mykje lyi leikangerleikangernh.no/bilete/leikangeravisa_2010_web.pdf · for pilaviki», seier jack...

13
Leikanger Mykje leik & lite anger Leikanger Ingen stad har alt, men tru kor høgt Leikanger ville ha kome på ein skala frå 1 til 6 ved ei spørjegransking? Det kjem sjølvsagt an på kven du spør. Men Leikanger ligg nok relativt høgt, heilt uavhengig av kven ein spør: På ut- danningsnivå, på «god-å-bu-i-kommune» og på klima. Det har systrendingane godt av kvar dag. Kommunen har eit yrande organisasjonsliv og det er stor aktivitet på fritida. Denne avisa gir deg ei lita oversikt over livet i Leikan- ger anno 2010. Foto: Lorraine Thompson Foto (frå venstre): Leikanger mannskor, Colin Tattersall, Lorraine Thompson, Ole Kristian Åset Gøymde skattar ved fjorden s. 5 Utgitt av Leikanger Næringshage Innvandrar for Vårherre s. 18 Sognaquiz s. 24 2010

Upload: others

Post on 23-Jan-2021

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Mykje lyi Leikangerleikangernh.no/Bilete/Leikangeravisa_2010_web.pdf · for Pilaviki», seier Jack Eggun avslut-ningsvis. Håvard Nesbø Gøymde skattar ved fjorden Sikta er god både

LeikangerMykje leik & lite angerLeikanger

Ingen stad har alt, men tru kor høgt Leikanger ville ha kome på ein skala frå 1 til 6 ved ei spørjegransking? Det kjem sjølvsagt an på kven du spør. Men Leikanger ligg nok relativt høgt, heilt uavhengig av kven ein spør: På ut-danningsnivå, på «god-å-bu-i-kommune» og på klima. Det har systrendingane godt av kvar dag. Kommunen har eit yrande organisasjonsliv og det er stor aktivitet på fritida. Denne avisa gir deg ei lita oversikt over livet i Leikan-ger anno 2010.

Foto: Lorraine Thompson

Foto (frå venstre): Leikanger mannskor, Colin Tattersall, Lorraine Thompson, Ole Kristian Åset

Gøymde skattar ved fjordens. 5

Utgitt av Leikanger Næringshage

Innvandrar for Vårherres. 18

Sognaquizs. 24

2010

Page 2: Mykje lyi Leikangerleikangernh.no/Bilete/Leikangeravisa_2010_web.pdf · for Pilaviki», seier Jack Eggun avslut-ningsvis. Håvard Nesbø Gøymde skattar ved fjorden Sikta er god både

Vi skriv 2. mai. Vi står opp og et ein dug-eleg frukost som dei færraste hotell kan stille med. Kompisgjengen i Sogn har fått besøk frå byn. Dei to bergensarane er vande fjellfolk og har gått mykje på ski aust i Jotunheimen. Etter fleire forsøk på overtaling og ei forklaring om at det fak-tisk finst fjell og mulegheit for toppturar lenger vest, beit dei på agnet.

Det har vært ein snøfattig vinter i Sogn i år, men fortsatt ligg det rett under mete-ren på Stavsete, øvst i Grindsdalen. Sola skin når vi legg i veg oppover lia. Vi har lovt dei skitur med fjordutsikt, så målet for dagen er fjellet Stav (1458 moh.). Når du har sett fjellet frå forskjellige vinklar, ser det ut som det har armar som brettar seg utover, mest som det stør seg og vak-tar over heile Fjærlandsfjorden.

Det vart seint kvelden før og vi tek oss god tid oppover. Det er varmt som fy. Snøen tek til å tine til skikkeleg god

vårsnø når vi kjem opp mot skjerdingane mellom Stav og Stavafjellet . I det vi kjem over kanten og får syn mot kva som ligg der, kjem det eit gisp frå karane frå byn. Omlag 1300 meter under oss skjer Fjær-landsfjorden seg nord-over mot dei bratte fjella og Jostedalsbre-en som kviler som ei kvit dyne oppå. Vi andre får eit lite flir rundt munnen, når vi veit kva meir som er i vente. Vi tek oss dei siste høgdemeterane opp mot kanten, der mektige fjellformasjonar opnar opp for siste delen til topps. Vi vel og prøve oss på «brui», ein smal fjellrygg som leiar oss dei siste meterane opp til toppen. Her er det bratt ned på begge sider og ein skal vite kor ein går når ein tek skia på ryggen og går langsmed skavlane som fortsatt heng ut over kanten. Det er ikkje mykje tale i

3

Vaktaren over Fjærlandsfjorden

3

L

Frå venstre: Bjørn Knutsen, Per Kenneth Haukås, Håvard Nesbø.Foto: Jon Husabø

Leikanger

Leikanger er ein einsidig «industrikommune» på godt og vondt. På godt fordi her er bra med arbeidsplassar, på vondt sidan me, som andre slike stader, er sårbare ved nedlegging eller flytting av arbeidsplassar. Det er faktisk ikkje mange år sidan me holdt på å mista Statens vegvesen sin administrasjon og nesten samtidig fylkesmannen. Heldigvis g jekk det heilt annleis og me har fått auke i både desse og fleire andre etatar. Men næringslivet er svakt, og difor er det vesle me har ekstra viktig å ta vare på! Utan dette hadde Leikanger vore som ein matrett utan krydder. Det siste g jer heile forskjelen og er nødvendig for det gode liv blant in-

nbyggarane. Leikanger med sine mange fritid-saktivitetar og stabile arbeidsliv er ein svært god stad å bu.

Einar S. Husabø,Leikanger Næringshage

Leikangeravisa

«Syykt rått. Dætte er en av, ja om ikke dæn bæste turen eg noensinne har vært med på»

«tjuagutta» no. Vi ser dei mektige Bales-trandsfjella i vest og store delar av Sogne-fjorden som strekkjer seg utover mot Ar-

nafjorden og andre vegen aust mot Aur-landsfjorden. Attpå til ser me rett inn i Hurrungane. Vakrare kan ikkje Fjordnoreg bli.

Vi tek oss bort og nedover den slake Troeggi, og køyrer store svingar langsmed Fjærlandsfjorden som ligg langt der nede til høgre. Heile tida har vi eit ubeskriveleg vakkert skue av fjellpanorama rundt oss.

Siste pause vert på Storholten (1024 moh.) over Hella, der vi legg ut turboka i

varden før vi dansar go`svingane nedover lia. Siste høgdemeterane ned til ferjekaia lyt vi ta skia på sekken. Vel nede på Hella kjem det på knall bergensdialekt: «Syykt rått. Dætte er en av, ja om ikke dæn bæste turen eg noensinne har vært med på, dere må love meg å si ifra neste gang dere skal på tur».

Då kjem det frå eine sogningen, «Jau da e no mest so du får dra med deg kjeringi og flytta til bygdi. Da blir billegare på sikt om du skal til fjells kvar ei veke». «Jo det hadde kanskje vært noe det». Priviligerte er vi som bur her allereie.

Håvard Nesbø

Rådgjevarar/seniorrådgjevarar (tenesteutviklarar)

– ei fast stilling og eitt engasjement

Avdeling for IKT utvikling og forvaltning (UFI)

Vi søkjer tenesteutviklarar til arbeid med mellom anna å samarbeide med store og små o�entlege etatar og verksemder om tilrettelegging av deira tenesteri bruken Di� sine fellesløysingar, som nasjonale eID-løysingar. Ei fast stilling og eit to-års engasjement. Engasjementstillinga kan seinare verte fast stilling.

Søknadsfrist er 15.juni 2010.

Avdeling for IKT-utvikling og forvaltning (UFI) har eit spesielt ansvar for forvaltning og drift av nasjonale felleskomponentar og funksjonar, som mellom anna Miside og MinID, drift av interne og eksterne ikt-system og utviklingsretta arbeid.

Arbeidsoppgåvene er: å rettleie og kommunisere med o�entlege etatar til å ta i bruk Di� sine løysingar med særleg fokus på nasjonale eID-løysingar oppfølging av eksisterande brukarar av Di� sine fellesløysingar å leie eller delta i prosjekt knytt til etablering av elektroniske tenester i forvaltninga informasjonsarbeid ovanfor forvaltninga knytt til Di� sine løysingar rådgjevingsoppgåver knytt til praktisk e-forvaltning.

Kompetansekrav er: utdanning frå høgskule eller universitet. Relevante fagkrinsar kan vere informasjonssystem og informasjonsvitskap, juss, kommunikasjon eller ikt-retta kompetanse minimum 5 års relevant arbeidserfaring erfaring som prosjektleiar frå ikt-prosjekt og kunnskap om ikt-system i større einingar erfaring frå eller kjennskap til o�entlig forvalting og kjennskap til elektronisk forvaltning god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne evne til å jobbe strukturert og handtere eit stort kontaktnett gode samarbeidsevner.

Løn: Lst. 60 – 68 som rådgivar (kr 463 000 – kr 536 900) og lst 65 – 72 (kr 509 000 – kr 581700) som seniorrådgivar etter kvali�kasjonar og erfaring. For spesielt kvali�serte kan høgre løn verte vurdert. Frå lønna vert det trekt 2% innskot til Statens pensjonskasse.Arbeidsstad for stillingane er i Leikanger. Informasjon om stillingane: Tor.Alvik@di�.no tlf 41586754 eller Jostein.Fondenes@di�.no tlf 90587682

LeikangerLeikangerKompetansekommunen

Leikanger kommune har høgkompetente miljø som inneheld:

110 sivilingenørar, arkitektar, agronomar og naturvitarar

50 juristar

33 siviløkonomar

5 doktorarMe har utfordringar til deg óg!

Meir om Leikanger:www.leikanger.kommune.no www.leikangernh.no www.opplevleikanger.no

Leikanger Næringshage

Page 3: Mykje lyi Leikangerleikangernh.no/Bilete/Leikangeravisa_2010_web.pdf · for Pilaviki», seier Jack Eggun avslut-ningsvis. Håvard Nesbø Gøymde skattar ved fjorden Sikta er god både

Mange kjenner namnet Nokkaneset og assosierer det med Sognefjord Swim Festi-val og Sognefjord Hotell. Symjefestivalen, som vert arrangert annakvart år i august, har målpassering her etter kryssinga av Sognefjorden frå sør til nord. Folk møter opp i hundretal for å ta i mot dei spreke fjordsymjarane. Andre veit kun at dette er neset nedom Sogne-fjord Hotell. Mange har ikkje teke turen ned på neset og sett på det fantastiske området.

På Nokkaneset like ved sjøen er det funne ei røys omlag åtte meter i tverrmål. Den ligg på toppen av neset, ca. 30 meter sør for riksvegen. Truleg er dette ei grav-røys frå bronsealderen. Nokkaneset er ein del av garden Njøs som er den austligaste av dei fire opphavsgardane i Leikanger. Dei andre tre gardane er Henjum, Husabø og Hamre.

Den fyrst skjenkestaden låg på Njøs. I 1774 fekk Åsmund Monsen Njøs krem-marløyve, det er såleis lange tradisjonar bak drifta på Sognefjord Hotel og garden Njøs, som opprinneleg eigde Nokkaneset.

I nyare tid har neset hatt tradisjon som eit rekreasjonsområde for systrendin-gane. Heilt ytst på neset syter ei fyrlykt for at båtar seglar trygt på si ferd inn eller ut fjorden. Nokkaneset strekkjer seg som eit landemerke ut i Sognefjorden, frå båt-hamna aust i Skjeljaviki til Pilaviki i vest.

Etter at Sognefjord Hotel blei bygt på femtitalet har familien Eggum drifta og stelt nede på neset. Store delar er for-

holdsvis urørt, noko er rydda og delvis dyrka opp med fint gras slik at hotellet sine gjester kan nytte området. Det er lett tilgjengeleg med veg og stiar, og skjerma frå bilveg og støy. Området er regulert til rekreasjon og er såleis ope for allment bruk. Det er ikkje tilgang for bilar eller andre motoriserte køyretøy. Lite er betre

enn ein fin sommarkveld på Nokkaneset. Tenk når fjorden er still, då er det godt å sitja der på svaberget, halde rundt nokon du er glad i og sjå sola krype ned bak ba-lestrandsfjella.

Jack Eggum, eigar av Sognefjord Ho-tel seier til avisa at for å auka bruken av Nokkaneset er det investert i eit stort telt som kan romme opptil 60 sitjeplassar. Det kan også supplerast med fleire telt. Det er også sett opp eit sanitæranlegg til gjestene sitt bruk. Tanken bak dette er at ein kan nytte området til større samankomstar og arrangement, det kan vera sommarkon-sertar, teater, grillfestar, bryllaup. Hotel-let legg til rette med servering og har alle rettigheiter.

Kanskje Leikanger kan få ein eigen årviss sommarrevy nede på neset? Her kan det serverast kortreist mat frå Sogn, champagnen til canapeane byter vi med lokale drikkevarer. Som bonus får du frisk luft, den mest framifrå utsikta og ein at-mosfære som du kun kan få ved fjorden.

Bygda er hermed invitert til idédugnad for kva me kan finne på, ved nyopning av ein utandørs kulturarena.

I sommar blir det ein strålande anled-ning til å delta på årets sommarfest når hotellet saman med Opplev Leikanger inviterar til jonsokmoro på Nokkaneset onsdag 23. juni. Då blir det jonsokfest av

god gamal sort, for heile familien, med kjempebål, muleg-heit for kjøp av grill-mat og underhald-ning. «Dette føregår

tidleg på kvelden slik at dei minste også skal få delta», seier Jack Eggum, og vonar mange sambygdingar tek turen ned på ne-set den kvelden.

Rett vest for Nokkaneset ligg Pilaviki. I le av av moloen ligg denne halve laguna klar til å bli nytta som ein strandplass med assosiasjonar til sydllige breidder. Dette er ei strand som med enkel innsats kan bli ein av våre beste badeplassar for fami-liar. Det som trengst er rydding av kratt og fjerning av stein i fjøra. Med påfyll av skjelsand vil ein gjera rekreasjonsområ-det med neset enno større. Leikanger har mykje flotte fjellområde og fin natur, men manglar litt fleire tilbod langs fjorden. «Nokkaneset og Pilaviki er lett tilgjen-geleg og hotellet, som har tilrettelagt på Nokkaneset, oppfordrar til å ta i eit tak for Pilaviki», seier Jack Eggun avslut-ningsvis.

Håvard Nesbø

Gøymde skattar ved fjordenSikta er god både aust- og vestover. Var det her og ikkje på Vangsnes Fridtjof den Frøkne stod og såg bort til Ingeborg i Baldershagen, lenger vest i fjorden?

