generell turinformasjon - amazon s3...turleiar: knut njaa, telef. 952 02 330 helg 9-12. aug:...

8

Upload: others

Post on 13-Jun-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Generell turinformasjon - Amazon S3...Turleiar: Knut Njaa, telef. 952 02 330 Helg 9-12. Aug: Jenteturen: Rondane Høgdemeter: Ukjent—Lengde: Ukjent km Den årlege jenteturen går
Page 2: Generell turinformasjon - Amazon S3...Turleiar: Knut Njaa, telef. 952 02 330 Helg 9-12. Aug: Jenteturen: Rondane Høgdemeter: Ukjent—Lengde: Ukjent km Den årlege jenteturen går

Generell turinformasjon

Turane til Kvam turlag er opne for alle (men me ynskjer deg gjerne som

medlem).

Dei fleste turane er gjennomførbare for deg med normal fysisk form.

Tempoet vil variera litt, fargekodar fortel ein del om kor krevjande turen

er. Er du usikker, ring og spør turleiaren til råds. Du finn og meir ut-

fyllande informasjon om turane på nettsidene våre. Nettsidene skal

alltid ha siste informasjon om turar og aktivitetar. Ting kan endra seg, så

følg med på kvam.dnt.no.

Vanskegrad

Enkel Middels Krevjande Ekstra krevjande

Påmelding:

Turane som har påmelding må du nytta nettsidene til Kvam turlag for å melda deg på, men ta gjerne kontakt med turleiar

i forkant om du lurer på noko. Nokre av turane betaler du på nettet ved påmelding.

MedlemskapSom medlem i Kvam turlag/DNT er du med å støtta vårt arbeid med å gje

flest mogleg naturopplevingar for livet, via fellesturar, hytter og merking

av stiar. Du får òg økonomiske fordelar ved deltaking på turar, ved over-

nattingar i hyttenettet til DNT, og du får eit bra friluftsmagasin i posten.

Medlemskap teiknar du enklast via nettsidene våre kvam.dnt.no.

Meld deg inn! Kom deg ut!

Frivillige

Kvam turlag er 100% basert på frivillig innsats og dugnad. Kanskje har du

lyst å vera turleiar, merka ruter, gjera ein innsats på Breidablik, Vending

eller Kiellandbu—gje oss ein lyd! Me har alltid bruk for folk, du

bestemmer sjølv kor mykje du vil gjera ut av det. Du er hjarteleg velko-

men!

Framsidefoto: Borna sitt turlag på Torfinnsheim, Elisabeth Fosse Rise. Andre i rekkefølge: Stavali—KITyssen x2,

Gullhorgabu—Geir Morten Utskot, Vending—Ingunn Teigland, Sjusete—KITyssen, Sandvenlie—KITyssen Folge-

fonna—KITyssen, Opptur-Torefjell—Hildegunn B Eide, Skrott—Knut Njaa, Kjoshella—Anne Engedal, Fotalaget,

Fagrasete—Karatrakken.

Page 3: Generell turinformasjon - Amazon S3...Turleiar: Knut Njaa, telef. 952 02 330 Helg 9-12. Aug: Jenteturen: Rondane Høgdemeter: Ukjent—Lengde: Ukjent km Den årlege jenteturen går

Turprogram 2018—Born

Sun 4. Februar: Kom deg ut - dagen

Høgdemeter: 0 —Lengde: 0 km

Aktivitetsdag på Sjusete skianlegg for heile familien. Sjå

annonsering dagane før.

Stad: Sjusete. Tid: 11-14. Gratis.

Arrangør: Kvam turlag med hjelp frå Framnes vgs.

Helg 10-11. mars: Gullhorgabu Høgdemeter: 300—Lengde: 8 km

Gullhorgabu ligg lett tilgjengeleg ein dagsmarsj for korte bein

frå Bergsdalen i Vaksdal. Hytta er verdt eit besøk i seg sjølv, og

terrenget rundt er ypparleg å prøva seg på ski i, utanfor opp-

køyrd løypa. På hytta kosar me oss ute i snøen og inne med spel

og kakao.

Påmelding innan 7. mars.

Turleiar: Geir Morten Utskot, telef. 997 00 980

Obsdag 16. mai: Kveldsmattur til Titteråstreet

Høgdemeter: 100 —Lengde: 2 km

Oppmøte: Teigland, Soldal kl. 1730.

