på liv og død

30

Upload: det-norske-samlaget

Post on 29-Jul-2016

225 views

Category:

Documents


1 download

DESCRIPTION

Distriktsjordmødrenes historie. Av Aud Farstad,

TRANSCRIPT

Page 1: På liv og død
Page 2: På liv og død

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 1

Page 3: På liv og død

Aud Farstad

På liv og dødDistriktsjordmødrenes historie

SamlagetOslo 2016

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 3

Page 4: På liv og død

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 2

Page 5: På liv og død

Til familien min og den norske velferdsstaten

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 5

Page 6: På liv og død

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 6

Page 7: På liv og død

Forord

Er det noko som gjeld alle menneske i eit samfunn, så er det fødselshjelpa. Knaptnoko er så avgjerande for livet som kva for hjelp mor og barn får i samband medfødselen.

Dette er historia om dei som gjennom 200 år hjelpte barn til verda her i landet.Dei offentleg tilsette distriktsjordmødrene som drog ikring i heimane og tok imotnytt liv – eller måtte sjå døden i auga.

Boka fortel jordmødrene si kultur- og sosialhistorie. Vi fylgjer tett mange his-toriske jordmødrer frå oppveksten deira til dei avsluttar gjerninga si. Det var kvin-ner av folket som var dei første utdanna kvinnene i Noreg. Dei kom frå alleutkantane i riket, mange av dei gjekk heile vegen både til og frå jordmorskulen iKristiania for å skape seg ei framtid. Desse kvinnene var pionerar på mange felt.Jordmoryrket var det første formelle yrket som var ope for kvinner. Jordmorskulenstarta i 1818 og var den første formelle utdanninga for kvinner i Noreg. Det varikkje før i 1882 at kvinner fekk rett til å ta examen artium, og sjukepleiarar varikkje vanleg før på slutten av 1800-talet. Jordmødrene var òg dei første offentlegekvinnelege funksjonærane. På 1900-talet var dei ofte dei første kvinnelege folke-valde i mange kommunar. Saman med distriktslegane representerer dei byrjingapå eit offentleg helsestell og med dette kimen til velferdsstaten. Jordmødrene vari over 100 år den næraste utdanna helsearbeidaren for folk på landsbygda i Noreg.Også internasjonalt er dei offentleg tilsette jordmødrene si sterke, sjølvstendigestilling i Norden spesiell.

Møre og Romsdal – Romsdals amt – var det første fylket som fekk i stand eioffentleg finansiert jordmorteneste på landsbygda i Noreg. Det skjedde i 1784.Fylket var òg gjennom heile 1800-talet det fylket i landet som utdanna flest jord-mødrer ved å gje tilskot til utdanninga. Møre og Romsdal hadde flest jordmødrerper fødande gjennom heile 1800-talet. Fylket er difor særskilt eigna til å studereden offentlege jordmorinstitusjonen si utvikling. Sunnmøre futedøme, som varden mest folkerike delen av amtet og den med flest jordmødrer, peikar seg ut i såmåte. Sunnmøre fungerer i denne boka som eit prisme ein kan sjå heile landetigjennom. Rammeverket rundt jordmødrene sitt yrke var likt i heile landet. Deivar underlagde det same lovverket, gjekk på dei same skulane, hadde det same ut-

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 7

Page 8: På liv og død

styret i kofferten. Dei hadde sams utfordringar når det gjaldt å kome seg fram tildei fødande, hjelpe mora og barnet og hente lege når dei trong det. Problemamed å få betalt for arbeidet sitt hadde dei òg til felles. Like eins å få ein skikkelegbustad, organisere seg og få forståing for yrket både hjå dei dei skulle hjelpe, oghjå styresmaktene.

Distriktsjordmødrene sitt liv og virke var rikt på drama og utfordringar. Deihadde plikt til å dra når dei vart kalla. Reisevegen var ofte lang, ikkje sjeldan fare -full og oftast fysisk krevjande. Når dei kom fram til fødekvinna, stod dei framforei endå større utfordring der to liv og ein heil familie si velferd stod på spel. Ikkjealle klarte det, men mange utførte bragder som redda liv. Det var verkeleg eit yrkepå liv og død!

Aud Farstad

8 | på liv og død

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 8

Page 9: På liv og død

I den ytste utkant, når livets ytste grenser møtest, då har ein ikkje nokon knappå trykke på i kritiske situasjonar. Då må ein bruke erfaring og sunt vit for å komeseg igjennom.

Petra Hellesylt Sæther

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 9

Page 10: På liv og død

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 10

Page 11: På liv og død

I slutten av februar 1794, midt i torskefisket, skulle 36 år gamle Kari Kristensdotterpå øya Giske i Romsdals amt føde for første gong. Nabokonene frå dei andre bruka iklyngetunet på Giskegjerde hadde kome til hjelp og henta med seg nærkona. Samanheldt kvinnene varmen ved like i røykstova, døra godt attlaten, lyset tent i tranlampenog budde seg elles på fødsel slik dei pla gjere. Dei strødde halm på golvet og la eit teppeover, slik at fødekvinna kunne stå på kne.

