kjelda nr. 1 2004

32
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Nr. 1 - Mars 2004. Årgang 13 K jelda Fylkesarkivet på Internett: www.sffarkiv.no • Soga om Vestlandet, 2 • Skipstunnel gjennom Stad, 3 • Reisande jærbuar, 4 • Bryggje på gjestgjevar- staden Hanehaug, 6 • Dei første turist- foreiningane, 8 • Bondevener i Selje, 11 • Morsdagen, 14 • Ta vare på arkivmateriale!, 16 • Vestlandets historie, 17 • ’Islandsmaleriet ved Doctor Aabel’, 18 • Sommar i vente, 19 • Grensetvist mellom Aurland og Ulvik, 20 • Hamnestyre i Måløy i 100 år, 22 • Ei soge frå Gloppen, 23 • Kvardagshygiene, 24 • Sorenskrivar Steen si bygdebok, 26 • Frå fotoarkivet • Historiske fotografar • Minnesmerket • ’Ildebrand på Handels- stedet Hermansværk’, 31 • Ny teknologi i arkivplanarbeidet, 32 Fjord-Noreg - fremste turistmålet i verda! Det prestisjetunge amerikanske magasinet ’National Geograpchic Traveler’ (mars 2004) har valt norske fjordar til verdas mest attraktive turistmål. Dette i konkurranse med 115 av dei mest kjende turiststadene i verda. Meir enn 200 ekspertar var med i panelet som gjorde utvalet. Nyss vart Fjærland og Fjærlandsfjorden utpeika som beste turiststaden i Noreg. Fylkesarkivet arbeider med å ta vare på og formidle historia til folk i fjord- og kystfylket Sogn og Fjordane. Gardsleksikon, artiklar i Kulturhistorisk Atlas og Leksikon, stadnamsamlinga og anna arkivmateriale syner korleis menneska har levd og budd i dette fylket gjennom tidene. (Foto: Magnhild Aspevik, Helg og Kvardag, Lærdal).

Upload: fylkesarkivet-i-sogn-og-fjordane

Post on 31-Mar-2016

247 views

Category:

Documents


3 download

DESCRIPTION

 

TRANSCRIPT

Page 1: Kjelda nr. 1 2004

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Nr. 1 - Mars 2004. Årgang 13

Kjelda

Fylkesarkivet på Internett:

www.sffarkiv.no

• Soga om Vestlandet, 2• Skipstunnel gjennom Stad, 3• Reisande jærbuar, 4• Bryggje på gjestgjevar- staden Hanehaug, 6• Dei første turist- foreiningane, 8• Bondevener i Selje, 11• Morsdagen, 14• Ta vare på arkivmateriale!, 16• Vestlandets historie, 17• ’Islandsmaleriet ved Doctor Aabel’, 18• Sommar i vente, 19• Grensetvist mellom Aurland og Ulvik, 20• Hamnestyre i Måløy i 100 år, 22 • Ei soge frå Gloppen, 23• Kvardagshygiene, 24• Sorenskrivar Steen si bygdebok, 26• Frå fotoarkivet• Historiske fotografar• Minnesmerket• ’Ildebrand på Handels- stedet Hermansværk’, 31• Ny teknologi i arkivplanarbeidet, 32

Fjord-Noreg- fremste turistmålet i verda!

Det prestisjetunge amerikanske magasinet ’National Geograpchic Traveler’ (mars 2004) har valt norske fjordar til verdas mest attraktive turistmål. Dette i konkurranse med 115 av dei mest kjende turiststadene i verda. Meir enn 200 ekspertar var med i panelet som gjorde utvalet. Nyss vart Fjærland og Fjærlandsfjorden utpeika som beste turiststaden i Noreg. Fylkesarkivet arbeider med å ta vare på og formidle historia til folk i fjord- og kystfylket Sogn og Fjordane. Gardsleksikon, artiklar i Kulturhistorisk Atlas og Leksikon, stadnamsamlinga og anna arkivmateriale syner korleis menneska har levd og budd i dette fylket gjennom tidene. (Foto: Magnhild Aspevik, Helg og Kvardag, Lærdal).

Page 2: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

2 3

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

Flora, Årdal og Høyanger. Vik opplever og sterk nedgang i folketalet og arbeidsplassar er truga. Desse samfunna har i nyare tid lukkast i å skapa moderne arbeidsplassar knytt til industri og handel.

Kring midten av 1800-talet byrja nye næringar å veksa fram, og etter kvart tok desse over meir av folkeauken enn utvandringa til Amerika. På denne tida skilde og fylka på Vestlandet lag (sjå diagram). Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal vart med på reisa mot den nye tida.

Då toget til det moderne Noreg med nye arbeidsplassar gjekk, stod derimot Sogn og Fjordane att på perrongen. Slik har det vore like fram til vår tid. Kvifor vart det slik? Kva var det som gjorde att nett dette fylket fekk denne særstoda på Vestlandet og i heile landet i det heile?

Det vert ofte hevda at Sogn og Fjordane datt av lasset fordi fylket ikkje hadde byar. Det vert som høna og egget. Det er vel like gjerne ein konsekvens av at me aldri fekk vår del av dei nye arbeidsplassane. Dette er eit av dei mange spanande tema som eg vonar ei Vestlandssoge kan ta tak i. Ei viktig oppgåve for ei slik bok er å skriva seg inn i relevante samfunnsspørsmål, og gje desse eit historisk bakteppe.

Redaksjon

Gunnar Urtegaard (redaktør), Oddvar Natvik, Karianne Schmidt Vindenes

Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax: 57 65 61 01.

[email protected] kjem med 3 nummer i året, eitt dobbeltnummer. Ei årstinging kostar kr 125,-.

Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682.Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven.

Ansvarleg dette nummer: Oddvar Natvik. Utforming: Oddvar Natvik.

Fylkesarkivet i Sogn og FjordaneFylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01

[email protected]

Fylkesarkivar: Gunnar Urtegaard, tlf. 57 65 64 01, [email protected]

Arkivarar:Arild Reppen (foto), Fototeknisk avdeling , 6823 Sandane.

Tlf. 57 86 51 24, [email protected]Øystein Åsnes (musikk), Tlf. 57 65 64 04, [email protected]

Ole Stian Hovland (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, [email protected] Schmidt Vindenes (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 06,

[email protected] Selseng (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 07, [email protected]

Snorre D. Øverbø, (privatarkiv), tlf. 57 65 64 03, [email protected] Melvær (sekretær/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, [email protected]

Prosjekt:Hermund Kleppa (møtebok-prosjekt), tlf. 57 65 64 02, [email protected]

Oddvar Natvik (informasjon, amerikaportal), tlf. 57 65 64 05, [email protected]

Anders Gjerde, (atlas leksikon), tlf. 57 65 64 13, [email protected] Risnes, (møtebok-prosjekt), tlf. 57 65 64 13, [email protected]

Nettstad: www.sffarkiv.no

I mange år har tilhøvet mellom regionane og nasjonalstaten vore eit viktig tema i EU. Etter kvart har denne diskusjonen og nådd vårt land. Eit Vestlandsråd er oppretta, og ein freistar å sjå fleire spørsmål i ein regional samanheng. Sparebanken Vest ynskjer å få fram soga om Vestlandet, og finansierer no eit slikt prosjekt. Kring 30 forfattarar skal gå laus på oppgåva.

I desse dagar står fleire samfunn i Sogn og Fjordane framføre store omstillingar. Dette gjeld mellom anna

Soga om Vestlandet

Fylkesarkivaren har ordet Av Gunnar Urtegaard

Folketals-utvikling på Vestlandet frå 1801 til 1990. Diagram.

Kontakt-konferansen

20. – 21. april skipar Fylkesarkivet til sin årlege Kontaktkonferanse, denne gong i Loen. Kontaktkonferansen er eit tilbod til arkivleiarar og andre tilsette i kommunane og i fylkeskommunen som arbeider med og har interesse for arkiv.

I samband med at Fylkesarkivet skal få utvida magasinkapasitet kan vi tilby kommunane og fylkeskommunen såkalla depot-tenester. Dette vil vi fokusere på ved årets konferanse.

Vi vil sjå på reglar for opp-bevaring av arkiv, kva tenester Fylkesarkivet kan tilby og andre interessante moglegheiter som kan opne seg når Fylkesarkivet etablerer seg som sentralt arkivdepot.

Page 3: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

2 3

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

På Fylkesarkivet har me vore litt opptekne av kva tid ideen om å slå hol i Stadlandet kom opp, og kva tid dei byrja å diskutera og sjå nærare på eit slikt prosjekt. Ein rapport L/L Stad Skipstunnel la fram i 1990 opplyste at det var tyskarane som for alvor tenkte på skipstunnel, under krigen. Dette korrigerte samferdselskonsulent Idar Mo i Sogn og Fjordane fylkeskommune. ”Det første framlegget om ein slik båttunnel er over hundre år gammalt!” slo han fast i ei eller anna utgreiing. Det kom i 1887!

”Sanningar” er ofte kortvarige. No kan Fylkesarkivet setja strek over 1887 som årstal for fyrste gongen ideen kom opp og vart vurdert. ”Kanaltunnel gjennem Stat” var fyrsteside-sak i Nordre Bergenhus Amtstidende fleire år før, den 11. september 1874.

Stykket er signert ”N” og datert Moldøen, 26. august s.å. Innsendaren viser til samtidige drøftingar om samferdsla ved Stadlandet, - over, rundt og på begge sider. Han er forundra over at ein ikkje like godt

får i gang ein diskusjon om ”muligheden af at hugge Knuden helt over” – gå tvers gjennom, byggja ein ”kanaltunnel” så stor og så djup at både ”Baade, Kystfartøier og mindre Dampskibe kunne gaa derigjennem.” Han trur det kan la seg ordna for rundt rekna 400 000 Spesidalar.

”N” sluttar innlegget sitt med å oppmoda ingeniørar og økonomar om å sjå nærare på tunnel-ideen og laga eit grunnlag for å tenkja vidare på om og når ”denne Gjennembrydning” kan koma på dagsorden –

”.. jeg tror jo før jo bedre, da man vanskelig kan paavise nogen større Lettelse saavel for Færselen mellem Distrikterne som for vore hele Kystsamfersel.”

Skipstunnel gjennom StadMann på Moldøen lanserte tanken for 130 år sidan

Av Hermund Kleppa

”N” fekk svar på innlegget sitt kort tid etter. Overrettssakførar L. Smitt i Florø støtta N i at tanken hans om ein kanaltunnel absolutt hadde noko for seg, men meinte at tida ikkje var komen for eit slikt ”Kjæmpeforetagende”. Han óg hadde rekna på kostnaden og enda opp med millionbeløp, nesten 4 000 000 Spesidalar. ”Man faar nok vente dermed, indtil Videnskaben udfinder nye i betydelig Mon billigere Sprængingsmethoder en de, man nu kjender.”

Men Levius Smitt hadde ein annan ide, eit anna alternativ, – eit betydeleg mindre ”Foretagende” - for å få fiskebåtar trygt og lettvint frå eine sida av Stadlandet til den andre. Han ville byggja sporvegstunnel gjennom Mannseidet, utstyrt med vogner eller triller og opptrekksgreier og heiseanordningar i begge endar. Til ein pris på berre 200 000 Spesidalar!

Utskrift av begge artiklane om påtenkt tunnel gjennom Stad i Nordre Bergenhus Amtstidende 1874, ligg på Internett, på Fylkesarkivet sine heimesider.

Skipstunnel gjennom Stadlandet er brennaktuell sak. Fleire samfunns-toppar står sterkt på. Tidlegare Venstre-ordførar i Vågsøy gjer som den namngjetne romaren Cato d.e., sluttar alle talane sine i bestemte høve med same bodskapen – han med ”og elles er det mi meining at Kartago bør øydeleggjast”, ho med ”og elles meiner eg at Stad Skipstunnel må byggjast, NO!” Fylkesordførar Sandal ”held trykket” i høve til sentrale styresmakter, og på nordsida av Stadlandet er Krf-ordførarar Jan Helgøy frampå om tunnelen så snart det byr seg eit høve.

Page 4: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

4 5

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

Dette stykket handlar om fire jærbuar som har reist i Sogn og Fjordane. Reist vil seia at dei kom hit i oppdrag. Dei hadde noko på hjarta og møtte folk fleire stader. I 1873 reiste Sven Aarrestad og Torkell Lende for Vestmannalaget og norsk målreising. Torvald Tu reiste i Firda Ungdomslag hausten 1939 med litterære saker og jærhumor i kufferten. Den siste, Odd Dubland, var på besøk i fylket hausten 2003 med gitar, bibel og målarskrin. Tre er omtala i oppslagsverket Norsk Allkunnebok (kom ut i åra 1948-1964), medan den fjerde vart fødd for seint til å kvalifisera seg for det nålauga.

Odd DublandSongevangelisten Odd Dubland reiser for Norsk Luthersk Misjonssamband. I oktober 2003 heldt han møteveker på Gaupne bedehus og var med på møte andre stader. Dubland lever opp til dei gamle emissærane eg minnest frå Hjelmeland i Ryfylke. Dei dreiv på med ymse slag gjeremål av meir verdsleg slag om dagane. I følgje ei notis i Sogn Avis er Dubland ein landskjend målar. Han nytta dagane i Luster til å måla, og til å halda målarkurs, - i fleire slag teknikkar.

Sven Aarrestad og Torkell LendeDei to jærbuane som reiste i fylket 130 år før Dubland heldt møteveker i Luster, var óg velldige menner, - den eine vart i alle høve meir landskjend enn den seinare lekpredikanten, - nemleg læraren, rikspolitikaren, fylkesmannen, folketalaren og fråhaldskjempa Sven Aarrestad. Han reiste saman med Torkell Lende, ein jamaldring med Arne Garborg og skulekamerat til

forfattaren. Garborg gav Lende ein framifrå attest ein gong seinare i livet: ”... det klokaste hovudet eg nokon gong har møtt.” Til liks med Aarrestad gjekk Torkel Lende òg på lærarskule, men han gav tidleg opp læraryrket. Han treivst betre som oppfinnar. Han klekte ut finurlege greier som t.d. resulterte i mange nyvinningar innan hermetikkindustrien. Men det stod skrøpeleg til med forretningssansen hans. Andre stakk av med æra såvel som den økonomiske vinninga, seiest det.

Nynorsk-pionerarI januar 1873 reiste Sven Aarrestad og Torkell Lende til Stavanger der dei løyste billett med eimskip til Bergen. Derifrå reiste dei vidare med Nordre Bergenhus Amts Dampskibe sin båt på ruta Bergen – Nordfjord. Måløy var reisemålet, midt i travlaste vårsildfisket. Dei skulle selja bøker på landsmålet, og driva opplysningsverksemd. Det nyskipa mållaget i Bergen, Vestmannalaget, hadde hyrt dei.Aarrestad skriv om denne reisa i boka Brev til Til Annie som kom ut i 1928. Stykket har tittelen Eg vert målstrævar.

”... Eg totte det var gildt, då eg fekk Torkell Lende med til fiskeværi. Det var i januar 1873, at me for heimanfrå. Ingen

av oss hadde vore på sjøen fyrr, og det var langt og lenger enn langt, me skulde reisa. På Måløyno (Moldøen) i Nordfjord gjekk me i land. Her var det so stappa med folk alle stader, at me so nær hadde vorte liggjande ute fyrste notti. Sistpå fekk me då koma inn ein stad, der me skulle få liggja på golvet saman med ei båtlag. Andre dagen var me so heppne, at me fekk eit lite rom for oss sjølve ein stad på Sæternes. Og so skulde me til med bokhandelen. ..”

Reisande jærbuar i Sogn og Fjordane

Av Hermund Kleppa

Mossige, Lende og Ueland er kjende jær-namn i Sogn og Fjordane, - Jonas Schanche Mossige var distriktsdyrlege i Sogn frå 1894, Karl Lende var fylkesagronom i nesten 40 år og Trond Ueland er med i mannskapet til fylkeskultursjef Lidvin Osland i Førde. Namna vitnar om solid hopehav mellom Jæren og Sogn og Fjordane.

Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) si rute Bergen – Nordfjord 1871. Båten la ut frå Bergen måndag morgon klokka 06.00 og var attende torsdag ettermiddag kl 16.00. Som me ser, vart det ei lang reise for dei lite sjøvande bokseljarane Aarrestad og Lende. Dei var ikkje framme på Sæternes (Måløy) før tysdag klokka 10.00.

4

Page 5: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

4 5

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

Torvald TuDen fjerde jærbuen på reise i fylket - er journalisten og forfattaren Torvald Tu (1893-1955). Sjølv ”møtte eg han” på reise i Nordfjord, då eg for ei tid sidan ordna arkivet til Firda Ungdomslag. Det kom for ein dag tre Torvald Tu-brev stila til formannen i Firda Ungdomslag, Einar Skarstein.

I det fyrste brevet, datert 7. november 1939, fortel Torvald Tu at han hadde vore i kontakt med redaktøren i Fjordabladet på Nordfjordeid, Jens Nederhagen. Han hadde spurt om han ikkje kunne ta turen oppover til Nordfjord og halda jærkveld med opplesing i ungdomslaget på Nordfjordeid. Det ville Tu svært gjerne, men meinte at når han fyrst reiste så langt, så kunne han gjesta fleire ungdomslag. Tu fortel at han har vore på ei liknande reise i Hardanger, og at dei økonomiske vilkåra var fri reise, fritt opphald, 50 øre i inngangspengar, og ein garantert minstesum pr. kveld på 25 kroner.

