eld kraft vatn

36
EI NY TID FOR HØYANGER 36 SIDER FYLT TIL RANDEN MED UNIKE HISTORIER FRÅ EIN UNIK KOMMUNE ELD KRAFT VATN Tungrock og lettmetall • Draumefangaren Jonas Pedersen Øren • Kva er det med Lavik? Industristadjubileum • Høyangerbadet • Kristin Kommunikasjon • Parken med det rare i Høgt, lågt og breitt • OnCue • Kulturskulen • Turkart • Hjortejegeren Jan Erik • Sosial fulltreffar Gründertips • Fototalentet Malin Leirnes • 4H • «Nye» Lavik Senter

Upload: finurlig

Post on 08-Apr-2016

236 views

Category:

Documents


10 download

DESCRIPTION

Magasin om Høyanger kommune.

TRANSCRIPT

Page 1: Eld Kraft Vatn

EI NY TID FOR HØYANGER

36 SIDER FYLT TIL RANDEN MED UNIKE HISTORIER FRÅ EIN UNIK KOMMUNE

ELDKRAFT

VATN

Tungrock og lettmetall • Draumefangaren Jonas Pedersen Øren • Kva er det med Lavik?

Industristadjubileum • Høyangerbadet • Kristin Kommunikasjon • Parken med det rare i Høgt, lågt og breitt • OnCue • Kulturskulen • Turkart • Hjortejegeren Jan Erik • Sosial fulltreffar

Gründertips • Fototalentet Malin Leirnes • 4H • «Nye» Lavik Senter

Page 2: Eld Kraft Vatn

2 ELD, KRAFT, VATN

Eld Kraft Vatn © 2015Utforming/Utgivar: Finurlig

Redaktør: Stig Hovlandsdal ØvreåsOpplag: 1000 stk.

Trykkjeri: E. Natvik PrenteverkFramsidefoto: Aril Gjelsvik

Ein stor takk til alle som har levert innhald og foto til dette magasinet!

Eld, Kraft, Vatn - Eit tverrsnitt av Høyanger

Det du har i hendene no er eit dokument over Høyanger kommune. Ein ørliten smakebit på alt det som rører seg på våre knappe 1000 km2.

Om du er frå Høyanger kommune kan du i Eld, Kraft, Vatn lese saker du kan kjenne deg igjen i, men kanskje og oppdage sider ved eigen heimstad som du ikkje kjente til. Om du er av den meir uheldige typen som ikkje bur i kommunen vil dette magasinet gi deg ein idé om kva du går glipp av...

Eld, Kraft, Vatn har eit ørlite fokus på industristadjubileet til Høyanger i 2015, men det aller meste handlar om heilt andre tema frå vår varierte kommune med dei store kontrastane.

God lesing!

Industristadjubileum / «Sjefen» har ordet

Tungrock og lettmetall

Kjappe fakta om Høyanger

Ordføraren har ordet / Høyangerbadet

Gründerspire - i karrig jord?

Parken med det rare i

Høgt, lågt og breitt / Siplo / Per A. Øren 90 år

Grom lyd og friske visjonar

Draumefangaren / Kulturskulen

Hjortejegeren

Sosial fulltreffar / Kommunal utstyrspakke

Daleelva / Lakseverpa

4H / Fototalentet Malin Leirnes

Kva er det med Lavik? / Prestmarka / Wærholm Økonomi

Eit senter for framtida / Håret Frisør

s. 3

s. 4

s. 7

s. 8

s. 10

s. 13

s. 14

s. 16

s. 20

s. 26

s. 27

s. 28

s. 30

s. 32

s. 35

Innhald

Page 3: Eld Kraft Vatn

3ELD, KRAFT, VATN

«SJEFEN» HAR ORDET

Hovudmarkering av Industristaden Høyanger 100 år 28.-30 august 2015

Helga 28.- 30 august vil sjølve hovudmarkeringa av industristadjubileet gå av stabelen i Høyanger tettstad. Fredag blir det opningsseremoni på kaia, der eit av høgdepunkta blir framføringa av opningsverket komponert av Ole Hamre og Harald Dahlstrøm. Laurdag står musikken i fokus, med konsertar heile dagen på bytorget. CC Cowboys får æra av å runde kvelden av. Søndag er det igjen tid for musikk. Då vil tonane kome frå under røyrgatene på fjellet, der krafta som driv aluminiumsomnane har sitt opphav.

Anita Nordheim

Kultursjef

Næringssjef Terje Søreide har gode dagar på jobb for tida. Det eksisterande næ-ringslivet i kommunen går godt, og fleire nye prosjekt er på trappene.

- Den tradisjonelle industrien vår er i god utvikling, og vi ser at det veks mykje spanande opp rundt desse verksemdene. Det er knopp-skyting i praksis. Det er fleire klare fordelar ved nyskaping ut frå eksisterande verksemd, slik som at ein slepp å starte heilt frå scratch med tanke på produkt og marknad.

Utviklinga av Høyanger som ein turist-kommune er ei fanesak for Søreide, og næringssjefen meiner at gode tilbod for innbyggjarane i kommunen gir gode tilbod for turistane.

- Det er mi oppriktige meining at det er eit stort potensial for næringsverksemd innafor reiseliv her i kommunen. Vi må lage destina-sjonar som er attraktive å besøkje, ikkje berre for turistane, men og for innbyggjarane i Høy-anger. Ein kommune med eit høgt servicenivå innan opplevingar, mat og overnatting stiller sterkt i konkurransen om turistane, men det er og ein god kommune å bu i.

Terje Søreide

Næringssjef

Kanskje det blir kveita som tar over for oljen?

Næringssjef Terje Søreide

tenker høgt og luftig

Kultursjef Anita Nordheim er for tida tra-velt opptatt med industristadjubileet, ei feiring som vil vare ut 2015.

- Det vil bli små arrangement spreidd utover heile året, men hovudtyngda blir feiringa 28. - 30 august. Då reknar vi med at det vil vere 2000 menneskjer i gatene i Høyanger til ei kvar tid. Det blir ein folkefest utan like.

Nordheim leiar ein liten organisasjon i kommunesamanheng, men i samarbeid med lokale eldsjeler, lag- og organisasjo-nar kjem resultata.

- Vi må spele på kvarandre sine styrkjer, og kommunen kan fungere som eit støtte-apparat for dei som ønskjer å få ting gjort. Med areal på begge sider av Sognefjorden oppstår både moglegheiter og utfordringar. Vi har stor variasjon i kulturen i kommunen, og det er eit privilegium å vere kultursjef for eit område der du kan køyre ei mil og møte stadar med ein heilt eigen kultur, identitet og tradisjon. Det må vi ta vare på framover, samstundes som vi som kommune sørgjer for at det finst gode kulturtilbod for folk på deira eigne heimstadar.

Kultur er tilkopling,ikkje avkopling

Kultursjef Anita Nordheim

verdset kultur

Verket i Høyanger er det eldste av Norge sine sju noverandre

aluminiumsverk.

AIAluminium er det vanlegaste metallet

på jordas overflate, men sidan det reagerar svært lett med andre stoff, finst aluminium nesten ikkje i rein

form i naturen.

I dag er Høyanger Metallverk kjent for å produsere aluminium av høgste

kvalitet. Verket er og lønnsamt. I 2014 gjekk det med 116 millionar i overskot.

Foto: Aril G

jelsvik

Page 4: Eld Kraft Vatn

4 ELD, KRAFT, VATN

I Høyanger har den musikalske suksess-formelen vore relativt enkel dei siste tiåra. Breibeint fuzzgitar pluss fire flate på trommene er lik god stemning. Rocken sit i ryggmargen på folk, og konsertane er ikkje skikkeleg vellukka før takplatene ramlar ned og flyr veggimellom.

- Rocken har sidan musikksjangeren slo igjennom på 60-talet vore ein viktig del av kulturen i Høyanger. Etter ei veke med lange dagar på fabrikken har folk vore interessert i å komme seg ut i hel-gane, og då passar jo rock glimrande som musikalsk bakteppe. Primus motor i Høyanger Rock- og Blues-klubb Ottar Uglum sit på ein stol på Joss, ein meter eller to frå der Vrees-wijk fekk sitt ublide møte med publikum. Serveringsstaden i industribygda har for lengst opparbeida seg legendestatus i den vestlandske rockehistoria, og Uglum har sjølv vore med på å arrangere fleire titals konsertar i dei brune kjellarlokala.

- Vi vart lagt godt merke til nasjonalt, og særleg påskerocken i 1991 har gått inn i historiebøkene som legendarisk. Både fag- og dagspresse frå heile landet var innom for å oppleve den unike stemninga,

og rockeguru Bård Ose, som den gang var journalist i Bergens Arbeidarblad, var ein av dei som fekk bakoversveis av det som møtte han. Det var heiderleg omtale å lese overalt i dagane etter påskerocken det året.

Power to the peopleDå dei første LP´ane fann vegen frå rocke-revolusjonen i det store utlandet, over Nordsjøen, og vidare inn i dei tronge vestlandsfjordane, trefte dei ei nerve på sin veg i Høyanger. Den energiske og folkelege «rett på sak» musikken pas-sa godt inn i verdisettet, levemåten og tradisjonane som råda i industrisamfun-net. Lokale band vart etablerte, og fleire opplevde suksess. Eit utøvande miljø vaks raskt fram, og bygdedansar rundt om i fylket fekk hyppig besøk av band frå Høyanger. Dei beste fekk til og med oppdrag i sjølvaste Bergen, noko som var høgst uvanleg på denne tida. Lokalhis-torikar Anders Timberlid har sett nærare på framveksten av industrisamfunnet Høyanger, og han har merka seg rolla musikken spelte som identitetsskapar.

- Musikken som sådan har stått sterkt i

”Ursäkta om jag stør”... Den verdskjente svenske trubaduren Cornelis Vreeswijk ser ut over ei høglydt folkemengd på puben Joss i Høyanger, ein kveld i 1985. Han har lyst til å starte konserten sin, men det er ingen respons å hente. Vreeswijk spelar på bortebane denne kvelden.

TUNGROCK & LETTMETALL

TUNGROCK & LETTMETALL

Det er kraft i symbiosen mellom rock og industri.

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Page 5: Eld Kraft Vatn

5ELD, KRAFT, VATN

TUNGROCK & LETTMETALL

Høyanger sidan industrien sin spede barndom, noko etableringa av Fagforen-ingens Musikklag så tidleg som i 1923 er ein god in-dikator på. Då rocken kom vart den ein god match for industri- og fagforeiningskulturen, mellom anna med sitt fokus på solidaritet og samhald. Det var romsleg i rocken, og romslegheita er og eit typisk trekk ved Høyanger. Dei som ville vere med kunne komme som dei var. Takhøgda var stor.

Evigvarande spelegledeSamhaldet har alltid stått sentralt i det utøvande musikkmiljøet i Høyanger, og rockeentusiast Uglum meiner at det nettopp er samarbeidskulturen som har danna fundamentet for det høge aktivitetsnivået. God tilgang på øvingslokale og mange oppvar-mingsjobbar til unge talent har ført til jamn rekruttering og eit variert miljø.

- Det utøvande musikarmiljøet her har alltid hatt mange jern i elden. Det har ikkje nødvendigvis vore så mange fast etablerte band, men det har alltid vore mange prosjekt starta på bakgrunn av rein speleglede og spelelyst. Musikarane har henta kvarandre inn etter behov, og mangt eit coverband har blitt starta for så å bli lagt ned igjen etter eit par konsertar. Det er ikkje mange store rockeband som ikkje har fått æra av å få songane sine framført av lokale band her.

Nokre av dei som har vrengt sine

gitarforsterkarar i Høyanger

DumDum Boys - Barbie Bones - HelldoradoKåre & the Cavemen (Euroboys) - Bigbang - Hungry John

Can Can - Åge Aleksandersen - Ricochets Goodtime Charlie - Backstreet Girls - Stage Dolls

På 80-talet hadde Høyanger Rock- og Bluesklubb fleire hundre aktive medlemmer. Det var puben Joss i kjellaren i det som i dag er Høyanger Hotell (tidlegare Eides Hotell) som var “hovudkvarteret”. Dei intime lokala tar omlag 250 personar og det oppstår alltid tett kontakt mellom band og publikum.

Musikkmiljøet i Høyanger har vel covra det som er å

covre av rockehistoria

Ottar Uglum

Leiar i Høyanger Rock og Bluesklubb

Lokalhistorikar Jan Anders Timberlid og rockeentusiast Ottar Uglum er begge einige om at rock og Høyanger passar kvarandre som hand i hanske.

Foto: Rune Strandos

Page 6: Eld Kraft Vatn

ELD, KRAFT, VATN6

LOKAL PROFIL

Foto: Photomusic.cz ERLEND EIDE NYBØ

Få om nokon av dei mange musikarane frå Høyanger har opplevd like stor suksess i si karriere som Erlend Eide Nybø. Som gitarist i metallband som Funeral og Cor Scorpii har han fleire store albumutgivingar bak seg, og den talentfulle gitaristen har fleire gonger turnert Europa. Innimellom bandarbeidet har han og fått tid til å lage musikk til mobil-spill utvikla av Frost Software.

