pandemiplan masfjorden kommune · føre vedtak om kr. 3.000.000 til disposisjon v/...

31
Oppdatert 3. august 2009 PANDEMIPLAN Masfjorden kommune

Upload: others

Post on 11-Feb-2020

4 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Oppdatert 3. august 2009

PANDEMIPLAN Masfjorden kommune

INNHALD: 0 Innleiing side 3 I Ansvar, leiing og forankring side 4 II Nyttige fakta om pandemi og tiltak side 5 III Informasjon og kommunikasjon side 6 IV Mobilisering og organisering av personell side 8 V Ivaretaking av samfunnskritiske tenester side 10 VI Mottak, lagring og utlevering av vaksiner, medisinar, utstyr side 11 VII Pandemivirussjuke pasientar. Rutinar side 13 VIII Opplæring og øving side 15 IX Nasjonale råd for arbeidet før og under ein pandemi side 16 X Samarbeid og handtering av fugleinfluensa side 19 Vedlegg I Generelle smittevernråd til befolkninga side 21 Vedlegg III Råd til dei som kan vere smitta side 22 Vedlegg IV Råd til dei som er pandemisjuke side 24 Vedlegg VI Kven er influensasjuk i barnehage, sjukeheim m.m? side 27

Kva gjer vi for å stogge epidemien? Vedlegg VII Prosedyrar for handsaming av lik når mange døyr side 31

0 INNLEIING Masfjorden kommune har ingen tidlegare godkjent Pandemiplan. I Smittevernplanen for Masfjorden kommune godkjent av kommunestyret 26.februar 2004,som i kap.5 – Smittevern i beredskapssituasjonar – omhandlar også tilhøve ved ein pandemi. Denne planen er meint å vera meir konkret i høve til lokale tiltak, og gje svar på spørsmål som:

• Kven skal få vaksine, om vi ikkje har nok vaksine til alle? Kven skal ta

avgjerda? Har vi lager til 1700 vaksiner? • Vert det aktuelt å stenge skule, barnehage og kyrkje? • På kva måte tek vi oss av 150 personar som er sjuke og sengeliggjande på

same tid samstundes som fleire av dei er alvorleg sjuke? • Kven skal få førebyggjande behandling med virusmedisin? • Kva gjer vi når 80% av oss er sjuke ved ein alvorleg pandemi (mot 10% ved

vanleg influensaepidemi)?

Planen tek utgangspunkt i erfaringane med influensapasientar og førebygging av influensa gjennom 25 år, nasjonal beredskapsplan for pandemisk influensa, folkehelsa sin plan for massevaksinasjon mot pandemisk influensa i kommunane, smittevernplanen og beredskapsplanen. I arbeidet med planen har ein nytta framlegg til Pandemiplanen til Fedje kommune, utarbeidd av kommuneoverlege Ernst Horgen, som ein mal der det er gjort lokale tilpassingar for Masfjorden kommune.

I ANSVAR, LEIING OG FORANKRING

• Kommunen er ansvarleg for å vedta ein pandemiplan som ein del av smittevernplanen, og dette skal sikre busette i Masfjorden naudsynte tenester og helsetilbod under ein pandemi (§ 7-1 i Smitteverneloven). Lovverket som ligg til grunn for pandemiplanen er:

o Kommunehelsetenestelova o Smittevernlova o Lov om helsemessig og sosial beredskap

• Kommunen har som målsetting med ein pandemiplan å sikre at helsetenestene under

ein pandemi kan: o FØREBYGGJE smittespreiing og redusere sjukdom og død o DIAGNOSTISERE, BEHANDLE OG PLEIE sjuke og døande o OPPRETTHALDE NAUDSYNTE SAMFUNNSTENESTER o INFORMERE balansert, korrekt, opent og ærlig

• Smittevernlegen/kommunelege 1 har ansvar for å leggje fram forslag til pandemiplan

som ein del av smittevernplanen og framlegg til revisjon ved seinare høve. Denne skal vedtakast av kommunestyret.

• Dersom helse – og omsorgsdepartementet vedtek og varslar at vi står framføre ein

alvorleg influensaepidemi , eller smittevernlegen finn det naudsynt, vil kriseleiinga i kommunen tre saman for å få oversyn over situasjonen, vurdere trongen for tiltak og fordele oppgåver.

• Kommunen sin leiingsstruktur vert ikkje endra under ein pandemi:

Kommunal kriseleiing(KKL) vert leia av rådmannen. Desse er med i KKL:

Rådmann Ordførar (nestleiar) Avd.leiar teknisk,miljø og landbruk/beredskapsleiar Ass.rådmann Varaordførar Kommunalsjef/info.leiar Web redaktør Brannsjef Lensmann Kommunelege 1 Sokneprest Leiar tenestetorg

Kommunelege 1 er ein del av den kommunale kriseleiinga(KKL) og rapporter direkte til gruppa og leiinga av det daglege arbeidet med pandemien.

• Det vert under ein pandemi ein sterk auke i lønskostnader (overtid, utvida arbeidstid,

sjukefråvær, erstatning for permisjon osv) , leige av personell og utgifter til medisinsk materiell. Det kan verte trong for ekstraløyving frå kommunestyret, men det ligg i dag føre vedtak om kr. 3.000.000 til disposisjon v/ beredskapssituasjon (treng ikkje nytt vedtak i kommunestyret).

II NYTTIGE FAKTA OM EI VERDSOMFATTANDE,

ALVORLEG INFLUENSAPANDEMI OG NAUDSYNTE TILTAK

• Det vil oppstå ein slik epidemi kvart 10. til 40. år. Det er no 30 år sidan siste pandemi (Russarinfluensa 1977-78)

• Ei pandemi kan også komme om sommaren

o Spanskesjuka juni 1918 o Asiasjuka september 1957

• Inkubasjonstida (tida frå ein vert smitta til ein vert sjuk) er 24 – 72 timar

• Den sjuke er smittsam 3-5 dagar frå feberstart. Barn smittar andre opp til 7 dagar. 30 –

50 % veit ikkje at dei er smitteførande på grunn av lette symptom på sjukdom

• Dødelegheit er høgast hjå eldre over 60 år og barn under 1 år.

• Utbrotet held fram ofte i 6-8 veker, og gjerne etter ei kort bølgje med få sjuke. Den kan komme i småstøyt i til saman 6 månader. Det vil seie at legevaktpersonell som skal ha førebyggjande medisin, må nytte denne i 6 månader minimum om ein ikkje har vaksine.

• Helsepersonell er hardast råka under ein pandemi:

o Smittepresset er stort o Sjukefråveret er omfattande o Ein vert overarbeidd i 2- 6 månader

• Talet på dei som vert smitta, tal alvorleg sjuke og talet på dei som døyr, er ulikt frå

virus til virus, pandemi til pandemi. Ei ny ”spanskesjuke” kan føre til 10-15 dødsfall i Masfjorden kommune i løpet av nokre få veker, og det kan vere fleire barn. Ved Spanskesjuken vart 80% sjuke. Ved ein vanleg influensa vert 10% sjuke. Opp til 150 personar i kommunen kan vere sengeliggjande samstundes ved ein alvorleg pandemi, og fleire av desse kan vere alvorleg sjuke. Normalt skal desse ikkje til legekontoret, og det vert eit omfattande meirarbeid for lege og pleiepersonell.