Turleiar: Ingunn H. Teigland , telef. 481 40 995

Sundag 27. mai: Samlen

Høgdemeter: 450 —Lengde: 5 km

Nydeleg topptur for born i dei fleste aldrar, som tåler litt

motbakke.

Oppmøte: Åsleitet, 5km frå Herand kl. 1115 (ferje kl.1010).

Turleiar: Elisabeth F. Rise og Hildegunn Eide, telef 938 53 303

18-19. august: Vending

Høgdemeter: 350—Lengde: 8 km

Vending er lett tilgjengeleg sjølv for ganske små bein.

Påmelding innan 15. august.

Turleiar: Ingunn H. Teigland, telef. 481 40 995

Onsdag 5. september: Kveldsmat på Dalamot

Høgdemeter: 100—Lengde: 2 km

Oppmøte: Sørheim, Vikøy kl. 1730.

Turleiar: Øystein Mongstad, telef. 952 01 605

Helg 8-9. September: Torfinnsheim

Høgdemeter: 300 —Lengde: 2 km

Ein kort tur på under eit par timar for korte småtrollbein, sjølv om

det er litt oppoverbakkar. Dette er valuta i flott natur og mange

høgdemeter for lite strev. Det vert ei helg med mykje leik og

turmoro.

Påmelding innan 5. september.

Turleiar: Elisabeth Fosse Rise, telef. 938 53 303

Torsdag 4. oktober: Eventyrstund i Sandvenlie

Høgdemeter: 100—Lengde: 2 km

Me serverer bål, pølser og eventyr for dei minste i Sandvenlie.

Oppmøte: V/fotballbanen, Norheimsund kl. 1730.

Turleiar: Astrid Holmefjord, telef. 93 60 78 71

Sundag 9. desember: Adventstur

Høgdemeter: 50—Lengde:1km

Me serverer graut, har fyr på bålet og leikar ute.

Påmelding innan 7. desember.

Turleiar: Ingunn H. Teigland, telef. 481 40 995

Page 4: Generell turinformasjon - Amazon S3...Turleiar: Knut Njaa, telef. 952 02 330 Helg 9-12. Aug: Jenteturen: Rondane Høgdemeter: Ukjent—Lengde: Ukjent km Den årlege jenteturen går

Turprogram 2018—Felles

Sundag 25. februar: Omafjellet rundt

Høgdemeter: 600 —Lengde: 12 km

Skitur i fjellet på Oma med besøk oppom fleire fjell og stølar—

Daurmålsegga, Årraksla og Vikevarden for å nemna nokon.

Oppmøte: Åse, Oma kl. 1000.

Turleiar: John Olav Måge, telef. 997 28 499

Helg 16-18. mars: Jentegourmettur

Høgdemeter: 2000—Lengde: 37 km

Me startar i Kvitingen og går i nydeleg ettermiddagsljos og

skumring til Høgabu. Kjensla av å gå i den absolutte stilla i

vintermørkret er majestetisk. Laurdagen fortset turen til over-

natting på Vending før me susar ned til Kvamskogen sundagen.

Påmelding innan 13. mars.

Turleiar: Evy Kleivane, telef. 952 89 704

Helg 17- 18. mars: Telt og topp på Raundalsryggen

Høgdemeter: 1750 —Lengde: 22 km.

Me tek med oss telt og etablerer oss ved foten av desse flotte

fjella, ved Skår i Granvin. Går på høvesvis Horndalsnuten laur-

dag, og Seldalsnuten på sundag med lett sekk. Me håpar på

stjerneklart ver og bålkos om kvelden.

Påmelding innan 13. mars.

Turleiar: Peter Helland-Hansen, telef. 480 62 449

Laurdag 7. april: Manfjell - Skrott

Høgdemeter: 1200 —Lengde: 18 km

Manfjell på ski er noko av det mest fornuftige du kan gjera ein

sundag i april. Me håpar på laussnø og fine forhold. Me fortset

over Skrott og returnerer ned i Fitjdalen om forholda er gode.

Påmelding innan 7. april.