- Utanlandsturneane er store høgdepunkt i mi karriere. Det er noko eige med tronge turnébussar, lunka øl og unison sveittelukt frå eit metallband... Elles var det stort å ta over etter den vanvitig habile gitaristen Stian Bakketeig i Cor Scorpii, der eg og vart gjen-foreint med den gamle bandkollegaen min Thomas Øvstedal. Det måtte mange timar med teknikkøving til før eg var nokolunde klar til den auditionen.

Eide Nybø si musikkinteresse har opphav i musikktimane på barneskulen der lærar Bosse Litzheim, som og er ein musikar frå Høyanger med profesjonell fartstid, fekk elevane til å spele både Hendrix og Dylan. Eide Nybø prøvde ut fleire instrument men valde til slutt gitaren. Då vart vegen kort inn i eit miljø knytt til øvingslokalet i kjellaren på ungdomshuset Valhall.

- Det var med jamne mellomrom konsert på Valhall der banda frå øvingslokalet i kjellaren fekk vise seg fram, med meir eller mindre godt hell. Alltid stinn brakke! Alltid god stemning!

Eide Nybø er konstant aktiv med nye innspel-ings- og konsertplanar som del av banda han er medlem i, men han har ved sida av dei etablerte prosjekta og eit personleg ønskje for framtida.

- Det har hopa seg opp ein del musikk i løpet av åra som ikkje passar inn i nokon av banda eg spelar i, og planen har heile tida vore å få realisert eit godt gammaldags thrashmetalband. Eg stressar ikkje med det i det heile tatt, men det hadde vore moro å få til sidan det er i den sjangeren eg føler at eg høyrer heime.

FØDT 1985

OPPVEKSTSSTAD HØYANGER

KJENT SOM GITARIST

ERLEND ER I FØLGJE SEG SJØLV UHØGTIDLEG - PERFEKSJONIST - NYSGJERRIG

Destinasjon Høyanger80- og 90-talet var glansperioden for rockekonsertane i Høyanger, og i 1988 vart den første påskerocken arrangert på Joss. Det var eit arrangement som i åra etter skulle bli viden kjent, kopiert og vidareført andre stadar. På denne tida hadde Høyanger posisjonen som Sogn og Fjordane sin uoffisielle rocke-hovudstad.

- Det var mykje anleggsaktivitet her på denne tida, og anleggsarbeiderane var gjerne tørste etter øl og svoltne på rock. Vi kunne arrangere konsert nær sagt når som helst, alle dagar i veka. Det vart full rulle og trongt om plassen i lokala uansett. Ikkje var det vanskeleg å skaffe band heller for Uglum og dei andre konsertarran-gørane. Høyanger låg midt i turnetraséen frå Bergen til Trondheim, så eit stopp på Joss vart gjerne lagt inn for band som var ute på vegen. Der vart artistane tatt imot med opne armar av Else og Tore Rønne, som drifta Eides Hotell den gangen.

- Else og Tore var eit fantastisk vertskap for musikarane. Dei hadde knapt komt seg innafor døra før Else kom med gryta og spurde om dei ville ha middag. Musikarane vart stelt med som om dei skulle vore familie, noko dei sette stor pris på. Kombinasjonen av eit godt vertskap, eit entusiastisk publikum og ei gunstig geografisk plassering gav oss ein solid status i det profesjonelle musikknorge. Det gjekk eigentleg litt av seg sjølv på den tida.

Det har blitt arrangert eit utal konsertar med både lokale artistar og band av nasjonalt kaliber i Høyanger, og pressa har latt seg begeistre både av

kvaliteten på musikken og konsertlokala.

TUNGROCK & LETTMETALL

Det er mange band og artistar frå Høyanger som har hatt suksess langt utanfor kommunegrensene, og eit av dei er

indierockbandet The Tubs. Dei vart mellom anna spelelista på NRK P3 og fekk framføre sin coverversjon av Spicegirls sin megahit

«Wannabe» på Topp 20 på NRK1 i 1997.

The Tubs vart starta i Høyanger i 1991 og bestod av Tor Egil Høyvik (gitar/song), Bjarte Johansen (gitar/song), Bjørn Nesse (bass/song) og Arve Ullebø (trommer). Bandet gav ut tre album og to singlar på det

bergensbaserte plateselskapet Rec 90.

The Tubs på TV

Page 7: Eld Kraft Vatn

7ELD, KRAFT, VATN

I 1915 vart Norsk Aluminium Company (NACo) etablert, og året etter oppdaga svenske ingeniørar enorme vasskraftressursar som skulle danne grunnlaget

for den raske veksten for aluminiumsindustrien i tettstaden Høyanger. Folketalet i bygda vaks kraftig frå om lag 120 innbyggjarar

tidleg på 1900-talet til over 2 200 i 1930.

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Det gir ei folketalsauke på heile 1700%

!På nordsida av Høyanger står

korpskulturen sterkt med heile fem ulike korps. Flinke er dei og, noko mellom anna Lavik skulemusikk sine to NM-gull

i 2. - og 3.- divisjon brass i 2008 og 2010 er eit bevis på.

I Høyanger er vi 4 180 innbyggjarar, fordelt i grove trekk som figuren under viser utover kommunen sitt 840km2 store landareal.

Vi er 2120 menn og 2060 kvinner med ein gjennomsnittsalder på 42 år.

50,7%49,3%

Kvart år blir det født ca. 40 barn i Høyanger kommune.

Noko av det vi arbeider med:

Jord- og skogbruk, fiskeri 90 personar

Industri 340 personar

Bygg og anlegg 110 personar

Varehandel 140 personar

Transport 80 personar

Undervisning 190 personar

Helse- og sosial 490 personar

Overnatting og servering 30 personar

IT og kommunikasjon 20 personar

Og om du skulle lure, så har vi personbilar, varebilar og lastebilar i kommunen.1660 280 60

høyanger

2180

kyrkjebø

710

søreide

90bjordal

120

ikjefjord

80

vadheim

350

ortnevik

60

Kjappe fakta om HøyangerHøyanger oppstod som kommune 1. januar 1964 då kommunane Lavik og Kyrkjebø vart slått saman. Sidan den gong har mykje skjedd, og her er litt informasjon om kven vi er og kva vi driv med i dag.

lavik

250

lavikdal

170

KJAPPE FAKTA OM HØYANGER

Page 8: Eld Kraft Vatn

8 ELD, KRAFT, VATN

Få om nokon kjenner Høyanger betre enn ordførar Petter Sortland. Då han tok over ordførarvervet i 2011 hadde han 20 år bak seg som næringssjef i kommunen. På denne sida fortel Sortland litt om kva han ønskjer å ha fokus på i 2015.

- Vi satsar sterkt på å bygge ut fiber-breiband i kommunen, med Høyanger tett-stad først ut, etterfulgt av Lavik, Kyrkjebø og Vadheim. På sørsida blir den nye net-teknologien trådlaus, med overføring frå nokre strategisk utplasserte stasjonar. Å få på plass raskt internett er eit viktig po-litisk tiltak, slik at ein reduserer avstandar og gir næringslivet gode arbeidstilhøve. Det skal vere mogleg å jobbe i distrikta, og med arbeid som krev stor datatrafikk. Med sin bakgrunn som næringssjef følgjer Sortland det lokale næringslivet tett, og han likar det han ser.

- Eg noterar meg at det blir gjort inves-teringar og føregår utbygging hos nokre av dei største verksemdene våre. Det kjem og positive signal frå St. Jean Wheels, som har fått ein avtale med Audi om produksjon av 100 000 felg. Elles melder verksemder som SafeClean, Høyanger Metallverk, Østerbø Maskin og Osland Havbruk om særs gode resultat. Det er og gledeleg å sjå at Bilfinger si avdeling i Høyanger tente pengar i 2014, og at verksemda opplever ei

auke i oppdragsmengda etter fleire år med nedbemanning grunna lågare aktivitet.Samferdsle er eit anna viktig tema for ordføraren, og eit felt som alltid er ak-tuelt i politikken.

- Innafor samferdsle har vi fleire priori-teringar framover. Ein av dei er å behalde Vadheim som eit trafikknutepunkt for ekspressbussar, uavhengig av kva løy-singar for E39 som skal realiserast i åra som kjem. Det er og viktig at vi tek omsyn til det unike bygningsmiljøet i Vadheim, om det skal gjerast endringar i vegnettet der. Elles kjem vi til å halde trykket oppe for å få utbetra traseen Ulvåna - Tronvik. Statens Vegvesen sine utbetringsplanar for strekka er på 450 millionar kroner og inneheld fleire tunellar. Vi meiner det burde vere mogleg å ordne dei verste svingane og feila på denne vegstrekka for langt lågare og meir realistiske summar. Om ein får ordna opp i ein del småfeil er resten av vegen fin. Fylkesveg 8 på sørsida treng og ei opprusting, noko som vil vere viktig for at næringslivet i denne delen av kommunen skal kunne fortsette å utvikle seg positivt.Avslutningsvis trekk ordføraren fram arbeidet kommunen er i gang med for å sikre bustadar til dei som måtte ønskje å busette seg i Høyanger kommune.

- Vi må legge til rette for at folk kan tes-te ut lokalsamfunnet vårt, og at vi har alle typar husvære tilgjengeleg som gjennom-gangsbustadar, leilegheiter og bustadfelt for eine- og fleirmannsbustadar. Vi håpar at den nye støtteordninga til kommunen, der dei som bygger nytt hus får tildelt 200 000 kroner i støtte av kommunen, vil slå positivt ut på rekrutteringa.

Petter Sortland

Ordførar

HØYANGERGLIMT

Erik Førde testar luftmotstanden ein sommarkveld i Vamråk.

Ordføraren tillatar seg å vere optimistisk då det er

mange positive trekk å spore i Høyanger kommune.

Optimist og ordførar Petter Sortland

Høyangerbadet - Syden i Sogn

I 2006 opna Høyangerbadet, eit paradis for badenymfer og sjøløver i alle aldrar, og for dei som likar å berre slappe av på ei solseng i «tropiske» omgjevnadar.

I Høyangerbadet finn du eit basseng for ein kvar smak, og i kafèen ventar det mykje godt for dei som skulle trenge å fylle på med litt energi etter ein runde i vatnet.

Fakta basseng inneFamiliebasseng: Stupetårn:Vassklie:

25 x 12.5m1m/3m

56m

Inne i Høyangerbadet finn du og eit stort terapibasseng, klatrevegg, boblekant, plaskebasseng m/sklie og badstove.

Fakta basseng uteUtebasseng 28o: Plaskebasseng:

25 x 12.5m24m2

Ved utebassenget finn du og solstolar du kan kose deg i, om du treng ein pause frå all badinga.

Foto

: Ari

l Gje

lsvi

k

Tittelen på dette magasinet tar utgangspunkt i eit slagord utvikla for Høyanger kommune. Eld understrekar bodskapen om Høyanger kommune

som ein inkluderande organisasjon og eit samfunn prega av omsorg og varme.

Kraft symboliserer styrke, handlekraft og vilje til å gjennomføre. Vatn er skapande,

og ei kjelde til vitalitet og vekst. Vatn symboliserer rørsle og endring, noko

Høyanger kommune er i form av vilje til nytenking og omstilling.

!Fo

to: E

rik

Førd

e

ORDFØRAREN HAR ORDET

Page 9: Eld Kraft Vatn

9ELD, KRAFT, VATN

Annonseside

Page 10: Eld Kraft Vatn

10 ELD, KRAFT, VATN

GründerspireGründerspire - i karrig jord?

Jålete kaffivanar, briller med glas utan styrke, og ein utprega forakt for alt fol-keleg. Avstanden mellom den stereotype grafiske designaren til Kristin Myren og hennar Kristin Kommunikasjon er stor. I kontorlokala til det ferske kommuni-kasjonsbyrået i Ikjefjord er det fritt for overfladisk luksus og staffasje. Arbeids-dagane der er prega av hardt arbeid og rause dosar med sjølvdisiplin, eit tilvære Myren trivst godt med.

- Då eg flytta frå Bergen tilbake til Ikje-fjord med familien min våren 2013 starta eg på Østerbø Maskin, men etter eit år der måtte eg slutte grunna nedskjerin-gar. Då måtte eg hoppe i det og starte for meg sjølv, noko som var heilt greitt, for det hadde vore ein draum for meg lenge. Ikjefjord er midt i smørauget som etableringsstad, for her druknar eg ikkje i mengda i ein bransje prega av mange ak-tørar og sterk konkurranse. Det går mykje tid, og eg veit sjeldan korleis neste månad blir med tanke på arbeid og lønn, men det er samstundes veldig spennande og lærerikt å drive for seg sjølv.

Sosialt aleineDå Kristin Kommunikasjon vart starta på nyåret 2014 hadde innehavaren gjort heimeleksa si, så Myren visste at det var interesse for tenestene ho kom til å levere. Ein av kundane som har vore med sidan oppstarten er den gamle ar-beidsgivaren Østerbø Maskin, og Myren har framleis eit ”distriktskontor” i deira lokale på Østerbø. Der er ho med jamne mellomrom innom for å hjelpe til med ymse oppgåver knytt til marknadsføring og kommunikasjon.