Sidan fødselen var vanskeleg, måtte mannen til Kari, Knut, gå og løyse på alt somvar knytt rundt på garden, slik ein ofte gjorde når ein ville at fødselen skulle kome igang. Kvinnene kitla Kari under nasen for å få henne til å nyse og stakk fingrane ihalsen hennar slik at ho skulle kaste opp. Alt for å få fart på riene. Dersom dette ikkjehjelpte, var kvinnene budde på å hente Knut att for å riste i gang fødselen. Då bøygdeKnut ryggen mot Kari sin rygg, heldt henne i armane og rista kona si alt han var karom. Etter kvart var Kari omtåka av brennevinet dei hadde gjeve henne mot smertene.

Eitt eller anna gjorde at nokon reiste etter jordmora. Det var sjølvsagt at grannanehjelpte ved slike høve. Mennene på garden fekk båten ut. Jordmora, Marte Larsdotter,budde på granneøya mot sør, Heissa. Det var ikkje noko fyr på strekninga den gongen,men dette var menn som kjende farvatnet om det var natt eller dag, og som haddevore i båt og halde i årer og segl så lenge dei kunne hugse. Dei rodde eller sette segletter som vinden var. For å sleppe unna vestsida av øya, der det var ope hav, gjekkturen gjennom Steinvågsundet. Ein av karane gjekk så over Hessaskaret til Marte Lars-dotter. Jordmora pakka seg inn mot det isande draget i open båt ein vintersdag ogfylgde med dei.

Ved god bør var det vel ein halvtimes sigletur til Giske. På turen fekk jordmorahøyre litt frå karane og budde seg på det som venta henne hjå den eldre førstegongs -fødande.

På Giskegjerde tok Marte Larsdotter imot to levande barn. Tvillingane vart døypte2. mars 1794. Guten, Halkjell, vart døypt først, sidan han vart fødd først, og etterpåkom jenta, Marta Cathrina.

Då jordmora vart rodd heim att til Heissa, låg tvillingane i vogga, godt reiva meddet to meter lange bandet i ull surra rundt kroppen og med noko gammalt sølv ellernoko skarpt av metall i vogga saman med ei side frå ei salmebok. Det var heilt sikkertòg eit lys som brann i rommet natt og dag til dei små vart døypte. Dette skulle vernedei to mot dei vonde maktene.

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 11

Page 12: På liv og død

Slik kan vi tenkje oss at det gjekk føre seg då Halkjell og Marta på Giskegjerdevart fødde. Dei var mellom dei aller første på Sunnmøre som kom til verda med pro-fesjonell jordmorhjelp.

12 | på liv og død

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 12

Page 13: På liv og død

Innhald

PIONERJORDMØDRENEDen første jordmorordninga på landsbygda i Noreg 1784–1810 19

Eit gammalt handverk 23«Jordmor» – eit ord med uklart opphav 23Kjende jordmødrer i historia 25Tru og vantru – jordmødrene var kyrkja sitt ansvar 27

Fødsel blir vitskap – staten organiserer jordmorutdanning 29Dugande, kristne kvinner – den første jordmorordninga på landsbygda 30Even Hammer – opplysningsmann og amtmann 30Prestar og kirurgar – dei første dokterane i Noreg 31Framande fuglar – dei første dokterane på Sunnmøre 32Folkevekst som aldri før 33Dei første jordmødrene i Romsdals amt 34

Ut i jordmorteneste 35«Godt nemme, heldig anlegg» – Marte Larsdotter Heissa 36Fødeseng og årelating – jordmødrene si lærebok 37Tvillingar og dødfødslar – Marte Larsdotter si liste 40Halshogging for barnedrap 44Jordmødrene – kvinner av folket 47Heller gratis nabohjelp enn utgifter til jordmor 48«Gammel og affældig» – pensjon for jordmødrer 49Gleda er utan historie 50Forsiktig byrjing – langsiktig verknad 50

Dåp 52Den vesle heidningen 55Tapte, rotlause sjeler 55

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 13

Page 14: På liv og død

FRÅ UYNSKT TIL UUNNVERLEGDistriktsjordmorinstitusjonen på 1800-talet 57

Tre kvinner gjev seg i veg til utdanning 62To viktige lover for folket 62

Koppevaksinering – første helsetiltak for alle nordmenn 62Jordmorlova av 1810 – ein milepæl 64Romsdals amt fylgjer ikkje lova 65

