program 2019 - s3-eu-west-1.amazonaws.com · på sein-sommaren og hausten, måtte vi avlyse turar...

32
1 Luster Turlag sine turar luster.dnt.no PROGRAM 2019

Upload: others

Post on 17-Sep-2019

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

1

Luster Turlag sine turar

luster.dnt.no

PROGRAM2019

2

Turprogram 2019Velkommen til turåret 2019Luster Turlag legg bak seg eit aktivt 2018, som også marker-te DNT sitt 150 års jubileum. Til saman gjekk 36 turar og arrangement av stabelen i fjor, og på grunn av nokre store enkeltarrangement, engasjerte vi til saman rekordhøge 1.647 deltakarar i fjor! I tillegg kjem alle dei som er innom hytte-ne våre og dei som leiger kajakk i løpet av året. Også hygge-leg at turlaget har ein medlemsvekst på 4% gjennom 2018. Eg rettar ein stor takk til alle som sluttar opp om turlaget, våre turar, arrangement, hytter og kajakkar, og med ein spesiell takk til alle frivillige for innsatsen som ligg til grunn for desse tilboda. Etter ein snørik vinter, gjekk vi brått over til rekordvarm og tørr sommar, mens august til oktober vart prega av nedbør. Vêret set sitt preg på våre aktivitetar, der Fuglesteg fekk ein rekordstart i mai med mange besøkande, medan ein våt haust drog ned besøkstala for Fivla. På sein-sommaren og hausten, måtte vi avlyse turar på grunn av dårleg vêr. Sjølv om det ikkje er kjekt å avlyse turar, er likevel terskelen låg for avlysing om vi er usikre: Våre turar skal vere trygge, og gje gode opplevingar for både våre frivillige og våre deltaka-rar. På fjorden opplevde padlarar at fine sommardagar brått skifta til vind og bølgjer. Her har turlaget i oppgåve å bidra med informasjon, samt tilby kurs for at folk får kompetanse for å ferdast trygt i naturen.

Opninga av dagsturhytta Eikjabu var ein viktig milepæl i fjor, og eitt av dei store arrangementa våre. Medan Luster kommune er eigar av Eikjabu, har turlaget ansvar for drift av hytta og området rundt. Turlaget har etablert flytebrygge for å legge til rette for å nytte området. Ein ekstra takk til våre tre i hyttestyret, Håvard, Arne og Anders, samt grunn-eigar Johannes Vedvik, for innsatsen som er lagt ned. Heile

Framsidebilete: Vigdalsdilten for alle!

3

760 besøkande har signert seg inn i hytteboka i opningsåret, og er nok også ei årsak til at utleige kajakkar fekk eit opp-sving i 2018.

Det var ekstra hyggeleg at turklassikaren Vigdalsdilten hadde rekordhøge 90 deltakarar i sitt 40. år. Vigdalsdilten er jo ein fin familietur, og med god annonsering, førehand-somtale og fint turvêr, så er dette turtilbodet framleis i stand til å mobilisere turfolket! Brekryssinga og topptrimtoppane er også populære turar med god oppslutning.

Det er både spennande og utfordrande å komponere eit tur-program. Utfordrande fordi programmet skal tilby ein vari-asjon i turar og appellere til ulike grupper. Og det er spenn-ande å sjå korleis oppslutninga til slutt blir på den enkelte turen. Vi håpar at turprogrammet for 2019 fell i smak, og at vi ser nettopp deg på eitt eller fleire av våre arrangement. Programmet inneheld ikkje nokon turar for DNT Ung, men forhåpentlegvis vil ungdommen likevel improvisere nokre turar i løpet av året. Våre internettsider og Facebook vil halde alle oppdaterte om aktivitetane.

Eg må også rette ein stor takk til Luster Sparebank, som fornya hovudsponsoravtalen med turlaget i fjor. I tillegg til den årlege hovudsponsorstøtta, gav Luster Sparebank også 50.000 kroner til restaurering av høyløa på Fuglesteg. Gjennom sine bidrag, bidrar Luster Sparebank til at vi kan gje eit godt tilbod med hytter og kajakknaust.

Vi har mange trufaste frivillige som gjer ein kjempeinnsats for turlaget, men det er oppgåver og plass for fleire frivillige. Om du har lyst og tid, så er det berre å melde seg til teneste for både administrative oppgåver eller meir praktiske gjere-mål.

Ole Schanke EikumStyreleiar

4

Bli medlem i Luster TurlagLuster Turlag har 733 medlemmar ved utgangen av 2018, noko som er ein vekst på 4% i forhold til 2017. Det har ikkje vore nokon spesiell vervekampanje i 2018, men turlaget har vore bra synlege med stand på Lustramarknaden, synleg på Facebook og med eit aktivt tur- og arrangement-år.I tillegg til våre 733 medlemmar, har turlaget også støtte-medlemmar busett utanfor kommunen. Talet på støttemed-lemmar vart dessverre omtrent halvert i 2018, etter ein feil i den utsendte innbetalingsinformasjonen.

