oppnådde resultater i 2013 2)...-rapport ferdig i 2014. partnarar: nlr hardanger og teke i...

14
Årsrapport for 2013 Foregangsfylke: Økologisk frukt og bær Hovedmål/ Delprosjekter/Tiltak 1) Oppnådde resultater i 2013 2) Hovedmål i prosjektet: Bidra til å auke produksjon og forbruk av norsk økologisk frukt og bær i Noreg b) Kort vurdering av resultatoppnåelsen: Det har vore ei jamn auke i tonn eple og plomme som kjem inn til fruktlagra i Noreg. Dette viser at fruktproduksjonen aukar, men ein ser tendensar til at ikkje all frukt vert omsett som økologisk. : Figur 1: Innkomne tonn av klasse 1 produksjonen av økologiske eple til dei største fruktlagra i kvart fylke 0 5 10 15 20 25 30 35 40 45 50 Hordaland Sogn og Fjordane Buskerud Telemark Vestfold 2010 2011 2012 2013

Upload: others

Post on 15-Jul-2020

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Oppnådde resultater i 2013 2)...-rapport ferdig i 2014. Partnarar: NLR Hardanger og teke i planlegginga av kursmodulane og deltok på ein dagssamling i grunnmodulen i 2013. Kursdeltakarar

Årsrapport for 2013

Foregangsfylke: Økologisk frukt og bær

Hovedmål/ Delprosjekter/Tiltak 1)

Oppnådde resultater i 2013 2)

Hovedmål i prosjektet: Bidra til å auke produksjon og forbruk av norsk økologisk frukt og bær i Noreg

b) Kort vurdering av resultatoppnåelsen: Det har vore ei jamn auke i tonn eple og plomme som kjem inn til fruktlagra i Noreg. Dette viser at fruktproduksjonen aukar, men ein ser tendensar til at ikkje all frukt vert omsett som økologisk. :

Figur 1: Innkomne tonn av klasse 1 produksjonen av økologiske eple til dei største fruktlagra i kvart fylke

0

5

10

15

20

25

30

35

40

45

50

Hordaland Sogn og Fjordane Buskerud Telemark Vestfold

2010

2011

2012

2013

Page 2: Oppnådde resultater i 2013 2)...-rapport ferdig i 2014. Partnarar: NLR Hardanger og teke i planlegginga av kursmodulane og deltok på ein dagssamling i grunnmodulen i 2013. Kursdeltakarar

Side: 2 av 14

Tabell 1: I tabellform er volumfordelinga, i figuren på førre side, av økologiske eple i kvart fylke slik (kjelde GPS): Økologiske epler, kl.1, tonn

2010 2011 2012 2013

Hordaland 15 3 10 9

Sogn og Fjordane 15 10 24 30

Buskerud

11 6 24

Telemark 29 19 26 47

Vestfold

1

2

SUM 59 44 66 112 Frukt og bærproduksjon har ein lang etableringsfase. Med 3-års karenstid, må ein ofte ha tolmod med å få resultat. I 2013 såg ein difor plutseleg ei stor auke i levering av økologisk eple til fruktlagra, med ein dobling av kl. 1-produksjonen totalt, i høve til tidlegare år. Det same gjeld økologiske plomme: Tabell 2: Tal for økologiske plomme som er levert til fruktlager i 2013 (tonn). Økologiske plommer kl1. (tonn)

2010 2011 2012 2013

Hordaland 13 14 11 30 I 2013 var det berre Hardanger fjordfrukt som fekk omsett dei økologiske plommene som økologisk. Ein finn noko plommeareal i Sogn og jordane også, men mengdene er for små til at fruktlagra vil pakke og omsetje plommene som økologiske. Auke i plommeproduksjonen frå 2012-13, skuldast hovudsakleg eit godt plommeår for heile fruktnæringa. Arealstatistikken viser ei auke i økologisk frukt og bær areal, men at færre nye areal er i omstilling til økologisk drift:

Page 3: Oppnådde resultater i 2013 2)...-rapport ferdig i 2014. Partnarar: NLR Hardanger og teke i planlegginga av kursmodulane og deltok på ein dagssamling i grunnmodulen i 2013. Kursdeltakarar

Side: 3 av 14

Figur 2 – grafen viser utviklinga av økologisk frukt og bær-areal i Noreg frå 2009-2012 Totalarealet for økologisk frukt og bær (økologisk + karens) i Noreg per 2012 var på 2749 daa, som utgjorde 6,2 % av det totale frukt-og bærarealet i Noreg (kjelde: Debio og SLF/SSB). Statistikk for 2013 (Debio) er ikkje klar enno.

