Download - Helse på 2/2010
Oksygensvikt under fødselen gjorde at ti år gamle Elina Haavik Dale på Avaldsnes kom til verda med alvorlege funksjonshemmingar. Men med god hjelp og støtte meistrar ho og familien kvardagen. Side 16-19
Lita jente med stor livserfaring
Helse Fonna / Årgang 3 / november 2010
Helse Fonna [email protected] LarsenEirik DankelABACUS Kommunikasjon ASHaugesund Bok & Offset AS70.000
ansvarleg utgiver: e-post til redaksjonen:
Tekst:Foto:
layout:Trykk:
opplag:
visste du at...?• Helse Fonna har 3200 tilsette• Omsetter for 2,4 milliardar kroner• Helse Fonna skal gi spesialisthelsetenester til ei befolkning på 169 000 fordelt på 19 kommunar• Helseekspressen går alle kvardagar tur/retur Haugesund-Stord-Bergen• Dei 32 ambulansane våre køyrer over 1.000.000 kilometer årleg• 27 800 sjukehusopphald i 2009• 13 105 dagkirurgiske operasjonar• 98 000 konsultasjonar på dei somatiske poliklinikkane• 2 277 fødslar• Pasientar innan psykiatri har vore 46 860 døgn på sjukehus i 2009• 54 753 konsultasjonar på dei psykiatriske poliklinikkane
Endring for kvalitet
Kari Uglandadm. dir.
Beste helsing
Helse pÅ! er eit magasin frå Helse Fonna HF som blir distribuert i Helse Fonna sitt pasientområde.
No er hausten her og det er godt å setje seg til rette i heimen og nyte mørke kveldar. I slike stunder kjem gjerne tankar om framtid, familie og helse. For meg er det viktig at innbyggjarane i Hardanger, Sunnhordland og på Haugalandet skal kjenne seg trygge på for at hjelpa er nær om helsa skulle svikte. Vi skal ikkje uroe oss unødig.
I slutten av september vedtok styret i Helse Fonna Plan for dei somatiske helse- tenestene, òg kalla Plan somatikk. Den seier noko om kva innhald sjukehusa på Stord, i Odda og i Haugesund skal ha og kva behandling det einskilde sjukehus skal tilby deg som pasient. I halvtanna år har fagfolk og tilsette arbeida for å stake ut den framtidige retninga for helseføre-taket og for å sjå til at sjukehusa driv slik Regjering, Storting og lovverk krev.
Plan somatikk er ein omfattande og god plan. Diverre har han skapa uro hos nokre av innbyggjarane i vårt område. Enkelte seier dei ikkje lenger føler seg trygge i kvardagen. Det tykkjer eg er leit. Når Helse Fonna gjer endringar i sjuke-husa sine, er det nettopp for å ivareta deg som pasient. Grunnlaget for endringane som er vedteke fram mot 2020 er kvalitet i behandlinga. Verda endrar seg, vegane endrar seg. Pasientar og pårørande endrar seg - og den medisinske utviklinga gir føringar for korleis og kvar du kan behandlast. Dette er bra. I dagens helse-Noreg kan vi behandle og auke livs- kvaliteten til langt fleire enn tidlegare. Utviklinga er såleis positiv for deg som pasient og pårørande. Målet er å sikre god kvalitet på helsetenestene slik at du ikkje får redusert livskvalitet grunna feil eller manglande behandling.
Sjukehusa våre skal bli styrkja for fram-tida innan dei sjukdomane som feilar folk flest. Er du eldre eller kronisk sjuk skal det leggjast til rette for at du får behandling nær der du bur. Er du utsett for ei alvorleg ulukke skal helsepersonell gi deg førstehjelp og livreddande behandling. Høgspesialisert avansert behandling må sentraliserast til universitetssjukehusa, men hovudtyngda av behandlinga skal framleis skje ved ditt lokalsjukehus på Stord, i Odda eller i Haugesund.
Vi er mange i Helse Fonna som vil hjelpe deg om du treng behandling. Det er vår jobb og vårt ansvar - og vi er stolte over å kunne bidra. Eg håpar dette gjer deg trygg, òg i haustmørkret.
leiaren
3
s.10
s.6
s.26
s.20
INNHALD
s.4
12s.
s.14
Godt førebudd på ny infuensa ……………............................................. 4-5Takkar Helse Fonna for at han er i live ……………................................ 6-8100 års psykiatri-historie ......................................................................... 8Korleis éin fødsel kan bli til 3000 ............................................................ 9Eit lite sjukehus heime ………............................……............................ 10-11Psykisk hjelp der pasienten er ……………............................................ 12-13Ønskjer kontakt med deg som har ubehag i magen ........................ 14-15Lita jente med stor livserfaring ……………........................................... 16-19Det gjeld å bli sjef i sitt eige liv ……………........................................... 20-21Å meistre ein heilt ny kvardag ……………............................................. 22-23Behandling og omsorg – også når livet går mot slutten ................ 24-25 Stjerner blir fødd i Odda …………….................................................... 26-27Ein serie for heile familien ……………...................................................... 28
24s.
3
Det seier overlege Lars Holst-Larsen.
Han er smittevernlege i Helse Fonna. Ei
undersøking som Folkehelseinstituttet
gjorde i vinter, viser at nesten 60 prosent
av det norske folk er immune mot pan-
demiviruset. Slik er det truleg enno.
God repetisjonsøving– Svineinfluensaen var ein pandemi. Dei
aller fleste landa i verda blei ramma.
Men til forskjell frå til dømes spanske-
sjuka i 1918-1920, var sjukdomen lite
vondarta med låg dødelegheit.
Kritiske røyster har hevda at staten sitt
vaksinasjonsprogram var bortkasta.
Holst-Larsen er ikkje heilt einig i den
kritikken:
– Ein kunne ikkje vite på førehand korleis
pandemien ville råke Noreg. Ein kan lett
– Fleirtalet av oss er immune mot svineinfluensa etter å ha blitt vaksinerte eller smitta i fjor. Med mindre det kjem ein ny pandemi, vil folk i haust og vinter bare ha med den vanlege sesong-influensaen å gjere.
godT Førebudd pÅ ny inFluensa
ikkje uroa: Smittevernlege Lars Holst-Larsen meiner vi ikkje treng uroe oss for
årets influensa.
4 5
tenke seg kva reaksjonane hadde vore
dersom pandemien hadde vist seg å vere
like farleg som spanskesjuka og styres-
maktene ikkje hadde gjort noko i føre-
vegen, seier han.
Han meiner vaksineringa bidrog til at
pandemien gjekk over tidlegare enn den
elles ville ha gjort. I tillegg peiker han på
at situasjonen gav oss ein realistisk test
av beredskapen og at helsetenesta fekk
øvd seg i stor skala. Det kan bli ei verdi-
full erfaring.
