gudar i oljÅ€¦ · skapinga 8 gudar i oljÅ gudar i oljÅ 9 i opphavet var ginnungagapet, eit...

23
GUDAR I OLJÅ ISBN: 82-90402-15-5

Upload: others

Post on 19-Jul-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

GUDARI OLJÅ

ISBN: 82-90402-15-5

Page 2: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

INNHOLD

SKAPINGA

VÅRT FELLES OPPHAV GINNUNGAGAP

LOKE- SLEKTA

GUDAR OG ANDRE SKAPNINGAR I OLJÅ - BALDER

BRAGE

FRIGG

FRØYA

GULLFAKS

HEIDRUN

HEIMDAL

HOD

TOR

NJORD

ODIN

SLEIPNER

YME

ÅSGARD

8

12

20

23

24

25

26

27

28

29

31

32

33

34

35

36

37

Oljedirektoratet

Bjørn Boge

Janne-Beth Carlsen n’Jai

Asgjerd Taksdal

Utgivar

Illustrasjonar

Design

Forfattar

GUDARI OLJÅNordmenn flest veit lite om kva rikdom havbotnen gøymer.Kvar dag les me om verdiskaping, oljeformue, sal av gass,produksjonstal og prognosar. HMS-kultur og tryggleiksnivå erpå dagsordenen. Men eigentleg er det så mykje sterkare detheile - dimensjonane, trykket, havet og arbeidskulturen.Ikkje rart dei fleste olje- og gassfelta har fått namn frå dennorrøne mytologien og dei norske eventyra - frå ei verd medveldige naturkrefter og durabeleg livskamp.

Gudar i oljå er utarbeidd i samarbeid mellom OD og NorskOljemuseum, og OD har tidligare publisert forteljingane iSokkelspeilet, oljemagasinet vårt. Når me nå gir ut samlingaunder eitt, er det i samband med OD sitt 30-årsjubileum somforvaltningsorgan for norsk sokkel, frå 14. juni 1972 til 14.juni 2002.

Det er mange år for oss - men få i gudane sitt perspektiv.God lesing!

Gunnar ØstebøAss. direktør

Page 3: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

”De norrøne mytene forteller om hvordanmennesker i Norden opplevde liv og død, tid, rom og landskap – de dimensjonene vi alle må leve våre liv innenfor. Framfor altreflekterer mytene erfaringer om grunn-kreftene i tilværelsen. Dette materialet rommerbåde almennmenneskelig kunnskap og en særnordisk livsopplevelse.” Professor i religionshistorie Gro Steinsland:

”Eros og død i norrøne myter”, Universitetsforlaget 1997

”Veit de nok, eller kva?”Volva i ”Voluspå”, Eldre Edda

4 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 5

”Ingen e ier mytene– a lene!”

”Sett at virkeligheten er en stor skog vi hargått oss vill i. Og det har vi nok de fleste avoss. Da hjelper det lite å sette seg på huk ogkikke på stener og strå. Den eneste sjansen vihar til å orientere oss, er å finne et høyt punkt.Og eventyrene og mytene er nettopp slike trær vi kan klatre opp i. For å få en oversikt. Se de store linjene i landskapet …”Tor Åge Bringsværd, i ”Myter og humaniora”,

Sypress Forlag, Oslo 1998

Page 4: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

Eg trefte ein barndomsven ein dag og spurde kva han dreiv med.

”Eg er hestepassar i Nordsjøen,” svara han.

Omsider kom det fram at han var vedlikehaldsarbeidar på Sleipner, plattformen som er oppkalla etter den

glupe Odins-hesten på åtte bein.

Først då datt mytenamnet på plass, og spørsmåla yngla.

Kva i all verda meiner me med å bruka namna frå norrøn mytologi

på noko så moderne og internasjonalt som oljeindustrien?

Forsiktig undersøking hjå rette vedkomande fekk fram at kanskje ingen hadde tenkt så mykje på det. Det var berre så veldig norsk – også veldig sterkt! Så vart det slik. Ære være for det!Oljeeventyret på norsk sokkel har kanskje langt på veg overteke funksjonen som nasjonal myte.Det verkar rimeleg å dra linene tilbake til føre-stillingane om dynamisk, ekspansiv vikingtid som ein annan stor epoke i historia vår. Men skal det ikkje bli komisk, må me mest vita litt om kva dei gamle mytenamna stod for.

Ein gir ut det vesle heftet om ”Gudar i oljå”, ein forsiktig freistnad på å visa litt av vikingane sittverdsbilete og synet på gudar og menneske sin plass der. Korleis oppfatta dei naturkreftene omkring seg, og livskreftene i seg? Og korleis dekker deira myter vår eigen innsikt i liv og krefter og natur no – eit tusenår seinare og midt i oljeøkonomi og avansert teknologi?

6 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 7

Page 5: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

Skapinga

GUDAR I OLJÅ 98 GUDAR I OLJÅ

I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnandefrost og tåke. På andre sida låg Muspellheim med øydeleggjande eldmørje.

No skjedde det at heten frå Muspellheim smelta is frå Nivlheim, og av smeltevatnet vakna jotnen Yme – og kua Audhumla, så han hadde noko å leva av.

Yme er stamfaren til jotunslekta. Audhumla gjekk der og slikka etter mat på islagde saltsteinar, og så kom ho til å slikka liv i ein av dei. Opp livna Bure!

Sonen hans – ikkje spør etter mora, dei var merkverdigsjølvhjelpte desse første levande vesena – sonen hans,Bor, fann seg ei jotundotter – nei, ikkje spør etter mora!– og dermed har me eit skikkeleg par. Buresonen Bor og jotundottera Bestla kunne avla deiførste gudane: Odin, Vilje og Ve, stamfedrane til bådegudar og menneske.

Det nyttar lite å spekulera på arvestoffet. Eller er det nett det me burde gjera? Kva meinte vikingane at me er komne av, og kva gjer denne jotun/gudeblandinga med genene våre? Det er lov å undrast.

