infobrev til utstillere 6 8 14
DESCRIPTION
Utstiller manual for Bergen Matfestival 2014TRANSCRIPT
2014
Gunnar Nagell Dahl
Fylkesmannen i Hordaland
07.09.2014
VELKOMEN SOM UTSTILAR TIL MATFESTIVALEN I BERGEN 2014
Dette skrivet har nyttig informasjon til deg som utstillar på
matfestivalen i Bergen 5 – 7. September 2014
Ver venleg å lese gjennom skrivet og rett opp eventuelle
manglar. Meld inn navn på alle dei du ynskjer å ha med deg på
din stand
Utstiller informasjon inneheld standplasseringar, kart over
festivalområde, informasjon frå Brannvesnet og mattilsynet.
Det kjem oppdatert informasjon ca 1. veke før matfestivalen
Matfestivalen: Opningstider:
Fredag: 12:00 -18:00
Laurdag: 10:00 -18:00
Sundag: 10:00 -16:00
TIL ALLE UTSTILLARAR PÅ MATFESTIVALEN I BERGEN 2014
VELKOMEN TIL BRYGGEN OG BERGEN!
DET ER NO EIN MÅNAD ATT TIL MATFESTIVALEN 2014.
Vi ynskjer å informera litt om stoda så langt. Samtidig vil vi ha ei tilbakemelding om kven som kjem på festivalen, kva ein
ynskjer av straum, vatn, parkering og anna utstyr. Vedlagt ligg eit skjema der vi har fylt ut dei opplysningane som vi har
motteke så langt. Ver venleg å sjekke og fylle ut skjema og rett opp moglege feil. Det er spesielt viktig å sjå at epost-adressa
er riktig, vi kjem til å nytta oss av denne informasjonskanalen. Ver og venleg å sette inn webside-adressa, så legg vi denne
ut saman med anna informasjon på våre nettsider.
Send inn skjemaet så snart som mogleg og seinast innan 25. August 2014.
Desse opplysningane skal nyttast til blant anna festivalavisa, utstillarkort, opplysningar til Mattilsynet og brannvesenet.
PÅMELDING: Det er stor pågang av utstillarar i år! Det er pr. dags dato ca. 103 påmeldte, saman med Bergen Ølfestival. Vi er i ferd med å
avgrensa påmeldinga! Standplasseringar har som tidlegare år bydd på store utfordringar. Politiet og brannvesenet har gjeve
forbod måt å selje varer ut mot fortauet på bryggesida/torget og riksvegen. «Branngata er flytta frå innerst mot husrekka på
bryggen til midten av bryggen. Det vert difor i år ei breiare midtgate og smalere langs bryggerekka. Det vert ikkje sal ut mot
fortauet, men alle får 2 sals flater i gangvegen. Vi fordeler som vanleg standplassen etter beste evne. Iingen har «hevd» på
ein spesiell plassering. Vi tar omsyn til regionvise plasseringar og til straum og vatn.
TRYGGLEIK: Matfestivalen i Bergen har strenge krav til tryggleik både for folk og verdiar. Festivalkomiteen har god erfaring med dette og
prøver å legge alt til rette for deg som utstillar. Vårt ynskje er at du skal få best mogleg utbytte av årets festival og at du skal
kunne reise heim med gode minne og ei velfylt konto. Det er og opp til deg å være førebudd til festivalen, med nok varer,
materiell, prislister og sals utstyr til eigen stand.
Vi ventar at de les dei tilsendte skriv nøye, Mattilsynet og brannvesenet vil ta stikkontrollar på dette!
LITT PRAKTISKE OPPLYSNINGAR: Fredag er det mange som er ute for å sjå, det er ofte kaotisk i oppstarten, men det går seg til ut over dagen. Laurdag er den
store salsdagen. Søndag er den store familiedagen der det går litt roligare føre seg. Tar vi det alle med eit smil, går dette bra.
FESTIVALKONTOR:
Er ope frå kl 08:00 på fredag. Alle utstillarar må kome inn for registrering og utlevering av materiell. (Festivalkontoret er ikkje
plassert enda, opplysningar om dette kjem i neste info).
PARKERING:
Vi gjer merksam på at det ikkje er festivalarrangøren si oppgåve å finne parkering til alle. Vi har klart å forhandla oss plass til
dei fleste på dreggekaien, (nedanfor Håkonshallen) Det er ikkje straum i dette området.
Vi ber om at dei som har andre alternativ nytter seg av dette. ByGarasjen og Klostergarasjen er gode alternativ.