Influensa gir feber– Er det noko poeng i å vaksinere seg mot
sesonginfluensa?
– Ja, men ikkje for alle. Vi anbefaler at
folk over 65 år bør vaksinere seg. Det
same gjeld dei som har kroniske hjarte-
og lungesjukdomar. Folk med redusert
immunforsvar bør òg ta vaksine. Og så
gjeld dette sjølvsagt alle helsearbeidarar,
slik at dei ikkje smitter pasientane. Folk
bør høyre med fastlegen sin om når det
er mogeleg å bli vaksinert.
– Korleis kan ein vite at ein har
influensa og ikkje bare er sterkt forkjøla?
– Feber er eit sikkert teikn på influensa.
Er ein feberfri, har ein heller ikkje influensa.
Dessutan følgjer det muskelsmerter med
influensaen, men ikkje med forkjølinga.
Heime ei vekes tid– Og kva skal ein gjere om ein får influensa?
– Halde seg heime ei vekes tid til
feber og smerter i muskulaturen er
borte. Nokre meiner dette er i lengste
laget, men dette får kvar avgjere for seg.
Så lenge ein har feber og hoste, bør ein
halde seg heime – også for ikkje å smitte
andre.
– Kan ein førebyggje sesonginfluensa?
– Ja, i tillegg til å vaksinere seg er det
viktig med god hygiene. Smitten blir for
det meste spreidd gjennom lufta ved at
folk hostar eller nys. Men viruset kan òg
bli overført med hendene. Derfor er det
viktig å vaske hendene grundig og ofte.
4 5
– Utan nær oppfølging og hjelpemiddel frå Helse Fonna, tvilar eg på om eg hadde vore i live i dag. Omsorg og behandlande utstyr som eg fekk heime gjorde at eg overlevde ein livstrugande periode fram til eg fekk nye lunger.
Takkar Helse Fonna for at han er i live
Finn Quist i Haugesund har ei
dramatisk sjukehistorie. I vinter ga Riks-
hospitalet han kort tid igjen å leve. I dag
er 48-åringen sprekare enn dei fleste på
sin alder. I vår fekk han transplantert nye
lunger. I vinter var han hjelpetrengande
rullestolpasient. 1. september begynte
han i full jobb igjen.
Vanskar med å pusteFondsmeklaren er fødd med ein sjeldan
genfeil. Han har heile livet mangla eit
enzym som blir produsert i levra for å
beskytte lungene. Quist hadde i yngre år
lettare for å få bronkitt enn andre, men
elles var det ikkje noko problem at enzymet
mangla.
Hausten 2008 blei det plutseleg ann-
leis. Finn Quist fekk ei rekkje aggressive
lungebetennelsar. Dette førte på kort tid
til ein dramatisk svikt i lungekapasiteten.
Plagene heldt fram ut gjennom 2009.
Quist var så dårleg at han nesten ikkje
klarte å puste.
– Haugesund sjukehus med overlege
Sverre Fluge i spissen forsto alvoret og
sendte meg til utgreiing på Rikshospitalet.
Der var konklusjonen klar: Eg måtte få
nye lunger og blei sett på venteliste for
transplantasjon, fortel Finn Quist.
Omsorg og oppfølging
– Friske lunger er ikkje lagervare. Eg
måtte vente på ein donor. Ventetida var
krevjande, men tett oppfølging frå Helse
Fonna og Seksjon for behandlingshjelpe-
midler gjorde at eg klarte meg.
Finn Quist budde heime medan han
venta. Personell frå sjukehuset kom heim
til han med oksygenapparat for å sikre
nok tilførsel.
– Eg hadde slange i nasen 24 timar i døgnet.
Etter ei stund var det ikkje tilstrekkeleg.
Då fekk eg ein BiPAP, ein slags respirator
light, eit apparat som ga støtte til at eg
kunne puste sjølv. Apparatet veg ikkje
meir enn tre-fire kilo, men eg klarte ikkje
bere det med meg. Eg måtte ha eit apparat
på soverommet òg – og eit i beredskap
på toalettet.
Fortsetting side 8
6 7
– Friske lunger er ikkje lagervare. Eg måtte vente på ein donor. Ventetida var krevjande, men tett oppfølging frå Helse Fonna og Seksjon for behandlingshjelpemidler gjorde at eg klarte meg.
6 7
100 års psykiatri-historie
Nye lunger, ny verdI fjor haust blei situasjonen radikalt for-
verra for Finn. Lungekapasiteten fell så
dramatisk at det gikk på livet laust. Han
var likbleik og full av angst. Eit anfall
kjentes som ein kvelning.
- Helse Fonna sine folk kom heim til
meg med berbart oksygenapparat med
flytande oksygen på flasker. Det brukte
eg når eg skulle på sjukehuset. Utan om-
sorg og tett oppfølging frå Helse Fonna
tvilar eg på om eg hadde levd i dag.
Ein kveld i vår kom telefonen Finn hadde
venta på: Legeflyet kom for å hente han
til operasjon på Rikshospitalet. Der fekk
han operert inn to friske lunger. Så byrja
rehabiliteringa og livet med friske lunger.
Valen sjukehus si historie er òg historia
om korleis det psykiske helsevernet har
utvikla seg i Noreg. Då dei første pasien-
tane blei frakta med båt frå Bergen til
Valen i 1910, skulle dei ikkje på sjukehus.
Dei skulle på asyl. For hundre år sidan
– Etter ei veke kunne eg gå i korridorane.
Etter to veker gjekk eg 18 etasjar i trapper
ved å gå seks trapper opp og ta heisen
ned tre gonger. Det var som ei ny verd
opna seg.
Fantastisk serviceFinn Quist måtte vere på Rikshospitalet i
fem veker. Han har fortsett treninga på
eigahand, og trener to gonger i veka.
Lungekapasiteten er like stor som hjå ein
frisk mann. For at ikkje kroppen skal
oppdage at lungene ikkje er Finns eigne,
tar han medisinar for å narre immun-
forsvaret. Utan medisinar, er det ein
risiko for at kroppen støyter frå seg dei
framande organa.
- Eg kjenner meg i god form. 1. september
var eit asyl ein plass å oppbevare dei
som ikkje familie eller samfunnet kunne
ta vare på. I dag er målet med innlegging
å gi slik behandling til pasientane at dei i
størst mogleg grad skal kunne ta vare på
seg sjølv. Dette skriv journalist Sjur
byrja eg i jobb etter to års pause. Eg blir
godt følgd opp av Haugesund sjukehus.
Eg vil òg rette ein hjarteleg takk til Riks-
hospitalet og deira team. Og så er eg do-
noren og hans familie evig takknemleg,
seier Finn.
Han legg merke til at mange klagar på
sjukehusa.