- Eg trudde eg ville bli sittande mykje aleine då eg starta for meg sjølv, men slik har det ikkje blitt. Kontakten med kundar gjer det langt mindre usosialt å drive for seg sjølv enn ein kanskje skulle tru. Men det er nok lurt å vere del av eit kontor-fellesskap eller liknande, så ein får lufta tankane sine litt. Tilknytinga til Østerbø Maskin har vore til god hjelp for meg i så måte, men det er nok litt slitsamt for dei tilsette der når eg kjem pratesjuk etter å ha arbeida aleine i Ikjefjord ein periode...

Kristin Myren ville enten bli matematikar eller kunstnar. Ho hamna opp ein stad midt i mellom, som grafisk designar med eiga verksemd i heimbygda Ikjefjord. Det er i følgje gründeren sjølv heilt ideelt.

GRÜNDERSPIRE - I KARRIG JORD?

Kristin Kommunikasjon er å finne på www.kristinkom.no. Der kan du lese meir om tenestene Kristin Myren tilbyr, og finne nytt frå verksemda og blogginnlegg om livet som gründer. Kristin Kommunikasjon er og å finne på Facebook, LinkedIn og Instagram. Sjå opp for emneordet #kristinkommunikasjon

På www.kristinkommunikasjon.no finn du og ein nettbutikk med eit breitt utval produkt med superlokal identitet produsert av superlokale krefter.

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Page 11: Eld Kraft Vatn

11ELD, KRAFT, VATN

Som sin eigen sjef står Myren fritt til å leggje opp dagane sine som ho sjølv vil, men høg fleksibilitet betyr på ingen måte det same som mykje fritid.- Eg forsøkjer å ta ein pause mellom fire og åtte på ettermiddagen når ungane er heime og vakne, men så fort dei er lagt er det gjerne opp igjen med PC´en i sofaen for å få unna litt administrasjonsarbeid. Det er viktig med ei god datapute om du skal starte for deg sjølv, for å sei det sånn. Fullt trykkVed sida av å arbeide med trykksaker og nettsider har Myren gått til innkjøp av ut-styr som kan produsere trykk på tekstilar, eit produktfelt ho håpar å kunne utvikle vidare i åra som kjem.

- Det er kjekt med litt avkopling frå PC-skjermen og faktisk lage noko heilt konkret. Eg kan med utstyret mitt produse-re profileringsklede for alt frå verksemder til idrettslag, og om eg skulle lukkast med dette kan det kanskje bli rom for å utvide med fleire tilsette? Det er jo lov å håpe. Myren er som dei fleste andre gründerar full av idear og visjonar, og ho må tidvis tvinge seg sjølv til å halde seg til det ho kan best, og eigentleg skal drive med.

- Eg har veldig lyst å gjere alt sjølv og har lett for å tenkje at sjølvgjort er vel-gjort. Det er viktig å innsjå at ein ikkje klarer alt, og heller ikkje må klare alt, når ein skal drive for seg sjølv. Tid er ein knapp ressurs, og ein må prioritere kva ein vil bruke den til.

Kultur i endringMange av kundane til Kristin Kommunika-sjon er i dag lokalisert utanfor Høyanger sine grenser, men Myren merkar at det finst ei solidarisk innstilling internt i kom-munen prega av eit ønskje om å nytte lokal arbeidskraft.

- Når lokale verksemder arbeider for kvarandre oppstår det fort vinn - vinn situasjonar som styrkjer alle involverte. Det er ein måte å tenkje på som eg synst er veldig positiv. Eg har og inntrykk av at kulturen er i ferd med å endre seg noko her heime, og at det er eit aukande fo-kus på design og marknadsføring. Mange bransjar opplever ein tøffare marknad, og mange av dei lokale verksemder i områ-det har fått auga opp for at dei må halde eit visst nivå på kommunikasjonen ut, om dei skal lukkast i den harde konkurransen. Det gir meg tru på framtida.

Selskapet som i dag er kjent som SafeClean vaks fram frå konkursramma Vestlandske Avlakkering i 2002, og har blitt ei av dei største suksesshistoriene frå næringsli-vet i Høyanger dei siste åra. Gründerane Jon Refsnes og Johnny Litzheim orien-terte verksemda raskt over frå reinsing av feillakkert felg som hovudgeskjeft, til reinsing av komponentar og system på oljeplattformar. Det viste seg å vere ei suksessoppskrift, og i dag har SafeClean om lag 30 tilsette og fleire titals millionar i omsetning. Jon Refsnes er ikkje i tvil om at heimstaden Høyanger har vore ein viktig faktor bak den jamne veksten selskapet har opplevd.

- For oss har det vore ein klar styrke å vere lokalisert i Høyanger. Vi fekk ei utruleg god støtte frå kommunen og HNU under oppstarten i 2002, og vi ser klare fordelar ved å vere distriktsbaserte. Om ei kompe-tanseverksemd som SafeClean hadde høyrt

heime på ein større stad ville vi truleg opp-levd langt større utskiftingar i personalet. Jobben vi gjer er så spesialisert at kvar ein-skild må trenast ekstensivt internt for å vere i stand til å utføre arbeidsoppgåvene, og då er det sjølvsagt ein klar fordel for selskapet at dei tilsette blir hos oss lenge.

Kontinuerleg utvikling har heile tida vore eit nøkkelord for Refsnes og dei andre i SafeClean, og han rådar andre med ei gründerspire i magen om å vere audmjuke for innspel frå andre. Det handlar om å ta gode val, og få ting gjort.

- Det å diskutere tankar og idear med dei

GRÜNDERSPIRE - I KARRIG JORD?

Gründertips frå Jon RefsnesHa «stayerevne» og bevar trua på ideen

din, men ver samtidig open for å justere og vidareutvikle konseptet ditt fortløpande. Ver derfor alltid i dialog med kundane dine, så du forstår deira behov.

!

Det er veldig behageleg å planleggje i det uendelege,

men då skjer det ingenting. Til slutt må du ta sjansen, så får

det enten bere eller breste.

Kristin Myren

Sjef i Kristin Kommunikasjon

Kristin Myren er gift, mor til to, og har ein bachelorgrad i visuell kommunikasjon frå

Høgskolen i Buskerud og Vestfold. Som ungdom gjekk ho av ukjende årsaker

konsekvent med umake sokkar.

I sju år arbeida Kristin Myren i Hordaland Fylkeskommune. Der var ho mellom anna

sentral i oppbygginga og satsinga på sosiale medier, eit felt ho framleis arbeider mykje med.

BIO

Kreativ

Strukturert

Aktiv

Optimistisk

Kristin Myren på ein skala frå 1 til 5

du har rundt deg kan vere ein god start, og det skadar aldri å få fleire perspektiv på prosjektet ditt. Det er dessverre alt for mange knallgode idear i dette landet som nettopp blir på idéstadiet, og eg trur at større openheit om moglegheitene kunne fått fleire gode næringsprosjekt realisert.

Gründerprofil

SafeClean- Rein kjemimagi

Foto: Arve Ullebø

Page 12: Eld Kraft Vatn

12 ELD, KRAFT, VATN

Sogn Aqua AS har sidan selskapet vart etablert i 2007 fått mykje merksemd for sitt landbaserte oppdrettsanlegg for kveite i Slantevika på Høyanger sørsi-de. Gründer Jan Arne Brekke har utvi-kla eit konsept med bruk av djupvatn frå Sognefjorden som nøkkelkomponent, og resultatet av produksjonen er kvei-te i verdsklasse. Ved sida av å vere del av menyen til eksklusive restaurantar landet over har kveite frå Sogn Aqua blitt servert på alt frå kunstutstillinga ”Révélations” i Paris til den russiske mangemilliardæren Yuri Scheffler på privatcruise i Sogn.

- Det har gått rette vegen heile tida, både biologisk og økonomisk. Vi har jobba mot stadig nye mål og nådd nye milepælar fortlø-pande. Vi har dei siste åra fått inn aksjonæ-rar som ser potensialet i prosjektet vårt, noko som har vanvitig stor verdi for oss, og som gir inspirasjon til vidare satsing og vekst.

Då Sogn Aqua vart etablert var småska-lakonseptet heilt sentralt, men etter kvart som selskapet har utvikla seg har Brekke justert framtidsvisjonane noko. Blant anna med planar om etablering av eit nytt og større anlegg i Ortnevik, 10 kilometer frå det eksisterande anlegget i Slantevika.

Sogn Aqua nyttar seg mykje av lokale verk-semder, og Brekke fortel at lokalsamfunnet rundt har vore viktige for suksessen selska-pet har opplevd så langt.

- Når vi nyttar lokale krefter får vi folk vi kan stole på, og som gjerne stiller opp på kort varsel og får jobben gjort. Vi opplever

Gründerprofil

Gründertips frå Jan Arne BrekkeStart verksemda di i distriktet. Der blir

du lettare sett, og du får lettare støtte frå andre. Pass på at du brenn tilstrekkeleg for prosjektet ditt, at du er allsidig, og at du har evna til å sette deg inn i nye ting.

!

Sogn Aqua - Skatten frå djupet

GRÜNDERSPIRE - I KARRIG JORD?

Foto: Sogn Aqua

Målet vårt har endra seg, og vi ser at dette kan bli mykje større enn det er i dag. Marknaden er der. Vi kan bli så

store som vi sjølv ønskjer.

Jan Arne Brekke

Sogn Aqua

og at alt frå sambygdingar til kommunen og fylket er med å heie oss fram. Det kjem godt med, for det er ikkje all dagar som er like lette når ein er gründer og skal utvikle ei bedrift som vår.

Polarlys i Vadheim arbeider med LED-be-lysning til alt frå olje- og gassinstallasjo-nar til bustadar, og er med etableringa i 2012 ei relativt ung verksemd. Gründer Ar-vid Beinnes har bakgrunn som produkt-utviklar i den Vadheimsbaserte lysvars-lingssystemprodusenten Tracksa, og som konsulent innan belysning og elektronikk. Konseptet bak etableringa av Polarlys vart utvikla over tid.

- Grunnstamma for det vi driv med i dag var eit oppdrag vi fekk av Statoil som gjekk på utvikling av eit konsept for lys i livbåtar til Statfjord-plattformane i Nordsjøen. Med den-ne avtalen i botn visste vi at det ville komme oppdrag så vi kunne etablere verksemda og starte opp produksjonen i 2012.Oppdraget knytt til livbåtbelysning gav eit fundament for Polarlys, men det vart raskt klart at nye marknadar måtte utviklast.

- Vi kan ikkje basere oss på berre ein kun-

de, så vi har sett etter nye marknadar å ut-vikle lysløysingar for. Vi satsar og på å sel-je produkt til vanlege folk gjennom to ulike nettbutikkar. Belysning er eit sesongbasert felt, så vi ser etter moglegheiter for å auke omsetnaden også i sommarhalvåret.

Som elektroingeniør innan svakstrøm er Be-innes godt kvalifisert til å utvikle lysløysingar, og erfaringane hans frå tidligare gründer-selskap kjem og godt med i etablererfasen.

- Sjølv om vi søkjer nye marknadar er vi obs på at vi held fokus på det vi skal drive med, og ikkje har for mange ballar i lufta. Då mister du fort kontrollen og oversikten.

Polarlys- Lyse tider i Vadheim

Gründerprofil

Foto: Ytre Sogn

Gründertips frå Arvid BeinnesFølg draumen din, og hald på foku-

set undervegs. Skal du drive med alt blir du litt god på mange ting, men får ingen verdifull spesialkompetanse. Gå inn med hud og hår, og pass på at du aldri leverar venstrehandsarbeid.

!

På www.polarlys.no kan du kjøpe alt frå lommelykter til belysning for tunellar. Alt basert på LED-

teknologi, sjølvsagt.

Page 13: Eld Kraft Vatn

13ELD, KRAFT, VATN

Ortnevik er eit endepunkt på fylkesveg 92 i Sogn og Fjordane. Du kan sjølvsagt ta ferja vidare til nordsida av kommunen eller til Vik, men du kan og velje å køyre forbi ferjekaien og vidare opp i bygda. Om du gjer det, og dristar deg heilt til den siste garden på austsida av Ortnevik, kan du fort få deg ei lita overrasking.

På ein jordflekk omkransa av elver eit steinkast frå vegen openbarar det seg plutseleg ei lita stavkyrkje, truleg den ei-naste i privat eige i verda. I skogen rundt kyrkja er det plassert ut underfundige treskulpturar som ventar på å bli opp-daga av nysgjerrige auge. Det heile er som kulissane til eit norsk folkeeventyr.

Parken til Anders Brekke har vakse fram over tid, og dei seinare åra har og besøk-stala auka. No er overskotsprosjektet blitt ein turistattraksjon med om lag tusen be-søkjande innom kvart år, noko som slett ik-kje var planen til opphavsmannen. Men han set pris på både interessa og selskapet.

