kyrkjelydsblad for fjaler 3fjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_juni_2009.pdf ·...

16

Upload: others

Post on 13-Oct-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Kyrkjelydsblad for Fjaler 3fjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_juni_2009.pdf · vårt. Vi kan rope til Gud og vi kan få hjelp av Gud eller av ein ven eller andre
Page 2: Kyrkjelydsblad for Fjaler 3fjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_juni_2009.pdf · vårt. Vi kan rope til Gud og vi kan få hjelp av Gud eller av ein ven eller andre

Påska er over, våren går mot slutten og sommaren liggframfor oss som ein etterlengta fristad. Noko mange avoss har sett fram til lenge. Kanskje det er no vi kan nytesommaren best, før den har starta og ferien framleis liggder ubrukt?

Denne våren har 5.klassingane fått tilbod om å vere medpå ”Den Store Forteljinga” – i samband med at alle idenne aldersgruppa får utdelt Bibelen. Som ein del avdette opplegget viser vi ein animasjonsfilm med sentralehendingar i Jesu liv. Det var under krossfestinga at kom-mentaren kom frå ein rysta 5.klassing: Fekk han ikkjebedøvelse eingang?! Ho verka opprørt og sjokkert.Jesus heng på krossen. Vi ser at han har det vondt ogdet ER ein stygg sak. Jesus vert henretta. Ikkje rart at homeinte han burde fått tilbod om bedøvelse! Det haddenok vore rett og rimeleg.

Kommentaren var nok ikkje meint for vaksne øyre. Denkom med låg stemme til venninna som sat ved sidan avhenne. Kanskje like greit. Vaksne, og meg sjølv inklud-ert, har kanskje ein litt lei tendens til å flire av spørsmålsom kjem frå borna.

Du har nok høyrt det før og veit det så vel, at Jesus døy-dde for deg. Han døydde for syndene dine og mine.Det er heller ikkje noko nytt. Men, kva kosta det forJesus? Har du reflektert over det? Han var sann Gud ogsant menneske. Kunne føle smerter slik som du og eg.Det er nesten ikkje til å fatte. Sjølv for oss som er vaksneog har høyrt historia mange gonger før og på mangeulike måtar. Kanskje vi må lytte til teksten med meir ennberre hovudet? Lytte med hjarte og ta innover ossforteljinga på ein ny måte. Er vi i stand til det?

I diakonien, eller innanfor kyrkja si omsorgsteneste om duvil, handlar det ofte om å gjere noko meir enn berre åhøyre. I bibelgruppa vår har vi snakka om at det kanvere fruktbart å studere Ordet med litt ulike innfallsvinklar.Kanskje lese eit dikt, dele nokre personlege tankar ellererfaringar, sjå ein film eller kanskje vere saman om åhjelpe kvarandre? På denne måten kan vi få ein djupareinnsikt i Guds ord og det kan vere med på å gjere kris-tenlivet rikare.

I gudstenesta er det mange fine opplevingar og kanskjeein av dei finaste er å feire nattverd. Her får vi opplevenoko konkret: Vi får ta imot Jesu lekam og Jesu blod. Deter for alle som treng Jesus og vil vere ven med Jesus.

Jesus vil gjerne ha deg med på ”laget sitt” – vil du veremed på hans lag?

Trusopplæringsmedarbeidar Bente Kandal

2 Kyrkjelydsblad for Fjaler

”Fekk hanikkjebedøvelseeingang…?”

Page 3: Kyrkjelydsblad for Fjaler 3fjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_juni_2009.pdf · vårt. Vi kan rope til Gud og vi kan få hjelp av Gud eller av ein ven eller andre

FASTE-AKSJONEN2009

Hjarteleg takktil alle som varmed på dør-til-dør-aksjonen31. mars tilKirkensNødhjelp (KN) sitt arbeid, bådebøsseberarane(konfirmantane ognokre vaksne), sjåførane og dei somhjelpte til med kaféen på Ljosheim!Innsamlingssummen var kr 34.935,-.Takk til alle som gav sine bidrag tilaksjonen! kak

NYE TELEFONNUMMERVi minner om at Fjaler kyrkjekontor harfått nye telefonnummer der kvar tilsettmed kontorplass på kyrkjekontoret, harfått direktenummer til sitt kontor.Oversikt over dei nye telefonnummerafinn du i den faste spalta på side 15.

VEL MØTT TILTRADISJONSRIK JONSOKFEIR-ING I GUDDAL!Jonsokfeiringa i Guddal er ein mykjeover 100 år lang tradisjon som takkavere trufaste eldsjeler held fram. I år erJonsok på ein tysdag, og som vanlegstartar gudstenesta i kyrkja kl 11:00der Sigurd er prest. Med oss frå DetNorske Misjonsselskap blir i år RigmorFrøyen.Etter gudstenesta samlast vi tilmisjonsfest på skulen. Der blir det meirom misjon og som tidlegare år blir detloddsal med fine gevinstar. God matkjenneteiknar også festen, og eldsje-lene – ein handfull Guddalskvinner -serverer mylse, kake og kaffi m.m.

HJARTELEG TAKKFOR GÅVER !Takk for 200 kr i minnegåve tilGuddal kyrkje gitt ved gravferda tilJohan Stensæth 27.03.2009.

Takk for 3.700 kr i minnegåve tilLjosheim ved gravferda til AnnaVårdal 1.04.2009.

Håland misjonsforeining takkar hjarte-leg for 18.610 kr til NMS som kominn i samband med basaren påLjosheim Palmelaurdag 4.april 2009

DET SKJER PÅ PÅ ALVÆRAFamilieleir28 -30 august Heile familien

Bibel / Misjonsdager8- 11 september

Inspirasjonshelg25 -26 september

Aktivitetsleir2 – 4 oktober 5 – 7 kl.

Haustleir5 – 7 oktober 2 – 5 kl.