2018 2017 2016 2015Honnør 54 51 45 44Hovudmedlem 242 245 252 262Familie - Hovudmedlem 47 38 29Husstandsmedlem 147 101 109 135Ungdom 65 41 38 37Skuleungdom 64 26 36 58Barn 101 46 71 113Livsvarig 13 12 12 12Familie - hustandsmedlem * 148 116 733 708 708 661Vekst, år for år 4% 0% 7%*171 familie-husstandsmedlemmar er fordelt på kategoriane barn/

skuleungdom/ungdom/husstandsmedlem

 Er du medlem i DNT og har postadresse i Luster, vert du automatisk medlem i Luster Turlag. Om du bur andre plass-ar i landet eller i utlandet, men vil knyta medlemsskapet ditt til Luster, må du gje beskjed til DNT sentralt på [email protected] eller tlf. 400 01 870. Luster Turlag oppmodar alle som er interesserte i friluftsliv om å spandere på seg eit medlemsskap. Det er 12 flotte DNT-hytter i kommunen vår, og som medlem får du rabatt på bruken av desse. Som medlem av Luster Turlag får du også leige kajakkar og anna utstyr gratis. Som medlem får du også medlemsbladet Fjell og Vidde 6 gonger i året, og ei spanande årbok til jul. Luster Turlag har dekka deltakingsavgifta for born og unge sin

5

deltaking på BaseCamp-arrangementa, og vi tek sikte på å vidareføre denne sponsing av aktivitetar for barn- og ung medlemar så langt det let seg gjere. Meir informasjon og registrering av nytt medlemskap kan gjerast på våre inter-nettsider. Luster Turlag har følgjande prisar for medlems-skap i 2019:

Medlemsskap 2019Familiemedlemskap 1250,-Hovudmedlem 695,-Ungdom (19–26 år) 350,-Skuleungdom (13–18 år)  215,-Barn (0–12 år) 130,-Honnørmedlem (over 65 år eller uføre) 540,-Hustandsmedlem 380,-Livsvarig 17.000,-

Året som gjekkDet viktigaste målet for Luster Turlag er å tilby aktivitetar som kan få folk i alle aldrar ut i den flotte naturen vår, og vi legg bak oss eit svært aktivt år i 2018 med rekorddeltaking.

2018 2017 2016 2015Talet på turar/arr. 36 27 34 47Deltakarar - Barnas Turlag/UNG 535 586 624Deltakarar - ordinære turar/arrangement 485 516 585Deltakting - ordinære turar 246Deltaking - UNG-arrangement 257Deltaking - BT-arrangement 454Deltaking - arrangement 690Deltaking totalt 1647 1020 1102 1209Gjennomsnittleg deltaking* 35 38 32 26

6

Topp-/Turbotrimmen - registreringar 1060 1060 1020 1140Fivla - Overnatting 280 400 316 284Fivla - Dagsbesøk 350 315 274 240Fuglesteg - Overnatting 640 640 525 560Fuglesteg - Dagsbesøk 6300 6150 5450 5350Eikjabu - dagsbesøk 760Utlån av kajakkar 640 460 430 650*korrigert for dei tre ekstraordinære arrangementa i 2018.

Tabellen ovanfor viser ein oppsummering av deltakinga på turlaget sine aktivitetar. Den totale deltakinga har vist ein redusert oppslutting frå 2015 til 2017, og for å få betre oppsyn med deltakarutviklinga, har ein valt å skilje arran-gement ut frå dei ordinære turane, samt splitte UNG- og BT-arrangementa.

Årsaka til den rekordhøge deltakinga i 2018, skuldast ekstraordinære arrangement som opning av dagsturhytta, grunnsteinnedlegging på Tungestølen og markering av DNT sitt 150 års jubileum, med til saman 495 deltakarar. Dersom ein korrigerer for desse tre ekstraordinære arran-gementa, er deltakartalet på 1152, som er auke frå dei to føregåande åra. Korrigert for dei tre ekstraordinære arran-gementa i 2018, er gjennomsnittleg deltaking på dei ordi-

Frå feiringa i Ormelid av DNT sine 150 år.

7

nære turane og arrangementa på 35 stykk, noko som er ein svak nedgang frå året før. For detaljar om oppsluttinga på våre turar og arrangement, vert det vist til den fullstendige årsmeldinga på nettsidene våre.

Som statistikken viser, held den gode besøksutviklinga for Fuglesteg fram. Fuglesteg fekk ein knallstart på sommarse-songen med fint varmt vêr både i 17. mai-helga og i pinse-helga, noko som heldt fram utover sommaren. Fuglesteg har også hatt fleire arrangement som har bidrege til godt besøk. Toppsesongen for Fivla er august og september månader, og vêromslag som kom med mykje regn er truleg årsaka til reduserte overnattingar for Fivla. Men talet på dagsbesøk på Fivla har auka, og dei 90 deltakarane på Vigdalsdilten er medvirkande til dette. Talet på utleige av kajakkar vart 640 i 2018, og er dermed opp mot rekordåret i 2015. Etablering av dagsturhytta Eikjabu i mai og den fine sommaren er nok forklaringa til den auka interessa for kajakkutleiga. Dagsturhytta Eikjabu hadde 760 registrerte gjestar i hytte-boka denne første sesongen, etter opninga 12. mai 2018.

Topptrimmen 2017–2019I 2017 starta ein ny sekvens med den tradisjonsrike Topptrimmen, og denne varer fram til og med 2019. Følgjande ti toppar er med i Topptrimmen denne gongen:Gravdalstind (2113 moh) – Sognefjellet Tuftanovi (1643 moh) – Veitastrond/Sogndalsdalen Leirbotnnosi (1615 moh) – Fagredalen i Jostedalen/Mørkridsdalen

Jubileumskaka.