• Ein kan ikkje sjå bort frå at tilgangen på vaksine er avgrensa første tida (1/2 år!)eller

under heile pandemien. Det kan føre til alvorlege kriminelle handlingar for å skaffe seg og sine barn vaksine. Vaksine er det einaste sikre førebyggjande tiltak, og epidemien kan ha høge dødstal. Vaksinen er ulik ein vanleg influensa vaksine der vi har mindre kunnskapar om biverknader, kor god effekt den har og om ein må gi to vaksinedosar til alle. Den vert ikkje gjeve til barn under 6 månader eller til personar som har gjennomgått influensaen

• Antiviralia (Tamiflu = neuramidasehemmer) gir 70-90% vern mot sjukdomen så lenge

ein bruker medisinen, og den fører til kortare sjukdom. Effekten er god.

III INFORMASJON OG KOMMUNIKASJON

• Helse-og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for å handsame ein pandemi ,- inkludert informasjon og kommunikasjon. Dagleg overordna leiing er lagt til Sosial- og helsedirektoratet (SH-dir)

• Det er viktig at informasjonen er truverdig og samordna slik at ingen er i tvil om innhaldet i bodskapen, og HOD /SH-dir (Sosial- og helsedirektoratet) har følgjande kanalar under ein pandemi:

o Dagleg pressekonferanse (mot media og pressa) o Pressebriefing via WEB o Tiltak og informasjon på www.pandemi.no (mot alle) o Krisetelefon 800 40 085 (mot befolkninga) o Plakatar og skriftlig informasjonsmateriell frå Folkehelseinstituttet (til

helsetenesta og publikum) o MSIS, informasjonstelefon og kurs retta mot helsetenesta o Frå Folkehelseinstituttet vil vi få mal for vaksinasjonskort med generelle

opplysningar knytt til aktuell epidemi. Vert nytta ved vaksinasjonsarbeidet.

• Kontaktpunkt for informasjon til Masfjorden kommune og kommunelegen/smittevernlegen.

Epost: [email protected]

o [email protected] Telefonar:

Masfjorden kommune 56166200 Masfjorden legekontor 56166300

• Konkrete informasjonstiltak som vert aktiviserte under ein pandemi der Masfjorden kommune er ramma eller kan bli ramma; Ein vil primært nytte kommunen sine heimesider www.masfjorden.kommune.no og oppslag på dei vanlege stadene i kommunen.

Innbyggjarane i Masfjorden vert informert om viktige telefonnummer

o Nordhordland legevakt – 56 35 10 03 o Masfjorden legekontor / kommunelege/smittevernlege - 56 16 63 00 o Kriseleiinga Masfjorden kommunen

Kommunen vil dagleg sende pressemelding til lokalavisene Nordhordland og Strilen , og dersom Masfjorden kommune vert spesielt hardt råka, vert dette utvida til NRK og Bergens Tidende. Følgjande vedlegg er ferdig formulert, men kan bli justert under ein pandemi (Til informasjon og ikkje ein del av det som skal vedtakast politisk)

o Vedlegg I: Generelle råd o Vedlegg II Råd til mistenkt smitta o Vedlegg III Råd til den influensasjuke

IV MOBILISERING OG ORGANISERING AV PERSONELL

o • Legeteneste , legevakt, heimebesøk:

o Kommunelege 1/smittevernlege har leiaroppgåver, informasjonsoppgåver og

planansvar . Saman med kommunelege 2 ,turnuslege og helsesøster vil desse utgjere den medisinskfaglege gruppa i kommunen.

Ein vil kunne etablere lokal legevakt med lege og sjukepleiar som kan reise rundt i heimane til sjuke som ikkje er i stand til å kome til legekontoret.

o Ein kan ikkje sjå bort ifrå at samarbeidet med Nordhordland legevakt (NLV)

kan bryte saman eller må drivast på eit anna vis der NLV må prioritera nærområdet. Kommunane sjølve må auke eigen kapasitet, men NLV vil sjølvsagt halde fram som kommunikasjonssentral for helseradionettet. Kommuneoverlegane/fagrådet i regionen vil møtest for å sikre koordinasjon av kartlegging og tiltak.

o Ein vil unngå kontakt mellom ikkje-influensasjuke og sjuke, og i tillegg må ein

auke kapasiteten i legetenesta:

o Smittevernlegen /kommunelege 1 vil ved ein pandemi også han ansvar for øvrig helseteneste, men delar av dette ansvaret må verte gitt til kommunelege 2.

Legetenesta for andre enn influensasjuke må ein forsøke å halde oppe best mogeleg. Masfjorden legekontor vil ta imot desse etter vanlege avtalar som før, og kommunelege 2 har det faglege ansvaret for dette. Turnuslegen vil også ha sitt arbeid her. For personar som mistenkjer at dei er influensasjuke, og der helsepersonell har vore i kontakt med desse, vert det etablert eit eige legekontor. Dette vert i lokala fysioterapeuten og avd. for hjelpemidlar i dag har ved Masfjorden sjukeheim. Her er det eige venterom og 2 kontor med eigen inngang frå parkeringsplass. Eit kontor vert for legen, det andre for lab.tenester. Denne avdelinga vil verte avlåst frå dei avdelingane som ligg nær; reinhald og kjøkken. Kommunelege 1 vil ha ansvar for undersøkingar og medisinsk faglege avgjerder ved dette kontoret. Ein vil ut frå behov fastsette eigne opningstider. Kommunelege 1 vil også ha ansvar for etablering og drift av ein eiga avdeling for influensasmitta dersom dette vert etablert ved Masfjorden sjukeheim.

• Alt personell som tek del i ordninga med heimepatrulje, legevakt og legeteneste, skal ha førebyggjande behandling med antiviralia i opp til ½ år . Dei vert også prioritert for vaksinasjon. Det vil seie

o Legar 3 o Bioingeniørar 2 o Reinhaldarar ved legekontoret 2 o Helsesøster 1 o Sjukepleiarar 2

• Pleie-og omsorg (institusjon og heime) o I ein periode kan/vil minst 50% av de tilsette vere influensasjuke medan

trongen for tenester er sterkt auka. Det kan verte naudsynt å ta inn studentar, tidlegare vikarar, pensjonerte helsearbeidarar, personell som arbeider deltid.

o Liste over pensjonert personell, studentar innan helsefag, vikarar som har hatt arbeid i PLOM-tenesta, deltidstilsette vert utarbeidd av avdelingsleiar ved omsorgsavdelinga/sjukeheimen.

o Tilsette i pleie – og omsorg vert prioriterte for vaksinasjon (eiga liste utarbeidd)

o Det kan verte aktuelt å etablere isolat ved korttidsavdelinga av sjukeheimen.

• Tverrfagleg støtteteam: Samansetjing: Oppvekstleiar (leiar) Helse- og omsorgsleiar Sokneprest Politi Psykisk helse Leiar barnevern Kommuneoverlege

Det kan i tidlig fase av pandemien verte naudsynt for desse å kome saman for å gje kvarandre informasjon, skape felles forståing av situasjonen og fordele oppgåver. Særleg kritisk vert situasjonen om:

o Her kjem fleire dødsfall samstundes o Her kjem fleire barnedødsfall o Her oppstår kritiske situasjonar knytt til fordeling av små mengder vaksine o Beordning av personell til utvida teneste

V IVARETAKING AV SAMFUNNSKRITISKE TENESTER

• Oversyn over samfunnskritiske tenester utover PLOMS og helsetenesta. Det er viktig at desse tenestene held fram under ein pandemi. Talet personar står til høgre.

o Post 2 o Butikk-matleveransar 4 o Ferge 3 o Taxi 3 o Buss 3 o Kommuneadministrasjonen 8 o Vassforsyning 2 o Brannvernet 10

• Etter konkret råd frå HOD / SH-dir kan det verte aktuelt i gje vaksinering og primærprofylakse med antivirali til personar i desse samfunnskritiske tenestene. Dette skal hindre samanbrot av vitale tenester, og det er sentralt i mange av våre tenester som har få tilsette.

