er det noko som er spesielt for oppveksten vår i eksingedalen? · me skal jobba med...

71
VÅR EKSINGEDAL! Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? Kva er mest annleis i oppvekst før og no? Er det annleis å veksa opp her enn andre stader? Kva er mest ulikt? NYSGJERRIGPERPROSJEKT 1.-7.klasse Eksingedalen skule Heidi, Vemund, Elias, Silje Rettleiarar: Lisbeth, Anna og Liv Anne Kvifor er fjella so høge og eg so lav. Kvifor er natta natt og dag er dag? Det er spørsmål eg ikkje får svar på no. Så eg set meg til ro og tenkjer på spørsmål eg burde hatt svar på no. (Silje, november 2018)

Upload: others

Post on 09-Oct-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

VÅR EKSINGEDAL!

Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen?

Kva er mest annleis i oppvekst før og no?

Er det annleis å veksa opp her enn andre stader? Kva er mest ulikt?

NYSGJERRIGPERPROSJEKT

1.-7.klasse Eksingedalen skule

Heidi, Vemund, Elias, Silje

Rettleiarar: Lisbeth, Anna og Liv Anne

Kvifor er fjella so høge og eg so lav.

Kvifor er natta natt og dag er dag?

Det er spørsmål eg ikkje får svar på no.

Så eg set meg til ro og tenkjer på spørsmål

eg burde hatt svar på no. (Silje, november 2018)

Page 2: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Slik vart prosjektet til:

Kva skal me forska på i år? Går det an å forska på oss sjølve?

Me veit at me går på ein av dei minste skulane i landet. Me har ikkje så mange på vår alder å vera

saman med. Likevel syns me at Eksingedalen er ein veldig god plass å veksa opp. Folk me møter syns

det er rart at me går på så liten skule, at me berre er 4 på heile barneskulen, at me gjer mykje saman

med ungdomsskulen – og at me faktisk kan ha rektoren vår til vanleg lærar også. Og til og med så ser

me lærarane våre på fritida òg. Og så spør dei andre me treffer alltid om kva me eigentleg gjer på i

fritida vår når me er så få.

Foreldre og besteforeldre og andre gamle folk fortel ofte at «når eg vaks opp så…..»

- Alt har visst vore betre eller verre før i tida!

Så, i år bestemte me oss for å forska på vår eigen oppvekst i Eksingedalen. Me vil sjå på om det har

vore annleis her før – og så vil me forska på oss i forhold til andre born og unge.

ME HOPPAR I DET!

Page 3: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

VÅR EKSINGEDAL!

Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen?

1. Dette lurar me på

Er oppveksten annleis her i Eksingedalen enn andre stader?

Er det noko som er så spesielt ved å veksa opp her?

Og: korleis er det annleis her i forhold til andre stader?

Kva er dei største skilnadene? Er det så annleis her som folk kanskje trur?

Er det noko som er annleis no enn før?

Kva er i tilfelle mest annleis no i forhold til før?

Kva er eigentleg typisk for oppveksten vår her?

Kan me finna fram til kvifor me syns det er så bra å veksa opp her?

Og: Skal tru om me kjem til å bu her heile livet vårt?

Me starta det heile med å snakka om ordet oppvekst. Me laga eit tankekart på tavla, og

skreiv opp alt me kunne komma på at hadde noko med oppveksten vår å gjera. Det vart

mykje!

«Tenk, alle desse orda er våre, så har du berre ordna dei litt for oss» sa Elias til læraren.

Page 4: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Me snakka mykje om desse tinga og fann ut at me trur at mykje er annleis både om korleis det er

her no i forhold til før – og at det sansynlegvis er ulikt å bu her enn andre stader.

Me prøver å samla alt me lurar på til ei PROBLEMSTILLIING:

Kva er mest annleis i oppvekst før og no?

Er det annleis å veksa opp her enn andre stader? Kva er mest ulikt?

Eg har fått ein heim

mellom høge fjell

der kor elva seg buktar

og fossar fell

I Eksingedalen der vil eg bu

mellom døler og geiter og sau og ku

Vi har inga hast

vi veit kven som rår:

For naturen set reglar

for ferda vår

I Eksingedalen den tanken er sann:

At lykka vert eigd av den som roa fann.

Jorda gir og jord tar.

Men det veks i fotefar.

Vi har rydda skog

vi har sådd vårt frø.

Vi har verna om jorda

vi har stelt om bø.

Ja, Eksingedalen

vil by deg inn,

for her finn du næring nok

til kropp og sinn

Sola stig og sola svinn

Kulden pustar mot ditt kinn –

Frosne blomar

leikar på ruta di

men du veit jo at

frosten han går forbi

I Eksingedalen er vinteren lang men

Klårfjellet stig og skin og syng sin song

SONG TIL EKSINGEDALEN Anne Elisabeth Waage

Page 5: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

2. Me trur det som er mest annleis er…..

Me starta å jobba med hypotesar:

Hypotesar om oppvekst no i forhold til før:

Skulen:

Eg trur at skulen er det som er mest annleis frå før til no. Fordi dei før i tida brukte pisk på hendene.

At pultane var veldig ulike og så trur eg ikkje at dei hadde smartboard. Så trur eg dei hadde mindre

friminutt.

Eg trur me har meir lekser og meir skule. Dei gjekk ikkje så mange år som oss på skulen, og så gjekk

dei ikkje kvar dag heller.

Eg trur det var fleire elevar på skulen før og at dei hadde det lettare på skulen fordi dei gjekk mykje

mindre på skulen enn oss. Eg trur dei fekk vera meir heima og gjera meir gøye ting.

Vener, fritid og arbeid:

Eg trur det er annleis no enn før. Eg trur det var fleire ungar og fleire vener. Så trur eg teknologien er

veldig annleis. Det var ikkje like mange som hadde telefonar eller «duppedittar» før.

Eg trur at dei hadde fleire vener og fleire å vera saman med både heime og på skulen, og så trur eg at

dei var meir ute før.

Eg trur at dei måtte jobba meir heima, også når dei var yngre enn oss.

Eg trur det var fleire gardar her før og at dei brukte pengane på ein an måte.

Jola og feiringar:

Eg trur jola var annleis fordi dei hadde meir å gjera av arbeid (mat, fjøs, ting dei måtte gjera), så fekk

dei mindre gåver

Jenter og gutar:

Eg trur det var større forskjellar på gutar og jenter før og no.

Det er forskjell på jenter og gutar, men ikkje så stor i Eksingedalen som andre plassar. Eg trur at kor

mykje ein jobbar på garden har meir med interesse å gjera enn kva kjønn ein er. I Eksingedalen er

både damer og menn i floren og dei køyrer traktor. Men eg trur nok menna køyrer meir traktor enn

damene.

Eg trur det var meir husarbeid på jentene og gutane jobba ute på garden før i tida.

Page 6: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Hypotesar om det eg trur er mest ulikt for dei som bur andre plassar:

Me ikkje er så mange som bur her og me er saman med folk på forskjellige aldrar både her på skulen

og i fritida vår. Sånn trur eg ikkje det er andre stader.

Me har mykje natur, snø, tre, fjell, skog og mykje vêr og vind. Kva vêr det er om vinteren bestemmer

kor raskt me kjem oss til skulen eller til andre ting me skal. Sånn er det ikkje for andre, trur eg.

Skulen:

Det er fleire elevar i klassen på andre skular.

Dei er mange fleire i klasserommet enn me er.

Me må ta buss til skulen, andre plassar må dei gå.

Me av og til må ha heimeskule fordi det går ras eller straumen er vekke, det må ikkje andre.

Me trur at me er ein av dei minste skulane i landet.

Vener og fritid:

Dei er saman med fleire i fritida og har mange vener på sin eigen alder.

Dei har meir å gjera på og fleire organiserte aktivitetar der.

At eg brukar meir tid på data enn andre.

At ein 5.klassing andre stader spelar fotball, er ute med vener men òg spelar dataspel.

At eg har meir vener i ulike aldrar (7 – 53) som eg er med i fritida mi.

At eg går i floren, og at eg òg jobbar der når eg har lyst.

Eg trur det er større forskjellar med klespress andre plassar.

Og at det er meir viktig korleis ein ser ut.

Me trur ikkje det er så forskjell på om me må arbeida her og andre stader, heller ikkje så forskjell

på jenter og gutar her og andre stader. Så det med arbeid og forskjell mellom kjønna har me ikkje

med i undersøkinga om oss og andre. For det er ikkje det som me syns er viktigast å finna ut av

denne gongen.

Page 7: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

3. Plan for arbeidet vårt Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk,

uteskule, naturfag, kroppsøving/fysisk). Me fann ut at me måtte starta med oss sjølve og alt me har

rundt oss. Så vil me ha eit prosjekt om gamledagar – og eit om oss og andre på vår alder. Me fann ut

at måtte dela forskinga opp i tre delar:

A: Korleis me har det i Eksingedalen no

B: Korleis det var her i Eksingedalen før

C: Korleis det er andre stader

Del A: Eg i Eksingedalen - å veksa opp her no

Me skal finna fram til mest mogeleg om oss sjølve, korleis det er å bu i Eksingedalen no. Me må finna

ut litt om familiane våre og skriva om korleis fritida vår er og litt om korleis me har det på skulen.

Me må leita og finna fram til kva som er spesielt med Eksingedalen for oss no. For å gjera det, må me

ut av klasserommet også. Me vil reisa heim på besøk til Heidi og Silje og florane dei har, og så vil me

på tur til plassar me likar godt. Frå ting som me er med på på fritida vår, vil me ta bilete som viser

korleis me har det her.

Så må me finna ut om me er ein av landet sine minste skular. Her må me få tak i nokre tal. Me må

skriva litt fakta om skulen vår for å samanlikna den med andre skular.

Del B: Å veksa opp her før i tida og i gamle dagar

Me har lyst til å få tak i gamle bilete frå då foreldra /besteforeldre/ oldeforeldre var born i

Eksingedalen. Så kan me sjå og samanlikna før og no.

Me kan lesa i gamle sogebøker herifrå og finna informasjon, og me kan lesa om gamledagar andre

plassar.

Det me har aller mest lyst til, er å snakka med folk. Me trur at me lærer mest av det, og så er det

mykje kjekkare enn å berre vera på skulen. Me har lyst å intervjua folk som er her frå Eksingedalen og

som har gått på skule her. Me vil skaffa oss avtalar med folk i ulike aldrar.

Det me finn ut kan me samanlikna med korleis det er her no!

Del C: Eg og dei andre – møte med andre på vår alder

Plutseleg fekk nokon ein ide om å senda ut spørjeskjema til skuleklassar andre plassar i Norge! Me vil

laga eit spørjeskjema som me kan senda ut og få attende i posten. Så kan me telja opp svara og laga

diagram og samanlikna.

Me søkte Nysgjerrigperfondet om støtte til forskinga vår. Det fekk me! Og det vart me glade for!

Page 8: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

4. Henta opplysningar og registrera opplysningane

Del A: Eg i Eksingedalen - å veksa opp her no

Del B: Å veksa opp her før i tida og i gamle dagar

Del C: Eg og dei andre – møte med andre på vår alder

Del A: Eg i Eksingedalen - å veksa opp her no

Fakta om Eksingedalen

Eksingedalen ligg i Vaksdal kommune og Hordaland fylke, på Vestlandet. Eksingedalen er ein lang dal,

48 km frå Eidslandet nede ved fjorden til Gullbrå som ligg 580 m.o.h. Oppover Eksingedalen vil du

møta mange «gardar», i alt 18 klynger med gardsbruk. På Gullbrå for eksempel, heiter garden

Gullbrå, men det er fleire gardsbruk og nokon hus til på Gullbrå. Me har einskule, ein butikk og to

kyrkjer. Dei som bur nedst i Eksingedalen går på skule i Modalen, men me har ein skule for alle andre

– den er på Bergo. Dei fleste bur på gard med dyr, men nokon har ikkje andre dyr enn katt og hund.

Dei aller fleste som bur her har andre jobbar anten om dei har gard eller ikkje. Turisme er det òg her.

Ungdomsskulen jobba med folketalet i Eksingedalen. Heilt ferske tal frå dei om folketalet her:

Det bur ca 150 i Eksingedalen (utanom Eidsland) – og 4 045 i Vaksdal kommune. (mars 2019)

Kart over Eksingedalen, med alle gardsnamna:

Eksingedalen er frå Eidsland til Gullbrå. Det er tre vegar inn hit: Frå Dale, Mo i Modalen og frå Voss. Næraste

byen er Bergen. Frå Gullbrå går det ei elv med fisk i, og elva renn ned i fjorden med fleire fiskar i. Det er nokre

store vatn i dale med fisk i òg, du ser det på kartet (Vemund)

Page 9: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Om Eksingedalen skule

Her går det i år 9 elevar, frå 1.-10.klasse. Det er ikkje alle klassane det er elevar i, og alle me fire i

barneskulen går i kvar vår klasse. Me går saman i same klasserommet. 7.klasse er av og til i lag med

ungdomsskulen, og i nokon fag er me alle i 1.-10.klasse i lag i ei gruppe. I ungdomsskulen er det fem

gutar no. Til våren går tre av dei ut av 10.klasse. Heldigvis er kjem det ny elev til hausten, og året

etter kjem det to nye. Då vert me 9 att!

Næraste skulen i kommunen vår er Stamnes. Dit tek det over ein time å reisa frå Bergo. Viss me

skulle gått på skule i nabokommunen, Modalen, hadde busstida frå Gullbrå vore 1 time og 10 minutt

kvar veg. Me likar oss veldig godt på skulen vår, sjølv om me er få. Men nokon av oss kunne nok likt å

ha fleire å vera med.

Me er ein kombinert barne- og ungdomsskule. Me tok kontakt med Statistisk sentralbyrå for å

finna ut av dette, og Emmie der gav oss tal. Ho hadde laga ein tabell til oss med alle barneskulane og

alle barne- og ungdomsskulane i landet som har mindre enn 10 elevar. Viss me samanliknar oss med

den typen skular, som anten er reine barneskular eller kombinerte skular (barne- og ungdomsskular),

så er det totalt 39 skular i landet som har færre enn 10 elevar. 35 skular har færre enn 9, som er ein

mindre enn me er.

Me står på 36.plass på denne lista, saman med 4 andre skular. Det er 2 848 grunnskular i Norge.

Det er 22 barneskular med mindre enn 10 elevar. Me er 4 i barneskulen, så viss me ikkje hadde hatt

ungdomsskule her så hadde me stått på 3. plassen på lista over dei minste skulane i landet.

Oversikt over dei minste barneskulane:

Namn Elevar

Arnøyhamn Oppvekstsenter 2

Vestby skole 3

Fjordtun Oppvekstsenter 5

Nesna skole 5

Skogfoss skole 5

Visthus skole 5

Varntresk Oppvekstsenter 6

Åkra skule 6

Veitastrond skule 7

Sollia barne- og ungdomsskole 7

Valsvik skule 7

Abelvær skole 7

Salsnes Oppvekstsenter 7

Utvorda skole 7

Hovin skole 7

Austertana Oppvekstsenter 7

Liabygda skule 8

Espevær skule 8

Brusetkollen skole og ressurssenter 8

Straumsnes Oppvekstsenter 9

Glassverket skole 9

Sirma Oppvekstsenter 9

Page 10: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Ungdomsskulen vår er også av dei minste ungdomsskulane i landet. Der går det 5 elevar, noko som

hadde vore andreplass på ungdomsskulelista! Neste år skal Silje opp i ungdomsskulen, og då vert det

3 elevar.

Oversikt over dei minste ungdomsskulane i Norge:

Namn Elever

Ollestua skole 4

Sjøskolen 5

Lenden skole og ressurssenter 5

Gjøvik Læringssenter 6

Østfold Fylkeskommunale skole 6

Stordammen skole 7

Holmen skole 8

Altona skole og ressurssenter 8

Sandviksbukta skole 8

Skarva skole 9

Karlsvika Alternative skole 9

«Berre eg er meg»

EG ER HEIDI og går i 1.klasse.

