gunnar gunnarsson: didrik morits hallstrØm: judith...
TRANSCRIPT
KIM THÚY:
RuI denne selvbiografiske romanen forteller
Kim Thúy fra barndommen i Sør-Vietnam
og livet i eksil i Canada. Det handler om
flukten i båt over Sinaibukten, tiden i
flyktningleiren i Malaysia, tilbakekomsten
til Vietnam som voksen samt gleder og
kvaler ved mammarollen. Boken er ikke
skrevet kronologisk, Thúy følger heller sin
indre logikk der avslutningsavsnittet i hvert
minnefragment gir opptakten til det neste.
En liten bok, men med masser av stoff til
ettertanke. Boken har vunnet flere priser.
Louise, Gol bibliotek
GUNNAR GUNNARSSON:
Advent Benedikt Sigurjónsson har kvar førjulstid
i tjueseks år vandra opp i fjella for å finne
bortkomne sauar. Denne gongen blir
oppgåva hardare enn nokon gong tidlegare.
Benedikt har følgje av fleire menn som gir
opp undervegs, og han må leite vidare og
kjempe mot naturkreftene åleine. Historia
er ein variant av legenda om den gode
hyrdingen, og Advent blir rekna som ein
klassikar i den islandske litteraturen. Boka
vart første gong utgitt i 1937, men omsett
til norsk først i 2016.
Linda, Nes folkebibliotek
LARS MYTTING:
Svøm med dem som druknerHøsten 1971 er en liten familie på tur
i Frankrike da en granat utløses ved en
gammel slagmark. Foreldrene blir drept, og
deres tre år gamle sønn Edvard forsvinner
sporløst. Gutten dukker opp igjen tre dager
senere, og den norske bestefaren som han
vokser opp hos, er taus. Edvards trang til
å nøste opp i sin egen fortid leder ham
både til Shetland og tilbake til Frankrike,
hvor han oppdager at familiens historie har
sterke bånd til de store europeiske tragedi-
ene fra forrige århundre.
Louise, Gol bibliotek
TORBJØRN FÆRØVIK:
Orientekspressen En vårreiseKlar til avgang på verdens mest berømte
togtur, Orientekspressen! I denne rei-
seskildringen tar journalisten Torbjørn
Færøvik oss med på en 8000 km lang reise
fra London til Samarkand i Usbekistan.
Orientekspressen gikk opprinnelig fra Paris
til Istanbul, med første avgang i 1883,
helt fram til 2009. Forfatteren geleider oss
gjennom historien til Orientekspressen
og Silkeveien i øst, byene og landene han
besøker. Boka byr på spennende møter
med mennesker, natur, kultur og arkitek-
tur, store kontraster og likhetstrekk.
Ingebjørg, Hol folkebibliotek
JUDITH SCHALANSKY:
Atlas over fjerne øyerBoka med undertittelen «Femti øyer jeg
aldri har vært på og aldri kommer til»
er forfatterens hyllest til verdens små og
fjerne steder, til de isolerte øyene og små
koloniene, til de som ikke teller eller synes
på kartet. Forfatteren vokste selv opp i
Øst-Tyskland, og den eneste formen for
reising hun kunne foreta seg var gjennom
atlaset. I boken hennes tas vi med til
fjerntliggende øygrupper og deres fortel-
linger om slaver, sunkne skip og merkelige
oppdagere.
Linda, Nes folkebibliotek
COLSON WHITEHEAD:
Den underjordiske jernbanenSekstenårige Cora, som er slave på ein
bomullsplantasje i Georgia, bestemmer
seg for å flykte saman med ein venn via
«den underjordiske jernbanen». Dette er
eigentleg eit kallenamn frå slavetida på
dei illegale nettverka som hjelpte slavar
å rømme til nordstatane. I Whiteheads
roman er jernbanen derimot høgst reell,
med damplokomotiv, stasjonar og svært
usikre avgangstider. Trass i dette brotet
med realismen, blir opplevingane til Cora
og rasismen som møter henne i ulike
former i dei ulike statane, ikkje mindre
verkelege.