Det myst iske verdsbi letetLivstreet Yggdrasil skyt vertikalt opp gjennom jord-flata. Nærmast stammen bur gudane, i Åsgard. I sin sirkel utanfor bur menneska, i Midgard. Ytterst liggUtgard, der jotnane held til. Treet har røtene ned iunderverda. Ved den eine rota herskar Hel i døds-riket. Gjallarbrua fører dei arme ned dit.Ved andre rota ligg Urdarbrønn, gudane sin tingplass.Der sit også nornene og spinn livstråden til menneska.Og jotnen Mime har visdomsbrønnen sin ved den tredje. Gudane har bygt Bivrost over verda, regnboge-brua der raudfargen er eld som brenn natt og dag såikkje jotnane skal ta seg innover.

Page 6: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

Dei store konstruktørane

GUDAR I OLJÅ 11

Så skapte Odin, Vilje og Ve dei første menneska. Dei tre sønesønene etter stamfaren Bure kom vandrande på stranda ein dag – truleg såg dei overskaparverket sitt og fann det såre godt: ”Ikkje verstdette, av ein uhamsleg jotunkropp”?

Men noko mangla liksom. Då fekk dei auga på to menneskeskapningar som låg og duppa livlause i strandkanten. Dvergane hadde vore ute og lagt frå seg eit velskapt konsept. Det var ikkje deira feil at dei ikkje kunne setja liv i det. Som dei seier iTelemark:”Det er ikkje vandt å smia myhank – det er verre å setja surren i han.”Gudane tende på ideen: ”– Enn om?”

Som tenkt, dei reiste skapningane opp og gav deinamn: Ask og Embla. Der stod det første menneske-paret i verda, storøygde og forvitne, og skulle bergaseg gjennom tilværet med fødselsgåvene sine.

Korleis det gjekk?Nåja… Men Eva-døtre måha lov å undrast litt på kvadet gjer med Embla-døtre åvita at dei er skapte samtidig– ikkje etterpå, som ei skrapekake av mannen.

Me står framfor det første fadermordet i verda: Odin, Vilje og Ve drap stamfaren på morssida, Yme,og brukte kroppen hans til å skapa ei tidsmessig verdfor seg og etterkomarane.

Av kroppen skapte dei jorda. Føtene vart steinar ogfjell. Blodet vart elvar, sjøar og hav. Hår og skjegg varttil tre og gras. Hovudskallen laga dei himmelkvelvenav, og augnebryna la dei til sides så lenge – dei skullebli borg rundt eigedomen deira når dei kom så langt.

Alt kunne nyttast. Av makkane som kraup ut or Yme-kroppen skapte dei dvergane, som dei fekk god brukfor: Dei måtte leva i det usynlege, kjønnslause og uteav stand til å formeira seg. Heile si livskraft fekk deiutfalda gjennom kunsthandverk og andre fine og mindre fine kunster. Særleg smiekunsten deira vart til stor nytte for både gudar og menneske.

Denne nyslådde jorda løfte dei opp or Ginnungagapettil å leva og bu på. Rettnok gjennomførte dei ei vissutreinsking: Dei drap dei fleste jotnane, men ikkje alle.Rasjonell livsordning og arbeidsdeling kravde også jotnane sine svartekunster, både mellom gudar ogmenneske.

Odin hadde gitt dei åndVilje hadde forsynt dei medsjel og forstand.Men Ve, han hadde gitt dei varme og farge til å forvalta dei andre sine rause gåver med.

10 GUDAR I OLJÅ

Gudane t rong menneske å styra med

Page 7: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

Vår t fe l les opphav Ginnungagap

Eldmørje Is og tåke

GUDAR I OLJÅ 1312 GUDAR I OLJÅ

Bure Jotunslekta

”Son” Bor ”Dotter” Bestla

Jotnen Loke + Angerboda

Hel Midgardsormen Fenrisulven

Tor

+

Kua Audhumla Jotnen Yme

Sleika fram

Stam

far til

Sleipner

Etter denne samrøra mellom gudar (æser) og jotnar trongstdet friskt blod. Dvergar, alvarog vanar var skapte.

Gudane fekk Njord som gisseletter ein krig med vanane. Dei gav han gudestatus og ansvar for naturkreftene.

BalderOdin Frigg+

Odin Jord+

Odin Diverse jotunkvinner+

Njord Vanekvinne+

Heimdal

Brage Hod

Dvergar

Frøya (kjærlighetsgudinne)

Frøy (fruktbarhetsgud)

+

Søsken og ektepar

Odin Vilje Ve

Skapte verda, gudar og menneske

Fosterbrør

Page 8: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

Mellom Åsgard og Ginnungagap

Rappor t f rå Utgard

Jotnane var dei svartemaktene som hadde mestomgang med gudane. Dei var utamde og innfule ogfulle av vondt – men så kunne dei brått verka godslegeog truskyldige og beintfram hjelpsame. Herskarendeira, Utgards-Loke, vart opphøgd til fosterbror medAllfader Odin.(Kan du ikkje slå dei, så få dei med deg!)

Somme av kvinnene deira var vakre, til dømes Gjerdsom Frøy elska. Men dei fleste var uhamslege medbåde halar og anna lite tiltrekkande utstyr.Alt gudevesen baud jotnane inderleg i mot. Men deivar kyndige byggmeistrar, og kloke og utspekulerte ialle slag hemmelege kunster. Derfor brukte gudane deigjerne til vanskelege oppdrag – med vekslande utbytte!

Fysisk styrke var ein opphøgd eigenskap i dei kretsar.Derfor arrangerte dei ofte felles idrettskonkurransar.Ein gong lokka dei Tor til å kappeta, kappdrikka, løfta den store grå Utgards-katten opp frå golvet og ta fangtak med staurgamle mor Elle. Det siste var denytste fornærminga for ein vital Åsgards-gud i sin bestealder. Tor greidde seg overraskande dårleg i alle øving-ane og var i torevers-humør då Loke avslørte lureriet:

Me synkvervde deg!

