draumen om catalonia

24

Upload: det-norske-samlaget

Post on 23-Jul-2016

234 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

Av Johannes Nymark.

TRANSCRIPT

Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6

Johannes Nymark

Draumen om Catalonia

Katalansk identiteti historisk lys

SamlagetOslo

1

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 1

Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6

Innhald

Innleiing

Frå gullalder til nedgangstider

Kulturell blømingstid

Modernitet og modernisme

Med språket for fridom

Visca el Barça i visca Catalunya!

Kva no, Catalonia?

Etterord

Takk

Notar

Litteratur

Register

3

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 3

4

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 4

Innleiing

Identitet og nasjon

. september har sidan vore ein spesiell dato forkatalanarane i det nordaustre hjørnet av Spania. Dendagen fall Barcelona i hendene på Bourbon-dynastiet,som like før kunne feira sigeren i den spanske arvefølgje-krigen (–). I avskaffa så det franskætta kon-gehuset dei særeigne rettane og institusjonane som Cata-lonia-regionen hadde hatt i fleire hundre år. Med detfranske språkakademiet – l’Académie Française – somførebilete skipa ein i Det kongelege spanske språk-akademiet, la Real Academia de la Lengua Española, ogfekk såleis oppretta ein autoritativ institusjon for detspanske språket, det ein òg gjerne kallar for kastiljansk.

I same slengen blei det katalanske språket avskaffa ogerstatta med kastiljansk i det offentlege rommet: admi-nistrasjon, undervisning o.a. Denne tilbakegangen forkatalansk gjaldt likevel ikkje for den private sfæren, nokosom skulle få mykje å seia for den kulturelle blømingasom tok til i Catalonia frå -talet av. Den katalanskeRenaixença i tida – skriv seg inn i den europeiskeromantikken med sin preferanse for kjenslene, fantasien,individet, naturen og heimstaden i vid tyding. La Renai-xença fekk mykje å seia for utviklinga av det katalanskesjølvbiletet og den katalanske identiteten.

5

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 5

Identiteten til eit samfunn er ikkje lett å avgrensa. Dethar mellom anna å gjera med den oppfatninga ei gruppemenneske har av seg sjølv, sjølvmedvitet deira. Ei slik opp-fatning tek gjerne utgangspunkt i element som skil éi fol-kegruppe frå ei anna. I det katalanske tilfellet er språketkatalansk kan henda det som mest spring ein i auga, ogsom folk flest har ei oppfatning av som identitetsmarkør ihøve til kringliggjande geografiske område. Dette siste erlikevel diskutabelt om ein røkjer etter kor stor utbreiingkatalansk har, og kva ein legg i termen katalansk språk.Språket er det katalanarar flest vil nemna aller først

når dei skal forklara kva katalansk identitet er for noko.Andre faktorar vil komma i andre rekkje: ei sams historie,genuine kulturelle manifestasjonar innanfor ulike kunst-artar og økonomiske, politiske og juridiske tradisjonarsom skil det katalanske folket frå andre folkegrupper. Altdette er òg element som går inn i ein diskusjon omnasjon og nasjonalitet, tema som var særleg aktuelle i denpolitiske debatten i tiåra rundt .Den franske historikaren Pierre Vilar (–) – av

mange rekna for å vera den største spesialisten på kata-lansk historie og nasjonalisme – har datert den store epo-ken for europeisk nasjonalisme til dei tiåra som går frå og fram til utbrotet av den første verdskrigen i .Vilar skriv at nasjonalismen i desse tiåra stod fram som«ein doktrine som ser på nasjonen som eit essensielt fak-tum og eit overordna mål som individet hadde å under-ordna seg og ofra seg for. Andsynes nasjonen må gruppe -interesser og klasseinteresser vika» (Vilar : ). Altfør den franske revolusjonen starta i , tok ein, ifølgjesjølvsame Vilar, til å nytta termen «nasjon» i tydinga «alle

