e16 og rv. 13 vossapakko - statens vegvesen e16 og rv. 13 vossapakko vossapakko er namnet på ein...

4
E16 og rv. 13 Vossapakko Vossapakko er namnet på ein utbyggings- og finansieringsplan for tre vegprosjekt på E16 og rv. 13 i Voss kommune og Granvin herad. Det er i tillegg lagt inn midlar til bygging av nytt kryss på Stanghelle i Vaksdal kommune. Finansieringa er basert på bompengar og statlege midlar. Vossapakko vil gjere tilhøva for trafikantane mykje betre enn i dag og prosjektet vil gje vesentleg auka framkomst og betre trafikk- tryggleik. Om prosjektet Generelt om rv. 13 Rv. 13 mellom Voss og Granvin er eit viktig nord-sør samband i indre del av Hordaland fylke. Vegen er mellom anna bindeledd mellom E16 og rv. 7/E134. Delar av rv. 13 har i dag svært dårleg standard; er smal og svingete, stor stigning og svak bæreevne. Rv. 13 Øvre Granvin–Voss grense (Skjervet) Ny riksveg tek av frå eksisterande nede på Seim, kryssar over dalen og går inn i ein 4020 m lang tunnel frå Seim og opp til Svelgane. Tunnelen har profil T8,5 og stigning på 5 %. I tillegg til tunnelen skal det byggjast 1200 m veg i dagen, to bruer og ein kulvert på Seim. www.vegvesen.no/vegprosjekter/vossapakken Oktober 2009 0 15 30 7,5 km Voss E16 Stamveg forbi Voss Rv13 Palmafoss - Mønshaug Rv13 Voss gr. - Øvre Granvin E16 Dale Evanger Vinje Norheimsund Øystese Ålvik Kvanndal Granvin Ulvik Eidfjord Kinsarvik Utne E16 Vallaviktunnelen Hardangerbrua 7 Bomstasjon Bomstasjon 13 7 7 13 Ny veg i dagen på Seim

Upload: others

Post on 15-Jun-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: E16 og rv. 13 Vossapakko - Statens vegvesen E16 og rv. 13 Vossapakko Vossapakko er namnet på ein utbyggings- og finansieringsplan for tre vegprosjekt på E16 og rv. 13 i Voss kommune

E16 og rv. 13

Vossapakko

Vossapakko er namnet på ein utbyggings- og finansieringsplan for tre vegprosjekt på E16 og rv. 13 i Voss kommune og Granvin herad. Det er i tillegg lagt inn midlar til bygging av nytt kryss på Stanghelle i Vaksdal kommune. Finansieringa er basert på bompengar og statlege midlar.

Vossapakko vil gjere tilhøva for trafikantane mykje betre enn i dag og prosjektet vil gje vesentleg auka framkomst og betre trafikk- tryggleik.

Om prosjektetGenerelt om rv. 13Rv. 13 mellom Voss og Granvin er eit viktig nord-sør samband i indre del av Hordaland fylke. Vegen er mellom anna bindeledd mellom E16 og rv. 7/E134. Delar av rv. 13 har i dag svært dårleg standard; er smal og svingete, stor stigning og svak bæreevne.

Rv. 13 Øvre Granvin–Voss grense (Skjervet)Ny riksveg tek av frå eksisterande nede på Seim, kryssar over dalen og går inn i ein 4020 m lang tunnel frå Seim og opp til Svelgane. Tunnelen har profil T8,5 og stigning på 5 %. I tillegg til tunnelen skal det byggjast 1200 m veg i dagen, to bruer og ein kulvert på Seim.

www.vegvesen.no/vegprosjekter/vossapakken

Oktober 2009

0 15 307,5 kmGeodata, heieik 28.10.2009

Voss

E16 Stamveg forbi VossRv13 Palmafoss - Mønshaug

Rv13 Voss gr. - Øvre Granvin

E16

Dale

Evanger

Vinje

Norheimsund

Øystese

Ålvik

Kvanndal

Granvin

Ulvik

Eidfjord

Kinsarvik

Utne

E16

Vallaviktunnelen

Hardangerbrua

7

Bomstasjon

Bomstasjon

13

7

713

Ny veg i dagen på Seim

Page 2: E16 og rv. 13 Vossapakko - Statens vegvesen E16 og rv. 13 Vossapakko Vossapakko er namnet på ein utbyggings- og finansieringsplan for tre vegprosjekt på E16 og rv. 13 i Voss kommune

I opprinneleg reguleringsplan var det to tunnelar frå Seim til Svelgane, med ei 1500 m lang dagstrekning mellom tunnelane. Gjennomført risikoanalyse synte at den eine av dei to tunnelane var ein betydeleg sikkerheitsrisiko; med nærare 7 % stigning og i ei kurve utan sikt til forbikøyring.

