kommunedelplan trafikk førde sentrum - vegvesen.no partikler med diameterunder 10 mikrometer),...
TRANSCRIPT
Kommunedelplan trafikk Førde sentrum Informasjonsmøte, Førdehuset 6. mai 2013
Arve Seger Prosjektleiar
Kommunedelplan trafikk Førde sentrum
Vedteke lagt ut til høyring/ offentleg ettersyn 4. april 2013
Frist for å komme med merknad 22. mai 2013
Luftureining og støv
Samanfatta viser spreiingsberekningane
følgjande:
Luftforureininga for NO2 og partiklar som
PM10 ligg eit godt stykke lågare enn
anbefalte grenseverdiar, både i noverande
situasjon og i ei framskriving til 2040.
Berekningar av middelverdi per døgn for
PM10 (svevestøv) viser at verdien ligg under
luftforureiningssona som kan gje økt risiko
for negative helseeffektar blant personer
med luftvegs- og hjertekarsjukdommar.
Det er utført spreiingsberekningar av luftforureining i sentrale strok av Førde.
Berekningar av nitrogendioksid (NO2) og partikler som PM10 (svevestøv med
partikler med diameterunder 10 mikrometer), bygger på trafikkdata frå Statens
Vegvesen
Sum verknader Jølstra
Hovudkonklusjonen er at landbruk og byggjeverksemnd er dei største
trugsmåla mot vassdragsnaturen og at bruer er i noko mindre grad ein trugsel.
Nye inngrep i den delen av Jølstra som enno er tilnærma naturleg er truleg
svært negativt for anadrom fiske.
For landskap, nærmiljø og friluftsliv ser ein både positive og negative
verknader
Lokal og regional utvikling – konsekvensar for
sentrum
Bygging av ny E39 vil gi noko innsparing i reisetid
for gjennomgangstrafikken og for trafikk til/frå
Førde.
Innsparinga er ikkje så stor at ein vil få større
pendling i vesentleg grad, men berekningar i
trafikkmodell tyder på at utbygginga vil gi om lag 5
– 10 % vekst i trafikken inn til Førde.
Førde si rolle som regionsenter vil bli styrka.
Alternativa med størst innkorting i reisetid vil gi
høgast vekst.
Tiltaket vil bidra til å oppfylle Sogn og Fjordane sin
strategi med å etablere fleire og sterkare bu- og
arbeidsmarknadsregionar.
Ikkje prissette konsekvensar:
Konsekvensane for
Landskap
Nærmiljø og friluftsliv
Naturressursar
Naturmiljø
Kulturminner og –miljø
er vurdert i dei respektive
forprosjektrapportane.
Frå Planprogrammet:
Veg- og transportløysingar skal bidra til å
skape ei god sentrumsutvikling i Førde
Del av trafikken i Førde som er gåande og
syklande må aukast.
Del av trafikk i Førde som er kollektivreisande
må aukast.
Mål for tiltak i sentrum
Tiltaksområde 3 – Sentrum sør
Trafikk i tunnelen er svært følsam for lengde på tunnel
Kort tunnel og restriksjonar på trafikken i Fjellvegen
Auke av trafikk i tunnel vil også gje auka trafikk i
Storehagen – Hafstad bydel
Fjellvegen eller Storehagen som viktigaste
sentrumsgate?
Tiltaksområde 10 – Hafstad – Vie
Utfordringar Kantvegetasjon
Viltkorridor
Flaum
Flaummarkskog
Gråor- heggeskog
Innspel alt. linje
Tilrådde prosjekt:
Av 42 tiltak + 0-alternativet er:
23 tiltak tilrådd prioritert etter skalaen:
o Bør prioriterast høgt – bør prioriterast – bør prioriterast lågt,
3 tiltak er avventande
16 tiltak er:
o «ikkje aktuelt» eller i kategorien «bør ikkje prioriterast».
Dei 23 tilrådde tiltaka fordelar seg som følgjer:
3 er reine køyreveg tiltak (Bergumkrysset, krysset ved eksisterande
E39 – Steinavegen og tunnel i sør).
3 er ny køyrevegar med tilrettelegging for gåande og syklande.
9 er forbetring av eksisterande køyrevegar med tiltak for gåande og
syklande.
8 er reine gang-/ sykkelveg tiltak.
Rv. 5 gjennom sentrum:
Gjennomgangstrafikken frå rv 5 er ikkje så stor at det er
aktuelt med omlegging av denne utanom Førde sentrum på
lang tid.
Rv. 5 er vurdert løyst lokalt i Førde sentrum gjennom at det
er utgreidd 2 alternative mogelege omkøyringar:
Tiltak 2.01 – Indre Øyrane – Angedalsvegen (tunnel
nord), og Angedalsvegen – Vievegen (2.02)
Tiltak 3.04 – Storehagen bru – Hafstad rundkøyring
(tunnel sør), og Fjellvegen som lokalgate (3.02)
Rv. 5 vurdering:
Både tunnel nord og sør er vurdert til «ikkje aktuelle»
For begge gjeld følgjande:
1. Gjennomgangstrafikken frå rv. 5 er i dag svært liten i høve til samla
trafikk som blir skapt lokalt. Gjennomgangstrafikk frå rv. 5 er ca ÅDT
1 000 – 1 500 kjt/døgn, medan den samla trafikken i aktuell del av
sentrum er på ÅDT 11 600 –13 100 kt/ døgn.
2. Problema som vert opplevd med trafikken gjennom Førde i dag, vil bli
løyst med ny bru og veg over Hafstad bydel. Dette vil også betre
tilhøva for gjennomgangstrafikken på rv. 5.
3. Trafikkauken mot år 2040 vil i all vesentleg grad bli handtert av ny veg
over Indre Øyrane – Langebruvegen til lyskryss, og eventuelt
Halbrendsøyra – Øyrane.
Kva kan vi oppnå?: Eit robust og fleksibelt vegsystem stort nok for trafikken og eit
fortetta sentrum
Kva kan vi oppnå? Eit sentrum med kvalitet i uteromma
Meir å bli stolte av! Mindre av dette? Meir av dette?
Korleis kan vi oppnå dette?
Kdp trafikk Førde sentrum er det planfaglege grunnlaget:
Eit robust, fleksibelt og stort nok vegsystem
Legge til rette for ein sykkelby
Gå og sykle i eit meir funksjonelt og vakrare sentrum.
Finansiering av tiltaka vil vere avgjerande:
Statens vegvesen
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Førde kommune
Brukarbetaling = bompengar
Korleis kan vi oppnå dette?
Bompengar
Ein bompengesøknad frå Førdepakken til Førde kommune
i august – september
Bompengesøknaden vil mellom anna innehalde:
Prioritering av prosjekt
Plassering av bomstasjonar
Bompengesatsar og rabattar
Finansiering
Endeleg bompengesøknad vil bli sendt desember 2013
Vedtak i juni 2014 i Stortinget
Bomstasjonar på plass hausten 2014
Alle plandokumenta finn de her:
http://www.vegvesen.no/Europaveg/e39langelandmoskog Samt på heimesidene til Førde kommune og Førdepakken AS
Frist for å komme med merknader er 22.mai 2013
Førde kommune
Postboks 338
6802 Førde
Planvedtak er pr. no sett til slutten av juni 2013