elise og mysteriet med dei døde hestane

24

Upload: det-norske-samlaget

Post on 10-Mar-2016

228 views

Category:

Documents


6 download

DESCRIPTION

Hestebok, av debutant Anne Viken

TRANSCRIPT

Page 1: Elise og mysteriet med dei døde hestane
Page 2: Elise og mysteriet med dei døde hestane

1

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 1

Page 3: Elise og mysteriet med dei døde hestane

Anne Viken

EElliissee oogg mmyysstteerriieett mmeeddddeeii ddøøddee hheessttaannee

Roman

SamlagetOslo 2012

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 3

Page 4: Elise og mysteriet med dei døde hestane

5

KKaappiitttteell 11Blod i håret, hestar som veltar,

og hundar som et snus

Klokka er sju om morgonen då Kalle røskar iElise for å vekke henne. Sola kastar lange strålarinnover golvplankane og skjer seg inn i hjernen.Ho strekker armane i vêret og gjespar, medanfuglane syng utanfor og det susar i granskogen.

Kvar einaste sommar heile livet har Elise vorepå hytta i Tordenbygda, men denne sommaren erdet annleis. Ho skal køyre veterinærpraksis medonkel Kalle heile ferien. Elise skal også bli veteri-nær når ho blir større. Tretten år er litt for ungt,men ikkje for ungt til å henge med Kalle på jobb.

Det verker i kvart ledd når Elise lyfter armen.Hårbørsten set seg fast. Det er berre så typisk.Hesteblod i håret, sagflis i luggen. Ho rykker ibørsten, og lange, brune hårstrå lausnar. Då hokom heim i går, var ho så trøtt at dusjing var likeaktuelt som å klatre ned pipa. Elise festar øyre-ringane og tek fram maskara.

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 5

Page 5: Elise og mysteriet med dei døde hestane

6

– Hallo, Elise, du treng ikkje sminke deg for åfikse hestar.

Kalle står i trappa.Elise rekker tunge. Det treng ho vel. Ingen

grunn til at ho skal gå rundt som ei nedramlabrakke berre fordi ho skal bli veterinær. Helleromvendt. Det var før i tida at veterinæren var eindiger gubbe. No om dagen er dei for det mestedamer. Kalle er i mindretal. Han kan berre passeseg.

Elise held opp maskaraen demonstrativt. Sjølvom Kalle ikkje har børsta håret på ei veke, betyrikkje det at ingen andre kan pynte seg.

Far hennar meinte det var uforsvarleg å sende Elisemed Kalle på jobb i sommarferien. Elise er sikkerpå at han aldri ville ha sagt ja om han visste korlite ho fekk sove. Denne helga har Kalle vakt, ogvakttelefonen har ringt i eitt. Heile natta har Kalleog Elise vore på pasientbesøk til sjuke dyr. Førstsydde dei saman ein hest som hadde sprunge påein påle. Det var blod og skinnfiller overalt, ogKalle heldt på å bli galen fordi hesten ikkje stodroleg. Då han gav meir roande, ramla hesten i koll.Det var slettes ikkje meininga, men Kalle fekk iall-fall sydd den saman. Etterpå gav dei ei spysprøytetil ein hund som hadde ete snus. Ut kom haugar avsnus, og Elise spydde nesten, ho også.

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 6

Page 6: Elise og mysteriet med dei døde hestane

7

På det siste besøket måtte Elise hjelpe Kalle ådra i ein kalv som sat fast under kalvinga. Tilslutt måtte han skyte kua. Bonden ville ikkje hakeisarsnitt. Då blei Kalle og Elise frykteleg skuffa.Dei hadde gledd seg skikkeleg til å skjere hòl ikua og dra ut kalven. Å skjere hòl i kyr er nokoav det kjekkaste Kalle veit. Han vil helst skjerehòl i alle kyr heile tida og ventar stadig på å fåoperere, men bøndene her i bygda synest det erfor dyrt. Difor seier dei nesten alltid nei sjølv omKalle tilbyr seg å utføre keisarsnitt nesten gratis.

Elise skulle gjerne hatt meir å bryne seg på, ogsynest det er frykteleg irriterande at ho ikkje fårgjere alt som ein dyrlege gjer. For eksempel ope-rere hestar. Ho hadde ikkje nølt ein augneblink.Kalle seier han er nøyen med å passe på at Eliseikkje opererer bort bitar av pasientane når hansnur ryggen til. Kalle kan ta det heilt roleg, Eliseville ikkje operere utan grunn. Ho er ikkje heiltgalen heller.