6

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 6

undersåttane i motsetnad til kongedømmet eller små pri-vilegerte grupper» (Vilar : ).Mange katalanarar set sin nasjonalisme inn i ei

ramme som avgrensar den frå sentralismen i Madrid. Dådei såkalla Manresa-basane frå førte den katalanskerørsla frå intellektuell regionalisme og over til krav omregionalt politisk sjølvstyre, var dette ein reaksjon mot eitgjennom korrupt og udugeleg styre i Madrid, ein reak-sjon som for så vidt vann tilslutnad langt utanfor kata-lansktalande område. I vårt land har nasjonalismen fåtthengande ved seg til dels svært negative assosiasjonaretter fascismen og nazismen sine herjingar, og ein nord-mann kan bli meir enn sjokkert når han høyrer katalana-rar som stolte presenterer seg som nasjonalistar. Nyttar vitermen «nasjonalkjensle» der katalanarane seier «nasjo-nalisme», er vi nok meir på bølgjelengd.Tilhengjarar av meir suverenitet til Catalonia assosierer

nasjonen og nasjonalismen med demokratiet og folketsin vilje, noko som kjem klart til uttrykk når dagens kata-lanske regionalpresident Artur Mas seier at «Catalonia siframtid blir avgjord av folket og ikkje i statsråd i Madrideller av ein grunnlovsdomstol», som svar på forsøka frå eidømmande og utøvande sentralmakt på å gjera kutt i detkatalanske sjølvstyret. På same vis ser ein på den nye lovaom offentleg administrasjon som eit påskot til å reduseraden desentraliserte forvaltninga som blei innført i deiførste demokratiåra med heimel i den demokratiskegrunnlova frå . «Resentralisering», klagar ein i Cata -lonia, og dei er ikkje få, dei som i private samtalar hevdarat det høgreorienterte PP (Partido Popular) no syner sittsanne ansikt ved å føra Spania attende til Franco-tida,

7

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 7

med økonomisk krise og behov for innsparingar somvikarierande motiv.Det har vore opp- og nedturar for katalanarane i dei

åra den katalanske identiteten har manifestert segmed krav om sjølvstyre eller full suverenitet. Den seinastetida har kampen for full suverenitet hardna til. Tilmedden høgre–sentrum-orienterte koalisjonen CiU (Conver-gència i Unió), som i dag sit med makta i den katalanskeregionalregjeringa, går no inn for folkerøysting om laus-riving av regionen frå Spania, noko dei ikkje har gjort tid-legare. . juli blei eit vendepunkt i katalansk poli-tikk generelt. Den dagen tok ein million til gatene i Barce-lona for å demonstrera mot at den spanske grunnlovs-domstolen ville kutta ned på det katalanske sjølvstyret.Den økonomiske krisa som rir Spania, har også nådd

Catalonia. Det same har korrupsjonen, som stadig gripom seg. Catalonia har i løpet av få år – og som ein direktekonsekvens av den økonomiske krisa – opparbeidd seg eigjeld på svimlande milliardar euro (Datosmacro a).Det økonomisk dynamiske Catalonia – somme gongeromtala som det økonomiske lokomotivet i Spania – erhamna i eit uføre som det ikkje berre er skuld i sjølv. Denhøge verdiskapinga som Catalonia har stått for, har førtstore mengder avgifter og skattar over i den spanske stats-kassa, utan at Catalonia har fått sin del til drift og tenester iretur – heller ikkje ut ifrå kva ulike sentralregjeringar harlova – etter katalanske politikarar sine eigne vurderingar.For mange katalanarar er det sentralregjeringa i

Madrid som er skuld i den økonomiske misera. Når PP-regjeringa viser null interesse for å diskutera ei «skatte-pakt» med den katalanske regionalregjeringa, då er det

8

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 8

ikkje å undrast på at den økonomiske situasjonen får dra-matiske politiske konsekvensar. Demonstrasjonen . sep-tember var eit handfast prov på det, med om lag ,millionar deltakarar ifølgje arrangørane. «Catalonia, einny stat i Europa» var hovudparolen i denne massemobili-seringa for uavhengigheit.Den spanske utdannings- og kulturministeren José