Loge som du kappåt med, var elden.Drikkehornet ditt låg med enden i havet – sjå korleis det har minka (fjære!).Og katten – det var sjølve Midgardsormen.Men Elle – aldri har nokon funnest som ikkje fall for henne, for ho er sjølve alderdommen.

Gudane ordna verda i sfærer rundt sin eigen bustad,Åsgard. I Utgard heldt jotnane og andre livstrugandeskapningar til. I Midgard levde menneska så sitt liv,mellom gudar og jotnar, mellom lyst og mørkt, medsjølve Midgardsormen rundt seg til å halda menneske-verda saman. Balansen mellom godt og vondt, mellomliv og død, er avgjerande.Derfor var det så kritisk for livet på jorda då den brå-kjekke og håttalause guden Tor vart lokka til å brynastyrken sin på å hala Midgardsormen opp or havet.Sjølv jotnane bleikna då dei såg at han var i ferd med å greia det – og dei kutta fiskesnøret og berga oss. Så lenge styggedommen ligg der og døser og bit segsjølv i halen, kan menneska leva nokolunde trygt. Men ikkje egla han opp til overflata!Og gudane for jord, natt og dag er av jotunætt, som mange andre.

GUDAR I OLJÅ 1514 GUDAR I OLJÅ

Page 9: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

Livstreet , asken Yggdrasi l

Livstreet breier greinene sine utover all verda. Det har tre røter, ei hjå æsene, ei hjå dei under-jordiske og ei langt nede i Nivlheim, dødsriket.Ved rota i Nivlheim ligg det ein fæl orm som heiterNidhogg (dødsbitet) i ein brønn. Han gneg ustoppeleg på trerota og vil drepa treet.

Ved rota hjå dei underjordiske, rimtussane, ligg brønnen til den vise Mime, jotnen som dagleg drikkseg utørst på mannevit. Den allvise Odin gav eineauga sitt i pant for å få drikka av visdomsbrønnen. Sidan heiter han ofte Den einøygde. Moralen? Ingen blir vis utan at minst eitt auga snur innover!

Den tredje askerota botnar i Urdarbrønn. Der samlast æsene til gudeting.

Oppe i treet lever det ei klok ørn og andre dyr, og sådet forkava ekornet Ratatosk, som piler opp og nedmed sladder mellom ørna og ormen Nidhogg –tabloidkommunikasjon er ikkje noko nytt under sola!

GUDAR I OLJÅ 1716 GUDAR I OLJÅ

Page 10: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

Nornene som formar oss

Inntil stammen av Yggdrasil sit dei tre nornene og spinn livstråden for kvart einaste menneske. Urd, Verdande og Skuld har kvart sitt materiale å spinna lagnaden vår av: Det som har vore, det som er no, og det som skal koma.Minner det om eit kjent rituale – av jord er du komen, og så vidare?Liv? Av liv er du komen – Liv er du – Til liv skal du bli? Tid? Av tid er du komen.

Tid er du, og til ei tid blir du og, som dei før deg?Godt å kjenna til i vår digitalt opphakka tid utan før og etter. Det kjem folk i tidene etter oss og. Ikkje berre syndflod. Ringar i vatn?

GUDAR I OLJÅ 1918 GUDAR I OLJÅ

Page 11: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

Loke-slekta

Han var av tvilsamt opphav, jotunsonen Loke, og så valde han make deretter: Gygra Angerboda. Medhenne fekk han dei tre barna som vart heile verda siskrekk og gru: Fenrisulven, Midgardsormen og Hel.(For ikkje å nemna - her - den sommarnatta då hanunnfanga Sleipner. Eit storslått resultat av ein midsommardraum og simpel prostitusjon med gudane som hallikar. Eller eit av dei sterkaste døma i slektshistoria vår på kva kraft erotikken er?)

Gudane skjønte det måtte bera gale av, men dei kunne ikkje drepa Loke-yngelen, lagnaden måtte gå sin gang. Dei berre sørgde for å få avkomet litt på avstand.

GUDAR I OLJÅ 2120 GUDAR I OLJÅ

Page 12: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

Fenrisulven alte dei sjølvopp under strengt vakthald

i Åsgard. Han vaks fælt, ogtil slutt torde dei ikkje anna

enn å binda han. Dei bad dvergane om råd. Dvergane lagaeit band av lyden av kattesteg,

skjegget til kvinna, berget sine røter,bjørnen sine senar, fisken sin pust ogfuglen sitt spytt. Derfor er kattestegalydlause, kvinnene skjegglause, stort

sett, berget utan røter, og såvidare. Dette bandet fekk dei lurt

Fenrisulven inn i og festa så enden tilei svær steinhelle. Han glefste og bar seg, så dei stakkeit sverd opp ned i munnen hans. Der ligg han og ular og siklar så det renn ei svær elv or han. Til så lenge. Først ved verdsens ende slepp han laus og hemner seg på gudane. Då skal han gløypa sol og stjerner så alt frys til is.

Midgardsormen kasta dei på verdshavet. Der vokshan og vart så stor at han kunne leggja seg i ring rundtMidgard og bita seg sjølv i halen. Så lenge han ligg deri ro, held han verda saman. Det var derfor det vart slikkrise den gongen då Tor i sitt vanlege overmot heldtpå og skulle fiska han opp – det ville ha ført til universalt kaos.

Hel vart sett til å rå for Nivlheim(Helvete) og ta mot allesom døydde av sjuk-dom eller elde,både menneskeog andrevesen påjorda. Sidanmenn helstskulle døy medvåpen i hand,for å nyta evigsæle og slåsskamphjå Odin i Valhall, må Hel sittmottak langt på veg ha vore eit kvinnehospits. Men ho fekk ta mot gudar og, når dei døydde av svik,som Balder.