Planlagt tiltak 1: Motivera for omlegging og fylje oppdyrkarar og auke avling og kvalitet på norsk frukt og bær. Målepunkt(er) for 2013:

a) Gjennomførte aktiviteter i 2013:

Føregangsfylke tok i 2012 initiativ til eit modulbasert kurs for frukt-og bærdyrkarar som vil drive profesjonell produksjon – ikkje kompetansebevis/vgs-godkjende planar. Informasjon om øko-drift er integrert i fagplanen. KIL-støtta kurs, med delfinansiering frå Foregangsfylke økologisk frukt og bær - rapport ferdig i 2014. Partnarar: NLR-Hardanger og Sogn og Fjordane, Hjeltnes og prosjektet Dyrk smart. Delteke i planlegginga av kursmodulane og deltok på ein dagssamling i grunnmodulen i 2013. Kursdeltakarar på grunnmodul: 30 stk.

0

500

1000

1500

2000

2500

3000

2009 2010 2011 2012

Økologisk

Karens

Page 4: Oppnådde resultater i 2013 2)...-rapport ferdig i 2014. Partnarar: NLR Hardanger og teke i planlegginga av kursmodulane og deltok på ein dagssamling i grunnmodulen i 2013. Kursdeltakarar

Side: 4 av 14

Studietur til Italia i 2012, resulterte i at 7 dyrkarar/institusjonar kjøpte inn ny ugrashandteringsmaskin i 2013. Sjå omtale og video for bruk av maskina her… Ugrasmaskina vart demonstrert i Balestrand (11 delt.) og på Njøs (17 delt.),og Hjeltnes (30 delt.), Øystese (18 delt.) og Lofthus (9 delt.). Det vart kjøpt inn eit kamera med videofunksjon, då ein har hausta gode erfaringar med å filme og legge ut korte instruksjonar for å vise nye maskinar og korleis ulike reiskap på ugrasmaskina bør brukast for å få optimal effekt.

Økologisk frukt og bær-kurs, 15.-16. feb. på Sogn jord-og hagebruksskule – kurs med hovudvekt på økologisk jordbærdyrking. 21 deltakarar. Føredragshaldarar frå NLR Agder (Jan Karstein Henriksen, Eivind Vangdal Bioforsk). Prosjektleiar i Føregangsfylke økologisk frukt og bær deltok med eit kort innlegg.

Aksel Døving deltok på bringebærdagane i Vik i januar 2013, med foredrag om økologisk bringebærdyrking. Det vart utbetalt 5000 kroner for mykje , og dette vil verte krevd tilbake i 2014.

Visningshagen på Njøs har hatt god aktivitet med markdagar og kurs om pollinering og kompost. Det var om lag 15 deltakarar på kvart møte. Visningshagen er lagt opp til ein best-practise drift, med ulike kulturar og utprøvingar i felt. Sjå facebook-sida om Visningshagen og www.njos.no . Sluttutbetaling på 29750 kroner vil bli gjort i 2014.

Jan Karstein Henriksen (NLR Agder) har i 2013 produsert artiklar om økologisk jordbærdyrking i fagtidsskriftet Norsk frukt og bær. Artiklane vart trykt i alle utgåvene i 2013: nr 1,2,3,4,5,6.

Artiklar frå Føregangsfylke økologisk frukt og bær med Njøs Næringsutvikling som medforfattar i Norsk frukt og bær i 2013 eller frå prosjekt som Føregangsfylke har støtta: 2 artiklar i utgåve nr 2: (plantevern-tema) samt prosjektartikkel frå eit rognebærmøllprosjekt som vart støtta i 2012 (Bioforsk/NLR). I utgåve nr 3: tema gjødsel, i tillegg hadde NLR-rådgiver J. Haslestad ein artikkel om ein økologisk solbærprodusent som hadde gjennomført eit foredlingsprosjekt med Nofima. Andre bidragsytarar som har skrive om økologisk fruktdyrking: I utgåve nr 5 hadde Endre Bjotveit (NFR-Hardanger) skrive ein artikkel frå markdag på det økologiske visningsfeltet på Lofthus, samt eit kompostprosjekt i frukt- bærfelt, som NLR-viken driv.