I parken til Anders er det ingen reglar, strategiar eller langsiktige planar. Alt er lov. Til og med å byggje stavkyrkjer med spikarpistol. Det gjorde dei truleg ikkje i middelalderen.

Ta turen til Ortnevik du og. Opplev kva som kan skje når kreativitet får fritt spelerom, og vill fantasi møter dyktig handverk.

PARKEN MED DET RARE I

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

På inngangsdøra til stavkyrkja til Anders Brekke i Ortnevik står følgjande korte vers skore inn med runeskrift:

«Det gode skal du hogge i fjell. Det vonde kan du skrive i snø»

Det er eit motto som kan passe godt for heile parken Brekke har laga til på eigendomen sin. Der er det ro i sjela og ettertanke som rår.

Parken med det rare i

I Ortnevik bur det 45 fastbuande, men folketalet i den vesle bygda veks kraftig på sommaren når hyttefolket

kjem. Ortnevik har eigen butikk, kyrkje, bibliotek, grendehus og ferjekai.

Båtrutene frå Ortnevik går til Måren, Nordeide og Høyanger, samt innover dei veglause strendene mot Vik. Det

har både blitt forfatta bøker og laga TV-program om gardane langs ruta mot Vik.

Ortnevik

Page 14: Eld Kraft Vatn

14 ELD, KRAFT, VATN

Fem minutt med bil frå Høyanger sentrum ligg Norges brattaste skitrekk. I dei friskaste hellingane er alpinbakken til Siplo på heile 37 grader, med 300 meter høgdeforskjell frå topp til botn. På Siplo finn du og lysløype, barnetrekk, oppkøyrde spor, kafé og toalett.

Siplo er drifta på dugnad med over 3000 dugnadstimar i året, og anlegget har blitt trekt fram av Aftenposten som ein skjult skatt blant mindre skisenter i landet.

For informasjon om opningstider og prisar, sjå www.siplo.no

Fakta alpinbakken

Bygd: Gjennomsnittleg helling Skrålengd: Brattaste helling: Høgdeulikskap:

Høgt, lågt og breittSom del av industristadjubileet vil fotografane Aril Nikolai Gjelsvik og Arvid Fimreite opne utstillinga «Høgt, lågt og breitt» på sein-sommaren 2015 i Høyanger Samfunnshus, ei utstilling der halvparten av bilda er historiske og halvparten er samtidsfoto frå Høyanger tettstad. Alle dei omlag 40 fotografia skal trykkast på aluminium, eit kreativt men samstundes naturleg materialval for temaet.

På desse sidene får du ein liten smakebit på fotoevnene til Gjelsvik. Besøk «Høgt, lågt og breitt» for å sjå meir.

Bratt moro

på Siplo

Fakta langrennsløyper

Lysløype: Turløype til Synken:

2,5 km5 km

198323,3°

688 m37°

272 meter

Foto: Lars Jonas Pedersen

HØGT, LÅGT OG BREITT

Page 15: Eld Kraft Vatn

15ELD, KRAFT, VATN

Historia til Per A. Øren AS er både lang og inn-haldsrik, og i 2015 kan verksemda stolt feire sitt 90 års jubileum. Det heile starta då Per A. Øren vart dampskipsekspeditør i Høyanger i 1925. Eit par år etter fekk han leigevognløyve, og han byrja med varetransport i den raskt vaksande industristaden. Verksemda utvida dei komande åra med stadig nye forretningsområde, som til dømes entreprenørtenester, levering av oljefyr og oppstart av Høyanger Trelastkompani.

I dag er Per A. Øren AS delt opp i tre dottersel-skap som driv med transport, entreprenørte-nester og eigedom. Mange frå Høyanger har eit spesielt forhold til dei karakteristiske grøne og raude trailerane til Per A. Øren, og verksemda er ein viktig næringsaktør i kommunen.

I Høyanger tettstad bur det omlag 2000 innbyggjarar. Kommunesenteret vart bygd opp rundt aluminiumsverket, og rommar

mykje unik arbeiderkultur og historie.

Høyanger har tilbod og aktivitetar på linje med andre tettstadar, og eit levande

sentrum med butikkar og kaféar.

Høyanger

Tradisjonsrik jubilant

HØGT, LÅGT OG BREITT

Page 16: Eld Kraft Vatn

16 ELD, KRAFT, VATN

GROM LYD OG FRISKE VISJONAR

Djupt nede i Høyanger Samfunnshus ligg det nyetablerte studioet til OnCue. Der finn du tre visjonære menn, klare til å erobre verda.

OnCue består av Bjarte Johansen, Stig Kamonen og Bjørn Randal. Alle tre har «generell studiokompetanse» i bagasjen, og i samla tropp har dei og stålkontroll på alt som har med lyd, lys og arrange-mentproduksjon å gjere. No har dei tre musikalske musketerane slått kreftene sine saman, og satsar friskt frå sin base i samfunnshuset i Høyanger.

- For oss er plasseringa i Høyanger glimrande. Artistar som skal spele inn musikk kjem gjerne hit, og vi kan utan problem reise i både inn- og utland for å gjennomføre jobbar. Utgiftene vi sparar til lokale og drift samanlikna med bybaserte studio kan vi bruke på andre ting, som til dømes nye investeringar.

Frå Spektrum til JossLokale jobbar er viktige for OnCue, men med sitt store geografiske nedslagsfelt kjem henvendingane strøymande frå både inn- og utland. Det lille produk-sjonsmiljøet i Høyanger opplever det same som andre kompetanseverksemder i distrikta som har eit godt rykte. Kundar som ønskjer kvalitet frå øvste hylle bryr seg lite om kvar kompetansen bur og arbeidar til dagleg, og betalar gladleg for å få dei rette folka til jobben på plass der jobben skal gjerast. Stig har arbeida i ei årrekkje som turnerande lydmann, og

han er derfor godt vant med å reise.- Då Kaizers Orchestra skulle spele sine

siste konsertar hausten 2014 i DNB Arena i Stavanger vart eg flydd inn for å sette opp høgtalarsystemet. Då jobben var gjort reiste eg rett heim igjen. Eg høyrte ikkje eingong bandet spele! Vi gjer ein del slike jobbar, og det er litt kult å sitte i lille Høy-anger og sende faktura til store nasjonale og internasjonale arrangement. Vi har til dømes deltatt i produksjonen av «Chess in concert» under Sjakk OL i Tromsø, og opninga av Stormen, som er det nye kon-serthuset i Bodø.

Alternativt reiselivGjengen i OnCue har variert erfaring og lange merittlister, men no er det framtida som gjeld. Etter å ha brukt tid på å leite etter eit eigna studiolokale endte OnCue til slutt opp i dei tidlegare lokala til Ra-dio Smia i Høyanger Samfunnshus. Der har dei bygd opp studioet sitt etter alle kunstens reglar, og er no klare til å ta imot musikarar på jakt etter godlyden.

- Mange artistar likar å reise vekk når dei skal spele inn musikk, og då er Høy-anger midt i blinken som destinasjon. Det er såpass lite og landleg her at det er lett å kome inn i ei kreativ boble, medan det er stort nok til at ein del tilbod som hotell og daglegvarebutikkar med godt utval

Foto

: Lar

s Jo

nas

Ped

erse

n

GROM LYD OG FRISKE VISJONAR

Page 17: Eld Kraft Vatn

17ELD, KRAFT, VATN

Kjappe fakta om OnCue• Stifta i 2013 av Bjarte Johansen, Stig Kamonen og Bjørn Randal.

• Driv med produksjon av konsertar, events, lyd- og musikk.

• Innvigde det nye studioet sitt med innspeling av eit album med bandet Spitfire.

• Har i følgje ryktet eit både lyd- og vanntett studio, grunna ein iherdig innsats med byggsilikon.

OnCue startar ikkje akkurat frå bar bakke. Med solid erfaring frå festivalar,

konsertar og innspelingar på høgste nasjonale og internasjonale nivå er det no tre veteranar på feltet som satsar på

lyd og lys i Høyanger.

ligg i umiddelbar nærleik til studioet. Vi håpar at vår næringsverksemd kan kome andre delar av næringslivet i Høyanger til gode. Artistane blir gjerne og ei god stund når dei først har gått i studio, så dette er attraktive «turistar». Vi har i det heile eit ønskje om å styrke det totale næringslivet lokalt, med vårt bidrag som aktør i ei alternativ nisjenæring. Dette er ikkje ein hobby eller eit sideprosjekt, men høgst seriøs business frå vår side.Med sin lange fartstid i bransjen har ringrevane i OnCue alt ein god posisjon i markanden, og det skadar heller ikkje at dei er i stand til å handtere eit særs vidt spekter av musikalske uttrykk.

- Vi har samla sett arbeid med alt frå folkemusikk og samtidsjazz til meir tradisjonell rock og pop. Studioet vårt har det beste av analogt og digitalt utstyr, så det skal vere mogleg å gjenskape dei aller fleste lydut-trykk i skalaen frå varm akustikk til kald elektronikk her. Vi ser og for oss at vi vil arbeide ein del med ikkje-musikalske lyduttrykk, som til dømes lydbøker og voiceover til reklamefilm, så moglegheitene er mange. At vi har samfunnshusscena ståande rett utanfor studiodørene er heller ikkje noko ulempe, då vi på sikt kan ta opp større produksjonar som krev stor plass der.

Moderne prosessindustriMykje har skjedd frå tida då ingeniørane i Abbey Road spelte inn the Beatles i sine kvite labfrakkar, men dagens profesjonelle lydproduksjon er framleis eit høgst kompetansekrevjande fagfelt på linje med anna høg-teknologisk prosessindustri. Avstanden frå det som føregår på verket i Høyanger til det som skjer hos OnCue er truleg kortare enn mange trur, då det begge stadar handlar om å gjere om eit råstoff til eit sluttprodukt av høg kvalitet. I OnCue sitt tilfelle er råstoffet ei lydkjelde som blir forma av studioutstyret og kompetansen til dei som styrar det heile. OnCue har bygd studioet sitt rundt eit røslig Midas XL4 miksebord, eit miksebord som har kome for å bli, då rommet har blitt bygd rundt bordet i etterkant. Sett vekk frå ein del utvalt kvalitetsutstyr som miksebordet har OnCue lagt seg på ein nøktern innkjøpsstrategi.

- På live-sida har vi kjøpt inn ein del utstyr til små arrangement, men ikkje til større produksjonar. Får vi slike jobbar leiger vi inn det vi treng, og det er og ein god måte å halde utgiftene nede på. Det er ikkje utstyret som skal skaffe oss jobbar, men kompetansen vår. Med ein allsidige spisskom-petanse som fundament håpar vi at OnCue kan bli ei suksessverksemd med fleire arbeidsplassar på sikt.

Bjørn

Bjarte

Stig

Eg ser at ein del studio skryt av at dei har åtte Midas XL4

mikrofonpreampar. Vi har 56...

Stig Kamonen er godt nøgd med det heller røslege miksebordet OnCue har montert i Høyanger Samfunnshus

Foto: Lars Jonas Pedersen

GROM LYD OG FRISKE VISJONAR

Page 18: Eld Kraft Vatn

18 ELD, KRAFT, VATN

Annonseside

www.osland.no | 57 71 01 02 Besøk oss gjerne på Facebook

Osland Havbruk er eit lokaleigd fi skeoppdrettsselskap med ei lang historie og

framtidsretta visjonar. Vi er i vekst og søkjer konstant etter måtar å forbetre oss på, slik at vi kan bli enno

dyktigare til å produsere sunn og god mat.

Osland Havbruk- Ein smak av Sognefjorden

VIL DU VERE MED Å UTVIKLE VIDARE NORGES VIKTIGASTE NÆRING?

Tlf. 57 70 76 00 | E-post: [email protected]

www.orenhotel.no

XL-BYGG HØYANGER- ditt lokale byggevarehus -

Strandgata 14, 6993 HøyangerTlf: 57 71 42 00 / E-post: fi [email protected]

OPNINGSTIDERMAN-FRE:LØR:

08.00 - 16.3009.30 - 14.00

Page 19: Eld Kraft Vatn

19ELD, KRAFT, VATN

Annonseside

Postboks 33, 6991 Høyanger • Tlf: 57 71 45 00Mob: 911 33 037 • 911 33 038 • 911 33 039E-post: [email protected] • Web: www.pao.noFølg oss på Facebook

FINURLIG ER DIN LOKALE PRODUSENT AV TRYKKSAKER OG

NETTSIDER

www.finurlig.no

Page 20: Eld Kraft Vatn

20 ELD, KRAFT, VATN

LOKAL PROFIL

MALENE BLIKKEN HAUKØY

KJENT SOM ALPINIST

FØDT 1991

OPPVEKSTSSTAD KYRKJEBØ

Malene Blikken Haukøy innehar trass sin unge alder allereie ein EM-bronse i skialpinisme frå 2009, og ein verdscupsiger i randonee frå 2013. Randonee er fransk og tyder «å gå på fjelltur», og begge øvingane går ut på å kome seg både opp og ned snødekte og bratte fjell på kortast mogleg tid. Fundamenet for prestasjonane la Malene ned i fjella i heimtraktene på Kyrkjebø.