Alværa Misjonssenter –tlf: 57 71 17 57For informasjon og påmelding til leirsjå http://www.nmsu.no.

NETTKIRKENVelkomen til Nettkirken.Open for alle. Alltid.Du kan når som helst ta ei runde i kyrk-ja, der du kan tenne lys, lytte til salmarog musikk, sende ei helsing eller lese iBibelen. Du finn også bønner å be –eller kan be om forbønn – eller du kansamtale med ein av våre tre nettpresterom det du er opptatt av. Det kan verepersonlege ting, tankar om tvil og troeller eit behov for å bli sett av eit annamenneske. Nettkirken er drive avNorsk Kyrkje i Utlandet i samarbeidmed Den norske kyrkja.Nettkirken er her for deg. Velkomen!https://www.nettkirken.no

FORLENGING AV PRØVE-PERIODEN MED NY LITURGISoknerådet har søkt biskopen om for-lenging av prøveperioden med ny litur-gi, og fått forlenga prøveperioden tilsommaren 2010.

Bente Kandalsluttar i trusopplæringaI juni sluttar trusop-plæringsmedarbeidarBente Kandal etterknappe to år i stillinga.Bente har vore med iprosessen med inn-føringa og utviklinga avtrusopplæringa i Fjalerog Gaular etter at vi varså heldige å få statlegemidlar til dette arbeidet frå hausten2007.Vi seier oss leie for at Bente har valt åslutte no ettersom trusopplæringa er igod utvikling der Bente har bidregemykje i å knyte sterkare band mellomsmåbarnsfamiliar og kyrkja. Det harjamt over vore god oppslutnad om deinye tiltaka.Vi takkar Bente for innsatsen ogønskjer henne lukke til med nye utfor-dringar!

Framsidebileta er frå Påskevandring iDale kyrkje (sjå side 4).

Kyrkjelydsblad for Fjaler 3

Page 4: Kyrkjelydsblad for Fjaler 3fjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_juni_2009.pdf · vårt. Vi kan rope til Gud og vi kan få hjelp av Gud eller av ein ven eller andre

4 Kyrkjelydsblad for Fjaler

PåskevandringVi møttest i Dale kyrkje, laurdag25.april. 3. klassingane er spentepå kva dei skal vere med på. Deter åtte born i alt. Først syngsokneprest Knut Arne einpåskesong medan kantor Markspelar piano. Så er det dramatisketonar frå orgelet, medan det kjembilete på storskjerm. Borna møterhistoria om Farao, Moses og Aronog alle plagene som kom overegyptarane: Vi ser froskar, klegg,lyn og torden. Spanande, men littmykje opplesing. Nokon lurer kan-skje på kor tid dei skal leike?

Øving på prosesjonen vi skal gå idagen etter, på ”Barnas påskegud-steneste”. Deretter litt ”eselriding”og så er det endeleg litt frileik ute idet fine veret!

Påskemåltid på Ljosheim. Vi liggrundt bordet, ei ny oppleving fordei fleste av oss. Vi høyrer om kor-

leis jødane feira påskemåltidet ogsmakar på ein bitter urt og drikklidinga sitt beger. Liding og vondeting vil alltid vere ein del av livetvårt. Vi kan rope til Gud og vi kanfå hjelp av Gud eller av ein veneller andre som står oss nær. Tilslutt et vi kjeks, egg og skinke.Egget er eit symbol på det nyelivet som Jesus gav oss då hanstod opp frå dei døde. Brødet ersymbol på fellesskapen med Jesusog alle som trur på han. Så drikkvi safta frå håpet sitt beger. Jesusser oss alle og bryr seg om allemenneske!

Så går det slag-i-slag. IGetsemane høgg Peter øyret avein soldat, Jesus set det på att.Jesus vert krossfest og står opp att.Inne i kyrkja ser vi på altertavla avden sigrande Jesus. Eit av bornalurer på om det er sant at Jesusverkeleg stod opp att? Han får til

svar at ikkje alle trur det, men atdet gjer eg. Han utbryt: Jesus måha vore spesiell!

Siste stopp er Tiberiassjøen ellerDaleelva. Jesus møtte disiplaneved stranda. Vi brenn bål og bor-na får godterifisk og polarbrød.Somme prøver å grille fisken påbålet eller brenne gras og pinnar.Blokkfløytetonane legg seg bestemti øyra våre. Vi syng: Dei trudde atJesus var borte, dei trudde at Jesusvar død, då kom han på strandaein morgon, ved stille sjø.Påminning om at borna må møteopp i kyrkja kl.10.50 på sønda-gen. Takk for i dag og vel heim!

Trusopplæringsmedarbeidar BenteKandalFoto Joy Taylor

Page 5: Kyrkjelydsblad for Fjaler 3fjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_juni_2009.pdf · vårt. Vi kan rope til Gud og vi kan få hjelp av Gud eller av ein ven eller andre

Kyrkjelydsblad for Fjaler 5

Page 6: Kyrkjelydsblad for Fjaler 3fjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_juni_2009.pdf · vårt. Vi kan rope til Gud og vi kan få hjelp av Gud eller av ein ven eller andre

6 Kyrkjelydsblad for Fjaler

VEDLIKEHALD PÅ KYRKJE-GARDANEVi prøver å ha så bra vedlikehaldvi kan på kyrkjegardane i Fjalerutifrå dei ressursane vi har.Tilbakemeldingane er stort sett bra.Vi er glade for at mange er sværtflinke til å stelle gravene sine.Dersom du er i tvil om kva plikterdu som ansvarleg festar har, så takontakt med kyrkjeverja. Ver merk-sam på at det ikkje er høve til åplante på baksida eller på sideneav gravminnet. Dette gjeld ogsånår det står namn på begge siderav gravminnet. Plantefelt som ikkjelenger blir stelte, vil bli tilsådd.

Av og til kan det vere greittå minne om kyrkje-gardsvedtektene, difortrykkjer vi eit par av para-grafane no.

