gloppen kommune · frå fleire sider og på ein grundig måte. reforma får særleg konsekvensar...

28
Side 1 GLOPPEN KOMMUNE KOMMUNESTYRET MØTEBOK Møtedato: 14.11.2016 Møtetid: Kl. 10:00 15:15 Møtestad: På Søreide Saksnr.: 088/16 - 094/16 Desse medlemmene møtte: Parti Leidulf Gloppestad Sp Magni Aa Berge Sp Jeffrey Thomas Sp Kent Øystein Hjelle Sp Bernt Reed Sp Olaf Sigurd Gundersen Sp Jostein Arne Røyrvik Sp Vidar Sandal Sp Per Rune Vereide Sp Marit Straume Sp Svein-Ottar Sandal Krf Arnfinn Brekke Krf Leidulf Rygg Bogstad Krf Audun Mundal Krf Frode Fagerli Krf Arnar Kvernevik - til og med sak 90/16 Ap Liv Petra Holme Ap Gunnvor Sunde SD Edgar Kvernevik SD Anniken Rygg H Jan Asle Rustøen H Mariel Eikeset Koren MDG Hege Lothe SV Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Solveig Lien Gusdal Sp Ola Henning Ommedal Sp Venke Kollbotn Krf Asbjørn Gjengedal Krf Per Ståle Husevåg Krf Robert Nyemah Krf Bjarte Gangeskar V Sjur Atle Austrheim V Ugilde Sak § i forv.lova Følgjande varamedl. møtte

Upload: dinhkiet

Post on 17-Feb-2019

213 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Side 1

GLOPPEN KOMMUNE KOMMUNESTYRET

MØTEBOK

Møtedato: 14.11.2016 Møtetid: Kl. 10:00 – 15:15

Møtestad: På Søreide Saksnr.: 088/16 - 094/16

Desse medlemmene møtte: Parti

Leidulf Gloppestad Sp

Magni Aa Berge Sp

Jeffrey Thomas Sp

Kent Øystein Hjelle Sp

Bernt Reed Sp

Olaf Sigurd Gundersen Sp

Jostein Arne Røyrvik Sp

Vidar Sandal Sp

Per Rune Vereide Sp

Marit Straume Sp

Svein-Ottar Sandal Krf

Arnfinn Brekke Krf

Leidulf Rygg Bogstad Krf

Audun Mundal Krf

Frode Fagerli Krf

Arnar Kvernevik - til og med sak 90/16 Ap

Liv Petra Holme Ap

Gunnvor Sunde SD

Edgar Kvernevik SD

Anniken Rygg H

Jan Asle Rustøen H

Mariel Eikeset Koren MDG

Hege Lothe SV

Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti

Solveig Lien Gusdal Sp Ola Henning Ommedal Sp

Venke Kollbotn Krf Asbjørn Gjengedal Krf

Per Ståle Husevåg Krf Robert Nyemah Krf

Bjarte Gangeskar V Sjur Atle Austrheim V

Ugilde Sak § i forv.lova Følgjande varamedl. møtte

Side 2

Møteleiar: Leidulf Gloppestad

Frå adm. møtte: Rådmann Jan Kåre Fure

Utlevert i møtet: Rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2017 og økonomiplan

fram til år 2020

Orientering: Sjå sak 89/16

Sp.mål/interpell.:

Synfaring:

Diverse:

Underskrifter:

Leidulf Gloppestad Frode Fagerli Jostein Arne Røyrvik

SAKLISTE

Sak nr. Sakstittel

088/16 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste

089/16 Referat og orienteringssaker

090/16 Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og

Rogaland - kommunal uttale

091/16 Konseptvalutgreiing for rv 7 og rv 52 Gol-Voss - kommunal uttale

092/16 Kommunal medfinansiering til breiband på Sørstranda og i Bukta

093/16 Oppdatering av retningslinjene for forvaltning av viltfondet -

sluttbehandling

094/16 Innløysing av tidlegare industribygg på Elvaneset - godkjenning av avtale

og finansiering

Side 3

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG

Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr.

Kommunestyret 14.11.2016 088/16

Avgjerd av: Kommunestyret

Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Arkiv: 033

Objekt:

Arkivsaknr.: 16/1124-1

Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste

Møteboka frå kommunestyret sitt møte den 26. september i år blir lagt fram til godkjenning.

Samstundes ber ordføraren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet.

ORDFØRAREN SI TILRÅDING:

1. Kommunestyret godkjenner møteboka frå sitt møte den 26. september 2016

2. Kommunestyret godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 14. november 2016.

14.11.2016 KOMMUNESTYRET

088/16 VEDTAK:

1. Kommunestyret godkjenner møteboka frå sitt møte den 26. september 2016

2. Kommunestyret godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 14. november 2016.

Vedtaket var samrøystes.

Side 4

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG

Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr.

Kommunestyret 14.11.2016 089/16

Avgjerd av: Kommunestyret

Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Arkiv: 033

Objekt:

Arkivsaknr.: 16/1123

Referat og orienteringssaker

Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel

1 16/10959 S 07.10.2016 Kommunereforma: Oppmoding frå

Fylkesmannen til nye samtalar

2 16/10839 S 06.10.2016 Riving av uthus m.m. i Reed

sentrum

Orienteringssaker: Om Sogn og Fjordane Energi AS v/konsernsjef Johannes Rauboti

SFE-konsernet

Aktuelle investeringar og andre aktuelle saker.

Framlegg til årsbudsjett for 2017 og økonomiplan for 2017-2020

Rådmannen presenterer sine framlegg.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING:

Kommunestyret tar saka til orientering.

14.11.2016 KOMMUNESTYRET

Rådmannen sin presentasjon av framlegget til årsbudsjett for 2017 og økonomiplanen fram til

2020 vart lagt fram til slutt i møtet.

089/16 VEDTAK:

Det vart ikkje gjort vedtak i saka.

Side 5

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG

Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr

Formannskapet 14.11.2016 130/16

Kommunestyret 14.11.2016 090/16

Avgjerd av: Formannskapet

Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 002

Arkivsaknr.: 16/1023-11

Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og

Rogaland - kommunal uttale

Vedlegg:

Dok.nr Tittel på vedlegg

283572 Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland

Frå tidlegare behandling av saka (uttale frå formannskapet i sak 111/16):

(…)

19.09.2016 FORMANNSKAPET

(…)

111/16 VEDTAK:

Uttale i høve framforhandla intensjonsavtale mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og

Fjordane, frå formannskapet i Gloppen kommune.

Ein føresetnad for intensjonsavtalen er at nye regionar skal få tilført store nye

oppgåver. Fram til fylka vert gjevne vesentleg nye oppgåver som tilseier endring i

struktur, ser vi ikkje at det er grunnlag for ei samling av dei tre vestlandsfylka.

Intensjonsavtala sitt hovudmål 6 opnar for at dei tre fylkeskommunale energiselskapa

BKK, SFE og LYSE skal forvaltast på ein annan måte enn i dag. Det er sannsynleg at

sentrale myndigheter vil krevje fusjon/samanslåing av nettdelen til desse selskapa med

uheldige verknader for arbeidsplasser i Gloppen og Flora kommunar.

1. Gloppen kommune vil at Sogn og Fjordane seier nei til eksisterande

intensjonsavtale. Formannskapet i Gloppen meiner det må forhandlast på nytt med

berre Hordaland.

2. Sogn og Fjordane skal ikkje splittast opp og Nordfjord skal ikkje frådelast til Møre

og Romsdal.

3. Gloppen formannskap er sterkt uroa over at intensjonsavtalen ikkje omhandlar

hjørnesteinbedrifta SFE og sikrar denne med tanke på lokalisering og omfang av

oppgåver i dei kommunane som i dag er vertskap for verksemda.

Side 6

4. Det er 85 kommunar i regionen, heile 67 kommunar har nynorsk språkvedtak, 15

er nøytrale og 3 er bokmålskommunar. Gloppen formannskap meiner at nynorsk

som offisielt språk må være sjølvsagt.

Vedtaket var samrøystes.

Nye opplysningar i saka: Fylkestinget vedtok på møtet den 18. oktober i år å sende intensjonsplanen for samanslåing av

vårt fylke med Hordaland og Rogaland ut på høyring til m.a. kommunane. Høyringsfristen er

23. november i år.