5

Nokkaneset er fortsatt ei perle. Foto: Ørjan Talle

5

«Tenk når fjorden er still, då er det godt å sitja der på svaberget, halde rundt nokon du er glad i og sjå sola krype ned bak balestrandsfjella.»

Leikanger

Bulyst-programmet frå Kommunal- og re-gionaldepartementet er ei statleg program-satsing som skal bidra til ny kunnskap om korleis distriktskommunar kan bli meir attraktive for busetting og etablering av næringsverksemd. 32 millionar skal delast ut i 2010 og Leikanger har søkt midlar til å gjennomføre eit forprosjekt.

Kommunen står som søkjar, med Lei-kanger Næringshage, Opplev Leikanger og fleire av dei offentlege verksemdene som viktige medspelarar. «Dei offentlege etatane og andre liknande verksemder betyr svært mykje for Leikanger. Vi må gjere grep lokalt for at Leikanger framleis er ein attraktiv kommune å bu, arbeide eller etablere nye arbeidsplassar i. Mid-lar frå Bulyst-programmet kan bidra til meir systematisk og målretta arbeid med dette», seier ordføraren i Leikanger, Olav Lunden.

Ei breitt samansett arbeidsgruppe ut-forma søknaden, etter innspel frå re-presentantar frå leiing og tilsette i ulike verksemder. I forprosjektsøknaden er føl-gjande tema løfta fram:

Ei utfordring er å skaffe distriktet kom-petent arbeidskraft. Dette er særs viktig for å styrka busetjing og næringsutvik-ling. Utover det som verksemdene sjølve

har ansvar for – kva er «attraktivitets-faktorane» som Leikanger-samfunnet må satse på for å trekke til seg «dei kloke hovuda»?

Klyng jetenking og felles bu- og arbeidsmarknadLeikanger og Sogndal er eitt bu- og arbeids-fellesskap. Korleis bør Leikanger og Sogn-dal realisere fortrinna og mulegheitene som kommunane har? Sterkare fellespro-filering av kunnskapsklyngja er sentralt. Likeeins betre kommunikasjonsløysingar mellom stadene.

BustadproblematikkEr det utleigemarknaden det bør leggast til rette for? Sentrumsnære og mindre bustader for sal? Korleis legge til rette for at folk som blir rekrutterte til dei mange arbeidsplassane i bygda faktisk også buset seg i kommunen? Kven er dei som blir rekrutterte hit og kva ønskjer har dei m.o.t. busituasjon? Kva konsekvensar får dette for bustadplanlegginga?

RekrutteringAktivt rekrutteringsarbeid er tradisjonelt sett på som arbeidsgivar sitt ansvar. I kva grad kan kommune og lokalsamfunn spe-

le ei rolle her? Korleis kan sterkare fokus på vertskapsrolla styrke rekrutteringa? Bør kommunen og lokalsamfunnet ha eit særleg fokus på tilbakeflyttarar som den kanskje mest potensielle ressursen å nå tak i?

Inkludering av tilflyttararDet er mange som flytter til Leikanger. Nokre blir verande, mange flyttar etter ei tid. ER vi flinke nok til å ta vare på dei som kjem hit? Korleis kan ein breiare partnarskap mellom etatane, kommunen, lokalsamfunnet og regionen styrke inklu-deringa?

Forprosjektet skal gje oppdatert og do-kumentert kunnskap og ein plan for kva tiltak det bør satsast på framover. Det overordna målet er eit attraktivt Leikan-ger for busetting og som lokaliseringsstad for kunnskapsintensiv verksemd.

Kven som kjem med i programmet veit vi gjerne først mot sommaren/hausten. Uavhengig av dette er det vilje både hjå kommunen, verksemdene, næringshagen og Opplev Leikanger til å gå vidare med eit samarbeid på dei ulike områda.

Trude Risnes

Bulyst i Leikanger?Offentleg forvaltning, forsking og utdanning er berebjelkar i bu- og arbeidsfellesskapen Leikanger/Sogndal. Kva er dei viktigaste grepa vi kan gjere lokalt for at denne kunnskapsklyngja kan styrkjast og vidarutviklast? Leikanger kommune søkjer no prosjektmidlar som kan bidra til å finne svar.

Det er lenge sidan Leikanger levde av jordbruk åleine. Foto: Lorraine Thompson

4 Leikanger

Internasjonalt matkurs. Det kjem stadig folk flyttande til Leikanger.

Er vi flinke nok til å ta imot dei? Foto: Trude Risnes

På idèdugnaden til Opplev Leikanger kom det inn mange innspel på kva

organisasjonen bør jobbe med. Foto: Roar W. Vangsnes

Har du høyrt om Opplev Leikanger? Lurer du på kva Opplev Leikanger er? • Eit utviklingsforum og ein paraply-

organisasjon for næringsliv, frivillige lag og privatpersonar i Leikanger.

• Arbeider for vekst og utvikling av næringslivet i Leikanger.

• Koplar næringsliv, frivillige lag, pri-vatpersonar og kommunen i lokale utviklingstiltak

• Styrkjer samarbeidet mellom lokale krefter

Aktivitetar og tiltak i 2009:

• Gratis Fjordfrukost • Idédugnad • Visjonsmøte og festivalmøte under

Fruktbare Dagar• Utvikling av nettsida

opplevleikanger.no• Opplev Leikanger i desember-faldar• Julehandel-aktivitetar • Uttalar om entreprenørskap, næ-

ringsarbeid, bustadpolitikk

Aktivitetar og tiltak i 2010:

• Lansering av nettstaden: opplevleikanger.no

• Søknader Bulyst- og Bygdeutvi-klingsprogram

• Internasjonalt matforum• Jonsokfest – Bygdafest• Opplev Leikanger-magasin• Kultur- og marknadsdag med

FAME• Fjordfrukost• Fruktbare Dagar• Byråkratdag• Opplev Leikanger i desember-faldar• Julehandel-aktivitetar

Bli medlem!

Vi treng ditt engasjement! Bli med og ut-vikle Leikanger – meld deg inn i Opplev Leikanger!• Bedrifter kr. 500,- • Lag/organisasjonar kr. 250,- • Privatpersonar kr. 250,- Meld deg inn via epost:[email protected]

For meir informasjon: www.opplevleikanger.noL

Opplev Leikanger – frisk og frodig

opplevLeikangerOpplev

Page 4: Mykje lyi Leikangerleikangernh.no/Bilete/Leikangeravisa_2010_web.pdf · for Pilaviki», seier Jack Eggun avslut-ningsvis. Håvard Nesbø Gøymde skattar ved fjorden Sikta er god både

Turboreven: Bamsen som alltid er med på tur. Dei ungane som vil kan bære han på armen eller han får sitte på i sekken.

7

I Leikanger er det eige turlag for barn. 14.januar 2010 vart det halde skip-ingsmøte, og Barnas Turlag sette i gang eit spennande turprogram. Laget er for barn i alderen 0–12 år, men alle som vil kan bli med på turane, seier leiar Anne Lise Brei-dvik. Ta gjerne med besteforeldre, tanter og onklar! Du treng ikkje vere medlem for å delta på turane til Barnas Turlag i Leikanger. Men litt stas for dei ungane som er medlem, er «fjellpasset». Då er

du medlem av Den Norske Turistforening i Sogn og Fjordane. Og etter at du har vore med på 10 turar, lokkar ein premie!

– Turane er tilrettelagde for små føter. Her er ingen stress. Ein kan bruke tida ein vil og kose seg med opplevingar under-vegs. Og det er utruleg kor lett ungane går når dei er i lag med andre, seier Anne Lise.

Barnas Turlag i Leikanger har eigen gruppe på Facebook, og her får du vite alt du treng om arrangement som er på pla-

nen. Og om du lurer på å bli medlem, så sjekk bileta frå turane som har vore og bli inspirert!

Dei fire første arrangementa har vore svært så populære med stor oppslutning frå store og små.

Som nyoppretta organisasjon vil vi gjer-ne ha gode innspel på turarrangement for born, seier leiar Anne Lise, og oppfordrar folk til å ta kontakt.

Så til alle barnefamiliar i Leikanger:

Her har de eit flott tilbod for å få med un-gane ut på tur, og så det er mange andre ungar med! Ein flott måte å bli kjend med andre småbarnsfamiliar på.

– Fellesturane startar i august igjen, sei-er Anne Lise, og ønskjer alle velkomene på tur!

Birte Fossheim

Glade barn på tur!Visste du at det er eige Barnas Turlag i Leikanger? Her kan du gje ungane dine gode turopplevingar i lag med andre ungar og vaksne. Besteforeldre, tanter og onklar er også inviterte med på tur, så her er det berre å pakke sekken, og bli med!

7Leikanger

Og dette var berre to av fleire sterke prestasjonar av syrilløparane i systronds-fjedli laurdag 6. mars. Både seniorar og juniorar gjorde det skarpt då Sognefjor-drennet i år hadde fått status som NM-løp. 

StasAller best gjekk det med Silje Storevik Moe, som klatra heilt til topps på pallen av snø. 

– Det er jo stas å vinna NM på heime-bane, veldig kjekt, sa den nybakte noreg-meisteren etter å ha fått medaljen rundt halsen. 

Ho var godt nøgd med både eigen pre-stasjon og arrangementet.

– Det vart eit bra løp når det vart som det vart. Det var synd me ikkje kunne starta heilt på toppen, men det vart ei bra løype lell, sa Silje, som hadde selskap

av klubbveninne Ronja Vangsnes på pal-len. Ho var tredje raskast i mål. 

Mykje livGrunna skodde og dårleg sikt i fjellet måtte nemleg starten på fjelltelemarkren-net flyttast lenger ned, men dette la ikkje noko dempar på stemninga i målområdet i Oreveitane. Der var det pølsegrilling ved jakt- og fiskelaget, underhaldning ved den profesjonelle speakeren Haagen Gjems, og det kunne observerast både kubjøller og norske flagg. 

BarnerennFør sjølve NM-rennet vart sett i gang, var det fjellcross for unge og lovande skiløparar. Om lag 60 born og unge var påmelde, og ved målgang venta både flotte premiar og saft. Kristin Bulling Jo-hansen, Hanna Vangsnes og Ingrid Fred-

heim var tre av deltakarane, og dei var godt nøgde, både med innsats og premier-ing. Det einaste dei hadde å klaga på var at løypa var litt kort, dei ville helst ha star-ta på Kjeringafjellet dei òg. 

KongepokalDet var også noko historisk over rennet som vart arrangert i Leikanger første hel-ga i mars. For første gong vart det delt ut kongepokal til vinnaren av herreklassen i fjelltelemark, og denne var berre to sekundar frå å hamna i vertsbygda. Tor-geir Sværen Henjum kom nemleg i mål to små (og litt sure) sekundar bak vinnar John-Ove Sinnes frå Sirdal Skilag. 

– Eg skulle gitt alvorleg mykje for den kongepokalen. Eg veit om eit par småfeil eg gjorde oppi der, men veit ikkje kor my-kje dei kosta meg, sa Torgeir, som likevel var svært glad for sølvmedaljen.

Solid innsatsOgså i aldersbestemte klassar gjorde lokale løparar det skarpt i NM-løypa. Olaug Grut Andersen frå Syril Telemark vann landsfinalen for jenter 12-13 år, medan Olav Henjum og Ole-Morten Søderholm vart nummer ein og to i tilsvarande guteklasse. 

I landsfinalen for jenter 14-15 år gjekk Sarah Fiskaa Haugen frå IL Bjørn/Luster Telemark til topps, medan Gunnhild So-fie Vangsnes frå Syril kom på tredjeplass. I landsfinalen for gutar 14-15 år kom systrendingane Håvard Lefdal Hove og Øyvind Vagstad på høvesvis første- og an-dreplass. 

Birte J. Finstad

Sterke prestasjonar i eigne fjellSilje Storevik Moe vart noregsmeister og Torgeir Sværen Henjum var berre to sekundar frå å ta heim kongepokalen under NM i fjelltelemark i Leikanger i vinter.

Systrondsjenta Silje Storevik Moe vart noregsmeister i telemark på heimebane i mars.Foto: Ørjan Talle

6 Leikanger

Kristin Bulling Johansen (f.v.), Hanna Vangsnes og Ingrid Fred-

heim deltok i fjellcup-rennet.Foto: Birthe J. F. Finstad

Alle deltakarane, både i fjellcros-sen og NM/Sognefjordrennet, fekk

saft etter å ha passert mållinja. Foto: Birthe J. F. Finstad

Torgeir Sværen Henjum var berre to små sekundar frå å stik-

ka av med kongepokalen.Foto: Ørjan Talle

Grilling.Det var mykje liv ved målområ-det i Oreveitane NM-laurdagen. Leikanger

jakt- og fiskelag stod for serveringa. Foto: Birthe J. F. Finstad

1. mai: unge sprekingar på tur Esefjorden rundt.

25. april på tur til Rud med 70 glade turentusiastar.

Pølser på grillen høyrer med.Alle foto: Anne Lise Breidvik

Leikanger

3 Økologiske varer3 Balholm-saft3 Lågprisbutikken i

Midtre Sogn!

Page 5: Mykje lyi Leikangerleikangernh.no/Bilete/Leikangeravisa_2010_web.pdf · for Pilaviki», seier Jack Eggun avslut-ningsvis. Håvard Nesbø Gøymde skattar ved fjorden Sikta er god både

Opplev Leikanger, opplev oss!

Butikken som hjelp-er deg med det meste!

Radio – TV Panasonic, Sasung, LG, Finlux, Dantax m.fl.

JakTRadio – sikRingsRadio – VHF Icom, W-com, Zodiac

kViTeVaReRBosch, Siemens, Electrolux. Beha, Whirlpool

VaRmepumpeR Panasonic, Fujitsu

klede – sko – spoRTSport 1

Våpen – ammunisjon – jakt – friluftEigen serviceverkstad for radio/TV

Service kvitevarer

8 Leikanger

Alle som bur i Sogn og Fjordane veit at dette er eit fylke med utfordrande natur-tilhøve og vêrforhold. Menneskeskapte klimaendringar vil truleg føra til at ut-fordringane ein opplevar i dag vil verta større i framtida. Meir ekstremvêr, auka nedbør, større rasfare og havnivåstig-ing er nokre av prognosane. Det er difor i fylket si interesse å planleggja for eit mindre sårbart samfunn, og dette in-neber både å redusera klimagassutslepp og å kunna tilpassa seg dei kommande endringane.

I 2009 vedtok fylkestinget ein Fylkes-delplan for klima og miljø, og i fylkes-kommunen vert det no arbeidd aktivt med oppfylgjing av denne planen. Kli-masatsinga til fylkeskommunen er brei og heilheitleg og på mange måtar unik i perspektiv og utforming. I tillegg til produksjonsrelaterte utslepp, inkluderer fylkeskommunen også eit fokus på for-bruksrelaterte utslepp. Samstundes vert

det sett søkelys på klimatilpassing. Dette er ganske spesielt og få andre fylker i No-reg har ei så heilheit-leg klimasatsing som Sogn og Fjordane.

