korleis påverkar spreidd vs. tett bustadbygging …...2020/12/08 · korleis påverkar spreidd vs....
TRANSCRIPT
08.12.20
Korleis påverkar spreidd vs. tett bustadbygging klimafotavtrykket?
Bakgrunn
Osterøy kommune skal utarbeida overordna strategiar for areal- og transportplanlegging i samband med samfunnsplanen. Det er difor trong for eit kunnskapsgrunnlag som kan kan gje grunnlag for prioriteringar, med målsetting å redusera klimagassutslepp og gjennomføre best mogleg samfunnsøkonomiske investeringar.
Det skal utarbeidast analyser som gjer svar på 2 spørsmål:1) Korleis planlegga for reduksjon i utslepp av klimagasser?2) Korleis planlegge for høgast mogleg samfunnsøkonomisk nytteverdi?
50% av finansieringa var tilskot frå Miljødirektoratet (klimasatsmidlar)
Geografi
Bru
Ferje
Bergensentrum
Åsane
Arna
Lonevåg(kommunesenter)
Endring i folketal
SenterstrukturFordeling av busette i dei 4 sentra og i resten av kommunen:
• 56% jobbar i ein anna kommune
• 80% av pendling inn+ut går ut av kommunen
Næringsliv og pendling
Reisemiddelfordeling
To scenario for utvikling
Område: Del av folkevekst fram til 2030
Lonevåg 33%Valestrand 33%Haus 19%Fotlandsvåg 9%Resten av kommunen
10%
Scenario 1- 90% av utbygging skjer i 4 senter/tettstader Scenario 2- Utbygging ihht KPA (2011)
• År 2030 er brukt som scenarioår for analysane. Dette er tidshorisonten som er brukt i samfunnsplanen
• Scenario gjeld kun bustad. Andre føremål føl KPA
Scenario 1- 90% av utbygging skjer i 4 senter/tettstader Scenario 2- Utbygging ihht KPA
To scenario for utvikling
Utslepp for scenario 1 og 2 er rekna frå følgande tre kjelder:
• Transport til og frå bustader• Energibruk i driftsfasen (stasjonær energi)• Materialbruk ved nye bygg og drift/vedlikehald av bygg
Scenario er bygd på teori om samanheng mellom arealbruk og transport/ mobilitet
Mindre utslepp?(men og lågare samfunns-kostnader?)
Utslepp frå transport, metode
Utslepp frå transport, metode
Bruk av av data frå reisevaneundersøkingar, kombinert med GIS
Resultat, reiselengder:
Utslepp frå transport, resultatUtslepp, per år i 2030:
Skilnad på ca. 100 tonn CO₂e/ per år i 2030 Ca.1000 tonn i perioden 2018-2030 (akkumulert)
Årsak til den relativt beskjedne skilnaden:• Skilnaden i busettingsmønster er ikkje veldig stor mellom
scenarioa (KPA har og ei utbygging som ligg relativt tett på sentra)
• Det er veldig mange lange reiser på Osterøy slik at skilnaden i reiselengder mellom scenario 1 og 2 ikkje gjer store utslag i totale reiselengder for heile kommunen.
• Ein stadig høgare elbil-/ plugin hybridandel framover gjer at skilnaden mellom scenarioa avtek jo nærare 2030 ei kjem.
Utslepp frå energibruk i driftsfasen, metodeFøresetnad: Ulik grav av tettleik gir ulik mix av bustader > Gir ulik energibruk
Dagens mix (til samanlikning):Bustadmix som er nytta:
10%
37%
Utslepp frå energibruk i driftsfasen, metode
Type bustad: KWh pr kvm og år (TEK17)
Einebustad 108
Tomannsbustad 108
Rekkehus 108
Bustadblokk 92
Energibruk, nye bustader, ihht TEK 17:
• For eksisterande bustader er det lagt til grunn tal frå SSB: Gjennomsnittleg energiforbruk per kvm, fordelt på bustadtype
Utslepp frå energibruk i driftsfasen, resultatNokre funn:
• Relativt liten skilnad mellom scenario.
• Eksisterande bustadmasse dominerar framleis.
• Utsleppa frå ny utbygging vil i 2030 stå for 7-8% av dei totale energibruksutsleppa i kommunen, noko som er relativt lite når ein veit at dei nye busette vil utgjere 15% av folketalet dette året.
• Årsaka til dei låge utsleppa er at dei nye bustadene vil ha langt lågare energiforbruk per kvadratmeter enn eksisterande bustader.
Utslepp, per år i 2030:
Utslepp frå materialbruk ved nybygg, metode
Type bustad: Kg. CO2 ekv./(m²* år)
Einebustad m/uinnreidd kjellar 4,2
Tomannsbustad m/uinnreidd kjellar 4,8
Rekkehus m/uinnreidd kjellar 4,6
Bustadblokk m/ lukka P-kjeller 6,9
• Omtrentlege tall som føreset gode grunntilhøve, dvs. det er teke utgangspunkt i at det er enkelt å bygge på alle tomtar
Utsleppsnivå per bygningstype (som for referansebygg i Klimagassregnskap.no):
Føresetnad: Ulik grav av tettleik gir ulik mix av bustader > Gir ulik materialbruk
Utslepp frå materialbruk ved nybygg, resultat
• Skilnaden mellom scenarioa er på om lag 4% i favør scenario 1-senterutvikling.