8

Gruvefjellet (1520 moh) – Årdal/Luster Kaldrasane (1507 moh) – Vigdalen/Mørkridsdalen Lioksli (1460 moh) – over Norheim mellom Breheimsenteret og Fåberg Røneidseggi (1359 moh) – Røneid/Dale på Indre Hafslo Bjørkanosi (1231 moh) – Fortunsdalen/Mørkridsdalen Solvornsnipa (1031 moh) – Galden på Hafslo Tausasva (928 moh) – over Urnes Stavkyrkje

Alle som har delteke på Topptrimmen får diplom anten dei har vore på ein eller ti toppar! Dei som har teke alle ti, og har sendt inn ein stein i lag med deltakarkortet, får steinen montert på ein flott sokkel med namnet på toppane. Turbotrimmen 2017–2019Denne gongen er 3 av dei lettaste toppane frå Topptrimmen 2017–2019 med, i tillegg til desse fem postane:Vorfjellet (1209 moh) – over Engjadalen/Heggdalen Spørteggbu (1555 m.o.h.) – trekanthytta over Vanndalen i Jostedalen Klibberseggi – Indre Hafslo mot stølen Dale Fivla (975 moh) Luster Turlag sine hytter frå Vigdalen/Dalsdalen Bølifossen med start frå Hødnevollen i Mørkridsdalen

Alle, uansett alder, som har vore på desse 5 turbopostane og 3 av dei lettaste topptrimtoppane har fullført Turbotrimmen og blir kvalifiserte til ein fin premie. Deltakarkort kan kjøpast på SPORTSBUI i Gaupne, SPAR Hafslo, Stein Bugge Næss og av styremedlemar i turlaget. Luster Turlag sitt nye kart i målestokk 1:50000 dekker heile kommunen, og du treng berre denne kartmappa for å ha fullt oversyn over alle toppane/postane. Om du ikkje allereie har denne er den å få kjøpt hos Stein Bugge Næss, Høyheimsvik og Luster bok i Gaupne.

9

Kajakkar og kajakknaustetKajakknaustet ligg i Vedviki, 5 km frå Marifjøra, og har 10 enkle og 3 doble kajakkar med utstyr som trengst for ein trygg padletur på fjorden. Kajakkane er til gratis lån for DNT-medlemmar, og naustet er låst med DNT stan-dardnøkkel. For ikkje-medlemmar kostar det 100 kr per tur. Padling er ein flott aktivitet, men det kan også vera farleg: Den største risikoen er knytt til å gå i vatnet og verta nedkjølt. Turlaget er opptatt av at padling vert utøvd på ein forsvarleg måte, og på internettsidene våre finn du meir informasjon og enkle reglar for at padleturen skal verte ei god og trygg oppleving.

Kajakknaustet i Vedvik på Eikjastrondi.

Frå opninga av dagsturhytta på Ytre Eikjo. F.v. Driftsansvarlege Håvard Ruud, Anders Leirdal og Arne Fossøy saman med Karen Marie Hjelmeseter frå fylkeskommunen.

10

Dagsturhytta EikjabuEtter avtale med Luster kommune og grunneigar, har Luster Turlag påteke seg ansvar for tilsyn og drift av både dagsturhytte-anlegget og området rundt. Dette inkluderer mellom anna stell av området, sjå til at søppel vert rydda, skilting etc. I 2018 etablerte turlaget flytebrygge og landgang for å lette tilgangen for dei besøkande. Ettersom Eikjabu er ei dagsturhytte, er det i utgangspunktet ikkje lagt opp til noko camping/overnatting på eigedomen. Det går an å gå frå Mollandsmarki til Eikjabu, men denne stien er så langt ikkje rydda, merka og sikra. Inntil vidare er derfor tilkomst via kajakk og småbåt tilrådd. Luster Turlag held fram arbei-det med tilrettelegging av stien frå Mollandsmarki i 2019, sjå våre internettsider/Facebook for oppdateringar. Fuglesteg og Fivla TuristhytterDet store toetasjes steinhuset på Fuglesteg vart bygt i 1830, men vart brannskada i 1985. Luster Turlag har sett i stand huset og dette kulturminnet er no teke i bruk som ubetjent turisthytte. Her er det 23 senger med dyner og puter.  Låven er og satt i stand og har 8 madrassar/senge-plassar. Du treng å ha med lakenpose, eventuell sovepose. Fuglesteg eignar seg godt til skuleklassar/grupper. Steinstova er låst med standard DNT-nøkkel. Det er ikkje mat lagra i husa, men i sommarsesongen har turlaget dagleg ser-vering av hellekaker med rømme/syltetøy og kaffi/saft. Fjøsbygningen er no eit stort fellesrom som kan nyttast som selskapslokale, til konsertar og andre større arrangement.

17-mai-toget i Fuglesteg.

11

Der er bord til å dekke opp til ca. 80 personar og stolar til 150 for konsertar og liknande.

Fivla er ein gamal fjellstøl som vart nytta av gardar på Høyheimsvik og Nes heilt nede ved Lustrafjorden. Fivla er ubetjent  med 24 sengeplassar (+ madrassar) fordelt på to hytter. Hytta egner seg godt til skuleklassar/grupper. Det er dyner og puter i sengene så du treng berre ta med lakenpose eller evt. sovepose. Fivla ligg fint til over skoggrensa på ruta mellom Vigdalsstølen og Navarsete i Breheimen. Rett over ligg utsiktstoppen Fivlenosi (1466 moh.) der ein har heile Jotunheimen og mykje av Breheimen framfor seg. Begge hyttene står ulåste og kan brukast heile året. Vanlegvis held skiføret seg fram mot 1. mai. 

