag. Men burarne voner "England no tri...(?) med sin store underbalanse paa budgettet og laan paa 34 mill pund st. Torsdag 17' april +4'R. Skreiv brev til Olav. Møte i komiteen. Berner hev sagt ifraa, at han ikkje hev bundet sig til ..(?) ministrar. I møte hjaa Steen hadde dei andre raaderne "intrengende" segjer Dagbaldet, raat til at Blehr maatte verta regjeringssjef. Snakk millom

Page 63: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

63. tingmenner. Er vist ein aalmenn meining miljo(sic) deim (vingstre), at Berner ikkje maa giva seg av med dette - etter utfallet i vingstref. Men Dagbladet hev ingen rett til skriva at dei som ikkje i vingstref. stemde paa Berner ikkje vilde kjenna seg skuldige til visa honom tillit som ministersjef. For han hev det same program som me. Langeland tykte idag me var komne upp i leid supa no, og det kunde me takka desse urolege unge for. No, eg var ikkje med desse her - men Langeland er no og noko langtøygen. Berner skal ha tala med Blehr, kor stend til veit me ikkje, venteleg vert det vel til det, at Blehr faar fram. Fredag 18' +4'R. Det gjekk ikkje for Berner som idag sa fraa seg uppdraget til prinsen. Denne so til Blehr som ikkje hev gjevet svar med det same um han vilde. Venteleg vil ikkje no Berner held gaa til Stokholm. Ein storbonde fraa Nannestad ringde idag til meg for aa prate, daa eg gjekk fraa tinget. Maatte fylgja hanut paa eit glas øl. Det var vist so, at han gjerne vilde hava den æra aa hava ein tingmann til selskap. Eg gav han kortet mitt. Laurdag 19' april +5'R. Lagting og Odelsting til kl 2. (og storting). I Lagtinget endringar i jagtlovi. Langt ordskifte um total freding av vildreinen. Vedt. (Aarnes forslag i odelst.) Eg tala og stemde for. I restaurationen kom eg i tale med statsraad Sunde. "Alt i orden med det nye ministeriet" spurde eg. Dei hadde nett daa hatt møte i

Page 64: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

64. statsraadsværelset. Ja umtrent" sa han, "dei var litt uvisse med ministrorne i Stokholm. Dei likte aa høyra stemningen hjaa tingmennerne um Ibsen. Eg meinte her var mange som duste paa det, han var neppe den beste sa eg. "Nei den beste" men kvar skulde me ta han? Berner vil slett ikkje. Og so hev no Ibsen sett seg so væl um i diplomatiet." Nei nei, sa eg, der er gjerne mogeleg, at der er ikkje anna raad". Sidan ser me at lista skal vera umtrent viss. Gaar elles ymse rygte um, at Kvam skal vilja ut. Tok ein tur paa St.Hans Haugen.Jamen er det kaldsleg umkring her solangt det lid. Rundt um snjoen kring aasorne og like ned i gaterne. Paa Eikeberget berre enderog(?) boti berr. Um kvelder her hjaa meg Aklestad og Larsen. Men venta paa Sunde, men best det var melde han i telefonen, at han ikkje kunde koma. Der stod me med whisten vaar. So dreiv me tidi med prat, politikk og skrøner - eg um Jens Rennord, Aklestad um ein tylen gut i Aalesund. Aklestad fortalde, at Steen um dagen hadde spurt honom um den nye ministersjefen. Han hadde ratt til taka Blehr og Berner i Stokholm. Ellest fortalde Aklestad kor Sindre hadde voret paa honom for Arctander og vorte sist paa so paagaaande, at A. hadde vorte kvass. Ja, Sindre er seig, sa eg naar han set seg noko i hovudet. Men - eg tykte Aklestad hin kvelden hjaa Sindre tilslut samstavad med

Page 65: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

65. honom. Daaplass var i tinget no ikveld helt Aklestad dette fram. Eg ser ikkje noko til dette, men tykte rett at A. tala visdom, som kom etterpaa. Men dette med Ibsen likar eg ikkje. Han som før 98 i V.G. sa at det var visvas dette med utanriksministeren - altso vaart program? Blehr veit dette. Er dette uppgiving? Sundag 20' april +8'R. Salut fraa festningi kl 1 for pring Eirik - fødselsdagen. Larsen og eg paa langtur til Voksenkollen. For all den snjo endaa - jamt ei al tenkjer eg, og i skogen vil han vara lenge. Nokso mange paa Holmenkollen. Vakker utsigt fraa Voksenkollen, for idag var det klaart. Korlangt vest saag ein maatru? Kanskjeg det var "Blefjell" vest um Numedal, altso omkr. 8 mil. Me stabbad i snjo og let lungorne blaasa - aa det gjorde gott - og me kjende kor veike me var vorte av dette stillelivet, dernede i kulturen. Byen saag me ellest lite av herifraa, for det meste av han laag i hallet fraa oss. Her bur no statsraad æld statsminister i Stokholm - skal verta Sigurd Ibsen. Aa ja, den mannen kan trengja utsigta. "Paa Norges fjeld der sidder en ørn" - torer me syngja det til deg Ibsen? Mandag 21' april. 8'R. Møte i avdelingerne avlyst til ettermiddag, daa statsraadorne var upptekne med "krisen". Fælleskomitemøte kl 11-2 - No er saki avgjord: Blehr- Kvam-ministeriet er dana. Kvam skal vera minister i Stokholm og Ibsen medlem av avdelingen er. Dette med Kvam

Page 66: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

66. kom daa litt uventa. Men stemningen som Sunde fiska etter hin dagen hadde vistnok gjoret utslaget. Blehr vaagad vel ikkje setja Ibsen so med ein gong paa denne plassen - og vel med rette. Ibsens fortid kunde giva rum for tvil. Og Kvam er ikkje endaa saa urimeleg der, det var ikkje godt no aa faa det ordna anderledes, det var gott til skyna. Og gamlen fekk idag ogso avskjed. Ære med honom! I lagtinget idag brukte præsidenten Horst den vendingi. Beslutningen bliver som vedtaget ogsaa af lagtinget at oversende paa grundlovsmæssig maade til han majestet kongen". Graarud: Kvifor ikkje "den kgl. norske regjering" som ellest? Er det noko nytt som skal inn? Horst: "nei naar kongen (krunprinsen) er i Norge brukast denne formen". So fekk Graarud ein lærdom meir. Um kvelden me alle 5 hjaa Næss til kvelds i Valdemar Tranes gate no 30. Kona skulde snart heim - og sjaa til arbeidsfolket. Ellest hadde han som fyrr dotter si og son sin der den siste med kjerasten sin. Talad um laust og fast og ingenting sers. Tyrsdag 22' april Stutt møte i lagtinget. Møte i odelstinget, der straffelovi vart ferdig og lærarpensumlovi utsett. Her fekta lærarne for si eiga sak - det vil segja folkets nayurlegvis, best dei kunde. Skreiv Oslo-brev til Søndfj. avis. Krunprinsen reiste idag kl. 6.24. Præsidentorne (und. Arctander, som var uppteken i odelstinget) møtte paa stationen til ...(?). Folk tok det med stor ro. Salut fraa festningi.

