hunstad barnehage - helse-bergen.no årsplan 2017. nynorsk.pdfhunstad barnehage har derfor kronstad...

14
HUNSTAD BARNEHAGE Årsplan 2017 – 2018 Leik og glede – eit grunnlag for livet

Upload: others

Post on 22-Feb-2020

3 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: HUNSTAD BARNEHAGE - helse-bergen.no årsplan 2017. nynorsk.pdfHunstad barnehage har derfor Kronstad skule som sin samarbeidsskule. Skulestartarane får sjå og oppleve skulen gjennom

HUNSTAD BARNEHAGEÅrsplan 2017 – 2018

Leik og glede – eit grunnlag for livet

Page 2: HUNSTAD BARNEHAGE - helse-bergen.no årsplan 2017. nynorsk.pdfHunstad barnehage har derfor Kronstad skule som sin samarbeidsskule. Skulestartarane får sjå og oppleve skulen gjennom

FORORD

Helse Bergen Hf eig og driv 4 barnehagar som vert nytta til rekruttering av nøkkel-personell og for å sikre stabil arbeidskraft i Helse Bergen HF. Barnehagane vert drivne i samsvar med «Lov om barnehagar» og «Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver». I følgje lova skal kvar barnehage ha ein årsplan som skal gi opplysningar om barnehagen sitt satsingsområde, mål og vurderingsområder. Den skal innehalde informasjon om barnehagen sitt arbeid med blant anna omsorg, danning, leik og læring, og er eit viktig arbeidsreiskap for personalet. Årsplanen gir informasjon til føresette, eigar, og andre interesserte og er viktig for samarbeidet med føresette.

Kunnskapsdepartementet har fastsatt nu rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver. Den nye rammeplanen trer i kraft frå 1 august 2017. Arbeidet med å implementere den nye rammeplanen er starta og vil fortsetje gjennom dette barne-hageåret. Årsplanane for barnehageåret 2017 – 2018 byggjer fortsatt på Langtids-planen frå 2012 – 2015, og i samsvar med den nye rammeplanen vil barnehagane i Helse Bergen ha særleg fokus på leik og barna si medverking.

Inger Johanne KlausenBarnehagesjef

Monster teikna av Ludvig

Page 3: HUNSTAD BARNEHAGE - helse-bergen.no årsplan 2017. nynorsk.pdfHunstad barnehage har derfor Kronstad skule som sin samarbeidsskule. Skulestartarane får sjå og oppleve skulen gjennom

SATSING OG VURDERINGSOMRÅDERVi har valt å ha Eventyr som årstema gjennom heile barnehageåret 2017 – 2018, og vi fortset arbeidet med leik og sosial kompetanse som blir vurderingsområde 2017 – 2018. Felles satsing for alle barnehagane i Helse Bergen blir arbeidet med barna si medverking.

PLANAR FOR BARNHAGEÅRET 2017 - 2018Årsplanen skildrar kva vi vil ha særskilt fokus på i det året den gjelder. Periodeplanar og månadsplanar gir ei meir detaljert skildring av aktivitetane gjennom barne-hageåret.

ÅRSTEMAArbeidet med Eventyr skal inspirere til leik og skape eit godt fellesskap i barnegruppa.

Folkeeventyr har gått i arv munnleg frå generasjon til generasjon gjennom fleire hundre år. Måten eventyr er skreve på gjer at dei er å forstå for barn, og dei er enkelt å finne poenget og moralen i forteljinga. Barn lar seg lett rive med, og i eventyra opplever dei både frykt, glede og tristhet.

«Folkeeventyra er enkle å skjønne og barna identifiserer seg lett med heltene i historiene», hevdar barnepsykologen og forfattaren Gerlinde Ortner. «Barn som opplever eventyr, får mulighet til å være en del av eventyret sine følelser, handlinger og moralske dilemma. På den måten kan eventyrene bli en kilde til identitetsutvikling for mange barn,» hevdar ho.

