fylkesmannen i møre og romsdal - nrk · 2015. 5. 18. · fylkesmannen i møre og romsdal vår dato...

2
Fylkesmannen i Møre og Romsdal Vår dato Vår ref. 11.05.2015 2015/2863/ASBU/433.5 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkardato Dykkar ref. Vi / seniorrådgivar Astrid Buset, 71 25 85 41 1‘ / ~,; I I Rauma kommune Vollan 8A 6300 ÅNDALSNES Rauma kommune Måseaksjonen 2015 - informasjon om høvet til plukking av måseegg Fylkesmannen viser til informasjon om Måseaksjonen 2015 på Rauma kommune sine nettsider og skriv frå kommunen til gardeigarar i Åndalsnes sentrum den 27. mars i år. Formålet med Måseaksjonen, er å redusere måseplagene i Åndalsnes sentrum gjennom eit samarbeid mellom kommunen og gardeigarane. Kommunen har gått breitt ut med informasjon om måseaksjonen og høvet til eggplukking til sine innbyggarar. Gardeigarane vert oppmoda om å setje i verk forebyggande tiltak i form av å spenne opp nett over hustaka og liknande tiltak. Kommunen har vidare, på generelt grunnlag, gjeve løyve til å sanke egg frå alle typar måsar fram til og med 20. mai. Etter det Fylkesmannen har fått opplyst frå miljøvernleiaren i kommunen, er det per dags dato ikkje fatta noko formelt vedtak i saka. Gjennom Måseaksjonen 2015 bidrar Rauma kommune mellom anna til at gard- og huseigarar skal kunne få hjelp til å plukke egg frå alle måseartar. Artane sildemåse, gråmåse og svartbak hekkar i liten grad i sentrumsområde, så dei konfliktane som Rauma kommune opplever som <<måseplager>>, er hovudsakleg knytt til fiskemåse. Fylkesmannen finn difor grunn til å presisere gjeldande regelverk knytt til plukking av måseegg. I naturmangfaldlova er det innført ein eigen aktsemdsregel, for å unngå skade på naturmangfaldet. Etter regelen skal ein: «opptre aktsomt og gjøre det som er rimelig for å unngå skade på naturmangfoldel í strid med forvaltníngsmålet for arter í lovens § 5». Målet i § 5 er at artar skal ivaretakast på lang sikt og i levedyktige bestandar i deira naturlege utbreiingsområde. Etter § 15 er det forbode å skade eller øydelegge reir og egg: «Unødíg skade og lidelse på víltlevende dyr og deres egg, reir, bo eller hi skal unngås». Å dekke til eigna hekkeplassar på bygningar i god tid før hekkesesongen, vil i utgangspunktet ikkje vere i strid med § 15. Høvet til å plukke egg er regulert i forskrift omjakt- og fangsttider. Av jakttidsforskrifta sin § 6 går det fram at det i Møre og Romsdal fylke kan plukkast egg frå måseartane gråmåse, sildemåse og svartbak i tida fram til og med 20. mai. Fiskemåse er oppført som nær trua (NT) i Norsk rødliste for arter 2010, og det er ikkje opning i gjeldande forskrift for å plukke egg frå denne måsearten. Kommunen kan ikkje dispensere frå reglane i forskrifta. Forskrift om felling av viltartar som gjør skade eller som vesentlig reduserer andre arters reproduksjon (skadefellingsforskrifta) har unntaksreglar frå yngletidsfredinga. Forskrifta Postadresse: Telefon: E-post: Web: Orgnr: Postboks 2520 71 25 84 00 [email protected] \\'w\\'.fi'lkesmannen.no/mr 974 764 067 6404 Molde

Upload: others

Post on 30-Sep-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Fylkesmannen i Møre og Romsdal - NRK · 2015. 5. 18. · Fylkesmannen i Møre og Romsdal Vår dato Vår ref. 11.05.2015 2015/2863/ASBU/433.5 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkardato

Fylkesmannen i Møre og RomsdalVår dato Vår ref.

11.05.2015 2015/2863/ASBU/433.5Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkardato Dykkar ref. Vi /

seniorrådgivar Astrid Buset, 71 25 85 41 1‘ / ~,;II

Rauma kommuneVollan 8 A6300 ÅNDALSNES

Rauma kommuneMåseaksjonen 2015 - informasjon om høvet til plukking av måseegg

Fylkesmannen viser til informasjon om Måseaksjonen 2015 på Rauma kommune sinenettsider og skriv frå kommunen til gardeigarar i Åndalsnes sentrum den 27. mars i år.