Turleiar: Peter Helland-Hansen, telef. 480 62 449

Sundag 15. april: Manfjell - Skrott - Fuglafjell

Høgdemeter: 1950 —Lengde: 35 km

Med tre av våre favorittfjell på ein dag skulle det meste ligga tilrette

for ein fantastisk lang og herleg dag på fjellski.

Påmelding innan 13. april.

Turleiar: Evy Kleivane, telef. 952 89 704

Helg 28-29. april: Kaldenuten frå Torfinnsheim

Høgdemeter: 800—Lengde: 25 km

Kaldenuten er det nest høgaste fjellet me har i Kvam, men med si

litt avsidesliggjande plassering er det lite besøkt, i alle fall av

kvemmingar. Frå Torfinnsheim er turen slett ikkje så lang, og på

vårsnø vonar me dette vert ein fantastisk tur.

Påmelding innan 26. april.

Turleiar: Oddbjørn Borge, telef. 906 26 315

Onsdag 2. mai: Kulturtur på Neshalvøya

Høgdemeter: 100 —Lengde: 5km

Oppmøte: Nes, 1800

Turleiar: Turleiar: Kåre Nes, telef. 991 52 195

Onsdag 9. mai: Litlefosse - Byrkjenesvatn

Høgdemeter: 200 —Lengde: 5 km

Me går delar av den gamle ferdselsvegen mellom fjorden og

Byrkjenes

Oppmøte: Litlefosse, Aust for Fosse–tunellen kl. 1800

Turleiar: Karen Matthiessen, telef. 991 05 470

Onsdag 23. mai: Samlen

Høgdemeter: 450 —Lengde: 5 km

Fabelaktig, relativ enkel topptur i Jondal, med god utsikt både heim

og til resten av Hardanger.

Oppmøte: Tørvikbygd ferjekai kl 1630

Turleiar: Svein Rune Stakseng, telef. 922 83 087

Onsdag 30. mai: Klippe - Soldalsfjellet

Høgdemeter: 500 —Lengde: 8 km

Stølen Klippe og vidare til 731 meter høge Soldalsfjellet.

Oppmøte: Soldal, kryss mot Hovland kl 1800.

Turleiar: Geir Morten Utskot, telef. 997 00 980

Page 5: Generell turinformasjon - Amazon S3...Turleiar: Knut Njaa, telef. 952 02 330 Helg 9-12. Aug: Jenteturen: Rondane Høgdemeter: Ukjent—Lengde: Ukjent km Den årlege jenteturen går

Sundag 3. juni: Kvanndal - Lussand

Høgdemeter: 600 —Lengde: 9 km

Me går frå Kvanndal innover dalen eit stykke, før me stig bratt

opp på nyleg rydda sti til Kvanndalsstølen, vidare forbi nokre

vatn og til Lussandstølen, Fossdal og ned til Lussand.

Oppmøte: Torget i Ålvik kl. 1100

Turleiar: Egil Mo, telef. 905 62 750

Onsdag 6. juni: Sogestien - Eivindsete

Høgdemeter: 400 —Lengde: 12 km

Me går langs sogestien eit stykkje før me tek av mot Ruedal og

Eivindsete. Me returnerer ned til Botnane.

Oppmøte: Fetet, Fitjadalen kl. 1800

Turleiar: Svein Rune Stakseng, telef. 922 83 087

Sundag 10. juni: Daurmålsegga

Høgdemeter: 550 —Lengde: 8 km

Daurmålsegga byr på fyrsteklasses utsikt i alle retningar og er

vel verdt den relativt lette turen opp.

Oppmøte: Turstistart Raudkleiv, Åse, Oma kl. 1100

Turleiar: John Olav Måge, telef. 997 28 499

Onsdag 13. juni: Kjel

Høgdemeter: 800 —Lengde: 9 km

Idyllen Kjel fortener fleire besøk.

Oppmøte: Parkeringsplassen i Furedalen kl. 1800

Turleiar: Margunn Sande, telef. 980 13 551

Sundag 17. juni: Vikanuten

Høgdemeter: 1100 —Lengde: 8 km

Vel 1000 skambratte høgdemeter over Sætveit i Jondal ligg

Vikanuten med flott utsikt heimatt over på rett side av fjorden.

Oppmøte: Tørvikbygd ferjekai kl. 0830.