§ 6. PlantefeltFramfor gravminnet er det høve tilå opparbeide eit plantefelt i høgdmed bakken rundt. Plantefeltet måikkje vere breiare enn lengda påsokkelen til gravminnet, men kanpå små gravminne likevel vere opptil 60 cm breitt. Det må ikkje stikkelenger fram enn 70 cm, målt fråbakkanten av sokkelen. Det måikkje plantast vokstrar som skyggjer

for det som står skreve på gravmin-net, overstige gravminnet si høgdeller går ut over plantefeltet. Det erikkje høve til å plante vokstrar påutsida av plantefeltet eller på baksi-da av gravminnet. Skrifta pågravminnet må vere godt leseleg.

Det er høve til å tenne stearinlys ogoljelampe på grava, enten lause ibedet eller festa med hurtigkoplingpå gravminnet. Slike og andrelause dekorgjenstandar skal fjer-nast etter bruk. Det er ikkje høve tilå bruke gasslykt eller solcellepan-el. Det er ikkje høve til å brukefaste dekorgjenstandar somblomeurner, lykter m.v. pågravminnet, sokkelen, eller i plante-feltet. På grunn av vedlikehaldet erdet heller ikkje høve til å plasserelause dekorting på sokkelen, påsteinremser eller på planteplata.

Det er høve til å ramme inn plante-feltet med ein delt natursteinkantsom fluktar med terrenget rundt.Det er også høve til å bruke eimin. 5 cm tjukk bedplate i plante-feltet, men plata må vere skilt fråsokkelen.På same måten som for gravmin-net, er den som er ”ansvarleg forfri grav / festar av grav” ansvarlegfor å rette opp steinremser og

planteplater ved siging av bakken.Bruk av rund naturstein, plastgjen-stander, planta hekk m.v. er ikkjetillate brukt rundt plantefeltet.Dersom det ikkje er aktuelt å haplantefelt, skal det vere grasbakkepå alle sider av gravminnet.

§ 7. Plantemateriale.Plantar, kransar og liknande mate-riale som vert brukt ved gravferdeller ved pynting av grav og somender som avfall, skal vere av sliktmateriale som blir til kompost.Etter ei gravferd syter den ansvar-lege for grava eller festar for atvisne kransar og liknande vert fjer-na frå grava i rimeleg tid ettergravferda har funne stad.

Ta kontakt med kyrkjeverje om duønskjer eg skal gjere dette for deg.Bakgrunnen er at det ikkje alltid erlike lett å vite når pårørande tykkertida er inne for å fjerne dette, ogdessutan opplever eg at mangetykkjer det er greitt å gjere dettesjølve som ein del av sorgpros-essen.

if

Innhogging av nye namn ogoppfrisking av skrifta pågravminne.Kyrkjeverja formidlar kon-takt med ein som kjem vårog haust og gjer slikt arbeid.Ta gjerne kontakt!

Page 7: Kyrkjelydsblad for Fjaler 3fjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_juni_2009.pdf · vårt. Vi kan rope til Gud og vi kan få hjelp av Gud eller av ein ven eller andre

Kyrkjelydsblad for Fjaler 7

Om TruvedkjenningaKva er truvedkjenninga?Truvedkjenninga er kyrkjelydenssvar på bibellesingane og forkyn-ninga. Difor er ho plassert etterpreika i gudstenesta.

Kva er den nikenske truvedkjen-ninga?Ho er ei oppsummering av kyrkjasi tru som vart formulert påKyrkjemøtet i Nikea 325 e.Kr.Sidan 400 talet har kyrkja bruktden pånattverdsgudsteneste/høgmesse.Luther beheldt henne i si messe i1526 og i Noreg vart ho denfaste truvedkjenninga i høgmessafram til 1920. I altarboka frå1920 vart ho berre tillate i salme-form ”Vi tror og trøster på én Gud”og då ikkje i høgtidene. Ved litur-girevisjon på 70 talet kom hotilbake sidestilt med den apos-toliske truvedkjenninga, men hohar vore sjeldan brukt. No ynskjervi i Fjaler å prøve å gå tilbake tilden tradisjonelle bruken av dennikenske truvedkjenninga på gud-stenester utan dåp eller konfir-masjon. Utanom ein 50 års peri-ode i siste hundreåret har dennikenske truvedkjenninga blitt sagtfram ved alle gudstenestene iNoreg sidan kristendomen kom tillandet!

Kvifor passer den nikenske truved-kjenninga?Ho er meir samlande og begynnermed ”Vi trur på….”. Vi svarer påGuds tiltale ved å vedkjennast vårheilage tru saman med heile denverdsvide kyrkja. Det er dette visom kyrkjelyd og kyrkja trur. Hohar og eit meir hymnisk preg sompasser til messa – mange storekomponistar har laga musikk tildette faste gudstenesteleddet,”Credo”, t.d. Bach og Mozart.

Kva er den apostoliske truvedkjen-ningaHo har tradisjonelt (sidan 100talet) vore brukt saman med for-sakinga som ei personleg vedkjen-ning av tru frå den som vil blidøypt eller konfirmert. Difor brukerho fyrste person: ”Eg trur….”. Frå700 talet vart ho også brukt i tide-bønnene, Morgonbøn ogAftanbøn, som var tenkt som pri-vate, personlege bønegudsten-ester. Den apostoliske truvedkjen-ninga kom fyrst i norsk høgmesseså seint som i 1889! I Fjaler vil vistyrke den dåpsgudstenestelege ogkateketiske funksjonen av”Apostolicum” som dåpssymbolmed å reservere bruken av dennetruvedkjenninga til dåp og konfir-masjon.

