kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...fakta om...

36
Eit forskingsprosjekt frå 20 elevar på 5. trinn ved Stanghelle skule i Vaksdal kommune, Hordaland Nysgjerrigperkonkurransen 2019 Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike fargar, og kan fargar på godteri påverka smaksopplevinga vår?

Upload: others

Post on 24-Feb-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

1

Eit forskingsprosjekt frå 20 elevar på 5. trinn

ved Stanghelle skule i Vaksdal kommune, Hordaland

Nysgjerrigperkonkurransen 2019

Kan me smaka forskjell på godteribilar

som har ulike fargar, og kan fargar på

godteri påverka smaksopplevinga vår?

Page 2: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

2

Innhald

1. Dette lurar me på ……………………………………………… 4

2. Kvifor er det slik? Hypotesar ……………………………….. 5

3. Plan for undersøkinga ……………………………….............. 6

3.1 Felles brainstorming ………………………………. 6

3.2 Fargelære i kunst og h. …………………………… 8

3.3 Newtons fargespekter …………………………….. 9

3.4 Fargar og kapillæreffekten ………………………. 10

3.5 Grunnsmakane våre……………………………….. 11

4. Ut for å hente opplysningar …………………………………. 12

4.1 Me forskar på oss sjølve: Biler – smakstest…….12

4.2 Intervju med andre elevar: Biler – smakstest…...13

4.3 Intervju med andre elevar: Biler – utsjånad……..15

4.4 Fargeintervju heime med foreldra våre…………...16

4.5 Smaksdommarpanel - «Saft suse»………………..16

4.6 Kva for farga drikke ser best ut?...........................17

4.7 Yndlingsfargar blant borna på skulen vår……….18

4.8 Godterifargar på nærbutikken Coop Marked……19

4.9 Fordeling av fargar på bilar i bilposen-sannsyn..20

4.10 Innhaldet i bilane……………………………………21

4.11 Leiting etter opplysningar på internett…………22

4.12 Svar frå ulike godteriprodusentar og forskarar 23

4.13 Forsking på eigne fargekjensler: fargar………..27

4.14 Forsking på eigne fargekjensler: godteri………28

4.15 Hjerneeksperiment…………………………………29

5. Dette har me funne ut…………………………………………32

6. Fortel til andre …………………………………………………34

Etterord …………………………………………………………….35

Litteraturliste………………………………………………………..36

Page 3: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

3

Namn på deltakarar frå Vaksdal skule i Vaksdal kommune, Hordaland:

Elevar: Julia, Kenneth, Chanice, Adrian, Milla, Ida, Vår, Magnus, Frida,

Tengel, Idris, Emil, Ole, Yousef, Isak, Marius, Ingeborg, Eliza, Keisha og

Andrine.

Ansvarleg rettleiar: Robert Mjelde Flatås

Litt om oss..

Me er ein 5. klasse som ikkje

har jobba etter

Nysgjerrigpermetoden før. I

klassen vår er det 10 gutar og

10 jenter.

Stanghelle skule er ein 1-7

skule som har 185 elevar og

som ligg i Vaksdal kommune –

ein mindre kommune i

Hordaland mellom Bergen og

Voss. Me synes det er gøy å gå

på skulen.

Kjekt med fargar på skulen vår:

Page 4: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

4

Me starta i november med ei Nysgjerrigperflaske som naturfagslæraren vår hadde

laga. Her skulle me i løpet av ein månad leggje opp forslag til ting som me kunne forska

på. Etter ein månad samla me oss til «undringsmøte» der me skulle opna flaske. Her

var det over 70 gode forslag til kva me kunne forske på.

Fleire i klassen hadde foreslått at me kunne forska på godteri medan andre hadde

foreslått at me kunne forska på fargar. Me kom då fram til at me kunne forska på

godteri og fargar (12 av 20 ville forska på godteri). Fleire av oss likar veldig godt

godteriet Ahlgrens Biler, og me kom fram til at det vert lettare å forska på noko

konkret godteri som me likar godt, og som har tre ulike fargar. Smakar dei eigentleg

likt eller ulikt? Er det forskjell på smaken? Dette har me lurt litt på.

Me landa då på følgjande problemstilling:

Kan me smaka forskjell på rosa, kvite og grøne godteribilar, og kan ulike fargar på godteri påverka smaksopplevinga vår?

1. Dette lurar me på

Page 5: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

5

Vi sette opp følgjande hypotesar knytt til problemstillinga vår:

Kan me smaka forskjell på rosa, kvite og grøne godteribilar, og kan ulike fargar på godteri påverka smaksopplevinga vår?

Forskinga vår blir litt todelt – me skal først forska på godteribilar men deretter skal me sjå alt i samanheng knytt til om fargar på godteri kan påverka smaksopplevinga vår. Det vil også forsøka våre vere prega av – ein todeling. Me gjennomførte ei hypoteseundersøking i klassen vår der alle skulle få skrive på ein lapp kva dei trudde. Dette vart vårt samla resultat:

Hypotese 1:

Me trur at rosa, kvite og grøne godteribilar smakar ulikt, og at den rosa bilen smakar meir syrleg og litt betre enn dei to andre bilane.

Hypotese 2:

Me trur at nokre fargar kan påverka smaksopplevinga vår, men ikkje alle. Me tenkjer at det fins nokre fargar som påverkar meir enn andre. Rød og rosa er sterke fargar – tenk berre på «chili» sa ei jente i klassen vår. Grøn er sterkare medan grå er meir «forsiktig». Slik tenkjer me om fargar så langt i prosjektet.

2. Kvifor er det slik?

Me er klare for å forska på «Biler» og fargar

Page 6: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

6

3.1 Felles brainstorming

Me la følgjande plan for forskinga vår etter at me i arbeidsgrupper hadde kome

med forslag til plan for godteriundersøkinga vår:

• Me vil forske på oss sjølve. Her vil me testa ut om bilane smakar

forskjellig ved ein vanleg smaktest og ein blindtest.

• Me vil utføre blindtestar på skulen med andre elevar. Her ynskjer me å

gjere eit saft-fargeforsøk og sjølvsagt skal andre på skulen vår få

smaksteste godteriet Biler ut i frå smak og utsjånad.

• Me vil forska litt på Biler og ingrediensane i dei tre ulike fargane. Kva

for farge fins det mest av i ein pose med Biler? Kva innheld fargestoffet?

• Me vil finne ut kva for yndlingsfargar har elevane på skulen vår? Kva for

farge er då mest populær? Kan det ha noko samanheng med fargar på

godteri? Me ynskjer å laga nokre spørjeskjema her.