Prisar for bruk av Fuglesteg og Fivla har vore uendra sidan 2015. Born under 13 år, må vere saman med føresette når dei overnattar på hyttene.  Medlem Ikkje medlemDagsbesøk 40,- 50,-Overnatting - vaksne 200,- 300,-Overnatting - ungdom (13–26 år) 100,- 200,-Overnatting - born (4–12 år) 50,- 100,-Overnatting - born (0–3 år) Gratis Gratis

Leiaren i Luster Turlag, Ole Schanke Eikum saman med dei ansvarlege for Vigdalsdilten i eit par tiår, Ingeborg Flaten og Kari Ødegård.

12

Grupper og skuleklassar kan ta kontakt med turlaget for spesialpris. For Fuglesteg er VIPPS tilgjengeleg, mens for Fivla skal betaling skje ved å legge pengar i konvolutt eller ved betaling med giro/nettbank i ettertid. Betalinga dekker bruk av gass, brensel, lys, reinhald og generell slitasje. NB! Pass på å vaske og rydde fint etter deg og hugs å stengje av gassen før du går. Sjekk at dørene er stengde som når du kom! Sjå elles internettsidene for ytterlegare informasjon om hyttene.

Nye Tungestølen TuristhytteLuster Turlag tek sikte på å re-etablere turisthytta som vart tatt av romjulsorkanen Dagmar i 2011. Snøhetta vann arkitektkonkuransen med eit hyttetun-konsept med totalt 9 store og små hytter. I 2018 vart festeavtalen med grunn-eigarane både signert og tinglyst. Vidare er alle detaljer-te arbeidsteikningar gjort ferdige for første byggetrinn. Oppdaterte kostnadskalkyler viser at heile hyttetunet kjem på i overkant av 23 MNOK, og at første byggetrinn har auka til 15,6 MNOK. Prosjektet hadde grunnsteinnedlegging i august 2018, med ordførar Ivar Kvalen og statssekretær Atle Hamar. Luster Turlaget har fått totalt 7,125 MNOK i støtte  frå Luster Sparebank, Sparebanken Vest, Luster kommune, Sogndal kommune og Veitastrond Bygdelag. Vidare er det lagt til grunn ca. 3,5 MNOK i spelemidlar frå Kulturdepartementet. Prosjektet manglar derfor 5 MNOK på fullfinansiering av første byggetrinn. Prosjektet fekk byggeløyve for grunnarbeida hausten 2018, og arbeidet med

Stort frammøte på Tungestølen under grunnsteinnedlegginga .

13

framføring av straumkabel og grunnarbeidet for Felleshuset er starta opp. Det vidare arbeidet er avhengig av fullfinansi-ering. SalsartiklarTurlaget har selt mykje av jubileumsboka «UT i Luster», men vi har framleis eit godt lager. Den andre bestseljaren vår, «LUSTRAFJELL - om fjell og fjellfolk i Luster», er også tilgjengeleg. Prisen er 400,- for den fyrste og 250,- for den andre. Men kjøper du begge i lag, får du begge for 500,-. Boka «OPPTUR – Sogn og Fjordane» sel me for 400,-.

Me har to fine filmar om Fuglesteg-prosjektet på DVD til 100,- pr. stk. I Fuglesteg kan du få kjøpt flotte T-skjorter (svarte og kvite) med husa der oppe som motiv, samt kort i akvarell med motiv frå Fuglesteg.

Den nye kartmappa for Luster får du kjøpt for 290,-. Vil du ha kartmappa tilsendt i posten, tek du kontakt med Stein Bugge Næss på tlf. 958 74 596 eller e-post [email protected]. Du får òg kjøpt kartet og bøkene hjå Luster Bok i Gaupne.

Støtt Luster Turlag med GRASROTANDELENI 2018 har tilbakebetaling frå Norsk Tipping gjeve turlaget fleire tusen kroner ekstra i kassen. Om du vil støtta turlaget med 5% av speleinnsatsen din, er det berre å gje beskjed hos kommisjonæren eller på www.norsk-tipping.no. Luster Turlag sitt organisasjonsnummer er 886 022 492 og koden vår til Norsk Tipping er 3277 4886 022 492

Nyttig informasjonHugs at turane du går med Luster Turlag er på eige ansvar. Reiseforsikring kan vere fornuftig å ha. Ein del av turane blir annonserte i Sogn Avis, men viktigaste informasjonska-nalane er Facebook og nettsida vår https://luster.dnt.no/. Der

14

kjem fyldig informasjon i forkant av turar og arrangement, og biletereportasjar i etterkant. Me tek gjerne imot klarerte bilete frå turar, for publisering. På nettsida skal du finne det meste du treng av opplysningar om husa og hyttene til turlaget. Det blir teke ein del bilete på fellesturane. Dersom du ikkje vil «komme på nettet» må du gje beskjed til turleiar før turen startar.

Eventuell påmelding på turar kan gjerast til turlaget sin e-post: [email protected] dersom ikkje anna er opp-gjeve.

Styret og organisering av Luster TurlagStyret utgjer 7 medlemmer med 3 varamedlemmer, og har hatt slik samansetting i 2017:Leiar: Ole Schanke EikumNestleiar: Berit Kristin LadKasserar: Arne FossøyStyremedlem: Anders LeirdalStyremedlem: Solveig Seim Lysne (leiar Barnas Turlag)Styremedlem: Håvard Ruud (leiar DNT Ung Luster)Styremedlem: May Tone Feten HøyheimVaramedlem: Ole-Hermann MeløyVaramedlem: Even LoeVaramedlem: Bjarne Venjum

Turlaget er organisert med følgjande grupper:Barnas Turlag m/Solveig Seim Lysne som leiar.DNT Ung Luster m/Håvard Ruud som leiar.Kajakkar og kajakknaustet m/Einvald Søreide Erichsen som leiar.Fivla Turisthytte m/Nils Oma som leiar.Fuglesteg Turisthytte m/Stein Bugge Næss som leiar.Dagsturhytta Eikjabu m/Håvard Ruud som leiar.Byggenemnda for Nye Tungestølen Turisthytte m/Stein Bugge Næss som leiar.

