informasjonsorgan for medlemmer i diskrikt 104e6˜veposten side 4 desember 2017 moshovdanissen sin...

14
LØVEPOSTEN Side 1 Desember 2017 Informasjonsorgan for medlemmer i diskrikt 104E6

Upload: phungtuyen

Post on 20-May-2018

219 views

Category:

Documents


5 download

TRANSCRIPT

LØVEPOSTEN Side 1 Desember 2017

Informasjonsorgan for medlemmer i diskrikt 104E6

LØVEPOSTEN Side 2 Desember 2017

LØVEPOSTEN Side 3 Desember 2017

Julebord i Lions-regi Synnøve Lien I år som i fjor inviterte Lionsklubben i Fusa folk på 75+ til julebord i samfunnshuset i Eikelandsosen

Hendinga vart annonsert i lokalavisa, og folk fekk melde seg på. Dei som ønska transport vart henta i privatbil av klubbmedlemmane.

Trivelege timar Siste laurdagen i november er ein høveleg dag for eit slikt førjulsarrangement. Jule-stresset er på veg, dei bakeglade har allereie starta kakeproduksjonen og mange julegåver er pent innpakka. Lokalet vart pynta i adventsfargar, og det vart rett så stemningsfullt med levande lys ettersom dagslyset gradvis forsvann utover ettermiddagen.

På menyen sto sjølvsagt pinnekjøt med kålrotmos og poteter. Etterpå kunne alle forsyne seg av eit bugnande og kaloririkt kakebord.

Åndeleg føde Arrangementet baud også på åndeleg føde, og først ute var den kommunale Kulturskulen. Pianolærar Eleonora Melnik Larsen var invitert med nokre av sine elevar til å underhalde gjestane. Dei yngste først, og utfordringane i val av musikkstykke steig i takt med aldersgruppene. Det er ikkje enkelt når ein både skal bruke begge hender, lese notar og spele med rett fingersetting. Men utøvarame gjorde det svært godt – fekk vel fortent applaus og kvar si rose med heim. Leiar i Lions Fusa, Turid Vindenes, fortalde litt om kva klubben har gjort i dette året, og kva planar vi har for neste år. Mottoet til Lions er «gode vener som hjelper andre», og pengane som vert samla inn gjennom til dømes loddsal, går uavkorta til bistand – lokalt eller ute i verda.

Allsong med kjente julemelodiar løfta stemninga utover ettermiddagen, og gjestane fekk elles bli litt kjende med den lokale Moshovdanissen gjennom ei heimelaga historie. (Se neste side) Selskapet vart avslutta med Jakob Sande sin stemningsfulle «Det lyser i stille grender». Så kunne både dei 43 gjestane og klubbkomiteen ønske kvarandre God Jul.