Kven seier truvedkjenninga?Det er alle som må seie ho. Vi stårsaman i trua (dei som har behovfor det kan jo sjølvsagt bli sit-jande). I Fjaler syng vi gjernetruvedkjenningssalmen ”Fader, duhar skapt meg” i gudstenester medbarn i fokus for å konkretisere ogforenkle truvedkjenninga for barna.Den som leier kyrkjelyden undertruvedkjenninga, står helst veddøypefonten for å uttrykkje at deter trua på den treeinige Gud vi erdøypte til (fellesskapet av deidøypte). Truvedkjenninga har jo 3avsnitt om Faderen, Sonen og DenHeilage Ande. Den som leier kangjerne vere ein representant fråkyrkjelyden (helst ikkje gudsten-esteleiaren, d.v.s. ikkje presten) forå vise at truvedkjenninga er kyrkje-lydens svar til prestens forkynning.

mt

Den nikensketruvedkjenningaVi trur på éin Gud,

den allmektige Far,

som har skapt himmelen og jorda,

alt synleg og usynleg.

Vi trur på éin Herre, Jesus Kristus,

Guds einborne Son,

fødd av Faderen før alle tider,

Gud av Gud, lys av lys,

sann Gud av sann Gud,

fødd, ikkje skapt,

av same vesen som Faderen.

Ved han er alt skapt.

For oss menneske og til vår frelse

steig han ned frå himmelen.

Ved Den Heilage Ande og av Maria møy

vart han menneske av kjøt og blod.

Han vart krossfest for oss under Pontius Pilatus,

leid og vart gravlagd,

stod opp tredje dagen etter Skriftene

og fór opp til himmelen,

sit ved Faderens høgre hand,

skal kome att i herlegdom

og døme levande og døde.

Hans rike skal vere utan ende.

Vi trur på Den Heilage Ande,

som er Herre og gjer levande,

som går ut frå Faderen og Sonen,

blir tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen

og har talt gjennom profetane.

Vi trur på éi heilag, allmenn og apostolisk kyrkje.

Vi vedkjennest éin dåp til forlating for syndene

og ser fram til oppstoda av dei døde

og eit liv i den komande verda.

Amen.

Page 8: Kyrkjelydsblad for Fjaler 3fjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_juni_2009.pdf · vårt. Vi kan rope til Gud og vi kan få hjelp av Gud eller av ein ven eller andre

8 Kyrkjelydsblad for Fjaler

KONFIRMASJON 2009

Dale kyrkje 3. maiFramme, frå venstre: Ine Osland, LisaLykkebø, Sandra Brattelid.2. rekkje, frå venstre: Marte Haugsbakk,Gina Dorothea Garre-Fivelsdal, MariellButtedal Myklebust, Katrin Bjørvik Eldevik.3. rekkje, frå venstre: Amalie BjørvikMyklebust, Linda-Marie Leirpoll, RebekkaUllebø, Silje Johannessen Selvåg, Linn MaritaSkiftesvik Høyvik, sokneprest Knut Arne

Kummeneje.4. rekkje, frå venstre: Even Åsnes Flekke, Tom-Inge Nedrebø, Kent-Marius Leirpoll Espedal.5. rekkje, frå venstre: Sigbjørn MjellemChristiansen, Adrian Solheim Hansen, ErlendHolen Eldevik, Gard Arstein Nedrebø,Jantsen Louis Jumao-As Øverås.6. rekkje, frå venstre: Håvard Skaar, TorgeirEspedal, Lars Henning Bratland, Martin OlavMyklebust.

Page 9: Kyrkjelydsblad for Fjaler 3fjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_juni_2009.pdf · vårt. Vi kan rope til Gud og vi kan få hjelp av Gud eller av ein ven eller andre

Kyrkjelydsblad for Fjaler 9

Guddal kyrkje 21. maiSokneprest Knut Arne Kummeneje, Hilde YndestadHovlandsdal.

Folkestad kapell10. maiFramme, frå venstre:Gunn Emilie EspedalVågenes, TheaMagdeli HoplandVåge,Lillian Holstad,Margrethe Stølen Skår.2. rekkje, frå venstre:Dennis Ottesen Lien,sokneprest Knut ArneKummeneje, SondreBaug Barsnes.

Hellevik kapell10.maiFrå venstre: ArnhildEiken, sokneprest KnutArne Kummeneje,Sebastian MikkelsenMadsen.

Page 10: Kyrkjelydsblad for Fjaler 3fjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_juni_2009.pdf · vårt. Vi kan rope til Gud og vi kan få hjelp av Gud eller av ein ven eller andre

10 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Nye kyrkjelege val hausten 2009Val til sokneråd for 2009 – 2011og val til bispedømeråd / kyrk-jemøte skal vere samstundes medstortingsvalet 13.-14.september2009.

OpningstiderI Fjaler skal det vere val beggedagar, men søndag 13.sept.berre i Dingemoen krins med valt-ing på Fjalerhuset som vil ha opekl.16.00 - 19.00.Totalt har Fjaler 6 valkrinsar somvil ha følgjande opningstidermåndag 14.sept

Dingemoen Kl.09.00 – 20.00Flekke Kl.11.00 – 17.00Guddal Kl.11.00 – 17.00Bakkebø Kl.11.00 – 17.00Hellevik Kl.11.00 – 17.00Våge Kl.11.00 – 18.00

Vallokala til det kyrkjelege valetvil vere i umiddelberr nærleik tilvallokala til stortingsvalet.

FørehandsrøystingDet kan røystast på førehand i tidafrå 10.august i valåret fram til ogmed fredag 11.september. Planener at alle kyrkjekontor skal kunneskrive ut kandidatlister frå heile lan-det.Frist for førehandsrøysting i anna

sokn enn der ein bur er 4.septem-ber.

Det kyrkjelege manntaletblir 10.august lagt ut til alminnelegettersyn på Fjaler kyrkjekontor.Manntalet skal innehalde allemedlemmar i Den norske kyrkjasom har røysterett og er busette isoknet.Her kan den einskilde fåopplysningar om seg sjølv eller einannan person som han har fått full-makt frå.Den som meiner at ein sjølv ellernokon annan med urette er innførteller utelaten frå manntalet i soknet,kan krevje at valstyret rettar feilen.Kravet skal være skriftleg og grun-ngjeve. Klagefristen er 1.septem-ber.