Page 67: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

67. Onsdag 23' +8'R. Stutt møte i komiteen etterm. og form. Const.møte med valgkomitteen, solenge det var instillat ettersynsmenner for bankafdelingarne - i lagtingssalen. Trefte idag ein kjenning heimanfraa son til Nils Størdal, han som ei tid var hjaa Stang og sidan hjaa Strømsnes Florøy. Vore her eit par maanor. - for aa sjaa um her var noko aa gjera for ferskfiskhandel fraa vestlandet. Han hadde ellest sett paa gardar. Saman um kvelden med Bjørnaali og Larsen hjaa denne. Bjørnson riv seg ut paa Steen i "Intelligentsen" og gjøler for bønderne - dei umyndige. Han fer ille med seg no den store mannen.- Torsdag 24' april 7'R.- "Oscar II" atter komen aa henta utvandrarar, 300 kr. Han skulde hava 400 tons kol her - kolarbeidarane gjorde streik - fordi det i Kjøbenhavn var streik - ein arbeidsformann derfraa kom eins ærind hit for det. Men so fekk dei folk utanfor fagforeiningarne dei var mange som baud seg fram - og so fekk dei koli inn. Men "Oscar II" laut lengja tidi - Ingen møter idag. Kastberg hev eit syndigt strev med gamlingarne for aa faa dei til møta um jordbruksbanken. Han er "seig" Langeland sa han. "Og viljen er vel heller ikkje den beste", meinte eg. Fleire yngre talar no um den "store sak". "Lovisa" hev no ei tid ført paa folk til og fraa Bygdø. Det fer so smått til grønkast no i bakarne(sic) - men livlaust er det ellest enno rundt ikring - men folk leitar og ser etter det sprettande liv. Ut! ut ei stund - og fjorden ligg der so smilande i soli.

Page 68: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

68. Fredag 25' (bededag) +7'R. Ein tur paa St.Hans-Haugen. Mange folk idag - ein braate med born - tenk bjørnen! Nordanvind og nokso kalt um kvelden. Fekk høyra idag etter kontorsjefen, at me venteleg vert ferdige til pintse eller iallfall vika etter. Døvle hadde det travelt med ufysne sogar um lækmanspreikarar. Me maatte ta "forbehold". Sveinson er altid ute aa pretter honom og so er D. paa honom att. Aviserne høgre hev voret urimeleg grove mot den nye regjeringi - no sankar dei ihop kva sume vingstreblad av "namn" hev sagt. Men sanninga er at det var dei reint paatverke - no tykte dei, at her skulde voret som ei von - og det glapp. Laurdag 26' april +8'R. Stortingsmøte. Hallo! Kva stend paa? Der møtte den heile nye regjeringa unt. G.Knudsen ogso Ibsen. A(sic), ja eg tenkte, dei vilde no helsa paa stortinget i fyrste møte. Men Blehr fekk fyrst ordet, og lagde fram sitt program. Sjaa der kom det eg fyrr hadde tenkt. Eit tillidsvotum(sic) kunde nok vera paa sin plass. Wexelsen sa til meg: "det hev vore formykje til sputting paa oss so me maa ha litt greide". Regjeringsprotokollen og meldingi ...(?) Blehr vart utlagt til seinare. Liljedal og Foss nemnde um tillidsforslag(sic). Blehr var ikkje belaga paa det skriftlege. Han lagde fram meldingi si i kladd. Litt rart tykte eg. Og "Aftenposten" gnikkar seg i nevane: kanskjeg me lell skal faa krise? - Aa nei ver

Page 69: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

69. du roleg kar - pass paa um dei fær alle høgre med paa "mistillit". Berner var korrekt og formel, Arctander tvilte ikkje paa, at regjeringi hadde "tillid", tykte det var unødvendigt - Men Blehr gjorde rett i dette - for her var ein litt lurvut situasjon. Og til ein vidare løysing av unionssaki turvtest det no greitt svar av vingstre. Fekk brev fraa Ragna, som eg svarad paa med same. Altso Olav i lungesykja hev forteke seg - og tenestegjenta vekk - det er synd til vera tingmann paa denne maaten. Men eit aar til - so er eg vel helst atter heime - og skal eg hitatt, so lyt ein annan ordning til - det er greitt. Sundag 27' april. - +7'R. I biblioteket idag kom Stousland og spurde: "Nei kor skal me koma ut av dette uføre, me lyt vel vera med paa tillitsadressa?" -"Jovist maa me det" sa eg kva dug(?) annat til, me maa hengja paa aa ikkje setja unionssaki i miskredit - dei ...(?) tillit(?) no med vaart program der - det finst ikkje meining i." Han var arg for denne consepten hans Blehr og eg maatte medgjeva, og eg maatte medgjeva, at det ikkje var myket snillt gjordt. Gjekk ilag med Five, som var vond. Kvi kalla dei ikkje vingstre ihop forut? Det var no desse 5, 6 Liljedals-mann, som han for etter. Johannesen nemnde um Kvam, at han vel var den mest dugande ein kunde finna paa den posten. Han Kvam for upp ikkje som ein sinna mann men som ei sinna kjæring.

Page 70: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

70. Det skulde vera noko aa by svenskane det! nemnde han. Liljedahl medgav, at det var uheldigt med consepten - men Berner var no og altfor formel der. Sat idag lenge paa taket, og kom i livlegt ordskifte med ein ung forretningsmann um vor politeikk. Han trudde nok mest paa socialismen, og paa fredstankorne hjaa det veksande vingstre i Sverik - befæstningarne var dummestreker. Og eg protestera - men ellest var me einige i mangt, særleg um jordbruksbanken. Kalt um kvelden endaa, so eg var aat og fraus paa nevorne. Mandag 28' +6'R. Brev fraa Ragna att. Eg fælte. Nei, det var daa litt betre med Olav - men doktoren hadde voret rædd. Giv at næste brev ikkje kom for braatt! Komite. Um kvelden møte i vingstrelaget. Tillitsadressa skulle formast. Det saag ut til vingstre hadde møtt manjamn upp. Liljedal formann. Ministeriet var og nær ved - men vart varskudd at me for det fyrste vilde vera aaleina. Blehr kom nettupp inn, men gjekk. Fyrst ordskifte um, kvat tid ministeriet skulde kallast inn. Berner foreslog fyrst, at laget skulde prøva aa vedtaka ein "foreløbig" uttalelse; so kalla raadet inn og so endeleg vedtaka adressa. Horst vilde fyrst høyra raadet og sidan kunde helder laget ta avgjerdsle. Sume studde Berner soleids Arctander. Andre studde Horst sosom Kastberg og Trædal. Prata ei stund um detta, so tok Horst sitt forslag tilbake. So um adressa eld rettare - det ordet var ikkje brukt - uttalelsen. Arctander las upp

Page 71: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

71. eit forslag - men han hadde konfererat med Berner, og var einig med han um hans utkast, som daa Berner lagde fram. Det let so "Idet stortinget udtaler sin beredvillighed til lojalt samarbeid med ministeriet af 21' april til fremme af de i regjeringschefens erklæring til stortinget den 26' nævnte sage besluttes: ( - - - vedlægges protokollen".(sic) Horst hadde vondt for aa stemme for dette fyr ministeriet var haurt. Dertil var svara, at dette jou var foreløbigt. Trædal vilde helst hava inskotet noko um "tilfredshed" i fyrste linjer. Flere uttalad seg mot dette: Aklestad, Gelmeyden, Berner, Haug. Mange uttalad tilslutning til Berners forslag: Vik, Mo, Aklestad, Gelmeyden, Arctander, Meisingsæt, Liljedal (noko seint) Haug, Arctander helt fram, at her ikkje skulde uttalast noko personlegt tillitsvotum - det kravde stillingi ikkje. Gelmeyden slog det fast for sitt vedk., at det ikkje var det. Mo derimot sa: det var tillitsvotum Arctander sa daa; kvar fekk stemma paa sine præmisser - forslaget var elastisk og det maatte det vera skulde me faa samstemmigheit (Laatt). Trædal svara til Berner og Aklestad og hevda sin tanke - mange hadde daa bod um ordet - Aklestad krov votering. So let Trædal vidare tale vera. Forslaget vart sett under avstemning og einst. vedteket. Der gjekk daa bod etter ministeriet, som var i statsraadrummet med Liljedal. Dei kom - ja vistnok ikkje alle var der, men Blehr, Sunde, Konow, Ibsen, Aastad, Stang la eg merke til, og Liljedal spurde daa