Nyplantingsmanualen for etablering av fruktfelt, vart ferdig for distribusjon i 2013. Den vart spreidd på samlingar for konvensjonelle og økologiske fruktdyrkarar, og vart godt motteken i både konvensjonelt og økologisk dyrkarmiljø: Last ned rapporten her…

I Balestrand har Jon Asbjørn Målsnes saman med NLR Sogn og Fjordane arrangert kurs for å auke avling og kvalitet hjå frukdyrkarane som leverer

Page 5: Oppnådde resultater i 2013 2)...-rapport ferdig i 2014. Partnarar: NLR Hardanger og teke i planlegginga av kursmodulane og deltok på ein dagssamling i grunnmodulen i 2013. Kursdeltakarar

Side: 5 av 14

broparten av avlinga til industri – Balholm fruktjus. Det har vore arrangert to skjeresamlingar og sendt ut sms-varslingar for å gje råd om optimal haustetid for å gje god jus-smak. Prosjektet vert avslutta med sluttutbetaling i 2014 (kr 5000).

Eivind Vangdal har hatt ansvar for plantevernplanane som Bioforsk ferdigstilte i 2012. Plantevernplanane for økologisk frukt- og bærproduksjon ligg ute på heimesidene til agropub.no her…. Samtidig som planane vart distribuert, deltok Føregangsfylke økologisk frukt og bær i diskusjon med NLR og Bioforsk om korleis ein ville prioritere og fremme nye innsatsmiddel (plantevern og gjødsel) i økologisk frukt-og bærnæring. Sjå artikkel om grunnlagsrapporten for dette arbeidet her…, utarbeidd av Njøs Næringsutvilkling. Det vart laga ein føredragsturne kor plantevernplanane av Eivind Vangdal og om ugrasreinhald av Frøydis Linden, samt ein oppmuntring til økologisk drift, vart presenterte på plantevernmøta i alle fruktdistrikt i Noreg: Leikanger, Kvam, Lofthus, Gvarv, Lier. Plantevernmøta er eit årleg møte for både konvensjonelle og økologiske fruktdyrkarar i området. Det var mellom 20-50 deltakarar på møtene.

NLR-Sogn og Fjordane tok i samarbeid med SJH initiativ til eit stimuleringsprosjekt for å få fleire birøktarar som kan samarbeide tett med fruktdyrkarar for å auke pollineringsgraden i frukthagar. Prosjektet er KIL-støtta med delfinansiering frå Føregangsfylkeprosjektet. Pollinerings-fagdagen i visningshagen på Njøs, vart gjennomført med prosjektleiarane i dette prosjektet. Kurset startar opp i 2014, sjå kursannonsering her…

b) Kort vurdering av resultatoppnåelsen i 2013:

Page 6: Oppnådde resultater i 2013 2)...-rapport ferdig i 2014. Partnarar: NLR Hardanger og teke i planlegginga av kursmodulane og deltok på ein dagssamling i grunnmodulen i 2013. Kursdeltakarar

Side: 6 av 14

Dei økologiske frukt-og bærareala aukar framleis, men det er endå ein veg å gå for å få ned utsorteringsgraden og opp andelen av avlinga som vert seld som økologisk gjennom grossist. Tabell 3 og 4: Innsamla tal (volum (kg) og fråsorteringsprosenten til kl 2. på fruktlager) for økologisk eplefrå dei største fruktlagra i Noreg (innsamla av Føregangsfylke i 2014). Tala er fordelt per fylke.