Ignacio Wert kasta meir eld på det katalanske bålet då hantok til orde for å «spanjolisera» dei katalanske ungane.Endå eit prov, i alle fall for katalanarane, på at den konser-vative regjeringa til Mariano Rajoy orienterer seg i retningideologien til Franco-regimet (–). Den katalanskeidentiteten var utfordra på sitt mest kjenslevare punkt, ogdet blei vanleg å høyra framlegg om at den katalanskenasjonen burde konstituera seg som eigen republikk.Den katalanske regjeringa tok i byrjinga av initia-

tiv til å skipa eit rådgjevande organ for den nasjonaleovergangen. Optimismen var stor, og ein tok raskt tilmed å førebu ei folkerøysting og overgangen til eit eigenasjonalt statsapparat. PP annonserte at partiet villenytta alle middel for å slåst mot desse måla. Terningen varkasta, kampen om Catalonia si framtid var i gang.

For å forstå korleis Catalonia gjennom historia harutvikla seg til å bli det regionen er i dag, vil vi sjå på føl-gjande emne:

Frå gullalder til nedgangstider

Catalonia sin kamp for meir sjølvstende – i si mest vidt-gåande form fullt sjølvstende – går tilbake til sein mellom-

9

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 9

alder, då regionen hadde eigne lover, eigen kultur og eigespråk i ein desentralisert konføderasjon med Aragón.Dette var ein periode då makta til konføderasjonen Ara-gón–Catalonia nådde ut til nærliggjande område (Valen-cia-regionen, og Mallorca, Menorca, Ibiza og andre øyar iMiddelhavet) så vel som andre meir fjerntliggjandeområde som Sardinia, Korsika og viktige delar av dagensHellas. I denne gullalderen mellom det . og det . hund -reåret kom det litteratur på katalansk, og katalanaraneutvikla les Corts Catalanes, som mange historikarar ser påsom det beste dømet på det mellomalderske parlamentet.

Kulturell blømingstid

For dei nasjonalt innstilte av dei vel , millionar katala-narane representerer . september dagen då deistarta kampen for å vinna tilbake den tapte fridommen.På -talet gjekk denne kampen spesielt føre seg medutgangspunkt i det katalanske språket. Den kulturellebløminga gjennom la Renaixença (litteratur, forteljingar,dans, song, musikk) har ein sentral plass i den periodenrørsla varte (–). I dette kapittelet vil òg dei sosi-ale, økonomiske og politiske særdraga ved katalansk sam-funn på -talet bli analyserte.

Modernitet og modernisme

På -talet gjekk den katalanske rørsla over i ein politiskfase og fekk eit sterkt preg av modernitet, spesielt ut frå dis-kusjonen om nasjon og nasjonalitet som i særleg gradgjorde seg gjeldande i tiåra før og etter overgangen til det

10

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 10

. hundreåret. Det konfliktfylte motsetnadstilhøvetmellom det økonomisk dynamiske Barcelona og det poli-tiske senteret Madrid går tilbake til denne tida, og Barce-lona fekk alt i denne perioden ein modernitetsidentitet.Den katalanske moderniteten avgrensa seg ikkje berre tilpolitikken. Den kulturelle katalanske modernismen varkjenneteikna av ein vilje til å endra det katalanske samfun-net gjennom det ein gjerne omtalar som ei politisk-kultu-rell rørsle, noko som mellom anna la grunnlaget for eit tettsamarbeid mellom kunstnarar, politikarar og næringsliv.Den katalanske Modernisme (om lag til om lag ),slik vi særleg kjenner han gjennom Antoni Gaudi sin arki-tektur, skulle skrivast inn i nasjonale katalanske rammer,og i dag er det liten tvil om at modernistane har sett sittklare preg på det moderne Catalonia.