– Eg har opplevd helsestellet frå ei heilt
anna side. Eg har opplevd ein fantastisk
service og takker for omsorga som saman
med hjelp og støtte frå kona og familien
gjorde at eg overlevde perioden med
venting på nye lunger.
Tjelmeland om i jubileumsboka «I det
trygge huset». Her kan du lese mange
gode og sterke historier frå huset i Valen.
Eige museumJubileet har blitt feira gjennom heile 2010,
med føredrag, ope hus, aktivitets- og
familiedag. Sjølve dagen då dei første
pasientane kom vil òg bli markert:
28. oktober. Då blir det open dag for alle
som er eller har vore tilknytt sjukehuset.
Dei som kjem vil mellom anna få omvising
i sjukehusmuseet. Det blei opna i mai i
år, og inneheld ei fascinerande samling
sjukehusutstyr, apparat, bilde, møbler og
uniformer. Museet er laga til av ildsjeler,
med særleg innsats frå Valestiftinga.
Den permanente utstillinga er òg open
etter avtale.
For bestilling av jubileumsboka, sjå siste
side i dette magasinet.
Fortsetting frå side 6
8 9
10 råd til deg som pasient
1 Informer om deg sjølv!
• Om medisinar du tar.
• Om alternativ behandling.
• Om anna du gjer for å betre eiga helse.
2 Spør til du forstår!
• Når du er bekymra eller lurer på noko.
• Viss du er usikker på om du har forstått
helsepersonellet.
• Noter informasjon du får og spørsmål
du vil stille.
3 Sjekk at du er deg!
• Ver sikker på at behandlinga er tiltenkt deg.
• Pass på at identiteten din blir sjekka
ved prøvar og undersøkingar.
4 Sjekk medisinen!
• Er han din?
• Kvifor skal du ta han?
• Korleis virkar han?
• Er det rett dose?
5 Pårørande kan hjelpe deg!
• Med å hugse detaljar.
• Med å tale din sak når du sjølv
ikkje har krefter.
6 Få kunnskap om kva som feiler deg!
• Lær om diagnosen din.
• Spør om undersøkingar og behandlingar.
• Be legen teikne med spritpenn på deg om
du skal ha operasjon.
7 Sei i frå om smerter og plagar!
• Gjenta det om naudsynt.
• Be om å få det notert i rapport/journal.
8 Kva skjer etter sjukehusopphaldet?
• Kva smerter og plager kan oppstå?
• Skal du gjere noko med kosthaldet?
• Kor aktiv kan du vere?
9 Ved akutt behov for helsehjelp:
• Kven skal du kontakte?
• Kva vil dei trenge av informasjon?
10 Still spørsmål om kvalitet!
• Kven er ansvarleg for deg?
• Kva erfaring har dei med din sjukdom?
• Spør kven som skal operere deg og
skriv det ned.
Korleis éin fødsel kan bli til 3000Det starta for 25 år sidan, med eit sterkt
ønske om å hjelpe barnlause. I dag er
over 3200 barn blitt til ved Fertilitets-
senteret ved Haugesund sjukehus. Lars
Hausken, som døydde i 2004, får æra for
senteret si tilbliving. Han hadde nok
mange, om ikkje alle, odds mot seg då
han starta arbeidet med å få etablert
prøverørsbehandling ved sjukehuset.
Dei var ikkje få som meinte at eit vanleg
sjukehus ikkje kunne drive eit så
avansert tilbod – det var jo ikkje eit
universitetssjukehus ein gong.
Men Fertilitetssenter blei det. I eit avis-
intervju frå oppstartsåret 1985 seier
Hausken:
– Vi såg ingen grunn til at våre pasientar
skulle måtte vente i mange år for å få
plass ved de få sjukehus her i landet
som driv denne type verksemd. Så kvifor
ikkje byrje sjølv? Vi ordna med lokale og
kjøpte inn utstyr. Men viktigast av alt – vi
hadde dei menneskelege ressursar som
skulle til: eit entusiastisk fagteam som
var villige til å ta på seg oppgåva.
Det er ein entusiastisk gjeng som har
jobben sin ved Fertilitetssenteret i dag
òg. Laurdag 13. november kl. 12.00
inviterer dei til open dag på senteret ved
Haugesund sjukehus. Då kan både
familiar som har fått hjelp ved senteret,
par som treng behandling og andre
interesserte få kome og bli kjent med
senteret på ein uformell måte. Det er
lagt opp som eit familievennleg arrange-
ment med kaffi, kaker og omvisning.
Interesserte kan ta kontakt med
Fertilitetssenteret: [email protected]
Om du ønskjer å bli blodgivar, ring: 908 81 111
og legg igjen namn og telefonnummer, så vil vi
ta kontakt med deg. For meir
informasjon om det å vere blod-
givar, sjå: www.helse-fonna.no
Vi treng fleire blodgivararEr du sjukemeld, eller står i fare for å bli sjuke-
meld? Helse Fonna kan gi deg behandling
innan 30 dagar. Mange pasientar er blitt
behandla og fleire av desse er allereie attende
i jobb. Kontakt din fastlege og spør om
Raskare Tilbake. Dette tilbodet gjeld sjuke-
husa i Haugesund, Stord og Odda og dei
psykiatriske sjukehusa i Helse Fonna.
Fertilitetssenteret blei etablert i 1985. Til no er
over 3200 barn fødd etter at foreldra har fått
behandling ved senteret.
Behandlingstilbodet omfattar prøverørs-
behandling (IVF), hormonbehandling, tilbake-
føring av egg, kunstig inseminasjon med fars
sæd eller donorsæd.
8 9
pusTeHjelp: Lars Mæland frå Haugesund får av og til pustestopp
når han sov, og då er ein VPAP-maskin god å ha. Den bles ut luft
og held luftvegane opne.
10
Heimehjelp kan vere så mangt. Behandlingshjelpemidlar er utstyr pasienten kan bruke heime i staden for å vere innlagt på sjukehuset.
– Heimebasert behandling er ikkje noko
nytt, men ei rivande teknologisk utvikling
har gjort at spesialisert medisinsk
behandling kan skje på fleire område
enn før, seier Kjersti Tollaksen. Ho er
leiar for Helse Fonna sin seksjon for
behandlingshjelpemidlar.
Eit behandlingshjelpemiddel er eit apparat
eller utstyr som skal betre pasienten sin
medisinske tilstand. I mange tilfelle er
dette naudsynt for å oppretthalde livs-
viktige funksjonar hjå pasienten.
– Alternativet ville ha vore at pasientane
blei innlagde på sjukehus eller måtte
ha reist til sjukehus for å få behandlinga
der, fortel Tollaksen.