Eg bur på Nesheim. Eg har mamma og pappa, som er kjærester og

gift og eg har tre yngre søsken. Eg har mange syskenborn, 4 tanter

og 3 onklar. Så har eg ein liten hund. Heime har eg kyr og kalvar i fjø-

set, og me har traktor og snøscooter. Av og til har eg arbeidsoppgå-

ver heime. Eg har det trygt og godt heime.

Eg likar å gå på skøyter om vinteren. Det gjer eg heima på tunet eller

på vatnet. Eg likar òg å gå på ski om vinteren. Det gjer eg mest heima

på bakken. Eg har trampoline heime, som eg likar å hoppe på. Eg li-

kar å reisa i kano og gå på tur. Eg likar å gå på stølar. Eg går òg i kyr-

kja, og har vore på basar og bingo. Eg likar å lesa, laga mat, gå på tur,

leika, teikna, sjå på TV, gå på besøk og å snakka med pappa.

Gå tur: Mamma bestemmer kvar me skal

gå. Mamma og Signe pakker sekken. Så går

me. Eg likar å gå på tur. Eg går på tur alle

plassar som er nært huset mitt.

Køyretur: Me tar på setebelte. Mamma tar

på kassett. Me tek ofte den store bi-

len. Mamma lager av og til mat, som me tar

med på køyretur.

Page 11: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

EG ER VEMUND,

går i 4.klasse og bur på

Nesheim. Eg har

3 eldre brødre, ein

hund og to kattar som

heiter Lotepus og Grå-

tass. Eg har mamma

og pappa til å halde

meg trygg.

Eg går på Eksingeda-

len skule, på

Bergo. Mamma sin bil

er god og sitja i.

Mamma køyrer meg

av og til på skulen. No-

kon gongar tek eg bussen til skulen. Eg er glad i å teikna. Eg teiknar når eg er lei, trøytt og ikkje kla-

rar å jobba lenger . Eg ser på TV og eg spelar ROBLOX på data. Eg liker LEGO Dinosaurar og verke-

lege Dinosaurar. Pappa, mamma og eg kosar når me har tid til det. Vist eg klarar ei veke utan og vera

sint får eg noko av pappa.

Eg spelar ROBLOX og «Fish feed and grow,» når eg har lyst. Eg likar «Fish feed and grow» fordi det er

hai i det! Eg er spesielt glad i haiar og i mange andre sjødyr også. Nokon gangar går eg på hytta til Be-

sto og Besten. Der snakar eg med dei. Om sommaren hoppar eg på trampoline. Eg og familien

min reiser på ferie til Syden normalt til sommarferie.

EG ER ELIAS og går i 5.klasse. Eg har mange gode vener å vera med. Eg likar å spela “Fortnite”.

Eg bur på Nesheim saman med familien min. Eg har tre syskjen, to kattar og ein hund. Me har sju hø-

ner heime. Eg likar mamma og pappa. Eg har gode tanter og onklar, som eg er glad i.

Eg har lekser, men det er ikkje det kjekkaste eg veit. Eg likar å vera i Almane, fordi me kan bada, gå

på Kultatoppen og me kan vera i gapahuken. Eg likar å drikka brus. Eg likar å ha laks og pannekaker til

middag. Eg har 9 syskjenborn, som eg er glad i. Eg likar å stå på både langrenn- og slalåmski. Eg har ein

telefon, men eg

brukar den ik-

kje. Me har to bilar

heime, og ein ga-

mal traktor som

heiter Gråtass.

Eg er elev på Ek-

singedalen skule

på Bergo. Eg reier

med buss til sku-

len. Eg likar å gå

tur, reisa på ferie og hoppa på trampolina. Eg likar å høyra på Alan Walker sine songar, og har vore på

konsert med han.

Page 12: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Eg viser ansvar, respekt og omsorg til andre. Eg er av og til sur men for det meste er eg glad og ein

god og omsorgsfull ven og medelev. Eg er veldig rask og aktiv. Eg er oftast pliktoppfyllande og hjelp-

sam, meir på skulen enn heime, kanskje. Eg er på Friluftsgruppe og går på trim i idrettslaget. Eg har

ein veldig god ven på 38 år.

EG ER SILJE og går i 7.klasse. Eg bur på Gullbrå saman med mamma, pappa og søsken. Me er fire

søsken, dei to brørne mine bur heime og søstra mi går på vidaregåande skule på Voss. Ho bur på hy-

bel og er heime i helga. På Gullbrå bur alle besteforeldra mine òg.

Eg bestemmer kva eg skal gå med og lika. Eg likar å ha enhjørningar på genseren min. Vist nokon bru-

ker masse pengar på klede for og vere populær, er det bortkasta. Reklame påvirker ikkje meg. Vist

det er ein reklame om sko på ein populær kanal, så kjøper eg ikkje dei for fleire tusen kroner for og

kunne sei ( «Hei! Sjå på dei nye skoa mine, dei var på reklame på kardashian-kanalen!») . Eg kjøper

ting frå reklame sjølv om da berre er 2 som ser på kanalen, vist eg synest det er fint.

Vist alle vennane mine hadde Selena Gomez som idol fordi ho er fin og rik, so bryr eg meg ikkje fordi

eg vil ha nokon med ein fargerik personlighet som er snill og likner på meg.

Sjølv om alle eg kjenner vil bli rike og ha alt som er nytt og kult, så vil eg fortsatt bruke det eg synest

er fint ,og gjera noko som ikkje berre handler om penger og heller kva eg liker.

Eg trur det er mykje meir eg får lov til på Gullbrå enn vist eg hadde budd i Bergen. Eg kan

vere lengre ute for det er ikkje så ofte at nokon farlige folk som eg ikkje kjenner går ute om

kvelden. Sjølv om det er masse eg får lov til, har eg reglar heime. Eg kan ikkje gå fritt heile

dagen og ikkje gjera noko. Eg hjelper til med å rydda ut og inn av vaskemaskina, ryddar av og

til rommet mitt og ryddar opp etter meg sjølv. Eg vil gjerne vere snill og hjelpa andre.

Sist sku-

leår var

eg ei-

naste

jenta på

skulen.

Då be-

gynte eg

å gå med

ei stor

sløyfe i

håret.

Det har

eg gjort

kvar dag

på skulen

sidan

det!

Eg er veldig lik heime som eg er på skulen, eg er berre heilt grei begge plasser.

Page 13: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Etternamna våre

Me heiter Gullbrå, Nesheim og Bergo til etternamn. Alle etternamna er namn på gardar i

Eksingedalen. Silje heiter Gullbrå og bur på Gullbrå. Heidi heiter Nesheim og bur på Nesheim.

Vemund og Elias heiter Bergo sjølv om dei bur på Nesheim. Det er fordi faren til gutane kjem frå

Bergo. Det er vanleg i Eksingedalen å ha same etternamn som der du bur. Det er nok fordi det har

med gardsnamnet å gjera. Dei flest som bur her har ei tilknyting til plassen dei bur på, har foreldre

eller familie som kjem herifrå.

Å vera i familie og i slekt

Vemund og Elias er brødre. Dei har to brør til på skulen. 4 av dei ni elevane er altså søsken. Silje har

òg ein storebror på skulen. Så er Silje og gutane i slekt med kvarandre, dei er firmenningar. Faktisk så

er alle dei tre i 10.klasse firmenningar med kvarandre, fordi dei har oldeforeldre som var sysken

(Jenny/Olav/Johannes Gullbrå)

Det er mange i Eksingdalen som er i slekt, men det er heldigvis mange som har gifta seg med folk

andre plassar frå òg. Faktisk dei aller fleste! For det er lurt å ikkje vera så mykje i slekt når ein giftar

seg med kvarandre. Det er ikkje så vanleg at to herifrå giftar seg med kvarandre no. Foreldra til Silje

var kanskje ekstra heldige, for dei måtte berre gå 20 meter for å finna kvarandre på Gullbrå! Dei vart

kjærastar frå litt før dei var 16 og 18 år gamle. Men, dei er «berre seks-menningar», og det reknar ein

ikkje for nær slekt.

Oppvekst for folk og fe – og litt til! Heidi sin oppvekst – eit besøk i fjøset!

Heidi har mange kyr. Me fekk besøka fjøset til

Heidi og læra om kva oppgåver Heidi har der.

Mammaen til Heidi var med oss og både ho og

Heidi forklarte oss korleis ting fungerte der.

Heidi likar kyr og kalvar.

Når me var der hadde Heidi 10 kalvar. Me møtte

også kua “Heidi”. Det er Heidi si eiga ku. Heidi

sine oppgåver i fjøset er å møka og å strø. Ho

steller også med kalvane, dei treng kos

og mjelk. Av og til må Heidi springa ned i fjø-

set å sjå om det er kalving!

Etter me hadde vore i fjøset fekk me komma

inn på kjøkkenet til Heidi.

Me fekk smaka på mjelk som kjem

rett frå kua. Mjelka hadde masse gode bakte-

riar som er gode for oss – den var supergod!

Heidi hadde også laga is sjølv, av mjelk ho

hadde separert fløyten frå. Isen var deilig!

Page 14: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

“Beste uteskule!” «Ingen ku mjelkar sjokomjelk!»

Geitene sin oppvekst – og heim i floren til Silje

I uteskulen besøkte me Silje sin geitefjøs på

Gullbrå. Me ville læra om korleis det er

å veksa opp der Silje bur. Korleis ser det ut

inni ein geitefjøs? Hjå Silje var det mange geiter,

150 stk. Me lærte at geitene er drektige i 5 mnd.

Når geitene får killingar tek dei berre vare på

jentene. Det var 45 jentekillingar på

Gullbrå. Killingane vert teke frå mødrene sine

etter ein dag.

Alle geitekillingane vert avhorna etter kort

tid. Killingar er søte, jentegeitene har skjegg.

Det var kjekt i fjøset!

Oij, det luktar geitost her! Eg elskar geitekillingar!

Eg vil vera her for alltid, dette er så avslappande.

Treet sin oppvekst

«Giftar eigentleg tre seg?» og «kan dei snakka saman?»

LIVET

Det er veldig fint i dag.

Veldig!

Livet er eigentleg rart.

Korleis?

Det veit eg ikkje.

VEMUND

Page 15: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

I økosystemet er planter og dyr viktig, alt heng saman. Alt som er

gøy ute er i skogen - leik, friluftsliv og skog som klasserom. Skog

for oss er eit område i naturen med tre, plantar og dyr. Eg ved-

dar på at det i alle fall er 100 kryp her. Eit stort paradis. Trea

kan kommunisera med kvarandre – dei har internett akkurat som

menneske, berre at dei ikkje brukar telefonar. Sopp er internett

for trea og dei treng sukker for å fungera,

tre treng også sukker for å leva.

Det er fasinerande at trea kan kommunisera med kvarandre ved at soppen sender beskjedar til andre

tre! Eg syns det beste med å vera i skogen er all roen, friluft, masse tre å klatra i. Eg likar å klatra i tre.

Det er gøy å grilla bål

Om okse og ku, arvelege eigenskapar – og DNA

Silje har to timar i veka naturfag saman med ungdomsskulen. Ho lærte om DNA- molekylet og om

korleis ein bonde må ha kunnskap om både gen og arv i arbeidet sitt.

I floren på Nesheim fekk Silje ei ku som ho skulle velja rett okse til. Silje hadde lært kva eigenskapar

som var viktige for kyr – og etter å ha studert kua si valde ho ein okse som kunne gje eit bra avkom

med gode spenar og stor mjølkeproduksjon. Sidan dette var mjølkebonde, la han mest vekt på den

arven.

«Koslesanden: Den finaste plassen eg veit

om heime»

Elias ville visa dei andre kor fint det er på

Koslesanden på Nesheim. Uteskulen tok ein tur

dit.

«Her er det fint å bada om sommaren, og så er

det her eg ar lært å kasta fiskesprett med

Besten.»

Det er òg mange runde steinar her som elva laga.

Me lærte òg at store runde steinar vert kalla for

«kosidl», kanskje eit dialektord frå Eksingedalen.

Skog er eit stort paradis av tre.

Eit område i natur der planter og

dyr lever i harmoni.

Vel,eigentleg ikkje.

Ikkje alltid.

VEMUND, nov 2018

Page 16: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

På tur i eit kjekt uteområde: Almane og Kultatoppen

Me har mange fine plassar her, der me går på tur. Ikkje så

langt frå skulen er Almane og Kultatoppen. Av og til spring

me opp dei bratte trappene til Almane i gymtimen, eller me

går til Kultatoppen. Me har òg uteskule i Almane og kan leika

eller løysa oppgåver når me er ute. Og så er det veldig fint i

Almane, syns me. På Kultatoppen er det ei bok me kan skriva

namnet vårt i. Viss me skriv namnet vårt i 14 bøker får me

«Fjelltrim- krus» i

idrettslaget. Så kan

me vinna gåvekort

viss me har flest

poeng.

Ein dag på uteskulen

laga me kvar sin KNERTEN, og me har plukka steinar og

kongler til TRE PÅ RAD.

Kor lang tid tek det å laga eit lam?

Rett før jul drog me bort i sauafloren for å sjekka: Kor lang tid tek det eigentleg å laga eit lam? Me

gjetta på førehand. Me trudde det ville ta mellom 3 og 11 sekund. Me trudde litt ulikt! Den kvite

vèren brukte 10 sekund, den svarte brukte 4 sekund! Så var det gjort! Til våren kan me sjå på lamma.

Fritida:

Me har friluftslivgruppa kvar torsdag.

1.-10. klasse er med i denne gruppa. Når me er på friluftslivgruppa så er me ute i ein gapahuk og

leikar, et, snakkar og har det gøy. Då er me ute i naturen utan teknologi, me bruker jo litt telefon,

men berre til og ta bilde med.

Om vinteren

har me snøballkrig

og om somma-

ren gjer me andre

ting.

Me overnatttar av

og til ute.

Det er veldig gøy å vera med dei på skulen på fritida,

fordi eg kan ikkje vera med dei kortid eg vil sidan me bur så langt

i frå kvarandre.

Page 17: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Styrketrening, trim og volleyball med idrettslaget

Trimmen er eigentleg for 7. klasse og dei eldre, men sidan det er så få i dalen så får 5. klasse

òg vere med sånn at det skal vere fleire. Det er styrketrening kvar onsdag, nokon gongar om vinteren

blir den bytta ut til skirenn. Det pleier å vera ca 10-15 stk på trening. Det er mange fleire vaksne enn

born på treninga. På slutten av treninga speler me alltid volleyball. Borna gjer dei same øvelsane

som dei vaksne men dei kan ta uten vekter på nokon øvelsar viss det blir for tungt, og får meir pause

om det trengs. Det er born og vaksne i forskjellige aldrar på trening. Det kan vera born på 10 år og

voksne på over 60.

Me deltek på det som skjer i Eksingedalen!

Av og til er det Bingo på Ekse, i grendahuset som er det gamle skulehuset på Ekse. Og om vinteren er

det skirenn. Alle deltek – og så får me premie. Me har joletrefest på skulen og på Ekse. I påska er det

påskebingo med veldig mykje folk. Og 17.mai samlast heile Eksingedalen her på skulen. Då er det tog,

tale, mat i gymsalen, is og brus og leikar og mykje kjekt for alle. Så er det av og til dugnader, basar

– eller tur til stølar eller andre turar med idrettslaget. Elias likar godt å prata med folk i kaffikroken

på butikken. Der er det alltid mykje rart å få høyra. Og kjekt!

Eksingedalen har sin eigen song, den har me øvd litt på i musikken. Me syns den songen passar så bra

for oss. Den songen står derfor fremst i rapporten vår.

Eksingdalen har eiga nettside: www.eksingedalen,no

Ingeborg på besøk

Av og til kjem det familie eller vener som har lyst til å gå ein dag på skulen i Eksingedalen. Ingeborg

var med Silje på skulen i vinterferien. Ingeborg går til vanleg i 8.klasse på Voss Ungdomsskule.