Med språket for fridom

Etter at katalansk hadde vore til dels sterkt undertryktunder mesteparten av Franco-diktaturet (–), bleidette språket symbol for den katalanske fridomskampenfrå slutten av -talet. Rolla som katalanarane sin IvarAasen – Pompeu Fabra – fekk for katalansk skriftkultur,var enorm, heilt sidan den første boka, Normes ortogràfi-ques, kom frå hans hand for vel hundre år sidan, i .Utviklinga av katalansk har vore rivande sidan diktatorenFrancisco Franco døydde i , og språket fekk pårekordtid ein posisjon som høgstatusspråk i den katalan-ske regionen. Språkpolitikken ein har gjennomført forkatalansk, kan på fleire måtar stå som førebilete for andreregional- og minoritetsspråk, også for nynorsk.

11

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 11

Visca el Barça i visca Catalunya!

«Leve FC Barcelona og leve Catalonia!» er i våre dagar eitslagord som fokuserer på den rolla klubben har hatt somsamlingssymbol i massemønstringar så vel i kampen motFranco-diktaturet som når den politiske striden i dag stårom juridisk og politisk suverenitet. Vi ser på relasjonanemellom klubben og Catalonia heilt frå den spede starten i og fram til våre dagar, der FC Barcelona er ein viktigambassadør for Catalonia. El Barça var også i motgangs-tider det mest synlege symbolet på katalansk identitet ogmotstand, noko som spesielt kjem av at ein på ein masse-arena som eit fotballstadion kan gje uttrykk for kjenslerog meiningar som elles ville ha blitt brutalt undertrykte.

Kva no, Catalonia?

Når ein skal sjå på dagens situasjon, kan ein ta utgangs-punkt i den store demonstrasjonen i Barcelona . juli

då over ein million menneske demonstrerte mot kutt i deikatalanske vedtektene for indre sjølvstyre. Dei politiskeavgjerdene i Catalonia dei seinaste åra er komne etter sterktpress frå eit grunnplan som har organisert seg og mobilise-rer aktivt for at katalanarane skal komma til orde gjennomval og folkerøysting. Motstanden og til dels hatet mot sent -ralstyresmaktene i Madrid har auka oppslutninga om kra-vet om folkerøysting. Kampen står no mellom sentralregje-ringa, som insisterer på det legale – den spanske grunnlovafrå tillèt ikkje ei folkerøysting for å danna ein eigen stat– og dei mest ihuga tilhengjarane av uavhengigheit, somviser til at dei har den folkelege legitimiteten på si side.

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 12

Frå gullalder til nedgangstider

Ein skal ikkje opphalda seg lenge mellom historisk ogpolitisk medvitne katalanarar før ein finn ut at dei erstolte over dei lange skrifttradisjonane til det katalanskespråket. Alt i dokument – testament, protokollar, attestarog kontraktar – frå det . hundreåret kan ein kjenna igjenord og konstruksjonar frå det lokale talespråket. På dennetida hadde talespråket utvikla seg såpass at dei som skreivdokumenta, oppfatta dette som svært ulikt den variantenav latin som dei eigentleg skulle redigera dokumenta i.I dei følgjande hundreåra skulle det bli meir og meir

katalansk i slike rettslege skriv, og på slutten av -taletfekk vi dei første dokumenta som så å seia frå ende tilannan er skrivne på katalansk. Manuskriptet som gårunder namnet Greuges de Caboet («Fornærmingar avCaboet»), blei skrive mellom og og er på kata-lansk, viss ein ser bort frå korte innleiingar om kva teks -tane handlar om, som er på latin.Det første litterære verket på katalansk kom vel hundre

år seinare. Homilies d’Organyà («Preiker frå Organyà») erei samling preiker som hadde som mål å utbreia evange-liet. Ut frå kvaliteten på pergamentet det er skrive på, ogskriftanalysar – som tyder på at det dreier seg om over-gangen til gotisk skrift – har ekspertar komme fram til atsamlinga må vera skriven på slutten av - og byrjingaav -talet.