Kven kan stemmeAlle medlemer av Den norske kyrk-ja som fyller 15 år i løpet av2009 har røysterett.

Valkort blir sendt ut til medlemeri august. Valkortet vil ha infor-masjon om valet og kandidatane.

AnsvarsperiodeFrå 1. november og to år fram itid. Det vert nye kyrkjelege valhausten 2011 – då samstundes

med kom-munevalet –også eitprøveval.Deretter vil detmest truleg blival kvartfjerde år, sam-stundes medkom-munevalet. Pågrunn av atFjaler sokneråd også har ansvarfor såkalla fellesrådssaker, vilbegge råda, både det som sluttarog det som startar, vere i funksjon inovember månad. Dennemånaden vil det avtroppanderådet ha ansvar for fellesrådssakerKL § 14.

Demokratireforma i Dennorske kyrkja.Politisk forlik av 10.april 2008

om tilhøvet mellom staten og Dennorske kyrkja. Dette skal resultere tilstørre mynde til kyrkjelege valdeorgan, og nedbygging av kyrkje-leg statsråd.

Page 11: Kyrkjelydsblad for Fjaler 3fjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_juni_2009.pdf · vårt. Vi kan rope til Gud og vi kan få hjelp av Gud eller av ein ven eller andre

Kyrkjelydsblad for Fjaler 11

– same dag som stortingsvalet

Vallista er, i samsvar med gjel-dande reglar for soknerådsval, settopp i prioritert rekkjefølgje. Dei 3frå dagens faste medlemer, somhar sagt ja til attval, er plassertsom nr.1, 2, og 4. Av momentsom er vektlagde er spreidd repre-sentasjon frå heile kommunen,busetnad, kjønnsfordeling ogalder. Det har synt seg vanskelegå få med unge kandidatar.

Vallista vert publisert på kyrkje-valet.no og vil kunne skrivast ut(lasta ned som pdf-fil) og kan nyt-tast ved førehandsrøystinga.

Fleirtalsval – viktig å vereklar over ved røysting.Ved fleirtalsval kan veljaren endrerekkjefølgja og /eller stryke namn.Rekkjefølgja av namna på røyste-setelen vert rekna slik veljaren harmerka av på røystesetelen. Skalkumuleringa ha verknad, må deikumulerte kandidatane stå på denøvste delen av lista, fordi det berreer så mange kandidatar somtilsvarer talet på medlemer ogvaramedlemer av soknerådet somfår røyster. Dei overskytande nam-na vert ikkje talde/får inga røyster.Dersom ein kandidat som stårlangt nede på lista vert kumulert,må namnet flyttast opp ”på sikkerplass” for å få gyldig røyst. I Fjalerer det dei 8 + 5 = 13 fyrste plas-sane/namna på lista som verttalde med ved oppteljinga.

VAL TIL BISPEDØMERÅD /KYRKJEMØTEDet som er heilt nytt, er at det erdirekteval til bispedømeråd / kyrk-jemøte samtidig med sokn-erådsvalet.I Bjørgvin skal det vere ein kombi-nasjon mellom direkte og indirekteval av leke medlemmer tilbispedømeråd / kyrkjemøte. Deter val av 3 medlemer samtidigmed soknerådsvalet (direkte val)og val av 4 medlemer ved indirek-te val der soknerådsmedlemenerøystar.

PreferansevalRøystesetelen til dette valet(bispedømeråd) er sett opp alfa-betisk. Det er eigne kolonnar derein kan kryssa av for 1.val, 2.val3.val osb. Det skal ikkje setjastmeir enn eitt kryss i kvar kolonne.Veljaren må melda minst einpreferanse (den du føretrekkjer),elles vert røystesetelen forkasta.

Du kan førehandsrøysta ved direk-te val av leke medlemer.

Kven kan stemmeAlle medlemer av Den norske kyrk-ja som fyller 15 år i løpet av2009 har røysterett også ved dettevalet. Men ikkje dersom du harrøysterett som prest eller lek kyrkje-leg tilsett.

Funksjonstid for bispedømeråd ogkyrkjemøte1.januar 2010 – 31.desem-ber2011.

VI HÅPAR PÅ GOD OPP-SLUTNAD

1. Terje Roald Halsnes 49 år 6963 Dale2. Ann Elise Kviteberg 69 år 6964 Korssund3. Jarle Skaar Langeland 39 år 6966 Guddal4. Odd Jarle Kjørstad 56 år 6963 Dale5. Aud-Torhill Våge Haugstad 56 år 6964 Korssund6. Sølvi Ann Solheim Løkkebø 42 år 6963 Dale7. Asbjørn Igelkjøn 61 år 6968 Flekke8. Geir Magne Kleppe 39 år 6963 Dale9. Solveig Lie Huseklepp 50 år 6966 Guddal

10. Kåre Ove Eimind 52 år 6967 Hellevik11. Arne Mortensbakke 55 år 6963 Dale12. Sissel Thuland Haugsbø 44 år 6963 Dale13. Annette Hagen Gallefoss 31 år 6966 Guddal14. Atle Kåre Lyngstad Ness 56 år 6968 Flekke15. Kjetil Fristad 35 år 6967 Hellevik16. Hildur Oddny Hovlandsdal 55 år Hovlandsdal 6968 Flekke17. Jostein Atle Folkestad 51 år 6964 Korssund18. Annika Judith Tveit 33 år 6963 Dale19. Jofrid Lillian Eikerol Løseth 56 år 6968 Flekke20. Aud Marit Hovlandsdal 48 år Hovlandsdal 6968 Flekke21. Liv Lovise Nistad 67 år 6963 Dale22. Leif Gunnar Igelkjøn 59 år 6968 Flekke23. Jens Norvald Sagevik 32 år 6963 Dale24. Ingjerd Synnøve Furnes Ness 51 år 6968 Flekke25. Jorunn Arstein Nes 67 år 6963 Dale