Gudar og andre skapningar i o l jå

Balder var Allfader Odin sin son med hovudkona Frigg.Han var den lyse og fagre guden for alle fromme og uskyldige. Seinare tider har funne trekk av ein Kristusfiguri Balder. Det måtte ikkje finnast noko ureint i Breidablikk-borga, der han levde med trufaste Nanna. Tydeleg var hanfor god for denne verda. Loke og hans side tolte dårleg så mykje from kjærleik. Så brukte han Hod, den blinde broren til Balder, til ådrepa han. Det gjekk slik til:Så lenge Balder fanst, kunne ikkje vald og vondskap vinna i verda. Men han fekk slike urolege draumar, og æsene vart skremde. Frigg, mora, tok alle ting i eid på at dei ikkje skulle skada Balder, eld og vatn, jern ogalle slag metall, steinar, jord og tre, sjukdommar, dyr og fuglar, eiter og orm.Nå kjende dei seg trygge for han, og på tinget leika dei seg med å skyta og kasta stein på den usårlege! Loke lika seg slett ikkje. Derfor gjorde han seg ukjenneleg i kvinneham og gjekk til Frigg og spurde:”Er det verkeleg slik at alle ting i verda har lova å skåna Balder?””Nja – ” svara Frigg – ”det veks eit lite skot vest forValhall, ein misteltein. Den tykte eg var for liten til å ta i eid.” Loke sprang og reiv opp mistelteinen og for tilbake til tinget. Hod, bror til Balder, stod i utkanten fordi han var blind og ikkje kunne skyta.”Ta denne kvisten og skyt du og,” lokka Loke og retta mistelteinen inn på Balder. Hod trekte av, og Balder fall død til jorda. Gudane vart ståande stivna avdet dei såg. Dette var den største ulykka som nokongongkunne råka gudar og menneske. No måtte han til Hel!

Dei baud henne løysepengar for den døde Balder – og ho var ikkje heilt urimeleg: ”Dersom alle ting i verdagræt over han, skal eg sleppa han fri.” Æsene bad heileverda om å gråta Balder heim att til Åsgard – og enno kandu sjå korleis alt græt når det kjem frå frost inn i varmen.Men i ein svart heller sat det ei gammal gygr – og honekta å fella ei tåre. ”Hel kan ha det ho har,” sa ho.Det var sjølvsagt den innfule Loke med trolldoms-kunstene sine att – og slik gjennomførte han den farlegaste ugjerninga si.

BALD

ER

GUDAR I OLJÅ 2322 GUDAR I OLJÅ

Page 13: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

BRAGE

FRIG

G

Ho var første-kona til Odin og kjende verdstilstanden like godt som han. Heimen hennar var Fensal-huset på myrane. Der hadde ho tre terner til å hjelpa seg: Lin, som verna om menneska, Fulla, som kjende alle løyndomar, og Gnå, som kunne utføra ærend som dethastar med. Frigg svarar til kjærleiksgudinna Venus i den romerske mytologien. Slik Venus gav fredagen namn på latin: Dies veneris, gav Frigg dagen namn hjå oss. Frjá betyr kjærleik, og frjádagr er blitt til fredag.Ho rådde altså for kjærleik og fruktbarhet til Frøya overtok. Men levde ho som ho lærde? Knapt nok.

Ein gong Odin var ute og reiste, tok ho seg ein ny mann som Odin jaga då han kom att. Loke vil også ha det til at ho hadde hatt begge svograne sine, Vilje og Ve,til elskarar. Men Loke og ho var ikkje på god fot med kvarandre. Særleg i kampen for å berga Balder frå Lokesine trolldomskunster viste ho innbiten motstand.

Brage var ein av Odin sine søner med jotunkvinner, ein av dei som gjorde mindre av seg enn somme andre. Han er kanskje meir kjend som ektemaken til Idunn, ho med ungdomsepla som gudane forynga seg med når alder og slitasje tyngde.Men han hadde då eit viktig embete på eiga hand og: Han var guden for talekunst og dikting. Med slike talent var det rimeleg at han fungerte som kjøgemeister når gudane i Valhall heldt gilde. Han tok også mot dei falne som kom til Valhall etter ærefull strid. Dei venta kanskje nokre velvalde skaldeord ved forfremjinga til evig våpengny?

GUDAR I OLJÅ 2524 GUDAR I OLJÅ

Page 14: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

Ein gong kom Odin ridande til Jotunheimen til jotnenRungne. Rungne vart misunt på hesten hans som kunne ri gjennom både luft og vatn. Og hestekaren Odin svorromsleg på at slik hest fanst det ikkje i Jotunheimen. Men Rungne heldt på at hans eigen gangar, Gullfaks, var endå likare. Han sette seg opp og sprengde etter Odin på Sleipner i slikt kokande jotunsinne at han sansaseg ikkje før han for gjennom Åsgard-grinda og inn.Dermed var han gjest og måtte trakterast, av Tor sinedrusne drikkekar. Han vart ørsken og slo om seg: Han skulle ta heile Valhall, skulle han, og flytta han til Jotunheimen, og senka Åsgard i havet og drepa allegudane – alle unntatt Frøya og Siv. Det tolde ikkje Tor, og så vart det lyst til holmgang, i Jotunheimen.Då Rungne klårna til, vart han redd og fekk laga ei sju mil høg leirkjempe til å slåst for seg. Men leirjotnen vartlike vitskremd framfor Tor, så redd seier soga at ”hannmeig, er (då) hann sà Tor”.Og kjempa fall, men vart liggjande med den digre fotensin over Tor så han ikkje kom laus. Då kom den tre årgamle sonen hans, Magne – og kasta jotunfoten av farsin.”Den guten blir det noko stort av”, sa Tor og gav hanGullfaks til løn. Men Odin irettesette han for det – meiningslaust å gi den gode hesten til ein gutunge, han burde heller ha gitt han til far sin.