13

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 13

Kyrkjas menn hadde alt funne ut at folk flest ikkje for-stod kyrkjespråket latin, og på kyrkjemøtet i Tours (Frank-rike) hadde ein i gått inn for at preikene skulle omset-jast til dei romanske folkespråka («transferre in rusticamRomanum linguam»). Dette gjorde at ein fekk ein situa-sjon med diglossi, der folk flest nytta lågstatusspråka – deiromanske språka – medan høgstatusspråket, i dette tilfelletklassisk latin, levde vidare særleg i kyrkjelege samanhengar.Mellomalderen blir tradisjonelt sett på som mørke

hundreår kulturelt sett. Sjølve termen «mellomalder»viser òg til at ein er inne i ein epoke mellom stordoms -tider, den greskromerske klassisismen og renessansen,som på mange måtar er nettopp ein renessanse for kultu-relle og kunstnariske særpreg frå klassisismen. Men forCatalonia er spesielt seinmellomalderen ei stordomstid,sjølve stordomstida som katalanarane i dag ser attende påmed byrgskap, og ikkje berre på grunn av utviklinga avspråk, kunst og kultur.Den katalanske gullalderen mellom det . og det .

hundreåret er mellom anna kjenneteikna av intens han-delsverksemd og ekspansjon. I desse hundreåra var Cata-lonia alliert med Aragón i vest i ein konføderasjonmellom to særs ulike område, der så vel Catalonia somAragón hadde eigne lover, eigen kultur og eigne språk,men under den same krona. Det katalanske lovgjevandeorganet, les Corts, som blei etablert i , blir av mangehistorikarar rekna for å vera det mest genuine eksempeletpå det mellomalderske parlamentet. Somme hevdar til-med at det er det første parlamentet i heile Europa medreell folkedeltaking sidan det romerske imperiet gjekk ioppløysing i tida før år e.Kr.

14

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 14

Les Corts Catalanes ligg langt framme i det katalanskemedvitet også i våre dagar. Om katalanarane ikkje veitakkurat når det eksisterte, så hevdar mange at det bleikalla saman eit halvt hundreår før det tilsvarande lov -gjevande organet i eit England som gjerne briskar segmed å ha vore først ute også på dette området. Ein raudtråd i katalansk historie er regionen si opne haldning tilnye tendensar, til det som til kvar ei tid blir omtala som detmoderne. Nye ideologiar og nye retningar har gjernekomme til den iberiske halvøya via Catalonia, og spesielthamnebyen Barcelona.På midten av -talet styrte konføderasjonen Ara-

gón–Catalonia også i Valencia-regionen, på Balearane iMiddelhavet (Mallorca, Menorca, Ibiza og andre øyar) ogdessutan på Sardinia, Korsika og viktige delar av dagensHellas. Ein medlem av kongefamilien i alliansen Ara-gón–Catalonia sat på trona på Sicilia, og konføderasjo-nen kontrollerte gullhandelen med Sudan. Som viktig -aste hamneby fekk Barcelona ein framståande plass i alli-ansen, med det resultatet at katalansk etter kvart blei talai dei områda som alliansen kontrollerte.Aragón–Catalonia sin gullalder varte så lenge Middel-

havet var det viktigaste området for handel og sjøfart forden iberiske halvøya. På -talet gjorde dei europeiskesjøferdene langs den afrikanske vestkysten og i særleg gradKristoffer Columbus sine reiser til det amerikanske konti-nentet at Atlanterhavet fekk status som det desidert viktig -aste havområdet for menneskeleg ferdsle. Samstundesførte giftarmålet i mellom Isabel av Castilla og Fer -nando av Aragón nokså fort til at Castilla fekk det politiskeovertaket i eit Spania som var i ferd med å bli sameint.