Torvald Tu bestemte seg for å reisa til Nordfjord. Han sende plakatar i førevegen og bad Skarstein om å ordna med kunngjering i Fjordabladet. Sjølv reiste han truleg på same måten som Aarrestad og Lende 70 år tidlegare, med båt til Bergen, og vidare til Nordfjord. Fyrste tilskipinga var 14. november, på Bryggja. Fjordabladet skreiv m.a.:

TORVALD TU opna ferdi si i Firda u.l. [samskipnad for ungdomslaga i Nordfjord] på Bryggja i gårkveld. Etter det vi fretter var det godt hus, og ei hugnadsam stund for laget. Torvald Tu får alltid mykje vellæte for opplesinga si der han fer.

Ei snau veke seinare høyrer me at han har vore heilt inne i fjorden, i Olden. Denne gongen óg får han god reklame:

Torvald Tu las opp i Olden sundagskvelden. Han er ein ypperleg tolkar av jærsk humor. Det er fullt hus og stor fagning. Dei som har sans for slik humor vil få seg ei hugnadsstund når dei høyrer på Tu.

Fjordabladet hadde elles meir Torvald Tu i spaltene sine, enn smånotisar om einskilde kveldar. Bladet trykte eit par smakebitar av forfattarskapen hans, - i alle høve ”hugnadssoga” Ei ny tid som følgjetong, og dikta Gamle Garborgheimen og I måneskjin, det siste på jærmål.

Vellukka og mislukkaMen korleis såg forfattaren og opplesaren sjølv på Nordfjord-reisa si. Kva slags inntrykk fekk han av folket ? Var han nøgd med frammøtet? Reiste han heimatt med forteneste? Breva i ungdomslags-arkivet fortel litt om det.

Vel halvveges i reiseruta rapporterer han i det andre brevet sitt, datert i Stryn 27.11., at reint økonomisk har det ikkje vore det heilt store, - ”men det har vore interessant å reisa.” Folk han har møtt, får god omtale: ”--- reint uvanleg snilde og gjestfrie”.

Han nemner særskilt kvelden i Hornindal, - heilt mislukka med omsyn til inntekt, men god elles. Det kom berre 18 menneske, (kvelden hans kolliderte med bondebryllaup på Kjøs), og han sat att med fattige 9 kroner i inngangspengar. Men det var ’kje så farleg, han hadde vore i bryllaup han óg. Kjøkemeisteren hadde henta han på hotellet.

Tu var ikkje den einaste tilreisande. ”... fykaren Solberg” var der óg. [Thor Solberg, fyrste som flaug USA – Noreg, 1935]. Han kom i fly frå moen, saman med tri honndøler som låg på nøytralitetsvakt. Dei dala ned på Hornindals-vatnet, - og

så tura dei brudlaup så det stod etter. [...] Tena eg ikkje noko i Hornindalen, så er eg vel fornøgd likevel, - ei herleg uppleving, - saman med praktfulle menneske!” – sluttar Torvald Tu dette andre brevet sitt.

Det tredje brevet hans, datert 10.12. i bustaden hans, Mosberghagen sør i Klepp, er óg fullt av tvisyn, men no er det den begredelege pekuniere sida ved Nordfjord-reisa som dominerer. Dei ”herlege” opplevingane har kome i bakgrunnen.

”- ferda var mykje vellukka kva som hadde med stemning og aplaudering å gjera,” skriv han fyrst i brevet. Eg vart fagna så det var store ting. (Her er påhekta ei fotnote som ikkje er til å misforstå: ”Ein lever ikkje av det.” Men – ”[...] i økonomisk lei, var det avgjort den dårlegaste ferda” nokon gong. Han tregar på at han ikkje slutta av i Stryn, gjev uttrykk for at det var så som så med kunngjeringa av kveldane hans, og konkluderer med at ferda var mislukka, ”all den stund føresetnaden var at eg skulde og vilde og burde tena aldri-så-lite på ho.”, men ”Gjort er gjort!” skriv han på langs attmed teksten, ”Ferdig med det-!”

Som avslutning takkar han for opphald hjå Einar Skarstein:

”Boka Gro med dedikasjon sender eg. Og så mi beste helsing til alle i heimen din, og med takk for tida eg fekk gjesta hjå dykk. Hjarteleg takk!”

Kjelder:- Privatarkiv SFF-93016, Nordfjords Foredragslag- Lothe, Anders A.: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Stryn trykkeri 1950.- Karl Fjogstad: Vise-kveld på håbakken. LP-plate. 1985.

Torvald Tu (1893-1955).

Forfattar og journalist, fødd i Klepp. Debut

1915 med Blomar fraa heid.

Skreiv 56 bøker i ulige sjangrar;

dikt noveller, romanar,

skodespel, høyrespel, eventyr og

stubbar. Antologi: Te’

jærs – Torvald Tu i utval.

Page 6: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

6 7

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

DampskipsekspeditørI kommunestyremøtet 17. oktober 1859 vart eit brev frå Nordre Bergenhus Amt lese opp. Det var datert 7. september og tok føre seg lønning av ein dampskipsekspeditør for amtet sine dampskip. Formannskapet hadde gjort brevet kjent ved å senda budstikke rundt på Systrond og med oppslag på Hermansverk. I tillegg hadde både ordføraren og varaordføraren snakka med ein del personar som kunne vera aktuelle i stillinga. Dei mest aktuelle var sersjant Hovland, landhandlar Brun og snikkar Anton O. Kammen. Dei to fyrstnemnde hadde ikkje lyst på stillinga, men det hadde derimot Kammen. Det var fyrst og fremst storleiken på løna og landsetjingspengane som gjorde at dei to fyrste ikkje var interesserte. Løna var sett til 48 Spdl i året og landsetjingspengane var 2 skilling per person, 24 skilling per hest og 12 per kveg.

Anton O. Kammen måtte ha ein god båt til rådvelde og gode ”rorskarle” til å frakta folk, krøter og varer i land frå dampskipa. Han måtte ha eit godt og forsvarleg hus til å oppbevare gods og varer i.Formannskapet meinte at Systrond var eit av dei mest vêrharde strøka på dampskipsruta mellom Bergen og Lærdal, og fann difor ikkje å kunna fastsetja løna til dampskipsekspeditøren lågare. Det vart også lagt fram attest frå dampskipsførar Johnsen som erklerte at Anton Kammen ville bli ein dyktig ekspeditør.For Fresvik sin del, fann formann-skapet det ikkje nødvendig med ekspeditør.

Handel på HanehaugI kommunestyremøtet 12. november 1860 vart ein søknad frå Johan Herman Brun, son til handelsmann Herman Brun på Hermansverk, om å få starta med landhandel på Hanehaug behandla. Formannskapet la vekt på at staden frå gammalt av hadde vore gjestgjevarstad og låg særs godt til for handel. Det var nyleg oppført eit nytt våningshus der som kunne nyttast til å ta imot ”Conditionerede Reisende”. Ei stor landgangsbryggje var oppført slik at større og mindre fartøy kunne søkje hamn. Etablering av ein landhandel på Hanehaug ville vera eit gode både for reisande og for innbyggjarane i Leikanger sokn og nærliggjande distrikt. Formannskapet hadde berre godt å seia om Johan Herman Brun som handelsmann, men sette som vilkår at han ikkje måtte skjenka brennevin.På same møtet vart ein søknad frå gjestgjevar Ellend Palnesen Ousen om å starta landhandel i Feios anbefalt.

Ny d/s-ekspeditørI kommunestyremøtet 14. februar 1862 vart eit brev frå dampskipsdirektøren opplese. Det gjaldt løna til dampskipsekspeditøren på Leikanger. Formannskapet vart oppmoda om å finna ein billigare ekspeditør enn Anton Kammen. Han hadde ei årleg løn på 48 Spdl, og 18 skilling per anløp for transport av posten til postopneriet. Direktøren meinte at Kammen var for lite skrivekunnig og ville helst ha landhandlar Johan Herman Brun som ekspeditør. Mykje på grunn av at Brun hadde etablert seg med landhandel på Hanehaug. Der han hadde eit våningshus som kunne nyttast til overnatting for reisande, eit pakkhus til å oppbevara gods og varer, og ikkje minst ei solid landgangsbryggje. Hanehaug var også den beste staden for ein damskipsekspedisjon, då det var den minst vêrharde staden på Systrond.

Anton Kammen hadde, i følgje varaordførar Edvard Liljedahl, munnleg sagt opp stillinga som ekspeditør frå utgangen av april månad i 1862 då at han skulle emigrere til Amerika. Kommunestyret vedtok på grunnlag av desse opplysningane at snikkar

Anton Kammen skulle fråtre stillinga som dampskipsekspeditør 1. april og at landhandlar Johan Herman Brun skulle overta stillinga frå same dato. Brun sa seg villig til å ta på seg dette vervet for same løn som Kammen.

I tillegg var det kome inn ein søknad frå Ole Skaksen Henjesand om å bli tilsett som d/s-ekspeditør. Han kunne skaffe fri opplagsplass på sorenskrivargarden Nybø si bryggje, og ville gjera alt som stod i hans makt for å oppfylla pliktene som låg til denne stillinga. Kommunestyret meinte at Hanehaug var ein betre dampskipsstoppestad. I følgje opplysningane dei sat inne med var Henjessand ikkje skrivekunnig, noko stillinga fordra.Kommunestyret vedtok difor å flytta damskipsekspedisjonen til landhandlar Johan Herman Brun si bryggje på Hanehaug.

I kyrkjeboka for Leikanger under utflytte er Anton Olssen Kammen registrert 11. april 1862 som flytta til Amerika. Det same er kona hans, Edvardine, og sonen, Ole.

Taksering av d/s-bryggjaKommunestyretmøtet 2. juli 1862 behandla ein søknad frå landhandlar Brun om å få same godtgjersla for ilandføring av hestar og kveg som Anton Kammen hadde hatt.

I kommunestyremøtet 16. desember same året vart ei oppmoding frå dampskipsdirektøren om å få tilsett ein billegare dampskipsekspeditør opplese. Det var fyrst og fremst utgiftene til transport av posten frå bryggja til postopneriet klagen gjaldt. Ordføraren hadde alt 21. november sendt svar tilbake.

Landhandlar Brun sin søknad vedkommande godtgjersle frå amtet for bruken av bryggja hans på Hanehaug til dampskipsekspedisjon vart teken under behandling 30. april 1863. Kommunestyret tilrådde søknaden hans. Dei føretok også eit skjøn over verdien på bryggja. Brun opplyste at bryggja hadde kosta han og far hans kring 400 Spdl. Ei oppmåling av bryggja synte at ho var 80 alen lang og 6 alen brei. ”Treangelen” var 8 alen lang og 12 alen brei. Djupna på bryggja ved ”treangelen” var 10 alen.

D/s-bryggje på gjestgjevarstaden Hanehaug

Då Fylkesbaatane starta med damp-skipsruter på Sognefjorden vart spørsmålet om kvar dei nye dampskips-bryggjene skulle liggja aktuelt. Bryggjene der jektene hadde lagt til var i nokre tilfelle for grunne eller var av andre årsaker lite praktiske for dampskipa. På Systrond stod valet mellom handelsstaden Hermansverk og gjestgjevarstaden Hanehaug. I formannskapsprotokollane for Leikanger kommune står litt av bak-grunnen for valet av stad for d/s-bryggje.

Av Anders Gjerde

Page 7: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

6 7

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

På kommunetyremøtet 5. juli 1864 vart Johan Herman Brun sin søknad om å få halda fram som kjøpmann på Hanehaug anbefalt på det varmaste av kommunestyret.

PostopneriI kommunestyremøtet 5. august 1865 vart eit framlegg frå landskapsmålar Jæger om flytting av postopneriet frå Hermansverk til dampskipsstoppestaden Hanehaug opplese. Eit framlegg som fleire i Feios sluttar seg til året etter.

Alt i 1841 vart det oppretta postopneri på Systrond med namnet Leganger postaabneri, samstundes vart Frønningen postekspedisjon lagt ned. Frå 1. januar 1860 vart landhandlar Herman Brun postopnar. Fru Dorthea Clausen var konstituert postopnar i 1865, før landhandlar Johan Herman Brun overtok frå 1. januar 1866. Lensmann P. Rusten hadde stillinga fyrste halvåret i 1880, før handelsbetjent Anders H. Kvikne overtok. I 1886 vart namnet endra til Lekanger, då overtok handelsbetjent Peder J. Husebø som postopnar. I 1889 vart postopneriet flytta til Hanehaug og namnet endra til Leikanger. 1. april 1904 vart eit nytt postopneri opretta på Hermansverk.

Nye handelsfolk på HanehaugDå skatten for sal av brennevin, vin og øl skulle utliknast for komande år, 12. desember 1870, var Petra Hendriette Schrøder oppført som landhandlar på Hanehaug. Ho var truleg ein slektning av kona til Johan Herman Brun, Randine Marie Schrøder. Petra Schrøder søkte i februar 1871 om å få sett ned handelsskatten som ho hadde vorte pålagd for 1870. Ho hadde ikkje løyst handelsbrev hjå fogden før i desember månad 1870, men søknaden hennar vart avvist. Utover i 1870-åra finn ein at frøken Schrøder stadig søkjer kommunestyret om å få sett ned handelsskatten.

I folketeljinga for 1865 finn ein at Petra Hendriette Schrøder bur i Bergen i lag med foreldra, to brør og ei syster. I folketeljinga for 1900 er Petra Schrøder flytta til Kristiania og driv der ein brød- og delikatesseforretning.

John I. Fosse starta som landhandlar

på Hanehaug i 1871. Dette året er det fyrste han registrert med søknad om sals- og skjenkeløyve for øl og vin.

Ny d/s-bryggje?24. mars 1877 vart det halde møte i Leikanger soknestyre. Saka som vart behandla gjaldt bygging av ny dampskipsbryggje på Hanehaug på soknet si rekning. Johan Herman Brun og enkemadam Brun fekk tilbod om å stå for bygginga og drifta av bryggja, mot at kommunen skulle bruka bryggja fritt.

Ny gjestgjevarLandhandlar Fosse og bakar J. Olsen søkte i lag om sals- og skjenkeløyve for øl og vin i 1878. Året etter søkjer landhandlar John I. Fosse om salsløyve for øl og skjenkeløyve for krusøl. Krusøl skal ha vore eit tynt og lysare øl enn det som til vanleg vart selt.

Sak nr. 1 i kommunestyremøtet 21. februar 1881 vart ein søknad frå bakar J. Olsen, datert 10.januar, om å verta tilsett som gjestgjevar på Hanehaug lesen opp. Saka vart i fyrste omgang utsett til neste møte, 19. april. Her går kommunestyret mot søknaden, då det alt er gjestgiveri på Hermansverk. Eit anna argument mot er at her kunne verta misbrukt alkohol.Bakar Jan Olsen kom frå Gjøvåg på øya Reksteren i Tysnes kommune. Då han kom til Leikanger busette han seg fyrst på Hanehaug, men flytta seinare til Husabø. Bakar Olsen gav ikkje opp, trass i avslag

på sin fyrste søknad om å få starta som gjestgjevar. Alt på det fyrste kommunestyremøtet i 1882 kom ein ny søknad frå bakaren. Tilrådinga frå kommunestyret var at han kunne få eit midlertidig løyve. Dette var for at Olsen skulle få ei prøvetid der misbruk av skjenkeløyvet kunne føra til at han mista løyvet som gjestgjevar.

Hausten 1882 bad fogden om ny uttale frå kommunestyret om bakar J. Olsen sin søknad om gjestgjevarløyve på Hanehaug og landhandlar Fretheim sin søknad om gjestgjevarløyve på Hermansverk. Peder Johan Fretheim kunne berre få løyve viss skjenkeløyvet hans vart avgrensa til å gjelda berre dei reisande og faste gjester. Dei same vilkåra skulle også gjelda for bakar J. Olsen sitt løyve.

To sentraDet vart såleis etablert to handelsstader på Systrond. Den fyrste var Hermansverk på slutten av 1830-åra og Hanehaug kring 1860. Begge stader hadde både handel og overnatting, og etter kvart også kvart sitt postopneri. Kring år 2000 vart handelen Hanehaug lagt ned og postkontoret noko tidlegare. Framleis er her hotell og kai, medan butikken vert brukt som sentral for posten. I 2004 står Hermansverk att som det einaste sentret på Systrond.

Kjelder:- Møtebok for Leikanger formannskap 1857-1866.- Møtebok for Leikanger formannskap 1866-1884.

“Hornelen” er i ferd med å leggja til kai

på Hanehaug. Biletet syner

store delar av Systrond med begge sentra Hanehaug og

Hermansverk. At Hanehaug

vart den fyrste stoppestaden

for dampskipa skuldast mest at staden låg meir skjerma for uvêr enn

Hermansverk. (’Dampen og

kaia’, Selja Forlag).

Page 8: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

8 9

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

Særleg på 1880-talet var ekspansjonen stor. Utanlandske reiarlag sette dampskip inn i cruisefart på Noreg. Vestlandet med fjordane var ein viktig destinasjon for mange. I 1887 kom det 74 turistskip til Gudvangen med til saman 10.000 passasjerar.

Hotell vart bygde i nesten kvar bygd etter kvart, med arbeidsplassar og eit yrande liv om sommaren. Mykje handel og annan aktivitet kom ut av turisttrafikken.