• Skule og barnehage vert vanlegvis halde ope under ein pandemi. Etter tilråding frå HOD / SH-dir / WHO kan det utifrå kunnskap om den konkrete pandemien sin smittestyrke mellom barn, verte aktuelt å stenge skule og barnehage. Nokre gongar synes kunnskapar om pågåande pandemi at barna kan vere ein viktig smittekjelde sjølv om dei er lite sjuke og dei kan vere smitteførande i opp til 7 dagar . Dette er likevel eit tiltak som ein helst vil unngå og som vil gi stor belastning på samfunnet der foreldra må vere heime med barnet i ein situasjon der vi treng alle som er friske, ute i arbeidet.

Nye studiar frå Spanskesyken , som var ein heilt spesiell og alvorleg pandemi, synes at lang tid med stenging av skular, ingen samlingar og karantene av sjuke hadde effekt. Likevel må vi her lytte til tilråding frå HOD/ SH-dir.

VI MOTTAK, LAGRING OG UTLEVERING AV:

VAKSINE, FØREBYGGJANDE MEDISIN, MEDISIN TIL BEHANDLING OG MEDISINSK UTSTYR

• Strategi for auka dekning av vanleg vaksine mot sesonginfluensa og pneumokokkvaks.:

o Ein bør vurdere å gå over frå generell oppfordring om vaksinasjon gjennom oppslag, til konkret innkalling ved brev frå helsesyster

o Ein bør styrke informasjonen om fordelane ved vaksinering og at ein ikkje ser alvorlege biverknader.

o Ein bør styrke informasjonen om at dette vil styrke vår beredskap i forhold til ein alvorleg pandemi.

• Mottak, lagring og vaksinering med pandemisk influensavaksine:

o Leiande helsesyster tek imot vaksinen o Vaksinen vert lagra ved Masfjorden legekontor i kjøleskap i rom med alarm.

Maks dosar. Vi vil få glas med vaksine på 20ml med 40 dosar i kvart glas. o Ved avgrensa tilgong på vaksinar, kan ein ikkje sjå bort ifrå forsøk på tjuveri,

og alternativ løysing for lagring vil bli valt. o Vaksinasjon med avgrensa mengde vaksine til definerte grupper, vert utført av

helsesøster. Arbeidet går føre seg ved helsestasjonen. o Massevaksinasjon ved utført i , og det vert etablert 3 vaksinasjonsteam

samansett av:

1. Helsesøster/sjukpleiar (Nordbygda), møtestad: Helsetunet 2. Avd.sjukepleiar/sjukepleiar (Indrefjorden), møtestad:

Heimesjukepl.kontor 3. Avd.sjukepleiar/sjukepleiar (Sørsida) møtestad:

Heimesjukepl.kontor o Innkalling til vaksinasjon av definerte grupper skjer ved brev frå helsesyster og

etter råd frå kommunelegen/smittevernlegen på grunnlag av retningsliner frå HOD.

o Innkalling til massevaksinasjon skjer ved utsending til alle husstandane gjennom posten, sjå vedlegg VI om massevaksinasjon.

o Alle biverknader SKAL registrerast med batchnummer, pasientdata, tidspunkt , behandling og symptom/funn.

o I samarbeid med PLOMS og kommunelege 1 må ein straks skaffe seg oversyn over kven som treng transport til vaksinasjonsstaden og kven som må vaksinerast heime.

• Mottak, lagring og fordeling av antiviralia

o I tidlig fase med få sjuke, vil antiviralia fordelast utifrå resept til den einskilde pasient., og alt vert betalt av pasienten . Legen må ha eit lager av medisin (20 pakkar?) ved kontoret. Ein bør vurdere alarm ved legekontoret.

o Når pandemien er av HOD definert som ein allmennfarleg, smittsam sjukdom,

er undersøking og behandling kostnadsfritt for pasienten. o Når trongen for medisin overstig systemet for individuell bestilling, sender

apoteket pakkar med antiviralia direkte til legen som fordeler medisinen etter landsdekkande kriterium med fylgjande hovudinnhald:

• Alle influensasjuke • Alle som fryktar å vere smitta etter nærkontakt i tidleg fase av

pandemien med få sjuke • Førebyggjande behandling av dei som deltek i arbeidet ved

legevakt, legeteneste, heimepatrulje og isolat . Behandling vert gjeve fram til 14 dagar etter vaksine.

• Mottak, lagring og fordeling av antibiotika.

Lungebetennelse er vanleg ettersjukdom ved influensa. Ved sjukeheimen og legekontoret vert lageret med antibiotika auka. På begge plassane vert dette kjøpt inn:

Benzylpenicillin 30 doser a 2 million til parenteral (sprøyte) behandling Ampicillin 10 dosar til parenteral behandling Amoxicillin 10 doser til parenteral behandling Amoxicillin 120 doser til peroral(tabl.) behandling Kommuneoverlegen vil vurdere på kva tidspunkt ein kan gå over frå bestilling direkte frå apotek til å utvide medisinlageret.

• Mottak og lagring av anna naudsynt medisinsk utstyr under ein pandemi.:

o Kirurgisk munnbind. Det er trong for ca. 5000 stykk som vert kjøpt inn til o CRP 100-200 sjukeheim el legekontor (150) o Eingongshanskar o Alkoholbasert handdesinfeksjon ved legekontoret og sjukeheimen o Temperaturmålarar apotekutsal o Visir 4 stk o Papirlommetørkler fem gongar normal omsetning o Oksygenflaskar dobbelt lager o Intravenøs væske Ringer acetat (10) og venfloner/slanger (20)

VII PANDEMIVIRUSSJUKE PASIENTAR:

Rutinar for mottak ,diagnostikk, behandling, pleie og isolering. Samarbeid med andrelinetenesta.

• Mottak:

• Diagnostikken legg vekt på: o Pasienten sin oppleving av å vere influensasjuk o Møtt influensasjuk person siste 72 timane o Rask feberstigning og nyoppstått hoste og sår hals o Lite naserenning o Smerte i hovudet, muskelverk, føler seg sjuk o Granulert svelgslimhinne o Moderat auke i CRP

• Behandling o Antivirusmedisin til alle som er mistenkt sjuke og ikkje har vore sjuk lengre

enn 48 timar. Tamiflu er førsteval. o Penicilling G ved minste mistanke om lungebetennelse etter kortvarig betring

av influensa o Febernedsettjande, drikke godt. o Hoste og snørr i papirlommetørkle som vert kasta. Hostehygiene. o Ved sukkersjuke og høg feber, kan det vere naudsynt å auke insulindosen. o Ved KOLS, hjartesjukdom og hjartesvikt er det aktuelt med auka tilsyn, endra

medisin og tilføring av oksygen.