15

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 15

Det finst såleis eit godt grunnlag for å hevda at deka-dansen i Aragón–Catalonia fell saman med oppgangenfor Castilla og med kastiljaniseringa av heile Spania –språkleg, kulturelt og politisk. Det . og . hundreåretvar ein gullalder for katalansk litteratur. Det administra-tive organet for kongen av Aragón, la Cancelleria Reial,hadde mykje å seia for at denne gullalderlitteraturen fekkeit nokså einsarta preg. I våre dagar er katalanarane klarepå at den første moderne romanen i Europa var i kata-lansk språkdrakt: Tirant lo Blanc, ein riddarroman somkom ut posthumt i og var skriven av Joanot Marto-rell (–) frå Valencia.Den katalanske dekadansen skulle vara fram til star-

ten av det . hundreåret, og sjølve termen er eit ektefødtbarn av forfattarar innan den såkalla Renaixença.

Kvifor Catalonia?

Det første dokumentet som gjev eit sikkert skriftlegbelegg for det som i dag heiter Catalonia og katalanar, gårattende til ei bok frå – (Liber Maiolichinius), eitmallorkansk verk der greven av Barcelona, Ramon Beren -guer ., mellom anna blir omtala som catalanicus heros(katalansk helt). Sameleis blir Catalania her nytta somnamn på det geografiske området der catalanenses heldttil. Mange katalanske forskarar finn det noko merkeleg attermen skriftleg skulle bli teken i bruk utanfor sjølveCatalonia før han blei vanleg i Catalonia sjølv. Men fråom lag midten av -talet er Catalunya – slik det blirskrive på katalansk i dag – i vanleg bruk både i sjølveområdet og i dei nærmaste kristne kongedømma.

16

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 16

I den aller første tida var termen Catalonia nært knytt tildet geografiske området som greven av Barcelona herskaover, men alt frå det . hundreåret blei han utvida til ågjelda heile det territoriet som grensa opp til kongedøm-met Aragón, og som gjekk under namnet Principat (prinse -riket).Det vi i dag kallar katalansk språk, kan dokumenterast

i skriftlege dokument ei tid før det finst skriftleg beleggfor sjølve termen «katalansk». Kva opphav termen har, erdet framleis mykje strid om. Den mest aksepterte teoriengår ut på at Catalunya er avleia av terra de castells (land avslott/borger) og har utvikla seg frå castlà, frå eldre franskchastelain, ein term som blei brukt i tydinga «slottsguver-nør» (guvernør med slott). Ut frå denne hypotesen harCastilla og Catalonia, kastiljansk og katalansk, det sameetymologiske opphavet. Ikkje alle språkforskarar er for-resten overtydde om at denne teorien held ut frå språk-historiske kriterium (Sapiens ).Ein annan hypotese går ut frå at Catalunya kjem frå

Gotholandia, gotarane sitt land, med referanse til vestgot -arane, ei grein av dei germanske folkeslaga som herskaover Spania i om lag år, frå til dei blei slått attendeav dei muslimske maurarane i perioden –. Tilheng-jarane av denne teorien viser til at Catalonia lenge bleiomtala på latin som Cathalonia eller Catahalaunia, somminner ikkje så lite om Gotholandia. Også når det gjelddenne hypotesen er det språkhistorikarane som stiller segmest kritisk.Ei seigliva legende vil ha det til at namnet Catalonia

kjem frå etternamnet til ein tysk (eller fransk?) prins(eller greve) som gjekk under namnet Otger Cataló (eller

17

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 17

Catalon), og som skal ha freista gjenerobra land ved Pyre-neane etter den muslimske invasjonen først på -talet.Historikarane festar lita tiltru til legenda, som første gongblir skriftleg omtala i ei krønike skriven av Pere Tomic i og trykt opp i . Under den katalanske Renaixençapå -talet blei minnet om Otger Cataló vekt til live att,og legenda blei nærmast ein del av dei felles historiskerammene som den katalanske identiteten då bygde på.Atter andre fører Catalunya tilbake til ordet laketani,

namnet på den folkegruppa som skal ha hatt tilhald iomlandet til Barcelona i antikken ( f.Kr.– e.Kr.).Gjennom innverknad frå italiensk skal ordet ha endra segtil katelans og vidare til catalans. Og den arabiskkunnigehistorikaren Joan Vernet (–) slår frampå om atdet aller første vitnesbyrdet til regionsnamnet kan hakomme frå den arabiske historikaren og geografen Al-‘Udr-i� (–), som i ei krønikebok nyttar stadnamnetTalunya eller Taluniya. Ved å leggja til den topografiskeforstavinga «ca» får vi Catalunya. Er denne hypotesenrett, vil vi her ha å gjera med den eldste skriftlege formaav Catalonia som geografisk nemning.At ein ikkje kan slå fast ein gong for alle kor termen

