VURDERING FOR LÆRING
Helsing frå rektor
Vurdering er eit redskap for å fremme læring. Det betyr at du som elev skal få tilbakemeldingar frå læraren som du kan bruke for å bli betre i faget, og du som er elev skal også involverast i vurderingsarbeidet, mellom anna gjennom eigenvurdering. Altså er vurdering langt meir enn berre ein talkarakter. I vurderingsarbeidet skal lærarane sjå den enkelte elev, og vere konstruktive slik at vurderinga verkar læringsfremjande. Du skal få vite kva som er bra, kvifor det er bra, kva som kan bli betre og korleis det kan bli betre i ditt elevarbeid. Dette skal du som elev kunne forvente av lærarane dine. Samstundes har du som elev ansvar for å setje deg inn i vurderinga og tenkje gjennom denne. Skjønar du ikkje kva læraren meiner eller er usamd, må du gå i dialog med læraren om dette. Med ynskje om ei lærerik tid på Austrheim vgs, Beste helsing, Frode Hervik, rektor
ing i orden og åtferd
Vurdering handlar om
Me ser den enkelte elev
Vurdering handlar om
• Rettar og plikter
• Undervegsvurdering
• Sluttvurdering i fag
• Vurdering i orden og åtferd ng
Alle elevar er forskjellige, og har ulike behov. Skulen vår ser den enkelte elev:
Trivsel og elevmiljø står i fokus.
Konkrete framovermeldingar.
Tilpassa opplæring.
Tidleg innsats for elevar med særskilte behov.
Dette har du som elev
plikt til
Delta på prøvar, levere
innleveringsoppgåver og delta aktivt i
andre vurderingssituasjonar i
undervisninga.
Bruke læraren sine tilbakemeldingar for å
forbetre seg i faget.
Gå i dialog med læraren dersom du ikkje
skjønar tilbakemeldinga.
Arbeide konstruktivt med eigenvurdering.
Forskrift til opplæringslova § 3-1 - 3-13.
Dette har du som elev
rett på
Lærarane skal forklare kompetansemåla, og
kva det blir lagt vekt på i vurderinga i faget.
Tilbakemeldingane frå lærarane skal seie
noko om:
- Kva som er bra
- Kvifor det er bra
- Kva som kan bli betre
- Korleis det kan bli betre
Delta aktivt i vurdering av eige arbeid,
eigen kompetanse og eiga utvikling.
Dialog om utvikling i faga gjennom
utviklingssamtalar/fagsamtalar.
Varsling ved fare for at ein ikkje får karakter
i fag, og fare for nedsett i orden og åtferd.
Forskrift til opplæringslova § 3-1 - 3-13.
3-3
Eigenvurdering er at
• Undervegsvurdering som du
får gjennom heile skuleåret.
Eigenvurdering er ein del av
undervegsvurderinga.
Dette skal vere vurdering
for læring.
• Sluttvurdering som vert gitt når du er
ferdig med eit fag. Du får sluttvurdering
i fag, og i orden og åtferd.
Forskrift til opplæringslova § 3-2, 3-11, 3-12, 3-13, 3-16 og 3-17.
Forskrift til opplæringslova § 3-12
Vurdering omfattar
Du skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eiga faglege utvikling. Du skal reflektere over kva du kan/har lært. Du skal reflektere over kva du må jobbe meir med.
Eigenvurderinga kan vere både munnleg og skriftleg.
Undervegsvurdering = Vurdering for læring Tilbakemelding og framovermelding frå lærar som
skal hjelpe deg til å bli betre i faget: - Kva er bra? - Kvifor er det bra? - Kva kan bli betre? - Korleis kan det bli betre?
Til dømes kan dette vere ei konkretisering av kva
du treng å arbeide meir med for å få ein betre karakter.
Til dømes kan slike meldingar komme skriftleg i samband med prøvar og innleveringsoppgåver, eller munnleg i samband med t.d. framføringar og i fagsamtalar.
Vurdering for læring Prinsipp
Fokus på læringsstrategiar.
Læraren som “coach”.
Eleven som aktiv medspelar.
Fokus på elevane sin motivasjon.
Djupnelæring.
rift §3-7
Sluttvurdering i fag Sluttvurdering i orden
og åtferd
Forskrift til oppæringslova
§3-2, §3-17, §3-18, §3-38, §3-39, §3-42
Er ein talkarakter.
Seier noko om ditt faglege nivå når du er ferdig med opplæringa i faget.
Er standpunktkarakter og/eller eksamenskarakter.
Kan du klage på (terminkarakter kan ikkje klagast på).
Ligg til grunn for opptak til vidare utdanning/lærekontrakt og utdanning på høgare nivå.
ORDEN Elevane skal ha god orden.
Det er god orden å:
Møte presis til timane
Vere budd til undervisninga
Gjere arbeid som blir pålagt så godt som
mogleg, og levere i rett tid
Ha med nødvendige læremidlar og utstyr
ÅTFERD Vurdering i åtferd byggjer på
Korleis du oppfører deg overfor medelevar,
lærarar, og andre tilsette i og utanfor opplæringa
Om du viser omsorg og respekt for andre
Korleis du handsamar skulebygg og utstyr
Det er ikkje lov å røyke, snuse eller være
påverka av rusmidlar