- Eg spelte mykje fotball då eg var liten, og har alltid vore glad i springe, gjerne i motbakkar og på fjelltoppar. Kyrkjebø som stad inspirerer heilt klart til aktivitet.Ein aktiv kvardag, med treningsinteresserte lærarar og vener gav grobotn for eit konkurransemiljø i

omgangskretsen til Malene, noko som inspirerte til vidare fysisk fostring.

- Eg vaks opp i eit veldig godt sosialt miljø der vi fann på mange aktivitetar. Vi skulle gjerne hatt fleire organiserte tilbod enn fotballen, men vi var kreative og sikkert langt over snittet aktive. No satsar Malene for fullt på idretten, men har ein plan om å ende opp som lærar når konkurranseskia blir lagt på hylla for godt.

- Kor eg ender opp med å busetje meg trur eg blir tilfeldig, men eg er ganske sikker på at eg vil ha fjell og fjord rundt meg. Det blir sagt at ein trivst best i omgivnadar som liknar dei ein vaks opp i, og det trur eg stemmer bra.

Året er 2006. Jonas Pedersen Øren er 18 år, og har akkurat starta på ballettlinja til Fagerborg videregående skole. Der står den unge mannen frå Høyanger i eit dansestudio, omgitt av ei gruppe 15 år gamle medelevar. Dei har dansa ballett sidan dei var to. Det har ikkje Jonas. Langt derifrå. Etterslepet er stort.

- Eg mangla årevis med trening, og i klassisk ballett er det snakk om ekstreme fingerspissferdigheiter og utallige repeti-sjonar før alle detaljane kjem på plass. Du treng rett og slett alle åra med trening for å bli skikkeleg god. Men eg fekk resultat. Fire år etter at eg byrja med ballett kom eg inn på Kunsthøgskulen i Oslo si bal-lettlinje. Det hadde eg aldri trudd.Om det er ein ting som kjenneteiknar Jonas Pedersen Øren må det vere at han følgjer draumane sine, uansett kor uopp-nåelege dei måtte framstå for ein fyr frå ei industribygd på Vestlandet. Oppvek-sten i Høyanger var mange, mange kilo-meter frå næraste ballettskule. Å skulle

konkurrere om knappe danseplassar mot andre som har dansa heile livet var mildt sagt urealistisk. Enkelte ting skjer ikkje. I alle fall ikkje før nokon faktisk gjer det, og visar at det går an likevel.

- Eg er kjempeglad for at eg er frå Høy-anger, for eg hadde ikkje vore den same utan oppveksten min der, men det er klart eg har vore innom tankar som «f**n hel-ler, kvifor vaks eg ikkje opp i Paris, London eller Oslo! Kvifor Høyanger? Kvifor fekk ikkje eg og begynne då eg var to?»Men trass i den tidvise frustrasjonen er Jonas langt frå bitter. Han fortel varmt om ein trygg og god oppvekst med mange venner og mykje støtte i familie og om-gjevnadane elles.

- Tida strekk ikkje til, så eg kjem meg dessverre alt for sjeldan heim. Høyanger er for meg i dag først og fremst familien, men det er og ein fin fellesskapsfølelse der, så eg kjenner meg raskt som del av lokalsamfunnet når eg først er heime. Det er veldig fint. Og så er det veldig mykje

MALENE ER I FØLGJE SEG SJØLV STA - POSITIV - RASTLAUS

Draumefangaren

Det finst ein del ting som det berre ikkje skal vere mogleg å realisere. Nokre få personar klarer det likevel.

Foto

: Mal

ene

Blik

ken

Hau

køy

Foto: Massimo Leardini

DRAUMEFANGAREN

Page 21: Eld Kraft Vatn

21ELD, KRAFT, VATN

friskare luft heime enn det er her på Sankthanshaugen i Oslo...

BallettnerdHistoria om Jonas er dels ei reiseskild-ring, dels eit eventyr. Som ein moderne Espen Askeladd med kroppskontroll langt over snittet reiste han som ung mann ut i verda utan stort anna enn godt mot og store draumar i bagasjen. Smaken på dans hadde han fått heime i Høyanger, av ein annan profilert dansar.

- Som 12-åring vart eg med på helge-dansekurs arrangert av Anchelique Ma-riano Fjære, og eg hugsar framleis den første koreografien. Etter kvart vart eg del av IL Høyang si turngruppe, som eg og fekk ansvar for. Der vart vi ein kjernegjeng på 4 – 6 stykk som dansa, og sidan den gongen har det berre balla på seg.Jonas kom som ungdomsskuleelev og i kontakt med Ove Henning Solheim i Dans utan grenser i Førde, ein relasjon som fekk han til å satse på dansen. Seinare vart det utanlandsopphald og diverse ballettskular og linjer i inn- og utland. I dag er Jonas ferdig utdanna med ein bachelor i klassisk ballett, men han er langt frå ferdig med å utvikle seg kunst-narisk og kreativt.

- Akkurat no kallar eg meg ikkje for ein ballettdansar men for ein dansekunst-nar. Eg jobbar gjerne ut frå det klassiske uttrykket, men blandar og inn andre moderne element. Eg brenn veldig for samtidsdansen, for eg er ingen teknikar.

Det er performancedelen av dansen min eg får oftast skryt for, og ikkje femteposi-sjonane mine. Ballett er vanvitig vakkert, men danseforma har og sine begrensnin-gar. I alle fall for meg og min kropp.Men der Jonas har mista noko grunna manglande grunntrening som barn, har han og fått ein fordel i å kunne sjå på dansen med ein viss distanse. Det er ein distanse som mange av kollegaane manglar.

- For meg med min bakgrunn har dan-sen alltid vore eit bevisst val, men eg ser at mange av dei som alltid har dansa fortset å gjere det vidare av gamal vane. Dei har gjerne eit snevrare perspektiv på dansinga, og ser ikkje dei same mogleg-heitene som oss, som kjem frå ein meir variert bakgrunn.

Fyldig CVDå Jonas flytta til Oslo i 2006 etter eit knallhardt år på ballettskule i England var han klar for alt den norske hovudstaden hadde å by på.

- På den tida skulle alle ha minst fem yrkestitlar, så eg omtalte meg som mo-dell, dansar, koreograf, stylist og bloggar.

LOKAL PROFIL

SEDRIK ENGEBØ ULLEBØ

KJENT SOM SYKLIST

FØDT 1998

OPPVEKSTSSTAD HØYANGER

Sedrik Engebø Ullebø er eit multitalent frå Høyanger med imponerande lang merittliste i både sykling og langrenn. Både jamnaldrande og etablerte eliteløparar slit med å halde følgje når det unge talen-tet set inn det ekstra giret, metaforisk talt.

- Høgdepunktet i karriera må vere då eg søkte meg opp i juniorklassa og sykla med dei beste juniorane i landet, og vant. Målet for framtida er å bli så god at eg kan leve av idretten.I si aldersklasse er Sedrik heilt i toppsjiktet i landet i både langrenn og sykling, noko som har resultert i fleire pallplassar i NM. Han har og hamla opp med godt etablerte seniorar i ei lang rekkje løp, og blir spådd ei lysande framtid av fagfolk. Bak resultata ligg

utallige treningstimar, dei fleste aleine på sykkelsetet eller med ski på beina.

- Det er eit veldig bra fotballmiljø i Høyanger og forholda er gode med tanke på lagidrett her, men eg har i all hovudsak trent aleine innafor ski og sykling.Sedrik syklar, enn så lenge, for Sogn Cykleklubb og går på ski for Førde IL.

Høyanger kulturskule

Høyanger kommune starta som ein av dei første i fylket musikkskule i 1978. Frå 2005 av har musikkskulen endra seg til ein kulturskule, då tilbodet har blitt utvida med fleire uttrykksformer.

Tilboda i kulturskulen er i dag: • Musikalsk forsmak (førebuande musikkopplæring)• Messinginstrument (kornett/trompet, althorn, trombone, baryton, tuba)• Treblåseinstrument (fløyte, klarinett, saksofon, blokkfløyte)• Slagverk• Musikkterapi

Høyanger kulturskule har og eit tilbod innan moderne dans frå 1. klasse til og med vidaregåande.

Som ein viktig del av undervisninga har kulturskulen to større framsyningar til jul og sommar, samt mindre konsertar og opptrednar gjennom skuleåret på mindre arenaer som på skulane, i omsorgsbustadane og sjukeheimane eller andre stader ein måtte ønskje.

Les meir om kulturskulen på nettsidene til Høyanger kommune.

SEDRIK ER I FØLGJE SEG SJØLV SNILL - OMTENKSAM - SPORTY

Det var hardt for dei fleste, men ikkje så gale for meg

Sedrik Engebø Ullebø til NRK Sogn og Fjordane etter målgang i Landevegsrittet i Nordfjord i 2014

Dansen vart etter kvart hobbyen min, ved sidan av å gå

Fjellvegen, og gjere lekser. Eg elska faktisk å gjere lekser

Perfeksjonisten Jonas Pedersen Øren

om ungdomsåra i Høyanger

I samarbeid med fylkeskommunen og Dans utan grenser opna Høyanger

kommune i 2004 opp danseverkstaden i Høyanger. Eit lokale Jonas og miljøet

rundt han brukte flittig.

!Dansaren Anchelique Mariano Fjære er og frå Høyanger. Ho

har figurert på scener og i musikkvideoar saman med superstjerner

som Gwen Stefani, Whitney Huston, Black Eyed Peas og Madonna.

!

Foto: Shutterstock

Foto

: Sed

rik

Enge

bø U

llebø

DRAUMEFANGAREN

Page 22: Eld Kraft Vatn

22 ELD, KRAFT, VATN

Eg var veldig «on it», og det var vanvitig mykje som skjedde. Vanlege dagar be-stod av skule og uteliv. Oppleving av nye ting og møting av nye folk.I dag har Jonas lagt mange av yrkestitlane på hylla, og sjølv om han til dømes har tatt mange modell- og stylingoppdrag dei seinare åra, så titulerer han seg verken som modell eller stylist lengre.

- Eg har opparbeida meg ein del er-faring innafor fleire retningar, og eg ar-beider framleis med andre prosjekt enn dansing, utan at eg omtalar det som yrker. Som modell fekk eg eit gjennom-brot då eg opna eit show iført gulltights og tåspissko for Moods of Norway same hausten som eg flytta til Oslo. Dei neste åra gjorde eg ein del runwayshows både som modell og koreograf, og eg hadde to oppslag i Dagbladet og eit for eit portu-gisisk fashionmagasin som var ganske store. Det var spanande, men det er og mykje venting i denne bransjen. Då er det kjekkare å danse og bevege seg.

Performance og fashionNoko av årsaka til at Jonas involverar seg i andre sosiale og kreative prosjekt er at dei gir inspirasjon og energi tilbake til dansen.

- Eg har aldri klart å halde fokus på berre ein ting, som å gå i ballettstudio kvar einaste dag for å øve på dei nøyaktig same tinga. Til det er eg for rastlaus. Eg har alltid måtte ha noko anna ved sidan av den klassiske balletten, om det så er styling, directing, fotografering, eller noko heilt anna. Ved å leve og arbeide på den måten kan eg komme tilbake til dansestudio og vere inspirert.

Inspirasjonen får Jonas frå mange område i livet og kunsten, noko som hjelper han å vere allsidig i eigne uttrykk, og i stand til å arbeide med ei lang rekke danse- og uttrykksformer.

- Eg har til dømes jobba ein god del saman med artisten Maya Vik, som eg har kjent i årevis. Når eg arbeider med musikkvideoar for ho og andre handlar det mykje om formidling av følelsar, og korleis ein skal stå og oppføre seg til mu-sikken. I slike oppdrag nyttar eg gjerne eit rikt referansegrunnlag.Og det er ikkje berre saman med artistar at Jonas omgir seg med filmkamera. Det er eit medium han arbeider stadig meir med, og som han har eigne ambisjonar for.

- Eg har veldig lyst til å koreografere eigne ting, sette opp eigne framsyningar, og lage mine eigne filmar. Men eg orkar ikkje å berre vere bakmann. Eg må alltid vere i front!For å lukkast med framtidsambisjonane må søknadar innvilgast og finansiering på plass, for det er ikkje berre enkelt å skul-le leve av dansen. Det kostar pengar å leve, og derfor har Jonas valt å ta jobben som butikksjef for flaggskipbutikken til Norwegian Rain i Kirkegata 20 i Oslo, ein butikk som vart starta av siviløkonom Ale-xander Helle og designar T-Michael. Jonas er glad i både arbeidsstaden og mote- og designfeltet generelt, men ønsket er å få meir tid til kunsten.

- Ein må jo dessverre ha pengar, og det er eit slit. Men det er spanande å vere del av Norwegian Rain og. Eg lærer ting der som eg ikkje ville lært på an-dre måtar, så eg ser på dette som rein hausting for framtida.

Jonas Pedersen Øren er skulert i klassisk ballett ved Hammond School

i Chester i England, Fagerborg videregående skole i Oslo, og Ballettskolen ved Den Norske

Opera & Ballett.