• Me vil forska på kva folk i familien vår tenkjer om godteri og fargar.

• Me vil forske på fargar. Me vil ta kontakt med nokre personar som kan

mykje om fargar, og me vil eksperimentera litt med fargar og hjernen vår

• Internett som kjelde. Me bestemmer oss for å søkje på Internett etter

faktaopplysningar om fargar og litt om godteriet «Biler».

• Godteriprodusentar og ekspertar på smak. Me vil ta kontakt med dei

som lagar godteri, spesielt Cloetta som lagar «Biler». Kva tenkjer dei om

fargar? og me vil ta kontakt med kjende ekspertar på smak.

• Godteri på butikken vår – me vil finne ut om det er nokre fargar på

godteriet på butikken som er mest populær/fins flest av.

• Nygjerrigperfondet. Med hypotesane våre i bakhovudet ynskjer me å

søkje Nysgjerrigperfondet om pengestøtte til prosjektet vårt. Me fekk

innvilga kr. 1000.- til støtte slik at vi bla. kunne kjøpe inn godteri og

andre ting som vi trengte til forskinga vår. Takk for støtta.

*****************************************************************

OBS! Me forskar mest på Ahlgrens Biler, men me har og forska litt på dei ulike

fargane i anna godteri som Smarties og Skittles + saft. Dette er gjort i samband med

vår forsking på fargar og smaksopplevinga vår, og me har også valt å gjere dette fordi

det er ikkje alle i klassen vår som kan ete Ahlgrens Biler (alle skal få vera med! 😊)

3. Plan for undersøkinga

Page 7: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

7

Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som

sidan 1953 har laga dei populære skumbilane som ein finn som anten grøn,

kvit eller rosa i posen. I følgje Cloetta så er dette verda sin mest selde bil.

Biler innheld glukosesirup, sukker, stivelse, gelatine, invertsukkersirup, syre

(e270), kokosolie, aromaer, overfladebehandlingsmiddel (carnaubavoks),

fargestoff (E141 og E120).

Mange gode forslag kom inn under

brainstorminga til korleis me skulle forska:

Me måtte lære omgrepet hypotese

Page 8: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

8

Her kjem ei kort presentasjon av fagstoffet som me sette oss inn i prosjektstarten:

Me har og eksperimentert litt med fargar. Me kjøpte inn Skittlesdrops som vi

la rundt i ein tallerken, og me fekk helle varmt vatn over tallerkenen. Det

varme vatnet fekk dropsa til å skilje ut farge og me fekk ein slags regnboge.

Skikkeleg kult! Her er bilete frå våre to tallerken forsøk ein dag i februar:

Før me går vidare trong me å lære litt om

fargar. Dette har me jobba litt med i kunst og

håndverkstimen og i naturfagstimen.

Ittens fargesirkel

Johannes Itten (1888–1967) har utvikla ein fargesirkel som er delt opp i:

* 3 primærfargar: raud, gul og blå

* 3 sekundærfargar: oransje, grøn og fiolett, som er blandingar av to primærfargar

* 6 tertiærfargar: blanding av ein primærfarge og ein sekundærfarge, som guloransje og blågrønn

3.2 Fargelære i Kunst og H.

Teori i starten

Me har snakka litt om fargar i klassen, og den påverknaden fargar kan ha på menneske. Dei kan skapa ro og harmoni eller skapa energi og vekkje merksemd. Fargar kan og ha en bodskap: Den varme krana har rødt merke, den kalde har blått. Tenk berre på vepsen som er svart og gul og godt synleg i naturen.

Page 9: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

9

3.3 Newtons fargespekter

Me såg ein film der Isaac Newtons fargespekterforsøk vart vist.

Newton (1643-1727) fann ut at kvitt lys bestod av alle fargar. Ved

å sende kvitt lys gjennom eit prisme får ein eit fargespekter med

sju fargar. Ein hugseregel for desse regnbogefargane har me lært

oss: ROGGBIF. Raud, Oransje, Gul, Grøn, Blå, Indigo, Fiolett. Sjå desse flotte

regnbogane som me har teikna etter å ha sett denne NRK-Newton-filmen:

https://www.youtube.com/watch?v=sPvPZOimSD0

Regnboge med godteribilar under 😊

Teori i starten

VISSTE DU AT? Me har lært at sola er heilt kvit.

Dette overraska oss alle. Frå jorda

ser sola ut til å vere gul. Men det

skuldast at atmosfæren vår

stansa rein del av lyset. Viss me

observerte sola frå verdsrommet,

ville den vere kvit. Sola sender ut lys i alle fargar vi

kjenner til (det er den blandinga

me ser som kvit). Det kan me sjå

ved regnbogar og når lyset vert

brutt gjennom eit prisme. Kjelde: Illustrert Vitenskap (2018)

Page 10: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

10

3.4 Fargar og kapillæreffekten (forsøk)

Me fekk i oppgåve å teikne prikkar eller andre mønstre med ein tusj på eit

kaffifilter, for så å fylle glaset med litt vatn. Me sette filteret ned i glaset slik at

fargen var rett over vatnet. Det som skjedde var at vatnet trakk seg oppover i

tynne rør i filteret – dette vert kalla for sugekrefter (kapillærkrefter). Denne

effekten kan brukast til å blanda fargar «automatisk». Utruleg stilig – alle i

klassen prøvde ut dette!

Kick-off start – me eksperimenterer med våre yndlingsfargar

Teori i starten

Page 11: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

11

3.5 Grunnsmakane våre

Me lærte litt om ulike smakar sidan prosjektet

vårt også handlar om smak. Smakssansen er

ein av dei fem sansane våre. Dei andre fire er

syn, hørsel, kjensle og lukt.

Me har lært at på heile tunga og i munnhola

sit det nokre ørsmå sanseceller som me kallar

for smaksløkar. Me fekk også i oppgåve å

utforska smaksløkane våre.

Grunnsmakane er søtt, salt, surt, bittert og umami.

Tunga vår er full av sanseceller som sender signaler til hjernen om dei ulike

smakane. Lenge har forskarar meint at ulike smakar kan smakast på ulike delar

av tunga, slik som skildra nedanfor, men no er det fleire forskarar som meiner

at alle smakene kan smakast på alle delar av tunga.

• Søtsmak (sukker, syltetøy, søt frukt, honning, suketter) kan me smake mest

på tungespissen.

• Surt opplevast mest på sidene av tunga (sitron, eddik, rips).

• Saltsmak opplevast mest midt på og på sida av tunga (salt, snacks,

blåmuggost, bacon og annet salt/røkt kjøtt).

