færøyene farvel - wordpress.com · færøyene blei ein del av noregsveldet. då danmark måtte...

5
5. OKTOBER 2013 26 BTMaGaSiNeT

Upload: others

Post on 15-Jul-2020

3 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Færøyene Farvel - WordPress.com · Færøyene blei ein del av Noregsveldet. Då Danmark måtte gje frå seg Norge til Sverige i 1814, blei Færøyene verande dansk. n Øygruppa

5 . o k t o b e r 2 0 1 326 BTMaGaSiNeT

Page 2: Færøyene Farvel - WordPress.com · Færøyene blei ein del av Noregsveldet. Då Danmark måtte gje frå seg Norge til Sverige i 1814, blei Færøyene verande dansk. n Øygruppa

5 . o k t o b e r 2 0 1 3 27BTMaGaSiNeT

FarvelFærøyeneFærøyingane forlet dei grøne øyene i Atlanter­havet. Særleg kvinnene lar seg lokke av storby­livet. Dei seier dei kjem tilbake. tekst: Terje Ulvedal foto: ÓlavUr FrederIKSeN

Page 3: Færøyene Farvel - WordPress.com · Færøyene blei ein del av Noregsveldet. Då Danmark måtte gje frå seg Norge til Sverige i 1814, blei Færøyene verande dansk. n Øygruppa

5 . o k t o b e r 2 0 1 328 BTMaGaSiNeT

– Vi kjem til å flytte heim att!Barbara, Halda og Bjørg svarar omtrent

i kor. Dei tre jentene står på spranget til vaksenverda. Men vaksen livet startar ikkje i Nodragøta eller Skálafjørdur, heimbygdene deira. Tida frå ungdom til vaksen, åra som er så viktige for å forme menneske, skal dei bu ved studiestader i England og Danmark.

Barbara, Halda og Bjørg gjer som sine jamaldringar. Dei dreg ut. For å lese, som dei seier.

Sjølv om alle tre no seier dei skal til-bake, når dei har lese seg ferdige, vil ikkje så skje. Kan hende kjem ei av dei. Kanskje to? Men alle tre? Aldri. Det seier nemleg statistikken.

– Velkomin heim, seier flyvertinna når vi landar på Vágar, flyplassen på øya med same namn.

Problemet er at det blir stadig færre å ønskje velkomen heim. Med boka «Exit Førøyar» har økonomen Heri á Rógvi og medievitaren Høgni Reistrup sett dags-orden for det offentlege ordskiftet på Færøyane. Dei dokumenterer at fødsels-tala stuper og at folketalet er i kraftig tilbakegang.

– I mitt årskull var vi 700. I dag blir det fødd i snitt 500 barn kvart år, seier Heri.

Nedgangen i fødselstal fortel mykje åleine. Men her er litt meir statistikk.

Folketalet nådde ein topp i 2009. Då var det registrert 49.647 færøyingar. Sidan har det gått ned med 300 kvart år, og er no i overkant av 48.000. Færøyane har eit kvinneunderskot på 2000.

I seg sjølv høyrest det kanskje ikkje så gale ut. Men det er ille, forsikrar Heri og Høgni:

– Utflytting er den største utfordringa i samfunnet vårt.

I boka dokumenterer økonomen og medievitaren at sjølv om folketalet har vakse fram til for fire år sidan, har det i røynda skjedd ei formidabel utvandring like sidan andre verdskrigen.

– Årsaka til at innbyggjartalet har auka, er at færøyske kvinner har fødd mange barn. Langt fleire enn sine med-søstre i Europa. Men no tek dei etter kvinner elles i vesten. Fødselsraten går ned, seier Reistrup.

– For få kvinner føder stadig færre barn.

Dei to forfattarane meiner utviklinga på Færøyene er den same som skjer i ut-kantstrok på Vestlandet og i Nord-Norge, og at mange av dei same mekanismane slår inn. Men det er ein vesentleg skil-nad. Folketalet i nasjonen Norge går opp, i landet Færøyene går det andre vegen.

– Når innbyggjartalet går ned i eit heilt land er det uhaldbart, fordi det er

bokSUkSeSS: Høgni Reistrup (til v.) og Heri á Rógvi har berre att ti eksemplar av boka om utflyttinga. Men boksuksess var ikkje det viktigaste, det var at temaet kom på dagsordenen. – Då vi drog for å studere snakka ingen om fråflytting, i dag kjenner alle situasjonen, seier dei to.

iNFormASjoNSmØte: Seks av ti ungdomar studerer ute. 70

prosent av utanlandsstudentane er kvinner. Ifølgje statistikken

skal berre ein av desse to første­årsstudentane vende heim.

Gler SeG: Bjørg, Halda og Barbara (rekna frå v.) gjer som unge færøyske kvinner flest. Etter vidare­gåande dreg dei frå dei grøne liene heim til utlandet for å studere. – Storbylivet lokkar, seier dei.