Utsleppsreduksjon og klimatilpassing skal skje innanfor mange ulike sektorar og det er eit stort puslespel å organisera og koordinera dette. For å få til ei solid klimasatsing er det viktig med godt sam-arbeid. Fylkeskommunen samarbeidar mellom anna med KS og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for å hjelpa kommu-nane å møta klimautfordringa på ein god måte.

Når fylkeskommunen arbeidar med ut-sleppsreduksjon er det essensielt å kunna måla om ein faktisk klarar å redusera ut-sleppa. Metodane for å måla dette i dag er ikkje gode nok. Det betyr at ein treng å utvikla nye metodar for å seia noko

9

Klimasatsing i fylkeskommunen

9

L

Elisabeth Veivåg Helseth høgt over Leikanger. Foto: Colin Tattersall.

Leikanger

Miljøfyrtårnsertifisering inneber ein omfattande sjekk og godkjenning av områder som internkontroll og HMS, ar-beidsmiljø, innkjøp, materialbruk, avfall, energibruk, transport og utslepp til luft og vatn på ein arbeidsplass.Miljøsertifiseringa er starten på ein kontinuerleg forbetringsprosess: Å defi-nera konkrete mål og kartlegg ja avvik samanlikna med målsetjinga er viktige for å sikra framgong.

Slik sett er sertifikatet ei byrjing og ikkje noko mål i seg sjølv. Det daglege mil-jøarbeidet i ettertid av sertifiseringa er det viktigaste. Årvisse rapporteringar i etterkant skal sikra at det skjer ei gradvis forbetring over tid.

Du kan lesa meir om klimaarbeid i Sogn og Fjordane på klimanettstaden: http://www.sfj.no/klima/cms.nsf

Miljøfyrtårn

«Det er lett å gløyma at det krevst mykje arbeid og ressursar å produsera mat eller andre varer. »

om kva retning kli-magassutsleppa går i. Dette vert mellom anna gjort gjennom eit forskings- og ut-viklingsoppdrag i samarbeid med Vest-

landsforsking. I dette forskingsprosjektet vert det også sett på korleis utslepp frå forbruk kan reknast med og inkluderast i Noreg sin klimapolitikk. Store delar av klimagassutsleppa i industrialiserte land kjem frå forbruket vårt. Når me kjøper varer tenker me ikkje alltid over at desse varene har ei historie. I dagens moderne samfunn er det lett å gløyma at det krevst mykje arbeid og ressursar å produsera mat eller andre varer.

Som ein del av klimasatsinga er Fylkes-huset i Leikanger blitt sertifisert som eit av dei fyrste miljøfyrtårna i kommunen.

Å hindra at menneskeskapte klimaend-ringar når eit ureversibelt nivå, vil krevja

at utfordringa blir møtt på alle nivå i samfunnet; internasjonalt, nasjonalt, re-gionalt og lokalt. Det som er sikkert er at det vil bli nødvendig med mange ulike tilnærmingar for å møta klimautfordringa i framtida. Dette inneber mellom anna ny teknologi, omlegging av produksjon, meir fornybar energi, energieffektivitet og mindre forbruk generelt. I denne saman-heng er det viktig at styresmaktene legg til rette for klima- og miljøvenlege val, men samstundes har kvar av oss også individu-elt ansvar for å gjera desse vala!

Ansvarsfråskriving er eit svært sentralt problem i møte med klimautfordringa, og aktørar på alle nivå er flinke til å skulda på kvarandre og skyva ansvaret frå seg. Fylkesdelplan for klima og miljø viser at Sogn og Fjordane er klar til å ta sin del av det globale ansvaret.

Elisabeth Veivåg Helseth

KULTURMINNEVERN i eit framtidsperspektiv I Asplan Viak er kulturminnevern etablert som eige forretningsområde, og vi tilbyr brei kulturminnefagleg kompetanse innanfor:

Bygningsvern•Arkeologi•Historiske landskap•Planlegging•Analyse og utgreiing•

www.asplanviak.no

Asplan Viak er eit av landets største rådgivande ingeniør- og arkitektfirma. Selskapet tilbyr tverrfagleg rådgivning og analysar for offentleg og privat verksemd. Asplan Viak AS er eigd av Stiftelsen Asplan og har ca. 600 tilsette ved 19 kontor i Noreg. Selskapet er organisert i 5 divisjonar – Plan og Analyse, Arkitektur og Landskap, Bygg og Installasjonar, Samferdsel Infrastruktur, Vatn og miljø.

Foto: Hjelledalen i Stryn, prosjekt RV 15 Strynefjellet.

nyt sommarkvelden med bølgjeskvulp og sjøfugl

CateringKoldtbord – Snittar – Gryterettar

Heimelaga middag – PizzaA’la carte

middagskort Kjøp 10 middagar og få den 11. gratis

Besøk Fjordkroa som ligg ved Sognefjorden.Med fjordterasse.

Velkomen!

I dag er han ein liten energibunt på 4 år. Om 20 år kan han produsere vindkraft for milliardar frå ein vindmøllepark på Stadhavet. For med dei ressursane vi har i vind og ruskevêr langs kysten av Sogn og Fjordane, kan vi bli fremst i Europa på rein og fornybar energi. Vi veit kva drivkrefter som finst i fylket vårt, og som lokal bank engasjerer vi oss og hjelper dei fram. At vindkraft kan bli det nye oljeeventyret for kystbefolkninga vår, det trur vi, det ønskjer vi og det satsar vi på. Sparebanken Sogn og Fjordane

- la oss fellesskape framtida vår

ssf.notwittermeirennbank.no facebook

Energibunt. Miljøbank. Ny kystnæring

Fylkesrådmann mottek Jan Øhlk-ers beviset på Sogn og Fjordane er eit miljøfyrtårn frå ordførar Olav Lunden.

Foto: Liv Strømme

Her ligg sentraladministrasjo-nen til fylkeskommunen.

Foto: Elisabeth Veivåg Helseth

Telefon 5765 3411Mobil 918 35 699

Hermansverk

[email protected]

Page 6: Mykje lyi Leikangerleikangernh.no/Bilete/Leikangeravisa_2010_web.pdf · for Pilaviki», seier Jack Eggun avslut-ningsvis. Håvard Nesbø Gøymde skattar ved fjorden Sikta er god både

Samhald og spelegledeDet å vera tilknytt eit mannskor som både syng, spelar revy og har det moro, er ein fabelaktig kombinasjon. Det gir eit sterkt og godt samhald som vi utnyttar på beste måte. Dei siste åra har vi også kopla ungdommen sterkare på revydelen, både fordi snittalderen er høg i mannskoret, men også fordi vi har ein arena der den yngre garde kan få innblikk i revylivets gleder. Samstundes er det ein fin læring-sarena, og ei stor utfordring for ungdom-men som desse tek med stor entusiasme. Vi har også vore heldige å nytta oss av jenter frå danseverkstaden som instruk-tørar, der dei styrer innøvinga med stø hand og dansefot.

Eksamen for oss og eksamen for Saften

For første gang spelte vi revy i Saften der alle ting no er meir elle mindre på plass, etter «tjuvstarten» som vi hadde i fjor i ein uinnreidd sal. Difor vart det både ek-samen for oss i mannskoret og Saften som revyarena. Og då er det glede med borti-mot fulle hus kvar kveld. Vi har fått ein velfungerande kultursal, som viser seg å vera godt tilpassa både revyar, konsertar og andre viktige kulturaktivitetar i Sys-trondsbygdi. Vi i Leikanger Mannskor håpar å kunne halde fram med mykje «brød og sirkus» i framtidige revyar, men også samarbeid om andre kulturar-rangement med alle dei gode kulturkref-tene som finst i Leikanger.

Roar Werner VangsnesApril kan by på all slags vêr. Her frå Kjeringafjellet før start.

Foto: Roar Werner Vangsnes

Nokre år før tusenårsskiftet starta den haustfesten som vert kalla Fruktbare da-gar, ein aktivitet under stiftinga Norsk Fruktmuseum. Dagane er fortsatt under oppbygging og strekkjer seg no over ei veke. Her finn du kunst og kultur, musikk og underhaldning, torg og mat, konkur-ranse og fest. Alt for sjel, mage og gane. Og endå til eit visjonsmøte.

«I morgon …» ein kabaret om og frå vegvesenet i ei omstillingstid. Med Jakob Sande og Bjørn Andresen bak tekstar og musikk, vart servert i 2002, same året som fylkesmannen oppfordra til å byg-gja eit nytt Statens Hus i Leikanger. Det vart eit fruktbart spel også! Siste innsla-get dette året var med Fjøgl, folkemusi-karane frå Hornindal og Breim der også Sigrid Moldestad underhaldt i Leikanger for første gong.

Det blå treet vil dei fleste hugsa, og no-kre saknar det kanskje? Det var Magne

Vangsnes som stod for dette kunststuntet i 2003. Treet vart kappa i småbitar året etter, som ein del av opningsmarkeringa.

Nyare tids sentrumsutvikling i Lei-kanger starta med kantsteinar på Her-mansverk i 90-åra. Men som han sa på folkemøtet, grunderen, i den då tome Lerum-fabrikken: «sentrum er meir enn kantstein». Han ville ha aktivitet også. Deretter hadde Fruktbare dagar besøk av Lisbeth Iversen (profilert byråd i Bergen) som føredrog om det å ha visjonar for å skapa eit sentrum. No er me godt i gang, takka vera eldsjeler. Men jobben er ikkje gjort og eldsjeler må fortsatt visa veg i denne utviklinga.

For vidare aktivitet og trivsel kan Fruktbare dagar også brukast som ram-me rundt kurs, møter, utstillingar eller liknande. Dette er ekte fruktbarheit - til glede for alle.

Einar Skram Husabø

Fruktbare Leikanger

Det blå treet. Foto: Lars Nes

10 Leikanger 11

Brød og sirkus i SaftenI over 50 år har Leikanger Mannskor gitt systrendingar og tilreisande underhaldning med latter og glede. For første gang kunne vi spela revy i ein ferdig tilrettelagt kultursal. Med alle krumspring som hadde skjedd både fjordalangs og i heile fylket gjennom året, måtte tittelen berre bli «brød og sirkus».

Leikanger

April i Sogn er som regel synonymt med lite nedbør, at varmen stig mot slutten av månaden og at fruktbløminga startar. I år var det omvendt, med varme dagar i starten. Då nærma det seg den 17. april og Kjeringi Open, slo ruskeveret til. Natt til den 17. snødde det heilt ned i bygda og ein halvmeter nysnø la seg i fjellet. No, tenkte vi – her er det berre «å stao pao»…

Løypetraseane endra over nattaDå vi reiste til fjells for å merka løypa frå toppen og ned til veksling i Damefall, der 2. etappe startar, var veret bra nok til å starta på toppen. Samstundes måtte det springast på siste delen av førsteetappen, og langrenn var omgjort til springing. Men ruskeveret ville det annleis. For første gong måtte vi flytte starten ned til 1050 moh. til foten av Kjeringafjellet. 2. etappen vart derimot endra attende til langrenn, men løparane fekk lov å skøyta seg gjennom. Sidan gjekk det i snøslaps og gjørme nedover.

Kaldt på HanehaugI kraftige regnbyger piska regnet i «kja-kane» både på juniorkjeringar og publi-kum. Det var 153 deltakarar i juniorløypa og heile 11 «Stjerner i sikte»-lag som viste fram flotte kulturinnslag på lastekar-men til fruktlageret sin bil. Hotelleigar Jan Erik Lie fekk folk inn på hotellet, der premieutdelinga vart gjennomført i var-mare omgivnader og med stor applaus til alle som fekk premie. Fjordsymjarane trassa veret, og kunne med si «snorklyp-ping» markera at badesesongen er i gang.

Det 18’ende Kjeringi Open går over i historia som den suraste, våtaste og kal-daste av alle. Neste år vil vi ha sol, god sikt i fjellet og ein varmare dag under «va-orens vidlaste eventyr». Samstundes var det mykje varme og glede å sjå både blant deltakarar og funksjonærar og publikum. Ja, rett og slett ei minnerik oppleving.

Roar Werner Vangsnes

Kjeringi Open 2010

Leikanger mannskor er ikkje heilt som andre kor. Leikanger har etter mange års sakn

endeleg fått seg sin eigen kultursal, som ein del at den nye storstova vår, Saften. Då det røynte på med finansieringa av innhaldet i kulturdelen av fleirbrukshallen, trødde

koret til med ein kjempesjekk til Leikanger kommune: 200.000 kroner la koret på

bordet. Til beste for alle. Dette er overskot etter mange palmerevyar. Eit overskot etter hardt arbeid, stor speleglede og mykje latter. L Frå overrekkinga av sjekken:

Frå venstre: Roar Werner Vangsnes, ordførar

Olav Lunden, Ole Ingar Hæreid og Olav Handeland.

Foto: Leikanger mannskor

Kjempesjekken

Palmerevyen 2010 er i mål, og mannskoret med gode hjelparar framfor scenekanten. Foto: Leikanger mannskor

Leikanger Ungdomslag eig og driv ungdomshuset Leikvang – eit aktivt og levande hus for unge og gamle! Her er det aktivitet fem–seks dagar i veka store delar av året. Mykje av aktiviteten står Leikanger danseverkstad for. Dette er eit samarbeid mel-lom ungdomslaget og Leikanger kommune, og danseverkstaden er med i «Dans utan grenser». Danseverkstaden gir ut eigen informasjonsfoldar ved skulestart om dansegrupper som vil bli starta opp i august. Annankvar tysdag mellom september og påske, er det leik og dans for dei mellom to og seks år. Mange glade ungar møtest og har det moro under leiing av nokre foreldre som deler dette op-

plegget mellom seg. Sist semester har det vore teaterverkstad for 5.–7. klassingar og dette ser ut til å kunne

halde fram til hausten. Pensjonistlaget brukar huset til eldretrim store deler av året. Ungdomshuset blir dessutan utleigd til festar og arrangement. For ungdom og vaksne er det måndagsdans, der alle er velkomne anten dei er nybyrjarar eller kan litt frå før. Det er variert dans, med swing, linedance, gamaldans og litt tango. Det blir gitt in-struksjon, men er ikkje lagt opp som kurs. Av og til blir det ar-rangert helgakurs, og dette blir kunng jort på plakatar, facebook og e-post. Dans er trim, det gir glede, dans er miljøskapande og sosialt! Vi har god plass til fleire unge og eldre dansarar, anten du er ny i bygda, eller innfødt! Du kan g jerne komme aleine, – det g jer andre ôg!