Først litt om slektsnamnet: På gammalindisk finst ordet vanas som betyr attrå, ”begjær”, erotisk kjærleiksdrift. Det har gitt namnet Venus til den romerske kjærleiksgudinna, og slektsnamnet vanartil våre gudar for grøde, fruktbarhet og kjærleik.

Frøya kom av vaneslekt, ho var dotter til Njord og tvillingsøster til Frøy, som ho også var gift med.Søskenekteskap var ikkje uvanleg hjå vanane. I Åsgard vart ho gift med Od – men han reiste frå henne til framande land og kom ikkje att. Ho gret ofte over han, gret tårer av gull!Så har me fått ei kjærleiksgudinne som pinest av varig kjærleikssorg – kva er det ho veit som andre kjærleiksgudinner ikkje har skjønt?Det blir hevda at ho kan vera eit synomym for Frigg, og at Odin dermed er den ektemaken som er ”forsvunnen i framandt land” for henne.Kva er det i så fall ved Odin som ho ikkje får?

Ho bur i Folkvang, med ein svær sal som heiterSessrymme, og har god plass. Det treng ho, for ho har rett på halvparten av mennene som fell i strid, så får Odin resten. Men ho har førsteretten til å velja! Og ho tek også mot kvinner som døyr ærefullt, ofrar livet for slektsæra til dømes.

Som vane – Vanadis!– var ho seidkyndig og lærte trolldomskunsten frå seg til æsene. Seid var ein magi som det følgde mykje ”ergi”, seksuelt avvik, med.Kunsten var rekna for umandig. Men han var nyttig, så gudane svelgde skamma og brukte seid når dei var i beit. Frøy og Frøya er elles høgstatusnamna for Herre og Frue. Slik jomfru Maria på seinare folkemunnefekk tittelen Vår Frue!

FRØYA

GU

LLFA

KS

GUDAR I OLJÅ 2726 GUDAR I OLJÅ

Page 15: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

HEI

MD

AL

Den kvite åsen kalla dei han, og rekna han for stor og heilag. På merkeleg vis var han fødd av ni jotun-møyar, andre meinte han vart til av ni bølgjer – og ialle fall skjedde dette i urtida. Mange kalla han Odinsson. Han livnærde seg av jorda. Huset hans høgtoppe i lufta ved verdsens ende heiter Himmelborg. Der levde han og verna regnbogebrua, Bivrost, motjotnane. Når han bles i den svære luren sin, høyrdest det over alle verder.Og så skal det ikkje stikkast under stol at han var rikt utrusta – tennene hans var av pure gull. I skaldedikta blir gullet derfor ofte omskrive med”Heimdals tenner”, og hesten hans heitte Gulltopp.

Livet i Valhall er ein evinneleg fest. Dei falne heltaneunderheld seg dagleg først med kamp og så i festleggilde. Kvar morgon samlast dei i full rustning på tunet og stikk og slår og feller kvarandre. Men når det lir til middagstid, reiser dei seg frå slagmarka og benkar seg kring drikkebordet, nyt solide måltid av galteflesk og er perlevenner. Det er ein stor og stadig veksandeflokk, så det skal mat til. Men alle får sin mette av galten Særimne. Kvar kveld stiller han like sprelsk til nytt festmåltid.Til drikke blir det servert vin og mjød – vinen berre til Odin og dei han vil heidra særskilt – eit slag

kapteinens bord. Dei andre sløkkjer tørsten medmjød, som renn ustoppeleg or juret på geitaHeidrun. Ho står på torvtaket på Valhall og beitar av kvistane på eit tre som veks der.

Mjøden fyller eit stort kar i hallen, og der er nok til å halda alle vel drukne.

Med Særimne og Heidrun si hjelp greier Odin å halda denne veksande fylkingen sin fornøgd.

Allvis som han er, veit han nok altfor vel at han kjem til å trenga kvar einaste krigar i den komande siste Ragnarok-striden, kampen mot endeleg oppløysing og kaos, når han må

vinna over Fenrisulven.

HEIDRUN

GUDAR I OLJÅ 2928 GUDAR I OLJÅ

Page 16: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

HODHan var son til Odin og ein hovudgud, sterk – men blind.Broderdrapet hans er det fortalt om under Balder. Det var uvilja og sett i scene av Loke i pur vondskap. Trass i handikappet til Hod må drapet hemnast på han, og hanblir send til Hel. Men han kan og sjå fram til å koma attetter Ragnarok: Av havet stig det då opp ei ny jord, grønog fager, der åkrane veks utan å vera tilsådde. Sola harfødd ei dotter like fager som ho sjølv. Alt vondt har fått ein ende, og æsene samlar seg påIdavollen og finn att speletavlene sine frå den første gullalderen. Alt skal bli som før. Dit kjem også Balder og Hod tilbake frå Hel.Liv og Livtrase (trase = den som riv til seg!) er det einastemenneskeparet som har berga seg gjennom Ragnarok, i ei berghole med morgondogg til mat. Frå dei skal den nye menneskeslekta koma.

I høgtidelege samanhengar blir Heimdal omtala som alle menneske sin stamfar – og i alle fall har han fått æra for at menneska vart ordna i stender.Heimdal er personen Rig i ein skapingsmyte somomfattar alle menneske. Rig gav seg på vandring og kom til ein ussel bustad ”der eit gråhært hjon sat og grov frami åren”. Det var heimen til fattiglemeneÅe og Edda, oldefar og oldemor. Dei baud han av den enkle maten sin, ein tung, klumpete deig og sodd or ein bolle. Der sov Rig tre netter mellom ektefolka, før han gjekk vidare. Men ni månader seinare fødde Edda ein son, ”- svart av hamlet, som vart heitande Træl.”