På jordmorskulen 66Elevar frå mosegrodde, torvtekte hus 66Til fots gjennom landet – reisa til jordmorskulen 68Kultursjokk – møtet med hovudstaden 71Læring og lengt – skulegangen på Fødselsstiftelsen 72Fødselsinstitusjonar – farlege for fødande 79Forakt for kvinneliding – Fødselsstiftelsen sett frå dei fødande 81Rotteplage og snømoking – Fødselsstiftelsen kjempar med tilværet 84Eksamensskrekk 84Bergen – nok uekte fødslar til ein fødselsstiftelse 87

Ut i jordmorteneste 89Folket sine eigne legar 90Sjukehus – ei naudløysing for dei fattigaste 91Apotek – medisin, krydder og sjokolade 91Langt mellom dokterar 92Dei to første skuleutdanna jordmødrene heim til Sunnmøre 94Kampen for fødselsmonopolet 99Ei ufør jordmor 101Demokratiet – ingen fordel for jordmødrene 102Åtte år med pliktteneste 104Berte Lassedotter – ugift mor og jordmor 105Få fødslar med jordmorhjelp – Noreg i 1860 109«O Gud giv os lit varme» – allmugen sine livsvilkår 110For lite hovud, for store hender – «vitskapeleg» syn på kvinner 117Svangerskap – ei farleg tid 122

Hent jordmora! – reiser til den fødande 124Fødsel – «To menneskers liv i en jordemoders hånd» 128

Stetoskopet – det klassiske jordmorinstrumentet 135Spedbarnsstell – kringle, morsmjølk og farlege bad 136

14 | på liv og død

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 14

Page 15: På liv og død

Når noko gjekk gale 139Drap på spedbarn 147Kampen om fødselstonga 151«Jordmoderen må have et renligt hjem» – kampen mot barselfeberen 157Legar versus jordmødrer – ei klassekløft 160Romsdal – amtet med best jordmordekning 164

Kampen for levebrødet 164Svelteløn frå amtet 173Flaggstong og flate bøar – vanskane med å få honorar 177Konkurransen frå ufaglærte 178Koppevaksinering – meir heft enn lønt 180Lang kamp for pensjon 181Tolmodet tek slutt – jordmødrene klagar til Stortinget 185Severine Ryther – ein pioner for jordmorstanden 186Jordmorløna – ein tragisk rekord 190

Redda jordmødrene liv? 190Tre jordmødrer set frå seg jordmorskrinet 192

Jakobine Ibenfeldt – jordmora som trekte det lengste strået 192Maren Kristine Vegsund – ein tragisk slutt 193Berte Lassedotter Vadset – gravstein frå kommunen 194

«NEST GUDFRYKTIGHED ER RENLIGHED DENSTØRSTE DYD»Distriktsjordmorinstitusjonen frå 1900 til 1940 195

Johanne Torine Gammelsdotter med dampbåt til Bergen 199På jordmorskulen 201

Skremmande første møte med skulen 201«Aldri får vi sige nei» – skulegangen i Bergen 202Overjordmor som den gode mor 203Eksamen – «maskinen» og høge herrar 208Nest etter slottet – den nye kvinneklinikken i hovudstaden 209«En broget forsamling» – jordmorutdanninga under lupa 213

Jordmødrene si stordomstid 220Johanne Drabløs – jordmor i ei verd driven av kvinner 223

Hent jordmora! – reiser til den fødande 236Fødslar, barnestell og familieplanlegging 243

innhald | 15

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 15

Page 16: På liv og død

Fødsel, kvile og sengjamat 244Morsmjølka – «spædbarnets første menneskerettighet» 246Færre dødsfall i barselseng 248Familieplanlegging – ein stille kulturrevolusjon 250

Kampen for levebrødet 253Tidsskrift for Jordmødre – einaste vindauge mot verda 254Ny jordmorlov – nytt vonbrot 255Ei pinleg låg løn 258Skikkelege ungar for fem kroner – prisen for jordmorhjelp 263Organisering av jordmødrer – ei sørgjeleg historie 267Framtida bankar på 274

Jordmortenesta i Ålesund 278

FRÅ UUNNVERLEG TIL OVERFLØDIGSlutten for eit tradisjonsrikt yrke 1940–1984 281

Petra Hellesylt og Oddny Holte – høgt verdsette jordmødrer 288Petra sin heilage lovnad 288«Hugs, Oddny, du har jordmorhender!» 291

Jordmorskulen – lange, lærerike dagar 294Frå 1926 – ein moderne kvinneklinikk i Bergen 303Vanskeleg å få etterutdanning 305Sjukepleiar eller jordmor – kamp for eit gammalt yrke 308

Ut i jordmorteneste 309Helsevesenet i Sunnylven – dokter, sjukesøster og jordmor 310Krig og barnefødslar 313Fred og nye tider 316Tid til kvar einskild – Oddny Holte vil ut i distriktet 317

«Dei buldra på døra verre enn verst» – reiser til den fødande 318Andre tider, andre skikkar – fødslar etter den andre verdskrigen 327