I høyringsbrevet skriv fylkesrådmannen m.a. dette om bakgrunnen for intensjonsplanen:

Fylkeskommunane fekk, i brev frå regjeringa 2. juli 2015, i oppdrag å gjennomføre

«nabopraten» for å greie ut tenlege regionløysingar. For oss var samarbeidet med

Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland - gjennom Vestlandsrådet - eit naturleg

utgangspunkt for slike samtalar. Møre og Romsdal gav våren 2016 tilbakemelding om

at dei ikkje ønskte å ta del i samtalar som eventuelt kunne gje grunnlag for ei slik

regionløysing.

Og vidare om målet med høyringa:

Målet med høyringa er å få inn grunngjevne synspunkt, tydelege argument og

konstruktive innspel til arbeidet med regionreforma. Vi ønskjer tilbakemelding frå

kommunane, fylkesdekkande organisasjonar og andre. Intensjonsplanen bør belysast

frå fleire sider og på ein grundig måte.

Reforma får særleg konsekvensar for samhandlinga mellom kommunane, regionnivået

og staten. Ved handsaminga av stortingsmelding 22 (2015-16) «Nye folkevalde

regionar – rolle, struktur og oppgåver» 8. juni 2016 framheva Stortinget at

kommunane bør engasjere seg i reformarbeidet.

Kva ønskjer fylkeskommunen synspunkt på?

Fylkeskommunen ber høyringsinstansane særleg om tilbakemelding på følgjande

tema:

Synspunkt på om Sogn og Fjordane bør vere med og søkje Stortinget om samanslåing

av dei tre vestlandsfylka, slik den framforhandla intensjonsplanen legg opp til (jf.

vedlegg 1).

Synspunkt på ytterlegare krav og ønske som vi kan ta med oss i arbeidet med å utvikle

ein eventuell vestlandsregion. Dette kan også vere supplement til «kravlista» som ligg

i punkt 10 i nemnde intensjonsplan.

Saksutgreiing: Som det går fram saka, har formannskapet alt sendt inn ein kommunal uttale til

intensjonsplanen som no er ute på høyring. Rådmannen legg likevel saka fram ein gong til for

å gje høve til å «pusse på» uttalen viss det er ønskjeleg, og for at kommunestyret skal stå bak

kommunen sin uttale.

Rådmannen si vurdering:

Side 7

Rådmannen har ikkje merknader til intensjonsplanen utover det som formannskapet har sagt i

sak 111/16, og legg saka fram med dette vedtaket som tilråding.

Nokre redigeringar er gjort sidan det no er kommunestyret som skal uttale seg. Omgrepet

«intensjonsavtale» er endra til «intensjonsplan».

RÅDMANNEN SI TILRÅDING:

Gloppen kommunestyre har følgjande merknader til intensjonsplanen for samanslåing av

Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland:

Ein føresetnad for intensjonsplanen er at nye regionar skal få tilført store nye oppgåver. Fram

til fylka vert gjevne vesentleg nye oppgåver som tilseier endring i struktur, ser vi ikkje at det

er grunnlag for ei samling av dei tre vestlandsfylka.

Intensjonsplanen sitt hovudmål 6 opnar for at dei tre fylkeskommunale energiselskapa BKK,

SFE og LYSE skal forvaltast på ein annan måte enn i dag. Det er sannsynleg at sentrale

styresmakter vil krevje fusjon/samanslåing av nettdelen til desse selskapa med uheldige

verknader for arbeidsplassar i Gloppen og Flora kommunar.

1. Gloppen kommune vil at Sogn og Fjordane seier nei til eksisterande intensjonsavtale.

Kommunestyret i Gloppen meiner det må forhandlast på nytt med berre Hordaland.

2. Sogn og Fjordane skal ikkje splittast opp og Nordfjord skal ikkje frådelast til Møre og

Romsdal.

3. Gloppen kommunestyre er sterkt uroa over at intensjonsavtalen ikkje omhandlar

hjørnesteinbedrifta SFE og sikrar denne med tanke på lokalisering og omfang av oppgåver

i dei kommunane som i dag er vertskap for verksemda.

4. Det er 85 kommunar i regionen, heile 67 kommunar har nynorsk språkvedtak, 15 er

nøytrale og 3 er bokmålskommunar. Gloppen kommunestyre meiner at nynorsk som

offisielt språk må være sjølvsagt.

14.11.2016 FORMANNSKAPET

Framlegg frå Svein-Ottar Sandal (Krf):

Gloppen kommunestyre seier ja til den framforhandla intensjonsavtalen med Sogn og

Fjordane, Hordaland og Rogaland på følgjande vilkår:

1. Føresetnadane som er nemnde i punkt 10 i planen om overføring av oppgåver frå

staten må vere oppfylt

2. Sogn og Fjordane skal ikkje splittast opp og Nordfjord skal ikkje frådelast til Møre

og Romsdal

3. Gloppen kommunestyre er sterkt uroa over at intensjonsplanen ikkje omhandlar

hjørnesteinsbedrifta SFE og sikrar denne med tanke på lokalisering og omfang av

oppgåver i dei kommunane som i dag er vertskap for verksemda. Før

intensjonsavtalen endeleg kan godkjennast må det ligge føre ordningar som sikrar

eigarskap og arbeidsplassar i Sogn og Fjordane

4. At den vidaregåande skulen også i ein eventuell ny region skal vere forankra i ein

desentralisert struktur

Side 8

5. Det er 85 kommunar i regionen, heile 67 kommunar har nynorsk språkvedtak, 15

er nøytrale og 3 er bokmålskommunar. Gloppen kommunestyre meiner at nynorsk

som offisielt språk må være sjølvsagt

6. At det vert etablert ei valordning med utjamningsmandat.

Dersom det opnar seg eit høve til at Møre og Romsdal kan vere med i

Vestlandsregionen vil Gloppen aktivt støtte opp om det , og gjerne då slik at ny region

vert Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal.

Framlegg frå Bernt Reed (Sp):

Gloppen kommunestyre tilrår følgjande for fylkeskommunen i det vidare arbeidet:

I form og innhald er det ingenting som gjer at ikkje Sogn og Fjordane, som Møre og

Romsdal, kan stå åleine i framtida. Oppgåvefordelinga mellom stat og fylke gjev ikkje

endringar i oppgåvene til fylka som gjer dette umogeleg. Dette bør også vere

fylkeskommunen sitt primære standpunkt.

Som sekundære standpunkt meiner kommunestyret i Gloppen følgjande.

1. Sjå til at Sogn og Fjordane går vidare i reformprosessen som eit samla fylke

2. Forhandlingane med Rogaland, om å ta del i Vestlandsregionen må avsluttast

3. Vidareføre forhandlingane med Hordaland fylkeskommune

4. Innleie forhandlingar med Møre og Romsdal fylkeskommune

5. Det skal ikkje skapast rom for å diskutere frådeling av Nordfjord til Møre og

Romsdal

6. Dersom det skapast inntrykk av at grensa mot Møre og Romsdal skal justerast,

skal Sogn og Fjordane arbeide utelukkande for å innlemme Sunnmøre som ein del

av ein Vestlandsregion.

Det vart røysta slik:

1. Framlegget frå Svein-Ottar Sandal (Krf), som fekk tre røyster

2. Framlegget frå Bernt Reed (Sp), som fekk fire røyster

3. Rådmannen si tilråding, som fekk seks røyster.

Framlegg frå Gunnvor Sunde (SD):

Som rådmannen si tilråding, men utan andre linje i pkt 1.

Framlegget vart vedteke med fem røyster.

Framlegg frå Magni Aa Berge (Sp):

Som framlegget frå Gunnvor Sunde, men med desse endringane:

1. I tredje avsnitt skal ordet «fylkeskommunale» strykast.

2. Pkt 3 skal lyde:

Det er ein klar føresetnad frå Gloppen kommunestyre at ein intensjonsavtale sikrar

at eigarskapen og arbeidsplassane i SFE vert verande i Sogn og Fjordane.

Side 9

Framlegget vart vedteke med seks røyster.