Ingeborg skreiv dette til Nysgjerrigperrapporten vår:

På Eksingedalen skule er dei 9 elevar, på

Voss ungdomsskule er me over 500

stk. Eksingedalen skule har 4 lærarar,

Voss ungdomskulen har over 70 lærarar.

Har Silje da bra på skulen og i frimi-

nutta sjølv om ho ikkje har nokon på sin

alder å vera med?

- Eg tenkjer at det går bra!

Heime bur eg med mamma og pappa og

søskena mine. Eg har 2 søsken. På fritida

mi går eg på turn og står på slalåm

når eg har tid. Eg er på Gullbrå fordi eg har vinterferie og me leigar eit hus av Silje og dei. Det huset

kallast Kvitahuset. Eg og Silje er tremenninger, det er kjekt. Eg syntes det er kjekt at Silje bur der oppe,

elles hadde det ikkje vore så kjekt. For no kan eg vere ute med folk på min alder. På Gullbrå bur også

besteforeldrene mine, og mamma og tanto mi er vokse opp der. (Ingeborg)

Page 18: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Del B: Å veksa opp her før i tida og i gamle dagar

Gamle bilete av familiane frå Eksingedalen

Det var veldig kjekt å sjå på gamle bilete! Me liknar faktisk på nokon i familien!

- Mormor ser jo ut slik som Mamma i gjer no! Og, sjå kor Mormor sin bror liknar på min bror!

- Oij, Vemund liknar veldig på Farfar

Det var gøy og sjå at det var annleis heime i husa før. Og når eg leita etter bileta heime fekk eg vita

ting om familien som eg ikkje hadde visst om før.

Intervju: Tenk deg at du er 7 – 12 år.

Korleis var det å veksa opp i Eksingedalen då?

Me hadde veldig lyst ut for å snakka med folk. Me spurte først to, så blei det ein til - og plutseleg så

reiste me ut på intervju fire onsdagar etter kvarandre. Det var veldig kjekt! Me fekk inn i hus me aldri

hadde vore inne i før, og det var veldig kjekt å snakka med folk.

Først laga me eit spørjeskjema til intervjuet (Vedlegg 1), for me måtte spørja alle om dei same tinga.

Me lagde spørsmål som passa til

problemstillingane og hypotesane

våre. Og så bestemte me at det var

både lov og lurt å spørja vidare

utover skjemaet viss dei fortalde

noko me ville vita meir om. Det vart

mange spørsmål. Før me drog ut

bestemte me oss for kven som skulle

spørja kva spørsmål – og kven av oss

som skulle skriva. Læraren vår skreiv

også. Ho noterte heile tida slik at me

hadde to skjema me kunne lesa i

etterpå. I tillegg så gjorde Elias og

Silje kvart sitt intervju som lekse.

Page 19: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Me sette alle intervju-arka inn i ein perm. Så

måtte me skriva svar inn på PC-en.

Det var ein stor jobb. Me lagde overskrifter

etter tema på intervjuskjemaet og så skreiv

me inn opplysningar frå kvar person me

snakka med.

Desse har me snakka med:

Fødselsår skuletid Tal år i grunnskulen

Nils 1939 1946 - 53 7

Atle 1946 1953 - 60 7

Lilly 1946 1953 - 60 7

Ingvild 1957 1964 - 73 9

Anita 1970 1977 - 86 9

Anna 1992 1998 - 2008 10

Desse personane alle fødde her, dei har gått på skule i Eksingedalen – og dei bur her no.

Det vart slik at me fekk vita mykje om korleis dei hadde det på skulen. Alle hadde noko å fortelja der.

Me snakka òg med Veslemøy. Veslemøy er ikkje frå Eksingedalen, men ho har vore lærar her i over

40 år og veit mykje om skulen. Me laga eit ekstra spørjeskjema til henne, det handla berre om skule

(Vedlegg 2).

Page 20: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

I tillegg så las me frå sogebøker om korleis det var endå lengre bakover i tid på skulen.

Me las forteljingar som tre eldre har skrive:

7 år på skulen, i åra:

Lars Nesheim 1902 – 1993 1910 – 17

Gudleik Nesheim 1907 – 1999 1914 - 21

Helge Bergo 1923 1930 – 37

Me startar difor med skulen, og så kjem dei andre temaa etterpå:

SKULEN 1885 – 1940: Litt frå historiebøker

1895 – 1920-talet

Skuleminne frå Vaksdal Kommune (Maria Fjellanger og Lars Nesheim)

Bygdebok for Modalen, band 2 og Evangerboka band 1

Vassvøre Sogeleg, år 2004 og 2009

På slutten av 1800-talet var det 13 skulekrinsar i Evanger Herad. Øvre delen av Eksingedalen høyrde

til Evanger og i Eksingedalen var det to skulekrinsar og det var på den tida omgangsskule. Det vil seia

at skulen var heime på gardane i fleire ulike stover

Nesheim krins for Nesheim – Fosse, skule i gamletunet på Bergo. Læraren kom til skulevekene og

budde der i tunet.

Brakestad krins for Brakestad - Gullbrå. Frå vegen kom til Brakestad gjekk Brakestad til skulen på

Bergo.

Læraren var den same i begge krinsane i øvre Eksingedalen. Det var årsprøve i stova på Nesheim for

begge krinsane kvar vår, med munnlege spørsmål i ulike fag, der presten og skulestyret var for å

høyra på. Så fekk dei karakterar.

Nedre delen av Eksingedalen høyrde til Modalen kommune på den tida. Det var ein lærar og 3 krin-

sar i nedre delen kring 1900-talet:

Lavik krins for Yksendalen, Haugen, Fjellanger og Lavik

Flatekval krins for Flatekval og Nese, seinare kalla for Stien

Høvik krins for Vetlejord og Høvik

Lærarar: «Brakestadskulen» frå 1900 – 1942 (Lars K. Brakestad, fødd 1877 )- og «Flakollskulen»

1894 – 1901, 1903 – 1934 (Johannes J Flatekvål, 1869 – 1950)

Lærarane var bønder også. Brakestadskulen var oppvaksen på Brakestad, men hadde ingen gard å

arva. Flatekvalskulen var frå Flatekval og overtok familiegarden der.

I 1898 kjøpte Evanger Herad jord til lærargard på Bergo. Dei starta med å byggja løa, så huset. Det var

viktig med gardsdrift i tillegg til løna som lærar. Skulehuset på Bergo var ferdig og teke i bruk 1.januar

1918. Den nye skulen fekk namnet Fagerbø skule.

På Høvik fekk dei eige skule hus i 1931. Høvik vart lagt ned då det vart få born, og dei gjekk då på

Stien skule (ca 1960).

Page 21: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Fagerdalen skule var for elevane i Lavik krins. Den eksisterte til sist i 1950-åra. Då gjekk elevane over

til Stien. Stien skule vart bygd i 1920 og var i bruk til ny Eksingedalen skule i 1971.

Ekse fekk skulehus i 1949 og var i bruk til ny Eksingedalen skule i 1972.

Så dei tre skulane som var lengst i bruk var: Stien, Ekse og Fagerbø skule på Bergo

I 1972 var skulen vår, Eksingdalen skule, heilt ny. For første gong får alle elevane i Eksingedalen gå

på same skule! Dei som gjekk på ungdomsskulen måtte framleis reisa til Dale og bu vekke. Frå 1976

har det vore ungdomsskule her også.

Timeplanen til Lars Nesheim (1902-1991)

Kl 9 –12: 3 timar med 5 minutt pause mellom timane

12 – 13: Matpause og leik ute

13 – 16: 4 timar med friminutt 5 minutt mellom kvar time

Salmevers og andakt som start på dagen

1 time Bibelsoge

1 time Høgtlesing av Nordahl Rolfsen si lesebok

Diktat, attforteljing og stil

Rekning: Samanlegging, frådrag, gonging og deling. Brøk, desimalbrøk, prosent og renterekning mm

Song, oftast salmar

Salme, bøn og takk for i dag til slutt

Lars sin første skuledag var 6.oktober 1910

klokka 9 i lærarbustaden på Bergo . Etter 2-3

år flytta skulen til gamletunet og stova til

Helge og Ragnhild Bergo. Siste året gjekk han i

stova til Andreas Bergo fram til nyttår, deret-

ter i nytt skulehus på Fagerbøen.

Skule 12 veker i året, 6 dagar i veka, skuledag

9 – 16.

Utover 30-talet var det ikkje heilt likt kor

lenge dei gjekk på skulen i ulike skulekrinsar i

Eksingedalen. Det varierte mellom 12, 14 eller 18 veker i året.

Gudleik Nesheim var ein yngre bror til Lars. Han har skrive om skuletida si i sogeboka. Gudleik starta

på skulen hausten 1917, i stova til Andreas på Bergo. Storebror Lars gjekk sitt siste år på skulen.

Frå året 1918 var skuleåret 18 veker i dei to krinsane i øvre Eksingedalen.

Page 22: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

1930-talet: Helge Bergo gjekk på skule

i det nye skulehuset på Bergo, Fagerbø

skule, i åra 1930 – 1937. Han gjekk 18

veker på skulen, 6 timar måndag - laur-

dag og annakvar veke.

Skulebilete frå 1930/31, der Helge står

til høgre heilt framme. To bortanfor

Helge står Nils, yngste broren til Lars

og Gudleik. Han gjekk i klassen til

Helge. Nils er oldefar til Vemund og

Elias.

Attfortald av Vemund, Elias, Silje:

Gudleik og Helge har skrive i “Frå fjell til fjord” om skuleåra sine. Dei gjekk ikkje på skulen i lag. Helge

er 17 år yngre enn Gudleik og gjekk i klassen til Gudleik sin yngste bror Nils. Dei hadde dårlege sku-

leår. Læraren var røff. Han tenkte ikkje så mykje på korleis ungane på skulen eigentleg hadde det.

Han brydde seg om at dei skulle læra men ikkje korleis dei lærte eller kva dei måtte igjennom for å

læra. Dei som måtte gå til skulen var våte og kalde heile dagen. Temperaturen i klasserommet skulle

vera 16-17 grader, men det skulle fyrast med ved og ofte vart det ikkje så varmt inne i klasserommet.

Dei sat med våte kle heile dagen. Me trur dei måtte vera mykje sjuke. Læraren var veldig hard med

dei som ikkje kunne leksene. Men han kunne òg vera hard med dei som var flinke. Tenk på han guten

som hadde dysleksi, tenk om Heidi i første ville hjelpa han og så ikkje fekk lov! Det er ikkje noko bra!

Både Gudleik og Helge kunne lesa då dei starta på skulen. Dei var nesten for flinke, og fekk litt kjeft

for det. Ute i friminutta var ingen vaksne som passa på. Det var mange slåsskampar og mykje vald.

STRAFF på skulebenken: Det kom ei lov

Vemund las i Nysgjerrigperbladet:

Før 1898 blei elevar ofte straffa fysisk på skulen. I 1898 kom det ei ny lov der det stod at kvar gong

nokon blei straffa måtte det skrivast opp. Det måtte vera ein til vaksen som såg på. Denne regelen

kom i dette året 1898. I 1936 vart det straffeforbud.

Page 23: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Det var mange dårlege straffemetodar: Skammekrok, pisk på hendene eller klyping i øyra.

Skammekrok = ein krok av skam, der dei måtte stå og skamma seg

Det var mykje arbeid med intervjua på skulen.

Me samla alle notata våre i ein perm i

klasserommet. Så laga me eit skrivedo-

kument i OneDrive, som me skriv i

samtidig. Me laga først overskriftene

på dei tema me hadde spurt om, og så

skreiv me inn namna til dei me hadde

snakka med. Same rekkefølge i alle

tema: Nils, den eldste, først – Anna,

den yngste, til slutt av dei. Det var ein

kjempestor jobb!

“Det gjeld å jobba systematisk”

“Dette er gøye timar sjølv om det er mykje skriving!”

Om skulen

Nils: Starta på skulen i 1946. Han

hadde tre forskjellige lærarar i skule-

tida si. Han gjekk 7 år på Fagerbø

skule på Bergo. Læraren var ei veke

på Bergo og ei veke på Ekse. Gjekk 18

veker i året, hadde 18 veker fri frå

skule men med mykje lekser. Skulen

var kl 9 – 15, matpause 1 time kvar

dag - og 6 dagar i veka. Det året Nils

starta på skulen var det 6 elevar på

skulen, 2 gutar og 4 jenter. Nils var

åleine i 1.klasse. Største talet på ele-

var i skuletida var 9, og det var det

Page 24: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

året Nils gjekk ut av skulen. Nils

gjekk saman med mange jenter,

og dei var snille fortalde Nils. Det

var lærarane òg, så Nils hugsar ik-

kje at skammekroken var særleg i

bruk.

Timeplanen til Nils:

Kristendom, 1.time kvar dag

Norsk: Lesa og skriva

Kjemi og fysikk

Landkunna (geografi)

Teikning, song og gym

Nils hadde bilete frå då skulen var på skogplanting på Nesheim. Dei planta skog ein dag i året.

Lilly: Eg gjekk på Ekse skule. Eg starta på skulen då eg var 7 år, i 1953. Me var 2 i klassen, eg og Haldis

frå Ekse. Skuleveka var 6 dagar. Me gjekk annakvar veke på skulen fordi læraren vår arbeida på sku-

len på Bergo den veka han ikkje arbeida på Ekse. Ekse skule var ein 1-7 skule og me gjekk alle saman i

lag. Eg hugsar ikkje så mykje lekser så det var sikkert ikkje so mykje at det gjorde noko. Me hadde

mykje kristendom på skulen, som den gong vart kalla bibelsoge. I dette faget måtte me læra ute-

natt/”kunna utor”, og det var mykje salmevers. I friminutta på skulen spelte me pinne, leika og slo

ball. Om vinteren gjekk me på ski og aka. Me måtte gå til skulen for det var ikkje veg til bil. Det var

berre kjerreveg til hest. Vegen kom i 1959. På Ekse skule gjekk det elevar frå Trefall, Ekse og Gullbrå.

Me var til saman 10 elevar. Eg blei ikkje straffa dersom eg tulla på skulen sidan, læraren ikkje la

merke til det. Eg hugsar spesielt eit år, då tulla me berre ute og lærte ingenting. Eg vart konfirmert i

1959, eg gjekk for presten på Nesheim. Me måtte gå nedover fordi vegen var for dårleg til å sykla på.

Det året eg var konfirmert kom vegen til Gullbrå. Eg gjekk på skulen 1953 – 1960. Etter det reiste eg

til Voss, som 15-åring. Der jobba eg i tre vintrar på kjøkkenet på Jordbruksskulen.

Atle: Eg var 7 år og 3 månader då eg byrja på skulen. Me var tre i klassen, Asle og Ingrid frå Nesheim i

tillegg til meg. Me gjekk i 7 år, annakvar veke og 6 dagar i veka. Skuledagen var fr 9 – 15, med ein

time matpause. Me hadde lekser den veka me var fri. Me oppfatta den gongen at det var mykje lek-

ser. I frivekene hadde me stil og rekning i lekse. Året var 18 skuleveker. På dei 7 åra mine hadde eg 8

ulike lærarar. Det året eg byrja var det 7 elevar på skulen. På det meste var me 13, og det var elevar

mellom Fosse og Brakestad. Friveka vår var læraren Då var læraren vår på Ekse. Oftast budde læra-

ren på Skulehaugen, og gjekk på ski til Ekse kvar dag. Ein lærar, Mons Høyland, prøvde seg med mo-

torsykkel på skaren oppover Eksingedalen. Det gjekk ikkje så særleg bra. Den siste læraren som

budde på Skulehaugen og gjekk til Ekse på ski var Artur Fasteland i 1965. Det var komme bilveg til

Ekse då, men vegen var stengt den vinteren fordi det var så mykje snø. Eg gjekk på skulen frå 1953 –

1960. I 1958 vart det innlagt vatn på skulen, før det måtte me til ei kjelde oppe i bakken for å drikka.

Det var skammekrok på skulen då eg gjekk der. Eg hugsar folk besøkte den, nokon var flittige der.