I verdianalyse av prosjektet kom ein fram til at det let seg gjere å bygge ei trafikksikker løysing innanfor kostnadsoverslaget, dvs. ein lang tunnel med 5 % stigning. Lang tunnel har også ein betydeleg miljøgevinst fordi ein unngår å kome i konflikt med det sårbare landskapet ovanfor busetnaden på Såkvitne. Anlegget er 5300 m langt og er kostnadsrekna til 451 mill. 2009-kr.

I den vedtekne reguleringsplanen er det lagt inn ein 400 m lang miljøtunnel ved Øvre Vassenden. Det ligg no føre planar om å erstatte denne miljøtunnelen med ein lengre tunnel på 1800 m som her også sikrar mot ras. Bygging av denne tunnelen er ikkje ein del av Vossapakko.

MiljøaspektetI vedtekne reguleringsplanar er det lagt til grunn at Granvin herad og Voss kommune skal ta imot overskytande tunnelstein frå veganlegga. Granvin herad har regulert eit deponi på Såkvine. Elles skal Statens vegvesen nytte 130.000 m3 tunnelstein frå Granvin til ei stor vegfylling på Mønshaug.

Tunnelsteinen i Granvin er av svært god kvalitet og er føresett knust og brukt til overbygning i dei andre vegprosjekta i Vossapakko; Palmafoss – Mønshaug og Stamveg forbi Voss.

Verna vassdragStatens vegvesen har utarbeidd eit eige miljøoppfølgingsprogram for prosjektet. I dette er det tatt omsyn til at vassdraga i Voss og Granvin er verna vassdrag og tåler lite forureining. Særleg gjeld dette Såkvitnebekken på Seim som er ein viktig gytebekk. I miljøoppfølgingsprogrammet inngår også ein eigen marksikringsplan.

Anleggsperiode Anleggsperiode: 2009 –2013Anleggsarbeidet på rv. 13 i Granvin og Voss vil starte opp i november 2009. Rv. 13 Palmafoss – Mønshaug vil bli ferdigstilt hausten 2011 og Øvre Granvin – Voss grense sommaren 2012.

Veidekke Entreprenør AS skal stå for utbygginga av denne delen av Vossapakko.

Bygging av ny stamveg forbi Voss er planlagt oppstarta hausten 2010. Heile Vossapakko er planlagt ferdigstilt i løpet av 2013.

E16 og rv. 13 Vossapakko

13

Seim

0 2 41 km

Øvre Vassenden

Gra

nvi

nvat

ne t

KlyveSkjervet

Voss

gre

nse

13

13

Øvre Granvin

Geodata, heieik 23.10.2009

Rv. 13 Øvre Granvin–Voss grense (Skjervet)

Page 3: E16 og rv. 13 Vossapakko - Statens vegvesen E16 og rv. 13 Vossapakko Vossapakko er namnet på ein utbyggings- og finansieringsplan for tre vegprosjekt på E16 og rv. 13 i Voss kommune

0 2 41 km

Palmafoss

Geodata, heieik 23.10.2009

KinneMønshaug

BjørkeVoss

13

13

E16

13

E16

Rv. 13 Palmafoss–MønshaugVegen skal rustast opp/byggast om slik at standarden vert jamn og god med 8,5 m breidde, og slik at trafikktryggleiken vert betre. Gang og sykkelvegen mellom Palmafoss og Kinne vert lagt på nedsida av riksvegen. Her skal byggast 3 undergangar for å avgrense kryssing i plan. Dessutan vert det etablert veglys på heile strekninga og her skal gjerast fasadetiltak på hus for å motverke støy frå trafikken.

