eit eventyr i bjørnens rike - uit.no rnens rike.pdf · pdf filepå berget ser...

8
28 Eit eventyr i bjørnens rike – om eit feltarbeid i Russlands villmark Jan Magne Gjerde Den store draumen som forskar er ein gong å finna noko unikt. Sommaren 2005 dokumenterte arkeologar ved Kola Archaeological Expedition og Tromsø Museum meir enn 1000 nyfunne helleristningar på Kola-halvøya. I 2001 skulle eg for fyrste gong oppleve Nord-Noreg i samband med dei arkeologiske utgravingane på Melkøya utanfor Hammerfest. Utgravingane på Melkøya varte i to feltsesongar og er det største arkeologiske prosjekt i Nord- Noreg. Ved utgravingane på Melkøya var arkeologar tilsatt frå meir enn 30 land. Russiske arkeologar var tilsett på Melkøyaprosjektet, og dette førte til ein introduksjon av ei ny verd for meg, med forteljingar om nyfunne helleristningar på Kola med likskap til helleristningane i Alta. Feltarbeid og reiser I samband med doktorgradsarbeid ved Tromsø Museum, Universitetet i Tromsø var eg i 2003 og 2004 på felt- arbeid ved helleristningslokalitetane Onega ved Onegasjøen og Vyg ved Kvitsjøen i nært samarbeid med russiske forskarar ved Karelian Research Centre i Petrozavodsk og frå Russian Academy of Science frå St. Petersburg. I samband med dette vart det forsøkt å utføre feltarbeid ved dei nyfunne helleristningane ved Kanozero på Kola-halvøya. Fleire forsøk vart gjort for å få til eit samarbeidsprosjekt mellom Noreg og Russland, men både mangel på finansiering, tillating og uforutsette hindringar gjorde at dette var vanskeleg før i 2005. Til saman tilbakela eg 5237 km i bil før dette feltarbeidet var over. Eg starta i Tromsø 29. juni. Grensa til Russland vart kryssa ved Värtsila i sør-Finland. Turen gjekk vidare langs Ladoga-sjøen før eg stoppa i Petrozavodsk. Arkivarbeid både i Petrozavodsk og St. Petersburg sto på planen. I tillegg hadde eg korte feltarbeid ved Onega-sjøen og Kvitsjøen før det verkelege eventyret starta. Ein avstikkar vart gjort til Foto over Kanozero der øyane med helleristningar er markert. Foto: Jan Magne Gjerde.

Upload: dangdiep

Post on 05-Feb-2018

225 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Eit eventyr i bjørnens rike - uit.no rnens rike.pdf · PDF filepå berget ser ein skyggar i alle ... berget her er forvitra, ser me ein båt med tre personar i båten med ei fangstlinje

28

Eit eventyr i bjørnens rike – om eit feltarbeid i Russlands villmark

Jan Magne Gjerde

Den store draumen som forskar er ein gong å finna noko unikt. Sommaren 2005 dokumenterte arkeologar ved

Kola Archaeological Expedition og Tromsø Museum meir enn 1000 nyfunne helleristningar på Kola-halvøya.

I2001 skulle eg for fyrste gong oppleveNord-Noreg i samband med deiarkeologiske utgravingane på Melkøyautanfor Hammerfest. Utgravingane påMelkøya varte i to feltsesongar og er detstørste arkeologiske prosjekt i Nord-Noreg. Ved utgravingane på Melkøyavar arkeologar tilsatt frå meir enn 30land. Russiske arkeologar var tilsett påMelkøyaprosjektet, og dette førte til einintroduksjon av ei ny verd for meg, medforteljingar om nyfunne helleristningar

på Kola med likskap til helleristninganei Alta.

Feltarbeid og reiserI samband med doktorgradsarbeid vedTromsø Museum, Universitetet iTromsø var eg i 2003 og 2004 på felt-arbeid ved helleristningslokalitetaneOnega ved Onegasjøen og Vyg vedKvitsjøen i nært samarbeid med

russiske forskarar ved KarelianResearch Centre i Petrozavodsk og fråRussian Academy of Science frå St.Petersburg. I samband med dette vartdet forsøkt å utføre feltarbeid ved deinyfunne helleristningane ved Kanozeropå Kola-halvøya. Fleire forsøk vart gjortfor å få til eit samarbeidsprosjektmellom Noreg og Russland, men bådemangel på finansiering, tillating oguforutsette hindringar gjorde at dettevar vanskeleg før i 2005.

