foto: side 1 og 2 (førde arbeidarparti). side 18 (førde...

18
Foto: Side 1 og 2 (Førde Arbeidarparti). Side 18 (Førde Kommune). Side 6 og 12 (Arild Nybø). Side 14, 13, 5, 4 og 3 (Jostein Vedvik) Alle andre (Colurbox.com).

Upload: others

Post on 04-Jan-2020

3 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Foto: Side 1 og 2 (Førde Arbeidarparti). Side 18 (Førde Kommune). Side 6 og 12 (Arild Nybø). Side 14, 13, 5, 4 og 3 (Jostein Vedvik) Alle andre (Colurbox.com).

Side 2 av 18

Førde Arbeidarparti har fellesskap, likskap og solidaritet som verdigrunnlag. Vi trur

på fellesløysingar fordi vi då får til meir, og det gir tryggleik og endå fleire

mogelegheiter for den enkelte.

Vi vil at Førde skal vere eit ope , inkluderande og raust samfunn der alle skal

kjenne seg trygge og respekterte.

Utviklinga i kommunen og regionen vår må bli styrd ut frå kunnskap om fortid, notid

og framtid. Vi må byggje på ny teknologi, søke ny kunnskap og handle ut frå

klokskap. Det er viktig å rekruttere kunnskapsrike medarbeidarar, samstundes som

tilsette får høve til fornying og auka kompetanse. Slik kan vi optimistisk møte

utfordringane i vår tid som klimaendringar, tilflytting, høgre snittalder, ny teknologi og

sentralisering til storbyane, og slik kan Førde ta ansvar som fylkessenter.

Side 3 av 18

Førde Arbeidarparti ser at vår kommune har eit stort ansvar for byggje regionen og

fylket, både ved at Førde slår seg saman med nabokommunar og har eit godt

samarbeid med andre kommunar og fylkeskommunen. Vi må ta vare på vekstkrafta

som næringslivet, høgskulen , spesialisthelsetenestene og dei andre offentlege

institusjonane har. Det er Førde si sentrale plassering som gir gode

konkurranseføresetnader, og dei vi må utnytte til beste for regionen og fylket. Førde

har eit kompetansemiljø som bør og må gi grunnlag for vekst og utvikling.

Førde Arbeidarparti vil difor:

Arbeide for å få fleire statlege oppgåver til Førde

At høgskulen satsar på fleire studielinjer

Byggje ut området rundt sentralsjukehuset og høgskulen til ”Campus Førde”

Ta sitt ansvar for utbygginga av samhandlingsreforma i regionen

Samarbeide med andre kommunar om utbygging av tenester der det er

ønskjeleg

At Førde må halde fram med å utvikle seg som eit handels- og kultursenter

Side 4 av 18

Det som er viktig for å oppretthalde vekstkrafta er ein god bustadpolitikk. Bustad

for alle er eit mål for oss!

Førde Arbeidarparti vil difor:

At Førde kommune i langt større grad skal vere premissleverandør i utviklinga

av nye bustadområde ved kommunal regulering og i tett samarbeid med

utbyggjaren

At Førde Tomteselskap skal vere ein viktig utbyggingsreiskap for kommunen

Det skal byggjast bustader tilpassa alle grupper, areal- og kostnadsmessig.

o Særleg skal ein leggje til rette for at det blir bygd rimelege bustader for

unge som skal inn på bustadmarknaden.

Setje av sentrumsnært område for einebustader

At det blir lagt til rette for bustadfelt i grendene.

Side 5 av 18

For å skape vekst i Førde kommune må vi etablere nye arbeidsplassar. Førde skal

vere ein næringsvenleg kommune som tek godt i mot og arbeider for nyetableringar

og vekst i eksisterande verksemder. Arbeidarpartiet vil styrke kommunen sitt arbeid

for å få etablert fleire arbeidsplassar.

Førde har gode naturvilkår sett i høve fylket for landbruk og skogbruk, og her er ein

sterk næringskultur innan dette feltet! Dette fører med seg industriutvikling og fleire

arbeidsplassar. Førde Arbeidarparti vil leggje til rette for utvikling av eit sterkt

landbruk og skogbruk.

Næringslivet er avhengig av å få tilført kompetanse på alle nivå. Det er viktig at vi

sikrar eksisterande og utviklar nye utdanningstilbod i kommunen i takt med dei

næringslivet etterspør.

