«me skal til tove og vidar»... · gjestehamna, men i heile juli opnar dei for matservering kvar...

3
«Me skal til Tove og Vidar» Slik vil dei ha det, Tove Stavland og Vidar Onarheim. Møta med menneska er det viktigaste i jobben som vert. Dei to eig og driv Kulleseidkanalen Gjestehamn. Merkevara heiter Opplev Bømlo. – For oss er det heilt naturleg å vera personlege med gjestene våre og by på oss sjølve, hypersosiale som me er. Det personlege avtrykket deira finn gjestene også gjennom maten dei får. – Me bur jo midt i eit matfat med fantastiske råvarer, og det skal visa att på fatet. Husmannskost, der dei reine smakane frå råvarene får koma tydeleg fram, fortel Tove. Tilbakemeldingane på maten er gode, og dei prøvar gjerne ut husmannskosten i nye settingar. – Det tok heilt av då vi serverte plukkfisk som nattmat. Maten smaka dei så godt at neste gong me skulle ha nattmat så byrja folk tidleg på kvelden å spørja for å forvissa seg om at det blei plukkfisk denne natta òg, så dei kunne byrja å gle seg. Klippfisk og bacon er også ein populær rett i hamna. – Me har oppleva at folk har tinga plass i båthamna etter kva for dag me serverer klippfiskmiddag, ler ho. Eller torrfisk, som me kallar det, med sprøsteikt flesk/spekk. Ho er svært stolt over lokale råvarer som salmalaksen, og av svinekjøtet dei kan henta på Melingsgarden. I tillegg har dei eige fiskemottak og kan difor garantera fersk havmat. 11 månader i året har dei lukka arrangement for bedrifter og private frå fjern og nær i lokala i gjestehamna, men i heile juli opnar dei for matservering kvar dag og det yrar av båtar i gjestehamna. – Dette er drøymejobben. Når båtane legg til kais, har me ei heil brygge me kan sosialisera med. Så kjem det nye båtar, og slik rekk me ikkje å bli leie av kvarandre. Tove fortel at når båtane kjem, så hender det at ho nummerer dei. Så trekkjer ho mellom desse, og overraskar vinnaren med nysteikt Kjem du til gjestehamna i Kulleseidkanalen, finn du eit synleg vertskap.

Upload: haque

Post on 13-Jul-2019

214 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

«Me skal til Tove og Vidar» Slik vil dei ha det, Tove Stavland og Vidar Onarheim. Møta med menneska er det viktigaste i jobben som vert. Dei to eig og driv Kulleseidkanalen Gjestehamn. Merkevara heiter Opplev Bømlo. – For oss er det heilt naturleg å vera personlege med gjestene våre og by på oss sjølve, hypersosiale som me er. Det personlege avtrykket deira finn gjestene også gjennom maten dei får. – Me bur jo midt i eit matfat med fantastiske råvarer, og det skal visa att på fatet. Husmannskost, der dei reine smakane frå råvarene får koma tydeleg fram, fortel Tove. Tilbakemeldingane på maten er gode, og dei prøvar gjerne ut husmannskosten i nye settingar. – Det tok heilt av då vi serverte plukkfisk som nattmat. Maten smaka dei så godt at neste gong me skulle ha nattmat så byrja folk tidleg på kvelden å spørja for å forvissa seg om at det blei plukkfisk denne natta òg, så dei kunne byrja å gle seg. Klippfisk og bacon er også ein populær rett i hamna. – Me har oppleva at folk har tinga plass i båthamna etter kva for dag me serverer klippfiskmiddag, ler ho. Eller torrfisk, som me kallar det, med sprøsteikt flesk/spekk. Ho er svært stolt over lokale råvarer som salmalaksen, og av svinekjøtet dei kan henta på Melingsgarden. I tillegg har dei eige fiskemottak og kan difor garantera fersk havmat. 11 månader i året har dei lukka arrangement for bedrifter og private frå fjern og nær i lokala i gjestehamna, men i heile juli opnar dei for matservering kvar dag og det yrar av båtar i gjestehamna. – Dette er drøymejobben. Når båtane legg til kais, har me ei heil brygge me kan sosialisera med. Så kjem det nye båtar, og slik rekk me ikkje å bli leie av kvarandre. Tove fortel at når båtane kjem, så hender det at ho nummerer dei. Så trekkjer ho mellom desse, og overraskar vinnaren med nysteikt

Kjem du til gjestehamna i Kulleseidkanalen, finn du eit synleg

vertskap.

eplekake. Artige påfunn har ho også hatt for seg på toaletta både i servicebygget og i selskapslokalet. Humor, skråblikk og spenstige fargar humrar mot deg når du må i eit viktig ærend.

Toves kardemommelov og andre vers og stubbar har ho strøtt raust utover i gjestehamna. Paret tilbyr også fiske og friluftsaktivitetar i kystlandskapet. Anten det er frå den gamle skøyta «Fyrholm» eller havrafting med gummibåt. Dei kan også titulera seg som største ølplassen mellom Stavanger og Bergen, med sine 170 ulike typar øl. Vidar held ølskule. Her kan ein få smaka ulike sortar og erfara det store smaksspennet. At dei i 2015, eitt år etter at dei kjøpte plassen, vart tildelt andreplassen i «Årets båthamn» av Båtmagasinet, er ein inspirasjon når sveitten driv og oppgåvene haglar. I det nye senteret på Bremnes, HSD, driv dei kaféen HSD-salongen, også her basert på god, gammaldags tradisjonsmat. Tove er frå Økland nord på Bømlo og Vidar frå Vika sør på øya. Dei møttest på midten, i Kulleseidkanalen, som deler Bømlo i to og opnar veg inn til smule hamner i Finnås for båttrafikken både frå vest og aust.

Fakta:

1. Målgruppe: Båtturistar, bedrifter, åremålsdagar, konfirmasjon o.l. 2. Formål: Gi ein smak av vakre Bømlo på mange plan 3. Opplev Bømlo vart etablert i 2012 og kjøpte gjestehamna i 2014 4. Adresse: Opplev Bømlo, Kanalvegen 24, 5437 Bremnes 5. Nettstad/FB: http://opplevbomlo.no, https://nb-no.facebook.com/opplevbomlo/

Tekst/foto: Heidi Eikremsvik Publisert: 2. juli 2018

Hamna i Kulleseid før innrykket på midtsommaren.