• Bitterheit smakar me mest bakerst på tunga (grapefrukt, appelsinskall-hinner,

sterk kaffe, ruccola, løvetannblader, tonic).

• Umami-smaken opplevast i heile munnen (buljong, sojasaus, soltørka tomat,

steikt kjøtt). (Kjelde: Med smak på timeplanen)

Kjelde: Med smak på timeplanen

Teori i starten

Me prøvde ut søtsmaken i klassen når me åt

bilar, og då opplevde me nettopp at

søtsmaken kan ein smaka mest på

tungespissen. Me lærte og at det fins ikkje

berre ein søtsmak, men fleire.

Biletet over viser oss i aksjon når me testar

smakslaukane våre. Ja, smaken er som

baken er eit ordtak som seier..

Page 12: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

12

d

4.1 Me forskar på oss sjølve: «BILER» - smaktest

Me kjøpte inn fleire posar med godteriet «Biler» der me skulle testa ut om bilane smaka likt eller ulikt med bind for auga og utan bind for auga. Me kjøpte og litt farga popcorn frå Spania samt nokre Smarties slik at alle kunne forska på seg sjølve. Men denne delen dreiar seg hovudsakleg om godteriet «Biler» og det er denne undersøkinga me ynskjer å presentera her i 4.1. Her ser ein bilete frå den kule smakstesten vår:

a) Me smakar på ein rosa, ein grøn og ein kvit bil kvar der me skulle finna ut om dei smakar likt eller ulikt utan binda for auga.

Her er resultatet frå vår undersøking utført 21.01.2019:

Resultat: 75 % av oss i klassen meinte at dei smaka likt medan 25 % av oss i klassen meinte at bilane smaka ulikt/forskjellig.

4. Ut for å hente opplysningar

0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80%

Smakar likt:

Smakar ulikt:

Smakar dei kvite, grøne og rosa bilane likt eller ulikt? (utan bind for auga)

Page 13: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

13

b) Me smakar på ein rosa, ein grøn og ein kvit bil kvar der me skulle finna ut om dei smakar likt eller ulikt med bind for auga (BLINDTEST)

Her er resultatet frå vår undersøking utført 21.01.2019:

Resultat: Dette vart litt annleis. No meinte alle at bilane smaka heilt likt.

Me har og sett så Youtube små videosnuttar knytt til liknande smaktestar – du finn fleire døme ved å søkje etter «How color affects taste»

0% 20% 40% 60% 80% 100% 120%

Smakar likt:

Smakar ulikt:

Smakar dei kvite, grøne og rosa bilane likt eller ulikt? (med bind for auga)

Page 14: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

14

4.2 Intervju med andre elevar i friminuttet: «BILER» - smaktest

Me valte også å forska om dei andre elevane på skulen tenkte det same som oss, for då får kunne me få meir data til forskinga vår. Me bestemte oss for kun å gjere ein smakstest utan bind for auga for det var det lettaste ute i friminuttet.

Heile 116 elevar på skulen vår fekk me til å smaktesta godteribilane med ulike fargar der 63 personar svara at dei synes bilane smaka likt (nei, smaka ikkje forskjellig) medan 53 personar svara at dei synes bilane smaka ulikt (ja, smakar forskjellig). Alle i klassen laga kvar sitt søylediagram med resultata basert på spørjeskjemaresultata – her er eit diagram etterfølgt av diagram med prosentverdiar:

Resultat: Litt over halvparten av elevane som me spurte ute i friminuttet meiner at godteribilane smakar likt uavhengig av fargen på dei.

42% 44% 46% 48% 50% 52% 54% 56%

Smakar likt:

Smakar ulikt:

Smakar dei kvite, grøne og rosa bilane likt eller ulikt? (friminuttsundersøking)

Glimt frå friminuttundersøkinga:

Page 15: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

15

Glimt frå arbeidet vårt med statistikken – her er vår «statistikkgruppe» i sving:

4.3 Me spør andre elevar på skulen: «BILER» - utsjånad

Me spurte 24 elevar i 6. klasse om kva for bil dei synes ser best ut kun ved å sjå på dei? Kva for ein bil ville dei då ha valt. No bevegde forskinga vår inn mot fargar og fargeval og ikkje berre på smak. Me ville og sjå på om det var noko skilnad mellom jenter og gutar på bilvalet her:

Resultat:

Heile 84 % synes rosa bil såg best ut når dei fekk sjå dei utan å smake. Det var liten forskjell mellom jenter og gutar, og fleire av dei som svara den rosa synes den rosa bilen minna litt om jordbær, har sikkert meir smak og at den såg ut til å ha meir saftig og syrleg smak. «Den rosa ser mykje meir fristande ut», var det ein sjetteklassing som sa og fleire var samde med han i det.

4.4 Me

0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90%

Rosa ser best ut:

Grøn ser best ut:

Kvit ser best ut:

Kva for bil synes du SER best ut?

Page 16: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

16

4.4 Fargeintervju heime med foreldra våre

Me ville ha ei lita undersøkinga heime der me intervjua mamma eller pappa der me lurte på om dei let fargen spela noko rolle når skal velje seg godteri som tilsynelatande skal smaka det same.

Resultat:

Me fann ut at 72 % av våre spurte tenkjer at dei hadde valt seg ein tilfeldig farge viss dei hadde visst på førehand at godteriet hadde smaka det same, medan 28 % hadde valt seg fargar med omhu – f. eks den som ser best ut.

4.5 Smaksdommarpanel – «SAFT SUSE»

Me fann ut at me ville «tromma» saman eit smakspanel av frivillige elevar, for me ville no testa ut om fargar kan lure oss til å smaka noko anna enn det eigentleg smakar. Me kjøpte inn sitronsaft Fun Light og 4 ulike konditorfargar. Me blanda same mengde saft og vatn i 4 mugger og tilførte same mengde ulik konditorfarge. Ville vårt smakspanel tru at det er ulik saft basert på dei ulike fargane eller vil dei «avsløre» saftbløffen vår? Dette var kjempespennande!

0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80%

Farge spelar ingen rolle:

Fargen spelar ei rolle:

Vaksne heime om fargeval:

Page 17: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

17

Resultat av «Saft suse»:

Alle våre 16 deltakarar i smakspanelet fekk i oppgåve å testa ut om kva for farge dei likte best eller om det smaka det sama. Alle fekk smaka litt av kvar «saftfarge».

Det var ingen som avslørte oss, for alle meinte at det var ein saft som smaka betre enn dei andre. Dei vart lurt av fargane, for her var resultatet:

Farge på safta: Antal i prosent:

RAUD 31 % synes den rød safta var best.