• I scenario 2 står bygging av einebustader for 44 % av utsleppa (men utgjer 37% av tal bustadar).
Samla resultat, utslepp frå transport og bygg• Samla utslepp på 5093 tonn CO2 ekvivalentar i år 2030 i
scenario 1-senterutvikling. (Tilsvarar utslepp frå 613 nordmenn per år)
• Scenario 2-utbygging (etter KPA ) er 5% høgare (300 tonn CO2 ekvivalentar meir i år 2030).
• Transport er den største utsleppskjelda i 2030 (45% av utsleppa i begge scenario).
• Materialbruk står for om lag 33% av utsleppa og energibruk for om lag 22% (gjeld begge scenario).
Samla resultat, utslepp frå transport og bygg
• Materialbruk bidrar mest til akkumulerte utslepp, deretter transport.
• Skilnaden mellom dei to scenarioa er om lag den same for alle typar (ligg på 8-900 tonn).
• Målt i prosent er skilnaden mellom scenario større: rundt 5% for transport, 4% for materialbruk og 10% for energibruk.
• Det er altså innan energibruk at ein får mest CO2-effekt av å bygge tett.
Akkumulert:
Samla vurdering, utslepp
Årsaka til dei relativt små skilnadane i scenarioa skuldast mellom anna:• Veksten er såpass liten at eksisterande busetnadsmønster vil dominere, også i 2030. • Dei fleste utbyggingsområda i KPA 2011 ligg relativt tett på sentra og reiselengdene blir difor ikkje
veldig mykje lenger enn for scenario 1. • Det er veldig mange lange reiser på Osterøy• Ein stadig høgare elbil-/ plugin hybridandel framover • To av dei tre utsleppskjeldene (materialbruk og energi) som påverkar utslepp av klimagassar er i
prinsippet uavhengig av transport/lokalisering > Bustadmixen meir viktig enn utbyggingsmønsteret for klimagassutslepp. (I praksis vil bustadmixen likevel vere bestemt av kvar ein legg til rette for bustader – sentralt eller perifert.)
• Skilnadene mellom scenarioa er små i perioden fram mot 2030, men det er viktig å merke seg kva retning faktorane dreg. Planlegging av ein klimavenleg arealbruk er langsiktig, og val av utbyggingsretning vil gje konsekvensar langt utover analyseperioden.
Vurdering av tiltak på infrastruktrurTiltak som vart vurdert:• Styrking av kollektivaksar• Etablering av knutepunkt • Båtrute som alternativ for kollektivreiser
Konklusjon kollektivaksar og knutepunkt:• Scenario 1 - senterutvikling byggjer best opp om
moglegheiten for sterke kollektivaksar og gode knutepunkt mellom ulike transportmiddel. Dette kan bidra til å auke kollektivandelen på Osterøy.
Konklusjon båtrute: • Slik rute vil ha lav frekvens, samstundes som reisetida mellom
Valestrand og Bergen sentrum blir lang • Båtruta vil ha vanskeleg for å konkurrere mot bil og
eksisterande busstilbod.
SamfunnsøkonomiPrissette verknader (særskilt fokus på investeringsbehov for viktig infrastruktur som veg, vann og avløp gitt dei to scenario)Ikkje-prissette verknader (Kvalitativ vurdering)
Det er viktig å poengtere at det er stor usikkerheit knytt til berekningane: Folketalsutvikling, bustadmix, økonomisk konjunktur osv.Og vil folk faktisk bu i denne typen bustad?
Samfunnsøkonomi, nokre funn/konklusjonar:• Prissette verknader:• Resultata viser at CO2-utslepp utgjer ein liten del av dei samla prissette verknadene av scenario 1
• Det vil i begge scenarioa vere behov for betydelege investeringar i veg, gang- og sykkelveg, vatn og avløp. Kostnadsnivået berekna i netto noverdi er lågare i scenario 1 - senterutvikling
Tabell: Scenario 1 (senterutvikling) vurdert opp mot scenario 2 (utbygging etter KPA) som då er 0-alternativet:
Samfunnsøkonomi, nokre funn/konklusjonar (forts.):• Det er allereie eit spreidd utbyggingsmønster som òg i 2030 vil dominere. Folketalsveksten på Osterøy er
relativt liten, og i tillegg er det i begge scenario lagt til grunn størst vekst i sentera.
• Verknadene av scenario 1 for handel, næringsutvikling og produktivitet er vurdert å vere marginale, bl.a. fordi dette er snakk om små tettstader
• Dei viktigaste positive ikkje-prissatte verknadene er vurdert å vere meir effektiv drift av kommunale tenester og lågare nedbygging av areal.
• Samanlikna med dagens KPA (scenario 2) er scenario 1 samla vurdert som ei utvikling som vil gi høgare samfunnsøkonomisk nytte.
Tabell: Scenario 1 (senterutvikling) vurdert opp mot scenario 2 (utbygging etter KPA) som då er 0-alternativet:
(Presentasjon av Osterøy kommune: https://www.youtube.com/watch?v=5TIhcmaLglY)
Takk!