Interessekonfliktar i turismenAktørane i turistnæringa såg fort at har måtte ein sameine kreftene for å få enno meir ut av trafikken og stimulere til ytterlegare vokster. Rett

nok var Den norske turistforening skipa så tidleg som i 1868. Men det var ei foreining som retta seg mest inn mot ”sportsturistar”, og ivaretok friluftsfolket sine interesser, dvs. nordmenn på tur i Noreg. Hotelldirektørane og andre i bransjen, derimot, - sat så og seie på andre sida av bordet. Begge ville stimulere turisme, men med eit anna utgangspunkt.

Så når det vart skipa ei rekkje lokale og regionale turistforeiningar på slutten av 1880-talet, var initiativtakarane som oftast lokale næringslivleiarar. I 1887 vart desse foreiningane på Vestlandet skipa: Stavangers Turistforening, Kristiansand og Omegn Turistforening, Trondhjems Turistforening og Kristiansund Turistforening. I 1889 kom Ålesund-Sunnmøre Turistforening. Først året etter vart Turistforeningen for Bergen by og Stift skipa. Føremålet var å lokke til seg ein større del av turisttrafikken. På Vestlandet såg ein kor totalt dominerande Bergen var som knutepunkt for den nye turistskiptrafikken. Verkemiddel var opplysningsarbeid (m.a. brosjyrer, reisehandbøker, utstillingsverksemd) og arbeid for å leggje tilhøva betre

til rette for turistar i vedkomande område (t.d. høgre hotellstandard, skysskafferi)

To turistforeiningar i Sogn og Fjordane I Sogn og Fjordane vart det skipa to foreiningar på denne tida: Sønd- og Nordfjord Turistforening og Sogn Turistforening. Begge var aktive i 1890-åra og fram til ca 1910. Kjeldene er sparsame og spreidde. Førebels veit vi ikkje skipingsår, men truleg vart dei skipa nokre år etter foreiningane elles på vestlandet, truleg i første halvdel av 1890-åra.

Sønd- og Nordfjord TuristforeningEin sentral person i Sønd- og Nordfjord Turistforening var Peter Tenden (1873-1946), direktør på Hotel Central, Stryn. Hotellet med ”ekstrem sveitsarstil”, som Wibeke Knagenhjelm seier det i boka si om turisthotella i fylket. Han tok over drifta frå faren midt på 1890-talet, då han kom heim frå studiar i Tyskland og Skottland. Tenden var ein mann med mange jarn i elden: musikk, idrott, ungdomslag, samferdsle (styreformann i Nordfjord og Sunnmøre Billag). Han skal og ha skipa den første industribedriften i Stryn. Peter Tenden engasjerte seg mykje i turistsaka. Han var ein periode styremedlem i Norsk Hotelforening og heldt foredrag på turistkongressen i Trondheim i 1912. Truleg var det han, saman med hotelleigar C. A. Ryg på Sandane, som stod bak skipinga av Sønd- og Nordfjord Turistforening. Men det veit vi ikkje sikkert. Arkivet til foreininga er truleg gått tapt. Det vi veit er at den var dominert av hotelleigarane, og at ho fekk ei heller kort levetid. Peter Tenden ivra for oppretting av bilrute i fylket. Alt i 1899 kom han med framlegg om å etablere bilruta Visnes – Mindresundet – Faleide. Tiltaket vart ikkje noko av. Men hausten 1910 kom rutebilsaka opp att i Nordfjord. Dette tiltaket vart svært omstridd blant hotelleigarane. Det vart berre Ryg og Tenden

Dei første turistforeiningane i Sogn og Fjordane

Av Snorre D. Øverbø

Ei ny næring voks seg stor i Sogn og Fjordane på 1880- og 90-talet, reiselivsnæringa. Ekspansjonen sine fysiske uttrykk vart landemerke i bygdene: turisthotella. I 1902 var det allereie 50 slike i fylket. Vi skal her sjå litt nærare på kva for organisasjonar som voks fram i kjølvatnet av denne unge og dynamiske næringa.

”Jeg syns Sogn maa være med nu og kare til sig”. (Hotelleigar Lindstrøm, Lærdal).

Arkivet til Sogn Turistforening.

4

Page 9: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

8 9

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

som var for bilruta. Dei andre hotelleigarane i Sunnfjord og Sogn vart redde for at bilane ville frakte turistane vekk frå deira område.

Som i dei andre regionale turistforeiningane i denne perioden dominerte reiselivsbransjen. Hotelldirektørane sette dagsorden. 1. november 1910 var det generalforsamling i Sønd- og Nordfjord Turistforening i Førde. No kom saka om rutebilferdsle opp med full tyngd. Ryg og Tenden kom med framlegg om å skipe eit aksjeselskap for ei bilrute Sandane - Vadheim på generalforsamlinga. Framlegget vart avvist av fleirtalet. Resultatet vart at foreininga vart oppløyst. I avisreferatet frå møtet er det opplyst at den kanskje ville verta erstatta av 2 nye, dvs. ei turistforeining for Sunnfjord og ein for Nordfjord. Vi veit ikkje korleis det gjekk. Truleg vart det ikkje skipa nye foreiningar av den typen i området. Vi har i alle fall ikkje funne spor som kan tyde på det.

Sogn TuristforeningDelar av arkivet til Sogn Turistforening er bevart. Det låg saman med arkivet til Hotel Mundal som vart avlevert til Fylkesarkivet i 1987. Møteboka er diverre ikkje funnen. Drivande kraft i denne foreininga var og ein hotelldirektør: Olaus Dahle (1847 - 1940), Mundal Hotell, Fjærland. Han bygde hotellet i 1891 saman med kona Brita og hennar brør. Hotellet fekk raskt ei høg stjerne hjå dei reisande. Sjølve skipinga av foreininga veit vi lite om. Men i 1893 er det ein Dr. Vogt, Balestrand oppført som ”formand”. Seinare kom Olaus Dahle inn som leiar, kring 1900. Han heldt fram som leiar til foreininga meir eller mindre visna bort kring 1910-12.

MedlemaneMedlemsprotokollen er bevart, og vi kan studere kva for medlemer som stod i foreininga. Første året for medlemsprotokollen vitnar om god oppslutnad. I 1895 teikna det seg 154 medlemer. Talmessig dominerte bøndene, men her var og handelsmenn, handverkarar, embetsmenn, og ikkje minst hotelldirektørar. Medlemane kom frå Sogn, med unntak av nokre få frå Bergen og Voss. Seinare gjekk medlemstalet brått nedover og låg på 20 - 30 kvart år fram til 1909, det året

medlemsregistrert sluttar. I desse åra ser vi at bønder og handverkarar forsvinn ut, og dei som står att er hotelldirektørar. Men det kjem ei ny gruppe inn: Fylkesbaatane sine fjordabåtar vert ”medlemer”. I løpet av nokre få år vart foreininga fullstendig marginalisert, til ein organisasjon av hotelldirektørar og fjordabåtar.

VerksemdUt frå dei papira som er bevart, får vi ikkje inntrykk av noko aktiv organisasjon. Det kan sjå ut som om dei var mest oppteken av å produsere turistbrosjyrar. Det største løftet kom allereie i 1893. Då ga foreininga ut ”Sognefjordens Turistruter”, eit hefte på 65 sider, med tekst på norsk, tysk og engelsk. Det var ein reiseguide for Sogn, der bygder, reiseruter, og overnattingsbedrifter vart skildra.

Epilog 1938I 1938 overtok sonen Sigurd Hotel Mundal. Same året vart han spurd av hotelleigar I. C. Lindstrøm i Lærdal om han ikkje ville ta opp att arbeidet med Sogn Turistforening: ”Din far var vist den sidste formand i Sogns turistforening [...] Jeg syns Sogn maa være med nu og kare til sig. Hardanger, Valdres Hallingdal, ja alle rundt omkring os har sine foreninger, og driver ganske energisk etter det jeg forstaar. Du faar paata dig dette hverv.”

Sigurd Dahle svara:”Det er vel kanskje påkrevet å få en forening for Sogn, men ellers syns jeg at der er så mange foreninger nu at man skulde tro at der er nokk av denslags [...] Men det er kanskje en fordel å ha en lokal forening også”. Det vart med det gjenopplivingsforsøket.

To utviklingslinerI Sogn og Fjordane fekk altså dei første turistforeiningane ei kort levetid. Det i motsetnad til nabofylka i sør og nord. Her uvikla og ekspanderte dei i takt med utviklinga i reiselivet i mellomkrigstida og etter krigen. Foreiningane eksisterar den dag i dag, og kan trekke liner attende til 1880-åra. I Sogn og Fjordane er den direkte lina broten, kan det sjå ut som.

Turistforeiningane vert friluftsorganisasjonar for eigne medlemerMen sjølv om lina er direkte, går ho ikkje beint. For det som skjer utover på 1920- og 30- og 40-talet, er at turistforeiningane endrar karakter. Gradvis vert dei medlemsorganisasjonar for frilutftsinteresserte i lokalmiljøet. Frå å vere meir eller mindre instrument for reiselivsnæringa, vert foreiningane etter kvart store masseorganisasjonar for fotturistar og andre friluftsfolk. Illustrerande

Peter Tenden (1873-1946)

Eigar av Hotel Central, Visnes,

Stryn. Primus motor i Sønd- og Nordfjord

Turistforening 1895-1910.

(Foto henta frå Stryn Historielag

sitt årsskrift 2002).

(framhald neste side)

Page 10: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

10 11

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

for utviklinga var Stavanger Turistforening. Den vart skipa i 1887 mynta på byen sin elite og lokale næringsliv. Utover på 1930-talet kom nye samfunnslag med og vart ein fjell- og friluftsorganisasjon for eigne medlemer: ”Dette ble formelt understreket i 1930, da den næringsmessige delen av virksomheten ble utskilt og tillagt i en egen Turisttrafikk-komite for Stavanger og Rogaland” (Vestnorsk Reiseliv, nr 2, 1996). På 1970- og 1980-talet vart mange av turistforeiningane medlemer i Den norske Turistforening.

Dei dekte openberrt eit behov. På 1970- og 80-talet ser vi at regionale turistforeiningar igjen vert aktuelt i fylket. Her har vi og få kjelder, men det vart skipa regionale turlag på 1970-talet, og i 1983 kom Sogn og Fjordane Turlag. Men det er nyskipingar og kan ikkje sporast attende til dei tidlege turistforeiningane i fylket.

Nye bransjeorganisasjonar veks framVi ser i grunn 2 liner her. I 1903

vart Forening for Reiselivet i Norge skipa. Organisasjonen skifta namn fleire gonger og er i dag ein del av Innovasjon Norge (Forløparen var Norges Turistråd, som gjekk inn i Innovasjon Norge 01.01.2004)Både Sogn Turistforening og Sønd- og Nordfjord Turistforeing vart tidleg medlemer. Forening for Reiselivet i Norge tok straks fatt på ein del felles utviklingstiltak, som reisehandbøker og anna publiserings- og PR-arbeid for turistforeiningane. Hotelldirektørane fekk ein profesjonell og etter måten ressurssterk organisasjon å trekkje vekslar på. Turistforeiningane vart etter kvart mindre relevante for dei.

Einskildpersonar i turistforeiningane i fylket vart og sterkt involvert i andre bransjeforeiningar knytt til reiseliv, som t.d. Norsk Hotelforening. Fram mot vår tid har det vore ulike organisasjonar lokalt og regionalt som har arbeidd med å fremje turistnæringa. På 1950- og 1960-talet vart det mange stader skipa lokale reiselivslag, som dekka ein kommune. Det

kom og regionale organisasjonar. I dag har vi fleire regionale bransje-organisasjonane knytt til reiseliv: Sognefjord Reiseliv, Reisemål Stryn og Nordfjord, Sogn og Fjordane Reiselivsråd, Vestkysten Reiseliv AS.

Sonderweg Sogn og FjordaneKvifor døydde turistforeiningane ut i Sogn og Fjordane kring 1910? Hovudårsaka - meiner eg - finn vi i særtrekka til fylket: Lite utvikla industri, svakt utvikla bysentra, tynt befolka med stor dominans av primærnæringar. Sogn og Fjordane låg rett og slett langt bak nabofylka når deg galt urbanisering, handel,

industri og kommunikasjonar. Medlemspotensialet vart lite. Dessutan: Dei aller fleste turistforeiningane elles i landet hadde ei by som utgangspunkt. Det vart ”byens fedre”- bypatriotane - som stod bak turistforeiningane i 1880- og 90-åra. Etter kvart som byane utvikla seg, med meir fritid og høgrare levestandard voks foreiningane. (Turistforeiningane til dømes i Stavanger og Ålesund, opplevde ein kraftig medlemsvekst på 1930-talet.) Dei hadde lenge eit begrensa rekrutteringsområde, noko som verka samlande.

Turisme og friluftsliv vart eit uttykk for det moderne Noreg sin framvokster, og vart på mange måter eit byfenomen. Motsett i Sogn og Fjordane. Her mangla det livskraftige og ekspansive bysentra, med tilhøyrande middelklasse av funksjonærar og sølvstendig næringsdrivande.

Etterlyser fleire kjelderFylkesarkivet ønskjer synspunkt på artikkelen.Vi er og svært takksame for opplysingar og kjeldetilvisingar av alle slag, som hjelper oss vidare med å klårleggje fakta i denne saka.

Kontakt oss på epost: [email protected]

Kjelder og litteratur:- Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-95100 Sogn Turistforening.

- Arne Stein Pedersen: ”Turismen i Sogn - dei første 100 åra”, i Årbok for Sogn 1996.

- G. B. Lampe: Turisttrafikken i Sogn”, i: Den norske Turistforenings Årbok 1944. - Førsund, Finn B.: Transport mellom fjordar. Firda Billag 1920-1995. Førde 1995.

- Wold Johnsen: ”Stavanger Turistforening”, i: Vestnorsk Reiseliv, nr 2, 1996.

- Knagenhjelm, Wibeke: Tradisjonsrike turisthotell i Sogn og Fjordane, Oslo 1990. - Langeland, Edward Faleide: ”Tenden sine hotell på Faleide og Visnes”, i: Stryn Historielag. Årskrift 2002.

- Jordal, Solveig: ”Hotell på Vestlandet del 1 - Sogn og Fjordane”, i: Vestnorsk Reiseliv ne 2, 1995.

- Avisa ”Nordfjord”, 23.12.1910.

Olaus Dahle (1847-1940) Eigar av Hotel Mundal, Fjærland. Fleirårig leiar i Sogn Turistforening. (Eigar: Familien Orheim-Mauritzen, Fotograf: ukjend. Referanse: SFFf-94356.0008).

Frå side 9

Page 11: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

10 11

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

Om bondeveneneBondevenrørsla, også kalla Jaabækrørsla, var ei kortvarig, intens politisk folkerørsle som greip om seg i store deler av landet i 1860-70-åra. Søren Jaabæk grunnla den fyrste bondevenforeininga i 1865 og gav ut bladet Folketidende, - eit opplysningsblad, agitasjonsorgan og langt på veg medlemsblad for rørsla. Det politiske innhaldet i bondevenrørsla hadde to grunnleggjande hovudkomponentar. Den eine var ein liberalistisk kamp mot den etablerte statsmakta, ”Stormandsvældet”, som Jaabæk uttrykte det. Den andre var å føra ein vidtgåande sparepolitikk.

Rørsla var organisert med ein ”overbestyrelse” og eit nettverk av lokallag i alle amta med unntak av

Finnmark. I løpet av tiårs-perioden 1865-1875 hadde rørsla ein stad mellom 25 og 30 000 skrivne medlemmer fordelte på rundt rekna 300 lokalforeiningar.

Sommaren 1870 hadde Folktidende eit landsoversyn ordna amtsvis etter medlemstal. I følgjeteksten skreiv Jaabæk:

”Jeg tror, at disse Foreninger danner en Magt, som er ikke ganske til at spøge med. Det kan også mærkes paa Storvældets Organer, at de frygter. Aldri før har Middelstanden haft synderlig Indflydelse i dette Land; bestandig har Storvældets Mænd hærsket. Derfor hyler nu dets talrige Organer, og det ene ”Tutarhorn” sterkere end det andet.”

Sogn og FjordaneMe veit etter måten lite om bondevenene i Sogn og Fjordane. Ingen har studert Jaabæk-rørsla i Nordre

Bergenhus Amt slik det er gjort for fleire andre område i landet, og berre ei lokalforeining kan seiast å vera godt undersøkt. (Vik Bondevenforening, studieoppgåve på lokalhistorie-studiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 1999).

Likevel veit me at Sogn og Fjordane var eit sterkt bondven-område. Etter landsoversynet i Folketidende sommaren 1871 var det fleire medlemmer i Nordre Bergenhus Amt enn i noko anna amt og alle fem representantane på Stortinget i åra 1870-1872 var bønder, fire av dei jamvel framståande bondvener.

Sogn og Fjordane hadde minst 31 bondeven-foreiningar, med Sunnfjord som bondeven-fogderi nummer eitt, både rekna etter tal på foreiningar og medlemmer.

Laget i Førde hovudsokn hadde åleine over 300 medlemmer av det samla medlemstalet i amtet på

Bondevener i Selje – og Sogn og Fjordane

Av Hermund Kleppa

Søren Jaabæk og bondevenene hans høyrer med til barnelærdomen. Det stod om han i noregssoga ”Vi ere en nasjon ..” og me høyrde om han i skulekringkastinga, - midt på 1950-talet. Søren ”Neibekk” sette seg best fast i minnet – fordi han sa nei til det meste i Stortinget. Som arkivar på Fylkesarkivet i snart 20 år har eg treft Søren Jaabæk og bondevener fleire gonger. Siste gongen var like før jul, i ei av møtebøkene til kommunestyret i Selje.