Til saman tilbakela eg 5237 km i bil førdette feltarbeidet var over. Eg starta iTromsø 29. juni. Grensa til Russlandvart kryssa ved Värtsila i sør-Finland.Turen gjekk vidare langs Ladoga-sjøenfør eg stoppa i Petrozavodsk.Arkivarbeid både i Petrozavodsk og St.Petersburg sto på planen. I tillegg haddeeg korte feltarbeid ved Onega-sjøen ogKvitsjøen før det verkelege eventyretstarta. Ein avstikkar vart gjort til

Foto over Kanozero der øyane medhelleristningar er markert.

Foto: Jan Magne Gjerde.

Page 2: Eit eventyr i bjørnens rike - uit.no rnens rike.pdf · PDF filepå berget ser ein skyggar i alle ... berget her er forvitra, ser me ein båt med tre personar i båten med ei fangstlinje

29

Lovozero sidan det her var ei steinblokkmed helleristningar henta inn til museetfrå Chalmn Varrae, sentralt på Kola. Eithelikopter tok oss inn over ubebuddvillmark dominert av elvar, innsjøar,myrar og skog før helikopteret landaved innsjøen Kanozero. Me vart hentamed helikopter etter to altfor korteveker. Eg var tilbake i Tromsø att 4. august.

Bergkunst iNordvest-Russland

Det er ikkje mange kjente stadar medhelleristningar i Nordvest-Russland. Deifyrste funna vart gjort allereie på midtenav 1800-talet ved Onega på svaberga påaustsida av Onegasjøen. I dag er detkjent meir enn 1500 helleristningar vedOnega. Helleristningane ved Vyg vedKvitsjøen vart funne i 1926 oginkluderar i dag meir enn 2500helleristningar. Ved Chalmn Varrae vedelva Ponoj på Kola-halvøya fant einarkeologisk ekspedisjon 10 steinblokkermed til saman om lag 200 helleristningarpå 1970-talet. I tillegg vart det på midtenav 1980-talet funne bergmalingar påRybatchy (Fiskerhalvøya) like aust forgrensa mellom Noreg og Russland. Deifyrste helleristningane ved Kanozerovart funne i 1997.

Både helleristningane og bergmalinganesyner stor likskap med bergkunsten iNord-Noreg. Helleristningane vedKvitsjøen og ved Kanozero syner storlikskap med helleristningane i Alta ogbergmalingane på Fiskerhalvøya harnære parallellar både i Porsanger og iAlta.

Kanozero – ein liteninnsjø med ein storløyndom Kanozero er ein av innsjøane ved detfiskerike Umba-vassdraget. Innsjøenligg om lag halvvegs mellom Umbozero

Kart over Fennoskandia medreiseruta og stadar omnemnt iteksten. Køyring med bil markert medraud farge, båtreise med turkis,togreise med grøn og helikopterreisemed blå farge.

Kart: Jan Magne Gjerde.

Page 3: Eit eventyr i bjørnens rike - uit.no rnens rike.pdf · PDF filepå berget ser ein skyggar i alle ... berget her er forvitra, ser me ein båt med tre personar i båten med ei fangstlinje

30

og Kvitsjøen på sørsida av Kola-halvøya, om lag 40 km frå Kvitsjøen, 52meter over havet. Innsjøen Kanozero erom lag 35 km lang og mellom tre ogseks kilometer brei. Området vedinnsjøen er dyrerikt og innsjøen er rik påfisk.

På austsida av innsjøen Kanozero liggøyane Goreliy, Jeloviy og Kamenniy. Deter på svaberga på desse tre øyane at einfinn helleristningar. I tillegg er det funnehelleristningar på austsida av innsjøenpå ei stor steinblokk kalla Odinnokaya(Alone Rock). Til saman er det no funnemeir enn 1000 helleristningar vedKanozero.

Da me kom til Kanozero i 2005 hadde einkjennskap til at det var ein delhelleristningar der. Ein hadde ikkje

Foto av avdekking av torv vedKamenniy 7. Legg merke til den storeelgfiguren som er koma fram fråunder torva.

