nyhende pÅ nynorsk - klar tale · 2016. 5. 6. · protesttog mot massakren nord i nigeria. amnesty...

4
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix FLYTTE: Mulla Krekar må flytte til Kyrksæterøra i Sør-Trøndelag. Politiet krev at mulla Krekar må bu på asylmottak på Kyrksæterøra i Sør- Trøndelag. På staden bur det 2.500 menneske. » Krekar må flytte dit etter at han slepp ut av fengsel, skriv nyhendebyrået NTB. Han får ikkje dra utanfor kommunen. Advokaten til Krekar skriv ei klage. Han meiner det er for langt unna Oslo. Krekar kan gå til rettssak. Mulla Krekar starta ei opprørsgruppe i Irak mens han var flyktning i Noreg. Styresmaktene i Noreg meiner at han er ein trussel mot tryggleiken. Dei har bestemt at Krekar skal ut av landet. Men Irak kan ikkje love at han unngår dødsstraff. Politiets tryggingsteneste (PST) skal ha vore uroa for rolla mulla Krekar kan ha som mentor for unge islamister i Oslo. Det var ei av årsakene til at dei vil ha Krekar i Sør-Trøndelag, ifølgje avisa VG. Men fleire protesterer på at Krekar skal bu på asylmottaket. Der bur det mange familiar med barn. Cecilie Bakken Høstmark [email protected] Krekar må flytte til Trøndelag Les meir på side 3 Er terror i Frankrike viktigare enn terror i Nigeria? » Flyet frå AirAsia steig unormalt raskt. Så gjekk nesa opp og flyet stansa i lufta. Det viser informasjon frå flyradarar, ifølgje transportministeren i Indonesia. Kapteinen bad om å få fly høgare for å unngå ein storm. Flyet styrta i Javasjøen 28. desember. 162 menneske døydde. » Politiet skaut to personar i Verviers i Belgia. Dei arresterte minst 15 menneske. Belgisk politi meinte dei ville gjere eit terrorangrep i Belgia. Fleire av dei pågripne skal ha vore i Syria for å krige. Politiet leitar framleis etter fleire personar, skriv nyhendebyrået NTB. – Steig raskt og stansa Avslørte terrorgruppe INDONESIA BELGIA kort klart & TORSDAG 22.01.2015 NYHENDE PÅ NYNORSK 2

Upload: others

Post on 14-Sep-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale · 2016. 5. 6. · protesttog mot massakren nord i Nigeria. Amnesty seier at Boko Haram kan ha drepe så mange som 2.000 menneske. Styresmaktene i

Foto

: Håk

on M

osvo

ld L

arse

n /

NT

B s

canp

ix

FLYTTE: Mulla Krekar må flytte til Kyrksæterøra i Sør-Trøndelag.

● Politiet krev at mulla Krekar må bu på asylmottak på Kyrksæterøra i Sør-Trøndelag. På staden bur det 2.500 menneske.

» Krekar må flytte dit etter at han slepp ut av fengsel, skriv nyhendebyrået NTB. Han får ikkje dra utanfor kommunen.

Advokaten til Krekar skriv ei klage. Han meiner det er for langt unna Oslo. Krekar kan gå til rettssak.

Mulla Krekar starta ei opprørsgruppe i Irak mens han var flyktning i Noreg. Styresmaktene i Noreg meiner at han er ein trussel

mot tryggleiken. Dei har bestemt at Krekar skal ut av landet. Men Irak kan ikkje love at han unngår dødsstraff.

Politiets tryggingsteneste (PST) skal ha vore uroa for rolla mulla Krekar kan ha som mentor for unge islamister i Oslo. Det var ei av årsakene til at dei vil ha Krekar i Sør-Trøndelag, ifølgje avisa VG.

Men fleire protesterer på at Krekar skal bu på asylmottaket. Der bur det mange familiar med barn.

Cecilie Bakken Hø[email protected]

Krekar må flytte til Trøndelag

Les meir på side 3

Er terror i Frankrike viktigare enn terror i Nigeria?

» Flyet frå AirAsia steig unormalt raskt. Så gjekk nesa opp og flyet stansa i lufta. Det viser informasjon frå flyradarar, ifølgje transportministeren i Indonesia. Kapteinen bad om å få fly høgare for å unngå ein storm. Flyet styrta i Javasjøen 28. desember. 162 menneske døydde.

» Politiet skaut to personar i Verviers i Belgia. Dei arresterte minst 15 menneske. Belgisk politi meinte dei ville gjere eit terrorangrep i Belgia. Fleire av dei pågripne skal ha vore i Syria for å krige. Politiet leitar framleis etter fleire personar, skriv nyhendebyrået NTB.

– Steig raskt og stansa

Avslørte terrorgruppe

INDONESIA

BELGIA

kortklart& TORSDAG

22.01.2015

NYHENDE PÅ NYNORSK

2

Page 2: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale · 2016. 5. 6. · protesttog mot massakren nord i Nigeria. Amnesty seier at Boko Haram kan ha drepe så mange som 2.000 menneske. Styresmaktene i

TORSDAG22.01.2015NOREG

GRENSE: Det går ei grense i nord for kor vi kan leite etter olje. Grensa er bestemt etter isen i havet. Regjeringa vil endre grensa.

SKREDFARE ● Ekspert åtvarar om

skredfare på fjellet. «Skredfare» består av to ord. «Skred» er at jord eller snø rasar ut. «Fare» er at noko negativt kan skje. «Skredfare» er at det er risiko for at snø eller jord rasar ut i naturen. Fleire stader i landet er det no fare for snøskred. Særleg må skikøyrarar passe seg der det er bratt. Ein mann blei tatt av eit snøskred i Samnanger i Hordaland tysdag. Han blei ikkje alvorleg skadd.

ORD I NYHENDA

Martin Ødegaard skal spele for Real Madrid

» Det unge fotball-talentet Martin Ødegaard vel å spele for det spanske fotball-laget Real Madrid. Han reiser dit i dag (torsdag) for å signere ein kontrakt på tre og eit halvt år. Det skriv avisa Drammens Tidende.

Ødegaard skal i starten spele på B-laget. Men han skal få trene med topplaget, hevdar avisa.

Det norske laget Strømsgodset skal få nærmare 60 millionar kroner for salet, skriv avisa VG.

Ødegaard er 16 år gammal. Han blei den yngste spelaren nokon gong i den norske eliteserien i fjor. Han fekk også spele for landslaget.

Cecilie Bakken Hø[email protected]

FOTBALL

» Fleire sjukepleiarar snakkar ikkje godt nok norsk, meiner ni av ti sjukepleiarar. To av fem meiner at pasientar har fått dårlegare hjelp. Det viser ei undersøking som kanalen NRK har gjort. Helseminister Bent Høie vil stille krav til språk for helsepersonell som kjem frå land utanfor Den europeiske union (EU).

Snakkar ikkje godt nok norskHELSE

» Regjeringa vil ha ei ny grense for isen på havet i nord. Dei vil sette grensa lenger nord. Det kan gjere det lettare å leite etter olje. Men naturvern-organisasjonar og politikarar reagerer, skriv nyhendebyrået NTB. Ved isen blir det laga planteplankton. Den er viktig mat for fisk og andre dyr i havet, og for fuglar. Statsminister Erna Solberg seier at iskanten har flytta seg sjølv.

Strid om ny grensePOLITIKK

» Etter førre kommuneval har partiet Høgre styrt sju av dei ti største kommunane i Noreg. No vil fleire røyste på Arbeiderpartiet (Ap) enn på Høgre i ni av ti storbyar. Det viser ein ny meinings-måling. I Oslo ligg dei to partia ganske jamt, skriv avisa VG.

Ap er størst i dei store byanePOLITIKK

» Det var færre ran og seksual-brotsverk, og mindre vald i Oslo i fjor. Det viser tal frå politiet i Oslo. Det var 42 prosent færre ran. Politiet hadde ei spesiell gruppe som jobba mot ranarar.

Mindre vald og ran i 2014KRIMINALITET

Page 3: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale · 2016. 5. 6. · protesttog mot massakren nord i Nigeria. Amnesty seier at Boko Haram kan ha drepe så mange som 2.000 menneske. Styresmaktene i

TORSDAG22.01.2015VERDA

Drap barn – svidde av by ● 17 døde i Frankrike fekk

enorm merksemd verda over. Blodbadet i Nigeria blei berre registrert.

3. januar begynte angrepet i Baga i Nigeria. Opprørs-gruppa Boko Haram drap ei fødande kvinne og mange barn. Dei angreip fleire tusen hus i 16 landsbyar og brende dei. Angrepet varte i fleire dagar.

– Fleire afrikanske statsleiarar har ingenting å tene på å vere uroa for massakren i Nigeria. Landet sin president Goodluck Jonathan er meir oppteken av drapa i Paris enn i Baga, seier Morten Bøås til avisa Vårt Land. Han er forskar ved Norsk utenrikspolitisk institutt (Nupi).