Tabell 3 Eple Hordaland Sogn og Fjordane Telemark Buskerud

totalt inn på lager, kg 8,928 26,697 85,906 34,000

seld som økologisk, totalt 5,170 17,644 85,906 22,780

seld som økologisk via Bama/Coop 2930 12,202 48,030 15,187

% seld som økologisk totalt 58 66 100 67

% seld som økologisk via Bama/Coop 33 46 56 45

% fråsortering Raud Aroma 32 12

% fråsortering Discovery 17 10

% fråsortering samla 25 11 29 33

Tabell 4 Plommer Hordaland

totalt inn på lager, kg 30,005

seld som økologisk, totalt 10,032

seld som økologisk via Bama/Coop 10,032

% seld som økologisk total 33

% seld som økologisk via Bama/Coop 33

% fråsortering, alle sortar 14

Ein ser frå tabell 3 og 4 at det er stor variasjon i kor stor grad deil økologiske eplene og plommene vert omsett som økologisk. Den lågaste omsetningsprosenten er på 58% (inkludert kl 2. til industri) til 100%. Elles er fråsorteringsprosenten på eple frå 11% til

Page 7: Oppnådde resultater i 2013 2)...-rapport ferdig i 2014. Partnarar: NLR Hardanger og teke i planlegginga av kursmodulane og deltok på ein dagssamling i grunnmodulen i 2013. Kursdeltakarar

Side: 7 av 14

33%, men stor variasjon på sort. Det er difor grunn til å undersøke årsakene til fråsorteringsprosenten (kvalitet) og arbeide for at større delar av produksjonen skal verte omsett som økologisk i framtida. Arbeidet med å auke omstjingsprosenten som økologisk er eit hovudfokus for marknadsarbeidet og det produsentretta arbeidet i Føregangsfylke økologisk frukt og bær i 2014.

Planlagt tiltak 1: Nasjonalt formidlingsarbeid for økologisk frukt-og bær gjennom nettside og andre kommunikasjonsmedium (omskriving av opprinneleg formulering). Målepunkt(er) for 2013:

a) Gjennomførte aktiviteter i 2013:

Kommunikasjonsplanen for Føregangsfylke økologisk frukt og bær vart ferdigstilt i 2013, etter ein workshop med deltakarar frå frukt-og bærmiljøet den 30. januar 2013. Den har vorte sendt SLF i samband med søknad om vidareføring av Føregangsfylke økologisk frukt og bær. Kommunikasjonsplanen vil nyttast i det vidare arbeidet med formidling av produsentretta informasjon om økologisk frukt og bær i Noreg. Den vil oppdaterast i 2014, og vurderast opp mot den komande NILF-rapporten om haldningar til økologisk frukt, bær- og grøntdyrking (A. Milford). Kommunikasjonsplanen vil bli spreidd blant samarbeidspartnarane til Føregangsfylke økologisk frukt og bær i 2014.

Målsetjinga om å etablera hagis.no i samarbeid med NLR vart ikkje mogleg å etablera i 2013, men vil avklarast i 2014. Prosjektleiar har fått brukartilgang til eit test side på eit framtidig fagforum for frukt og bær på nlr.no/hagis.no, og dialogen om å bidra til nettinformasjon om økologisk frukt og bær i nlr.no er god. I mellomtiden har bloggen til føregangsfylke økologisk frukt og bær, halden ved like. Aktiviteten på bloggen er vist under, med i snitt 50 visningar per veke.:

Figur 3: Viser aktiviteten på bloggen okofruktogbar.blogspot.com frå 2010-14. Den

Page 8: Oppnådde resultater i 2013 2)...-rapport ferdig i 2014. Partnarar: NLR Hardanger og teke i planlegginga av kursmodulane og deltok på ein dagssamling i grunnmodulen i 2013. Kursdeltakarar

Side: 8 av 14

midtre streken viser 300 visningar, medan toppstreken viser 600 visningar.Toppen i juni 2013, skuldast videoane som vart lagt ut av maskin-demoen av ugrasmaskina Orrizzonti.