– Trur du Kalle vil ha med seg deg på jobbkvar dag, då? spurde faren før ho drog til Tor-denbygda for ei veke sidan.

Faren til Elise er oljeingeniør og livredd hestar.Når Elise er på rideskulen heime, står han i einkrok og lèt som han sjekkar e-post på mobilen.

Mora meinte det ville bli ei oppleving, og fordi

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 7

Page 7: Elise og mysteriet med dei døde hestane

8

det er mora til Elise som bestemmer mest, fekkElise dra. – Han er jo berre tjueseks!

– Ein veit aldri kva folk på den alderen kanfinne på, og særleg ikkje når det er snakk ombror min, seier faren om Kalle. Elise er heilt uei-nig. Tjueseks er reine pensjonsalderen sett fråhennar ståstad.

Mora til Elise er oppvaksen i Tordenbygda oghadde sjølv tenkt å bli dyrlege, men blei lege istaden. No arbeider ho med ruspasientar og nar-komane. Elise synest det verkar minst like van-skeleg å fikse ruspasientar som å fikse hestar.

Mora meinte Elise kunne ha godt av å komeseg ut av byen i sommarferien.

– Elise er trass alt tretten år. Ho greier seg fintutan oss eit par veker. Dessutan bur Gamle- Mathias og presten der, sa mora.

Gamle-Mathias er den pensjonerte dyrlegen iTordenbygda, og han har lova å ta seg av Elise omKalle blir lei henne. Gamle-Mathias er ein skikke-leg bamsemann med stort, svart skjegg og briller.Når han snakkar, buldrar det langt nede i buken,og når han ler, ser ein nesten heilt ned i magesek-ken. Gamle-Mathias har også lova å ta seg avKalle om Kalle treng hjelp, nyutdanna frå veteri-nærhøgskulen som han er, og utan særleg arbeids -erfaring. Nokre gonger ringer han Gamle- Mathias

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 8

Page 8: Elise og mysteriet med dei døde hestane

9

midt på natta og ber om råd. Då må Gamle- Mathias rykke ut i ein fei eller forklare detaljertpå telefonen kva Kalle skal gjere.

Ein gong kopla Kalle saman veterinærutstyretsitt bak fram. Det såg frykteleg rart ut, men verkalike bra. Den einaste som såg forvirra ut, varbonden. Av og til veit bøndene betre enn veteri-næren, og dei har som regel alltid stilt diagnosenfør dei ringer han.

Første gongen Kalle var med på sommarferietil hytta i Tordenbygda, var Elise tre år. Kalleskulle passe Elise, men ein dag trefte han Gamle-Mathias. Etter det var Kalle med på hytta kvarteinaste år for å følge Gamle-Mathias på jobb,Elise måtte passe seg sjølv, og Kalle bestemte segfor å bli veterinær.

Gamle-Mathias er læremeister for Kalle ogKalle for Elise. Kalle lærer Elise å sjå skilnad påsjuke og friske dyr og gradere kor halt ein hest er.Grad éin er nesten usynleg. Grad fem er når hes-ten ikkje vil stå på foten. Av og til når Elise tvilerpå det Kalle seier, spør ho Gamle-Mathias. Dåblir Kalle skikkeleg fornærma. Kalle meiner hanhar god peiling, sjølv om han berre har vore vete-rinær i nokre få månader.

Presten er bestekompisen til Gamle-Mathias. Deito gubbane bur i lag i prestegarden. Der har dei

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 9

Page 9: Elise og mysteriet med dei døde hestane

10

budd heilt sidan Elise blei fødd. Presten er heiltmotsett av Gamle-Mathias. Flintskalla, tynn ogutan skjegg. Han har pipestemme, og når han ler,høyrest han ut som ein figur i ein teiknefilm. Pres-ten brøler berre når nokon forsøker å øydeleggenoko i kyrkja, og sidan kyrkjevandalar er sværtsjeldne i Tordenbygda, brøler presten nesten aldri.

I hagen har Gamle-Mathias og presten totjukke fjordhestar som heiter Pinto og Hest.Pinto og Hest er over tjue år gamle og vil helst hafri heile tida. Det kan Elise godt forstå.