Eit renn med tisseprøver 328Jordmora sine eigne sorger 328«Skrik, du, det hjelper, det!» – gamle skikkar og ny kunnskap 329Den store skilnaden – Petra Sæther hospiterer i USA 334Smertelindring og mindre kampglød 335Når noko gjekk gale 337Teieplikt og moralske dilemma 338

16 | på liv og død

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 16

Page 17: På liv og død

Dei som passa koner – betalt hjelp i heimen 339Fødselsinstitusjonar – frå krisehjelp og jåleri til naudsynt tiltak 341

Kampen for levebrødet 357Kvar jordmor for seg sjølv 359To klasser jordmødrer – distriktsjordmødrene misser respekt 361Fylkeslege og distriktsjordmor – to ulike røyndommar 363Utmattingstaktikk mot ein gammal stand 365Splitta fagforeining støyter mot mannsmuren 368Ulik utvikling i dei nordiske landa 373Trass tidsånda held sentraliseringa fram 374Ny helselov – jordmødrene som svarteper 376Protest hjelper ikkje – om nedlegging av fødestovene 379

Jordmoryrket – ein stolt tradisjon 384

Notar 389Litteratur 407Takk 419Illustrasjonsliste 420Personregister 422

innhald | 17

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 17

Page 18: På liv og død

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 18

Page 19: På liv og død

PIONERJORDMØDRENE

Den første jordmorordninga på landsbygdai Noreg 1784–1810

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 19

Page 20: På liv og død

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 20

Page 21: På liv og død

Hovudperson i dette kapittelet:

Marte Larsdotter Heissa, fødd Lyshol1752–1817

Fødd i SykkylvenGift i 1780

Småbrukarkone på øya Heissa i Borgund prestegjeldEit barn, fødd i 1782

Undervist i jordmorkunsten av amtslegen i ca. 3–4 månader i 1789Den første formelt utdanna kvinna i Romsdals amt

Autorisert jordmor i delar av Borgund prestegjeld frå 1789

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 21

Page 22: På liv og død

22 | på liv og død

Marte Larsdotter Heissa budde på øya Heissa i Ålesund. Nøyaktig kor stort distriktet hennarvar, er ikkje kjent. Men frå lista hennar over fødslar går det fram at ho hadde deler av nord-sida av Sula, Ålesund og austover mot Nørve og øyane vest for Ålesund, Godøy, Giske ogValderøy. Giskegjerdet, på øya Giske, der fødselen skildra på side 11 fann stad, ligg litt nord-aust for kyrkja.

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 22

Page 23: På liv og død

Jordmora som tok imot tvillingane på Giskegjerde denne februardagen i 1794, varden første formelt utdanna kvinna i Møre og Romsdal. Fem år før hadde ho fåttautorisasjonen sin etter fullført opplæring i Molde.

Eit gammalt handverk

Det har alltid vore kvinner som har hjelpt andre kvinner i barnsnaud. Etter gam-mal norsk rett var det ei plikt for gifte kvinner å hjelpe medsøstrer som skulleføde, og den hjelpa skulle vare til barnet var lagt til brystet.1 Nokre kvinner visteseg spesielt dyktige og vart difor oftare tilkalla enn andre. Gjennom tidene og iulike dialektar har det vore mange namn på kvinna som hjelpte den fødande. Deteldste ordet for jordmor i Noreg er truleg bjargrýgr, som tyder hjelpekone. Etterkvart vart «nærkone» eller «hjelpekone» brukt om dei som var ufaglærte, medan«jordmor» vart brukt om dei som var jordmorskuleutdanna. Men slik var ikkjeskiljet i byrjinga. Frå 1500-talet av vart «jordmor» brukt både i lovverket og i andreskriftlege kjelder som namn på den kvinna som hjelpte ved ein fødsel. Først på1700- og 1800-talet, etter at jordmødrene fekk formell utdanning, vart skiljet mel-lom jordmødrer og hjelpekoner skarpare. Frå mellomalderen til moderne tid ut-vikla jordmoryrket seg frå ei uformell ordning mellom grannar, via eit handverkunder kontroll og skulering av prestar og dokterar fram til formell skulegang i einfast institusjon.