Astrid BolstadL For meir informasjon: www.leikanger.ungdomslag.no

Leikvangen

Page 7: Mykje lyi Leikangerleikangernh.no/Bilete/Leikangeravisa_2010_web.pdf · for Pilaviki», seier Jack Eggun avslut-ningsvis. Håvard Nesbø Gøymde skattar ved fjorden Sikta er god både

Av dei eldste typiske møteplassane var kyrkjebakken. Der var ynskjet frå folk vel så mykje å møta anna folk og frette nytt som å høyra preika. Seinare kom møteplassar der kommuniksjonslinjene møttest. Det kunne vere møte mellom sjø, veg og jarnbane. Handel og herberge kom i kjølvatnet. Arbeid vart skapt. Både Hermansverk og Leikanger var typiske slike stader der folk møttest, talast og handla. Dei eldre hug-sar enno folkemengda som ofte følgde med når Sognabåten la til kai. Ein tur på bui og på serveringsstaden kom i same snuen. Ja, ein kunne jamvel kombinere sundag-sturen med ei vitjing på den lokale film-framsyninga om ein tok seg tid og såg seg råd til det. No, i den travle kvardagen til folk flest, er dei tradisjonelle møteplas-sane i bygd og by i stor grad erstatta med kjøpesentra og liknande. Det kan ein like eller la vere, men slik er det. I mange småsamfunn har dette ført til at gamle møteplassar og arbeidsplassar forsvann, utan at nye vart skapte.

Kva har så skjedd i Leikanger kommune over dei siste 30 åra. Ja, det er mykje og resultatet kjenner vi. Det er utarming av båe sentra. På Leikanger er det knapt att

handel og på Hermansverk har det min-ka. Innanfor kolonialhandel ligg tilbodet bokstaveleg tala på lågaste hylle. Årsak-ene er mange, handelen skjer i Sogndal eller enda lenger borte. Kommunikasjo-nane har endra seg, Sognabåten har blitt spikar eller ferdast i fjerne farvatn. Ny-hende finns på TV og internett. Folk har endra vaner. Men trongen og ynskje om samkvem er uendra medan folk sin et-

terspørsel etter varer og tenester har auka vesentleg. Handelsstanden i Leikanger har ikkje teke sin del.

Midt oppe i alt dette er det difor sers positivt at kommunen gjekk inn for å samlokalisere idrettshallen med Saften i det nye fleirbruksbygget. Her har folk i bygda fått ein stad der dei kan møtast både på dag- og kveldstid og samstundes vera trygge på å møta andre. Det rike kulturlivet i bygda har fått ei ny og ten-leg storstove på rett stad. Rett nok vert det driftsøkonomisk ei dyrare løysing for kommunen, men samfunnsøkonomisk lønsam. Auka ferdsle skaper meir ferdsle og handel.

Vidare satsar og kommunen på å ruste

opp uteområdet kraftig. I første omgang gjeld det i dei næraste omgjevnadene. An-leggsarbeidet vert utført av entreprenør i løpet av våren/sumaren i år. Finansier-inga kjem frå eksterne midlar, i hovudsak frå fylkeskommunen. Arbeidet som skal gjerast no, er ein lekk i ein større plan som omfattar kjerneområdet i sentrum. Det er planlagt vesentleg miljøheving av uteom-rådet der kvalitet, natur og folk er prior-

itert framføre bil og parker-ing. Grunntanken er å åpne opp området betre mot sjø

og elv. Alle detaljplanar er utforma i tråd med hovudidéane nedfelt i ei utarbeidd tettstadsanalyse.

Den same tettstadsanalysen tek óg for seg eit større område, nærare bestemt mel-lom Skeiesvingen og båthamna. Her det er tale om opprusting av riksvegen med nærliggande areal. Byggekvalitet, estetikk og folk skal prioriterast samstundes som framkomst for biltrafikken vert ivareteke. Det inneber ei kraftig miljømessig op-prusting av området.

Kommunen har søkt vegstyresmak-tene om at tiltaket får prioritet innanfor nogjeldande vegplan. Dei lokale vegsty-resmaktene har tilrådd søknaden.

Det er difor viktig at kommunen går

vidare med tilretteleggingsarbeid utan opphald. Tiltaket er av ein slik art og be-tydning at det bør organiserast som eit eige prosjekt. God organisering og rett framdrift kan vere avgjerande for å luk-kast.

Dette er og næringsutvikling for bygda. Ei triveleg bygd får reisande til å stogge og finne ærend, før reisa går vidare. Ein triveleg stad får og folk til å handle meir heime heller enn å reise langveges. Folk treng møteplass, møteplassen treng folk.

Magne Strand

13Leikanger

MøteplassenFolk treng møteplass og møteplassen treng folk. Møteplass kan vere mange stader. Det kan vere i heimen, over hagegjerdet med grannen eller ut i bygda. Gode møteplassar er kjenneteikna av trygge og trivelege omgjevnader, der folk har ærend og gjev seg tid til samvære. Ærend er og mangt. Det kan vere handel, reise, eller berre ynskje om å møte anna folk for samtale.

12 Leikanger

HER

MAN

NSVER

KSENTRUMSP

LASS

Nede til venstre:Det var nok ekstra mykje folk då kong

Olav kom med Fylkesbaatane i 1958, men kaien var ein viktig møteplass til vanleg óg.

Foto: Leiv Bergum

Til høgre og nede til høgre:Slik tenkjer landskapsarkitektane Smedsvig at det nye sentrumet i

Leikanger kan bli, som eit tun. Til hausten skal ein del av planen realiserast.

Illustrasjon: Smedsvig«Folk treng møteplass, møteplassen treng folk.»

Page 8: Mykje lyi Leikangerleikangernh.no/Bilete/Leikangeravisa_2010_web.pdf · for Pilaviki», seier Jack Eggun avslut-ningsvis. Håvard Nesbø Gøymde skattar ved fjorden Sikta er god både

Store installasjonar i mange silkelag, tekstilkunstnar Janne Nes er attende på hovudsporet denne våren.

15

Snart reiser ho til Krakow for å medverka på den internasjonale kunsttriennalen Ar-tistic Tapestry – Transformations. Ho er representert med eit tekstilarbeid, ei halv kube i elleve lag. Det flyt i rommet, ikkje ulikt Janne Nes sine installasjonar i Stat-ens hus i Leikanger og i kommunen sin sjukeheim. Ho hentar fram den svevande skulpturen med ein oransje kuleform på pc-skjermen.

– Eg håpar eg kan formidla kjensla av å oppdaga noko uventa når ein vandrer rundt skulpturen, seier ho.

Janne Nes sin verkstad på toppen av Gamlehotellet er ei av åtte verksemder i det over 100 år gamle huset. Her har ho arbeidsfred. Samstundes er ho ein del av eit tverrfagleg miljø, i fire etasjar.

Janne har budd i Leikanger sidan 1979. Ho ser omkring seg i heimbygda og tyk-kjer det har skjedd meir dei siste få åra enn gjennom dei vel 20 føregåande.

– Det er tydelege endringar rundt oss, seier ho, og for hennar eigen del er Gam-lehotellet, som ho og ektemann Lars tok over i 2000, eit første steg inn i det som kan bli eit nytt Leikanger. Sidan kom Næ-ringshagen, med basis i alliansen Banken/Gamlehotellet. Eit tredje steg, om me held oss i sentrum, er Saften, ferdigstilt i fjor vår. Det store fleirbrukskomplekset som rommar både offentlege og private formål.

Omsider blei sentrumsbiletet litt meir komplett rundt Janne, ni år etter innflyt-ting i Gamlehotellet.

– Men nye Leikanger sentrum er ikkje i hamn?

– Nei, langt i frå, men me har lagt bak oss ein god start, etter kvart kan det bli veldig bra, seier Janne Nes.

– Kva gjer det med folk?– Eg trur mange er positive til at bygda

får dette til, folk ynskjer nok ein betre de-finert Leikanger tettstad, med arenaer der dei kan møta andre.

Janne Nes er frå Hamar. Ho vedgår at ho har sakna småbyens tilrettelagde sta-der for sosiale treff. I sentrumsgruppa, som ho har medverka i som representant for Saften, har dei summert opp prosessen slik: Frå ikkjestad til møtestad.

– Målet er å laga eit sentrum me har øn-skje om å visa fram og der det er godt å vera.

– Det blir mykje nytt på utsida av Saften dette året?

– Det blir sett i gang med meir utear-beid snart, då får heile plassen opp frå riksvegen eit nytt andlet, i neste omgang ser me fram til å få ny miljøtilpassa gjen-nomgang på riksvegen, det skal bli ein flott opphaldsstad for unge og gamle.

I det siste har Janne jobba litt på sida av primærfeltet sitt. Ho har illustrert bøker for Skald Forlag og ho har vore engasjert

i arbeidet med messehaglar for Jostedal kyrkje, i høve 1600-tals kyrkja sitt 350 års jubileum til sommaren. No ser ho fra til å

stilla ut i Krakow, samstundes gler ho seg over å ha motteke eit stipend frå bilte-kunstnarane sitt vederlagsfond.

– Det er ein slump pengar, men det er og ei viktig anerkjenning å få, det ligg my-kje positivt i det, seier Janne Nes.

Terje Eggum

Atelier. På toppen av Gamlehotellet er det godt å vera, fredeleg når ein vil det, og samrøre med andre nede i etasjane, når det høver. Foto: Terje Eggum

Leikanger

Arbeidsro under hotelltaket

Ingemår Fosshagen, no 69 år, arbeidde i annonseavdelinga til Sogn Avis i førti år. Då han fylte 65, gjekk han av med AFP. Han hadde fatta avgjerda eitt år før, og var budd då dagen kom. Likevel sat tårene laust.

– Det var nok blant dei tyngste dagane i livet mitt. Ein kryssar jo ei linje, og det er vemodig. Eg jobba jo med så mange kjekke folk. Eg var ein del av avisa.

Den sosiale songenMange trur pensjonistar har eit hav av ledig tid. Slik er det ikkje med sånne som brukar vinteren til å lage revy. Denne torsdagen før palmehelga er Ingemår i Leikanger sin nye fleirbrukshall, ein stad mellom avisa sine redaksjonslokale og den nye kulturscena. «Gå etter lyden», står det i tekstmeldinga. For å finna vegen må ein ta seg gjennom tronge garderobar med koristar i skjørt. Ved scena vrimlar det av øsne revymenn. Ingemår er i elden nett no. To dagar før premieren er køyre-planen stram; songarar og musikarar øver frå fire og fram til Kveldsnytt. Når In-gemår kjem travande, ser han likevel kvikk og blid ut.

– Mannskoret er ei viktig brikke i det sosiale livet mitt, seier Ingemår. Han skil-drar det aldrande koret som «ein gjeng gutungar». Ingemår har vore med på revy i fleire år enn han har arbeidd for avisa. Likevel nyt han å snekre saman nye num-mer, kle seg ut og synge freidige nidviser om folk og fe, som i fylkeshovudstaden inneber fylkeseliten, stortingsbenken og andre som har stukke hovudet fram. I til-legg til revy og mannskor er Ingemår aktiv i Norges korforbund Sogn og Fjordane.

– Eg likar det med songen. Har alltid gjort det, smiler han.

Avis i blodetOgså avisfaget sit djupt i han. Slik blir det gjerne ettersom åra går. Då Ingemår blei avismann midt på sekstitalet, raste Viet-namkrigen ute i verda. I avisa sitt trykkeri stod typografane og stabla bokstavar på vinkelhake.

– Aviskarrieren min strekte seg i grun-nen frå Gutenberg til cyberspace. Det er ganske utruleg å tenkja på, seier han en-gasjert.

– Det var i si tid eg som ivra for data i avisa, då i samband med bokføring. Me

innførde eit system som no er fullstendig antikvert, ein slags mellomting mellom holkort og data, humrar han.

Etter avgangen for fire år sidan har In-gemår vore tilkallingsvikar. I prinsippet har han fått jobba så mykje han ville, og med den oppgåva han hadde mest sans for medan han var tilsett.

– Korrekturlesing var hobbyen min før. No gjer eg det heile tida. Eg likar å hjelpa til med å skubba avisa i rett retning.

Som om ikkje det var nok, har avisa gitt Ingemår ansvaret for å poda kjærleik til lokalmedia inn i den oppveksande gene-rasjonen gjennom «Avis i skulen». Opp-legget i regi av Norske avisers landsfore-ning går ut på å besøka skular i Sogn Avis sitt nedslagsfelt.

– Då eg slutta, var det ingen som ivra for å ta over. Eg har alltid likt det, så då tok eg det på meg.

Ut med plikterLyst er i grunnen hovudprinsippet i In-gemår sitt nye liv. Enkelte fryktar at da-gane i pensjonistlivet har ein skremmande mangel på struktur. Slik har Ingemår aldri kjent det.

– Eg er ingen planleggjar. Eg reiser gjer-ne tre veker til Kanariøyane for å slappa av i sola og vera lat. På den tida les eg gjer-ne tre-fire bøker. Privat disponerer eg tida akkurat som eg vil, og eg har slutta med all pliktaktivitet. Det eg ikkje har lyst til, gjer eg ikkje, seier han bestemt. Valfrido-men er den pensjonerte sitt store privile-gium. Men fordi Ingemår likar så mykje, er det håplaust å bruka han som eit mål på korleis det er å vera pensjonist i ei byrå-kratbygd som Leikanger, prega av åtte til fire-rytmen i det offentlege. Rett nok er Ingemår ein storforbrukar av bøker, men han vitjar berre biblioteket for å fylla på lydbøker, ei nyoppdaga glede.

– Mentalt er eg ikkje hundre prosent pensjonist. Eg veit at det finst eit pensjo-nistlag, men eg har så fullt opp av andre interesser.

Fritida viktigIngemår reknar seg som heldig fordi han er «frisk og hunig» og har familie rundt seg. Heime hjelper han til med gardsar-beid, mens kona Tolly stiller opp med barnepass for travle småbarnsforeldre. Overgangen har vore smidig for dei, men han ser at avskjeden med yrkeslivet kan vere langt hardare for andre.

– Det er kjekt så lenge du har noko å gjera. Elles er det synd. Eg har sett dei som ikkje har noko. Du er nøydd til å interes-sera deg for anna enn fjernsynet og sofaen – det går an å førebyggja einsemd gjen-nom ei aktiv fritid.

Som sagt, så gjort. Brått får den imøte-komande Ingemår ei fure i panna. Kan-skje lyttar han etter eit songnummer han er med på. Om litt skal Helse Førde til pers i eit operanummer der alle songa-rane endar med å døy framfor publikum. Difor fyk han attende til den gledelege songplikta – lett på foten, trygg i teksta-ne. Straks etter står han rakrygga blant korkameratar og let røysta runga ut over kultursalen.