• Pleie og omsorg o Sikre medisinering og utlevering av medisin til heimebuande o Følgje opp oksygenbehandling o Kontinuerlig tilsyn med dei sjukaste o Støtte og hjelp ved dødsfall o Stell av døde i heimen om gravferdsbyrå ikkje har stor nok kapasitet

• Isolering o Normalt vil dette seie at den influensasjuke pasienten skal halde seg heime så

lenge han/ho er smitteførande (5 dagar for vaksne frå feberstart og 7 dagar for barn)

o I tidleg fase med få sjuke og kanskje ukjent virus, kan lengre isolering vere aktuell, og då vert ein isolert i heimen

o I utbrot der sjukeheimen er råka, vert det i lokala til korttidsavdelinga oppretta ei eiga isolert avdeling med eige smittevernregime.

• Samarbeid med andrelinjetenesta o Retur av ferdig behandla pasientar frå sjukehuset vert prioriterte for mottak til

Masfjorden kommune

o Dialog og rådgjeving frå andrelinetenesta er naudsynt ved innlegging av

influensasjuke, og særlig ved svært dårlige pasientar i svært høg alder o Avansert behandling kan framleis berre skje i sjukehus o Dialog og kontakt med ambulanseteneste, og vi må i fellesskap sikre at dei

tilsette får førebyggjande antiviralia og vert prioritert for vaksine.

• Samarbeid med NAV

o Det må vere tillat å sjukemelde per telefon ved ein influensaepidemi o Det må vere tillat å sjukemelde pårørande ved akutt dødsfall under ein

pandemi o Når pandemien er av HOD definert som ein allmennfarleg smittsam sjukdom,

er undersøking og behandling gratis. Vi må finne praktiske ordning der pasienten får utelevert medisin hos legen, og at NAV godtek refusjonskravet frå legen.

o NAV har oversyn over ledig arbeidskraft . Vi må kunne melde inn trong for assistentar og helsefagarbeidarar, og NAV vil prioritere dette

• Samarbeid med sosialetat og heimeteneste o Det kan verte aktuelt å opprette ei husmorvikarordning, og særlig dersom skule

og barnehage må stengast. o Det kan vere naudsynt med støtte til kjøp av heimetenester utover budsjetterte

tiltak o Nokre av dei som normalt får tiltak frå sosialetaten, er skadde av alkohol,

narkotika eller kronisk sjukdom. Desse er svært utsette ved ein pandemi, og det er viktig at sosialetaten er merksam på dette og har god kontakt med legen.

o Tenestekontoret har kjennskap til kva som er ledig av kommunale bustader, og skulle det vere aktuelt med isolering i kommunal bustad, vil dette komme fram i møter mellom kommunelege 1 og KKL.

VIII OPPLÆRING OG ØVING

• Plandokumentet skal i seg sjølv vere ein lokal ”lærebok” for den som har laga planen og for dei som skal nytte planen.

• Planen skal hausten 2007 være grunnlaget for ei ”papirøving”

• Ved ein pandemi vil mykje av opplæringa skje ved at ein arbeider ”skulder ved

skulder” og lærer av kvarandre og ”kontrollerer” kvarandre.

• Dersom ein ikkje har tilgong på godkjend kompetanse, må ein innanfor krava om at arbeidet som vert utført, skal vere fagleg forsvarleg, gi oppgåver til personell som ikkje har full , godkjent utdanning. Dette stiller auka krav til den som delegerer oppgåvene.

• Ein bør ha øving eller gjennomgang av planen ein gong kvart år.

IX NASJONAL RÅD FOR ARBEIDET FØR OG UNDER EIN PANDEMI. Lokal plan må kontinuerleg tilpassast nye krav frå myndigheitene. Kommuneoverlegen har ansvar for å følgje med på dei råd som kjem frå HOD / SH-dir og WHO. Per dato er råda frå WHO /HOD / SH-dir. fylgjande:

Fase 1 INGEN NYE INFLUENSALIKNANDE VIRUS

• Kommunen / kommuneoverlegen skal kvart år i august gå gjennom og revidere beredskapsplanen for pandemisk influensa

• Øvelse bør haldast 1 gong kvart år • Beredskapsplanen for pandemisk influensa skal som minimum seie noko om:

o Ansvarsliner / leiing o Diagnostikk og behandling o Førebyggjing / smittevern o Bemanning / drift av viktige samfunnstenester o Fornying av medisinar og vaksiner

Fase 2 NYTT INFLUENSALIKNANDE VIRUS PÅVIST HOS DYR (til dømes fugleinfluensa)

• Ikkje påvist i Noreg: o Repetere fase 1

• Påvist virus i Noreg:

o Raskt sende inn prøve frå sjuk pasient (hals, nase) o Serologisk overvaking av pasientar o Sekundærførebyggjande antiviralia til dei som er involverte (mattilsyn, bonde

osv) o Teste alle som er i kontakt med mistenkt sjuke dyr o Nær dialog og kontakt med mattilsynet o Vaksine om det er mogleg o Tett oppfølging av sjuke og mistenkt sjuke o NB /Hugs : primærførebyggjande antiviralia til legen, legekontoret, legevakta

og ambulansen Fase 3 NYTT VIRUS HAR VIST SMITTE FRÅ DYR TIL MENNESKE , men ikkje mellom menneska

• Ikkje påvist i Noreg o Repetere fase 1 og 2

• Påvist slik smitte i Noreg:

o Rask varsling av mistenkt tilfelle til fylkesmannen o Framføre / lage skriv og oversyn over symptom og funn hos den / dei sjuke o Gje alle epidemilogiske data rundt den sjuke

• Stad • Kontaktar • Reisemønster siste 72 timar • Tidspunkt • Anna

o Aktivisere og kalla saman kriseleiinga Gå gjennom kriseplanen Teste rapporteringsliner og telefonnummer Oppdage klynger (om nokre av dei smitta har noko felles i

dei epidemilogiske data )

Fase 4 AVGRENSA SMITTE AV NYTT INFLUENSALIKNANDE VIRUS MELLOM MENNESKE

• Ikkje Påvist i Noreg: o Repetere tiltaka under fase 1 til 3 o Gå gjennom alle planar og naudsynte kontaktpunkt

• Påvist i Noreg

o Gå gjennom alle tiltaka under fase 1 til 3 o Smittevernlegen må beskrive og vurdere epidemiologiske,

virologiske o og kliniske sider ved epidemien og identifisere mogelege

smittekjelder. o Bestille og bruke antiviralia for å behandle tidlege tilfelle av

sjukdom og vurdere profylakse til nærmiljø og nærkontaktar o Informere om smitteverntiltak / Vedlegg I

Fase 5 AUKANDE VERDSOMSPENNANDE SPREIING AV VIRUSET (PANDEMI), MEN DEN ER IKKJE SVÆRT SMITTSAM

• Ikkje tilfellet i Noreg: o Gå gjennom alle tidlegare tiltak fase 1-4 o Revurdere / revidere kriseplanen for ei epidemitopp med svært mange

sjuke o Innhente oversyn over bemanningssituasjonen frå driftssjefen o Trene / øve / lære opp alle som skal behandle influensasjuke o Informere lærarane , tilsette i barnehagen og PLOMS på kva måte ein

oppdagar influensasjukdom ( Vedlegg VI )

• Påvist i Noreg: o Gå gjennom alle tidlegare tiltak fase 1-4 o Sørge for at kriseleiing og kommuneoverlegen har alle naudsynte

fullmakter o Sikre at lager av førebyggjande antiviralia, materiell og antibiotika er på

plass o Revurdere planlagde tiltak slik at sjukdomsbyrden vert fordelt på

helsepersonellet . o Vurdere nye råd frå WHO o Full mobilisering av alt personell og kriseleiing o Vurdere og planlegge deling av sjukeheimen med eining for isolasjon o Auke bemanninga i helse- og omsorgstenesta o Sikre personell til pasientar som er i karantenebustad eller isolasjon o Organisere tilgang på ekstra materiell og medisinar o Iverksette prosedyrer for handtering av lik (Vedlegg VII)