Særleg med ein lærar. Eg var ikkje i skammekroken. Ofte var det urettferdig. Ein av dei som kom i

skammekroken kom der fordi han ikkje kunne leksa si. Eg trur det var fordi han ikkje hadde fått det

til, han hadde ikkje fått nok hjelp heime. Slag frå lærar skjedde ikkje i Atle si tid.

Page 25: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Ingvild: Eg begynte på Stien skule i 1964 då eg var 7 år. Eg hadde levande ljos på pulten min, og det

var bilete i avisa av oss. Me fekk straum til ljos på skulen sei-

nare det året, men ikkje straum til oppvarming. Dei store gu-

tane hadde i oppgåve å fyra i omnen, og det var alltid fyrt før

me kom. Me var 3 elevar i småskulen det året eg byrja. I små-

skulen gjekk eg annakvar dag (måndag, onsdag, fredag), i stor-

skulen gjekk me 6 dagar i veka. Eg likte meg på skulen, lekser

var kjekt, iallfall i starten!

Eg fekk aldri straff av læraren. Men bror min og ei jente klas-

sen fekk slag med linjal over handa. Det var av ein lærar som

var der før eg starta. Han sprang rundt pultane og ville ta ung-

ane. Han ville få dei til å grina. Ein av dei sette han oppå eit

bokskåp. Dei måtte læra vanskelege salmevers “utor”, og han

trua dei. Ingen våga seia noko om det heime.

Eg gjekk 7 år på skulen på Stien, et-

terpå gjekk eg 2 år på ungdomssku-

len på Dale, frå 1971 – 73. Me måtte

bu på hybel heile veka på Dale, eg

var 14 år. Bror min Rune var berre

13 då han måtte på hybel. Me var

vekke heile vekene for det var skule

om laurdagen òg.

Skuletur frå den tida skuleskyssen var

ein «Amerikanar»!

Page 26: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Anita gjekk på skulen på

Bergo, same skule som me

går på. Ho starta på skulen

då ho var sju år og gjekk 9

år. Det var 6 i klassen, ei

stund 7. Ho gjekk alle 9 åra i

Eksingedalen, med unnatak

av 4.klasse som ho gjekk på

Evanger. Klassane gjekk sa-

man, 1.-3.kl var småskulen,

4.-5.klassen var storskulen

og 7.-9. var ungdomsskulen.

Anna gjekk på Eksingedalen skule på Bergo. Ho starta då ho var 6 år, og gjekk 10 år. Ho hadde lekser

kvar dag. Dei var 3 i klassen, og gjekk saman med fleire andre klassar i småskule, storskule og ung-

domsskule.

SKULEVEGEN:

Nils: Eg var 7 år og einaste eleven i 1.klasse så eg gjekk åleine frå Nesheim dei første åra. Seinare

hadde eg følgje med Kirsten frå nabogarden og systera mi Rigmor. Eg gjekk eller eg sykla. Om vint-

rane gjekk me på ski. Me gjekk om isane ned mot Kulten, så skrei me ned Kulten eter vegen, ned att i

Fantura og så gjekk me rett fram over vatnet. På Bergo skrei me ned på Vetletjødna, opp att og ned

på Storetjødna og til skulen. Viss det var dårleg is måtte me gå langs vegen. Det likte me ikkje så

godt, for der var det ofte hestebrauta og djupe spor og ilt å gå på ski.

Me gjekk ofte i lag med dei frå Brakestad. Eg venta på han Asbjørn. Han var 3 år eldre enn meg og

større og sterkare så han brøyta veg til oss. Då Asbjørn starta på skulen var han den einaste eleven

som kom ovanfor til skulen. Han gjekk 5 km åleine dei to første åra sine. Ein gong då han gjekk i 1. el

2.klasse var det så fælt eit vêr at når han kom til Bøgarden på Brakestad så snudde han heim att. Det

snødde og blas. Men, då sa far hans: “ Du skoftar ikkje skulen på grunn av dårleg vêr”. Så då måtte

han Asbjørn gå likevel.

Lilly: eg var 7 år når eg begynte på skulen. Eg måtte gå til skulen min på Ekse. Det var ikkje bil eller

buss så enten så gjekk eg til fots eller på ski om vinteren. Eg var av og til redd for og gå til skulen for

på skulevegen kunne eg møta nokon store svarte hestar. Dei var lause av og til så då blei eg aldri sein

til skulen for eg sprang så fort forbi dei.

Atle: Eg hadde ein kort og liten skuleveg så det var ikkje noko problem for meg og komma meg til

skulen sjølv om da var dårleg vær. Det tok ikkje meir enn 5 minutt for meg og komma meg på skulen.

Skjølv om huset mitt var veldig nærme skulen så fekk eg ikkje lov og gå heim og henta meg noko i fri-

minutta. Det var fleire som ikkje kom på skulen eit par gonger på grunn av dårleg vær ,men for meg

skjedde ikkje det på grunn av så kort skuleveg og uansett enkelt og komma seg fram.

Ingvild hadde 20 minutt å gå til skulen. Ho gjekk oftast, eller sykla. Dei første åra hadde elevane frå

Lavik og oppover skulekyss med ein “Amerikanar”. Det var morfar Johan som køyrde den bussen. Så

Page 27: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

tok busselskapet Eksingedalsruta over. Då var det Atle som køyrde. Av og til sat eg på med bussen

heim, Atle sa at eg kunne gjera det.

Anita tok skulebuss frå Gullbrå, ca 13 km.

Anna budde på Bergo, så ho gjekk til skulen

HEIME og fritida

Nils: Fram til eg var 5 å var eg einebarn. På Nesheim var eg òg åleine barn dei først to åra, til Kirsten

på nabogarden vart fødd i 1941. Sidan eg var einebarn så lenge, så vart eg både veslevaksen og kjapp

i replikken. Så fekk eg 2 søsken, Rigmor og Asle.

Eg hadde ein stor familie, og me budde mange i same huset. Eg budde saman med far, søskenbarn,

bestemor og bestefar, 2 onklar (Gudleik til 1954 og Nils til 1950) og ei tante (Ragnhild til 1945). Desse

budde eg saman med fram til eg begynte å skulen.

Lilly: me var 8 barn på garden; 4 her og 4 borte hjå Johannes og Ingebjørg. Eg hadde ein stor familie

med både, besteforeldre tanter og onklar. I huset budde eg saman med mor far og sysken.

Atle: Eg vaks opp med mor og far og 2 brør, Johannes og Jenny, Bernt og Severin. Bestemor budde

saman med oss fram til 1953. I 1956 kom, det ein familie med 3 born (+ at dei fekk 2 til seinare) til

nabogarden. På ein måte vaks eg opp med dei òg.

Ingvild: Eg vaks opp saman med foreldra mine, broren min Rune og 2 bes-

teforeldre. Me budde vetlestova og besteforeldra mine budde i storestova.

Mellom stovene var det eit kjøkken som me alle i huset delte. På Flatekval

var det ungar på fleire av gardane, me var 8 som vaks opp i lag + 2 ungdom-

mar som var litt eldre enn oss. Oldemora mi, Skule-Anna, levde til i 1965. Ho

Skule-Anna var gift med “Flakollskulen”, difor heitte ho Skule-Anna. Eg var

mykje saman med Johan, Besten min. Eg likte å vera med han på tur, særleg

med bilen hans. Besten levde til i 1968.

Anita: Det var 14-15 barn på garden, da eg vaks opp. Sjølv hadde eg 2 søs-

ken. I sjølve huset budde eg saman med foreldre, søsken og besteforeldre. I

andre hus på garden budde det både tanter og onklar.

Anna: Eg vaks opp med mor og far og 4 søsken. Me var såleis 7 personar saman i huset. Me vaks opp

på gard og dreiv med sau og hadde hest. Morfar og mormor budde i “kårhuset”. (kårhus er eit hus

som dei som ikkje driv garden lengre men får lov å bu på garden så lenge di ynskjer det).

LEIK OG VENER

Nils: Eg var mest ilag med familien/brørne mine når eg var liten. Det var ikkje så mange born på gar-

den når eg var liten. Eg var og med syskenborna mine som budde på Brakestad også, men det var

Page 28: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

mest på skulen. Eg likte påskeferien, då var det alltid mykje feriefolk på garden. Eg likte godt å ta syk-

kelen min og reisa ein tur til Bergo. Eg var litt forviten, og på Bergo skjedde det ting. Eg følgde med på

det dei gjorde der, og så havna me ofte i Almane der me fiska, og rodde på vatnet.

Lilly: Eg var saman med dei her på Gullbrå og ungane på Ekse i fritida, eg var mest samane med ho

Haldis som var like gammal som meg. Om vinteren var me mykje ute og leikte. Me skrei på ski og me

skrei på langslede. Elles var eg mykje saman med bestemor og bestefar og dei andre folka på garden.

Eg lærte å strikka og brodera, det var forventa at me skulle kunna det. Og så likte eg godt å vaska! Eg

gjekk rundt til dei andre og vaska og så fekk eg kamferdrops. Me spelte litt ludo, andre spel hugsar eg

ikkje. Eg spelte ikkje fotball eller kort.

Atle: Eg var mest saman med familie som vener på fritida mi. Det var ikkje mange born på garden når

eg var liten så eg hadde ikkje så mange andre enn familie og vere med. Det var av og til eg reiste

andre plasser i dalen og på besøk til vener, men dei første åra kjente eg berre dei som budde i min

skulekrins, frå Fosse til Nesheim. Me var masse ute og hoppa på ski om vinteren og bada om somma-

ren. Me spelte og litt ludo og monopol men ikkje kort for mor var veldig religiøs. Å spela kort gjorde

eg ikkje før eg byrja på jordbruksskulen.

Ein lærar me hadde var flink på skeiser. Han hadde lært av ein gammal Noregsmeister. Me vart

ganske gode, min rekord var på 51,2 på 500m då eg gjekk i 7.klasse. Me måka oss bane på isen. Det

var bane etter internasjonale mål. Svingane laga me med rett radius med hjelp av ei snor og koste-

skaft.

Om sommaren spelte me fotballkampar nede på Lavik. Me hadde bane i Fugladalen, der var det ut-

mark men flatt og fint. Det var Nede-dølingane mot oss her oppe frå. Det kunne gå hardt for seg,

særleg var han Tore berykta for sin sterke innsats! Han gav alt.

Av og til måtte me ta turen til Lavik for å henta varer på

butikken. Då sykla me oftast.

Ingvild: Eg var ilag med dei borna på garden og familien

min. Me hadde ikkje noko organiserte aktivitetar, fann på

alt sjølve. Me spelte fotball og brettspel. Det gjekk mest i

kinasjakk, yatsy og ludo. Det var masse sykling om som-

maren med ungane frå nabogarden og. Me var veldig my-

kje ute og leikte. Spelte ball, laga vegar i grustaket, leikte

med dokker. Om vinteren gjekk me på ski. Me skrei i bak-

kane. Dei andre hoppa, det våga ikkje eg. Eg var yngst her

Page 29: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

på Flatekval, men hang meg på dei eldre ungane. Det hendte òg at me sykla opp til Lavik. I feriane var

det ein del folk på garden som eg òg kunne vera saman med og leika med.

Anita: Eg var både med sysken og dei som budde på garden og. Det var mange ungar på garden når

eg var liten. Me lagde masse snøholer, sykla og spelte fotball. Eg var mest med dei på min egen alder.

Me spelte kort og brettspel og eg fekk elektroniske spel når eg blei litt eldre (16 år).

Anna: Eg var meir med familie enn med vener. Det var ikkje fleire ungar på garden enn meg og sys-

kena mine men eg var med dei andre i dalen men mest sysken. Me spelte fotball, sykla og spelte

brettspel og elektroniske spel. Me var veldig mykje ute og gjekk på ski.

JOLA

Nils; Eg fekk ikkje mange gåver, men eg fekk gåver. Jola var ikkje so ulik med det at me gledde oss og

hadde forventningar. Men ikkje slik som no, me hadde ikkje så store forventningar og var takknem-

lege for alt! Eg fekk mest praktiske ting. Leistar, sokkar, trøyer. Eg fekk lite leiker. Ski fekk me. Ein

gong fekk rattkjelke. Det var stas! Eg fekk ein motorsykkel som eg kunne trekkja opp, då var eg 3 år.

Me gledde oss til jol. Fordi me visste at det var god mat og sånt. 1.joledag var det mat på senga. Då

fekk me kakao og mjølkekaker med sirup og rjomme. Og så fekk me kling! 3.dag jol var det joletre-

fest i skulehuset. Det var kjekt, men eg likte ikkje når eg måtte lesa opp dikt eller små vers. Det kom

jolenisse på joletrefesten. Det var vanleg å ringja i kyrkjeklokkene kl 18 både jolafta og nyttårsafta, 1

time kvar gong.

Lilly; Nei eg hadde ikkje adventskalender. Eg fekk ikkje so mange pakker men eg fekk eit par stykk. Eg

fekk mest klede og sokkar. Eg blei ikkje sur viss eg ikkje fekk dei gåvene eg ville ha. Eg fekk ikkje lei-

ker. Eg fekk kjelke. Me hadde jolatre med glitter og med levande ljos. Me måtte passa på.

Atle; Eg fekk 4-5 pakker. Det var mykje mjuke pakker,

heimalaga av ho mor. Eg fekk kjelke men det var ikkje

ratt so då blei eg skuffa. Eg fekk av og til det eg ønska

meg. Kunne bli skuffa om ikkje alltid fekk det eg ønsk

meg. Me fekk brus av ho mor på jolafta. Me hadde sett

og snudd på flaskene før me opna dei. Det var like stort

å sjå på flaskene og gle seg som å drikka brusen.

Page 30: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Det var like stort å sjå på dei som å opna dei på jolafta. Jolanissen kom, me trudde på jolanissen men

seinare blei da avslørt at da var han far.

Ingvild; Eg fekk adventskalender når eg var 12-13 år. Eg sydde min egen kalender som eg hadde twist

oppi. Eg fekk mange gåver då, men ikkje like mange som i dag. Eg fekk mest nyttige ting. Eg likte å få

tusjar med fargar. Eg kunne bli hissig om eg ikkje fekk det eg ville ha. Eg likte best å få leiker og klede.

Når eg var 3 år fekk eg ein liten rokk som bestefar Johan hadde kjøpt på Brekkhus. Eg likte jola godt!

Men det var ein lang dag. Eg var alltid tidleg vaken og gjekk rundt med presangar på garden. Eg stod

opp klokka 7, og mor måtte stoppa meg så eg ikkje gjekk for tidleg til naboane. Middag hadde me kl 8

om kvelden, etter at dei var ferdige i floren. Så skulle det vaskast opp, og endeleg kom pakkene. Jole-

nissen kom! Eg kikka og lura, og fann fort ut at det var tante Randi!

1.joledag var balen, for då måtte me vera heima. Det var helgedag og ingen fekk lov ut. Eg hadde

frykteleg lyst ut for å visa fram gåvene mine.

Anita; eg hadde adventskalender og eg trengte ikkje og dele med syskena mine. Det var ein sjokola-

dekalender eg hadde. Eg fekk pakker og ofte klede og leiker. Eg fekk passe mange pakker til jul. Eg

elska og sjå på juleseriar og filmar på julafta, eg gleda meg eigentleg meir til filmane på julafta enn

gåvene. Me gjekk ikkje i kyrkja, men det var ikkje ofte gudsteneste i dalen då eg var liten.

Anna; Eg hadde adventskalender, eg måtte dela med søskena mine. Eg fekk sokkar hårstrikk osv... Eg

fekk klede, ski og spel til jul. Eg vart ikkje sur om ikkje fekk det eg ville ha. Eg likte aller best å få ting

som eg kunne bruka ute. Jula mi var heilt super, eg var mykje ute, besteforeldre var her og var heima.