BLÅ 25 % synes den blå safta var best.

GUL 38 % synes den gule safta var best.

GRØN: 6 % synes den grøne safta var best.

Alle saftene smaka likt: 0 % synes dei fire saftene smaka likt

4.6 Kva for farga drikke ser best ut?

Me gjennomførte ein liknande test med oss sjølv i 5. klasse også, men dette

gjekk ut på at me blanda konditorfarge i fire forskjellige koppar med sitronsaft.

Oppgåva fyrst var å finne ut kva for farge som såg best ut, og kva me ville ha

valt kun ut i frå utsjånad. Til slutt kunne me smaka på dei kulørte saftene.

Resultat: Alle i klassen ville helst velje den rosarøde safta framfor den gule,

grøne og blå safta. «Den ser søtast ut», var det fleire som sa. «Den minnar

meg om forfriska jordbærsaft», var det ein annan som sa. Det som var

interessant i dette eksperimentet, var at me etterpå synes den rød safta smaka

annleis sjølv om me her alle visste at det var frå same safta.

Page 18: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

18

4.7 Yndlingsfargar blant oss barn på skulen vår

Kva for farge er det flest born på skulen vår har som yndlingsfarge? Me gjennomførte ei lita spørjeundersøking i nesten alle klassane på skulen (100 elevar svara) der me ba kvar elev seie kva yndlingsfargen hans/hennar er.

Resultat:

Me fann ut at dei fire fargane som «ligg på topp» blant elevane på skulen vår er:

1. Rosa/Raud

2. Blå

3. Grøn

4. Gul

Kunstverket «fargar» laga av ei kreativ sjel i klassen vår: 😊

Page 19: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

19

4.8 Godterifargar på nærbutikken Coop Marked

Ei jente i klassen vår kom med eit spennande forslag om at me kunne gå på butikken for å finne ut kva for fargar som dominerer godteri på butikken (ikkje sjokolade). Er det slik at godteriprodusentar vel fargar som kanskje er populær hos barn for slik å få selja godteriet sitt? Dette måtte me berre finna meir ut av ein kald vinterdag i januar.

Me undersøkte nesten alt godteriet på butikken (me kom fram til 372 ulike typar), men ikkje sjokolade for den er som oftast naturleg brun. Me kom fram til at det fins mest godteri som er farga rosa (16 %), gult (14 %) og rødt (13 %) på nærbutikken Coop Marked Stanghelle. (svart og kvit vert rekna som fargar her)

0%

2%

4%

6%

8%

10%

12%

14%

16%

18%

Turkis Kvit Blå Rød Grønn Gul Rosa Brun Svart Lilla Oransje

Godterifargar på butikken 28.01.2019 (fargen på sjølve godteriet - ikkje emballasjen)

Page 20: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

20

4.9 Fordeling av fargar på «Biler» i bilposen

Kva for farge finst det mest av i Cloettas bilpose med godteri? Er det flest rosa,

kvite eller grøne bilar? Me kjøpte 2 posar med Biler og fann ut dette:

Pose 1: Totalt 136 bilar i posen.

Grøne bilar i pose 1: 46 stk 34 %

Kvite bilar i pose 1: 42 stk 30 %

Rosa bilar i pose 1: 49 stk 36 %

Pose 2: Totalt 136 bilar i posen.

Grøne bilar i pose 2: 45 stk 33 %

Kvite bilar i pose 2: 55 stk 40 %

Rosa bilar i pose 2: 36 stk 27 %

Resultat: Me ser at det varierer kva for farge som dominerer ein bilpose, for i

pose 1 var det flest rosa bilar medan i pose 2 var det flest kvite bilar og minst

av rosa bilar. Me kan dermed ikkje trekkje noko slutnad her.

Me reknar sannsyn – kva er sannsynet for å trekkje ein rosa bil av pose

1? Dette spørsmålet fekk vår «teljegruppe», og dei tenkte seg litt om før dei

svara at det er 49/136 dels sjanse for å trekkje ein rosa. I pose 2 er sannsynet

mindre for å trekkje ein rosa der sannsynet er 36/136 sjanse.

Kan ein då la seg påverka av antal fargar i ein godteripose tru?

Page 21: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

21

4.10 Innhaldet i bilane

Sidan bilane har ulike fargar, så lurte me på om dei er ulike inni og? Kan det

vera at dei kan smaka ulikt viss dei er ulike inni konsistensen. Dette måtte me

finne meir ut av, så det var på tide å finne fram mikroskopa på skulen.

Resultat:

Me fann ut at dei er ganske like inni, men at den rosa har meir hol i seg, fleire

strekar og fleire små kvite korn som glitrar. Kan det vera ein grunn til at fleire

av oss synes den rosa bilen er meir saftigare enn dei andre to? Eller viser vår

mikroskopforsking at det er liten forskjell mellom grøne, kvite og rosa bilar

knytt til deira ytter- og innside.

Me undersøkte og litt anna godteri for slik å

sjå om det fins forskjell mellom ulike fargar

i eit og same godteri. Me nytta mikroskop.

Me fann ut at også her har den rosa/røde

meir hol i seg, fleire strekar og nokre fleire

små korn enn dei andre fargane.

Me undra oss over kvifor det er slik, og me

snakka ein del om dette på

forskingsstasjonen vår.

Page 22: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

22

4.11 Leiting etter opplysningar om Biler på Internett

Ein i klassen vår hadde høyrt om at det fins spor av insekt i rødt og rosa

godteri. Kunne dette verkeleg stemme, og er det då lus i rosa bilar? Dette

måtte me finna meir ut av, og me ville finne ut om det fins andre som har

forska på godteriet Ahlgrens Biler før oss. Her er det som me fann ut:

4.11.1 Den svenske avisa Aftonbladet

Aftonbladet gjennomførte ein blindtest knytt til om det er nokon smaksforskjell

mellom grøne, rosa og kvite bilar (mai, 2015). Dei fann ut at det er tilsett E120

(karminsyre) til dei rosa bilane og E141 (klorofyllimkopparkomplex) til dei

grøne bilane. Det må då vere dette som eventuelt skulle utgjere ein

smaksforskjell? Blindtesten til Aftonbladet viste at det er ingen forskjell i

smaken på kvite, grøne og rosa bilar. Carmina Ionescu i Livsmedelsverket har

testa godteriet, og ho kan fortelje at bilane inneheld same ingrediensar. Den

einaste forskjellen er dei to fargestoffa som i følgje Ionescu ikkje tilfører nokon

smak i det heile tatt. Gerhard Andersson, professor i psykologi ved Linköpings

universitet, meiner likevel at ein kan smake ei forskjell - psykologisk. - Smak er

ikkje berre smak. Det handlar om lukt, farge og tekstur også. Fargar kan

absolutt påverke smaksopplevinga, seier han til avisa Aftonbladet.