Fase 6 ALVORLEG PANDEMI

• Ikkje påvist i Noreg o Repetere fase 1-5 o Aktivisere kriseleiing og informere skule, barnehage og helsepersonell

o Oppdatere prosedyrer og retningsliner for smittevern, diagnostikk, behandling og overvaking i tråd med råd frå WHO.

o Førebu oss på mottak av pasientar og omorganisere / dele sjukeheimen o Styrke kunnskapen og høvet til å informere sjuke og helsepersonell om

smitteverntiltak o Revidere alle planar med omsyn til ein smittetopp o Prioritere virologisk undersøking av alle som har influensaliknande

sjukdom

• Noreg er involvert o Setje i verk katastrofe og beredskapsplanar o Skaffe oppdatert oversyn over på kva måte helsetenesta fungerer,

tilgang på ekstra personell, tilgang på medisinar og materiell, støttegruppe aktivisert

o Dele ut antiviralia o Vaksinasjon i tråd med prioritering gitt av SH-dir o Fornye informasjon om smitteverntiltak o Vurdere psykososiale tiltak retta mot hardt råka familiar

ETTER EIN PANDEMI DER NOREG HAR VORE INVOLVERT (postpandemifase eller mellompandemifase)

• Smittevernlegen lagar rapport om erfaringane • Ein må vurdere og rekne ut trongen for ressursar ved ei ny bølgje om nokre veker

(svært vanleg situasjon) • Vurdere og revurdere effekten av behandling og tiltak under pandemien • Sikre avlasting av overarbeidd personell • Fylle opp lager av medisinar og materiell • Revidere planar • Justere prosedyrar • Halde fram med vaksinasjon (postpandemifase eller mellompandemifase)

X SAMARBEID OG HANDTERING AV FUGLEINFLUENSA Det er etablert ein samarbeidsavtale mellom kommuneoverlegane og mattilsynet Mattilsynet har gjeve fylgjande generelle råd: Informasjon til folk Faren for at menneske i Noreg skal bli smitta av fugleinfluensa er svært liten. Publikum bør likevel ta nokre forholdsreglar:

• Ikkje ta på fuglar som er daude eller verkar sjuke. (Vask hendene godt om du er kommen i skade for å ta på daude eller sjuke fuglar.)

• Dersom ein finn fleire daude fuglar innanfor et avgrensa område, skal ein melde frå til Mattilsynet sine distriktskontor på 06040 så raskt som mogleg.

• Barn skal oppfordrast til å unngå kontakt med daude og sjuke fuglar og fugleskitt.

• Ved mating av villfugl bør ein unngå direkte kontakt med fuglane. Etter handtering av fuglebrett, frøautomatar og liknande bør ein vaske hendene godt.

• Vask hendene ofte, og etter all kontakt med fugl.

TA KONTAKT MED MATTILSYNET TLF 06040 OG SMITTEVERNLEGEN 56166300 • Når mogleg fugleinfluensa er komen til Noreg, skal dei som driv med utrydding, kle seg

med o verneklede som vert nytta ein gong (kjeledress) o vasstett forkle o dobbel eingongshanske o andedråttsvern o vernebriller som er tettsitjande o skoovertrekk eller desinfiserbare sko o desinfeksjonsmiddel o plastsekkar o arbeidshanskar o ekstra sett arbeidstøy

Det er laga eige skriv om på kva måte dette skal skje , og det kan ein få ved å kontakte kommuneoverlegen eller mattilsynet. Gå ikkje i gong på eiga hand

Vedlegg til PANDEMIPLAN

Masfjorden kommune

Vedlegg I Generelle smittevernråd til befolkninga side 21 Vedlegg III Råd til dei som kan vere smitta side 22 Vedlegg IV Råd til dei som er pandemisjuke side 24 Vedlegg VI Kven er influensasjuk i barnehage, sjukeheim mm? side 27

Kva gjer vi for å stogge epidemien? Vedlegg VII Prosedyrar for handsaming av lik når mange døyr side 32

Masfjorden kommune VEDLEGG I Legekontoret 5986 HOSTELAND

Til innbyggjarane i Masfjorden VIKTIGE RÅD FOR Å UNNGÅ SMITTE Informasjon frå helsestyresmaktene tyder på at vi for tida har ein verdsomfattande epidemi (pandemi) med eit influensaliknande virus. Dette viruset smittar ved dråpesmitte når ein hostar, nys, tek seg til andletet og overfører virushaldige dråpar til andre. Dersom ein så lenge som mogeleg kan redusere spreiing og hindre at folk vert sjuke, kan vi få på plass god vaksine, god behandling. Dette vil redusere helseskadar, dødsfall og samfunnsskadar. Du kan sjølv gjere mykje for å hindre smittespreiing. Her er nokre viktige råd: HOSTEHYGIENE: Bruk papirlommetørkle eller tørkerull ved hosting og nysing. Host ikkje mot andre. Host helst utomhus. Kast papiret i bosset. HANDVASK: Vask hendene ofte, og alltid etter hosting , nysing eller kontakt med ansiktet FEBERMÅL: Skaff deg febermål om du ikkje har dette. Det kan kjøpast på apotekutsalet. Influensa er kjenneteikna av feber og nyoppstått hoste. 30-50% av dei som er smitta, er sjuke og smitteførande, har så lite plagar at dei ikkje veit dette. Er du i tvil, så tru at det er influensa. VAKSINER DEG: Når du får melding om at vi har tilgong på ny vaksine, så møt opp. Tid og stad vil bli kunngjort. Har vi vaksine til alle, så er målet at vi skal vaksinere nesten alle. Nokre tålar ikkje vaksine eller er for svake til å vaksinerast, og for desse er det godt vern at alle andre er vaksinert. Dersom vi har lite vaksine, vil dei som skal vaksinerast, få brev om dette, og prioritering er gjort etter retningsliner frå Helse-og omsorgsdepartementet. MUNNBIND: Blir du sjuk med feber og nyoppstått hoste, så har du sannsynlegvis influensa. Bruk då munnbind i kontakt med andre. VASK OVERFLATER: Overflater som den influensasjuke tek på, har teke på eller hosta mot, skal vaskast med vanleg såpe og vatn eller mikrofiberklut. INKUBASJONSTID OG SMITTETID: Influensa har ein inkubasjonstid (tid frå ein vert smitta til ein vert sjuk) på 24 til 72 timar, og sjukdomen varer i 5-7 dagar. Den sjuke er vanlegvis smittsam i 3-5 dagar, men bruk vernande tiltak i 7 dagar. Barn er smittsame opp til 7 dagar. Eit eige legekontor i kjellaren på Masfjorden sjukeheim eller i kommunalt areal i Dusund vert ope for undersøking av dei som kan vera sjuke av influensa. Her møter ein etter nærare avtale. Det vil også bli utført sjukebesøk. Kommunelegen ynskjer oversyn over alle som er sjuke. Desse bør difor ta kontakt med legen på tlf. 56 16 63 00. Det kan hjelpe oss med å ”styre epidemien”, og vi kan betre prioritere behandling med medisinar.

