derfor er lågare pensjon godt nytt for dei yngste tvungen sparing … · 2013-04-26 · 12 nyheter...

1
BERGENS TIDENDE FREDAG 19. APRIL 2013 12 nyheter | 13 | nyheter BERGENS TIDENDE FREDAG 19. APRIL 2013 innsikt Prosjektleder Einar Aarre tlf. 951 53 603 – epost: [email protected] Innsikt er en BT-satsing på kunnskap og forskningsstoff. Her skriver eksperter og kunnskaps - personer bakgrunnsartikler, saker om egen forskning og saker knyttet til nyhetsbildet. Derfor er lågare pensjon godt nytt for dei yngste Dagens 35-åringar får lågare pensjonar, og må jobba meir for å sikra alderdommen. Dette kjem 35-åringane sine etterkommarar til gode. Pensjonsreforma har ført til at dagens 35-åringar sjølv må bera den økonomiske byrda ved sin eigen auka levealder. Det igjen gjer at generasjonen deretter ikkje treng å bidra så mykje i sine unge år for å finansiera sine foreldres alderdom. Dei unge får i framtida ei lettare bør med å finan- siera alderdomen til sine foreldre. I etableringsfasen treng dei ikkje å betala så mykje skatt, og dei får større valfridom. Denne sida ved pensjons- reforma vil truleg føre til at ungdommen i framtida vil vera glad for å få lågare pensjonar. Reforma er god, men det spørst om ikkje vi over seksti kunne bidrege meir. Pensjonsreforma vart inn- ført i 2011 etter politisk og administrativ førebuing i mange år. Vi blir mange fleire eldre, og vi lever stadig lenger. Dette er godt nytt, men utgiftene til pensjonar veks. Ei viktig side ved reforma er derfor å gjera pensjonssystemet meir robust. Eller; å tilby lågare pensjonar. Det er og eit ønske om å motivera eldre arbeids- takarar til å stå lenger i jobb. Fleire år som trygda Bodskapen er altså at dei som er unge i dag må innstilla seg på å få lågare pensjon eller å jobba lenger. Det er ikkje over- raskande at reforma har møtt kritikk trass i at ho kviler på breie politiske forlik. Det har blitt meir enn antyda at politi- karane og økonomane bak reforma har meir omsorg for statens finansar, enn for velfer- da til framtidige pensjonistar. Men velferda til foreldre- generasjonen er byrda til neste generasjon. folketrygda blei inn- ført i 1967, var pensjonsalderen 70 og gjennom- snitts levealder 74 år. Trygda skulle altså finansiera fire år pensjon pr. pensjonist. I dag er gjennom- snitts levealder vel 14 år over vanleg pensjons- alder på 67. Statistisk sentralbyrå reknar med at tilsvarande tal i 2050 vil vera nesten 20 år. Dessutan vil det vera nær dobbelt så mange pensjonistar pr. person i arbeids- styrken som i dag. Tre sentrale endringar Reforma flyttar ein del av børa med auka pensjonsutgifter frå framtidige generasjonar og over på pensjonistane sjølv. Tre endringar er sentrale: 1) LÅGARE VEKST I PENSJO- NANE: Endra indeksering betyr at pensjonane blir oppjusterte med lønsveksten minus 0,75 prosentpoeng etter at pensjons- uttaket har starta. Før skulle pensjonane halda tritt med hei- le lønsveksten. 2) MINDRE ÅRLEG PENSJON: Leve- alderjustering fordeler dei opp- arbeida pensjonsrettane på for- venta leveår som pensjonist. Høgare forventa levealder vil derfor gi mindre årleg pensjon. 