(framhald neste side)

Strekteikning av Søren Pedersen

Jaabæk (1814-1894).

Søren Pedersen JaabækSøren Pedersen Jaabæk (1814-1894), fødd i Holum i Vest Agder, omgangsskulelærar i Holum 1831-1837, lærar og kyrkjesongar i Harkmark 1843-1845, gardbrukar på Jåbekk i Halse og ein periode på farsgarden Holumsland i Holum. Han var ordførar i fleire år og vart vald inn på Stortinget for Lister og Mandals Amt i 1845 og sat sidan på Stortinget til 1891. Han skipa organisasjonen Bondevennerne i 1865 og vart etter kvart førar for tusental bønder kringom i landet. Det var særleg offentleg sparing dei samla seg om. Ei anna merkesak for Jaabæk var kravet om utvida røysterett. Med Bondevennerne gjorde Jaabæk ein nyskapande innsats som fekk varig verknad på det politiske livet i Noreg.Ein marmorbyste av Jaabæk, hoggen av Mathias Skeibrok, vart oppsett i Stortinget i 1896, og ein bautastein med portrettmedaljong av Lars Utne vart avduka i Halse 1909. (Frå omtale i Norsk Allkunnebok).

Page 12: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

12 13

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

nær 3000. Tre store bondevener i Sunnfjord var Søren Nydal frå Holsen, Karl Vefring frå Vevring og Johan J. Skagen frå Sande.

Kjelder til bondevenrørslaTo hovudkjelder til bondevenrørsla er avisa Folketidende som kom ut i perioden 1865-1879, og Søren Jaabæk-arkivet som er oppbevart i Statsarkivet i Kristiansand. Det inneheld m.a. brev og skriv Jaabæk fekk frå folka sine rundt om i landet. Vidare er aviser ein stad å gå, både dei større avisene og lokalblada. Diverre er det ikkje mykje å henta i aviser for Sogn og Fjordane etter som dei to fyrste avisene i fylket – Nordre Bergenhus Amtstidende, Florø, og Fjordenes Blad, Nordfjordeid, fyrst starta opp i 1874, då bondevenene var på full fart nedover. Men dei to blada er ikkje heilt frie, - t.d. står det i NBA eit utførleg referat frå eit møte i Holmedals Sogns Bondevenforening, 29. desember 1874, og ein annan stad ei tilvising til ein tidlegare kraftfull bondevennforening i Årdal med L. Holsæter som formann.

Arkiv etter bondevenforeiningane er det jamt over smått med i det heile teke. I Sogn og Fjordane kjenner Fylkesarkivet til arkiv (møtebøker og litt anna) frå foreiningane i Holmedal, Vik, Hornindal og Nedstryn. Men aktivt oppsporingsarbeid kan vonleg resultera i at fleire møteprotokollar

og andre arkivsaker kjem for dagen.Elles kan det finnast bondven-opplysningar i andre privatarkiv, som t.d. i

Torstein Guttormsen FretheimBonde og stortingsmann Torstein Guttormsen Fretheim (1808-1874) frå Aurland kan kanskje kallast Sogn og Fjordane sin Søren Jaabæk. Han var ordførar i Aurland i om lag 30 år og representant frå NBA (Nordre Bergenhus Amt) på Stortinget i 1842, 1848, 1862-1863, 1864, og 1871-1873. Jaabæk og Fretheim vart godt kjende som stortingskollegaer, og Jaabæk sette Fretheim høgt. Det kjem klårt fram i ein omtale i Folketidende 13. mai 1868 i høve stortingsvalet. Fretheim vart ikkje vald i 1868, men derimot to år seinare.

Torsten Frettem er utvivlsomt en af de bedste Stortingsmænd for Bondestanden, som Nordre Bergenhus Amt har haft, i det mindste i en lang Række Aar. Tidlig vaktes hans Tanker om offentlige Ting. Da han endnu var meget ung, begyndte han den Tanke at opstige hos ham, at det vilde være ønskelig at skue ind i, hvorledes Embedsmænderne greier de offentlige Ting, som egentlig Bønderne selv burde greie.

Denne tanke har stadig fulgt ham senere i Livet, og han har faaet erfare meget som han ønsker var annerledes, baade i Storthing og ellers. Han har lært Embedspartiet at kjende, saa han ikke tragter etter Embedsmænd til Bøndernes Talsmænd. Han mener, at Bønderne maa hjælpe sig selv uden Embedsmænd fra Amterne. Frettem var en god og paalielig og meget forstandig Storthingsmand, fordi han var saa stø og stod paa Bondestandens Side, derfor vilde Embedsmænd ikke have ham.

Men norske Bonde, vælg du ham, da gjør du vel. I 1842 og 48 stemte han af 19 Sager, som haves med Navnefortegnelse, 19 Gange med Bondepartiet og ingen med Embedspartiet. Det var støhed. Nordre Bergenhus Amt opfordres til at vælge denne stø Mand til Storthingsmand. Embedspartiet anbefaler sine, vi maa anbefale vore trofaste Mænd. (Engesæter – Sogn og Fjordane fylkeskommune – s. 82).

Frå side 7

Bonde og stortingsmann Torstein Guttormsen Fretheim (1808-1874)

frå Aurland.

a) ei dagbok Ulrik Koren, sokneprest i Bremanger 1864-1874. I valåret 1873 noterte han:Holdt valgforsamling i Kirken. Jeg fik, som jeg ventede, ingen stemmer til valgmand. Den Jaabækianske Aand er trængt inn ogsaa her. b) i personarkivet etter bonde og stortingsmann Arne Tonning i Stryn.

Om bondevenene i kommunearkivaOg så – nå kjem eg til hovudpoenget mitt i dette stykket – det finst også spreidde spor etter bondevenene i kommunearkiva. Gjennom den systematiske registreringa av møtebøker som no pågår i Fylkesarkivet, kan det koma for dagen fleire bondeven-saker enn dei to-tre me visste om frå før, i Førde og Vik. Det vil seia, me har alt oppdaga nye bondevenspor, - i møteboka til kommunestyret 4

Page 13: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

12 13

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

i Aurland og i møteboka til kommunestyret i Selje.

I ”Spidsen” for å skipa foreiningI Selje-møteboka står det innført, under sak 4 i kommunestyremøtet, 25. mars 1872:

Derefter oplæstes Forestilling fra en Gaardbruger i Sælø af 29de f. M. til Kommunebestyrelsen om at denne ville sætte sig i Spidsen for Oprettelsen af en Bondevenforening for Herredet med hovedsageligt Formaal ved hyppigere eller færre Møder at bringe mer Kundskab og Oplysning ud iblandt Bønderne især i politisk og communal Retning for i denne Bevægelsens Tid at lære mer, og klarere at indsee, hvad der er den Rette og Sande Fremgansmaade med de saameget omtalte Besparelseseposterne Saavel i Stat som Kommune; samt indeholdende Anmodning til Kommunebestyrelsen.Mod 8 Stemmer besluttede denne Sag udsat indtil de forskjelligt beliggende Kredse af Præstegjeldet blive almindeligt bekjendte med en saadan Forenings Formaal.

Ord og vendingar i dette godt over hundre år gamle saksreferatet verkar framande for lesarar anno 2004. Mannen bak ”forestillingen” (tyder her ein ide, tanke, eit framlegg) ynskjer at kommunestyret skal setja seg i ”Spidsen” for å få skipa ei bondevenforeining, eit lag som skal driva politisk arbeid i kommunen – ved å halda møte, driva opplysning, gje kunnskap, skapa innsikt, koma med innspel til ”Kommunebestyrelsen”. Sak 4 på kommunestyremøtet i Selje 25. mars 1872 er eit varsel – kanskje det fyrst dokumenterte - om organisert politisk arbeid i kommunen.

Det går ikkje fram av møteboka om det vart nokon bondevenforening i Selje. Mest sannsynleg ikkje. I 1872 var bondvenene som landsomfattande rørsle i tilbakegang.

Bondevenforeiningar i Norge Oversynet står i Folketidende 12.07.1871. Jaabæk sin kommentar: Saaledes staar den bdv. Bevægelse nu, udtrykt i TAL. Den kan nu ved de aarlige Storthing komme til at udrette betydelige Ting. (....)

1. Nordre Bergenhus 25 25812. Lister og Mandals 27 20493. Kristians 17 15864. Søndre Bergenhus 17 15395. Budskeruds 19 15376. Smaalenenes 21 15047. Norlands 17 14878. Bratsberg 17 11479. Søndre Throndhjems 12 105310. Romsdals 18 104511. Jarlsberg og Laurvig 14 99612. Stavangers 17 87713. Tromsø 11 81014. Hedemarkens 9 79615. Nedenæs 11 77716. Nordre Throndhjems 11 48217. Akershus 7 39418. Finmarkens 0 0

Bondevenforeiningar i Nordre Bergenhus AmtMerknad: Oversynet står i Folketidende 05.07.1871. Nr. 27-32 er nemnde andre stader. Alle foreiningane eksisterte ikkje samstundes, og fleire hadde kort levetid. Det finst døme på at same person var formann i fleire foreiningar på same tid.

1. Aurland 62 T. Frettem2. Brekke 61 I.H. Brække3. Davik 216 O.A. Hauge4. Førde 327 S.R. Nydal5. Hafslo 23 S. Bugge6. Indre Holmedal 313 J. Skagen7. Kyrkjebø 49 A. Haaland8. Lavik 9. Oppstryn 95 I. Flo10. Vik (Sogn) 84 E. Andersen11. Holmedal 90 O.M. Bakke12. Dale 50 O.M. Bakke13. Jølster 69 A.R. Møklebust14. Hornindal 91 H. Holmø15. Eid og Stårheim 142 Viinberg(?)16. Olden ? ?17. Breim 75 L.R. Gaasemyr18. Nedstryn 50(?) A.O. Tonning19. Vevring 110 N.H. Braastad20. Askvoll 156 J. Ask21. Årdal 16 L. Holsæter22. Naustdal 185 S.R. Nydal23. Svanøy 6224. Haukedalen 62 S.R. Nydal25. Holsen 51 S.R. Nydal26. Vik (Sunnfjord) 43 L.N. Aarnes Dessutan:27. Fjærland 2528. Sogndal 32 29. Balestrand ?30. Innvik 4831. Gloppen 15032. Kinn ?

Page 14: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

14 15

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

Kvar kom morsdagen frå?Morsdagen kom frå Amerika og hadde ikkje noko kommersielt utgangspunkt. Den var rett og slett ein personleg minnedag for ei mor som var død. Den første morsdagen var 12. mai 1907. I 1914 vart morsdagen ein statleg høgtidsdag i USA. Metodistkyrkja var aktiv med dei første morsdagsfeiringane. I Noreg fekk me morsdag frå 1918. Sidan vi allereie hadde mange festdagar i mai, vart morsdagen lagt til vinteren - til den andre sundagen i februar. Den første morsdagen som blei feira i Sogn og Fjordane skal ha vore i 1923. (Kongsvik)

”Morsdagen vert ofte nemnd i bladi. Der er dikt til mor - og bladstykke um mor.” Anders Skåsheim skreiv dette om omtalen av morsdagen i 1959 frå Balestrand. ”Det var serleg gjennom avisene desse festdagane (morsdag og farsdag) er vorte kjende”, fortel Hans O.Hov i 1954 frå Fresvik i Sogn.

Ivar Kleiva frå Dalsøyra i Gulen fortel etter John J. Kjellevold, fødd 1864: ”Det er ikkje ållment å høgtida morsdagen her enno, men ikkje så få gjer det, og det vert jamt fleire. Skikken kom hit for 12-15 år sidan”. Dette er truleg skrive i 1953-54. Det var då Norsk etnologisk

gransking første gong spurde om feiring av morsdag og farsdag.

Fåe svar på spørjelisteneDet er ikkje mange svar om morsdag og farsdag eg har funne på spørjelista frå NEG. Dei fekk truleg ikkje så mange opplysningar om denne feiringa i 1953, for i 1959 blei det sendt ut ei liste med tilleggsspørsmål om mors- og farsdagen. Dette skriv dei frå Norsk etnologisk gransking som den gongen hadde adresse Norsk Folkemuseum, Bygdøy:

”I 1953 spurte vi om hvordan folk markerer mors- og farsdagen i Deres bygd. Det er gått 5 1/2 år siden den tid. Vi vil gjerne få vite hvordan det er gått i mellomtiden med disse to nye merkedager og ber dem derfor om å svare på de følgende spørsmålene. De kan understreke det som passer på dette ark. Har de noe å fortelle utover våre spørsmål, vær gild og skriv om det på dette ark nedenfor. Vi er takknemlige for hver opplysning.”

Her får informanten eit høve til å svare på ein rask og grei måte, med å streke under ord i spørsmåla som svar. Sidan mors- og farsdagen var nye dagar, har gjerne ikkje informantane rekna dette som viktige kulturhistoriske opplysningar. Mange av informantane er truleg meir interesserte i gamle skikkar enn desse nye tradisjonane som blir spreidde gjennom media som aviser, vekeblad og kringkasting.

Blautkaker og kringler”Til morsdagen får bakaren på staden levera mange kringler, elles er det blautkaker med innskrift og andre heimesteikte kaker med syltetøy og kaffi eller ”sukkerlade” til”, fortel Hans O. Hov frå Fresvik.

Frå Sunnfjord finn eg at det som oftast var mor sjølv som bakte til morsdagen - og blautkaka var vanleg denne dagen. ”Ikkje så sjeldan vert det kjøpt bakarkringler til morsdagen, men likså ofte bakar vel mor sjølv det

som trengst til høgtida. Her er ingen bakar, så dei kakene ein får er det handelsmannen som får frå bakaren i Bergen. Det er vel difor han som helst avgjer kva kaker som vert brukt.” (Frå Dalsøyra)

Feiring i heimen og på ungdomshusetDei fleste feirar morsdagen i heimen. I nokre bygdelag blei det halde morsdagsfest. Det kunne vere på bedehuset eller på ungdomshuset.

”Når det gjeld morsdagen har ungdomslaget synt eit godt føredøme. Annakvart år bed dei inn alle mødrer i bygdi til fri fest med god mat og godt program elles, dette tok ein til med for omlag 20 år sidan. Elles vert dagen ”feira” rundt om i heimane.” (Hans O. Hov)

På Barmøya i Selje var det skuleborna som arrangerte morsdag, dersom dei hadde ei fellesfeiring. Men som regel var det familien som feira i heimen. (Sverre Barmen)

Den kommersielle sidaAnders Skåsheim kommenterer den kommersielle sida av mors- og farsdagen:

”Morsdagen vert ofte nemnd i bladi. Der er dikt til mor og bladstykke um mor. Farsdagen vert det ikkje gjort so mykje for. - I dei seinare år er det mest store varehus som kunngjer farsdagen i von um sal av høvelege gåvor til far. - ” ( 19/12-1959).

Svara på NEG sine spørjelister legg lite vekt på gåver. Nokre få nemner dette, men det er tydeleg at kaffimaten er viktigare i feiringa:

”Som regel blir mors- og farsdagen markert i hjemmet ved en samling av familien, med en kopp kaffe og kaker, gjerne er bløtkake. Kort eller telegrammer fra familiemedlemmer som er lenger borte, og i enkelte tilfelle gaver.” (Ole Kr. P. Fure, Drage, Selje)

Morsdagen - ein triveleg tradisjon for familien - eller eit påfunn frå kremmarane for å auka sal og forbruk?

Av Randi Melvær

I ein skuff heime fann eg et eit lite kort, laga av teiknepapir og bretta dobbelt. Utanpå kortet står det skrive ”Til Mamma” og sendaren har gjort seg føre med å teikna ein blomevase med fem blomar i. Blomane har alle forskjellige former: ein er hjarteforma, ein er firkanta, ein er trekanta, ein rund, og ein har noko eg vil kalla blomefasong. Vasen er dekorert med eit strekmønster med ymse parallelle strekar. Kortet er truleg laga i småskulen. Det var kjekt å finne att dette kortet, sidan det vekte gode minne for meg.

4

Page 15: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

14 15

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

”Noko ekstra godt til kaffien”Det typiske morsdagsmåltidet var anten kaffi på senga, fin frukost på kjøkenet, eller noko ekstra godt til kaffien. Eg skal her kome med oppskrift på kaffimat, ei kringle frå Eikefjorden og ei blautkakeoppskrift som vi brukar i vår familie.

Wienerkringle frå Eikefjorden300 g kveitemjøl50 g gjær30 g sukker150 g smør eller margarin2 dl mjølk1/2 ts kardemomme

Mandelfyll:75 g mandlar125 g melis1 eggekvite

Smelt smøret, ha i mjølk med oppløyst gjær. Rør inn mjøl med sukker og kardemomme. Set deigen til heving. Mal mandlar og blanda dei saman med melis og eggekvite. Trill deigen ut til ei pølse og klapp eller bak han litt ut. Legg på fyll etter midten og brett deigen over. Legg han med skøyten ned på plata og hev. Pensle med egg og steik ved 200°C i 15-20 minutt.

Mors sukkerbrød3 egg1 1/2 dl sukker1 1/2 dl potetmjøl2 ss kveitemjøl2 ts bakepulver

Pisk egg og sukker til stiv eggedosis. Sikt det tørre i eggedosisen og vend det varleg inn. Smør ei rund form som er 22 cm i diameter. Steik på 170°C i 40-45 min. Dette sukkerbrødet er enkelt å laga, lett å lukkast med, og egnar seg difor å baka for barn som vil overraska mor til morsdagen. Del sukkerbrødet i to og dynka det med mjølk. Lag vaniljekrem og fyll kaka med sukra blåbær og vaniljekrem. Dette blir ei velsmakande dessert-kake!