Catalunya stammar frå, gjer eigentleg ikkje så mykje forkatalanarane og for det katalanske sjølvbiletet. Det gjevdet katalanske opphavet ein eim av legende, på det nær-maste myte, som den kollektive identiteten finn stimu-lans i. Det er ikkje for ingen ting at legendene blir reknafor å ha oppbyggjeleg status.

18

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 18

Handelssenteret Barcelona

Når ein kjem til Barcelona – hovudstad og største by iCatalonia – kan ein ikkje unngå å leggja merke til at byenhar ei framifrå plassering i landskapet, omgjeven somhan er av små fjell eller berg og med austleg grense tilMiddelhavet. Det tykte også Herkules – eller Herakles pågresk – då han, ifølgje ei anna legende, fann eit skip somhadde forlist nettopp på denne staden. Det var det siste avni skip – det niande skipet, eller Barca Nona på latin – ogmannskapet til Herkules blei så fortrylla av staden at dei,etter segna, grunnla byen Barcanona.Ei anna legende legg grunnlegginga av Barcelona til år

f.Kr., og æra blir gjeven til far til ein Hamilcar Barca(– f.Kr.), som skal ha døypt byen etter seg sjølv: Bar-kenon, Barcelino eller Barci Nova. Ingen av desse teorianefår støtte frå historikarar eller arkeologar av i dag, men deiblir likevel diskuterte opp og i mente på sosiale medium.Det ser beint fram ut til at katalanarane elskar å diskuterakva opphavet er til både Catalonia og Barcelona.Av mange blir Barcelona i dag rekna for å vera den

mest kosmopolitiske av alle spanske byar, noko som sjølv-sagt har å gjera med at byen ligg ved Middelhavet og i hun-drevis av år har vore ein av dei aller viktigaste hamne byaneog handelssentra i dette området. Den geografiske plasse-ringa og mykje samkvem med folkegrupper langsMiddelhavet gjorde at katalanarane blei meir vende ut -etter enn andre spanjolar. Dei store europeiske ideologi-ane kom til Spania via Barcelona og Catalonia. Katalana-rar sjølve viser gjerne til døme som den italienske renes-sansen og det franske tankegodset frå opplysningstida på

19

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 19

-talet og frametter. Catalonia blei tidleg ei bru mellomden iberiske halvøya og folkeslaga rundt Middelhavet.Dei nasjonalt innstilte katalanarane liker ikkje at ein

omtalar dei som ei eiga etnisk gruppe. I staden for etniskidentitet snakkar dei om kulturell identitet eller sam-funnsborgaridentitet (identitat ciutadana), og dei viser tilat regionen alltid har vore mål for andre folkegrupper ogreligiøse grupper som har busett seg der. Såleis har ein iCatalonia opp gjennom historia hatt ulike folkegruppersom iberarar, kartagarar, romarar, jødar, vestgotarar,muslimar og kristne. Og etter at den industrielle revolu-sjonen tok til i Catalonia rundt – mange tiår førresten av Spania følgde etter – har folk strøymt til denneregionen både frå andre delar av Spania og frå andre landog verdsdelar. Som viktigaste hamneby, handelsstad ogindustriområde har Barcelona spela ei heilt domineranderolle i denne samanhengen.Barcelona trivst i denne funksjonen som fleirkulturell

og mangslungen regionhovudstad. Som få andre byar,om nokon, kan den katalanske hovudstaden by på kulturfrå dei mest ulike tidene, frå romersk kultur via gotisk stil,barokken, klassisismen, romantikken, realismen, natura-lismen, modernismen og til forskjellige utslag av våredagars kunst og kultur. Og vel å merka: Desse kultur -manifestasjonane lever side om side – utan at det blir stygt.Ein reknar ofte at Barcelona for alvor blei til under

romartida. I tiåra rundt Kristi fødsel fekk romarane fot-feste i det nordaustlege hjørnet av den iberiske halvøya.Truleg ein gong mellom år og f.Kr. blei Barcino detvanlege namnet på staden, som forkorting for det offisi-elle Colonia Faventia Iulia Augusta Pia Barcino (Hernán-