3) FLEKSIBELT PENSJONSUTTAK: Frå fylte 62 år kan ein ta ut pen- sjon og kombinera dette med arbeid utan avkorting. Seinare pensjonsuttak gir færre forventa år som pensjonist og dermed høgare årleg pensjon. Den reformerte folketrygda gir gode grunnar for eldre arbeidstakarar til å halde fram i arbeid. Slik flyttar den finan- sielle børa ved auka levealder og tidleg pensjonsuttak frå unge arbeidstakarar til pensjonistane sjølv. Påverkar eigen pensjon Det er ein fordel at dei som kan påverka situasjonen gjennom å spara meir eller jobba lenger for å få høgare pensjon, får det økonomiske ansvaret for sine val. Det blir ofte innvendt at det ikkje er alle som har god nok råd til å spara, eller god nok helse til å stå lenger i jobb. Dette reiser spørsmålet om korleis folketrygda fordeler ressursar mellom ulike grupper i same generasjon. Trygda blir finansiert gjen- nom skattesystemet slik at det er grunn til å tru at rike betalar meir enn fattige. Denne forde- lingsprofilen er mindre sikker når vi ser på utbetaling av trygd: GRUNNPENSJONEN utgjer om lag 165.000 kroner for ein einsleg person, og er berre avhengig av trygdetid på 40 år, men uav- hengig av tidlegare inntekt. Her subsidierer dei ressurssterke dei som har mindre. TILLEGGSPENSJONEN, som skal bidra til standardsikring av inn- tekter opp mot 600.000 kroner, har vesentlege element av over- føring frå ressurssvake til meir ressurssterke grupper. Grunnen er at alle grupper får rekna ut trygderettane sine på bakgrunn av ein felles, gjen- nomsnittleg levealder. Men det er godt dokumentert at kvin- ner lever lenger enn menn, og at både kvinner og menn med høg utdanning og inntekt lever vesentleg lenger enn grupper med låg utdanning og inntekt. Det betyr at høginntekts- gruppene kan rekna med å få både grunn- og tilleggspensjon vesentleg lenger enn andre. TIL GLEDE FOR DEI UNGE: At pensjonane vert lågare vil komme dei som er unge i dag til gode. Dei treng ikkje å bidra så mykje i sine unge år for å finansiera sine foreldres alderdom. Dei unge her er idrettsstudentar ved Stend vidaregåande skule. ARKIVFOTO: MARITA AAREKOL Tvungen sparing er best Folketrygda er ei obliga- torisk, universell ordning for å flytta ressursar til alderdommen. Vi kan kalla det ein type tvangssparing. Ein kan spørja om ein ikkje kunne ordna dette like godt gjennom fri- villige transaksjonar i pri- vate marknader, slik dei gjer i mange andre land? Det er fleire grunnar til at private marknader ikkje klarar å levera pen- sjonsforsikring like kost- nadseffektivt som obliga- toriske, offentlege system. Rett nok er der mange eksempel på vanskjøtta offentlege pensjonskassar i mange land. Samanlik- ning av veldrivne offent- lege og private pensjons- tilbydarar viser likevel at dette er eit område der det er gode grunnar for at offentleg tilbod er meir kostnadseffektivt. Sparer ein oljeformue Det er likevel eit ope spørsmål kor stort omfang tvungen pensjonsfinan- siering bør ha. Også med pensjonsreforma vil beho- vet for finansiering bli stort. I eit forskingspro- sjekt med deltakarar frå Bergen og Freiburg har vi vist at 0,75 prosentpoeng redusert pensjonsvekst, reduserer framtidig finan- sieringsbehov med eit beløp like stort som ver- dien av Oljefondet (Sta- tens pensjonsfond utland) i 2009. Tilsvarande reduksjon grunna levealderjustering svarar til Finansdeparte- mentets verdsetjing i 2009 av alle framtidige oljeinn- tekter. Reforma gir difor rom for redusert finansierings- bør på dei unge i framtida på størrelse med den tota- le oljeformuen. Meir valfridom Dette viser at oljeformuen er svært liten samanlikna med framtidige pensjons- utgifter. Det kraftig redu- serte finansieringsbehovet blir sjølvsagt motsvart av mindre pensjonsrettar i folketrygda. Utan reform vil den nødvendige skatt- legginga av arbeidstaka- rar i etableringsfasen