Førde Arbeidarparti vil difor:

Etablere hensiktsmessige areal for ulike næringar

At industriområdet på Moskog må etablerast i perioden

Jobbe for eit godt vidaregåande utdanningstilbod.

Utvikle Teknisk fagskule

Vere aktive for å få på plass og utvikle eit fungerande næringsutviklingsapparat

Tilsette eigen kommunal nærings- og utviklingssjef

Leggje til rette for næringsutvikling gjennom tett samarbeid med innovasjonsselskap og andre aktørar.

Leggje til rette for næringsklynger

Etablere møteplass mellom næringsliv og kommune

Stille krav til bruk av lærlingar i kommunen

At kommunen skal ha ei aktiv og strategisk rolle i selskap som dei eig eller er medeigar i, til dømes ”Firda billag AS”

At kommunen skal spele på lag med reiselivsaktørane for å skape vekst

Jobbe for å få etablert ei «Via Ferrata» løype i kommunen

Side 6 av 18

Gode kommunikasjonar som veg, hurtig datakommunikasjon og flyplass er viktig for

eksisterande og framtidig næringsliv. Førde lufthamn – Bringeland er vår nærflypass,

og den vil vi forsvare! Vi må òg sikre oss at vi har tilgang til framtidige hamneområde.

Førde Arbeidarparti vil difor:

Jobbe for at flytilbodet skal oppretthaldast og utviklast vidare til beste for regionen

Arbeide for utbetring og rassikring av riksveg 609 til Askvoll

Stimulere til vidare satsing på utbygging av fiberinfrastruktur

Byggje ut sykkelstiar, gangstiar som knyter dei ulike områda av Førde nærare saman

Byggje gode turstiar for alle grupper brukarar

Side 7 av 18

Førde Arbeidarparti vil arbeide for at vi får ei stabil og god helseteneste for born,

ungdom, vaksne og eldre. Vi har som intensjon at så mange av dei som kan, får

behandling i kommunen, og helst heime, så lenge som det er forsvarleg og muleg. Vi

vil støtte tiltak som styrkjer Førde sentralsjukehus, største arbeidsplassen i

kommunen, sin posisjon.

Ei god folkehelse er både ressurssparande og gir trivsel, tryggleik og velvere for

den enkelte. Gode folkehelsetiltak blir skapt i samarbeid mellom det offentlege og

friviljuge organisasjonar og engasjerte enkeltpersonar. For Førde Arbeidarparti er

folkehelseperspektivet svært viktig.

Førde Arbeidarparti vil difor:

I denne perioden byggje ut sjukeheimstilbodet med fleire plassar tilpassa ulike behov, ikkje minst for dei med demens

At kommunen lagar ein kompetanseplan som synleggjer behovet for helsearbeidarar og klargjer kva som bør prioriterast.

At ein ikkje konkurranseutset helsetenestene.

At folkehelseperspektivet skal vere ein del av all kommunal planlegging

At ”aktiv på dagtid” skal halde fram

At heimetenesta, dagsentertilbodet og korttidsplassar på sjukeheimen får midlar til å utføre dei tenestene som innbyggjarane treng.

Det vert sikra nok lærlingeplassar for elevar i vidaregåande skule som vel å utdanne seg til helsefagarbeidar.

Det vert arbeidd for oppretting av interkommunale audiografstillingar slik at høyreapparatbrukarane i sogn og fjordane kan få hjelp ute i kommunane og ikkje alltid må til sjukehuset for å få hjelp.

Det vert lagt til rette for at fagfolk buset seg her, m.a. Ved at det er tilbod om bustadtomt , også einebustader, sjukehusnært for dei som ønskjer det

Side 8 av 18

Førebygging

Arbeidarpartiet trur at førebygging av sjukdom og helseplager er betre og lettare enn

behandling. Ein vil leggje forholda til rette for å gje folk hjelp så tidleg som mulig og

enklast mulig.

Førde Arbeidarparti vil difor:

Styrke helsesøstertenesta i grunnskulen og vidaregåande skule

Styrke helsestasjonsarbeidet slik at førde kommune kan oppfylle nasjonale krav til desse tenestene.