Page 72: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

72. um regjeringi dertil hadde noko aa uttala. Blehr: Uttalelsen var i full samklang med deira standpunkt, noko som han tykte det var greiast no ved skifte aa ha klart, og tok dette som eit tillitsvotum. Berner: det var korkje meir eld mindre det det sa. Arctander: det uttalad ikkje mistillit men lojalt samarbeide. Blehr duste litt paa dette og tok upp atter, at han tok det som tillitsvotum. Liljedahl: daa no ingen vidare hev kravt ordet, er forlaget(sic) aa betragta som endeleg vedteket. Det vart framhelde og avgjordt, at det sku(sic) gaaast fram soleids: At Berner som præsident skulde utan forklaring eld inleidig(sic) setja forslaget fram i tinget - ingen av vingstre skulde nemna noko - men hvis høgre sa noko som krov svar, skulde Berner berre svara da(sic) som høvde fraa præsidentstolen som repræsentant og forslagsstillar. Han sa at han skulde setja forslaget fram paa sine og partifællers reikning. -Og dette var det einaste me no kunde naa - solangt er det altso kome, at me ikkje kan verta einige um aa uttala ordet "tillit". Sakleg sett er det fullgod tillidsadressa(sic). Og daa det (sic) Sverdrupsdagane var gjort mistillitsadressa var heller ikkje ordet "mistillit" brukt. -Tilslut var det aatvarad mot aa vasa til aviserne. Vik trudde aa ha faat greide paa korleids aviserne hadde faat sine merkjelege meldingar fraa siste møte. Restaurationorne(?) var innlagra(?) med spæjarar. Dette vart sagt i møtet. -Men Andersen Grimsø fortalde noko

Page 73: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

73. fyrr idag um korleids Aftenposten dreiv det. Det sikta paa vas av tingmennerne sovitt eg kunde forstaa. Der skulde vera ein som i telefonen under fingerat namn "Kato" melde forhandlingerne til aviskontoret under det namn, som berre redaktøren hadde greide paa. Ingen annan viste kven denne "Kato" var. Skreiv til Hirsch etter 100 stiklingar av bandpil. Ein ting til fraa forhandlingerne: Kastberg spurde Blehr um konsulatsaki - som skulde vera ferdig til hausten og folketrygdingi: Blehr sa det var meiningi, at naar forhandlingorne var igang og det saag ut til løysnad i fred, so kunde han ikkje so plent segja kvat tid det kunde koma til tinget - stod sakerne so sa(sic) var det vel heller ikkje tingets meining den til retta seg for strengt etter datoen. Han vilde sjølvsagt sleppa aa slaa paa sabelen, naar det kunde vera von til løysing ellest, men var det ikkje von til det, so skulde tinget faa greide og daa fekk dei taka avgjerdsla. Propositionen um folketrygdingi vilde han ikkje lova til komande ting, men ...(?) utkast. -Kastberg tykte dette var uklaart. - - 29' april tyrsdag +5' R. - Komite - Fekk idag telegram fraa Dahl at Olav var "tilfredsstillande" - Takk. I avisorne var "hendingarne" komet naturlegvis. Det fyrste eg haurde idag av forbigaaande paa gata var, at vingstre hadde funne ei form for adressa um lojalt samarbeid! Makelaust. "Intelligensen" from. "Morgenbladet" prøver aa fiska.

Page 74: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

74. Onsdag 30' april +6' R. og regn. Idag altso 45 aar. Det er no ikkje mi forteneste - det kjem av seg sjølv og difyrr hev eg helder ikkje nemnt det med nokon. Men kona og 11 livande born hev eg, og bestefader er eg, det er rigtignok sant - - Og idag hadde me politisk ...dag(?) i stortinget: Kvar einaste vingstremann i tinget stemde for tillitsadressa ikkje ein var burte. Hagerup var rimeleg og korrekt, men ikkje heldig - Blehr var honom for tung - men Hagerup er ein bra mann, Solberg var arg og Brandt spydig og Vinje moderat og syntest vilja minna um, at hans parti endaa var til - var det meir skal tru det betydde, um at han vilde halda paa traditionen? -Var det ei sterkare luting til vingstre - det gamle gode vingstre som han tala um - det nationale og det demokratiske? Eg saag Solberg saag stivt paa honom, daa han tala. Men det heile gjekk rett fint for vingstre, og eg tykte rett det var mun i dette - no framfyrr eit snart ventande uppgjer med svensken um konsulatsaki - Det var det som for meg vog her. -Fyrr denne saki hadde me den syrgjelege Bodøygreida, "Daarekista". Teikningarne av "kompleksset"(sic) var uppsleget paa veggen (eit akvarellstykkje). Best det er kjem Broch og skal sjaa: "Er det regjeringsbygningen?" Der vart ei knesing og laatt, som snart for heile salen yver som eld i turt gras - vittigheita var djerv. Ministrorne var forresten ikkje komne i salen daa og tinget ikkje sett. -Skreiv brev til Dahl og daterad 29' - - -

Page 75: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

75. Torsdag 1' mai +4'R. Kalt og raatt so eg idag maatte faa i omnen. Demonstrationstoget stort - spilad socialmarsen daa dei kom forbi stortinget - Egede-Nissen talar paa Tulinløkken. Komitemøte til kl 11. Sidan og i Riksarkivet og las gamle brevsko(?)p - skattemantalet 1692 - og skreiv av. -Leilendingar i Holmedal næsten altihop. Bakke, Engebø, Kleppenes og Boge mag Otto Krøders eigendom. Bakke fyrst paa lista. Det og Rivedal var største eigendomarne i skyld daa 3 laup og 1 pund smør. Hev no snart greide paa eigarne av Bakke i omkr. 600 aar. Sagnkjende(?) namn mellom desse eigarar som Henrik Krummedik, Biele og Gjøe(?). Fyrst ikring 1800 sjølveigarar med Ole P.Stafsnes, mi bestemoders far. Det stilna no i aviserne um riksraadsskifte. No kjem landsaviserne med sitt ord, og der er det oftast vællæte yver det som gjordt er. Fredag 2' mai +5'R. Var i riksarkivet(sic) idag og. Fekk brev fraa svigerfader. Det er illa med gardsstellet der. Lasse Brekke reist til America. -Ja der fer vaar kraft. Og me heldt slaai i for jorddyrkningi. Og tenkte paa værnepligtsskatt! So væl var for no det i hundarne. Ikveld var H.Ross og fræga etter ord. Eg kom til tænkja paa "samtalelaget" vaart. Hev ikkje været møte sidan ihaust. Det vart enden altsaa paa denne herlegheita. Kva meina du med dette Enge? Rart kor han kom ifraa meg iaar. Ifjor hadde me støtt so myket aa snakka um. - Og Aarnes som medlem av styret hev helder ikkje gjort noko for laget. Pussigt!