Anlegget er 3600 m langt og kostnadsrekna til 159 mill. 2009-kr.

E16 Stamveg forbi Voss Tunnel bak VossevangenReguleringsplan for E16 Stamveg forbi Voss, Vangstunnelen, vart godkjent i Voss kommunestyre den 28. november 2002.

Planen gjeld ombygging av E16 mellom Seim og Lundarosen, i alt 3400 m veg, med ein 2380 m lang tunnel frå Svartenakken v/Gjerde Bruk i vest, til Lundarosen og kryss med rv. 13 i aust. Vegkryssa i begge endar av tunnelen er planlagde som rundkøyringar.

Vegomlegginga vil avlaste Vossevangen for gjennomgstrafikk, der særleg tunge køyretøy og nattleg trafikk fører med seg miljøulemper i sentrumsområdet.

Ein risikoanalyse før sikkerheitsgodkjenning av Vangstunnelen synte at den regulerte avstanden på knapt 40 m mellom rund-

køyring og tunnelportal i Lundarosen er ein sikkerheitsrisiko. Prosjektet vart difor tilrådd å flytte rundkøyringa. Det vert no (hausten 2009) arbeidd med ny reguleringsplan for å vurdere alternativ plassering av rundkøyring til Lundarosen.

I 2009 er det gjennomført ein ny trafikkanalyse som viser at ein betydeleg del lokaltrafikk også vil nytte tunnelen og at årsdøgntrafikken i 2030 vil bli på 4800 kjt/ døgn. Dette medfører at tunnelen må byggast med større profil (T9,5/ T10,5)

Veganlegget er kostnadsrekna til 485 mill. 2009-kr.

Tiltak på E16 i VaksdalNytt kryss på Stanghelle er kostnadsrekna til 29 mill. 2009-kroner.Planlagt utbygt i 2012/2013.

FinansieringBompengedelen på 600 mill. kr (09-kr) er føresett finansiert med to bomstasjonar. Ein på E16 nær kommunegrensa mellom Vaksdal og Voss og ein på rv. 13 nær grensa mellom Granvin herad og Voss kommune. Det er føresett ein ”timesregel” slik at gjennomgangstrafikken berre betalar bompengar ein gong. Berekna årsdøgntrafikk er 4990 køyretøy i 2007.

Bompengeinnkreving vil skje frå våren 2010. Førebelse takstar er rekna ut til å bli 38 kr for liten bil og 75 kr for stor bil. Rabattar i tråd med takstretningslinjene.

Rv. 13 Palmafoss–Mønshaug

www.vegvesen.no/vegprosjekter/vossapakken

Meir på siste side

Page 4: E16 og rv. 13 Vossapakko - Statens vegvesen E16 og rv. 13 Vossapakko Vossapakko er namnet på ein utbyggings- og finansieringsplan for tre vegprosjekt på E16 og rv. 13 i Voss kommune

Kontaktperson

Prosjektleiar

Lars Magnar Røneid

tlf. 905 33 318

[email protected]

1008

-07

graf

isk.s

ente

r@ve

gves

en.n

o

E16 Stamvegforbi VossTunnel bak Vossevangen

Kostnadsoverslag i 2009-kr: Organisering av arbeidetStatens vegvesen Region vest har ansvar for planlegging, bygging og gjennomføring av prosjektet. I tråd med Plan og bygningslova er kommunane formelt planansvarlege. Anleggsarbeida vil bli lyst ut som entreprisar; førebels tenkt gjennomført som einings-priskontraktar.

Prosjektet vert organisert som eit stort prosjekt under den nye Prosjektavdelinga i Statens vegvesen Region vest.

E16 og rv. 13 Vossapakko

www.vegvesen.no/vegprosjekter/vossapakken

0 1 20,5 km

Seim

Geodata, heieik 23.10.2009

E16

Gjerde bruk

Lundarosen

Vossevangen

E16

E16

13

E16 Tunnel bak Vangen 485 mill. kr

Rv. 13 Mønshaug–Palmafoss 159 mill. kr

Rv. 13 Øvre Granvin–Voss gr. (Skjervet) 451 mill. kr

Tiltak på E16 i Vaksdal 29 mill. kr

Bomstasjonar 6 mill. kr

Sum 1130 mill. kr