Kjelder:- NEG (Norsk etnologisk gransking), spørjeliste nr. 39 Høgtidsmat - familiefestar med tilleggsspørsmål - Spørjeliste 72 Mors- og farsdagen (NEG)- Privatarkivmateriale- Kongsvik, Åse: Alle tiders Fjordamat - til høgtider og merkedagar. Selja forlag 2002.

Slik ser kortet ut med blomevase

og blomar. Teksten er nok delvis skriven

av barnet sjølv, før den doble

konsonanten var heilt innøvd og mens vokalane

av og til blei gløymde, og delvis av ein

vaksen på skulen.

Page 16: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

16 17

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

Fylkesarkivet har ansvar for arkivdokument med ganske ulikt opphav; offentlege arkiv, bedrifts- og organisasjonsarkiv og arkiv frå privatpersonar.

Desse ulike arkiva har alle si rolle som kjelder for å fortelje soga om Sogn og Fjordane og om dei einskilde

lokalsamfunna i fylket.

For Fylkesarkivet som arkivinstitusjon er det difor viktig å sikre eit bredt kjeldetilfang som historikarar, skuleelevar og andre interesserte kan nytte seg av.

Vi ser at private avleveringar av kjeldemateriale, av alle dei nemnde kategoriane, er med på å komplettere samlingane våre, og til å gjere oss til ein betre arkivinstitusjon. Vi vil difor oppmode lesarane av Kjelda til å vere merksame på arkivmateriale som ligg i private heimar. Dersom Fylkesarkivet får inn arkivmateriale

Naustdal Mållag vart skipa i 1904, trur vi. Initiativtakar skal ha vore Rasmus Øvrelid. Han kom til Naustdal hausten 1903 som styrar av Sunnfjord ungdomsskule.

Men målmenn var det i bygdene her om kring lenge før den tid. Alt Lars Thingnæs (1842 - 1865) skal ha halde seg med målblad og er nemnd som ein av dei fyrste målmenn i Sunnfjord. Men på den tid var det knapt andre målblad enn Dølen som kom ut og Lars Thingnæs kverv ut or soga.

Her i Naustdal etablerte den seinare så kjende Mons Litleré forlag og agenturverksemd for landsmålslitteratur kring 1884/85. Både Mons og dei litt mindre kjende ”Svorstølskarane” - brørne Moses, Per, Nils og Ola - var elles aktive i det som rudde grunnen for målreisingsarbeidet: Skyttarlaga og dei frilynde ungdomslaga.I striden sjukna Naustdal Mållag bort og døydde ein gong i 1920 eller -30 åra. Men i 1951 vart laget reorganisert og har stort sett halde liv i seg sidan. For å skrive noko om mållaget i høve det ”trulege” jubileet, vart det difor å ringje rundt om på bygda for å etterlyse brev og protokollar frå det eldste laget. Men kreativ tenking og gjetting har ikkje gjeve resultat så langt.

I staden har arkiva til ei rekkje offentlege og halvkommunale nemnder dukka opp frå ”inkjevetta”: Forsynings-, kontroll-, heste- (ikkje visste eg at noko heitte slikt.) og prisnemnd. Dessutan Naustdal jordstyre og Naustdal Arbeidarlag. Mesteparten er frå siste krigen og

Ta vare på arkivmateriale!

Av Karianne Schmidt Vindenes

Artikkelen som Runde har skrive og brevet frå Hyllestad er båe med på å understreke ein viktig bodskap frå Fylkesarkivet: Arkivmateriale er verdifullt og må takast vare på og oppbevarast slik at ein sikrar arkiva for ettertida!

vil vi sørgje for at det vert trygt oppbevart og at det vert tilgjengeleg for ulike brukarar. Eg vil til slutt minne om at kommunalt arkivmateriale er kommunen sin eigedom, og oppmodar dykk til å kontakte Fylkesarkivet eller kommunen dersom de finn den typen arkivmateriale.

Naustdal Mållag - på leit etter arkivsaker

Brev frå M. Lundeland, 17.02.1986.

4

Page 17: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

16 17

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

ForsyningsnemndI 1939 vart forsyningsnemnder oppnemnde i alle kommunar utanom Oslo og Bergen der dei skulle ha fylkesforsyningsnemnder. Kommunestyra vart ansvarlege for å utnemne medlemmer til forsyningsnemndene og til å tilsette ein forretningsførar som skulle stå for det daglege arbeidet. Kommunestyra hadde også høve til å velje særnemnder til å ta seg av einskilde oppgåver som var lagt til forsyningsnemndene. Desse særnemndene kunne til dømes ha ansvar for rasjonering, vedforsyning og oljeforsyning. Særnemndene vart rekna som avdelingar av forsyningsnemnda og vart til liks med denne administrert av forretningsføraren.

Forsyningsnemndene si oppgåve var å halde seg informert om alt som hadde innverknad for forsyning av matvarer, brensel, fôr og andre naudsynte varer. Nemndene skulle vidare hjelpe til med å gjennomføre og handheve dei tiltak som styresmaktene hadde satt i verk for å sikre forsyninga for heile landet. Forsyningsnemnda skulle difor føre kontroll med at reglane for rasjonering vart følgde, og gi departement, fylkesmann og fylkesforsyningsnemnda dei opplysningane dei hadde trong for.

Det daglege arbeidet til forsyningsnemnda bestod i å sørgje for tilstrekkeleg tilgang av viktige varer, og at det vart lagt opp reserver når det var høve til det. Nemnda førte tilsyn med omsettinga av varer, og dersom forsyninga eller fordelinga av varene ikkje kunne sikrast gjennom dei ordinære omsettingsledda, var forsyningsnemnda pliktig til å overta denne oppgåva.

Dei kommunale forsyningsnemndene vart oppretthaldne heilt fram til 1956.

HestenemndEi forordning av 3. juli 1943 slo fast at kommunale hestenemnder skulle opprettast for å ta seg av sal og utleige av brukshestar.

KontrollnemndI 1939 vart det bestemt at det skulle vere kontrollnemnder i kvar kommune. Både forbrukarar og næringsdrivande skulle vere representert i nemnda som skulle veljast av kommunestyret. Kontrollnemnda si hovudoppgåve var å føre kontroll med dei tiltaka som var fastsett for å kontrollere priser, forteneste, omsetting og andre forretningstilhøve. Ordninga med kontrollnemnder vart vidareført også etter krigen, og i 1953 vart dei erstatta av prisnemnder.

nærmaste åra etter. Korleis sakene har hamna der dei har hamna, er så langt eit mysterium, men innhaldet er interessant nok.

Forsyningsnemnda ser ut til å ha fått drive med sitt utan innblanding av høgare autoritetar. Men du verden for eit arbeid det må ha vore å gjere rett og skjel for seg i ei vanskeleg tid. Å halde greie på alle slags tilvisingar som kjøp av ”Kondensert melk”, tobakk eller skoty, var ein ting. Men poteter og slakt til eige bruk eller sal, må ha vore eit enormt kontrollarbeid som nok ikkje alltid var like populært, her verkar det som nemnda har vore rundt om på gardane for å vege opp. Litt ut i krigen, ser det ut som nemnda har vorte meir summarisk med grise- og kalveslakt, jamt over veg desse no 80 og 15 kg. Okse- eller kuslakt derimot, vert vegne opp.

Ikkje merkeleg at nemnda har hatt ei velbrukt handbok, ”Bestemmelser om rasjonering og forsyning”, utgjeve

av Forsyningsdepartementet i 1941, til hjelp.

Kjøp og sal av hest i denne krigens tid, ser derimot til å ha vore ei langt alvorlegare affære. Her styrer Fylkeshestenemnda på Hermannsverk gjennom naziordføraren i Naustdal. Dette gjeld både ved kjøp og sal eller transport av hest. Ordføraren passar alltid på å sende offisielle brev stempla ”Ordføraren i Naustdal” til heste- eller forsyningsnemnda (Desse to nemndene verkar å vere same folka).

Som rett og rimeleg, er dei omtala arkivsakene leverte til Fylkesarkivet/Kommunearkivet.Men kvar er det eldste arkivet til Naustdal Mållag frå kring 1904? Ola Naustdal - Ola i Garda - skal ha vore siste formannen og Elias Solheim siste kasseraren før laget gjekk i dvale. Eg tek gjerne i mot tips, no eg held på med lagssoga.

Harald Jarl Runde

Ein januardag i 2004 møttes eit knippe historikarar og andre fagfolk til eit seminar i Sogndal. Målet med dette seminaret var å diskutere ”Vestlandets historie”, eit prosjekt som framleis er i startfasen. Prosjektet sitt mål er å skrive eit verk som skal teikne Vestlandet og vestlendingane sin historiske profil. Ein vil sjå på tilhøve som bind området saman og på lokale ulikskapar og spenningar i landsdelen gjennom tidene. Samtidig vil verket plassere Vestlandet i forhold til resten av landet og den større omverden regionen har hatt kontakt med frå eldre tider. Dette inneber at Vestlandet sine kontaktar med andre landsdelar og med utlandet vert kartlagt og at vestnorske særtrekk og fellestrekk i høve til andre regionar vert granska. Eit interessant moment med dette prosjektet er at redaksjonsnemnda inviterer lokale fagfolk til debatt kring tematikk og disposisjon. Fylkesarkivet er ein av institusjonane som stiller med fagfolk i denne debatten, og vi ser fram til å følgje prosessen vidare fram mot eit ferdig historieverk.

’Vestlandets historie’

Page 18: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

18 19

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

Sogn og Fjordane Kunstmuseum kjenner ikkje til ”Islandsmaleriet”. Fritjov Urdahl meiner han har høyrt noko om det, vedgår at han er så og seia blank, men voldsomt interessert og spent på om det finst noko

”Islandsmaleri” på Island. ”Det ville vore noko å ta fram”, skreiv Fritjov’en i eit e-brev nyleg, ”det har vore skrive om mindre saker”.

Fylket sine to aviser i 1874, Nordre Bergenhus Amtstidende og Fjordenes Blad, har meir å fara med. Begge har fleire stykke om saka. I 1874 feira Island tusenårs-jubileum for den fyrste faste busetjinga, og under eit ”Amtsmøde” i Førde sommaren

same året, kom tanken opp om å senda ei minnegåve.

Det vart oppretta ein komite med Andreas Aabel som formann. (Andreas Aabel var distriktslege i Sunnfjord og busett på Falkenstein i Førde).

Gåva skulle vera eit stort landskapsmaleri frå Dale, frå fjorden dei to fyrste landnáms-mennene, Ingolv Arnasson og Herleif Rodmarsson utvandra i 874.

Komiteen sette straks i gang med innsamling, og Aabel sende stykke til avisene. Oppglødd som han tydelegvis var, og utstyrt med diktarevner, skreiv han minst to islandmaleri-dikt. (Det eine teke med her.)

Ved eit høve vart kvinnene i Nordre Bergenhus Amt særleg utfordra til innsats. I fleire annonser vart dei utover våren 1875 oppmoda om å senda inn ”gjenstandar” til ein basar i Førde til inntekt for maleriet (sjå faksimile).

Men så stilna det av, i alle høve i dei to avisene. Etter ein kortfatta notis om resultatet av maleri-basaren, finn me ikkje meir før i april året etter. Då hadde begge avisene ein statusrapport, signert A. Aabel. Av stykket går det fram at han skal flytta frå ”distriktet”, at det har kome inn kring 300 Spd., og at komiteen har vore i kontakt med Anders Askevold. Askevold kan levera ”Islandsmaleriet” i løpet av to år for eit honorar på 500 spesidalar. Aabel fortel óg at komiteen har ein konto i Førde Sparebank og at det også står ein sum i Ytre Holmedal Sparebank (Fjaler).

Så reiste Andreas Aabel til Austlandet. Spørsmålet står framleis om det vart noko av Sogn og Fjordane si gåve til Island i høve tusen års-jubileet i 1874.

Eg har ikkje hatt høve til å fylgja saka vidare. Men islandsmaleri-kontoen i bankprotokollen sier sitt: Beløpet stod urørd til 1885. Då vart kontoen avslutta. Vi veit ikkje kven som tok ut beløpet – eller kva pengane vart brukt til. Det kan sjølvsagt ha vore til eit Islands-maleri, men sjølv trur eg vel nå at det aldri vart noko av Islandsmaleriet, i alle høve ikkje det maleriet dei tenkte seg i 1870-åra.

“Islandsmaleriet ved Doctor Aabel”

Av Hermund Kleppa

Innskotskonto nr 1574 ein bankprotokoll frå tidlegare Førde Sparebank vekkjer undring: Islandsmaleriet ved Doctor Aabel .. 1875 .. 19. Juni .. Indsat ..110 Spd.Kva slags ”prosjekt” var dette, for godt og vel hundre år sidan? Var det alt laga eit maleri, eller var det tanken å få til eit ”islandsmaleri”? Kvifor, i kva samanheng? Vart det noko av? Og i så fall: - Kven laga det, - korleis såg det ut, - finst det i dag, - på Island?

4

Page 19: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

18 19

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

Minnestatue frå KøbenhavnKøbenhavn si jubileumsgåve til Island i 1874 var også eit kunstverk, ei statue av den verdskjende danske bilethoggaren Bertel Thorvaldsen. Statua står har innskrifta:

Bertel Thorvaldsen, født d. 19de November 1770, død d. 24de Mai 1844. Nordens største Kunstner. Dette Billede [dvs. denne statua], støbt over Thorvaldsens egen Modell, gav Landets Hovudstad, Thorvaldsens Fødeby og Arving, til Island i Anledning af dets Tusindaarsfest 1874.

Sogna-måleri til Island 1954Anders Skåsheim (1881-1965) frå Balestrand, busett i Bergen, var ein ihuga Islands-mann. Han fekk fyrst på femti-talet ordna med ei frendegåve frå sogningar og Sognalaget i Bjørgvin (Bergen). Gåva var eit måleri av garden Alværa ved Lavik, måla av ørstingen Karl Straume (1877-1968), ein av dei fremste og best kjende kunstmålarane på Vestlandet, i følgje ei pressemelding frå juli 1954.

I pressemeldinga går det også fram at professor dr. Haakon Shetelig hadde sett måleriet og godteke det som ei gåve frå Noreg til Island. Skåsheim tok biletet med seg på ei ferd til Island og overleverte det til Alltinget.

NB! Ingen ting tyder på at Skaasheim kjende til det påtenkte Islandsmaleriet i 1874.

Kjelder:Norsk Biografisk LeksikonNorsk AllkunnebokPrivatarkiv: SFF-88047Anders Skåsheim

Endeleg, endeleg er våren i siget

Lyset, varmen, fargane og det spirande nye er ei stadig kjelde til glede, undring og inspirasjon. Dette er årstida som kan få dei mest sindige av oss til uttrykkje oss i reint lyriske vendingar. Kjelda vil gjerne prise våren og den komande sommaren, men vi let forfattaren Helga Ladehaug ta seg av lyrikken.

Helga Ladehaug, f. 1924, er frå Stryn. Ho byrja å skrive på –70talet og er mest kjend som lyrikar, men har også publisert noveller. Ho vert omtala som ein samtidsengasjert forfattar, oppteken av samfunnstilhøva både heime og ute i verda. Dette engasjementet finn ein ofte att i dikta hennar som mellommenneskelege og moralske spørsmål. Det vesle diktet vi har plukka fram, ber våren og framtida i seg. Nyt det.

Sommar i venteEg såg våren i dagDei sat på hagebenkenOg høyrde ikkje pressluftboret hos grannenDei såg ikkje jetflyet som teikna blonder for englane

dei kjende pulsen i den andre si hand og visste alt om kjærleik

løynd bak gardinet stod hausten og nikka tenksamt:eg trur vi får ein fin sommar –

(Kjelde: Jul i Nordfjord, 1989).

Kjerstin Risnes

”Islands-Maleriet fra Dale”(hvis ingen bedre Tekst bydes)

Bredved Noregs bratte Fjeldmed sin Alvorstaleligger blide Bakkeheldi de dybe Dale –som en knoklet kjæmpearmom en Kvinde væn og varm.

Aldrig laag i Fjeldets Trygdved de Bølger svalebedre Bild af Blom og Blygdend i – selve ”Dale” –Perlen mellem Dalsfjord Guldminderig og yndefuld.

Andreas Aabel (1830-1901), fødd i Sogndal, gift med Wilhelmine Louise Collett, foreldre til Hauk Aabel (1869-1961) og besteforeldre til Per Aabel, hadde diktaremne. Han gav ut Rimstubber i 1862, Høstblomster, Rimstubber

II i 1896, og det var Andreas Aabel som skreiv den kjende songen Se Noregs blomsterdal. Dette Islandsmaleri-diktet stod på trykk i Nordre Bergenhus Amtstidende og Fjordenes Blad sommaren 1874.

Leif og Helga over Havlaut til Island drage,han fandt der saa ung sin Grav,hun – saa tunge Dage, -hele Livet hendes Sjælhang ved ”Dale”, mindesæl.

Bild fra Ingolfs Barnehjem,Helgas Brudekammer,bær et Frændebud til demmellem Is og Flammer!Noregs Moderhjærte tolklyst og lindt for Islands Folk!

A. Aabel

(Tone: Sole gaar bak Aasen ned).

Bertel Thorvaldsen-statua den danske hovudstaden gav til Island i 1874 i høve 1000 års-jubileet for den fyrste busetjinga, fostbrørne Ingolv Arnason og Herleiv Oddmarsson frå Dalsfjorden.