vera større enn nokon gong før. Eg trur dei fleste ung- dommar i framtida vil setja pris på at tvangsspa- ringa blir redusert for å gi rom for meir valfridom tidleg i livsløpet. Derfor har desse gruppene mest å tapa på innstrammingar i folketrygda. Ikkje alle er fornøgde Men det er også desse som lettast kan tilpassa seg gjennom å spara sjølv og stå lenger i jobb. Det er også slik at levealderen stig mest for dei ressurssterke, slik at desse forskjellane blir for- sterka over tid. Har alle grunn til å vera fornøgde med innføringa av pensjonsreforma? Dei som er under 50 år i dag har kanskje litt grunn til å vera urolege. I det første utkastet til reform var det tenkt at også dei store etterkrigskulla fødde mellom 1946 og 1952 – ofte omtala som sekstiåttarar – skulle få pensjo- nane sine levealderjusterte. Eg er sjølv så vidt gammal nok til å vera ein sekstiåttar. Sterke representantar for vår genera- sjon i fagrørsla argumenterte for at det ville vera urimeleg om vi skulle bli gjenstand for inn- strammingar. Eit i og for seg sakleg argument om at det ikkje er like lett for oss å tilpassa oss pensjonskutt, vann fram, og vi blei skjerma. For dei av oss som er tilsette i staten, forhandla fagforeinin- gane våre fram ytterlegare skjer- mingstiltak i tariffoppgjeret i 2009. Dei unge må betala Innstrammingane min genera- sjon slepp å ta må finansierast av yngre aldersgrupper – som er med i dei same fagforeiningane som oss. Levealderen for norske 67-årige menn auka med to år på sju år frå 2000–2007. Dette er svært godt nytt for mange av oss, men det kostar. Rekninga blir sendt til dei mellom 25–50 i dag. Eg, og mange andre, vil meina at det ikkje er opplagt at dagens 35-åringar er betre i stand til å bera denne byrda, enn dei som i dag er mellom 60 og 67. Denne vurderinga blir styrka av at dagens 35-åringar skal bera byrda ved sin eigen auka leveal- der, til gode for sine etterkom- marar, som ikkje treng bidra så mykje når dei er unge. Det er denne sida ved pensjonsreforma som gjer at eg er temmeleg sik- ker på at ungdommen i fram- tida vil vera glad for å få lågare pensjonar. 0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% Lav lønn i 40 år (328.000) Over middels lønn i 40 år, 10 år deltid (575.000) Over middels lønn i 20 år (575.000), høy lønn (985.000) i 20 år 1.223 kr til over 70 år 5.817 kr til over 72 år 12.654 kr til 74 år Ny pensjon – årlige utbetalinger i % av sluttlønn for dagens 22-åringer © [email protected] Kilde: Nordea Liv Spare pr mnd. fra fylte 40 år: Lønns- nivå, kr: I alle eksemplene tar man utgangspunkt i en såkalt Standardmodell som vil bli den beste tjenestepensjonen bedriften kan tilby etter 2017. Alle eksemplene forutsetter en person født i 1990 som jobber i 40 år fra 27 til 67 år, med en realistisk lønnsutvikling og en sjenerøs arbeidsgiver som betaler maksimale innskudd for sine ansatte. Avkastningen på beløpene arbeidsgiver betaler inn er lik årlig lønnsvekst. For å nå 66 % av sluttlønn når man går av med pensjon, må man eller jobbe 66% 58,2% 44,7 % 39,0% Dei unge får ei lettare bør med å finansiera alderdomen til sine foreldre framtidas pensjon og trygd – III INSTITUTT FOR ØKONOMI ved Uni- versitetet i Bergen har i tre artiklar teke føre seg vår framtidige pensjonsordning. Dagens artikkel er skriven av: ALF ERLING RISA, professor i samfunnsøko- nomi. Han har bak grunn i trygdeøko- nomisk for- sking, og har delteke i fleire offentlige ut- greiingar om pensjons- systemet.