«Jordmor» – eit ord med uklart opphavInga tyding er endeleg fastlagd. Den vanlege forklaringa er at kvinna fødde på kne eller påhuk i gammal tid, og at barnet difor vart heva opp frå jordgolvet av jord-mora. Men dethar òg vore lansert andre forklaringar. Lily Weiser-Aall viser til folkelivsgranskaren Nils Lidsi forklaring frå 1946 om at ordet «peker på overnaturlige hjelpekoner som oppholdt segunder jorden. […] Det samiske navn maddar-akka for jordmor og en kvinnelig fødselsåndbelyser etter hans oppfatning den nordiske betegnelse jordmor: Akka betyr oldemor, denførste kvinnelige stammor, og maddar er et gammelt finsk-ugrisk ord for jord».2

I Den Norske Jordmorforening sitt 50-års jubileumsskrift nemner dei fleire andre for-

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 23

Page 24: På liv og død

klaringar. Hjalmar Falk hevda ved førre hundreårsskifte at ordet frå først av vart skrive medg – altså gjordemoder – og kan tyde den som «omgjorde» fødekvinna. Det vil seie å leggeeit band over magen på den som skulle føde, noko som var vanleg langt inn i moderne tid.Den andre forklaringa dei framhevar, er at i gammal tid var golvet fasttrampa jord. Ordet«golv» høyrer etymologisk saman med latinsk gleba, som tyder jordklump. I «PostulaSøgur» står det om Maria si jordmorteneste hjå Elisabet: «Hun løftet Johannes opp fra jor-den da han ble født».3

Den nyaste utreiinga om ordet kjem frå professor Ernst Håkon Jahr. Han nemner deimange orda som finst i norske dialektar, som ljosmor, nærkone, stråmor, linnmor og kraf-sekjerring. Etter ein gjennomgang av dei ulike forklaringane og nemningar på ulike språk,set han opp fire mogelege forklaringar på ordet.

1 Ein om-gjorde fødekona anten ved å binde eit band rundt magen hennar eller ved åhalde henne oppe for å hjelpe henne å trykke.

2 Den tradisjonelle forklaringa om at jordmora lyfte barnet opp frå jorda etter fødse-len.

3 Jordånd-forklaringa: Her er det snakk om «Moder Jord» og jord-ånder, som skal be-skytte barnet, og som jordmora er den legemlige representanten for og formidlerav.4

4 Den siste forklaringa Jahr tek fram, er at «jordmor» er ei forvansking av det norrøneordet jó�, som tyder foster eller lite barn. Han viser til Hjalmar Falk, som i 1894 skreiv:

jó�sjúk bruges om kvinden som er i barnsnød, jó�sótt om fødselssmerter. Denne ud-ledning bekræftes, for ikke at sie bevises, af det nyislandske jó� módir, som bruges vedsiden af ljósmódir og ljósa. Herefter skulde da jordemor egentlig hede jodemor, i gam-mel form: jó�a-módir, og ljosmor skulde stamme fra et ældre jó�s-mo�ir.

Jahr har størst tru på dei to siste forklaringane. Den vanlege forklaringa om at fødselengjekk føre seg på jordgolv, avviser han bestemt. Det var ikkje alle som fødde på jordgolv igammal tid heller. Uansett var det strå og halm under kvinnene når dei fødde, dei føddeikkje rett på jorda. Rett nok heiter det på tysk «hebamme» (frå heben = «lyfte»), men kviforein hjå oss berre skulle ta med jorda og ikkje rørsla med å lyfte barnet opp, står uavklart,meiner Jahr.

Ordet fanst ikkje i norrønt, og i ei bibelomsetjing frå slutten av 1400-talet har omset-jaren tydeleg problem med jordmødrene i 2. Mosebok og kallar dei «de kvinder som skuldevære nær barnefødsel».5 Ordet jordmor dukkar først opp i skrift i dansk i 1535 hjå ein lut-hersk reformator og i ei bibelomsetjing i 1550. Nokre år før dukka ordet opp i svensk.

For denne forfattaren sin del – som ikkje er språkforskar, men ser dette frå historikaren

24 | på liv og død

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 24

Page 25: På liv og død

sin synsvinkel – synest det underleg at eit ord som først dukkar opp hjå lutherske teologarog i ei bibelomsetjing på 1500-talet, skulle spele på ein guddom under jorda eller på ei eigakraft frå jorda sjølv. På denne tida var dei lutherske teologane særs opptekne av å haldeseg til den rette læra, og underjordiske guddommar hadde liten plass i det mentale uni-verset deira, for å seie det mildt. At dei danske omsetjarane på 1500-talet skulle ha bruktei forvansking av eit gammalt norrønt ord, synest òg noko søkt, når ein veit kor orientertedei lutherske teolog ane var mot det tyske språkområdet.

Dokter og redaktør for jordmortidsskriftet Nils Andreas Quisling meinte i eit føredragi Kristiania Jordmorforening i 1909 at ein heller burde bruke ord som til dømes «fødsels-hjelperske» og ikkje det gammaldagse jordmor. Jordmødrene på møtet meinte alle at ordetjordmor var uheldig, og kom med framlegg om det franske ordet accoucheuse.6 Resten avjordmødrene i landet var ikkje samde med Quisling eller jordmødrene i Kristiania då deihadde namnevalet oppe på landsmøtet i 1910. Der var det semje om å halde på den gamlenemninga. Den Norske Jordmorforening protesterte òg sterkt då Statens lønnskomité i1977 hadde byrja å kalle jordmødrene «spesialutdannet sykepleier». Leiar i DNJ Regina Bull-Hansen skreiv i eit brev til departementet at jordmortittelen har «urgammel hevd»:

Jordmødre har navngitte kolleger i Det Gamle Testamentet – det skulle vel si noe om hevd og

tradisjon. Så la oss fortsatt kalles jordmødre – også i Staten – selv er vi stolte av vår tittel og

kaster den ikke så lett fra oss.7

Kjende jordmødrer i historia

I Europa har jordmødrer vore yrkesutøvarar sidan mellomalderen. Ei såkalla eksaminert (utdanna) jordmor vart tilsett i den tyske byen Nürnberg i 1381, og iRegensburg vart jordmorverksemda regulert ved lov i 1452. Jordmødrene fekk monopol på verksemda, skulle ha lærlingar og hadde jamvel plikt til å utføre kei-sarsnitt for om mogeleg å redde livet til barnet dersom mora døydde. Hertugenav Braunschweig-Wolfenbüttel sette til dømes alt i 1573 av eit særskilt rom i apo-teket der jordmødrene i hertugdømet skulle sjå på, og lære, når livlegen og kirur-gen obduserte alle kvinnene som hadde døydd i barselseng.8 Legeverksemd iEuropa i mellomalderen var eit handverk. Dei godkjende jordmødrene hadde gåtti lære og fekk visse privilegium og fekk diktert visse plikter, slik det var vanleg forhandverkarar. I Stockholm danna jordmødrene jamvel eit gilde, ei samanslutningav handverkarar som skulle verne om interessene deira. Så seint som i 1819 haddegildet førti medlemmar.9

Ei av dei mest namngjetne jordmødrene var Marie-Louise Bourgeois (1564–

pionerjordmødrene | 25

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:40 Side 25

Page 26: På liv og død

1636), fødd i Belgia og jordmor i Frankrike. Gjennombrotet hennar kom då hoassisterte dronning Maria av Medici. Etter det vart ho hoffjordmor. Ho var ògden første kvinna som skreiv lærebok i fødselshjelp – i 1608. Den røynde 50 årgamle tyske jordmora Justine Siegemond gav i 1690 ut ei lærebok på tysk.10 Homå òg ha vore eit ressurssterkt og sjølvstendig menneske. Etter at ho sjølv fekkblodstyrting i livmora, las og studerte ho alt ho kom over og vart etter kvart eietter trakta jordmor med praksis i fleire land.

Ein tredje pioner var Marguerite Le Boursier du Coudray, fødd i 1712. Ho rea-gerte sterkt på den dårlege fødselshjelpa som kvinner på landsbygda etter hennarrøynsle fekk, og ho sette seg føre å lære opp nærkonene. I 1759 fekk ho kongelegprivilegium til å reise rundt om i Frankrike og undervise nærkoner. Ho haddesjølv konstruert eit såkalla fantom – ein realistisk modell av fødselskanalen og liv-mora. Ved hjelp av denne modellen kunne ho òg undervise dei som ikkje kunnelese og skrive. Ho dreiv på med dette i over tjue år, og initiativet hennar fekk ògavleggarar andre stader i landet.11

26 | på liv og død

I 1690 gav den tyskejordmora Justine Siegmundut ei lærebok i jordmorfaget.Den kom i mange opplag, ogvar standardverket forjordmødrer i lang tid. Underportrettet står valspråkethennar: «An Gottes hilff undSeegen / Geshiexten Handbewegen / ist all mein Tuhngelegen» (På Guds hjelp ogsigning / [og] dyktige hand-grep / kviler all mi gjerning).

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:41 Side 26

Page 27: På liv og død

Tru og vantru – jordmødrene var kyrkja sitt ansvar

I Danmark-Noreg fekk prestane etter den lutherske reformasjonen i 1537 plikt tilå kontrollere og spørje ut dei som verka som fødselshjelparar. Sidan dei arbeiddeså nær døden og det heilage, var det helst den religiøse kunnskapen og det religiøsesinnelaget den lutherske staten var interessert i. Det var kort tid etter reformasjo-nen, og ny forståing for kristen tru vart innarbeidd i folket. Det var viktig å inn-prente nærkonene den rette trua. Døyinga mellom spedbarn var høg, så reglaneog ritualet for dåp var særs viktige å kunne. Her stod det om det viktigaste av alt– om barnet skulle kome til himmelen eller til helvete. Dessutan kunne eit udøyptbarn ifylgje folketrua bli ein «utburd» som gjekk att og plaga dei levande. Dersomdet såg ut til at barnet ikkje skulle kunne overleve, kunne alle vaksne døype barnet.Helst skulle det vere ein mann. Jordmora var på dette feltet i ei særstilling.