Synnøve Lien Lions Fusa

Her er snart alle gjestane på plass

Kaffi og kaker

LØVEPOSTEN Side 4 Desember 2017

Moshovdanissen sin skrekkblanda julekonsert Av Synnøve Lien, Fusa LIONS

Moshovdanissen er ein liten kar som bur under ein hellar ikkje langt frå Eikelandsosen. Staden kan ikkje beskrivast nærare, - han er så fryktelig sjenert og vil slett ikkje ha besøk. Han er berre 48 cm lang, han har bukser av katteskinn, tresko, grå topplue og flunkande ny, svart fleece-jakke. Materialet til buksa fann han nede ved vegen, - nokon hadde køyrd i hel ein katt. Jakka er omsydd av ein stor jakke som han fann under ei klessnor i nabo-laget etter stormen - så på den måten kan vi vel vere einige om at Moshovdanissen er ein kløppar på gjenbruk! Han har ei skogmus til huskatt, og ho er av det intelligente slaget som skjønar alt han seier. Og du kan tru han har det fint under hellaren. I mange år har han samla saker og ting. Noko har han lånt på gardane omkring, og noko har han funne langs hovudve-gen; det er utruleg kva folk «misser» når dei køyrer forbi! Slekta i området Tykkjer du det er rart at det bur ein slik liten kar så nære sentrum i Eikelandsosen? Eg kan fortelje deg at han er ikkje den einaste i sitt slag i området. Han har foreldra sine oppe ved Hafskorvatnet, der han er oppvaksen. På Baldersheim bur bestemor hans, og ho bakar framleis verdas beste flatbrød. I Sævareid bur éin onkel – ikkje langt unna smoltanlegget. Og det syner seg svært lukra-tivt, for den ørsmå fisken er heilt nydeleg som julemat for slike småfolk – marinert i lake med einebær og lagra i ørsmå tønner. Tønnemodellen er henta frå nabolaget, sjølvsagt. Elles har han ei tante på Holmefjord, ho er familiens pølsespesialist. Mannen hennar driv sin eigen gesjeft med produksjon av møblar, leiker og diverse nyttegjenstandar – alt laga i prima treverk. Og kvar trur du han får materialet sitt ifrå? «Gratis» avskjær frå limtrefabrikken – men det er det ikkje mange som veit… Elles er nok Hellandsnissen den beste og næraste venen, også reint fysisk. Og når nissane arrangerer jonsokfest kvar sommar, er Hellandsnissen prima kom-panjong når dei skal ut og sjekke nissejenter – det vil seie heilt til sist sommar. Da kom ei nissejente frå Strandvik bort og baud han opp til dans. Sidan har han gått rundt med ein saleg glis og vore litt «bortreist» til tider… Kvart år inviterer Moshovdanissen til juleselskap, og da kjem slekta til korgafest under hellaren. Da har alle med seg sine spesialitetar, og verten sjølv spanderer lefser som han «låner» på Tønnegarden. I grunnen var det enklare i gamle dagar, da nissane kunne gå inn på næraste stabbur og hente seg den maten dei trong. Men no ligg alt i frysen, og ein slik boks er uråd å opne for ein liten kar… Dilla på hornmusikk Kvar syttandemai har Moshovdanissen den største opplevinga i året, han er mildt sagt hekta på hornmusikk. Det startar på mor-gonen – da kan han få med seg det meste på radioen, og ut på dagen møter han opp der det er arrangement med korps og syt-tandemaitog. Men no var det lenge sia han hadde høyrt favorittmusikken sin… Men da han - i år som i fjor - lura seg inn på Tønnegarden for å låne litt av dei gode julelefsene, fekk han sjå ein plakat rett utan-for. Der sto det at både Holmefjord musikklag og fleire kor skulle ha kyrkjekonsert i Strandvik komande sundag! Han kjende kor nissehjartet slo eit ekstra slag, - jesss! Julekonsert skal bli, tenkte nissen, og vegen heim til hellaren gjekk i marsjtakt med mus-katten hakk i hel. Han gledde seg slik at han måtte smake ein lefsebit for å halde blodsukkeret i sjakk… Korleis Moshovdanissen og muskatten kom seg til Strandvik, er og blir eit mysterium. Men det er ikkje alt vi menneskje treng å vite – noko må vi ha å spekulere på om ikkje livet skal bli for keisamt. Konserten - Det er ei glede for meg å ønskje alle velkommen til denne jubileumskonserten, sa ordføraren og sette seg på første rad for å nyte musikken. Korpsdirigenten løfta armane og det såg nesten ut som han skulle flyge… Nissen hadde gøymd seg på galleriet, og her satt han trygt i skuggen med muskatten på fanget. Han tenkte at kanskje hadde dirigenten vore engel ein gong, og såg han for seg med fjørkledde vengjer, medan julemusikken tona ut i ei mektig oppleving. Akustikken var heilt formidabel. Til og med muskatten låg heilt stille. Og så var det blandakoret sin tur. No er ikkje Moshovdanissen like begeistra for korsong, så han fekk meir lyst til å sjå seg litt om i kyrkja ettersom det var første gongen han var her. Han formana muskatten om å halde seg like bak, og så luska dei to venene rundt på synfaring. Eit spegelblankt piano vart for freistande for muskatten. Ein kjapp klatretur opp på innsida av instrumentet, og ein liten springmarsj over tangentane berre måtte han unne seg. Og ingen såg han ettersom lokket var på… Sakresti-døra sto ørlite på gløtt, og her fann muskatten ei lita kjeks på golvet, men det var tørre greier. – Heilt uspiseleg, sa ho til nissen, - men det var etter at dei hadde kome trygt heim og nissehjartet hadde roa seg litt etter skrekk-opplevinga som kom. Ute i kyrkjerommet song koret vidare; Ma-ha-a-a-riaaa, song tenorane, og Moshovdanissen som akkurat da var bakom dei, fekk på ein måte tonane i revers. - Riiii-i-i-aaa, svara bassane, og den eine bassen var så ivrig at det vart åtte a-ar på slutten av strofa. Nissen såg seg rundt, og vart full av undring. Korpset hadde i pausen sin lagt frå seg instrumenta, og her låg også ein tuba og kvilte. Tubaen er det nest største blåseinstrumentet i korpsfamilien, og lagar bass-lyden i musikken. I den blankpussa messingen kunne nissen spegle seg. Det var berre det forunderlege at spegelbiletet synte han opp ned! Merkelege greier?!