Page 76: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

76. Laurdag 3'mai +6'R.- Odelsting - me frie - Sognetobakken kom altso ikkje for idag - best var det han aldri kom. Her reiser mange nok ut, um me ikkje jagar dei ut. Leset ordskifte i odelstinget um den militære straffelov - tirsdag skal lagtinget taka fat i henne. Helste paa Haarklau idag han kom og vilde finna meg og snakka um konsertar i kyrkjorne heime. Tenkte han var ein eldre mann, og eg saag og kjende snart, at han haurde til rasen. Frisinna var han. Sundag 4' mai - Ingenting aa melda - kulsasamt. Skreiv brev til svigerfar og Petra. Mandag 5'mai + 5'R Komite - ogsaa i fælleskomiteen. Der gjekk det litt livleg til ibalndt. Fyrst einst. mot, at instillingi skulde lyda paa, at saki ikkje vart teki under behandling iaar. Men skulde der arbeidast, i den tid som att var? Og i tilfelde skulde det vera utvalet eld den heile komite? Me som vilde ha fart i saki vilde, at utvalet no skulde arbeida for aa koma til noko positivt. Ja me skulde uttala oss. Og me uttalad oss og eg sa iblandt anna at eg vilde stemma for det, at utvalet skulde arbeida, naar der var raad. Vinje: Det er stridt av Bakke dette aa vilja paaleggja oss aa arbeida han er ikkje med i utvalet. Eg: Det laag ikkje i mine ord noko paalegg men det galt ger ein uttalelse, det var den me var komen for aa gjera, som utvalet kunde hava godt av aa faa. Dette var sterkt, men eg unte Vinje denne

Page 77: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

77. pillaren for sitt numer. Fleire sa det same som eg og Toresen sette fram forslag i den retning og det vart vedteket med 8 mot 7 st. Av dei fyrste var: Av utvalet: Kastberg og Hansen av oss andre: Braa, Svendsen, Hermansen, Toresen, Blydt og eg. Dei sjau: Langeland, Vinje, Solberg, Andersen,-Grimsøy, av utvalet og Stousland. Brandt og Klykken-Olsen var ikkje til stades. Kastberg gav Vinje og Vinje Kastberg hogg. Langeland trutna (?, vart taus?) fordi K. gjekk so paa, men eg tykte han brukte kleine grunnar. Mitt fyrste intrykk av Vinje stadfeste seg, han er av kaninætt - merkjer det i fleire stykkje. Hadde brev fraa Ragna og skreiv tilbake.Altso sjukehus heime. Ingolv og tilsengs. Ser ikkje rart ut. Me maa høyra paa gategutarne kor dei syng "burarsongen". Det er aat og skal verta ein nationalsong her ogso. Det "ægte" tek. Tyrsdag 6' mai +6'R- Lagting - militære straffelover og odelsting - Sognetobakken - Um kvelden frelsesarmesamling utfor ved Tordenskjoldstytta. Talaren heldt ut lenge - paa slutten haas. Song og musik innimillom. Ikkje sers mange samla - Onsdag 7'mai - +8'R - Inkje møte i tingetb -Møte i "utvalet". Vinje kom i biblioteket og sa eg maatte møte for honom som suppleant. "Nei," sa eg "det vilde no vera altfor paatrengjande eg maa vera litt tilbakehalden no etter slek skule dei gav meg sist". Sende idag pilestiklingar heim. -Og tingad hjaa Gabrielsen 9 stykkje portræt av foreldrane mine. I kveld skulde det

Page 78: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

78. altso vera fest for Steen. Eg tykte ikkje eg hadde raad til dette og var heime men sende Steen mit kort med sovori helsing: "Til statsminister Steen! Helsing med takk og høgvyrdnad.DOBakke." Daa eg saag til var Larsen og Bjørnaali og Hoff og heime, for me kom saman hjaa Bjørnaali um eit slag kort. Hoff sa, at so lang vinter hadde det voret elder so lite kom seg her - sidan han kom paa tinget. Hadde ein tur paa torget. Der handlade dei myket med nysprotne bjørkekvistar det stod grønt heile torget. Slikt er søkt vare no - til stas paa matbordet. - Torsdag 8'mai +8'R. Nordanvind frisk - som elles er det stødige no. Frysihelveir. -Var ein tur paa Egeberget aaleine. Sidan heime. Bjørnaali fekk kona paa vitjing idag og so ei onnor frue - trur eg det var han sa. Bjørnaali er svært so vanskeleg aa skyna - tala so inni seg, naar han talar si dialekt. Samla og klistra inn avisutklipp- Hev no i fleire dagar havt liksom en saa knute under vingstre armen noko ned. Samtidig kom litt utslett yver livet tett attmed. Ikkje vidare vondt gjere ikkje ilt korkje naar eg andar elder naar magen gaar. Tykkjet huigsa at eg hev havt noko slikt fyrr. Det var kanskjeg godt aa vita kva det var - men so finn vel doktaren paa ei historie - somyket han kan faa henta pengar - det kan gaa liksom hjaa urmakaren, som "reparerar" klokka - der laag berre eit haar paa eit hjul. Det er vel ikkje anna enn eit slikt lite haar dette held.

Page 79: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

79. Fredag 9' mai +8'R. Stortingsmøte til kl 1. Ettermiddagen fri. Hev ymse fritt no - det er berre sume komiteear som hev noko aa gjera. Er framdeles noko saar under armen. Idag havt rett som det er nokre sting i sida. Utslettet tørka inn. Var det ein liten svull invendes maatru? Laurdag 10'mai +8'R. Stødigt veir. Nordanvinden held paa og fælande kalt um næterne. Dei sa at det var -5'. Møte i Lagtinget.Der var ikkje mælt eit einaste ord av representanterna til heile 4 lovvedtak. (Larsen fortalde meg igaar, at dei hadde tenkt paa honom som formann i kommersen for salg av jord i Finmarki. Men han budde utanfor Finmarki, og han vilde ikkje flytta dit for den skuld. Eg hadde ikkje haurt um det). So var eg stad saag paa kornelevatoren i arbeid. Stort dampskip, "Dunholmen" skulde lossast. Det var greidar. Sovitt eg kunde merkja lossa dei 12 sekker i minutten. Kornet kom altsaa i ein straum like or rumet og i sekker paa bryggja, der det var 4 tømmingsmunnar med ei vogn for kvar. Ei mengd med kjøyrarar. Det heile saag paa lag so ut: [Bakke har her laga ei lita skisse i notisboka]. Det heile drevet med elektrisitet. Heile elevatoren att og fram paa hjul.