a) Kort vurdering av resultatoppnåelsen i 2013: Det er eit behov for å etalbera eit varig nettbasert informasjonskjelde med produsentretta informasjon. Målet er å få eit godt samarbeid med NLR om dette, og det er gode utsikter for dette no når Føregangsfylke-prosjekta har fått eit nasjonalt fokus. Ein vil halde fram med å lage relevante artiklar, ta gode bilete og betre video-instruksjonsfilmane som vert laga i prosjektet. Høge trefftal i 2013 på bloggen, vart oppnådd når instruksjonsvideoar og nyplantingsmanualar vart lagt ut på nett. Det er behov for å nå ut til samarbeidsaktørar med prosjektinformasjon frå Føregangsfylke økologisk frukt og bær. Prosjektleiar arbeider med å etablere ei eiga prosjektside for Føregangsfylke økologisk frukt og bær på FMHO sine nettsider, under

fanen Økologisk Landbruk. I tillegg er det planar om å sende ut nyheitsbrev frå Førergangsfylke økologisk frukt og bær 4 gonger i året.

Planlagt tiltak 2: Synleggjere flaskehalsar som må løysast på nasjonalt nivå etter evaluering av pågåande prosjekt. Målepunkt(er) for 2013:

a) Gjennomførte aktiviteter i 2013:

Eit 3-årig kompostprosjekt gjennom Njøs Næringsutvikling vart avslutta i 2013, med to utprøvingsplassar : Ernes-feltet på Lofthus i Hardanger og på Njøs Næringsutvikling på Leikangar i Sogn. Erfaringane har vore viktige for å kunne definere problemstillingar som kan løftast inn i større forskingsprosjekt om jordkvalitet (jordtrøttleik) og verknaden organisk gjødsel i jord har på omsetjinga av husdyrgjødsel i økologisk drift. Det har vore eit tett samarbeid med Føregangsfylke Levande Matjord i prosjektet. Sluttutbetaling av 28750 kroner i 2014.

NILF har gjennom to vekstsesongar (2012+2013) samla inn informasjon om arbeidsinnsatsen er i økologiske frukt-hagar. Den har gitt indikasjonar på at det er arbeidssparande å drive mekaniske ugranshandtering, men det er enno

Page 9: Oppnådde resultater i 2013 2)...-rapport ferdig i 2014. Partnarar: NLR Hardanger og teke i planlegginga av kursmodulane og deltok på ein dagssamling i grunnmodulen i 2013. Kursdeltakarar

Side: 9 av 14

ubesvarte spørsmål knytt til for eksempel tynning i plomme og reell arbeidsinnsats i ein økologisk frukt-produksjon med tettplantingar. Undersøkinga vart gjort i Ernes-feltet til Bioforsk, kor det også vert drive forsøksarbeid. NILF har difor eit mål om å formulere eit nytt forskingsprosjekt som inkluderer drifsgranskingar og økonomivurderingar i aktive produksjonsfelt. I prosjektet vil økologisk og konvensjonell fruktproduksjon i tettplantingar vil verte samanlikna. 18750 kroner til sluttutbetaling i 2014.

Innan konvensjonell og økologisk dyrking er ein stadig på leit etter tynningsmiddel som kan lette tynningsarbeidet i fruktdyrkinga. Mekaniske tynningsvispar (handheldne og traktormonterte) har vorte utprøvd, men i dette forsøket ville ein prøve ut bakepulver, som mellom anna har vorte prøvd ut i Sveits med lovande resultat. Prosjektrapport er på veg, og vil danne grunnlag for sluttutbetalinga (20 000 kroner)

Volumundersøking av reell frukt-og bærproduksjon i Sogn og Fjordane vart gjennomført i samarbeid med revisorane i Debioi 2013. Informasjon frå prosjektet vil nyttast til å skape realistiske mål for avlingsforventningar i aktiv drift hjå økologiske frukt-og bærprodusentar, slik at ein i framtida kan drive god produksjonsplanlegging (jmf delmål 1). Prosjektrapport er klar 1. mars, og ein vil publisere eigen artikkel i frukt og bær, frå dette arbeidet. Målsetjinga er også bruke rapporten til å føre dialog med LMD/SLF om innsamling av volum-produksjon i økologisk drift gjennom eksisterande statistikk-innsamlingar.