Rig for vidare, og tok inn i ein hall der døra stod på gløtt. Det brann lystig på åren hjå Ave og Amma,bestefar og bestemor. Mannen sat og skar teinar tilveven, og kvinna sveivde rokken sin. Der i huset settedei fram fulle skåler og kalvesteik. Etter tre netters felles-seng forlet Rig dei – men Amma fødde ein son i rett tid som fekk namnet Karl. Han tamde oksar ogsnekra ardar og vart far til alle frie bønder.

Ved siste stoppen fann Rig ein sal med open dør motsør og halmstrøydd golv. Der såg mannen og kvinnakvarandre i augo! Far smidde bogar og Mor pynta segmed bringesølv og blåleitt serk og sat og strauk segover armane. Maten kom på sølvlagde fat og vinen i kanne og ”krota staup”. Igjen let skaparguden våretter seg ein son som fekk namnet Jarl, og vart opphav til høvdingeslekt og kongar.

Med slike administrative evner er det berre rimeleg at Heimdal vart utpeikt til den store herskaren i ei ny og betre verd, etter Ragnarok.Fødd av ni anonyme bølgjer eller ni namngjevne jotunmøyar og oppalen på kraftføde frå jord, hav og galteblod – me merker oss opphavet, jotun ogmøyar, og undrar oss endå ein gong over den rolla underjordisk kvinnemakt har fått spela i vår norrøne myteverd.

Træl , bonde el ler hovding?

GUDAR I OLJÅ 3130 GUDAR I OLJÅ

Page 17: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

NJORDI fredsslutninga mellom æser og vanar gav dei kvarandregissel. Æsene fekk Njord og opphøgde han til gud medsærskilt ansvar for naturkreftene. Han rår over vind, sjø og eld, gir lykke til folk på sjøen og på jakt og skaffarfolk gjerne både land og lausøyre. Han bur på Noatunnedmed sjøkanten – og har gitt namn til andre gardar ved havet, som Nærland og Nærheim. Og han var far tilkjærleiks- og fruktbarhetsparet Frøy og Frøya.

I Åsgard kom han ut for Skade, ei jotunkvinne som komfor å hemna far sin på gudane. Æsene baud henne å velja ektemake, men ho fekk berre sjå utvalet frå knea ogned. Skade valde det vakraste beinparet, som ho meintemåtte tilhøyra Balder – det var han ho helst ville ha. Men beina viste seg altså å vera Njord sine.Ekteskapet vart ikkje særleg vellykka, også fordi Skadeville bu i fjellet, og der treivst ikkje kystbuen Njord. Han likte seg best ved sjøen, men der tykte Skade det var slikt leven med sjøfugleskrik og bølgjeslag at ho lengta heimatt til snø og skiføre. Vinterstid burde ho i grunnen vera skinasjonen si hovudgudinne. - Så prøvde dei seg med ni netter på kvar plass, menpendlinga vart for mykje. Ein stad heiter det at dei skullebu ni månader ved sjøen og tre på fjellet, og slik har mefått skiftet mellom vinter og sommar. Kanskje er det herforklaringa ligg på kvifor nordmenn helst vil eiga hyttebåde i havkanten og på høgfjellet. Og kvifor nordmennsin viktigaste vinter-religion er skisporten.

Tor åtte tre kostelege ting til å slåst med: Jernhanskane,styrkebeltet og så hammaren Mjølner. Den hadde dvergane smidd til han. Tor kunne gjera hammaren så stor eller liten som han ville, han trefte alltid, og kom like sikkert tilbake til avsendaren. Guden var nokså hjelpelaus utan dette slagvåpnet sitt, så jotnane såg segsnitt til å stela Mjølner. Tor måtte be Loke om hjelp til å få hammaren att. Loke forhandla med tussedrotten Trym,som gjekk med på å levera tilbake Mjølner dersom hanfekk Frøya til kone. Ho vart sjølvsagt illsint og nekta. Men Tor var så i beit at han sjølv kledde seg ut i kleda og smykket hennar, endå så skammeleg det var for einmann å agera kvinne, og slik for han til brurehuset. Dervart dei bydde mat, og ”brura” tok for seg: Ein heil okse, åtte laksar og all godmaten som kvinnfolka skulle ha, og dertil tre såld mjød.”Har nokon sett ei brur bita kvassare og drikka meir?”spurde den ventande brudgommen. Loke fann svaret:”I åtte dagar har ikkje Frøya smakt matbiten. Slik har ho lengta etter å koma til Jotunheimen.”Då stakk Trym hovudet sitt inn under brurelinet og ville kyssa den lengtande, men dei augo Tor sette på han var slik at han for vettskremd ut att.”Kvifor har Frøya så sinte augo – det skyt logar or dei?”undra han.”Ho har ikkje sove på åtte netter av berre lengt etterJotunheimen,” forklarte Loke. Så vart det spørsmål om bruregåva, så dei omsider kunne bli vigde. Trym la Mjølner i fanget på brura. Men då Tor under brurelinet såg att hammaren sin, lo han høgt og slo i hel både Trym og heile jotunætta hans. Slik fekk Tor hand om hammaren igjen.

TOR

GUDAR I OLJÅ 3332 GUDAR I OLJÅ

Page 18: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

ODIN

Alle kjenner Odin sin åtteføtte hest som fer like godt i lufta som over sjøen. Opphavet er underleg. DåMidgard stod ferdigskapt, trong gudane ei svær borgomkring til vern mot jotnane. Ein jotun-smed kom ogbaud seg til å byggja borga på eitt år, dersom han fekksol, måne og Frøya i løn. Men stod det arbeid att førstesommardag, skulle han inga løn ha. Det rekna gudanefor å vera eit godt anbod. Den fule Loke rådde sterkttil– han kom nok ikkje til å greia det! Gudane slo til.