Ledd i medisinsk behandlingBlant hjelpemidlane Helse Fonna har til
disposisjon for pasientane er til dømes
utstyr for å oppretthalde pust og andedrett,
og insulinpumper med utstyr. Det fins
òg utstyr for å la mat gå direkte til magen
og infusjonspumper der ernæring eller
medisinar går rett i blodet. Utstyr til lymfe-
drenasje er ei anna behandlingsform.
– Det er ikkje slik at folk som synest at
dei treng hjelpemidlar kan bestille slikt
utstyr sjølve. Eg vil understreke at det her
dreier seg om medisinsk behandlings-
utstyr som er ledd i den medisinske
behandlinga frå sjukehuset. Hjelpemidlar
som seng og rullestol får ein som
tidlegare hos hjelpemiddelsentralane,
som er organiserte under NAV.
Legetilsyn og opplæringBehandlinga tek som regel til på sjuke-
hus. Her blir det gjort utgreiingar og tatt
prøvar for å sjå om pasienten kan ha
nytte av det aktuelle behandlingsutstyret.
Utstyret må tilpassast den einskilde
pasienten. Dette blir gjort under tilsyn
av lege.
Utstyr blir formidla til pasientar i
heile Helse Fonna-området av seksjonen
for behandlingshjelpemidlar, som
har ansvar for innkjøp, vedlikehald og
utlån. Seksjonen har sju medarbeidarar,
som alle har sine spesialområde for å
yte best mogeleg hjelp til pasientar og
pårørande.
– Det er vedkomande sjukehusavdeling
som gir naudsynt opplæring i korleis
ulike hjelpemidlar fungerer. Når pasienten
kjem heim, er det medarbeidarane i vår
seksjon som i mange tilfelle blir binde-
leddet mellom heim og sjukehus og
som bidrar med råd og rettleiing vidare,
seier seksjonsleiar Kjersti Tollaksen.
Eit lite sjukehus heime
opplagd: Med eit behandlingshjelpemiddel som gjer natta roligare, blir det meir overskot i kvardagen.
avslapping: Det ser voldsomt ut, men maskinen gjer det enklare å slappe av.
1110
tilbodet, skal vi i vårt team oppsøke dei
som treng hjelp der dei bur.
Det seier klinisk sosionom Eivind
Grasdal. Han er leiar for samhandlings-
teamet, som elles består av psykiater Leif
Heradstveit, psykolog Øivind Johnsen,
dei psykiatriske sjukepleiarane Hildegunn
Berge og Øydis Grov og Inger Johanne
Vik, som er sosionom med vidare-
utdanning i rusbehandling. Nokre i
teamet kjem frå Helse Fonna, andre frå
kommunehelsetenesta.
Nokon å snakke med– Vi ønskjer å vere ei hjelpande hand til
personar over 18 år som anten har ei
Ytre Sunnhordland samhandlingsteam
(YSS) er namnet på den gruppa av fag-
folk som skal drive oppsøkande verksemd
i Bømlo, Stord, Fitjar og Tysnes. Ordninga
kom i stand i sommar. Samhandling er
når fagfolk frå kommunehelsetenesta og
det psykiske helsevernet i Helse Fonna
går saman om å hjelpe folk med psykiske
lidingar.
– Mange med psykiske plager fell
mellom to stolar. Tilbod om hjelp blir
ikkje brukt. Mange møter ikkje fram til
avtalar. Vi i vårt team skal arbeide annleis
enn det som er vanleg i tilhøvet mellom
pasient og behandlar. I staden for at
psykisk sjuke skal oppsøke behandlings-
alvorleg psykisk liding åleine eller i kom-
binasjon med rusmisbruk. Det er ofte slik
at psykiske plager kan føre til rusmiddel-
misbruk. Samstundes kan misbruk av
rusmidlar føre til psykiske vanskar.
Felles for mange er at dei ikkje greier i
gjere seg nytte av det tradisjonelle
behandlingstilbodet frå kommunane og
Helse Fonna.
Det er her samhandlingsteamet kjem
inn i bildet. Dei har rett nok kontorplass
ved Stord distriktspsykiatriske senter,
men det er ikkje ved DPS-en dei skal
arbeide. Målet er at 80 prosent av
arbeidstida skal nyttast til oppsøkande
verksemd.
Psykisk hjelp der pasienten erFire kommunar i Ytre Sunnhordland har gått saman med Helse Fonna om eit oppsøkande team for å gi hjelp til folk med psykiske lidingar der andre tilbod ikkje har gitt resultat.
klare Til innsaTs: Samhandlingsteamet har kontor på Stord distrikts-psykiatriske senter, men der skal fagfolka vere minst mogeleg. Poenget med teamet er å gi hjelp der brukarane held til - heime der dei bur, understrekar f.v.: klinisk sosionom Eivind Grasdal (leiar), psykiatrisk sjukepleiar Hildegunn Berge, psykolog Øivind Johnsen og psykiatrisk sjukepleiar Øydis Grov. (Psykiater Leif Heradstveit og Inger Johanne Vik, som er sosionom med vidareutdanning i rusbehandling var ikkje til stades då bildet vart tatt).
12 13
Folk med psykiske vanskar kan ha
samansette lidingar, der det også kan
vere behov for både kommunal heime-
teneste og kvalifisert psykiatrisk be-
handling. Mange treng kanskje nokon å
snakke med, nokon som kan vere ein
fortruleg samtalepartnar.
Hjelp der folk bur– Vi i teamet ønskjer å hjelpe til der det
trengs utan å vere knytt til bestemte
oppgåver på førehand. Folk skal oppleve
oss som tilgjengelege og at vi kan vere til
stades når brukaren er motivert for å ta i
mot hjelp.
Samhandlingsteamet har enno bare
vore i arbeid i eit par månader, men er-
faringane er positive.
– Vi er tilgjengelege for råd og rettleiing
også utanom kontortida for dei faste
pasientane der vi har oppfølgingsansvar.
Vi har ikkje vaktordning, men står til
rådvelde for brukarane når dei ikkje har
andre å vende seg til. Dette er meint å
vere ei sikring i krisetilfelle for å unngå
unødig innlegging og for å stabilisere
situasjonen. Brukarar ringer oss dersom
dei føler behov for det. Motsett spør vi
om det er greitt at vi ringer, anten det er
kveld eller helg.
Opne dører til anna hjelpSamhandlingsteamet tilbyr brukarane
kartlegging og utgreiing i høve til rus og
psykisk helse. Her blir det stilt diagnose.
Dei tilbyr òg å vere følgje, å vere nokon
som bryr seg og som kjem på heimebe-
søk. Mange brukarar er einsame. Då er
det viktig å hjelpe til med å byggje nett-
verk. Målet for YSS er å hjelpe folk til å
klare seg på eiga hand.