Anne, Ål bibliotek
DIDRIK MORITS HALLSTRØM:
LysårI ei tenkt framtid har solstormar gjort det
uråd å bu på jorda. For å redde menneske-
slekta frå utsletting, blir 16 personar sendt
ut for å nå ein planet der dei kan etablere
ei ny verd. Deriblant ein mann ved namn
Norge. Turen vil ta mange år, og for å
gjera det lettare å takle denne spesielle og
endelege reisa, har alle vorte fråtatt minnet.
Men kva skjer om Norge plutseleg hugsar
sitt gamle liv på jorda? Ei fascinerande
historie om livet på romferja og på ein
stadig meir ugjestmild jordklode.
Liv Solveig, Gol bibliotek
BJØRN OLAF JOHANNESSEN:
ReservistenPå slutten av 1800-talet legg Salomon
August Andrée planer om ei ballongferd
til Nordpolen. Vilhelm Swedenborg er
reserve til ballongferda dersom ein av dei
andre deltakarane skulle bli forhindra.
Det er hans tankar me tar del i, han
fortel om dei strabasiøse førebuingane på
Danskøya på Svalbard, og me får innblikk
i forholdet mellom dei involverte. Det er
både humoristisk og sårt å lesa om sjalusi
og rivalisering, og interessant å ta del i
arbeidet og opphaldet på denne vêrharde
og utilgjengelege plassen.
Liv Solveig, Gol bibliotek
HEIDI FURRE:
ParissyndrometParissyndromet er ein diagnose stilt på
turistar, særleg japanske, som blir spesielt
skuffa når møtet med lysets by ikkje blir
som forventa. Hovudpersonen i Heidi
Furre sin debutroman er også ei som
kjem til Paris med forventningar. Ho skal
bu i byen eit år, lære seg fransk og prøve
å gløyme han som ikkje lenger ville ha
henne. Ho drøymer om forandring, men
oppdagar at det er ikkje alt det er like lett
å reise ifrå.
Camilla, Hemsedal folkebibliotek
MAJA LUNDE:
BlåKysten utanfor Frankrike, 2017: Signe, 70
år, seglar og miljøaktivist er på veg for å
konfrontere eksmannen for svik, og brukar
tida i båten til å sjå tilbake på livet sitt.
Frankrike, 2041: Ein far og ei lita dotter
er på vandring mot ein flyktningleir nord i
landet. Heile Sør-Europa har i fleire år vore
råka av ekstrem tørke, og vassmangel og
naud driv folk på flukt.
Kva har desse to historiene felles? Vatn og ein
seglbåt med namnet Blå.
Anne Berit, Hemsedal folkebibliotek
JAN JAKOB TØNSETH:
Hilmar Iversens ensomhetÅret er 1936. Den unge Hilmar Iversen er
nyutdanna statsøkonom, arbeidslaus, men
med planar om å skape historie. Og drau-
mane skrumpar ikkje, sjølv om månadene
går og inntektene manglar. Hilmar verver
seg som frivillig og reiser for å kjempe i den
spanske borgarkrigen. Kanskje han på den
måten kan skaffe seg ein passande plass i
verdshistoria? Hilmar Iversens ensomhet er
ein lun og underfundig roman om draumar
og håp, og om det å finne seg ein plass i
verda.
Sønnev, Hemsedal folkebibliotek
ERIKA FATLAND:
Grensen Erika Fatland fikk sitt store gjennombrudd
med boka Sovjetistan i 2015. Nå har
hun vært på en ny eventyrlig reise, denne
gangen langs Russlands enorme grense, fra
Nord-Korea i det fjerne Østen til vår egen
grense mot Russland. Hun tar også båt
gjennom nordøstpassasjen, en båtreise som
har blitt mulig etter klimaendringene. Med
kunnskap om landene og deres historie
og gjennom menneskemøter viser Fatland
hvordan disse svært ulike landene alle
påvirkes av sin mektige nabo.
Lissy, Hemsedal folkebibliotek
ROBERT SEETHALER:
Et helt livVil du vera med til Alpane? Historia
startar i Østerrike tidleg på 1900-talet
og me får fylgje Andreas Egger på ferda
gjennom livet. Oppveksten gjev han hard
medfart, men Andres haltar seg vidare.
Han tenestegjer i austfronten og hamnar i
russisk fangeleir. Attende i alpelandsbyen
blir han med og byggjer gondolbane. Livet
byr på krig og uår, men også ei god tid
der kjærleiken flammar opp. Trass i fleire
dramatiske hendingar, er dette ei nær og
stillfaren bok.