Eg feira også påske. Eg pleidde å få det eg ønska meg. Eg huskar godt at me gjekk i pysj på julafta. På

julafta kom julenissen. Me gjekk av og til i kyrkja saman med Gommor på Flatekval.

LAURDAGANE

Nils: Laurdagen var ikkje so mykje forskjell frå andre dagar. Dei gjekk

på skule på laurdagar men det var litt kortare dagar enn dei andre. Dei

hadde ikkje laurdag snop og ikkje brus. Han fekk ofte pannekaker med

flesk til middag om laurdagen. Det likte han godt. Snop var det ikkje

råd å få ta i.

Atle: Laurdagen var ikkje annleis enn andre dagar, han gjekk på skule

og jobba vanleg. Det var ikkje snop men han fekk kveitebollar i staden

for. Han fekk ikkje noko spesielt til laurdagsmat men det var kveitebol-

lar som var høgdepunktet. Og kakao ved sida av.

Lilly: Laurdagen var ikkje forskjellig frå dei andre dagane for ho gjekk på skule på laurdagar og. Ho åt

ikkje laurdagssnop eller drakk brus for det var ikkje vanleg då. Det var ikkje noko spesielt til laurdags-

kvelds heller men av og til litt liknande middagsmat.

Ingvild: Laurdagen var litt annleis for det var skule men det var ein kjekk ettermiddag. Då kom faren

heim for han jobba i eit anlegg så han kom heim med ein pose med laurdagssnop, ofte tvist! Ho åt

alltid speilegg på laurdagskvelden. Ho høyrte og på barnetimen på radioen.

«Den fyrste

sjokoladebiten fekk eg

under krigen av

tyskarar som overnatta

her hjå oss. Dei tyske

soldatane leikte med

meg, me herja og kasta

snøball inn i gangen.»

NILS

Page 31: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Anita: Laurdagen var annleis for ho hadde fri og det var berre leik og moro. Dei hadde smågodt og

god kveldsmat. På laurdagar var det berre og leike og ha det kjekt. Det var ingen skule eller lekse i

helgene. Det var veldig godt med gryta til kveldsmat.

Anna: Det var annleis og gøy på laurdagar for ho var masse ute og fri. Då var det gøy og spele fotball

og leike. Det var graut til middag og taco til kveldsmat. Laurdagssnop var det også, det gjekk mest i

sjokolade og seigmenn.

JOBBAR FOR FORELDRA

Nils, Atle, Lilly, Ingvild og Anna vaks opp på gard. Faren til Lilly gjekk også med posten, i tillegg til å

driva garden. Han gjekk verkeleg med posten, for posten måtte hentast på Lavik! Det er to mil kvar

veg. Frå bussruta kom, henta han posten i Røyrdalen, så langt vegen var komme. Om vinteren gjekk

han på ski, om sommaren sykla hen eller gjekk til fots. Far til Ingvild arbeidde på anlegg for BKK og

var med på all kraftutbygging i Eksingedalen, Modalen, Evanger og andre stader. Han var vekke heile

vekene, så det var mora til Ingvild som driv garden saman med Ingvild sin bestefar og seinare Ingvild

sin eldre bror. Anita var ikkje frå gard, faren hennar arbeidde på anlegg. Anna sine foreldra hadde

jobbar utanom garden som tømrar og lærar.

Nils seier at det var lange arbeidsdagar og hardt arbeid «før i tida», dei vaksne gjorde alltid noko. Det

måtte fyrast heile dagen, både vinter og sommar. For om sommaren måtte dei fyra i omnen for å

kunna laga mat. Og all klesvask var for hand! Alle ting tok lang tid. Og damene sydde og reparerte kle.

OM JOBBING, VAKSNE OG UNGAR – OG OM JENTER OG GUTAR

Nils hjelpte til med ved, han bar mykje ved. Nils var redd for kyr når han var yngre så han slapp og gå

i fjøset, men ei jenta hadde ikkje sleppe unna så lett for ho måtte mjølka kyrne. Det var forventa av

jentene. Om sommaren var han mykje med på arbeid, det vart forventa.

Lilly fortel: Om vinteren var det ho mor som gjorde det meste av arbeidet i floren, og ikkje minst: Ho

vaska! Me hadde eit lite og kummerleg kjøkken, det var mørkt og det måtte fyrast med ved. Det var

forventa at me ungane skulle hjelpa til. Om sommaren var eg med på stølen. Frå eg var 12 -13 år

måtte eg gå opp og ned til stølen, Gullbråholmen, kvar dag for å mjølka dei 3 kyrne me hadde. Mjølka

sette me i «kolle» (syrna mjølka) på stølen, eller me bar mjølka heim i ryggbøtter.

Atle fortel at dei var med og jobba på garden frå dei var store nok. Han hadde jobben med å bera inn

høy til kyrne om vinteren. Om sommaren var det å vera med på gardsarbeid heime.

Page 32: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Ingvild hjelpte til , og då ho var 15 hadde ho ansvar for garden saman med mora si.

Anita var med og jobba i slåtten på Gullbrå.

Anna var òg med og arbeidde, noko fordi ho måtte og noko fordi ho ville det. I slåtten jobb ho litt

kvar dag, meir når ho blei større. Ho likte å vera med i lemminga

I slåtten så var det vanleg at gutane lærte seg å slå med langorv. Jentene raka og så slo dei med stutt-

orv. Det var sjeldan at jentene kunne bruka langorven. Men mora til Nils kunne det. For ho var opp-

vaksen saman med søstrer. Så då måtte jentene òg læra seg det. Lilly hadde òg lært seg å slå med

langorv. Og Ingvild si mor kunne mykje, for ho jobba alltid på garden. Både Ingvild og mora gjorde

gardsarbeid dei ikkje var vanleg at damene gjorde.

Det var ikkje so mykje forskjell for Anna og Anita mellom jenter og gutar for då gjorde dei for det

meste det same. På fritida måtte dei ikkje jobbe og vist dei jobba var det tilfeldig kva gutar og jenter

gjer.

Nils, Atle, Lilly og Ingvild fortel om at det var forskjell

på kva gutar og jenter lærte i det faget som no heiter

kunst- og handverk. Før hadde dei ikkje dette som

fag heile året. Men dei hadde teikning. Nils sa at det

var det verste han visste! Men Ingvild sa at ho likte

det faget veldig godt. Både Nils og Atle fortel at det

var nokre veker med sløyd for gutane om våren. Då

måtte dei gå til Ekse, for det var der det var sløyd-

benkar. Nils sykla så langt han kunne oppover Ek-

singedalen, men måtte gå dei siste 3-4 km til fots

fordi vegen oppover Røyrdalen var så dårleg at dei

ikkje kunne sykla. Skulevegen til Ekse vart 8-9 km for

Nils og 12 km for Atle. Atle hadde besteforeldre og

onklar på Gullbrå, så han budde der.

Lilly og Ingvild hadde handarbeid. Lilly fortel at då gutane hadde sløyd på Ekse, så hadde jentene

handarbeid på skulen på Bergo. Ho hugsar handarbeidslærarinna Kari Brekke som kom frå Bergsda-

len. Lilly og Haldis budde på Fosse hjå Ragnhild og Magnus. Ragnhild var ei eldre søster av Haldis, dei

var 12 sysken! Dei budde i to veker på Fosse, var heime ein tur søndagen. På den tida gjekk det buss

så langt det var veg, frå Røyrdalen og nedover. Medan dei budde på Fosse gjekk dei til fots til skule-

dagane på Bergo, ca. 3 km å gå kvar veg. Då Anita og Anna gjekk på skulen hadde alle dei same faga

og gjorde dei same tinga.

Atle fortel om ei hending på Ekse:

“Det var mange valdsepisodar, mange oppgjer

mellom dei eldste elevane. Eg hugsar særleg

ein gong på Ekse. Eg sette i gong med å laga

ein taburett (krakk). Eg var nesten ferdig, skulle

til å lakka. Så tok to gutar til å slås. Ein tok tak i

taburetten min og kasta den i veggen. Alt gjekk

sundt. Det var i slutten av sløydperioden.

Eg fekk taburetten med meg heim i bitar”

Nils:

“De må hugsa på: Det var ikkje straum. Ikkje telefon. Ikkje vatn. Ikkje oppbrøytt veg.

Det var utedo. Ingen bil. Vegen gjekk berre så langt som til Nesheim.

Det var ein traktor på Nesheim då eg gjekk i 7.klasse.

No er det 10 traktorar her”

Page 33: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Me tok ein prat med VESLEMØY som har vore lærar i over 40 år i Eksingedalen:

«Eg kom til Eksingedalen i 1971

som lærar på Stien og på Ekse.

Dette var det året dei bygde nytt

skulehus på Bergo, og det siste året

med skule to plassar i Eksingedalen.

Eg hugsar at eg reiste til Eksingeda-

len ei veke før skulen starta for å

komma i gang. Men, der var ingen-

ting å starta med, ingen som

hjelpte meg med kva eg skulle

gjera. Eg hadde ikkje utdanning, og

det hadde vore nye lærarar kvart

år, og ingen rutinar å gripa tak i.»

[Fang leserens oppmerksomhet

med et bra sitat fra

dokumentet, eller bruk denne

plassen til å fremheve et viktig

punkt. Du plasserer denne

tekstboksen hvor som helst på

siden ved å dra den.]

Lilly:

“Alt er lettare no. Me budde kummerleg, sov alle saman på eitt rom. Mor og far sov i

stova kvar vinter, dei flytta senga si ned i stova. Om sommaren sov dei på eit pittelite

rom oppe. Det var hol i taket i stova slik at varmen frå stova kom opp til oss ungane

på lemmen. Me hadde ikkje madrassar i sengene, men låg på halm. Det var grovt

gras. Eg hugsar ikkje at det vart bytt, det var flatt og hardt, med kvitla (ullteppe) oppi.

Me hadde ei slags dyne. Det var kaldt! Kjøkkenet var lite og kaldt, utan vedomn, og

me hadde vedkomfyr. Me hadde innlagt vatn som fraus om vinteren, ho mor tinte

stadig på vatn. Og det var frykteleg mykje vasking før.

Ingvild:

“ Slåtten gjorde dei med hest og hesteslåmaskin. Ein gong sat eg i gra-

set. Han Sverre kom med slåmaskina. Heldigvis oppdaga hesten meg

og stoppa opp. Me hadde ikkje mjølkemaskin. All mjølka laga dei smør

av og leverte på butikken på Lavik. Fram til 1962 vart alt smøret samla

der. Snøvinteren 1962 var heile dalen stengt. Ho mor køyrde hest til

Lavik med smøret. Så kom det mjølkebil som henta mjølka. Me mjølka

i spann og måtte dra eller trilla spanna til mjølkerampen der mjølkebi-

len henta spanna. Det året eg vart 15-16 år var eg heima og hjelpte

mor med garden. Det var tungt å lempa på mjølkespanna når det av

ubrøytt veg. Eg vart sterk. “

Page 34: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Veslemøy var lærar for småskulen, og

«skulte» på Stien og Ekse annakvar dag, altså

6 dagar i veka. Storskulen hadde eigen lærar,

ein på Ekse og ein på Stien, og dei gjekk 5 da-

gar i veka. På Stien gjekk elevane frå Yksen-

dalen og nedover og var det 5 elevar i 1.-

3.klasse og 11 elevar i 4.-7.klasse, 16 til sa-

man. På Ekse var det 9 elevar i småskulen og

7 i storskulen, der gjekk dei frå Fosse til Gull-

brå, 16 der òg. Dei møtte kvarandre då dei

hadde skuletur – og så hadde dei joletrefest

for alle saman på Ekse. Det var ikkje som no

at alle borna i Eksingedalen kjenner kvarandre. Ungdomsskuleelevane måtte gå på skule på Dale og

bu på hybel heile vekene. Det var tøft for dei.

«Det har alltid vore veldig kjekt å arbeida på skulen i Eksingedalen. Det var om lag like mykje å gjera

på skulen for 40 år sidan som no, men mykje er annleis no. Før brukte me bøker og leksikon til opp-

slag, det var mykje lesing i bøkene. Det som er mest annleis er no teknologien og internettet! Det er

mykje større mogelegheiter no enn før til veldig mange ting!»

Var det noko spesielt som skjedde det første året du var lærar her?

«JA! Eg blei forelska, eg fann han Atle! Eg budde på Fosse og han Atle køyrde skulebussen kvar dag.

Det var skotår og me vart kjærastar 23.mars 1972. Den 23.juni same året forlova me oss. Elevane

egla oss for at me var kjærastar, så eg måtte

ha alvorlege samtalar med dei. Me laga ei

kontrakt om ikkje å snakka tøyseprat på sku-

len. Alle skreiv under med fyllepenn»

Og så var det veldig kjekt å vera lærar – og eg

bestemte meg for å bli det. Det har eg aldri

angra på!

Me spurde om Veslemøy hadde eit spesiell

hending ho hugsa godt:

«Ja, me blei stengde inne på loftet på Stien,

døra gjekk i vranglås. Ein elev stod utanfor

døra og prøvde hjelpa, eg og dei andre var in-

nelåste. Så der stod me til skulebussen kom og

han Atle hjelpte oss ut!»

Etter dette skuleåret reiste Veslemøy til Oslo og tok toårig lærarskule, og etter det har ho vore i Ek-

singedalen som lærar og ganske lenge som rektor òg. No er ho mest Farmor!

Page 35: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

ORDFORKLARINGAR av vanskelege ord me høyrde då me intervjua

Hestebrauta = hesten hadde brøyta seg veg og av og til har nokon måka til hesten

Omgangsskule = Før dei fekk skulehus det var skule omkring på gardane

Diktat = skrive rett ord som læraren seier

Attforteljing = å fortelja noko på nytt

Kunna utor = å kunne noko utenat, ha pugga noko slik at ein kan seia det ordrett

Skammekrok = ein krok av skam, der dei måtte stå og skamma seg

Lov = noko menneska skal og ikkje skal, bestemt av styre av landet

Herad = kommune, Eksingedalen høyrte til Evanger herad no er det vaksdal kommune

Leistar = tjukkalabbar, tjukke sokker, ofte heimestika

Kling = tynn lefsa som dei åt til høgtider og fest

Mjølkekaker = små pannekaker

Nøring = at dei fekk frukost på senga på 1.juledag

Langorv = slå graset med langorv, ein slåtteredskap

Stuttorv = liten langorv (stutt = kort)

Ei rive = ein rakke som dei brukte til og rakka graset

Å raka = og samla lau og gras med ein rive

Hesja = og henge alt graset til tørk på ein hes

Hes = ein hesja der, dei henger opp graset på strenger slik at det tørkar

Mjølkespann = eit metallspann til og ha mjølk oppi

Mjølkeramp = ein plass der dei samla mjølkespanna til mjølkebilen kom

Mjølkebil / tankbil = ein stor bil som kjem og hentar mjølka på garden og køyrer mjølka til meieriet

Paring av sau = å laga lam

Lemming = når sauane får lam

Kvitla = ullteppe som dei hadde i sengene

Gå for presten = konfirmasjonsundervisning

Skofta skulen = å skulka eller ikkje møta opp på skulen

Koslestein: Stor, rund stein

Talgaljos = som stearinlys. Før laga dei lys av talg, som er feitt

Page 36: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Me går til skulen: Asbjørn sin skuleveg

Både Atle og Nils fortalde oss historia om

Asbjørn Nese. Han var den som hadde

langst veg å gå til skulen på Bergo.

Historia gjord inntrykk på oss. Så me

bestemte oss for å gå skulevegen til

Asbjørn.

Me starta i tunet på Brakestad, der møtte

Magnar som er sonen til Asbjørn.

Historia om Asbjørn Nese. Ein dag for ca 74 år sidan så var Asbjørn Nese på veg til skulen. Asbjørn

var 8 år og gjekk i andreklassen. Det var så veldig dårlig vèr at han kom ikkje meir enn 5-10 min inn i

turen på veg til skulen før han snudde og gjekk heimatt. Han kom heim og sa til faren sin at det var så

dårleg vèr og blas så mykje at han ikkje klarte og gå. Då sa faren at han kunne ikkje skofta skulen

berre for att det var dårleg vèr. Så han måtte gå i snø, sludd og vind i meir enn ein time som 7 åring.