Jotnen sette i gang. Og han hadde ein hingst så sterkat han drog fram heile fjell om natta. Tre dagar førsommarmål stod berre sjølve borg-leet att, og gudanevar frå seg ved tanken på å måtta ut med sol, måne og Frøya. Så trua dei Loke på livet til å finna på råd. Han skapte seg om til ei snerten kåt hoppe og komvrinskande ut or skogen om kvelden, mens hingstendreiv og sleit på stein. Han fekk andre tankar, sleit seg frå steinsleden og for etter hoppa til skogs.Då kontrakttida var ute, kom dei to tuslande fornøgdetilbake – byggmeisteren var fresande sint, men Tor var ovanpå no og knuste han med Mjølner.Og etter ei rimeleg tid fødde merra Sleipner, det grå fartsvidunderet med åtte bein. Den Loke....

Me veit alt mykje om Odin, den fremste av allegudane med tilnamnet den Allvise – mellom mange

andre tilnamn som viste kva han var god for. Kvar fekk han all visdommen frå?

Hugin (tanke) og Munin (minne) var trufaste tenarar. Det var to ramnar som sat på akslene

hans og fortalde den kunnskapen dei samla dagleg, verda rundt.

Mimes bbrønn var ei anna visdomskjelde. Han kom ikkje heilt lettvint til den. Dvergen Mime åtte brønnen, og Odin gav eine auga sitt i pant

for å få drikka seg vis der. Å gi eine auga til dei under-jordiske – er det det me gjer når me snur synet innover

mot vårt eige underbevisste? Me som har gløymt å tydamytespråk og bilete og heller grip til analytisk djup-psykologi? Odin – eller Freud?

Skrivekunsten henta han mellom liv og død: Han dødsmerkte seg med eit spyd, slik mange gjorde som ikkje ville ”døy på strå” og mista Valhall. Men Odingjorde det verkeleg for å nærma seg grensa mellom liv ogdød. Deretter hengde han seg i Yggdrasil, ni døgn utanmat og drikke. Pinslene og askesen førte han ut på eiindre reise til den ytste oppnåelege kunnskapen, runene. Runer var ikkje berre skriftspråket, dei var også magisketeikn. Makt over runekunsten betydde makt over tilværet.

Så endeleg Suttungs mmjød (og det var ikkje olje!): Dei to gudeflokkane æser og vanar var omsider trøytte av å kriga, og dei slutta fred med å stå saman og spyttaned i eit kar. Av spyttet skapte dei Kvasir, klokingen som kunne svara på alt han vart spurt om.Dvergane likte ikkje denne konkurrenten. Ein gong fekk dei lokka han til side, slo han i hel, rendeblodet hans ned i eit kar og blanda det med honning. Alle som sidan drakk av denne Kvasir-mjøden, vart diktarar eller vismenn. Mjøden var ettertrakta vare som til sist hadde hamna hjå jotunsonen Suttung i fjellet. Odin lurte seg inn, drakk heile mjøden i tre slurkar, skapte seg så om til ei ørn og flaug heimatt til Åsgardmed full mage. Men jotnane oppdaga han og flaug etter.

GUDAR I OLJÅ 3534 GUDAR I OLJÅ

SLEIPNER - og t idenes største dagbot

Æsene stod samla i tunet då Odin kom seglande, og dei sette ut krukker og kar som han kunne spy mjøden opp i. Då var Suttung i halefjørene på han, og Odin vart så forfjamsa at han kom til å sleppa ut ei ladning mjød bak. Den mjøden kan kven som helst drikka av – men det blir ikkje stor dikting av den skvetten.Suttungmjøden, derimot, fekk både æsene og nokre få utvalde av menneska. Som me kjenner til -

Page 19: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

ÅSG

ARD

Vikingane var ikkje ukyndige i jordisk geografi. Dei var farande folk, dei kunne geografien sin på jord oghav i denne verda. Åsgard var biletet på ei anna, mytiskverd. Åsgard-geografien var dermed eit hjelpemiddel formenneska til å finna sin plass i tilværet mellom natur-.krefter og andre makter. Finna svar på dei uunngåelegespørsmåla om mål og meining.I den verda er Åsgard sjølve senteret. Horisontalt er det gudane sin bustad, med Midgard og Utgard i konsentriske sirklar omkring. Vertikalt er det grunnen der Yggdrasil, sjølve livsaksen, skyt opp mot himmelen frå kjeldene langt nede i botnen av underverda. Mendenne gudeverda ber sterke trekk av menneskeverda hovart skapt i: Det er solid norsk bondeland, med gardar,innmark og utmark. Her er ikkje spor av bykultur, og det seier oss at biletet av den norrøne gudeverda er skapt før byane vart til påvåre kantar. Dei store gudane og gudinnene budde påkvar sin gard: Odin i Valhall, Njord i Noatun ved havet,Frøya i Folkvang, Tor i Trudvang, Heimdal i Himmelborg,Frigg i Fensalane - på myrane!

Gudane minnest ein gullalder, med gulltavlespel på tunet, ein uskyldstilstand i fullkomen statisk jamvektmellom kreftene. Dei hadde Idunn med ungdomseplasine i forvaring, og heldt seg evinneleg unge og sterke.Men slik er det ikkje lenger: Midgardsormen ligg levandenok kring menneskeverda, Hel herskar i sitt rike, ogFenrisulven riv i lenkene sine. Utøy gneg på Yggdrasil-røtene. Det ulmar eit Ragnarok i kjømda.Den verda Åsgard-gudane verkeleg lever i, held seg i ei slag kaotisk jamvekt, avhengig av samspelet med dei farlege kreftene; jotnar og dvergar og tusseskap.Men i denne kavesame stabiliteten lever det ein draum:Etter Ragnarok! Då skal det stiga fram ein ny himmel og einy jord. Gudane skal atter samlast på tunet, på Idavollen,finna att gulltavlene i graset frå den gode gamle tida oghalda fram sitt guddommelege spel i fullkomen harmoni.Det nye Åsgard!