Færøyene

n Øygruppe i Nord-Atlanteren. 18 vulkanske øyer, men ingen

vulkansk aktivitet i dag. Det bur folk på 17 av øyene. Innbyggjartalet no er litt i overkant av 48.000. Hovud-

stad er Tórshavn med i underkant av 20.000.

n Irske munkar var dei første som kom til øyene, kring år 625. Norske busetjarar slo seg ned etter 850, og Færøyene blei ein del av Noregsveldet. Då Danmark måtte gje frå seg Norge til Sverige i 1814, blei Færøyene verande dansk. n Øygruppa har etter krigen sikra seg ein stor grad av sjølvstyre, og færøyingane ser på seg sjølv som ein eigen nasjon. Utanriks- og forsvarspolitikken er felles med Danmark, elles bestemmer Lagtinget. n Språket er ein del av den vestnordiske språkgreina og stammar frå det norrøne talemålet. Færøysk seiest å ha overlevd på grunn av den sterke songtradisjonen. Alle færøyingar snakkar dansk som andrespråk, og kommuniserer utan problem med folk frå Norge, Sverige og Danmark.

FærøyeneI S L A N D

N O R G E

S T O R B R .

© BT

Page 4: Færøyene Farvel - WordPress.com · Færøyene blei ein del av Noregsveldet. Då Danmark måtte gje frå seg Norge til Sverige i 1814, blei Færøyene verande dansk. n Øygruppa

5 . o k t o b e r 2 0 1 3 29BTMaGaSiNeT

så mange direkte linkar mellom folketalsauke, økono-misk framgang og andre vekstfaktorar.

Framskrivingar av folketalet viser at om 20 år vil 11.000 færøyingar, kvar fjerde innbyggjar, vere over 67 år.

– Kven skal då betale for velferdsordningane? spør dei to forfattarane.

I sIste nyttårstalen til det færøyske folket karakteri-serte lagmann, eller statsminister Kaj Leo Johanne-sen folketalsutviklinga som den største utfordringa landet har.

Frå kontoret sitt på Tinganes ser den tidlegare landslagskeeperen i fotball rett ned på svaberga der dei første nordmennene som kolonialiserte øyene samla seg til ting. Lagtinget på Færøyene blir rekna som eldste lovgjevande forsamlinga i verda. Den dag i dag blir øyene styrt frå staden der vikingane samla seg for meir enn 1000 år sidan.

– Dei første nordmennene som kom hit var flyktnin-gar, fortel lagmannen.

I seInare år har det blitt lite innvandring. Nettopp liberalisering av innvandringspolitikken er eitt av til-taka i ein plan for å få vekst. Medan nye landsmenn har berga folketalet i meir enn ein norsk utkant, er det langt mellom utlendingar på Færøyene. Innvand-ring har stort sett avgrensa seg til adopsjon og menn som finn seg koner i Asia.

Noko frislepp er det likevel ikkje snakk om. Model-len er Canada, det skal bli lettare å få opphald for per-sonar med kompetanse øygruppa etterspør.

– I dag er det nesten uråd å oppdrive ein elektrikar på Færøyane. Alle er tilsette i færøyske utleigefirma som har oppdrag i den norske oljenæringa.

Ifølgje lagmannen har Færøyane på kort tid skapt nærare 1500 arbeidsplassar i oljen. Med få unntak job-

bar og skattar alle til Norge. Dei arbeider i tilnærma nordsjøturnusar, bur på Færøyene og brukar pengane sine der. Mange har også funne seg arbeid i den nor-ske fiskerinæringa.

– Norge er ein av dei mest spennande arbeidsplassa-ne for færøyingar. Men når så mange av våre dreg ut, må vi også hente inn arbeidskrafta vi treng, seier Jo-hannesen.

Nokre trur olje skal bli redninga. Neste år set Statoil i gang den største leiteboringa nokon gong i færøysk farvatn.

– Om vi finn olje vil Færøyene over natta vere rikare enn Bahrain. Det vil gje enorme endringar. Men vi skal klare oss utan, seier lagmannen.

Born, kvInner og menn finn fram bunadene. Frå øyene strøymer dei til Tórshavn for å feire olsok, færøyin-gane sitt svar på 17. mai.

Fleire tusen samlar seg på Vaglid, torget i sentrum. Folkesongar skal syngjast. Og dansast. Det skal kap-past i nasjonalsporten, kapproing i trebåtar. Medle-mene av det færøyske lagtinget går i prosesjon til par-lamentsbygget og opnar haustsesjonen. Feiringa kulminerer med allsong ved midnatt, før unge som gamle tek kvarandre i hendene, og i tusentals syng og dansar seg gjennom alle dei 86 versa på det færøyske kvadet «Ormen Lange», om den norske vikingkongen Olav Trygvason og slaget ved Svolder.

Olsok er høgtid og fest. Manifestasjon av einskap og samhald. Nasjonsbygging fleire dagar til endes.

Dagane til minne om Heilag-Olav er også tida då fær-øyingar ute tek turen heim. Som Bogi Bech Jensen. 35-åringen drog til Newcastle for å ta mastergrad i in-geniørfag. Deretter blei det også jobb i England. Før turen gjekk til Danmark og stilling som forskingsleiar ved det tekniske universitetet i København.