Etter vidaregåande tok Jonas ein bachelor i klassisk ballett ved

Kunsthøgskolen i Oslo der eit opphald ved Conservatoire National Supérieur Music et Danse i Lyon var

del av utdanninga.

BIO

I Vadheim bur det om lag 350 innbyggjarar, og sjølv om ein god del av handelen frå tidlegare

tider er vekke i dag, har bygda framleis to daglegvarebutikkar.

Vadheim har og ei rik historie knytt til intellektuelt og kulturelt arbeid.

Vadheimresolusjonen frå 1884 er kanskje mest kjent i så måte. Denne resolusjonen vart det første av om lag 50 liknande vedtak andre

stader, som etter kvart førte til at nynorsk vart offisielt likestilt med bokmål i Norge.

Vadheim

HØYANGERGLIMT

I Vadheim står statuen Ferdamannen og ser på reisande som er innom

trafikknutepunktet midt i kommunen.

Danseforma ballett oppstod under renessansen i Italia på 1400-tallet og

vart vidareutvikla til den moderne versjonen vi i dag kjenner av den

franske kongen Louis XIV på midten av 1600-tallet. I Norge er balletthistoria

kort. Manglande adel og streng pietisme gav ingen grobotn for

danseforma. Dessutan har vi i Norge hatt tradisjon for å sjølve delta i

dansen, og ikkje berre vere tilskodarar.

Ved sidan av å ha funne opp den moderne balletten er Louis XIV og

kjent som den lengstherskande monarken i europeisk historie, med

sine 72 år og 110 dagar på trona.

Sjølv om det alt på 1700-talet vart etablert gjestgiveri i den vesle handelsstaden Vadheim, var det først på midtre halvdel av 1800-talet at bygda verkeleg skulle blomstre. I 1837 opna hovudvegen mellom Sogn og Sunnfjord som gjekk frå Vadheim til Førde, og i 1858 starta Fylkesbaatane sine ruter på Sognefjorden, med Vadheim som viktig stoppestad. Vadheim vart eit sentralt knutepunkt for reisande i Sogn, også for dei mange turistane som byrja å ferdast i regionen på denne tida.

Vadheim vart raskt ei travel og internasjonal bygd, med to hotell og mykje næringsliv knytt til turisme. Planane for vidare utvikling var store, mellom anna med utbygging av jernbane frå Vadheim til Trondheim. Det skulle og gå ei jernbaneferje mellom Vadheim og Flåm, men alle desse planane vart skrinlagde på 1920-talet, då bilen viste seg å vere eit meir effektiv transportmiddel på Vestlandet.

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Knutepunktet Vadheim

DRAUMEFANGAREN

Page 23: Eld Kraft Vatn

23ELD, KRAFT, VATN

Jonas har hatt eit tett samarbeid med artisten Maya Vik gjennom mange år. Her under videoinnspeling til songen «Get low».

Da Jonas flytta til Oslo var han opptatt av å vere der det skjedde. Her under Costume Awards 2010 saman med Tone Damli Aaberge.

Nokre glimt frå livet til Jonas Pedersen Øren

I 2009 vart Jonas tildelt eit Furorestipend i klassen kultur frå Sparebanken Sogn og Fjordane på 50 000 kroner.

Interaksjonsdesignar Hans Alexander Huseklepp (t.h) og den etter kvart ikkje akkurat ukjente skiskyttaren Tarjei

Bøe vart og tildelt stipend.

Hausten 2009 hadde Jonas akkurat starta på ballettlinja til Kunsthøgskulen i Oslo, og juryen trekte fram den

ambisiøse søknaden som ein viktig grunn for tildelinga.

I 2009 var Jonas hospitant på Nasjonalballettens Skole, og trente i den

perioden fast i Den Norske Opera & Ballett.

Jonas har stor breidde i sine artistiske uttrykk, og dansar både

klassiske og moderne stilartar. Her under ein performance under

opninga av ei utstilling i Oslo.

Jonas har alltid vore opptatt av mote, men han

er skeptisk til trendar. Kleda må ha kvalitet

og særpreg.

Jonas har og tatt modelloppdrag, her frå ein fotoshoot for klesdesignar Camilla Bruerberg, som spesialiserar seg på strikk til menn.

Gode pressebilde er nødvendige for å lukkast som freelance dansar.

Jonas er med på mange prosjekt. Her dansar han til improvisert

musikk frå Tord Gustavsen.

Jonas er glad i rampelyset, og særleg etter flyttinga til Oslo i 2006 var det viktig for Jonas å både sjå og bli sett.

I 2013 spelte Jonas hovudrolla i

Nøtteknekkeren ved Opera Nordfjord.

Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane / Vegard Fimland

Foto: Costume / Kirsti Mørch

Foto: Ytre Sogn

Foto: Veslemøy Vråskar

Foto: Maya Vik

Foto: Oslo Nights

Foto: Oslo Nights Foto: Jan Erik Fillan

Foto: Oslo Nights

Foto: Torkel EngströmFoto: Massimo Leardini

DRAUMEFANGAREN

Page 24: Eld Kraft Vatn

24 ELD, KRAFT, VATN

HØYANGERGLIMT

Tronvik på Kyrkjebø har på mange måtar vore «helsehovudstaden» i Høyanger kommune. I 1956 opna fylkets første behandlingsinstitusjon for psykisk sjuke der. Tronvik Psykiatriske Behandlingsheim vart og den første opne behandlingsinstitusjonen i landet, og hadde ved starten kapasitet til å ta imot 90 pasientar. Fleire utvidingar i tiåret som følgde førte til ei dobling av kapasiteten kring 1970. I dag er Tronvik integrert i Helse Førde sitt psykiatritilbod, og bygga på Tronvik har blitt freda av Riksantikvaren som eit døme på ein open psykiatrisk pleieinstitusjon frå etterkrigstida.

Kyrkjebø Kvileheim på Tronvik vart bygd i 1938, og pasientar frå Høyanger Sjukehus vart ofte sende til kvileheimen på Kyrkjebø for rehabilitering i rolege og landlege omgjevnadar. Bygget vart på 1970-talet rive for å gje plass til alders- og sjukeheimen, som stod klar i 1978.

Helsebygda Kyrkjebø

På nettsida UT.no finn du varierte turar frå heile kommunen med rikhaldig

informasjon om alt frå høgdeprofilar til passande sesong. Dei ulike turane har og

GPS-spor som kan lastast ned.

Fjellreven Turbo er ein ivrig krabat som gjerne er aktiv ute i naturen saman med

venene sine i Barnas Turlag. Hald augene opne for arrangement.

Fjord til Fjell finn du på facebook.com/fjordtilfjellhoyanger. Oppdatert informasjon er og å finne

på kommunen sine nettsider.

På Kyrkjebø (og Austreim) bur det ca. 710 innbyggjarar. Det tidlegare

kommunesenteret har mellom anna eigen daglegvarebutikk, skule og barnehage.

Kyrkjebø

Full kontroll på turMed sitt varierte fjell- og fjordlandskap kan Høyanger kommune by på flotte turmoglegheiter for alle. Kva med ein ekspedisjon i Stølsheimen? Eller kanskje ei kulturhistorisk byvandring i Høyanger tettstad passar deg betre?

Innbyggjarane i Høyanger er eit ivrig tur-folk, og fleire av bygdene i kommunen har på eige initiativ utarbeida sine eigne lokale turkart. No har desse turane, og mange fleire, blitt samla på eitt felles kart basert på Den Nasjonale Turkartserien.

Turkartet har merka fotturar og turfor-slag, og inneheld noko for ein kvar smak og fysiske form. Kartet er produsert i eit slitesterkt plastmateriale og tåler røff handtering utan å bli øydelagt. Turkartet er å finne i daglegvare- og spesialistbu-tikkar rundt om i kommunen.

Frå Fjord til FjellFrå Fjord til Fjell er eit prosjekt som på-går frå 15. april til 15. oktober kvart år, der 16 utvalde turar i kommunen blir plukka ut som del av eit turprogram. På åtte stadar på nordsida og åtte stadar på sørsida blir det lagt ut eigne turbøker, og dei som går og registrerar seg på minst ti av turane i løpet av året får ein premie for innsatsen. Barn under 12 år og perso-nar over 67 år får deltakingspremie etter sju turar. Det blir arrangert fellesturar til fleire av turmåla.

Fjord til Fjell er eit samarbeid mellom Høyanger kommune, Ortnevik grende-lag, Bjordal/Søreide Idrettslag, Ikjefjord Idrettslag, Lavik Idrettslag, Kyrkjebø Idrettslag og Balestrand og Høyanger turlag.

Balestrand og Høyanger Turlag vart stifta i 2008 og er ein del av

Den Norske Turistforening (DNT). Turlaget arrangerar fleire turar kvart år.

!

Skjergardsidyll på Austreim ein varm sommardag med båt- og badeliv.

Foto: Anita Nordheim

UT PÅ TUR

Page 25: Eld Kraft Vatn

25ELD, KRAFT, VATN

HØYANGER NÆRINGSUTVIKLING

EIN NÆRINGSORGANISASJON MED ”PUNCH”

Kapital Kompetanse

NettverkTa kontakt, så finn vi dei beste løysingane for deg og di verksemd.

57 71 52 70 / 95 19 84 51 | [email protected]

Ytre Sogn er lokalavisa for alle i Høyanger kommune.

Vi formidlar nyhende og historier frå DINE omgjevnadar, slik at DU kan halde deg oppdatert på kva som skjer.

Kjenn ditt eige lokalsamfunn - les Ytre Sogn

Perfectly clean in a safe way

Annonseside

Page 26: Eld Kraft Vatn

26 ELD, KRAFT, VATN

Det er to ting hjorten i Høyanger fryktar meir enn noko anna. Kalde vintrar, og Jan Erik Bjørnsen Søreide.

Høyanger kommune husar eit variert fjord- og fjellandskap med eit rikt dyreliv, noko ivrige jegerar og friluftsfolk veit å sette pris på. Ein av dei største jaktentusiastane i kommunen er Jan Erik Bjørnsen Søreide, ein sprudlande ung mann med stor pasjon for fri utfalding i naturen. Jan Erik er som etternamnet hintar om frå Søreide, men han reiser gjerne store avstandar for å opp-leve spenninga ved jakt og friluftsliv. Rein, villsvin, rådyr, sel og ryper i inn- og utland har måtte sjå seg slått av villmannen frå Sogn, og det står til og med ein kengru på trofélista. Men det er trass i alle dei eksotis-ke eskapadane den heimlege hjorten som står høgst i kurs som mål for jakta.

- Det er noko eige med hjorten, og må-ten ein må vere heilt skjerpa og nytte list for å felle byttet. Eg trur det å vere jeger ligg i oss. Det er ein gnist der. Dessutan er hjortejakt ein utruleg sosial aktivitet som samlar bygda. Vi er mange som har jakt som felles interesse der eg kjem frå.

AdrenalinjunkieJan Erik starta jaktkarriera då han var 8 - 9 år, og den første hjorten skaut han som 16-åring. Det var faren som først drog med guten ut i skogen, og Søreide junior vart raskt fascinert av både jakta og det sosiale rundt.

- Det var stas å høyre på dei eldre for-telje gamle jakthistorier og leggje slagpla-nar for dagens jag. Det oppstår ei spesiell

stemning når kvardagens mas er vekke og alt som gjeld er å løyse ei oppgåve i felles-skap. Om ein skulle lukkast med planen og klarar å felle hjort etter endt jag blir det i alle fall triveleg i skogen. Det er og høgst tilfredsstillande på det individuelle planet når ein har klart å overliste hjorten. Det handlar om å prestere der og då, og det er gjerne instinkta som slår inn med skjerpa sansar og kjappe refleksar. Jaktsuksess er ei særs målbar eining. En-ten overlistar du dyret, eller så overlistar dyret deg. Så enkelt er det, og det er og i utfordringa spenninga ligg for Jan Erik.

- Det å tenkje taktisk, lese terrenget og forsøkje å gå i eitt med landskapet utan å avsløre seg ovanfor hjorten får verkeleg adrenalinet til å pumpe. Når ein på same tid finn roen og går i storslått natur er det klart det er lett å bli frelst.

Plass til fleireSom lidenskapeleg jeger er Jan Erik opp-tatt av alt frå forvaltning til rekruttering, og han har nokre ønskjer for framtida.

- Vi har eit ansvar for å forvalte viltbe-standane og ein viktig del av det arbeidet er å sørgje for god rekruttering til jeger-standen. Jakt- og skyttarlaga bør jobbe meir aktivt med å tenne gnisten hos dei yngre. Ta dei med ut på jakt. La dei få kjenne på spenninga og fellesskapet. Det er mange der ute som enno ikkje veit kor kjekt det er å jakte.