Det klabba sikkert på skia hans òg. På skulen var han heilt til klokka fire. Så var det å gå heim att òg.

Me gjekk på denne turen for og finna ut korleis det var for dei borna i gamle dagar år de måtte gå så

langt. Dei måtte gå så langt (5 km kvar veg) kvar dag, fram og tilbake frå skulen. Me blei trøtte i beina

og brukte 1 time og 30 min. Dei kunne ikkje bruka så lang tid for då hadde dei komme for seint til

Page 37: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

skulen og fått kjeft. Me stoppa nokon gonger og åt godteri-biler men det kunne ikkje dei før for då

hadde dei komme for seint. Me hadde og på oss masse gode kle og var varme, men det hadde nok

ikkje dei før. So no har me fått ein følelse av kordan det var før.

Klokka 08.15 er eg og Ve-

mund klare til å bli henta

av Liv Anne og Lisbeth.

Me hentar Heidi og reiser

oppover til Brakestad. Der

ventar me på Silje som

kjem med bussen. Me

skal gå frå Brakestad til

Bergo. For i dag skal me

gå til skulen. Me gjer

dette fordi Nils fortalde

oss ei historie om det.

Han sa at me måtte prøva

å gå frå Brakestad å til

skulen i ruska vær.

Og så sa Nils: “De må tenkja på at det er mørkt, det bles

og snøar, og de har masse klabbar på skia.

Det må ha vore tungt å vera Asbjørn når han var

skulegut, særleg 1.-2. klasse. Det var sikkert tungt å gå

laus snø og trakka veg til Nils.

Me gjekk ca 10 000 skritt. Me gjekk 5,5 kilometer.

Me brukte 2 timar + pauser.

Dette var kjekt og ikkje tungt.

Men eg er glad for at eg slepp å gå kvar dag. Og i

dag er eg glad eg kan ta bussen heim i dag.

Page 38: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Salmevers og diktat

Då me kom ned til skulen måtte me stå ved «gamlepulten» og framføra salmevers. For det måtte dei

før. Me hadde første verset på «På Klårfjell», ein gammal salme frå Eksingedalen i lekse. Me øvde oss

litt på skulevegen. Alle greidde det, med litt hjelp av kvarandre!

Så hadde me diktat med

Lisbeth:

Lisbeth las opp vanskelege ord

frå «På Klårfjell». Ho las orda tre

gonger så skulle me skriva dei

rett.

Page 39: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Å bera ved og smaka kamferdrops

Fleire av dei me snakka med fortalde om kamferdrops, at dei gjorde tenester og så fekk kamferdrops

som løn. Så det måtte prøvast, me bar ved til peisen på skulen: “Smakar kamferdropset surt ?”

“Har det gått

ut på dato

sidan det er

frå gamle-

dagar?”

“”Eg hadde

bore ved

igjen for

kamfer-

drops”

«Hadde

mamma

kjøpt inn

kamferdrops

hadde eg

gjerne bore

ved for å få

smaka”

“Deilige drops, veldig

gode!”

“Tygg de dropsen?”

“Nei sjølvsagt ikkje, må

kosa oss med detta”

“Tenk all den veden for dette for dette eine kamferdropset”

“Eg kostar gjerne golvet for ein drops til”

Page 40: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Før i tida trudde folk på underjordiske ting som

huldre og troll. Trua på det underjordiske folket heldt seg i

denne fjellgrenda heilt fram til 30-tallet. Oldemora til Silje seier

og att ho såg ei hulder på stølen deira i gamledagar. Ho var 40-

50 år, og skulle opp der og mjølka kyra. Ho sa at huldra var

veldig fin med ein liten kuhale. H

Huldrene er usynlege og dei bur ute på marka og

under jorda. Dei kan bli veldig store og sinte og då kan dei gi

deg eit klaps i ansiktet sånn at du svime av.

Det er fortalt om ein mann som budde på Gullbrå som hadde

kone og barn heime og så hadde han hadde ei huldrekone ute i

marka og han besøkte med visse mellomrom.

Men i 1959 kom det veg heilt fram til Gullbrå

og det var trulig slutten på det underjordiske,

ihvertfall det underjordiske kjærlighetslivet.

Før i tida trudde dei på mykje

rart. Her er ei slik historie frå

Gullbrå, øvst i Eksingedalen som

Silje har høyrt, skrive ned og

framført:

Ei huldresoge

frå Gullbrå

Page 41: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Del C: Eg og dei andre – møte med andre på vår alder

Me bestemte oss for å senda ut spørjeundersøking

Me begynte med eit tankekart, der me skreiv ting me trudde var annleis med vår skule og

andre. Femte og sjuande klassingene sette seg ned og skreiv ned meir dei lurte på saman. Så

jobba me kvar for oss og fann tre ting kvar som me lurte på. Deretter arbeide me saman og snakka

om kvar sine punkt. Ut frå dei seks punkta våre og samtalen vår arbeidde me med mange nye spørs-

mål. Me korta så ned spørsmåla og arbeide med korleis ein skulle skriva spørsmålet sånn

at me kunne få svar på de tinga me ville ha svar på. Me bestemte oss for og finna litt større og

mindre skular som me kunne sende ei undersøking til. Lærarane våre kjente lærarar som me spurte.

Etter me hadde spurt 4 skular og fått svar om at dei syntest det var greit at dei brukte litt

av deira skuletid på ei undersøking, så sendte me undersøkinga til dei, i posten.

Oppi konvoluttane la me ein svarkonvolutt med adressa vår og porto til å senda oss tilbake.

Me ville og ha nokon svar frå læraren og så me lagde ein liten udersøkelse for dei og. Nokon ting

passa betre for læraren og svara på, slik som handla om heile klassen.

Dei to skjemaa er vedlegg 3 og vedlegg 4 i rapporten. Brevet til skulane er vedlegg 5.

Lærarskjemaet gav oss opplysningar om skulane og Elias merka dei av på kartet:

Bøleråsen skole, 1.-7.trinn, 375 elevar

Med i undersøkinga:

Svar frå 18 elevar frå elevar i 5.klasse

17 nasjonalitetar på skulen

Langhus, Ski kommune

Sørbø skole, 1.-7.trinn, ca 400 elevar

Med i undersøkinga:

Svar frå 48 elevar frå 7.klasse

Mange nasjonalitetar på skulen

Sandnes kommune

Page 42: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Sædalen skole, 1.-7.trinn,

ca. 390 elevar

Med i undersøkinga:

Svar frå 50 elevar frå 6.klasse

Bergen kommune

Ca 25 nasjonalitetar

Her jobbar Hallvard, som

har vore lærar i Eksingeda-

len før!

Vanna Montessoriskole, 1.-10.trinn,

22 elevar

Med i undersøkinga:

Svar frå 9 elevar i 1.-7.klasse

Vannareid, Karlsøy kommune

1 nasjonalitet, litauisk, i tillegg til norsk

Tilsaman vert dette 125 svar som me skal samanlikna med oss i Eksingedalen.

Vanna Montessoriskole med 22 elevar i 1. – 10. klasse liknar mest på vår skule i storleik og at

fleire klassar går saman. Dei tre andre skulane har fleire klassar på kvart trinn, og alle har

omkring 400 elevar og er barneskular med 1.-7.klasse.

Page 43: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

TROMS: Vanna Mon-

tessoriskole,

Vannareid i

Karlsøy

HORDA-

LAND:

Sædalen

skole, Bergen

Eksingedalen

skule,

Vaksdal

ROGALAND:

Sørbø skole,

Sandnes

AKERSHUS:

Bøleråsen

skole,

Langhus i Ski

kommune

Me fann fram til desse skulane ved at lærarane våre kjente ein lærar der,

og så ville me ha skular over heile landet.

Me vart kjempeglade då første konvolutten kom i posten!

Page 44: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Me tel opp!

Me jobba systematisk. Alle svara sette

me inn ein perm med skiljeark mellom

kvar skule.

Først talde me opp alle svara for kvar av

skulane. Det tok lang tid! Me lagde først

teljestrekar, så talde me opp strekane og

skreiv tal. Då blei det lettare etterpå.

Så tok me eitt og eitt spørsmål frå skje-

maet og laga diagram eller me slo saman

spørsmåla og talde opp og samanlikna

med tekst.

Etterpå samanlikna me diagramma og dei

dei andre med oss med å kommentera

resultata me såg.

«Skal me telja alle nei-ane?»

«Nei, ikkje når me tel ja-ane»

«Treng ikkje det, då»

Page 45: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Tenkja! Snakka! Teikna! Lesa! Skriva!

Telja! Rekna! Samanlikna! Diskutera!

Lytta! Lesa meir! Fotografera! Spørja!

Undra! Lura! Nøyaktige! Tålmodige!

Einige? Ueinige?

Nysgjerrige!!!!

Me er forskarar!

Page 46: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Tema: Er du med på organiserte fritidsaktivitetar ?

Eksingedalen og Vanna ser mest

like ut, med organisert aktivitet

ein, to eller ingen gonger i veka.

Dei andre tre er ganske like, der

dei fleste er med på noko organi-

sert tre gonger i veka(gul) og så

mange med på noko to gonger i

veka (grå).

På dei fire skulane utan oss er det ein del elevar som ikkje er med på organisert fritidsaktivitet.

Tema: Kva type organiserte fritidsaktivitetar er du med på?

Den lysaste blå biten står for friluftsliv. Den

biten er heilt klart størst i Eksingedalen,

men også ganske stor for Vanna.

På de tre andre skulane er det nesten

ingen som deltek på organiserte friluftsliv-

aktivitetar, men på Bøleråsen går mange

på ski! På alle dei fire skulane utanom her

er den mørkaste blå biten størst, altså lagidrett. Det er me ikkje med på her no. Viss me skal vera

med på fotball må me reisa til Modalen, Voss eller Dale.

Page 47: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Tema: Kor mykje spelar du dataspel kvar veke?

Her er diagrammet for Eksingedalen mest ulikt

dei andre! 2 av dei 4 i Eksingedalen spelar aldri

dataspel, medan dei to andre spelar meir enn

20 timar i veka, dvs. meir enn 3 timar pr. dag.

Det ser ut som det er litt uvanleg å spela data

så mange timar. Dei andre skulane spelar

mindre enn Eksingedalen. På Bøleråsen spelar

dei fleste 10-15 timar i veka, og mange spelar

1-5 timar.

I klassane på Sørbø, Vanna og Sædalen spelar dei fleste 1 -5 timar i veka.

Gjer du nokon aktivitetar saman med vener på fritida?

Her kunne dei setja fleire kryss. Alle

dei andre er med vener utanom det

organiserte på fritida, Eksingedalen

mindre enn dei andre (mørk blå). Det

grøne står for dataspel, og på alle

plassane spelar dei data med vener.

Den lysaste står for fotball, og det

spelar dei med vener på Bøleråsen, Sædalen og Sørbø. Ikkje Vanna eller Eksingedalen. Gul

står for sykling i fritida, det gjer dei ein del både på Bøleråsen, Vanna og i Eksingedalen.

Page 48: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Kor lang tid brukar du til skulen din?

Til Sørbø og Sædalen skule er det no-

kon som brukar meir enn 20 minutt til

skulen. På spørsmålet seinare i under-

søkinga om skulevegen ser me at me

dei på alle i Eksingedalen og di aller

fleste på Vanna tek buss eller blir køyrde. Nesten alle ved Sædalen og Sørbø går eller syklar.

Det kan bety at Eksingedalen og Vanna har ein lengre skuleveg.

Har du nokon gong vore heima frå skulen på grunn av snøras /vind/storm /straumen har

vore vekke?

Det var nokon få på Sørbø som hadde vore heime frå skulen på grunn av både ras/vind og

manglande straum. Ved Sædalen skule var det òg nokon få som hadde vore heime på grunn

av vind og snø. Ingen på Bøleråsen. På Vanna hadde alle vore heime frå skulen av desse

grunnane, så det er veldig likt Eksingedalen. Berre 1 har vore stengt av snøras, men alle har

vore heime frå skulen i Eksingedalen på grunn av uver og straummangel.

Bur du på gard?

Sædalen skule: 1 av 50 bur på gard, halvparten har besøkt nokon på gard, 17 har aldri det.

Sørbø: 1 av 48 bur på gard, dei aller fleste har vore på besøk på gard, 7 har aldri vore det.

Vanna: Ingen bur på gard, men alle har besøkt ein gard.

Bøleråsen: Ingen bur på gard, 7 av 18 har aldri vore på gard. 3 er ofte på gard.

Eksingedalen: Halvparten bur på gard med dyr, halvparten på gard utan dyr.

Er du i familie med nokon i klasserommet ditt?

I Eksingedalen er det to i gruppa som er brør, det utgjer halve gruppa. I tillegg er 3 av 4 fir-

menningar. Av dei andre skulane er det berre Sædalen som har søsken i klassen, der er det 3

syskenborn, 2 tremenningar og 4 firmenningar – som er få av heile gruppa. På Sørbø er det 2

søskenbarn, 3 tremenningar og 2 firmenningar, men dei aller fleste (39 stk) er ikkje i familie.

På Vanna er det ingen i klasserommet som er i familie, sjølv om dei går fleire klassar i lag slik

som oss, og har elevar frå 1. -10.klasse.

Page 49: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Kjenner du læraren din personleg?

På den minste av skulane, Vanna, kjenner elevane lærarane sin slik som i Eksingedalen. På

dei store skulane er det ca. 1/3 som kjenner læraren sin utanom skulen.

Er det elevmedverknad på skulen din?

Diagrammet viser at i Eksingedalen

opplever alle elevane elevmedverk-

nad. Av dei andre skulane er det Bø-

leråsen som har best positivt resul-

tat.

Gjer du nokon av desse aktivitetane i friminutta?

Me spurte her om alle aktivitetane som

me driv med her i Eksingedalen:

Mørk blå: hjørnetikken

Mellomblå: Sykling

Lys blå: 15-gjelder

Oransje: Aking

Gul: Paradis

Grøn: Boksen går

Grå: Ballspel

Page 50: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Vanna, Bøleråsen og Eksingedalen er ganske like i aktivitetar i friminutta. Sædalen er mest ulik fordi

dei har så mykje ballspel. På alle skulane er det nokon som gjer alle aktivitetane, så det er likt for alle!

Er du saman med vener frå klassen i fritida?

Ved Sædalen skule og på Sørbø er nesten alle saman med same venene på skulen og på fri-

tida. Berre nokon heilt få er ikkje det. På Vanna er 2/3 saman med dei same venene på sku-

len og i fritida. I Eksingedalen er me saman med dei same venene og med andre.

Kva aldersgruppe er du saman med på fritida

Det gule feltet er spesielt for Eksingeda-

len, det er aktivitetar der born og

vaksne er saman. Det er heilt klart

størst for Eksingedalen, og ved Vanna

og Bøleråsen er det ingen som har

kryssa for det.

Det grå feltet, 7-16 år saman, er stort

både for Vanna og Eksingedalen, noko

som er heilt naturleg sidan dette er 1.-

10.-skular. Ved dei tre store skulane er dei fleste samane med folk på sin eigen alder på fri-

tida.

Er det klespress og har du dyre merkekle?

Opplever du grupper av elevar der det er ulik status?

Det er ingen på Vanna, Bøleråsen eller Eksingedalen som opplever klespress. Om lag halvpar-

ten av elevane i Sædalen gjer det og 1/3 av dei på Sørbø. Ved dei to same skulane opplever

ein del elevar at det er ulike status, det gjer dei ikkje ved Bøleråsen, Vanna eller Eksingeda-

len. Elevane frå Sørbø og Sædalen er 6. og 7.klassingar. Bøleråsen er 5.klasse. Kanskje alder

kan vera ein grunn for at dei opplever meir av press og status?