LØVEPOSTEN Side 5 Desember 2017

Trøyste oss… Muskatten ville også sjå: Næh ! så rart. Muskatten er av det svært nyfikne slaget, og ville sjå nærare inn i tubatuten – svupp, der vart han borte i ein messingkrumelur. Moshovdanissen stakk hovudet inn og ropte forsiktig. Men det vesle ropet fekk ein gjenlyd inne i tubaen som var heilt fælsleg. Har du prøvd å rope ned i eit meierispann av den gamle sorten, er det berre barnematen i høve til lyden ein liten nisse kan opple-ve når han ropar i ein tuba! Brått vart han merksam på at forsamlinga klappa, sjølv så akutt hørselsskadd han var, og så kom han som eigde tubaen bort for å hente instrumentet sitt. Moshovdanissen vart stiv av skrekk, og da tubaisten fekk sjå nissen tenkte han – du verden kor flott ein julenissedekorasjon einkvan har laga, - Ein slik hadde vore fin på trappa heime, - før han løfta opp tubaen og hengte han på seg. Nissen var heilt frå seg - Muskatten vart att inne i tubaen!! Det som hendte etterpå er som ein science-fiction-film. Dirigenten slo opp takta, og alle sette i gang med avslutningskoralen. Tuba-isten fekk fram berre ein gurglelyd, og tok difor så hardt i ved neste «omph» at han vart heilt raud i ansiktet og kinna bulte ut som ballongar. Det vart eit brøl i tubaen, og dirigenten gløtta for-skrekka opp frå partituret. Muskatten kom ut av tubaen som eit prosjektil, - pijuuung, og landa i preikestolen. Heldigvis var det berre ein unge som såg kva som hendte, og han ropte til mora: Sjå, mamma, - ei flyge-mus! Men mora berre smilte og strauk vesleguten over håret, - no fantaserer du igjen… - Å, kjære venen min, tenkte nissen og skunda seg opp til lan-dingsplassen, - han har ikkje hjelm ein gong! Muskatten låg der med eit salig glis, - berre eitt vérhår var knekt. Yessss! Sa han, - snakk om jule-rock’n roll!! Men nissen kjende gleda strøyme gjen-nom bringa, - muskatten overlevde! Om kvelden under hellaren sat dei begge lukkelege med kvar sin lefsebit, og Moshovdanissen smakte på juleølet som han og Hellandsnissen hadde brygga i lag. Mmm, - det vart nesten like godt som i fjor, sjølv om det da fekk ekstra gjæring grunna rystingane frå førjulsstormen. Og i Strandvik kyrkje var det akkurat da ei ”pianøse” som hylte da ho opna lokket på pianoet og fann fire ferske muselort mel-lom e- og f-tangenten…. Vi forlét dei to venene under hellaren, og ønskjer kvarandre ei God Jul! - Og berre for å ha nemnt det – det vert julekonsert i Strandvik kyrkje også i år…

LC Ullensvang har fått 3 skular til å ta i bruk MITT VALG i 2017. I august hadde lærarane ved Kinsar-vik skule kurs i MITT VALG og i september var det Opedal Skule og Vaksenopplæringa i Ullensvang som hadde kurs.