SKULE , BARNEHAGE, FERJE, BUSS, FORSAMLINGSLOKALE vert normalt ikkje stengte under ei influensapandemi. Dette kan etter kunnskap om pandemien, verte endra etter råd frå Verden Helseorganisasjon / Helse- og omsorgsdepartementet. Kommunelegen vil ved oppslag informere om slike tiltak vert aktuelle. Rolf Martin Tande - Smittevernlege Følg med på www.masfjorden.kommune.no

Masfjorden kommune VEDLEGG III Legekontoret 5986 HOSTELAND

Råd til smitteutsette og dei som er mistenkte for å vere smitta. Informasjon frå helsestyresmaktene tyder på at vi for tida har ein verdsomfattande epidemi (pandemi) med eit influensaliknande virus. Dette viruset smittar ved dråpesmitte når ein hostar, nys, tek seg til andletet og overfører virushaldige dråpar til andre. Vi har forstått det slik at det er mistanke om at du har vore i kontakt med nokon som er sjuke. Det er da ein viss fare for at du kan vere smitta. Kanskje har du begynt å kjenne deg febersjuk og har målt litt temperatur eller har begynt å hoste. Dersom ein så lenge som mogeleg kan redusere spreiing og hindre at folk vert sjuke, kan vi få på plass god vaksine, god behandling. Dette vil redusere helseskadar, dødsfall og samfunnsskadar. For å hindre at mange vert sjuke, vil vi i tidleg fase av pandemien, gje antiviralia til alle vi trur er sjuke eller er smitteutsette.

Medisin du får hjå legen, legeundersøking og behandling er gratis. Ta kontakt med lege på telefon 56 16 63 00, og du vil få råd og behandling. Ved ein pandemi, er det ikkje sikkert at apoteka har kapasitet til å sende medisin heim til kvar einskild brukar. Apoteket vil då senda pakkar med antiviralia direkte til kommunelegen, som fordeler medisinen vidare etter landsdekkande vilkår med fylgjande hovudinnhald:

* Alle influensasjuke (feber, nyoppstått hoste) * Alle som fryktar å vere smitta etter nærkontakt i tidleg fase av pandemien med få sjuke * Førebyggjande behandling av dei som deltek i arbeidet ved legevakt, legeteneste, heimepatrulje og isolat. Behandling vert gjeve fram til 14 dagar etter vaksine

I TILLEGG ER DET MYKJE DU SJØLV KAN GJERA FOR Å HINDRA SMITTESPREIING , OG VI VIL NYTTA HØVE TIL Å GJE DEG DESSE RÅDA:

HOSTEHYGIENE: Bruk papirlommetørkle eller tørkerull ved hosting og nysing. Host ikkje mot andre. Host helst utomhus. Kast papiret i bosset. HANDVASK: Vask hendene ofte, og alltid etter hosting , nysing eller kontakt med ansiktet FEBERMÅL: Skaff deg febermål om du ikkje har dette. Det kan kjøpast på apotekutsalet. Influensa er kjenneteikna av feber og nyoppstått hoste. 30-50% av dei som er smitta, er sjuke og smitteførande, har så lite plagar at dei ikkje veit dette. Er du i tvil, så tru at det er influensa.

VAKSINER DEG: Når du får melding om at vi har tilgong på ny vaksine, så møt opp. Tid og stad vil bli kunngjort. Har vi vaksine til alle, så er målet at vi skal vaksinere nesten alle. Nokre tålar ikkje vaksine eller er for svake til å vaksinerast, og for desse er det godt vern at alle andre er vaksinert. Dersom vi har lite vaksine, vil dei som skal vaksinerast, få brev om dette, og prioritering er gjort etter retningsliner frå Helse- og omsorgsdepartementet. MUNNBIND: Blir du sjuk med feber og nyoppstått hoste, så har du sannsynlegvis influensa. Bruk då munnbind i kontakt med andre. VASK OVERFLATER: Overflater som den influensasjuke tek på, har teke på eller hosta mot, skal vaskast med vanleg såpe og vatn eller mikrofiberklut. INKUBASJONSTID OG SMITTETID: Influensa har ein inkubasjonstid (tid frå ein vert smitta til ein vert sjuk) på 24 til 72 timar, og sjukdomen varer i 5-7 dagar. Den sjuke er vanlegvis smittsam i 3-5 dagar, men bruk vernande tiltak i 7 dagar. Barn er smittsame opp til 7 dagar. Eit eige legekontor i kjellaren på Masfjorden sjukeheim eller i kommunal areal i Duesund vert ope for undersøking av dei som kan vera sjuke av influensa. Her møter ein etter nærare avtale. Det vil også bli utført sjukebesøk. Kommunelegen ynskjer oversyn over alle som er sjuke. Desse bør difor ta kontakt med legen på tlf. 56 16 63 00. Det kan hjelpe oss med å ”styre epidemien”, og vi kan betre prioritere behandling med medisinar. SKULE, BARNEHAGE, FERJE, BUSS, FORSAMLINGSLOKALE vert normalt ikkje stengte under ein influensapandemi. Dette kan etter kunnskap om epidemien, verte endra etter råd frå Verden Helseorganisasjon/Helse- og omsorgsdepartementet. Kommunelegen vil ved oppslag informere om slike tiltak vert aktuelle.

Rolf Martin Tande Smittevernlege

Følg med på www.masfjorden.kommune.no

Masfjorden kommune Vedlegg IV Legekontoret 5986 HOSTELAND

Råd til dei som er sjuke av influensa i ein pandemi

Informasjon frå helsestyresmaktene tyder på at vi for tida har ein verdsomfattande epidemi (pandemi) med eit influensaliknande virus. Dette viruset smittar ved dråpesmitte når ein hostar, nys, tek seg til andletet og overfører virushaldige dråpar til andre. Vi har forstått det slik at det er mistanke om at du har vore i kontakt med nokon som er sjuke. Det er da ein viss fare for at du kan vere smitta. Kanskje har du begynt å kjenne deg febersjuk og har målt litt temperatur eller har begynt å hoste. Dersom ein så lenge som mogeleg kan redusere spreiing og hindre at folk vert sjuke, kan vi få på plass god vaksine og god behandling. Dette vil redusere helseskadar, dødsfall og samfunnsskadar. For å hindre at mange vert sjuke, vil vi i tidleg fase av pandemien, gje antiviralia til alle vi trur er sjuke.

Når vi vel å gje denne medisinen til deg som er influensasjuk, så er det ikkje berre for å hindre smitte til andre, men du vert fortare frisk og faren for alvorleg ettersjukdom vert redusert. Medisin du får hjå legen, legeundersøking og behandling er gratis. Ta kontakt med legen på telefon 56 16 63 00, og du vil få råd og behandling om du ikkje allereie har vore i kontakt med legen. Ved ein pandemi, er det ikkje sikkert at apoteka har kapasitet til å sende medisin heim til kvar einskild brukar. Apoteket vil då senda pakkar med antiviralia direkte til kommunelegen, som fordeler medisinen vidare etter landsdekkande vilkår med fylgjande hovudinnhald:

* Alle influensasjuke (feber, nyoppstått hoste ) * Alle som fryktar å vere smitta etter nærkontakt i tidleg fase av pandemien med få sjuke * Førebyggjande behandling av dei som deltek i arbeidet ved legevakt, legeteneste, heimepatrulje og isolat . Behandling vert gjeve fram til 14 dagar etter vaksine.