Page 20: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

20 21

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

Velte-UppseteStriden om kommune- og fylkesgrensa i Uppsetedalen oppstod då ein skulle til å skattleggja arbeidarane på Bergensbana, og då grunneigarane skulle få erstatning for områda som vart nytta til jernbanebygginga. Aurland kommune innførte også ein hundeskatt for anleggsområdet. Det synte seg at dei som heldt til på Vetle-Uppsete kravde seg friteken for hundeskatten, då dei meinte at dette området låg i Ulvik kommune. I Aurland kommune var dei overtydde om at Vetle-Uppsete høyrde til Aurland og alltid hadde vore ein del av utmarksområdet til gardane Brekke og Melhus.

Oluf Rygh (1833-1899) skriv i ”Norske Gaardnavne”, på side 478 i band 11:

”Ulvik herred, gaard nr. 49 Lekve nedre, bnr. 11 Opsæter lille. Kaldes Vettle Oppsæte. Efter denne Støl har Opsæt Jernbanestation ved Gravehalsen Navn.”

Her går det fram at Vetle-Uppsete

var skyldsett under garden nedre Lekve i Ulvik kommune.

Frå formannskaps-protokollenDen fyrste gongen striden om kommunegrensa vart teken opp i Aurland kommunestyre var 9. juli 1900, sak nr. 9:

”Skrivelse frå Gjørgen Lækve til Ulviks herredsstyre af 9de marts sidstleden, hvori han andrager om herredsstyrets medvirken til at grændserne i mellem hans eiendom Lille-Opsæth i Ulvik i Søndre amt og Lille-Opsæth tilhørende opsidderne på Melhus i Aurland i Nordre amt, bliver bestemt ved udskiftning, er ved paategning af Amtmændene i Søndre og Nordre Bergenhus Amt af henholdsvis 5te og 19de Juni dette aar, er forelagt herredstyret til udtalelse:Sagen besluttedes enstemmig udsat til et senere møde.”

19. september 1900 kom saka opp att, sak nr. 1:

”Udsat sag nr. 9 fra møde den 9de juli s.l. i anledning Gjørgen Lekves skrivelse af 9de marts s.l. til Ulviks herredsstyre, hvori han andrager om herredsstyrets medvirken til at hans andel af Lille-Opsæt – en felles sætter for ham og Johannes H. Aaheim af Ulvik i Søndre amt, og for oppsidderne på gården Melhus i Aurland i Nordre amt – må blive uddelt og avgrendset

ved udskiftning er ved beslutning af Ulviks herredsstyre under 26 marts s.l. gjennem Amtmendene i Nordre og Søndre amt sendt herredsstyret til udtalelse.Herredsstyret er enstemmig af den mening, at en deling af Lille-Opsæt ved en udskiftningsret er efter de stedlige forhold uhensigtsmæssig og ødelæggende for sæteren. Noget Lille-Opsæt i Søndre Bergenhus amt kjender herredsstyret ikke til.”

Grunneigaren på nedre Lekve i Ulvik kommune kravde utskifting på stølen Vetle-Uppsete, slik at kommune- og fylkesgrensene kunne fastsetjast sikkert. Men at stølen Vetle-Uppsete (Lille-Opsæt) skulle vera delt mellom Aurland og Ulvik var tydeleg noko nytt for kommunestyret i Aurland. Dei var overtydde om at dette måtte vera feil.

Aurland kommunestyre 24. oktober 1900, sak nr. 7:

”På ordførerens skrivelse af 26 august til Ulviks herredsstyre angående skomager Nils Solheims herredsskat for indeverende år, har nævnte herredsstyre under 19 september d.å. afgivet sådan udtalelse; at den del af Opset, hvor nævnte skatyder bor er fuldstendig sameie i mellem Aurland og Ulvik, kan ikke erkjende, at Aurland har større ret til at skatte ligne ham end Ulvik. Henstiller sagen til vedkommende departements afgjørelse.

Herredsstyre må fastholde, at angjeldende skatyder er retlig skatlagt i Aurland og besluttedes enstemmig, at inddrive det af skatyderen til Ulviks kommune deponerede beløb kr. 28,20. Ordføreren bemyndiges til at fremme sagen.”

Dei uklare grensene skapte problem når skattane skulle drivast inn.

Grensetvist mellom Aurland og Ulvik i Uppsetedalen

Av Anders GjerdeDenne artikkelen er ei oppfølging av artikkelen om grenseendringar i Kjelda nr. 3, 2002.

I samband med bygginga av Bergensbana gjennom Uppsetedalen oppstod det usemje om kvar kommunegrensa mellom Aurland og Ulvik gjekk. Striden varte i fleire år før det vart gjort eit endeleg vedtak i saka.

Biletet syner Vetle-Uppsete med jernbane-stasjonen og Gravhals-tunnelen, heilt til høgre på biletet. Det var under bygginga av Bergensbana gjennom Uppsetedalen at tvisten om kor kommune-grensa mellom Aurland og Ulvik oppstod.

4

Page 21: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

20 21

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

ErklæringAurland kommunestyre 17. juni 1901, sak nr. 6:

”Ved Amtets påtegningsskrivelse af 20 mai s.l. er dokumenterne vedkommende Udskiftning eller flytting af Amtsgrænsen ved sæteren Lille-Opsæt tilbakesendt Herredsstyret til erklæring i anledning de af Ulviks herredsstyre under 10 April s.l. fremsatte forslag. Sagen besluttedes enstemmig udsatt.”

Aurland kommunestyre 18. september 1901, sak nr. 1:

”Den under 17 Juni s.l. som no. 6 udsatte sag vedkommende Ulviks herredsstyres forslag af 10 april d.a. om forandring af amtsgrendsen på Lille-Opsæt. Sagen blev efter forslag af ordføreren enstemmig besvaret således:Herredsstyret henviser til lensmann Ohnstads besvarelse af 2den marts d.a. og fastholder at den en del mænd frå Ulvik nu tilhørende halvdel af Lille-Opsæt må være kjøbt af Aurland, da så vel Store- som Lille-Opsæt fra umindelige tider har tilligget Aurland.Den nuverende amtsgrendse fastholdes som rigtig, og protesterer man mod, at den forandres indtil det bevises, at den er feilagtig trukket, hvilken bevisbyrde man skal tillade sig at overlade til Ulvik.Når Ulviks herredsstyre henviser til taksterne på Opsæt, skal man bemærke, at Aurlands herredsstyre hverken har været gjort bekjendt med odelstaksten på Lille-Opsæt, eller underrettet om, at sorenskriveren i Hardanger og Vos skulde administrerer Expropriationstaksterne dersteds, og er der først ganske nylig man her er kommen til kundskab om, at en del af Lille-Opsæt er – antagelig med urette – skyldsatt til Ulvik.Når herredsstyret anfører, at en mand fra Ulvik i 1774 bortskjødede stølen Langevaten til opsidderne på Brække, og disse i 1781 igjen har solgt den til mænd i Ulvik, da er vel dette ikke noget bevis for, at Opsætstølerne ikke da var Aurlands eiendom. Det skulde heller være, efter de beskrevne merkes linjer, et klart bevis for, at Opsæt også da tilhørte Aurland. Store- og Lille-Opsæt har i Aurland ikke særskildt skyld, men viser matrikuleringsprotokollen, at gårdene Brække og Melhus ere skyldlagte med disse sætre.Man er efter disse oplysninger som denne sag har foranlediget mer end nogensinde overtydet om, at Opsætstølerne fra

umindelige tider har tilhørt Aurland.En skrivelse fra lensmand Ohnstad af 16 dennes vedlægges dokumenterne.”

Aurland kommune var imot å gjera endringar i grensene før det var ført sikre bevis på at Vetle-Uppsete verkeleg var delt mellom to kommunar og to fylke.

Skatteoppkrevjing på Vetle-UppseteAurland kommunstyre 26. februar 1902, sak nr. 11:

”Skrivelse fra lensmand Ohnstad af 17. d.m vedlagt med en del dokumenter vedkommende hundeskatten i Opsæt.I følge vedlagte fortegnelser fra lensmand Hellegraven oplyses, at en del af grundeierne dersteds anser sig fritagne for hundskat til Aurland, da de bor på Lille-Opsæt, som de påberober sig tilhøre Ulvik.Herredsstyret fattede enstemmig sådan beslutning:Aurland benegter, at Ulvik som herred har nogen som helst eiendomsret på Opsæt, hvorfor lensmanden i Vos anmodes om på Aurlands herreds an- og tilsvar at inddrive hundeskatten på Opsæt i overenstemmende med reglerne og uden hensyn til, om vedkommende hundeeier eller hundeholder bor på Store- eller Lille-Opsæt.”

Kartet syner Uppsetedalen

med grensa mellom

Hordaland og Sogn og

Fjordane. Den gamle grensa er teikna inn

for å syna korleis det var

før grense-spørsmålet

kom opp.

Eit nytt døme på at skatteoppkrevjing i det omstridde området var vanskeleg.

Protest mot utskiftingaAurland kommunestyre 20. august 1904, sak nr. 3:

”Angående den under 6 juli s.l. afholdte udskiftningsforretning på Opsæt der i væsentlig grad også vedrører kommunen og amtets (hvad amtsgrænsen angår) interesse, bemyndiges ordføreren i forening med lodeierne til at søge denne udskiftning indanket enten til overudskiftning eller til rettens afgjørelse.De påfølgende udgifter udredes af kommunen sammen med lodeierne.”

Når saka endeleg var avgjort går ikkje klart fram av møtebøkene. Utfallet av grensetvisten vart at heile stølsområdet kring Vetle-Uppsete vart lagt inn under Aurland kommune. Ser ein på kart frå tida før og etter saka om kommune- og fylkesgrensa kom opp, er det tydeleg at grensa har vorte endra til Aurland kommune sin fordel. Kor mange kvadratmeter det dreidde seg om veit ikkje forfattaren av artikkelen, men det er det kanskje andre som veit?

Kjelder:Møtebok for Aurland formannskap 1887-1910.

Page 22: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

22 23

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

4

På denne tida skulle alle byar og ladestader ha eigen hamneadministrasjon, til dømes Florø ladestad i Sogn og Fjordane. Men etter Lov om Havne- og Ringvæsenet frå 10. juli 1894, paragraf 41, kunne Kongen også fastsetja at det skulle opprettast eige hamnestyre for ”Udhavne”. Slike hamnestyre skulle vera samansett av tre medlemmer, - ein

”Mand” oppnemnd av Kongen og to sjøkunnige menn valde av kommunestyret.

Saka om å oppretta eige hamnestyre for området ved Sæternes, Moldøen og Skramsvika, vart handsama av kommunestyret fyrste gong 15. august 1903. Overloskontoret (i Florø) ville ha ein uttale frå kommunestyret om det var trong for eige hamnestyre for ”Sæternæs og Skramsviken”. Kommunestyret

talde sterkt til. Eige hamnestyre var ”baade hensigstmæssig og paakrævet”.

Staten sine byråkratar arbeidde raskt. På det fyrste kommunestyremøtet i 1904 kunne ordføraren lesa opp skriv frå Politimeisteren i Fjordane, der det vart meldt at ”eget havnestyre for Sæternæs og Skramsviken”

Hamnestyre i Måløy i 100 år

Av Hermund Kleppa

Den 25. januar 1904 valde kommunestyret i Selje det fyrste hamnestyret for Måløy, eller ”Sæternæs og Skramsviken” som det står i møteboka. (Vågsøy høyrde til Selje til 1910.) Dei to fyrste hamnestyre-medlemmene var landhandlar Ulf Lem og disponent Ole Lefdal, med varamenn landhandlar Søren Vederhus Sætrenes og Sivert A. Lillebø.

”Sæternæs og Skramsviken” frå kring 1904 sett frå søraust. Moldøen, som no er landfast, ligg utanfor biletet til venstre. (Fylkesarkivet, Foto: SFFf-95008.0008).

21. desember 1903. Kongelig Resolution, hvorved i Henhold til § 41 i Lov om Havne- og Ringvæsenet m.v. af 10de Juli 1894 anordnes, at der skal oprættes et Havnestyre for Udhavnene Sæternæs og Skramsviken med vestre Moldøsund i Selje Herred, Nordre Bergenhus Amt. (Norsk Lovtidende, 1903, s. 545).

var oppretta 21. desember 1903. Og i det same møtet, 25. januar 1904, valde kommunestyret sine to medlemmer med varamedlemmer til dette aller fyrste hamnestyret i Måløy.

Men så ser det ut til at Hamnedirektøren ikkje var heilt nøgd med valet. Saka vart nemleg handsama på ny i neste møte, 18. april 1904. Det var kome brev frå Hamnedirektøren og det kan sjå

ut som han bad om å få nærare kjennskap til kvifor nettopp Ulf Lem og Ole Lefdal var valde. Etter lova skulle det vera ”sjøkyndige Mænd”, og det verkar som om Hamne-direktøren tvila på at ein landhandlar og ein disponent kunne vera godt nok kvalifiserte.

Kommunestyret gav svar på tiltale. Saksreferatet vitnar om to godt sjøvande menn, og

kommunestyret såg ingen grunn til å ta valet sitt opp til ny vurdering.

Under sak 10, 18. april 1904 står:

Efter herredstyrets skjøn anser man de valgte mænd blant de bedste som der gives paa stedet. Det oplystes at disponent Ole Lefdal har i sin tid drevet fiskeri og været baadfører.

Page 23: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

22 23

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

Hamnekontoret i Måløy1903, 21. desemberVed Kongeleg Resolusjon fastsett at det skulle vera eige hamnestyre for ”Sæternes og Skramsviken”. Låg administrativt under hamneadminsitrasjonen i Florø.

1904, 25. januarSelje kommunestyre valde det fyrste hamnestyret: to medlemmer, disponent Ole Lefdal og landhandlar Ulf Lem. I styret var elles ein ”Mand” oppnemnd av Kongen.

1934Måløy havnevesen oppretta. Låg framleis under Florø havnefogddistrikt.

1967Eigen havnefogd

1984Måløy havnevesen 50 år. Markering på Selje Hotel med gjester frå Fiskeridepartementet og Kystdirektoratet.

2002, 1. januarMåløy havnevesen/havnedistrikt avvikla.

Landhandler Ulf Lem, der fortiden er eier af et fiskedampskib er født og opvokset ved søen samt at han som en dertil habil mand har været tilkaldt under søretssager, [sjøretts-

Samstundes vart Nordfjord Havn IKS (interkommunealt selskap) oppretta. Omfattar kommunane Selje, Vågsøy, Eid, Gloppen og Stryn. Tittelen på administrativ leiar endra frå havnefogd til havnedirektør.

StyringsorganNordfjord Havnestyre: 7 medlemmer (3 frå Vågsøy, 1 frå kvar av dei andre kommunane)Hamnerådet: Selskapet sitt øvst organ, samansett av ordførarane i dei einskilde kommunane. Vågsøy har formannen. Havnerådet vel styret.

Hamneområdet/distriktetOmfatta fyrst hamneområdet i Måløy. Vart seinare utvida til å omfatta eit område frå Raudeberg i nord til Vågsvåg i sør. På byrjinga av 1980-talet gjekk Måløy havnedistrikt heilt inn til Åsneset ved Bryggja. Frå 2002 høyrer heile sjøarealet til kommunane i Nordfjord Havn IKS med i Nordfjord Havnedistrikt.

Havnedirektør Kristoffer StokkeHar leia havnekontoret i Måløy i 26 år, - som havnefogd frå 1978 og havnedirektør frå 2002. Sluttar 1. september 2004.

saker] er agent for norske og tyske søassurantse selskaber, [sjøforsikrings-selskap] ligesom samtlige formænd og representanter fra Vågsø [alle formannskaps- og kommune-

styremedlemmene frå Vågsøy sokn) afgav erklæring for at han efter deres mening var den bedst skikkede på stedet.

“.. større end hvad forsamlingen havde tænkt..” Om nestekjærleik og byråkrati. Ei soge frå Gloppen

I 1866 var ulukka ute hjå Rasmus Apalset i Vereide sokn i Gloppen, stovehusa brann ned. For å hjelpa mannen, sette kommunestyret med ordførar A. V. Heffermehl i brodden i gong pengeinnsamling og Per Solheim tok på seg å reisa ikring og samla inn. Når han hadde avlagt rekneskap for resultatet var han lova ”en passende godtgjørelse”. Dette vart vedteke den 29. august.

Per gjorde ein god jobb ser det ut til, og til møtet i kommunestyret 14. november hadde han levert rekning for arbeidet sitt. Men no byrja problema, kommunestyret nekta tilvisa rekninga.

”Forsamlingen besluttede, at den godtgjørelse som Peder Solem fordrer for sin omkringreisen til at samle bidrag til den brandlidte

Rasmus Apildsæter skal udredes af denne selv, efterdi det indkomne beløb blev større end hvad forsamlingen havde tænkt sig som maximum af hvad det skulde ydes ham neml. 200 Spd.”

Dette var visst meir enn nok til han Rasmus, ser det ut som dei meiner, han får jamen betala utgiftene sjølv!

Kva hender så? I kommunestyre-møte den 18. mars året etter finn me saka handsama på nytt. Per ventar framleis på betalinga. Det vert nytt vedtak om at han

”godtgjør sig regningens beløb i de penge af hine bidrag, som han endnu har i sit verge og som endnu ikke er udbetalte til Rasmus Apildsæter”.