Kjelde: https://www.aftonbladet.se/nyheter/a/G15yQ4/aftonbladets-stora-biltest--vad-smakar-

de (henta 15.01.2019)

4.11.2 Fargestoffet E120 Karminraud

Me la merke til at E120 Karminraud fins i rosa bilar, og me ville finna meir ut av

dette fargestoffet. Naturfagslæraren vår måtte hjelpe oss litt her, og me fann

då ut at sanninga bak karminrød E120 er kanskje ikkje like smakfull som

godteriet som det set farge til. E120 sitt eigentlege navn er karmin, og det kan

bare utvinnast på ein måte: frå insekt. Karmin kjem frå ein type skjoldlus kalla

cochenillelusen, og er blitt brukt for å gje raudfarge til alt frå kosmetikk til klede

i århundrer og i rosa/raudt godteri verda over. Men rosa biler innheld ikkje

direkte lus, men fargen frå lus som vert ekstrahert ut, kan me lesa i Dagbladet.

Page 23: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

23

Kjelde: https://www.dagbladet.no/nyheter/i-kveld-spiser-barna-dine-godteri-som-inneholder-

denne-lusa/60816554 (henta 15.01.19)

Det er oppdrett av lusene fleire stadar, som opprinneleg

fins i Sør-Amerika. Det er dei vaksne hunnene som

samlast inn, vert drept og tørka. For å framstille fargen

vert lusene knust til eit pulver som kokast og vert tilsett

ulike ingrediensar.

4.11.3 Aftenposten skriv om godteriet Biler

I godteriet Biler finnes det gelatin frå storfe, og den røde fargen er fargestoffet

E120 som er laga av det knuste insektet cochenillelusen. Fargestoffet har blitt

rapportert til å forårsake allergiske reaksjonar som anafylaktisk sjokk,

elveblest, astma og hevelse. Nesten alt rosa, rødt eller lilla godteri innheld

dette fargestoffet. Kjelde: https://www.aftenposten.no/norge/i/L0MR9/Knuste-insekter-og-

grisehud (henta 15.01.2019)

Her har me prøvd å teikna lusa for dette var interessant å lære om:

Page 24: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

24

4.12 Svar frå ulike godteriprodusentar og forskarar m.m.

Me bestemte oss for å kontakta dei som lagar godteriet Biler og nokre andre

godteriprodusentar for å høyre om dei kan hjelpe oss vidare med forskinga vår

basert på problemstillinga vår som me sende til dei.

4.12.1 Svar frå Cloetta Norge

Dei som lagar Biler er eit svensk godterifirma, og dei viste til

deira heimeside der det står følgjande under «ofte stilte

spørsmål»:

Er det ulike smaker på Ahlgrens biler?

Disse herlige smakene er en godt skjult hemmelighet. Du får selv finne ut av dem og

bestemme deg for hvilken du synes er best!

Dei vil altså ikkje seie noko, for det er visst ein godt skjult løyndom.

4.12.2 Svar frå produktsjef Therese Knutzen i Brynhildgruppen

Therese Knutzen synes me har eit kult prosjekt, og ho fortel at

dette har ikkje dei i Brynhild forska på men ho har nokre klare

meiningar som ho gjerne vil dela med oss.

Knutzen skriv til oss at godteri med ulike fargar smakar ikkje

alltid forskjellig, men nokre gongar gjer det nok det. Det kan vere vanskeleg å

kjenne, fordi smakane på nokre godterier er veldig svake. Knutzen viser til

Ahlgrens biler som eit godt døme: «Vi har faktisk diskutert det her på kontoret,

og vi kom vel frem til at de smaker forskjellig, etter lange diskusjoner.»

Når det gjeld fargen på godteriet så skriv Knutzen at det så absolutt kan lure

oss til å smake noko anna enn det eigentleg smakar. Ho skriv at Brynhild har

hatt mange testar som viser det. Dersom ein går inn for å lure nokon, skal ein

vere ganske gode på å skilje smaker for å oppdage fellene.

Page 25: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

25

Me spurde Knutzen og om raudt godteri selger betre enn andre fargar. Ho

skriv at me menneske er frå naturen si side vert tiltrukke av raudt. Det er eit

nedarva instinkt, og difor ser ein at raudt ofte er brukt i godteri, i design på

emballasjen og også i reklame. Raudt er ein farge som fangar merksemda vår.

I tillegg er det veldig kjente smakskombinasjonar på raudt godteri (jordbær,

bringebær osv), og dette er smaker me veit me likar og kjenner oss trygge på.

Knutzen skriv til slutt at eit lilla godteri vil me automatisk styre unna, det er

ukjent og ikkje en akseptert farge, og det gir ingen indikasjonar på kva

godteriet smakar.

4.12.3 Svar frå Mattilsynet

Me tok kontakt med Mattilsynet fordi me lurte på om dette kunne vera

skadeleg med rødt fargestoff i godteri som rosa bilar. Seniorrådgivar Torgeir

Flatebø svara oss at Mattilsynet forvaltar regelverket rundt bruk av

tilsetningsstoff, og han sende oss desse lenkjene:

https://www.mattilsynet.no/mat_og_vann/tilsatte_stoffer/ https://www.mattilsynet.no/mat_og_vann/tilsatte_stoffer/tilsetningsstoffer/ www.matportalen.no/merking/tema/tilsetningsstoffer/

Her fann me mellom anna ut at kun godkjende tilsetningsstoff må brukast i

næringsmidlar. Tilsetningsstoff vert godkjent om det fins tilstrekkelege

vitskapelege undersøkingar som viser at stoffet ikkje er helseskadeleg.