Først og fremst ville dei lutherske prestane utrydde all form for folkeleg magi,og slik magi vart ofte brukt ved barselsenga. Eit av dei første «instrumenta» vikjenner i fødselshjelpa i Noreg, er eit lite trestykke som vart lagt på magen til denfødande. På det stod det rissa i runer: «Mari fødde Kristus, Elisabet fødde Johan-nes Døyparen, ver forløyst til ære for dei. Herren kallar deg til lyset!»12 Slikt varkatolsk overtru og syndig trolldom for dei lutherske teologane. Kontroll av jord-mødrer vart difor ein måte å disiplinere den folkelege kulturen på dette feltet på.

Den første jordmora vi kjenner namnet på i norske kjelder, er Elzebe Messe-magers i Bergen. Ho døydde i januar 1565 og fekk litt av ein attest: Ho var «enkvinde vel ved alder, from, dydig, flittig, stille, fornuftig, forstandig, trøstelig, stun-dom hård og stundom mild i sit kald, ligesom folket var til og lejligheden begavhende».13 I gravferda møtte det opp mykje folk, «av di alle hadde henne kjær».

Når ein var så nær livet og døden som jordmødrene var, så vart dei ikkje berreelska, men kunne òg bli frykta. Det har lenge vore hevda at jordmødrer var særlegutsette for å bli skulda for hekseri. Den namngjetne boka Heksehammeren frå slut-ten av 1400-talet, som hadde sterk påverknad på teologar i samtida, peika ut jord-mødrene som potensielle hekser. Det same gjorde biskop Peder Palladius, somhadde stor innverknad på den lutherske teologien i Danmark-Noreg.14

Likevel har den omfattande forskinga på trolldomssaker i Europa dei siste tiåravist at jordmødrer ikkje var spesielt utsette for skuldingar om hekseri.15 Den fram-ståande norske forskaren på hekseprosessar Liv Helene Willumsen trur jordmød-rene var for viktige personar i lokalsamfunna på 1600-talet til at dei vart skuldafor trolldom.16

I kyrkjeritualet frå 1685 for Danmark-Noreg gjekk det fram at staten meintedet burde vere godkjende jordmødrer i alle distrikt, både i byane og på landet.

pionerjordmødrene | 27

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:41 Side 27

Page 28: På liv og død

Amtmann, prest og dokter – dersom der var nokon – skulle i samarbeid plukkeut kandidatar og gje moralsk vandelsattest og medisinsk godkjenning. Prestaneskulle stå for eit slags innviingsritual. Jordmora skulle få eit brev på handverks-kompetansen sin, rett til å ta betaling og plikt til å hjelpe dei fattige gratis. Sjølvom det ikkje var snakk om noka utdanning i moderne forstand, sette likevel sty-resmaktene krav om at dei skulle forstå seg på faget og vere til hjelp både for rikeog fattige.

Korleis ordninga arta seg utover i landet, veit ein lite om, men av og til dukkarnemninga «jordmor» opp i kjeldene. På slutten av 1600-talet budde Anne Jakobs-dotter i Korsen midt i sentrum av dagens Ålesund.17 Ho vart kalla Anna i Korsenog var kjend som jordmor. Då ho døydde 31 år gammal i 1702, gifte mannen segopp att med Anne Ingebrigtsdotter, som òg verka som jordmor.

Den 9. april 1703 vart Marrete Nørvesund, 63 ½ år gammal, gravlagd i Bor-gund, og presten skreiv i kyrkjeboka at ho hadde teke imot 120 barn.18

I byane var det rimelegvis fleire som tok imot barn. I Stavanger var det til ogmed ei jordmor som i 1713 utførte ein kirurgisk operasjon på eit lite barn somhadde fått kaldbrann.19 Frå same by er Berte Kjærandsdotter kjend. I læreboka

28 | på liv og død

Jomfru Maria var ei kvinne somkristne kvinner identifiserte segmed, og som dei i den katolsketida vende seg til når dei sjølvevar i barnsnaud. På dette bildetfrå Ål stavkyrkje ser det ut til atMaria har fått hjelp frå ei nær -kone, slik òg kvinnene som gjekki kyrkja, var fortrulege med.

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:41 Side 28

Page 29: På liv og død

ho hadde skaffa seg, Kort Underviisning for Jordemødre, førte ho opp alle dei over800 barna ho tok imot i sitt 85 år lange liv. Det første tok ho imot i 1721, då hovar 23 år gammal.20

Fødsel blir vitskap – staten organiserer jordmorutdanning

Særleg frå 1700-talet byrja dokterane i Europa å interessere seg for fødslar. Obs-tetrikk – fødselshjelp – vart ei eiga grein av medisinen. Fødselstonga og andre tek-niske hjelpemiddel vart tekne i bruk. Både i Frankrike og i Storbritannia tokdokterane, det vil seie menn, over mykje av fødselshjelpa. I Storbritannia kon-kurrerte man-midwifes, dokterar, kirurgar og apotekarar som spesialiserte seg påfødselshjelp, ut jordmødrene.21