Eventyr kan og formidle enkle bodskap, som gjer det lett for barna å samanlikne dei med situasjonar i kvardagen. På ein enkel men ofte overdriven måte får historiene fram at det å vere vond ikkje er ein god utveg. Slik kan eventyr vere med å bygge bru mellom årstema og vuderingsområdet vårt, som er leik og sosial kompetanse. Den munnlege skrivemåten gjer folkeeventyra lette å lese, og meir levande å gjenfortelje for barn. Barna får og erfaring med å lytte. Metodane vil vil bruke er høgtlesing, forteljing, dramatisering og tekstskaping for dei eldste, og bruk av konkretar, då serleg for dei yngste barna.

Eventyr kan og brukast som utgangspunkt for leikegrupper. Barna får erfaring med dramaturgien i eventyra. Dei har ein start «det var ein gong», ei historie og ei avslutting «snipp, snapp snute så er eventyret ute».

Teikna av Imre

Page 4: HUNSTAD BARNEHAGE - helse-bergen.no årsplan 2017. nynorsk.pdfHunstad barnehage har derfor Kronstad skule som sin samarbeidsskule. Skulestartarane får sjå og oppleve skulen gjennom

DANNINGMed omgrepet danning meiner vi at barnehagen skal gi barna eit grunnlag for å tenke kritisk, løyse problem, å reflektere, undre seg, medverke med eigen deltaking og at dei skal kunne skape gode relasjonar med andre.

Mål for danning gjennom leik:• Personalet er ansvarlege for eit godt sosialt klima• Personalet nyttar leiken til kommunikasjon, leik og samvær med barna• Personalet observerar barna og hjelper dei som treng det inn i leik med andre barn• Personalet legg til rette for eit stimulerande leikemiljø som gir rom for læring og meistring

LEIKLeiken gir glede. Gjennom leiken får barn erfaring, dei lærer og utviklar vennskap. Personalet skal ha respekt for leiken sin eigenverdi, støtte barna i leik og fremme gode relasjonar. «Leiken er barna sin grunnleggande læringsform og skal ha ein framtredande plass i barnehagen» St.meld.19

Personalet skal legge til rette for leik i alle samanhengar ved å organisere tid, rom og leikemateriale. Dette skal inspirere til ulike typar leik tilpassa barna si utvikling og modning.

For dei minste barna på Furu er det toddlerleiken som er viktigast. «Gjennom kroppslig aktivitet viser barna at de forstår hverandres hensikt og mening i felles lek. I løpet av et barnehageår hopper og løper, roper og ler, toddlerne seg inn i relasjoner, vennskap og fellesskap med hverandre.» Sitat: Greta Dalen.

I barnehageåret 2017 – 2018 vil vi jobbe med rolleleik. Disse erfaringane vil hjelpe barna til å organiserer og planlegge sin eigen kvardag og samtidig med å kunne regulere kjenslene sine. Vi meinar at vi gjennom rolleleik kan ivareta alle ramme-planen sine 7 fagområde på ein gang.

Dette seier Margrethe Öhman om leik og relasjonsarbeid: «Barn gjør relasjons-arbeid hele tiden. De søker kontakt, etablerer og opprettholder relasjoner eller blir avvist. Dette relasjonsarbeidet skjer ofte i form av forhandlinger om å få være med i lek og samspill, å ha rett til å bestemme og til å skjerme sin lek. Barn prøver ut og utforsker hvordan man kan være sammen, hvordan man kan invitere andre inn i sin lek, og hvordan man kan si nei til andre barn som ønsker tilgang til en allerede påbegynt lek. De undersøker begreper som demokrati og innflytelse på konkrete måter. Etiske dimensjoner er alltid en del av dette stadig pågående relasjonsarbeidet, som det etiske dilemmaet mellom retten til å skape og ta del i andres lekeverdener på den ene side, og retten til å skjerme sin lekeverden mot inntrengere på den annen side» (Öhman, 2009)

Page 5: HUNSTAD BARNEHAGE - helse-bergen.no årsplan 2017. nynorsk.pdfHunstad barnehage har derfor Kronstad skule som sin samarbeidsskule. Skulestartarane får sjå og oppleve skulen gjennom

OMSORGVi legg til rette for barna si tryggleik og tilknyting. Dette ser vi på som grunn-leggande for barna si utvikling. Trygge barna tør å utforske verda rundt seg og kjem tilbake til den trygge basen og får bekreftelse og grenser. Dei vaksne er anerkjennande og gode rollemodellar som bidreg til at barna får syne omsorg og empati for kvarandre.