Gamle-Mathias er så tjukk at han tynger nedPinto på midten, og presten vaskar Hest så grun-dig og så ofte at ein kan kjenne parfymelukta påein kilometers avstand. Når dei to gamlekaranetek seg ein drabeleg ridetur bygda rundt, er dettryggast å halde seg inne. For eit par veker sidanramla presten av og fekk ein stor kul i skallen.Hest hadde nok helst sett at han gjekk tvers av.Dessutan er presten så redd for å ramle av at hanhoiar og skrik heile tida når dei galopperer. «Noramlar eg, no ramlar eg,» hoiar han, medan Gamle- Mathias rir framfor og brøler at no må prestensnart ta seg saman. Slik har dei halde på sidanElise blei fødd.

For Kalle var det greitt at Elise blei med til Tor-denbygda for å køyre praksis. Han hadde berre

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 10

Page 10: Elise og mysteriet med dei døde hestane

11

eitt krav: Elise får ikkje stikke av med medisinar,skade pasientar eller skremme vitet av dyre eiga -r ane. Gjer ho det, parkerer han henne i preste -ga rden. Det vil ikkje Elise. Elise liker presten ogGamle-Mathias, men ikkje godt nok til å parke -r ast der. Presten er allergisk mot nesten all mat, ogGamle-Mathias snakkar om pelsdyr heile tida.Elise hadde måtta ete gras og gå med øyreproppar.

Og så var det endeleg bestemt. Elise fekk dra.Med magen full av sommarfuglar pakka ho sek-ken og tok bussen til Tordenbygda. I sekkenhadde ho med seg flunkande nytt termometer ogstetoskop. Med stetoskopet kan ho høyre alleslags hjartelydar, ei mengd med lungelydar ogstillheita i magen på ein kolikkhest. Det var skik-ke leg dyrt, og faren måtte forklare ekspeditørenlenge og vel kvifor Elise, som er berre tretten år,hadde bruk for slikt lytteutstyr. Ekspeditørenrista på hovudet og sa noko om bortskjemdeungar som driv med hest. Elise kunne sjå at farenmeinte ekspeditøren var ein premiedust somskulle ha vore nødslakta på staden.

Tordenbygda er den mest avsidesliggande bygdai heile landet. Den ligg ved ein diger sjø om -kransa av høge fjell og tett skog. I sjøen er detsjøorm, og i skogen så fullt av bjørn og ulv at ein

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 11

Page 11: Elise og mysteriet med dei døde hestane

12

må gå i kø. Store kyr med horn og bjøller blirjaga av bjørn over markene så skitspruten står,og ingen vågar jogge etter klokka seks. Alle somhadde sauer, mista halve buskapen på fjellet kvartår. Difor har ingen lenger sauer i Tordenbygda. Åmate ulven med levande sauer er dyreplageri,meiner Kalle. Det meiner Elise også.

Heile bygda er frå vikingtida, og utanfor fami-liehytta går pilegrimsvegen til Nidaros. I riktiggamle dagar kom pilegrimane langvegs frå for åbesøke Tordenkyrkja. No kjem det turistar. Heilesommaren kjem turistane haglande for å sjå påkyrkja.

Elise kan sjå den frå vindauget på hytteloftet.Det er ei brunkvit steinkyrkje med stort, planke-dekt klokketårn. Det er der presten er prest. Pres-ten er den galnaste presten Elise nokon gong harkjent, men så har ho berre kjent ein prest. Mor tilElise seier at før var presten endå galnare. Eingong greidde han ikkje bremse i tide og køyrdeopp kyrkjetrappa med traktor. Av og til tenkerElise at det faktisk er heilt utruleg kva vaksne folkkan ta seg til.

Kyrkja ligg heilt nede ved sjøen og blei bygd tidlegpå 1200-talet. Ved midnatt kan Elise nesten høyrepilegrimane og hestane deira gå på grus vegenutanfor hyttedøra. Då slår Elise på lyset, men alt

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 12

Page 12: Elise og mysteriet med dei døde hestane

13

ho ser, er daude fluger. Om Elise blir skikkelegmørkredd, må ho ligge vaken heile natta og kikepå trappa. Ho kan ikkje krype opp i senga til Kalleheller. Kalle meiner Elise har ein ekstrem fantasi.Elise meiner Kalle er dårleg til å støvsuge.