Han var ein tvekjønna skapnad, denne urfaren vår som vart til samtidig med kua Audhumla. Etter ein visstvekjønna aktivitet gifte så Bure av kuslekta seg medBestla av jotunslekta, og av dei kom så gudane, som i sin tur skapte menneska i dvergane sitt bilete.Det betyr altså at sjølv den aller mektigaste i gudeverda,Odin, er son til ei jotunkvinne. Alt i denne verda er dobbelt og fullt av motsetnad: Etterkomarane drap far sin for å skapa verda av kroppen hans. Skapinga kviler på ei grunnleggjande konflikt mellom gudar og jotnar –som me etterkomarane må leva med. Det er vorte sjølvegrunntanken bak verdsordninga: Sameininga av mot-sette krefter skaper kreativ dynamikk, men også risikoenfor uløyseleg konflikt. Yme sjølv, stakkar, var nokså ubevisst om denne rolla si, der han låg og dorma og avla avkom or eine armhola mens det eine beinet hansfekk barn med det andre, før han vart sett i opplyst produksjon. Og at augnebrynene til denne dormandeurkroppen enda som borg omkring menneskeverda, kan vera ei påminning til oss innbyggjarane om at stengsel rundt vårt nære Midgard kanskje ikkje er det klokaste vernet.

YME

GUDAR I OLJÅ 3736 GUDAR I OLJÅ

Page 20: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

GUDAR I OLJÅ 3938 GUDAR I OLJÅ

Nordsjøen Norskehavet

BRAGE

HILD

ODIN

FRIGG

FRØY

HEIMDAL

JOTUN

BALDER

TOR

TRYM

EDDA

EMBLA

VALHALL

HOD

LOKE

SLEIPNER

YME

NORNE

HEIDRUN

ÅSGARD

MIDGARD

NJORD

Page 21: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

BALDEROljefelt som blei oppdaga i 1967 og kom i produksjon i 1999.Operatør: Esso Exploration and Production Norway AS

BRAGEOlje- og gassfelt som blei oppdaga i 1980 og kom i produksjon i 1993.Operatør: Norsk Hydro Produksjon AS

EDDA Olje- og gassfelt som blei oppdaga i 1972 og kom i produksjon i 1979. Feltet produserte til 1998.

EMBLA Olje- og gassfelt som blei oppdaga i 1988 og kom i produksjon i 1993.Operatør: Phillips Petroleum Company Norway AS

FRIGG Gassfelt som blei oppdaga i 1971 og kom i produksjon i 1977.Operatør: TotalFinaElf Exploration Norge AS

FRØY Olje- og gassfelt som blei oppdaga i 1987 og kom i produksjon i 1995. Feltet produserte til 2001.

HEIMDAL Olje- og gassfelt som blei oppdaga i 1972 og kom i produksjon i 1985. Feltet er nå et knutepunkt for gasstransport.Operatør: Norsk Hydro Produksjon AS

HILD Olje- og gassfunn som blei oppdaga i 1978. Funnet er ennå ikkje bygd ut.Operatør: TotalFinaElf Exploration Norge AS

HODOlje- og gassfelt som blei oppdaga i 1974 og kom i produksjon i 1990.Operatør: BP Norge AS

JOTUNOlje- og gassfelt som blei oppdaga i 1994 og kom i produksjon i 1999.Operatør: Esso Exploration and Production Norway AS

LOKEGassfelt som blei oppdaga i 1983. Feltet blei seinere inkludert i Sleipner Øst.Operatør: Statoil ASA

TOROlje- og gassfelt som blei oppdaga i 1970 og kom i produksjon i 1978.Operatør: Phillips Petroleum Company Norway AS

TRYMEit lite gassfunn som blei oppdaga i 1990. Funnet er ikkje bygd ut.Operatør: AS Norske Shell

VALHALLOlje- og gassfelt som blei oppdaga i 1975 og kom i produksjon i 1982.Operatør: BP Norge AS

YMEEit lite oljefelt som blei oppdaga i 1987 og kom i produksjon i 1996. Feltet produserte til 2001.

HEIDRUNOlje- og gassfelt som blei oppdaga i 1985 og kom i produksjon i 1995.Operatør: Statoil ASA

MIDGARD Oppdaga i 1981 og bygd ut som ein del av Åsgardfeltet.Operatør: Statoil ASA

NJORD Oljefelt som blei oppdaga i 1986 og kom i produksjon i 1997.Operatør: Norsk Hydro Produksjon AS

NORNEOlje- og gassfelt som blei oppdaga i 1992 og kom i produksjon i 1997.Operatør: Statoil ASA

ÅSGARD Olje- og gassfelt som blei oppdaga i 1981 og kom i produksjon i 1999.Operatør: Statoil ASA

GUDAR I OLJÅ 4140 GUDAR I OLJÅ

Nordsjøen

Norskehavet

“Norrøne” felt og funnpå norsk sokkel

Page 22: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På

Litteraturkjelder”Norrøne gude- og heltesagn”, P.A.Munch, rev. Anne HoltsmarkUniversitetsforlaget 1967

”Eros og død i norrøne myter”, Gro Steinsland, Universitetsforlaget AS 1997

”Frøya. Den store gudinnen i Norden”, Britt-Mari NæsstrømNorsk utgave Pax Forlag AS 1998

”Edda-kvede”, Den norrøne litteraturen, Det Norske Samlaget 1961

Forelesning av Tor Åge Bringsværd, gjengitt i ”Myter og humaniora”, Sypress Forlag, Oslo 1998

Page 23: GUDAR I OLJÅ€¦ · Skapinga 8 GUDAR I OLJÅ GUDAR I OLJÅ 9 I opphavet var Ginnungagapet, eit endelaust, magisk ur-rom. Ein del var Nivlheimen, med isnande frost og tåke. På