Eldar Brekke og Jan Erik med løn for strev i Ortnevik

Villsvinjakt i Polen Spenninga stig...Ein skotsk kronhjort har

møtt sin overmann

HjortejegEren

Foto: Jan Erik Bjørnsen Søreide

Foto: Jan Erik Bjørnsen Søreide

HJORTEJEGEREN

Page 27: Eld Kraft Vatn

27ELD, KRAFT, VATN

UTSTYR TIL ALLEHøyanger kommune tilbyr utlån av sports- og

friluftsutstyr, enten gratis eller til ein særs rimeleg pris, til ungdom, skular, barnehagar, frivillige

organisasjonar og familiar.

Føremålet med utlånsordninga er å gje alle høve til auka fysisk aktivitet og friluftsliv. Les meir på

kommunen sine nettsider.

NOKO AV UTSTYRET DU KAN LÅNE AV KOMMUNEN

Soveposar • Ski og truger • Telt og Lavvoar

Skøyter • Ryggsekkar • Stormkjøkken • Kano

Skyttarlaga er tradisjonsrike kulturberarar som dannar fundamentet i mangt eit jaktmiljø. Eit av skyttarlaga i Høyanger med størst aktivitet er Bjor-dal/Søreide Skyttarlag, som vart stifta alt i 1900.

Bjordal/Søreide Skyttarlag fekk i 2013 tildelt kommunen sin kulturpris grunna sitt aktive ung-domsarbeid, store dugnadsinnsats, og rolla som positiv ambassadør for Høyanger ute på skytes-tevner. Skyttarlaget har moderne anlegg både inne og ute og er aktive heile året.

I dag er det aktive skyttarlag i Lavik, Lavikdalen, Vadheim og Bjordal/Søreide. I

Høyanger finst det og ein aktiv pistolklubb.

Sosial fulltreffar

I skyttarlaget kan alle møtast, uansett alder, kjønn og yrke. Skyttarlaget vert difor noko som alle i bygda kan samlast om. I dette fellesskapet ligg

skyttarlaget sin styrke og verdi, både for den einskilde og for heile lokalmiljøet. Her

finn ein glede og samhald.

Begrunning for Høyanger kommune sin

kulturpris til Bjordal/Søreide Skyttarlag i 2013

Skyting er ein aktivitet som passar for alle, og i Bjordal/Søreide Skyttarlag er medlemmene frå sju år til langt opp i 70-åra. Skytingens Dag er eit årleg høgdepunkt der skyttarane prøvar seg ute på dei elektroniske skivene medan sambygdingane følgjer med innandørs på storskjerm.

Foto: Arve Søreide

Foto: Shutterstock

SOSIAL FULLTREFFAR

Page 28: Eld Kraft Vatn

28 ELD, KRAFT, VATN

Lakseverpa - Gullgruver i fjorden

Heilt fram til 1990 vart det fiska etter laks frå lakseverper i Høyanger kommune. Dette fisket har djupe historiske røter og var ei viktig inntektskjelde for mange gardar langs fjorden. I 1968 var verdien av verpefisket i Sogn og Fjordane på 234 000 kroner, noko som den gongen tilsvara 100 - 150 industriarbeidsplassar. På særs gode dagar kunne dei beste verpa få opp mot 100 laks, noko som sikra eigaren av verpet økonomisk for lange tider.

På Åkre står det i dag eit restaurert lakse-verpe. For denne garden stod laksefisket for opp mot 90 prosent av den totale årsinntekta.

Daleelva - lokal identitet i flytande formVillaksen i Norge er under press, og mange av lakseelvene i landet har dei seinare åra opplevd nedgang i bestanden. I Høyanger er situasjonen derimot annleis, med fleire gode sesongar i Daleelva dei seinare åra. Det har ikkje gått upåakta hen i landets sportsfiskemiljø. Så stor har pågangen vore, at Høyanger Jakt- og Fiskelag måtte sette i verk fleire tiltak for å sikre stam-men, og prioritere eigne medlemmer. At Daleelva går ”motstrøms” av trenden er ikkje eit resultat av flaks. Bak suksessen ligg det tusenvis av dugnadstimar lagt ned av jakt- og fiskelaget.

- Årleg utsett av yngel frå klekkjeriet vårt har vore heilt avgjerande for å opp-retthalde fisken i Daleelva. Den naturlege gytinga er ikkje nok til å halde stammane

bærekraftige, og klekkjeriet fungerer og som ein ”forsikring” dei åra naturen stikk kjeppar i hjula for oss. Grunna kraftutbygging er Daleelva no sterkt regulert, og elva har gjennom åra vore utsatt for fleire flommar og mykje masseflytting, noko som tidvis gjer det vanskeleg for yngel å vekse opp. I dei verste åra har heile generasjonar med ung fisk blitt skylt vekk.

Klar som eit eggSom andre laksestammar har og laksen frå Daleelva sine eigne særtrekk. Høyan-gerlaksen er lang, tynn og atletisk bygd, konstruert for å kjempe seg oppover strie stryk og bratte heng. Men trass i sin flotte fysikk har laksen i Daleelva heilt sidan 1937 trengt hjelp til å halde bestanden oppe, med stryking av stamfisk og utsett av yngel. I 1989 fekk jakt- og fiskelaget sitt eige klekkjeri, og det har sidan oppstarten hatt ein produksjon på mellom 8 000 – 20 000 yngel årleg. Siden starten har det blitt lagt ned mange titals tusen dugnadstimar

i klekkjeriarbeidet, men no står framtida i fare. Statkraft som produserer kraft av vat-net i Daleelva, og i dag finansierar drifta av klekkjeriet, ønskjer å trekkje seg ut i 2018.

- Det nye Eiriksdal kraftverk gir utfor-dringar knytt til varierande vatnstand og feil temperatur i vatnet i forhold til naturen rundt. Egg kan bli lagt på område som ber-re timar etter er tørrlagde, og rogna kan klekke for tidleg på våren grunna det varme vatnet, før insekta yngelen lever av er på plass. Det tar minst 7 år å få innsikt i kva konsekvensar det nye kraftverket gir, så vi kjem til å jobbe vidare for å sikre drifta.

Andreas Forfod set ut yngel frå klekkjeriet. Lite vegetasjon rundt elva gir krevjande

oppvekstvilkår grunna dårleg tilgang på mat.

Leiar i Høyanger Jakt- og Fiskelag Rune Norevik er ein av dei som kvart år legg ned ein massiv dugnadsinnsats på klekkjeriet.

Fakta om HJFL• 230 medlemmer.• Stifta i 1933.• Har ein variert klubbaktivitet innafor jakt, friluftsliv og fiske. Tilbyr jakt på hjort og småvilt til eigne medlemmer.• Har eiga skytebane med leirdueanlegg og bevegelege mål, samt eige klubbhus med skytesimulator.

Daleelva er viktig for dei som bur i Høyanger, og ikkje berre for dei fiskeglade. Mange går tur langs

elva, og det er ikkje uvanleg at folk stoppar opp for å sjå på eller slå av ein prat med dei som fiskar.

! Laksen spelar framleis ei viktig økonomisk rolle for Høyanger kommune.

Fiskeoppdrettsselskapet Osland Havbruk i Bjordal er verksemda med hovudkontor i kommunen

som har størst omsetning.

! I Galdeverpet utanfor Ortnevik stod eit av dei beste

lakseverpa i fylket, og det er dette verpet som innehar rekorden for største fisk. Ein gong på

1920-talet vart ein lakserugg på heile 35 kilo heist på land der.

Foto: HJFL

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

DALEELVA

Page 29: Eld Kraft Vatn

29ELD, KRAFT, VATN

Annonseside

tell teigen våga - vågar du?

høyangerkommune

trygt å bu

kjekt å jobbe

godt å leve

Høyanger kommune treng personar som både vil og vågar. I retur kan vi tilby levande lokalsamfunn med varierte kultur- og fritidstilbod.

Sjå deg litt rundt i dette magasinet, så forstår du sikkert kva vi meiner.

S/P

S

Bustadfelt Prestmarka i LavikTal tomter: 19 tomterStorleik: ca 1 daaPris råtomt: kr. 59,- pr. rutemeterRefusjon tomteteknisk kostnad: kr. 310 000,-Tilknytingsavgift vatn/avlaup kr. 4 000,-Salskostnad inkl. tinglysing og omkostningar: kr. 40 000,- (ca.)Stimuleringstilskot: kr. 200 000,- pr. tomt

Nettokostnad pr. tomt etter fråtrekk av tilskot blir på ca kr. 200 000,-. Tomtene blir lagt ut for sal i mai 2015.

[email protected] 57 71 15 00 www.hoyanger.kommune.no

Page 30: Eld Kraft Vatn

30 ELD, KRAFT, VATN

4H skaper liv i bygda 4H er ein barne- og ungdomsorganisasjon som kom til Norge frå USA på 1920-talet. I dag har organisasjonen omlag 17 000 med-lemmer fordelt på omtrent 650 klubbar, og fem av dei held til i Høyanger.

Leiar Johanne Svartmyr i Ungbjørka 4H i Bjordal sit og i fylkesstyret til organisasjonen, og ho har eit stort engasjement for både klubb og heimbygd.

- Vi i Ungbjørka driv med ei rekkje ting. Vi arrangerer bygdekino, haustfest, er fast med på fiskefestivalen på Søreide og steller i stand eldrefest med song og underhaldning. Vi er kort og godt med på det meste som skjer. Vi har og akkurat ført opp ei grillhytte i Bjordal som skal vere til fri bruk for dei som vil.Svartemyr er ikkje i tvil om at eit medlemskap i 4H rustar bygdeungdomen for framtida.

- Overgangen frå å flytte heimafrå er gjerne lettare for 4Harar, sidan vi gjennom leirar og aktivitetar gjerne kjenner nokon allereie på staden vi skal flytte til.

Fototalentet Malin LeirnesMalin Leirnes frå Søreide er med sine 15 år ein ung men allereie habil fotograf. Suksessformelen består av kunnskap frå internett og eit ivrig pågangsmot.- Eg liker å ta bileter av folk, for alle er så forskjellige. Eg har med meg kameraet når eg er rundt om, for du veit aldri når dei gode motiva dukkar opp.

! I Høyanger finst det fem ulike 4H klubbar, og dei spelar alle ei viktig rolle i lokalsamfunna der

dei høyrer heime. Ungbjørka 4H held til i Bjordal. Solrenning 4H i Ortnevik. Bergkrystallen 4H i

Lavik. Dalane 4H i Lavikdalen og Firkløveren 4H har medlemmer frå

Ikjefjord (og Oppedal).

Ungbjørka 4H og den nye grillhytta deira i Bjordal.

Foto

: Ung

bjør

ka 4

H

4H OG FOTOTALENTET MALIN LEIRNES

Page 31: Eld Kraft Vatn

31ELD, KRAFT, VATN

Utsikta frå majestetiske Åkrenipa kan vere spektakulær.

HØYANGERGLIMT

Bjordal er «hovudstaden» på sørsida av Høyanger kommune, med barnehage og

barne- og ungdomsskule for regionen lokalisert på Førsund. I Bjordal bur det ca. 120 innbyggjarar. Bygda husar og ei

kyrkje, butikk, bibliotek og kafè.

Bjordal

! På Søreide bur det ca. 90 personar, ei bygd som

kanskje er mest kjent for den årlege fiskefestivalen og den

påfølgjande flakedansen.

Nøkkelavstandar frå Høyanger tettstad

60 kmFØRDE90 kmSOGNDAL155 kmBERGEN

OSLO 400 km

NEW YORK 5600 km

Høyanger er med i WHO sitt program for trygge lokalsamfunn, og kommunen arrangerer kvart år ei tryggleiksveke i september. Kommunen arbeider saman med sine samarbeidspartnarar i prosjektet med å førebyggje skader og ulukker.

Stortingspolitikar, statsråd og kringkastingssjef

Einar Førde er truleg den personen frå Høyanger som

har satt størst spor etter seg i norsk offentlegheit.

Høyanger er den einaste kommunen i universet med landareal på begge sider av

Sognefjorden.

Området Parken i Høyanger er freda som eit av 20

norske bidrag til freding av kulturminne frå det 1900

århundre i Europa.

Høyanger er utan samanlikning den vakraste av dei nye

industristadane

Arbeiderbladet 1938

Av 428 kommunar i Norge plasserte Høyanger seg på plass nummer 51 i HNO sitt nærings-NM 2014.

Foto: Åshild Birkeland Søreide

Visste du at det var planar om å starte stålproduksjon i Høyanger? På grunn av utbrotet av første verdskrig

vart planane endra, då aluminium er eit meir fleksibelt metall med lav vekt og god styrke, noko

som er nyttig i både krig og fred.

51

rin

gsbarometer

LETT BLANDING

Page 32: Eld Kraft Vatn

32 ELD, KRAFT, VATN

Ein dugnadsinnsats utan like. Eldsjeler i fleng. Investeringar i millionklassen. Auke i elevtalet. Optimisme overalt. Kva i all verda er det med Lavik?

Frode Akse, Eirin Borlaug og Liv Norunn Raasholm blir i godt humør av å snakke om

Lavik, og kvifor skulle dei ikkje det, når tema er vekstbygd nr. 1 i Høyanger kommune?