Tilbakemeldingane frå alle tre skulane var svært positive, både til Kurshaldarane og til MITT VALG som verktøy for lærarar og assistentar.

LØVEPOSTEN Side 6 Desember 2017

Tine fra Kløfta vant Lions fredsplakatkonkurranse 2017 Gratulerer Tine Stenberg Norseth som er nå finalist i den sis-te runden av vår internasjonale tegnekonkurranse. Se teg-ningen til Tine og de andre seks distriktsvinnerne i billedgal-leriet. Tine Stenberg Nordseth går i 7. klasse på Åreppen skole på Kløfta. Som nasjonal vinner får klassen hennes 5000 kroner i premie, og de bestemmer selv hvordan de vil bruke dem. Det jobbes med å arrangere overrekkelse. Tegningen er innsendt av Lions Club Ullensaker/Kløfta.

Tema for tegnekonkurransen for 2017 er "Fredens framtid, "The Future of Peace".

Om Lions Fredsplakatkonkurranse

Lions fredsplakatkonkurranse (Lions Peace Poster Contest) er et sam-arbeid mellom FN og Lions Clubs International. Tegnekonkurransen arrangeres årlig og er åpen for barn mellom 11 og 13 år. Målet er å oppmuntre til refleksjon og kreativitet rundt fredstanken, og passer fint for skoler som vil markere FN-dagen 24. oktober.

Lions Clubs International og FN har samarbeidet i over 70 år, og Lions fredsplakatkonkurranse har vært arrangert i 30 år.

Det anslås at 450.000 tegninger årlig er med i konkurransen på verdensbasis. Konkurransen arrangeres klassevis og avvikles innen utløpet av første uke i november. Det kåres en klassevinner og en skolevinner. Eleven som har laget skolens vinnertegning får en oppmerksomhet fra den lokale Lionsklubben. Vanligvis sørger klubben også for at mottatte tegninger blir utstilt på bibliotek eller andre steder i kommunen. Resultatet kan også presenteres i pressen. Skolens vinnertegning blir sendt videre til en distriktsfinale. Distriktsvinneren får en pengepremie på 1.000,- kroner og tegningen sendes igjen videre til en Norgesfinale, der klassen til vinneren blir premiert med 5.000,- kroner. Deretter sendes tegningen videre til den internasjonale finalen.

Den internasjonale førsteprisvinneren og to familiemedlemmer fa r en reise til “Lions Dag

med FN”, som vanligvis arrangeres i mars. Der fa r vinneren overrakt en premie pa 5.000,- USD. De neste 23 vinnerne mottar en pengepremie pa 500,-

Vinnertegning i Norge 2017 (og vinner Distrikt 104 C3) i

Lions internasjonale fredsplakatkonkurranse. Tegnet

av Tine Stenberg Nordseth 7. klasse, Åreppen skole,

Kløfta. Motto:”Det gode kan skylde bort det von-

de”.Innsendt av Lions Club Ullensaker/Kløfta.

Vinner Distrikt E6. Tegnet av Mon Mathys, 6. klasse, Strandvik Montesorriskule i

Strandvik. Innsendt av Lions Club Fusa.

LØVEPOSTEN Side 7 Desember 2017

Tysse Landhandleri inviterte samningar, lag og organisasjoner til å vera med å lage ei pepperkakebygd. Lc Samnanger har laga Safe Center. Safe Center er namnet på sku-len i flyktningeleiren i Libanon og er eit av prosjekta me har vore med å bygd opp.

