læresveinen, s. 2

1
11 LAURDAG REPORTASJE HORDALAND 31. DESEMBER 2011 Jan-Ove Tuv er Odd Nerdrum sin trufaste læresvein, og vert omtala som kronprinsen av kitsch. Målaren har teke bustad ved Granvinsvatnet. liv går om einannan. Tidlegare elevar fortel om intense arbeidsforhold, på godt og vondt. – Eg fekk måla i eit tidlegare soverom på sida av atelieret. Det var ideelt å opphalda seg rundt læremeisteren døgeret rundt, fortel Jan-Ove. – Nerdrum kunne visa oss eit bilete han job- ba med. Og så spør han gjerne: «Sjå på dette. Eg har lagt inn ei sky der. Fungerer det?» På denne måten vart me trena opp, og Nerdrum var interessert i innspela våre. – DET ER IKKJE KUNST det me driv med. Det er kitsch. Handverket er utgangspunktet. Jan-Ove forklarer korleis detaljar framme i biletet kan få ein sterk kontrast, medan andre delar kan få mjukare kontrast for å trekkja seg lenger bak. Konkrete verkemiddel. Og så er det forteljinga. At det skjer noko i biletet som til dømes er opprivande. Han fortel om kor bergteken han vart då han i ei bok såg den russiske målaren Repin sitt bilete «Ivan den grusomme». – Det viser situasjonen der Ivan har drepe sonen sin. Biletet frys augeblinken der ein ser livet ebba ut, og Ivan skjønar kva han har gjort. Då ser ein det ikkje som eit estetisk far- gespel, men som eit drama. Kitsch-omgrepet oppstod i Tyskland på 1800-talet, som ei nedsetjande nemning på sentimentalitet og patos, og etterlikningar av tidlegare målarteknikkar. Då Odd Nerdrum i 1998 gjekk ut og kalla seg kitsch-målar, såg han dette greitt som positive verdiar. Kitsch vart ei motvekt til ideala i det offisielle, eta- blerte kunstsynet, og ifylgje Nerdrum noko større og viktigare. – NåR ME SEIER KUNST i dag, har det røter tilbake til 1700-talet. Filosofar skreiv om det skiljet som kom då. Det vart ikkje lenger så viktig med det handverksmessige. Kunsten skulle vera noko eige, og ikkje avbilda natu- ren eller vera emosjonelt medrivande. Ut frå denne tanken kan ein ikkje kalla Rembrandt for kunstnar. Mange kunsthistorikarar vil vel vera usam- de i dette? – Dei tek feil, seier Jan-Ove bestemt. – Im- manuel Kant formulerte det om lag slik som at kunsten skal vera kunstig. At kunsten ikkje må vera så levande at han sluttar å vera kunst. Rembrandt hadde motsett mål. – Det finst ei illustrerande forteljing om Leo- nardo da Vinci. Han hadde måla Jesu mor, og eigaren av måleriet vart altfor oppslukt av kvinna på biletet. Han spurde Leonardo om han kunne vera så god å fjerna dei religiøse elementa i biletet, for det kjendest så feil å attrå Jesu mor. Leonardo nekta på dette, og skrytte seinare av det. Han hadde skapt ei kvinne, og ikkje eit bilete. KITSCH VERT KRITISERT for å lyga. At målaren prøver å lura tilskodaren til å tru at det ein ser er den ekte røynda. – Ja! Det er poenget. Slik skal kitsch vera. Det er ikkje originaliteten me går etter, det er kvaliteten. Originalitet er eit moderne, oppkonstruert problem. Om du hadde malt akkurat det same som Rembrandt, like godt, ville det vore ein verdssensasjon. Rembrandt er definitivt eitt av mine største ideal. Og Ner- drum. Kva med all den omtykte konseptuelle kunsten me har rundt oss i dag? – Det er noko anna. Det er kunst, og eg har inga beundring for det. Eg aksepterer at dei »

Upload: jan-ove-tuv

Post on 20-Mar-2016

212 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

Hordaland avis 31. desember 2011

TRANSCRIPT

Page 1: Læresveinen, s. 2

11� LauRDaG RepoRtasjehordaland 31. dESEMBEr 2011

Jan-Ove Tuv er Odd Nerdrum sin trufaste læresvein, og vert omtala som kronprinsen av kitsch. Målaren har teke bustad ved Granvinsvatnet.

liv går om einannan. Tidlegare elevar fortel om intense arbeidsforhold, på godt og vondt.