Page 80: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

80. Odelstingsmøte um kvelden til kl 9½. Stort ordskifte um fondi. Arctander hadde glansnummer mot Wexelsen, men tapte med glans. Vinje paa præsidentstolen (Liest var ikkje tilstades og præsidenten Arctander var talar ja) V. greidde seg kleint der. Prof. Hagerup laut minne han um at foreslaa vedtaket oversendt lagtinget. Han hugste paa ein ting: aa føra seg som præsident, men det var tydeleg, at det var forlitet.Men so leid det no og langt paa kveld og folk vart slappe. -Sidan hjaa Berge til kvelds: Langeland, Vinje, Tveiten, Svendsbøe og eg. Berge var pratsam og no ved god helsa att. Prat um "glasi" til kl 3½ um morgonen og det var full dag. Personleg kritikk - serleg yver tingmann Sindre fekk sitt av Langeland m fl. fordi han hadde agiterad. Var for ung til læra gamle - det var fortalt kva Arctander hadde sagt til honom. Arbeidarrepresentanterne var mange av dei, undermaalsmenn: H.Jakobsen, P.Hansen, Ødegaard t.d. Eg lagde meg ikkje i dette. Dei skaalad for "Holmesund" - Vinje viste aa fortelja, at Klykken var den, som hjelpte Tromsø havn. Jaso du? -Kvat skulde den skrøna vera for? Er du sleip elder falske eld underfundig. Kastberg fekk som altid sist og eg var faren i sosiallistarne sa Vinje. Eg sa honom daa det at eg spurde ikkje etter kvar saki kom ifraa men um ho var god. Og eg sa at der ogso kunne vera noko aa agta paa - me bør vita kva me tek og kva me let liggja. Dette sa eg sovitt fast til honom, at han gjorde augo. -Berge vide halda paakommunegaranti, ellest vilde han

Page 81: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

81. ikkje giva Langeland og Vinje større medhald - saag det ut til. "Dei held no vel ikkje med Bakke", sa V. og L. -Det saag nærmast ut til det paa det han uttalad som svar til dei. Sundag 11 - Ingenting aa meddela. Mandag 12 +9'R.- Brev fra Olav, som eg med det sama svara paa. I stortinget bankvali. Eg stemde paa Hertzberg istadenfor Omholdt, som instilla. Der hadde voret søl i Dagbladet daa han var styrar og. Hadde iallefall sett seg inn i landsforhold betre. Vart ikkje ferdige med desse valg idag. - Tyrsdag 13 +6' kaldt og hustre regn. Tøyensaki i tinget. etter at vali var slutt og Aarnes var vald til 1. varamann for repr i N.Bank nokot som Larsen (Tromsø) og vel mange var arge for. Ja To..(?)fondet! Der maatte atter Arctander ut med glansnummer. Kor han vasa! Men storarta som vanleg. Men neimen um dette slags foredrag kan muna Gelmeyden og Aug.Hansen fær nok aa svara paa imorgon, og dei hev stoff. No er det atter til snurra seg inn i byggjegalskapen. Når skal me verta vise. Sindre er for instillingi. Trædal, Næs og eg imot. Aarnes veit eg ikkje vist um. Onsdag 14' mai +4'R -- Eg frys verre enn eg har gjort i heile vinter. Det er mest ei skam aa faa i omnen. Veiret er og raatt. Saki igaar fekk det utfall i Tinget idag, at Hansens forslag berre fekk 15 st. Millom dei ein 4 fraa

Page 82: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

82. N.B. Sindre med hine. Men næste aar faar me vel sjaa kva verd dei hev desse forsikringar. Ved middagsbordet vilde Bjørnaali erta med desse "15". Kunde gjerne ha vore 65, sa eg. "No 1" fekk me straks, daa Wexelsen vilde hava burt ordet "intil" fyr kr.20000. Han bad altso um lov til begaa overskridelsar - og dette var den "strenge" formann i budgetkomiteen straks med paa. Jau der er samanheng der. Den som kan handla so etter vinden lite eg ikkje paa so altformyket. Vidare Hypotekbanken, der Aarnes, eg og Trædal hadde ordet. Torsdag 15 +8'R. Formiddag fri. Fekk brev fraa Petra og Anna Larsen. Gjekk straks upp i Norges bank og fekk hjaa Kamstrup(?) papiret til Anna Larsen - so no skal no den sorgi vera sløkt. Stakkars henne: ho trudde vist det var for mi skuld at eg hadde faatt det og sendt det til banken - enno forstend ho vist ikkje, at det var gjort for aa ordna hennar eigne papir. C.Kamstrup er det same gode lynne som broren og systri, som han sa det var smaatt med. Ho liver altso. Eg hev synd paa meg fordi eg ikkje hev vore innum i Bergen og helst paa henne sidan eg vart tingmann. Ho sa eingong for mange aar sidan, at ho vilde liva so lenge ho saag mig som tingmann. Lagtinget um kvelden der eg tala N.B. si sak um fondslaani. Gjekk fraa tinget for tidleg - maatte møta Glomnes, som hadde samlagsrekneskapen med til raadføring. Det saag meg nokso framandt ut.

Page 83: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

83. Fredag 16*mai +8'R.- Tingmøte til seint paa kveld kl 9½. Det meste galdt havfiskefondet og huslaansfondet. Begge fond fekk etter instilling med stort overtal. Dette viste seg snart i ordskiftet, og eg fraafall ordet - som eg vel ikkje sku ha gjort etter, at Aas hadde hatt ordet. Eg var litt sløv, og langt leid det og præsidenten hadde gjort forestillinga um aa fatta seg kort. Lell trega eg paa det. Men min tanke var, at det beste svar til Aas var aa tegja - ikkje aa vyrja det. Men so kom Larsen Ullenrød bakette med det same. Dei fekk svar av Langeland. Det hadde no ikkje noko aa bety for saki. - den hadde eg i komiteen teke upp fraa fyrst av, so eg saklegt sett kan vera glad. Mogeleg var det sume som forundra seg paa dette, og det kunde voret det same so umælen plaa eg no ikkje vera held. Laurdag 17'mai + 4'R. Sur iog kald - Slik 17' mai hadde det ikkje vore paa lenge - Men dei gjorde so godt utav han so det var raad. Kl.10½ kom det forvitnelege barnetoget forbi "Tordenskjold" - som ingenting var. Aa for liv. Toget var langt varde over ½ time. Musik og sang og huraskrik, kvite(?) og med dei tusene reine norske smaaflag. "Det er so vænt at det kan meg grøta, fordi um eg er vaksen kar" sa eg med Vinje. Og konfetti! - Upp i Karl Johan var det i ei driva. Og rett so det var fekk ein papirdusk um øyra. Det var moro. Gamle og unge og mang ei gjenta vart stroki um kinnen med dusken idag. Idag hadde dei lov - og ingen vart tykne for det. So sang studentorne fedralandssongar

Page 84: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

84. ved universitetet. So var det ein i flokken som skreik ei liti tale. Tett ved stod ein arming, som nok hadde litt i toppen, han sa daa: "Dette var nok ein svenske". Ved Wergelandsstatua samla hopen seg. Det var var "russorne" som kom med fana si "I det glade hjørne". Og der var staak. Musikken var berre eit eintonande støyt i eit horn. Og inskrifterne og vaapni var ikkje so fjelge. Paa eit "vaapen" stod avmaala eit halvnaki kvinfolk uppyver ei rad flasker. Dette var gaman og dei skreik halvville. Ein paa foten av støtta talad - det vil segja skreik ut ein og annan setning og fekta med reghatten og nevane. Eg stod 3 meter fraa og kunde ikkje høyra meir enn dette: "Me vil njota dagen, maa ikkje gløyma dagens betydning". For kvar setning støy og ville skrik. Men ruskaveiret helt ved og regnhattorne maatte brukast. Eit hende no til sjaa unionsflagd. Daa var det no paa slottet. Kor lenge skal den norske kongen finna det høvelegt aa svara oss med dette ulagelege flaget? Eg trur det reine flaget her i byen vert aalment elska no. Eg høyrer det tit av høgremenn: "Jau vænt er det". Fekk brev heimanfraa, og svarad med det same. So imorgon til svenskegrensa. Aarnes reiste til Kongsvinger idag.