Det vart så røysta samla over det framlegget som hadde fleirtal:

Gloppen kommunestyre har følgjande merknader til intensjonsplanen for samanslåing

av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland:

Ein føresetnad for intensjonsplanen er at nye regionar skal få tilført store nye

oppgåver. Fram til fylka vert gjevne vesentleg nye oppgåver som tilseier endring i

struktur, ser vi ikkje at det er grunnlag for ei samling av dei tre vestlandsfylka.

Intensjonsplanen sitt hovudmål 6 opnar for at dei tre energiselskapa BKK, SFE og

LYSE skal forvaltast på ein annan måte enn i dag. Det er sannsynleg at sentrale

styresmakter vil krevje fusjon/samanslåing av nettdelen til desse selskapa med

uheldige verknader for arbeidsplassar i Gloppen og Flora kommunar.

1. Gloppen kommune vil at Sogn og Fjordane seier nei til eksisterande

intensjonsavtale.

2. Sogn og Fjordane skal ikkje splittast opp og Nordfjord skal ikkje frådelast til Møre

og Romsdal.

3. Det er ein klar føresetnad frå Gloppen kommunestyre at ein intensjonsavtale sikrar

at eigarskapen og arbeidsplassane i SFE vert verande i Sogn og Fjordane.

4. Det er 85 kommunar i regionen, heile 67 kommunar har nynorsk språkvedtak, 15

er nøytrale og 3 er bokmålskommunar. Gloppen kommunestyre meiner at nynorsk

som offisielt språk må være sjølvsagt.

Framlegget fekk seks røyster.

Ved endeleg avrøysting vart framlegget innstilt med fem røyster.

130/16 VEDTAK:

Formannskapet tilrår kommunestyret å gjere slikt vedtak:

Gloppen kommunestyre har følgjande merknader til intensjonsplanen for samanslåing av

Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland:

Ein føresetnad for intensjonsplanen er at nye regionar skal få tilført store nye oppgåver. Fram

til fylka vert gjevne vesentleg nye oppgåver som tilseier endring i struktur, ser vi ikkje at det

er grunnlag for ei samling av dei tre vestlandsfylka.

Intensjonsplanen sitt hovudmål 6 opnar for at dei tre energiselskapa BKK, SFE og LYSE skal

forvaltast på ein annan måte enn i dag. Det er sannsynleg at sentrale styresmakter vil krevje

fusjon/samanslåing av nettdelen til desse selskapa med uheldige verknader for arbeidsplassar i

Gloppen og Flora kommunar.

1. Gloppen kommune vil at Sogn og Fjordane seier nei til eksisterande intensjonsavtale.

2. Sogn og Fjordane skal ikkje splittast opp og Nordfjord skal ikkje frådelast til Møre og

Romsdal.

Side 10

3. Det er ein klar føresetnad frå Gloppen kommunestyre at ein intensjonsavtale sikrar at

eigarskapen og arbeidsplassane i SFE vert verande i Sogn og Fjordane.

4. Det er 85 kommunar i regionen, heile 67 kommunar har nynorsk språkvedtak, 15 er

nøytrale og 3 er bokmålskommunar. Gloppen kommunestyre meiner at nynorsk som

offisielt språk må være sjølvsagt.

Innstillinga vart gjort med fem røyster.

14.11.2016 KOMMUNESTYRET

Framlegg frå Hege Lothe (SV):

Siste setning i punkt 4 i formannskapet si innstilling skal lyde:

Gloppen kommunestyre vil rå fylkestinget til å sikre nynorsk administrasjonsspråk og

tenestemål dersom det vert fleirtal for ja til Vestlandsregionen. Ein nynorsk

vestlandsregion vil bety svært mykje for statusen til nynorsken både på Vestlandet og i

heile Noreg, og det vil vere eit alvorleg feilgrep å seie ja til intensjonsplanen før

språkspørsmålet er avklara.

Det var gruppemøte.

Framlegg frå Per Rune Vereide på vegner av Senterpartiet, Samfunnsdemokratane,

Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne:

Gloppen kommunestyre har følgjande merknader til intensjonsplanen for samanslåing

av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland:

Ein føresetnad for intensjonsplanen er at nye regionar skal få tilført store nye

oppgåver. Fram til fylka vert gjevne vesentleg nye oppgåver som tilseier endring i

struktur, ser vi ikkje at det er grunnlag for ei samling av dei tre vestlandsfylka.

Intensjonsplanen sitt hovudmål 6 opnar for at dei tre energiselskapa BKK, SFE og

LYSE skal forvaltast på ein annan måte enn i dag. Det er sannsynleg at sentrale

styresmakter vil krevje fusjon/samanslåing av nettdelen til desse selskapa med

uheldige verknader for arbeidsplassar i Gloppen og Flora kommunar.

1. Gloppen kommune vil at Sogn og Fjordane seier nei til eksisterande

intensjonsavtale

2. Sogn og Fjordane skal ikkje splittast opp og Nordfjord skal ikkje frådelast til Møre

og Romsdal

3. Gloppen kommunestyre er sterkt uroa over at intensjonsplanen ikkje omhandlar

hjørnesteinsbedrifta SFE og sikrar denne med tanke på lokalisering og omfang av

oppgåver i dei kommunane som i dag er vertskap for verksemda. Før

intensjonsavtalen endeleg kan godkjennast må det ligge føre ordningar som sikrar

eigarskap og arbeidsplassar i Sogn og Fjordane

4. Det må etablerast ei valordning med utjamningsmandat

5. Det er 85 kommunar i regionen, heile 67 kommunar har nynorsk språkvedtak, 15

er nøytrale og 3 er bokmålskommunar. Gloppen kommunestyre meiner at nynorsk

Side 11

som administrasjonsspråk og tenestemål må bli sikra før fylkestinget eventuelt

vedtek intensjonsplanen.

Framlegg frå Svein-Ottar Sandal på vegner av Kristeleg Folkeparti, Høgre og Venstre:

Gloppen kommunestyre seier ja til den framforhandla intensjonsavtalen med Sogn og

Fjordane, Hordaland og Rogaland på følgjande vilkår:

1. Føresetnadane som er nemnde i punkt 10 i planen om overføring av oppgåver frå

staten må vere oppfylt

2. Sogn og Fjordane skal ikkje splittast opp og Nordfjord skal ikkje frådelast til Møre

og Romsdal

3. Gloppen kommunestyre er sterkt uroa over at intensjonsplanen ikkje omhandlar

hjørnesteinsbedrifta SFE og sikrar denne med tanke på lokalisering og omfang av

oppgåver i dei kommunane som i dag er vertskap for verksemda. Før

intensjonsavtalen endeleg kan godkjennast må det ligge føre ordningar som sikrar

eigarskap og arbeidsplassar i Sogn og Fjordane

4. At den vidaregåande skulen også i ein eventuell ny region skal vere forankra i ein

desentralisert struktur

5. Det er 85 kommunar i regionen, heile 67 kommunar har nynorsk språkvedtak, 15

er nøytrale og 3 er bokmålskommunar. Gloppen kommunestyre meiner at nynorsk

som offisielt språk må være sjølvsagt

6. At det vert etablert ei valordning med utjamningsmandat.

Dersom det opnar seg eit høve til at Møre og Romsdal kan vere med i

Vestlandsregionen vil Gloppen aktivt støtte opp om det , og gjerne då slik at ny region

vert Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal.

Ved alternativ avrøsting fekk

framlegget frå Per Rune Vereide 17 røyster og

framlegget frå Svein-Ottar Sandal 10 røyster.

090/16 VEDTAK:

Gloppen kommunestyre har følgjande merknader til intensjonsplanen for samanslåing av

Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland:

Ein føresetnad for intensjonsplanen er at nye regionar skal få tilført store nye oppgåver. Fram

til fylka vert gjevne vesentleg nye oppgåver som tilseier endring i struktur, ser vi ikkje at det

er grunnlag for ei samling av dei tre vestlandsfylka.

Intensjonsplanen sitt hovudmål 6 opnar for at dei tre energiselskapa BKK, SFE og LYSE skal

forvaltast på ein annan måte enn i dag. Det er sannsynleg at sentrale styresmakter vil krevje

fusjon/samanslåing av nettdelen til desse selskapa med uheldige verknader for arbeidsplassar i

Gloppen og Flora kommunar.