Page 51: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Er du redd for å gjera noko dumt framfor klassen din?

Er du redd for å gjera feil og verta gjort narr av?

Me ser av tala at det er elevane ved Sørbø og Sædalen som er meste redde for dumma seg ut/gjera

feil, nokon fleire i Sædalen enn på Sørbø. Dette er dei største klassane. Elevane på Vanna er òg litt

redde for å dumma seg ut, sjølv om det er den «nest-minste» skulen.

Eksingedalen skil seg ut ved at ingen har kryssa ja her. Ved Bøleråsen har få kryssa for at dei er redde

for å gjera feil, men ganske mange for at dei er redde for å gjera noko dumt. Også her må me hugsa

på at dei som har svart frå Sørbø og Sædalen er 6. og 7.klasse. Så det kan ha noko å seia.

Bakpå spørjeskjema kunne dei skriva ting til oss. Det var spennande å lesa på baksida, det stod fak-

tisk ganske mange ting. Det bekymrar oss at ein elev skriv at han/ho ikkje hadde vener. Me har lyst å

skriva brev til den eleven. Me trur læraren på den skulen kanskje kan finna ut kven det er, slik at læ-

raren kan gje brevet vidare. Me har lyst å skriva til alle skulane!

Her er nokre kommentarar me fekk:

• Hvordan er det i skolen deres?

• Er det rart å gå med så få barn?

• Har det noen gang vært null elever i en klasse?

• Har det vært storm på skolen deres?

• Har dere en stor skolegård?

• Blir man smartere av å ha en hel klasse for seg selv?

• Kva er det dere pleier å spise?

• Er det rart å være en i klassen? Er det rart å være på en skole med så få elever?

• Er det rart å være så få i klassen?

• Har dere opplevd snøstorm og sluppet skolen?

• Er det rart å være med folk som er mindre eller eldre enn seg selv?

• Vi håper dere svarer oss!

• Dette var en bra undersøkelse!

• Spiller du Pokèmon go?

• Er det lang skolevei?

• Det er mange fra Sørbø som har familie i Vaksdal, spesielt på Dale

• Vi er 58 på trinnet, det tar 7 – 10 minutt å gå til byen

• Vi har veldig dårlig klassemiljø (Det er det fleire som skriv det frå ein av skulane)

• Jeg har lyst til å bli kjent med de andre elevene i klassen min, men jeg vet ikke hvordan.

Fordi de eg er med kommer til å bli skuffet.

Page 52: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

5. Dette fann me ut

Likt og ulikt før og no:

Skulen og skulevegen

Det var mange skular i Eksingedalen, og ungane kjente berre dei som var i deira krins.

No går alle på same skule, og me kjenner kvarandre. Her har vore 5 skulehus i Eksingedalen, og før

dei vart bygde var det endå fleire krinsar og omgangsskule. Læraren hadde gard ved sida av og var

lærar i fleire av krinsane. Fagerbø skule på Bergo vart bygd først, det stod der vår skule står no.

Dei hadde mange av dei same faga som oss, men mykje meir «bibelsoge» og salmevers.

Det var frykteleg tøft å vera skuleelev før i tida, alt: skulevegen, skuledagen og heimearbeidet.

Me trudde at det var så mykje enklare å gå på skulen før. Men, det var nok mykje vanskelegare før.

Dei hadde ikkje fri i frivekene, då var det mykje lekser som heimearbeid. Så måtte dei pugga mykje

meir, læra utanåt. Dei måtte stå ved pulten og seia salmevers og så hadde dei ofte diktat. Dei las

vanskelege bøker. Og bøkene hadde frykteleg vanskelege ord og lita skrift.

No har me data, smartboard og internett! Det er faktisk ikkje så lenge sidan det kom, det var i løpet

av Anna si skuletid. Då Ingvild starta på skulen hadde ho talgaljos på pulten sin! For det var ikkje

straum i skulehuset på Stien då. Straum hadde dei ikkje då Nils, Lilly og Atle var born. Og til Gullbrå

kom det ikkje veg før det året Lilly vart konfirmert, i 1959, Tenk på det!

Tilbake til Gudleik og Helge si tid er det ikkje så kjekt å høyra om korleis dei hadde det på skulen. Slik

er det heldigvis ikkje no. - Dette er ikkje bra å høyra på. Eg er veldig glad det ikkje er sånn no. No er

både skulevegen og skuledagen mykje betre for oss. (Vemund)

Det aller vanskelegaste var nok skulevegen og det å vera kald og våt heile dagen. Og gå i allslags ver.

Og å vera åleina med å gå den lange vegen. Og så passa nok ikkje læraren så godt på ungane på

skulen då. Litt tankar om skulevegen vår før og no. (Elias)

Det var nok verre før enn no for det var ikkje alltid veg før der dei gjekk og det var heller ikkje brøyta.

Det var tungt og gå i den djupe snøen, men dei måtte holde ut for og komme i tide. Dei hadde ikkje

noko skulebuss eller bil som kunne køyra so dei måtte gå eller sykla men det var vanskeleg og køyra

den på den vegen de hadde der. Det var heller nesten ingen som hadde sykkel men ski blei mykje

brukt. (Silje)

Me las i Nysgerrigperbladet (nr, år 2018) om straff på skulen. I 1898 blei elevar straffa fysisk. Kvar

gong nokon blei straffa blei det skrivd opp. Det måtte vera ein til vaksen som såg på. Denne regelen

kom i dette året. I 1936 vart det straffeforbud. (Vemund)

Me trudde før at dei fekk straff mykje lengre framover i gamledagar. Men det vart forbode.

Page 53: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Heime, familie og fritid

Det var frykteleg tungvindt heima, utan straum, vatn og veg. Dei eldste me snakka med fortalde

det. Dei hadde ikkje straum. Og ikkje veg om vinteren. Det gjekk lenge før dei fekk veg til Gullbrå. Alt

var veldig tungvindt for dei, fordi dei hadde ikkje straum, lys, vatn eller bad og do slik me har. Alt tok

lang tid. Dei måtte fyra i omnen heile sommaren for å ha noko å koka på. “Tenk for eit arbeid!” Sær-

leg når det var varmt og fint ute.

Før budde det andre familiemedlemmar i huset også, det kunne vera tanter og onklar - eller oftast

besteforeldra. No bur familiane åleine i huset, besteforeldre i eige hus.

Det var ikkje fleire ungar for 80 år sidan enn no. Me trudde det var mykje fleire ungar før enn no.

Me trudde det var mykje meir ungar her før. Og det var det fram til Helge og Gudleik si tid. Då var det

mange søsken i familien. Tenk på den familien på Ekse med 12 ungar! Alle dei fire elevane i 1.-

7.klasse er i familiar som har fire born, Alle har tre søsken!

“4 ungar er bra, 5 er nok – men 12? At det går an!” sa Silje.

Nils er den eldste me snakka med. Han vert 80 år. Dei var berre tre søsken, og det var ikkje så mange

på garden på Nesheim heller, 5 på det meste. No er det 9 born og ungdommar på Nesheim.

Når Anita var born og ungdom på 70-talet var det 14 ungar på Gullbrå. No er me 3 ungar som bur

heime.

Me leikar dei same leikane, men dei leika meir oss før! Alle me snakka med leikte mykje meir før,

både ute og inne, enn det dei fleste av oss gjer. Dei leika eigentleg dei same leikane som me gjer no.

Men, me spelar mykje i fritida og er mykje meir inne. Så ser me på TV, det hadde dei ikkje før.

“Nils hadde òg ein vaksen ven” Nils var som Elias, han hadde vaksen ven. Alle me snakka med leika

med dei andre ungane som dei gjekk på skule eller vaks opp saman med. Slik er det no òg, me er med

folk på heilt anna alder enn oss sjølve også. For eksempel friluftsgruppa og treninga, skirenn og turar.

Det er kjekt med fleire folk i feriane, før som no. Nils og Ingvild fortalde om at det var kjekt at det

kom feriefolk, for eksempel til påske. Dei likte å vera saman med dei. Slik er det for oss også. På Gull-

brå og på Nesheim er det mange folk i feriar og helgene, og då er det mange fleire å vera saman med.

Akkurat som før i tida.

Jola

Jola var veldig annleis. No får me det me ynskjer oss, og me får adventskalender og masse god mat.

Men, det virkar som dei gledde seg like mykje til jola som me gjer no! For alle fortel om kjekke gåver,

god mat, joletre og at det var kjekt! Dei fekk nyttige gåver og vart veldig glade viss dei fekk EI leike!

Det var annleis då Nils, Atle og Lilly var små. Dei visste eigentleg ikkje alt som fans og kunne ikkje yn-

skja seg det til jul. Dei hadde lite pengar så dei tenkte ikkje på at dei skulle handla eller ynskja seg

noko heller. (Elias)

Page 54: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Om arbeid, jenter og gutar

Dei jobba mykje meir enn me gjer! Det er heilt sikkert! Og tenk på han som GJEKK med posten så

langt! Slåtten om sommaren tok mykje lengre tid enn det gjer i dag. Og så jobba alle mykje på gar-

dane. Og så var det masse arbeid med ved, vatn og å laga alt dei trengte.

Nokon av ungane jobba veldig mykje når dei var på vår alder. Det var forventa at dei skulle jobba og

dei gjorde det. Lilly var eigentleg ganske ung då ho måtte gå til stølen og mjølka og bera mjølka til-

bake med seg heim att. Ungane hadde arbeidsoppgåver som var forventa av dei.

Det var meir forskjell på å vera gut og jente før, heime og på skulen. Dei lærte ofte andre ting på

skulen, mest i kunst og handverk. Då lærte jentene ofte og brodere eller sy når gutane hadde sløyd.

Jentene måtte vaske meir og stelle meir i huset før enn gutane. Gutane var i skogen og hogga ved.

Jentene raka graset, gutane slo med langorv. Det var jentene som måtte gå på stølen og vera med og

stella dyra i floren. Men det var unntak.

Kor mykje ein jobbar på garden kan ha meir med interesse å gjera enn kva kjønn ein er. I

Eksingedalen er både damer og menn i floren og dei køyrer traktor no. Men mennene køyrer meir

traktor enn damene no. I intervjua fann me ut at det var damer før òg som gjorde «manneting». Det

var kanskje fordi det ikkje var gutar eller menn til å gjera den jobben, men sansynlegvis var dei

interesserte i det òg. Mora til Nils, for eksempel, ho fortsatte å slå med ljå etter at ho hadde gifta seg

og flytta til ein ny gard. Og Lilly sa at ho lærte seg å slå med langorv fordi ho ville det. Det var ikkje så

vanleg å vera dame og bonde då mora til Ingvild dreiv garden heller, så ho måtte jo vera interessert i

det sidan ho gjorde det! Same med Ingvild som hjelpte mora si det året.

Anita og Anna er på ein måte oppvaksen i ei anna tid enn dei andre: Dei hadde det meir likt med oss,

dei gjekk på same skulen som oss og gjorde dei same tinga. Dei gjekk ungdomsskulen her òg. Men,

me har mykje meir teknologi både på skulen og heime enn dei hadde. Det var ikkje internett når

Anita var lita og nesten ikkje når Anna var på vår alder heller. Dei var mykje meir ute og leika enn det

meg gjer. Dei hjelpte til heime, og det gjer faktisk nokon av oss òg. Av og til, når me vil eller når me

vert spurt.

Me og dei andre

Me er ein liten skule i Norge

Det er berre 35 skular av alle 2 848 skulane i

Norge som har færre elevar enn oss, og viss

me hadde hatt berre 1.-7.klasse her og vore

barneskule no, så hadde me vore den tredje

minste skulen i landet. Viss me ser berre på

ungdomsskulen så er det berre ein ungdoms-

skule som har færre elevar enn oss. Til neste

år vert me fire i barneskulen, og tre i ung-

domsskulen. Året etter vert me to fleire att.

Ved å vera så få som me er så er me ein skule

som er annleis enn andre!

Page 55: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Skulen her og andre plassar:

Me er uvanlege som er så få og går saman mange klassar.

Eksingedalen og Vanna Montessoriskule er mest lik i storleik

og alder på elevane, men dei er likevel «mange fleire» enn

oss. Både der og her går fleire klassar saman i klasserommet

og alle kjenner kvarandre. Dei andre skulane har fleire grup-

per på kvart trinn.

Me er meir i familie med kvarandre enn på andre skular. Her

er me få og me er søsken. Det var slik me trudde det var òg.

Alle dei andre skulane har elevar med fleire/mange nasjona-

litetar, også Vanna har det. Me har ikkje det, men veit at dei

andre skulane i kommunen vår har det.

Me kjenner nok kvarandre betre, iallfall på ein annleis måte.

På Vanna kjenner elevane lærarane sin slik som i Eksingeda-

len. På dei store skulane er det ca. 1/3 som kjenner læraren

sin utanom det på skulen, og dei kjenner mest elevane i sin

klasse.

Elevar i større klassar er meir redde for å dumma seg ut.

I større klassar er det fleire som er redde for å dumma seg ut enn å gjera feil. Me er ikkje redde for

å gjera noko dumt framfor dei andre.

Me har stor medverknad på skulen vår i Eksingdalen. Det opplever alle elevane. Men, så har me

jobba med ordet og no veit me kva det betyr. Kanskje ikkje alle gjer det?

Men, me trur at det er lettare å få alle integrert på ein liten skule.

Me tek buss til skulen. Dei fleste på Vanna gjer òg det. Dei andre går eller syklar. Tida på skulevegen

er ikkje så ulik på skulane.

Andre har òg vore heime frå skulen på grunn av ras/vind/manglande straum. Me trudde ikkje at

andre enn oss hadde vore det. Men på Vanna hadde alle vore det, nokre få på Særbø og Sædalen òg.

Ikkje Bøleråsen. Med snøras skil me oss ut. Det er berre oss.

Me leikar dei same leikane i friminutta.

Fritid her og andre stader:

Dei andre er med på meir organiserte aktivitetar enn oss

Me driv meir med friluftsliv – dei andre mest med lagidrett

Av aktivitetar så er det klart mest deltaking på friluftsliv i Eksingedalen, men også ganske stor for

Vanna. Hjå oss er friluftsliv det einaste lokale tilbodet me har, så nesten alle på skulen (1.-10.klasse)

er med i friluftsgruppa

Page 56: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Dei andre er med vener på fritida, i tillegg til den tida dei er med på organiserte aktivitetar Me i Ek-

singedalen er mindre med vener på fritida i vekene. Det er fordi me er få og bur eit stykke frå kvar-

andre – og fordi nokon spelar data i staden for.

Gutane i Eksingedalen spelar mest data av alle. Alle plassar er det nokon som spelar data med ve-

ner. Men, elevane på dei andre skulane spelar mindre data enn oss. 2 av oss speler over 20 timar i

veka, det er veldig få av dei andre som spelar så mykje. 2 av oss i Eksingedalen spelar mykje, 2 spelar

ikkje. Det kan hende gutane spelar data fordi dei har få å vera saman med, men dei speler òg data

nokon gonger dei kunne vore saman med andre vener. Fordi dei er så vane med det og likar det godt.

Det er mykje meir vanleg med gardar her enn andre plassar, nesten ingen av dei andre bur på gard!

Dei som er minst kjent med gardar er dei på Sørbø og Bøleråsen.

Me er saman med «alle aldrar» på fritida. Me har vener som er både yngre opp til mykje eldre enn

oss. Fordi me er så få, så er ikkje alder så viktig – og me har det fint i lag. Me har vener på vår alder

andre plassar og dei som kjem i helgen på hytter og slikt, men ikkje i det daglege. Andre stader er dei

mest saman med folk på sin alder.

Det er større klespress og oppleving av ulik status på større skular. Småskulane har verken

klespress eller spesielt dyre merkeklede. Dei har heller ikkje grupper av elevar med ulik status. Det

kan vera at dette presset aukar med høgare alder.

Stemmer hypotesane våre?