– Eg fekk måla i eit tidlegare soverom på sida av atelieret. Det var ideelt å opphalda seg rundt læremeisteren døgeret rundt, fortel Jan-Ove.

– Nerdrum kunne visa oss eit bilete han job-ba med. Og så spør han gjerne: «Sjå på dette. Eg har lagt inn ei sky der. Fungerer det?» På denne måten vart me trena opp, og Nerdrum var interessert i innspela våre.

– DeT er ikkJe kunsT det me driv med. Det er kitsch. Handverket er utgangspunktet.

Jan-Ove forklarer korleis detaljar framme i biletet kan få ein sterk kontrast, medan andre delar kan få mjukare kontrast for å trekkja seg lenger bak. Konkrete verkemiddel. Og så er det forteljinga. At det skjer noko i biletet som til dømes er opprivande.

Han fortel om kor bergteken han vart då han i ei bok såg den russiske målaren Repin sitt bilete «Ivan den grusomme».

– Det viser situasjonen der Ivan har drepe sonen sin. Biletet frys augeblinken der ein ser livet ebba ut, og Ivan skjønar kva han har gjort. Då ser ein det ikkje som eit estetisk far-gespel, men som eit drama.

Kitsch-omgrepet oppstod i Tyskland på 1800-talet, som ei nedsetjande nemning på sentimentalitet og patos, og etterlikningar av tidlegare målarteknikkar. Då Odd Nerdrum i 1998 gjekk ut og kalla seg kitsch-målar, såg han dette greitt som positive verdiar. Kitsch vart ei motvekt til ideala i det offisielle, eta-blerte kunstsynet, og ifylgje Nerdrum noko større og viktigare.

– når me seier kunsT i dag, har det røter tilbake til 1700-talet. Filosofar skreiv om det skiljet som kom då. Det vart ikkje lenger så viktig med det handverksmessige. Kunsten skulle vera noko eige, og ikkje avbilda natu-ren eller vera emosjonelt medrivande. Ut frå denne tanken kan ein ikkje kalla Rembrandt for kunstnar.

Mange kunsthistorikarar vil vel vera usam-de i dette?

– Dei tek feil, seier Jan-Ove bestemt. – Im-manuel Kant formulerte det om lag slik som at kunsten skal vera kunstig. At kunsten ikkje må vera så levande at han sluttar å vera kunst. Rembrandt hadde motsett mål.

– Det finst ei illustrerande forteljing om Leo-nardo da Vinci. Han hadde måla Jesu mor, og eigaren av måleriet vart altfor oppslukt av kvinna på biletet. Han spurde Leonardo om han kunne vera så god å fjerna dei religiøse elementa i biletet, for det kjendest så feil å attrå Jesu mor. Leonardo nekta på dette, og skrytte seinare av det. Han hadde skapt ei kvinne, og ikkje eit bilete.

kiTsch verT kriTiserT for å lyga. At målaren prøver å lura tilskodaren til å tru at det ein ser er den ekte røynda.

– Ja! Det er poenget. Slik skal kitsch vera. Det er ikkje originaliteten me går etter, det er kvaliteten. Originalitet er eit moderne, oppkonstruert problem. Om du hadde malt akkurat det same som Rembrandt, like godt, ville det vore ein verdssensasjon. Rembrandt er definitivt eitt av mine største ideal. Og Ner-drum.

Kva med all den omtykte konseptuelle kunsten me har rundt oss i dag?

– Det er noko anna. Det er kunst, og eg har inga beundring for det. Eg aksepterer at dei

»