LIKESTILLINGKvart barn sin personlegdom har større betyding enn forskjellane mellom kjønna. Vi har som mål å legge til rette for og respektere kvart barn sin eigenart. Personalet legg til rette for eit breitt spekter av leik og aktivitetar som appellera til både gutar og jenter, der alle kan vere med uansett kjønn. Dette krevjar at personalet er bevisst på sine eigne haldningar og verdiar. Gjennom å gi barna like moglegheiter for å bli høyrt, sett og til å delta i fellesskapet skal barnehagen motverke diskriminering og fremje nestekjærleik.

BARNA SI MEDVERKINGBarnehagen sine planar skal ha rom for endringar. Planane er eit utgangspunkt og skal tilpassast, forbetrast og endrast ut frå barna sine innspel, ønskjer, interesser og behov. Når vi legg til rette for leik og aktivitetar i mindre grupper gir vi større plass til barna si medverking.

Barna tek del i daglege gjeremål og opplever at dei gjer ein skilnad og er verdi-fulle for fellesskapet. Personalet lyttar til barna og inviterer dei til å komme med sine synspunkt. Barna skal kjenne at dei blir høyrt og tekne på alvor. Personalet på Furu er særskilt oppmerksame på barna sin nonverbale kommunikasjon og uttrykksmåte.

I følge FN sin barnekonvensjon har barn rett til ytringsfridom. Denne retten skal omfatte fridom til å søke, mota og dele opplysisingar og idear av eitkvart slag utan omsyn til grenser, enden det skjer munnleg, skriftleg eller på trykk i kunstnarisk form, eller gjennom ei annan uttrykksmåte.

Vi meiner at barn som får vere med i leik, som får erfaringar med å dele å forhandle, som kjenner at dei høyrer til i eit fellesskap, som får kjenne glede og humor, som har venner, som får ha meiningar, som får oppleve nysgjerrigheit og undring og i tillegg får fine naturopplevingar etterkvart vil ha lettare for å kunne medverke til innhaldet i det store bildet.

To monster teikna av Håkon V.

Page 6: HUNSTAD BARNEHAGE - helse-bergen.no årsplan 2017. nynorsk.pdfHunstad barnehage har derfor Kronstad skule som sin samarbeidsskule. Skulestartarane får sjå og oppleve skulen gjennom

LÆRING, INKLUDERING OG LIKEVERDBarn lærer gjennom leik, og leiken er barna sin naturlege måte å utrykke seg på. Personalet er opptekne av å gi kvart barn tilpassa utfordringar, og akkurat nok hjelp til å kunne meistre utfordringane dei får.

«Bygg opp rundt barnet mer og mer helt til barnet klarer oppgaven én gang. Deretter tar man vekk hjelpemidler ett etter ett, til man ser hva som virker, og hva barnet trenger for å stå på egne bein» Sitat D. Leong, 17 jan. 2008

Hausten er ei fin tid for etablering av reglar og rutinar på avdelingane i barnehagen. Relasjonar og vennskap byggast og utviklast. Personalet i Hunstad barnehage legg til rette for eit inkluderande miljø der barna aksepterer kvarandre sine ulikskapar ved å trekke fram barna sine sterke eigenskapar.

Barnehagen nyttar sjølvhjelpsmarerielle «Grøne tankar, glade barn» målet er å kjenne att eigne og andre sine kjensler, og å kunne regulere eigne kjensler. Dette er eit godt verktøy for å påverke eit godt samspel mellom barna. Vinteren 2018 vil alle i Hunstad barnehage blik kjent med bistandsorganisasjonen FORUT og det arbeidet dei gjere for barn. Dette barnehageåret vil vi bli kjent med barn frå Sri Lanka gjennom bilete, film og forteljingar. Dette er eit pedagogisk opplegg som legg vekt på solidaritet, toleranse, livssyn, kulturforskjellar og fordel-ing av verda sine ressursar. Prosjektet blir avslutta med ein innsamlingsaksjon der fokuset er «barn hjelper barn». Målet er å hjelpe barna til å utvikle ei positiv nysgjerrigheit for andre menneske og kulturar.