Page 85: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

85. Pintsedag 18'mai. Surt veir. Var avtala ein tur til Fredfriksten millom meg og Næss. Han kom ikkje og det bar avstad med meg aaleina kl.7.25 - til Fredrikstad, der stogg til yve kl 2. So til Fredrikshald. Paa turen fraa Fredrikstad til Sarpsborg skreiv eg ned etterkvart intrykk soleis: Teglverk - Materiallagri - Glomma - Hus av plankestubbar. Staplar av stav? Ja, liksom by heile elvi uppyver - troppi til loftet ute - mottingi like under takvatnet (delvis) - vassjuk jord frammed banen - vinterrugen 3 tumar - alle dei piper! i Greaker - gatestein - fillet unionsflagg, mange nye "reine".Forbi Sandesund st. - stort timber - rynjutt mark (aaker) Sarpsborg - vik av Glomma. Kvar er fossen? Jau, der kom han - sagte - Aa! - Skjeberg - myrlendt - nakne berg skin gjennom skogen i utkantorne - haustpløygt land. Orhøner uppskræmde - bergskjeringar - ei kyrkje - gamalt stabur. Berg st. Aasorne høgre - bondegutarne klædde som heima ein helgadag - vestennorsk landskap ratt - er det Idefjorden? jau. - tunel - ny tunel - endaa ein - jau fjorden er det, skip - dette likna umkring Stafang - Fredrikshald, trelast. Aldri hadde eg tenkt at her var so høgfjeldet elder høgknaussett. Der uppyver laag Fredrikssten rett imot høg og storfeldt. Lagde straks i veg derupp. Gjekk igjennom festningen og allestader, ogsaa paa den nye festningen som var under arbeid. Der stod som "Adgang for uvedkomande forbydes" - men dei hadde berre sett ei grind fyre og ein saag alt. Der var andre enn eg, og ingen vaktmann. Enn um me var svenskar elder

Page 86: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

86 sayfilorar(?)? - underlegt dette. Eg tykte rett den nye festningen laag gott til mot dalen sunnanfor - aatakslinja. So saag eg paa dessa minnerike stader. Der hadde svenskorne reist Karl 12'-stytta. dER STOD (M.A.): "Svenske armén - minne um Karl XII - I mod og medgång lika, han konde icke vika blott falla konde han. Tett attved løpegrava der han fall 1718 umkring 200 meter fraa festningi. Ei stor steinkula laag attmed - ho var vist ikkje so svær den som toh honom. Denne kula var ei al i diameter. (Pedersen fortalde seinare at ein soldat i Søndre Berg hadde openberra for son sin, at han var banemannen, noko han ikkje hadde tort segja - dette hadde han etter Svendsbøe)- So var der minnesmerkje yver F.V. Mannsgravi uppkasta 11/12, natti til ..(?). Festningen ligg myket høgre - no ei slog..(?), 10 meter lang trakt(?) - der han "døydde" 15'marts 1803 - eksellense sjef for søndenfjeldske regimente og kommandant paa festningi. Paa torget nedi byen stor minnestytta, der stod: Peder Normand, Peder og Hans Kolbjørnson 1716. Gjekk umkring i byen. Var inn og fekk meg ein kopp kaffi paa ein restauration so kl 7½. Ikkje nett finfiffen, men vælstelt. Der sat unggutar og drakk øl - vist landsgutar og dei snakka eit maal med tungeslag som minna meg um lærdølingar - blanding norsk og svensk, men mest norsk. Der spilast dei hund..(?)spil og hadde kommers i rumet ved sida. Avstad til grensa til Kornsjø og kom der kl 10½ i svinveir. Der evention(?) med aa faa hus. For kring aa banka paa ingen svara - dei var lagde ogso paa paa hotellet - trefte frampaa ein mann, som eg uroad or sengi - var fælt snill

Page 87: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

87. og rettleidde meg - hjelpte ikkje - so tok eg aa pikka glasruta til eit rum der eg treudde "folket sjøl" maatte finnast. Det var i hotellet. Jau minsann - og dei kom - og var snille - Og endatil det var ein vestlending - sætesdøl lærar Raustøl - eg me pratast lenge - fekk god seng og somnad trutt. Annendag 19' mai, Vakna kl 8. Klædde meg og gjekk spasertur til grensa - yver k..(?)logbrui og sette min for paa svensk grunn - vistnok. Det var endaa surt veir, bles ufselegt sydaust og eg gjekk ikkje vidare. Etter frukosten leitte eg meg upp ein haug med utsigt, som ikkje var lett aa finna. Endeleg fekk eg nokolunde utsigt. -Heilt rundt ikring meg og vit utyver altid det same skog, skog, aasar og haugar og so Kornsjø i brytinga imillom. Ikkje mange rudde gardar til sjaa paa desse kantar. Korkje paa norsk eld svensk sida. Dette syn var ellest nokso likt det eg tenkte meg. Naar ikkje vegerne var, so skulle det ikkje vera lett for ei hær til koma fram her. Fotfolk kom vel fram - men anna maatte vere umogelegt. Denne del av Norge ligg som ein pose inn i Sverik. Gran mest og fura paa knattorne og lauvskog enkeltvis imillom. Smaa rudningar kring jarnvegen. Sjølve stationen var no mest slek ein rudning. Bygningen var nu fraa ifjor og stateleg. Det var ogso tollstation. Ellest ein heil deil nye hus eld ikkje rett gamle. Helste paa ordføraren i bygdi. Han var bror til kona aat Raustøl og var dei nettupp gifte. Ordføraren saag ut til vera ein staut kar. Eg spurde kor dei levde her med svensken. Jau dei var fine vener, og det var med dei som folket

Page 88: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

88. i ei onnor bygd - dei kjende seg som eitt. Berre i 1892 kom der ein kveik og ei otte i svensken der, for soldatorne hadde der fenget slik ordre til aa vera reide, som dei aldri hadde vita um fyrr, og dei ottast illt. Kl. 2 bar det attende. For til Prestebakke, minnerik stad. Den same kyrkja stod, som daa slaget med svensken stod paa kyrkjegarden. Paa same toget var tvo engelske, mann og kona, saag ut til. "Can you speak English?" "No" sa eg, "but a very little". "Prestebakk?" "It is a little hill" sa eg. "A mountain?" "No a little hill", var mitt visdomssvar. Han til kona, og forklara vidare. Bortimot Tistedalen kom bergi meir framatt, og vidderne slutta. Her store fine gardar og Tistedalen var no reint ein fabrikby aa kalla. I Fredrikshald kom Pedersen, som allestad reiser, me ilag til Sarpsborg, daa tok eg "Mysenlinja" um Spydeberg, Rakkestad, Mysen og Askim til Ski. Mellom Ise og Gautestad tarveleg lende opg klein skog, men sidan sk..(?)da ratt. I Oslo kl.9 Den turen gjorde minsan gott. Tyrsdag 20'mai. +11'R. Storting. Brev heimanfraa. Stutt Oslo-brev til "vænstremann", som hev teket paa meg i S.Avis. Han skal fram med namnet sitt fyrst og daa skal eg ikkje halda meg tilbake. Glomnes um samlagsreikneskapet i middagsstundi. Eg åtvarte mot denne reikneskapsmaaten hans Reed. Bra varmt idag. Onsdag 21 +10'R Me vart nok ikkje ferdige denne vika, men i mitten av næste læt det no. Var idag innboden til møte i