Idun A. Husabø

Etter arbeidDei fleste av oss jobbar i tretti-førti år, og i desse åra er det jobben som styrer livet. Kva skjer den dagen vi får fri for resten av livet?

To veteranar på scenen: Ingemår Fosshagen og Odd Njøs. Foto: Leikanger mannskor

14 Leikanger

Ingemår Fosshagen og Arne Røyrvik i fri utfalding. Foto: Leikanger mannskor

Pensjonist Ingemår Fosshagen, ein aktiv mann. Foto: Idun A. Husabø

Visste du at i Leikanger er det ein bokklubb? Denne klubben er open for alle – damer og menn – som likar å lese bøker. Etter å ha

lest ei god (eller dårleg…) bok, er det utruleg artig å høyre kva

andre har likt med boka! Kanskje får du lyst å lese boka oppatt, når du høyrer kva andre har lagt merke til? Bokklubben er på Café Herman annankvar månad. Dei som deltek på bokkvelden, bestemmer neste bok.

På denne måten vert det stadig varierande sjangrar på bøkene som blir valt. Dette er ein veldig kjekk kveld! Det er sosialt og ein fin måte å bli kjent med folk du g jerne ikkje kjenner i bygda frå før.

Neste bok ut er «Min Kamp 1» av Karl Ove Knausgård.

Er du glad i å lese bøker – nøl ikkje med å møte opp!L

Likar du å lese bøker?

Bileta nedafor:Oppe til høgre: Janne Nes skal vera representert i Krakow frå 13. mai,

installasjonen hennar (pc-skjermen) skal hengja oppe til 30. mai.

Foto: Terje Eggum

Utstilling på heimebane. I 2007 vart kunstverk av Janne Nes vist

fram i Cooperhuset i Balestrand.Foto: Simone Stibbe

Page 9: Mykje lyi Leikangerleikangernh.no/Bilete/Leikangeravisa_2010_web.pdf · for Pilaviki», seier Jack Eggun avslut-ningsvis. Håvard Nesbø Gøymde skattar ved fjorden Sikta er god både

I samband med utvikling av ny nettside til Opplev Leikanger dukka det opp ein glimrande idé: Kva med å få ungdomane som bur i bygda til å fortelje om kva dei meiner er positivt med med Leikanger? I samarbeid med ungdomsrådet i Leikanger og ungdomsskulen, tok eit spennande prosjekt form. Stor hønnør til lærarane i ungdomsskulen for posi-tiv samarbeidsvilje. Dette kunne dei kople opp mot norskundervisninga og entreprenørskapsarbeid i skulen.

SkuledagbøkerUngdomane i 8. klasse har no delt seg inn i ulike grupper og skal ut på filmoppdrag for å vise sam-bygdingar og andre kva dei meinar er bra med by-gda si. Resultatet får vi andre få sjå som «skuled-agbøker» frå 8. klassingar på nettsida til Opplev Leikanger.

Elevane på ungdomsskulen har også fått litt ek-stern hjelp. Dei har hatt 2 timar undervisning på skulen i filmkunnskap: Kva må ein leggje vekt på når

ein skal lage ein god videofilm? Forelesar var Odd Ragnar Kjellstrøm frå Balestand TV. Han skal også redigere filmane for ungdomane etter at dei har gjort filmopptaka sine.

Fjordglede i LeikangerEi av gruppene som berre ventar på at fjorden skal bli litt varmare før dei kjem i gang med filminga, er dei som har valgt «Fjordglede i Leikanger». Silje Fossheim er koordinator for gruppa, og seier at det ikkje heilt er stemning i gruppa for å hoppe i det enno, det er jo berre 8 grader i fjorden! Kanskje dei skal starte med å ta ut kajakkane i dag, og ta seg ein padletur i sola?

Andre tema som ungdomane har valt for film-prosjekta sine er: Vinter i Leikanger, aktivitetar i Saften, fruktbygda Leikanger og spennande ar-beidsplassar.

Vi gleder oss til å sjå resultatet!Birte Fossheim

17

Idrettslaget vårt, SYRIL, driv ikkje berre med fotball og ski, laget har også ei friidrettsgruppe. Det er eitt av vårteikna på Systrond når det tek til å røra seg på bana etter vinteren. Friidretten tek til utandørs samstundes med fotballen. I SYRIL har det i mange år vore samar-beid med fotballgruppa om treninga til dei aller yngste. 7, 8 og 9 åringane har fotball- og friidrettstreningar på same kvelden.

Dei som er 10 år og eldre har reine friidrettstreningar. I SYRIL er det som regel slik at dei fleste born og ungdo-mar er med i fleire idrettsgreiner.

Friidrett har lange tradisjonar på Systrond. Då idretts-laget vart skipa i 1906 var friidretten ein av dei viktigaste greinene. Seinare, frå 1946 og til ut på 90-talet, var SY-

RIL-stafetten ein viktig og velkjent friidrettstradisjon i fylket. Friidrettsgruppa har i over 10 år arrangert og del-teke i klubbcup med Balestrand og Vik.

SYRIL har hatt mange gode utøvarar i friidrett på bane, både i løp, hopp og kast. Laget sine utøvarar har gjennom mange år blitt lagt merke til for gode resultat. Særleg gjeld dette på aldersbestemt nivå. Vi har teke mange medaljar og meisterskap i Donald Duckleikane, Telenorleikane, UM (Noregsmeisterskap for aldersgrup-pene 15-19 år) og junior-NM. Nokre utøvarar har meldt overgang til større klubbar ved overgang til senior og gjort det bra der. Det er likevel breiddeaktiviteten som er SYRIL sitt hovudfokus, det at alle skal få vera med.

Oppslutnaden om individuelle idrettsgreiner vil like-

vel gå litt i bølgjer. Etter ein sterk periode på 90-talet har oppslutnaden gått litt ned. Dette gjer seg utslag i at vi har heller få utøvarar over 13 år. Oppslutnaden frå dei yngste har vore god heile tida. Difor er vi optimistar på vegner av friidretten i klubben vår. Friidretten seglar for tida i medvind på landsbasis, noko vi kjem til å merka meir til etterkvart også i Sogn.

Hovudtreningskvelden vår er på onsdagar og vi har gode trenarar med friidretts- og anna idrettsbakgrunn. I tillegg har vi mange foreldre som hjelpetrenarar. Dersom du tykkjer friidrett ser spanande ut er du hjarteleg velko-men til å vera med oss!

Torgeir Urdahl

Friidrett i Leikanger

Leikanger

Spyd og stafettpinne.Foto: Jørn E. Gåsvær

Då fleirbrukshallen Saften stod ferdig i fjor haust, var han utstyrt med klatrevegg. Og med klatrevegg trengs det klatrek-lubb. Slik vart Leikanger Klivarlaug stifta. Klatrevegg i Saften var første steget, men når snøen tinar er det få som ynskjer å kla-tra inne. Då var det naturleg å ta steget ut i sola, og koma seg opp i fjellveggen.

Opninga av dei 13 første klatrerutene i Leikanger vart gjennomført 1. mai i år, av laugsleiar Terje Verlo med besøk av presi-denten i Norges klatreforbund, Ole Kar-sten Birkeland.

Hovudpersonane bak klatrerutene er likevel systrendingane (og ein Sogndøl) som har brukt våren på å skru boltar inn i fjellet. Klatreruter kan vera merkte av på eit kart, men dersom ein skal klatra trygt og enkelt som på ein innandørs klatre-vegg, må det boltar til. Boltar som klatra-rane kan feste tauet sitt i på veg opp fjell-veggen. Klatreutstyr skal vera sikkert, og gode, sikre boltar er på ingen måte gratis. «For å få boltar frå Norges klatreforbund, trengte me ein skikkeleg klubb,» seier Terje Verlo, leiar i det nye klivarlauget. Klatreforbundet var ein viktig sponsor, og stilte med opplæring og 125 boltar. «Dei delte ut ganske mykje i år og me var heldi-ge og fekk mange nok,» stemmer Torgeir Sværen Henjum i, som saman med Terje, Dagfinn Henjum Sværen, Dagfinn Ylviså-ker, Johanne Brock Hauge, Sarah Storevik Moe og Hans Kristian Henjum har utgjort boltelaget. Det har blitt mange fine dagar med klatring og bålkos. «Grunneigar Siri

Johannes Sand har vore veldig positiv og grei med oss.» held Torgeir fram.

I Saften har Brattkort-kurs allereie vore arrangert. Boltelaget fekk mykje tips frå klatremiljøet i Sogndal som framleis monterer nye ruter på Kvam og Ølnes, og dei fekk opplæring saman med boltane frå klatreforbundet. Klubbutviklar Frank Have Olesen og Sigbjørn Veslegard frå Norges klatreforbund heldt kurs, og det vil i løpet av sommaren verte gratis inne-til-ute-kurs for dei som har brattkort.

Klyvarane ser ikkje på feltet i Leikan-ger som nokon konkurranse til klatrefelta på Kvam og Ølnes i Sogndal, felta både i Sogndal og Leikanger er opne for alle som ynskjer å klatra. Hjedlene-feltet har like-vel nokre fordelar i høve til felta i Sogndal. «Feltet er sørvendt slik at berget tørkar fort, og rutene er plassert tettare saman,» forklarar Terje, «me har lengre sesong her, sidan snøen kjem seinare og smeltar tidlegare,» held Torgeir fram, «og det er det einaste feltet i Indre Sogn der du kan kvila på ein benk på toppen!» legg Dag-finn Ylvisåker til. Typisk nok gløymer dei det systrendingar ofte tek for gitt: utsikta er storslegen, og dess høgre opp du kjem, dess betre vert den.

Etter omlag 30 besøkade til klatreveg-gen, i steikande sol, ser klyvarlaget fram til ein lang klatresesong og ny søknad til klatreforbundet for å laga fleire ruter nes-te år.

Guttorm Flatabø

Tarjei Nedrelo oppe til venstre og Kari Holen Loftesnes frå Sogndal te-star rutene i det nye klatrefeltet. Til saman var omlag 30 personar in-

nom feltet på opningsdagen, mange frå klatremiljøet i Sogndal. Foto: Guttorm Flatabø.

Klatring med gode utsikterHar du fått nok av fjord-ditt og fjord-datt? No som fjordsymjing har fått skikkeleg fotfeste er det på tide å koma seg opp i høgda. Sogndølene har den høgste veggen og eit svært aktivt klatremiljø, men systrendingane kan no skilta med klatrerutene med best utsikt - rett ved fjorden, og benk på toppen!

16 LeikangerL

BrattkortBrattkort er eit prov på at du har kunnskap og dugleik nok til å bruka innandørs klatrean-legg sikkert og ansvarleg. Ordninga er driven av Norges klatreforbund, og du kan få kort ved å ta kurs og prøve. Dette kan takast både i Leikanger og i Sogndal. Ta kontakt med kla-treklubben for meir informasjon. Brattkort er påkrevd både på klatreveggen i Saften og kla-treveggen i Sognahallen i Sogndal.

Les meir på: www.klatring.no

Leikanger klyvarlaug Vart stifta sommaren 2009. Leiarar er Terje Verlo og Håvard Nesbø. Klubben har om lag 40 aktive medlemmar. Nye medlemmar er hjarteleg velkomne. Medlem i Norges klatre-forbund.

Ta kontakt: epost: [email protected]

telefon: 41525303.Du finn dei på Facebook.

Sara Storevik Moe har funne noko å ta tak i. Foto: Marit Solberg Verlo

Terje Verlo leiter etter noko å ta tak i. Foto: Marit Solberg Verlo

Mari Felde Liljedal og Kristine Linde Røyseth varmar opp.Foto: Jørn E. Gåsvær

Glade friidrettsutøvarar.Foto: Jørn E. Gåsvær

Ungdomar med positivt blikk på LeikangerKva er det ungdomane i 8. klasse synest er positivt med å bu i Leikanger? Dette skal det no lagast film-dagbøker om. Vi skal på ein glad og «amatørmessig» måte få sjå Leikanger sine positive sider sett med ungdomane sine auge. Filmsnuttane vert lagde ut på nettsida til Opplev Leikanger etter kvart som dei vert ferdige.

Synne Næss, Oddveig Svardal, Heidi Husabø og Silje Fossheim. Foto: Birte Fossheim

Page 10: Mykje lyi Leikangerleikangernh.no/Bilete/Leikangeravisa_2010_web.pdf · for Pilaviki», seier Jack Eggun avslut-ningsvis. Håvard Nesbø Gøymde skattar ved fjorden Sikta er god både

19

Sunnfjordingen Håvard Nesbø, flytta til Leikanger for å kome nærare lidenskapen sin, dei høge fjella og den beste snøen. I Sogn finn han lang skisesong og turmuleg-heitene er uendelege.

Kvifor kom du til Leikanger?Eg var på utkikk etter jobb innan reiselivet, der eg har ut-danning frå, og når det opna seg ein mulegheit på Sogne-fjord Hotel, tok eg sjansen. Der eg har ein allsidig jobb med mykje utfordringar.

Var det vanskeleg og få jobb her?Nei eg vil ikkje sei det, hadde opp til fleire å velje mellom i regionen, men når Fatlatunellen vart ferdig så var valet enkelt.

Du har vore involvert i nokre arrangement her i vinter?Ja, på Systrond er det nesten for lett å engasjere seg. Eldsjeler får med nye tilflyttarar og andre som vil vera aktive. Eg var med under NM i fjelltelemark si prosjekt-gruppe som medie-koordinator og blei fanga opp av Kjeringi Open, der eg i år har hatt jobben som prosjekt-leiar. Moro, lærerikt og spennande. Det er flott å sjå at ein får med nærare 150 funksjonærar år etter år. Veka i forkant av arrangementet pyntar folk opp med kosting, blomar og slik for at det skal sjå fint ut når deltakarane passerar. Så eg benyttar no anledninga til å takke dei på det varmaste på vegne av Kjeringi Open.

Kva gjorde de med veret i år?På fjellet hadde dei til tider 5 meter sikt før start. Likevel var det mange positive fjes, og eit magisk augneblikk då Roar drog i gang Kjeringi-sangen i høgfjellet i vassrett snødrev. NM i fjelltelemark var ein morsom sak. Veret var ikkje vår beste medspelar den dagen heller, men vi fekk gjennomført rennet med litt improvisasjon. Bonu-sen var at bygda fekk nye Noregsmeisterar. Til neste år skal nokon på kurs å lære seg å kontrollere veret…

Kva er di neste utfordring?Komme meg i litt betre form. Eg, Verloen og Frimans-lunden fer til Kaukasus og skal trakke i fjella der eit par veker i august, med høgder opp mot 5600 m.