Valliste Fjaler sokneråd 2009-2011

Page 12: Kyrkjelydsblad for Fjaler 3fjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_juni_2009.pdf · vårt. Vi kan rope til Gud og vi kan få hjelp av Gud eller av ein ven eller andre

Dale:Døypte:Sofie Helene Sandtorv BergTeodor Helle RochlengeMaiken Evita Myklebust NorddalJantsen Louis Jumao-As ØveråsPernille Hove Bråtane

Avdøde:Ottar Malvin Lykkebø f.1936Magne Gunnar Bjergene f.1942Sunniva Hagenlund f.1929Anna Vårdal f.1933Gerda Marie Totland f.1919Emma Tømmerbakke f.1923

Folkestad:Døypte:Tarja Marie Milde(døypte i Vilnes kyrkje)

Hellevik:Døypte:Kim Håvåg

Avdøde:Kurt Arve Solvik f.1966Matias Olai Standnes f.1931

Guddal:Døypte:Ingrid Stueland Gallefoss

Avdøde:Johan Andreas Stensæth f.1920Ida Heggheim f.1923

12 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Den virkelige prøve for et menneske er ikkehvor godt det spiller sin selvvalgte roller, menhvor godt det spiller rollen skjebnen har pålagtdet. Jan Patocka

Man burde være trofast mot sitt hjerte, for hvisman mister det, mister man snart kontroll overhodet også. Friedrich Nietzsche

Våre handlingers konsekvenser griper tak i ossfullstendig uanfektet av vår påstand om at vi imellomtiden har "forbedret" oss.Friedrich Nietzsche

Det som ikke ødelegger meg, gjør megsterkere.Friedrich Nietzsche

Tål og vær tålmodig. Epictetus

EIT MENNESKE Å PRATE MEDNÅR LIVET ER SOM VERST

Korleis har du det…

EIGENTLEG?Krisetelefon 815 33 300Epost-teneste: www.kirkens-sos.no

Page 13: Kyrkjelydsblad for Fjaler 3fjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_juni_2009.pdf · vårt. Vi kan rope til Gud og vi kan få hjelp av Gud eller av ein ven eller andre

Kyrkjelydsblad for Fjaler 13

Velkomen til kor!

Konsert med Ane og Leif-Helge BirkelandVi er så heldige å få avslutteDalsfjordveka i år med einkyrkjekonsert.Dette set vi stor pris på.Konserten har vi kalla ”FRÅVOGGE TIL GRAV”.Vi tek føre oss alle fasane ilivet frå fødsel til ein tek farvelmed dei rundt oss. Vi har valtsalmar som er kjende og fram-fører dei på ein måte som viset pris på sjølve. Konsertenvart framførd i Øn kyrkjehausten 2008 og fekk godetilbakemeldingar då.

Vi har vore gift i 13 år og harspela saman heile tida. Taletpå konsertar vi har framførthar vi mista oversikten på.Men mange har det blitt. Deter stort sett Sogn og Fjordane

vi har vore i og vi kjenneretter kvart kvar ein krik ogkrok.

Vi har jobba mykje med lyddei siste åra og synes det erveldig viktig at folk skal kunnenyte ein konsert med oss.Lydbilde er ein viktig del avframføringa. Leif-Helge spelartangentar og Ane syng.Vi har i dei siste åra jobbamed kyrkjekonsertar og mykjemed viser. Jakob Sande er einheilt naturleg diktar å ta inn irepertoaret synes vi. Dette vilog folk i Dale få høyre.

Med Helsing

Ane og Leif-Helge Birkeland

Det er mange personar i Fjaler medgode songstemmer, men som ennoikkje har funne vegen til eit kor. Ikkjegøym talenta dine, men bruk gåvenedine til beste for fellesskapet. Kviforikkje vere med i eit kor, der du kanglede andre med gode opplevingarsamtidig som du har det gøy sjølv vedå få noko til i lag med andre men-neske? Her er eit oversikt over kora ogprogram for neste sesong:

Cantus –blandakor for vaksne

treng fleire kvinnerog menn. Vi er idag 23 medlemmerfrå 38 til 73 år, menvaksne i alle aldrar

er velkomne. Vi øver onsdagarkl.20.00-21.30 på Ljosheim medfrukt-pause, oppstart 19. august. Tilhausten har vi blant anna øvingshelg iKalvåg 5. – 6. september og ein stor30 års jubileumskonsert 25. oktober!Vi syng eit variert repertoar frå Elvissine gospellåtar med Leif Gunnar, tilsalmar og viser av m.a. Carola ogBenny Andersson, keltiske og andrefolketonar og tradisjonell klassisk kyrk-jemusikk. Melder du deg inn i koret til

kantor Mark Taylor før 3. august, kanhan ha notane klare til deg ved opp-start. Velkomen!

Familiekor i GuddalVi har eit tilrettelagt tilbod til dei

mange småbarn frå 4 år til2. klasse i Guddal –Familiekor junior. Denfyrste halvtimen av øvingavår er tilpassa små ungarmed gøyal oppvarming,enkle barnesongar og myk-

je rørsle. Barna kan gjerneha med seg mamma, store syskeneller bestemor. Junioravdelinga avkoret syng mindre i kyrkja enn deistore – dei blir med på nokre få gud-stenester med barn i fokus, som utdel-ingsgudstenesta for 6-årsbok oglysmessa. Vi øver annan kvar tysdag,oppstart 18. august. Junior-avdelingablir frå 16.00-16.30. Eldre barn ogvaksne øver vidare frå 16.30-17.30med eit pause for barna. Dei storebarna kan reise på kortur til Bergen ioktober. På den sosiale sida, gleder vioss elles til det årlege julebordet påYndestad gard! Meld deg på gjernetil Mark. Vi ynskjer både store og småvelkomen til Guddal familiekor!