Stakkar Rasmus har enno ikkje fått pengane sine etter fire månader, og forklaringa finn me i neste kommunestyremøte den 25. juni:

”Fornyet anmodning frå P. Solem, at formandskabet maatte anvise ham hans regning for hafte omkostninger paa reiser for at samle bidrag til R. Apildsæter, da denne intet vil betale ham. Besluttet: 6 Spd. anvises P. Solem til udbetaling af kommunekassen”.

Så får me tru at saka var ute av verda og at Rasmus fekk pengane sine.

Kjelde:Møtebok for Gloppen formannskap, 1838 - 1881.

Av Berit Selseng

Frå side 22

Page 24: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

24 25

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

HverdagshygieneMargrethe Folkestad sa i førre utdraget at: ”De normale helse-midler som ethvert barn skal ha i vuggegave når det kommer inn i denne brokede verden, er foruten far og mor i ”kirkeboken” følgende fem grunnsteiner: Luft. Lys. Vann. Mat. Søvn.” Førre nummer av Kjelda omtala den første grunnsteinen, luft, og nedanfor kan ein lese om dei to neste, lys og vann.

2. Som en god nr. 2 i de helsens ”vuggegaver” jeg nevnte i innledningen, står lys.

Vi tar dagslys, sollys som en så selvskreven vare, at vi ikke tenker nevneverdig over den rikdom det innebærer for alt levendes trivsel, for det aller minste kre og den aller minste bleke spire.

Dets kjemi, dets fysikk, dets sammensetning er så mangfoldig, så rikholdig at en må henvise til bindsterke lærebøker. Og mange fysikere kan tilbringe et langt liv med

studie på dette området – uten å kunne løse alle lysets problemer. Islenderen, legen Nils Finsen skylder vi stor takk for hans omfattende studier av lysets betydning for den levende organisme, og for hans banebrytende medisinske arbeid på dette område.

Lyset som incitament som ”kraftkilde” på den ene side, dets bakteriedrepende virkning på den annen side ar blant dr. Finsens viktige observasjoner. Vi kan som nent ikke gå i bredden med dette mektige stoff. Men vi kan bruke våre egne øyne og våre sanser ellers, vi kan se og vi kan føle og lukte selv.

”Den daglige erfaring” kaller vi det når vi merker den umiddelbare trivsel som følger sollysets gang i vårt daglige liv.

Lyset er det viktigste desinfeksjonsmiddel med hensyn til den luft vi lever i. De sykdomsvekkende mikrober ville finnes i et ganske overveldende antall omkring oss, hvis sollyset, dagslyset ikke kverket et stort antall av dem.

Vi ser f. eks. hvordan muggsopp trives i halvmørke kjellerrom, og i boligrom hvor dagslyset får liten adgang. Vi merker vond lukt i klær og sengetøy som oppbevares i rom av den art, og vi merker fort hvordan mat blir ”bedervet” ved mikrobers virksomhet og vekst når

rommet for matens oppbevaring får dårlig tilgang på lys og luft.

Vi må sørge for best mulig tilgang på dagslys i våre boliger. Den som bygger hus, må være oppmerksom på at nordsiden brukes minst mulig til boligrom, men til trapper, ganger osv. hvor ingen oppholder seg for lengre tid.

En gammel overtro synes det å være at kjøkkenet skal vende mot nord. Men den som tilbringer det meste av dagens arbeidstid i kjøkkenet trenger også sol. Vinduene skal være gode lysflater. De skal ikke i stor utstrekning dekkes av gardiner. Til dagsbruk skal disse bare være en smal, men hyggelig ramme omkring vinduet. Inn med både lys og luft!

3. Som ”vuggegave” nr. 3 til vår helse nevnte jeg vann. Det strømmer ikke alltid så selvfølgelig inn til oss som lys og luft gjør det. Men det er en umistelig del av hele vår hverdagshygiene. Det er: vår viktigste drikk, en viktig bestanddel av vår mat, vårt viktigste vaskemiddel for kropp og klær, for husvær og kjørler, for folk og fe. Spør vi: hva er vann, så henviser jeg til kjemien.

Spør vi om rent, godt, verdifullt drikkevann til alt det vi trenger av det – så blir vi nokså snart enige om at vi helst vil ha det så rent og klart og godt som vi bare kan få det. De fleste steder i Norge har også adgang til å få et drikkevann og vaskevann som fyller våre krav. Men uten omtanke får vi heller ikke dette gode!

Vannforsyningssaken må bli en ”hjertesak” i alle våre hjem, for alle våre kommuner, hvis vi med ”hjertesak” forstår en sak som krever ansvarlig omtanke, ansvarlig vilje. Det er langt igjen ennå, før ”de tusen hjem” har fått en ordnet vannforsyning med ordnet tilførsel inn i kjøkken, kjeller og uthus, og med ordnet kloakk for utslagsvann. Hittil har bare ca. halvparten av Norges husholdninger dette gode.

Kvardagshygiene (2)

Av Karianne Schmidt Vindenes

I førre nummer av Kjelda sto det trykt eit utdrag frå eit foredrag om kvardahgshygiene, halden av overlege Margrethe Folkstad i 1948. Folkestad ynskjer i foredraget å sette fokus på kvardagshygiene og peikar på ei rekke faktorar som medverka til auka smittefare i 1948, og som ganske sikkert også gjeld for oss som lever i 2004. Dei som las første delen av foredraget hugsar kanskje gode formaningar som ”spytt ikke på golvet”, ”nys ikke på smørbrødene” og ”stopp hostespruten i lommekluten”. Fleire av denne sorten, og andre gode formuleringar kan ein lese i utdraget nedanfor.

Ned med flugene!

Page 25: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

24 25

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

fordi det skorter på kroppsvasken? ”Kosmetikk” er blitt en landsvare – den overflødigste av alle importvarer.

Tenk om vannforsyningen til våre tusen hjem – og bruken av vann ble tilgodesett med de penger og den tid som kosmetikken tar og får. Det skulle være nødvendig bare å nevne dette merkelige motsetningsforhold for å se hele det bakvendte ved å smøre farge og fett i dyre dommer på skitten, istedenfor å vaske av den siste og la en velvasket kropp og det med renheten følgende velvære representere den nødvendige (?) reklame for vår person!

Nei, la vannforsyningssaken bli kvinnesak, mannssak, bygdesak og landssak! Den fortjener å bli det.

Føredraget held fram i neste nummer av Kjelda. Der kan du lese om dei to siste grunnleggande helsemidla; mat og søvn.

Særtrykk av ”Nasjonalforeininga mot Tuberkulosen for Folkehelsen” nr. 2 – 1949. ”Hverdagshygiene” – foredrag holdt på fylkesmøtet for Østfold den 26. september 1948 av overlege Margrethe Folkestad.

Vassbæring er ennå et slitsomt faktum for husets folk, mest for husmor og hushjelp (om hun finnes!). Selv om det heter i friervisen: ”Vil du være kjerring, skal jeg være man; vil du koke kaffe, skal jeg bære vann”, så ser jeg ikke annet enn at dette smukke løfte helst innfries på annen måte enn den, at ”Sigrid” både må bære vann og koke kaffe!

Tiden som går med til vassbæring, er utrolig lang, skrittene er mange og løftene alt annet enn lette. Det blir mange ”kilogrammeter” i årets løp. Tiden og kreftene skulle brukes til lit av hvert annet.

Det ligger nær å rå de vassbærende husmødre til en virkelig hardt gjennomført ”sit-down-streik” på området. Rørledninger og kraner vil komme litt fortere, når ”far sjøl” må overta jobben. Det felles tak som må tas for vannforsyningen, vil da bli en sak for de mange kommuner som ennå ikke har sett sitt ansvar på området.

Det må bli en samlende landssak for kvinner å bearbeide opinionen, hele forståelsen for hva ordnet vannforsyning i alle hjem vil bety for alt helsestell, alle hjemmets gjøremål for barn som for voksne. ”Hjemmets vannforsyning” får bli et slagord – ikke ut i løse luften, men et slagord som slår til det treffer rette vedkommende på så ømme punkter at virkningen

må komme. Den ansvarlige omtanke må bli et felleseie på området, Hvis alle virkelig vil sette den inn, kan vannforsynings-problemet løses. Og det må og skal løses.

Men nå de hjem for hvem vannforsynings-problemet er løst, hvordan er bruken der av dette hygienens viktige hjelpemiddel?

Det må ofte undre en hvordan

det kanskje sløses med disse ”dyre dråpene” av og til. Og på den annen side må det ofte undre en å se hvor det – som så ofte ellers – ”spares” på de gale stedene.

Oppvaskvannet er snautt og grått; ingen kum i kjøkkenbenken til skyllevannet; som en selvfølge bare en liten ”holk” i den nokså moderne kjøkkenbenk! Skyllevannsbaljen er ofte usynlig under oppvasken av dagens spiseredskaper, fordi det ikke tenkes på verdien av den. Husmoren får ta arbeidet igjen på de alt annet enn lekre kjøkkenhåndklær.

Og kroppsvasken? Vasken av hendene? Spør hvordan håndklær, sengetøy og undertøy ser ut etter forholdsvis kortvarig bruk, fordi det er altfor snautt med selve vasken, renholdet av kroppen!

Hva dette betyr økonomisk i en tid hvor det er utpreget mangel på det utstyr som kreves til sengetøy, håndklær m. m., vet egentlig enhver husmor. Hun vet også noe om det svære merarbeid som skal til for å få alt dette ”inngrodde” tøy rent igjen, fordi hånd- og kroppsvask har vært så sørgelig forsømt.

Og hva taper vi ikke i velvære ved å slurve med kroppsvasken. Jeg behøver bare å minne om den nattesøvn som ikke vil komme, fordi en slenger seg opp i sengen med de kalde uvaskede bein! Og hva utholder vi ikke av dårlig luft i våre rom og i våre klær,

Ny vane er vond å lære.

Kattevask.

Page 26: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

26 27

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

Bjarne Huus, Jon Berge og Ivar Reikvam har lagt bak seg ei yrkeskarriere som høvesvis bokhandlar, rektor og banksjef, og gjev seg no i kast med nye utfordringar. Dei tykkjer det er for gale at Steen si seks bind store bygdebok ligg bortgøymt i kvelvet i noverande Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling i Førde. Rett nok står det eit par eksemplar bortgøymt i kjellaren i Førde bibliotek, men det monar lite: få sunnfjordingar kjenner til boka, og langt færre har lese i henne. ”Eg var over 70 år før eg fekk sjå boka første

gong. Då hadde eg visst om henne nesten heile livet”, påpeikar Huus.

Nabokranglar, grensetvistar, gard- og bygdehistorie er blanda saman til ei fargerik skildring av Førde prestegjeld fram mot slutten av 1800-talet. Manuskriptet fann etterkvart vegen til statsarkivet i Bergen.

På oppdrag frå Førde Sparebank skreiv E. Haarstad og Ola Andreas Tjønneland ned bygdeboka på maskin rundt 1950. Resultatet vart 1100 maskinskrivne A4-sider som vart bundne inn i seks bind og lagra i kvelvet hjå dåverande Førde

Sparebank.

Eit par eksemplar vart også gjevne til Førde bibliotek.

Over 50 år har gått, og teknologien har opna for nye former for

publisering.

”No må banken fullføre arbeidet!”, seier ein engasjert Huus medan han fortel om finansieringa. Han har fått Sparebanken Sogn og Fjordane, Førde kommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane med seg på prosjektet.

Digitalisering av sorenskrivar Steen si bygdebok

Av Øystein Åsnes

Tre aktive pensjonistar frå Førde har starta arbeidet med å digitalisere skrifter etter Fredrik Martin Budtz Steen (1836-1907). Steen var sorenskrivar i Sunnfjord frå 1880 til 1900 og har late etter seg eit omfattande og spanande materiale frå Førde prestegjeld. No skal dei frodige bygdebøkene hans frå rundt 1900 fram frå gløymsla.

Det er den maskinskrivne versjonen som dannar grunnlaget for digitali-seringsprosjektet til dei tre aktive pensjonistane. Fylkesarkivet fotograferer av bøkene, og teksten vert så lesen ut av desse bileta ved hjelp av ei datamaskin og eit såkalla OCR-program. Huus, Reikvam og Berge går deretter gjennom resultatet og rettar opp feil som oppstår og les korrektur på det heile. Etter planen skal arbeidet vere ferdig innan 2 år.

”Dette prosjektet har ein eigenverdi for oss”, seier Jon Berge. ”No er vi nøydde til å lese alle 1100 sidene. Vi startar opp med oss tre, så får vi sjå om vi knyt til oss fleire personar

etterkvart.”

Steen var utdanna jurist og vart omtala som ein personleg-dom av dei sjeldne. Skal vi tru B. E. Bendiksen sitt minne-ord, var han svært sjølvstendig og ”i besiddelse

af sikre og solide kundskaper, en levende interesse, kritisk sands og en høi grad av skarpsindighet; men han var tilbakeholden og yndet ikke at stille sine mange kundskaper og rammende kritiker frem for dagen. Det er noksaa betegnende at han ikke, saavidt vides, nogensinde har skrevet under navn, og til dels ikke engang under særskilt mærke. Derfor nævnes han ikke i forfatterleksikonet og det er noksaa vanskeligt at efterspore hans artikler.”

Denne tilbakehaldne karen vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1897. Bror hans, Johannes Steen, var statsminister for Venstre i to periodar (1891-93 og 1898-1902). Sjølv sat han på Stortinget for Bergen frå 1880 til 1882.

Kjelder:B. E. Bendixen: ”In memoriam”, ukjent årsskrift.

Bjarne Huus, Jon Berge og Ivar Reikvam medan dei arbeider med å digitalisere Fredrik Martin Budzt Steen si bygdebok frå rundt 1900.

Det gjekk hardt føre seg under vårtinget i 1707. Utsnittet er henta frå 2. bind av Steen si bygdebok (til høgre).

Page 27: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

26 27

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

Frå fotoarkivet Av Arild Reppen

Tanken bak plasseringa av sjukehuset, var at den friske og tørre lufta, i fureskogen, skulle hjelpe i behandlinga av tuberkulosen. Det vart og lagt stor vekt på kosten, som skulle være god, næringsrik og kraftig. Særs mange av pasientane var tynne og avmagra, og feitinga var ein del av opphaldet på sanatoriet. Grisen på biletet kom truleg frå sjukehuset sin eigen grisefjøs, der grisane vart feita opp for å få eit tjukt spekklag, før den hamna på kjøkenet for å bli mat til pasientane.

Sanatoriet vart oppretta av St. Jørgen Stiftelse i Bergen, som på slutten av 1800-talet engasjerte seg i kampen mot tuberkulosen, etter at Armauer Hansen hadde funne medisinar og kurar mot leprabasillen. Tuberkulosen var den nye utfordringa, og Lyster Sanatorium vart eit av dei største spesialsjukehusa i landet. På den tida meinte dei at høgda og klima på Harastølen gjorde at den låg i ei ”immunsone” mot sjukdomen.

Pasientane vart og opererte med ein teknikk som vart kalla ”blåsing”. Tuberkulosen angreip lungene, og tærte på dei. Operasjonteknikken gjekk ut på å punktere den sjuke lunga, slik at såra grodde. Det var ein teknikk som kunne være effektiv mot sjukdomen, men den kunne og føre med seg alvorlege komplikasjonar.

I 1947 fekk ein for første gong ei effektiv behandling av sjukdomen. Før 1947 hadde ein i røynda ikkje noko anna botemiddel enn å vente og sjå. Tuberkulose vart no ein sjukdom ein kunne kurere.

Mitt på 50-talet vart Lyster Sanatorium lagt ned.

Tynn fjelluft og feit matI den faste spalta vår med glimt frå arkivet har vi denne gongen funne fram to bilete frå Lyster Sanatorium på Harastølen i Luster. Eit syner slakting av gris, og det andre er frå kjøkenet. Båe viktige for drifta ved sjukehuset, som var som eit eige samfunn oppe i fjellsida over Luster, bygd som eit spesialsjukehus for tuberkuløse.

Frå kjøkenet på Lyster

Sanatorium. Med feit mat og tynn luft skulle

pasientane kurerast.

Personane er ukjende.

Slakting av gris på Lyster Sanatorium. Sjukehuset

hadde eigen grisefjøs.

Personane er ukjende. (Eigar

Luster Sogelag).

Då var det ikkje lenger behov for institusjonen. Etter den tid har bygningane vore nytta til psykiatrisk sjukeheim og seinare som asylmottak i nokre år. Etter det har det stått tomt, men private interesser har hatt planar om å bygge fritidshusvære i det store bygningskomplekset.

Kjelder:Jan Karlsen og Dag Skogheim - ”Tæring – Historia om ein folkesjukdom” – Samlaget 1990.Ottar Starheim/NRK Fylkesleksikon.

Page 28: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

28 29

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

Teksten er frå eit brev frå den då 18 år gamle Olai Fauske 9. desember 1904, til sin eldre bror. Olai Fauske var fotograf i Naustdal og Førde i perioden 1904 til 1944. Biletsamlinga, saman med anna materiale frå verksemda hans, er i dag å finne på Sunnfjord Museum. Mange av bileta er registrert i ein database, i samarbeid med Fylkesarkivet.

Om lag 13.000 bilete etter den dyktige fotografen er å finne der. I tillegg finst ei mindre samling på Historisk Museum i Bergen.