4.12.4 Svar frå forskar Tove Kulbrandsen Devold ved NMBU

Me tok kontakt med forskar Tove K. Devold som

forskar blant anna på mat og tilsetningsstoff. Ho

sender oss ei lenkje skrive av studentar ved

Northeastern University i Boston med tittelen: EAT

THE RAINBOW: https://nuscimag.com/eat-the-rainbow-how-color-preference-influences-food-

choice-6a8f76809c01 Dette var litt vanskeleg å forstå, så her måtte læraren vår lese

gjennom og fortelje oss kva studentane har funne ut. Artikkelen får fram at det

Page 26: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

26

ser ut til at ulik farga godteri ofte har ulik smak og at me som er forbrukarar

forventar at ein spesiell farge er assosiert med ein spesiell smak; grøn – eple,

gul – citrus, rødt – kirsebær eller jordbær. I ein blindtest gjennomført i USA

med godteriet Froot Loops så smakar alle dei ulike fargane her heilt likt – til

trass for at mange forbrukarar hadde sine spesielle favorittfargar som dei

meinte smaka best. I artikkelen kjem det også fram at det er forska på

barn sine yndlingsfargar:

«In children ages two to four, red ranks first, followed by green then blue. Color

preference shifts to blue, followed by red then green in school children between

kindergarten and eighth grade.”

For skulebarn som oss så viser denne amerikanske studien at blå er den mest

populære fargen blant barn etterfølgt av raud og grøn.

Tove skriv til slutt i e-posten at ho trur at fargar på godteri kan lura oss til å

smaka noko anna enn det eigentleg gjer.

4.12.5 Svar frå forskar Klemens Knöferle ved BI

Knöferle er ekspert på korleis ulike sanseinntrykk, deriblant fargar,

påverkar oss som forbrukarar. Han kan fortelje at det fins mange

studiar som undersøkjer korleis me menneske reagerer på fargar.

Han har sjølv vore med på å gjennomføre eit forsøk der deltakarar blei bedt

om å smake på ein kvitvin i rom med forskjellig farge - anten i et raudt og eit

kvitt rom – eller i et grønt og eit kvitt rom. Forsøkspersonene som drakk vinen i

det raude rommet syntes den smakte søtare enn då dei var i det kvite rommet.

Dei som drakk vinen i det grøne rommet syntes den smakte meir syrleg. Det er

altså mykje som tyder at fargar har ein effekt på oss. Knöferle skriv og til oss

at raudfarge på godteri kan vere lurt å ha viss det skal smaka søtt, for då vil

det kunne selge meir. Dette fordi raud farge kan ein knytte til søte frukter som

nettopp er som oftast raude. Men knytt til syrleg godteri så vil det ikkje alltid

passa med ein raud farge – då kan det vere lurt med grøn eller gulfarge som

kan minne ein meir om til dømes sitron og sitrus.

Page 27: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

27

4.12.6 Svar frå Tove Steinbo

Me har også teke kontakt med Tove Steinbo som er kjent for

sin kompetanse innanfor fargepsykologi, fargesymbolikk og

fargeval. Ho har også skrive bøker om fargar.

Steinbo skriv til oss at me kan bli lurt av fargane i godteri, og

av fargane er det den raude som vekkjer mest oppsikt. Raud

er ein lett, synleg og aktiv farge som synes godt, difor er det lett å velje den.

Ho skriv at fargane kan også lure oss når det gjeld smak, til dømes i eit TV-

program for nokre år sidan der ein frisk sitronsaft vart farga rød. Deltakarane

som smakte på safta trudde at det var bringebærsaft dei fekk servert.

Steinbo skriv at når det gjeld frukt og grønt så er dei mest fargerike dei

sunnaste, og det er fargestoffa i det enkelte produkt som gjer at dei er sunne.

Blant dei 20 sunnast frukta, bæra og grønsakene som innheld mest

antioksidantar, er heile 7 av dei raude. Fargerik mat er sunt – «du skal ha alle

fargane på tallerkenen kvar dag».

4.12.7 Me leiter meir på Internett etter fargeteoriar

Heile klassen vart sett i sving med å leite på Internett

etter meir kunnskap om fargane sin betydning. Me

fann mange forskjellige artiklar, og me fekk alle

diskutere funna våre i små grupper. Her er døme på noko av det me fann ut:

Me har fire primærfargar som påverkar oss - grøn, gul, rød og blå. Fargene

er ofte delt i såkalla varme (rød, oransje og gul) og kalde (lilla, blå og grønn)

fargar. Kjelde: https://www.nettavisen.no/bo/dette-gjr-fargene-med-deg/3423165332.html

Grøn: Har ein beroligande effekt på oss menneske, signaliserer ro, natur og balanse

Rød: Gjer deg varm, lidenskapeleg, får fram kjensler og er full av energi. Hot farge.

Oransje: Gode ting – godt humør, varme og glede.

Gul: Vert forbunde med sol og optimisme. Farge til glede og visdom.

Blå: Vekkjer tankar om himmel og hav. Gjev ein indre ro.

Page 28: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

28

4.13 Forsking på våre eigne fargekjensler (fargar)

Når me no har lært om fargar, så ville me forska litt meir på oss sjølve. Kan

fargar verkeleg påverka oss? Kva for kjensler får me når ser ein farge? Me

fekk utdelt fire ulike kulørte ark (raud, gul, blå og grøn), og me fekk i oppgåve

å seie kva me følte når me såg intenst på eit og eit av desse arka.

Resultat: Me vart roa ned når me såg på det blå arket, me følte oss litt glad

når me såg på det gule arket, me vart litt oppkvikka av det grøne arket

medan det raude arket gjorde oss litt stressa og full energi og me fekk lyst til

å røra på oss. Ein av gutane i klassen vår vart provosert av det raude arket

og reiv det i to delar. «Eg følte at eg vart litt sint då eg såg på det raude».

Bilete: Her studerer me det raude arket.

Page 29: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

29

4.14 Forsking på våre eigne fargekjensler (godteri)

Me kjøpte inn litt blått, gult og grønt godteri for slik å

teste ut om fargeval har noko å seie når me vel godteri

som smakar det same men som er framstilt med

kunstige fargar (som blåfarge). Dette har me gjort, fordi

ein i klassen meinte at blått godteri ville ho aldri ha valt

for det ser for kunstig ut (ho forbind det ikkje til noko

slikt som ho gjer med grønt (eple), gult (syrleg, sitron)

og rosarødt godteri (søtt)). Alle fekk i oppgåve å velje

seg ut anten ein rosarød, blå, grøn eller gul fisk ut ifrå

kriteriet «kva synes du ser best ut – kva vil du ete?».

Resultat:

Fleire av jentene meinte at den rosarøde, gule og den grøne fisken verka meir

naturleg, men blant alle gutane var den blå fisken mest populær. Fleire av

desse gutane forklarte det med at blått godteri var kanskje ikkje så vanleg, og

dei likte godt blåfargen. Så no kunne dei endeleg få ete noko godteri som

hadde blått i seg. Andre igjen meinte at den blå fisken verka så kunstig at dei

nesten vart kvalm.

