kultur - gamle aal · ei gong stod myreguten på farten, han skulle til dagali og spela i eit...

23
32 Kultur Ål Bygdamuseum blir offisielt opna jonsokeftan 1946. Tilstellinga tok til med ridande brureferd frå Sundrehallplassen, gjennom Sundre til Skulesvingen og opp Øvre-Ålsbakkane til museumsgarden på Leksvol. Med i opptoget var 52 hestar og eit staseleg følgje av bunadskledde kvinner og menn. Sissel og Ola H. Bråten hadde rolla som brurepar. Det var møtt fram mykje folk i museumsgarden, og dei nytta høvet til å sjå seg om i dei 12 gamle husa som var oppattsette. På biletet passerer opptoget Ål drosjesentral. (Utlånt av Olav Oppsato)

Upload: others

Post on 27-Oct-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

32

Kultur

Ål Bygdamuseum blir offisielt opna jonsokeftan 1946. Tilstellinga tok til med ridande brureferd frå Sundrehallplassen, gjennom Sundre til Skulesvingen og opp Øvre-Ålsbakkane til museumsgarden på Leksvol. Med i opptoget var 52 hestar og eit staseleg følgje av bunadskledde kvinner og menn. Sissel og Ola H. Bråten hadde rolla som brurepar. Det var møtt fram mykje folk i museumsgarden, og dei nytta høvet til å sjå seg om i dei 12 gamle husa som var oppattsette. På biletet passerer opptoget Ål drosjesentral. (Utlånt av Olav Oppsato)

Page 2: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

33

Ål Mannskor, stifta i 1924, var eit velkome innslag i kulturbiletet i Ål. Ikkje berre gledde koret med kraftfull og klangfull song, karane spelte også revy. Her frå ein revy midt på 30-talet, og det må vera eit innslag med storpolitisk sus. For kjenner me ikkje att den engelske statsministeren Arthur Neville Chamberline (Axel Urholt) t.v., Tysklands Adolf Hitler (Torleiv Sundre), statssjefen i Italia, Benito Mussolini (Bård Stenersen), den franske statsministeren Edouard Daladier (Sigvat Tveito) og bak tronar Russlands sterke mann, Josef Stalin (Olaf Bjerke). Ål Mannskor vart lagt ned i 1956.

Page 3: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

34

Under krigen var det eit ungdomsorkester på Torpo som kalla seg “Castello Band”. Med her var Ivar Bråten, trekkspel, Oddmund Sataslåtten, gitar, Gudmund Bæra, klarinett og Anders Bæra, trommer.

Håkon Torsteinslåtta var ein tru slitar som i 1937 fekk Buskerud Skogselskaps dip-lom for framifrå skogsarbeid. Han hadde godt minne og var ein forteljar av ypparste klasse. Her er Håkon fotografert med Torsteinslåtta i bakgrunnen. (Utlånt av Berit Nielsen)

Page 4: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

35

Håkon Torsteinslåtta var ein det var lett å “glagge” seg på. Han kunne vera unnselen å sjå til, men når han fekk boltre seg i norsk litteratur var han på heime-bane. Lars Opsata har eit kapitel om Håkon i boka “Den gamle garden”, der han er på innsteg hjå ein Oslofamilie som har skaffa seg hytte i området. Håkon er sjå-granne med folket på hytta, og det er god folkeskikk å helse på naboar. Håkon er ikkje den mest presentable i dag; brune sveittegrimer i andletet, nokolite skjeggut og duveleg fillut. Lars Opsata skriv: “Frå kvardagsprat kom dei ut på så mangt, både litteratur og religion. Men Håkon følgde dei like til deira topp han, og endå kjende han seg ikkje svimmel. - Korleis kan du vita alt dette, sa dei, du som bur her langt innpå åsen. - Å, svara Håkon, fyrst so har me no skula, der lærer me mykje. So har me kyrkja, og der lærer me mykje. So har me boksamling, der fær me låne bøker som me lærer av. Og so held me blad som me også lærer av”. Det var den same Håkon som på spørsmål om han var avhaldsmann svara at det var han i teorien, men ikkje i praksis. (Utlånt av Berit Nielsen)