Page 89: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

89. vegkomiteen um den nye veglovi, bureasjef ... var med. Eg uttalad meg um grindespursmaalet. Herredstyre og amtsutval burde hava magti der, vart det liksom samstemmigheit um, daa nemnde amtsingeniør Hansen amtsmannen. Takk, det tenkte eg nok. Stortingsmøte kl 5½. Ordskifte med Hagerup um grunnlovsutgaava - det spøkte. Fleire høgre gjekk med vingstre. Stakkars folk der ute paa Antillarne; eg meiner desse øyarne no reint skal forgaa. Torsdag 22' mai 1902 - +12'R- Møte i stortinget - valstyreavgjerdsler. Eg hadde ordet um Ytre Holmedal. Kl 6 møte i vingstref. Fyrst um møte mellom ...en(?) for skuld bu- og jordlaansbanken. Aklestad aatvara mot "uvæsenet". So Berner um protokollorne vedk konsulatkomiteen. Han hadde sett upp ein uttalelse som innehelt: fyrst tilslutning til kvat regjeringi hadde uttala um komiteens uppgave og dernæst ein uttalelse, um kva som maatte vera vaart formaal, nemleg eget norsk og svensk konsulatvæsen noko nærmare paapeikt enkeltvis. Aug. Hansen hadde i konstitutionskomiteen ikkje voret ganske nøgd og med kom venteleg P.Hansen men Jelsa hadde liksom vont, ikkje vist rett kva fot han skulde stiga paa, at uttalelsen maatte botna paa vingstres standpunkt, men var rædd uttalelsen no kunde vekkja æsing og dr..(?) vanskar i Sverik. Vilde faa lov aa konferera med sitt parti. Ynskte at ein einstemmig uttalelse kunde koma. B. hadde og snakt med Vinje, som han hadde grunn til tru gjekk med, naar han saag paa dei moderates program. B. hilt so

Page 90: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

90. fram, at spursmaalet var kvat no var best enten ein uttalslse som var einstemmig og mindre detaljert, men klaar elder ein uttalelse av fleirtalet og sterkare. B. hadde og snakt med Ibsen. Han hadde likt, at der kunde koma ein uttalelse um ikkje altfor sterk. Han hadde havt grunn til tru, at saki vilde gaa bra og etter ynskje, men han var ikkje trygg for um der ikkje, "i siste øieblik" kunde koma vansker. Blehr møtte og var lenge i Berners forslag og meinte at det var betre aa faa ein klar uttalelse av fleirtalet enn ein einstemmig og uklaar, som me maatte agta oss for. Berge og Horst ytra tvil om det var nødvendigt no aa koma med ein uttalelse um vaart formaal no, men fall undan. Berner skulde nærmare forhandla um det var mogelegt aa faa ein einstemmig uttalelse, som om formaalet berre peikte paa serskilt konsulatvæsen for Norge. Ingen maatte vasa fraa møtet. Ibsens ord var serleg konfidentielle. Um kvelden saman hjaa Aarnes, me 5, og Aasveien. Der var snakt myket um konkubinatsparagrafen, "skrækkeleg sædelege", H's ord, telefonen i Nordfjord m.m. Fredag 23' mai. Møte i stortingen 5½ - adressa um "uppløsning av tinget tyrsdag eld ein af de nærmeste dage". Kl 1 møte i fælleskom. um arbeid millom sessionene, eg sa bestem imot, sa at eg møtte ikkje um det var spørsmaal um det, som det var. Dei fleste vilde, javel når dei fær 12 kr. dagen, so var det raad for ta ...(?)land ogso. Nede hjaa Bjørnaali. Skreiv brev til Ragna og Magnhild.

Page 91: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

91. Laurdag 24'. Um kvelden hjaa statsminister Blehr, me fraa N.B., Horst og L.Kalst. Ja eg fekk vissa for kor fint fru Blehr kunde greida seg, men daa ho nemnde at ho ikkje endaa hadde teket fat med aa omlægge lindyrking fraa Sverik til Norge, daa lo skjelmen i meg. Ved bordet talad Blehr for N.Bergenhusingarne. Og Trædal svara, men svara kleint. Sundag 25, inkje sers. Mandag 26 - Møte i tinget kl 3. Um kvelden vingstrefest for Steen paa Holmenkollen, og der laut eg vera med endaa det kosta meg 12 kr. Fleire i vingstre var ikkje med som Larsen, Aklestad, Geelmuyden, Nissen, (Skilbred?) m.fl. Matsalen var gild og alt det andre "gamle stell" utsøkt. Kjøyrde heim kl 11½ med trikken. Tyrsdag 27' +11'R. Tingmøte kl 9½ um kvelden og daa ferdige. Det galdt nye utteljingar til hærordningi. Me alle 5 var med paa dei unt. Aarnes i ein post. Me fekk høyra private stikord fraa Svendsbø og Mathiesen for sparingi vaar. Me hadde ingen ordet for dette vilde me tola. Stang kom til meg privat og sa: No skal eg ikkje krevja meir, men det er jau "til krutten(?)" det gjeld. Ja dette var det eigentleg, som gjorde at eg stemde for, og det stod ganske visst paa iallefall dekvis kva me i N.B. sa til det for det var ein stad berre 58 mot 50 Svendsbø strævad som ein træl og vart stundom strid; han er ein bra kar, men unionsstriden vurderer han ikkje rett, han er jau og der høgre.

Page 92: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

92. So kom konsulatprotokollen. Stutt ordskifte. Graateløyleg var det naar Aug Hansen orsakad seg med at han ikkje kunde gaa heilt med, "det var jau vingstres program" det galdt. Hagrup sa ingenting. Det var vistnok altfor sant og altfor myket, men kven hev teket større partihensyn mot landsbaten! Vinje sa heller ingen ting, men eg saag han var raud. Endeleg! - men dei var piska. Onsdag 28' mai 9'R. Sunnanvind som nærma seg til storm, den einaste stormdagen som eg hev sett her. Tinget uppløyst kl.1. Imorgon heim. Sende Ragna brev.- 1902 - 1903. Torsdag 9'oktober. Etter ei utifraa fin reis um Bergen ikveld atter i byen med Magnhild. Solskinn svartestilla heilt rundt! Me tok inn i pensjonatet paa Holbergsplass Jenny Nilsens. Ei gjenta. Bertha Sandvik fraa Bremanger med i fylgje. Fredag 10' Idag regn og tungveir. Vart ogso idag paa pensjonatet. Laurdag 11' Tinget samlat kl. 10. Helsingar og "væl møtt". Minnetale av præsidenten for "Fuglestvedt". Gottso alle frammøtte. Flytte idag til St. Olavsgt. 23 IIII. Eit værelse med kaffi for 26 kr. maanaden ...(?) utan. Sundag 12' Tur til Ekeberg med Magnhild og Bertha, som no var motigare enn hjaa Jenny Nilsen daa ho var paa graaten. Um kvelden hjaa Holebakke. Mandag 13' Tinget opna kl1. av Blehr. Eg gjekk i mine vanlege (nye) klæde. Helsa paa fru Blehr som bad oss koma paa basar i Studentsamf.

Page 93: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

93. Tyrsdag 14' Magnhild set lysing i "Aftenposten" um post for seg. Møte i tinget kl 10. til referat. Var uppum til Glomnes. Onsdag 15' skytungt og vind. Gjorde inkjøp til "husholdningen". Torsdag 16' snjosludd og regn og vind, toreslag, ulikt austlandet dette. Møte i tinget kl 5½. Brattlie atter ute med ei kuvending i "spørck"-smaalet. Komitemøte i fællesk til valg Langeland hadde finte til meg venteleg fordi eg ivaar meinte det kunde gaat forare. Var best dei valde ein annan formann, let han. Eg sa ingenting (var heller ikkje namngjeven) gjorde ingi aarsaking. Har litt vondt i hovudet ikveld og liksom sting kring ryggen.(Her ein av dagane møtte eg Wekselsen. Det var Næs, Frøstrup og eg. W. nemnde nok kritikken over riksstyret og so um "Norges ukronede konge" (Naturlegvis Bjørnson um Fastingsaffæra). "So skal De kanskjeg svara?" spurde eg. "Det kan ikkje falla meg inn", sa han. "Me kan ikkje hefta oss med kvar som pirkar etter oss. Disiplin maa til (meint paa Fasting)", det hadde han sagt til B. "For en byreaukrat du no er vorden" hjadde B. sagt til W. Me sagde ikkje meir um dette. Frøstrup lo. Jau det var noko for Frøstrup. Og me trur so gjerna du kan vera ...(?). Fredag 17' Regn. Møte i komiteen. Var nede hjaa telegrafdirektøren um linje fraa Dale. Der tyktest vera travelheit. Han vilde eg skulde skriva og eg skreiv mitt inlegg seinare idag. Det galdt aa faa Rivedal med fraa fyrst.