Lavik blir gjerne omtala som vekstbygd nr. 1 i Høyanger kommune, og det er ikkje utan grunn. Gode nyhende med opphav i fjordbygda dukkar med jamne mellom-rom opp i media, og innbyggjarane i Lavik framstår med ei eiga evne til å snu mot-gang til framtidstru. Men kva er årsaka til optimismen? Kva er det Lavik gjer rett? Næringsrådsleiar Frode Akse, korpsve-teran og lokalpolitikar Eirin Borlaug, og fjelldronning Liv Norunn Raasholm kjen-ner alle Lavik godt, og dei er samstemde i kva som gjer bygda unik.

- Det er ein klar overvekt av optimisme og samhald i Lavik og regionen rundt. Innbyggjarane har tru på bygda, og den innstillinga fører mykje godt med seg. Folk møter opp, støttar opp, og vil gjerne vere med på det som skjer.Og det er liten tvil om at folk i Lavik både

er kreative og delaktige, noko mellom anna det særs varierte lag- og organi-sasjonslivet er eit døme på. Fritidstilboda florerar, og aktivitetar ein kan delta på spenner frå yoga, spinning og kettlebell-trening til meir tradisjonelle tilbod som korps, ski og fotball. Eirin Borlaug synst det nesten blir for mykje av det gode, men ho klagar ikkje. Langt derifrå.

- Som småbarnsmor kjenner eg at eg nesten ikkje har kapasitet til å vere med på alt, for det er så mykje som skjer heile tida. Men det er eit luksusproblem. Eg er vel som mange andre av typen som føler at ein må vere med om nokon lagar til eit eller anna.Det er den same solidariske tankegongen som pregar næringslivet i bygda, om vi skal tru næringsrådsleiar Frode Akse. Då «Nye» Lavik Senter vart bygd bestem-

Prestmarka- Starten på noko størreMed 19 tomter for einebustadar eller tomannsbustadar ferdigstilt i mai 2015 vil Prestmarka spele hovudrolla i ein potensiell komande befolkningsvekst i Lavik. Tomtene er sårt tiltrengte, då mange ønskjer å busette seg i bygda som har ein sprengt utleigemarknad. Prislappen på byggjefeltet er på 6,2 millionar kroner, og Prestmarka er berre eitt av fleire byggjefelt som er planlagt etablert i kommunen dei komande åra.

Kva er det med Lavik?Fo

to: A

gnet

he H

ovla

ndsd

al

Foto

: Jon

Møl

mes

dal

KVA ER DET MED LAVIK?

Page 33: Eld Kraft Vatn

33ELD, KRAFT, VATN

te Akse og kompani seg for å nytte så mange lokale leverandørar som mogleg.

- Vi er alle interesserte i å skape eit be-rekraftig lokalsamfunn. Om vi ønskjer at innbyggjarane i og rundt Lavik skal nytte oss, må vi sjølvsagt nytte andre lokale verksemder tilbake. Eg har eit inntrykk av at det er mange som tenkjer på den måten her omkring. Vi forsøkjer å gjere kvarandre gode.

Lokale lokomotiv Sentralt i aktivitetstilbodet basert på prinsippet «du har det ikkje meir moro enn du lagar sjølv» står eldsjelene, og dei har Lavik mange av.

- Vi har nokre einskildpersonar som er særs dyktige til det dei driv med, og som står fram som leiarar med initiativ og visjonar. Rundt dei igjen står det gjerne

mange andre som er klare til å hoppe på for å gjere sin del av jobben, og det er klart at eit slikt miljø stimulerer til akti-vitet. Det finst mange eksempel i Lavik på at positive synergieffektar kan oppstå når gode krefter jobbar saman. På tradisjons-rike Lavik Fjord Hotell leiger ikkje gjestane rom 203 eller 305, men Laviksåta og Fu-glefjell. Romma på hotellet har fått namn etter lokale fjelltoppar, og gjestane er ofte på tur i løyper rydda, merka og skilta av IL Lavik. Som takk for innsatsen sponsar hotellet fjelltrimgruppa til idrettslaget tilbake. Ein klar vinn-vinn situasjon med andre ord. Liv Norunn Raasholm har vore ein leiande figur i fjelltrimgruppa, og ho har berre gode ting å sei om samarbeidet med hotellet, og dei ho har hatt med seg i arbeidet med turløypene.

I Lavik finn du mellom anna kyrkje, daglegvarebutikk med post og bank,

kafé/kro og bensinstasjon. Lavik skule er barne- og ungdomsskule for området.

Lavik

Onsdag 30.april 2014 vart den nye kunstgrasbana i Lavik til 3,3 millionar offisielt opna. Opninga inneheldt både talar, korpsmusikk, showkamp, gratis grillmat og kaker til dei frammøtte.

! Dei aller fleste i Høyanger kommune bur tett ved

Sognefjorden, men ikkje dei omlag 170 innbyggjarane på

Lavikdalen. Lavikdalen er som Lavik og prega av eit aktivt lag-

og organisasjonsliv.

Tom Jakobsen er ein hardtslåande siviløkonom og rekneskapsførar frå Bergen, som ved sidan av å halde orden på tal og pengar driv ein nystarta karateklubb i Lavik med 20 medlem-mer. Jakobsen flytta til slektsgarden Wærholm sommaren 2014 og tilbyr no gjennom Wærholm Økonomi alt av rekneskapstenester, med spesi-alisering innanfor landbruksrekneskap.

- Det er berre å sjå seg rundt for å skjønne kvifor vi flytta frå Bergen. Det er fantastisk å ha skogen, fjellet og fjorden rett utanfor sto-vedøra. I byen er stressnivået eit heilt anna,

og folk blir jo heilt ville berre dei skal ut og handle daglegvarer. Her slappar eg av, og eg brukar berre to minutt til og frå jobb, mot tre kvarter i Bergen.Sjølv om byen har meir å by på av aktivitetar og uteliv, er ikkje Jakobsen i tvil om at Lavik kjem sigrande ut av konkurransen.

- Eg trur at dei færraste nyttar seg fullt ut av tilboda som er i byen, og det er uansett mange andre kvalitetar ved Lavik som veg opp for go-dene bylivet medfører, og vel så det.

Det gode liv på landet

Foto

: Jon

Møl

mes

dal

Foto: Agnethe Hovlandsdal

KVA ER DET MED LAVIK?

Page 34: Eld Kraft Vatn

34 ELD, KRAFT, VATN

- Eg trur eg har rundt 50 folk på lista mi som eg kan ringe for å få hjelp til alt frå å hente skilt i Høyanger til å skrive søknadar. Vi har alle ulike kvalitetar, og vi får dei beste resultata om vi bidrar på område vi sjølv er sterke. Det er og eit trekk ved Lavik. Dei som engasjerer seg er gjerne flinke folk som evnar å få ting gjort.

Trongt om plassenLavik er den einaste bygda i kommunen med oppgang i talet på barn i barneha-gen og elevar i skulen. Bygda ligg sentralt til, og er i følgje trioen Akse, Borlaug og Raasholm ein glimrande base for pend-ling. Det er kort veg i alle retningar til spanande arbeidsplassar innafor dei fleste næringar, og med den pågåande oppgraderinga av vegnettet blir Lavik ein stadig meir sentral stad. Mange har flytta heim dei seinare åra, og det er ikkje bustadar å oppdrive i bygda. På skulen må dei tenke kreativt for å få plass til alle

elevane.- Det er mange som ønskjer å flytte

heim, og vi merkar at studerande unge i 20-åra ikkje snakkar om dei skal flytte heim eller ikkje, men kvar dei skal byggje eller kjøpe seg hus. Vi har mange sosiale arenaer som trekk dei unge heim igjen, og som skapar samhald. Dei unge vaksne har gjerne mange gode minne frå opp-veksten i Lavik saman med jamnaldrande som dei held kontakten med, og det er nok ein sterk bidragsytar til at dei ønskjer å flytte heim igjen ein dag.Med etableringa av byggjefeltet Prest-marka vil det bli langt lettare å etablere seg i Lavik, og skal vi tru dei tre lokal-patriotane er interessa for tomtene stor. Borlaug er ivrig, og har tru på prosjektet.

- Berre fyll opp heile feltet, seier no eg! Men det skal ikkje mange fleire inn-byggjarane til før vi er nøyd til å få utvida skulen, og det hadde ikkje skada om vi kunne fått på plass ein fleirbrukshall og.

! Lavik har to gongar vore ein eigen kommune.

Etter gjennomføringa av kommunereforma i 1964 vart

Lavik del av Høyanger.

Gymsalen blir raskt fylt opp når Lavik skulemusikk arrangerar

kakelotteri.Lavik er kjent for sine korps, men bygda har og særs mange andre

aktivitstilbod å by på.

Turstiane rundt Lavik blir flittig brukt, med mange tusen

registrerte turar årleg.

Innbyggjarane i Lavik stiller gjerne opp når det skjer noko, slik som

når Fjordbrass spelar julekonsert.

Det store lokale engasjementet er noko av

grunnen til at eg er stolt over heimplassen min

Eirin Borlaug

! Etter at IL Lavik rydda, merka og skilta 41 stiar opp til 17

fjelltrimpostar auka talet på registrerte turar med fleire

tusen i året. No skriv opp mot 10 000 sprekingar seg inn på

fjelltrimpostane kvart år.

Foto: Eirin Borlaug

Foto: Jon Mølmesdal Foto: Jon Mølmesdal

Foto: Liv Norunn Raasholm

KVA ER DET MED LAVIK?

Page 35: Eld Kraft Vatn

35ELD, KRAFT, VATN

Eit lite steinkast frå Lavik Senter ligg Håret Frisør, ein grøn frisørsalong som husar Marg-unn Hagen Hjelmeland. Ein grøn frisørsalong opererer berre med produkt som er fri for aller-giframkallande og hormonforstyrrande stoff, noko ein raskt merkar når ein set foten innafor lokala til Hagen Hjelmeland. Håret Frisør har ikkje den karakteristiske «frisøratmosfæren» som gjerne kjenneteiknar ordinære frisørsa-longar.

- Kundar har blitt meir bevisste på miljø, og kva dei puttar i og på kroppen, så dette konseptet har slått godt an. Ein trend er at far-ge- og hårpleieprodukt skal vere så naturlege som råd er, og gjerne med bruk av sertifiserte

økologiske ingrediensar.Interiøret til Håret Frisør komplimenterer dei naturlege behandlingane, med rustikt treverk, tende lys og ei avslappa atmosfære. Her slipp tilsette og kundar hovudverk, luftvegsproblem og allergiar grunna kjemiske stoff i produkta.

- Eg forsøkjer å gjere eit besøk her til ei god oppleving, og eg får mange gode tilbakemel-dingar. Det ser ut til at det grøne konseptet er noko folk set pris på.

Sjå Håret Frisør sine Facebooksider for ein oversikt over kommande arrangement, og eit innblikk i det grøne produktutvalet salongen tilbyr.

Då «Nye» Lavik Senter opna 5. juni 2014 var det som ein konsekvens av omleg-ginga av E39, og etter ei investering på 11 millionar kroner. Ein sentral visjon for det nye senteret er å samle fleire tenes-ter folk treng under same tak, og bli eit naturleg val for både lokale og gjennom-reisande handlande.

- Det har vore oppe i media korleis handelslekkasjar og netthandel øydelegg for lokale butikkar, men eg tenker at dei butikkane som klagar på dette har feila i å gjere seg attraktive nok. Vi har snudd om på det, og har satsa på nettbutikk sjølv, med vareleveransar over heile lan-det. Verda går sin gang og du kan velje å stoppe opp og tape, eller henge deg

på og vere med på veksten. Om du er attraktiv nok kjem kundane av seg sjølv.

Sosialt senterLavik Senter er eit framtidsorientert han-delssenter med ein offensiv marknadsfø-ringsstrategi.

- Vi tar i bruk sosiale medier som ein reklamekanal, og har reklameskilt på fer-jene så passasjerane veit kva tilbod som ventar hos oss allereie før dei har køyrd på land. Det gjeld å fjerne skylappane og sjå på kva moglegheiter som finst. An-nonsering på Facebook har gitt særleg gode resultat. Der når vi titusenvis av po-tensielle kundar, noko som har resultert i sal frå Honningsvåg til Oslo.

Eit senter for framtida

! Besøk www.lavikgaver.no for å finne nettbutikken til Lavik Senter, ein nettbutikk full av møblar, leikar, lys, fuglehus,

tekstilar, blomar, ildfaste former, paraplyar, osv, osv.

! I 1955 opna det første ferjesambandet over

Sognefjorden mellom Vadheim, Lavik og Instefjord. I dag fraktar

ferjene på ruta Lavik - Oppedal godt over ein million passasjerar årleg.

Det var trangt om plassen då “Nye” Lavik Senter vart opna 5. juni 2014. I dag satsar

senteret friskt for å halde seg attraktive for både lokale og gjennomreisande kundar.

Naturleggrønt

hår

Foto: Jon Mølmesdal

Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås

EIT SENTER FOR FRAMTIDA

Page 36: Eld Kraft Vatn

Eld, Kraft, Vatn © 2015 Finurlig