I Danmark-Noreg tok òg dokterane grep om jordmorinstitusjonen. Den førstelæreboka for jordmødrer kom ut i 1688 og var skriven av ein dokter. Gjennom1700-talet gjorde staten, under leiing av dokterar, ein heil del for å organisere ogutvikle godkjenningsordningar for jordmødrer i begge land.22 Den første jord-mora med godkjenningspapir frå København, Karen Pedersdotter, kom til Bergeni 1749.23 I 1787 vart den faste institusjonen, Fødselsstiftelsen, etablert i København.Ved dette hospitalet skulle ein òg utdanne jordmødrer. Det var den første statlegeskulen for jordmødrer i Danmark-Noreg. I Sverige var det ei liknande utvikling.24

Det var vanleg elles i Vest-Europa å knyte utdanning av jordmødrer til sjukehus,men elles var Norden eineståande i Europa når det gjaldt statleg engasjement i åutdanne jordmødrer og til å gje dei offentleg tilsetjing. I USA, til dømes, har jord-mor aldri vore eit sjølvstendig yrke på den måten vi kjenner frå Europa.25

Den 23. mars 1787 avgjorde regjeringa i København at kvart av dei fire stifta(bispedøma) i riket annakvart år skulle sende to–tre jordmorelevar – læredøtrer,som det heitte – til den nyoppretta jordmorskulen i København.26 Det vart ikkjenoka stormande interesse. Tvert om. Presten Erik Olsen på Stord kunne fortelje

pionerjordmødrene | 29

Ei av dei prestegodkjende jordmødrene ein kan finne i kyrkjebøkene på Sunnmøre, MarreteNørvesund i Borgund prestegjeld, døydde 9. april 1703. Presten har lagt til i kyrkjeboka atho hadde teke imot 120 barn.

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:41 Side 29

Page 30: På liv og død

at bodet frå København førte til «en sorg og en klage, lige dem som høres, nårunge mandskab skal udskrives til mariner».27

Men det er alltid nokon som dristar seg utpå. 65 norske kvinner vart utdannatil jordmødrer i København frå 1766 fram til lausrivinga frå Danmark i 1814.28

Det kan vere at òg kvinner frå Romsdals amt vart utdanna der, men det er vans -keleg å finne dei att etter eventuell fullført skulegang.29 Dei einaste det har lukkastå finne, var dei to første jordmødrene i Kristiansund. Den første av dei, MetteMarie Schlauen, vart tilsett i 1790.30 Det var seks år etter at den framsynte amt-mannen i Romsdals amt, Even Hammer, endeleg hadde fått løyve frå Københavntil å tilsetje ein dokter som òg skulle stå for opplæringa av jordmødrer i amtet.

Dugande, kristne kvinner – den første jordmorordninga på landsbygda

Den 17. august 1784 skreiv Even Hammer eit brev til biskopen i Bjørgvin.31 Deropplyste han at Hans Kongelege Majestet i februar det året hadde gjeve dokterJohannes Smith, som nett var tilsett som amtsfysikus (fylkeslege) i Romsdal, ioppgåve å undervise dugande kvinner i «JordeModer kunsten». Dette skulle hangjere som ein del av dei offentlege oppgåvene han var pålagd ifylgje kontraktensin. Amtmannen bad biskopen oppmode prestane på Sunnmøre om å kome medframlegg til kor mange jordmødrer ein trong i kvart sokn. Prestane skulle òg veljeut «qvinder af godt og christelig levnet» til opplæring hjå amtslegen i Molde.

Even Hammer – opplysningsmann og amtmann

Even Hammer var ein uvanleg mann, men likevel i høg grad eit barn av si tid – opp-lysningstida. Han var presteson frå Ringsaker. Slett ikkje alle embetsmenn varnorskfødde på denne tida. Han var ein lærd mann, hadde studert ved framståandeengelske, nederlandske, tyske og franske universitet og var sterkt oppteken av åutvikle landet. Då han vart tilsett som amtmann i Romsdals amt, sette han straksi gang med reformtiltak på mange område. Eitt av desse tiltaka var å få tilsett eindokter som skulle verke i landdistrikta. Dokteren skulle òg ha til oppgåve å læreopp jordmødrer. Det var sløsing med staten sine ressursar, meinte Hammer, at såmange døydde i epidemiar, og at så mange kvinner og barn døydde i sambandmed fødselen. Både legeordninga og opplæringa av jordmødrer var resultat avfleire års engasjement for å få styresmaktene i København med på ideen. Dethadde ikkje vore lett, men takk vere Hammers innsats var Romsdals amt tidlegute med både offentleg tilsett dokter for landdistrikta og jordmoropplæring.

30 | på liv og død

På liv og død ferdig s 001-194_Layout 1 11.04.16 09:41 Side 30