1. Gloppen kommune vil at Sogn og Fjordane seier nei til eksisterande intensjonsavtale

2. Sogn og Fjordane skal ikkje splittast opp og Nordfjord skal ikkje frådelast til Møre og

Romsdal

3. Gloppen kommunestyre er sterkt uroa over at intensjonsplanen ikkje omhandlar

hjørnesteinsbedrifta SFE og sikrar denne med tanke på lokalisering og omfang av

Side 12

oppgåver i dei kommunane som i dag er vertskap for verksemda. Før intensjonsavtalen

endeleg kan godkjennast må det ligge føre ordningar som sikrar eigarskap og

arbeidsplassar i Sogn og Fjordane

4. Det må etablerast ei valordning med utjamningsmandat

5. Det er 85 kommunar i regionen, heile 67 kommunar har nynorsk språkvedtak, 15 er

nøytrale og 3 er bokmålskommunar. Gloppen kommunestyre meiner at nynorsk som

administrasjonsspråk og tenestemål må bli sikra før fylkestinget eventuelt vedtek

intensjonsplanen.

Vedtaket vart gjort med 17 røyster.

Side 13

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG

Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr

Formannskapet 14.11.2016 131/16

Kommunestyret 14.11.2016 091/16

Avgjerd av: Kommunestyret

Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: U03

Arkivsaknr.: 15/1102-14

Konseptvalutgreiing for rv 7 og rv 52 Gol-Voss - kommunal uttale

Vedlegg:

Dok.nr Tittel på vedlegg

282651 Konseptvalgutredningen - rv 7 og rv 52 - Gol og Voss

284046 Utkast til fråsegn - aust vest

Bakgrunn for saka: Statens vegvesen har sendt konseptvalutgreiinga (KVU) for riksveg 7 og riksveg 52 mellom

Gol og Voss på høyring, med merknadsfrist 15. desember i år.

Saksutgreiing: KVU-en har denne tilrådinga frå vegvesenet:

Statens vegvesen anbefaler at rv. 52 over Hemsedal blir den andre

hovedvegforbindelsen mellom Østlandet og Vestlandet. Rv. 52 er vurdert som bedre

enn rv. 7, både når det gjelder samfunnsøkonomi, måloppnåelse og muligheten til å

betjene nasjonal trafikk som ikke kan benytte E134. Dette betyr at en satsning på rv.

52 sammen med E134 er vurdert å være en bedre helhetsløsning, som vil gi effektive

og samfunnssikre hovedvegforbindelser for reisende i et geografisk større område enn

det rv. 7 kan dekke.

Dersom man velger rv. 52 over Hemsedal som den andre hovedvegforbindelsen

mellom Østlandet og Vestlandet, er det åpent for senere å analysere alternative

utbygginger av en arm til Bergen og effektene av denne. På den annen side viser

følsomhetsanalyser at det ut fra et trafikkmessig og samfunnsøkonomisk perspektiv er

lite hensiktsmessig å gå inn for både stor utbygging over rv. 7 over Hardangervidda og

ny Hordalandsdiagonal.

Statens vegvesen er ikke bedt om å se spesielt på villrein i denne KVUen. Det vises

derfor til gjennomført KVU for rv. 7 over Hardangervidda som konkluderer med at en

«Dyranuttunnel» kan løse villreinproblematikken på en tilfredsstillende måte.

Gloppen kommune er med i Stiftinga Rv 52 Hemsedalsfjellet, og er gjennom denne oppmoda

om å gje uttale til KVU-en. Eit framlegg til uttale er laga til av Interesseselskapet for rv. 52

Hemsedalsfjellet avis-vest v/ordførarane i Sogndal, Jølster og Lærdal. Framlegget er vedlagt.

Side 14

Rådmannen si vurdering: Etter rådmannen sitt syn bør ein uttale frå Gloppen kommune vere litt meir spissa på vår

fordel av at rv 52 blir valt som andre hovudvegsamband mellom Austlandet og Vestlandet.

Rådmann har derfor redigert kraftig ned uttaleframlegget frå interesseselskapet.

Sidan uttalen først og fremst er ei politisk sak, er rådmannen berre positiv til at mitt framlegg

blir «pussa på» eller «bygt heilt om».

RÅDMANNEN SI TILRÅDING:

Gloppen kommunestyre støttar heilt og fullt opp om Statens vegvesen si tilråding om at rv. 52

Hemsedalsfjellet blir det andre hovudvegsambandet mellom Vestlandet og Austlandet. Saman

med E134 er dette den einaste løysinga som tener heile Vestlandet.

Gloppen kommune legg i tillegg vekt på at ein stamveg over Hemsedalsfjellet

- er viktig for å redusere reistetida til Austlandet for vårt fylke som i langt mindre grad enn

Hordaland og Bergensområdet har andre transportalternativ mellom aust og vest

- vil med dei utrekningane som no ligg føre vere den billigaste løysinga. Dette må sjølvsagt

telje mykje med dei store og uløyste utfordringane som vi har på vegnettet over heile

landet.

Gloppen kommune viser elles til konklusjonen i KVU-en.

14.11.2016 FORMANNSKAPET

131/16 VEDTAK:

Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.

14.11.2016 KOMMUNESTYRET

091/16 VEDTAK:

Gloppen kommunestyre støttar heilt og fullt opp om Statens vegvesen si tilråding om at rv. 52

Hemsedalsfjellet blir det andre hovudvegsambandet mellom Vestlandet og Austlandet. Saman

med E134 er dette den einaste løysinga som tener heile Vestlandet.

Gloppen kommune legg i tillegg vekt på at ein stamveg over Hemsedalsfjellet

- er viktig for å redusere reistetida til Austlandet for vårt fylke som i langt mindre grad enn

Hordaland og Bergensområdet har andre transportalternativ mellom aust og vest

- vil med dei utrekningane som no ligg føre vere den billigaste løysinga. Dette må sjølvsagt

telje mykje med dei store og uløyste utfordringane som vi har på vegnettet over heile

landet.

Gloppen kommune viser elles til konklusjonen i KVU-en.

Vedtaket var samrøystes.

Side 15

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG

Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr

Formannskapet 17.10.2016 124/16

Kommunestyret 14.11.2016 092/16

Avgjerd av: Kommunestyret

Saksbehandlar: Geir Liavåg Strand Objekt: Arkiv: N64

Arkivsaknr.: 16/1125-6

Kommunal medfinansiering til breiband på Sørstranda og i Bukta

Ingen vedlegg.

Bakgrunn for saka: Utbyggjar har tilbydd seg å byggje fibernett til Sørstranda og Bukta mot eit kommunalt tilskot

og kommunal garanti for brukarbetaling. Utbyggingsområdet har utstrekning frå

Sandsneset/Rauset til Søreide og dekker alle husstandar og næringsliv i området.

Saksutgreiing: Det er 306 husstandar i utbyggingsområdet i tillegg til fleire bedrifter. Utbyggjar krev garanti

for at 70 % av husstandane koplar seg på fibernettet. Dersom det vert fleire som koplar seg på

enn det utbyggjar krev garanti for, vil overskytande innbetaling til kommunen redusere

kommunen sine tilskot tilsvarande.

Økonomiske konsekvensar for kommunen: Prosjektet krev eit kommunalt tilskot på 399.000 kr og ein kommunal garanti på 1.284.000 kr.

Dei økonomiske konsekvensane for kommunen vil vere avhengig at kor mange som koplar

seg på og kor stor eigendel dei som koplar seg på betalar til kommunen:

Eigendel 5000 Eigendel 6000 Eigendel 7000

Tilskot 399.000 399.000 399.000

Garanti 1.284.000 1.284.000 1.284.000

Abonnentar Totaløkonomi for kommunen

0 1.683.000 1.683.000 1.683.000

50 1.433.000 1.383.000 1.333.000

100 1.183.000 1.083.000 983.000

150 933.000 783.000 633.000

200 683.000 483.000 283.000

250 433.000 183.000 -67.000

300 183.000 -117.000 -417.000

Ein kommunal garanti på 1.284.000 kr og ein eigendel på 6.000 kr per husstand gjere at

garantiansvaret til kommunen slår inn dersom mindre enn 214 av 306 husstandar vel å kople

seg på fiberen. Dersom ingen ønskjer å kople seg på, må kommunen betale heile garantien på

1.284.000 kr til utbyggjar. Dersom 250 husstandar koplar seg på, vil kommunen få inn

1.500.000 kr i eigendel. Det betyr at garantien ikkje blir gjort gjeldande og at vi i tillegg

Side 16

finansierer 216.000 kr av det kommunale tilskotet. Koplar 281 husstandar seg på, vert det

ingen kommunale kostnader i det heile.

