om kvelden blir namna ropa heim

9

Upload: det-norske-samlaget

Post on 09-Mar-2016

224 views

Category:

Documents


4 download

DESCRIPTION

Diktsamling av Tora Seljebø.

TRANSCRIPT

Page 1: Om kvelden blir namna ropa heim
Page 2: Om kvelden blir namna ropa heim

Om kvelden blir namna ferdig_a 13.12.13 13.26 Side 1

Page 3: Om kvelden blir namna ropa heim

Tora Seljebø

OM KVELDEN BLIR NAMNAROPA HEIM

Lyrikk

Samlaget

Oslo 2014

Om kvelden blir namna ferdig_a 13.12.13 13.26 Side 3

Page 4: Om kvelden blir namna ropa heim

Om kvelden blir namna ferdig_a 13.12.13 13.26 Side 4

Page 5: Om kvelden blir namna ropa heim

svalene flyg mellom husa. over skog åker. vev med blank svart tråd. an acre er ein åker.

1000 vengeslag. svalene seier så mykje. eg sovnar med kinnet mot tømmerveggen. vaknar

med ei forteljing i ansiktet

5

Om kvelden blir namna ferdig_a 13.12.13 13.26 Side 5

Page 6: Om kvelden blir namna ropa heim

bestemor held handa mi, går til kollen bak huset. vinden virvlar håret hennar. ho er ikkje å

kjenne att. bestemor i åkeren med ein finmaska håv. fangar ein son av støv. rugen ryk. det er

skuggar bak bjørketrea. det er ikkje berre ei svale

6

Om kvelden blir namna ferdig_a 13.12.13 13.26 Side 6

Page 7: Om kvelden blir namna ropa heim

når tårn svaleungane forlèt reiret. når du løftar meg på strake armar: heile verda er ein åker. ein

regntung sommar vert ungane verande. ser eg åkeren gje etter. dei mjuke fjørene under kleda

kjennest levande. maskinene kjem ikkje til med knivblada sine

7

Om kvelden blir namna ferdig_a 13.12.13 13.26 Side 7

Page 8: Om kvelden blir namna ropa heim

frå dueburet i løa kan eg sjå. maurstiar over tunet. svarte skritt. bankar ikkje på. eit

skamskote dyr gøymer seg for å døy. pelsen forsvinn som frø i vinden. ei beingrind gror i

min eigen kropp. kramstille sommardagar. eit famntak frå kvarandre står vi

8

Om kvelden blir namna ferdig_a 13.12.13 13.26 Side 8

Page 9: Om kvelden blir namna ropa heim

eg går til elva for å sjå fisken gyte. ligg med hovudet over brukanten. kvitt ansikt. mørk

kropp. det umoglege elvevatnet. nokre sjeler er tunge, andre lette. svalene overvintrar. dei

ligg på botnen med vengene over augo

9

Om kvelden blir namna ferdig_a 13.12.13 13.26 Side 9