Dale barnekor – for barn som likerå syngje!

Barnekoret haroppstart måndag17. august påmediateket på

Dingemoen skule og øver kvarmåndag kl.14.25-15.00. Songgladebarn frå 4. til 7. årssteg er velkomen,både jenter og gutar. Haustensstorhending er turen til Bergen 24.oktober for å delta på hausttreff forUng Kyrkjesong Bjørgvin. Elles syng vim.a. på hausttakkefest, lysmesse, ogpå julaftan i Dale kyrkje.

Do Re Mi – barnekoret i ytre FjalerHar oppstart måndag 24.august og øver annankvar måndag på Hellevikbarnehage kl.17.45-.19.00. Pausen med frileik(t.d. lufthockey og bordfot-

ball) er populær. Alle songglade barnfrå 1. til 7. klasse er velkomen, bådegutar og jenter. Haustens storhendinger turen til Bergen 24. oktober, men vihar også hausttur til Dale 2. novembermed song på Sjukeheimen og piz-zafest, og kan hende vi kan ta ein turtil Høyangerbadet?

FOTO:D

AVIDZA

DIG

Page 14: Kyrkjelydsblad for Fjaler 3fjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_juni_2009.pdf · vårt. Vi kan rope til Gud og vi kan få hjelp av Gud eller av ein ven eller andre

DALE KYRKJESundag 28. juni kl.11.00Gudsteneste ved Sande og Eiken. Nattverd. Offertil NMS Misjonsprosjekt.

Sundag 19. juli kl.11.00Gudsteneste ved Sande og Eiken. Nattverd. Offertil Kyrkjelydsarbeid.

Sundag 9. august kl.11.00Gudsteneste ved Kummeneje og Taylor. Nattverd.Offer til Sjømannskyrkja - Norsk kyrkje i utlandet.

Sundag 16. august kl.20.00Avsluttande konsert i Dalsfjordveka med Ane ogLeif Helge Birkeland. Skyss frå Straumsneskl.19.10. Billettsal vaksne kr 70,- barn gratis.

Sundag 23. august kl.11.00Gudsteneste ved Kummeneje og Taylor.Presentasjon av konfirmantane. Enkel kyrkjekaffi.Offer til Alværa Misjonssenter.

Sundag 6. september kl.11.00Gudsteneste ved Kummeneje og Eiken. Nattverd.Offer til Senter for livsmeistring – Skei.

Onsdag 16. september kl. 19.30Trekkspelkonsert ved Johan Andersson. Kollekt tilFond for kyrkjekonsertar.

Sundag 20. september kl.11.00Hausttakkefest ved Kummeneje og Taylor.Utdeling av 6 års bok. Barnekoret deltek.Nattverd. Offer til barne og ungdomsarbeid.

GUDDAL KYRKJEOnsdag 24. juni jonsok kl.11.00Misjonsgudsteneste med Sande, Rigmor Frøyenog Taylor. Nattverd. Misjonsfest på skulen etter-på. Kyrkjeskyss. Offer til NMS Misjonsprosjekt.

Sundag 2. august kl.11.00Gudsteneste ved Kummeneje og Eiken. Nattverd.Offer til Sjømannskyrkja - Norsk kyrkje i utlandet.

Sundag 30. august kl.11.00Gudsteneste ved Kummeneje og Taylor.Presentasjon av konfirmantane. Enkel kyrkjekaffi.Familiekoret deltek. Offer til NMS Misjonsprosjekt.

FOLKESTAD BEDEHUSKAPELLSundag 13. september kl.11.00Gudsteneste ved Sande og Eiken. Nattverd. Offertil Kirkens SOS Bjørgvin.

Sundag 20. september kl.19.00Syng med oss med Fure og Våge Songlag, Sandeog Taylor. Salmar av Elias Blix og AndersHovden. Kveldsmat etterpå. Kollekt til Fond forKyrkjekonsertar.

HELLEVIK BEDEHUSKAPELLSundag 23. august kl.19.30Gudsteneste ved Sande og Taylor. Presentasjonav konfirmantane i ytre Fjaler. Enkel kyrkjekaffi.Offer til Sjømannskyrkja - Norsk kyrkje i utlandet.Bjørgvin.

ANDRE GUDSTENESTERKORSSUNDSundag 26. juli kl.11.00Gudsteneste ved Kummeneje og Stav. Ta med sit-teunderlag. I Folkestad kapell viss dårleg vêr.

STRAUMSNES GRENDAHUSSundag 30. august kl.14.00Gudsteneste ved Sande og Taylor. Kyrkjekaffi.Kollekt kyrkjelydsarbeidet.

14 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Page 15: Kyrkjelydsblad for Fjaler 3fjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_juni_2009.pdf · vårt. Vi kan rope til Gud og vi kan få hjelp av Gud eller av ein ven eller andre

Prøveperioden med den nyeliturgien – ein rapport undervegs

Kyrkjelydsblad for Fjaler 15

Kyrkjeblad for FjalerBankkontonr. 3755 20 73135Bladpengar kr. 150,-/175,- for året.Redaktør: Joy TaylorPrent: Ingvald Husabø Prenteverk [email protected]

Kyrkja i Fjalerwww.fjaler.kyrkja.no

Kyrkjekontoret, pb 18, 6961 DaleTelefon 57 73 97 70 Faks 57 73 97 77

Kyrkjekontoret er opemåndag-torsdag kl.09.00-14.00fredag kl.09.00-12.00

Tilsette med kontorplass:Sokneprest Knut Arne KummenejeJobb: 57 73 97 73 Priv: 57 73 86 32Mobil: 90 85 52 [email protected]

Kyrkjeverje Irene FlødeJobb: 57 73 97 71 Priv: 57 73 68 [email protected]

Kantor Mark TaylorJobb: 57 73 97 74 Priv: 57 73 61 [email protected] har fri kvar torsdag.