15

Ta vare på programmet! Heng det gjerne på veggen.

Kanskje har andre i familien interesse av det.Kanskje får du fjellinteresserte på besøk.

Luster Turlag har tilbod til alle.

Bli med på tur, og bli gjerne medlem!

Standard-graderinga:Grøn. Enkel: Nybyrjarar * Krev ingen spesielle ferdigheiter * Skal kunna gjennomførast av alle. *Maks 300 høgdemeter.

Blå. Middels: Nybyrjarar * Middels trente turgåarar * Grunnleggjande ferdigheiter. *Maks 600 høgdemeter.

Raud. Krevjande: Erfarne turgåarar * Godt uthald * Krev godt turutstyr. *Maks 1000 høgdemeter.

Svart. Ekspert: Erfarne fjellfolk * Godt uthald * Krev godt turutstyr. * Meir enn 1000 høgdemeter.

16

Søndag 20. januarMåneskinstur til Raudbergsholten via FlatninganeSnøen er komen for godt i fjellet, og det er dagen før fullmåne. Ein lett tur på ski kan vel passa denne kvel-den. Utstyr deg med hovudlykt og møt opp i Gaupne for oppfylling av bilar Me køyrer opp i Engjadalen og går via stølen Flatningane sørvestover til den fine utsynstoppen Raudbergsholten (810 moh). Her kan me ta nistematen ved eit levande bål, om fleire tek med litt ved.Frammøte ved Prix i Gaupne kl. 17.00Turleiar: Melchior Kalhagen, 478 31 471 Kjentmann: Nils Oma, 952 26 727

Søndag 3. februar KOM DEG UT-DAGENDet har etter kvart vorte tradisjon å samlast liten og stor i Sogn Skisenter på Heggmyrane for å markera denne nasjo-nale skidagen. Her vert det skileikar av mange slag, overras-kingar og moro i bakken og servering i grillhytta. Kom og bli med på uteaktivitet uansett utstyr, ver og form!Sjå meir på Facebook og nettsidene til turlaget: luster.dnt.no

PROGRAM 2019

Kom Deg Ut-dagen på Sogn Skisenter.

17

Fredag 8. februarÅRSMØTE I LUSTER TURLAGMøtet vert halde på Gaupne barneskule og startar kl. 19.00. Vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap og val. Bilete frå turar og arrangement i 2018. Gratis servering og musikalsk underhaldning. Utdeling av Vigdalsdiltplakettar. Kåring av Fjellkjennaren 2019. Alle er velkomne!

Søndag 24. februar Vigdalen – Kattøyra (1411 moh) Denne søndagen satsar me på ein middels tung dags-tur på ski i flott fjellterreng med utgangspunkt i Vigdalen. Frå parkeringsplassen går me via Vårstølen og Vigdalsstølen og oppover til Drivande, fjellstølen til gardane i Kilen. I lange svingar tek me oss opp i høgda og endar på det høgaste punktet av Kattøyra (1411 moh). Utsynet mot tindane i Jotunheimen er storarta, og ned-turen kan ein leggja som ein vil, alt etter skiferdigheiter. Både fjellski og breiare ski kan nyttast på denne turen. Hugs skifeller. Start frå parkeringsplassen øvst i Vigdalen kl. 10.00 Turleiar: Ole-Hermann Meløy, 906 91 624 Kjentmann: Stein Bugge Næss, 958 74 596

Skitur til Asbjørnnosi i 2018 med Hest i bakgrunnen.

18

Søndag 24. mars Klatring i Fjordstova på SkjoldenDet kan passa å ta ein tur i klatreveggen inne på Skjolden for å øva opp kroppen til å tola høgder no før me skal ut i den verkelege naturen og gå bratte fjellturar. Klatringa er mynta på born, men det kan og vera moro for oss vaksne å prøva seg. Turlaget har stødige instruktørar som hjelper til. Sjå meir informasjon på nettsidene og facebook når dagen nærmar seg.

Søndag 7. april Skitur til Lioksli (1460 moh)Mange av deltakarne i Topptrimmen ser på denne toppen som krevjande. Det er mykje attvakse oppover frå Norheim

Klatring i veggen på Fjordstova.

19

og vanskeleg å finna sti i sommarhalvåret. Kanskje det kan vera lurt å hengja seg på denne fellesturen til toppen med det fine utsynet heimover Jostedalen? Turen startar på vel 350 høgdemeter, så ein må vera budd på ein lang og tung motbakke for å nå til topps. Til gjengjeld er det raskt og lett å koma seg nedatt til utgangspunktet. Det kan vera vanske-leg med parkering på Norheim, så me kjem attende med informasjon om dette i annonse i Sogn Avis og på turlaget sine nettsider nokre dagar før turen går.Start i Jostedalen kl. 10.00Turleiar: Arne Fossøy, 917 44 453Kjentmann: Kåre Reidar Aase, 482 50 566

Laurdag 13.–tysdag 16. april BASECAMP FIVLADette er eit arrangement i regi av Sogn og Fjordane Turlag i samarbeid med Luster Turlag. Passar for alle ungdomar 15-18 år som trivst på ski! Følg med på sftur.no for påmel-ding og informasjon. Luster Turlag dekker kostnadene for medlemar i vårt lag som melder seg på!