Læring og det å oppleve mestring og tryggleik er viktig for kvaliteten av samspelet mellom barn og vaksne. Å skape ein god relasjon handlar ikkje om at vaksne skal imøtekomme alle ønska til barnet, men barnet skal kjemme at det blir sett og tatt på alvor i ein kvar situasjon, også i situasjonar der dei vaksne må ta ei avgjersle som går på tvers av det barnet ønsker å oppnå. Det viktige er at barnet sit att med ei kjensle av å vere respektert og akseptert. Vaksne må vere lyttande, anerkjennande og tilgjengelege og barna må få sette ord på kjenslene sine. Dette gir barna eit godt grunnlag for deira sosiale utvikling vidare i livet.

Vi har nulltoleranse mot mobbing. Barnehagane i Helse Bergen har laga ein felles plan mot mobbing. Vi gjennomgår og reflekterer rundt «sjekklista» i vår plan mot mobbing til gongar i året.

«Eit hus. Og i nabohuset et dei risengrynsgraut» Teikna av Siri

Page 7: HUNSTAD BARNEHAGE - helse-bergen.no årsplan 2017. nynorsk.pdfHunstad barnehage har derfor Kronstad skule som sin samarbeidsskule. Skulestartarane får sjå og oppleve skulen gjennom

OVERGANGAR

Overgang mellom heimen og barnehagen. Ein god startDet å kjenn tilknyting, å høyre til, å kjenne tryggleik er grunnleggande for at barn skal trivast og ha ei god utvikling.

Når barn begynner i barnehagen skal det leggast til rette for dette ved å: • Knytte god kontakt mellom heimen og barnehagen• Ha ein besøksdag i forkant av at barnet begynner i barnehagen• Tilvenning der mor og/eller far er med• Primærkontakt som har eit spesielt ansvar for barnet og barnet sine foreldre Primærkontakta skal ivareta deira sine interesser• Samtale når barnet begynner i barnehagen• Fast rytme kvar dag for å skape føreseielegheit• Skjerme de minste barna deler av dagen inne/ute for å skape tryggleik

Kva trenger de yngste barna for å fungere godt og få god tilknyting:• Tryggleik - Kjente vaksne og kjente omgivnadar• Føreseielegheit - Rutinar. Dagsrytme/ikkje overveldes av mange inntrykk og mange skifter av aktiviteter• Stabilitet - Personale. Rom• Nærleik - Varme og omsorg, bli sett og høyrt og forstått• Moglegheit til og utforske på egne premisser med vaksen som passar på

OVERGANG MELLOM BARNEHAGE OG SKULEHelse Bergen sine barnehagar har barn som begynner på skular fordelt over heile kommunen og nabokommunane. Det gjer at vi ikkje har anledning til å ha eit tett samarbeid med alle skulane førskulebarna skal begynne på. Hunstad barnehage har derfor Kronstad skule som sin samarbeidsskule. Skulestartarane får sjå og oppleve skulen gjennom besøk på Kronstad skule våren 2017. Siste foreldresamtale om våren vil dreie seg mykje om overgangen til skule.

Gjennom heile siste året i barnehagen skal barna bli førebudd til skulestart:• Samlingar med opplegget Grøne tankar, glade barn gjennom hausten, opplegget vil og bli brukt som utgangspunkt for samtalar gjennom heile året, både planlagt og spontant • Trening på å vere sjølvstendige f. eks ved påkledning • Barna trenar på å kjenne att og kunne uttrykke sine behov og ønskjer• Konsentrasjonstrening med utgangspunkt i heftet «Trampoline»• Leik med språk. Rim og regler, vitsar og lytte til lydane i språket• Barna øver på tekstskaping i grupper• Barna blir kjent med bokstavar, tal og ordbilde gjennom leik, spel og veggbilde• Øver på rett skriveretning• Vi gir 5-åringane tilpassa utfordringar i planar og aktivitetar• Nokre turar spesielt tilpassa førskulebarna• Barna har ei felles avslutning i juni