– Vi tenkjer på å flytte heim.– Kva må til?– Eigentleg berre at vi må ta ei avgjerd. Og vi må gje-

re det innan eit par år. Elles blir det nok med tanken.Bogis tre døtrer har alle vakse opp ute. No er eldste-

jenta 11, det gjer at Bogi meiner dei må ta ei avgjerd straks. Før ho blir eldre.

Nokre år ute har blitt nokre fleire enn dei hadde tenkt. Heime trekkjer familien. Men for Bogi er det også viktig å gje noko tilbake til samfunnet han vaks opp i.

– Eg høyrer mange unge færøyingar spørje om kva landet deira har å tilby. Eg syns det er negativt ut-gangspunkt, dei bør heller spørje seg kva dei kan yte.

– Kva talar mot at de flyttar heim?– Vêret, seier Bogi og ler.

klImaet på dei 18 øyane og 11 holmane som utgjer øy-gruppa er eit kapittel for seg. Golfstraumen gjev lange og milde vintrar. Men også korte og kalde somrar. Vêr-laget kan skifte fleire gonger om dagen. Ligg skodda grå og tung over ei øy, kan sola skine frå klår himmel over graskledde lier på naboøya.

Sjølv om mange nettopp nemner vêret som ein grunn til at dei vegrar seg for å dra tilbake, trur ikkje forfattarane av «Exit Førøyar» på forklaringa.

– Å skulde på klimaet er enkelt og konkret. Men an-dre grunnar ligg nok bak.

Rundt hamna og i dei smale gatene bak ligg kafear og skjenkjestader. Restaurantane serverer lam og fisk. Færøyingane er krye av råvarene frå grøne lier og stort hav. Dei innfødde fortel at for to tiår sidan gjekk det knapt å kjøpe seg ein kaffikopp. No byr hovudsta-den Tórshavn, med under 20.000 innbyggjarar, på ute-stader, konsertlokale, teaterscener, kino, galleri og ei rekkje idrettsanlegg.

Men er hovudstaden urban nok?

Page 5: Færøyene Farvel - WordPress.com · Færøyene blei ein del av Noregsveldet. Då Danmark måtte gje frå seg Norge til Sverige i 1814, blei Færøyene verande dansk. n Øygruppa

5 . o k t o b e r 2 0 1 330 BTMaGaSiNeT

– Unge, og kanskje spesielt unge kvinner, ønskjer seg mjuke verdiar, kafe og kultur. Utviklinga viser at folk bur i større og større byar. Poli-tikarane må tore og ta nokre store avgjerder. Vi må satse på område som veks. Mange meiner Tórshavn er for liten. Men det er no den byen vi har, seier Høgni Reistrup.

Dei to forfattarane talar varmt om å få fleire utdanningsretningar på det lokale universitetet. I dag studerer 60 prosent av færøyingane i ut-landet. Til samanlikning er delen utanlandsstudentar i Norge ti pro-sent.

– Det viser så tydeleg att i samfunnslivet. Ungdomane kjem heim sommar og jul. Nokre veker skjer ting, det blir liv og røre i bygd og by. Men i oktober og februar finst knapt unge her. Dynamikken ungdoms-miljøet skapar i eit samfunn, eksisterer ikkje.

– Har det noko å seie at dei reiser så unge?– Det er etter mitt syn eit kjempeviktig poeng. Vi dreg som ungar, vi

har aldri levd eit vaksenliv her. For mange blir skilnaden stor på det dei flyttar frå og det dei kjem til, seier Høgni.

Eit nytt studieår nærmar seg. I bygda Saltangará på Eysturoy har 35 før-steårsstudentar samla seg til informasjonsmøte for færøyingar som skal til utlandet. Flest set kursen mot Danmark, men også Skottland, England og andre land er representerte. Overvekta av jenter er påtake-leg. Så er det då også slik at av alle utanlandsstudentane er 70 prosent kvinner.

Barbara á Lidarenda skal til Manchester for å studere reiseliv. Bjørg Jarnskor skal lære om globalisering i Brighton. Halda Terja Ósa skal bli sosialpedagog i Thisted.

Dei tre venninnene har ulike forklaringar på val av studiestad og -fag. Men ingen av dei har seriøst vurdert universitetet i Tórshavn, studie-staden har for lite å velje i. Og så er det dette med at det skjer så lite.

– Åja, storbyen trekkjer, vedgår dei tre.– Ser de fram til å reise?– Vi gler oss. Det skal bli kjekt å prøve noko nytt, få nye utfordringar

og vener, seier Halda. – Og leve eit sjølvstendig liv, stå på eigne bein, utfyller Bjørg.Men når dei er ferdige skal dei heim att. Alle tre. Seier dei.– Ifølgje boka «Exit Førøyar» er sjansen liten for at alle de tre kjem

heim att?– Eg veit det. Men eg vil heim, svarar Barbara.Før ho modererer seg:– I alle fall slik det ser ut no.

SJEFEn: Kaj Leo Johannesen er verdas første landslagsspelar i fotball som har blitt stats-minister. Han vil knyte landet tettare til EU, og ta heim utanlandske arbeidsplassar basert på færøysk fisk.