b) Kort vurdering av resultatoppnåelsen i 2013: Det er eit kontinuerlig arbeid å løyse flaskehalsar i økologisk frukt-og bærproduksjon. Ein ser no ein tendens til at mange av flaskehalsane kring ugrashandtering og gjødslingspraksis kan løysast, men det er ingen grunn til å slutte å leite etter nye løysingar og meir kunnskap kring desse spørsmåla. Finjustering av gjødselstidspunkt er viktig å finne fram til for å kunne rågje for ein profesjonell økologisk frukt-og bærproduksjon. Ein ser også at nokre av problema kring plantevern kan løysast gjennom lettare og billegare godkjenningsprosedyrer for seljarane av produkta, dersom nytt planteverndirektiv i EU vert godkjent. Føregangsfylke økologisk frukt og bær ser også fram til avklaringar kring øko-regelverket, og har saman med NLR gitt uttale til Mattilsynet/LMD om konsekvensane

Page 10: Oppnådde resultater i 2013 2)...-rapport ferdig i 2014. Partnarar: NLR Hardanger og teke i planlegginga av kursmodulane og deltok på ein dagssamling i grunnmodulen i 2013. Kursdeltakarar

Side: 10 av 14

kring innstramming av parallellproduksjon i økologisk drift. Det er viktig med god kommunikasjon om mellom forvaltning og næringa for å ikkje skape for store byråkratiske hindringar for å kunne auke produksjonen av økologisk frukt og bær. Det er trong for betre statistikk for reell volumproduksjon av økologisk frukt og bær, for å kunne vurdere om tiltak og tilskot fører til auka produksjon. Det er færre utlysingar av forskingsmidlar gjennom forskingsrådet som rettar seg direkte mot økologisk dyrking. Det nokre av grunnane til at det har vore få forskingsprosjekt gjennom Forskingsrådet i Bioforsk dei siste åra, som har vore retta mot økologisk produksjon.. Det er ynskjeleg å stimulere til fleire forskingsprosjekt på jordkvalitet i framtida og betre dokumentasjon av økonomien i økologisk fruktproduksjon.

Planlagt tiltak 1: Effektiv og sikrare omsetjing av eit auka volum av norskprodusert økologisk frukt og bær Vidareutvikle kanalar for omsetjing av økologisk frukt og bær. Målepunkt(er) for 2013:

a) Gjennomførte aktiviteter i 2013:

Hausten 2013 vart det bestemt at ein må dreie arbeidet i Føregangsfylkeprosjekta over mot marknadsretta aktivitetar. Gjennom ein studietur til tre land i Europa med liknande høve som i Noreg: Sveits, Austerrike og Nord-italia (Sør-Tyrol) fekk styringsgruppa og SLF eit innblikk i korleis ein har bygd opp ein økologisk produksjon innan økologisk frukt og bær over lang tid, i dei tre landa. Dei hadde kome lenger i å bygge opp sin produksjon, men hadde alle erfart kor viktig det er med god organisering av produsentane og produksjonsplanlegging, samt god dialog med marknadskanalane. Artikkel frå turen vil verte publisert i 2014.

Page 11: Oppnådde resultater i 2013 2)...-rapport ferdig i 2014. Partnarar: NLR Hardanger og teke i planlegginga av kursmodulane og deltok på ein dagssamling i grunnmodulen i 2013. Kursdeltakarar

Side: 11 av 14

Kokkar, produsentar, grossistar og forvaltning møttest til eit praktisk seminar om produktutvikling innan økologisk og konvensjonell lokalmatproduksjon. Det var ein samproduksjon mellom matkontaktane i Matmerk, hjå FMHO, Bioforsk, Kompetansenavet Vest og Føregangsfylkeprosjektet. Les meir om arrangementet her… . Det var 46 deltakarar inkludert arrangører, kokkar og produsentar. Vellukka arrangement! – og planlagt nytt i 2015. Deltakarane fekk tilbod om å reise til Biofach.de i Tyskland gjennom ein studietur arrangert av FMHO, for å få idear til nye produkt gjennom å sjå eit produktmangfald på øko-messa i Tyskland.

Føregangsfylke økologisk frukt og bær var tilstades på Matfesten i Bergen med stand i ”øko-avdelinga” saman med OIKOS, Reindyrka, Reint Digg og Slow Food Bergen. Smoodiesykkelen vart brukt igjen på Reint Digg arrangmentet saman med 4H-Hordaland, og ei nyinnkjøpt frukpresse vart brukt til å lage ferskpressa eplejus. Den ferske jusen og aktiviteten med å presse den, trakk mange publikumarar og skapte positivt omdømme og gode smaksopplevingar kring økologiske frukt-produkt. To øko-produsentar frå Hardanger selde økologiske plomme og eple – plommene vart utselde, men nokre kilo eple vart sendt tilbake.