– Det er òg ei viktig oppgåve for oss å vere
døropnar til resten av hjelpeapparatet.
Vi avsluttar ikkje arbeidet før andre har
overtatt og fått til eit godt behandlings-
og omsorgstilbod, seier Grasdal.
Han understrekar at det skal vere ein låg
terskel for å få kontakt med samhandlings-
teamet. Likevel kan dei ikkje stå til råd-
velde for alle og einkvar. Føresetnaden er
at pasientane blir viste til samhandlings-
teamet frå fastlege, Valen sjukehus, NAV
eller det psykiske helsevernet i kommu-
nane.
Psykisk helsevern i Helse Fonna har ein informasjonstelefon, der alle som har spørsmål om psykisk helse kan ringe. Ingen spørsmål for store, ingen spørsmål for små.T: 52 73 42 00open kvardager kl 13 - 15e-post: [email protected]
Informasjonstelefon psykisk helse
12 13
Men først skal du ta saken opp med
fastlegen din og be han eller henne tilvise
deg til gastroseksjonen i Helse Fonna
for nærare undersøking. Det kan hende
du har lidinga funksjonell dyspepsi. Det
tyder at fordøyinga ikkje er som den skal
vere. Plagene er kjenneteikna av press,
ubehag eller smerter i øvre del av magen.
Kvalm og fort mett– Det vi kallar funksjonell dyspepsi tyder
ikkje at plagene har ein underliggande
sjukdom, som til dømes magesår. Ube-
haget kan vere forårsaka av forstyrringar
i magesekken sine rørsler og korleis
magesekken sender maten vidare gjen-
nom tarmsystemet. Kvalme, raping og
tidlig kjensle av å vere mett er òg vanlege
symptom på funksjonell dyspepsi, seier
overlege Valerij Glazkov.
– Dyspepsi er svært vanleg blant vaksne
folk. Vi reknar med at 15-20 prosent av
befolkninga har plager som skyldes denne
tilstanden. Eg kallar det tilstand, ettersom
det ikkje dreier seg om ein sjukdom i
eigentleg forstand.
Av dei som er plaga, er det erfarings-
messig bare ein fjerdepart som fortel
fastlegen om plagene sine.
Sei det til fastlegen!Den tradisjonelle behandlinga av funk-
sjonell dyspepsi er ofte lite effektiv.
Helse Fonna ønskjer å finne fram til
betre behandlingsmetodar. Forskings-
prosjektet er starta for å finne ut kva
som fungerer og kva som ikkje gjer det.
– Men då treng vi studiepasientar som
vi kan undersøke nærare. Slik kan vi kart-
leggje plagene og finne fram til behand-
lingsmåtar som fungerer. Ettersom så
mange menneske har funksjonell
dyspepsi, ofte utan sjølv å vite det, ber vi
om at folk som har symptoma tar dette
opp med fastlegen sin for tilvising til
oss, ber Glazkov.
Har du smerter eller ubehag i øvre del av magen? Og det er plager som kjem tilbake med ujamne mellomrom? Då ønskjer overlege Valerij Glazkov kontakt med deg. Du kan bli eit forskingsobjekt!
ønskjer konTakTmed deg som HarubeHag i magen
14
be om Å kome HiT! - Folk som gong på gong kjenner press, ubehag eller smerter i øvre
del av magen, bør fortelje det til fastlegen sin, slik at fastlegen kan vurdere å vise pasienten hit,
ber overlege Valerij Glazkov.
1514
Lita jente med stor livserfaring
1716
Oksygensvikt under fødselen gjorde at ti år gamle Elina Haavik Dale på Avaldsnes kom til verda med alvorlege funksjonshemmingar. Hjerne- skadar gjorde at ho fekk både cerebral parese og epilepsi. Men med mykje hjelp og støtte meistrar ho og familien kvardagen.
1716
Det er ei blid jente som tar i mot oss.
Mor, far og veslebror Mikal på sju år bur
i eit hus som er bygd og spesielt tilrette-
lagt for Elina. Alt er på ei flate. Elina har
problem med å få armar og bein til å
virke slik dei skal. Ho sit mykje, gjerne
på golvet. Eller i rullestol. Og så brukar
ho gåstol til å kome seg rundt og ut.
Elina sit fastspent på eit sykkelsete medan
føtene tar ned i golvet. Slik dytter ho seg
rundt.
MuskelkontrollHjerneskaden gjer at Elina innimellom
har problem med å kontrollere muskel-
rørslene i andlet og lemmar. Ho blir fort
sliten av å bruke gåstolen. Annleis er det
med den elektriske rullestolen. Det er
den ho bruker på skulen og mykje elles.
Ein spesialinnreidd bil med løfteutstyr
tar rullestolen og Elina med dit ho skal.
Gløgg og mogen jenteElina sine funksjonshemmingar gjeld
ikkje det mentale og forstandsmessige.
Ho er ei gløgg jente med stor livsgnist.
Ho er ein sjetteklassing som gjer det
godt på skulen. Til tiåring å vere er ho
svært mogen, med vaksen humor og
god evne til refleksjon. Elina har ei
enorm livserfaring og har avfunne seg
med at funksjonshemmingane vil vare
livet ut. Ho ønskjer å gjere det ho har
lyst til, å studere og få seg sin eigen
heim. Det einaste ho treng, er hjelpe-
middel og personleg assistent.
Den blide jenta har eit bevisst tilhøve
til livet og utfordringane ho møter og
veit at ho vil møte. Elina har tenkt mykje
på livet som ligg føre ho. Målet er å bli
mest mogeleg lik andre. Det veit ho blir
vanskeleg, men ho gjer det beste ut av
det. Ho har sine dårlege dagar. Då er ho
sliten, men hentar seg raskt inn att.
Elina liker å vere blant folk. Vanskane
med å uttrykke seg språkleg er eit hinder
for dei som ikkje kjenner henne, men
bror og foreldre veit kva det tyder når ho
snakkar til dei. Det gjer òg mange andre
som kjenner henne godt.
Gode hjelpemiddelOg så har ho Rolltalk, ein liten skjerm
med datamaskin inni. I tillegg til å vere
eit talehjelpemiddel, handterer utstyret
òg SMS, e-post, fotoalbum, DVD-ar og
CD-ar. Rolltalk’en gir òg kontroll med
utstyr i heimen. I tillegg til å styre radio
og fjernsyn, kan han opne dører. Elina
lærte seg å bruke utstyret raskare enn
mora.
Sjølv om ho ikkje er gamal, har ho
reist og opplevd mykje. Familien har
feriebustad på Kreta. Der er dei kvar
sumar og elles så mykje som råd er. Her
trivs Elina godt, særleg når ho får vere i
bassenget. Ho kan symje, men treng
hjelp til å halde nasen over vatnet.