Turleiar: Svein Rune Stakseng, telef. 922 83 087

Onsdag 20. juni: Sjusete - Syrdal

Høgdemeter: 700—Lengde: 10 km

Stølstur med utgangspunkt i Fykse.

Oppmøte: Fykse skule kl. 1730.

Turleiar: Siri Kaale, telef. 954 76 664

Sundag 24. juni: Giljafjell

Høgdemeter: 600 —Lengde: 8 km

Giljafjell ligg fint til med utsikt over fjorden, men og over det villas-

te fjellområdet me har i Kvam, Ålvikfjella.

Oppmøte: Toppen av Damvegen kl. 1100

Turleiar: Randi Irene Aalvik, telef. 997 57 038

Onsdag 27. juni: Heljesteinen

Høgdemeter: 400 —Lengde: 7 km

Fin kveldstur på Kvamskogen med utsikt over Steinskvandalen.

Oppmøte: Tokagjel kl. 1800

Turleiar: Inger Dysvik, telef. 413 08 574

Sundag 1. juli: Fuglafjell

Høgdemeter: 800 —Lengde: 15 km

Fuglafjell byr på krevjande orientering og variert natur uansett kva

retning du kjem frå. Me går den kortaste ruta, frå Steinskvandalen.

Oppmøte: Ungdomsheimen kl. 0900

Turleiar: Oddbjørn Borge, telef. 906 26 315

Helg 27-29. juli: Helgatur til Stølsheimen

Høgdemeter: 900 —Lengde: 32 km

Me legg turen til Selhammar og Åsedalen i flotte Stølsheimen.

Forholdsvis korte dagsetappar med få høgemeter i fyrsteklasses

vestlandsterreng.

Påmelding innan 22. juli.

Turleiar: Oddbjørn Borge, telef. 906 26 315

Page 6: Generell turinformasjon - Amazon S3...Turleiar: Knut Njaa, telef. 952 02 330 Helg 9-12. Aug: Jenteturen: Rondane Høgdemeter: Ukjent—Lengde: Ukjent km Den årlege jenteturen går

Sun. 12. august: Kvandalseggane - Skrott

Høgdemeter: 1000—Lengde: 15 km

Me går opp spektakulære Kvandalseggene til fantasiske

Breidablik, før me vitjar Kvam sin tredje høgaste topp, Skrott

og returnerer ned normalvegen forbi Håsete.

Oppmøte: Fetet, Fitjadalen kl. 1000.

Turleiar: Knut Njaa, telef. 952 02 330

Helg 9-12. Aug: Jenteturen: Rondane

Høgdemeter: Ukjent—Lengde: Ukjent km

Den årlege jenteturen går i år til flotte Rondane.

Påmelding innan 1. juni.

Turleiar: Evy Kleivane, telef. 952 89 704

Onsdag 15. august: Tjørnafjellet - Jørstadvatnet

Høgdemeter: 650 —Lengde: 9 km

Kveldstur til Tjørnafjellet og idylliske Jørstadvatnet.

Oppmøte: Sjusete, kl. 1800

Turleiar: Geir Morten Utskot, telef. 997 80 980

Sundag 19. august: Botnen - Fjellvegen - Hovland

Høgdemeter: 1000—Lengde: 15 km

Me får båtskyss inn Fyksesundet og går ut att til Hovland, opp

Botnadalen og vidare på buførvegen langs Manfjell.

Påmelding innan 13. august.

Turleiar: Sidsel Neteland Linga, telef. 970 81 802

Onsdag 22 august: Linghiller

Høgdemeter: 500 —Lengde: 7 km

Stølstur til Linghiller.

Oppmøte: Byrkjenes, kl 1800 (Bomveg 30 kr).

Turleiar: Oddbjørn Borge, telef. 906 26 315

Laurdag 25 august: Melderskin

Høgdemeter: 1200 —Lengde: 8 km

Tur til dronninga i Sunnhordaland, Melderskin, med flott utsikt

blant anna mot Bjørndalstindane og Juklavasskruna.

Oppmøte: Esso, Norheimsund kl. 0715

Turleiar: Peter Helland-Hansen, telef. 480 62 449

Sundag 26. august: Kjetilsnuten

Høgdemeter: 800 —Lengde: 12 km

Etter dei bratte Nilsabakkane går me inn vakre Hornskusdalen og

vidare til toppen av Kjetilsnuten, som ragar over Vossadalsvatnet.