Skulefrukt-prosjektet vart i år fullført med vellukka satsing på å enkeltmerke skulefrukt i abonnementsordninga i Hordaland. Tilbakemeldingar frå undersøkinga finst her… Eit undervisningsopplegg for barneskulen om økologisk eple vart utvikla, men ikkje utprøvd enno Ein prøvde også få testa ut smak på små eple (60-65), men storskalatesting av dette vart utsett til 2014. Ein ny test på smak og storleik, vil utarbeidast av skulefruktordninga sentralt i samarbeid med fruktlagra i Noreg. Eigen prosjektrapport og artiklar frå prosjektåret 2013, vil utarbeidast våren 2014. Bioforsk utarbeidde forslag til nye kvalitetskriterier for norsk frukt i skulefruktordninga. Det er også eit ynskje om å halde fram med enkeltmerking av skulefrukt for å synleggjera norsk økologisk frukt i skulefruktordninga. Mål for 2014 er å få 20% øko-andel inn i skulefruktordninga si nye konkurranse.

Sesongkalender for storkjøkken vil bli ferdigstilt i 2014 saman med Føregangsfylke økologisk grønt. Den vil bli publisert i trykt form og til nedlasting på Opplysningskontoret for frukt og grønt sine heimesider.

b) Kort vurdering av resultatoppnåelsen i 2013:

Page 12: Oppnådde resultater i 2013 2)...-rapport ferdig i 2014. Partnarar: NLR Hardanger og teke i planlegginga av kursmodulane og deltok på ein dagssamling i grunnmodulen i 2013. Kursdeltakarar

Side: 12 av 14

Erfaringane frå 2013 viser at ein må arbeide med marknadsretta tiltak i endå større grad i framtida, då etterspørsel etter økologiske råvarer er viktig for å kunne stimulere til nyplanting og auka volum av økologisk frukt og bær. Produktutvikling er viktig for å kunne by fram eit produktmangfald og vere attraktiv for både i lokalmatsektoren og daglevarehandelen. Offentleg innkjøp er viktig for å kunne få omsett all økologisk frukt-og bærproduksjon - spesielt ukurante størrelsar som ikkje daglegvarehandelen etterspør til sine standardpakningar. Å få omsett små eple til skulefruktordninga og store fruktstørrelsar til institusjonar og storkjøkken som likevel ikkje har krav til storleik, er viktig for å gje produsentane betre økonomi og motivasjon for vidare økologisk drift. Å gjera økologiske produkt synlege gjennom matfestar og forbrukarretta arrangement er viktig også i framtida. Å få fram at forbrukaren må etterspørre norsk og økologisk er viktig for å sikre kjøp av norske økologiske råvarer i framtida. Konkurransen frå økologiske importvarer er stadig aukande, grunna høg pris på norske produkt. Betalingsvilja for norske varer er høg, men ein ser ein tendens til at det er vanskeleg å oppnå meir enn 20% meirpris – i EU oppnår mange øko-produsentar alt frå dobbel til tredobbel pris i høve til tilsvarande konvensjonelle produkt.

Administrative kostnader

a) Gjennomførte aktiviteter i 2013: 5 styringsgruppemøter vart gjennomførte i 2013 kor to av møtene vart gjennomførte i produksjonsområda (Njøs og Lofthus)

SUM påløpte kostnader

Samarbeid og organisering 4)

Samarbeidspartnere (andre foregangsfylker, andre prosjekter, rådgivingstjeneste osv) : Viktigaste samarbeidspartnarar: NLR: Norsk Fruktrådgjeving Hardanger, NLR-Hordaland og Sogn og Fjordane, Norske frukt og bær-rådgjevarar og fag koordinator frukt og bær i NLR, Fagkoordinator i NLR for økologisk produksjon, Samarbeid med Føregangsfylka (i Vestfold, Buskerud og Oslo-og Akershus og Østfold), Gartnerhallen, Njøs Næringsutvikling, Bioforsk Ullensvang, Hjeltnes VGS, Sogn Jord-og Hagebruksskule, Ressurssenteret ved SJH, Kompetansenavet vest, Fruktlagra i Sogn og Fjordane og Hordaland og Telemark, Mattilsynet Ås og Debio, Bioforsk Plantehelse, Balholm, Skolefruktansvarlege ved OFG, Nofima.