Page 5: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

36

Ola Jensson Myre var frå Nes, men gjorde åling av seg, då han kjøpte eigedomen Myro. Ola var spelemann og vart kalla “Myreguten”. Og så var han bjørneskyttar. Han la ut gildre for bjørnen. Ei gildre var sjølvskot som vart “gildra til” slik at når bjørnen rørde åta, så losna han skotet.Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre i Sollien. Jau, han hadde no det. “Ja, no har du ein bjød’n liggjande der”, sa karen. Myreguten måtte då først til Sollien for å slakte bjørnen, og deretter gjekk han fjell-leies til Da-gali for å låte.Myreguten var også tambur og hadde tromme. Stundom gjekk han utpå Hovda og let på fela eller slo på tromma, så dei høyrde det “heimi gardo”. (Utlånt av Anna Myro)

Page 6: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

37

Utover på 1800-talet vart det stadig meir klårt at stavkyrkja i Ål nærma seg pen-sjonering. I 1877 banka heradsstyret at det skulle byggjast ny kyrkje i hovudsoknet. Bygginga skulle seinast ta til våren 1880. Sokneprest Monrad kjempa for at stav-kyrkja måtte bli redda for ettertida, men kommunen såg seg ikkje råd med nokon restaurering. Den 23. mai 1880 var bispen i Ål og heldt siste messa i stavkyrkja. Rivinga begynte allereie dagen etter. Det gjekk uvøre for seg, og mesteparten av stavkyrkja vart nøringsved i peisen. Men det verdifulle Ål-taket vart redda. Portalane og Ål-taket er i Universitetets Oldsakssamling, og altartavla og preike-stolen som var lagra oppe i tårnet på “1880-kyrkja”, vart sette innatt i kyrkja under restaureringa i 1957-59.

Vandrings- og bladmannen Anders Mehlum var kjent som “Nu-mannen”. I femti år vandra han gardamyljo i bygdene her oppe. Ein kjepp i eine handa og ei veske med trykte aviser, skrivne notisar og utkast til artiklar i “Nu”, i den andre. På sine van-dringar budde Mehlum for det meste privat. På det viset kom den originale bladma-nnen i nær kontakt med lesarane. Her er Mehlum på besøk hjå Gunhild og Torleiv Haug på øvre Varaberg midt på tredvetalet, og døtrene Birgit (til venstre), Åsta og Margit poserer saman med bladmannen. (Utlånt av Ola E. Hagen)

Page 7: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

38

I mange år arrangerte Ål ungdomslag kanefart 2. dag jul. Me hugsar at det kunne vera både 25 og 30 hestar med på denne trafikken, som hadde start på Sundre og innkomst enten på Noss Fjellgard eller Hove Fjellgard. Og vel i mål var det stor fest, eit samver det gjekk gjetord om lenge utover vinteren. Kanefart-tradisjonen heldt seg til omkring 1970. (Utlånt av Ola Kvinnegard)

Fire styremedlemer i Ål bygdemuseum, frå høgre Ola Skrattegard, Ola S. Hajem, Erling T. Bækkestad og Gudrun Gjørud saman med O. O. Strand, ein god ven av museet. Fotograf er truleg styreformann Ola Perstølen. Biletet er frå sist i tredveåra og teke i museumsgarden. Hajem og Perstølen skipa i 1924 Ål museumslag, og desse to Sundre-kjøpmennene la her ned eit stort arbeid for museet på Leksvol. (Utlånt av Sigurd Tveito)

Page 8: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

39

Aslak Sandestølen (f. 1898) var ein av dei mest lovande elevane ved Statens Hånd-verks- og Kunstindustriskole, då han brått vart sjuk og inn-lagt på Ullevål sjukehus med diagnosen poliomyelitt. I to år var han lenka til senga, lam frå livet og ned. Men Aslak hadde ein ukueleg vilje. Han tvinga liv i lamme føter. Og til slutt greidde han å ta seg fram med krykker.Heimatt på Sandestølen dreiv han med småhandverk og reparasjonar, men innimel-lom skapte han akvarellar og oljemåleri av interiør, land-skap og hus. Tidleg i 20-åra laga gode vener av Aslak ei utstilling av arbeida hans. Der selde han mange bilete. Frå no av vart det meir måleri, og ålingane sette umåteleg pris på Sandestølen sine arbeid, enten det no var trollmotiv eller dyr og landskap der ein svært ofte kunne ane Veståsen.

