matlyst dyrsku'n 09.-11. september 2016

4
MATLYST DYRSKU’N 9.-11. SEPTEMBER 2016 www.dyrskun.no 3 DAGARS FOLKEFEST 700 UTSTILLARAR 90 000 BESØKANDE 170 MÅL MARKNADSOMRÅDE

Upload: dyrskun-arrangement-as

Post on 25-Jul-2016

218 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

Dyrsku'n Arrangement AS www.dyrskun.no

TRANSCRIPT

Page 1: Matlyst Dyrsku'n 09.-11. september 2016

MATLYST DYRSKU’N 9.-11. SEPTEMBER 2016

www.dyrskun.no

3 DAGARS FOLKEFEST 700 UTSTILLARAR 90 000 BESØKANDE 170 MÅL MARKNADSOMRÅDE

Page 2: Matlyst Dyrsku'n 09.-11. september 2016

NOREGS STØRSTE MARKNADSPLASS!Ei unik oppleving ventar deg på 150-årsjubileet til Dyrsku’n i Seljord 9. – 11. september 2016!

Dyrsku’n har betydd mykje for tusenvis gjennom alle desse åra. Møteplass, handelsplass, fesjå, fagleg arena og kulturformidlar. Kva er hemmelegheita? Stein Ørnhøi sa i 1994 at «Kanskje det

rett og slett skyldes at Dyrsku’n er ekte? Dyrsku’n er et under og dit drar alle». I dag er marknaden landets største landbruks- og handelsmesse, som samlar nær 90 000 besøkande og 700

utstillarar årleg dei tre dagane i september.

Vi er svært fornøgde med at utstillarar kjem tilbake år etter år. Det tek vi som eit teikn på at deltaking på Dyrsku’n lønner seg, og at det er ein triveleg stad å vere.

FORNØGDE UTSTILLARAR!

<< DYRSKU’N ER DET BESTE ENKELTARRANGEMENTET VI DELTAR PÅ,

OG HVOR VI SELGER MEST. >>Trond Wahlstrøm, Beito Ysteri

• 50% av Dyrsku-publikummet kjem for å kjøpe og smake på spesielle matprodukt

• 66% av Dyrsku-publikummet forbind Dyrsku’n med mat

• 9 av 10 handlar på Dyrsku’n • Over 80% av utstillarane kjem tilbake år etter år• Over 90% av utstillarane er fornøgd med

gjennomføringa av arrangementet

(tal basera på spørjeundersøking utført av CPM Scandinavia)

5 gode grunnar til å vere utstillar på Dyrsku’n:

Page 3: Matlyst Dyrsku'n 09.-11. september 2016

Med sine lange tradisjonar som marknadsplass både når det gjeld dyr og mat, er Dyrsku´n i ein unik posisjon til å vere ein formidlar av heile reisa frå jord til bord. Matlyst skal gje publikum gode matopplevingar, inspirere, engasjere og formidle kunnskap om mat. I pop-up kjøkkenet i Matteltet lagast det smakfulle rettar av produkt frå lokalmat-utstillarane, der publikum kan kjøpe med seg ingrediensar til maten dei akkurat har nytt godt av. Det er såleis ein gyllen anledning til å få profilere seg litt ekstra! Årets matproduktKvart år er det kåring av årets matprodukt. Prisen skal inspirere til kreativitet innan produktutvikling basera på lokale råvarer og tradisjonar. Vinnaren får ein pengepremie, omtale på våre digitale flater og diplom. Årets temaEr mjølkeprodukt, både i Sterke Nils-tunet og i Matkvartalet vil det vere aktivitetar, demonstrasjonar og informasjon om temaet. I Matkvartalet håpar vi å få med mange produsentar med mjølkeprodukt. Årets gjesteutstillar blir valt ut etter det årlege temaet. I jubileumsåret presenterer vi Eiker Gårdsysteri frå Buskerud.

MATLYST DYRSKU’NMatkvartalet har både inne- og utestandar. I Matkvartalet vil kun utstillarar som profilerer lokalmatprodukt bli vurdert (Sjå eigne retningsliner på www.dyrskun.no).

Det store Matteltet er inndelt i standar på om lag 8-9 m2 og prisen pr. modul er kr. 5000 + mva.

For sal av serveringsmat er det 16% provisjon av omsetnaden, dette må dokumenterast for arrangør.

Utestandar i Matkvartalet blir berekna etter lengda på fronten og pris pr. frontmeter er kr. 840 + mva.

PåmeldingsavgiftPåmeldingsavgift pr. stand er kr. 800 + mva. Det blir sendt ut faktura på beløpet når påmelding er registrert. Påmeldingsavgifta er eit administrasjonsgebyr og blir ikkje refundert om de ikkje får tildela standplass.

STANDPRISAR

Page 4: Matlyst Dyrsku'n 09.-11. september 2016

Søknadsskjema og fristVårt elektroniske søknadsskjema fi nn du på www.dyrskun.noSøknadsfrist er 1. aprilReglar for utstillarane på marknaden – sjå www.dyrskun.no

Tildeling av standplassar startar opp fortløpande etter at søknadsfristen har gått ut. Informasjon om plasstildeling blir sendt ut så snart dette er klart, seinast innan utgangen av mai.

Søknader som kjem inn etter fristen, blir sett på venteliste til den fyrste tildelinga er ferdig.

Det er mogleg for fl eire utstillarar å dele ein stand. For at alle skal kome med på utstillarlista, må hovudsøkaren legge inn dei andre utstillar-namna i sitt søknadsskjema.

Dyrsku´n Arrangement AsNordbygdivegen 60,3840 Seljord

Telefon: 35 06 57 70Faks: 35 06 57 84E-post: [email protected]

www.dyrskun.nowww.facebook.com/dyrskunwww.instagram.com/dyrskunseljord

Me prioriterer mangfald, variasjon og kvalitet

handel landbruk anlegg husdyr mat husflid kultur folkeliv

BLI JUBILEUMSUTSTILLAR PÅ DYRSKU’N

Foto

: Dyr

sku’

n A

rrang

emen

t AS,

Dag

Jens

sen,

Mar

te V

anne

bo o

g To

rbjø

rn D

yrla

nd

Årets tema:

Mjølkeprodukt