Både Kalle og Elise jobbar så masse at dei ikkjehar hatt tid til å vaske vekk alle dei daude flugenesom har hopa seg opp i hytta sidan sist nokonvar her. Eit halvt års flugesamling ligg og knitrarnår ein trakkar på dei.

Lause flugevenger heng fast i sokkane til Elisenår ho plukkar dei opp frå golvet. Ho går nedtrappa, ut på altanen og set seg. Kalle sit der altmed ein kopp kaffi som blei kokt i går. Det ertypisk Kalle å drikke kaffi frå dagen før. Hanmeiner den er like god, og påstår at kokekaffiheld seg i fleire døgn.

Telefonen ringer. Kalle svarer. Elise skundarseg å smøre ei brødskive. Ein veit aldri når einmå koste av garde.

– Veterinær Håkonsen.Den lange, svarte luggen ramlar ned i auga.

Kalle har skjeggstubbar og svart T-skjorte og serut som ein skikkeleg rockedyrlege. Hestedameneramlar som fluger når Kalle kjem inn i stallen forå undersøke dei overvektige ponniane deira. Hanslenger på luggen og kiker på dei på skrå, medan

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 13

Page 13: Elise og mysteriet med dei døde hestane

14

damene rettar på sveisen og skammar seg over atponniane deira er slike fleskeberg.

– Kva et hesten din? spør Kalle då, og damenestotrar fram at ponniane deira nok et altfor mykje.

Då nikkar Kalle tankefullt og seier at ja, detstemmer nok. Så set han ein finger på ponni -spekket så det dissar heile vegen bak til halen. Dåblir damene endå raudare.

Stalljentene blir litt betutta når Elise kjem inn,slepande på kofferten til Kalle, raud i ansiktet ogi store støvlar. Dei tenkte kanskje dei skulle haKalle for seg sjølv. Elise hentar slangar, sprøyterog kanylar, fyller på med glukose og hentar ban-dasjar. Av og til diskuterer ho med Kalle. Då blirhestejentene lange i maska. Særleg når Kalle seierat Elise har rett. Men av og til blir Kalle hissig ogber Elise pelle seg vekk. Då kniser hestejentene.Kalle kan bli skikkeleg irritert om Elise legg segoppi saker han meiner ho ikkje har noko med.Det kan vere vanskeleg å vite heilt når ho gårover streken. Difor gjer ho det stadig vekk.

No lyttar Kalle medan han seier hm, ha og kandu seie litt om når dette hende? Elise synest det ermorosamt å lytte på Kalles veterinærsamtalar. Igår var det ei dame som ringde om ein kanin somikkje kunne hoppe. Kalle heldt på å le seg i hel ogmåtte halde seg så godt han kunne gjennom heile

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 14

Page 14: Elise og mysteriet med dei døde hestane

15

samtalen. To gonger undervegs måtte han seieunnskyld og hoste medan han heldt for røret. Einannan gong var det ein kar som ringde om einhest som ikkje kunne rygge.

– Kva skal eg gjere med det då? sa Kalle og ristapå hovudet. – Skru på reversen?

Elise synest dyreeigarar har mange underlegebekymringar.

– Har hunden din ete ein fiskekrok? spør Kalleno.

Elise følger nøye med.– Er du sikker …? Ok, fisken er borte, og hun-

den verkar mett … Gi hunden din asparges … Ja,asparges klistrar seg til fiskekroken, pakkar deninn og hindrar at kroken set seg fast i tarmveg-gen.

Kalle legg på.– Så, frøken, vil du framleis bli veterinær, så

trøtt som du er? seier han til Elise og skrur på sinbeste onkelsjarm.

Elise nikkar med munnen full av brødskiver.Her gjeld det å stappe i seg maten raskast moge-leg før dei må rykke ut på noko akutt. Pølse,leverpostei, brød og mjølk. Alt må tømmast ned iein fei. Telefonen ringer igjen. Elise tygger såhardt ho kan. Det er ein hesteeigar.

– Det er ein kolikkhest som ligg strekk ut ogikkje vil reise seg, på same tid som bonden driv

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 15

Page 15: Elise og mysteriet med dei døde hestane

16

og slepper ut kyrne sine. Det er fullt kaos på gar-den. Vi må skunde oss, seier Kalle.