På øverste biletet ser me ein frisk Aslak Sandestølen på vandring i Oslos gater. Biletet under syner Aslak som poliomyelitt-pasient. (Foto: Tveito)

Page 9: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

40

Rosemålingskurs i Opheim i 1967.Fremste rekke frå venstre: Arnfinn Haugo, Ingebjørg Martinsen, Olga Helling, kursleiar Levor Vangen, Tora Teigen og Ragnhild Kollerud (lærar ved Opheim skule det året). Andre rekke frå venstre: Per Jordheim, Britt Ruud, Helga Bråten og Lars Bråten. Bakerste rekke frå venstre: Per Ruud, Kristen Slåtten, Gudrun Opheim, Liv Sollien, Sigurd Sollien Opheim og Ola Ruud. (Utlånt av Syver Sollien)

Krigen er slutt og Per Perstølen kan hente heim radioen som har vore konfiskert av okkupasjonsmakta. (Utlånt av Lars Haugen)

Page 10: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

41

Ålingar på danseoppvisning i Bergen i 1905. Frå venstre: Arnfinn Breie, Kaja Bruun, Barbro Strand, Knut Underberg, Sissel Breie, Sigvat Tveito, Randi Bråta og Torleiv Noss. Spelemann er Arne Bjørndal. (Utlånt av Torleiv A. Breie)

Eit lite klenodium: julehelsing frå Halldis Moren (seinare gift Vesaas) til morbror Arnfinn Breie og kona Kari. (Utlånt av Torleiv A. Breie)

Page 11: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

42

Seks som har vore formenn i Hugnad Ungdomslag på Torpo.Fremste rekke frå venstre: Kolbjørn Opheimsjorde, Nils O. Moen og Bernhard Berntsen. Bak frå venstre: Knut Bråten, Oleiv Bråten og Botolv Bråtalien.(Utlånt frå Torposamlinga)

Page 12: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

43

Hugnad ungdomslag i 1934. Første rekke frå venstre: Mari Ursdalen, Rangdi Helling, Martin Storedal, Guri Vestenfor og Agnes Gundersen. Andre rekke frå venstre: Jørgen Bankohuset, Arvid Gundersen, Ola Sollien, Torstein Sire, Nils Ruud og Ola Opheimsjorde. Tredje rekke frå venstre: Ella Granlien, Lars Lien, Sigurd Ruud, Arne O. Rudningen, Olav E. Skjerping, Peder Flåm, Ola Vangen og ei som var tenestjente hjå G. H. Tret-terud. Bakerste rekke frå venstre: Hallstein Løvsletten, Eirik Opheimsjorde, Levor Vangen, Hermann Nyhus, Ola L. Helling og Ola Tretterud. (Utlånt frå Torposamlinga)

Page 13: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

44

Sang og musikk

Sando Musikklag vart stifta i 1932. Biletet er teke ca. 1945. Første rekke frå venstre: Borghild Gullhagen Roen, Kristi Tormodsgard, Margit Medgard, Sigrid Stølen og Birgit Opsata. Andre rekke frå venstre: Sander Sletten, Margit Tormodsgard, Guri Sandelien, Birgit Kirkedelen, Birgit Roen og Eilev Med-gard. Tredje rekke frå venstre: Sindre Slåtto, Ola S. Roen, Torleiv Gullhagen, Svein Hauge og Solve Bråten. Bak frå venstre: Torleiv Jorde, Ola T. Opsata og Olav Tveito. (Utlånt av Torbjørn Opsata)

Mannskoret “Heimlokk” fotografert i 1952. Frå venstre: Olav Traa, Torleiv Uppsata, Ola T. Opsata, Eilev Medgard, Linas Grønning, Sindre Slåtto, Ola S. Roen og Malvin Kvinge. (Utlånt av Torbjørn Opsata)