Bøås meiner årsaka er at Jonathan vil vinne presidentvalet i februar.2015 har starta med to terrorangrep som har fått veldig ulik merksemd. I Frankrike blei 17 menneske drepne i to terror-aksjonar. Statsleiarar frå mange land samla seg i Paris.

Ingen statsleiarar gjekk i protesttog mot massakren nord i Nigeria. Amnesty seier at Boko Haram kan ha drepe så mange som 2.000 menneske. Styresmaktene i Nigeria seier 150.

I fleire afrikanske land reagerer skribentar, kyrkjeleiarar og andre. Kvifor er terroren i Paris viktigare enn massakren i Baga?

– Eg er Charlie, men eg er Baga også. Det skriv spaltisten Simon Allison i Sør-Afrika. Han skriv vidare at «det er massakrar og det er massakrar». Afrikanske liv er mindre verde enn vestlege. Men også afrikanske aviser skreiv lite om angrepa i Nigeria, seier Allison.

Forskar Morten Bøås seier at Paris kjennast mykje nærmare oss enn Baga og Nigeria. – Vi kjenner oss meir igjen i dei som blei ramma. Vi kan kjenne på frykta angrepet skaper. Slike kjensler får vi ikkje i møte med drapa i Baga, seier Bøås.

Bjørngulv H. Bråen, Vårt [email protected]

STILLE: Biletet viser byen Baga i Nigeria etter at Boko Haram angreip i 2013. Nyleg angreip terrorgruppa på nytt.

OPPGÅVA

Foto: AFP / NTB scanpix

Page 4: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale · 2016. 5. 6. · protesttog mot massakren nord i Nigeria. Amnesty seier at Boko Haram kan ha drepe så mange som 2.000 menneske. Styresmaktene i

KULTUR

– Kva er ditt favorittord?– «Augeblinken».

– Kvifor liker du dette ordet så godt?– Eg ønsker å vere her og no.

– Kva ord liker du ikkje?– «Kanskje». Villreie er rota til alle nevrosar.

– Kva er eit typisk musikarord?– «Rytme/groove». Det er ikkje noko liv utan puls.

– Kva ord bruker du ofte?– «Eg gleder meg».

– Kva ord bruker du for å skildre deg sjølv?– «V8-er på tomgang». Det er ein motor.

Linn Bø[email protected]

Kjell Reianes, 64 år gammal. Arkitekt som alltid har skrive låtar. Aktuell med albumet «Ringer i Vatn» som kjem 30. januar. Janove Ottesen frå Kaizers Orchestra har produsert albumet.

Foto:

Gleder seg ofte

MITT ORD

Skyt i det skjulte » Snikskyttaren Chris Kyle i den amerikanske marinen blir

sende til Irak. Jobben hans er å verne dei andre soldatane. Kyle drep minst 150 menneske og reddar mange liv. Fienden seier dei vil gi ein premie til personen som kan drepe han. Filmen «American Sniper» har premiere fredag. Han passar for folk over 15 år. Foto: SF Norge / Warner

‘‘

OSCAR: Norske Morten Tyldum kan få filmprisen Oscar for regien på «The Imitation Game».

Foto: NTB scanpix

Ansvarleg redaktør: Kristin S. BratlieKontakt oss: [email protected]

Nyhenda er omsette frå lettlest-avisa Klar Tale.

FILM

» Vikingmuseet på Borg i Lofoten søker etter vikingar til sommarjobbane sine. Somme skal føre vikingskipet deira. Andre skal vere handverkarar. Det er veldig trendy med vikingar no. Derfor ringer folk frå heile verda, skriv nyhendebyrået NTB.

Mange vil jobbe som vikingHISTORIE

» Filmen «The Imitation Game» er nominert til filmprisen Oscar i åtte kategoriar. Filmen er regissert av norske Morten Tyldum. Aldri før har ein norsk regissør klart så mange nominasjonar. Norske Torill Kove er nominert i kategorien beste teikna kortfilm med «Me and My Moulton».

Tyldum kan få åtte OscarFILM

» Det franske humorbladet Charlie Hebdo har selt nesten 2 millionar kopiar av den siste utgåva. I Oslo stod mange i kø for å sikre seg ein av 170 kopiar fredag. Terroristar skaut ti personar i redaksjonen for to veker sidan.

I kø for CharlieLITTERATUR