Page 94: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

94. Um kvelden møte i samtalelaget. 13 møtte. Nytt valg. Paa forslag av Foss med muntleg avstemming valde H.Jakobsen, Larsen og Bryggesaa. Emne foresleget av Foss: Arbeidarbrugsbanken. Eg nemnde og budgettopstillingi, som eg fekk noko møie med aa faa dei til aa forstaa. Dei hadde visst ikkje lese budgettproppen endaa. Det saag ikkje ut til, dei brydde seg større um dette. Aarnes meinte og, at det hadde ikkje stor realitet. No,no - me fær no sjaa under finantsdebatten. Eg fann dette svært underleg kor framande dei tykte vera her. Laurdag18' +4'R (kl.10 form.) Berre lesing. Var daa nede paa fyrkontoret um fyrlampor i N.B. Trefte ikkje direktøren heime. Han var just i N.B. for aa sjaa yver desse ting. Sjaa um ikkje vaar pirking i amtstinget og fyrstyret hadde muna! Sekretær Hagerup (marinekaptein) gjorde seg myket fyre og lagde ut. Ein liten fast kar i fagter og trekk og tale. Klaga for lite pengar. Eg: "Aa ja, men det er ting, som kan avgiva pengar". Han: "Ja det hev De rett i fullt einig med Dykk". Hm, ja. Kor einige me var skulde me tala smaatt um aldenstund det ikkje var nemnt, kvat der skulde sparast paa. Kjenner forresten ikkje mannen der. Ser han hev fleire ordener. Vinje legg seg hart i blot um arbeidarbanken agiterar eller kanskjeg han ikkje veit kvar han skal gjera av seg. Det segjest, at han skal vera vorten rimeleg. So nemnte Jelsa. Utvalet hadde møte idag.

Page 95: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

95. Sundag 19/10. Skyet lett veir. Tur umkring festningen. Med Magnhild paa Nationalgalleriet. Um kvelden ho med i studentsamfundet paa sjømanshaustfest. Musik fraa Appeninerne, regtig væn, og sjømansdans (kvinnor i eit slags sjømannskvendebunad[sic]. Det var og fint fraaseggjort. Tykte likavel der var noko stivt og ufint yver sumt endaa so taktfult og mjukt det sume tider kunde vera. Salen full og stor fagning. Heimatt aa lesa Hjort um fiskerivæsen. Var ikkje med idag i den vanlege tingmansferda til kyrkja, som præsident Berner baud tinget med paa "etter gamal vis". Mandag 20' +3'R. Fekk brev fraa Leiv. Møte i komiteen. Sara Bernhart kom i dag fraa Stokholm, som ei dronning. Myket folk ute. Me saag ho køyra forbi stortinget i staseleg vogn med ridande eskorte. Eg tykte eg saag ikkje anna enn tvo smaajenter nedstappa millom puter i ei vogn. Men det var no og sannt: Me stod so høgt og saag nedpaa dei. I theateret skal ho spila ikveld. Plassorne kostar fraa 40 og ned til 12 kr!! Idag skulde der vera selt for 10.000 kr, dette i knappe tider med tildels uaar i landet. Du store verd! Tyrsdag 21' +4'R. Komitemøte ettermiddag. Magnhild søkjer post framdeles. Vert oftast nei straks. Ho tek til aa umsetja fraa tysk. Eg hjaa Larsen Tr..(?) ikveld, idag med Bryggesaa og Bjørnaali.

Page 96: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

96. Onsdag 22/10 +4'R Det hev lenge voret surt vestavindsveir, men idag upplet. Skreiv brev til Ragna. Um kvelden møte i samtalelaget um maalpresten. Merkjande er dette møtet. Møtte ikring 30. Myrvang, Trædal, Sveinsson, Odm. Vik og Enge talad varmt for dei 3000 til Hognestad, Larsen, (formann) Hoff, H.Jakobsen eg, Berge, Foss imot. Sindre og Næss, ikkje Aarnes, var tilstades. Det tyktest verta skiljing i maalflokken paa dette spursmaal og forsvararane brukte sterke ord mot hine. "Flugt og Fald" (Sveinsson), som var nokso fanatisk. Odm. Vik som tykte at naar Oslo-bispen var med, so vilde han vera lydug. Trædal var svært varm for den gudelege vistnok paavirkning ungdomen vilde faa ved dette. Myrvang: me maatte ikkje sjaa paa desse 3000 av eit budget paa 101 mill. Dei gjorde i det heile dette til maalsaki. Me andre heldt paa at der var lit øsing med i spilet, at fordi um saki i seg sjølv var god, so var ikkje dermed sagt, at ho skulde fremjast ved statsmidlar. Eg meinte det kunde koma til visa seg baketter, at søknaden kunde verta nemnde naar nyfikna var forbi, og at det kunde koma attyver oss til skade for maalsaki. Eg nemnde og at der var andre umkverve, som det galdt meir um nemleg skulen. Umtrent det same meinte Foss. Berge paaviste, at det ikkje nett var dei religiøse grundar som her var sterkast og at ogso budgettet skulde sjaaast paa. H.Jakobsen tok det mest paa denne sida og var litt "materialistisk", som det var sagt til honom. Men ikkje meir enn som angjekk. Ja mange

Page 97: DAGBOK NR.3. FRÅ 20.1.-22.10.-1902. 1902 Mandag …. O. Bakke, del 3.pdf · fyrr jol ordet "julepræsenter" yver ei butikdør ved posthuset ... -1'R Framdeles odelsting ... Gud veit

97. hadde fleire gonger ordet. Vik og Trædal vilde at saki skulde koma upp i vingstreforeiningi. Myrvang trudde ikkje dette var hjelp i.Daa kl var 9½ (møtet byrjad 7½) laut eg gaa. Men venteleg vert det vel til det at komiteen etter dette ikkje tek posten med. Fleire av dei ivrigaste sa nemleg og, at skulde der ikkje vera raad til faa fleirtal i kom. med paa det, so var det best saki var lempad vekk. Elder at dei ikkje vilde stemma for dersom det vart berre nokre faa. Daa det var sagt at kanskje Wexelsen vilde gjera kabinetsspursmaal paa dette, so meinte sume av dei varmblodige det, at det vilde vera ei fult værdig sak aa gaa paa. Det viser seg, at her er to nok til ein varm dag, naar det kjem i tinget, vis daa ikkje heten faar tid til kjølna. Der er absolutt utsigt til at saki vil gaa i tinget. Var vist og idag at eg helsad paa prost Eiesland nede i stortinget. Han skulde liksom vera paa prestemøtet sa han. Men han høvde ikkje der. Dette med arbeidet for prestestanden høvde ikkje for han. Me hev havt nok av det. Ja hadde me mange slike!