Rådmannen si vurdering: Gloppen kommune har ved fleire høve løyvd midlar for å sikre fiber til innbyggjarar og

næringsliv, sist vart dette gjort på Breim. Rådmannen vil halde fram denne praksisen og rår til

at kommunen løyver 399.000 kr til medfinansiering av fiberutbygginga på Sørstranda og i

Bukta og at det vert stilt ein garanti på inntil 1.284.000 kr for å realisere prosjekt.

Kommunestyret vedtok ein kommunal eigenbetaling på 6.000 kr på Breim og rådmannen

tilrår den same eigenbetalinga til kommunen i dette prosjektet. Rådmannen har diskutert ein

eventuell kommunal garanti med Sørstranda utviklingslag. Utviklingslaget ser på fibertilgang

som viktig både for husstandar og næringsliv i området og vil arbeide aktivt for å få flest

mogeleg av innbyggjarane til å kople seg på fibernettet. Rådmannen har fått innspel frå fleire

delar av kommunen om kor viktig det er for framtidig busetjing at slik infrastruktur vert

tilgjengeleg. Rådmannen deler dette synet.

Når det gjeld utbyggingsprosjektet på Sørstranda og i Bukta, vil rådmannen peike på at dette

kan bli eit dyrt prosjekt for kommunen. Samstundes så er det etter rådmannen si meining

viktig å sikre tilgang til fiber i alle delar av kommunen og rådmannen er trygg på at

innbyggjarane og næringslivet på Sørstranda og i Bukta stiller opp gjennom å kople seg på

fibernettet. Rådmannen tilrår at kommunen yter tilskot og stiller garanti for å sikre

fibertilgang. Dersom det vert så mange som koplar seg på nettet at dette dekker meir enn

kommunen sine utgifter til tilskot (399.000 kr) og garanti (1.284.000 kr), tilrår rådmannen at

«overskotet» vert overført utviklingslaget.

Dersom garantien blir gjort gjeldande, må vi truleg bruke av disposisjonsfondet. Løyvinga til

tilskotet vert lagt inn i driftsbudsjettet for 2017.

Den statlege støtteordninga til breibandutbygging er godkjent av EU/EØS ut 2017. Det er

difor viktig å få kartlagt og kostnadsrekna fiberutbygging på dei stadane i kommunen som i

dag ikkje har dette tilbodet og å prioritere dei attståande områda slik at vi kan søke statsstøtte

til desse utbyggingane i 2017. Rådmannen ønskjer å gjennomføre ei slik kartlegging og å

legge denne fram til politisk behandling og prioritering i november 2016.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING:

1. Kommunestyret løyver inntil 399.000 kr til breibandutbygging på Sørstranda og i Bukta.

2. Gloppen kommune stiller garanti til utbyggar for inntil kr 1.284.000 kr i brukarbetaling.

3. Kommunestyret legg til grunn at innbyggarane i utbyggingsområdet betalar kr 6.000,- per

husstand. Dersom innbetalingane frå dei som knyter seg til fiberen blir større enn

kommunen sine utgifter, blir overskytande overført til utviklingslaget.

4. Dersom garantien blir gjort gjeldande, blir utgiftene dekka av disposisjonsfondet. Det

kommunale tilskotet blir lagt inn i 2017-budsjettet.

5. Formannskapet ber rådmannen følgje prosjektet tett og rapportere status undervegs.

6. Kommunestyret ber om at det innan utgangen av november 2016 vert utarbeidd ei oversikt

over dei områda i kommunen som ikkje har fibertilbod og kva det vil koste å gje

innbyggjarane dette tilbodet.

17.10.2016 FORMANNSKAPET

Side 17

124/16 VEDTAK:

Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.

14.11.2016 KOMMUNESTYRET

Anniken Rygg reiste spørsmål om ho kan vere inhabil i saka sidan ho er leiar av Sørstranda

utviklingslag. Kommunestyret meinte at ho ikkje var inhabil.

092/16 VEDTAK:

1. Kommunestyret løyver inntil 399.000 kr til breibandutbygging på Sørstranda og i Bukta.

2. Gloppen kommune stiller garanti til utbyggar for inntil kr 1.284.000 kr i brukarbetaling.

3. Kommunestyret legg til grunn at innbyggarane i utbyggingsområdet betalar kr 6.000,- per

husstand. Dersom innbetalingane frå dei som knyter seg til fiberen blir større enn

kommunen sine utgifter, blir overskytande overført til utviklingslaget.

4. Dersom garantien blir gjort gjeldande, blir utgiftene dekka av disposisjonsfondet. Det

kommunale tilskotet blir lagt inn i 2017-budsjettet.

5. Formannskapet ber rådmannen følgje prosjektet tett og rapportere status undervegs.

6. Kommunestyret ber om at det innan utgangen av november 2016 vert utarbeidd ei oversikt

over dei områda i kommunen som ikkje har fibertilbod og kva det vil koste å gje

innbyggjarane dette tilbodet.

Vedtaket var samrøystes.

Side 18

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG

Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr

MULTEK-utvalet 13.10.2016 114/16

Kommunestyret 14.11.2016 093/16

Avgjerd av: Kommunestyret

Saksbehandlar: Peter Andresen Objekt: Arkiv: 242 K4

Arkivsaknr.: 16/181-13

Oppdatering av retningslinjene for forvaltning av viltfondet -

sluttbehandling

Vedlegg:

Dok.nr Tittel på vedlegg

280329 Retningslinjer for forvaltning av viltfondet i Gloppen kommune

Frå tidlegare behandling av saka:

Bakgrunn for saka: I 2008 vart det vedteke lokale retningslinjer for viltfondet i Gloppen kommune.

Forskrift om kommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort avgjer kva som er

og kan vere inntekter til fondet, og kva føremål fondet kan nyttast til. Forskrifta er

ikkje detaljert og dei lokale retningslinjene spesifiserer kva type inntekter som skal

førast til fondet, og kva type føremål som fondet kan nyttast til.

Sidan 2008 har det skjedd fleire endringar i både lovverket om viltforvaltning og

utviklinga i fondsbehaldninga. Rådmannen meiner difor at retningslinjene bør

reviderast.

Saksutgreiing: Framlegg til retningslinjene er vedlagt. Framlegget tek utgangspunkt i dei noverande

retningslinjene, men med endringar og tilføyingar i nokon paragrafar. Det som er

skrive med raud i det vedlagte saksdokument er forslag til ny ordlyd, medan det som

er streka over er teksten i dagens retningslinjer.

Under følgjer ein gjennomgang av paragrafar med forslag til endringar:

§ 1-2 Fondstyre

Namn på utvalet er endra.

§ 2-1 Viltfondet sine inntekter

Punkt 1 er endra så det vert vist til rett paragraf i forskrift om kommunale viltfond.

Namn på Direktorat endra til Miljødirektoratet. Satsar for fellingsavgift endra frå

maksimal fellingsavgift for alle kategoriar, til halv fellingsavgift for kalv og ungdyr.

Side 19

Punk 4 er oppdatert med rett paragraf og lov. Kilopris for fallvilt og ulovleg felt vilt er

justert opp frå 40 kr/kg til 80 kr/kg. Den noverande kilopris er 47 kr med prisjustering

etter konsumprisindeksen.

§ 3-1 Utgifter som kan dekkast av viltfondet

Vald med bestandsplan der minimum 80 % av jaktfelta deltek i sett hjort kan få

tilbakeført inntil 5 % av fellingsavgifta. Dette er endra frå 10 % i det noverande

retningslinjer. Til gjengjeld er det ført inn forslag om at dersom alle jaktfelt leverer

elektronisk i staden for papirskjema, kan vald få tilbakeført 10 % av fellingsavgifta.