Upload: others

Post on 21-Jan-2020

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Derfor er lågare pensjon godt nytt for dei yngste Tvungen sparing … · 2013-04-26 · 12 nyheter | BERGENS TIDENDE FREDAG 19. APRIL 2013 BERGENS TIDENDE FREDAG 19. APRIL 2013 |

BERGENS TIDENDE FREDAG 19. APRIL 201312 nyheter  | 13|  nyheter BERGENS TIDENDE FREDAG 19. APRIL 2013

innsikt ProsjektlederEinar Aarretlf. 951 53 603 – epost: [email protected]

Innsikt er en BT-satsing på kunnskap og forskningsstoff. Her skriver eksperter og kunnskaps-personer bakgrunnsartikler, saker om egen forskning og saker knyttet til nyhetsbildet.

Derfor er lågare pensjon godt nytt for dei yngsteDagens 35-åringar får lågare pensjonar, og må jobba meir for å sikra alderdommen. Dette kjem 35-åringane sine etterkommarar til gode.

Pensjonsreforma har ført til at dagens 35-åringar sjølv må bera den økonomiske byrda ved sin eigen auka levealder.

Det igjen gjer at genera sjonen deretter ikkje treng å bidra så mykje i sine unge år for å finan siera sine foreldres alderdom.

Dei unge får i framtida ei lettare bør med å finan-siera alderdomen til sine foreldre. I etableringsfasen treng dei ikkje å betala så mykje skatt, og dei får større valfridom.

Denne sida ved pensjons-reforma vil truleg føre til at ungdommen i framtida vil vera glad for å få lågare pensjonar. Reforma er god, men det spørst om ikkje vi over seksti kunne bidrege meir.

Pensjonsreforma vart inn-ført i 2011 etter politisk og administra tiv førebuing i mange år. Vi blir mange fleire eldre, og vi lever stadig lenger. Dette er godt nytt, men utgiftene til pensjonar veks.

Ei viktig side ved reforma er derfor å gjera pensjonssystemet meir robust. Eller; å tilby lågare pensjonar. Det er og eit ønske om å motivera eldre arbeids-takarar til å stå lenger i jobb.

Fleire år som trygdaBodskapen er altså at dei som

er unge i dag må innstilla seg på å få lågare pensjon eller å jobba lenger. Det er ikkje over-raskande at reforma har møtt kritikk trass i at ho kviler på breie politiske forlik. Det har blitt meir enn antyda at politi-karane og økonomane bak reforma har meir omsorg for statens finansar, enn for velfer-da til fram tidige pensjonistar.

Men velferda til foreldre-generasjonen er byrda til neste generasjon.

Då folketrygda blei inn-ført i 1967, var pensjons alderen 70 og gjennom-snitts levealder 74 år.

Trygda skulle altså finansiera fire år pensjon pr. pensjonist. I dag er gjennom-snitts levealder

vel 14 år over vanleg pensjons-alder på 67.

Statistisk sentralbyrå reknar med at tilsvarande tal i 2050 vil vera nesten 20 år. Dessutan vil det vera nær dobbelt så mange pensjonistar pr. person i arbeids-styrken som i dag.

Tre sentrale endringarReforma flyttar ein del av børa med auka pensjonsutgifter frå framtidige generasjonar og over på pensjonistane sjølv. Tre endringar er sentrale:

1) LÅGARE VEKST I PENSJO­NANE:  Endra indeksering betyr at pensjonane blir oppjusterte med løns veksten minus 0,75 prosentpoeng etter at pensjons-uttaket har starta. Før skulle pensjonane halda tritt med hei-le løns veksten.

2) MINDRE ÅRLEG PENSJON:  Leve-

alderjustering fordeler dei opp-arbeida pensjonsrettane på for-venta leveår som pensjonist. Høgare forventa levealder vil derfor gi mindre årleg pensjon.

3) FLEKSIBELT PENSJONSUTTAK: Frå fylte 62 år kan ein ta ut pen-sjon og kombinera dette med arbeid utan avkorting. Seinare pensjons uttak gir færre for venta år som pensjonist og dermed høgare årleg pensjon.