Formålet med Måseaksjonen, er å redusere måseplagene i Åndalsnes sentrum gjennom eitsamarbeid mellom kommunen og gardeigarane. Kommunen har gått breitt ut medinformasjon om måseaksjonen og høvet til eggplukking til sine innbyggarar. Gardeigaranevert oppmoda om å setje i verk forebyggande tiltak i form av å spenne opp nett over hustakaog liknande tiltak. Kommunen har vidare, på generelt grunnlag, gjeve løyve til å sanke eggfrå alle typar måsar fram til og med 20. mai. Etter det Fylkesmannen har fått opplyst fråmiljøvernleiaren i kommunen, er det per dags dato ikkje fatta noko formelt vedtak i saka.

Gjennom Måseaksjonen 2015 bidrar Rauma kommune mellom anna til at gard- oghuseigarar skal kunne få hjelp til å plukke egg frå alle måseartar. Artane sildemåse, gråmåseog svartbak hekkar i liten grad i sentrumsområde, så dei konfliktane som Rauma kommuneopplever som <<måseplager>>,er hovudsakleg knytt til fiskemåse. Fylkesmannen finn diforgrunn til å presisere gjeldande regelverk knytt til plukking av måseegg.

I naturmangfaldlova er det innført ein eigen aktsemdsregel, for å unngå skade pånaturmangfaldet. Etter regelen skal ein: «opptre aktsomt og gjøre det som er rimelig for åunngå skade på naturmangfoldel í strid med forvaltníngsmålet for arter í lovens § 5». Måleti § 5 er at artar skal ivaretakast på lang sikt og i levedyktige bestandar i deira naturlegeutbreiingsområde. Etter § 15 er det forbode å skade eller øydelegge reir og egg: «Unødígskade og lidelse på víltlevende dyr og deres egg, reir, bo eller hi skal unngås». Å dekke tileigna hekkeplassar på bygningar i god tid før hekkesesongen, vil i utgangspunktet ikkje verei strid med § 15.

Høvet til å plukke egg er regulert i forskrift omjakt- og fangsttider. Av jakttidsforskrifta sin§ 6 går det fram at det i Møre og Romsdal fylke kan plukkast egg frå måseartane gråmåse,sildemåse og svartbak i tida fram til og med 20. mai. Fiskemåse er oppført som nær trua(NT) i Norsk rødliste for arter 2010, og det er ikkje opning i gjeldande forskrift for å plukkeegg frå denne måsearten. Kommunen kan ikkje dispensere frå reglane i forskrifta.

Forskrift om felling av viltartar som gjør skade eller som vesentlig reduserer andre artersreproduksjon (skadefellingsforskrifta) har unntaksreglar frå yngletidsfredinga. Forskrifta

Postadresse: Telefon: E-post: Web: Orgnr:Postboks 2520 71 25 84 00 [email protected] \\'w\\'.fi'lkesmannen.no/mr 974 764 0676404 Molde

Page 2: Fylkesmannen i Møre og Romsdal - NRK · 2015. 5. 18. · Fylkesmannen i Møre og Romsdal Vår dato Vår ref. 11.05.2015 2015/2863/ASBU/433.5 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkardato

side 2 av 2

omhandlar felling av skadegj erande viltartar, og skal praktiserast strengt. Kommunen kan gjeløyve til felling av fiskemåse dersom desse medfører slike støyplager at dei gir skader avhelsemessing karakter i befolkninga. Kommunen må slike tilfelle innhente uttale frâkommunelegen som del av saksførebuinga.

Det er ikkje lov å fjerne reir og plukke egg frå fiskemåse. Vi ventar at Raumakommune og samarbeidspartane rettar seg etter dette, og endrar informasjonen som erlagt ut om «Måseaksjonen 2015» på kommunen sine nettsider.

Fylkesmannen vil oppmode kommunen om å i størst mogeleg grad, og i god tid førhekkesesongen, setje i verk tiltak som hindrar fuglane tilgang til hustaka og dermed fysiskhindre hekking. For å kunne oppnå ei meir varig løysing på problemet, bør ein samstundesfinne ein alternativ stad, der fiskemåsen kan hekke i fred.

Med helsing

Ola Betten (e.f.) Astrid Busetfagansvarleg

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.

Kopi:Kommunane i Møre og RomsdalMøre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset 6404 Molde