Sikre helsestasjonen på kveldstid på rådhuset i førde

Styrke miljøkoordinatortenesta på vidaregåande skular

Støtte utvikling av samarbeid mellom spesialisthelseteneste, legevakt og det helsefaglege miljøet på vie i førde når det gjeld både pasientbehandling, utdanning og forsking. Forsking innan velferdsteknologi er svært aktuell, og eignar seg som samarbeidsprosjekt mellom helse og ingeniørutdanninga t.d. velferdsteknologi er nyttig for å auke tryggleiken for mange og skape eit meir sjølvstendig og friare liv

Frivilligheitssentralen må utviklast vidare som ein ressurs for t.d. eldre og som rusettervern.

Ruspolitikk

Arbeidarpartiet vil føre ein politikk som har som hovudmål å drive rusførebyggande

tiltak gjennom haldningsskapande arbeid både i høve alkohol, narkotika og

pillemisbruk.

Arbeidarpartiet støttar seg til rusmiddelforskinga som viser at alkoholproblema i

samfunnet står i direkte samanheng med alkoholomsetnaden . Vi vil difor føre ein

politikk som har som hovudmål å redusere skadane av alkohol i samfunnet.

Førde Arbeidarparti vil difor:

Føre restriktiv politikk når det gjeld type utsalsstader, salstider og skjenketider for alkohol

Stø ein streng kontroll av salsstader og skjenkestader

Styrke det rusførebyggjande arbeidet i skulen og prøve å få inn opplysning om rus som faste saker i foreldremøte i barne og -ungdomsskulen, t d i form av ørebro prevention program( øpp )

Vidareføre bruken av ”ungdomskontrakt” som er eit samarbeidsprosjekt mellom ungdomen, foreldra og politiet som hindra at rusbruk og kriminalitet utviklar seg.

Sikre gode møteplassar for ungdom, t.d. på førdehuset, i skrivarløa og andre stader som kan vise seg å verte aktuelle

Styrke ettervern innan rusomsorga. Dette må sikrast ved at m a psykiatritenesta, heimetenesta, og kronborg ressurshage får ressursar til dette

Side 9 av 18

Førde Arbeidarparti ønskjer å byggje eit samfunn med gode oppvekstvilkår for barn

og unge. Førde er ein trygg stad å vekse opp, med god felles identitet, der alle er

inkluderte i fellesskapen og kjenner seg trygge og blir tatt vare på. Gjennom

barnehagen og skulen skal vi og byggje framtidig kunnskap i førdesamfunnet.

Med tilnærma full barnehagedekning skal vi no arbeide for høg kvalitet i barnehagen.

Barnehagane må sikrast eit godt pedagogisk innhald gjennom tilsette med kvalifisert

utdanning. Førde Arbeidarparti vil arbeide for at alle tilsette i barnehagen skal ha

fagutdanning, at minst halvparten av dei tilsette i barnehagesektoren skal ha

pedagogisk utdanning. Førde kommune skal tilby lærlingplassar for barne- og

ungdomsarbeidarfaget i barnehagane sine.

Mange av barnehagane treng vedlikehald og fornying. Vi vil bruke det økonomiske

handlingsrommet vi har, til å ruste opp dei kommunale barnehagane til moderne

standard.

Side 10 av 18

For oss er og eigarskapen til sektoren viktig. Fram til no har det vore ei målsetting å

få full barnehagedekking raskt. No skal vi ta grep om eigarskapen. Det vil framover

bli behov for nye barnehagar i Førde. Førde Arbeidarparti ønskjer at nye barnehagar

skal byggjast og eigast av kommunen.

Skulene i Førde hevdar seg godt nasjonalt. Ved satsing på godt samarbeid med

heimen, fleire og betre utdanna lærarar, stimulerande læringsmiljø og godt utstyrte

skulebygg vil dette halde fram. Ei av hovudutfordringane i dag er at Førde kommune

brukar relativt lite ressursar i skulen. Førde Arbeidarparti ønskjer å bruke det

økonomiske handlingsrommet ein måtte få til å auke ressursane til drift av skulane

gjennom fleire lærarar og nytt materiell. Vi vil sikre skulane ein god ressurstilgang.