Oppmøte: Fetet, Fitjadalen kl. 1000

Turleiar: Bjørn Øyri, telef. 913 04 270

Onsdag 29. august: Skår

Høgdemeter: 350—Lengde: 3 km

Kort, bratt men fin tur til stølen Skår i Strandadalen.

Oppmøte: Skyttarhuset i Strandadalen, kl. 1800

Turleiar: Ivar Riise, telef. 977 57 628

Sundag 2. september: Englafjell

Høgdemeter: 1200 —Lengde: 16 km

Englafjell er saman med nabofjellet Ulvanosi lett gjenkjenneleg frå

mange stader i Kvam. Turen opp er forholdsvis lang og tung.

Påmelding innan fredag 31. august.

Turleiar: Vidar Ask, telef. 922 83 087

Page 7: Generell turinformasjon - Amazon S3...Turleiar: Knut Njaa, telef. 952 02 330 Helg 9-12. Aug: Jenteturen: Rondane Høgdemeter: Ukjent—Lengde: Ukjent km Den årlege jenteturen går

Sundag 9. september: Jonstein

Høgdemeter: 700 —Lengde: 8 km

Tur til karakteristiske Jonstein i Jondal.

Oppmøte: Tørvikbygd ferjekai kl. 1000 (ferje kl. 1010)

Turleiar: Svein Rune Stakseng, telef. 922 83 087

Sundag 16. september: Karaldenuten

Høgdemeter: 1300 —Lengde: 17 km

Me går inn tøffe Roaldsdalen og bratt opp gjelet innerst i dalen,

før landskapet opnar seg og me får dagens mål i sikte.

Returnerer om Bosgjel og den t-merka løypa.

Oppmøte: Torget i Ålvik kl. 0900.

Turleiar: Geir M. Utskot og Kjell Inge Tyssen, telef. 950 66 789

Sundag 23. september: Fotasperrnuten

Høgdemeter: 700 —Lengde: 8 km

Bratt, men fin tur til flott utsikt og eit av dei mest spesielle topp

-namna me har i Kvam.

Oppmøte: Ungdomsheimen kl. 0930

Turleiar: Elisabeth Fosse Rise, telef. 938 53 303

Tysdag 25. september: Fullmånetur til Torefjell

Høgdemeter: 700 —Lengde: 9 km

Ein tur i måneljoset om hausten snakkar me varmt om.

Oppmøte: Sjusete kl. 1800

Turleiar: Helene Leigland Njaa, telef. 971 61 080

Helg 7-8. desember: Gløgg og ski til Vending

Høgdemeter: 500—Lengde: 16 km

I staden for julehandel og julevask nyt me varm gløgg i kulden

på Vending.

Påmelding TBA, Turleiar: TBA

Turprogram 2018—Senior

Fotalaget

Turtilbod for alle, turane går så godt

som kvar tysdag med oppmøte på Spar

i Norheimsund klokka 11. Turane går

til ulike turmål i kommunen, sjå nettsi-

dene for informasjon om kvar turen går kvar den enkelte

tysdag. Gratis, men me spleisar på køyring når det er

nødvendig. Turane varar typisk 3-4 timar.

Karatrakk

Turtilbod for alle karar, turane går så

godt som kvar onsdag med oppmøte på

Spar i Norheimsund klokka 11. Turane

går til ulike turmål i kommunen, sjå

nettsidene for informasjon om kvar turen går kvar den

enkelte onsdag. Gratis, men me spleisar på køyring når

det er nødvendig. Turane varar typisk 3-4 timar.

Trakkatrimmen

Mosjonsgruppe, turane går kvar onsdag

med oppmøte på Spar i Norheimsund

klokka 10. Turane går i moderat tempo

i lett terreng. Turane varar ca 2 timar

og det er gratis å delta.

Page 8: Generell turinformasjon - Amazon S3...Turleiar: Knut Njaa, telef. 952 02 330 Helg 9-12. Aug: Jenteturen: Rondane Høgdemeter: Ukjent—Lengde: Ukjent km Den årlege jenteturen går

HELSEBANKEN FYSIOTERAPI

Hardangerfjordvegen 650

5610 Øystese

Takk til sponsorane—bruk dei!