Seniorprest Sigurd Wahl SandeJobb: 57 73 97 75 Priv: 57 73 61 44mobil: 90 89 73 [email protected] har fri ei veke pr månad.

Sekretær Joy TaylorJobb: 57 73 97 [email protected] er på kontorettysdag og fredag kl.09.00-13.00.

TrusopplæringsmedarbeidarBente Kandal tlf: 975 38 [email protected] har kontorplass i Gaular.

Kyrkjetenarar:Dale kyrkjeJoy Taylor tlf: 57 73 61 65

Guddal kyrkjeLiv Svanhild og Reidar Langelandtlf: 57 73 88 21

Hellevik- og Folkestad bedehuskapellSigrid Kleppe tlf: 57 73 53 57

Fjaler soknerådLeiar Terje Halsnes tlf: 57 73 55 95

Beredskapstelefon ved akutt behovutanom kontortid 95 48 31 52.

I mars starta vi prøveperiodenmed den nye liturgien som er einforsøksliturgi. Det er berre Fjaler iSunnfjord som prøver ut denneliturgien. Her kjem ein liten rap-port om prøveperioden så langt.

Struktur: OrdoDet latinske ordet ”Ordo” betyrordning eller struktur.Gudstenesta er ein møtestad.Her møtest dei kristne og blir til eitfellesskap – i Kristus. Den kristnekyrkjelyden er universell.Kyrkjelyden er ein del av denverdsvide kyrkja som vedkjennerseg Jesus Kristus som frelsar.Denne universelle fellesskapenkjem til syne når den lokale kyrkjasamlast. Det universelle nivået errepresentert ved omgrepet”Ordo” som også betyr ”tradis-jon, arv og overlevering”.”Ordo” har fem hovuddelar:

1. Samling: Kyrkjelyden samlastog bevisstgjer seg sjølv someit ”vi”

2. Ordet: Lesing og forkynningfrå den heilage skrifta

3. Forbøna: Kyrkjelyden ber tilGud for kyrkja og verda

4. Måltidet: Feiring av nattverd-måltidet

5. Sending: Kyrkjelyden blirvelsigna og sendt ut i teneste

Det er tenkt at innafor ”Ordo” skalkvar kyrkjelyd utarbeide sin lokalegudsteneste, som til dømes lokal”Kyrie” og ”Gloria” i samlingsde-len, lokal syndsvedkjenning ogforbøn i forbønsdelen, og lokalnattverdliturgi.

Nytt altarDen mest synlege forandringa ikyrkjerommet, har vore det nyealtaret som er plassert nærarekyrkjelyden. Her er tanken atgudstenesteleiaren skal verenærare folket han leier. Ein kjemikkje utanom problemstillinga atplassering av nytt altar i ei gam-

mal kyrkje må bli ei kompromiss-løysing. Kyrkjerommet er ikkjebygt for dette altaret. Likevel harerfaringa så langt vore over-raskande positiv. Sjølv i Guddalder ein har forhaldsvis liten plass,har det latt seg gjere å få plassertinn eit altar i koropninga.Døypefonten har såleis blittplassert øvst i kyrkjeskipet. IFolkestad har det nye altaret blittplassert øvst i kyrkjeskipet, ogdøypefonten i koropninga bakaltaret – altså motsett av kva deter i Guddal. I Dale harplasseringa av det nye altaret ikoret mellom anna medført atlesepulten har fått fast plass vedden eine søyla. Den nye liturgienhar gjort at bevisstgjeringa om ogbruken av dei ulike delane avkyrkjerommet har kome sterkarefram. Hellevik kapell har detnyaste gudstenesterommet i Fjalerder gudstenesteleiaren står bakaltaret slik det er i nye kyrkjeromav i dag. Hellevik kapell ersåleis uforandra.

MedliturgarEi endring som har skjedd vedovergang til ny liturgi, er at det erhøve til å engasjere medliturgarsaman med gudstenesteleiaren. Iprøveperioden så langt har sær-leg born og unge delteke sommedliturgar – til stor glede bådefor dei sjølve, for kyrkjelyden ogfor gudstenesteleiaren.Konfirmantane har vore med isine kvite kapper og deltekeunder dåpen, i førebuinga avnattverden, med tekstlesing, iprosesjon og innsamling av offer.Her tenkjer ein at det skjer ei drei-ing av forståinga av gudstenestasom ”vår”, kyrkjelyden si gudsten-este – ikkje presten si gudsten-este.I den nye liturgien er det gitt myk-je meir rom og moglegheiter til åengasjere medliturgar i gudstenes-ta.

KAK

Page 16: Kyrkjelydsblad for Fjaler 3fjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_juni_2009.pdf · vårt. Vi kan rope til Gud og vi kan få hjelp av Gud eller av ein ven eller andre

INFORMASJON

Avsendar: Fjaler kyrkjekontorPb. 18 - 6961 Dale i Sunnfjord

B

16 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Leik&Preik

Eit svært vellukka samarbeid mellom kyrkjaog Misjonssambandet! Vi hadde to kjekkedagar på Ljosheim, tysdag 12.mai og ons-dag 13.mai, frå rett etter skuletid og fram tilkl.17.00. Til saman deltok det 13 born pådette arrangementet og det er vi godt nøgdemed.

Som namnet fortel, var dette dagar bådemed leik og forteljing frå Bibelen. Vi serverteogså ein enkel middag og maten gjekk nedpå høgkant; pølse med brød og pizza.

Dei mest populære leikane var nok skatte-jakt, airhockey og badminton. Då vi haddepreike, fortalde vi mellom anna omBarabbas og Peter. Førstnemnde ein litt meirperifer person i Bibelen, medan Peter måkunne seiast å vere ein sentral person.

Tusen takk til Håvard Oltedal som haddeideen til Leik&Preik!

Tekst og foto: TrusopplæringsmedarbeidarBente Kandal