Søndag 28. april Skitur Turtagrø – Hytta på Bandet (1750 moh)Turlaget har hatt skitur til denne spesielle hytta før, men det er mange år sidan. Skagastølsbu, eller Hytta på Bandet, som ho har vorte heitande, har ei historie heilt attende til 1890 og den første klatreepoken i landet vårt. Her kunne dei som kleiv i Storen og andre tindar finna overnatting. Det har heile tida vore ei rå og kald hytte, og no er ho berre ei redningsbu om nokon har behov for hjelpeutsyr eller må søkja ly under vanskelege tilhøve. På vegen passerer me Norsk Tindeklubb si store hytte i Skagastølsdalen. Det er ein del bratt terreng på vegen, så det er bra om ein kjenner seg trygg på ski.Start i Turtagrø kl. 10.00.Turleiar: Anette Hauge, 976 98 805 Kjentmann: Stein Bugge Næss, 958 74 596

20

Søndag 5. mai Skitur til Glittertind (2452 moh+snøskavl)At Glittertind er det nest høgaste fjellet i Noreg, er barne-lærdom. Om veret er fint denne søndagen, skal me indre-sogningar ta turen over Sognefjellet og til Spiterstulen, der skituren startar i rundt 1100 meters høgde. Det er såleis mange meter å stiga før me står på toppskavlen. Truleg er det ikkje mange lustringar som har vore her på ski, så dette kan bli historisk! Det er ein heil køyretur over fjellet, så me må koma oss avgarde nokolunde tidleg. Her er det fjellski eller tyngre utstyr som gjeld, og hugs fellene. Truleg vert me borte frå bilane i 7-8 timar, så ta med rikeleg med mat, drikke og klede.Start for oppfylling i bilar ved Prix i Gaupne kl. 08.00 eller Skjolden kl. 08.30.Turleiar: Anders Leirdal, 976 29 033 Kjentmann: Ragnar Melheim, 902 03 304

Onsdag 8. mai (eventuelt onsdag 5. juni) Opptur for 8. klassingane i Luster kommuneDette er eit nasjonalt opplegg for å inspirera ungdom til friluftsliv, og alle 8. klassingane i kommunen vert inviterte. Om det blir runden frå Gaupne over Råum eller ein tur med utgangspunkt Hafslo Barne- og Ungdomsskule er enno ikkje avgjort. Målet er å skapa ein flott dag ute med fine

Frå skituren til Gravdalstind i mai 2018.

21

naturopplevingar og utan konkurransepress. Orientering blir gitt på førehand i klassane.Ansvarleg for opplegget frå turlaget: Arne Fossøy, 917 44 453.

Søndag 12. mai Vårtur på Nes med hesteriding på baneNes er ein av stadene i Luster med tidlegast vår, og denne dagen skal me vandra i skog med nyutsprunge lauv over gardane på Øvre Nes og få høve til å bli kjende med hestane der. Detaljar i opplegget og klokkeslett kan ein sjå på luster.dnt.no og Facebook nokre dagar før turen.Ansvarleg for opplegget: Anne Grethe Leirdal, 951 61 811 og Stine Nordal, 950 54 709.

Opptur 2018 for 8-klassingane gjekk på Hafslo i 2018.

Vår og hesteriding på Nes.

22

Søndag 2. juni Generasjonstur til FeigefossenDet har skjedd mykje dei siste åra på den første «indus-tristaden» i kommunen – Feiga. Her var det i si tid mølle, sagbruk og smie. No har eigarane restaurert det meste og i tillegg opna ein liten kafe på staden. Her blir det omvising og tur oppover langs Feigeelva heilt til ein er nær innpå den vårkåte og brølande Feigefossen.For detaljinformasjon ser du på luster.dnt.no og Facebook nokre dagar før turen. Ansvarleg for opplegget: Anne Merete Kvalsøren, 905 88 369.

Måndag 10. juni (2. pinsedag) Fottur Kinsedalen – Kvalen – Kvalaholten – Øystølen – Kinsedalen For ein god del år sidan hadde turlaget same turen, og den var særs vellukka. Her er det mykje interessant å sjå og høyra, både frå industrihistoria i området og den fine buplassen Kvalen, som vart fråflytt for ein del tiår sidan. Det går an å snu og gå same vegen attende til Kinsedalen, men meir spanande er det å ta opp i høgda til Kvalaholten om lag 900 meter over havet og innover att til Øystølen og derifrå til skogsvegen nedover mot Hamaren og kaien i Kinsedalen.Start for oppfylling av bilar i Gaupne ved Prix kl. 09.00 og Skjolden kl. 09.30. Dei som tek ferja møter i Kinsedalen kl. 10.00.Turleiar: Stein Bugge Næss, 958 74 596 Kjentmann: Eirik Kvalen, 918 62 476

Laurdag 22. juni Molden opp – naturstiBarnas Turlag vil i år som tidlegare setja opp natursti langs ruta oppover mot Molden denne dagen med liv og røre heile vegen frå Marifjøra og til topps i 1116 meters høgde. Masse flotte premiar blir trekte ut på premieutdelinga etter løpet. Detaljar blir lagde ut på heimesida vår: luster.dnt.no/Facebook og på moldenopp.no i forkantAnsvarlege: Christin og Tore Sønnesyn, 950 67 300.