For Heidi Ravnestad var det ikkje eit vanskeleg val å flyt-ta til Leikanger. Å få fast jobb i Leikanger etter studiar og vikariat i Bergen og på Sandane, var svært roande.

Kvifor kom du til Leikanger?Først og fremst fordi eg hadde tilbod om ein spennande jobb som var relevant for utdanninga mi. Eg har tidlega-re vore tilsett i vikariat mellom anna som avisjournalist, men ikkje noko fast. Eg er no kommunikasjonsrådgjevar ved Statens vegvesen, og er veldig glad for det.

Kva har du engasjert deg i etter at du kom til Leikanger?Eg har trent litt med damehandball-laget til Syril, og eg er medlem av treningssenteret på Saften. Eg er imponert over alle idrettsaktivitetane.

Du likar å gå på fjellturar?Ja, det stemmer. Det er så mange valmoglegheiter her i området. Eg likar å gå på ski og fotturar i fjellet, men eg driv ikkje med ekstremsport!

Så du likar friluftsliv – skal du ha ferie her i sommar?Eg har berre litt ferie i år, men eg gledar meg til fjellturar når snøen forsvinn. Og så gledar eg meg til å spele sand-volleyball ved fjorden etter jobb. Ja, det vert koseleg på ein varm sommardag! Eg er dog ikkje sikker på om eg kjem til å symja mykje i fjorden.

Det sosiale livet – har du fått mange vener?Folk er flinke til å finne på ting og til å invitere andre med. Sist laurdag hadde vi bålkveld på stranda. Det var ein flott gjeng der!

Dette er din fyrste faste jobb etter studiane – trur du at du blir her lenge?Ja, her får eg ein god kombinasjon av gode vener, ein kjekk jobb og friluftsaktivitetar – og det er viktig for å trivast! Det var litt vanskeleg å finna ein plass å bu, men no har eg ei koseleg leiligheit med fin utsikt over fjorden. Ja, det passar veldig bra!

Engelskmannen Stuart Bibby flytta frå Brighton i april 2009 for å få ein pause frå ein hektisk kvardag der han administrerte ein pub og oppdrog eit barn. Med Lizzie Kleppa og Viktor (2) køyrde han gjennom fleire land for å koma til Leikanger.

Når bestemte de dykk for å flytte til Noreg, og kva gjorde at de valde Leikanger?Lizzie sin far bur her, og frå han hadde eg høyrt at Lei-kanger var ein veldig hyggeleg stad. Eg hadde snakka med verten på Café Herman før eg kom, og visste at det var moglegheit for å få jobb der.

Liknar arbeidet du gjer no på arbeidet du gjorde før?Eg pleide å driva ein pub i Brighton, noko som kunne vera svært travelt. Spesielt når kokkane ikkje møtte opp på jobb. Då måtte eg gjera all matlagingga sjølv. Vi har god tradisjon for matlaging i familien min. Eg er ikkje faglært kokk, men eg elskar matlaging!

Korleis har de funne dykk til rette her?Vi har funne oss godt til rette, og mykje har vorte gjort for at vi skal føla oss velkomne. Vesle Aslak kom til verda før jul, så vi har hatt hendene fulle! Dette er ein god stad for barn å vokse opp, og vi har nettopp flytta inn i vårt eige hus! Vi er takknemlige for å vera her. Eg elskar den flotte naturen i dette området, men har ikkje fått nytta meg nok av den! Eg ser verkeleg fram til å gå på ski neste sesong. Frå den nye heimen vår kan vi gå på ski frå inn-gangsdøra om vinteren.

Er det nokre ting du ynskjer å utvikla i jobben?Vi planlegg å ha ein grillfest i løpet av sommaren. Vil det ikkje vera flott å sitja ute på framsida ein varm sommar-kveld? Ein kan vera sosial og nyta god mat og god drikke. Vi prøver òg å utvikla ei felleskapsånd. Eg ynskjer ikkje at dette skal vera ein trendy plass, men ein ressurs for samfunnet. Lokale råvarer blir brukt så mykje som mo-geleg. Vi likar og å lage all maten sjølv, for eksempel laga vi nyleg vårt eige bacon. Eg inviterer alle til å nyta den lokale maten.

Colin Tattersall

Tre nye om bygdaHåvard er liten og ser uskuldig ut, men er eigentleg litt villmann. Han kan vera på Kjeringi før andre er fått ned søndagsfrukosten. Heidi er ein nyutdanna fersking som no har funne seg ein plass å bu ved fjorden. Stuart er ein typisk engelsk pubvert som omgir seg med godt humør. Ein annan aktiv nyinnflyttar, Colin, har snakka med dei.

Leikanger

Håvard Nesbø Heidi Ravnestad Stuart BibbyAlle foto: Colin Tattersall

No er det også slik at Jakob Sande hadde nært venskap med mange sogningar. Eit av dei var med fylkesgartnar Eirik Johnsen, opphavleg frå Aurland, men innvandrar til Systrond der han vart ein legendar-isk person, mykje takka vere stor fag-kunnskap, ei frodig sjel og ein treffsikker replikk. Etterkomarane hans lever i beste velgåande i bygdi den dag i dag og heiter Marit Andresen Jorunn Johnsen, Arne Monrad Johnsen og Karl Erik Johnsen, dei to siste viktige menn bak arrangement som Kjeringi Open og Tinderittet. Me kan difor slå fast at det kjem mykje godt frå innvandrarar.

Saften – eit innvandrartil-tak som har vorte innføddEg har merka meg at ikkje alle innvan-drarar og tilreisande med ein gong forstår kvifor me snakkar om Saften og Saften-kvartalet. Det hadde seg slik at lustringen Halvard Drægni i 1900, som den fyrste i Noreg starta opp fabrikkproduksjon av saft og syltetøy i Skjolden. På grunn av is-vanskane i Lustrafjorden vinterstid flytta han verksemda til Hermansverk i 1918, og bygde fabrikk på det som snart fekk nam-net Saftvodl. På folkemunne vart verk-semda heitande Saften, og systrendingar innretta dagen sin etter fabrikkfløyta som bles til morgon, middag og kvelds. Etter at Lerum tok over, heldt drifta fram, også med produksjon av Pepsi Cola, heile tida under namnet Saften mellom systrendin-gar. Det var difor naturleg å kalla det nye allbrukshuset som no har reist seg for Saf-ten. Og det lyt alle innvandrarar rette seg etter, også underteikna som vandra inn i 1988.

Bygda med dei mange tungemålEin tur rundt i bygda som har fått ans-var for det såkalla Eplehageperspektivet, avslører eit virvar av tungemål. Sys-trendingar, andre sogningar, sunnfjord-ingar, nordfjordingar, eritrearar, mørin-gar, trønderar, hollendarar, russarar, setesdøler, oslofolk, polakkar, bergen-sarar, hardingar, britar, gudbrandsdøler, amerikanarar, bosniarar, rogalendingar, thailendarar, nordlendingar, folk frå Sri Lanka, hamarsingar, vossingar og veitast-rendingar, islendingar, ja endåtil danskar finn så stor hugnad og trivnad her at dei ikkje flyttar heim att dit dei kom frå når dei vert pensjonistar. Slik var det også med dei fyrste byråkratar som kom til by-gda. I 1864 flytta den fyrste amtmannen hit fordi her var så godt klima og vokster.

Faktisk har Systrond det beste klima i lan-det og den høgste middeltemperaturen på årsbasis.

I kjølvatnet av amtmann og byråkra-tiet han drog med seg, har den mest sær-merkte administrasjonsstad i Noreg vakse fram. Eit miljø med over 700 arbeidsplas-sar innanfor styre og stell i kommune, Nav, Statens vegvesen, Mesta, fylkeskom-mune, fylkesmann og det statlege direk-toratet Difi i tillegg til Innovasjon Noreg. Sogn og Fjordane vert styrt frå denne ves-le bygda, og mange av dei som produserar styringskunnskapen bur i kommunane rundt. Der buset dei strender og dalar med kloke hovud.

Bygda som er både fram-tidsretta og verneverdigSystrond er i dag er ei moderne bygd med uvanleg høg urbanitetsfaktor på grunn av alle innvandrarane. Eit svært høgt kunnskapsnivå på innbyggjarane gjer henne ekstra interessant som døme på vellukka motkraft i ei verd som er sterkt prega av sentralisering. På Systrond vert mytane om at alt må skje i store sentra da-gleg motbeviste.

Framleis lever den gamle frukt- og bær-dyrkarkulturen jamsides og infiltrert i by-råkratiproduksjonen. I mai vert me kvart år minte om dette når aplar, plomme-, pære- og morellebærtrea blømer akkom-pagnert av sauer som brækar for å passe på lamma sine. Det er nemleg også slik at dei innfødde her er svært glade i sauer, og du vil difor lett finna byråkratar som kan framvise svært høg tilleggskompetanse på sauehald, frukt- og bærdyrking.

Så interessant er heimbygda til Harald Hårfagre no. Han burde eigentleg heitt Husabø, for stadig fleire historikarar vert samde om at det var her han voks opp. Han var også innvandrar, for far hans ha-delendingen Halvdan Svarte skal ha plas-sert han i den gamle kongsgarden Husabø på Systrond. Det var for å halde han vek-ke frå dei som kunne ha interesse av å ta kongssonen av dage, noko som ikkje var uvanleg på den tid.

Så difor, kjære lesar: Som innvandrar kan eg tilrå Leikanger på det varmaste, sjølv som sunnfjording, og skulle du ikkje tru meg kan eg slå i bordet med følgjande trumfkort: Me har ein ordførar som kjem frå Lærdal, nett som det fyrste amtman-nen!

Henning Rivedal

Innvandrar for VårherreDiktaren Jakob Sande hevda at alle er sunnfjordingar for Vårherre. Me sunnfjordingar brukar det gjerne som for-svar når nokon vil tøysa med oss. Frå gammalt av har det vore slik at sogningane liksom var dei gjevaste her frå fylket, medan sunnfjordingen var lite å samla på. Slik er det ikkje lenger.

«Er det ikkje vår snart?»Foto: Lorraine Thompson

18 Leikanger

Villblomstring.Foto: Lorraine Thompson

Fjor-dis, fjord-is, fjortis? Foto: Lorraine Thompson

L

Page 11: Mykje lyi Leikangerleikangernh.no/Bilete/Leikangeravisa_2010_web.pdf · for Pilaviki», seier Jack Eggun avslut-ningsvis. Håvard Nesbø Gøymde skattar ved fjorden Sikta er god både

21

– Eg såg at eit hestesenter ville vera noko nytt på Leikanger, seier Ingrid Haugen.

Både gutar og jenter har teke ridetimar hos Ingrid dei siste månadene, og to av dei faste elevane er Helene Risnes Wolff og Kristine Linde Røyseth.

– Ingrid er verdas beste hesteinstruktør, seier Kristine.

– Det er spanande å ri på hest, og Ingrid er god til å forklara oss kva me skal gjera, seier Helene.

Riding for alleDei to jentene på 11 år har timer hos In-grid kvar veke, og dei salar sjølv på hes-tane og gjer klar for ridetur.

– Folk smilar og kosar seg når dei får vera i lag med dyra, og riding passar for både unge og gamle. Men er ein under 10 år, må ein ha med seg ein vaksenperson, seier Ingrid Haugen.

Ho har busett seg på garden der faren driv morellproduksjon, og ho tek sikte på å overta bruket på Moene etter kvart.

– Om eg vil satsa på fruktproduksjon i tillegg til hest, har eg ikkje teke stilling til enno. Me har i alle fall byrja med å leggja garden til rette for hestehald, og pappa og eg har gjort ein stor innsats for å byggja om sauefjøsen til ein funksjonell stall for hestane, seier ho.

Lagt til retteFaren har lagt ned mange timar med svei-seapparat og hammer nede i fjøskjellaren, og Ingrid kan no tilby dei firbeinte vene sine ein trygg og tørr plass å vera når vêret er surt ute. På loven har dei innreia utsty-rsrom, og dei har fjerna jord frå markane og erstatta den med grus og sand, slik at området ikkje skal bli eit gjørmehòl når det er fuktig i vêret.

– Garden ligg på morenejord, så me har

funne all grusen her på plassen, seier In-grid.

Frå garden har ho kort veg til fine tre-ningsområde, både innover Henjadalen og oppover Njøsadalen og fjellområda der.

– Islandshestane er utruleg trygge og stødige i ulendt terreng, og dei tek seg fram over det meste, seier Ingrid.

Så langt er det åtte hestar på garden. Nokre av dei er Ingrid sine eigne, nokre er på lån og nokre er på stallplass på garden.

Flytta heimHo reknar seg fram til at det er rundt 30 hestar på Leikanger, etter at ho etablerte seg i bygda. Sjølv flytta ho frå Leikanger 15 år gamal, for å gå på jordbruksskule i Lyngdal i Vest-Agder. Seinare vart ho lærling ved ein islandsheststall på Indre Hafslo, og ho tok fagbrev i hestefag som den første i Indre Sogn. Ho har også jobba med hest i Bergen og Suldal før ho flytta heim att.

– Eg har ikkje sysla lenge med planar om å flytta heim til Leikanger og overta garden, men no vart det slik. Garden er ganske liten, men akkurat passe stor til å driva med hest. Eg ser ikkje for meg at gardsdrifta skal vera livsgrunnlaget, men eg tenkjer meg heller ein jobb i bygda, et-ter litt vidare studium, seier ho.

Islandshestar har heile tida vore hovud-interessa, og ho sit som ungdomsleiar i den nasjonale Norsk Islandshestforening og som nestleiar i det lokale islandshest-laget Jøkull.

– Det er islandshest eg synest er kjek-kast. Dei er oppvaksne i flokk og har na-turleg respekt for folk. I tillegg har dei fleire gangartar enn andre hestar, seier Ingrid.

Ole Kristian Åset

Ingrid satsar på hestMed Leikanger Hestesenter har Ingrid Haugen etablert eit nytt fritidstilbod på Leikanger. No er ho godt i gang med å gje ridetimar, og i den gamle sauefjøsen på farsgarden har ho stallen sin.

Leikanger

Ingrid Haugen på hesteryggen foran garden der ho har starta hestesenter.Foto: Ole Kristian Åset, Sogn Avis

I Leikanger er det gode tradisjonar for entreprenørskapsamarbeid mel-lom skule, verksemder og frivillige lag. No er også barnehagane kopla på, med Leikanger jakt- og fiskelag som aktiv samarbeidspartnar.