Fotografyrket var for Fauske eit bevisst val. Gjennom korrespondanse med sin eldre bror kan vi lese Fauske sine vurderingar av yrkesval. Fauske gjorde seg betrakningar om drift og kundegrunnlag. Mellom anna skriv han at ”Ved at reise forskjellige steder i fjordene (nemlig større steder) da der ikke i Naustdal eller Førde var noget større arbeide tror jeg at man kunde gjøre forretning og stadig have arbeide.”

Den 1. februar 1905 underteikna han lærlingkontrakt med fotograf Otto Talle i Bergen:”Vi undertegnede Fotograf Otto Talle og Olai Fausche har dags dato oprettet følgende Kontrakt: Jeg Otto Talle forpligter mig til at lære Hr Olai Fausche hvad han kan opfatte

med min fotografiske Forvaltning. For læren betaler Hr. Olai Fausche Kr. 100.00 Hundrede Krober hvoraf Kr. 50.00 betales forskud og de andre resterende Kr. 50.00 om 3 maaneder altså 1 te April 05. Læretiden fastsettes til 8 maaneder, dog med det forbehold fra Olai Fausche at han kan slutte før den fastsatte tid om han da synes at han lært nok. Blyanter, pensler, plader maa Olai Fausche selv skaffe sig.”

Fauske drog heim att til Sunnfjord straks han tykte han hadde lært nok. Der etablerte han straks si eiga verksemd, eit ”ambulerande atelier”, med base for verksemda i Ærvik og Naustdal. Han annonserte for verksemda med å legge att kort kring om på stadar der folk møttest (sjå ill.). Etter nokre år flytta han til Førde, og der dreiv han verksemda til han døydde i 1944.

Fauske har på eit tidspunkt etterutdanna seg ved Teknologisk

“En stilling som Fotograf”

Historiske fotografar Av Arild Reppen

”Ja, jeg forstaar godt, at jeg ikke kan gaa her og ikke have noget at bestille, og hva skal jeg saa begynde med? Dette er noget som jeg lenge har tengt paa, og efter som min helbred ikke tillader mig det, kan jeg ikke overgaa til noget tungt arbeide, og ved et eller andet lettere fagarbeide, vild er altid i begyndelsen medgaa en del penger. Efter som jeg har tengt mig forskjellig, har jeg nu foreløpig stanset ved: ”En stilling som Fotograf”. Til dette vilde medgaa ca kr 500,00. Dette arbeide er nu ikke saa strengt, og behøves kun smaa legemskrefter til […].”

Dans på Haugsbø i Bygstad 1914. Frå venstre: Kristine, Lina, Kristoffer og Ola Haugsbø. Foto Olai Fauske. (Fylkesarkivet: SFFf-88003.0010).

Page 29: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

28 29

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

Institut i København, men vi har ingen opplysningar om årstal eller lengd på studiet. Han var og ein belest mann, noko den store boksamlinga hans med sentrale verk både frå verdslitteraturen og nasjonallitteraturen vitnar om. Fauske engasjerte seg og i målsaka, som han mellom anna arbeidde for gjennom verksemda som fotograf ved å prente postkort på nynorsk. Målmannen Fauske står det mykje meir å lese om i Oddlaug Reiakvam sin bok ”Bilderøyndom – Røyndomsbilde” som er hovudkjelde for artikkelen her.Olai sende mykje bilete til slekt og vener som var utandra til Amerika. Bileta var kjærkomne glimt frå heimstaden, og eit bindemiddel mellom utvandraren og heimstaden. Noko følgjande utdrag frå eit brev til Olai vitnar om: ”Du lover mig fleire belleder der gjemmefra, og dem maa du ikkje glemme at sende mig, for det er den bedste moro eg har, naar jeg faar nogen saadanne der gjemme frå. Du synes vel eg er nokså bejerlig, eg har faat mange før frå dig. Men alikevel saa kan eg ikkje slutte at tige om fleire, om du kan spare nogle.” Bileta hadde stor verdi i ei tid der det var avgrensa høve for kommunikasjon, og avstanden over havet var stor. Mange reiste aldri heim att, og bileta var det sterke vitne frå heimstaden. Fotografiet var tileigna stor tiltru som forteljar av ei objektiv sanning.Utvandringa representerte tydeleg ein marknad for fotografen, noko Fauske sjølv innsåg og bevisst retta seg inn mot: ”Noko med det gildaste ein kan senda vener, slektningar, og kjenningar som er burte fraa heimen, er eit godt bilætkort fraa heimstaden eller heimbygdi. Det er ogso ei høveleg tid no, daa alt stend paa [det] fagraste og faa seg eit bilæte av garden eller grendi, og etter dette bilætkort. Er so der ikkje er nokon einskild som vil taka kostnaden paa seg aleine, kan fleire slaa seg saman, og daa vert det ikkje so mykje paa kvar. Korti vert prenta med god norsk tekst.” Annonsetekst frå Den 17de Mai i juni 1911.

Av di materialet som er at etter fotograf Olai Fauske er omfattande, ikkje berre i tal bilete men som eit heilskapleg arkiv med alt frå fotografisk utstyr til rekneskapsbøker og brev, er det eit godt utganspunkt for eit heilskapleg bilete av hans liv og virke. Oddlaug Reiakvam har i si bok dukka djupt i materialet, og trekt fram mange interessante aspekt. Boka kom ut i 1997 på Det Norske Samlaget.Som ei avslutning på omtala av fotograf Olai Fauske tykkjer eg

følgjande sitat frå soknepresten høver godt. Det fortel ikkje berre om Fauske, men ein heil del om kva rolle fotografiet har hatt:”Har du tenkt paa at du er vel den som skriv den paalitelegaste og greidaste sunnfjordsoga med alle dei vene bileta dine.”

Kjelder:- Oddlaug Reiakvam – ”Bilderøyndom – Røyndomsbilde”, Samlaget 1997.- Susanne Bonge – ”Eldre norske fotografer” – Universitetsbiblioteket i Bergen 1980.

Teodor Lien med høylass.

Foto Olai Fauske 1920.

(Fylkesarkivet: SFFf-

87074.0001).

Page 30: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

30 31

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

Me ønskjer opplysningar om minnesteinar! Kontakt Hermund Kleppa, tlf. 57 65 64 02. Epost: [email protected]

Minnesmerket Av Hermund Kleppa

1905-steinen i Ortnevik, er mellom 3,5 og 4 meter høg. På framsida står innhogge:

7de * JUNI * 1905

Steinen har aldri vore flytta, men landskapet rundt har endra seg. I 1980-åra kom det opp ny butikk der det før var hage. Eit bilete frå kring 1925 syner at området ved steinen då var omgjeve av stakittgjerde.

Stykke om steinen i handskrive lagsbladOrtnevik Ungdomslag vart skipa på etterjulsvinteren 1904, og laget har med nokre avbrot vore i drift sidan. Lærar Mons Oppedal gjorde opptaket og vart vald til fyrste formann. Laget hadde heilt frå starten lagsbladet ”Solglytt”, og i 1967 fekk bladstyrar og ”omreisande journalist” Olav Fitje i oppdrag å samla opplysningar om 1905-bautasteinen i bygda. Han oppsøkte Kari Hovland, fødd 1883, kona til handelsmann og dampskipsekspeditør Hjalmar Hovland, fødd 1884. Det var på deira eigedom steinen stod. Ho hadde mykje å fortelja, og Fitje skreiv etterpå eit to siders langt stykke i lagsbladet til 17. mai same året.

Uttrykk for glede og takksemdKari Hovland fortalde at det var nokre ”menn” som meinte at

den viktige hendinga i 1905, med unionsoppløysing og eigen konge, måtte markerast med å reisa ein bautastein. Steinen hadde dei ”på lager”, han hadde lege og venta i ”tusenvis av år”, ein stad ikkje langt utom dei gamle husa på Neset. Steinen var på skap som ein 4-5 meter lang tømmerstokk, og måtte handsamast med varsemd. Den fyrste etappen var verst, - det var så ulendt der, at dei ikkje kunne koma til med hest. Siste stykket var lettare, og dei fekk steinen fram utan uhell eller skade av noko slag.

Ein stril hogg innskriftaDet var ein utanbygds mann som hogg inn innskrifta. Fyrst på 1900-talet var det velkjende lakseverpet Galdeverpet i Ortnevik bortleigd til laksefiskarar frå Strilelandet. Ein av dei kunne meir enn å fiska laks. Han sette i gang med innhogginga, og kom vel frå arbeidet. Kari Hovland mintest óg at det var same mannen som heldt talen den fyrste 17. mai ho hugsa, kring århundreskiftet.Og så vart steinen reist, forsvarleg fundamentert nær ein meter nede i jorda.

Til minneOlav Fitje avsluttar stykket sitt med å minna om at 60 år er ikkje nokon alder å snakka om for ein bautastein, og han oppmodar folk om at dei neste gong dei fer framom steinen, stoggar opp, ser på han og tenkjer på kva han vart sett til minne om, og samstundes minnest dei som gjekk i brodden for å få han reist. Det var i 1967.

Seinare har det vore store endringar rundt steinen, men

1905-minnestein i Ortnevik Året 2005 - hundre år sidan unionsoppløysinga, nasjonalt sjølvstende og eigen konge nærmar seg. I Ortnevik står det ein 1905-minnestein som vart reist kort tid etter det skjelsetjande året i Noregssoga. Olav Fitje skreiv i 1967 eit stykke i lagsbladet til ungdomslaget i bygda om steinen og korleis det bar til at han vart reist. Stykket nedanfor står i Kulturhistorisk Atlas og Leksikon.

Margit Hovland, fødd 1907, dotter til handelsmann Hjalmar Hovland framfor 1905-steinen i hagen deira kring 1925. (Foto utlånt frå: Åge Hustavenes.).

Page 31: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

30 31

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

han står på same staden han vart reist kort tid etter 1905. I 2005 er det hundreårsjubileum for unionsoppløysinga og det nye norske kongedømmet, og som den einaste 1905-steinen i fylket, så langt me kjenner til, er det grunn til å tru at steinen vil få ekstra merksemd.

Viktige hendingar i 190507.02. Brot i forhandlingane med Sverige om ”dei seks lydrikepunkta”.

18.02. Stortinget valde ein spesialkomite som skulle ta standpunkt til situasjonen landa var komne i.

11.03. Regjeringa Michelsen utnemnd. I ettertid kalla ”7. juni-regjeringa”.

17.05. Konsulatlova teken opp til handsaming.

07.06. Samrøystes vedtak i Stortinget som innebar oppløysing av unionen. ”7. juni-vedtaket”.

25.07. Innstilling om unionsoppgjeret til den svenske riksdagen. Hovudvilkår at det berre kunne skje etter val eller folkerøysting.

13.08. Folkerøysting. 85% frammøte, 368 208 ja, 184 nei.

23.09. Karlstad-forhandlingane avslutta.

09.10. Karlstad-traktaten vedteken i Stortinget.

12. og 13.11. Folkerøysting for eller imot kongeval (monarki/republikk), 259 563 ja, 69 264 nei.

25.11. Kong Haakon VII, dronning Maud og kronprins Olav kom til landet.

1905-steinen i Ortnevik

står på same staden som

han vart reist kort tid etter

1905, men landskapet rundt han er endra.

Folkebutikken vart bygd i 1980-åra.

Den andre mai 1876 braut det ut brann i bygningane til enkemadam Brun på handelsstaden Hermansverk. Samtlege bygningar brann ned. Bakeriet, krambua og våningshuset, drengestova, stabburet og sjøbua vart alle tekne av den raude hanen.

Elden skal ha oppstått i bakeriet etter at det hadde vorte lagt ved i bakaromnen om kvelden i samband med brødbaking. Brannen vart oppdaga klokka 2 om natta av folk som budde på staden. Men då hadde elden alt spreidd seg så mykje at det var uråd å berga bygningane, sjølv om det nokså snøgt kom mange menneske til for å hjelpa. Etter eit par timar var alle bygningane forvandla til rykande ruinar.

Handelsbøkene og kontant-beholdninga vart redda, men det meste av varene gjekk med. Dei klarte heller ikkje å redda noko særleg av innboet i husa. Familien Brun stod nokså ribba att. Men til all lukke var både bygningane, innboet og varene brannforsikra. Likevel var det eit stort tap i og med at det meste av familien sine klenodiar vart elden sitt rov. Dei andre som budde her miste også sine eigendelar.

”Nordre Bergenhs Amtstidende” sin mann på Leikanger skreiv den 16. mai at handelen alt var komen i gang att, men i ein mindre målestokk enn før. Etter planen skulle handelsstaden attreisast i løpet av sommaren.

I kommunestyret 17. juli samme

’Ildebrand paa Handelsstedet Hermansværk’året vart ein søknad frå enkefru Engel Brun opplesen. Søknaden var skriven av M. Brun, som truleg er Marie Elisabeth Brun, ei ugift dotter til Herman Brun. Her ber ho om at handelsstaden Hermansverk og familien Brun måtte får redusert brennevins-, øl- og vinskatten for det inneverande året. ¨

Kommunestyret gjorde samrøystes vedtak om at enkemadam Engel Brun, fru Clasen, jomfru M. Brun sin formue og næringsskatt skulle falla bort.

Kjelder:Nordre Bergenhus Amtstidende, 25.05.1876.Møtebok for Leikanger formannskap 1866-1884, sak nr. 17, 17.07.1876.

Av Anders Gjerde

Page 32: Kjelda nr. 1 2004

Kjelda, nr. 1 - 2004, årgang 13

PORTO BETALTPORT PAYÉNORGE / NOREG

Kven var dei og kva var det dei ville gjere kjendt, hovdingane og stormennene som let reise krossane? Kvifor er ein så stor del av dei store krossane laga i Hyllestad? Då den siste kvernsteinen vart hogd tidlig i 1930-åra, visste ikkje folk i Hyllestad at produksjonen her var meir enn 1000 år gamal. Ei arkeologisk gransking utførd av Irene Baug, publisert i 2001, prova at kvernsteins-hogginga i alle høve går attende til 700-talet. Produksjonen nådde eit toppunkt i mellomalderen, og kvernstein til handkverner vart eksportert til om lag heile Nord Europa og til Østersjø-området.

Fagseminaret varar frå 10.00 til 15.00.

Forelesarar:Arkeolog Irene BaugArkeolog Kristine H. GabrielsenHistorieforskar Torgrim TitlestadKyrkjehistorikar Jan Schumacher

Påmelding til: Hyllestad kommune, ved Sigrid Solberg.Tlf. 577 89 541Fax. 577 88 695Epost: [email protected]

Deltakaravgift kr 150,-

Fylkesarkivet har gleda av å invitera kommunane i fylket med på den nasjonale satsinga arkivplan.no. Arkivplan.no er resultatet av eit nasjonalt dugnadsarbeid der 16 kommunearkivinstitusjonar og eit datafirma har gått i lag om å laga ein arkivplan på Internett.

Eit av hovudmåla for arkivplan.no er å få til ein arkivplan som er lett tilgjengeleg og som kan nyttast av både arkivtenesta og sakshandsamarane i den kommunale forvaltninga i saman med dei andre verktya ein nyttar i det daglege arbeidet. Det er difor lagt stor vekt på brukartilpassing, og på at ein lett skal få tak i aktuell informasjon.

I byrjinga av mars vart det halde kurs på Fylkesarkivet (biletet). Her fekk arkivleiarane frå 8 kommunar i Sogn og Fjordane og 4 kommunar i Møre og Romsdal læra å bruka dette nye verktyet.

Ole Stian Hovland

Hausten 2000 tok prosjektet ”Bokbussen innhentar fortida” til, eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkesarkivet og Fylkesbiblioteket. Prosjektet har som mål å komme i kontakt med eigarar av gamle bilete, og å skanne eit utval med utstyr plassert på bokbussen.

Ved å reise ut til publikum med den godt etablerte bokbussen, vonar vi å komme i direkte kontakt med folk som har bilete som kan fortelje om lokalsamfunna si felles historie. Gjennom reproduksjon av bilete på staden, ved bruk av skanner, får eigar bileta tilbake på der og då. Eigarane skal så registrere opplysningar til bileta gjennom ein web-basert database som Fylkesarkivet er i ferd med å utvikle. Arbeidet skjer i samarbeid med det lokale folkebiblioteket i dei kommunane som er med på prosjektet. Biblioteka vil og ha informasjon om kva tid bokbussen vil være der. Så langt (februar 2004) har prosjektet vore innom kommunane Fjaler, Høyanger og Stryn.

”Den almindelige foto-sport er ikke længer en luksussport for the upper ten. Fotografiapparatet findes i tusener av norske hjem. De sidste aars stadige forbedringer har git fotograferne saa fortrinlige midler i hænde, at vi har faat fuld ret til strenge krav. At et amatørbillede teknisk set er saa noget nær fuldkommet, kommer nesten ikke i betragning.”A.K. i Amatør-Fotografen februar 1912. Kjelde Tone Svinningen, ”Forenkler vi vore motiver for meget,” NFHF 2002.

”Vi fotografer – blir mer og mer undærlige. Det greier sig snart uten os. […] Nu da ingen konfirmant med respekt for sig selv kan gaa en tur på gaten uten at dingle med et kamera i haanden og knipse sine venner og bekjendte i øst og vest.”Hans Johnsrud i Norsk Fotografisk Tidsskrift nummer 5 1926. Kjelde Tone Svinningen, ”Forenkler vi vore motiver for meget,” NFHF 2002.

Ny teknologi i arkivplanarbeidet

Dei store steinkrossane langs vestlandskystenFagseminar på Hyllestad skule, 24. april 2004

Bokbussen innhentar fortida

Frå fotografiet si historie

FYLKESARKIVETAskedalen 26863 Leikanger

Retur:

ISSN 0803-9682