TRAFIKK OG VARELEVERING: På grunn av omfanget av Matfestivalen, vert Bryggen regulert for trafikk alle festivaldagane. Det vil til ei kvar tid vere politi og
trafikkvakter som regulerer all inn og utkjøring i festival området. Dette fordi Matfestivalen er pålagt å sikre ferdsla i og rundt
Bryggen og festivalområdet. De skal nytta kaisida til av og pålessing av varer til eigen stand. Innkjøring til kaisida er frå nord
(dvs. frå Åsane-sida) og utkjøring mot sør (mot Fisketorget). Festivalen har nokre få sekkehjul og traller til
disposisjon, men det er lurt å ta med seg eigne sekkehjul eller vogn.
Busshaldeplassen eller området Bryggen/ Nicolaikirkeallmenningen skal ikkje nyttast til varelevering. Av -og
pålessing av varer bør skje før opninga av Matfestivalen kl 10:00. Ved supplering av varer nyttar du kaisida. Alle må retta seg
etter pålegg frå politi, trafikkvakter og festivalarrangør.
Det er lurt å være tidleg ute med varelevering. Mykje av utstyr etc. kan fraktast inn torsdag kveld, dvs. dagen før festivalen
startar. For dei som har mykje utstyr og varer som kan ”overnatta” under presenning, vil vi tilrå dette. Torsdag kveld er det
råd å koma inn i festivalområdet med bil. Presenningar er å finna til kl. 20:00. Kontakt oss på tlf. 930 48 545/951 18 490. Vi
vil ha vakt på området om natta, f.o.m. torsdag kveld t.o.m. sundag morgon.
Vær venleg og retta dykk etter pålegg frå vaktene (det hjelper lite å ”kjenne nokon” i festivalleiinga).
BRANNSIKRING:
Brannkrava er skjerpa i høve til tidlegare år. I år er det bestemt at vi skal ha ein eigen internkontroll på dette området. Vi legg
ved kart over området som viser tilgjengeleg brannslokningsutstyr og brannslangar. Vi er og pålagd å skjerpe kontrollen av
elektriske apparat og må unngå overdriven bruk av fleirpunkt stikkontaktar. Arrangøren legg strøm fram til standboden og
utstillarane må sjølv skaffe gode skøyteleidningar. Kumlokk og hydrantar må være tilgjengelege og ikkje dekkast til. Alle
festivaldeltakarane (standansvarleg) må skrive under på at dei har lest branninstruksen, som ligg vedlagd.
MATTRYGGLEIK:
Matfestivalen vil sette ut handvaskestasjonar på alle standane, desse er berre til dei som arbeider på standen, og må
brukast! Festivalvaktene vil etterfylle vatn og papir ved behov. Vaskane må haldast rein til ein kvar tid.
Mattilsynet vi vere tilstades under heile festivalen. Vi oppfordrar alle til å tenkje gjennom eigne hygienerutinar og til å ha med
naudsynt materiell (som eingongshanskar, såpe) og oppbevarings plass (som kjøl og frys). Det er ikkje mogeleg å vaske
eige utstyr på festivalområde. Rutinar for dette må førebuast. Alle festivaldeltakarane (standansvarleg) må skrive under på
at dei har lest instruksen frå Mattilsynet, som ligg vedlagt. (Vi arbeider med ei løysing på oppvask av utstyr, men dette er
enda ikkje på plass).
KOMSAMANKVELD: Meir opplysningar om dette kjem seinare, men arrangementet vert lagt til laurdag kveld.
Velkomen
TIL SLUTT: Vi som festivalarrangør ynskjer alle velkomne til spanande dagar på Bryggen i Bergen. Vi håpar alle, vi som arrangør og du
som deltakar, kan bidra positivt for få vellukka festivaldagar.
Kart og standplassering er vedlagt, men det kan kome endringar og dei berørte vert kontakta.
HUSKELISTE: Sjekk om opplysningane som nmatfestivalen har ergistrert er rett
Les nøye branninstruks og info frå mattilsynet
Sjekk nettsidene om dei er oppdatert
Følg våre nettsider www.matfest.no
PS. Oppfordrar alle til å gå in på www.matfest.no og nettsidene www.matfravest.no sjå korleis vi presenterer matfestivalen
og korleis dei som har meldt seg på marknadsføringa på denne nettstaden presenterer seg. Denne sida er blitt ein viktig
trefstad for dei som er opptatt av lokalmat. Og sidene kjem til å utviklast vidare fram mot matfestivalen og vert ein viktig portal
etter matfestivalen.