Valda med bestandsplan får no 30 kr pr. kjeve som vert innsamla til

overvakingsprogrammet. Dette er føreslege oppjustert til 40 kr pr. kjeve.

I punkt 3 er det ført inn at viltfond kan brukast til andre tiltak enn skogrydding i

område med vesentleg risiko for kollisjonar mellom bil og hjort.

I punkt 4 er det ført inn, at det etter søknad kan gjevast inntil 50 % tilskot til tiltak for

å førebyggje skadar på landbruksnæring gjort av hjortevilt. Dette er ei oppjustering frå

30 % i dei noverande retningslinjene. I same punktet er det og lagt til at søknaden må

leverast same året som tiltaket er sett i verk eller er tenkt sett i verk.

§ 4-1 Delegasjon

Ein mindre korreksjon, der viltnemnda sin fullmakt til gjere mindre endringar i

reglementet er endra til MULTEK-utvalet.

§ 4-2 Iverksetjing

Reglementet gjeld frå 1. januar 2017.

Hjorteutvalet i Gloppen kommune har diskutert endringane i retningslinene på møte 9.

mars 2016. Synspunkt frå dette møtet er vurdert og lagt inn i dei føreslegne

endringane.

Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen for kommunen.

Dei eksakte økonomiske konsekvensar for viltfondet av dei føreslegne oppdateringar

er vanskelege å berekne, då det kjem an på m.a. den framtidige fellinga,

aldersfordelinga på dei felte dyr, søknadsmengde til det kommunale viltfond og

storleiken på ev. søknadssumar.

Generelt sett vil dei føreslegne endringar føre til at det på inntektsida vert sett av færre

midlar. Med ei halvering av fellingsavgifta for kalv og ungdyr, vil den årlege

innbetaling bli om lag 50 000 kr mindre.

Oppjustering av kiloprisen på fallvilt og ulovleg felt vilt kan potensielt føre til auka

inntekter. Pr. dags dato førekjem det sjeldan sal av slikt kjøtt, då ein stor part av

fallviltet ikkje kan seljast.

På utgiftssida kan endringane i tilbakebetaling til vald med bestandsplaner maksimalt

føre til auka utgifter på ca. 14 000 om ein legg dagens tal til grunn. Rådmannen har

lite tru på at utgiftene vil auke så mykje og anslår eit meir realistisk auke i utgifter til å

vere 6-8000 kr.

Side 20

Auken i tilskotssatsen til tiltak for å førebygge skade på landbruksnæring kan også

føre til ein auke i utgiftene. Dei siste 10 åra har det ikkje vore nokon søknader som fell

inn under denne kategorien. I tilfelle det kjem, vil det med det noverande inneståande

på viltfondet vere tilstrekkelege midlar tilgjengeleg til å kunne gje tilskot til slike

søknader.

Samla sett vurderer rådmannen at dei føreslegne endringar retningslinene vil redusere

den årlege avsetting på viltfond med ca. kr 60 000.

I dei seinare år har det årleg blitt sett av mellom 80 000 kr og 125 000 kr på viltfondet.

Inneståande på viltfondet var pr. 31.12.15 på kr 581 000.

Rådmannen si vurdering: Bakgrunnen for denne saka er at dei noverande retningslinjene for viltfondet treng ein

revisjon. Nokre av endringane som er føreslegne er reine formalitetar utan praktisk

betyding.

Retningslinjene vart i si tid sett opp innafor dei rammer som forskrifta set for inntekter

til fondet og disponering av fondet. Oppdatering av retningslinjene endrar ikkje på

dette.

Under følgjer ei vurdering av endringane av dei einskilde paragrafar:

§ 1-2 Fondstyre

Endring i § 1-2 er eit namnebytte på utvalet og er ein rein formalitet. Viltnemnd er

teke bort, då funksjonen som viltnemnd i dag ligg til MULEK-utvalet.

§ 2-1 Viltfondet sine inntekter

Punkt 1 vert endra så det vert vist til rett paragraf i forskrift om kommunale viltfond.

Namn på Direktorat endra til Miljødirektoratet. Den primære inntekt til viltfondet er

fellingsavgift. Dei maksimale satsar som kan krevjast i avgift vert årleg fastsett av

Miljødirektoratet. I dei noverande retningslinjene står at Gloppen kommune skal nytte

dei maksimale satsane. Til tross for at Gloppen kommune i dei siste åra har brukt

viltfondsmidlar på diverse vilt-relaterte prosjekt, blir det likevel årleg avsett 80 000 -

125 000 kr på det kommunale viltfond.

Rådmannen meiner ikkje at det skal vere eit mål å ha mest muleg ståande på

viltfondet, men at det må vere ein buffer til å kunne bruke på uventa utgifter og store

prosjekt. Med det som no står på konto er det meir enn ein rikeleg buffer og

rådmannen ser difor ikkje grunn til å halde fram med maksimale fellingsavgifter, då

det berre vil føre til ytterlegare akkumulering av midlar på viltfondet. Difor blei det på

hjorteutvalsmøtet føreslege å justere ned fellingsavgifta på kalv og ungdyr. Det er eit

ønskje frå kommunen å auke avskytinga av kalv og ungdyr og å sette ned

fellingsavgifta på desse kategoriane vil støtte opp under dette målet og vere eit viktig

signal å sende jegerane.

Kiloprisen på fallvilt og ulovleg felt vilt er oppjustert til ein pris som er meir rimeleg

enn den noverande. Hjorteutvalet diskuterte seg på møtet i mars fram til ein kilopris på

80 kr/kg. Denne prisen vil sikre at inntekter frå sal av vilt som blir lagt til viltfondet, er

i tråd med den faktiske verdien av kjøtet.

Side 21

§ 3-1 Utgifter som kan dekkast av viltfondet

Rådmannen ønskjer med denne oppdatering at valda med bestandsplan framleis skal

ha høve til å få tilbakeført viltfondsmidlar, dersom dei deltar aktivt i innsamlinga av

data og statistikk. Det er eit mål i den kommunale forvaltningsplan for hjorteviltet at

flest muleg tek i bruk elektronisk innrapportering av sett hjort. Rådmannen ønskjer å

tilpasse retningslinjene for viltfond så det stimulerer til dette. Samla sett kan valda få

tilbakeført det same som med dei noverande retningslinjene, men det krev at dei tek i

bruk elektronisk «Sett hjort».

Etter ønskje frå valda er tilbakebetalinga pr. innlevert kjeve oppjustert til 40 kr. Det er

mykje arbeid med kjevane og valda ynskjer meir lønn for det. I tillegg har denne

satsen ikkje vore regulert sidan 2008.

I punkt 3 er det ført inn at viltfond kan brukast til andre tiltak enn skogrydding i

område med vesentleg risiko for kollisjonar mellom bil og hjort. Rådmannen ser at det

kanskje kan bli behov for andre tiltak enn skogrydding og ønskjer at

viltfondsreglementet gjev høve til det.

Satsen for å førebygge skadar på landbruksnæring gjort av hjortevilt er oppjustert frå

30 % til 50 %. Dette er gjort etter ønskje frå storvalda, då kostnadene ved slike tiltak

kan vere vesentlege. I tilfelle det kan fåast støtte frå andre kjelder, vert tilskotet frå

viltfondet tilsvarande avkorta. Difor er det sett inntil 50 % tilskot.

Rådmannen ynskjer ikkje å behandle gamle saker om støtte til å førebygge skadar. Det

er difor lagt til at søknad må leverast same året tiltaket er sett i verk eller tenkt sett i

verk.

§ 4-1 Delegasjon

Namnet på utvalet er endra til MULTEK-utvalet. Dette er ein rein formalitet.

§ 4-2 Iverksetjing

For å unngå at det vert vedteken nye satsar for fellingsavgift midt under jakta, ønskjer

rådmannen at dei nye retningslinjene for viltfondet skal vere gjeldande frå 1. januar

2017.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING:

MULTEK-utvalet viser til rådmannen sine vurderingar og vedtek å legge dei reviderte

retningslinjene for forvaltning av viltfondet i Gloppen kommune ut på høyring med

20. juni 2016 som høyringsfrist.