Page 8: HUNSTAD BARNEHAGE - helse-bergen.no årsplan 2017. nynorsk.pdfHunstad barnehage har derfor Kronstad skule som sin samarbeidsskule. Skulestartarane får sjå og oppleve skulen gjennom

BARNEHAGEN SOM KULTURARENAPersonalet brukar biletbøker, eventyr, songar, rim og regler i formidling av barnekultur. Hunstad barnehage har ein egen kultur med festar og tradisjonar gjennom året. (Denne ser du i barnehagen sitt årshjul.) Personalet gir rom for barna sin eigen kultur, den kjem særleg til uttrykk i leik, og vi legg til rette for barna si kulturskaping. Barnehagen har som mål å vere med på 1-2 kulturarrangement gjennom året.

SPRÅKLEG KOMPETANSEBarnehagen er bevisst på at språk og kommunikasjon påverkar alle sider ved barna si utvikling. Personalet er bevisst på at dei er språkmodellar og uttrykker seg tydeleg, men tilpassa barnet sitt utviklingsnivå. Personalet er også bevisst på at dei gjentek ord riktig utan å korrigere barnet. Barna får leike med ord og uttrykk. Dei får bruke språket til å uttrykke kjensler, ønsker og erfaringar og til å løyse konfliktar og skape positive relasjonar i leik og samspel. Personalet brukar alle kvardags-situasjonar og tema til språkutvikling og kommunikasjon.

«Feen Camilla.» Teikna av Clara

Page 9: HUNSTAD BARNEHAGE - helse-bergen.no årsplan 2017. nynorsk.pdfHunstad barnehage har derfor Kronstad skule som sin samarbeidsskule. Skulestartarane får sjå og oppleve skulen gjennom

FAGOMRÅDA 2016 – 2017Hunstad barnehage legg vekt på å gi barna kunnskap og opplevingar i forhold til alle dei sju fagområda. Arbeidet føregår i periodar av året. Planen for veka inneheld faste aktivitetar som tur, gym, varmlunsj, formingsaktivitetar, leikegrupper, førsku-le-aktivitetar og samlingar. Dette kjem i tillegg til omsorg og danning gjennom kvard-agsaktivitetar som måltid, på og avkleding, bleieskift og soving for dei minste, og i tillegg til det vi ser på som viktigast, barna sin egen sjølvvalde leik.

Etikk, religion og filosofiVi deltek på kyrkjevandringar før jul og påske. I følge rammeplanen skal barna få kjennskap til grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon og skal bli kjent med religionar og livssyn som er representert i barnehagen. Arbeidet med «Grøne tankar glade barn» (som er psykologisk førstehjelp for barn i førskule-alder) gir barna anledning til å filosofere over ulike sinnsstemningar og veremåtar overfor kvarandre.

Kunst, kultur og kreativitetBarnehagen skal formidle eventyr frå ulike stadar i verda. Vi skal ha fokus på pros-essen, og ikkje på resultatet. Barna skal få ta med seg heim noko dei har laga sjølve til jul og påske. Barna skal lære songar til bruk til kvardag og fest gjennom heile barnehageåret. I leiken utøvar barna kreativitet. Dei skapar ei leikeverd, delar fantasiane sine med andre og justerer seg. I forbindelse med året sitt eventyrpros-jekt vil vi leike og dramatiser eventyr.

Tal, rom og formVi vil nytte eventyr, rim og regler og songar som utgangspunkt for å styrke barna si forståing for tal. Barna er med å dekke på bordet, her får dei oppgåver som er tilpassa alder og modning. I adventstida nyttar Bjørk matematiske former som adventskalender og barna får matematiske oppgåver dei skal utføre. Personalet nyttar enkle matematiske omgrep i leik og aktivitetar.