Foto: Jan Magne Gjerde.

avtorva store områder, av di ein villedokumentere figurane rett etter torvavart fjerna. Hovudmengda avhelleristningar ligg på nordenden av øyaKamenniy. Me starta å avtorve nyeområder knytt til dei som låg oppe idagen. Spenninga var til å ta og føle på.Me tok forsiktig av torva og såg med eingong at det var fleire figurar under. Deter ganske spesielt å oppleve dennekjensla at du er den fyrste som ser dettepå mange tusen år. Fleire hundre nyefigurar kom fram i dagen. Historiar iberg som ingen hadde sett på tusenar avår. Det å få være med på noko så stortforskingsmessig opplever ein kanskjeberre ein gong i livet. Etter å ha roa meglitt ned etter ein intens foto-dokumentasjon i det gode kveldsljosetvar det vanskeleg å få sove denne fyrstenatta.

Helleristningane ved Kanozeroinkluderte avbildingar av bjørn, båt, elg,kval, menneske og reinsdyr. Det mestspesielle ved helleristningane vedKanozero er dei særs narrative sceneneog komposisjonane. Helleristninganetrer somme tider fram som reine teikne-filmar festa i berget med til dømesvinterjakt på ski med spjut etter bjørnog sommarjakt etter kvitkval medharpun frå båt.

Dokumentasjon avhelleristningar

Dokumentasjon av helleristningar er eiutfordring. Berget er gjerne forvitra ogøydelagd. For å betre kunne sjå figuranenyttar me ulike teknikkar. Ein avteknikkane er å være på riktig stad tilriktig tid. Når sollyset kjem skrått innpå berget ser ein skyggar i allefordjupingar av berget (sjå foto side 32).Denne metoden kan gjenskapast antenpå kvelds- eller nattetid, eller ved ådekke området med svart plast.Helleristningane vert så forsiktig krittaopp med mjukt kritt og avteikna påblank plast/kalkering eller fotografert.Etter kvart har den digitale kvardagenteke over mykje av arbeidet, ogdokumentasjonen av helleristningar verti dag utført med utgangspunkt ireinteikning av foto eller frotage(«avgniding») (sjå foto side 33). Det er

Page 4: Eit eventyr i bjørnens rike - uit.no rnens rike.pdf · PDF filepå berget ser ein skyggar i alle ... berget her er forvitra, ser me ein båt med tre personar i båten med ei fangstlinje

31

Kalkering av Kamenniy 7, Kanozero.Kalkering etter Gjerde 2010.

fantastisk å sjå helleristningane iskumring eller mørkret med lommelyktved at lyset kjem skrått inn på berget ogfigurane trer fram som mørke relieffmedan berget blir lyst.

Veret kan og være ei utfordring, ogkontrastane er store mellom godvêretsideelle tilhøve for dokumentasjon ogfrustrasjonen når regnet vaskar bortoppkrittinga så dagars arbeid renn bort.

Page 5: Eit eventyr i bjørnens rike - uit.no rnens rike.pdf · PDF filepå berget ser ein skyggar i alle ... berget her er forvitra, ser me ein båt med tre personar i båten med ei fangstlinje

32

Foto av overhugging av helleristningarved Kamenniy 7, Kanozero. Om einser nøye ser ein at figurane er hugge ifleire lag. Samanlikn med kalkeringside 31.

Foto: Jan Magne Gjerde.

kulturelle spor i nærleiken. Ein sit då attmed stilistisk likskap med helle-ristningar frå andre områder som erbetre datert. Metoden føresett at likehelleristningar stammar frå lik tid. Detteer sjølvklart usikkert, men for Kanozeroer det den best tilgjengelege metoden pådet noverande tidspunkt.

Helleristningane ved Kanozero synerlikskap med helleristningane ved Vygog likskap med helleristningane i Alta iNord-Noreg. Likskapen i båtfiguranemellom helleristningane ved Kvitsjøenog Kanozero tyder på at dei eldstehelleristningane ved Kanozero var lagafor om lag 5000 år sidan. Ein ser fleirestadar at helleristningane er hugge ifleire lag over kvarandre. Me veit ikkjekor lenge det er mellom kvart av laga,men erosjonen på dei underste figuranetyder på at det kan ha gått lang tid. Kvatid ein slutta å lage helleristningar vedKanozero er usikkert.