Kort om samarbeidsform (i referansegrupper, på arrangementer, osv.): Styringsgruppa er eit godt styringsorgan for prosjektleiar. Det har og vorte gjennomført møter med relevante samarbeidspartnarar i dei to fylka på enkeltmøter

Page 13: Oppnådde resultater i 2013 2)...-rapport ferdig i 2014. Partnarar: NLR Hardanger og teke i planlegginga av kursmodulane og deltok på ein dagssamling i grunnmodulen i 2013. Kursdeltakarar

Side: 13 av 14

som prosjektleiar har teke initiativ til, og gjennom styringsgruppemøter kor ein har møtt representantar frå Njøs Næringsutvikling og Bioforsk Ullensvang.

Erfaringer med organiseringen av arbeidet i 2013: I andre halvår i 2013, gjekk mykje arbeidstid med til å få innspill på og formulere ny prosjektsøknad for ei ny arbeidsperiode for føregangsfylkeprosjekta. Det er eit mål å samle samarbeidspartnarane til Føregangsfylkeprosjektet for økologisk frukt og bær og tilknytingsprosjekta, til eit prosjektmøte, hausten 2014, for å planlegge felles aktivitetar i det nye året.

Annen informasjon om aktivitetene/ prosjektet i 20135)

Kommentarer til budsjett og forbruk6)

Inkludert i rekneskapsfeltet – sjå vedlegg med rekneark for rekneskapet.

Page 14: Oppnådde resultater i 2013 2)...-rapport ferdig i 2014. Partnarar: NLR Hardanger og teke i planlegginga av kursmodulane og deltok på ein dagssamling i grunnmodulen i 2013. Kursdeltakarar

Side: 14 av 14

Veiledning til malen 1) Hovedmål/ delmå/tiltak

Beskriv i venstrekolonnen i hovedmål/ delmål/ tiltak, slik dette er framstilt i prosjektplanen for prosjektet. Angi det som har vært målepunkter for 2013, evt. hvor langt en

ønsket å komme i 2013 for mål/målepunkter som er satt opp for større deler av prosjektperioden.

2) Oppnådde resultater i 2013

Gi en kort beskrivelse av;

a) Gjennomførte aktiviteter i 2013 (type tiltak og antallet der det passer) for hvert delmål/tiltak og for formidling/kunnskapsoverføring .

b) Kort vurdering av resultatoppnåelsen i 2013, dvs. om en fikk gjennomført det som var planlagt. Kommenter dersom tiltak ikke er gjennomført på tiltenkt måte, eller ikke

er i henhold til intensjonen og planene i begynnelsen av året.

Til 1 og 2: Bygg på/kopier rader nedover slik at det passer med strukturen i prosjektet.

3) Påløpte kostnader i 2013

Angi prosjektets totale kostnader per 31.12.2013 fordelt på de ulike tiltakene. Evt. forskjeller mellom budsjett og forbruk for hele budsjettåret 2013 må kommenteres i

punkt 6.

4) Samarbeidspartnere

Beskriv samarbeidspartnere, samarbeidsform, og gi en kort vurdering av om arbeidsdelingen i prosjektet har fungert som forutsatt, og om engasjementet hos

samarbeidspartnere er som ønskelig.

5) Annen informasjon om aktivitetene/ prosjektet i 2013

Her kan evt. andre opplysninger om arbeidet i 2013 som ikke inngår i de øvrige boksene i skjemaet beskrives. For eksempel spesielt positive erfaringer, og/eller spesielle

utfordringer. Det kan også vises til linker for nyhetssaker eller publikasjoner. Dersom det er vedlegg til rapporten kan disse spesifiseres i dette punktet.

6) Budsjett og forbruk

Kommenter evt. forskjeller mellom budsjett og forbruk.