Bergen 6.8.2014
Med venleg helsing!
Gunnar Nagell Dahl
Festvalsjef / Matattache` Fylkesmannen i Hordaland, Landbruksavdelinga
Tel; 55 57 21 50 Mob: 95 11 84 90
Skisse festivalområde
BRANNINSTRUKS
FOR UTSTILLARAR VED MATFESTIVALEN I BERGEN
”BØNDER I BYD´N”, 6. – 8. SEPTEMBER 2013
Standansvarleg må lesa gjennom branninstruksen og kvittera for at dette er gjort ved
registrering på Festivalkontoret.
1. Brann skal meldast på tlf. 110. a. Brannansvarleg er Pål Gangstø. Tlf. 470 15 835
2. Handslokkeapparat står klare til bruk i biltilhenger, mrk. ”Teknisk Industrivern” under treet midt i Nikolaikirkealmenningen. I tillegg står det apparater rett innom og bak gitterporten til Enhjørningsgården ute på Bryggen. Der er og ein brannvannslange. Alle må gjera seg kjend med bruken av det manuelle slokkeutstyret.
3. Gassbehaldarar skal utstillarane ta med seg bort frå Bryggen kvar kveld etter stengetid.
4. F-slokkeapparat vert plassert ved lokalmatrestaurantane om det er trong for det. 5. Arrangement for open eld må ha brannsikker skjerming og glofangar og skal
godkjennastav Brannansvarleg. 6. Alt boss skal kvar dag leverast i transportable containarar som vert tømde kvar dag
etter stengetid. 7. Tilkomstvegar for Brannvesenet etablerast ved at det er min. 5m breidd på rettløp inn
til Bugården Tilkomst til rettløpet skal alltid vera ope. Tilkomst frå sør skal og alltid vera fri langs husrekka.
b. Tilkomst gjennom port til Bryggestredet via Nicolaikirkealmenningen skal vera fri for fysiske installasjonar
c. Evt. installasjon på tvers i Nicolaikirkealmenning ovanfor port til Bryggestredet skal kun vera bord med seildukstak eller liknande som raskt kan fjernast.
8. Alle utstillarar, uansett om dei nyttar vatn eller ikkje, gjer seg kjend med kvar næraste vannslange er å finna.
9. Alle utstillarane pliktar å retta seg etter pålegg frå plassansvarleg og brannvakt. Gamalt brannfarleg elektrisk utstyr er ikkje tillete. Heller ikkje overdreven bruk av fleirpunktskontaktar. Utstillar må retta seg etter krav frå elektrikar ved kontroll.
10. Evt. kumlokk og brannhydrantar inne i bodane skal vera lett tilgjengelege.
Bergen, 26. august 2013
Informasjon frå Mattilsynet
1. Alle næringsmidler skal komme fra godkjent/meldt produsent/leverandør og skal
behandles og oppbevares på en måte som hindrer forurensning,
kvalitetsforringelse og oppvekst av bakterier som kan forårsake bedervelse eller
sykdom.
2. Det skal være tilfredsstillende håndvaskemuligheter på stedet. Det vil si at en
skal kunne vaske hendene i rennende, temperert vann. For eksempel kan det
benyttes en vanndunk med tappekran og oppsamlingsenhet. I tilknytning til
håndvask skal det være såpe, papir og «avfallsbøtte».
3. Lett bedervelige næringsmidler skal lagres ved kjøle eller frysetemperatur,
henholdsvis -1 til 4 °C og -18 °C eller kaldere. Det skal være termometer i kjøle
og fryseinnretningene, slik at det er lett å følge med på temperaturen.
4. Ferdig tilberedte varmretter skal oppbevares ved en temperatur på +60 °C eller
høyere.
5. Personer som håndterer uemballerte næringsmidler skal ha rene, egnede klær
og må ikke samtidig utføre andre arbeidsoperasjoner som kan forurense varene.
6. Personer som håndtere næringsmidler skal ha tilgang til et eget toalett, som kun
er tilgjengelig for personalet.
7. Ved utendørs frambud av næringsmidler skal varene så langt det er praktisk
mulig, skjermes mot forurensning. Varene skal alltid plasseres minimum 60 cm
over bakkenivået.
8. Det må etableres tilfredsstillende rutiner for renhold, rydding og
avfallshåndtering der frambudet foregår.