Apparat rundt segElina er open og omgjengeleg. Ho er
glad i å opptre og likar å showe. På
17. mai-tilstellinga på Avaldsnes, mima
ho artisten Miley Cyrus, ho som speler
hovudrolla i Hannah Montana-serien på
Disney Channel. Elina er nøye med å
gjere dei same faktene som TV-idolet.
Ho er glad i dyr og har vore mykje på
hesteryggen på ein Karmøy-gard. Heime
har ho hunden Ea til leik og kameratskap.
Elina har ut frå sine føresetnader ikkje
kunne leve eit så aktivt liv utan eit godt
apparat rundt seg. Det gjeld familien,
Karmøy kommune, Helse Fonna,
personlege hjelparar og tekniske hjelpe-
middel.
Det kan du lese meir om på dei neste
sidene.
Målet er å bli mest mogeleg lik andre. Det veit ho blir vanskeleg, men ho gjer det beste ut av det.
Sjølv om ho ikkje er gamal, har ho reist og opplevd mykje.
18 19
cerebral parese
Cerebral parese (CP) er eit samlande
omgrep for ei rekke forstyrringar av
muskelkontrollen, noko som skuldast
varig eingongsskade på hjernen under
svangerskap eller fødsel.
epilepsi
Epilepsi er eigentleg ikkje ein sjukdom,
men symptom på ulike tilstandar som
gir forbigåande anfallsvise funksjons-
forstyrringar i hjernen.
FakTa
Hjelpemiddel: Når Elina klarer seg så godt som ho gjer, så skuldast det òg apparatet rundt henne. Tekniske hjelpemiddel som Rolltalk - ein liten skjerm med datamaskin inni - er til stor hjelp.
18 19
Slik summerer Sølvi Heimestøl og Linda
Martinsen opp formålet med starthjelp-
kurset Helse Fonna har utvikla. Heimestøl
er sjukepleiar og koordinator ved Lærings-
og meistringssenteret, Martinsen ergo-
terapeut og fagkonsulent ved team for
barnehabilitering. Begge står sentralt i
arbeidet med starthjelpkurset, som er
utvikla i samarbeid med kommunehelse-
tenesta i Karmøy kommune og brukar-
organisasjonane.
Blir spreidd landet over– Folk må lære seg å meistre livet sjølv.
Meistring er ein eigenaktivitet. Vår opp-
gåve er å motivere og gi råd. Når foreldre
etter våre kurs seier til seg sjølv at dette
skal vi klare, då har vi oppnådd det vi er
ute etter: Å hjelpe folk til å hjelpe seg
sjølv, seier Heimestøl og Martinsen.
Starthjelpkurset har vekt merksemd også
på sentralt hald. Sølvi Heimestøl er no
engasjert i halv stilling ved Nasjonalt
kompetansesenter for læring og meistring
for å spreie kunnskap om starthjelpkurset
til alle helseføretaka i landet.
– Kurset går over fire dagar og er eit
– For Helse Fonna er det viktig å vere vegvisar i ein ny kvardag for familiar som har fått barn med nedsett funksjonsevne. Vi vil hjelpe familiane til å meistre kvardagen på eiga hand.
Det gjeld å bli sjef i sitt eige liv
20
opplæringstilbod for foreldre med barn
som har nedsett funksjonsevne eller
kronisk sjukdom. Her møter foreldra
representantar frå brukarorganisasjonane
og frå dei tenestene som fins ved sjuke-
huset.
Erfaring frå andreLæring- og meistringssenteret sin filosofi
går ut på utvikle tilbod saman med
brukarane.
– Vi må gi foreldra høve til å bli dei verke-
lege ekspertane. Så får vi vere med og
saman med dei utvikle tilbod som passar
til den einskilde. I Helse Fonna baserer
vi oss på at foreldrerepresentantar som
held foredrag på starthjelpkurset sjølv
må ha sjukdom i familien. Så må foreldre-
representantane ha lært seg å leve med
utfordringane, slik at dei har erfaringar å
dele med andre. Dessutan må dei evne å
sjå andre menneske og deira problem.
Dette er Lærings- og meistringssenteret
sin arbeidsmetode for å møte foreldra.
Eit likeverdig samarbeid med erfarne
foreldrerepresentantar, som Inger Lise
Haavik Dahle og andre, om planlegging,
gjennomføring og evaluering, gjev eit
heilskapleg og godt kurstilbod.
Du er ikkje åleineMålet er å få familiane til å meistre ein
ny kvardag. Det er ei oppgåve med
mange sider. Kunnskap om tenester og
hjelpemiddel er éin ting, men det gjeld
òg å utvikle gode søskenrelasjonar og
korleis mor og far skal bli gode foreldre.
Her må ein heller ikkje gløyme at foreldra
skal kunne ta vare på kvarandre som par.
Kommunane er viktige samarbeids-
partnarar for familiar som treng råd og
hjelp til å meistre kvardagen. På kurset
får deltakarane møte det kommunale
hjelpeapparatet og kva kommunane kan
bidra med – til dømes avlastningstilbod,
ergoterapi, fysioterapi, symjeundervisning,
pedagogisk-psykologisk teneste og hjelp
til å skaffe støttekontaktar.
Hjelpande vegvisar: - Oppgåva til oss i Helse Fonna er å hjelpe til på ulikt vis, slik at familiar kan klare seg på eiga hand, seier ergoterapeut Linda Martinsen (t.h.) og sjukepleiar Sølvi Heimestøl (ved sida av) - her heime hjå Elina sin familie og hennar foreldre Inger Lise Haavik Dale og Knut Dale.
20
sTarTHjelp
Kurset går over fire dagar med to
til tre veker mellom kvar kursdag.
Foreldre som er i arbeid kan få fri
med lønn. Dette gjeld òg sjølv-
stendig næringsdrivande.
Personar som står barnet nær kan
òg delta dersom barnet kun har ein
føresett eller desse ikkje kan stille.
Prisen er 50 kroner per dag. Dette
dekkjer kaffi, te og lunsj.
Ta kontakt med Sølvi Heimestøl
t: 52 73 28 88 eller Linda Martinsen
t: 52 73 46 18 om du har spørsmål.
FakTa
21
– Livet blei snudd på hovudet for Knut og meg då Elina kom til verda. Vi visste at vi med hennar funksjonshemmingar ville få ein heilt ny kvardag. Utfordringa vår blei å meistre det nye tilveret.
Det fortel Inger Lise Haavik Dale. Ho
blei for ti år sidan mor til ei jente med
cerebral parese og epilepsi.
– Vi visste kvardagen ville bli krevjande,
men visste òg at det er mykje hjelp og
rettleiing å få. Vi visste bare ikkje kvar.
Det offentlege hjelpeapparatet er stort
og mangfaldig. Det meste er nytt for den
som står midt oppe i det.