Utvikling av tenestene handlar om kunnskap. I Førde Arbeidarparti ønskjer vi å vise

lærarane tillit. I den seinare tid har bruken av kartlegging og andre måleinstrument

vore diskutert. I Førde ønskjer vi ikkje ei utvikling der resultat skal brukast til å måle

skular opp mot kvarandre, men til å fremje læring hos den enkelte elev. Vi vil difor ha

ei tydeleg innretning på kvalitetsverktyet i sektoren for å sikre at

resultatinformasjonen vert nytta til å heve kvaliteten på opplæringa, og ikkje som eit

konkurranseinstrument.

I ei tid der fylkeskommunen står overfor store økonomiske utfordringar, vil ein

oppleve at skulestrukturen på den vidaregåande opplæringa kjem opp til debatt.

Førde Arbeidarparti skal arbeide målretta for å sikre eit godt vidaregåande

opplæringtilbod i Førde.

Førde Arbeiderparti meiner det er viktig med eit godt utvikla SFO - tilbod. Dette er

identitetsskapande og sosialt utjamnande, og Førde Arbeidarparti vil arbeide for at

SFO -tilbodet skal styrkast.

Førde Arbeiderparti vil difor:

Lage ein plan for kvalitetsretta utbygging av Førdebarnehagen

Ruste opp dei kommunale barnehagane

Sikre at nye barnehagar skal eigast og drivast av Førde kommune

Arbeide for at halvparten av dei tilsette i barnehagane har pedagogisk

utdanning

Arbeide for stønad til etterutdanning og vidareutdanning

Arbeide for at alle tilsette i barnehagane har fagutdanning

Sikre skulene ein god ressurstilgang, og auke satsinga på opplæringssektoren

ved økonomisk handlingsrom.

Gjennom dialog med Førde kommune fremje godt skuleeigarskap med god

bruk av informasjon

Arbeide for styrking av SFO -tilbodet til funksjonshemma

Satse meir på psykisk helse i skulen

Side 11 av 18

Arbeidarpartiet ønskjer å byggje ein by der alle kjenner seg inkludert; der ein kan

utvikle seg som menneske, ha eit arbeid, dyrke sine interesser, sin religion og vere

seg sjølv i eit fellesskap. Alle må få tilgjenge til kunst- og kulturopplevingar uavhengig

av bustad og inntekt.

Vi vil at Førde skal vere eit idretts- og kultursenter i Sogn og Fjordane; eit senter

for teater, dans, musikk, bildande kunst og idrett av ulike slag. Byen skal særleg

byggje på og fremje nynorsk språk og kultur, slik at den blir opplevd som

”Nynorskbyen” i Vest!

Førde Arbeidarparti vil difor:

Stø tiltak som utviklar og styrker Førde -identitet

Stø dei friviljuge organisasjonane

Arbeide for at det blir opprett eit ”kulturråd” til liks med ”idrettsrådet”

Stø opp om og byggje vidare ut Førdefestivalen, Sogn og Fjordane teater og

Sogn og Fjordane kunstmuseum/Musea i Sogn og Fjordane

Side 12 av 18

Førde utviklar seg som ein by for profesjonelle kunstnarar, ei ”kulturklyngje” som

trekker til seg kunst- og kulturinteresserte; ein by som satsar på kulturbaserte

næringar.

Byggje ny Førde kulturskule i tilknyting til eit ombygt og modernisert Førdehus

Førdehuset skal framleis vere det sentrale kulturbygget i Førde og vidareføre

ideen om ” Det utvida kulturomgrepet”, tanken om at kultur og idrett høyrer saman

og utfyller kvarandre, ånd og fysikk. Vi vil eit Arena Førde

Medverke til at Oddvar Torsheim får ei eiga fast utstilling i Førde

Ha gratis halleige for born og ungdom under 18 år

Stø tiltak som ”Den kulturelle skulesekken” og ”Den kulturelle spaserstokken”

Stø utbygging og modernisering av Førde bibliotek, gjerne i retning av eit

”litteraturhus”

Stø ei grundig planlegging av storhall både for bygging og drift

Byggje idrettshall på Halbrend

Planleggje og byggje ut eit godt Førde Stadion

Stø utbygginga av Kråkenesmarka som skyttarstadion og motorsportanlegg

Stø utbygging av Langeland Skisenter og Blomlia. Samarbeide med Jølster om

Bjørkelia skisenter

Satse på utbygging av turvegar både i sentrum og i utmarka.