Ein kolikkhest er ein hest som har skikkelegvondt i magen. Dei rullar og kastar seg og vil ofteikkje stå på beina. Kvifor dei har vondt i magen, erikkje alltid så lett å vite. Det kan vere tarmar somhar slått krøll på seg, sand i tarmen eller til og medgass. Kolikk er ein av Elises favorittdiagnosar. Nårein arbeider som dyrlegeassistent, får ein til sluttfavorittdiagnosar som er meir spennande enn andre.

– Det er ein ivanhingst, seier Kalle.Elise er i ferd med å sette skiva i halsen, så

mykje mat har ho i munnen.– Ein ekte ivanhingst? roper ho så brødsmu-

lane sprutar.– Ja, eg trur det, seier Kalle.– Sommarens første ivanhestpasient.

Av og til er det berre så stilig å vere med Kalle påjobb at ho held på å gå gjennom taket. Kalle seiernett det same. Av og til er det så kult å vere veteri-nær at han formeleg bykser ut døra, ut på trappaog inn i vaktbilen. Elise må springe som ein gal-ning for å ikkje å bli ståande att. Kalle gløymer åete, han gløymer å sove, og han gløymer å gå pådo. Elise har fleire gonger siste veka halde på åsvelte spent i hel, men ho kan ikkje klage heller.

«Eg har verdas beste jobb!!!!!!!» skriv Kalle

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 16

Page 16: Elise og mysteriet med dei døde hestane

på Facebook. Då trykker Elise «liker» og skriv detsame på sin eigen status.

Ivanhesten er Tordenbygdas eigen hesterase. Derfinst berre nokre få slike hestar i verda, og nestenalle finst her i bygda. Ingen veit kvar dei kjem frå,men ein trur dei har vore her i minst eit par hund -re år. Hestane er vakre og berømte, med sølvglit -rande pels og eksplosivt temperament.

– Jepp, det er hingsten Anton som ligg nedefor teljing oppe hos Martin på Nedre Bjørndal,seier Kalle.

Martin bur i enden av ein bratt, bratt veg oghar femti kyr. Hingsten Anton bur i låven samanmed kyrne. Elise synest det er rart at nokon kankalle ein hest for Anton. Det høyrest meir ut somein gammal mann med skjegg.

Elise og Kalle hoppar i bilen, og Kalle køyrersom ein galning. Dei spinn bortover vegen sågrusen sprutar himmelhøgt, og vekker sikkertalle som bur her. Det er altfor tidleg ein søndagsmorgon til å køyre som eit svin, men svinekøy-ring er ein av favorittaktivitetane til Kalle. Eliseheld seg fast i setet og lèt det stå til. Det nyttarikkje å seie til Kalle at han skal køyre saktare, dåkøyrer han fortare i staden.

Kalle og Elise er ikkje før ute på vegen, så høy-rer dei dunder og brak i det fjerne.

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 17

Page 17: Elise og mysteriet med dei døde hestane

18

KKaappiitttteell 22Presten deisar ei flaske vin

i skallen på ei ku

Dundringa Elise og Kalle høyrer, er dei femtikyrne til bonden Martin på Nedre Bjørndal somstormar ut av fjøsen så fjøsdøra ramlar av hengs-lene, og stuper kråke bortetter markene. Kvarteinaste år er det slik, men i år har Martin ventatil slutten av juni med å sleppe ut kyrne. Martinhar begynt å gi blaffen. Kvart år blir kyrne skit-nare, dei mjølkar stadig mindre og slepp ut sei-nare og seinare kvar sommar. Helst vil han leggened, flytte frå garden og bli journalist i lokal-avisa, men garden har vore i slekta i hundre år.Martin kan ikkje vere den som sel.

Alle i Tordenbygda veit at det går til dundersmed Martin og kyrne hans. Til og med Elise somberre er der på ferie.

No spring kyrne for full guffe bortover mar-kene med halane til vêrs medan Martin brølersom eit styggevêr. Dyra galopperer så fort, tungtog ukontrollert at dei flattrampar kattar og om -

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 18

Page 18: Elise og mysteriet med dei døde hestane

19

skaper blomsterbed til grøfter, medan hundenspring for livet og reven går i dekning.