19.05.2016 MULTEK-UTVALET

071/16 VEDTAK:

MULTEK-utvalet viser til rådmannen sine vurderingar og vedtek å legge dei reviderte

retningslinjene for forvaltning av viltfondet i Gloppen kommune ut på høyring med

20. juni 2016 som høyringsfrist.

Vedtaket var samrøystes.

Side 22

Vidare behandling av saka: Framlegg til nye retningsliner for viltfondet for Gloppen kommune har vore ute på høyring

med 1. juli 2016 som høyringsfrist. Det har kome inn eitt innspel frå Grenda Storvald.

Saksutgreiing: Grenda Storvald har i deira uttale kome med forslag om å endre § 3-1 i framlegget til

retningslinene for viltfondet. Denne paragrafen handlar om tilbakeføring av viltfondsmidlar til

vald med bestandsplanar. I framlegget står at berre vald med bestandsplaner kan få tilbakeført

viltfondsmidlar. Grenda Storvald ynskjer at dette vert endra slik at også vald utan

bestandsplan kan få tilbakebetalt eit beløp frå viltfondet for kvar kjeve som vert levert inn.

Grunngjevinga deira er at valdet har same jobb med å klargjere og innsende kjevar uansett om

valdet har bestandsplan eller ikkje.

Rådmannen si vurdering: § 3-1 som Grenda Storvald ynskjer å frå endra, blei vidareført frå dei gamle retningslinjene.

Her er det sagt at berre vald med bestandsplan kan få tilbaketalt viltfondsmidlar.

Gloppen kommune ynskjer at valda skal vere organiserte i storvald med bestandsplanar. Dette

bør også kome til uttrykk i retningslinjene for viltfondet og i ordninga med tilbakebetaling av

viltfondsmidlar. Vald med bestandsplan har høve til å få tilbakebetalt eitt driftstilskot og eitt

tilskot dersom deltakinga i vårteljinga og sett hjort er høg nok. I tillegg får dei tilbakebetalt pr.

kjeve som vert levert. Tilbakebetalinga for kjevane utgjer ein relativ liten del av den samla

tilbakebetaling til storvalda, så sjølv om vi opnar for at alle vald kan få betalt for kjevane, vil

valda med bestandsplan framleis bli belønna økonomisk.

Rådmannen ser poenget frå Grenda Storvald om at arbeidet med kjevane er det same, uansett

om ein har bestandsplan eller ikkje. Dei mindre valda utan bestandsplan utgjer kring 10 % av

den samla felling i kommunen. Økonomisk sett vil ei ev. endring medføre at tilbakebetalinga

frå viltfondet vil auke med ca. 2000 kr årleg.

Kjeveinnsamlinga er viktig for viltforvaltninga, både lokalt og nasjonalt. Rådmannen meiner

at det er eit bra signal å sende at alle vald vil bli honorert for å levere kjevar. Valda med

bestandsplan vil framleis ha økonomiske fordelar sidan dei kan få tilbakeført driftstilskot og

tilskot for deltaking i vårteljing og sett hjort.

Rådmannen kjem på bakgrunn av desse vurderingane med framlegg om å endre § 3-1 slik at

alle valda kan få tilbakeført viltfondsmidlar med 40 kr pr. levert kjeve.

I høve til framlegget som har vore ute på høyring er siste strekpunkt i § 3-1, nr 1 endra frå:

tilskot til og honorering av vald med bestandsplan som medverkar til innsamling

av data til bruk i hjorteforvaltninga etter desse reglane:

o sett hjort for minst 80 % av alle jaktfelt i valdet: inntil 5 % av

fellingsavgifta

o sett hjort for minst 80 % av alle jaktfelt i valdet der alle jaktfelt leverer på

«settogskutt.no»: inntil 10 % av fellingsavgifta

o vårteljing i 80 % av alle jaktfelt i valdet: 5 % av fellingsavgifta

o kr 40,- per innsamla kjeve.

Side 23

til:

honorering av vald som medverkar til innsamling av hjortekjevar med 40 kr pr. kjeve

tilskot til og honorering av vald med bestandsplan som medverkar til innsamling av

data til bruk i hjorteforvaltninga etter desse reglane:

o sett hjort for minst 80 % av alle jaktfelt i valdet: inntil 5 % av fellingsavgifta

o sett hjort for minst 80 % av alle jaktfelt i valdet der alle jaktfelt leverer på

«settogskutt.no»: inntil 10 % av fellingsavgifta

o vårteljing i 80 % av alle jaktfelt i valdet: 5 % av fellingsavgifta.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING:

Kommunestyret godkjenner den nye retningslinjene for forvaltning av viltfondet i Gloppen

kommune slik desse ligg føre som vedlegg i denne saka.

13.10.2016 MULTEK-UTVALET

114/16 VEDTAK:

Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.

14.11.2016 KOMMUNESTYRET

Framlegg frå Per Rune Vereide (Sp):

Saka blir sendt tilbake til MULTEK-utvalet for vurdering av om det skal seiast noko i

retningslinjene om kvalitetsvurdering av kjøtet i fallviltsaker.

Framlegget vart vedteke mot tre røyster.

093/16 VEDTAK:

Saka blir sendt tilbake til MULTEK-utvalet for vurdering av om det skal seiast noko i

retningslinjene om kvalitetsvurdering av kjøtet i fallviltsaker.

Vedtaket vart gjort mot tre røyster.

Side 24

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG

Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr

Formannskapet 14.11.2016 132/16

Kommunestyret 14.11.2016 094/16

Avgjerd av: Kommunestyret

Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: L81

Arkivsaknr.: 16/188-47

Innløysing av tidlegare industribygg på Elvaneset - godkjenning av avtale

og finansiering

Vedlegg:

Dok.nr Tittel på vedlegg

284010 Signert avtale

Bakgrunn for saka: Rådmannen har no klar ein avtale med Dvergsdal & Sunde Bygg AS om innløysing av det

tidlegare RensVask-bygget på Elvaneset. Avtalen, som skal godkjennast av kommunestyret,

stoppar i så fall oreigningssaka som vart vedteken av kommunestyret i møte den 26.

september i år.

Saksutgreiing: Eit kort samandrag av «soga om Elvaneset»:

Kandal Bygg/Fjordane Eigedom inngjekk i 2006 ein avtale med Gloppen kommune om

utbygging av Elvaneset. Etter kvart viste seg at dei ikkje hadde kapasitet eller økonomi til å

gjennomføre sin del av avtalen, og dei inngjekk derfor ein intensjonsavtale med Dvergsdal &

Sunde Bygg AS (DSB) om overtaking av avtalen. Kommunestyret godkjende DSB som ny

avtalepart i 2010. DSB kjøpte utbyggingsarealet av kommunen og det tidlegare RensVask-

bygget av Kandal Bygg/Fjordane Eigedom. Dette bygget var ikkje ein del av

utbyggingsavtalen med kommunen.

Heller ikkje DSB greidde å oppfylle sin del av avtalen, og formannskapet vedtok i sak 4/15,

den 15. januar 2015, å seie opp avtalen. Samstundes bad formannskapet rådmannen forhandle

fram ein tilbakeføringsavtale med DSB.

Denne avtalen vart godkjent av kommunestyret i sak 43/15. I vedtaket bad kommunestyret

rådmannen arbeide vidare med å finne ei løysing for det tidlegare industribygget, og kome

tilbake med ei samla sak om tilbakekjøpet med finansiering når heile saka er avklara.

Forhandlingane om innløysing av det gamle industribygget stod lenge i stampe, og

rådmannen la derfor til slutt fram forslag om å ekspropriere bygget med tilhøyrande festerett.

Dette vart vedteke av kommunestyret i sak 83/16, den 26. september i år.

Side 25

Samstundes med gjennomføringa av ekspropriasjonsvedtaket har rådmannen halde fram

arbeidet med å få til ein frivillig avtale, og formannskapet gav i møte den 17. oktober 2016

rådmannen fullmakt til sluttføre forhandlingane med DSB om kjøp av det tidlegare

industribygget. Det var då kjent at siste tilbodet frå DSB var på 2,6 millionar.