Lære av kvarandreDen vesle familien budde i eit treetasjes
hus, men det kunne dei ikkje halde fram
med. Dei fekk bygd nytt hus på Veldetun
på Avaldsnes med alt på eitt plan. Huset
måtte innreiast med tanke på Elina sine
behov. Huset måtte vere romsleg for å gi
plass til alt utstyret Elina omgir seg med.
– Samarbeidet med Helse Fonna kom
i stand etter at eg deltok på ein temakveld
som Lærings- og meistringssenteret
arrangerte. Dei ville gjerne ha meg med
som foreldrerepresentant i arbeidet med
å utvikle eit kurs for foreldre til barn med
nedsett funksjonsevne. Eg var sjølv
motivert for å kunne la andre få ta del i
dei røynslene som Knut og eg hadde
hausta etter at vi fekk Elina.
Motivere andreInger Lise var med på å utvikle starthjelp-
kurset og har heldt foredrag på to kurs.
Kursdeltakarane ser det positive i å møte
foreldre i same situasjon. Uavhengig av
diagnose har dei mykje å lære av kvarandre.
Dessutan kan det gjere godt å vite at ein
ikkje er åleine.
- Eg skulle ønske at vi den gongen
ikkje hadde vore så aleine i det vi opp-
levde som en jungel av system og hjelpe-
apparat. Difor valde eg å engasjere meg
og dele våre erfaringar med andre. Slik
kunne eg vere med på å motivere andre i
tilsvarande situasjon og ut frå våre
erfaringar få fram at ein ikkje er aleine.
Oppegåande jenteFamilien har lært seg å meistre kvardagen.
Dei har eit svært aktivt liv med Elina på
ti år og veslebror Mikal på sju.
– Elina er ei oppegåande jente, om enn
ikkje i fysisk forstand. Føtene ber henne
ikkje og difor er ho avhengig av rullestol.
Ho treng hjelp til det praktiske, til stell
og mat, iPod og data. Men ho har ein
stor venneflokk og er godt integrert i
skulen. Ho har vener med seg heim og
har hatt bursdagsselskap med støtte-
kontaktane, fortel Inger Lise Haavik Dale.
Å meistre ein heiltny kvardag
22
– Vi visste kvardagen ville bli krevjande, men visste òg at det er mykje hjelp og rettleiing å få. Vi visste bare ikkje kvar.
22 23
Teamet har seks medarbeidarar med
ulik kompetanse: Lege, sjukepleiar, prest,
fysioterapeut og sosionom.
– Vi har sett saman teamet på denne
måten fordi pasientane har ulike behov.
Nokre treng lindrande medisinsk be-
handling, andre har behov for å avhjelpe
andre problem, anten dei er andelege
eller økonomiske, seier leiaren for
teamet, overlege Anders E. Bøgesvang.
Ikkje bare kreft– Kven treng palliativ behandling?
– Det er menneske som ikkje lenger
kan bli kurert for ein alvorleg sjukdom
og som difor har avgrensa tid igjen å
leve. Dei fleste av pasientane våre har
kreft, men det er også andre pasientar
med livstrugande sjukdom – slik som
KOLS, hjartesvikt eller MS og andre
nevrologiske lidingar.
Behandling og omsorg – også når livet går mot sluttenPasientar med alvorlege sjukdommar som ikkje kan kurerast, har rett til behandling og omsorg i den tida dei har igjen å leve. Helse Fonna sitt palliative team tilbyr lindrande behandling i livets siste fase.
ulike beHov: Pasientar i livets sluttfase har krav på behandling og omsorg, men har ulike behov. Difor er Helse Fonna sitt palliative team samansett av fagfolk med ulik bakgrunn. Frå venstre: Astrid Kinn Bjørnøy (sosionom), Anders Bøgesvang (lege), Gro Steensnæs Håvåg (sykehusprest), Anne Lise E. Johannesen (kreftsykepleier), Ann Kristin Myrvoll (kreftsykepleier) og Kjersti E. Ødegård (fysioterapeut).
24 25
– Kva slags tiltak er det snakk om?
– I sluttfasen av livet kan ein få
symptom som kan vere særs vanskelege
å handtere. Dette kan vere kvalme,
smerter eller pustevanskar. Her kan ein
ta i bruk smertepumper, spesielle medisin-
kombinasjonar, kirurgi, strålebehandling
eller lindrande kurar med cellegift.
Palliativt team kan tilby meir enn
medisinsk hjelp. Alvorleg sjukdom kan
bringe med seg praktiske problem som
har med samliv og familie å gjere.
Økonomiske spørsmål er også aktuelt
for nokon eller ein møter på praktiske
problem når ein ønskjer å vere heime
lengst mogeleg. Andelege spørsmål
har også stor betyding i denne delen av
livet. Difor meiner Bøgesvang det er viktig
at teamet har ein prest med på laget.
Tryggleik på livskveldenTeamet oppsøkjer pasientane der dei
er. Ikkje alle er på sjukehus. Nokre får
behandling ved ein sjukeheim, medan
andre vil tilbringe mest mogeleg tid i sin
eigen heim. Ofte er det naudsynt også å
gi omsorg til dei pårørande.
– Vi starta dette tilbodet i 2008 og
trur vi har vore til hjelp og at livet blei
lettare for mange i dei vekene eller
månadene dei hadde att å leve. Dei fleste
har vore Helse Fonna-pasientar tidlegare,
slik at vi kjenner dei og veit kva slags
medisinsk behandling som trengs.
Overlege Bøgesvang understreker at dei
ikkje kan utrette mirakel.
– Sjølv om vi har førebudd det palliative
tilbodet lenge, så tek det tid å bygge opp
ei fullgod teneste. Vi som er med i
teamet skal vinne erfaring sjølve også.
Likevel håper vi at vi kan hjelpe til med
at pasienten skal oppleve å bli tatt godt
vare på når livet går mot slutten.
24 25
Fødestova på sjukehuset i Odda er nemleg
ein av åstadane for NRK sitt nye dokudrama.
Mange hugsar sikkert suksesserien
«Jordmødrene» frå Drammen sjukehus i
2007. No kjem altså oppfølgjaren.
Opnar opp eit lukka romFrå februar til mai var kamerateamet
jamleg innom Odda for å filme dei tilsette
sin kvardag. Dei fekk festa på film møte
mellom jordmor og svangre kvinner,
diskusjonar på vaktrommet, og fire
fødslar. Hjelpepleiar Nina Bratteteig og
jordmor Hjørdis Ingeborg Bleie trur serien
kan gjere fødslar normalt igjen. Etter at
sjukehusfødslar tok over for heimefødslar,
blei det noko privat som skjer i eit lukka
rom. Har ein ikkje fått barn sjølv, veit ein
ikkje kva som skjer. – Å vise korleis fødselen
går føre seg kan gjere gravide sjåarar
rolegare, trur Hjørdis Ingeborg. – Ein må
stole på at kroppen kan klare brasane.