Gjennom rolleleiken kan barna introduserast for matematiske omgrep, som for eksempel når dei leikar butikk. Då vil dei også få erfaring med Bishop sine seks fundamentale matematiske aktivitetar: 1) Forklaring og argumentasjon2) Lokalisering3) Design4) Teljing5) Måling6) Leik og spel

Kommunikasjon, språk og tekstVi vil ha eventyr, lesestund og samlingar som arena for formidling av tekst, og dei eldste barna får øve seg på å skape tekstar. Dei vaksne er gode språkmodellar, dei gjentek setninga til barnet korrekt utan å korrigere barnet, og er bevisst sitt eige språk. På Furu brukar vi eventyr, song, rim og regler i samlingar og ved aktivitetar. Å høyre eventyr kan vere med på å fange barna si interesse for ord og bokstavar. Dette kan gje eit godt grunnlag for når ein seinare skal utvikle lese og skrive-ferdigheiter.

Page 10: HUNSTAD BARNEHAGE - helse-bergen.no årsplan 2017. nynorsk.pdfHunstad barnehage har derfor Kronstad skule som sin samarbeidsskule. Skulestartarane får sjå og oppleve skulen gjennom

Natur, miljø og teknikk«Naturopplevelser i tidlig barndom blir ofte ansett som av betydning for barns holdninger til natur seinere i livet» Sitat av Guri Langholm, førstelektor. Den amerikanske læraren og forfattaren David Sobel understrekar at det er viktig at barn får moglegheit til å kjenne seg komfortable med naturen og bli glad i den, før vi ber dei om å ta vare på den.

I Hunstad barnehage ønsker vi difor å gi barna gode opplevingar i naturen. Vi vil undre oss, oppdage mangfaldet av artar, samle inn naturmateriale, samtale om naturen og begynne å sjå og forstå samanhengar.

5 åringane er med på eit program om kjemi og astronomi på Vilvite-senteret. Dette er ein del av kommunen si satsing på realfag og består av tre til fire ulike opplegg. Før eller etter setter vi av tid til å besøke utstillinga. Dei eldste barna får fotografere i naturen og lage utstilling med eigne bilde. På Bjørk har barna tilgang til ein laptop med ein pakke med utdanningspel som heiter Gcompris.

Berekraftig utviklingBerekraftig utvikling handlar om at vi nyttar resursane vi har til å dekke vårt behov, og samtidig tek vare på ressursane for komande generasjonar. Berekraftig utvikling er eit stort omgrep, men det er viktig å få fram, både for barn og vaksne, at små handlingar påverkar den store heilskapen. Her vil vi arbeide med å gå fremst som gode rollemodellar for barna på avdelingane, og gi dei gode vanar og haldningar knytt til blant anna forbruk. Her kan det arbeidast med gjenbruk, dyrking av ulike grønsaker, resirkulering, og med å minske matavfallet i barnehagen. For å gi barna gode verdiar og eit ønske om å ta vare på naturen, må vi og ha gode opplevingar og stundar i den.

Å så og planteÅ dyrke grønsaker saman med barna er ein hyggeleg og lærering aktivitet. Jord og vatn er morosamt å halde på med. Å følgje ein spire fram til å kunne hauste og smake er ei viktig erfaring. Barna er med på heile prosessen, og dei får og vere med på å vatne og stelle plantane.

Mål for miljøarbeidet

Barnehagen gjennomfører miljøpedagogisk arbeid tilpasset barna sin alder

Redusere ressursforbruk

Tiltak

• Barna utforskar naturen• Barna følger årstidene sin gang i naturen og får erfaring med korleis naturen endrar seg gjennom året • Dei vaksne er aktive samtalepartnarar som kan undre seg saman med barna• Dyrke grønsaker• Haustfest• Fokus på gjenbruk og resirkulering, samt bruke naturmateriale i f.eks. formingsaktivitetar.• Barna kjeldesorterer papir, plast og matavfall

• Fokus på å redusere vassforbruket• Sløkke lyset i kjelleren før vi lukker barnehagen• Redusere matavfall• Reduserer bruk av handklepapir

Page 11: HUNSTAD BARNEHAGE - helse-bergen.no årsplan 2017. nynorsk.pdfHunstad barnehage har derfor Kronstad skule som sin samarbeidsskule. Skulestartarane får sjå og oppleve skulen gjennom

Kropp, rørsle og helseMåltida gir rom for samtale og fellesskap. Barnehagen har eit brødmåltid «smøre-lunsj» til lunsj. Barna får varm mat til lunsj ein gong i veka. Vi tilbyr grønsaker til alle lunsjmåltida. Barna får frukt kvar dag, og vi nyttar vatn som tørstedrikk. Barnehagen er ikkje ein sukkerfri barnehage, men vi er bevisst på kor mykje sukker vi tilbyr barna. Barna feirar bursdagar gruppedelt med dei som er født same år, slik blir det ikkje så mange bursdagsfeiringar med mat med sukker i.