---

Avtalen som no blir lagt fram er signert av DSB den 1. november 2016, og går i korte trekk ut

på at kommunen kjøper industribygget og festeretten som følgjer bygget for 2,6 millionar,

pluss omkostningar. Omkostningane er tinglysingsutgifter og advokatkostnader, både til DSB

sin advokat og til vår, jfr. oppstillinga under punktet om økonomiske konsekvensar for

kommunen.

I forhandlingane med DSB har avstanden mellom krav og tilbod vore stor. Rådmannen har

heile tida hevda at 1,7 mill. er «rett pris» på bygget sidan det var dette beløpet DSB betalte for

eigedomen då dei tok over utbyggingsavtalen frå Kandal Bygg/Fjordane Eigedom i 2010. Det

har ikkje skjedd noko i tida etter dette som har auka verdien av bygget.

I arbeidet med å finne den reelle verdien på bygget har rådmannen fått utarbeidd takst over

eigedomen etter to alternative vurderingar:

Som næringsbygg har eigedomen ein takst på kr 1.950.000,-

Som areal til bustadtomter har eigedomen ein takst på kr 1.250.000,-.

Begge takstane er frå oktober 2016.

Bakgrunnen for DSB sitt priskrav er samtalane dei hadde med ein aktuell kjøpar (Melin

Medical) om sal av heile utbyggingsområdet då fristen i avtalen med kommunen var gått ut. I

forhandlingane med kommunen har DSB lagt til grunn at dei ville fått vesentleg meir betalt

ved eit slikt sal enn det kommunen har vore villig til. Samtalane om privat sal av Elvaneset

vart avslutta etter at kommunen sa ifrå om at eit slikt sal ikkje var i samsvar med

utbyggingsavtalen.

Rådmannen har lagt til grunn at ei oreigning av eigedomen vil koste mellom 200.000 og

300.000 tusen kroner i sakskostnader. Dette er sjølvsagt lagt inn i vurderingane når

rådmannen for sin del av akseptert innløysingssummen på 2,6 millionar. Det er naturlegvis

teke atterhald om politisk godkjenning.

Økonomiske konsekvensar for kommunen: Reknestykket for tilbakekjøp av Elvaneset ser no slik ut:

2015 2016 Sum

Refusjon for planarbeid 570.354 570.354

Utgifter til advokat/rådgjeving/taksering 16.750 145.000 161.750

Tilbakekjøp av areal* 602.160 602.160

Innløysing av industribygg* 2.666.000 2.666.000

Moms 4.188 36.250 40.438

Sum 623.098 3.417.604 4.040.702

* Inkluderer også tinglysingskostnader.

Alle rekningane er ikkje komne inn når dette er skrive, slik at det kan bli mindre avvik i dei

endelege tala. Rådmannen har lagt inn nokså sikre overslag for dei utgiftene som per i dag

ikkje er fakturerte.

Side 26

Kostnaden i 2015 er finansiert ved rekneskapsavslutninga med refusjon av moms (kr 4.188)

og bruk av lån (kr 618.910). I 2016-budsjettet er det sett av 2,5 mill. til Elvaneset, finansiert

med låneopptak.

Då kommunestyret godkjende avtalen med DSB om tilbakekjøp av tomta på Elvaneset

(utanom industribygget) i sak 43/15, vart det lagt til grunn at kostnaden med dette skulle

dekkast av investeringsfondet. Dette var dessverre ikkje følgt opp ved rekneskapsavslutning.

Rådmannen legg derfor opp til å bruke av investeringsfondet til utgiftene i 2016.

Rådmannen sitt framlegg til finansiering av kostnaden på 2016-rekneskapen på kr 3.417.604

er:

Refusjon av moms kr 36.250,-

Bruk av

investeringsfond

"

881.354,-

Bruk av lån " 2.500.000,- Lånet er teke opp som ein del av 2016-budsjettet

Sum kr 3.417.604,-

Saldo på investeringsfondet er i dag om lag 4,7 mill. med den bruken som er budsjettert i

2016 så langt.

Desse endringane må gjerast i 2016-budsjettet, på ansvar 8000 som er investeringsansvaret

Art Ansvar Teneste Prosjekt Beløp Merknad

31-32 8000 32500 32564 880.000 Auka utgift (erstatning)

34 8000 32500 32564 35.000 Auka utgift (moms)

39 8000 32500 32564 -880.000 Auka inntekt (bruk av fond)

37 8000 84100 84150 -35.000 Auka inntekt(ref. av moms)

Teneste 32500 er «tilrettelegging og hjelp for næringslivet»

Teneste 84150 er «meirverdiavgiftskompensasjon – investeringar»

Prosjekt 32564 er «Elvaneset tilbakekjøp»

Prosjekt 84150 er «momsinvestering».

Rådmannen si vurdering: Rådmannen er glad for at saka no kan få ei frivillig løysing sjølv om kostnaden er vesentleg

høgare enn det som har vore kommunen sitt utgangspunkt.

Saka har vore lærerik på mange måtar, og nokre vil sikkert seie at lærdomen har vore dyr. Det

kan også vere grunn til å stille spørsmål om Elvaneset er så attraktivt som mange av oss trur,

sidan to seriøse utbyggarar ikkje har fått til noko som helst. Dette må vi følgje opp, utan at

rådmannen i dag har noko konkret framlegg. Rådmannen vil her legge til at kommunen

gjennom avtalen står fritt til endre bruken av området med ny regulering. Dersom oreigning

hadde blitt alternativet, ville vi – i alle fall i utgangspunktet – vore bunden av den

reguleringsplanen vi gjennomfører oreigninga etter.

Uansett kva som blir neste kapittel i «soga om Elvaneset», vil rådmannen halde hardt på at det

ikkje skal inngåast fleire avtalar som kommunen må kjøpe seg ut av.

---

Side 27

Rådmannen ber om kommunestyret si godkjenning av vedlagde avtale med Dvergsdal &

Sunde Bygg AS.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING:

1. Gloppen kommunestyre godkjenner avtalen med Dvergsdal & Sunde Bygg AS om

innløysing av det tidlegare industribygget på Elvaneset slik denne følgjer som vedlegg i

saka.

2. Samla kostnad med prosjekt «32564 Elvaneset tilbakekjøp» er om lag kr 4.040.000, som

er finansiert slik i 2015- og 2016-rekneskapen:

- Refusjon av moms kr 40.000

- Bruk av ubunde investeringsfond " 880.000

- Bruk av lån " 3.120.000

3. Kommunestyret vedtek å endre 2016-budsjettet som vist i rådmannen si saksutgreiing.

4. Saka om tilbakekjøp og innløysing av det tidlegare industribygget og prosjekt «32564

Elvaneset tilbakekjøp» er dermed avslutta.

14.11.2016 FORMANNSKAPET

132/16 VEDTAK:

Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.

14.11.2016 KOMMUNESTYRET

Framlegg frå Kent Øystein Hjelle (Sp):

Gloppen kommunestyre seier nei til avtalen med Dvergsdal & Sunde Bygg AS om

innløysing av det tidlegare industribygget på Elvaneset.

Kommunestyret vil også avslutte prosessen med oreigning.

Framlegg fekk to røyster.

094/16 VEDTAK:

1. Gloppen kommunestyre godkjenner avtalen med Dvergsdal & Sunde Bygg AS om

innløysing av det tidlegare industribygget på Elvaneset slik denne følgjer som vedlegg i

saka.

2. Samla kostnad med prosjekt «32564 Elvaneset tilbakekjøp» er om lag kr 4.040.000, som

er finansiert slik i 2015- og 2016-rekneskapen:

- Refusjon av moms kr 40.000

- Bruk av ubunde investeringsfond " 880.000

- Bruk av lån " 3.120.000

Side 28

3. Kommunestyret vedtek å endre 2016-budsjettet som vist i rådmannen si saksutgreiing.

4. Saka om tilbakekjøp og innløysing av det tidlegare industribygget og prosjekt «32564

Elvaneset tilbakekjøp» er dermed avslutta.

Vedtaket vart gjort mot to røyster.