20

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 20

dez i Cardona : ). Alt i dei første hundreåra av vårtidsrekning blei Barcino rekna for å ha ei strategisk viktigplassering som knutepunkt for handelen til og frå Nord-Europa og middelhavsområda i aust. Dessutan var stadenfriteken for skatt.Det romerske Barcelona – eller Barcino – låg i all hovud-

sak der vi i dag finn det gotiske kvartalet, på høgre side nårvi går oppover La Rambla frå hamna til Plaça Catalunya.Sjølve byen hadde murar omkring seg, slik vanen var, ogfolket der levde relativt godt i det første og det andre hun-dreåret e.Kr. Folketalet auka i denne perioden frå tilopp mot , og innbyggjarane livnærte seg i hovudsak avlandbruk utanfor murane – mellom anna vinproduksjon– og overskotet blei eksportert til Gallia (Frankrike, Belgia,vestlege delar av Sveits), Italia, Nord-Afrika og tilmed opptil dei sørlege germanske grenseområda.Romarane sette djupe spor i Barcelona og for så vidt i

store delar av Catalonia. Dette finn ein framleis vitnes-byrd om i byen, i dei tronge sentrumsgatene og spesielt idet gotiske kvartalet (barri gòtic). Men først i den sistehalvdelen av -talet skulle bymurane bli rivne, då varfolkeauken blitt så formidabel at ein såg seg nøydd til det.Også frankarane, ei germansk folkegruppe som blei

integrert i delar av Romarriket, gjorde seg gjeldande i deikatalanske områda og strøymde inn frå nord i ein gradsom førte til at mange andre kringliggjande folkegrupperlenge kalla katalanarane for frankarar i mellomalderen.Muslimane, derimot, som okkuperte viktige delar av deniberiske halvøya mellom og , fekk lite å seia i detkatalanske området. Det var i slutten av denne historiskeperioden at katalanarane hadde ein politisk gullalder og

21

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 21

Barcelona ei økonomisk stordomstid takk vera handelenpå Middelhavet.Mellom det . og det . hundreåret blei Barcelona eit

politisk, økonomisk, sosialt og kulturelt sentrum for eitområde som ikkje berre omfatta det noverande Catalo-nia, men også dei områda i det nordlege Middelhavetsom høyrde til kongeriket Aragón, så langt vest som tilItalia og Hellas.

Det inspirerande fjellet

Catalonia har to klare grenseområde: Middelhavet i austog Pyreneane i nord. Og på same måte som Barcelona erdet opplagde senteret for kyststripa, så kan ein hevda atMontserrat-fjellet er det for fjellkjeda, sjølv om det medein topp på meter over havet er langt frå å vera dethøgaste fjellet i dette området som utgjer grensa mellomSpania og Frankrike.

Montserrat tyder «det takkete fjellet», eit namn dethar fått ut frå det takkete omrisset av fjellformasjonane.Desse formasjonane syner i dag att i den monumentalekyrkja La Sagrada Familia («Den heilage familien») i Bar-celona. Arkitekten bak verket, Antoni Gaudi (–),den mest kjende modernistiske arkitekten frå Catalonia,lét seg i høg grad inspirera av naturen, slik mange kata-lanske modernistar gjorde det i sin ambisjon etter åskriva kunstverka sine inn i katalanske rammer. Slik setthar modernistane – særleg arkitektane – som verka iperioden –, sett sitt preg på identiteten til detmoderne Catalonia. La Sagrada Familia er det klart mestsette turistmerket i Barcelona.

22

Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 22