Nokre av dei stemmer – andre ikkje. Me er ikkje så ulik andre ungar her i Eksingedalen, både før og

no og andre plassar leikar ungar dei same leikane. Men dei leika meir før. No gjer me mange andre

ting òg – og er med på fritidsaktivitetar. Før var det ikkje organiserte fritidsaktivitetar.

Me har lært mykje om gamledagar. Det har vore veldig kjekt! Tenk på alt me ikkje visste!

OG: Det var verre å vera i gamledagar enn me trudde!

KVA ER DET ALLER BESTE

MED EKSINGEDALEN NO?

Me er glade for at me har det tryg-

gare skule og skuleveg enn dei hadde

i gamle dagar. Me er glade for at

ingen blir straffa på skulen.

No er det ein skule i Eksingedalen, og

det er bra å gå på same skulen som

ungdomsskulen, for då vert me fleire!

Det er fint å vera elev ved Eksingeda-

len skule, sjølv om me av og til helst

vil vera heime.

Page 57: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Mange besøker Eksingedalen i helger og feriar.

Då er det mange fleire me kan vera saman med.

Slik har det visst alltid vore her!

Det er bra sidan me ikkje har så mange av vår alder å vera saman med til vanleg.

Me syns at fleire burde flytta til EKSINGEDALEN!

• Frisk luft, masse fisk, ender og sauar!

• Her er veldig fin natur, og eit bra miljø der alle kjenner alle!

• Fine badeplassar!

• Masse snø å leika i!

• Alle stølane, som er fine å gå til!

• Alle gardane, som er fine å ha her i dalen!

• Det er koseleg å sjå alt det fine her!

• Det er trygt og godt med vener i alle aldrar!

• Det er ikkje klespress, alkoholpress og ikkje noko med røyk eller andre rusmiddel!

• Her er masse felles aktivitetar! Trening, fellesturar og friluftsgruppe!

• Her er ikkje noko drama eller uvener, og ein veldig koseleg plass!

Page 58: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

6. Me fortel til andre No skal me skriva brev til skulane som har hjelpt oss i forskinga vår og fortelja kva me har funne ut.

Dei spurte om mange ting om korleis me har det her, og det kan dei jo lesa i denne rapporten.

Me vil gje dei adressa til Nysgjerrigper, så kan dei lesa rapporten vår der.

Kanskje nokon av dei òg har drive med Nysgjerrigper?

Me skal skriva gje rapporten vår til dei me har intervjua. Me håpar dei vil lika å lesa dette.

Etter tema-arbeid har me alltid ein fest for foreldra våre. Me har oppvekst som årstema på skulen

heile dette året, så slutten av skuleåret viser me fram arbeid me har laga og me fortel kva me har

funne ut og lært. Så då kan me fortelja om Nysgjerrigperforskinga vår!

«Det har vore kjekt å finna ut om oppveksten i vår her i Eksingedalen. I starten

laga me eit tankekart som på ein måte bestemte kva me skulle ta med.»

«Me kunne godt ha drive med dette lengre fordi me har gjort så mykje forskjellig og kjekt. Me har

jobba på så mange måtar, og det har vore veldig kjekt å laga alle diagramma.»

«Det har vore fint å snakka med foreldre, besteforeldre

og andre i Eksingedalen når me har vore rundt på intervju.»

«Det me har lært om og funne ut av betyr noko for oss.

Me har forska på «den virkelige verden», noko som angår oss.»

«Eg er tryggare på meg sjølv fordi eg har funne ut så mykje om dalen,

gamle dagar,

meg sjølv og andre som eg ikkje visste frå før.»

MIN VEG

Eg er stor nok no, eg skal ut og sjå

det alle saman ventar på.

Eg har ikkje noko kart, GPS eller map.

Men viss livet var ei sti ville eg vore

«offroad» fordi eg går ikkje same vegen

som andre skal forbi,

Livet er vanskeleg, men eg skal komme

meg fram. Det er masse som ventar,

for no er eg klar.

Eg skal gje alt eg har, so dette

skal nok gå bra.

Silje, november 2018

Page 59: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

VEDLEGG: Vedlegg 1: Intervjuskjema til samtalane

Vedlegg 2: Intervjuskjema med Veslemøy

Vedlegg 3: Spørsmål til lærar på dei andre skulane

Vedlegg 4: Spørjeskjema til elevane ved dei andre skulane

Vedlegg 5: Brev til skulane

Page 60: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Vedlegg 1: Intervjuskjema til samtalane

SPØRJESKJEMA:

Tenk deg at du er 7-12 år.

Korleis var det å veksa opp då i Eksingedalen?

KORLEIS VAR DET HEIME HJÅ DEG?

Kor mange unger var det på garden når du var unge?

Kor mange sysken hadde du?

Hadde du ein stor familie?

Kor mange var de som budde saman i huset, og

Kven var det som budde i huset saman med deg?

FRITIDA

Hadde du mange å vera saman med på fritida di?

Kven var du mest saman med på fritida, familie eller vener?

Hadde du mange venner?

Var du med på nokon aktivitetar?

Kva slags aktivitetar?

Var dekan mykje med vener og leikte mykje ute?

Kva gjorde de mest?

Var du med å jobbe på garden?

I tilfelle, kor ofte og kor mykje?

Gjekk du på stølar?

Gjekk du på turar på fritida?

Kva var hobbyen din?

Hadde du pliktar?

Kva gjorde deko på når deko var 9 - 12 år?

Hadde du elektroniske spel?

Spelte du spel? Kva spel spelte du?

Spelte dekan fotball?

Page 61: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

SKULEN

Kva gjekk du på skule?

Var det fleire skualar i Eksingedalen på den tida?

Dersom det var det, kvar var dei?

Kva alder starta du på skulen?

Kor mange var det i klassen?

Kor mange var det på skulen?

Kor mykje gjekk du på skule?

Kor mange år gjekk du på skulen i Eksingedalen?

Hadde du masse lekser?

Kor mykje?

Har du gått på andre skular enn i Eksingedalen?

- i tilfelle kor mange år og kvar har du gått?

Korleis kom du deg til skulen?

Måtte du gå?

Var det buss?

Fekk elevane straff eller slag av læraren viss dei ikkje gjorde det han sa?

Skjedde det med deg?

Har du lyst til å fortelja om det?

JOLA Hadde de adventskalender, i så fall måtte du dela med syskena dine?

Kva fekk fekk du i kalendaren din?

Fekk du mange gåver til jul?

Kva type gåver fekk du?

Kunne du bli sint viss du ikkje fekk det du ville ha?

Kva likte du best å få?

Korleis var jula di?

Page 62: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Feira du andre høgtider?

Pleide du og få det du ønska deg?

Kva er eit juleminne du husker godt?

Kom julenissen?

Gjekk de i kyrkja?

JOBBAR:

Kva jobb hadde dei heime hjå deg i gamle dagar?

Jobba dei på garden i gamle dagar?

Korleis var det på jobb i gamle dagar?

Kor lang var dagen på jobb?

Jobba DU når du var 9-12 år?

LAURDAGEN:

Var laurdagen annleis enn dei andre dagane?

Korleis?

Kva åt de til laurdagssnop?

Kva åt de til laurdagsmat?

JENTER OG GUTAR

Var det forskjell på å vera gut og jente?

Dreiv jenter med andre ting enn gutane?

Lærte jentene andre ting enn gutane på skulen?

Jobba jentene med andre ting enn gutane heime?

Page 63: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Vedlegg 2: Intervjuskjema Veslemøy

Korleis var det å væra lærar?

Kor mange år har du jobba som lærar?

Kva tid kom du til Eksingdalen som lærar første gong?

Kvar underviste du?

Korleis var skuledagen og skuleveka det første året ditt?

Korleis var det å jobba på skulen i Eksingedalen?

Var det hardt på skulen i gamle dagar?

Hørte elevane dine på deg?

Straffa du folk på skulen?

Viss du gjorde det, korleis?

Var det vanskelege oppgåver på skulen i gamle dagar?

Korleis var det utan så mykje teknologi?

Hadde dei kalkulator?

Kva var mest annleis?

Korleis kom du deg på jobb?

Tok du buss?

Hadde du bil?

Kva er den største forskjellen mellom då du kom hit og skulen no, syns du?

Hugsar du ei spesiell hending frå det første året ditt som lærar?

Kva skjedde året ditt på skulen?

Page 64: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Vedlegg 3:

Spørsmål til lærar

Kryss av på kva som passar best til din skule.

1)Kor mange elevar er det på skulen din totalt?

Mindre en 50 50 50-100 100-150 Meir enn 150

2)Kor mange klassetrinn er det på skulen din?

1-7 1-10

3)Kor mange elevar er det i klassen din?

0-10 10-20 20-30 Meir enn 30

4)Er det fleire nasjonalitetar på skulen din?

Ja Nei

I så fall kva for nasjonalitetar?

____________________________________________________________________

5)Kor mange ulike lærarar har klassa?

1-2 2-4 4-6 Meir enn 6

6)Er det mykje uro i elevgruppa på skulen din?

Ja Nei Av og til Litt

7)Går fleire klassetrinn saman?

Ja Nei

8)Er det fleire klassar på dette trinnet? Eventuelt kor mange?

1-2

2-4

4-6 Meir ein 6

9) Er det noko du har lyst til å fortelja oss, kan du skriva det her:

Page 65: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Vedlegg 4: Spørjeskjema til elevane på andre skular

SKJEMA TIL SPØRJEUNDERSØKING

Namn på skule_________________________ Klassetrinn___________

Kryss av på feltet som du synest passar best til deg.

1) Er du med på fritidsaktivitetar?

Ja Nei

Ikkje med på noko organisert

Ei gong i veka

To gonger i veka

Tre gonger eller meir

2) Kva slags organisert aktivitet er du med på? Du kan setja fleire kryss.

Lagidrett (handball/fotball/)

Går på ski

friidrett

Trim/fellestrening/styrketrening

friluftsliv

musikk/dans/teater

riding

Ikkje med på noko

3) Kor mykje spelar du dataspel?

1-5 timar pr veke

6-10 timar pr veke

10-15 timar pr veke

15-20 timar pr veke

meir enn 20 timar i veka

spelar aldri dataspel

4) Gjer du nokon av desse aktivitetane saman med vener på fritida?

Du kan setja så mange kryss du vil

Ulike leikar Ski/ skøyter

Aking Syklar Sparkar fotball

Spelar dataspel Er ikkje med vener på fritid

5) Kor lang tid brukar du til skulen din?

Mindre enn 10 min 10-20 min

20-30 Eller meir

Page 66: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

6) Har du nokon gong vore heime frå skulen fordi

Ja Nei

det har gått snøras?

det har vore mykje vind / storm ?

staumen har vore borte?

7) Har du nokon gong hatt skule heime hjå deg sjølv, “heimeskule”, eller hjå ein lærar?

Ja Nei

8) Bur du på gard?

Ja Nei

9) Har du besøkt nokon som bur på gard?

Ja Aldri 1-5 gongar Ofte

10) Er du i familie med nokon i klasserommet ditt?

sysken syskenbarn tremenningar

firemenningar Ingen familie

11)Kjenner du læraren din / dine personleg?

Ja Nei

12)Er det elevmedverknad på skulen din?

Ja Nei

13) Gjer du nokon av desse aktivitetane i friminutta?

Ja Nei

Sykklar

Aking

Ballspel

Hoppar paradis

“15 gjelder”

“Spark på boks”

“Hjørnetikken”

14) Er det klespress på skulen din?

Ja Nei

Page 67: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

15) Har du dyre merkeklede?

Ja Nei

16)Er du redd for å gjera noko dumt framfor klassen din?

Ja Nei

17) Er du redd for å gjera feil, og verta gjort narr av?

Ja Nei

18) Opplever du grupper av elevar på skulen din, der elevar har ulik status?

Ja Nei

19) Korleis reiser du til og frå skulen?

Buss Gå/sykle Bil

20)Kjenner du deg trygg på skulevegen din?

Ja Nei

23)Går du saman med venar til og frå skulen?

Ja Nei

24)Er elevar frå klassa di også saman på fritida?

Ja Nei

25)Er du med dei same venene på skulen og på fritida?

Ja Nei

26)Kva for aldersgupper er du saman med på fritida? Du kan setja to kryss

For det meste dei på min eigen alder

Dei på alderen 7 – 12 år

Dei som er 7 – 16 år

Born og vaksne saman

Page 68: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Er det noko du har lyst å fortelja oss, så kan du gjera det her:

Page 69: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Vedlegg 5: Brev til skulane

Til elevane

Eksingedalen skule, 31. Januar 2019

Hei, alle saman.

Me heiter Elias og Silje, og er 10 og 12 år. Me bur i ei lita bygd med om lag 150 personar. Me

går i 5. og 7. klasse på Eksingedalen skule, i Vaksdal kommune.

Vaksdal kommune ligg i Hordaland fylke, grensar til Bergen og det er ikkje så langt herifrå

til Voss.

Me går på ein skule med 9 elevar, frå 1. - 10. klasse. Det er 4 lærarar på skulen vår.

I nokre av klassane våre er det berre ein elev, slik som i 1. , 4. , 5. og 7. klasse. Me i 1.-

7.klasse går saman i klasserommet. Silje i 7.klasse er av og til saman med ungdoms-skulen.

Sist år var Silje den einaste jenta på heile skulen!

I ungdomsskulen er det to gutar i 8.klasse og tre gutar i 10. klasse. På skulen vår er det heile

sju gutar og berre to jenter. I nokre fag er alle elvane på skulen samla i eit klasserom, det er

me både i kunst og handverk og i kroppsøving.

Me i 1.-7. klasse jobbar som “nysgjerrigperar” og har eit prosjekt om korleis det var å veksa

opp før og no, og korleis det er å veksa opp her, samanlikna med andre stader.

Difor sender me ut ein spørjeundersøking til skular, ulike stader i landet.

Me hadde vorte veldig glade om de kan setja av litt tid til å svara på undersøkinga vår.

Me håpar at de kan sendt svara dykkar attende til oss, i vedlagte svarkonvolutt,

innan onsdag.13.februar.

Med venleg helsing frå

Silje og Elias på Eksingedalen skule.

Page 70: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,

Til læraren

Eksingedalen skule, 31. Januar 2019

Hei!

Takk for at du og klassen din har sagt ja til å svara på undersøkinga vår!

Her er litt om oss og prosjektet.

Me heiter Elias og Silje, og er 10 og 12 år. Me bur i ei lita bygd med om lag 150 personar. Me

går i 5. og 7. klasse på Eksingedalen skule, i Vaksdal kommune.

Vaksdal kommune ligg i Hordaland fylke, på Vestlandet.

Me går på ein skule med 9 elevar, frå 1. - 10. Klasse. Det er 4 lærarar på skulen vår.

I nokre av klassane våre er det berre ein elev. (1. , 4. , 5. og 7. klasse)

Det er to gutar i 8.klasse og tre gutar i 10. Klasse. På skulen vår er det heile sju gutar og berre

to jenter. I nokre fag er alle elvane på skulen samla i eit klasserom.

Me i 1.-7. klasse jobbar med eit Nysgjerrigperprosjekt om korleis det var å veksa opp før og

no, og korleis det er å veksa opp her, samanlikna med andre stader. Derfor sender me ut ei

spørjeundersøking til skular, ulike stader i landet for å undersøkja dette.

Me håpar at de kunne sendt svara dykkar attende til oss, i vedlagte svarkonvolutt,

innan onsdag.13.februar.

Me ynskjer oss også eit bilete frå klasserommet som me kan bruka i Nysgjerrigper-rapporten

vår. Har du eit bilete eller to frå korleis skulen ser ut, vert me glade for det òg. Bilete kan sen-

dast digitalt til [email protected]

Saman med spørsmåla til elevane ligg det også eit ark med spørsmål til deg som lærar. Me hå-

par du kan svar på det og senda attende saman med elevsvara.

Tusen takk for hjelpa!

Med venleg helsing frå Silje og Elias på Eksingedalen skule.

Page 71: Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? · Me skal jobba med forskingsprosjektet vårt i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag,