nyhende pÅ nynorsk - klar tale...egyptisk fly styrta tiltalt for is-film kort klart & fredag...

4
Foto: Jan-Morten Bjørnabakk / NTB scanpix JA: Oljeminister Tord Lien seier ja til å leite etter olje i Barentshavet. Regjeringa seier ja til boring etter olje i Barentshavet. Området ligg i nord utanfor Aust- Finnmark. 13 ulike selskap får vere med og leite. Det er første gong på 20 år at nokon får leite etter olje i nye område. – Vi har berre sett starten av det som skal bli eit stort oljeeventyr, seier Tord Lien. Han er olje- og energiminister. Partia Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne er imot. Det er óg Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti. Noreg bør ikkje tillate oljeleiting i dei nye områda. Det meiner både Miljødirektoratet og Norsk Polarinstitutt, skriv nyhendebyrået NTB. Miljø-organisasjonane protesterer også. Dei seier at oljeboring her ikkje er bra for klimaet. Det kan øydelegge viktige leveområde for både lodde og polartorsk. Lien er ikkje samd. Han seier at det ikkje er noko forskjell på å leite etter olje der enn på andre delar av norsk sokkel. Gøril Huse [email protected] Vil leite etter olje Les meir på side 3 «Kaffigrut kan blant anna brukast til såpe og gjødsel» EGYPT: Eit fly forsvann over Middelhavet torsdag. 66 menneske var om bord. Flyet har truleg styrta. Flyet er ein Airbus A320 frå selskapet EgyptAir. Det var på veg frå Paris i Frankrike til Kairo i Egypt. Dei fleste av passasjerane var frå Egypt. 15 av dei var franske, seier EgyptAir. DANMARK: Ein 19-åring er tiltalt for truslar om terror i Danmark. Mannen delte ein video frå terror-gruppa IS på Facebook. Mannen seier at han støttar IS, men at han ikkje ville spreie terror. Han ville berre skremme. Egyptisk fly styrta Tiltalt for IS-film kort klart & FREDAG 20.05.2016 NYHENDE PÅ NYNORSK 10

Upload: others

Post on 13-Mar-2021

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale...Egyptisk fly styrta Tiltalt for IS-film kort klart & FREDAG ... ARKITEKTUR: Museet for moderne kunst i California i USA opna laurdag. Det norske arkitektfirmaet

Foto

: Ja

n-M

orte

n B

jørn

abak

k /

NT

B s

canp

ix

JA: Oljeminister Tord Lien seier ja til å leite etter olje i Barentshavet.

● Regjeringa seier ja til boring etter olje i Barentshavet. Området ligg i nord utanfor Aust-Finnmark.

13 ulike selskap får vere med og leite. Det er første gong på 20 år at nokon får leite etter olje i nye område. – Vi har berre sett starten av det som skal bli eit stort oljeeventyr, seier Tord Lien. Han er olje- og energiminister.

Partia Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne er imot. Det er óg Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti.Noreg bør ikkje tillate

oljeleiting i dei nye områda. Det meiner både Miljødirektoratet og Norsk Polarinstitutt, skriv nyhendebyrået NTB.

Miljø-organisasjonane protesterer også. Dei seier at oljeboring her ikkje er bra for klimaet. Det kan øydelegge viktige leveområde for både lodde og polartorsk.

Lien er ikkje samd. Han seier at det ikkje er noko forskjell på å leite etter olje der enn på andre delar av norsk sokkel.

Gøril [email protected]

Vil leite etter olje

Les meir på side 3

«Kaffigrut kan blant anna brukast til såpe og gjødsel»

EGYPT: Eit fly forsvann over Middelhavet torsdag. 66 menneske var om bord. Flyet har truleg styrta. Flyet er ein Airbus A320 frå selskapet EgyptAir. Det var på veg frå Paris i Frankrike til Kairo i Egypt. Dei fleste av passasjerane var frå Egypt. 15 av dei var franske, seier EgyptAir.

DANMARK: Ein 19-åring er tiltalt for truslar om terror i Danmark. Mannen delte ein video frå terror-gruppa IS på Facebook. Mannen seier at han støttar IS, men at han ikkje ville spreie terror. Han ville berre skremme.

Egyptisk fly styrta

Tiltalt for IS-film

kortklart& FREDAG

20.05.2016

NYHENDE PÅ NYNORSK

10

Page 2: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale...Egyptisk fly styrta Tiltalt for IS-film kort klart & FREDAG ... ARKITEKTUR: Museet for moderne kunst i California i USA opna laurdag. Det norske arkitektfirmaet

2 FREDAG20.05.2016NOREG

VERDA

Bøndene og staten er blitt einige i jordbruks-oppgjeret. Bøndene får 350 millionar kroner.

Det er framleis streik i hotell- og restaurant-bransjen. Tysdag blei streiken utvida. 50 nye personar blei med i streiken.

Ei eldre kvinne blei funnen død på Tøyen i Oslo. Ein mann er sikta for drap.

Sommaren kjem til Nord-Norge. Troms og Finnmark kan få over 20 grader i helga.

Kort fortalt

Vinka til rekord-mange barn

Droppar å stemme

NASJONALDAG: Dei song og ropte hurra. Om lag 60.000 barn fylte Oslo på nasjonaldagen 17. mai. Dei kom frå 119 skular. Aldri før har så mange delteke, ifølge avisa Aftenposten. Kongefamilien vinka frå slottet. Det har dei gjort i 110 år.

SAMFUNN: Denne veka stemmer 54 nye kommunar for eller mot samanslåing. Men mange droppar folkerøystinga. I Stord kommune deltok berre 18,7 prosent.

Foto: NTB scanpix

Kort fortaltFinland lagar badstu i eit pariserhjul. Pariserhjulet opnar i sommar i Helsingfors.

Politiet i Iran arresterte minst åtte kvinner. Dei viste bilete av seg sjølv utan hijab på nettsamfunnet Instagram.

Mohamed Ali Malek må få 18 års fengsel, meiner politiet i Italia. Dei meiner han styrte båten då 800 flyktningar drukna i Middelhavet.

260.000 på fluktAFGHANISTAN: Rundt 260.000 afghanarar flykta dei fire første månadene i år. Heile 780.000 afghanarar kan kome til å flykte dette året. Det viser tal frå Dei sameinte nasjonane.

SVEITS: Diamanten «Unique Pink» blei seld for 258 millionar kroner tysdag. Det skjedde på ein auksjon i Genève i Sveits. Den dyraste rosa diamanten i verda blei seld for 378 millionar kroner i 2013, skriv nyheitsbyrået NTB.

Gav millionar for rosa diamant

DYR: Diamanten «Uniqe Pink».

TOG: Aldri har så mange gått i barnetoget i Oslo som i år.

Foto: NTB scanpix

Foto: NTB scanpix

35 døyddeSRI LANKA: Kraftig regn har ført til jordskred og flaum på Sri Lanka. 35 personar er døde. Over 100 menneske er sakna.

Samfunnskritiske anlegg

● Nokre samfunns-kritiske anlegg er for dårleg sikra mot terrorangrep. Det vedgår regjeringa, skriv avisa VG. «Samfunnskritiske anlegg» består av tre ord. «Samfunn» er ei organisering av folk. «Kritisk» er eit anna ord for viktig. «Anlegg» er eit anna ord for bygning. Eit «samfunnskritisk anlegg» er for eksempel ein flyplass eller hus som blir brukt av Forsvaret.

ORD I NYHENDA

Page 3: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale...Egyptisk fly styrta Tiltalt for IS-film kort klart & FREDAG ... ARKITEKTUR: Museet for moderne kunst i California i USA opna laurdag. Det norske arkitektfirmaet

FREDAG20.05.2016 3 TEMA

Gira på kaffigrut ● Kastar du gruten når

du lagar kaffi? Det bør du slutte med, meiner Siri Mittet.

Blant kafear og butikkar på Torshov i Oslo står eit lite skilt. «Kom inn og ta ein prat om den fantastiske kaffigruten», står det på skiltet.

Dersom du går inn, møter du Siri Mittet frå Sunnmøre på Vestlandet. Ho vil at nordmenn skal ta vare på kaffigruten. Gruten er nemleg vennen din, meiner ho. – Den kan blant anna brukast til såpe, skrubb til kroppen og gjødsel, seier ho.

Siri har jobba med kjeldesortering og gjenbruk i mange år. Både i Noreg og i andre land.