Kunnskap om heimstaden, gode opplevingar i oppveksten og rike mulegheiter til å prøve ut idear er viktig ballast for unge systrendingar, som vi ein gong håpar skal velje å busetje seg, engasjere seg og kanskje skape noko eige her i Sogn. Entrepre-nørskapsarbeid i skulen handlar om dette.

Skulane og barnehagane i Leikan-ger arbeider gjennom heile året med entreprenørskap, i ulik form; Inter-nasjonalt samarbeid, bedriftsbesøk, elevbedrifter, elevkafé, «Skriv ei bok-prosjekt», opparbeiding av kul-tur- og naturstiar, rydding i strand-sona, musikal-oppsetting … Born og unge i Leikanger får prøve seg på litt av kvart som stimulerer til kreativi-tet, samarbeid, initiativ og gleda over å skape noko sjølv, i eige lokalsam-funn.

Nybø barnehage jobbar også med entreprenørskap og har , naturleg nok, valgt seg stranda i Fylkesmanns-garden som viktig «laboratorium». Her lærer ungane om fjorden, fjøra og stranda og knyter heilt spesielle minner og band til staden. Jakt- og fiskelaget har vore ein aktiv og flott medspelar for barnehagen i dette arbeidet. Med god hjelp frå kyndige

lagsmedlemmer har ungane fått opplevd garnsetting, stangfiske og setting av krabbeteiner. Og ikkje minst førebudd og ete fangsten, laga til på grua. Det gjev rikt påfyll til minneboka!

Lenger oppe i bygda, på barne-skulen, er engasjementet ikkje noko mindre. Skulen og SFO har i fleire år hatt fokus på mat og mattradisjo-nar: Ja, bli ikkje overraska om sviing av smalahove står på dagsplanen til hausten! Slik kan også kulturtradi-sjonar i bygda førast vidare.

Ungdomsskuleelevane utfaldar seg dei også. Elevbedrifter og inter-nasjonalt samarbeid har vore i fleire år. Men tru ikkje at det kjem av seg sjølv! Godt samarbeid med lokale verksemder og kreative lærarkref-ter og skuleleiing ligg i botn. Og i år prøver skulen seg på nye område: Saman med Leikanger ungdomsråd og Opplev Leikanger skal elevar i 8. klasse lage videodagbøker om «livet på Leikanger». Videodagbøkene er tenkt lagt ut på opplevleikanger.no. Kva er vel meir naturleg enn å bruke kommunikasjonsglade ungdomar til å presentere «sitt Leikanger»?

Praksisplassar, elevbedrifter, mu-sikkverkstad, videoproduksjon, mu si-kalar, teater, mekkeverkstad, grindahus og grillstader, naturstiar, uteområde … – idèrike og handlekraftige born og unge med engasjement for bygda er vår framtidsressurs nummer 1!

Trude Risnes

Saman om entreprenørskapsarbeidBedrifter og frivillige lag samarbeider med skulane.

Dei mange laga og organisasjonane i Leikanger er viktige ressursar i Leikanger si sats-ing på entreprenørskap og lokal identitet. Her frå tur med fiskeklubben.

Alle foto: Leikanger Jakt- og Fiskelag

20 Leikanger

Leikanger jakt- og fiskelag har eta-blert entreprenørskapssamarbeid med

Nybø barnehage. Og Fylkesmanns-strondi er eit fantastisk laborato-

rium for læring og utprøving.

Entreprenørskapssatsinga på fleire føter: Bygging av lokal identitet, kunnskap om

eiga bygd og kultur for å prøve ut engas-jement og initiativ er viktige ingridiensar

som sjølv dei minste kan involverast i.

Ingen avtalar for Jonsokkvelden i år? På Leikanger har dei planane klare: «I samarbeid inviterer vi til tradi-sjonsrik Jonsokfeiring på Nokkaneset», seier direktør for Sognefjord Hotell, Jack Eggum, og Trude Risnes i Opplev Leikanger.Jonsokbrurepar, brurefølg je, hesteskyss, familieleikar, god mat, is, brus og musikk. Og så eit stort jonsokbål, sjølvsagt! Det er planane for jonsokfesten som Sogne-fjord Hotell og Opplev Leikanger no førebur. I somme byggefelt og grender på Leikanger er der mindre jonsok-arrangement, men ikkje noko fellesfeiring.«Vi har fått innspel på at felles Jonskokfest for heile bygda er sakna. Ikkje alle har sin eigen jonsokfest å gå til. Vi håpar difor at arrangementet kan leve side om side med dei feiringane som allereie er», seier Trude Risnes. For Sognefjord Hotell er det eit fint høve til å invitere bygdafolket til eit fantastisk uteområde. «Vi satsar på godt vêr, men skulle vêrgudane snu ryggen til oss, har vi store telt for slike utearrangement», seier Jack Eggum. Hotellet vil stå for grilling og sal av mat og drikke.

No satsar initiativtakarane på ivrige bålbyggarar fram-over. «Vi kan få det mest storslåtte jonsokbålet langs heile Sognefjorden!» seier dei og oppmodar alle om å bidra til bålbygginga. Turt trevirke som pallar, greiner, busker og liknande kan leverast på bosplassen dei tre første torsdagane i juni. Kommunen vil plassera ein eigen, merka tilhengar der folk kan legg je trevirke til bålet. Fredag før Jonsok køyrer kommunen tilhengaren ned på Nokkaneset, der bålet skal byggast. Utlegg av brannslange hjelper dei også til med.

Følg med på annonsar og plakatar framover og hjarteleg velkomne til jonsokfest! seier Jack og Trude i arrangørgruppa.

«Nett so i gamle dagar!»

I år blir det tradisjonsrik jonsokfest på Nokkaneset. Jonsokbrurepar, jonsokleikar,

god mat og drikke og eit flott bål!

Merk av 23. juni til Jonsokfest! L

Felles jonsokfeiring på Nokkaneset

Grunnleggjaren Kjell Jensen (53 år) er fødd på Sotra, men flytta til Leikanger i 1984. Han er gift med Kari, og dei har tre barn og tre barnebarn. Kjell si karriere til sjøs starta då han som 16-åring fekk ar-beid som dekksgut. I løpet av åra reiste han over heile verda, og jobba m.a. for Wilhelmsen, og ei rekkje andre reiarlag. Etter kvart tok han maritim ingeniørek-samen og sjøkapteineksamen ved Bergen Maritime Høgskole, og vart kaptein og seinare også los.

Medan han framleis jobba som los for Kystverket i Narvik, Fedje og Bergen, byrja Kjell i 1996 å jobbe deltid som konsulent. Målgruppa var skipsreiarlag, og han ar-beidde m.a. med å framskaffe kvalitetsi-kringssystem etter ISM og ISO standard for reiarlaga, Naudprosedyrar i samband med oljeforureining, prosedyrar for sikring av last, planar for terrorberedskap mm.

I 2006 vart Maritime Management skipa, og selskapet fekk driftsansvaret for

to skip i Noreg. I dag har firmaet drifts-ansvaret for heile 12 skip med om lag 125 tilsette om bord på skipa. Skipa opererer på den globale marknaden. To av desse

skipa er eigd av selskap som er tilknytt Maritime Management AS.

Maritime Management AS er sertifi-sert for drift av skip av Panama, Antigua & Barbuda, St.Kitts & Nevis, Gibraltar, Færøyane og Noreg. Skipa som vert styrt frå Strandavegen er laste- og container-skip, og opererer i både Europa og i resten av verda.

Maritime Management AS tilbyr et komplett spekter av integrerte tjenester innen drift av skip. Dette innbefatter drift av skip i samsvar med ISM-koden, som er eit internasjonalt regelverk som fastset overordna reglar for sikker drift av skip. Vidare utfører selskapet rekruttering av mannskap, teknisk drift og kommersiell drift av skip.

Internasjonal shipping har dei seinare åra vore mykje påverka av den globale finanskrisa. I tillegg til å bli påverka av dei store trendane i verdsøkonomien er det andre utfordringar knytt til å drive

ei internasjonal shippingverksemd frå Leikanger. Mellom anna kan det vere ut-fordrande med tanke på logistikk, auka reisekostnader, avgrensa posttenester og tilgangen til kvalifisert nøkkelpersonell.

Trass i desse utfordringane har Mari-time Management As utvida verksemda i 2009 og 2010. Selskapet overtek, saman med partnarar, i år eigarskapet for tre skip og firmaet har sikra ei langvarig fraktav-tale for desse skipa. To av dei nyinnkjøpte skipa er nybygg på om lag 3.000 TDW.

På grunn av den auka aktiviteten på Leikanger, vil Maritime Management AS flytte inn i større kontorlokale på Hana-haug, og vil i tillegg tilsetje ein teknisk leiar og ein rekneskapsassistent. Dette vil dobla antal tilsette ved kontoret på Lei-kanger, som i dag består av Dagleg leiar Kjell Jensen og Lorraine Thompson som rekneskapsarbeidar.

Lorraine Thompson

Internasjonal Shipping i LeikangerKven skulle tru at eit garasjebygg i søvnige Strandavegen er tilhaldsstaden for Maritime Management AS, som tilbyr shippingtenester på den globale marknaden?

Kjell Jensen handterer 12 skip over heile verda.

Foto: Lorraine Thompson

Foto: Petter Stenstadvold

Page 12: Mykje lyi Leikangerleikangernh.no/Bilete/Leikangeravisa_2010_web.pdf · for Pilaviki», seier Jack Eggun avslut-ningsvis. Håvard Nesbø Gøymde skattar ved fjorden Sikta er god både

Eg les lokalavisa og får med meg ein del av det som skjer heime på Systrond og elles i Sogn. I Leikanger har det heilt tydeleg vore ei vaksi utvikling dei siste åri, rett nok ein del av det ved at styresmaktene og andre sentrale ak-tørar har lagt arbeidsplassar til bygdi, sopass at det har vorte vanskeleg med husly til alle nyinnflytte, har eg forstått. Då er det ei glede å sjå at framsynte folk tenkjer å ta gamle aldersheimen i bruk til bustader; for somme kan det bli til at dei om eit par år får sin fyrste eigne heim på gamleheimen, ein bygning som kler bygdi og truleg toler gjenbruk …

Det er det ikkje alle bygningar i bygdi som gjer; somme skulle ha vore rivne og jamna med jordi. Det desidert styggaste som har vore sett opp på Systrond etter krigen, må vel vera kontorkassen der Jørondhusi stod på Henjasanden; han skulle sjølvsagt ha vore riven i staden for å verta vølt på, sjølv om han no kanskje kan sei-ast å ha vorte noko mindre skrikande stygg. I staden vart Fallinhuset, eit klassisk femtitalshus, og det Aarskoghuset som skulle ha fått stått, det opphavlege, stase-lege, der Dugstadbui heldt til i retteleg gamle dagar, rive for ei tid sidan.

På den positive sida ser eg det at Saften vart teken vare på og bygd om til eit fleirbrukshus som, slik eg les det, har vorte teke godt imot og teke i bruk av bygdefolket. Ikkje det at det er so veldig vakkert, det heller, men det er vorte mindre stygt enn det var og går inn i ein plan for ei heldig sentrumsutvikling på

Hermansverk, det eg kan sjå. Brungarden og Sagagjerdet tek i det heile til å bli my-kje meir skapleg og triveleg enn det har vore sidan Knutsenbui brann og Torphuset

vart rive. Dessutan ser planane for Slippen slett ikkje verst ut, heller.Men det står enno att eit hus eller to dei

ikkje heilt veit kva dei vil med; Brun-osten (Tinghus III) og Kvitosten

(Tinghus II), tome på mellom femte og tiande året no. Eg veit kva eg ville ha gjort, so sant det ikkje er tvingande bruk for dei til kontor i byråkratibygdi:

Riv Tinghus III, som ser ut som eit vrengt, flislagt 70-talsbad,

kanskje også Tinghus II, om ikkje kommunen treng det, og lat kyrkja og

kyrkjegarden koma til sin rett att frå sjø-sida, den finaste sida å sjå Systrond frå. Kunne nok

ha nemnt nokre større, sjøvende bygningar til (ikkje gamle barneheimen uti Husabø, lell), men får styra riveiveren min litevetta.

Ikkje det at eg har noko med det, heller, og des-se meiningane mine er sjølvsagt noko overflatiske,

men mi oppmoding til både styrande og næringsliv på Systrond må bli å sjå meir samanheng, slik det er i ferd

med å skje i sentrum innaføre, og vera meir modige i val av kva som kan kvittast og kva som skal takast vare på og utviklast

vidare. Sjølv Jerikos murar let seg riva, medan somme andre murar ikkje skulle ha vore sette opp …

Ei frimodig ytring frå Alv Reidar Dale,Systrending i utlegd

Ei (d)rivande utvikling?

opplevLeikangerOpplev

Vi treng ditt engasjement!

Bli medlem!www.opplevleikanger.no

23

Leikanger husar to av Difi sine sju avdeling-ar. Avdelinga for Kommunikasjon (KOM) har med sine 22 tilsette eit spesielt ansvar for å gjere det enklare for innbyggjarane å få innsyn i forvaltninga og få tilgang til offentleg informasjon og tenester. Net-tportalen Noreg.no er utvikla her, og oppdatering av innhaldet finn stad i net-tredaksjonen. Svartenesta gir hjelp og ret-tleiing på telefon, e-post, SMS og nettprat. KOM arbeider og med klart språk i staten, kvalitetsvurdering av offentlege nettstader, offentleg elektronisk postjournal og Los – felles emneord for offentlege tenester.

Avdelinga for IKT utvikling og forvalt-ning (UFI) er den største avdelinga i Difi med 63 tilsette; seks av dei i Oslo. I tillegg kjem 19 tilsette på deltid og i mellombelse stillingar på brukarstøtte for påloggings-løysinga MinID, som er «flaggskipet» blant dei brukarretta tenestene i Difi. Ei stor gruppe tilsette jobbar med utvikling av nye heilskaplege og standardiserte

IKT-løysingar, både mot publikum og internt i Difi og elles i forvaltninga. Alle har fokus på brukarretting, effektivitet og samhandling, og fleire jobbar uteluk-kande med sikkerheit. UFI har og ansvar for IKT drift og support for heile Difi,

og jobbar og med universell utforming – både for nettstader og fysisk tilpasning av bygg. Administrasjonsavdelinga (ADM) i Oslo har 4 tilsette på Leikanger som job-bar med organisasjon, kantine og rein-hald.

Difi legg stor vekt på trivsel blant dei tilsette, og som IA-bedrift (inkluderande arbeidsliv) har Difi sett i verk fleire til-tak for å få ned sjukefråvær og førebyggje sjukdom og skader. Blant anna er det inn-reia treningsrom i bygget, og dei tilsette kan bruke to timar av arbeidstida kvar veke til trening eller anna fysisk aktivitet. Det aktive miljøet har gitt utteljing i fleire deltakande lag på Kjeringi Open og siger i byråkratcupen i volleyball.

Under slagordet «Grønt Difi» har ein gjennomført ei rekkje tiltak for å redusere skadelege miljøutslepp. Døme på dette er avfallssortering, energiøkonomisering og miljøkrav til leverandørar. Møte med kol-legaene i Oslo skjer ofte som videokon-feranse for å spare den belastninga reiser utgjer for miljøet. Difi på Leikanger vart i desember sertifisert som miljøfyrtårns-bedrift.

Jørn E. Gåsvær

Difi veks – med fokus på trivselMed 83 tilsette er Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) ein av dei største arbeidsplassane i Leikanger. Berre det siste året har Difi fått meir enn 20 nye tilsette.

Leikanger

Ei av dei «heimvende» er Elianne Eggum (27) som har jobba på brukarstøtte for Mi-nID i Difi sia i februar. No er ho inne i eit engasjement som rådgjevar i nettredaks-jonen for Noreg.no, med særleg ansvar for dei engelske sidene.

– Det passar meg bra, seier Elianne. Ho har engelsk grunnfag frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, engelsk mellomfag frå Uni-versity of York og bachelorgrad i Fagspråk og oversetting frå dåværande Høgskulen i Agder, inkludert eitt år ved Stirling Uni-versity i Skottland. Ho skulle uansett heim til Leikanger, og synest Difi har vore ein flott plass å ta til i arbeidslivet på.

Anders Nedland Røneid (25) er ein an-nan Difi-tilsett frå Leikanger. Han har vore førstekonsulent i Difi sidan oppstar-ten i 2008, då han kom så godt som rett frå bachelorutdanninga i Media Management ved Høgskulen i Gjøvik.

– Jobben min er svært spennande, med varierte arbeidsoppgåver i eit lærerikt mil-jø, seier Anders. Han jobbar med å utvikle kvaliteten på offentlege nettstader og slik sikre innbyggjarane betre tenester på nett. Anders har og vore med på å marknadsføre Difi i Leikanger på rekrutteringsmesser. Begge dei heimvende Leikanger-ungdom-mane skryter av det gode arbeidsmiljøet og Difi si evne til å ta vare på medarbeidarane.

Jørn E. Gåsvær

Populær blant nyutdannaMange av dei tilsette i Difi i Leikanger er innfødde sogningar. Fleire er rundt 30 år og kjem opphavleg frå Leikanger, Sogndal og nabokommunane. Eit fellestrekk er at dei har vore «ute» og teke solid og relevant utdanning for å kome «heimatt» til spennande jobb i Difi.

Ein gjeng Difianarar kosar seg i hagen utanfor kantina.Foto: Jørn E. Gåsvær

Elianne Eggum og Anders Nedland Røneid.Foto: Jørn E. Gåsvær

Klubb er ei riktig jentegreie. Vi har ven-ninneklubber – g jerne både ein og fleire … Vi styrer på. Ryddar hus og lagar mat for å kose oss i lag med venninner.Tenk å komme til duk og dekka bord! Få servert mat – til og med á la carte! Og du velg jer fritt kva du vil drikke til. Eller kanskje du berre har lyst på ein dessert med ein kaffikopp til?Your dream has come true …! Tredje kvar torsdag i kvar månad er det Torsdagsklubb for damer på Café Herman! Dette er ein open klubb for alle som vil. Ideen med klubben er at her kan vi treffe venninner, men kanskje like viktig – bli kjent med nye! Her

er det ingen begrensning – du treng ikkje tenke på kor mange du har plass til i sofaen heime. Dette er ein flott arena for å inklu-dere nye kvinnelige sambygdingar! Skik-keleg kvinne-bygge-nettverk-kveld! Og når mange damer samlast, blir det garantert mykje latter og prat! Klubben har ingen aldersgrense – alle er velkomne! Herman er på ingen måte stengt for menn desse torsdagskveldane. Fritt fram å vere fluge på veggen …

Vel møtt på neste Torsdagsklubb:17. juni kl 20 og utover.

Håpar å sjå deg!L

Torsdagsklubben

Page 13: Mykje lyi Leikangerleikangernh.no/Bilete/Leikangeravisa_2010_web.pdf · for Pilaviki», seier Jack Eggun avslut-ningsvis. Håvard Nesbø Gøymde skattar ved fjorden Sikta er god både

1. Sogn Regionråd skal vere ein felles arena med fokus på å sikra og vi-dareutvikle rammevilkåra for busetnad og næringsliv i regionen. Kva heiter kommunane som er medlemer i Sogn Regionråd?

2. Kven er leiar i Sogn Regionråd?

3. Kven er ordførar i Årdal?

4. Kor høg er Galdhøpiggen?

5. Kvifor er 7. juni offentleg flaggdag?

6. Når vart riksveg 13 over Gaularfjellet opna?

7. Når vart fylkesadministrasjonen lokalisert til Leikanger?

8. Når vart Sogn Avis skipa?

9. Kor lang er Flåmsbana og kor mange tunnelar har den?

10. Når opna Flåmsbana?

11. Luster kommune er større enn eit av fylka i landet. Størrelse på Luster kommune og kva for eit fylke er mindre?

12. Kor mange kyrkjer/kapell har Luster?

13. Når starta Høgskulen i Sogndal?

14. Kven var Joachim de Knagenhielm?

15. Norges høgste foss i fritt fall – namn og meter fritt fall?

16. Kven var Lars L. Ese d.y.?

17. St. Olafs kyrkje i Balestrand, også kalla «Engelsk-kyrkja» vart bygd i 1897. Kven er kyrkja underlagt?

18. Kva vart Hauge kyrkje landskjend for i 1995?

19. Verdas hittil lengste vegtunnel er Lærdalstunnelen – kor lang og kven opna den, når?

20. Fullt namn og høgde på ei statue på Framnes?

Quizmeister: Knut Henning Grepstad

SOGNAQUIZ

Leikanger

Denne avisa er utgitt av Leikanger Næ-ringshage AS med støtte av Leikanger kommune.

Ansvarleg redaktør: Einar Skram Husabø[email protected]

Stor takk til alle skribentane: Håvard Nesbø, Trude Risnes, Einar Skram Husabø, Birthe J. Finstad, Birte Fossheim, Elisabeth Veivåg Helseth, Roar Werner Vangsnes, Astrid Bolstad, Idun A. Husabø, Terje Eggum, Magne Strand. Guttorm Flatabø, Torgeir Urdahl, Hen-ning Rivedal, Colin Tattersall, Ole Kris-tian Åset, Lorraine Thompson, Alv Reidar Dale, Jørn E. Gåsvær og Knut Henning Grepstad

Pyntebileta er tekne av: Lorraine Thompson & Simone Stibbe

Grafisk form: Simone [email protected]

Impressum

Svar: 1. Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Lærdal og Aurland; 2. Ordførar Torodd Urnes, Luster kommune; 3. Arild Ingar Lægreid (AP); 4. 2468,8 moh.; 5. Unions-oppløysinga i 1905; 6. Blei opna for trafikk i 1938; 7. 1864; 8. I 1992 då dei to avisene Sogningen/Sogns Avis (S/SA) og Sogn og Fjordane vart slegne saman; 9. Flåmsbana er 20 kilometer med 20 tunnelar; 10. I 1940; 11. 2702 km² – større enn Vestfold; 12. 12 (Fortun, Dale, Nes, 2 i Gaupne, Jostedal, Jordanger, Feet, Hafslo, Veitestrand kapell, Solvoren, Urnes); 13. I 1963 som lærarskuleklasse med 30 elevar ved Sogndal Gymnas; 14. Jurist og første amtmann i Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane fylke)Frå Kaupanger; 15. Vettisfossen i Årdal, 275 meter loddrett fall, samla fall 370 meter; 16. Bonde og skyttar frå Balestrand. Skyttarkonge fire gonger, ein prestasjon som ingen sidan har makta å kopiere; 17. Kyrkja er underlagt biskopen av Gibraltar. Han bur i London, men har ansvar for alle utanlandske anglikanske kyrkjer; 18. Hauge kyrkje vart landskjend i 1995 då kyrkjetenar Hans Hagheim nekta å ringje fordi han vart høyrsleskadd av klokkeklangen. Etter at Arbeidstilsynet hadde målt klokkeklangen til 140 decibel, fekk Hagheim forlenga ringjetaua slik at han slapp å stå så nær klokkene når det «small»!; 19. 24 510 meter – vart opna i november 2000 av HM Kong Harald, 20. Fridtjof den frøkne, 22,5 meter høg på sokkelen. Framnes er det gamle namnet på Vangsnes.

LeikangerMykje leik & lite angerLeikanger

4

12

Leikanger Næringshage

20

13.juni Miniputturnering på Syril stadion23.juni kl. 18.00 Jonsokfeiring på Nokkaneset – open familiefestAugust Sosial bygdafrukost utanfor Saften12.august kl. 23.00 Ungdomsmusikalen FAME kjem til Leikanger – utescene26. sept kl. 11.00 Hausttakkefest i kyrkja – bok til 4-åringaneOktober Fruktbare dagerNovember Jubileumskonsert – Leikanger mannskor 85 år13. des kl. 07.00 Luciafrukost i kyrkja – bygdas damer og jenter i LuciaopptogL

Det skjer i Leikanger

Leikangerkommune

Stor idrettsglede på Syril stadion.Foto: Roar Werner Vangsnes

Eg les lokalavisa og får med meg ein del av det som skjer heime på Systrond og elles i Sogn. I Leikanger har det heilt tydeleg vore ei vaksi utvikling dei siste åri, rett nok ein del av det ved at styresmaktene og andre sentrale ak-tørar har lagt arbeidsplassar til bygdi, sopass at det har vorte vanskeleg med husly til alle nyinnflytte, har eg forstått. Då er det ei glede å sjå at framsynte folk tenkjer å ta gamle aldersheimen i bruk til bustader; for somme kan det bli til at dei om eit par år får sin fyrste eigne heim på gamleheimen, ein bygning som kler bygdi og truleg toler gjenbruk …

Det er det ikkje alle bygningar i bygdi som gjer; somme skulle ha vore rivne og jamna med jordi. Det desidert styggaste som har vore sett opp på Systrond etter krigen, må vel vera kontorkassen der Jørondhusi stod på Henjasanden; han skulle sjølvsagt ha vore riven i staden for å verta vølt på, sjølv om han no kanskje kan sei-ast å ha vorte noko mindre skrikande stygg. I staden vart Fallinhuset, eit klassisk femtitalshus, og det Aarskoghuset som skulle ha fått stått, det opphavlege, stase-lege, der Dugstadbui heldt til i retteleg gamle dagar, rive for ei tid sidan.

På den positive sida ser eg det at Saften vart teken vare på og bygd om til eit fleirbrukshus som, slik eg les det, har vorte teke godt imot og teke i bruk av bygdefolket. Ikkje det at det er so veldig vakkert, det heller, men det er vorte mindre stygt enn det var og går inn i ein plan for ei heldig sentrumsutvikling på

Hermansverk, det eg kan sjå. Brungarden og Sagagjerdet tek i det heile til å bli my-kje meir skapleg og triveleg enn det har vore sidan Knutsenbui brann og Torphuset

vart rive. Dessutan ser planane for Slippen slett ikkje verst ut, heller.Men det står enno att eit hus eller to dei

ikkje heilt veit kva dei vil med; Brun-osten (Tinghus III) og Kvitosten

(Tinghus II), tome på mellom femte og tiande året no. Eg veit kva eg ville ha gjort, so sant det ikkje er tvingande bruk for dei til kontor i byråkratibygdi:

Riv Tinghus III, som ser ut som eit vrengt, flislagt 70-talsbad,

kanskje også Tinghus II, om ikkje kommunen treng det, og lat kyrkja og

kyrkjegarden koma til sin rett att frå sjø-sida, den finaste sida å sjå Systrond frå. Kunne nok

ha nemnt nokre større, sjøvende bygningar til (ikkje gamle barneheimen uti Husabø, lell), men får styra riveiveren min litevetta.

Ikkje det at eg har noko med det, heller, og des-se meiningane mine er sjølvsagt noko overflatiske,

men mi oppmoding til både styrande og næringsliv på Systrond må bli å sjå meir samanheng, slik det er i ferd

med å skje i sentrum innaføre, og vera meir modige i val av kva som kan kvittast og kva som skal takast vare på og utviklast

vidare. Sjølv Jerikos murar let seg riva, medan somme andre murar ikkje skulle ha vore sette opp …

Ei frimodig ytring frå Alv Reidar Dale,Systrending i utlegd

Ei (d)rivande utvikling?

Kvar leilegheit vil ha: Direkte tilgang til veg i plan med eigen garasje/oppstillingsplass og utv. boder. Stor utv. terasse/balkong som er tenkt delvis innglassa som vinterhage (skyvedørar). Utvendig areal vert opparbeidd med:

parkeringspl. og boder i aust med eigen tilkomsveg til kvart plan. felles leik- og opphaldsareal i vest samt i koselege nisjer langs fasadar. Leilegheiter for sal/utleige i plan 0 og for sal i plan 1 og 2 (1 ½-etg.)

Storleik vert tilpassa frå dei minste 1-roms til dei største 4-roms. Kvar leil. vil ha høg standard, men kan tilpassast spesielle ønskje. Heile bygget vert oppvarma av varmepumpe/vannboren varme + evt. solcellepanel og

vil tilfredstille alle nye energikrav. Ei framtidsretta investering med miljø i fokus.

Slik kan gamle sjukeheimen verte sjåande ut etter ombygging, sett frå fjor-den. Den skal innehalda 1–4 roms leilegheiter, samt stort fellesareal i plan 3. Taket har einsidig fall med terrenget, dvs. minimalt redusert sikt for bakanfor-liggande naboar. I tillegg vert det dekka med Sedum (botndekkande plantar). Leilegheitene vil ligge nydeleg til med fantastisk utsikt til fjord og fjell.

Del av fellesareal i plan 3 vert sett av til massasjebad, badstove og velvære. I tillegg vert her aktivitetsareal og sosiale rom, samt plass til stei-novn for baking og grilling. Her vert også ein stor felles takterrasse der utsynet over vakre Sognefjorden kan nytast frå aust til vest!

Illustrasjonane er utarbeidde av:

Hatlebakkane 2–4, LeikangerFerdig prosjektert/klart for bygging straks formalitetar og byggemelding er på plass.

Din totalentreprenør for alle typer bygg, inkl. rehabilitering

Forhandlar av: ... hjem til dine drømmer

Ing. Arvid Thuland AS6980 AskvollTlf: 577 30 650, Mobil: 481 51781Epost: [email protected]

BYGGMANN