4.15 Hjerneeksperiment

Me gjennomførte denne fargetesten på skulen der me skulle seia namnet på fargane på denne plakaten:

Page 30: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

30

Let du deg lura?

Me tenkte at dette måtte vera lett, for det er jo berre å seie namnet på fargen, ikkje ordet. Men det vart litt vanskelegare enn ein skulle tru, for det krevde litt konsentrasjon for å koma gjennom alle 15 orda utan å seia feil.

Det var akkurat som det vart ein slags krig inni hovudet vårt, for læraren fortalte oss at dette skjer fordi din høgre hjernehalvdel fil forsøke å seie namnet på fargen, medan din venstre hjernehalvdel vil lesa ordet.

Dette var ein morosam test, fordi dette konkrete dømet viser at høgre hjernehalvdel kan lura oss når det gjeld fargar. Kan me då seia at me ser faktisk ikkje med augo, for me ser med hjernen. Og når me mottar fullstendig informasjon, fullfører hjernen vår dette biletet og gjev ei tolking for å forstå.

*****************************************************************************************

Sjå på denne – kor mange fargar ser du på dette biletet utanom kvitt? Tre? Fire?

Svar: Her lot me også lura, for det er faktisk berre to fargar her – grønt og rosa.

Me har snakka i klassen om kva er det som eigentleg føregår i hovuda våre

når me ser ein optisk illusjon? I følge Wikipedia, er svaret; «En optisk illusjon,

et optisk bedrag eller et synsbedrag er når vi oppfatter et bilde som noe annet

enn det faktisk er, eller som noe som ifølge fornuften vår er umulig.

Informasjonen øyet vårt sender til hjernen utfordrer vår oppfatning av

virkeligheten.»

Page 31: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

31

Ikkje la deg lura – desse jordbæra er ikkje raude…

Me gjekk rett i fella då me meinte at jordbæra var raude, men me fekk seinare

vite at denne jordbærterta har ingen raude pikslar i seg. Likevel er me

skråsikre på at me ser raudt. Det er den japanske psykologi-professoren

Akiyoshi Kitakoka som står bak biletet som han har lagt ut på Twitter, og han

viser til at fargen på jordbæra som me ser på som raud faktisk er grå.

Naturfagslæraren vår har prøvd å forklara oss at den optiske illusjonen beror

på at synssenteret vårt prøver å kompensera for «forstyrrande» lysforhald.

Denne jordbær-illusjonen kan ein sikkert seie mykje meir om, men i

forhald til vårt prosjekt så ser ein korleis illusjonen vert forsterka av at

me tydeleg oppfattar objekta som jordbær – som me att sterkt forbinder

med fargen raud.

Kjelde: http://natgeobloggen.no/2017/03/03/ikke-la-deg-lure-disse-jordbaerene-er-ikke-rode/

Me har og sett på Newton om fargar:

https://www.youtube.com/watch?v=sPvPZOimSD0

Page 32: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

32

Då me skulle samla oss om alt det som me har funne ut, så gjennomførte me

ei elektronisk Menitmeter-undersøking der me alle fekk skriva kva me hadde

lært. Det gjorde at alle i klassen fekk delta, men me såg og kor mykje me

eigentleg har forska på.

1. Kan me smaka forskjell på rosa, kvite og grøne godteribilar?

Våre hypotesar viste at me trudde at rosa, kvite og grøne bilar smaka ulikt,

men forskinga vår viser at dei smakar heilt likt. Vår smakstest med bind for

auga (blindtest) viste at det då var umogleg å kjenne forskjell på dei grøne,

kvite og rosa bilane, medan når me utførte testen utan bind for auga så var det

ikkje alle i klassen vår som meinte at dei smaka likt. Våre

friminuttsundersøkingar med andre elevar på skulen viste at dei fleste spurte

meinte at bilane smaka likt, medan andre let seg kanskje påverke av fargen.

Vår hypotese bar og preg av at me tenkte at den rosa bilen smaka meir syrleg

og litt betre enn dei to andre bilane. Dette kan ha samanheng med våre

forventningar knytt til fargen på bilen (det kjem me tilbake til her i pkt. 2).

2. Kan ulike fargar på godteri påverka smaksopplevinga vår?

Våre hypotesar her bar preg av at me trudde at nokre fargar kan påverka

smaksopplevinga vår og nokre fargar meir enn andre. Me tenkte særleg på

fargane raud og rosa. Forskinga vår viser at smak er ikkje berre smak. Den

handlar blant anna om fargar også, og fargar kan så absolutt vera med

på å påverka smaksopplevinga vår. Det viser blant anna vår smaktest på

skulen der me serverte elevar på skulen same sitronsafta i fire ulike fargar, og

våre smakstestarar lot seg alle lure for dei opplevde at det var ulik smak. Fleire

av deltakarane i vårt smakspanel valte den safta som dei synes var best også

5. Dette har me funne ut

Page 33: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

33

ut i frå kva for farge dei likte best. Me har og funne ut at me menneske har

ulike oppfatningar knytt til fargar i til dømes på godteri ved at raudt og rosa

godteri appellerer meir til det røde og litt jordbær-/bringebærsyrlege medan

grønt godteri får oss menneske kanskje til å tenkje meir på eplesmak..

Våre undersøkingar knytt til kva for godteribil ein synes ser best ut ved kun å

sjå på dei, så foretrakk dei fleste av våre spurte den rosa bilen. Fleire peika då

på at dei tenkte på jordbær og syrlegsøt smak, og at den måtte då smaka

sånn. Vår butikkundersøking viser og at mykje av godteriet på butikken i bygda

vår er rosa/raud, og me har funne ut at godteriprodusentar brukar nok

«lusefargestoffet» E-120 då dei veit at raudt er ein farge som lett fangar

merksemda vår og då særleg oss hos barn (forsking som me har vist til viser

også at raud er ein populær farge hos barn og unge). I tillegg er det veldig

kjente smakskombinasjonar på raudt godteri (jordbær, bringebær osv.), og

dette er smaker me veit me likar og kanskje føler oss trygge på. Hjernen styrer

oss her.

Når bilane har same smak…

Det har vore interessant å forska på korleis fargar avgjer korleis me opplever

smaken, og korleis hjernen lurer oss til å tru noko anna når bilane

tilsynelatande har eksakt same smak. Men 100 % sikker kan me aldri vera, for

det pågår fortsatt ein diskusjon i Noreg og Sverige om bilane smakar likt eller

ulikt. Me meiner altså at Cloettas rosa, kvite og grøne bilar smakar likt, og at

fargane i dette godteriet lurar oss til å smaka noko anna enn det eigentleg gjer.