Alle barna på Bjørk får ein turdag i veka, og dei går på gym i HSI hallen på sjuke-huset kvar andre veke. Dei eldste barna på Furu går på turar i nærområdet og er med på gym på våren.

Barna er ute ei god økt kvar dag. Uteområdet i barnehagen innbyr til aktivitetar av ulike slag, som klatring, springing og sykling. Vi har og ein flott akebakke når det er snø.

Nærmiljø og samfunnSjukehusområdet og Årstad kyrkje er barnehagen sitt næraste område. Barna spring ofte ned til porten når dei høyrer kyrkjeklokkene, og dei er nysgjerrige på kva som skjer der. Vi blir invitert til kyrkja til jul og påske. Vi nyttar sjukehusparken til turar med dei minste barna, og gymnastikksalen i Sentralblokka med barna frå 2 år og oppover.

Vi går på Vilvite-senteret med dei eldste, og vi har ein fast stad ved «det velta treet» på Montana. Her ser vi kva som skjer med naturen når årstidene skiftar. I eventyra er handlingane ofte i naturen, når vi går over ei bru er det lett å førestille seg even-tyret om dei tre bukkane bruse.

Barna lærer trafikkreglane på turar ut av barnehagen.

SAMARBEID MED BARNA SINE HEIMARDet blir foreldremøte i september 2017. Foreldresamtalar blir tilbydd alle foreldre både på hausten og på våren. Foreldre til nye barn får samtale når dei begynner i barnehagen. Vi vil fortsetje å sende ut periodeplanar som gjelder for 2 – 3 månadar om gongen. Her presenterer vi arbeidet som er gjort i barnehagen i førige periode, og gir ei oversikt over aktivitetar og planar for perioden som kjem. I periodeplanane vil vi gi ei beskriving og ein pedagogisk grunngjeving for kvar som skal skje i den komande perioden. Det blir og sendt ut ein månadsplan som er ei meir konkret oversikt over kvar månad. Planane blir sendt ut på e-post.

Teikna av Clara

Page 12: HUNSTAD BARNEHAGE - helse-bergen.no årsplan 2017. nynorsk.pdfHunstad barnehage har derfor Kronstad skule som sin samarbeidsskule. Skulestartarane får sjå og oppleve skulen gjennom

EKSTERNE INSTANSAR SOM VI SAMARBEIDA MEDSkulenVi samarbeider med Kronstas skule, som er vår næraste skule. Vi deltek på samarbeidsmøter for førskulebarna og dei får besøke skulen og SFO

Høgskulen på Vestlandet – HVLVi er ein av praksisbarnehagane for HVL. Vi har studentar frå barnehagelærar-utdanninga som har praksis hos oss i ulike periodar gjennom året.

Lærling-bedriftHelse Bergen sine barnehagar er godkjente som lærlingbedrifter. Vi har lærling i barnehagen som tek fagutdanning i barne- og ungdomsarbeider faget.

BarnevernetPersonalet har meldeplikt og opplysingsplikt til barnevernet dersom ein mistenker at barnet blir utsatt for omsorgssvikt, vold eller overgrep.

PSSbarnehagen kan i samråd med foreldra ta kontakt med og eventuelt inngå samar-beid med pedagogisk psykologisk senter, eller andre liknande instansar utanfor barnehagen dersom det er nødvendig.

VilviteFørskulebarna deltek på eit realfag-opplegg på Vilvite-senteret

TRADISJONAR • Haustfest og fellessamling for barn og personale • Lucia og grautfest med foreldre og søsken• FORUT-aksjon• Karneval• Kyrkjevandring før jul og påske• Overnatting i juni for dei barna som skal begynne på skulen• Sommarfest med foreldre og søsken

ÅRSHJULKva skjer når?

HAUST VINTER

SEINSOMMAR VÅR

Oktober, november og desember• Tema Haust m. Haustfest

• Leikegrupper• Juleforberedingar

• Luciafeiring m/foreldre• Solsnu frukost for Bjørkebarna

August og september• Tilvenning

• Organisering, rutiner og dagsrytme• Grøne tanker, glade barn

• Kjeldesortering • Hauste frukt og grønsaker

• Leikegrupper

Januar, februar og mars• Tema Vinter• Forut • Samefolket sin dag• Karneval• Fastelavn• Påskeforberedingar

April, mai og juni• Dyrke grønsaker• Fotograf i barnehagen• Plante grønsaker• 17. Mai• Sommarfest• St. Hans feiring• Avslutning for skulestartere• Besøksdagar for nye barn

Page 13: HUNSTAD BARNEHAGE - helse-bergen.no årsplan 2017. nynorsk.pdfHunstad barnehage har derfor Kronstad skule som sin samarbeidsskule. Skulestartarane får sjå og oppleve skulen gjennom

DOKUMENTASJON OG VURDERINGHunstad barnehage dokumenterer aktivitetar og prosjekta i barnehagen gjennom bilete, tekst og praksisforteljingar, periodeplanar og utstillingar. Vi vurderer og reflekterer over leik og samspel kontinuerleg på møter og på planleggingsdagar.

Vurderingsområder Barnhageåret 2018 – 2018 vil vi vurdere arbeidet som blir gjort med å utvikle leik og sosial kompetanse.

Mål

Barna skapar gode relasjonar seg i mellom.

Utvikle barna sin toleranse og empati

Utvikle barna sin rollelek.

Arbeidsmetodar

Grøne tankar glade barn

Leikegrupper med vaksne som aktive deltakarar

Eventyr

Jobbe med Forut

Grøne tankar glade barn

Vaksne som undrer seg saman med barna og hjelp dei å sette ord på kjenslene sine.

Auke personalet sin kompetanse om rolleleik.Leike/ dramatisere eventyr

Dokumentere og vurdere

Observasjonar og praksisfortelljingar

Periodeplanar og månadsplanar

Sjekkliste og plan mot mobbing som refleksjonsgrunnlag på møter

Pedagogisk dokumentasjon:Vi vil nyttepraksisforteljingar som grunnlag for refleksjonar i personalgruppa

Pedagogisk dokumentasjon.Observere leiken

Ansvar for vurderinga

Pedagogane har ansvar for at ar-beidet blir gjen-nomført, men alle skal bidra med dokument-asjonsarbeidet

Evaluering

På basemøter

Personalmøter

Planleggings-dagar

Page 14: HUNSTAD BARNEHAGE - helse-bergen.no årsplan 2017. nynorsk.pdfHunstad barnehage har derfor Kronstad skule som sin samarbeidsskule. Skulestartarane får sjå og oppleve skulen gjennom

KOMPETANSEUTVIKLING• Tre av pedagogane har våren 2017 gjennomført ein kursrekke om relasjonskompetanse. Denne kompetansen vidareførast til heile personalet i arbeidet med danning, medverking og relasjonar. • Kompetanseheving på rolleleik• Det blir felles arbeida med kompetanseheving på området «barna si medverking» i alle barnehagane i Helse Bergen.

Dei fem planleggingsdagane blir primært brukt til planlegging og kompetanse-utvikling for heile personalgruppa.

Planleggingsdagar 2017/2018• Fredag 22.september• Fredag 10.november • Fredag 2.februar • Fredag 4.april• Fredag 18.mai.

Barnehagene er stengt på planleggingsdagene

KONTAKTINFORMASJONTelefon til avdelingane:Furu | 55 97 49 39 | mob: 950 88 311 Bjørk | 55 97 49 40 | mob: 950 87 282

Telefon til styrar:Ingunn Vassdal | 55 97 49 42

E-post | [email protected]øksadresse | Jonas Liesvei 59

Layout Torun Hunnes Teiikning på forsida Ludvig

Teikna av EirikS