LØVEPOSTEN Side 8 Desember 2017

Rapport fra bokmarkedet høsten 2017 LC Bergen/Bergenhus

Fredag 27. oktober Paller med store plakater ble satt opp om torsdagen. Da vi begynte med det, merket vi at besøket økte. Bokmarkedet annonseres også på sosiale medier. Vi har derfor droppet annonsering i avisen og unngår dermed en utgift på 4 000 kr. Containeren fra Kurt Hamre kom tidlig om fredagen. Det regnet dessverre litt under opplastingen. Ellers gikk opplastingen av bøkene hos Marwin greit. Hjemme hos Arne stod det vel 50 kar-tonger i garasjen. De kom opp i løpet av fredagen og lørda-gen. Det er idrettslaget Trane som disponerer gymsalen på Slettebakken skole om fredagen. For første gang hadde de innetrening. Etter avtale med Trane ble gymsalen delt slik at vi kunne begynne å rigge til i den minste delen. Kl. 20:00 disponerte vi hele gymsalen. Da gikk siste del av riggingen fort unna. Terje kom også i år med sårt trengte bord. Som vanlig ble plakater med «hva som var hvor» ble satt opp, prisliste for kafeen både i kafeen og på inngangsdøren. Da folk forlot gymsalen, kunne de se et skilt med når neste bokmarked ville finne sted. Monica gjorde i stand vår Bokkafé og foretok innkjøp til helgens tradisjonelle meny: Kaffe og vafler med syltetøy, pølse m/ brød og løk, diverse kaker. Lørdag 28. oktober Det regnet tidlig på dagen. I åpningstiden var det stort sett opplett. Fra 10:00 foregikk den siste klargjø-ringen, bl.a. vår elektroniske betalingstjeneste Vipps og Izettle. Som vanlig møtte flere av våre trofaste kunder tidlig opp. Det er om lørdagen at åp-ningstiden 11:00 overholdes slik ingen får anledning til å sikre seg godbitene våre på forhånd Besøket var godt fra åpningen av helt til vi lukket 16:00. Våre trofaste kunder kommer igjen, gjerne begge dagene, finner interessante bøker og handler «stort». Det ble også solgt noen malerier. Søndag 29. oktober Været om søndag var bra. Også i år var det en person som hadde glemt å stille klokken til vintertid. Besøket var jevnt godt utover hele dagen, men som vanlig noe mindre enn om lørdagen. Nytt av året var betasuppe i kafeen. Alt gikk unna. Som bestemor sa: «Vi åt som skrubb av sleiv og fat: nydelig mat». Det var heller ikke kaker igjen. Kafeen hadde sin største omsetning hittil denne helgen. Vår elektroniske betalingstjeneste er felles for bok- og kafe-betaling, så vi får ikke en nøyaktig oversikt av hva som hører til hva. Det var hele tiden behov for å rydde, etterfylle kartongene. Det gode arbeidet gjorde at vi lettere kunne vurdere hva som skulle over til 10-kroners markedet. Det samme ble i stor grad gjort med «Norske forfattere», «Utenlandske forfattere», «Biografier» og «Diverse» ble det foretatt utsortering av uaktuelle bøker da kartongene ble lastet opp på paller. Rundt 17:45 forlot vi Slettebakken. 18:45 var alt på plass på lageret. Etterord Kartongene som stod under bordene kom opp på bordene i løpet av søndagen. Det ga et ryddig og oversiktlig inntrykk. Vi fortsatte med vårens motto: Mindre kvantitet, mer kvalitet. Som vanlig var tilbakemeldingene fra de besøkende svært gode. Bruttoresultatet for helgen ble 54.415 kr. Vårt beste resultat hittil til bokkomiteen tilfredshet. Utgiftene er transport, vask av lokalet og innkjøp til Bokkafeen. Disse har vi ikke full oversikt over enda. På vegne av bokkomiteen takker vi alle som hjalp til denne helgen. En spesiell takk til damene på kjøkkenet: Kari, Monica, Sissel, Tina og Toril. De gjorde en utmerket innsats.