Det dampar og ryk av kusveitte. Ein får ku -møkk i kjeften og kumøkk i håret. Kyrne rir kvar-andre på ryggen og brakar saman skalle motskalle så det syng i bergveggane. Det smell såhardt at kyrne sjølv blir øre, går baklengs, ristarpå hovudet og må ta pause for å vinne att balan-sen. Martin spring som ein tulling langs gjerdet.Det er like før dei femti kyrne bryt gjennom gjer-det og tek grusvegen fatt.

Det var rein idioti å sleppe ut kyrne utan åhente meir hjelp, men det er ikkje lenger nokonsom vil hjelpe Martin. Han må klare seg sjølv.Martin riv seg i håret medan han pesar og ban-nar. Så går han på trynet og får kuskit i skjegget.

Ei ulykke kjem sjeldan aleine, og Martin haddeikkje før sleppt kyrne ut, så oppdaga kona, Sofia,at den kvite hingsten låg strekk ut på jordet bakhuset. Same kor ho halte og drog, så nekta Antonå reise seg. No ligg han og stønnar med rullandeauge medan kyrne galopperer forbi og pelsenlangsamt blir dekt av småstein og kumøkk.

Bakken ristar av galne kyr, hesten sparkar segmot buken, og Sofia tørkar sveitten. Det er ingensom kan passe på at kyrne ikkje spring gjennomgjerdet, og der brasar dei gjennom og galopperer

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 19

Page 19: Elise og mysteriet med dei døde hestane

20

nedover vegen med halane høgt heva, som vardet ein revolusjon på gang. Med fektande armardirigerer Sofia Martin opp på traktoren etterflokken, medan ho sjølv står att med hesten ogventar på veterinæren.

Der trampar heile kuflokken ned bakkane medretning Tordenkyrkja.

Anton strekker hovudet bakover, rullar medauga og stønnar høgt. Sofia dreg eit lommetørkleopp av lomma og tørkar seg i augnekroken.

– Heiane, roper ho og sparkar i veggen, slengerlommetørkleet i bakken og trampar på det.

Alt går til dunders på Nedre Bjørndal. No ogsåpremiehingsten.

I det tretti tonn kukjøt med tilhøyrande jur, halarog horn rundar svingen, kjem veterinærbilen oppden bratte grusbakken frå hytta. Kyrne har ret-ning mot frontruta. Kalle må skrense så hardt atElise skallar hovudet i døra. Bang! Kalle dukkarog slår tennene i rattet. Krønsj!

Kalle klarer knapt slenge bilen av vegen førflokken dundrar forbi med retning kyrkja ogsjøen. Bak flokken kjem Martin på traktor.

Klauver dundrar mot asfalten. Kloppetiklopp.Kuhalar dunkar mot bilsida. Dunketidunk. Derrauk spegelen. Knus, klirr.

– Hjelpe og trøste! roper Kalle.

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 20

Page 20: Elise og mysteriet med dei døde hestane

21

– Tenk om kyrne hamnar i steinrøysa, seierElise. Ho strekker hals mot vindauget og kiker nedi avgrunnen på høgre side av vegen. På begge sidergår det beint utfor berg og hamrar før skogen tekover.

– Dette er reine komedien. Desse kyrne røm-mer kvart einaste år.

Kalle vrenger bilen lenger ut i vegkanten. Fråbilen på kanten av røysa har Kalle og Elise fulloversikt over dei femti kyrne som er på veg beintmot kyrkjegarden.

I kyrkjegardsporten står presten i flagrande pres-te kjole. Han er klar. Kvart år kjem dei dund -rande, like forbaska.Og kvart år står presten ikyrkjegardsporten, like forpesta. Fell beiteslep-pet på ein søndag, må gudstenester avlysast ogpresten ta fri. Galopperande kyr tek ikkje omsyntil kyrkjetider og søndagsro, men no kan deiberre kome. På kykjegardsmuren står ein kassegamle salmebøker og tomme altervinflasker tilskyts.

– I Guds namn. Ligg unna heilag grunn! brølerpresten, viftar med prestekragen og plukkar oppei stor, tung salmebok med svarte permar og gull-skrift på bretten.

– Eg skal gi dykk salmesong, brøler han, hevararmen, siktar og kastar.

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 21

Page 21: Elise og mysteriet med dei døde hestane

22

Den første salmeboka treffer midt mellomauga på bjøllekua.

– Gravskjendarar, brøler han, for er det nokopresten kan, så er det å brøle. Så ber det i veggjennom lufta med neste bok.