Kristin, Ål bibliotek
H.K. FAUSKANGER:
SkrinetI ei av Arthur Conan Doyle sine forteljingar
seier Sherlock Holmes at han skal til Noreg,
men kva som skjedde på denne reisa har
aldri blitt skrive ned – før no. Den norske
forfattaren Helge Kåre Fauskanger har skapt
ei heilt ny Sherlock Holmes-forteljing, med
kryptiske kodar, religiøs mystisisme og hem-
melegheiter som mellom anna omhandlar
den norske kongeætta. Sentralt i alt dette er
det forsvunne relikvieskrinet til St. Sunniva,
som nokon vil gå over lik for å få fatt i.
Camilla, Hemsedal folkebibliotek
SAMUEL MASSIE:
Hold fast!Reiser du for å kome til nye stader, eller
for å sleppe å vere der du er? Tenåringen
Samuel Massie køyrde seg fast i eit liv der
skulen var hatobjekt nummer eitt, mora
var slitsam og lengselen stor etter noko
meir, eit eventyr. Reisa gjekk fyrst til eit
strevsamt folkehøgskuleår i Nord-Norge.
Så noko han aldri kunne drøymt om: tur
med seglskuta «Berserk» til Antarktis! Det
blir eit ekte eventyr, men eitt som ikkje alle
kjem attende frå.
Synne, Ål bibliotek
AUDREY NIFFENEGGER:
Den tidsreisendes kvinneMange drøymer om å reise i tida. Men kva
viss det skjedde utan at du kunne styre det?
Henry har heilt sidan barndommen opplevd
«anfall» der han dukkar opp i fortid eller
framtid og må takle sprø og farlege situasjo-
nar. Når romanen startar, er han 28, jobbar
på eit bibliotek i Chicago og møter Clare,
sitt livs kjærleik, for fyrste gong. Sjølv om ho
har møtt «tidsreisande Henry» mange gonger
før og veit at dei høyrer saman. Sprøtt? Ja.
Men magisk.
Synne, Ål bibliotek
VINTERLES 2018Biblioteka i Hallingdal inviterer på nytt til Vinterles, ein lesekam-
panje for vaksne. Temaet i år er reise – i ordets aller vidaste forstand.
For å delta i kampanjen må du lese minst tre bøker i perioden 10.
januar til 15. april og fylle ut ein eller fleire svarslippar som du leverer
på biblioteket ditt. La deg inspirere av boktipsa i denne brosjyren,
eller skriv ned andre bøker du har lese. Du blir med i trekkinga av
kinobillettar og ein flott skinnfell av gammalnorsk spælsau. Sauen har
hatt eit godt liv hjå biblioteksjefen på Nes!
I januar inviterer me til inspirasjonskveldar i alle biblioteka i dalen,
der bibliotektilsette presenterer bøker dei vil tilrå. I mars kjem Erika
Fatland på besøk for å fortelje om si store reise gjennom alle land som
grensar til det mektige Russland. Reisa resulterte i boka «Grensen».
Me som arbeider i biblioteka i Hallingdal ynskjer deg ein god vinter med
mange fine leseopplevingar!
Inspirasjonskveldar:
Tysdag 9. januar: Nes folkebibliotek kl. 19
Onsdag 10. januar: Gol bibliotek kl. 19
Torsdag 11. januar: Flå bibliotek kl. 19
Tysdag 16. januar: Geilo bibliotek kl. 19
Onsdag 17. januar: Ål bibliotek kl. 19
Torsdag 18. januar: Hemsedal folkebibliotek kl. 19
Erika Fatland:
Måndag 12. mars: Hemsedal bibliotek kl. 19
Tysdag 13. mars: Gol bibliotek kl. 18 og Nes folkebibliotek kl. 20
Onsdag 14. mars: Geilo bibliotek kl. 18 og Ål bibliotek kl. 20
www.hallingdalsbiblioteka.no
Des
ign:
Kre
ator
.no
SVARSLIPP EG HAR LESE:
Tittel:
Forfattar:
Tittel:
Forfattar:
Tittel:
Forfattar:
Namn:
Telefonnummer:
E-postadresse: