husflid dyrsku'n 09.-11. september 2016

4
HUSFLID www.dyrskun.no 3 DAGARS FOLKEFEST 700 UTSTILLARAR 90 000 BESØKANDE 170 MÅL MARKNADSOMRÅDE 9.-11. SEPTEMBER 2016

Upload: dyrskun-arrangement-as

Post on 25-Jul-2016

226 views

Category:

Documents


6 download

DESCRIPTION

Dyrsku'n Arrangement AS www.dyrskun.no

TRANSCRIPT

Page 1: Husflid Dyrsku'n 09.-11. september 2016

HUSFLID

www.dyrskun.no

3 DAGARS FOLKEFEST 700 UTSTILLARAR 90 000 BESØKANDE 170 MÅL MARKNADSOMRÅDE

9.-11. SEPTEMBER 2016

Page 2: Husflid Dyrsku'n 09.-11. september 2016

HUSFLID ER SÅ MYKJE MEIR ENN DU TRURDyrsku’n har som siktemål å få fram kvaliteten og mangfaldet feltet har å by på.

Hall A:Finn du husflidshandverkarar som sel ulike produkt i ulike teknikkar. Alle har produkta som næringsveg.

Hall B:Finn du innsendte produkt frå heile Noreg som har blitt vurdert og dømt av ulike domarpanel. Under Dyrsku’ns tre dagar utgjer desse produkta Husflidsutstillinga Dyrsku’n.

Dyrsku’n sin målsetnad for husflid og handverk:- Tradisjon- Nyskaping- Kvalitet

Vi har mål om breidde og mangfald gjennom rekruttering og kunnskapsformidling.

Dyrsku’n feirar 150 år i 2016 – og held seg godt! Kvart år får me besøk av nær 90 000 gjester og 700 utstillarar.

<< Som handverkar er det verdifullt å få produktet sitt bedømt av ein fagjury ved husflidstevlinga på Dyrsku`n. Og det er stor stas å bli stilt ut blant mange av Noregs dyktige tradisjonshandverkerar.Å vera nyetablert og vinne pris, var ekstra gildt! >>

Anlaug Buen,Draktformgjevar

Nyskapingsprisen 2015 for “Stuttstakken”

Page 3: Husflid Dyrsku'n 09.-11. september 2016

KVIFOR DELTA?Du får vurdert produktet ditt av ein fagjury og får konstruktive tilbakemeldingar på arbeidet du leverar inn. Dyrsku’n har eit samarbeid med Norges Husflidslag for å sikre fagtyngda i dette arbeidet.

KVEN KAN DELTA?Dei som har handverket som hobby og dei som driv profesjonelt er velkomne til å delta. Elevar, studentar, lærlingar og elles andre som er i ein læresituasjon er særs velkomne til å bidra.

NYSKAPINGSPRISVert dela ut under mottoet «Nye skot frå gamle røter». Prisen er ein gåvesjekk på kr. 5000 samt eit diplom.

STIMULERINGSPRISVert delt ut til ein handverkar som utmerker seg med særs godt arbeid. Prisen er ein gåvesjekk på kr. 5000 samt eit diplom.

DIPLOM FOR GODT HANDVERKNorges Husflidslag kan dele ut opptil tri diplomar for godt handverk. Prisane er alle eit kvalitetsstempel og til inspirasjon for vidare arbeid.

ÅRETS SÆRUTSTILLINGÅrleg inviterer vi ein særskild handverkar som har utmerka seg innan moderne eller tradisjonell husflid. I jubileumsåret er det dronninga av Dyrskuplassen og opphavet til heile arrangementet som står i fokus – nemleg Telemarkskyri. Bine Melby med sine flotte smykke og klede sydd av skinn frå telemarksfe er årets særutstillar. «Jeg pleier å si at jeg vet hvor skinnjakkene mine har beita», uttalar Bine Melby – designer og sivilagronom busett på Kongsvinger. Bine sine produkt er i skjeringspunktet mellom tradisjon, berekraftig ressursutnytting og nyskapande design. Dette er verdiar Dyrsku’n òg står inne for, derfor gleder vi oss til å vise fram Melby sine produkt under jubileet i 2016 i Hall B.

PREMIERINGDei beste arbeida vert premiert og stilt ut i Husflidsutstillinga på Dyrsku’n. Berre dei som har oppnådd fyrsteplass blir premiert.Dyrsku’n er glade for å ha eit godt samarbeid med Høgskolen i Sør-Øst Norge avd. Rauland og Notodden. Studentarbeid frå desse to skulane vert stilt ut på utstillinga.

HUSFLIDSTEVLINGA 2016

<< PÅ DYRSKU’N SI HUSFLIDSTEVLINGKAN DU VISE ARBEIDET DITT FOR EIT STORT OG INTERESSERA PUBLIKUM >>

Eivind Strondi var ein av eldsjelene i oppstarten av husflidstevlinga.

Det har vore tevla innan husflid og handverk på Dyrsku’n sidan 1963. Då var det hovudsakleg tradisjonelt handverk, gjerne knytt opp mot landbruket, som var i fokus.

Gjennom Husflidstevlinga Dyrsku’n 2016 skal me ta vare på denne tradisjonen, like mykje som målet er å stimulere til nyskaping og rekruttering.

Årets særutstillar Bine Melby. Foto: Mona Nordøy.

Page 4: Husflid Dyrsku'n 09.-11. september 2016

KONKURRANSEREGLARKATEGORIAR MED KLASSEROG UNDERGRUPPER Alle arbeid må vere påmeldt av utøvar, med gode utfyllande

opplysningar på skjema. I klassene for formgjeving og eksperimentell form må utøvarane ha vore med i prosessen frå idé til ferdig arbeid. Dette må dokumenterast gjennom skisser, utprøvingar m.m.

Det skal fyllast ut eit påmeldingsskjema pr. innsendt gjenstand Arbeida må vere utført i perioden 2014 – 2016 Arbeida kan ikkje vere bedømt i annan konkurranse. Arbeidet kan ikkje vere påmeldt i fl eire klasser. I klassa for eggverktøy skal det sendast inn eit blad til knekking Bilde av innsendte gjenstandar til tevlinga kan bli brukt i publi-

kasjonar av Dyrsku’n Arrangement AS og Norges Husfl idslag.

Det tilkjem ei påmeldingsavgift på kr. 250 som blir fakturert deltakar etter påmelding.

Arbeidet sendast til adressa under.Spørsmål? Kontakt ein av oss:Eva Flatin, telefon 906 07 875, e-post: husfl [email protected] Marthe Haugerud, telefon 950 74 892, e-post: telemark@husfl id.no

Påmeldingsfristen er måndag 22. august 2016.

forsikringArbeid som vert sendt er forsikra gjennom Dyrsku’n Arrangement AS, det vil sei frå arbeidet er motteke av oss, til arbeidet er returnert. Postgangen er ikkje forsikra av Dyrsku’n Arrangement AS.

Dyrsku´n Arrangement AsNordbygdivegen 60,3840 Seljord

Telefon: 35 06 57 70Faks: 35 06 57 84E-post: [email protected]

www.dyrskun.nowww.facebook.com/dyrskunwww.instagram.com/dyrskunseljord

Husfl idstevlinga vert arrangert i samarbeid med Norges Husfl idslag

tre• Rekrutt• Handverk• FormgjevingUndergrupper: Treskjering, dreiing, møbel, andre teknikkar (lagging,sveiping, neverarbeid, o.l), eksperimentell form.

tekstil• Rekrutt• Handverk• FormgjevingUndergrupper: Maskearbeid, toving, brodering, vev, saum, bunad, eksperimentell form.

rosemåling• Rekrutt• Rosemåling• Lasering/dekormåling

smiing• Rekrutt• Eggverktøy/verktøy• Kunstsmiing/ eksperimentell form

sylv• Rekrutt• Handverk• FormgjevingUndergrupper: Filigransarbeid,gravering, smiing/korpus, smykke, eksperimentell form.

kniv• Rekrutt• Brukskniv• Staskniv• Open klasse

handel landbruk anlegg husdyr mat husflid kultur folkelivFo

to: D

AA

S, Ø

yste

in K

øhn,

Gur

o M

æla

nd S

udga

rden