Arne, for bokkomiteen

Sissel og Monica

LØVEPOSTEN Side 9 Desember 2017

Klubbens juleavslutning lørdag 2. desember i klubblokalene til LC Fana.

LØVEPOSTEN Side 10 Desember 2017

– Det varmer hjertet

– Det varmer hjertet, sier Ove Olsen og Terje Ramberg. Lions Club Bergen Åsane har fått inn 300 julegaver til barn og unge i bydelen. Og fortsatt er gavesentralen åpen til fredag 22. desember. Av Thomas Gangstøe. [email protected]

Lions har siden 7. desember samlet inn julegaver til barn og unge mellom 0 og 18 år. Gjennom lokala-visen ba de åsabuen om å pakke inn en liten ting ekstra og gi til familier som ellers ikke har råd til å kjøpe gaver til barna sine. Det er det mange som har gjort. – Vi nærmer oss 300 innpakkede gaver, sier Ove Olsen og viser oss det vesle lageret bak julesentra-len mellom Narvesen og Toppe blomster på Åsane storsenter. Det er kartong etter kartong fulle av gaver pakket inn i de flotteste og mest fargerike papiret.

Utrolig giverglede

– Givergleden er helt enorm. Vi er så glad for at det er så mange mennesker som vil hjelpe og gjøre noen andre lykkelig på denne tiden av året, smiler Ramberg og Olsen.

Til og med flere av butikkene i Åsane har kommet til oss med gaver enten i form av klær, spill, briller, spinnere etc.

– Får dere mange kommentarer?

– Ja, visst. Folk er veldig glade for at vi står her, tar i mot gaver og formidler dem videre til de som trenger det mest. Vi har også hatt dem som har fått gaver. I fjor hadde vi besøk av en trebarnsmor i 40-årene, som ikke hadde råd til gaver selv. Vi ga henne impulsivt tre presanger til hvert av barna hennes. Da gikk hun ned på kne og begynte å stri-gråte av glede, forteller de.

Tror på 400 gaver

Lions Club Bergen Åsane sin julegavesentral er åpen til og med fredag 22. desember.

Medlemmene tror det kommer inn enda flere gaver.

– Vi håper på 400 stykker. Det er stort behov, spesielt blant de eldste ungdommene, forklarer Olsen til Åsane Tiden-de.

Når gavene er organisert, deles de ut via NAV til personer i Åsane fra Eidsvåg og Ervik i sør til Salhus og Hordvik i nord.

STOR GIVERGLEDE: Ove Olsen og Terje Ramberg i Lions Club Bergen Åsane er imponert over åsabuens giverglede. Så langt har de fått inn nesten 300 jule-gaver til barn og unge i bydelen.

LØVEPOSTEN Side 11 Desember 2017

Water for Africa

I Zambia mangler 33% av befolkningen tilgang til trygt og sikkert vann, det vil si en av de tre perso-ner. Se film om hvordan Lions Aid Norway møter utfordringen. Lions Aid Norway, Water for Africa-prosjektet er et ambisiøst initiativ for a bringe rent og trygt vann til de mest trengende lokalsamfunn i Zambia. Se filmen på Youtube: https://youtu.be/T3NU5lzxQgE

Siden starten har prosjektet resultert i 50 brønner, noe som betyr at over 34 000 mennesker har fått tilgang til rent og trygt vann.

Tilgang til rent vann reduserer også risikoen for sykdommer som diaré, kolera og trakom. Tilgang til rent vann gir tryggere hverdag for jenter og kvinner Tilgang til rent vann gir flere barn mulighet til skolegang

Å bygge en brønn i Zambia koster ca. 60 000 kroner. Vil du støtte "Water4Africa"?