Gruten AS starta med meitemakk. Folk har vanlegvis komposten ute. Dei samlar avfall frå mat eller frå hagen i ein haug. Så blir avfallet brote ned og blir til ny jord. Siri laga ein kompost med meitemakk til å ha på kjøkkenet. Makkane gjer at søpla blir brote ned raskare. Siri gav dei kaffigrut.

– Eg visste ikkje at grut fungerte så bra i kompost. Makkane blei litt galne. Då begynte eg å tenke på kva meir gruten kan brukast til, seier ho.

Nordmenn drikk nest mest kaffi i heile verda. Mindre enn 1 prosent av kaffien endar opp i koppen. Resten er grut. Berre i Oslo kastar folk 10 tonn kaffigrut kvar dag.

– Gruten er full av næring, men den blir ikkje brukt til noko bra. Eg tenkte at eg kanskje kunne gjere noko med det. Eg hadde også lyst til å skape ei eiga bedrift. Du må våge litt, seier ho.

Våren 2014 starta ho Gruten AS. Ho samla inn pengar for å kunne opne det vesle lokalet på Torshov. Så bad ho kafear i nabolaget om å få grut av dei. No syklar ho rundt i Oslo og hentar gruten.

Maren [email protected]

GRUT: Siri Mittet har starta ei bedrift. Gruten AS dreier seg om å bruke kaffigrut til noko nyttig.

Foto

: Mar

en G

jelv

ik /

Kla

r Tal

e

OPPGÅVA

Page 4: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale...Egyptisk fly styrta Tiltalt for IS-film kort klart & FREDAG ... ARKITEKTUR: Museet for moderne kunst i California i USA opna laurdag. Det norske arkitektfirmaet

4 Konstituert redaktør: Gøril HuseKontakt oss: [email protected]

Nyhenda er omsette frå lettlest-avisa Klar Tale.KULTUR

Klart for meir X-Men » Superheltane X-Men er tilbake. I denne filmen skal vi tilbake

til året 1983. Den mektige superhelten Apocalypse har sove i tusenvis av år. No har han vakna. Men han hatar verda han vaknar i. Apocalypse vil ta over jorda og drepe alle vanlege menneske. «X-Men: Apocalypse» har premiere fredag. Filmen passar for dei over 12 år.

Foto: 20th Century Fox

Heidra med tre prisar TV: NRK-serien «Skam» vann tre prisar under prisutdelinga Gullruten. Dei vann mellom anna prisen for beste TV-drama. «Petter Uteligger» vann to prisar. Serien er vist på kanalen TV 2. Programleiar Anne Grosvold fekk Hedersprisen.

Teikna museum i USAARKITEKTUR: Museet for moderne kunst i California i USA opna laurdag. Det norske arkitektfirmaet Snøhetta har teikna museet. Det er dekt med 700 forskjellige bygningsplater i glasfiber. Museet kosta 2,5 milliardar kroner å bygge.

Jubel og buing FILM: Filmen «Personal Shopper» blei vist på filmfestivalen i Cannes i Frankrike tysdag. Nokon bua på filmen då han blei vist. Men filmkritikarane meiner likevel den er bra, skriv avisa VG. Norske Anders Danielsen Lie har ei av rollene.

Foto: NTB scanpix

MUSEUM: Dette museet opna i byen San Fransisco i USA.

FILM

– Kva er ditt favorittord? «Fortryllande».

– Kvifor liker du dette ordet så godt? – Det er barnsleg godt og skildrande. Alle blir glade og synest eg er ein raring når eg bruker det. Det kan brukast til mykje. – Kva ord liker du ikkje? «Gymsokk». Ingen liker gymsokkar, det får du meg ikkje til å tru.

– Kva er eit typisk grill-ord? «Gass eller kull». Det er ein diskusjon som aldri tek slutt om kva som er best: gass- eller kullgrill. Det er same spørsmål, år etter år.

– Kva ord skildrar deg best? – «Entusiastisk». Eg prøver å brenne for alt eg gjer, elles prøver eg unngå å gjere akkurat det.

Erlend Ytreeide er forfattar. Han kom nyleg med koke-boka «#grillALTDet ingen skulle tru at nokon kunne barbeque» saman med Anders Halvorsen. Ho er gitt ut av Cappelen Damm.

MITT ORD

Brenn for alt

Foto: Marthe A

manda Vannebo