TA VARE PÅ DEG SJØLV! ER DU I TVIL, TA KONTAKT MED LEGEN:

* Febernedsettande er ofte naudsynt ved temperatur over 39. * Du skal drikke godt og gjerne ta til deg noko salt ved mykje sveitting. * Penicillin ved minste mistanke om lungebetennelse etter kortvarig betring av influensa. Det får du hjå legen. * Pass særleg godt på barn under 1 år, vaksne over 65 år, Kolspasientar, hjartesjuke, sukkersjuke, kronikarar, alkohol- og narkotikaskadde. Ta kontakt med lege.

I TILLEGG ER DET MYKJE DU SJØLV KAN GJERA FOR Å HINDRA SMITTESPREIING , OG VI VIL NYTTA HØVE TIL Å GJE DEG DESSE RÅDA:

HOSTEHYGIENE: Bruk papirlommetørkle eller tørkerull ved hosting og nysing. Host ikkje mot andre. Host helst utomhus. Kast papiret i bosset. HANDVASK: Vask hendene ofte, og alltid etter hosting , nysing eller kontakt med ansiktet FEBERMÅL: Skaff deg febermål om du ikkje har dette. Det kan kjøpast på apotekutsalet. Influensa er kjenneteikna av feber og nyoppstått hoste. 30-50% av dei som er smitta, er sjuke og smitteførande, har så lite plagar at dei ikkje veit dette. Er du i tvil, så tru at det er influensa. VAKSINER: Når ein har fått influensa, har det ingen meining å gje vaksine. Det er likevel viktig at du som er sjuk, oppmodar andre til å ta vaksine snarast mogleg. MUNNBIND: Blir du sjuk med feber og nyoppstått hoste, så har du sannsynlegvis influensa. Bruk då munnbind i kontakt med andre. VASK OVERFLATER: Overflater som den influensasjuke tek på, har teke på eller hosta mot, skal vaskast med vanleg såpe og vatn eller mikrofiberklut. INKUBASJONSTID OG SMITTETID: Influensa har ein inkubasjonstid (tid frå ein vert smitta til ein vert sjuk) på 24 til 72 timar, og sjukdomen varer i 5-7 dagar. Den sjuke er vanlegvis smittsam i 3-5 dagar, men bruk vernande tiltak i 7 dagar. Barn er smittsame opp til 7 dagar. Eit eige legekontor i kjellaren på Masfjorden sjukeheim eller i kommunal areal i Duesund vert ope for undersøking av dei som kan vera sjuke av influensa. Her møter ein etter nærare avtale. Det vil også bli utført sjukebesøk. Kommunelegen ynskjer oversyn over alle som er sjuke. Desse bør difor ta kontakt med legen på tlf. 56 16 63 00. Det kan hjelpe oss med å ”styre epidemien”, og vi kan betre prioritere behandling med medisinar. SKULE , BARNEHAGE, FERJE, BUSS, FORSAMLINGSLOKALE vert normalt ikkje stengte under ei influensapandemi. Dette kan etter kunnskap om pandemien, verte endra etter råd frå Verden Helseorganisasjon/Helse- og omsorgsdepartementet. Kommunelegen vil ved oppslag informere om slike tiltak vert aktuelle.

ROLF MARTIN TANDE Smittevernlege Følg med på www.masfjorden.kommune.no

Masfjorden kommune Vedlegg VI Legekontoret 5986 HOSTELAND

Til tilsette i barnehage, skule, pleie- og omsorg og sosial På kva måte kan du hjelpe til med å stogge pandemien?

INFORMASJONSARBEIDET: Informasjon frå helsestyresmaktene tyder på at vi for tida har ein verdsomfattande epidemi (pandemi) med eit influensaliknande virus. Dette viruset smittar ved dråpesmitte når ein hostar, nys, tek seg til andletet og overfører virushaldige dråpar til andre. Dersom ein så lenge som mogeleg kan redusere spreiing og hindre at folk vert sjuke, kan vi få på plass god vaksine, god behandling. Dette vil redusere helseskadar, dødsfall og samfunnsskadar. Tilsette i barnehage, skule og pleie- og omsorg kan gjere mykje for å hindre smittespreiing. De er viktige yrkesgrupper i vår organisasjon, med stor kontakt med barn, familiar og eldre. Vi treng di hjelp i informasjonsarbeidet og du skal gå nøye gjennom råda i dette brevet med barn og brukarar. HOSTEHYGIENE: Bruk papirlommetørkle eller tørkerull ved hosting og nysing. Host ikkje mot andre. Host helst utomhus. Kast papiret i bosset. HANDVASK: Vask hendene ofte, og alltid etter hosting , nysing eller kontakt med ansiktet FEBERMÅL: Skaff deg febermål om du ikkje har dette. Det kan kjøpast på apotekutsalet. Influensa er kjenneteikna av feber og nyoppstått hoste. 30-50% av dei som er smitta, er sjuke og smitteførande, har så lite plagar at dei ikkje veit dette. Er du i tvil, så tru at det er influensa. VAKSINER DEG: Når du får melding om at vi har tilgong på ny vaksine, så møt opp. Tid og stad vil bli kunngjort. Har vi vaksine til alle, så er målet at vi skal vaksinere nesten alle. Nokre tålar ikkje vaksine eller er for svake til å vaksinerast, og for desse er det godt vern at alle andre er vaksinert. Dersom vi har lite vaksine, vil dei som skal vaksinerast, få brev om dette, og prioritering er gjort etter retningsliner frå Helse- og omsorgsdepartementet. MUNNBIND: Blir du sjuk med feber og nyoppstått hoste, så har du sannsynlegvis influensa. Bruk då munnbind i kontakt med andre. VASK OVERFLATER: Overflater som den influensasjuke tek på, har teke på eller hosta mot, skal vaskast med vanleg såpe og vann eller mikrofiberklut. INKUBASJONSTID OG SMITTETID: Influensa har ein inkubasjonstid (tid frå ein vert smitta til ein vert sjuk) på 24 til 72 timar, og sjukdomen varer i 5-7 dagar. Den sjuke er vanlegvis smittsam i 3-5 dagar, men bruk vernande tiltak i 7 dagar. Barn er smittsame opp til 7 dagar.

Eit eige legekontor i kjellaren på Masfjorden sjukeheim eller kommunalt areal i Duesund vert ope for undersøking av dei som kan vera sjuke av influensa. Her møter ein etter nærare avtale. Det vil også bli utført sjukebesøk. Kommunelegen ynskjer oversyn over alle som er sjuke. Desse bør difor ta kontakt med legen på tlf. 56 16 63 00. Det kan hjelpe oss med å ”styre epidemien”, og vi kan betre prioritere behandling med medisinar. SKULE, BARNEHAGE, FERJE, BUSS, FORSAMLINGSLOKALE vert normalt ikkje stengte under ei influensapandemi. Dette kan etter kunnskap om epidemien, verte endra etter råd frå Verden Helseorganisasjon/Helse- og omsorgsdepartementet. Kommunelegen vil ved oppslag informere om slike tiltak vert aktuelle.

KVA SKAL PERSONELL I BARNEHAGE, SKULE, PLEIE- OG OMSORG OG SOSIAL SJÅ ETTER?