Satse på sykkelvegar.

Stø ei vidare utbygging og ferdiggjering av Hafstad Idrettspark.

Side 13 av 18

Førde Arbeidarparti vil arbeide for at Førde kommune vert ein attraktiv stad for ungdom. Vi vil arbeide for at ungdomen får utfalde seg på gode møteplassar og ha gode skuletilbod, fleire lærlingplassar, rikt kulturliv og sterke ungdomsorganisasjonar. Ungdomen er framtida, og deira meining er viktig for oss, difor ønskjer vi å styrke ungdomens bystyre. Førde vil skape ein pulserande studentby, gjennom gode møteplassar, aktivitetar og eit godt studentliv. Førde Arbeidarparti vil difor:

Legge til rette for dei som ynskjer lærlingeutdanning

Kjempe for eit godt skuletilbod for alle

Leggje til rette for ei god oppfølging for vanskelegstilte i skulen i overgangen frå barneskule til ungdomsskule, og ungdomsskule til vidaregåande

Leggje til rette for styrka ungdomsdemokrati, gjennom ungdomens bystyre

Gje ungdomens bystyre tale og forslagsrett i bystyret

Arbeide for eit godt busstilbod for unge

Leggje til rette for gratis og gode møtelokale for ungdomsorganisasjonar

Satse på bustadbygging for unge som ynskjer å etablere seg i Førde

Etablere sommarjobbordning gjennom kommunen, som gjev ungdomen lettare tilgang til arbeidsmarknaden, og dei får jobberfaring

Halde på ungdomshelsestasjonen, og vidareutvikle tilbodet Heve øvste grensa for gratis prevensjon frå 20 år til 25 år

Arbeide for etablering av næringshage for unge gründerar

Side 14 av 18

Alle kommunar har eit fellesansvar i satsinga på eit godt klima og miljø. Førde Arbeidarparti vil styrke kommunen si satsing på sykkelby - identiteten. Dette gjer vi gjennom betre sykkelveger, fleire sykkelstativ, leige av bysyklar, m.m. Vi må bygge fleire ladestasjonar for el-bilar, og styrke kollektivtilbodet gjennom rimelege bussbillettar og fleire avgongar. Førde Arbeidarparti er for gruvedrift ved Engebø-fjellet, men er imot eit fjorddeponi i Førdefjorden. Klima og miljø må vege tyngre enn økonomisk gevinst. Transportsektoren står for ein tredjedel av klimagassutsleppa i Noreg, difor ønskje Førde Arbeidarparti at kommunen skal jobbe for klimavenlege offentlege køyretøy i Førde. Førde Arbeidarparti vil difor:

Innføre kjeldesortering, eksempelvis plast, matavfall, metall m.m.

Kjempe imot fjorddeponi i Førdefjorden

Halde fram med å utvikle sykkelbyen Førde

Bygge fleire sykkelstativ og -garasjar rundt om i sentrum

Bygge fleire lade-stasjonar for både bil og sykkel

Betre kollektivtilbod, eksempelvis fleire avgangar

Alle nye offentlege motorkøyretøy i kommunen skal vere av klimavenleg teknologi, eksempelvis gass, el-bil, hydrogen m.m.

Bygge i høgda for å spare areal og miljø

Fortetting av Førde kommune, der bustader og arbeidsplassar i større grad vert lokalisert rundt kollektivknutepunkta

Side 15 av 18

Førde er eit moderne samfunn i vekst. Ein viktig del av denne veksten er innflyttarar

og innvandrarar. Stansar veksten i Førde, stansar og veksten i fylket. Det er såleis

viktig at førdesamfunnet legg til rette for at nye borgarar kan kome hit, busetje seg,

finne sitt arbeid og kjenne seg heime. Det skal vere lett for innvandrarar å kome i

arbeid slik at dei skal kunne leve av eiga inntekt. Her har både kommunen,

næringslivet , dei friviljuge organisasjonane og samfunnet elles ei viktig sams

oppgåve. Førde Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Førdefestivalen og ulike kyrkjelege

organisasjonar og enkeltpersonar gjer ein god jobb, som vi støttar. Det er viktig at

innvandrarar får vere med på dei arenaer det dei kan byggje nettverk.