Obs.. Då me undersøkte raudt godteri med mikroskop, så observerte me ein

annan konsistens. Den rosa hadde meir hol i seg og verka meir saftigare enn

dei to andre. Kan det ha noko med fargeblandinga E-120 og insektsblandinga

å gjere? Me vil oppmoda forskarar om å sjå meir på dette, for her finn me lite

forsking på korleis fargestoffet verkar reint kjemisk i godteriet. Det kan kanskje

bli eit anna prosjekt for oss seinare i vår når me skal arbeide med kjemi?

Page 34: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

34

* Me skriv lesarinnlegg i lokalavisa vår «Vaksdalposten»

Me skriv lesarinnlegg til lokalavisa Vaksdalposten med forskinga vår.

Innlegget kom på trykk torsdag 28.02.2019 over ei heil side.

* Me lagar biletefilm på Youtube

Me laga ein biletefilm som me la ut på Youtube med forskinga vår.

Denne filmen hjelpte musikklærar Markus oss med å laga.

Filmen ligg no ute på Youtub som alle kan sjå her:

https://www.youtube.com/watch?v=64EpgXrdfWI

* Me publiserer forskingsrapporten vår på skulen si Facebookside

Me legg ut lenkje til forskingsrapporten vår på Stanghelle skule si

Facebookside slik at alle som vil kan lesa den der.

* Me sender rapporten vår til nokre godteriprodusentar

Me sender forskingsrapporten vår til nokre godteriprodusentar slik at dei

kanskje kan lære noko av oss og vår godteriforsking, og at me kanskje har

funne løysinga på den store «skumbilgåta» knytt til Ahlgrens godteribilar.

6. Fortel til andre

Page 35: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

35

Etterord

Kanskje me i etterkant av dette smaksfulle prosjektet kan forska vidare på

fargar og denne gongen på sterke fruktfargar og kor sunne dei er. Det hadde

vore eit spennande prosjekt å setje fokus på at fargerik mat er sunt – «du skal

ha alle fargane på tallerkenen kvar dag». Dette kan me få på timeplanen

seinare i år – kanskje i sjuande klasse når me skal ha faget «Mat og Helse».

Me har og snakka om at det er mange faktorar som spelar inn på

smaksopplevinga, og fargar er den faktoren som me har sett på då me ønska

å gå i djupna på dette. Sola ser gul ut, blodet er raudt og graset er grønt –

eller er det det? Det ser i alle fall slik ut for oss, for det handlar om

refleksjonar, korleis me ser ting, korleis hjernen oppfattar ting og om

korleis lyset som spres i lufta – og som gjer at me trur at ting har den

fargen den har. Og vår forsking viser at dette med hjernen og fargar også

påverkar smaksopplevinga vår.

Elles så synes me det har vore interessant å lese om insektet som sanneleg

fargar laurdagsgodteriet vårt, og me har i etterkant av prosjektet funne ut at

det raude fargestoffet karmin fins og i jordbærsyltetøy. Ja, det fins til og med i

yoghurtar, juicar, i sausar og i ulike typar sminke, som til dømes leppestift og

augeskugge. Dei fleste av oss har dermed truleg fått i oss insekt i form av

karmin i løpet av den siste veka… HA EIN FARGERIK DAG! 😊

Helsing frå alle oss femteklassingar ved Stanghelle skule

Kunstverk «fargar» ved to elevar i klassen vår.

Page 36: Kan me smaka forskjell på godteribilar som har ulike ... Rapport b5b16bdc-bdb5-4bc0...Fakta om Biler: Det er Cloetta som produserer Ahlgrens biler Original som sidan 1953 har laga

36

Litteraturliste

Dahl, E. (1998). Akantus. Kunst og Håndverk 8.-10. klasse. Oslo: Samlaget.

Finsveen, J. N. (2014). I kveld spiser barna dine godteri som innholder denne lusa. Dagbladet 31.10.2014. Henta frå: https://www.dagbladet.no/nyheter/i-kveld-spiser-barna-dine-godteri-som-inneholder-denne-lusa/60816554

Forsberg, O. (2015). Aftonbladets stora biltest – vad smakar de? Aftonbladet, 16.05.2015. Henta frå: https://www.aftonbladet.se/nyheter/a/G15yQ4/aftonbladets-stora-biltest--vad-smakar-de

Graff, S. B. (2018). Si navnet på fargene. Henta frå: https://www.startsiden.no/hjernetrim/2018/10/21/195276676/si-navnet-pa-fargene

Illustrert Vitenskap. (2018). 10 ting du ikke visste om solen. Henta frå: https://illvit.no/universet/solsystemet/solen/10-ting-du-ikke-visste-om-solen

Landbruks- og Matvaredepartementet. (2008). Med SMAK på timeplanen. Henta frå: http://www.mat.no/Forside/Med-smak-paa-timeplanen

Lidwell, W. (2014). How Color Affects Taste. Video. Henta frå: https://www.youtube.com/watch?v=al2addgXpus

Larsen, S. G. (2011). Knuste insekter og grisehud. Dette spiser du store doser av hver påske. Aftenposten, 24.04.2011. Henta frå: https://www.aftenposten.no/norge/i/L0MR9/Knuste-insekter-og-grisehud

Mattilsynet. (2018). Tilsetningsstoffer. Henta frå: https://www.mattilsynet.no/mat_og_vann/tilsatte_stoffer/tilsetningsstoffer/

McConney, C. (2017). Eat the Rainbow: How Color Preference Influences Food Choice. Henta frå: https://nuscimag.com/eat-the-rainbow-how-color-preference-influences-food-choice-6a8f76809c01

Natgeobloggen (2017). Ikke la deg lure. Henta frå: http://natgeobloggen.no/2017/03/03/ikke-la-deg-lure-disse-jordbaerene-er-ikke-rode/

Nettavisen. (2015). Dette gjør fargene med deg. Henta frå: https://www.nettavisen.no/bo/dette-gjr-fargene-med-deg/3423165332.html

NRK Newton (2018). 10 MINDBLOWING ting du ikkje visste om farger. Film. Henta frå: https://www.youtube.com/watch?v=sPvPZOimSD0

NRK Skole. (2015). Newtons fargespekter. Video. Henta frå: https://www.nrk.no/video/PS*4844

SpaaNirvana Lightlines (2019). Fargenes betydning og symboler. Henta frå: https://lightlines.no/farger

Thygeson, A.S. (2016). Insekter farger vår verden. Henta frå: https://forskning.no/blogg/insektokologene/insekter-farger-var-verden