TEIKN PÅ INFLUENSASJUKDOM:

TEIKN PÅ INFLUENSASJUKDOM KAN VARIERE STERKT FRÅ PERSON TIL PERSON. NOKON VEIT IKKJE OM AT DEI ER SMITTA, SJØLV OM DEI HAR LITT FEBER OG ER SMITTEFØRANDE, MEDAN ANDRE ER LIVSTRUGANDE SJUK ALLEREIE FRÅ ANDRE DAG. KOMMUNELEGANE HAR VORTE SAMDE OM AT DET GENERELLE TEIKN PÅ INFLUENSASJUKDOM UNDER EIN PANDEMI MED INFLUENSA, ER: FEBER OG NYOPPSTÅTT HOSTE.

BARN / BARNEHAGE OG SKULE:

BARN UNDER EITT ÅR KAN VERTE SVÆRT ALVORLEG SJUKE MED AKUTT VIRUSLUNGEBETENNELSE. LIKEVEL KAN EIN GENERELT SEIE AT BARN OFTE ER MINDRE SJUKE ENN ANDRE UNDER EIN INFLUENSAEPIDEMI.

BARNET KAN GJERNE KLAGE OVER VONDT I MAGEN, HOVUDVERK OG HA LITT SLØRA AUGE. DET HENDER AT BARNET FORTEL AT ANDRE ER SJUKE I HEIMEN. NOKRE

GONGAR HAR BARNET HOSTE, OG FEBER KAN SJÅAST TYDELEG.

UNDER EIN ALVORLEG INFLUENSAPANDEMI ER DET VIKTIG AT PERSONALET TEK KONTAKT MED FORELDRA OG SENDER BARNA HEIM OM DEI HAR MISTANKE OM AT BARNET HAR INFLUENSA.

BARNA KAN VERE SMITTSAME I 7 DAGAR, OG SKAL HALDE SEG HEIME MINST 7 DAGAR ETTER AT SJUKDOMEN STARTA. DET ER IKKJE AKTUELT Å ISOLERE BARN.

ER DU SOM PERSONELL I TVIL OM VURDERINGA AV HELSETILSTANDEN TIL EIT BARN, TA KONTAKT MED KOMMUNELEGEN.

DERSOM EIN AV PERSONALET SJØLV MEINER HAN/HO ER INFLUENSASJUK, SKAL KOMMUNELEGEN KONTAKTAST OG HAN/HO SKAL HALDE SEG HEIME I 5-7 DAGAR FRÅ SJUKDOMEN STARTA.

ELDRE, PLEIE OG OMSORG

MANGE AV DEI ELDSTE HAR HJARTESJUKDOM, LUNGESJUKDOM, SUKKERSJUKE ELLER VERT BEHANDLA MED MEDISINAR SOM GJER AT DEI HAR LITE MOTSTAND MOT INFEKSJONAR. MANGE AV DESSE ER ALLEREIE TILMELDT OG HAR TENESTER FRÅ PLEIE OG OMSORG. DELS KAN DETTE VERE NYTTIG FORDI EIN PÅ TIDLEG STADIUM KAN PÅVISE SJUKDOM, MEN VI VEIT AT DESSE TENESTENE VIL VERTE HARDT RÅKA MED STORT SMITTEPRESS OG STORT ARBEIDSPRESS. TIDLEGE TEIKN UNDER EIN PANDEMI ER FEBER OG NYOPPSTÅTT HOSTE. VI SER LIKEVEL AT NOKRE AV DEI SOM VERT SJUKAST,

HAR FALL I FEBER. DET ER VIKTIG AT EIN NYTTAR TEMPERATURMÅLAR. Personar med hjartesjukdom, hjartesvikt, lungesjukdom som til dømes astma og sukkesjuke kan verte alvorleg forverra i sin sjukdom, og kan trenge ekstra hjelp og tidleg legetilsyn. NOKRE AV DEI SOM VERT INFLUENSASJUKE, ER MEIR UTSETTE FOR Å BLI ALVORLEG SJUKE ENN ANDRE. DETTE OMFATTAR: Nokre av dei som normalt får tiltak frå sosialetaten, er skadde av alkohol, narkotika eller kronisk sjukdom. Desse er svært utsette ved ein pandemi, og det er viktig at sosialetaten er merksam på dette og har god kontakt med legen. • Ved sukkersjuke og høg feber, kan det vere naudsynt å auke insulindosen. • Ved KOLS, hjartesjukdom og hjartesvikt er det aktuelt med auka tilsyn, endra medisin og

tilføring av oksygen. • Barn under 1 år • Vaksne over 65 år Av oppgåver under ein pandemi kan vi nemne: • Sikre medisinering og utlevering av medisin til heimebuande • Følgje opp oksygenbehandling • Kontinuerlig tilsyn med dei sjukaste • Støtte og hjelp ved dødsfall • Stell av mors i heimen om gravbyrå ikkje har stor nok kapasitet Under ein pandemi der vi har ein alvorleg, verdsomfattande epidemi med influensavirus, vil det vere eit nært samarbeid mellom kommunelege, helsesyster og leiarane for pleie og omsorg. Vert Masfjorden kommune hardt råka, kan fylgjande vere aktuelt: Ta inn vikarar, auke arbeidstida for deltidstilsette, ta inn studentar og nytte arbeidsføre pensjonistar. Det er viktig at vi støttar kvarandre og gjev kvarandre ei hjelpande hand og vegleiing om naudsynt. Gjere om ein av pleieavdelingane ved Masfjorden sjukeheim til isolat som tek seg av dei eldste som er smitteførande. Dei som skal arbeide her, vert prioriterte for behandling med antiviralia og vaksinasjon Sjukepleiar kan verte teke ut til å delta i ein heimepatrulje og ved massevaksinasjon. IKKJE ALT VIL FUNGERE UNDER EIN ALVORLEG INFLUENSAPANDEMI. Sjukefråveret kan vere stort. Presset på helsetenesta og pleie og omsorg kan føre til at vi ikkje får gjort alt vi gjerne skulle gjort. Dette er sentrale yrkesgrupper under ein pandemi, og kommunelegen vil halde nær kontakt med leiarane. Rolf Martin Tande Smittevernlege Følg med på www.masfjorden.kommune.no

VEDLEGG VII

PROSEDYRAR FOR HANDSAMING AV LIK NÅR MANGE DØYR SAMSTUNDES Masfjorden kommune har bårehus ved dei 3 kyrkjene våre: Solheim kyrje,Frøyset kyrkje og Sandnes kyrkje. Desse har kjølerom+ med plass til …….? Dødsattest kan ikkje skrivast av andre enn ein lege, men det skal berre to vaksen personar til for å konstatere offisielt at nokon er død. Lege treng ikkje skrive dødsattest dødsdagen. Ved ein alvorleg influensaepidemi kan det over kort tid verte ekstra dødsfall, og det kan i verste fall føre til at ein samstundes har 3 til 4 som skal gravleggast . Er epidemien om sommaren, kan det vere varmt. Ved ein slik epidemi, kan det vere mangel på prestar som alle er overarbeidde, og det kan verte problem med å få gravlegging innan kort tid. Ein kan også ha den situasjonen at gravarane som skal førebu grava, er sjuk. Det kan verte mangel på kister sjølv om gravferdsbyråa har beredskapsplan for ein pandemi. Ved kritisk mange som skal gravleggast samstundes eller over kort tid, kan det verte aktuelt å nytte seg av fylgjande tiltak

• Kriselikpose (frå gravferdsbyråa) • Fleire lik samstundes i kjølerommet • Gjere om eit rom ved fryseriet til lagring av lik eller få tak i ein kjølecontainer

Det er viktig å gjere merksam på at personar som er død av influensa, ikkje er smitteførande.