Samarbeidet mellom flyktningmottaka i Førde og Jølster, Norsksenteret i Førde og

NAV er godt, men viktige tiltak kan gjere det lettare for desse institusjonane. Førde

Arbeidarparti ønskjer ein aktiv politikk ut frå ein gjennomdebattert handlingsplan.

Førde Arbeidarparti vil difor:

Arbeide for å auke kunnskapen om innvandrarar til Førde

Talet for busetjing av innvandrarar som kommunen og regionen tek imot, skal auke

Arbeide for at Norsksenteret får fleire større klasserom

Side 16 av 18

Styrke Norsksenteret sitt arbeid med å integrering, rådgiving og norskopplæring og at introduksjonsprogrammet blir så godt som mogeleg og veltilpassa den enkelte innvandrar med omsyn til rådgiving

At det blir oppretta eit etableringsprogram for innvandrarar busett i Førde, slik at dei får arbeid eller utdanning, gjerne ved trainee -program, vikarstillingar og liknande

Bruke og synleggjere suksesshistorier for å vise kva som kan vere mogeleg å få til

Motivere kommunen, offentleg institusjonar som Førde Sentralsjukehus og næringslivet til å ta imot fleire for språkpraksis

Motivere til at verksemder set seg som mål å ha ein viss prosent tilsette med innvandrarbakgrunn

Byggje rimelege bustader ut frå eit sosialt bustadprogram

Stø sosiale og kulturelle tiltak, både kommunale og av friviljuge, som fremjar integrering og aukar fritidstilboda. Til dømes Bornas verdsdag (Førdefestivalen) , Røde Kors flyktningekoordinator /guide, Førde internasjonale kor og liknande tiltak.

Stø tiltak som styrkar likestilling mellom kjønna og legg til rette for ei god familiebygging for unge innvandrarar

Leggje til rett for at Førde kan ta imot mindreårige innvandrarar

Busette innvandrar- familiar i fleire bu- område og fordelt på fleire skular

Side 17 av 18

Gruppa ”eldre” blir stadig større og meir samansett. Mange har svært god helse og

lever aktive liv, medan andre har trong for meir tilrettelegging , har gjerne samansett

sjukdomsbilete og treng ulik grad av støtte og oppfølging frå familie. Deltaking i

politiske og sosiale organisasjonar vil vere viktig både for samfunnet og den enkelte.

Å gjere nytte av røynsle, kunnskap og arbeidskraft og å vere til nytte er to sider av

same sak. Gode sosiale samvær og aktivt liv førebyggjer einsemd og sjukdom.

Førde Arbeidarparti vil difor:

Ha eit nært og godt samarbeid med dei eldre sine organisasjonar

Stø tiltak som aukar eldre si deltaking i samfunnet

Stø tiltak som ”Den kulturelle spaserstokken”,” Seniordansen”,

”Senioruniversitetet” , ”seniornettverket” og andre liknande kulturtilbod

Stø tiltak som kan leggje til rette for og motivere til mosjon og aktivitet

Side 18 av 18

Dei tilsette i Førde kommune yter stor innsats og er svært lojale og pliktoppfyllande i

sitt arbeid. Kommunen leverer gode resultat både i økonomistyring og tenesteyting.

Det viser brukarundersøkingar. Leiinga og tilsette lyttar til innspel både frå

innbyggjarane og frå politikarane, og det er eit godt og tillitsfullt samarbeid.

Førde Arbeidarparti er kritisk til organisasjonen til tider kan virke noko uoversiktleg.

Når den politiske makta er sentralisert til eitt organ som både er formannskap,

finansutval og planutval, er det vanskeleg å få ein brei og god politisk debatt. Ei

større spreiing av politisk makt er noko som må takast opp til vurdering, særleg med

tanke rollene til dei politiske komiteane.

Førde arbeidarparti vil difor:

Vere aktivt deltakande i debatt og tiltak for å sikre heilskapen i dei kommunale

tenestene. Vi vil særleg lytte til brukarane og dei tilsette

Aktivt følgje med i Kommunenes Sentralforbund KS sine forslag og tiltak og ta

opp aktuelle saker til debatt

Det blir tilsett nærings- og utviklingssjef direkte under rådmannen.

Samfunns og utviklingskomiteen blir omgjort til Komité for næring og utvikling