Kvinnekroppen er jo skapt til dette, seier
ho.
Hjelpepleiar Nina Bratteteig var ei av
mange som såg «Jordmødrene». - Eg
trur folk vil ha noko verkeleg på TV. Dei
fleste seriar er så urealistiske. Og fødslar
er jo noko alle har eit forhold til. «Jord-
mødrene» var ein god serie som viste
jordmoryrket på ein flott måte.
«Har de vore her heile tida?»– Ein fødsel er noko av det mest intense
og spesielle ein opplever i livet, seier Hjørdis
Ingeborg. – Eg syns kamerateamet opp-
- Den einaste staden dei ikkje følgde etter oss, var vel på toalettet. Hjørdis Ingeborg og Nina blir truleg rikskjendisar når serien «Distriktsjordmødrene» kjem på NRK1 på nyåret. Og då er det greitt å vite at ikkje alt blir avslørt.
Stjerner blir fødd i Odda
26 27
tredde veldig diskret og finsleg. Ei av
kvinnene som blei filma då ho fødde,
utbraut «Har de vore her heile tida?»
då fødselen var over.
Også ho sjølv gløymte kameraet etter
kvart. Ho opplevde ikkje at kontakten
med pasientane blei forstyrra av filminga.
– Dei filma når eg hadde kvinner inne til
kontroll, men kamerateamet satt bak meg
og eg hadde jo fullt fokus på pasienten.
Jordmor Elin Øyre måtte tenkje seg om
då ho blei spurt om å vere med. - Eg kom
fram til at eg ville stille opp fordi serien
skulle ha fokus på distriktet, seier ho.
Hjørdis Ingeborg er einig: - Odda sjukehus
er lite, og her fikk vi ein stor sjanse til å
vise at vi gjer ein god jobb og at kvinnene
i området ønskjer å behalde tilbodet.
odda sjukeHus har forsterka føde-
stove - det betyr at kvinner med forventa
normal fødsel kan føde her, men at dei
har gynekolog eller kirurg i beredskap
Fødestova har fem jordmødrer og éin
gynekolog
Kring 70 born kjem til verda på Odda
sjukehus årleg, ytterligare 30 kvinner
blir sendt til Haugesund sjukehus fordi
det er knytt risiko til fødslane deira
FakTa
”disTrikTsjordmødre”: I første veka i januar 2011 kan vi sjå jordmor Hjørdis Ingeborg Bleie (t.v.) og hjelpepleiar Nina Bratteteig ved Odda sjukehus når TV-serien ”Distriktsjordmødrene” byrjar på NRK1.
26 27
reTuradresse: Helse Fonna HFPostboks 21705504 Haugesund
Chris Foss, redaksjonsleiar for TV i NRK
si Dokumentar- og samfunnsavdeling,
trur «Distriktsjordmødrene» har same
potensiale som forgjengaren. – Fødslar
angår oss alle på ein heilt spesiell måte.
Samstundes er det eit rom som til vanleg
er lukka for dei fleste av oss, seier han.
Men no kan vi slå på fjernsynet og opne
døra. Foss understrekar likevel at fødslane
ikkje er filma frå ein intim vinkel. Det er
jordmoryrket som er i fokus, ikkje dei
kroppslege detaljane ved ein fødsel.
– «Jordmødrene» var ein serie heile
familien såg i lag og som var ein inngang
for samtale mellom foreldre og barn
med fødsel som tema.
Nye historier
Men kor mange gonger kan vi sjå ein fødsel
på fjernsyn før vi går lei? Foss trur «Dis-
triktsjordmødrene» blir ein annleis serie
med heilt andre historier.
– Utfordringane i distriktet er annleis enn
ved Drammen sjukehus der den første
serien blei spelt inn. På stadene vi har vore
no må kvinnene ta omsyn til lange av-
standar, krunglete geografi og tøffe vêr-
forhold. Vi var med på nokre spennande
ambulanseturar.
Jordmødrer og jordgubbar
Redaksjonsleiaren trekkjer fram nokre
særeigne opplevingar i Odda. – Vi var så
heldige at ei av jordmødrene sjølv skulle
føde i perioden vi var der. Det var spesielt.
Og så spiller sjølvsagt den svensktalande
mannlege jordmora Borzoo Haddadi ei
sentral rolle. Eller jordgubben, som han
sjølv kallar seg.
«Distriktsjordmødrene» skal etter planen
ha premiere første veka i januar 2011 og
er filma ved små sjukehus i Gravdal, Tynset,
Alta og Odda.
Både mor, far og ungar benka seg føre fjernsynet då «Jordmødrene» gjekk på NRK1 i 2007. Den populære serien danka ut sjølvaste Dagsrevyen i sjåartal. Ikkje rart det kjem ein oppfølgjar.
- Ein serie for heile familien
JubileumsbokaHelse Fonna markerer Valen sjukehus sitt 100 års jubileum med å utgi jubileumsboka: “I det trygge huset - Valen sjukehus gjennom hundre år”.
Boka fortel om livet innanfor dørene på Valen sjukehus og set fokus på mange av pasientane si oppleving av Valen.
Bestill boka her: www.helse-fonna.no eller send inn kupongen.Selges også i resepsjonen på Valen sjukehus.Til-sette i Helse Fonna får 25% rabatt.
pris kr. 399
Bestill plass på kjørekontoret: ring 52 73 26 65
Planlagde reiser med Helseekspressen bør ein bestille så tidleg som mogleg. Seinast kl. 15 dagen før avreise.
Frå Haugesund sjukehus kl. 07.30Aksdal kl. 07.45Haukås kl. 08.10Føynå kl. 08.20Leirvik hurtigbåtterminal kl. 08.45Stord sjukehus kl. 09.00Sandvikvåg kl. 09.45Halhjem kl. 10.25Framme Haukeland kl. 11.05
ruTeplan Frammøte seinast 10 minutt før avgang.
Frå Haukeland kl. 14.30Halhjem kl. 15.30Sandvikvåg kl. 16.10Leirvik hurtigbåtterminal kl. 16.45Stord sjukehus kl. 16.55Føynå kl. 17.10Haukås kl. 17.40Aksdal kl. 18.05Framme Haugesund kl. 18.20
Ja takk, eg vil gjerne kjøpe jubileumsboka til Valen sjukehus. pris kr. 399
Sendes til Helse Fonna, Pb 2170, 5504 Haugesund. Merk konvolutten med “Jubileumsbok”.
NAVN
ADRESSE
POSTNR. / STED
TELEFON
(Gjeld ikkje helg)
28