Page 14: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

45

I 1922 vart “Aal rigsmålsforenings musikkorps” stifta. I paragraf 3 i lovene heiter det bl.a.: “Som medlemer optages personer der viser eller godtgjør å besidde gehør og anlæg for musik, samt er medlem av riksmålsungdomsforeningen”. Den første offentlege opptreden korpset hadde var på ein juletrefest på Solhov i 1922. Etter eit par år vart korpsets hopehav med riksmålet oppløyst og laget omdøypt til “Aal Hormusikk-korps”. Her er korpset knipsa midt i tredveåra. Framme frå venstre: Birger Berg, Embrik Bæra, Erling Telning Pedersen, Sigurd Ødelien, Einar Helgestad og Arnfinn Hoff. Bak frå venstre: Asbjørn Sonerud, Kalle Sonerud, Oddvar Dokken, Torstein Bratte-gard, Henry Olsen og Leif Bæren. (Foto: Tveito)

Page 15: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

46

“Kallegutta” var det “store” dansebandet i Hallingdal frå sist i tredveåra til litt ut på 50-talet. Framme frå venstre: Karl Sonerud, ein ukjent gjestemusikant og Lars K. Bråten. Bak frå venstre: Jacob Helgestad, Asbjørn Sonerud og Karsten Pettersen. (Foto: Tveito)

Page 16: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

Ål Mannskor vart stifta i 1924. Det var Sigvat Tveito som kom med tanken om eit slikt kor, og han var i mange år ei drivande kraft. Biletet er frå siste krigsåret. I første rekke frå venstre er Knut Myro, Håkon Sataslåtten, Sigvat Tveito, Erling Telning-Pedersen, Karl Krøvel-Velle, O. O. Strand, Håkon Tønnesen, Arne Nilsen og “Vesle-Tolleiv” Noss.Andre rekke frå venstre: Olav Eriksson, Olav Nilsen, Olav Langehaug, Svein Skarp-ås, Tor Sundrehagen, Leif Varberg, Kristian Sørensen, Sigurd Ødelien, Rolf Snildal, Arnfinn Sorteberglien, Ola Tormodsgard, Mikkel Torsethaugen, Ola Trintrud, Erik Bakken, Ola Sletto, Kjell Andersen, Per Kvelprud og Eirik Sando.Bakerste rekke frå venstre: Olav K. Myro, Lars Stave, Per Varberg, Ola H. Bråten, Sigurd Linjordet, Oskar Jemterud, Sevat Sataøen, Hermann Gullhagen, Trygve Rol-stad, Sigvat Kirkedelen, Anton Dynge, Inge Haugen og Nils Kolbjørnsgard. (Foto: Tveito)

47

Page 17: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

48

Lag og organisasjonar

“Fjellblomen”, DNT-barnelag for Leveld og Vats, er samla på Gunnarhaugen 20. mai 1931.Første rekke frå venstre: Eirik Ødelien, Ola E. Hagen, Botolv Gurigard, Nils L. Ber-gaplass, Halvor Haugen, Asle Haugen og Olav O. Hagen.Andre rekke frå venstre: Helga Oleivsgard, Kari Espegard, Liv Hagen, Margit E. Hagen, Margit Haug, Gunhild Oleivsgard og Astrid Espegard.Tredje rekke frå venstre: Liv Lappegard, Astrid Haugen, Mikkjel Veslegard, Sigurd Håheim, lærar O. L. Haugen og Gro T. Ødelien. (Utlånt av Magne Veslegard)

Page 18: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

49

Sando sundagsskule 1920/21.Fremste rekke frå venstre: Haldis Sehl, Gunhild A. Bøygard og Guri Ulshagen.Andre rekke frå venstre: Margit Thoen, Margit Stølen, Borghild Bæra, Klara Ramshus, Gunhild T. Bøygard, Ingebjørg Sørbøen, Ågot Krydshaug og Haldis Ulshagen.Tredje rekke frå venstre: Ågot Opsata, Birgit T. Bøygard, Gudrun Krydshaug, Borghild Gullhagen, Kristi Luten, ukjent og Margit Slåtto.Fjerde rekke frå venstre: Tollef H. Opsata, Lars Stølen, Ola Stølen, Rangdi Skjervheim, Guri Krydshaug og Sissel Skjervheim.Femte rekke frå venstre: Knut Bøygard, Ola A. Bøygard, Hermann Kleivstølen, Per Kvelprud, Rønnaug Sehl og Kristian Opsata.Bakerste rekke frå venstre: Sindre Slåtto, Ola T. Opsata, Asle Bøygard, Per Sørbøen, Henry Thoen, Hermann L. Gullhagen, Botolv Sehl, Ola Ulshagen, Eilev Sørbøen og Asle Medgard. (Utlånt av Torbjørn Opsata)