Helleristningane ved Kanozero

Det største feltet med helleristningar vedKanozero ligg på øya Kamenniy. På eibergflate er det hugge inn om lag 450figurar. Feltet er kalla Kamenniy 7. Detmest fantastiske på denne bergflata erdei livlege avbildingane av scener og

Datering avhelleristningane ved Kanozero

Å datere helleristningar er problematisk.Den nære strandtilknytninga for deikystnære helleristningane har gjort atstrandlinjedatering har vore mest nytta.Helleristningane ved Kanozero ligg ikkjeved fortidig strandlinje, så denne metodenkan ikkje nyttast her. Sidan ein ikkje hargjort arkeologiske utgravingar vedKanozero har ein heller ikkje andre

Frustrasjon over regnet som øydeleggdokumentasjonen. Ein ser korleisregnet på plasten gjer det umogeleg åteikne dei kritta figurane på plasten.

Page 6: Eit eventyr i bjørnens rike - uit.no rnens rike.pdf · PDF filepå berget ser ein skyggar i alle ... berget her er forvitra, ser me ein båt med tre personar i båten med ei fangstlinje

33

komposisjonar som framtrer som reineteiknefilmar. Det er avteikna skildringarav blant anna bjørnejakt, elgjakt ogkvaljakt. Ein god del av avbildinganeskildrar jakta på desse store dyra.

Den store bjørnejaktaMedan nokre scener er vanskelege åtyde er den fantastiske bjørnejakta somer avbilda på feltet Kamenniy 7 heiltenkelt noko av det mest fantastiskeinnan bergkunsten i Fennoskandia. Detfyrste ein legg merke til er deikraftigaste hugge linjene og dyrespora.Dei skil seg frå mesteparten av figuraneved at dei er mykje djupare hugge ogstår klarare fram. Dyrespora er samlafire og fire og ender opp i ein bjørne-figur. Fotavtrykka endrar karakter og er

etter kvart plassert tettare. Detteindikerar at bjørnen har gått roligoppoverbakke før han hoppar til ogaukar tempoet. Dei korte kraftige linjenegår taktfast oppetter berget før dei snurog fylgjer bjørnespora vidare nedoverberget. Linjene er langstrakte og avbildaslik som dei skal være når ein går på ski.I oppoverbakke er skia åtskilt medan inedoverbakke renn skiløparen nedover-bakke, noko det tydelege skisporetmarkerar. Det er tydeleg at skiløparen erein jeger som har fylgt bjørnespora. Tilslutt ser ein at jegeren tek av seg skia,går fire skritt framover, før han setspjutet i bjørnen. Kanskje er dette eiavbilding av den store bjørnejakta knytttil omfattande ritual på våren kjent fråstore delar av det sirkumpolare området.

Foto: Anton Murashkin.

I helleristningane i Fennoskandia er det iAlta i Nord-Noreg at me finn flestavbildingar av bjørnar og bjørnejakt.

Den store kvaljakta Ved Kanozero finn me om lag ti klareavbildingar av kvaljakt. Utifrå forma påkvalen er det mest truleg at det erkvitkval som er avbilda. Ei av deiklåraste kvaljaktskildringane finn me påfeltet Kamenniy 7. Sjølv om delar avberget her er forvitra, ser me ein båt medtre personar i båten med ei fangstlinjeknytt til kvalen. Somme av desse

Avteikning av bjørnejakta vedKamenniy 7. Kalkering og foto etterGjerde 2010.

Page 7: Eit eventyr i bjørnens rike - uit.no rnens rike.pdf · PDF filepå berget ser ein skyggar i alle ... berget her er forvitra, ser me ein båt med tre personar i båten med ei fangstlinje

34

ein såkalla elghovudbåt. Den er avbildamed eit elghovud i stamnen og harlikskapstrekk med dei eskimoiskeUmiaker. Det er truleg skinnbåtar. Mehar til gode å finne så gamle skinnbåtari det arkeologiske kjeldematerielet. Den

eldste kjende Umiak er om lag 500 årgamal, og funne på Grønland. At einikkje har eldre båtfunn av denne typener mest truleg grunna bevaringstilhøveog den lette konstruksjonen. Men ein harfunne eit elghovud utskore i tre med holtil feste som er tolka som ein slikelghovudstamn i Nord-Finland datert tilsteinalderen.

Under: Avgniding (frotage) avkvaljaktscena ved Kamenniy 7 somein ser på kalkering side 31. Figurener om lag 3 m lang og ei av dei bestskildra kvaljaktane frå steinalderen.Liknande kvalfangst er skildra ihelleristningane frå Vyg ved Kvitsjøeni nordvest-Russland, der det eravbilda meir enn 60 kvalfangstscener.Ved Vyg er det og funne bein fråkvitkval frå steinalderen. Etter Gjerde 2010.

fangstlinjene har harpunar avbilda, mesttruleg lik dei me har funne i detarkeologiske kjeldematerialet både iNordvest-Russland og i Nord-Noreg ogsom er rikt skildra i etnografisk litteraturfrå det sirkumpolare området. Båten er

Kvitkval ved Hamningberg.