23

Måndag 24. til fredag 28. juni Basecamp sommar på TungestølenDette er eit årvisst arrangement i regi av Sogn og Fjordane Turlag, og Luster Turlag har både hatt deltakarar og hjelpt til med det praktiske. Pass på å følgja med når SFT legg ut informasjon om påmelding. Luster Turlag har tidlegare støt-ta deltakarar frå vårt lag økonomisk, og det same kan ein rekna med i år.

Søndag 30. juni frå 13.00KUNSTUTSTILLING I FUGLESTEGDette er tredje sommaren me prøver oss med kunstut-stilling i fjøsen i Fuglesteg, og denne gongen er det den utflytte skjoldingen Ivar Svensøy som vil ta med seg eit høveleg utval av måleria sine og hengja dei på desse veg-gene som passar så fint til kunst. Ivar har som lektor hatt arbeidplassen sin ved den vidaregåande skulen i Førde, og er no pensjonist. Utstillinga har vore ein suksess for både turlaget og kunstnarane dei føregåande åra, og me vonar på det same denne gongen. Måleria blir hengjan-de ut sesongen, og dei er til sals. Kom og sjå, enten på opningsdagen, då me satsar på å ha eit musikalsk innslag, eller seinare i sesongen. Sjå meir om opplegget på nettsi-dene til turlaget og i Sogn Avis når datoen nærmar seg.

Frå kunstutstillinga i 2018 med Guro Stokkebø Fossøy.

24

Laurdag 6. juli Kryssing av Jostedalsbreen Styggevassdammen – Austdalsbreen – Vetledalsbreen – Greidung Luster Turlag har hatt veldig mange turar over Jostedalsbreen. Denne gongen tek me opp att ein tur me sist gjekk i 2008. Når ein kan køyra heilt opp til Styggevassdammen, er det ikkje så tungt å gå over til Stryn. Me reknar at sjølve vandringa vil ta 10-11 timar. I tillegg

Eit av Ivar Svensøy sine bilete som vil bli å sjå i Fuglesteg heile sommarsesongen.

Glade brevandrarar på veg til Bødalsseter i Stryn i juli 2018.

25

kjem bussturen frå Gaupne, og nokre timar i buss att frå Greidung, der fotturen sluttar, og attende til Gaupne. Det er ofte blåis på Vetledalsbreen på denne tida, så ta med brod-dar av eit eller anna slag!Start i buss frå Prix i Gaupne kl. 06.00.Følg med på turlaget sine nettsider eller i Sogn Avis om påmelding, pris og meir informasjon når datoen nærmar seg.Turleiar: Anne Kari Herlofsen Nes, 957 27 958 Kjentmann: Anders Leirdal, 976 29 033

Søndag 21. juli VIGDALSDILTEN (for 41. året på rad)I fjor var det jubileum for denne fine turen, og heile 90 stilte opp og gjekk over fjellet frå Vigdalen til Gaupne. Opplegget er enkelt: Ein møter opp og melder seg på ved Prix i Gaupne, set seg i bussen og blir frakta opp til Vigdalen. Så er det ein fin tur inn til DNT-hytta på Vigdalsstølen, vidare over brua til Breidsete og opp til turla-get sine hytter på Fivla. Der møter Ingeborg og Kari oss med kaffi og saft, og kanskje finn dei på å spandera litt ekstra godsaker denne gongen og. Om nokon kan underhalda med litt musikk på stølsvollen, set det ein ekstra spiss på turen. Vel 200 høgdemeter stigning er det vidare før ein når høgas-te punktet. Så ber det utfor til Heggdalsvatnet og vidare til Heggdalen, Navarsete og bilveg i Engjadalen. Ein kan gå

Vigdalsdilt nr. 40 vart feira med lefsekling og toradarmusikk!

26

vidare ned i Gaupne, men om fleire møter opp før kl. 08.30, kan me køyra opp ein del bilar til Engjadalen før start, slik at det blir skyss dei siste kilometrane. Bussen køyrer frå Gaupne kl. 09.00. Pris kr. 150 for vaksne og kr. 50 for born og ungdom opp til 15 år inkluderer pla-kett som vert utdelt på turlaget sitt årsmøte.Ansvarlege for opplegget: Kari Ødegård, 480 77 262 og Ingeborg Flaten, 917 73 771.

Kjekt å sjå Heggdalsvatnet på Vigdalsdilten.

Liv Kreken og Vegard Iversen hadde konsert i Fuglesteg i juli 2018.

27

KONSERT I FUGLESTEGKvar sommar frå fjøsen i Fuglesteg vart oppattbygd i 2008 har det vore halde konsert der. Det er eit flott rom for musikk, og med god plass til bortimot 150 tilhøy-rarar. Me er ikkje ferdige med å leita etter artistar for konserten denne sommaren, men følg berre med på nett-sidene til turlaget og i Sogn Avis, der me vil annonsera arrangementet eller arrangementa, dersom det er fleire som vil opptre utover sommaren.

……. og det same hadde Linda Gytri saman med Anders Bitustøyl og Timo Alakotila.

Søndag 4. augustVorfjellet (1209 moh)Dette er det siste av tre år for Turbotrimmen 2017–2019, og her lagar me ein fellestur til ein sentral topp i fjella over Gaupne. Vorfjellet vart ekstra lett tilgjengeleg etter at bil-vegen kom til Brunestegen over Engjadalen. Her er ein alt komen opp i nær 700 meters høgde, og det er godt merkt sti vidare mot toppen. Turen passar alle aldrar, og ein kan vera

28

med enten ein deltek i Turbotrimmen eller ikkje.Start frå Brunestegen kl. 10.00Turansvarleg: Gry Anita Sviggum, 917 47 465.