Page 19: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

50

Sundagsskulen i Kvinnegardslia (ca. 1962).Fremste rekke frå venstre: Morten Bjella, Magne Haugen, Liv Warberg og Aslag Haugen. Andre rekke frå venstre: Anne Medhushaugen, Øyvind Tveito, Arne Sigurd Haugen, Steinar Bekkestad og Jon Olav Bjella. Bakerste rekke frå venstre: Sundagsskulelærar Halldis Ruud, Jan Warberg, Agnar Sletto og Thor Warberg. (Utlånt av Sigurd Tveito)

Page 20: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

51

Her er me med på 17.- maifeiring i Leveld (1941). Biletet er teke på søre Haug.Fremste rekke frå venstre: Gunnar Ørjansen, Bjarne Haug, Torlaug Løkensgard, Gudrun Veslehaug og Borghild Hagen. Andre rekke frå venstre: Knut Haug, Magnhild Veslehaug, Gunhild Løkensgard, Ragna Hagen og Trygve Hagen.Bakerste rekke frå venstre: Gudrun Kirkedelen, Ågot Hagen, Ågot Veslehaug, Ingebjørg Løkensgard og Sissel Veslehaug. (Utlånt av Ola E. Hagen)

Page 21: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

52

Mange av ungdomslaga i Ål har hatt aktive amatørteatermiljø. To scene-klassikarar var “Falsk underskrift” og “Gamlekarane på Storebø”. Fram u.l spelar “Falsk underskrift” på Solhov. Me er godt inn i tredveåra, og bak frå venstre er Lars Gjeldokk, Håkon Sataslåtten, Nils Gjeldokk og Jorunn Perstølen.Framme frå venstre: Eivind Helling, Ingeborg Romslo og Eirik Gjeldokk.

Ål ungdomslag har sett opp “Gamlekarane på Storebø”. Me er på Sundrehall på tid-leg 50-tal. Bak er Ola Kortgård (t.v) og Nils Gjeldokk. Fremst er Emma Hollebakken og Helge Dengerud. (Utlånt av Ola Kvinnegard)

Page 22: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

53

I 1945 vart det arrangert fredsmarsj i alle bygder. Her er me med på “marsjen” i Votndalen, og me ser frå venstre Borghild Hagen, Tor Håheim, Eirik Holo Lund, Borgine Svarteberg, Ola E. Hagen, Solve Håheim, Knut T. Tveito og Håkon Tveito. (Utlånt av Ola E. Hagen)

Folkets Hus vart bygt i 1935/36. Her er me med på ei 1.mai-feiring straks etter kri-gen. Det me hugsar spesielt godt frå Folkets Hus er dei vakre Sandestølen-motiva på murveggane i festsalen. Det var landskapsmotiv, det var dyr og det var troll. Folkets Hus måtte vike plass for idrettshallen først på 1980-talet. (Utlånt av Vigdis Hoff Sønstelid)

Page 23: Kultur - Gamle Aal · Ei gong stod Myreguten på farten, han skulle til Dagali og spela i eit gjestebod. I det han skulle gå, kom ein kar springande og spurde om han hadde gildre

54

Ål ungdomslag er på busstur, og Vilhelm Noss dreg opp stemninga med friske trekkspeltonar. Til venstre kjenner me att Emma Hollebakken og Helge Dengerud. På høgre side ser me, bak spelemannen, Lars O. Noss og Knut Haugen. Lars (til dagleg kalla Lars i Larsgard) kunne vera drepande i replikken. Det var han som døypte Folkets Hus til “Troskis minne”. Solhov kalla han “Kjyru-hjallen”, medan Sundrehall var “Huset vårt”. Og svømmehallen i ungdomsskulean-legget døypte han til “Dyrebotn”. (Utlånt av Ola Kvinnegard)