Foto: Jan Magne Gjerde.

Page 8: Eit eventyr i bjørnens rike - uit.no rnens rike.pdf · PDF filepå berget ser ein skyggar i alle ... berget her er forvitra, ser me ein båt med tre personar i båten med ei fangstlinje

35

Møte mellommenneske – i fortid,notid og framtid

Heimreisa var spesiell frå dettefeltarbeidet. Opplevingane sit framleissterkt i minnet. Eg hadde no vore medpå å finne og dokumentere historier ombjørnejakt og jakt på kvitkval hugge inni berget for fleire tusen år sida. På heim-turen tok eg meg den fridom å reise til«Europas ende» for å sjå meir av land-skapet. Eg hadde aldri før sett kvitkval,men her ved Hamningberg var det einflokk kvitkval som jaga inn og ut bukta.Tilfeldigheitene gjorde at eg fekkoppleve desse fascinerande dyra påsame turen som eg hadde teikna av ogdokumentert historiane om jakt påkvitkval på Kola «teikna» inn i bergetfor mange tusen år sidan.

Kontakt på tvers av landegrensene erviktig når det kjem til utveksling avkunnskap. Det har og ført til at ein nohar meir kjennskap til likskapane påtvers av landegrenser. Ein del avhelleristningane ved Kanozero finn sinenæraste paralellar i Alta i Nord-Noregog ved Vyg ved Kvitsjøen i nordvest-Russland. Det har dei seinare åra vorefunne helleristningar og hellemalingarfleire stadar i Nord-Noreg. Ein skal ikkjesjå bort frå at det nære samarbeidet medrussiske forskarar vil føre til nye reiserog feltarbeid mellom Noreg og nordvest-Russland i framtida.

Dette eventyret har sitt opphav for omlag 10 år sidan og handlar mest om

resultat av tilfeldigheiter og venskap.Venskap på tvers av landegrenser somskulle vise seg å belyse kontakt også forfleire tusen år sidan mellom Noreg ogRussland. Å krysse grenser har vore, erog vil alltid være viktig både sosialt og iforsking. Når ein ser på likskapanemellom bergkunsten i nord er det hellerikkje utenkeleg at menneske i Stein-alderen vitja både helleristningane i Altai Nord-Noreg og ved Kanozero i NV-Russland gjennom sine reiser.

Takk tilNadezhda Lobanova ved KarelianResearch Centre i Petrozavodsk somvillig viste meg både Onega og Vyg,men ikkje minst til Vladimir Shumkin,Eugen Kolpakov og Anton Murashkinved Kola Archaeological Expedition,Russian Academy of Science for at egfekk delta på denne store opplevingaved Kanozero som og vart ein del av mindoktorgrad.

Litteratur:Gjerde, J.M. (2009). Berga fortel –historiar i berg. I Liv i Nord, Ottar nr. 1,2009, Populærvitenskapelig tidsskriftfrå Tromsø Museum –Universitetsmuseet.

Gjerde, J. M. (2010). Rock Art andLandscapes. Studies of Stone Age Rockart from Northern Fennoscandia.Doktorgradsavhandling vedUniversitetet i Tromsø.

Doktorgradsavhandlinga er tilgjengelegdigitalt på Munin. Munin erUniversitetet i Tromsøs åpne vitenarkivfor faglig og forskningsrelatertmateriale.http://www.ub.uit.no/munin/items-by-author?author=Gjerde%2C+Jan+Magne

Shumkin, V. (2001). The Rock Art,Labyrinths, Seids and Beliefs of EasternLapland’s Ancient Population. I.Myanndash. Rock Art in the AncientArctic, (red.) Antero Kare. Rovaniemi.

Forfattaren:Jan Magne Gjerde.Mastergrad i arkeologived Universitetet iReading, England i1998. Doktorgrad iarkeologi ved TromsøMuseum,Universitetsmuseet,

Universitetet i Tromsø. Doktorgradenfokuserte på bergkunst og landskap idet nordlige Fennoskandia. E-post (straumpost):[email protected]