Den reformerte folketrygda gir gode grunnar for eldre arbeidstakarar til å halde fram i arbeid. Slik flyttar den finan-sielle børa ved auka levealder og tidleg pensjonsuttak frå unge arbeidstakarar til pensjonistane sjølv.

Påverkar eigen pensjonDet er ein fordel at dei som kan

påverka situasjonen gjennom å spara meir eller jobba lenger for å få høgare pensjon, får det økono miske ansvaret for sine val.

Det blir ofte innvendt at det ikkje er alle som har god nok råd til å spara, eller god nok helse til å stå lenger i jobb. Dette reiser spørsmålet om korleis folketrygda fordeler ressursar mellom ulike grupper i same generasjon.

Trygda blir finansiert gjen-nom skattesystemet slik at det er grunn til å tru at rike betalar meir enn fattige. Denne forde-lingsprofilen er mindre sikker når vi ser på utbetaling av trygd:

GRUNNPENSJONEN utgjer om lag 165.000 kroner for ein einsleg person, og er berre avhengig av trygdetid på 40 år, men uav-

hengig av tidlegare inntekt. Her subsidierer dei ressurssterke dei som har mindre.

TILLEGGSPENSJONEN, som skal bidra til standardsikring av inn-tekter opp mot 600.000 kroner, har vesentlege element av over-føring frå ressurssvake til meir ressurssterke grupper.

Grunnen er at alle grupper får rekna ut trygderettane sine på bakgrunn av ein felles, gjen-nomsnittleg levealder. Men det er godt dokumentert at kvin-ner lever lenger enn menn, og at både kvinner og menn med høg utdanning og inntekt lever vesentleg lenger enn grupper med låg utdanning og inntekt.

Det betyr at høginntekts-gruppene kan rekna med å få både grunn- og tilleggspensjon vesentleg lenger enn andre.

TIL GLEDE FOR DEI UNGE: At pensjonane vert lågare vil komme dei som er unge i dag til gode. Dei treng ikkje å bidra så mykje i sine unge år for å finansiera sine foreldres alderdom. Dei unge her er idrettsstudentar ved Stend vidaregåande skule. ARKIVFOTO: MARITA AAREKOL

Tvungen sparing er bestFolketrygda er ei obliga-torisk, universell ordning for å flytta ressursar til alderdommen.

Vi kan kalla det ein type tvangssparing.

Ein kan spørja om ein ikkje kunne ordna dette like godt gjennom fri-villige transaksjonar i pri-vate marknader, slik dei gjer i mange andre land?

Det er fleire grunnar til at private marknader ikkje klarar å levera pen-sjonsforsikring like kost-nadseffektivt som obliga-toriske, offentlege system.

Rett nok er der mange eksempel på vanskjøtta offentlege pensjonskassar i mange land. Samanlik-ning av veldrivne offent-lege og private pensjons-tilbydarar viser likevel at dette er eit område der det er gode grunnar for at offentleg tilbod er meir kostnadseffektivt.

Sparer ein oljeformueDet er likevel eit ope spørsmål kor stort omfang tvungen pensjonsfinan-siering bør ha. Også med pensjonsreforma vil beho-vet for finansiering bli stort. I eit forskingspro-sjekt med deltakarar frå Bergen og Freiburg har vi vist at 0,75 prosentpoeng redusert pensjonsvekst, reduserer framtidig finan-sieringsbehov med eit beløp like stort som ver-dien av Oljefondet (Sta-tens pensjonsfond utland) i 2009.

Tilsvarande reduksjon grunna levealderjustering svarar til Finansdeparte-mentets verdsetjing i 2009 av alle framtidige oljeinn-tekter.

Reforma gir difor rom for redusert finansierings-bør på dei unge i framtida på størrelse med den tota-le oljeformuen.

Meir valfridomDette viser at oljeformuen er svært liten samanlikna med framtidige pensjons-utgifter. Det kraftig redu-serte finansieringsbehovet blir sjølvsagt motsvart av mindre pensjonsrettar i folketrygda. Utan reform vil den nødvendige skatt-legginga av arbeidstaka-rar i etableringsfasen vera større enn nokon gong før. Eg trur dei fleste ung-dommar i framtida vil setja pris på at tvangsspa-ringa blir redusert for å gi rom for meir valfridom tidleg i livsløpet.