Men bjøllekua kan også brøle. Ho senkar hovu-det, aukar tempoet og brøler trugande. Kvittspytt boblar, og kvitt spytt sprutar frå bjølleku-kjeften medan salmebøker prellar av som pop-korn på ei panservogn. Framfor presten stansarho, senkar hovudet og burar stygt og inneslutta,som om endetida var her allereie.

Men presten er ikkje klar for verken himmeleller helvete. Han hevar armen høgt over hovu-det, og medan Ave Maria gjallar mellom fjella,deisar han den største flaska altervin ned mellombjøllekuhorna så det singlar i glas og hjerneceller.Ein augneblink står kua paff, før ho kastar segrundt og skrensar vidare.

Ved Prix står ein flokk trøtte bygdefolk på rekkeog rad med ein stige mellom seg som gjerde. Eitpar kyrkjeturistar deltek også. Med flagrandeturistbrosjyrar hoppar dei opp og ned medan deiroper og skrik på tysk og fransk.

Gamle-Mathias er midt i flokken. Her må allegode krefter samarbeide. Bjøllekua skrensar ogbremsar så småstein og grus sprutar. Så brøler ho

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 22

Page 22: Elise og mysteriet med dei døde hestane

23

fornærma når halve flokken krasjar inn i bakenhennar så det knasar i hofteledd og rumpemusk -lar. Gamle-Mathias viftar med ei rive i lufta ogflaksar med armane så bollemagen hoppar. Bjølle -kua kjenner han godt. Gamle-Mathias drog ut eitpar kalvar av vomma hennar for eit par år sidan,og den historia har han fortalt til alt og alle. Hostampar i bakken og rautar irritert. Så snur hotilbake. Brøyter seg veg gjennom kuflokken ogset kursen mot kyrkja igjen.

Men skrik og skrål frå bygdefolka jagar flok-ken tilbake dit den kom frå.

Rømmingsruta til kyrne er den same kvart år.Etter å ha kome seg ut av tunet halsar kyrne ned-over bakkane mot kyrkja. Vegen er smal og brattog går langs elva. Av og til ramlar ei av kyrne,går kast i kast utfor hamrar og berg langsmedvegen og landar på vomma med eit brak. Bygde-folket lyttar med jamne mellomrom etter kyrsom ramlar nedover steinrøysa.

Ein veit aldri kva som skjer, og kvart einasteår er heile Tordenbygda i heilspenn, men sidankyrne på Nedre Bjørndal er vane med å ramle ielva, kjem dei seg som regel opp att sjølv.

På vegen til kyrkja galopperer kyrne forbigrusvegen inn til hytta Elise bur i. Så spring deirett fram, beint over plassen framfor kyrkja med

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 23

Page 23: Elise og mysteriet med dei døde hestane

24

retning kyrkjeporten. Etter å ha fått grundig kjeftav presten tek dei ein skarp høgre og galoppererdei par hundre meterane mot Prixen. Om ein ikkjefår stoppa dei der, brasar dei gjennom skogen ogkan bli borte i mange dagar før ein finn dei att.Skogen i Tordenbygda er tett som jungel og fullav kampestein og myrholer. Langt der inne buld -rar det frykta Tordenjuvet, og for å kome dit måein gjennom den farlege Dunderrøysa. I røysaknekk kubein som fyrstikker.

Støvskya etter kyrne har forsvunne bortetter.Presten står att på muren og hyttar med neven.Elise har fått ein blåkul i panna etter møtet meddøra. Kalle mumlar noko om at galne kyr ogprestar ikkje høyrer i hop. Elise sit med hovudetlangt ut gjennom bilvindauget og følger showetmed stor interesse.

– Om kyrne rømmer på andre dagar enn beite -sleppdagen, betyr det ulykke, seier Kalle.

– Haha, seier Elise.– Ja, folk seier det. Dyr kan varsle fare.Kalle held på sitt.– Når kyrne på grusvegen dundrar, folket til

Bjørndal seg skundar. Så tek han seg til munnen og sjekkar at alle

tenner er på plass, før han trakkar hardt på gas-sen. Bilen startar med eit rykk, og dei køyrer opp

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 24

Page 24: Elise og mysteriet med dei døde hestane

bakkane mot Nedre Bjørndal, der den kvite hings -ten Anton ligg flatsides og sparkar seg motbuken.

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A 06-07-12 14:41 Side 25