Ta kontakt med prosjektleder Ole Traasdahl: [email protected]

Hjemmeside for prosjektet (engelsk spra k) https://connectbotswana.wixsite.com/lions-aid-norway/water-for-africa

LØVEPOSTEN Side 12 Desember 2017

Triveleg julesamling om bord

Lions Club Stord Fitjar inviterte mandag 18. desember på kvelden mindreårige einslege asylsøkjarar frå Laurhammar Bufellesskap og Litlabø Mottak til julesamling ombord MS Sunnhordland. Ca 40 feststemte ungdomar blei møtt ombord av lionsmedlemmer til festdekka bord og taco bufet avslutta med is til dessert. Etter middag blei festlyden møtt i aktre salong av Spinae Company som underheld med dans og opptreden, og som etterkvart trakk festlyden med på dansgolvet til musikk frå deira heimland (biletet). Stor stemning og ein svært triveleg kveld for ungdomane og arrangør. Lions Club Stord Fitjar har sidan har sidan mottak blei oppretta på Litlabø, støtta opp om sosiale samlingar og aktivitetar som til dømes bowling og symjebilettar i Kulturhuset for einslege mindreårige i mottak på Bømlo og Stord. Dette er gjort mogeleg gjennom søknad og tilskot frå UDI (Utlending Direktoratet ).

Fra Stordnytt.no 20. desember 2017 (Foto Terje Aase)

LØVEPOSTEN Side 13 Desember 2017

LØVEPOSTEN Side 14 Desember 2017

Soneldere 2017-18 Sone Navn Klubb Epost Tlf

Sone 1 Trond Stupstad LC Greipstad [email protected] 97597501

sone 2 Stig Frode Lie LC Lindesnes [email protected] 47392019

sone 3 Per Ivar Lillesand LC Hå [email protected] 97767001

Sone 4 Oddvar Dalane LC Sandnes Riska [email protected] 94002754

Sone 5 Tore Andersen LC Stavanger [email protected] 91135860

Sone 6 Terje Krumsvik LC Strand [email protected] 48135093

Sone 7 Ted Walter Sjøen LC Skudeneshavn [email protected] 41147000

Sone 8 Truls Pettersen LC Fana Vest [email protected] 93226365

Sone 9 Karl Johan Kirkebø LC Bergen Løvstakken [email protected] 47914010

Sone 10 Per Olav Ulberget LC Åsane [email protected] 90197581

Sone 11 Agnar Melkersen LC Kvinnherad [email protected] 95831997

Sone 12 Knut M. Bjørnås LC Samnanger [email protected] 97094408

Sone 13 Jan Olsnes LC Ullensvang [email protected] 41623896

Sone 14 Johan Georg Vestbø LC Vindafjord [email protected] 91812503

Fagsjefer 2017-18

Område Navn Klubb Epost Tlf

ITC/PRC Svein Hansen LC Ulvik [email protected] 92450497

IRC Annette Pemmer LC Laksevåg [email protected] 99418500

YCE Alexander Paulsen LC Kristiansand/Tveit [email protected] 40401801

NAC Franzie Lerch LC Os [email protected] 95933149

GLT Magnar Hjøllo LC Stavanger [email protected] 90836499

GMT Magnus Gjervik LC Osterøy [email protected] 47969006

GST Oddvar Dalane LC Sandnes Riska [email protected] 94002754

Fagsjef team: Område Navn Klubb Epost Tlf

IRC Jarle Rognstad LC Sandnes Riska [email protected] 90917913

GLT Magne Lorentsen LC Søgne [email protected] 48039540

GLT Magnar Hjøllo LC Stavanger [email protected] 90836499

GMT Odd Audun Rage LC Sandnes [email protected] 47571010

GMT Jan Harald Lauvnes LC Greipstad [email protected] 98255706

Distriktets epostadresse: [email protected]

Styret 2017-18 Rolle Navn Klubb Epost Tlf

DG Kjell Framnes LC Stord og Fitjar [email protected] 95222105

VDG1 Odd Konrad Dale LC Sveio [email protected] 48236358

VDG2 Oddvar Dalane LC Sandnes/Riska [email protected] 94002754

Kasserer Gunnhild Rein Almås LC Fusa [email protected] 90796747

Sekretær Annette Pemmer LC Lakevåg [email protected] 99418500

PDG Kari Sandøy-Jarman LC Ulvik [email protected] 95300316