Derfor har desse gruppene mest å tapa på innstrammingar i folketrygda.

Ikkje alle er fornøgdeMen det er også desse som lettast kan tilpassa seg gjennom å spara sjølv og stå lenger i jobb. Det er også slik at levealderen stig mest for dei ressurssterke, slik at desse forskjellane blir for-sterka over tid.

Har alle grunn til å vera fornøgde med innføringa av pensjons reforma?

Dei som er under 50 år i dag har kanskje litt grunn til å vera urolege.

I det første utkastet til reform var det tenkt at også dei store etterkrigskulla fødde mellom 1946 og 1952 – ofte omtala som sekstiåttarar – skulle få pensjo-nane sine levealderjusterte.

Eg er sjølv så vidt gammal nok til å vera ein sekstiåttar. Sterke representantar for vår genera-sjon i fagrørsla argumenterte for at det ville vera urimeleg om vi skulle bli gjenstand for inn-strammingar.

Eit i og for seg sakleg argument om at det ikkje er like lett for oss å tilpassa oss pensjonskutt, vann fram, og vi blei skjerma.

For dei av oss som er tilsette i staten, forhandla fagforeinin-gane våre fram ytterlegare skjer-mingstiltak i tariff oppgjeret i 2009.

Dei unge må betalaInnstrammingane min genera-sjon slepp å ta må finansierast av yngre aldersgrupper – som er med i dei same fagforeiningane som oss.

Levealderen for norske

67-årige menn auka med to år på sju år frå 2000–2007. Dette er svært godt nytt for mange av oss, men det kostar. Rekninga blir sendt til dei mellom 25–50 i dag.

Eg, og mange andre, vil meina at det ikkje er opplagt at dagens 35-åringar er betre i stand til å bera denne byrda, enn dei som i dag er mellom 60 og 67.

Denne vurderinga blir styrka av at dagens 35-åringar skal bera byrda ved sin eigen auka leveal-der, til gode for sine etterkom-marar, som ikkje treng bidra så mykje når dei er unge. Det er denne sida ved pensjonsreforma som gjer at eg er temmeleg sik-ker på at ungdommen i fram-tida vil vera glad for å få lågare pensjonar.

0%

10%

20%

30%

40%

50%

60%

Lav lønn i 40 år

(328.000)

Over middels lønni 40 år, 10 år deltid

(575.000)

Over middels lønn i 20 år (575.000),

høy lønn (985.000) i 20 år

1.223 krtil over 70 år

5.817 krtil over 72 år

12.654 krtil 74 år

Ny pensjon – årlige utbetalinger i % av sluttlønn for dagens 22-åringer

© [email protected]: Nordea Liv

Spare pr mnd. fra fylte 40 år:

Lønns-nivå, kr:

I alle eksemplene tar man utgangspunkt i en såkalt Standardmodell som vil bli den beste tjenestepensjonen bedriften kan tilby etter 2017.Alle eksemplene forutsetter en person født i 1990 som jobber i 40 år fra 27 til 67 år, med en realistisk lønnsutvikling og en sjenerøs arbeidsgiver som betaler maksimale innskudd for sine ansatte. Avkastningen på beløpene arbeidsgiver betaler inn er lik årlig lønnsvekst.

For å nå 66 % av sluttlønn når man går av med pensjon, må man

eller jobbe

66%

58,2%

44,7%39,0%

Dei unge får ei lettare bør med

å finansiera alderdomen

til sine foreldre

framtidas pensjon og trygd – IIIINSTITUTT FOR ØKONOMI ved Uni-versitetet i Bergen har i tre artiklar teke føre seg vår framtidige pensjonsordning. Dagens artikkel er skriven av: ALF ERLING RISA, professor

i samfunns øko-nomi. Han har bak grunn i trygdeøko-nomisk for-sking, og har

delteke i fleire offentlige ut-greiingar om

pensjons-systemet.