Søndag 11. august Gruvefjellet (1520 moh)Dette er ein av toppane i Topptrimmen 2017-19, og no har alle sjansen til å få vera med på fellestur dit. Me prøvde det same opplegget for to år sidan, men då vart veret for dårleg. I vona om godt søndagsver denne gongen, prøver me på nytt. Turen startar frå skihytta i Fardalen og går opp den gamle ferdselsvegen. Like nedanfor toppen ser me på Brekke gruver. Her var det kopar å finna og drift i ein del år tidleg på 1700-talet, og dette har sett tydelege spor.Tid på vegen opp er 3-3,5 timar og distansen ca. 7,5 kilome-ter.Start frå skihytta i Fardalen kl. 10.00.Turleiar: Linda Røhme, 402 28 586. Ho satsar på å få med ein kjentmann frå Årdal.

Søndag 18. august Åsen – Vangsen (1757 moh) via DyreskoriMange har nok høyrt om kremtoppen Vangsen, og mange har vore der, både på ski og til fots, men få har gått til topps den vegen me vel denne gongen. Starten går frå garden Åsen og opp til stølane Skorhamaren og Skåldalen. Vidare er dalen bratt innover mot foten av Vangsen. Dyreskori var einaste plassen reinen fann passasje på denne sida av toppen, og me skal følgja i reinen sine spor. Ein kjem først opp på Vetlevangsen og følgjer deretter ryggen til topps. Utsynet er av dei beste i landet, med Jotunheimen i aust og Jostedalsbreen i vest. Nedturen går om Åseskaret. Dette er ein krevjande tur i bratt terreng, men uvanleg fin og span-ande.Start frå Åsen kl. 09.00Turleiar: Arne Fossøy, 917 44 453 Kjentmann: Kåre Reidar Aasen, 482 50 566

29

Søndag 25. augustBjørkanosi (1231 moh) frå FortunsdalenTuren var i programmet i fjor, men då regna han vekk. Me prøver på nytt på denne heller tunge topptrimturen. Klippeposten ligg på 1231 meter, så det blir mykje bratt vandring frå dalbotnen og opp. Luftige utsyn får ein med seg på vegen, og me svingar gjerne innom den frittliggjande fjellstølen Smole. Om veret er strålande, har ein her heile rekkja av Hurrungtindar rett imot, eit ynda fotomotiv!Start frå skytebana langt framme i Fortunsdalen kl. 10.00.Turansvarlege: Jakob Vetleskog Øygard, 990 42 131 og Anders Johnsen, 950 78 728.

Søndag 25. august Tur til NigardsbreenNigardsbreen har trekt seg mykje attende dei siste somrane. Likevel er det spanande å besøka han. Barnas Turlag invi-terer til fellestur for born i alle aldrar, og gjerne med både foreldre og besteforeldre. Om isforholda er gode, kan dei over 8 år få prøva seg på ein liten tur inn på bretunga.Opplegget elles kjem ein attende til på nettsidene og Facebook.Turansvarleg: Karine Blikra, 908 82 893.

Søndag 1. september KOM DEG UT-dagen på NavarsetePå denne nasjonale friluftsdagen har Barnas Turlag valt å forfølgja suksessen frå dei siste to åra, då det var mykje folk

Frå Kom deg ut-dagen på Navarsete i 2018.

30

og stor aktivitet på stølen Navarsete i Engjadalen. Her blir det natursti, naturleikar og servering for både liten og stor. Sjå meir info på nettsider og Facebook når datoen nærmar seg.Ansvarlege: Frank Neset, 480 83 722 og Ole Petter Veum, 970 91 980.

Fredag 6. septemberOffisiell opning av Nye Tungestølen TuristhytteSom kjent, var det grunnsteinavduking på Tungestølen i august i fjor. Om det finansielle ordnar seg raskt, er det tan-ken å kunna ha tre bygningar klare til opning denne sep-temberdagen i år. Me kryssar fingrar og kjem attende med meir informasjon etter kvart.

Avduking av grunnsteinen på Tungestølen 25. august 2018.

Søndag 22. september Fjærland- Supphelledalen – Snauedalen – VeitastrondTurlaget har gått denne strekninga før, men ikkje frå Fjærland. No set me oss på bussen i Hafslo og let oss frakta til Fjærland og Supphellen, der fotturen startar. Flott utsyn til både Store- og Vetle Supphellebre. Vandringa er lett fleire kilometer innover dalen. Ein bratt kneik er det inst inne før ein kjem opp i Supphelleskaret. Då har ein fjelltoppen Kaldakari rett imot, og den vakre Snauedalen opnar seg

31

nedover mot endepunktet for turen – Stølen fremst på Veitastrond. Turen er ikkje tung, men ein kan rekna med å gå rundt fem timar til fots. Buss vil så frakta deltakarane attende til Hafslo. Påmelding og pris for bussturen kjem me attende til i annonsering og på turlaget sine nettsider.Turleiar: Stein Bugge Næss, 958 74 596.Kjentmann: Anne Kari Herlofsen Nes, 975 27 958.

Søndag 17. novemberKlatring i Fjordstova på SkjoldenSame opplegget som turlaget har hatt så mange gonger. Klatringa passar for liten og stor. Godkjend klatreinstruktør blir med. Sjå luster.dnt.no og Facebook for tidspunkt når det nærmar seg.

Lommelykttur for dei små i november er populært, og truleg blir det eit slikt arrangement før jul i år og. Vent og sjå!

INFORMASJONprintfarm

.no

57 68 27 00 [email protected]

-stolt sponsor av Luster Turlag

BLI KUNDE DU ÓG!